Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Snøsøte”

Kristi blå augo

Snøsøte

”Fjellsøta so blå som sjølve himmelen”, skriv diktaren Olav Aukrust (Skaldespor, s. 274). Ja, det er ei heilt spesiell, intens blåfarge på denne vesle planta som brått kan stå framfor deg nesten midt i stigen på fjellturen din. Men det lyt vera sol; så snart det kjem ei sky framom, stenger blomsteren seg.

Det latinske namnet er Gentiana nivalis, der det første er slektsnamnet og nivalis kan omsettast med ”som veks ved snøfonner”. Altså same namnemotivet som det offisielle norske namnet snøsøte. Fjellsøte, som vi såg Olav Aukrust bruke, er funne berre hos han og diktarkollegaen Inge Krokann.

Det er oppplagt den heilt spesielle blåfargen som har ført til eit så vakkert namn som Kristi blå augo (Dovre, Slidre). Andre namn av same slaget er Jomfru Maria auge (Folldal, Vang i Valdres), Jesu blå øye (Malangen; her også «Hellig Jesu blå øye»), Marias øye (Folldal) og ”Jesu øgon” (Tynset, her med tydeleg svenskpreg). Liknande namn kan bli brukt også om andre planter, som tviskjeggveronika, augnetrøst (”øyentrøst”) og fjellnøkleblom. I Oppdal har såleis fjellnøkleblom vore kalla både Herrens øyne og Jesu øyne. Romantikken og den litterære dåmen skin tydeleg gjennom i desse namna, også i dialektfjerne former som ”øyne”.

Det er berre få andre namn som er funne på snøsøte. I Målselv har blåveis vore brukt, vel fordi den ”eigentlege” blåveisen ikkje finst der. Så har vi eit namn digragras, notert av prest Hans Jacob Wille i Seljord på 1700-talet og seinare attgjeve av ordboksmannen Hans Ross. Snøsøta er alt anna enn diger, og digregras er også registrert om finnskjegg. Her er det rett og slett spørsmål om det er gjort ein feil ein stad. Vidare har vi iktagras, som oftast er brukt om slektningen bakkesøte. Den har vore nytta i folkemedisinen mot gikt (ikt = gikt). Men Ove Arbo Høeg fekk spesifisert at i Aurland kalla dei snøsøte for iktagras.

Snøsøte kan dessverre vera ei trua plante. Den er heilt avhengig av tilstrekkeleg lys, og kjem bort etter kvart som beitetrykket minkar og fjelldalane våre gror att.

Post Navigation