Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “veggsmaug”

Etter veggsmaug kjem regnflaug

Veggsmaug1

Her har det vore snøfokk, og vi ser snøen har lagt seg på husveggen. Når snøen driv inn i veggene på den måten, skal det bli mildvêr, vil ein ha det til i folkemeteorologien. Stundom kan det fyke så kraftig at snøen kjem heilt inn gjennom små sprekker, særleg i litt eldre og utette hus.

Dette fenomenet kallast i Trøndelag for veggsmau(g). Det skal bety ikkje berre mildt vêr, men også regn, til og med plaskregn. Varselet kan vera formulert t.d. slik: «Ætte veggsmaug kjem det regnflaug». Det er registrert frå Meldal, Støren og Melhus, men er sikkert kjent fleire stader. Hans Ross har det frå Stjørdalen i si store ordbok frå 1895: «Veggsmaug gjer allti regnflaug». Vidare har Einar Seim det med i si store samling av «Ordtøkje og herme»; der lyder det slik: «Etter veggjesmòg kjem det regnflòg». Utforminga hos Seim tyder vel på vestlandsk bakgrunn.

Eit anna ord for veggsmaug er husføykje, oppskrive frå Bøherad i Telemark. Også her skal det vera førebod om mildvêr.

Advertisements

Post Navigation