Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “skosnø”

Sleafylling eller merragrynning?

snømengde

Her er det full vinter og bra med snø, ser vi. Mange plassar i landet har snøen late vente på seg denne vinteren, men han kjem nok. Om det ikkje blir så mykje som det var ein vinter her før, da nokre kallar bar seg på all denne snøen. Da sa ein: – det herre e da ingen snø – eitt år utpå Frøya, da botna det itt med seitrøa på brynnlåkkje! (ei slik seitrøe, fiskestong, er 5-6 meter lang).

Den folkelege måten å oppgi snømengd, snødjupn på er ikkje i meter eller cm, men kor høgt snøen når på kroppen. Går det over ein lågsko, er det ein sk osnø, og når snøen opp til kneet på ein vaksen person, har vi ein knesnø. Tilsvarande kan ein også snakke om ein lårsnø, ein leggsnø og ein me(d)leggsnø. I siste tilfelle går snøen mitt å legg, som dei sa på gammalvore surnadalsmål. Hosebandsnø er også brukt. Ekstra tungt å ta seg fram er det når ein må vea te skraffs (skrevs), også ein seiemåte frå Nordmøre. Alt dette føyer seg inn i ein lang tradisjon med kroppen som referanse for mål, med tomme, fot og alen.

Elles kunne det mange plassar vera snakk om ein sleafylling/slåfylling, så mykje snø at det fyller opp under botnen på ein slede. På indre Nordmøre snakka dei også om ei merragrynne eller ein merragrynning – så mykje snø at det fyller oppunder buken på ei merr. Dette er vel laga til verbet å grynne – om å vasse i (laus) snø, også å nå botnen, nå ned på fast mark i laus snø. Med leddet –grynning som mønster er det danna andre meir spøkefulle snømål: kattagrynning, musagrynning, og til og med vondskjergrynning – oppunder buken på ein vondskjer (spissmus). Da er det nesten berre som eit lite rim! I den samanhengen blir ein freista til å minnast den gamle turnkommentatoren Paal Clasen, som sa om ei av dei finske jentene i ein damelandskamp i turn  at ho var så kortbeint at ho sette musespor i snøen..

Kjent frå fleire stader er herma om han som blir spurt om det er mykje snø i heimegrenda si, og opplyser om at det er mest på dei største gardane. Ein singsåsbygg skildra store snømengder slik: Det var så mykje at det låg nedover jordet og heilt over elva og bort på andre sida.  All denne snøen hadde likevel sine fordelar – den skjulte alt rælet som stod ute. Men forhaustaren – den var seig!

Innleggsnavigering