Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “smålushatt”

Skogstorkenebb

15c

Denne markerer seg sterkt akkurat i denne tida. Skogstorkenebben var favorittblomsteren min som gutunge, og eg synest enno den er fin.
Dette er ei plante som ikkje har hatt særleg stor praktisk nytte, men den er likevel så framståande at den har fått mange dialektnamn i tillegg til standardordet, som sjølsagt er ei jamføring med nebben på ein stork.
Sankthansblomster, jonsokblomme o l er bruka mange stader om denne og andre vakre, iaugefallande blomster som viser seg ved midtsommar. I Lierne jensmessblomster, i samanheng med det svenske jensmess for sankthans.
Eit ganske utbreidd namn er også sjuskjære, sjuskjæring o l, også omlaga til sauskjære. Dette er fordi blada har sju flikar, eller innhakk.
Farga har gjeve namn som blåsoleie på Vestlandet og blåblomster i Nord-Norge. I Trysil og Engerdal er storkenebben kalla smålushatt, som vel er i relasjon til den «eigentlege» lushatten, som er tyrihjelm. Litt meir respektlause namn er geitskitblomster og kuskitblomster, begge frå Bjugn.
Jentungane heime i Sunndal sleikte på kronblada på storkenebben og hadde dette som neglelakk-surrogat.

Post Navigation