Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “slåttå tå”

Han slåttå tå att, snø’n

Mildvêret fer fort med den snøen som kom, og det er kanskje greitt at vinteren ikkje får bite seg fast riktig enno. Dette forholdet blir kalla å slåttå tå i somme trøndermål (Singsås, Selbu, Tydal, Meråker, Nordli); det eller han slåttå tå. Først og fremst om nysnø som tinar vekk, så det blir bert att.

Også i Gudbrandsdalen kan det slåtå tå, slata tå eller slatas tå. Det ser ut til at det er samanheng med slatter, som betyr sludd.

Men så er det også noko som heiter å slåttå ti. Det betyr å avta (om vind) eller gå over (om regn- eller snøskur). Kjent bl a frå Meldal, Horg og Leksvik. Dette er kanskje eit litt anna ord, men slektskap er det likefullt.

Det er litt delte meiningar om kor mange gonger snøen må legge seg før han blir liggande for godt. Somme seier tre, andre held på sju. Og det finst også dei som med eit aldri så lite glimt i auga hevdar at snøen aldri blir liggande på berr mark!

Post Navigation