Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “trolltime”

Trolltime

Trolltime

«Skal berre» – få gjort opp denne fisken før eg kjem inn til måls! «Skal berre – skal berre»; det er langt frå berre ungar som syng den visa. Eg minnest det veldig godt hos somme av den eldre generasjonen heime, at det var utruleg monn i alt ein fekk gjort etter at maten var ferdig og ein var ropa inn. Ordet vi tek for oss her, trolltime, har med dette å gjera.

Ordboksmannen hans Ross noterte dette ordet frå Nordmøre og tok det med i ordboka si frå 1895, med ei litt omstendeleg og dels uviss forklaring: Uheldig time, uheldig augneblink eller lune (ulag), utid der ein går i gang med, held på med noko, særleg der ein let vente på seg. Eit bortimot synonym til dette er utid, og eit anna er udøger – uheldig dag, uheldig tidspunkt, som den same Ross har frå Telemark og Østfold. Ross gjettar på at den opphavlege ideen kan vera ‘tid da ein er oppteken med å slåst mot troll’, og viser til ordtaket «det er på utid at trolla skal drepast».

På Nordmøre ser ikkje ordet trolltime ut til å vera kjent i dag. Men vi finn det att i nyare materiale likevel, først og fremst frå Hemne, som jo hører til Nordmøre i målvegen på mange måtar. Her gjeld det ekstratid, tida ein går i arbeid etter at økta er ferdig (og ein er ropa inn til måls). Husbonden kunne stundom vera lei til dette og såleis utnytte folk. Dette heitte «å gjærra (eller hald) trolltime».  Det er herma etter ei frittalande onnataus som tykte dette gjekk for vidt, og sa til «sjølen»: «-No ha æ vorte svoltin sju gong sia ho ropa inn!»

Tradisjonsberaren Arnfinn Aune frå Sandstad på Hitra kjenner det også, og kan sitere irriterte matmødrer som venta på å få folk til bords: «-Kor mang’ trolltima ska di ha?»

I folketradisjonen frå Østerdalen er trolltimen derimot timen mellom klokka tolv og eitt om natta. Den som var fødd da, hadde evnen til å sjå skrømt, andre ikkje.

Reklame

Innleggsnavigering