Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “takras”

Takras

Takras

Det er stadig snømangel mange plassar, og mens vi ventar og lengtar (eller kanskje er glade til og synest det er det same med heile snøen), kan vi trøye tida med å sjå litt på eit bilde der det i alle fall er nok snø. 

Om snøhaugane vi ser her er samanfokne, moka opp eller rasa ned frå taket er ikkje så lett å avgjera, kanskje er det litt av alt dette. Det ser i alle fall ut til at meir kan vera i vente frå taket.

Og snøras frå tak heiter vel rett og slett takras, det da? Å nei, fullt så enkelt er det nok ikkje. Bloggaren som skriv dette, er oppvaksen på indre Nordmøre med takfonn som sitt ord. Dette var heilt sjølsagt, og eg såg ikkje for meg at det kunne finnast andre nemningar for det. Men det ser faktisk ut til å vera eit temmeleg lokalt ord ut frå det som finst i arkiva. Kanskje er det likevel tilfeldig, og eit resultat av at ein ikkje har spurt nok etter det.

Nokre andre samansetningar har vi også, alle eigentleg heilt naturlege. Takskrei eller takskreie er ordet for takras i Åmot, Hurdal, Drangedal og somme stader på Innherred.  Elles finn vi takskriu i øvre Hallingdal og takskreo i Søndre Land. Heilt til slutt er takrose oppskrive frå Skafså i Telemark: «vera deg for takrosa – ho er ventande når som helst!». –rose er vel avleidd av ras. Kjenner du andre ord for takras, så send dei, dette ser ut til å vera lite kartlagt.

Og så kan jo folk sjå ut som eit takras – da er dei temmeleg sjuskete!

Post Navigation