Litt om adventa
Frå barnelærdommen kjenner vi at advent betyr ‘komme’. Det er visst ikkje så veldig mange nedslag av advent i folkeleg, tradisjonell målbruk. Men vi har i alle fall eit varsel, notert frå Roan, som seier at «det vere’ som ‘n har i adveinnta, ska’n få igjæn i fasta«. Så får vi sjå om det stemmer.
I alle fall var det slik i folketrua at ein helst ikkje skulle halde bryllaup i adventa. Det måtte jo også vera eit heller dårleg tidspunkt for slikt, og forekom kanskje berre dersom det var hastesak? Men i ei oppskrift frå Sparbu etter folkeminnesamlaren Karl Braset heiter det: «Tværanbrur og atvenntbrur itt bra«. Det lova dårleg å bi gift i adventstida, og det var heller ikkje bra å bli gift på «tverran» – på minkande måne. Det var i det heile mykje som burde gjerast og ikkje gjerast i dei ulike månefasane, men det får vi heller komma tilbake til.
Mildversperiode før jul har vi omtalt tidlegare, sjå innlegget «kakelinna». Somme stader snakka dei om adventregnet som noko dei rekna med ville komma.