Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “juli, 2016”

Skremmande lykkedyr

Edderkopp

Mange har frykt i seg for slike som denne, men dei som finst hos oss, er heilt ufarlege for folk. La oss sjå litt på namna på desse skapningane.

Ein stor slump av dei kan sjåast som variantar eller omlagingar av kongro: Kongero somme plassar, kangro (Innherred og Helgeland), kongrove (Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen), kingel (mange stader på Austlandet, med samansetninga kingelmor i Sør-Østerdalen og Solør). I Møre og Romsdal har det vorte til kongle, og likeeins i Namdalen og somme plassar i Nord-Norge. Oppdal er visst aleine om forma kångåll. Alle desse har bakgrunn i norrønt kongurvafa eller kongulvafa, der førsteleddet er til ei rot kank- ’dreie, spinne’. Kank om vriding, brank på tråd eller reip er ein slektning. Sisteleddet -vafa heng saman med vev.

Dermed kjem vi over til ei anna stor gruppe namn syner til nettet som kongroa spinn: Vevkjerring, spinnarkjerring og spinnekjerring er kanskje dei mest vanlege, men det finst også andre, som spinnargro (Vesterålen) og vevkjette, som Hans Ross skreiv opp frå Øvrebø i Vest-Agder. I boka ”Destillert tyleskap” (s. 44) står ei artig historie frå Sogn: I Balestrand var det ei mor med ein liten gutunge. Ungen gjekk dagleg på jakt etter små krek, som vevkjerringar og fluger. I grenda budde ei kjerring frå Vik, ei lita, tjukk og rund ei. Ho kom stundom innom. Det gjorde det ikkje lettare for ungen, som skulle halde greie på nye ord. Ein føremiddag kom guten rennande inn til mor si og ropte: – Da e ei vikakjerring ute pao troppi! – Du faor be ho inn du dao! – Nei, da e for seint da no. Eg slo ho i hel med hammaren!

Dessutan finst det fleire andre, heilt lokale namn, som krekse (Masfjorden) og kråkjerring (Gloppen).

Edderkopp har vi fått inn frå dansk, i dansk form. Edder er same ord som eiter og syner til gifta som kongroa bedøver byttet med, medan kopp går på den oppsvulma fasongen.

Det finst veldig mange artar av kongro, også her i Norge. Nokre namn viser til den store, runde bakkroppen, vel helst på  korskongroa: ballkongro (Hitra), kulkongro (Orkdal) og påssåkongro (Ålen).

Kongroa er rekna som eit lykkedyr, og i Oppdal er løkk-kångåll kongro som sitt på molte og syg safta frå den. Det skal bety lykke om ein let vera å drepa ei slik ei. ”På fennom lykke-kongrova kræk”, skriv diktaren Ragnar Solberg (Isgud, s. 234).

Til slutt eit litt spesielt kongroslag: Ei pråttåkongro er ein som har det med å pråttå (fingre, klå, tafse) på jentene! Ordet er frå Ålen.

 

 

 

 

 

 

Innleggsnavigering