Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “snø. tre snarragadd”

Snarragadd

Ein snarragadd eller snårrågadd er ein gadd, eller tørrfuru,  med tvinna ved. På litt meir fagmessig språk opererer dei med aldersved – den ytste veden på gamle tre, som snur seg rundt stammeveden. Det har nok med terreng, klima, sol- og vindretning å gjera, sjøl om somme faktisk vil ha det til at det kjem av jordrotasjonen. Når furua blir ein150-250 år, kan dette bli særleg markert. Grana kan også få slik tvinn, men blir oftast ikkje gammal nok. Ved av snarragadd skal vera særleg god til spon. Den er ikkje altfor hard, men heng godt saman. Somme meiner veden snarar, tvinnar seg heile tida, den er venstrevridd i ungdommen og høgrevridd i alderdommen, som ein god del folk kanskje? Snarragaidd er uansett anvendeleg også som skjellsord på kverulantar og rangpeisar. Ein borttvinna snarragadd er ein spesielt rang og tverr type (Stadsbygda). Som skjellsord kan det også bli utvida og gjort enda meir omstendeleg og overdådig, som snårrågaddvalle (Meldal).

Veden i ein gadd heiter spik mange plassar både i Trøndelag og på Vestlandet (på austlending tyri). På Nordmøre finst dessutan eit begrep spiksnar. Det kan vera ein skade, sprekk på furustamme der det blir skilt ut kvae og blir spikvåkse, men også rett og slett ein tørrgadd som er snara. Å kalle ein mager person for eit spiksnar kan vera nærliggande. Såleis var det ein kar med ei mager kjerring som fann åt ein annan ein for at kjerringa hans var i tjukkaste laget. – Ja, det e no i alle fall noko anna enn ta spiksnaret dett! var svaret.

Post Navigation