Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “tvistade”

Tvistade

Vi har skrive en del om is her i spalten, og i den samanhengen er det folk som har ønska litt stoff om isfenomenet tvistade. Dette får vi når det kjem overvatn på isen og dette frys til igjen, slik at det blir to lag med is. Det kan vera luft eller vatn imellom, og kan oppstå både på elv og vatn. Det blir oftast sagt tvistae eller tvista, stundom også tvesta. Dessverre har vi ikkje noko godt bilde av dette akkurat for handa.

Ein kar på Gjøra i Sunndal meinte dei brukte ordet spesielt mykje på heimgarden hans. Dei opererte ofte nede på isen på elva Grøvu, og der var det gjerne tvistae om vinteren. Men det går nok vidare enn som så. Det ser ut til å ha vore brukt først og fremst i store delar av Austlandsområdet, og i Agderfylka. Dessutan er det registert frå Røldal, Jølster, Nordmøre og Sør-Trøndelag.

Kaare Bakken fortel i Telemarksavisa TA om tradisjon med isfiske etter aure til julekveldsmat: » -Det var ein hard tørn bare det å få vekk snøen og hogge seg gjennom is og tvistader med isvekkje». Daniel Dvergsdal i Jølster held fram at det  var trygt å kjøre på fjordisen når det var tvista. Om eitt kompakt islag sa dei at «isen låg på lopte», og da var det mindre trygt å kjøre på han.Litt andre erfaringar hadde Kristian Gravdal frå Kyrksæterøra. I følgje han kunne tvista vera nifst dersom det var mykje vatn oppå den første isen og ein så gjekk gjennom. Dette hendte særleg på seinvinteren, ofte innmed land.

Stade heng saman med å stå, og er gjerne nytta om samanpakka masse, som i høystade. Når ein i Kvennværet på Hitra gir opp stae som nemning for dobbel is, så er vel det forkorta for tvistae.

Det finst ikkje så få andre ord for dobbelt islag: Tvistøå frå Tingvoll står jo nær tvistade. I Trøndelag, først og fremst i nordfylket, finst orda oppstapp, oppstappi eller oppstoppi. Oppstuis, som ordboksmannen Hans Ross har frå Trøgstad og Odal, er nok «oppstode-is». I Gauldalen er det sagt tvi-is, og på Hadeland har tvibotn vore nytta i denne tydinga. Fosenbygdene kan oppvise ordet tvistopp(e), som også kan brukast om dobbel skareskorpe. Av meir «gjennomsiktige» ord finn vi  t.d. oppvassis (Meråker) og opp(å)vatningsis (Brekken), og som ein vil vente seg, dobbel(t)is.

Stundom blir tvistade særleg brukt om det øvste laget. Elles kan ein nyansere med å kalle det øvste laget for oppåis og det nedste for punni-is, underis e.l.

Post Navigation