Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “vedbju”

Ve(d)bju

Vakkert ord for greiner som er bøygde av snø. Dette er den klassiske julekortstemninga, og visst er det fint, men fenomenet var kanskje ikkje så populært blant dei som hadde arbeidet sitt i skogen.

Ordet vebju hører heime først og fremst på Nordmøre, men går også inn i Sør-Trøndelag, der det er registrert så langt som til Orkdalen, Skaun og Børsa. I Romsdal har det vore sagt noko liknande, også med ein variant som skogabjue i Eresfjorden. På sunndalsdialekt kunne dei også bruke det om stort snøfall, som også bøyer greinene: ”Det kom ei vebju i natt”.

Bju heng saman med å bøye; vi finn det også i det gamle ordet bjuføtt om hjulbeint. Og første delen ve- er ved- i ei eldre betydning ’skog’, jamfør engelsk wood.

Kva seier dei så om dette der dei ikkje har ordet vebju? Jau, ein kan sjølsagt seie at trea er snøtunge, eller at det er snøtyngd i trea. I den nordlege delen av Nord-Trøndelag (Snåsa, Kvam, Namdalen) har dei ordet opplei, som betyr omtrent det same som vebju. Frå Meråker er registrert oppluggu.

Skoguven var eit ord eldre folk ikring Støren brukte for snøkledde tre som såg ut som jutular. – Sønnavinden kom og tok skoguven, kunne det bli sagt. Interesserte kan lesa meir om skoguven i Jens Haukdals bok ”I skreddartimen” (s. 100).

Advertisements

Post Navigation