Moro med ord og uttrykk!

«Dagens ord»

11.5.20: Grannenden

Det blir jo det motsette av grovenden, altså den tynnaste, grannaste  enden av f.eks. ein stokk. Dette har eg ikkje vore borti i samband med slekt, stand og stilling. Men Sivert Gravem i Sunndal minte i kommentarane til gårsdagens ord om uttrykket «å vara på grannændo» (dativ) om å vera oppe, ikkje halde senga. Har ikkje hørt dette andre plassar enn i Sunndal. Sjå elles ei artig historie frå Sivert i kommentarane på Facebook til gårsdagens ord.

Reidar Svare gjev att ein tradisjon frå Vefsn om at finnane (samane) alltid la inn veden med rotenden først når dei fyra. Det skulle følgje ulykke med å ta den med grannenden først. Enda verre var det i Salten – der heitte det seg at om ein stakk ein kjepp med grannenden først inn i omnen, så viste ein mor si og far sin til helvete (!).

10.5.20: Grovenden

Sjølsagt brukt om den grovaste, tjukkaste enden av f eks ein stokk. Men vi har ei opplysning frå Aure om at det er sagt overført om dei mest ansette slektene (i ei bygd), storolket: «ho fann sæ ein tu grovenno». Tilsvarande har vi «storennin» (storenden) frå Flatanger. På dansk er det visst litt motsett: der skal «den fine ende» bety den fornemme, velståande delen av familien.

Elles i trøndersk er jo gjerne langrompslaget brukt om gine, gjæve, velståande folk og slekter; somme plassar også storrompslaget.

7.5.20: Lavvæte («la(v)vet»)

Smått regnyr i gras og lauv; tett dogg; også fint, tett regn. Eller som hitterværingen Arnfinn Aune forklarar det: «totalt gjennomvått naturmiljø». Ordet er funne i Aure, Hemne og på Hitra, men det går nok vidare. Her er eit sitat frå avisa Vestlandsnytt i Fosnavåg på Sunnmøre: «attåt var det so mykje lavæte i marka at ein måtte bruke styvlane for å halda seg turrskodd» (24.6.1937 – utruleg mykje å finne på Nasjonalbiblioteket!). Siste leddet er sjølsagt væte «fuktigheit», og førsteleddet har kanskje samanheng med å lave ned, jf. lavregn.

6.5.20: Støypskur og støypregn

Kvasse, harde regnskurer som kjem fort (og går fort over). Begge desse er nok i hovudsak trøndereord, men både støpskur og støpregn finst også i Nord-Østerdalen. «Kraftig tordenvær med kvasse lynglimt og støpregn» kan vi lesa om i årsskriftet «Hembygda» for Os (1992,27). For støyp(e)skur fører Norsk Ordbok opp Oppdal, Soknedal, Stjørdal, Verdal og Sparbu. Vi kan trygt legge til Frol og Snåsa. Støypregn blir i same verket heimfesta til Snillfjord og Budalen. Det gjeld regnet som «støyper seg ne»d – høljar, styrtar ned.

3.5.20: Allekeis

Dette ordet er behandla i Trønderordboka, frå 2002. Det er komme inn nye opplysningar i ettertid, så her sett eg like godt inn utkast til eit revidert oppslag til ein ny nettversjon av Trønderordboka, som eg håpar det kan bli råd å få til:

allekeis m, i vendinga på ein allekeis på ein kant; på ein snurr. Spreidd både Trl og Ndm, ikkje kjent alle stader. Ofte utt. allikeis, også allakeis (Ogndal), hallenkei (Vikna). I sin allikeis i godt humør; livleg (Agdenes); aller(k)eis (adj) som er gode venner, kameratar (Trondheim); han e allekøys med veret (Tustna) det er unormalt vêr. Uvisst opphav, første delen kanskje samband med al(l)o ‘ståk, leven’; for siste delen kan ein vise til eit norsk dialektord keis ‘damp, lukt’ el ‘sving, krok’. Kanskje heller frå engelsk (in) all cases.

Eg kan føye til at eg ikkje har heilt trua på den engelske etymologien. Elles har vi ei ny opplysning frå jysk, der allegej «sjov, halløj» vel må vera same ordet. Eg legg lenke til Jysk Ordbog; det er sikkert fleire som kan vera interessert i det: http://www.jyskordbog.dk/jyskordbog/ordbog.html

30.4.20: Trebokstavar

Blokkbokstavar (storbokstavar, versalar). Etter Norsk Ordbok og anna tilgjengeleg materiale ser ikkje dette ut til å ha vore bruka i heile landet. Men vi kan i alle fall føre opp Trøndelag, Nordmøre, Valdres og Telemark. Vi går til Hans Hyldbakk for å plukke eit sitat; her skriv han om forskjellige pengesetlar: «blåskinn og gulingar og store tusenkroneleivar med trebokstavar på» («Streiftog i bygda», s. 74). Opphavet må vera at dette er bokstavar med enkel form og rette linjer som er lette å risse i tre.

29.4.20: Bibelbokstavar

Gotisk skrift. Ivar Eggen frå Melhus skriv i årsskriftet «Melhusbøggen» ((2014, s. 49) frå krigen om tyskarane som hadde ei oppslagstavle for avisa «Deutsche Zeitung in Norwegen». Lite forståeleg, for ikkje berre var den på tysk, men det var gotisk skrift, eller «bibelbokstava» som ungane kalla det. Rimeleg nok, fordi det var slik skrift i gamle biblar.

Ordet er ikkje så mykje belagt, men det har nok vore sagt her og der, og eitt og anna nedfall er det i skrift. Her er eitt til: «På pynte-håndkleet i barndommens kjøkken stod det broderet med bibelbokstaver «Giv os i dag vort daglige brød»» (Klaus Hassel: Stubber fra Krokskogen, s. 77).

28.4.20: Tekshoste m m

Jammen var det mange forskjellige ord for tørrhoste. Interessant var det at vi fekk inn sauhoste frå Lesja; det høver bra med at det er belagt frå Oppdal frå før. Og når søya kan heite tikse («teks») er det ikkje så rart at vi også har tekshost(e) (Oppdal, Rennebu, Meldal). Litt anna ordstoff er det truleg i førsteleddet i tekslehoste (Sunnhordland) og tækkelhost i Salten. Frå Surnadal er nemnt porkhoste, og det har vi elles frå Rindal, Orkdal og Hemne. Hardanger har skrumlehoste.

27.4.20: Merrahoste

Hard og tørr, stygg hoste. Ordet er visst kjent i nesten alle landsdelar utanom Sørlandet. På Vestlandet og i Valdres kan det heite marahoste, og det er også denne forma Ivar Aasen fører opp. Som ein spøkefull variant kan det bli sagt «fransk merrahoste» (Frøya, Gravvik) eller «svensk merrahoste» (Inderøya, Verran, Flatanger). Det verkar kanskje litt meir eksotisk da. Somtid har det vore sagt spesielt om kikhoste, og i Hemne er det ein tradisjon om at dei skal ha bruka merramjølk som medisin mot kikhosten. Logisk nok er det at det også finst ei tyding ‘hard, skrapande lyd’ av merrahoste (Hareid på Sunnmøre).

24.4.20: Tilfell(s)hoste

For å starte med meg sjøl, så kjenner eg «tefellhoste» frå Sunndal og Øksendal om litt tilgjort, lett tørrhoste utan at ein er forkjøla eller noko slikt. Tilfeldig hoste som ikkje betyr noko, altså. I Surnadal opplyser Bjarne Østbø at «tefellshoste» er litt tilgjort hoste som signaliserer at nokon skryter eller skrøner. I Oppdal er meiningane visst litt delte om «tefellshost». Einar Haugen seier det er sterk, sjukleg hoste. Ola J. Rise og Ingeborg Donali fører det opp som kremting eller litt tilgjort hoste.

Utrengsmålshoste er vel heilt klart unødvendig hoste. Registrert som «otrøngsmålshosti» i Overhalla, og «otrångsmålshoste» i eit facebook-innlegg frå Røros. Ikkje med i Røros-ordboka.

21.4.20: Aprilskare

Tingvollgjeldingen Oddmund Tveikra forklarer dette på ein lapp innsendt til setelarkivet for Norsk Ordbok i 1983: «Skare som frys til om natta når det er nattkaldt, og som tinar og blautnar etter kvart som sola får tak utover dagen. Aprilskare er altså upåliteleg skare». Ut frå dette ser det ut til at «aprilskare» ikkje nødvendigvis treng å vera berre i april, men det er sjølsagt det typiske. Dette er eit ord av den sorten som kan oppstå spontant og lagast når som helst, og det er da også ein del eksempel på nettet. I eit stykke i Brønnøysunds Avis i 2006 lurar forfattaren på om klimaendringane vil gjera slutt på «aprilskare og springarføre». Mikkjel Fønhus fortel om føret under flyttinga av rein på denne tida: «Og etter det halvtårs fraværet inni Sverige, da skurte ofte lappeski over aprilskaren, ned til gardene i Tusterdalen» («Kampen mot villmarka», s. 347).

17.4.20: Rekkjarføre

Nytt påfyll av nysnø i natt, og dermed vart det rekkjarføre. Både rådyr og hare hadde hatt ærend tett innåt husa. Rekkjarfør’ er ordet eg har med heimafrå Sunndal, og vi ser ut til å vera ganske aleine om akkurat den forma. På Nordmøre elles, og i Sør-Trøndelag, er det visst helst rekk(j)ingsføre som blir sagt. Frå Folldalen og Sollia er oppgjeve rekkjeføre, og det bør kunne finnast også i Gudbrandsdalen? Første delen er uansett verb verbet å rekkje om å finne, følgje spor. Sporsnø, vil ein vel gjerne seie i dag.

15.4.20: Atthogg

Noko som sett ein tilbake; tilbakeslag, tilbakefall, «kalddusj». Med sjukdom eller på anna vis, kan sikkert også brukast om vêret. Ordet ser ut til å ha som eit kjerneområde på Hedmarka og i Østerdalen. I sistnemnte område er det belagt heilt frå Åmot og opp til Os, og Ivar Aasen har det også herifrå. Åmot stemmer bra med at Vidar Sandbeck nyttar det. Vidare er det strøbelegg frå Andebu, og ei opplysning frå Voss om «attuhogg», forklart som kvass motseiing, motlegg.

14.4.20: Rengelria (ringerleria)

Styggversperiode om våren den tida linerla kjem. I Norsk Ordbok har vi greidd å få det med frå Rissa, Verran og Åfjord, men vi kan også legge til Stadsbygd, det er med i den store ordsamlinga derifrå. Alt dette er i området der ein kallar linerla for «rengel» (ringerle). I Oppdal rekna ein med «linerlskura». På Vestlandet (bl.a. Sunnmøre) heiter dette for erleri(d)a. Jf. reinkalvria og marsria, som vi har hatt oppe før i «Dagens ord».

8.4.20: Alarm

Kan dette vera noko å ta opp her da? Alle kjenner vel alarm om varselsignal, og når alarmen går, lyt ein reagere raskt. Så kan alarm også vera apparatet, anlegget som sender ut slike signal. Ein kan få installert både tjuveri- og sikkerheitsalarm.

Men ordet har også ei anna tyding, som vi finn i tradisjonell dialekt og litt eldre litteratur. Da er det bråk, leven, oppstyr: «I Kverneskjerkjånn va det før i ti’n slik ein allarm. Det va slik ei ofredlegheit. Det hørtest det gikk nokkå å strompa å stappa oppi der. Å folk va redd ‘ta» (Edvard Langset: Segner – gåter – folketru frå Nordmør», s. 105). «Her ær slig ein Donna mæe Staak og Allarm», heiter det i ei bryllaupsvise frå 1778. Forfattarar som Vilhelm Krag og Knut Hamsun har også brukt ordet slik. Men no blir det nok rekna som nokså gammaldags.

Alarm kjem frå italiensk all’ arme «til våpen», med fransk som mellomstasjon.

2.4.20: Reinkalvria

Kaldvêrsperiode med snøelingar langt utpå vårparten, når simlene kalvar (i mai). Begrepet er spesielt kjent i Nord-Norge, men også i Trøndelag (f eks på Nord-Fosen) og somme plassar på Vestlandet. Andre namn på dette er reinskjølen (Telemark, indre Agder) og nekkjeria/nekkria (Hardanger, indre Ryfylke, til nekk ‘reinskalv’). Det har vore ei meining blant folk at reinen ikkje skulle kalve på berr mark, at kalvane måtte ha snø i klauvene med det same dei kom til, for at dei skulle leva opp.

Tilsvarande for elgen er elgskjølen, elgskulden eller elgskjelven. Alle helst austafjells. Blant anna har det vore sagt at elgkua måtte fryse så ho rista, slik at ho fekk frå seg kalven! Det er mykje rart i folketrua.

31.3.20: Attpåvinter

Snøfall på vårparten. Logisk ord, som sikkert kan lagast «på nytt» etter som ein treng det. Brukt av fleire forfattarar, og mange avisbelegg. Her er eit par sitat: «Dei hadde havt ein liten attpå-vinter, med snøfokk og full sjau» Olav Duun: I ungdommen, s. 68); «Godver i mars ventar svær attpåvinter, og er det storlinne, blir det då dårleg sumar» (Sigurd Nergaard: Skikk og bruk. Folkeminne frå Østerdalen V, s. 125).

30.3.20: Marsria (reprise frå 2017)

Uvêrsri, uvêrsperiode som bruker komma i mars. Vêret er gjerne ustabilt og skiftande denne tida. Vipa skulle ha snø på ryggen, og gjerne sju gonger før det vart retteleg sommar, fortalte Arnfinn Aune på Hitra da vi prata om marsria. I målførematerialet er ordet registrert berre frå Hitra og Frøya. Derfor eit sitat frå avisa Hitra-Frøya (11.3.2011), etter eit kraftig snøfall: «overalt i dag kunne vi høre mumling om marsria. Det er vinterens siste krampetrekning før den slipper våren til. Denne gangen  ble marsria av den solide sorten. Men bare vent – den må nok gi tapt også i år!»

I Klæbu var det snakk om marsidynten, jf. det trønderske snødynt om (stort) snøfall. Eit snøfall på seinvinteren kan også kallast ein attpådynt. Marsi- med -i-  , som somme seier, avspeglar latin martius, genitiv martii.

28.3.20: Minkepinne

Ordet dukka opp i ei bokmelding av «Spikkeboka» i bladet til Turistforeninga, «Fjell og vidde», nr 1/2020. Det er komme med i Norsk Ordbok, der definert som «pinne som ein sit og spikkar på til tidtrøyte». Dei har målførebelegg frå Kviteseid og Lyngen («minkarpinne»). Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) har ikkje ordet. Men det er ikkje så reint få tilslag på nettet. Halvor Sandsdalen har eit heilt lite kapittel om minkepinne i boka «Lagnaden og lendet», der han slår til lyd for at det kan ha god psykologisk effekt å spikke minkepinne. Ein kan trenge slikt til avreagering i eit travelt liv. Ei grei forklaring står i Solungsavisa 17.10.2019: «minkepinne er en trepinne du bare tæljer og tæljer på, og kanskje blir den til noe». Også Einar Skjæraasen har brukt ordet, i eit dikt som heiter nettopp «Minkepinner». Du finn det på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Da kjem eg på at mor mi (frå Øksendalen) tala om å smia mink. Da blir trestykket mindre og mindre, og kanskje blir det ikkje noko av det til slutt. I Vistdalen vil «å smie minke» seie å arbeide på eit trestykke til det blir for lite. Overført kan det vel nyttast om å bruke tid og ressursar til ingen nytte,  men det kan truleg også gje deg ro i sjela.

I Gulen sa dei at det var treminke ein bala med, når ein smia eller øksa på eit emne som ikkje kunne bli til noko.

27.3.20: Å «ållå sæg tu»

Tilbake til orkdalingen Johan Asphjell og det rikhaldige språkmaterialet han sendte til prosjektet «Trønderordboka» tidleg på 1980-talet. Her er eit godt råd til den som driv hesteavl (og dette veit jo orkdalingane mykje om!): «kjøpe du jælk, kainn du itj ållå dæg tu, men kjøpe du mær, kainn du ållå dæg tu». I dette ligg at når ein kjøper merr, kan ein få fol å selje, og dermed dekke kjøpet.

25.3.20: Å ala troll tå

«Berr du itj æl trøill tå om» – gammalt orkdalsmål, eksemplet er innsendt av Johan Asphjell først på 1980-talet. Dette har å gjera med oppdragelse og bortskjemming. Ein kan risikere å oppdra, bringe fram eit troll, som her vil seie ein vond og rang person. «Ålå troll tå ongåm» heiter det på Byneset, og «æla troll tå ongan» på Hitra. Seiemåten er kjent også på Nordmøre.

24.3.20: Bøljarsjuken

Det er Vidar Sandbeck-år, og i det høvet skal vi ta med oss eit ord som forekjem hos han. Vi finn det i barndomsminneboka «Stakkars kroken» (s. 216), det handlar om telemarkskua Rosa, som fekk ein trist lagnad: «Ho var heller itte fresk. Slapp vi a ut på fri mark gikk a amok. Klover og horn gramse rasende i jordbakken, mens ho belje stygt. En dag måtte det flere mann tel for å tøyle dyret. Rosa var blitt sinnssjuk. Vi kalte det for bøljarsjuken. Etter den dag ble ho itte eldre. Ragnvald Vestbrenna ordne med det.»

I ei ordsamling frå Stange er dette kalla «bøljasjuken», og kyrne som vart ramma av dette, var kalla «bøljaku» eller «brølerku». Slike stod stadig vekk for oksen og viste brunst, men tok seg ikkje kalv.  Brølar eller brølku er kjent også andre plassar frå om slike kyr. Ei riarku er også ei ku som ikkje tek seg kalv, men som rir på dei andre kyrne.

Er det noko gale med eggstokkane hos slike kyr? Det må folk med fagkunnskap svara på.

20.3.20: Influensa

«»Flonso» er over oss for fullt igjen. I mest kvar ein heim vert det hosta og harka, og alle dei forhatte basillane fer sin rundgang frå den eine til den andre». Denne situasjonsrapporten frå avisa Strilen er ikkje frå no i vinter, men frå 1984.

Men influensaen herjar, både Koronaen og andre typar. Sjølve ordet kjem, som mange vil vita, frå italiensk. Der går det tilbake til latin og betyr tilflyting, tilstrøyming. Trua var vel at ein var influert av stjernene når ein fekk denne sjuka.

Men dette er jo eit ordmateriale som har vore lite attkjennande for folk, og det har kunna gje støyten til forskjellige omformingar. For det første har det i mange tilfelle vorte hokjønn, fordi ein har oppfatta endinga på -a som bestemt artikkel. Ut av dette har ein fått variantar som ei influense, og å ligge i «influensun» (hokjønnsdativ). I målføre som apokoperer, kan ein ha fått ubestemte former som innfl(u)æns. Så er det  andre vriar som infruense (Valdres) og innfelensa (Modum). Somme eldre forfattarar (som Vetle Vislie) nemner at sjukdommen har vore kalla florensa; dette har vel gått via ei form inflorensa.

Så har vi nokre forkorta utgåver (utan at sjukdommen vart meir kortvarig av den grunn). Slik som flænsa, og ikkje minst flunsa (i bestemt form «flunså, flonså, «flonso» o l, jf. ovafor). Denne siste har vi opplysningar om først og fremst på Vestlandet, frå Jæren til Sunnmøre, men også med eitt belegg frå Tustna på Nordmøre og i ei ordsamling frå Fauske. Så har vi fluså frå Smøla, og endeleg flussu frå Haltdalen og Ålen.

Det må jo seiast at mange av desse omdanningane er brukt i spøk og på sterk retur i vår «opplyste» tid. Men dei viser korleis folk har måta til framandt ordstoff etter eige språkøre.

19.3.20: Skomakarkjerringa

Skomakarkjerringa må få vera med ho også. Ho har sett spor etter seg i norsk folkemål i det vidt utbreidde ordtaket om at skomakarkjerringa og smedmerra er jamt (støtt, alltid, bestandig) skolaus. Seiemåten ser ut til å finnast (eller har funnest) i alle landsdelar, i mange ulike variantar. Dei to er dei siste som får sko, dei går jamt berrføtt, «æ klenast skodd» (Midtre Gauldal), «e lik dårle stelt på fotåm» (Leksvik), eller «e alltid sårføtt» (Inderøya). Skomakaren og smeden måtte vel prioritere det som gav inntekter.

18.3.20: Litt meir skomakar

Skomakartime om skumringstime står i ordsamlinga hennar Ingeborg Donali frå Oppdal, og derifrå er ordet også tatt inn i Norsk Ordbok. Meir vanleg er nok skreddartime, men ideen er i alle fall at handerkarane tok seg ei kvilestund før det kunne tennast lys.

Blokkebær har lokalnamnet skomakarbær i Odal. I Tinn har dei vore kalla skomakareistu, til eiste ‘testikkelpung’. Jamfør «bikkjekøddar» om same bærslaget somme plassar i Telemark.

”Du ska pass dæ fer skomakardassjen”, heiter det i eit ordtak frå Frøya. Skomakarane var rekna som handsterke, særleg til å slå oppover og utover, som skosauminga hadde gjeve dei trening i. Derfor var dei rekna som vanskelege i slagsmål.

Til slutt må vi nemne at dei i Orkdal kan få ein skomakar i halsen når halsen tjuknar til og blir gruggen. Det er vel ein del folk som har det slik i desse tider.

17.3.20: Skomakarlaks

Spøkefullt namn på fleire sortar fisk. Mest vanleg å bruke det om er vel sei, sild (spekesild) og makrell, men det er også kjent om lyr. Det ligg nok i det at fisken blir oppfatta som eit surrogat, ei erstatning for den meir luksuriøse laksen. Her frå ein reportasje i avisa Norsk Tidend 1958: ”seifisket er i full gang på Trøndelagskysten, så dei som ikkje har høve til å unne seg eit mål av all den fine laksen som blir dregen i land, kan i alle høve få eit mål skomakarlaks”.

Det går historier om ein fattig lappeskomakar som ikkje hadde råd til å behalde den laksen han fanga sjøl, men måtte selje han. Så gav han raudfarga sei til kone og barn for å få dei til å tru at det var laks.

Men sei servert som laks er også ein seriøs matrett, vel særleg nordpå. Også kalla seilaks.

16.3.20: Lestefut og beksmørar

Utnamn på yrkesutøvarar av forskjellig slag er ei utbreidd form for terging. Bernt skomakar i Oladalen lyt rett som det er finne seg i å bli kalla lestefut, kanskje særleg av si kjære Gurine. Elles verkar dette ordet lite kjent. Norsk Ordbok har teke det med og viser til ei ordsamling frå Senja. Eit anna skjellsord den stakkars Bernt får slengt i seg av og til, er beksmører. Dette syner sjølsagt til skomakartråden, bekatråden, som er innsett med bek. Beksmørar ser ikkje ut til å ha vore bruka utanom Sigurd Lybeck sitt univers. Bektrant (frå Nordhordland) er også eit skjemteord for skomakar, eigentleg ein som er «bekåt» rundt munnen. Bustfredrik er også eit slikt utnamn, det viser til grisebusta i enden på bekatråden, såkalla bustleiv.

11.3.20: Å komma anstigande

Neppe typisk dialektuttrykk i autgangspunktet, men det vil nok i alle fall bli oppfatta som gammelvore i dag. Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) definerer «komme anstigende» slik: «nærme seg, komme gående (særlig ubeleilig eller på en komisk-høytidelig måte». Arne Sødal frå Hemne forklarer at når ein «kjem anstigann», kjem ein «seint og høgtideleg, helst i spøk eller halv spott om nokon som tek seg sjølv litt for høgtideleg».  Å komma skridande blir vel omtrent det same. I ei ordsamling frå Nesna heiter det at det var brukt særleg når nokon kom for seint. Her er eit sitat frå Arthur Klæbo: «Sjå no henne fru styrmann Laura Anthonsen godtfolk, fin og fjong i selskinnspels når ho kjem anstigande og skal på kvinneforening» («Over alle hav», s. 35).

Opphavet er (etter NAOB) det tyske verbet ansteigen ‘gå bort til (nokon)’, her i presens partisipp.

10.3.20: Friarveg

Friarvegen er aldri (for) lang, seier ordtaket. Men friarveg kan også brukast i overført og veldig kvardagsleg forstand: Å laga friarveg (etter bordet) er å søle saus e.l. over bordet så det blir «veg» der ein har fare med ausa. Det kan også bli sagt når det f.eks. dryp sirup frå kniven. Dette kjenner eg frå noverande Sunndal kommune (både sjølve Sunndalen, Øksendalen og Ålvundeidet). Frå Ålvundeidet er også nemnt å laga seterveg i same tyding. I Gjemnes var det sagt å laga bruraveg, og om ein hadde søla vatn, kunne det også bli slarkveg.

Randi Olise Hoel tok opp «å tørk tå friarhåinda» på facebook-gruppa om ord og uttrykk frå Rennebu. Det vil seie å vaske døratrykkertar og trappegelender. Det er så langt ingen fleire belegg på dette, men Ingeborg Donali har friarflekk om «svart el. mørk flekk etter hand el. fingrar under klinka på ei dør» (Oppdal). Det var forresten «Dagens ord» 8.10.13)

6.3.20: Stupp

Det var meir interessant på opptaket frå Lensvika. Det er fortalt om jakt på fugl (rype, orrfugl, storfugl), og så blir det snakk om «stuppe(t) der føggel’n ligg». Det skulle tilsvara det meir allmenne dokk. Det er der han «stuppe-sæ ni», som det også heiter på opptaket.

Elles er dette inkjekjønnsordet stupp berre registrert frå Telemark og Setesdal, der det kan bety enten eit stup (i vanleg forstand) eller ei stoppe (djupt fotefar i snø). Så her er ei ny leksikalsk opplysning til landet lagt!

4.3.20: Annjlekt/andløgd

Forma annjlekt er registrert frå bl a Budalen og Singsås, og det betyr ’flirfull, lattermild’. Same uttalen har det i Haltdalen og Ålen, men opphavet ser vi lettare om vi går til andre bygder, f eks Rennebu og Oppdal, der det heiter annjløgd eller annjlægd. Annløgd var sagt frå gammalt også i mi eiga heimbygd Sunndalen. Vidare går det over i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen, og det finst fleire stader austafjells. Også frå Setesdal, Suldal og Hardanger er det oppskrive. Første delen må truleg vera den gamle forstavinga and- ’mot’, som i andpusten, andblæst etc. Og siste delen er nok –løgd, slik fleirtalet av målføreformene tyder på. Dette heng saman med verbet å le, helst via eit anna verb å løgje, som betyr å få til å le (akkurat som å grøte betyr å få til å gråte). Vi kjenner att denne ordstammen også i adjektivet løgleg ’artig; til å le av’. Noko ord andløgd er ikkje belagt i norrønt, men måten det er laga på, det heilnorske ordstoffet og den vide utbreiinga gjer at vi temmeleg trygt kan føre det tilbake til den tida.

2.3.20: Seil(d)

«Så vises det ei lita seil» – eg hører på eit opptak frå Lensvik på 1970-talet. Det er snakk om jakt og fangst, og ei seil er her eit lite søkk i snøen, der orrfuglen har grave seg ned. Ei eller ein seil om eit innsøkk, ei dokk (i ei flate, på kroppen, i ein kant m m) er etter Norsk Ordbok belagt frå desse stadene: Nord-Gudbrandsdalen, Nordre Land, Hallingdal, Andebu, Nissedal, Fjortland, Suldal, Bolsøy og Leksvik. Eit svært nærståande ord for det same er ei seild, som også har eit ganske vidt utbreiingsområde; Tinn, Sunnhordland, Hardanger, Sogn og Fjordane, Sunnmøre, Stjørdalen, Ytterøy, Helgeland, og Beiarn. Uttaleformer som sellj og søyld viser at ordet har opphavleg ld. Etymologisk er det visst samanheng med sid.

Om eit anna ord for «søkk, grop» sjå svokk, som var «Dagens ord» 22.1.19.

28.2.20: Spællaban

Dette hentar vi frå spalten «Dialektkråa», som lenge gjekk fast i informasjonavisa «Lekaposten» for Leka kommune. Dette vart forklart som «barn/ungdom som helst gikk på stas og ikke hjalp til hjemme». Derifrå er det også teke inn i dialektsamlinga frå Ytter-Namdalen (2011). I Norsk Ordbok er det å finne under oppslaget spelebarn, med følgjande definisjon: «person som ikkje gjer mykje arbeid; overbeskytta og priviligert person». Heimfesting: Masfjorden, Leka, Nesna, Sørfold og Gimsøy. Slike som får gå og spela seg, altså. Dei får «gang spællæban», som det står i ordsamlinga frå Nesna. Forfattaren Magnhild Haalke bruker det også eit par plassar; ho skriv «spellbarn».

Ser vi nærare etter på belegget frå Masfjorden i Hordaland, kan det verke som det der heller betyr ‘leikekamerat’: «me hev vore speleborn i lag».

27.2.20: Beinrenne

Snarveg på ski: benrenne i Georg Melien og Magne Idar Evenås: Haltdalingen i ord og bilder I, s. 12. Logisk ord (jf. det vanlege renne om skiløype), men lite belagt. Setelarkivet til Norsk Ordbok har eitt eksempel, frå Nynorsk Vikeblad i 1936. Elles møter vi det hos forfattaren Halvor Floden frå Trysil, bl a i ei forteljing i Norsk Barneblad i 1911: «Sjølvsagt hadde han teke beinrenna, der dei bruka gaa naar det var godt føre». Likeeins brukar han det i forteljinga «I Granlia» (1930). Og i eit oppslag i avisa Østlendingen i 1964, også frå Trysil, er det snakk om å laga ei «benrenne». Trysil og Haltdalen, altså. Vil jo tru at ordet kan vera (eller har vore) kurant også andre plassar, ikkje minst i det mellomliggande området.

26.2.20: Ei så

Anna ordmateriale her enn i hankjønnsordet ein så, som vi såg på tidlegare denne månaden. For hokjønnsordet så gir Norsk Ordbok opp tre tydingar (her i forkorta form): 1. trevl, flis av kornskal; 2. skal eller hylster kring korn; agner og 3. sers liten mole av mjøl, korn o l. Her er det ofte brukt i nektande uttrykk om ingenting, ikkje det aller minste: «ikkje ei (lukkande) så», «det fanst ikkje matsåa i huset». Langsåer er langt kornskal i mjøl, og å kaste eller skyte langsåer kan vera enten å overdrive, lyge grovt eller å komma med fornærmande, provoserande ord.

Norrønt sáð f ser ut til å ha betydd det same som i dag. Det er slektskap med verbet å så.

14.2.20: Sauså

Det er ymse slag såar til kvar sitt bruk, og Erling Myrbostad nemnte fleire av dei i ein kommentar til «Dagens ord» i går (konrså, mjølså, kjøttså). Elles kan sikkert somme kalle ein skjørstamp for ein skjørså og ein badestamp for ein laugeså. om eit stort kar eller ein stamp er eit gammalt ord som finst i norrønt, svensk, jysk og engelske dialektar.

Men så har vi sausåen – ein stor, vid stamp tuil å vaske sauene i. Her er Ingeborg Åsen Vatten: «Ein dag skulle Trollmor vaske sauene sine. Ho hadde rulla ut den store sausåen, bore den full av vatn, og tetta den, for den hadde gisna sund. Det var eit heilt år sidan den hadde vore i bruk, men no hadde den endeleg trutna såpass at ho kunne vaska sauene sine» («Tussetrolla» (1978), s. 30).

Sauså om denne stampen er først og fremst kjent frå Nordmøre, tilliggande plassar i Romsdal, og Oppdal. Dessutan er det oppskrive frå Selbu. Frå Oppdal fortel dei at når ein hadde vaska sauene om våren, vart gongkleda vaska i same vatnet. Lanolinen frå sauekroppen og ulla fungerte som såpe. Å lauge seg sjøl i dette vatnet skulle også vera bra.

13.2.20: Buså/butynne

Stor tynne eller stamp til å ha vatn i, i fjøset. Frå den tida vatnet måtte berast. På indre Nordmøre (Surnadal, Sunndal, Øksendal) har dette vore kalla busåen. Lenger ut på Nordmøre, og i Fosen, har det visst vore sagt butynna, men det er få opplysningar om det. Bu- som i buskap og budeie.

I eit hefte om gammeltida på Hitra kan vi lesa at dei slo nyinnbore vatn opp i tynna så det skulle slå tu seg kalden, ein skulle ikkje gje krøttera tatn direkte frå brunnen.

11.2.20: Vabben, adj

Her kom det fleire fine kommentarar. Vi har fått høre at det kan vera vabbe (vabbigt, væbbe) føre, vabbe å komma fram, eller at det blir vabbe når ein har panka på seg for mykje eller for tjukke klede. Da er ein vabbe kledd. Laus og mjølen snø kan heite vabbsnø, i alle fall på Hitra. Sør på landet kan ein tungfør, klossete person bli sagt å vera vabben (Land, Vinje i Telemark o fl).

Etter ei eldre kvinne i Hafsåsen oppi Fjellgardane i Sunndal noterte eg på 1970-talet samansetninga vabbvåksinn (vabbvaksen), som slik eg forstod det, betydede stutt- og tettvaksen.

10.2.20: Vabbe

Eit verb som hører til i same sfære som å grynne. Her er den første definisjonen i Norsk Ordbok: «gå tungt og mødesamt, serl(eg) i snø, gjørme, høgt gras  o l». Dette har visst vore nokså vanleg i heile landet. Eit par andre tydingar blir også ført opp: vasse i vatn, og søle, plaske. Så kjem ei tyding som går på munnbruk, å jabbe, skravle, masa – men det er kanskje eigentleg eit anna ord.

Leif Halse fortel om småe gutungar som gjekk i stakk, heilt til dei «vart såpass vettuge at dei kunne krevje seg»: «Når ein gutunge gjekk og vabba i stakk, var det ikkje trøysamt når folk sa: «Nei, kva er det for ei lita dråk som kjem der?»» (Kring gamle Tovadal, s. 21). Hans Hyldbakk tek det elegant i bruk i overført forstand i eit Kleivabrev frå 1976: «Vi går og vabbar i gamalt samlivsmønster». Det kan vel ha endra seg noko sia den gongen.

Når det er tungført med djupsnø, gjørme eller anna, kan ein seie at det er vabbe (altså adjektiv).

Noko verb vabbe er ikkje belagt i norrønt, og heller ikkje i språk vi kan ha importert det frå. Men Alf Torp meiner det er rotbeslekta med vavle og vavre.

6.2.20: Grynne

I Mo i Rana «grynna» dei i «djupsnyen», fortel Rita Hovde i ein kommentar til gårsdagens ord. Det kan dei nok gjera i heile Nord-Norge når forholda er slik. Det vil seie å vasse tungt i djup snø. Denne tydinga er nok avrgensa til den nordlege landsdelen i dag, men dei gamle leksikografane våre, Ivar Aasen og Hans Ross, fører også opp Vestlandet og Telemark. Somme vil kanskje også kunne grynne i vatn eller søle, men da heiter det likevel helst å vada eller vasse. Reidar Svare nemner ein tradisjon frå Vefsn om at dersom ein drømte at ein grynnte i snø, så skulle det bli godt vêr. Det same om ein drømte at det snødde. I Vefsn har dei forresten eit substantiv eit snygrynnan om djup, tung snø.

Men det er ei anna tyding som er mykje meir utbreidd også i Sør-Norge, og det er å nå botnen, nå ned til fast grunn, særleg i snø. Det var så vidt hesten grynnte, kan ein seie. Av dette har vi vel også fått snømålet ein merragrynning – så mykje snø at det går oppunder buken på ein hest. Her kjem det også tydeleg fram at verbet å grynne er avleidd av substantivet grunn.

Norsk Ordbok opererer med heile 10 hovudtydingar av verbet å grynne. Hans Ross nemner frå Nordmøre «liggja borti sengjen og grynn'» – sparke, om små ungar. Og i Hemne kan/kunne ein bli aldeles nedgrynna – nedgraven, overdekt.

5.2.20: Va(d)føre

Djup, laus snø så ein må va(de) seg fram. Akkurat denne samansetninga ser ut til å vera lokalt avgrensa til Helgeland (Hattfjelldal, Vefsn og Hemnes, seier Norsk Ordbok). Og her kan du få lære kva dette kan heite på sørsamisk: «er det vaføre eller tungføre, da sei vi løøvles daelkkie» (Marek: Samene i Susendalen (1992), s. 125).  Ordete r også komme på trykk i Helgeland Arbeiderblad.

31.1.20: Stegfatt

Ord som forekjem både som adjektiv og substantiv, og som har med spenn i ski å gjera. Eg kopierer like godt inn artikkelen stegfatt frå Trønderordboka: stegfatt subst/adj, (adj) (om ski) oppbøygd under midten, med spenn; (subst) spenn i ski. Mykje utbreidd, i mange uttalevariantar, som stekkfatt, stifatt, stefætt, stekkfætt, stifætt, stekkføtt, stiføtt, også stafætt, sta(v)føtt, stefart, stifart, stafat, stifot m fl. I Åfjord også oppbøygd under midten, om båtkjøl; i Aure kan stekkfætt også tyde plattfot. Førsteleddet heng saman med steg, andreleddet er fatt ‘tilbakebøygd’ (slik at -fætt, -føtt m m er omtolkingar).

Ordet/orda finst både i Trøndelag og på Nordmøre. Vi kan supplere med meir heimfesting frå Norsk Ordbok: Vestre Slidre, Hallingdal, Ulvik, Voss, Modalen, pluss belegg frå Helgeland og Salten.

30.1.20: Learenne

«Å aka learenne» står nemnt i ei ordsamling frå Torpa, som finst på nettet: http://www.kjenshaugmyra.net/23364438

Det er nok det samme som i skileik-kretsar heiter «orgeltramp», sjå NAOB: https://www.naob.no/ordbok/orgeltramp

Det ser ut som «learenne» er ei lokal nyskaping som har fått eit visst fotfeste. I Oppland Arbeiderblad 4.3.2005 er det førehandsomtale av eit arrangement i regi av skigruppa i Vest-Torpa UL, og det er reklamert med «latmannslangrenn, slalåm, hopp og learenne». Det er også avisbelegg frå så tidleg som 1930. Eit godt ord, for i ei løype der kulane kjem annakvar gong, får ein verkeleg «lea» seg. Artig å sjå at det stadig foregår litt lokal ordproduksjon!

29.1.20: Stavtryg

I går nemnte vi at kringle er det vanlege ordet for skistavtrinse på desse kantar. Dette er relativt samanhengande i Trøndelag, på Nordmøre og inn i Romsdal fogderi, vidare har Norsk Ordbok det frå Folldal, Trysil og Romerike. Men iNamdalen og nedover på Innherred har dei brukt eit anna ord for dette, og det er stavtryg. Tryg = truge, og det må tyde på at sjølve konstruksjonen av stavtrinsa er overført frå vanlege trugar (Arniold Dalen i boka «På trønderski», s. 52)

28.1.20: Pikstav

Den gamle, lange skistaven frå den tida dei brukte berre ein stav. Det er kanskje den opphavlege skistokken (jf. «Dagens ord» i går 27.1.), sjøl om skistokk somme plassar (i alle fall i Trondheim) har gått over til å bli nemning også på dei moderne skistavane, som det jo er to av.

Arnold Dalen har kartlagt norsk og spesielt trøndersk skiterminologi, og det følgjande byggjer mykje på han. Piggstav eller pikstav har truleg vore eit nokså utbreidd namn på den gamle skistaven, fordi han hadde ein jarnpigg i enden. Same motivasjonen ligg nok bak spjutstav eller spjøtstav (Vinje i Telemark, Røyrvik, somme plassar på Helgeland). Og ikkje minst snuddstav eller snyddstav, som har vore brukt ganske vidt ikring i Trøndelag. Førsteleddet her betyr rett og slett spiss, og ei snudde kan spesifikt bety jarnspiss på skistav (i Lierne ei snuddu, skisnuddu). Ei snydde om kvass kant, framspring er ein svært nær slektning. Eit par plassar (Grong, Namsskogan) har vi varianten snytstav.

Jarnkringelstav er /var sagt på Nordmøre og noko i Sør-Trøndelag. Det viser til kringla, trinsa på staven. Kringla viser seg også i klengerdon, klengerdoning og klengerdonstav (Meråker; i Selbu kringel-). Don og doning betyr her utstyr.

Det er sjølsagt lenda på staven som har gitt nemninga langstav. Ein heitl spesiell bruk fortel vargstav om, registrert frå Nordmøre (Stangvik og Ålvundeid).

27.1.20: Skistokk

Tilbake i 1998 noterte eg «skistokka» om skistavar, etter ein eldre trondhjemmer. Dette er ei nemning vi ikkje har i ordboksarkiva, men no har vi heldigvis mykje digitalisert tekst gjennom Nasjonalbiblioteket, der vi kan ha håp om å finne opplysningar. Og ganske riktig: I W.K. Støren: «Minneboken om Trondhjem» frå 1955 finn vi eit bilde av sportsungdom samla utafor Skistua ein gong mot slutten av 1800-talet. Her frå bildeteksta: «to skistaver med kringler har overtatt etter den ene lange skistokk, som et par av skilperne fremdeles bruker». Derme dser det ut til at skistokk kan ha vore nemning på den gamle, lange typen skistav, frå den tida dei bruka berre ein stav. I nasjonalbiblioteket finn vi bl a at Roald Amundsen og Trygve Gran har bruka ordet i memoarane sine, og bygdebokforfattaren Hermann Aune skriv til og med om ein skistokkfabrikk på Støren.

23.1.20: Ræss (ress)

Å ta (seg) ræss/ress betyr å ta fart, tilsprang. Detet er belagt frå heile Nord-Trøndelag, dels og så med t i uttalen: ræsst/resst. Norsk Ordbok (som har oppslagsforma res) har også ei opplysning frå Soknedal (innsendt til Trønderordboka), men den er kanskje tvilsam. Her er i alle fall eit sitat frå Kristofer Uppdal: «han krøkjer ryggen attom båra, høgg styvlehælane mot plankeløypa, tek ress som ein ver, spring med lastebåra innpå Spelol, ropar av vegen..» (Dansen gjenom skuggeheimen, s. 32).

Så er det spørsmål om opphavet, og her har ein tenkt seg norrønt rás ‘spor, bane, far, veg’. Jamfør også moderne norsk rås f. i forskjellige tydingar. Res(s) kan også bety eit stykke, område å boltre seg på, og ei open strtekning på sjøen.

22.1.20: Tilfart

Tilløp, tilsprang: «å ta tilfart». Ingeborg Donali har dette eksempelet frå Oppdal: «ho tok tefart og hoppa over bekkinn». Norsk Ordbok har heimfestingar berre til Nordmøre og Sør-Trøndelag, men det kan nok vera berre fordi det der er spurt spesielt etter det i samband med innsamling. Det Norske Aakdemis ordbok (NAOB) har eit par litterære belegg på det (Hans Aanrud og Sondre Midthun). Det må vera mykje meir vanleg enn som så, det kan ein sjå på alle avisbelegga. Som for eksempel dette: «Keeper Hagerup tok fem skritt tilfart og banket ballen i krysset via tverrliggeren» (Bergensavisen 22.10.2019). Uttrykket er kanskje kome opp som ei samanblanding av å ta fart og å ta tilsprang.

I veglitteratur er tilfart bruka om veg som fører inn til f eks eit kryss.

21.1.20: Å kløfte

Bjarne Østbø skildra i eit aviskåseri ein gong (avisa Driva 24.1.1976) den tida dei laga seg skismurning av gamle grammofonplater. Det var vassdammar i løypa, men ein kar hadde vore heldig med smurninga, han hadde koka på «e halplåt «Når fjordene blåner» fer blannakor å blåsara.  Å så la du ponn mitta nå sega greiå tå ei plåt de sto «tango» på – da kløfta du ut, kar!». Det var forresten i same stykket forskjellen på før og no i langrennssporten vart forklart: Før smurte dei skiene, og såg kven som gjekk fortast. Men no ser dei kva ski som går fortast «og så smør dæm rennarann»!

Ja, kløfte ut kan langrennarane gjera, likeeins kløfte på og kløfte i veg. Men verbet er fullt brukande også om gange til fots. Det handlar i begge tilfelle om å legge i veg med lange steg, å lange ut..

20.1.20: Fjerhust (fjørhust)

To kjelder for dette ordet/denne leika (begge brukar forma «fjerhust»). Først Sverre Solem, Soknedal, i ei ordsamling i Gauldalsminne: «hønefjør (hane) sett fast i ei potet og vart slengt opp i lufta». Så Endre S. Nisja frå Sunndal, i eit manuskript som inneheld ei lokal ordsamling: «ei stor fjær stukket inn i en potet eller en annen litt tung klump. Kastes og går da med en surrende lyd». Hust viser sjølsagt til slenging (opp i lufta), som i «å renn hust» (Dagens ord 16.1.). Men er det fleire som kjenner til denne leika, eventuelt med andre namn?

 17.1.20: Å svive (skrense)

«Mått svi’iv for å stopp på flatom» skriv Erik S. Viken, Oppdal, i kommentar til «Dagens ord» 15.1. Det vil seie å skrense (her: på ski), og denne bruken kjenner eg frå min eigen oppvekst i Sunndalen: En måtte lære seg å «sviv'» for å kunne ta ordentlege slalåmsvingar. Eg knekte ein skitupp ein gong på veg ned ei fjellside. Den hadde nok ein skavank frå før, og hadde dotte av der eg begynte å svive, synte det seg.

Å svive om å skrense, gli til sides går ganske vidt ikring i følgje Norsk Ordbok. Det er opplysningar om det frå Solør, Gudbrandsdalen, Valdres, Sogn, Nordmøre, Trøndelag og Vefsn. Men da er det gjerne sleden, kjelken, lasset eller bilen som sviv. Som i den dramatiske likferda Hans Hyldbakk skildrar i «Gravøl e Mærradala»: «Men da dem kom austi Kleivabrattå, da sveiv ‘n sleainn, å hingsten glatt» (Heimbygdsvers, s. 81).

Å sveive er nærskyldt med å svive. I tyding skrense er nok sveive vel så vanleg i Trøndelag. Ein plass på vegen der det er lett å gli ut, kan heite ei sveive (Folldal), ei svæv’ (Oppdal) eller ei sveve (Budalen).

16.1.20: Å renn’ hust

Lokalt for Sunndal og Oppdal (men ikkje heile bygda) om å renne hopp, truleg helst om å hoppe på spretthopp. Hustrenn er/var artig tidtrøyte.  Ein hust er jo ein sleng opp i vêret, og det er jo nettopp det ein får på spretthopp. Stundom ser ein spretthopp omtalt som sprøytehopp (særleg på Austlandet?). Ein sprøyt eller ei sprøyte er i seg sjøl spretthopp, eller sjølve spretten på eit slikt hopp. Frå Rennebu har eg fått opplyst at dei sa å renn’ kytinghopp om å hoppe på spretthopp.

15.1.20: Overgangen

Dette er jo standardnemninga for området frå der unnarennet i hoppbakken flatar ut og gradvis går over i flata. Lange hopp kan hamne her, nedom det såkalla kritiske punktet. I dialektane, i alle fall det eg har fått sett på til no, ser det ut til å vera brukt ord som allment betyr søkk, fordjuping e l. Såleis kan nordmøringar «håpp’ ni dåmpa» (dåmp er uttalevariant av dump), medan trønderar gjerne hoppar nedi dålpa eller dølpa. Og så er det ein lokal vri på Snåsa og i Inner-Namdalen. Med god klaff der kan det bera nedi dåmma eller domma.

14.1.20: Tilrenn(e) og unnarenn(e)

No i hoppsesongen kan det høve å sjå litt på språkbruken for dei to delane av bakken, det som er ovafor og nedafor hoppet. «Standard» terminologi ser ut til å vera tilløpet eller ovarennet for det første, og unnarennet for det andre. Men her skjuler det seg nok litt variasjon i dialektane. Tilrenn («terenn») er nok ganske utbreidd om tilløpet: «I tilrennet skal kroppsføringa vera låg, samla og roleg» lærer vi i avisa Norsk Tidend frå 1935. Tilrenn kan også brukast om fart, tilsprang utanom akkurat hoppbakken («ta tilrenn»). Men i alle fall somme plassar, på Nordmøre og i Trøndelag, er ordet hokjønn: «terenna», «terennå» i bestemt form, altså ei tilrenne. På tilsvarande måte kan vi ha «unnarenna», «unnarennå» om unnarennet, altså ei unnarenne.

13.1.20: Uvyrdslåm

«Farleg eller krevjande skiløype» (Norsk Ordbok). Ein lyt vera uvyrden (uvøren) for å gje seg i kast med slike. Ordet er nok frå først av lokalt for Telemark, og det blir gjerne knytt til Sondre Norheim si tid. Han skulle vera ein håling i slike løyper, som sjølsagt var naturlege og ikkje tillaga på noko vis. Kanskje vi kan seie det minner om dagens «off pist». Seinare finn vi uvyrdslåmer ganske hyppig omtalt i skihistorisk litteratur.Dei gamle telemarkingane hadde ein velutvikla terminologi for ulike slag løyper. Vill-låm er vel det same som uvyrdslåm, og i tillegg opererte dei med f eks kneikelåm og ufselåm. Og ikkje minst slalåm, som har vunne heile verda (til sla – slakt hallande). Ordet låm går vidare enn Telemark og er kjent mange plassar i alle fall sønnafjells. Den samanhengande utbreiinga ser ut til å vera omtrent Telemark, Agder og Ryfylke.

10.1.20: Slettrenne m m

Ordet ei slettrenn’ har Ola Grefstad skrive opp frå Meldal, og han forklarar det som ei skirenne som det ikkje er hopp i, altså ei utforløype. Eg kom også over det i ei ordsamling frå Torpa, der det heiter «å aka slettrenne». I området Telemark/Buskerud finst det nokre fleire ord for renne eller løype som det ikkje er hopp i, og som tilsvarar utfor eller slalåm: slett(e)løype (Tinn, Modum, Sandsvær), rettløype (Hovin), strakløype (Tinn) og ra(d)løype (Rollag, Heddal, Gransherad). Kanskje du som les dette, kan supplere?

9.1.20: Hårvott

Person med mykje hår (og skjegg). Med dette innhaldet hører kanskje ordet først og fremst til på indre Nordmøre og over til Oppdal og Meldal. Spelmannen Jon I. Holten på Lykkjeeidet laga ein slått som kallast Hårvotten,eg veit ikkje kven som har stått «modell» for den. Frå Oppdal er ein hårvott også skildra som eit dyr med dårleg vokster og mykje hår (ordsamlinga til Ingeborg Donali), og det er også ei opplysning frå Meldal om at skrale kalvar skal ha vore kalla «hårvotta».

Men som så ofte går nok dette tilbake på ein konkret bruksting. Hårvottar er rett og slett vottar med hår innblanda i garnet. Eg har hørt snakk om røythår frå ku, som var blanda atti under kardinga. Men meir vanleg ser det ut til å ha vore å bruke kvinnfolkhår. Dette skulle vera bra til sjøvottar, dei vart da slitesterke og trekte mindre vatn. Vi les om jenter som fekk beskjed om å ta vare på håret som vart med når dei kjemma seg, for det skulle brukast i vottar.

8.1.20: Bustull

«Det var han bustull sjølv som heldt på og bråka smør borti mjølkbua». Det er Hans Hyldbakk som skriv, i bladet «Heimveg» frå 1936. Han er på besøk på setra hos «Rahauinn», velkjent mannleg budeie frå tidlegare tider i Sunndal. Kanskje Hyldbakk siktar til at han var buståt på håret, men om vi slår opp i Norsk Ordbok, finn vi at ein bustull er ein einsleg mann som sjøl steller huset sitt. Dette er riktignok lenger sør i landet (Røldal, Ryfylke). Men ordet går nok vidare, for same ordboka fører opp bustull om «ein stutt-tenkt brytar til kar» (Hemsedal), og som «godsleg tiltaleord til smågut» (Stranda på Sunnmøre). Tilbake til Hans Hyldbakk, så har han ei segn om huldra på Knyksetra. Ho kom innåt skjelveggen kvar morgon og vekte setertausa: «No må du stat opp no, bustull. Sola skjin, å kjyn min dem går alt e engjen» (Gamalt frå Surnadal, s. 246). Det verkar som bustull  er samansett av bu som i budeie og stull som i stulle (stelle).

7.1.20: Busthøvel

Person som er bustete i hår og skjegg: busthevvill (Tingvoll), bustivvill (Oppdal, Rennebu), i Rennebu også notert bustfivvill. Frå Vinje i Fosen er bustivill rapportert om noko som er svært «løe» og raggete. Ein busthøvel er somme plassar (Stangvik, Leksvik) nemning for ein «narreting» som ungane vart sendt for å låne medan slaktinga stod på som verst, altså i same kategorien som rumpedrag og pølsemønster. Men det er også ei opplysning frå Rennebu om at busthivvil’n er eit reelt reiskap, ein høvel til å høvle bust (fjør) på bord eller plankar. I den første tydinga er det nok helst å oppfatte som ein variant av det gamle ordet bustyvel for pinnsvin. -yvel er nok eigentleg det same som vi har i tysk Igel og svensk igelkott (begge om pinnsvin), men kanskje med assosiasjonar til verbet å yve og adjektivet yven.

6.1.20: Utsunge

Siste ordet er ikkje sagt, seier Linda Eide. Det blir som kjent bruka når ei sak eller eit spørsmål ikkje er endeleg avgjort, det kan framleis bli forandringar. På mine heimtrakter (i alle fall i Sunndalen og Øksendalen) kan/kunne ein i slike samanhengar seie «det e’ kje utsongje enda». Dette er sjølsagt ein overført bruk. Noko liknande finn vi hos Olav Duun: «Og elles så er ikkje visa utsonga med det her. Ut kjem det, og folk trur det dei trur» («I stormen», s. 199). Utsunge betyr bokstaveleg talt ‘sunge ut, sunge til endes’. Sigrid Undset f eks skriv om messa som er utsungen. Og i somme tilfelle, kanskje helst ved heimesnikra, haltande bryllaupssongar og slikt, kan ein oppleva at teksten er utsungen medan ein enno har att litt melodi. Ein noko annan nyanse har vi når Einar Økland skriv i ei novelle om ei «gammal, utsungen salmebok». Hans Ross 1895 noterer ein litt spesiell måte å bruke dette på frå Nordmøre, med eksempelet «ho lava de skull ikkje vara utsångje me Ann» med forklaring «hun lovede at hun skulde synge endnu nogle Vers for Anna». Og så blir sjølsagt avlidne menneske utsungne når dei blir borne ut frå heim, sjukehus eller kyrkje medan det blir sunge.

3.1.20: Avseggjort

Fleire nemner dette som kommentar til gårsdagens ord. Og det kan nok brukast omtrent slik, altså i tyd ‘overstått, unnagjort’. Men like ofte går nok dette meir mot ‘avgjort, bestemt, sluttført’ (om utfallet av ei sak f eks). Når saka er avseggjort, er ein ferdig med henne, og for så vidt er ho overstått. Det ser ut til at avseggjort «»åsegjort, åsæjort») er avgrensa til Trøndelag, mest i det gamle sørfylket. I eit par nyare ordsamlingar finn vi ei litt anna tyding: «asejort» pent utført, om arbeid (Nesna) og «tåsegjort» forseggjort, pynta (Tinn).

Avsegstyrt/avsegstyra ligg nok nært opp mot «avsegstått» som vi hadde i går. Dette er mest brukt i Nord-Norge, men går også inn i Trøndelag (Ytter-Namdalen, Frøya). Det same gjeld avsegspela (Hemnes, Rødøy). Avsegspurt går meir mot avslutta, om ei sak (Nesna).

2.1.20: Avsegstått («å(v)sestått»)

Ja, no er både jula, nyårskvelden og heile 2019 avsegstått, altså unnagjort, overstått, ferdig. Norsk Ordbok heimfestar ordet til Trøndelag og Nordmøre, men dette bør nok gjerast noko meir presist i den kommande revisjonen. Belegga konsentrerer seg om indre Nordmøre og dei næraste bygdene i det gamle Sør-Trøndelag (Oppdal, Meldal, Hemne). Uttalen er «å(v)sestått», i Hemne «åvsæstått». Men det må nok finnast på Helgeland også: «Asegstien» med denne tydinga er ført opp i ei ordsamling frå Hemnes. Og i boka «Humor på Hælgeland» (Svein Stevik, 1991) står ei historie frå Vefsn om to kallar som vart tvinga av dei nyomvendte kjerringane sine til å gå til alters minst to gonger for året: «For å få det heile fortast mule avsestått, troppa dæm opp i kjærka aillereia næste preikensøndag» (s. 53). Det er gjerne i samanheng med noko vondt eller fælt at uttrykket blir brukt, noko det er best å få avsegstått. Som ordlaging er det ein samansett partisipp til sambandet «stå av seg», som blant anna kan bety ‘gå over, ta slutt’.

20.12.19: Skogrøyte

Mildver med vind om vinteren, slik at skogen blir reinska for snø (Eidskog). Anna tyding er notert frå Aurskog, der «skaurøyta» er barnåler, kvist o l som ligg i snøen. Det er alts resultat av vind, og merket var at det skulle komma like mykje snø etter «skaurøyta» som den som ligg frå før.

19.12.19: Stakka skau (skog)

Direktesending på radio i dag, og da kom ein innringar frå Sigdal med dette uttrykket, som beskreiv akkurat det han satt og såg ut på. Når det er «stakka skau», er trea fulle av snø. Julekortstemning, altså. Eg hadde ikkje hørt uttrykket før, men Norsk Ordbok. Heimfestinga er først og fremst Buskerud og Telemark, men også Hadeland. Frå Ål er det opplyst om ein variant stokka. Elles ser ordet ut som ein partisipp av verbet stakke ‘sette i stakk’.

Vi kan ikkje gje oss for i dag utan å minne om det vakre nordmørsordet ve(d)bju for same fenomenet. Det kan du lesa meir om her: https://ordoguttrykk.wordpress.com/tag/vebju/

18.12.19: Tjørelog («tjurrulau»)

«Tynn, mørk saft som blir utskild av tjøre» (Nynorskordboka). Når råtjøra får stå ei tid, skil ho ut denne væska, som er som ein tynn beis. Dette kan brukast til impregnering, (f.eks. av sko) men har også vore bruka i folkemedisinen, mot sjukdom og skadar. Såleis hører vi at somme prøvde å drikke det mot spanskesjuka, og likeeins har det vore drukke mot tæring. Men det vart ingen suksess da Blilnd-Anders hos Duun prøvde å kurere augo sine med «heit tjæralaug». Tjørelogen er også kalla tjøremeisk eller berre meisk (Valdres, Hallingdal, Voss, Sogn). I Østerdalen heiter den tjurrusvette, og det namnet skal visst også ha vore bruka på Hølonda.

Om sterk, beisk kaffe kunne mor mi sie «han vart no som ein tjørrulau».

Den første (ubrukande) tjøra som kjem når ein brenner ei tjøremile, hadde namnet pilltjurru i Malm. Derav skjellsordet pilltjurrudall, som var «Dagens ord» 22.10.16.

17.12.19: Bakste

Tjørebre. Ordet finst (eller har funnest) i Nord-Østerdalen og det søraustre hjørnet av Trøndelag, og det går også inn i Stjørdalsdalføret og søre Innherred (her med uttalen bast). Også i samansett form tjørebakste (tjurrubakste). Det kan gjelde både ski, båtar og kjørereiskap. Bakste er avleidd av baka i ei opphavleg tyding ‘varme opp’.

16.12.19: Å kve ski

Årboka for Flatanger historielag har ei løpande ordsamling med nye tillegg kvart år. I årets fangst har vi blant anna «å kve ski», forklart som å «smøre ski med tjærebasert grunning». Norsk Ordbok har artikkel på det (oppslagsform «kvæda»), og Arnold Dalen har kartlagt det i boka «På trønderski»: https://www.nb.no/items/aea542543044f2ac9fd5ae7dfc421839?page=53&searchText=kv%C3%A6da%22P%C3%A5%20tr%C3%B8nderski%22

Her går det fram at ordet hører til i Nord-Trøndelag i hovudsak (Innherred frå Frol og nordover, Snåsa, Namdalen), men går også inn i Fosen (Rissa, Stokksund). Ivar Aasen har notert ordet frå Innherred, og det er også med i ei ordsamling frå 1760-åra. Denne samlinga har mest frå Nordmøre, men er truleg skriven av ein prest med tilknytning til Skogn. Somme presiserer at grunninga må brennast inn for at det skal kallast å kve. Om ein ikkje brenner det inn, heiter det rett og slett å smørje ski (Kolvereid); om ein tørkar det inn i sola, heiter det å bre (Stokksund). Det er dette som i Leksvik har vore kalla sommarkveing. Det kan også brukast om å preparere andre ting enn ski; eg har notert «å kve konta» (tjørebre prammen) frå Vanvikan.

Arnold Dalen har studert ordgeografien i dette. I tillegg til utbreiinga av å kve, finn han at det heiter å bakste eller bakstre ski i eit søraustleg område i Trøndelag, og å baka ski i Lierne og Røyrvik.

Å kve er avleidd av kvåe (kvae), og det viser vel til at dei har preparert skiene med kvae før i tida, både som impregnering og for å få dei glatte. Frå svenske målføre er registrert kväda om å kitte, lime saman med kvae.

13.12.19: Lussinattlæke

Det var «løssinatt» «i natt va», og i det høvet deler vi eit sitat frå Inge Krokann: «For såpass skyna nokon kvar, at korkje helgamess-tøyr eller løssinott-læke kunde få burtatt ein slik stor-dynt som dette, når vinden tjåkå-med heile tida og knådde fonna ihop» (Gjenom fonna II, s. 214). Krokann kan nok vera vanskeleg å forstå, så her er litt hjelp: Ein stordynt er eit stort snøfall, og «løssinott-læke» er mildver på lussinatta. Helgamess-tøyr er mildversperiode rundt helgamess (første søndagen i november) eller på førjulsvinteren i det heile.

12.12.19: Fingersylte

Dette ordet hentar vi frå Solfrid Helene Liens særemne arbeid frå 2002, «Dialektord frå Fuglvågen» (Tustna). Ho forklarer det slik: «Veldig tynt syltetøy som berre renn av/gjennom brødskiva». Velkjent og ekkelt fenomen, og den einaste opplysninga vi har om akkurat dette ordet. For eit anna ord som har med pålegg å gjera, kan vi gripe tilbake til»Dagens ord» 31.3.14: «Kaksmorneng (kakesmurning)
Smørevillig (og gjerne klissete) pålegg på kakskiva (brødskiva) (Hitra)».

10.12.19: Tyri

Nei, det dreiar seg ikkje om feitved (spik) denne gongen. Det skal heller handle om folk. Eit tyri er ei samling med folk, gjerne slike som ber seg merkeleg åt (eit underleg tyri). Også villstyrne ungar eller ungdommar (småtyri, tokkeltyri, få inn tyriet til kvelds). Ordet går frå Agder, oppover Vestlandet til og med Nordmøre, pluss Oppdal. Frå Rindal skriv Jo Skjølsvold at det har vre særleg bruka om ektepar som held sterkt eller mykje saman. Det er vel også det som ligg i «to-tyriet» som nhyleg var framme på facebook-gruppa for surnadalsdialekt, og da tilsvarar det vel kallty. I Selbu er tyri bruka om reiskapar, hjelpemiddel.

Vi har eit liknande ord som ser ut til å gå noko vidare, nemleg tyras. da får vi også med oss delar av Austlandet. Betydningane er parallelle, men somme plassar er tyras også bruka om skrot og skrap.

Tyri og tyras er helst laga med kvart sitt suffiks til ordet ty, som kan bety ‘særskilt gruppe’ e l, som i folkety (folkeferd) og fantety. Sjå Norsk ordbok artikkel II ty, tyd 6: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=ty#ariadne=%5B%5B|162231|,0,|ty|]]

6.12.19: Underveg («undevegen»)

Vi går til Hallingdal og hentar ordet i dag, ei aktuell glose på vinterføre. «Undevegen» er veg som ikkje visest fordi han er attdriven eller nedsnødd. Hans Ross noterte dette frå Nes i Hallingdal, og i nyare samlingar er det oppskrive også frå lenger opp i dalen (Ål og Hemsedal). Det var om å gjera å ha hest som var god til å ta undervegen. Mikkjel Fønhus kjem inn på dette i «Hallingsvarten», som var ein hest med denne eigenskapen: «Nå ble det Svarten som måtte leite seg fram etter undervegen, hester hadde en merkelig evne til å greie slikt» (s. 117). Men da måtte hesten få gå akkurat som han sjøl ville.

5.12.19: Akselbrei (over rauva)

Akselbrei betyr breiskuldra. Merkeleg nok ser ikkje dei gamle ordsamlarane (Aasen og Ross) ut til å ha fått tak i dette ordet. I eldre samlingar er det å finne berre hos W.F.K.Christie ihans «Norsk Dialect-Lexikon». Men som målføreord går det ganske vidt. Flest opplysningar er det nok frå Trøndelag og (indre) Nordmøre, men det er også ein del belegg både austafjells og oppover i Nordland. På Vest- og Sørlandet er det minimalt. Dette kan nok ha å gjera med at dei mange plasar seier herd i stadden for aksel eller skulder. Akselbrei er i alle fall bruka av anerkjente forfattarar som Duun, Garborg og Falkberget, og i seinare tid av Jon Michelet.

I spøk kan folk bli karakterisert som «akselbrei over rauva». Da er dei gjerne i meste laget karavorne. For å understreke dette, kan det heite at nokon er «akselbrei over rauva og handsterk til å skite» (i Verdalen også «handfast til å skite»).

4.12.19: Porrojelk

Innherredsord for (gammal) hest som et det han får, det som dei andre dyra ikkje vil ha. Belagt frå Frol, Verdal, Inderøy og Kvam. Så er det også overført på folk som et opp det som andre ikkje likar. Desse opplysningane sendte Signe Aal inn til Dialektmagasinet i si tid (frå Kvam): «Dei kunne og ha ein porrojælk. Han var vel ingen utstillinghest nett, og laut taka til takke med det dei andre ikkje ville ha. Me får vona han fekk litegrann godt høy attåt. Det kunne og nyttast i overført tydnad. Om det var att litegrann av ein matrett, og nokon hadde hug på det, kunne han by seg til å vera porrojælk. Ein firfota porrojælk var vel ålætt, vil eg tru». Peter Grevskott frå Frol gir dette eksempelet: «æ e nu som porrojælk hen i gåla». På ein dialektkveld i Verdal i 2004 vart det fortalt at ordet vart bruka om ein gammal hest som var sein å kjøre med, fordi han stadig rente borti tuvene og åt. Førsteleddet er hokjønnsordet  porro, som kan bety avfall, botnfall ved ysting, fôr som dyra ikkje vil eta m m. Og det er nok ein ganske nær slektning til por/pør om noko smått og verdilaust, som vi har sett på dei siste dagane.

3.12.19: Pørkrullinn

Med småkrusa hår. Dette kjenner eg berre frå morsmålet og «farsmålet» mitt, det vil seie Øksendalen og Sunndalen på indre Nordmøre. Trur det kunne brukast begge plassar. Førsteleddet er nok pør (pørr, porr) om noko smått, som vi hadde oppe i går.

2.12.19: Pør(r), por(r)

Dette ordet vart trekt fram da vi hadde for oss tøler no rett før helga. I Norsk Ordbok støyter vi på det under oppslaget por, men det viser seg at uttaleformer som pør(r) og pår(r) er nokså vanleg. Denne store ordboka, som skal dekke alle norske dialekter, har i alt 7 tydingar, og det er vel den første av dei som er mest aktuell her. Den er forresten delt i 1 a og 1 b, og dei to går slik: «pikkpakk, eigedelar, små (og lurvete) saker ein ber med seg» og «småting (som har lite ved), også skrot, rask». Ser ein på heimfestinga, går ordet frå Romsdal og heilt opp til Senja. Igjen eit ord med nordvestleg tyngdepunkt. Ein informant frå Orkdal sendte på 80-talet inn eit par gode eksempel: «No lyt du ry ihop pørret ditt så æg fæ vask te hæljen», og «ta pørret ditt og fløtt på ein annain martna!» Heimafrå Sunndalen kjenner eg det også bruka nedsettande om småungar. Frå Frøya har vi variantformene paur og pøyr. Den siste er kjent også frå Ytter-Namdalen.

Etymologisk blir det gjerne knytt til eit norrønt ord par ‘(mat)avfall’. Det er vel da opphavleg ei fleirtalsform av dette. Shetlandsk har par om smule, kjøttrevl o.l.

29.11.19: Tøler

«Tølå» vart nemnt i kommentarar til gårsdagens ord. Og det kan nok brukast om utstyr og reiskap, arbeidstøler. Det er visst berre bruka i fleirtal. Ordet ser ut til å ha vore kjent over store delar av landet.

Tøler dekker nok også eit noko anna betydningsfelt enn reiskap, børnad m m. Det går fram av oppslaget i Norsk Ordbok, og av bakgrunnsmaterialet for dette. Samling av småting og klede kan vera ein høveleg definisjon. Somme vil også bruke det særskilt om småting som ungar samlar på, og andre helst om ting som kan flyttast, eller om bagasje: «Ho tok tølånn sin og for sin veg».

Så er det spørsmål om slektskap mellom tøler og det engelske tools. Ja, tøle(r) er avleidd av eit inkjekjønnsord tol, som betyr reiskap, verkty. Det går direkte tilbake til norrønt tól. Det engelske tool(s) kjem frå gammalengelsk tol, som vel er heilt same ordet som det norrøne. Men det er visst ikkje snakk om lån den eine eller andre vegen her, snarare felles germansk språkarv. Det finst slektningar også i gotisk.

28.11.19: Børn’ (børne)

Nok eit ord for reiskap, verkty. Dette er nok mykje meir avgrensa enn dei meir utbreidde og nære slektningane børnad og børnskap. Alle går tilbake på eit verb som vi stort sett brukar berre i presens (bør) og preteritum (burde), men som i infinitiv heiter å burde. Dermed er det også denne forma vi finn i ordbøker. Både børn(e), børnad og børnskap blir da opphavleg «det som ein bør ha» (for å få gjort noko).

I Norsk Ordbok er ordet normert børn, også i dei samansette orda. Det dreg ein nok med seg frå Ivar Aasen, som så vidt nemner denne forma under innførsla børnskap (eller «byrnskap», som han skriv). Men ordet oppfører seg som eit svakt hokjønnsord, med «børnå» i bestemt form eintal og ubestemt form fleirtal, og «børnåinn» i bestemt form fleirtal og i dativ eintal. Dermed burde den normerte oppslagsforma vore børne.

Norsk Ordbok heimfestar ordet til Nordmøre og Oppdal. Ola J. Rise fører opp «børn» i lag med «børna» i si samling frå 1933, men Ingeborg Donali har berre børna(d). Det er nok ikkje bruka på riktig heile Nordmøre heller. Dei gamle kommunane vi har det frå så langt, er Surnadal, Stangvik, Ålvundeid, Åsskard, Halsa, Valsøyfjord, Tingvoll og Gjemnes. Det ville forundre meg litt om vi ikkje kunne legge til Rindal her. Det er kanskje mest bruka i samansetningar, som arbeidsbørn’, knivbørn’, snekkarbørn’, skomakarbørn’, ljåbørn’, onnabørn’ og fiskarbørn’. Men også slikt som kjørbørn’, og på godt snøføre treng ungane rennarbørn’. Skobørn’ er også nødvendig å ha, og Leif Halse skriv til og med om hattbørn’. Sjøl har eg for berre 20 år sia notert klatterbørn’ om klatreutstyr. Det viser at ordet heilt opp mot våre dagar kan vera «produktivt» og gå inn i nylagingar. Noko som er for stort eller grovt for formålet, kan bli kalla «åbørnå» (vel = ovbørne) eller jutulbørnå. Og som ordtaket seier: «det e skarvmerra så rønne (røyner) børnåinn». Da er ho børnhard.

25.11.19: Ambo(d)

Når vi har sett på ambodsvede, så er det naturleg at vi også tek for oss førsteleddet ambo(d). Det betyr rett og slett reiskap, kanskje særleg handreiskap. Det blir snakka om gardsambod, fiskarambod, snekkarambod, knivambod, kjørambod og mykje anna. Somme vil også rekne bestikk (kniv, skei og gaffel) som ambod. Dette er av dei ganske få orda som kan forekomma i alle tre kjønn, og det er eit utal med uttalevariantar. Bl.a. ambo (som kan bli uttala med både ein- og tostavings tonelag), ambå, annbø, ambrå, amboga (fleirtal) osb. osb. Stundom kan det ha fått ein h fremst (hannbo, hannbø etc.), og da har det vel knytt seg til hand og tanken om handreiskap. I norrønt er det andboð, og førsteleddet er vel da den vanlege førestavinga and- ‘mot’. Sisteleddet har ein tenkt seg heng saman med å by(de) og eit bod, slik at innhaldet blir ‘det som står til bods, til rådigheit’.

I ei eller anna form ser ordet ut til å ha vore vanleg over store delar av landet, og det opptrer svært ofte i lokale ordsamlingar (gjerne i lag med a(v)bakleg og andføttes). Frå Hemne er det oppgjeve ei særtyding ‘ting som ligg rota utover’.

20.11.19: Emne(s)vede, ambodsvede

Eit par andre ord for gagnstre, med det same sisteleddet som gårsdagens ord. Emn(es)veå, -veo o l er utbreidd på Nordmøre om dette. Emningsveå er også registrert. Det ligg i ordet at det er material som kan vera emne for eitt eller anna nyttig produkt. Så har vi også ambossveå, med ambo(d) ‘reiskap’ i førsteleddet (i samlingane «Teft og tykkje» og «Ord te gagns»). Det brukar også Leif Halse, når han kjem inn på at karane hadde augo oppe for emne av ymse slag når dei for i skog og mark. «Sjølvvaksne ambodsvedor var dei beste» (Todalen bygdebok s. 183). Så har vi nokre litt merkelege former «embesveå», «embesveo». Frå Sunndalen kjenner eg «æmbesbjørk» og «æmbestre». Eg har ikkje anna forklaring enn at dette er ei samanblanding av emnesvede og ambodsvede.

19.11.19: Gagnsvede

Gagnsveå om ekstra fin material nemner Helge Husby i ein kommentar til gårsdagens ord. Ja, det stemmer, og i Helges eige årsskrift «Hendt og hender» (som dessverre ikkje kjem ut lenger) les vi (2015, s. 103) at «det er funne mykje gangnsveå i bjørkaskogen». Vi har nokre få opplysningar om dette ordet etter innsamling på1980-talet, og dei fordeler seg etter velkjent mønster i uttalen av sisteleddet: «gagnsvu» frå Orkdal og Meldal, og «gagn(s)veo» frå Snillfjord. Uavhengig av dette har eit par solide informantar frå Hitra ført opp «gagnsvea». Men gagnstre er nok meir vanleg. Sisteleddet «-veå», «-veo», «-vu», «-vuddu» er i normalisert form vede, og kan brukast om emne, vyrke, materiale. I utgangspunktet er det jo av tre, men det kan også overførast til andre ting, f eks grautvuddu i Melhus.

18.11.19: Brillhusvu/-veå

«Høgg du brilljhusvu?» «spørsmålet var vel stilt til folk som presterte smått og seint i tømmerskogen» (Oddbjørn Nærvik, Orkdal, facebook 17.11.). Dette spøkefulle uttrykket har vi ei einaste opplysning til om, ved Bjarne Østbø frå Surnadal, innsendt til Norsk Ordboks setelarkiv: «høgg du brillhusveå?» bokstaveleg talt «materiale til brillefutteral», men sagt til den som høgg for smått tømmer. Derifrå er det også komme inn i ordsamlinga «Ord te gagns» frå Surnadal. Vi tok det også med i «Trønderordboka», men da mangla vi opplysninga frå Orkdal. Sisteleddet «-veå» vs «-vu» (forkorta for «vuddu») avspeglar systematisk forskjell mellom nordmøring (ytre trøndermål) og indre trøndermål. Men er det fleire som kjenner dette uttrykket? Eg ville i alle fall mistenke rindalingane og meldalingane, som ligg strategisk plassert mellom Surnadal og Orkdal.

15.11.19: Ringsen («rengsin»)

Eit ord som vart drøfta under dialektstunda på Kolvereid den 2. november. Det var også framme sist eg var der oppe, tilbake i 2008. Ordet er positivt lada og kan brukast i fleire samanhengar. Om båt (eller kjøretøy) betyr det ‘lett å manøvrere, lett å handtere’. Om folk kan det bety ‘rask, effektiv, driftig’, men også ‘lett å ha med å gjera’ og ‘snar til å snu seg, lett på foten’ (f eks i dans). Ordet er ikkje nemnt i dei gamle standardkjeldene (Aasen og Ross), men er kjent frå fleire plassar Namdalen og har fått oppslag i Norsk Ordbok. Det er også komme med i dialektsamlinga frå Ytter-Namdalen (2011). Det går også inn på Helgeland (Bindal, Vefsn) og vitnar om det spesielle fellesskapet i ordforråd på tvers av fylkesgrensa i dette området.

Ordet er nok avleidd av eit verb å ringse ‘vende, snu (seg) rundt’, som i sin tur må vera avleidd av substantivet ring.

13.11.19: Å kvildrite

I den ferske boka til Thor Gotaas og Roar Vingelsgaar, «Norske utedoer», er det ei historie på s. 193: «På Gåskvern i Brumunddal arbeidet en gardskar som stadig «kvildreit» – dro dit (på utedoen) for å hvile midt i økta. De andre irriterte seg over det og la inn en dynamittperleladning i møkkdynga under utedoen. Det var ikke livsfarlig, men likevel skvatt karen voldsomt og spratt opp da det smalt. de brukte bare perle, ikke vanlig dynamitt, og han overlevde».

Eit av dei første nyttige tipsa eg fekk i arbeidslivet (som onnakar) var at ein måtte passe på å skite i arbeidstida. Vi kan repetere «Dagens ord» blindskiting frå 27.5.2014:
«Det å lure seg på skogen under påskot av å gjera sitt fornødne, og lure seg til eit ekstra femminutt. Det ser ut til å ha vore sjargong på anleggsarbeid der ein ikkje hadde do, og det er omtalt både i bygdehistoria for Midtre Gauldal og i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan. I ei ordsamling frå Hemnes finn vi ein blindskit om ein som lurer seg unna arbeidet».

I etterkant ser eg at blindskiting er nemnt også i eit stykke i Aura Avis i 1991. Det kunne bli slengt til den som såg ut til å trenge meir enn vanleg på do under harde akkordar.

12.11.19: Akergjeld

I heftet «Gammet fra Ålen» (utgjeve 1982) fortel Jørgen Reitan blant anna om brudgomskleda. Brudgommen skulle ha gul skinnbrok. Dei som ikkje hadde rådd seg ny skinnbrok, kunne farge opp att gamle: «døm hull på hadde boksa oppåt’n Åtter-Elen, å ho smorde på døm akerjæll, se døm vart mæst søm ny att». «Akerjæll» (akergjeld) er ein okerfarge. Rikard Berge opplyser om liknande frå Telemark. I Hardanger smurte dei også gjerne skinn med dette, og frå Voss hører vi at skinn til fine plagg vart smurt inn med «åkergjeld». I folkemedisinen var «akorgjeld» bruka mot «mosott» (bleiksott, anemi), opplyser I. Reichborn-Kjennerud frå Nordre Land. Frå Valdres er fargen notert som okergjeld.

Vi har å gjera med eit gammalt, naturleg fargemiddel, som i oppskrifter etter eldre målarar finst nemnt som agergelb, agergjelb e l. Ordet er nok importert frå kontinentet, kanskje via eldre dansk okkergel, med nederlandsk okergeel som sannsynleg opphav.

11.11.19: Snøflister

Ordet beskriv det vêret vi hadde i går i Trøndelag, med nokså lett snøfall ved låg temperatur. Eller som Norsk Ordbok definerer det så vakkert: «(små) snøfjon som kvervlar i lufta». Spreidde forekomstar: Vi kan i alle fall føre opp Helgeland, eit par plassar i Trøndelag så langt (Lensvik, Flatanger), og så finn i det att i Kvam i Hardanger. Omvendt plassering av ledda, flistersnø, finst også. Usamansett flister i same tyding er i Norsk Ordbok heimfesta til Helgeland og Beiarn. Ytst er det nok slektskap med flis, jf. snøfliser.

8.11.19: Andtappa

Ein kagge (eller ei flaske) er andtappa dersom den blir tømt ut gjennom eit lite hol og det ikkje er fleire opningar så lufta kan komma inn. Da renn det seint og lite. Oredet er registrert frå Rennebu og Meldal. I Oppdal heiter det da at kaggen er andtett.

Men andtappa kan også bety tett i nasen, slik at det blir vanskeleg å puste. Meir utbreidd om dette er andtept («anntæft»). Det finst hist og her i Trøndelag, det går ned i Gudbrandsdalen, Østerdalen og Valdres, og er dessutan registert somme plassar i Nordland.  Det kan også bety andpusten. I islandsk andteptur. Substantivet andteppe er tiltetting, pustevanskar (i samband med forkjølielse eller astma). På svensk andtäppa.

7.11.19: Takleke

Lekkasje i tak: «berre taklekka og møggel frå røst å te raft» (Bjarne Østbø i avisa «Driva» 3.1.1976). Her ser vi den ytre uttaleforma. Frå Orkdal og Snåsa har vi taklåkkå: «sætt bøtt poinn taklåkkåinn» (Orkdal). Ordet leke om lekkasje går nok vidare ikring, men samansetninga er lite registrert.

6.11.19: Teledrope

Det er Erling Myrbostad som nemner dette ordet i ein kommentar til «Dagens ord» 5.11. Og alt tyder på at det er det same som andskare. her er Ivar Aasen om teledrope: «Dryp eller Væde under et Tørvtag, foraarsaget ved Optøen efter Frost». Han heimfestar til «Bergens stift», som mykjegodt vil seie Vestlandet, og opplyser i same slengen at det heiter andskare i Telemark.   Hemnværingen Arne Sødal skreiv opp «tæLLadråppa» frå Halsa i 1953, med desse opplysningane: «når det frys is nedst på torvtak nedmed rafta, slik at det blir tett under «rengve’n» så ikkje vatnet får renna ned, da demmest vatnet opp og sprengjer laus nevra. Når så isen tinar, blir taket lek».

Bjarne Østbø har som alltid presis forklaring: «takdròp (innahyses) som kjem av at torvtak frys-ihop og sia tinar oppatt stykkevis». Og Hans Hyldbakk omtalar fenomenet slik: «Når varmen i desse røykjestuene gjekk heilt oppunder taket, var det rimeleg at det ville bli teledråpe og veggeslag vinters tid. For å bøte på dette måtte dei bruke dobbelt tak, eller tivtak som dei kalla det» (Bygdesoge for Surnadal II, s. 47).

Geografien for dette ordet blir altså Vestlandet (iflg Aasen), med nyare materiale frå Stryn og Jølster, pluss Surnadal, Rindal og Halsa på Nordmøre. Elels er det ei opplysning frå Stordal på Sunnmøre om at teledrop skal vera brukt om istappen som dannar seg av ufsdropen. Dette er også nemnt i fleire eldre kjelder.

5.11.19: Andskare

To innringarar til «Dialektmagasinet» ringte inn dette ordet, uavhengig av kvarandre og med mange års mellomrom. Begge knytte det til Valsøyfjorden. Den eine forklarte det som kondens eller veggslag, som kan fryse til is, medan den andre meinte det var istappar som legg seg oppunder takskjegget.

Går vi til anna materiale, finn vi for det første at det er sendt inn frå nabobygda Halsa. Her forklart som dogg på glasrute.

Deretter må vi ganske langt sør for å finne att ordet, men da kjem vi nok også til sjølve kjerneområdet. Norsk Ordbok (trykt utgåve pluss arkiv) har det frå Voss, Røldal, indre Ryfylke, Dalane, Setesdal, Tovdal og Telemark. Her er det om vatn som slår seg på tak og vegger inne i hus fordi det er demt opp av det frosne takskjegget på utsida. Det forklarar vel ordlaginga med det gamle prefikset and- ‘mot’. Det hører også til eit verb å andskara.

I alle fall har vi ei interessant utbreiing, med eit sørleg hovudområde og ein utlaupar eit par plassar på Nordmøre. Det er ikkje belagt i norrønt, men det kan likevel vera gammalt og ha overlevd opp mot vår tid i eit par åtskilte område. På islandsk skal det finnast eit verb andskara om å byggje med materiale som ikkje fell i hop i fugene.

4.11.19: Koter

Eit ord som dukka opp under dialektkvelden på Rørvik 1.11. Der vart det forklart som småungar, også brukt i samansetning småkoter. I Norsk Ordbok finn vi det under oppslagsforma kotr, og opplysningane hos ordboksmannen Hans Ross er viktige her. Han har det frå Namdalen og Helgeland om småfisk, og dessutan i ei overført tyding «liden Stymper» frå same stadene. Norsk Ordbok gir att denne som «tufs, trave». Vidare har Ross det frå Leka om småungar: «han ha så mykji tå de der kotre». Det er oppført frå same stad i dialektordsamlinga frå Ytter-Namdalen, som kom i 2011. Og no veit vi altså at vi kan føye til Vikna her. I Fauske heiter det kåter, og der er det brukt om små fisk, små planter eller noko smått i det heile. Eitt av mange eksempel på samanhengar i ordforrådet mellom Namdalen og Helgeland.

Det er truleg ei avleiing av kot ‘småfisk, fiskeyngel’, som er mest belagt frå Telemark og Agder. Det kan sjå ut som dette opphavleg har hatt ein d, for på islandsk er  det kóð, i slekt med kjøe.

31.10.19: Kaldbit

Naglebit kjenner vi godt om stikkande smerte ytst på fingrar og tær på grunn av frost. Dette og naglesprett er nok dei mest vanlege orda, men vi har også naglefrost, austafjells dessutan naglesprekk og naglespreng. Og det er sikkert fleire. Men det mest spesielle eg har komme over så langt, er nok kaldbit. Dette er kjent frå Oppdal (Donali si samling), og dessutan frå Lindås i Hordaland: «kaldabiten tek deg». Dette er nok eit ordspel, for ein kaldbit er eigentleg ein kaldmeisel (til å hogge kaldt metall med).

30.10.19: Nagltrong

Inngrodd nagl; når naglen veks inn i kjøtet på sida, så det klemmer og blir vondt. Oftast på tærne (som kan bli pressa saman av tronge sko), men det kan vel også forekomma på fingrane. Ordet finst spreidd over heile Sør-Norge, og burde vel såleis vore ein kandidat til å ta inn i Nynorskordboka. Merk at det er substantiv: ein har eller får nagltrong. Meir sjeldan kan det også fungere som adjektiv, altså at ein er nagltrong. Også på svensk: nageltrång. På latin kallast tilstanden unguis incarnatus.

29.10.19: Kartnagl

Tjukk, vanskapt, hard nagl. Ordet går eller har gått nokså vidt ikring, skal ein tru heimfestinga og arkivmaterialet i Norsk Ordbok. Slikt kan oppstå etter skade, f eks kan det vekse fram om ein høgg seg i fingeren over naglerota, opplyser ein informant frå Folldal. Ein kan også få det på tærne, om ein går i for tronge sko. «Gullring og kartnagl høver ikkje i hop», lyder eit ordtak. Mange plassar heiter det også kattnagl, kanskje fordi ein har tykt det likna på ei katteklo. «Ser ‘u dåli hæller har ‘u kattenæilær på øyelokka?» kunne ungane på Nøtterøy terge kvarandre med før. Men det er nok helst kart- som er det opphavlege. Kartnagl har vi alt i norrønt. Kanskje er det fordi slike naglar kan minne om ei kartnever – hard, skrukkete never som veks ut etter at den opphavlege nevra er flekt av. Kart kan bety ujamn flate, f eks om bork, og det er same ordet som i eplekart.

28.10.19: Andnagl

Oppflisa, hard og sår hud ved naglerota eller langs kanten på naglen (på fingrane). Det er gjerne resultat av at naglen veks inn mot kjøtet slik at huda revnar. Ofte kan det bli som ein vond spiss mellom naglen og kjøtet, og dette er ein øm og plagsam tilstand. Ordet andnagl er registrert (meir eller mindre spreidd) heile vegen frå Lista, oppover Vestlandet, til Trøndelag, Nordland og Troms. Liknande ord finst i islandsk og færøysk. Kanskje er det engelske agnail også ein slektning. Første delen er det gamle prefikset and- ‘mot’.

22.10.19: Avgåande

Vi hører jo om avgåande regjeringar, presidentar og formenn, men det skal ikkje handle om slikt her. For avgåande kan bety fleire ting. «Avgåan» kan på trøndersk bety ‘som smalnar av’, f eks «eitt avgåan bord». «Avgåan måni» er minkande, avtakande måne (Leksvik). Men så er det også brukt om terreng, såleis frå Ryfylke, om plassar der det er bratt og hålt, så ein ikkje får feste. Birger Røksund frå Bømlo er inne på det same, når han skriv: «avgåande og glatte berget på alle kantar». Også i Nordland er dette kjent: «agåen» – bartt, skrått, om landskap (Hemnes), og «agåan grunn» når sjøbotnen blir djupare og djupare (Rødøy). Steinar Nilsen har «avgåant» frå Hitra, når sjøbotnen skrånar mot djupet. Der vil det vera dårleg ankerfeste ved pålandsvind.

17.10.19: Åkerpipe

Fløyte av halmstrå, som ein skar ei tunge i og kunne blåse i. Gjerne brukt som underhaldning når ein kvilte i skurdonna. Ordet åkerpipe er kjent over heile Sør-Norge, men «instrumentet» har også gått under andre namn, som halmpipe. Det var framsagt vers og formlar for å få åkerpipa til å låte, f eks denne frå Iveland: «åkrepipe, åkrepipe, ve du ikkje låte, så ska æ hogge hau a dæ, å kaste dæ i såte». Eller denne, som dei sa fram når dei tulla åkerpipa mellom hendene (etter mor mi frå Øksendalen): «tull, tull, åkerpip. Vil du låt, ska e stekk de ni rømmdall’n na mor. Vil du ikkje låt, ska e stekk de ni tjørrudall’n hass far». Elles var det gjerne sagt at ein bles opp regn og styggvêr med åkerpipa.

16.10.19: Blisterløkku

Lokalt og sjeldan ord for blisterpipe (seljefløyte). Berre registrert frå Tydalen, sendt inn i si tid av Petter Gullbrekken til Norsk Ordboks arkiv. Sisteleddet er vel hokjønnsordet loke (uttala lukku, løkku, lokko e l), eigentleg ei slå eller stengsel for dør eller grind).

15.10.19: Blisterpipe

Lita fløyte, særleg brukt om seljefløyte (også av andre treslag, som rogn). Ordet er først og fremst kjent i Trøndelag og Gudbrandsdalen, men det går også inn på indre Nordmøre (Rindal, som jo går til Trøndelag, og Sunndal), og til Os i Nord-Østerdalen. Stundom også om halmpipe, og til og med pipe av løvetannstilk. Så er ordet overført til den moderne tida ved å bli tatt i bruk om dommarfløyter og andre signalfløyter. Om ungane bles for hardt i blisteripa, kunne det bli regn. Dei mest pietistiske kunne før i tida omtala fela som «fandens blisterpipe».

14.10.19: Asnad

Bråhast, travelheit, gjerne ukontrollert og nervøst. Samanhengande utbreiingsområde med Dovre, Folldalen og Oppdal, dessutan Ålen og Tydal. Norsk Ordbok har det også frå Kinsarvik i hardanger. Uttalen som oftast «assna», men i Oppdal er det lang a i starten, som i dette eksempelet frå Ingeborg Donali: «e for i asna’m å slæft-ne kåppinn». Til verbet asa med suffikset -nad.

11.10.19: Akkedas

Det å akkedere; diskusjon, disputt (gjerne høgrøsta eller uhøgtideleg), som kan gå over i regelrett krangel. Masse eksempel å ta av, her er eitt frå Alfred Hauge: «Vi var litt i akkedas om kven som skulle banka på» («Stor kar», s. 113). Stundom kan tydinga gli over i prat, utan element av trette: «slå av ein akkedas». Ordet ser ut til å ha vore utbreidd over heile landet, og er vel fullt levande mange plassar enno. Uttalen kan også vera akkedasje eller akkedasi. Ordet kan sjå ut som import, men det er nok laga her i landet, av akkedere med suffikset -as, etter mønster frå ord som kladas, disputas m.m.

9.10.19: Magerspelmann

Tynn og mager person. Ordet har ei ganske samanhengande utbreiing som minner om fleire andre vi har hatt for oss i «Dagens ord». Det finst i Gudbranddadalen, og vidare er det eit par registreringar på Nordmøre (Sunndal, Aure) og nokre fleire i Sør-Trøndelag (Hitra, Oppdal, Rennebu, Soknedal, Tydal). Tanken bak er vel at det kan ha vore smått for spelmannen mange gonger. Ofte var dei husmenn, og kunne ha eit yrke attåt som skredar eller skomakar (helst noko som ikkje gjekk for mykje ut over fingrane).  I Sunndal kan det også heite grannspelmann.

8.10.19: Skøyt laten min

Talemåte brukt når ein vil ha nokon til å gjera noko for seg, gjera ei tjeneste. Gjerne noko som ein kunne klart sjøl, men også fordi ein har det travelt og ikkje rekk det, eller fordi ein er sliten. Kjent frå fleire plassar i Trøndelag, og det går inn på nordmørsk grunn i alle fall i Aure og Rindal (her «skjæt på lat’n min»). På Inderøya «sjøt ti lat’n min». I Trysil «skjøt ved laten min», og på Helgeland «liss min lat». «Spar laten min og gå ætte ved» er eit eksempel frå Skatval.

7.10.19: All vissande (allvisst)

I det minste, iallfall, særleg, så mykje meir som. Varianten «all vessann» er registrert berre frå Surnadal, av Bjarne Østbø. Han gir desse eksempelsetningane: «ta greie du godt, all vessann når du får hjelp føsst gångjen», og «all vessann brør’n hass lavva ut å kåmm». Østbø brukte det også i romanen «Vindfall»: «Ane skulle nokoleis fare det åleine, all vissand’ så lenge det var godvêr og snøbert» (s. 219).

Dette kan sjå ut som ei utviding av allvisst, som først og fremst er belagt på Austlandet, men også i Oppdal. Også som (i) allevissa, allvissa, frå Romsdal i allvesse. Ei gammal oppskrift frå Harran har «vessana«. «vessana i dag når det e så varmt» (skulle eg hatt andre klede). Belegga frå Surnadal og Harran syner oss truleg restar av ein gammal talemåte som er i ferd med å gå heil i gløymeboka.

4.10.19: Forhaga/forhåggå

Under dialektkvelden i Gudå i Meråker 19. september dukka blant anna verbet «foråggå» opp. Bjørn Roar Krogstad definerer det som «rote bort» i si ordsamling frå Meråker. Det er nok same ordet som var uttalt «færhaga» heime i Sunndal, med omtrent same tyding: «han færhaga alt han ått». Det syner seg at ordet finst i eit samanhengande område med Nord-Østerdalen, Nord-Gudbrandsdalen, Nordmøre (iallfall somme plassar), det søraustre hjørnet av Trøndelag, pluss Snillfjord. Der har dei truleg fått det frå Orkdalen. Over det heile betyr det ‘forderve, øydelegge, skiple, rote til’ m.m.. Uttalen i det indre området er «forhåggå» e l, med austleg trøndersk jamning. Og så har vi det altså frå Meråker. Hans Ross fører riktignok opp Nord-Trøndelag, og Norsk Ordbok Trøndelag, men det ser ikkje ut til å gå lenger nord enn Meråker. Denne bygda har interessant nok nordgrensa for fleire trekk i språket.

Som så mykje anna er dette ordet tysk import, frå mellomlågtysk vorhagen ‘stengje, hindre’. Men det er komme inn tidleg, for det fanst alt i norrønt som forhaga, i tyd ‘misbruke’.

2.10.19: Avdaga

Det er avdaga – det vil seie at dagen er slutt, og det blir mørkt. Det kunne bli sagt på mine heimtrakter på indre Nordmøre, og det var nok bruka vidt ikring. «Alm. og meget brugl.» seier Ivar Aasen. Her er eit eksempel frå Hans Hyldbakk: han Ainners kjent ikkje håssbåinn sin så avdaga så de va (Streiftog i bygda, s. 93). Etter avdaga er etter at dagslyset er borte.  Hans Ross noterte avdagshol og avdagaskrok om ein sollaus plass (begge frå Hallingdal).

 1.10.19: Dagleddi, dagleen (dagliden)

Når det er langt på dag, det går mot kveld. Ordet dukka opp nyleg på facebook-gruppa for namdalsdialekt, og det står dessutan i dialektsamlinga frå Ytter-Namdalen frå 2011, pluss ei ordsamling frå Høylandet. Det er også brukt av Olav Duun. Om ein ser på det som finst av arkivmateriale, særleg i Norsk Ordbok, finst dette ordet spreidd mange plassar: Vestre Slidre, Telemark, Sunnhordland, somme plassar på Sunnmøre, Romsdal, Velfjord, Salten, Borge i Lofoten, Kjerringøy. Ein typisk bruk vil vera «det er for mykje daglide» (til å sette i gang med noko nytt f eks).

27.9.19: Blåsterfull

Andpusten. Ord som ser ut til å vera avgrensa til Namdalen, kjent både i indre og ytre delar. Her er eitt av veldig få litterære eksempe: «han var blåsterfull etter ferda innover fjellet og satt på ein liten kasse innafor finnhusdøra og stanka og tørka sveitte tå ansikte» (Sverre Hammer-Aømås: I lystig lag, s. 57-58). Elles på midtnorsk område seier ein gjerne (i den grad ein ikkje brukar «standardordet» andpusten) at ein er andblæst eller blæst, og somme plassar blir ein andfådd.

Frå Overhalla er det opplyst at det også kan bli sagt at det er «blåsterfoillt» om ein plass der det er mykje vind.

26.9.19: «Å kok’ kle åt støggmanna»

H.F.Feilberg: Bidrag til en ordbog over jyske almuesmål (1886-1914) er eit oppkomme og ei gullgruve. Under oppslaget fandens skjorte les vi «nogle bevægelser med munden kaldes: at valke fandens skjorte, det sker, når man lader læberne gå ud og ind over hinanden» , og vidare: «når man lader spyttet gå ud og ind mellem tænderne, vasker man fandens skjorte». Når eg les dette, kjem eg på kva mor mi sa om akkurat det same. Ein skulle ikkje gjera slik med spyttet, det var både stygg- og tullfakter, så da sa ho at vi «koka kle’ åt støggmanna». Akkurat same ideen som i jysk, altså!

25.9.19: Bostkast

Anna namn på bosthus. I kommentarane var det nemnt frå Lesja og Oppdal. I materialet elles er det registrert frå nettopp Gudbrandsdalen, pluss Folldalen og Meldal. Det er vel det du har som «bosskass» frå Rennebu også, Randi Olise? Siste leddet er kast i tyd ‘stad til å legge noko frå seg’, oppført som tyd 10 i Norsk Ordbok:

10. stad til å leggja noko frå seg
a. lita hylle, serl på sida av skorstein (Heimfestingar: Lom, Bolsøy, STrl mst; Litterær kjelde: R.Svare­SS 119)
b. opi rom i skåp (Gbr­1769; Heimfestingar: Sunndal, Surnadal)
c. avlangt skrin på veggen til sy- og strikkesaker, klutar m m (Litterær kjelde: Snmp 1969)
d. rom i løe; høystål (Heimfesting: Flesberg)
e. serskilt laga meis til å bera bytte el kagge i (Heimfesting: Voss)
f. kasse som heng i tau oppunder taket, nytta til vogge (Heimfestingar: Singsås, Ålen, Selbu)

24.9.19: Bosthus (busthus)

Hengeskåp til å oppbevara hårkost og kammar (Oppdal, Folldalen, Dovre). I Valdres bøstehus. Bost eller boste er eldre uttaleform av børste. I Budalen heiter det busthus. Einar Storrø fortalte meg i 2012 at dette var eit lite skåp der det var ein luskam inni, og det fanst i alle fall på ei seter enno. Busthus eller bustehus finst også på Vestlandet. Også der om eit opphengt skåp, men da til avfall etter sying, som trådendar, lappar m m. Å komma i busthuset vil seie å bli attgløyme (ungkar eller pepparmøy). Fattighuset/gamleheimen Stranges stiftelse i Bergen var på folkemunne omtala som Busthuset.

23.9.19: Etternon («ættnon»)

Tidsrommet eller arbeidsøkta mellom non og kveld. Vi har ordet frå nokre få kjelder i Inntrøndelag (Sparbu, Verdal, Stjørdal), og så kan vi finne det att i eit område mykje lenger sør, med Telemark, Setesdalen og Sunnhordland. I ei samling med gamle visdomsord frå Stjørdal får vi lære at «sætt itt opp arbeie te ettnone, fer ettnone e allti så støtt». «Vi tek oss no fritt laurdagsetternon, på Storhaug òg» (Bjarne Slapgard: Tonen din, Åsta, s. 38). Formelt sett same ord som engelsk afternoon, men vår variant er nok heimgjort.

20.9.19: Busjen

I dag er det retteleg «busji», eller «busjint», som somme trønderar vil seie. Desse trønderane befinn seg helst i søre delen av det gamle nordfylket (Meråker, Hegra, Åsen, Frol, Verdal).  Da er det kaldhustre, med nedbør: «busji(nt) ver»; «det e busji å stå i rægni». Gerd Søraa har brukt ordet: «havet var rett noe annet enn Selbusjøen ja, enda den kunne være busjin nok å komme seg over» (Blanken II, s. 54).

Så er ordet også brukt om person, gjerne nokon som er stor og stygg, lurvåt kledd, rett og slett ufyseleg: «man kunne nok bli temmelig «busjin» av å arbeide med steinhogging» (Verdal Historielag, årbok 1991, s. 99).

Ein kan lure på om opphavsforma her er «busken». Frå Ogndal har vi ein seiemåte at katta «buske sæ», når ho reiser bust.

19.9.19: Jaufastheit

Særmerkt ord frå Meråker, som vi tar inn i høve dialektkvelden i Gudå i kveld. Det betyr ‘staheit, stivsinn’, og er registrert berre herifrå. Først i ei samling ord som åttandeklassingar i Meråker gjorde i si tid, visst i regi av Kjell Legreid. Og så har det komme med i samlinga «Kvesker å kvåsså, måsså ti n påsså» (2011). Det har også fått plass i den store «Norsk Ordbok», som har materiale frå heile landet.

18.9.19: Punglås

Sjølsagt betyr dette lås på pengepung. Den som brukar mykje pengar, held punglåset blankt (talemåte frå Inderøya). Men i Meråker har ordet fått ei spesialbetydning; der blir det «ponglås» når du kastar stein på ei vassflate utan at det blir plask. Da må ein gjerne kaste ganske hardt og mest muleg rett ned på vatnet. Der eg kjem frå, sa vi at vi fekk «lås» når vi kasta stein slik. I gammal folketru meinte dei at ein kunne binde nøkken på denne måten.

17.9.19: Amrål

I ein kommentar til «Dagens ord» i går vart det spurt om ameras og amrål er det same. Lettvintast for meg er det å legge ut artikkelen amrål frå Trøndeordboka, med nokre oppdateringar. Vi ser at tyding 3 her fell bra i hop med ei tyding av ameras:

amrål m, 1. person som er om seg og karar til seg, el er grådig, gjerrig (flst Ndm, Hemne, Orkdal, Byneset, Selbu, Meråker, Verdal): de e amrålann så bli rik (Surnadal). 2. person som er uroleg, rastlaus, overaktiv, som skal legge seg borti alt og rekke over alt (Valsøyfjord, Agdenes, Frøya, Orkdal, Leksvik); iherdig person (Frol): hann e rættele ein amrål te å hall-på i skoja; urokråke, rotekopp, særleg om unge (Lensvik); amrål(e), f. brysamt kvinnfolk som skal styre med alt (Rissa). Stundom utt. ammerål el ammirål; i Tingvoll også ammelrål. 3. allslags utstyr, saker og ting, av varierande kvalitet og verdi (Fillan, Frøya): amme(l)rål. Uvisst opphav, men kan mogleg vera ei omforming av admiral (el amiral, som det heiter i svensk, fransk og dels i dansk), med tilknyting til råle ‘grafse, kara åt seg’. Oppdal har hammeral ‘sterk, streng mann’. På Ålvundeid heiter det amgrål, her er det kopla saman med grål ‘grisk, gjerrig person’ el ‘griskheit, gjerrigskap’.

16.9.19: Ameras

Av dei orda som kan sjå ut som import, men som mest truleg er heimgjort. Den mest utbreidde tydinga er ‘strev og ståk; oppstyr, ståhei’. Denne finn vi i Vestfold og nedre Telemark, og vidare i mykje av Rogaland, spesielt på Jæren, men også i Ryfylke. Kjartan Fløgstad brukar det slik: «stort ammeras» (i «Fyr og flamme»). Så kjem det att somme plassar på Nordmøre, men da er uttalen ambras.

Vidare kan det bety reiskap, tøler, gjerne ubrukbare ting som er slengt rundt. Dette finn vi spreidd litt her og der: Søndre Land, Lier, Andebu, Nesset (her med uttalen amerasi), Frøya. Ein litt annan vri har dei på Hedmarka (Stange, Romedal), der eit digert ameras er eit stort spetakkel. Frå Kvinnherad er det opplyst at amberas er noko til å stase seg opp med.

Ein har prøvd å knyte ordet til dei heimlege verba ama og amast, som betyr bl a å masa på; egge, og som kan høve med den mest utbreidde tydinga ‘bal, strev’. Mønster kan vera henta frå franske importord på -age, som kan bli uttalt med  –as eller –asi. Men det kan også hende at ordet ambo(d) ‘reiskap’ har blanda seg inn, jamfør uttaleformene med b, og at ambo(d) somme plassar også kan bli sagt om ting som ligg rota utover.

13.9.19: Agnbinge m fl

For to dagar sia såg vi på nemningar for den som hadde den (nokså lite respekterte) jobben med å fjerne agnene under tresking. Agnene vart samla opp og brukt til krøttermat, f eks i sørpe. Og rommet der ein oppbevarte agnene, kunne era ordna på forskjellig vis og ha mange forskjellige namn. Dei fleste er nok ganske opplagte lagingar, som agnbinge, agnhus og agnrom. Andre kan vera f eks agnbås eller agnskætt (begge Oppdal), agnkave (Tingvoll), og det meir spesielle «agnkjeppå» (Batnfjorden på Nordmøre).

11.9.19: Agnfaut m fl

Tilbake den 1.10.13 hadde vi «agnfaut» (agnfut) som «Dagens ord». Dette var den som hadde jobben med å ta unna agnene under trøsking, og det var nok den lågaste på rangstigen. Gjerne utført av ein gutunge eller framvekstring. Det er mange andre ord for dette yrket, og her kjem (i alfabetisk rekkjefølgje) dei eg har så langt: agnbas (Rindal), agngubbe (Selbu), agngut (Inderøy), agnkuse (Skatval, Skogn, Sparbu), agnkusk (Kolvereid), agnmann (Stjørdalen), agnpassar (Rennebu) og agnslusk (Rissa).

10.9.19: Brote (brøttu, bruttu)

Plass der krøttera har komme seg gjennom eit gjerde, kanskje helst der dei har trappa seg gjennom ein risutgard. Dette ser ut som eit vestlandsord; det startar nede på Jæren og i Ryfylke («ei bråda») og held fram oppover som «bråta» og «bråte» (på Sunnmøre også «ei brøte»), før det når nordgrensa si på Nordmøre. Hans Ross 1895 noterte ei «bråttå» herifrå, noko som må vera ei ytre form. Oddmund Tveikra nådde i å registrere denne frå Tingvoll, men seier (1979) «truleg ikkje i bruk meir». På indre Nordmøre, i området Stangvik, Surnadal, Ålvundeid, Øksendal, heiter det ei bruttu eller ei brøttu. I normalisert form blir det brote, som vi ser av Norsk Ordbok i artikkelen II brote, tyding 4. Ordet er avleidd av å bryte, og er altså plass der eit gjerde er brote ned.

9.9.19: Gardhoppar

Krøtter (kanskje særleg ku) som er gardhard. Også kalla f eks gardspringar, i Oppdal gardspringarku, eller som hos Per Sivle: gardabyksar.

Torgeir Bjørnaraa fortel om ei merr som sørgde så over det daude folet sitt, ho stod støtt og sturte over «gravhaugen» der folungen var graven ned. Så prøvde dei å sleppe ho i bumarka med dei andre hestane, men det gjekk ikkje: «Ho hadde aldri vore «gardspringar» fyrr; men ho vart det no. Dei kunde stella grindane og gjerda som dei vilde – kvar einaste morgon naar dei kom ut, stod «Skimla» og stirde og sturde over grava». Seinare prøvde dei å sende denne merra med ein driftekar til Kongsbergmarknaden, men ho rømte og kom heim att. Til slutt måtte dei berre avlive henne. Denne triste historia står i «Dyresogor», samling 10, s. 13-15.

6.9.19: Gardhard

Brukt om krøtter som er slemme til å hoppe over eller bryte ned gardane (gjerda). Etter Norsk Ordbok er ordet spreidd vidt ikring austafjells, på Nordmøre og i Trøndelag, med eit par innslag også nedover Vestlandet. Men visst ikkje lenger nord enn Trøndelag.

Jon Leirfall fortel ei historie om den nye medhjelparen dei fekk i kyrkja. To nabokallar gjekk for å sjå kor han greidde seg. Han vart litt for sein da han skulle hjelpe presten med samaria, og for å spara tid, slengte han seg like godt over alterringen i staden for å gå rundt. Da sa den eine kallen til den andre: «Eg trur han blir gardhard» (Bra folk, s. 64).

Ei anna historie kjem frå Odalen. Der var det eit dårleg vedlikehalde gjerde opp til prestgarden, og presten ymta frampå til forpaktaren at det hadde vore fint å få reparert dette før biskopen skulle komma på visitas. da sa forpaktaren: – Jasså – er’n gardhard denna biskopen da?

Andre ord for dette er gardfløygd, gardill, gardløypt og sikkert fleire.

3.9.19: Slagside («slak(t)si»)

I Norsk Ordbok, artikkelen II slagside, lyder definisjonen «bukvegg av slakteskrott (serl av storfe), svangside». Gjerne nytta til rull. Mange uttalar dette ordet «slakksi(de)», eller med folkeetymologisk tilknytning til slakt «slaktsi(de)». Men det kjem frå lågtysk slakside ‘slakk, slapp, mjuk side’. Frå Vestfold er notert «slaffs(e)sie». Og dette er altså noko heilt anna enn den slagsida som båtar stundom får. Hans Ross skreiv opp «slankerside» om svangside frå Namdalen. Skal tru om det er kjent enno i dag?

30.8.19: Alterert

Forfjamsa, oppskaka, ille ved, nervøs, ute av psykisk balanse, «med seg». Ein kan f eks bli så alterert at ein ikkje får ord for seg. Vi kan også sitere vår alle skjære Flettfrid Andresen: «Da min behjertede venninde fru Dutta Møst fikk høre at jeg hadde takket ja til å kaste litt dannet glans over Arbeiderpartiets hundrede-års jubileum her på Tråndhjems tårv i eftermiddag, så blev hun såpass alterert at hun kastet sei på telefonen og spurte mei om jei hadde konvertert til såsialismen på høiden av mine velmakts dage» (Opp, alle jordens velsoignerte , s. 101).

Ordet ser ut til å ha vore vanleg over heile landet, men har vel etterkvart ein nokså gammaldags klang. På Austlandet og somme plassar i Nord-Norge heiter det anterert, og i Sogn er forma anterirte notert. Ein slik overgang kan kanskje samanliknast med aventere for avertere. Uansett er opphavet perfektum partisipp av alterere, som er import frå fransk, og der igjen frå latin alterare ‘endre’, til alter ‘den andre av to’, jamfør alter ego. Når ein blir alterert, får ein jo ein endra sinnstilstand.

28.8.19: Tvinetle

Nøtt samanvaksen av to nøtter (Norsk Ordbok). Spreidd oppover Vestlandet frå Kvinnherad til Romsdal. Uttalen er ofte «tvinihlje» e l. Siste leddet er ei avleiing til net/not ‘nøtt’, og betyr vel opphavleg ‘lita nøtt’. Dobbeltnøttene er gjerne litt mindre enn dei enkle. Ein overført bruk finn vi i Haram: «å kome opp i ei tvinihlje» – eit val mellom to, eit dilemma. I gammal folketru heitte det at om eit kvinnfolk fann ei slik nøtt og åt, skulle ho få tvillingar. Elles samla ungane gjerne på slike «raritetar».

Tvinisla e l finst også som namn fleire stader. Går denne linken gjennom, skal ein kunne få eit inntrykk av Tvinisla  i Sandøy i Romsdal: https://www.google.com/maps/place/Tvinitla/@62.8664225,6.5453666,17z/data=!3m1!4b1!4m5!3m4!1s0x461139fc2f3b1a5f:0xe295ed0915937720!8m2!3d62.866529!4d6.5484298

26.8.19: Alo

Bråk, leven, spetakkel, oppstyr. Stundom held ungane slik alo at ein hører alo’n på lang lei.  Somme vil avgrense begrepet til ståk, bråk frå menneske i motsetning til mekanisk lyd. Høgmælt snakk kan også kallast alo. Ordet er belagt tett på Nordmøre,. i Trøndelag og i heile Nord-Norge, men ein del plassar begynner det nok å gå ut av bruk. Hans Ross 1895 noterer det også frå Sogn, og derifra er det registrert frå Leikanger i nyare materiale. Eit par uttalevariantar: alon (Tydal) og along (Vågan i Lofoten). Ein reknar med at ordet er komme til oss frå lågtysk allo, sideform til hallo (ropet). Jf. halloi, som kan bety noko liknande som alo. Allur derimot, som finst med slik tyding på Vetslandet og i Vest-Agder, kjem helst frå fransk.

23.8.19: Iveggjerande

Som gjer det ein skal, som får utført ærendet sitt skikkeleg; påliteleg, effektiv. Sørtrøndersk ord med ytre og indre uttalevariantar: «iveigjærran» (Hitra), «iveigjørrån» (Orkdal, Hølonda, Budal); «iveigjårrån» (Meldal, Rennebu, Melhus). Særs godt eksempel innsendt av Johan Asphjell frå Orkdal: «det gjeld om at me væle ein ivei-gjørråind kar te utsending åt landsmøtet». Somme plassar i Hordaland har dei avstadvisande «»åstavisande») om det same, om den som er god til å sende i ærend: «da va gut so va åstavisande» (Johannes Heggland i ordsamlinga «Tysnesmålet»).

22.8.19: Sprettaka

Kjøre fort med spretten (sprek, spenstig, kåt) hest. Einaste kjelda for denne samansetninga er Jon Flodens ordsamling frå Ljørdalen i Trysil. Men vi ser den austlandske bruken av aka om å kjøre: Ein kan aka med sykkel, bil og buss – og altså også med hest.

21.8.19: «Dæmmelvækka/dæmmelvukku»

Denne veka er passert for lengst, men vi tar det med lell. Denne veka er forklart som site veka i hundedagane (Verdal) eller veka mellom Marit vassause (20. juli) og sjusovardagen (27. juli). Dette siste er frå Frol, og det fører til at «dæmmelvukku» går litt inn i hundedagane. Dæmmel- skriv seg vel frå at ein reknar med ustabilt vêr i denne eprioden, med sol og regn om kvarandre. Og regna det på sjusovardagen, skulle det regne i sju veker.

Det verkar rart, men er vel sannsynleg at det her også er ei slags kopling til dimmelveka, siste veka før påskedagen, den stille veka). Dimmel- skriv seg frå norrønt dymbill ‘trekolv’. Dei ringte med trekolvar denne veka for å dempe lyden i kyrkjekolkkene.

20.8.19: Klattemerke

Sjeldan ord for frimerke, så sjeldan at ein ikkje har tatt det inn i Norsk Ordbok. Men det står i ei ordsamling frå Kvinnherad ved Andreas Haugland, «Kvinnherskringlo». Forfattaren Jens Tvedt frå Kvinnherad har brukt det, f eks i boka «Godmenne», der det er komme eit brev: «Tru det ikkj’ er ‘Merikabrev? Det hev so mange klattemerke at det maa vera langveges kome» (s. 13). Klattemerke i dag er vel helst sagt om merke på glasruter, klede o l. Andre ord for frimerke veit eg knapt om, anna enn at brevmerke kan ha vore noko brukt.

19.8.19: «Slerremsupe»

Helge Melien foreslår i ein kommentar å ta med dette som «Dagens ord». Vi finn det i Per Olav Almås si ordsamling over ord og uttrykk frå Holtålen, der definert som «avstraffelse i form av slag med buksebelte. Helst brukt som trussel overfor ulydige barn». Slirreima er beltereima, der ein heng slirekniven. Eit ord som er ganske mykje utbreidd i Trøndelag.

17.8.19: Blautlandvind

Nytt ord til arkivet! Landvind (aust, søraust) som fører med seg regn. Det er akkurat det vi har hatt no dei siste dagane, slik også i dag. Det er Helge Husby som rapporterer om ordet, frå Gyl i Tingvoll, og det kom opp da ein gjeng karar satt og grilla og vurderte vêrutsiktene. Ein skal kunn sjå det på skyene om det blir blautlandvind av det. Vanlegvis er det jo tørre forhold når det er landvind, jamfør uttrykket «landvind og kletørk». På Helgeland var det eit varsel at om landvinden heldt seg tørr i tre dagar, ville det fortsette med landvind i tre veker. Samansetninga blautlandvind er ikkje registrert frå før, etter det eg kan sjå. Så det er enno nytt/nygammelt å hente!

15.8.19: Vanbeinke

«Hindring, meinking; ugagn»  er forklaringa i Norsk Ordbok. Heimfestinga er til Valdres, med Ivar Aasen som kjelde. Aasen sjølv formulerer det som «Hindring, Fortræd» i ordboka si. Så er det eit sitat på valdresmål frå Hallvard Hande: Segner fraa Bygdom I (1871) som viser bruken: «han syntest de va løgle aa preinast me Flk aa gjera Vanbenko, kor han kunna». På facebook-gruppa «Gode, gamle valdresuttrykk!» ser det ut til å vera ukjent. Men det står i ordsamlinga «ord og uttrykk frå hedalsdialekta», ved Hedalen husmorlag (1998, på nett). Der er det nemnt under «benke» og forklart med «bjørnetjeneste». Det er nok ei god forklaring, for vanbeinke lyt jo vera det motsette av ei beinke (benke) ‘tjeneste, hjelp’.

14.8.19: Å snu «løddisia» ut

Vera skikkeleg rang eller sint; vise seg frå si verste side. Uttrykket er kjent på Innherred pluss eit par «randkommunar» (Osen og Flatanger). Frå Flatanger er det også opplyst at vêret kan vise «løddisia» når det er på sitt verste. Uttrykket finst i normalisert form som lodneside både i Nynorskordboka og Norsk Ordbok, og begge er inne på at når ein snur denne sida ut, viser ein dyrenaturen. Reidar Djupedal har notert dette på ein setel: «når kjerringane snur lodnesida ut er dei ikkje beinkløyvde». Sannsynlegvis har han dette frå heimbygda Selje i Nordfjord. Men den opphavlege lodnesida («løddisia») er nok hårsida på huder og skinn.

13.8.19: Å dømm-åv eller dømm-tu

Ombestemme seg, bli avrådd, gje opp ein plan, slå frå seg noko. Norsk Ordbok heimfestar dette til Innherred, og det er ganske riktig mange belegg derifra på begge seiemåtane. Når Kristofer Uppdal bruker «døme av», så har han det nok herifra: «Ho var meint på å skjenkje kaffi. men dømer av» (Fjellskjeringa, s. 102). Men nyare materiale viser at dette går vidare, til Sør-Trøndelag og inn på Nordmøre: «Dømm-åv» (Byneset), «dømm-tu» (Osen, Soknedal, Surnadal). Og Nikolai Kjenstad har «i dåmt åv» frå Snåsa. «Å dømm ti og tu» (Hegra) er å vega for og imot.

Vi ser her ei særbetydning av verbet å dømme. Felles med den vanlege betydninga er at ein må ta ei avgjerd. Somme plassar bruker ein dømme omtrent som vurdere, spekulere.

12.8.19: Avrådd

I ein kommentar til «atterbod» (6.8.) nemner Ivar Berg det å bli avrådd. Da ombestemmer ein seg, vil ikkje gjera det en først tenkte. Ein kan f eks bli avrådd på/med å reise, og ein informant frå Melhus fortel om ein friar som vart avrådd på jordtausa da han oppdaga kor ho lespa. Denne bruken ser ut til å finnast i eit ganske samanhengande område med indre Nordmøre og mykje av Sør-Trøndelag. Det ser ut til å mangle i Rørostraktene og Selbu og Tydalen. Men det er spreidde opplysningar om det frå andre plassar også.

Vi har å gjera med perfektum partisipp av verbet å avrå, som betyr å rå i frå. Dette kan vera noko du gjer overfor andre: «e avrådd han på å fårrå» (Oppdal), men ein kan også avrå seg sjøl og avrå med reisa. Tilsvarande uttrykksmåte finst i islandsk og færøysk, så det er gammal språkbruk.

9.8.19: Adamsøl

Vatn. Dette har eg funne berre eitt einaste eksempel på så langt, innsendt frå Austefjorden i Volda. Informanten seier også at det er sjeldan, og sjølsagt er det bruka i spøk. Det var vel det Adam hadde å ty til. Og eigentleg er det jo beste drikken.

8.8.19: Attstøeng

Eng som står att uslått i eitt (eller fleire) år. Dei kunne praktisere «årbyt», særleg der det var dårleg gras, slik at dei slo visse stykke berre annakvart år. Ola Grefstad fortel frå Meldal at fjellslåttane var delt i to skårgangar, der berre den eine vart slegen for året. Dermed vart det «attstoeng» i den andre. Ordet ser ut til å ha vore brukt på delar av Nordmøre (Surnadal, Åsskard, Aure) og tilgrensande bygder i Sør-Trøndelag (Hemne, Snillfjord, Orkdalen, Soknedal). Uttalevariantar er attstoeng, attståeng, attstaeng (i Soknedal), attstandareng og attståareng (det siste frå kvikne).

6.8.19: Atterbod (atterbu, attrabå, attrabå, attrabau)

Det hender omstendigheitene gjer at vi må avlyse ein avtale, melde frå at vi ikkje kan komma e l. Avbod (nynorsk) og avbud (bokmål) er vel det mest vanlege ordet for dette. Kontrabeskjed eller kontraordre betyr omtrent det same. I tradisjonell dialekt mange plassar, i alle fall i Sør-Norge, brukar ein eit litt anna ord, nemleg atterbod: Ein må sende eller melde atterbod. Noko av uttalevariasjonen er antyda i overskrifta. Sisteleddet vil variere med uttalen av bod/bud, medan førsteleddet vekslar mellom atter- og attra- (meir sjeldan attre-). Vi slenger på at det somme plassar i Hordaland heiter attrabeskjed, og atterbeskjed i Land.

4.8.19: Sveittebein

«Frå Nord-Frøya er det fortalt: Kveita drog dem på kveitbreidder. Når ein fekk ei kveit opp i båten, skar dei av kverkjen så blodet rann, og noe av det tok dei i hanna og drakk, og nokka smurd dem på kveitvaet. Det skuld gje god kveitløkk. Dei passa svært på at ingen andre skuld få smak eller komm’ bort i kveitblodet, hell itj mått ein gje bort nokke av kveita, for elles så mist dem kveitløkka si. Bloe in med ryggbeine kalla dem sveitte, og han som feska kveita skuld sug sveitten av sveittbeinet, det vil segje ryggbeinet, den er så overlag god. Det skuld òg gje kveitløkk.» (Svale Solheim: Nemningsfordomar ved fiske, s. 43). Her er altså sveitte brukt om fiskeblod; elles er det kjent om blod av slakt («ta veitten», «røre i sveitten»).

3.8.19: Apalyt

Eit ord eg så langt har hørt berre av morfolket mitt i Øksendalen på Nordmøre. Det er eit skjellsord, brukt om folk som kler seg rart, oppfører seg rart og som gjerne blir mobbeoffer, eller utskuv. Førsteleddet er helst verbet å apa i tyd ‘drive ap med’, og sisteleddet er nok lyte ‘skavank’. Det er visst nokså eineståande at det i dette ordet blir bruka om person, for det er jo oftast sjølve skavanken, som i kroppslyte, kjøpelyte m m.

2.8.19: Openver

Ja, slik er det normert i Norsk Ordbok, for å samle uttalevariantar som «øppinver», «oppivær», «uppiver» m fl under same paraply. Dette er eit jaktuttrykk, og det vil seie ver (fert, teft) som hunden får av viltet direkte, utan å følgje spor, eller «ha fot», som det heiter. «Daa dei kom ned aat Hanaasen, tok hunden ope-ver og sette beint paa ein diger bringe, som dei skaut paa timen» (Sigurd Nergaard: Segner fraa Elverum (1907), s. 100). Ordet er mest kjent frå dei indre Austlandsbygdene: Østerdalen, Solør, Trysil, Hedmarka, Toten, Land, Dovre, med ei enkeltopplysning frå Overhalla i Namdalen. Spør ein seg for blant jegerar, vil ein sikkert kunne utvide denne heimfestinga.

15.7.19: «Tepptørrå»

Svært grunt farvatn, der det er fare for å ta botnen. Ordet står i ei ordsamling frå Sømna frå 2011, og er ikkje registrert elles, etter det eg kan sjå. «Tørrå» (tørra) er vel tørt land, og førsteleddet må vera verbet å teppe ‘røre lett; vera så vidt borti’, kjent blant anna frå Helgeland (Norsk Ordbok). Kjem vel i klasse med ureint farvatn som kan bli kalla f eks støvelhav eller paddmark, men dette er vel enda grunnare.

6.7.19: Gloppregn

Ord som betyr stridt, tungt regn, gjerne med store, spreidde dropar. Belagt frå somme plassar på Nordmøre (Gjemnes, Tingvoll, Smøla) og inn i Sør-Trøndelag i bygder som tradisjonelt har nordmørsmål (Vinje og Hemne). Så finn vi det att i Agder, Rogaland og Sunnhordland, med ein mellomstasjon i Modalen i Sunnhordland, der det er oppgitt å bety ujamt regn. Gloppregn finst også i svensk, og i færøysk heiter det gloparegn. Førsteleddet er glop eller gloppe ‘gap, opning, mellomrom’.

5.7.19: Glyttvær og glemstervær

Det finst fleire ord i dialektane for vêr som stadig skiftar mellom sol, skya og regn. Knut H. Dørum frå Oppdal har sendt inn glyttvær i slik tyding til Norsk Ordboks arkiv. Dette str ikkje i ordboka til Donali, og det kunne vore interessant å høre om det enno finst oppdalingar som kjenner til det. Elles finst dette registrert som glyttaver i Hardanger, gløttever i Valdres og Hallingdal (her også glottever). Glossever har vi frå Modalen og Evanger; det knyter seg til substantivet glosse, som kan bety opphald mellom byger, men også rift i skydekke.

Frå Meldal har vi fått inn «glemstervær» – vêr der det kan bli ein solblenk mellom skyene. Dette knyter seg til verbet glimse ‘klårne opp’ og ein glims («glems») gløtt med klårt vêr.

4.7.19: Gluggasol

«Kortvarigt solskin; enkelte Solglimt imellem Skyerne» (Ivar Aasen, frå Hardanger). Norsk Ordbok kan utvide heimfestinga til Ryfylke, Hordaland, Sogn (iflg. Hans Ross) og Stryn. (Stryn bør nok strykast, for på setelen frå Stryn i ordboksarkivet står det uttrykkeleg at ordet ikkje er brukt der). «Dagen rann med gluggesol og noko utrykt vêr», skreiv avisa Dagen i referat frå elevstemne på Nordhordlands ungsomsskule i 1936. Ideen er nok at sola skin gjennom «gluggar» i skyene. «Gluggasol og kleggbit fylgjest», heiter det i ein tradisjon frå Hardanger. Avisene på Sørvestlandet kan finne på å bruke ordet av og til: «Lukka var som ei gluggasol, kom fort og for snøgt» (Jærbladet 23.10.1995)

3.7.19: Siregn

Erling Flem nemner «seregn» i kommentar til «Dagens ord» 30.6. Han har dette ordet frå Hadeland, og det betyr jamt, vedvarande regn. I ordbøkene (Norsk Ordbok og Nynorskordboka) finst det som siregn. Norsk Ordbok seier det er vanleg, men går vi inn i materialet og ser på målførebelegga, vil vi finne ein del hol. Siregn finst ganske samanhengande på Austlandet (og der gjerne uttalt «seregn») og Vestlandet oppover til Sunnmøre. Så kjem det att i Nordland. I Trøndelag er det berre få belegg. Fleire oppfattar det som sidregn, og mange fører det opp i lag med det vanlege silregn. Somme plassar kan nok eit eldre siregn ha vore omtolka til silregn.

Det forsterkande førsteleddet si- uttrykker at noko foregår jamt og utan opphald (som i sidrikke, sigråte) eller at det finst tvers igjennom (siblaut, sibreidd – jamt og tett over alt). Det går tilbake på norrønt sí-, som langt uti skal vera i slekt med det sam- som vi har i t d samregn.

1.7.19: Einstrengt

«Enstrengt oggobor all dagin», skreiv Erik S. Viken som kommentar til «Dagens ord» i går. Einstrengt betyr da i eitt, samanhengand, utan avbrot, og er velkjent i Oppdal. Forfattarane Inge Krokann og Ola Setrom har teke i bruk ordet, og her kjem eit eksempel frå Ola J. Rise: «den vinteren snødde det einstrengt i fem-seks vikor» (Oppdalsboka II, s. 296). Her er det ordgeografisk samanheng søover, til Gudbrandsdalen og Valdres, og heilt ned til Toten. Eg kjenner ordet også frå indre Nordmøre. Ordet har etter Norsk Ordbok også eit par andre tydingar: ‘beinast, fort, utan stans’ og ‘eins ærend’ (gå, fara, komma einstrengt). Heilstrengt har liknande tyding (Gudbrandsdalen, Nord-Østerdalen, Telemark). Når det renn heilstrengt, kjem det i ein samanhengande straum, ikkje dropevis. Kanskje dette også er opphavet til einstrengt – i ein, samanhengande streng eller stråle. Meir uklår er ein eventuell samanheng med det norrøne verbet einstrengja ‘sette seg fore; bestemme seg for’.

30.6.19: Samregn

Samanhengande, langvarig regn (i motsetning til elingar, byger). Ordet ser ut til å høre mest til det sønnafjelske, med belegg frå Agder, Telemark, Rollag, Modum, Sigdal, Land, Ski og Folldal, pluss ei enkeltopplysning frå Glåmos. Dessutan Sørvestlandet med Bjerkreim, Ryfylke og Hardanger. Utbreiinga er ikkje samanhengande og kan sikkert utfyllast om ein granskar nærare etter. Når ein forfattar som Sigrud Lybeck brukar det, kan vi vel  gå ut frå at han har det frå Etnedal: «Han hørte det dryppet tettere på taket. – Ja, det var det han hadde skjønt at det skulle bli samregn ut på dagen. De svarte skybankene fra vest hadde alltid noe å fare med» (Trollhegg», s. 135). Folkeminnegranskaren Halldor Opedal frå Hardanger fortel om den velkjente trua at regn i brurekrona spådde rikdom for paret. Men samregn under brureferda betydde at brura var ei «sytekolle», og heldt det fram utover kvelden, kom brudgommen til å bli ein gretten og sær ektemann. Ordet samregn finst også på Færøyane.

Førsteleddet sam- uttrykkjer her at noko finst eller forekjem jamt, utan opphald, tvers igjennom, omtrent som jam-. Fleire eksempel på slike ord er sambreie (gras som dekker heile det stykket som er slege), samgrå (jamt grå over det heile, om f eks hår eller ull), og sammogen (like mogen over alt, på same tid, om åker). Alle desse står i Norsk Ordbok.

29.6.19: Kontorrotte

Eit ord der Norsk Ordbok og NAOB er rimeleg samstemte i definisjonen. Dette er ei nedsetjande nemning på person som arbeider på kontor, helst i ei underordna stilling. «Alle lærarane og kontorrottene som sat inne i oppvarma rom året rundt» skriv Dag Helleve om («Brøyt», s. 63-64). Og her er  Kjartan Fløgstad i «Fyr og flamme»: «flanellsgrå kontorrotter vrimla fram frå det økonomiske kloakksystemet» (s. 120). Sitata i Norsk Ordbok og NAOB begynner frå slutten av 1930-åra, men ordet er nok eldre. Det har vore spekulert i at Sigrid Undset skal ha laga ordet, og ho er riktignok tidleg ute (i «Fattige Skjæbner» frå 1912). Men Nils Collett Vogt er før, i skuespelet «Naar Musikken dør», frå 1909.

Tone Tryti i «Norsk slang» har med fleire tilsvarande uttrykk: krakkesliter , blyantsvinger, kontorkvise og kontorsnile. Skrivebordsrotte er også godt kjent. Meir lokalt eller kanskje regionalt nordafjells er papirhane og papirkall. Mappkall er byråkrat med mappe (Hitra), og veskkalla er karar med dokumentmappe i kommuneadministrasjon o l (Frøya). Ein bestemt sunndaling bruka mappmenn om slike.

Rotta er etter mi meining ikkje noko lågtståande dyr, men ein smågnagar som vi ikkje likar særleg. Som mange andre dyrenemningar har rotta stort potensiale som skjellsordmateriale. La oss koste på oss eit par eksempel: ei skåprotte er ein person (gjerne ein unge) som snokar i skåp etter godsaker. Ei pårrårott’ eller pårrarott’ kan vera både ei(n) som stikk nasen opp i slikt ein ikkje har noko med, ein skitviktig type, eller ein som ikkje får arbeidet frå hendene. Ei obysrott’ gjer «oby» – ugagn (Orkdalen og Melhus).

24.6.19: Tungdrusken

I serien vår om samansette adjektiv kjem vi i dag til eit ord som tante mi, frå Øksendalen, brukte ein gong. Ho sa om eit kvinnfolk at ho var «tongdruskja». Meininga måtte vel vera at vedkommande var stor og tung. Andre leddet finn vi att hos Hans Ross 1895, som har ein heil familie med ord kring dette: Substantiva ein drusk og ein druskar ‘tung og sløv person’, verbet å druske ‘gå seint og sløvt ikring, som i halvsøvne’, og adjektivet drusken («drusjinn»). Desse har han nettopp frå Øksendal, pluss Tingvoll. Ross sjøl jamfører med substantivet ei droske ‘sein, somlande person’ frå Austlandet, og verbet druska ‘vera sein’ frå svensk dialekt.

21.6.19: Serpruttinn (særprutten)

Også eit samansett adjektiv frå Nordmøre. Hans Ross 1895 nemner det nettopp herifrå, og definerer det som «vranten og sur». I nyare tilfang har vi det frå Rindal, men det må nok finnast i fleire nordmørskommunar, vil eg tru.  Pruttinn ‘sur, tverr’ er eit typisk nordmørsord som også går inn i Sør-Trøndelag. Og sær, på nordmørsk «ser», kan etter Norsk Ordbok bety «vanskeleg å gjera til lags; gretten, grinut, tykken». Slik sett blir samansetninga «serpruttinn» kanskje litt smør på flesk, men det fungerer!

19.6.19: Seintuslen

Dette ordet har eg etter morslekta mi frå Øksendalen: «sentuhljinn». Sein og puslete, slik ein gjerne blir når ein kjem nok oppi åra. To adjektiv i kombinasjon, slik som ordet vi såg på i går. Siste leddet finn vi som tuslen eller tutlen, med ein lang definisjon i Norsk Ordbok: «liten og puslut; lite for seg; sein og klossut; (òg:) avfallen, skrøpeleg, åndeleg redusert». Men samansetninga med sein- kjenner eg som nemnt berre frå målet i Øksendalen (så langt). Likevel står det nokså nær i innhald det seintusten som Hans Ross (1895) fann i Eiken i Vest-Agder.

18.6.19: Snarslarven

Både snar og slarven (slurvete) på samme tid, f eks i arbeid; rask og/men unøyaktig. Sammensetninga er kjent frå fleire kommunar på Nordmøre, og dessutan over i Orkdal/Meldal. Oppdal manglar så langt, kanskje vi kan bøte på det no. Kan brukast både til å karakterisere personen («han va snarslarvinn») og arbeidet («det var snarslarve gjort»). Sammensetningar som dette er ein effektiv måte å få utrykt ein kombinasjon av eigenskapar på.

Edvard Langset har ei segn om ein prest som var noko snarslarven. Ved eitt høve hadde han sprunge over noko i dåpsritualet, og da gav ikkje dåpen lenger vern mot dei underjordiske. Ho han hadde slurva med, vart etter ho vart vaksen plaga med ein «blåkall» som la seg etter henne. Ho vart ikkje kvitt han før ein annan prest hadde lese opp att dåpen på fullstendig vis. Denne historia kan ein lesa i Edvard Langset: «Segner – gåter – folketru frå Nordmør» (1948, s. 66). Også attgjeve i Bygdehistorie for Tingvoll og Straumsnes, band Ii 81975), s. 547.

11.6.19: Snarsnytt

Lettvint, fort gjort. Etter arkivbelegg er ordet kjent frå Romsdalskysten, ytre Nordmøre, Hitra og Haram (og truleg fleire) på Sunnmøre. Oftast i nekting. «det er ikkje så snarsnytt» – ikkje så lett, verre å få til enn ein rekna med. «Det er ikke snarsnytt å ta til med et slikt løft som det er å bygge kirke i en bygd» (Ragnhild Magerøy: Forbannet kvinne, s. 175).

10.6.19: Gulball

Lokalt namn på eggeplomme i Midtre Gauldal. Uttalt «gølball». Så langt belegg frå Singsås, Støren og Soknedal. Vi manglar altså Budalen, kanskje kan nokon bekrefte eller avkrefte? I alle fall eit heilt logisk ord.

29.5.19: Ala innpå seg

Uttrykk eg kjenner frå indre Nordmøre, «æla innpå-se», om å la nokon få venne seg til å halde seg hos ein (fordi det kan vera hjelp og støtte å finne), sleppe nokon så nær innpå seg at det blir til bry. «Æl ‘n dæm innpå se, bli ‘n alder kvitt dæm att». Det samme nemner Arnfinn Aune frå Hitra, han forklarer «æla innpå-sæ» med å få for nær kontakt med. Nordmøresforfattaren Ingeborg Åsen Vatten har det også: «til meir du el dei innpå deg, til meir bry får du» («Ales lengtar», s. 63). Fleire døme finst i samlinga «Ord te gagns» frå Surnadal, som «han og lignende hæmåt-se sa sauinn e håbbållån».

Det ser ut som ei vidareføring av det som Hans Ross nemner i si ordbok, «å ala til seg» om å få til å komma til seg (med lokkemat). Dette har han frå Gudbrandsdalen, Romsdal, Nordmøre, Trøndelag og Helgeland, og opplysningane er ført vidare i Norsk Ordbok.

Det finst også andre måtar å uttrykke dette på. Arnfinn Aune nemner «æ ol ‘n for nere» – slapp han for nær innpå meg. Og denne, frå Malm: «han og lignende dæm oppi auån på sæ».

Å ala på seg kan også bety å dra på seg sjukdom: «e ol  på me nåkko kleinheit», kunne morfolket mitt i Øksendalen seie.

27.5.19: Skinntørr

Er i Norsk Ordbok ført opp med tydinga ‘skinnmager’. Det stemmer bra med eit sitat som dette: «en liten skinntørr lærertype med briller» (Magasinet For Alle24/1963  s. 40).

Men det som ikkje ser ut til å vera fanga opp i ordbøkene, er ein bruk som vi gjerne finn i aviser som trykker råd og vink om oppussing og spesielt husmåling eller anna måling utvendig. Her er f eks Byavisa i Trondheim: «..som en hovedregel bør man aldri male i solsteiken. Det varme sollyset gjør at øverste del av malingslaget tørker for fort, blir såkalt skinntørr, mens det fortsatt er fuktig under – som igjen kan føre til at malingen får skjemmende blærer» (28.8.2012)

23.5.19: Kanglen og kanglete

No har vi sett på to forskjellige verb å kangle. For å vise at ord gjerne heng saman i grupper, skal vi i dag nemne to adjektiv. Frå Leksvik har vi kanglen eller kanglin i bet. snublen, ustødig. Dette heng greitt i hop med verbet å kangle som vi såg på 21.5.

I går hadde vi eit anna verb å kangle, som eng i hop med substantivet kangel elle rkangle ‘klump, klase’. Til dette hører også eit adjektiv, frå Snåsa i forma  kanglåt: «Låra på okskælvom va åft kanglåt å full tå lortklagga som hekk fast ti hårom» (Nikolai Kjenstad: Snåsamålet, s. 78).

Begge desse adjektiva er fanga opp i Norsk Ordbok. Her er eit anna døme på det siste: «Bernt kjører med tømmerdoning med brede meier under, så lasset rent flyter oppå den kanglete veien» («Gamle tufsingdøler på folkemunne», s. 872)

22.5.19: Kangle

Som nemnt i går, finst det minst eitt anna verb å kangle. I fleire kommentarar til «Dagens ord» i går kjem ein inn på eit substantiv kangle (også kangel eller kongul, gjerne uttala kångåll, som ligg nær den norrøne forma). Dette betyr klase eller klump, og å kangle blir da å rispe av i klasar, for eksempel bær: «kangel tå bera». Det vart også kangla lauv til fôr. Her opplyser fleire at det vart gjort forskjell på treslaga, såleis ein informant frå Sparbu: Selja vart råppå (rapa) og rognen vart kangla, plukka av blad for blad, for å ikkje øydelegge knoppane. På Nordmøre heiter det helst å kongle (kongel) om begge operasjonane, både om bær og lauv, og dette går vidare nedover Nord-Vestlandet. Norrønt kongull, som er utgangspunktet for verbet, betydde bærklase.

I Stjørdalsbygdene har å kangel fått ei særtyding å hakke, hogge kvist i småbitar, med ein dertil eigna kangelkniv.

Så noterte Ivar Aasen ei særtyding ‘fekte med hendene’  frå Nordland. Dette er også bekrefta i nyare materiale. Frå Byneset er det notert om å famle: «kangel ætte nå».

21.5.19: Kangle

Gå ustøtt, sjangle, snuble, dette. Ordet finst i eit nokså samanhengande område med Østerdalen og mange plassar i Trøndelag. Eksempel kan vera «han for og kangla og valt/datt», «kangel over ende», «kangel åt», «han va så foll at ‘n kangla veggimellom» (Rita Hovdes ordsamling frå Frøya), «kangel omkring» (det siste frå Hitra, om å tumle omkring utan kontroll), «han heldt på kangla ut gjennom porten» (Olav Gullvåg: «Drivtømmer», s. 46), «og dermed fekk ‘n Jo sjøl ei ørfike så han kangla rundt»(Kvikne bygdebok 1, s. 370). Liknande finst i svenske målføre.

Ikkje direkte norrønt motsvar til ordet, men det er hevda at det kan førast til ei rot som har betydd ‘bøye, dreie’, og at det i så fall er i slekt med kjeng ‘u-forma jarnkrok, (gjerde)krampe’.

Vi har også eit par andre verb å kangle, som vi kan ta for oss ein annan gong.

20.5.19: Håbolla

Tida mellom våronn og slåttonn. I ordbøkene vil ein finne det som håball, men her i Midt-Norge er det helst snakk om håbbålla. Ganske mange plassar seier dei også håvvålla. Elles er det eit utal formvariantar rundt ikring: hobball, høbball. haugball, håbbål, håvøll – for å nemne nokre. Somme plassar sønnafjells har det også vore bruka om perioden mellom slåttonn og skurdonn, i enkelttilfelle også om opphald mellom onner i det heile.

Ordet har ingen sikker etymologi og ikkje noko direkte motsvar i norrønt. Det må i alle fall vera samanheng med hoball, hoballe o l i svenske målføre. Bokmålsordboka fører det forsøksvis til hå ‘gjenvekst’, men det passar jo dårleg med den vanlege betydninga.  Med Alf Torp blir det vanlegvis sett til eit gammalsvensk ord hafal ‘haust’, utan at det hjelper oss særleg vidare.

Håbollarbeid er arbeid som blir gjort, eller som det passar best å gjera i håbolla, som t.d. utgardsgjerding. I håbolla, når bjørka løypte,  fann ein også gjerne vidjer som vart vridd («voinne», «vetta») og lagra for seinare bruk. «Håbollvidje» var «Dagens ord» 17.6.2014

16.5.19: Aggroen/aggroast

Adjektivet aggroen («agroinn») førte vi i Trønderordboka opp med betydninga uroleg, bekymra, frå Gauldalen (etter Ivar Aasen), med nyare belegg frå Ålen, Røros og Sparbu. Uttalen kan vera både agroinn (med lang a) og aggroinn. Frå Nordli hadde vi varianten avgroinn, der med betydninga ‘sint, arg’. Så har vi også ei tredje betyding ‘litt misunneleg’, opplyst frå Rennebu. Verbet aggroast («agroas» har vi frå omtrent same området, men her kjem Meråker i tillegg for betydninga ‘vera uroleg, bekymre seg’. Rennebu og Oppdal har ein annan betydningsvariant for verbet, i Oppdal å ergre, forarge seg. I Rennebu sagt nærmast i spøk om å misunne nokon litt, t.d. når ein angrar på noko ein har sagt nei til: «sitt no dær og agroas».

Opphavet er ikkje heilt klart, men på eitt eller anna vis må det truleg henge i hop med agg ‘uro (i sinnet)’.

12.5.19: Dagandes dag

Kvar einaste dag, kvar bidige dag; dagstøtt. Som i dette eksempelet: «Sivert gjekk dagandes dag og var arg inni seg» (Bjarne Østbø: Vindfall, s. 38). Fleire av dei eldre forfattarane har brukt det, og vel da ut frå målføregrunnlaget sitt: Inge Krokann, Olav Duun, Ola Setrom, Magnhild Haalke og fleire. Målførebelegg frå vidt ikring: Trøndelag, Nordmøre, Østerdalen, Troms. Uttalevariantar er t.d. «dågånes dag» (Gudbrandsdalen, Folldal), «dåggåndes dag» (Oppdal, Meldal), «davandes dav» (Singsås) og «dagandis dags» (Øystre Slidre). Også «dagande dags» og «dags dagande» finst.

Som Norsk Ordbok seier, må dagande(s) vera presens partisipp av verbet daga ‘bli dag, dagast’. Dagandes dag må vera forkorta for «kvar dagande(s) dag». Denne fullare forma er da også notert, frå Ryfylke.

Frå Øksendalen har eg hørt «dagandes natt» ‘kvar einaste natt’: «Ho låg attmed ‘no dagandes natt». Dette er vel ei slags «avsporing» etter mønster av «dagandes dag».

8.5.19: Helledrivar

Sunnmørsnamn på hellekake (hyllekake): «Det var berre til jol det var tale om «gådde kakor», elles var det «helledrivarar» av potet og havremjøl (Christian Rekkedal: Den gamle grendi, s. 164). Kanskje eit visst slangpreg over dette ordet, i alle fall opphavleg. Ivar Aasen nemner det ikkje, så kanskje det er laga etter hans tid.

3.5.19:Svovelblomme/-blomster

Gult pulver laga av rå svovel (Norsk Ordbok), «finkrystallinsk, gult svovel som dannes ved hurtig avkjøling av svoveldamp» (NAOB). Brukt blant anna til å gjera rein hattar, og i folkemedisinen mot eksem og kløe. I Valdres eit hopkok av dette, gammalt ister og skråtobakk, så det vart som eit slags tjøre. Kuren skulle vera lært av ei gammal finnekjerring.

2.5.19: Agnsildtjuven

Mattias A. Lothe frå Roan sendte inn mykje godt og sjeldant ordtilfang til Norsk Ordbok. Her er ei opplysning som han har frå Nordland, og som eg ikkje har funne andre plassar. Han fortel at «agnsilltjyven» er eit «nordlandsk» namn på månen, når han lyser så sterkt ved fullmåne at ein ikkje kan fiske sild med agnsildgarn. Opplysninga er ikkje komme med i den trykte utgåva av Norsk Ordbok, vel fordi dette ikkje er stadfesta i andre kjelder.

26.4.19: Kløning

To uttrykk å merke seg her. For det første: «Det var (berre) på kløning(a) – det var berre så vidt (det gjekk), på nære nippen, med naud og neppe. Kjent så langt frå indre Nordmøre (i alle fall Sunndalen og Øksendalen) pluss Hemne.

I det andre tilfellet betyr kløning ‘berging, utveg, råd’ e l. Dette finst somme plassar i Namdalen: «sjer du kløneng fer å hjålp meg?». Vi finn det hos Duun: «eg ser meg inga kløning for henne» (Harald, s. 184).

Dette er verbalsubstantiv til kløne ‘klore’, men da helst i tydingar som ‘stå hardt på’, ‘stri seg gjennom’ – kløne seg fram.

24.4.19: Brekkar

Først og fremst er dette ei bølgje som bryt kraftig på eit undervasskjær og kan gjera stor skade på båten. Vi kan som eksempel sakse dette frå årboka til Bjørnør Historielag: «En annen gang, på tur til land i dårlig vær var mye av utstyret ødelagt d ahan kom inn. Han hadde fått flere «brekkere» over båten (2009, s. 63). Dette er nok sjømannsspråk, og kanskje påverka av engelsk breaker i same tyding. Tyngdepunkt i Nord-Norge,s er det ut til, men også kjent på Nordmørs- og Trøndelagskysten.

Så har vi også ein overført bruk om eit bitande, treffande svar, eit sannheitsord, gjerne under «kjeftriving»: «å få inn ein brekkar». Heimfestinga for dette smakar det ikkje akkurat salt sjø av (Ålen, Hegra og Meråker).

Ein innringar frå Hovin i Gauldalen nemner at «ein underleg brekkar» der kunne brukast som skjellsord på folk.

23.4.19: Fermelse

Akutt sjukdomsanfall, «illebefinnende». Ordet er/var kjent på Innherred og på spreidde plassar i Nordland og Troms. Anfallet kan også vera psykisk, eller som i Lavangen: underleg, ubegripeleg kroppsrørsle eller mimikk. «Apparatet fekk et fermels» kunne dei seie i Hillesøy, når det slo seg rangt. Frå Skogn er notert ei tyding «uventa påfunn eller innfall», og det er kanskje det som ligg i samansetninga «toillfærmels», som nyleg vart trekt fram på facebook.

Fermelse må vera ei avleiing med suffikset -else av eit verb å ferme. Vi har eitt som betyr å laste farty (avleidd av farm), også å klemme saman. Eit anna, som vi kanskje har å gjera med her, betyr å fara ille med, rakke til, registrert frå Stjørdalen av Hans Ross (1895). Brukt i utrtykk som «å færm te ei bok», «å færm ein te» denge ein. Dette reknar ein med er same ord som norrønt ferma ‘konfirmere, salve’; jamfør «å smøre opp ein». I eldre dansk finst fermelse om konfirmasjon.

. 16.4.19: Matjarp m m

Det kom mange interessante kommentarar til matjarven som vi tok for oss i går. Både frå Rindal og Surnadal blir matjarp nemnt, og i surnadalsordboka «Ord te gagns» står både matjarp og matjarv. Verba jarpe og jarve, som truleg ligg til grunn for sisteledda her, har parallelle tydingar. Begge kan bety å skravle, men også å eta, tygge (fort og stygt). kanskje er dei opphavleg lydord som viser til knasinga når ein tygg noko hardt.

Når Svein Guddingsmo opplyser om matjerv frå Verdal, så er det nok heller dyret det er tenkt på. Med tanke på den eldre uttalen jarv for jerv (som eg kjenner heimafra Sunndal, og som også finst ein del andre plassar) kan nok dyret ha spela inn også for ordet matjarv.

Det er elles veldig mange ord for ‘storetar’ rundt i dialektane. Eit par som liknar på desse, men med eit anna sisteledd, er matvarp, som Arthur Arntzen brukar, og matvorp, som er notert frå Røra på Innherred.

15.4.19: Matjarv

Storetar, slukhals. Ordet hører heime i Namdalen, og det er nok ikkje rett som Norsk Ordbok har gjort, å føre opp også Stjørdal i heimfestinga. Det har nok skjedd ei feiltolking av opplysningane på setelen. Oppskrivaren er riktignok frå Stjørdal, men det går tydeleg fram at han har dette frå Namdalen. Ordet har nyleg vore diskutert på facebook-gruppa for namdalsdialekt.

Så kan ein lure på jarv her. Det finst eit verb å jarve, med fleire betydningar, blant anna å glefse i seg, eta fort og stygt (jarve i seg). Frå Namdalen, men også fleire andre plassar. Alf Torp hevdar dette kan ha samanheng med å jarpe. Men ein kan jo også tenkje på jarv som eldre uttale av dyrenamnet jerv. (norrønt jarfr). Jerven er jo kjent som ein storetar.

Frå Ålvundeidet på Nordmøre har vi fått inn ordet kakjarv om ein som er glad i kake (omnsbrød).

12.4.19: Kaffemork og kaffefjerding

Målsnemninga mork/mark har hange ganske lenge i i samband med kaffe, å kjøpe ei kaffemork eller ei morkapakke (1/4 kilo). Hos forfattarane Jonas Lie, Arne Garborg og Jenst Tvedt finn vi eit anna kaffemål, nemleg kaffefjerding. Ein fjerding skal her vera ein fjerdedels skålpund, ca. 125 gram. Det skulle da bli halvparten av ei mork. Men Asbjørn Dagsgard forklarar i sitt store arbeid om målet i Lom og Skjåk at ein «kaffefjæling» er 1/4 mork, og det skulle da bli berre halvparten av den fjerdingen som herrane Lile, Garborg og Tvedt opererte med. Kanskje einkvan kan greie opp i dette?

11.4.19: Kaffebrød

Sjølsagt er jo dette småbrød, småkaker til kaffen (truleg kan vel også slikt som gjærbakst inkluderast). Men så kan det brukast overført, om samtaleemne, sladder, som gjerne foregår under kaffedrikking. Slik frå Halsa og Hitra, og sikkert fleire. Litt annleis i Malm, der var «mangel på kaffemat» bruka som kommentar når det vart mykje sladder. Da hadde ein altså for lite å eta attåt kaffen, og måtte ty til sladder i staden.

9.4.19: Reinsmakande

Det ligg jo i ordet sjøl at det må bety «rein og frisk på smak», utan skjemmande bismak, som smakar slik det skal. Det kan gjelde både mat og drikk. «Mandagsklubben», som samlar ord uti Fosen, har eksempelet «ein uvanlig reinsmakan heimbrent». Da er nok drammen retteleg skarp.

Ordet har vel ingen klår geografi. Det er fleire belegg frå Austlandsområdet, men det er også innslag på Nordmøre og i Trøndelag. Forfattaren Magnhild Haalke frå Vikna brukar det, og ho er sitert i Det Norske Akademis ordbok (NAOB) i oppslaget rensmakende.

Somme plassar heiter det reinsmaka, og slik er det bruka av forfattarar som Per Sivle og Jens Tvedt. Med ei særprega dativending reinsmakom har Hans Ross (1895) det frå Toten og Hedmarka, og frå Sel i Gudbrandsdalen i forma reinsmukum. I nyare materiale er reinsmakom registrert frå Søndre Land og Høylandet.

Men reinsmakande har også ei overført tyding. Aasen fører det opp om retteleg klår og kald luft. Slik er det kjent i vår tid både på Sunnmøre og i Fosen («han e reinsmakan utfer nåvva» – Hitra), og vi finn det hos Duun: «reinsmakande vinter» (Gamal Jord, s. 119). Somme plassar på Nordmøre har ein kunna seie det om sikkeleg uvêr også.

30.3.19: Haufarten

Marit Hovde etterlyser uttrykket «å spela haufarten» i ein kommentar til gårsdagens uttrykk «å spela skrapnase». Ja, dette er ei vending eg kjenner til berre frå Sunndal og Øksendal. Den som spelar «haufarten» fører an, slik eg har forstått det, og går kanskje innimellom litt for langt. Men dette ser ut som eitt av ganske få eksempel på heilt lokale uttrykk.

29.3.19: Skrapnase

«Ha du spælla skrapnæssi?» har du dotte (og slått deg?) Spørsmålet finst i materiale innsendt frå Vikna. Skrapnase er oppskrubba nase, og å spela skrapnase er å dette på trynet, f eks på skaren, og fått skrubbsår på nasen. «Spæll skråpnassi», som Arnold Dalen fortalte meg om frå Frosta i dag. Skrapnase og «spela skrapnase» er kjent i eit samanhengande område frå Bolsøy og Nesset i Romsdal, med Nordmøre, Fosen, Leksvik, Frosta pluss Vikna. Så er det eit enkelt strøbelegg nede frå Sandsvær i Buskerud.

Frå Leinstrand er skrapnase opplyst som namn på ein leik med stikker av forskjellig verdi. Desse blir spreidd utover bordplata, og så skal ein pirke luas ei og ei utan å røre på det andre. Det er fleire namn på denne leiken, blant anna skrapstikkespel. I Meråker «spållå skråpstekk»; der den som rørte ei anna stikke, var «ute» og kunne skrapast på nasen av dei andre deltakarane.

I ei opplysning frå Hitra er skrapnase nemnt som eit kortspel.

27.3.19: Dryplasta

Søkklasta, om båt. Lite dokumentert ord, men funne i Finnmark og Troms. Eg hørte det i dag på eit opptak frå Båtsfjord. Arkivet til Norsk Ordbok har det frå Måsøy, også i Finnmark, her som «drøpplasta» eller «drype lasta». Vidare finst det eit nettbelegg med tilknytning til Senja, og forfattaren Jens Hagerup har brukt det i boka «Sommernatt i Nordland».

25.3.19: Å ha gamlen føre seg

«Å ha gamlinn færre-se» er eit uttrykk eg har frå morfolket mitt i Øksendalen. Det vil seie å ligge godt an; vera på forskott (for eksempel med arbeid), ligge «framfor skjemaet». Vi har det også frå eit par plassar i Trøndelag (Snillfjorden og Stadsbygda). Der går det på å ha noko i reserve, ha stort forråd av slikt som mat og ved, ha pengar på kistebotnen o l. «Gamlen» er jo her han Gammel-Erik sjøl, men kvifor har han lurt seg inn i dette uttrykket? Eg har ikkje noko sikkert svar, men kanskje ein føler at ein har kontroll på den karen når ein har han framfor seg?

20.3.19: Førefaren («firrifærre»)

Ein takkeformel i oppdalsmål er «å, det æ firrifærre (fær)». Som Ingeborg Donali forklarer: «takken og æra har vi/eg fått før (bruka som svar når noen takkar for gjestvennskap og l.)». Det tilsvarar vel omtrent «det er vel fortent; det er motteke, unnagjort». Ho Ingeborg fører opgså opp ei tyding «oppbruka» for dette uttrykket.

Konkret har det vel betydd «som har, fare, gått i forvegen», slik Aasen også har det. I Gudbrandsdalen kan det heite «her er firifare» – her har det same vore gjort før. I Tresfjorden i Romsdal har det vore bruka omtrent som «førefarande» (sjå «Dagens ord» i går 19.3.): «i e førefara mæ brøbaking». A-forma «førefara» fordi det er ei kvinne som blir sitert.  Det finst også eit par andre plassar i landet, med litt ulik tyding. Såleis Bjelland i Agder: «han er godt førefaren» om ein som har ete godt straks før han får mat att. Og Tinn i Telemark: «Det er skamleg ferifare» som unnskylding for å komma på den måten ein gjer, ein kjem som eit dårleg eksempel.

Men berre frå Oppdal på trøndersk dialektområde, i alle fall så langt.

19.3.19: Førefarande («færrefarranj»)

Nordmørsuttrykk som tilsvararar det som i dag gjerne heiter å ligge i forkant. Ein kan både vera «færrefarranj» og ha eitkvart «færrefarranj» (Rindal «ferrefårrånj»). Da ligg ein altså i forkant med arbeid, ein planlegg på førehand, eller har til kvar tid meir enn ein treng av noko, ein sikrar seg eit forråd, eit opplag, ein reserve. Uttrykket finst mange plassar på Nordmøre, og ikkje uventa også i Hemne.

15.3.19: Landskugge

I Norsk Ordbok definert som «del av fjord, vatn eller elv som ligg i skuggen for land (eller fjell)». Heimfesting er til plassar i Fosen: Sandstad, Stjørna, Osen, og dessutan eitt belegg frå Ringerike. Men det finst brukt hos fleire forfattarar (NAOB har med eit sitat frå Gabriel Scott). Etter at dette vart redigert, er det komme fleire nye opplysningar. Bjørn Skauge («Bjørn i Myken») forklarer det slik frå Rødøy, der uttalen er «lannsjygge»: «fenomen som opptrer i mørke ved blankstille sjø og som gjør det umulig å bedømme avstanden til land. Har ført til mange grunnstøtinger eller at båter har kjørt rett på land». Det er altså så dårleg sikt at det er vanskeleg å sjå om det er sjø eller land ein har framfor seg. I «landskygge» går alt i eitt for synet, forklarer finn Myrvang frå Vesterålen. Arnfinn Aune på Sandstad karakteriserer det som eit «navigasjonsord».

14.3.19: Ilendt

Gammalt adjektiv som kan brukast omtrent på same måten som snømørkt, altså at det er flatt lys som gir svake konturar i snøterreng. Men det er også (og kanskje vel så mykje) brukt på sjøen, når det er lysforhold som gjer at hav og landsynest  gå i eitt, og det er vanskeleg å vurdere avstand, sjå leia eller finne meda. Ordet hører først og fremst til i Nord-Norge, men er også kjent på Sunnmøre. I norrønt finst eit adjektiv ílendr ‘som er i landet’, også ‘som har rett til å vera i landet’. Aasens tyding ‘med land ikring eller løynt av landet’ ligg vel noko nærare denne.

13.3.19: Blindføre

Dette er ikkje det same som blindhålke, som ein kanskje skulle tru (sjå «Dagens ord» for eksempel 14.2. og 17.2.2014). Nei, det er omtrent det same som at det er snømørkt. Det er når vêret og lysforholda er slik at du ikkje ser konturane i snødekt terreng. Snømørkt er i fullt levande bruk blant alpinistar og fjellskiløparar. Det tilsvarar «white-out» på engelsk.

Blindføre om dette er ein del brukt, også i avisene: «med mykje gråvær denne vinteren har det vore mykje blindføre. Da kan ein fort hamne utanom løypetraseen» (Gudbrandsdsdølen Dagningen Pluss 24.2.2018); «en annen dag er verden hvit. Da er det White Out, eller blindføre, en tilstand i polarområder hvor jevn belysning fra snøen på bakken og et lavt skylag gjør at konturene i landskapet viskes» (VG Nett 17.2.2013).

8.3.19: Stokk-klabb

Klabbføre. Ordet dukka opp i eit opptak frå 1968 som eg nyleg hørte på. Det var ein frå Bindal som fortalte om ein strabasiøs skitur. Lite kjent ord, men det ser ut til å ha funnest i to område. Bindalen heng saman med Namdalen, og det er brukt i eit stykke i Årboik for Namdalen (1977, s. 20), der temaet også er ein travarleg skitur: «føret var fortsatt håpløs stokk-klabb». Så finn vi det att langt nede i sørvest, først i ei gammal oppskrift frå Røldal, og deretter frå Sirdal: «Om vinteren kunne me ta ut om det var «stokklabb», men du veit me lei kje vondt av det» (Egil Bakka: Dansetradisjonar i Vest-Agder, s. 113).  Knyter seg naturleg til å stokklegge, sjå «Dagens ord» 4.3.

7.3.19: Uført

Når folk blir uføre, er dei ikkje i stand til å operere på vanleg måte. Dei kan for eksempel bli arbeidsuføre. Men i inkjekjønnsform uført (mange plassar uttala «oført») er det sagt om terreng, vegar o.l. som ikkje er farbare på grunn av dårleg føre. Djup og laus snø gjer at det blir uført. Etter Norsk Ordbok går dette nokså vidt ikring, med spreidde belegg frå Agder i sør til Fauske i nord. Det er herma etter ein kar på mine heimetrakter, han påstod ein vinter at det var så mykje hare i jaktterrenget at det var «oført».

6.3.19: Stokkande/stokke

Sambanda «stokkande dum» og «stokke dum» vart nemnet i kommentarane til «Dagens ord» i går. Da er vi inne på temaet forsterkande adverb, som er eit rikt felt i norske dialektar. Utgangspunktet for dette kan nok vera «stiv som ein stokk», som blir til «stokk stiv» eller «stokke stiv». Da får stokk(e) som adverb tydinga ‘heilt, fullstendig’, og kan brukast på andre adjektiv. Ein kan vera stokk dum (jf. forstokka), stokk lat, stokk blind, stokk konservativ, ja, endatil stupe stokk dau. Etter vanleg mønster får vi så «stokke» og «stokkande» på same måten. Stokkande dum, som nemnt, og stokkande lat, trøytt, feit osv. Stundom blir fleire slike forsterkande adverb kombinert: «ssten stokkande dauv» har Ingeborg Donali i oppdalsordboka si.

Så kan vi slutte ringen tilbake til stokklegginga og føret («Dagens ord» 4.3.19) med uttrykket «stokkande klabb» («stokkande» fungerer her som adjektiv) om fast, tjukt klabb under ski eller meiar (frå Suldal, Sauda og Røldal).

5.3.19: Stokkflogen

Fullsett av fisk, om fiskegarn. Gunnvald Bøe nemnte dette i ein kommentar til gårsdagens ord. Utbreiinga startar i Romsdal, så finst ordet på Nordmøre, på Trøndelagskysten og opppover i Nord-Norge. Somme plassar er det også brukt meir overført i tyding ‘fullstappa’. Det kan vera stokkfloge både med folk og pengar. På Hitra opplyser Arnfinn Aune om ein bruk som forsterkande adverb: «stokkfloge lat», «stokkfloge dum».

Formelt sett er dette perfektum partisipp, og vi finn ganske riktig verbet å stokkflyge: «garna stokkflaug tå sild». «Lopper og allslags insekt stokkflaug båten» skriv Torvald Sund (Seglet og dansen, s. 277). Ei forklaring frå Hitra er at når garnet går fullt av fisk, vil det tulle seg saman som ein stokk.

4.3.19: Stokklegge

Eg kunne ikkje sjå at det «stokkla» for nokon av rennarane under ski-VM. heldigvis, for når det stokklegg, da klabbar det skikkeleg. Bjarne Østbø frå Surnadal skriv at da legg det seg eit tjukt, samanhengande lag under heile skia. Men vel så ofte, og truleg mest opphavleg, har stokklegge vore sagt når det klabbar på lass og reiskap, snøen fyller opp mellom sledemeiane eller blir skuva framfor sleden. Ingulv Røset frå Selbu seier at det da demmer seg opp framfor «fløtstokkane» på sleden (tverrbjelkane mellom berestolpane). Sleden blir som ein stokk, seier ein informant. Dette ordet er avgrensa til Nord-Østerdalen, indre Nordmøre, ein del plassar i Sør-Trøndelag, pluss at Hans Ross (1895) registrerer det frå Romsdal.

Reidar Djupedal opplyser frå Selje i Nordfjord at sildegarna var «stokkelagt» når det var mykje sild i dei. da nærmar vi oss eit anna rod som vi får sjå på ein annan gong.

27.2.19: Frauføre

«Godt snøføre til å kjøre ut frau med slede». Dette finn vi i det lokalhistoriske bladet Møllkula (for Ørlandet og Bjugn). I kvart nummer her er det ei ordsamlilng med fine tilskott. Jon Leirfall skriv også om det i Stjørdalsboka: «Frauen vart kjørt ut om vårvinteren, når det var godt «fraufør» – passeleg mye snø, eller når snøen hadde sokke i hop noe» (Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene bd 1, del 3, s. 138)

26.2.19: Brinnsmedføre

Føre som gjer at skiene klabbar eller isar, som når det varierer mellom tørr og våt snø. Ordet er lokalt for Meråker, og det er nok overført frå matlaging. For det «brinns med» når maten svir seg. Jamfør attåtbrent og medsegbrent, som vi var innom tidlegare denne månaden.

25.2.19: Ri purka

(reprise frå 16.4.17)

Ri på stavane når ein renner på ski; sette stavane mellom føtene for å bremse på farten. «Å ri porka» eller «ri pork» – uttrykket er kjent frå Nordmøre og dei næraste bygdene i Sør-Trøndelag (Hemne, Orkdalen, Skaun, Hølonda). Dette er ei interessant geografisk utbreiiing som vi kjenner frå fleire andre ord og uttrykk, og som vitnar om gammal kulturfellesskap i dette området. Teknikken var nok ganske vanleg den tida dei bruka berre ein stav, men det var vel gjerne rekna som litt pysete. Frå Tingvoll har vi også «renn’ pork» i lag med «ri pork». I Oppdal kan den same operasjonen heite «å ri tremerra». Dette er også kjent frå Hemsedal og Velfjord. Tremerra var eigentleg eit straffe- og torturreiskap som ein måtte sitte over skrevs på med lodd festa til føtene.0.2.19: Fuke

20.2.19:

Finn Gunnar Oldervik, Aure, opplyser at dei der seier «fuk» (fuke) i staden for fauke, som var gårsdagens ord. Det betyr i alle fall ein raptus, ei ri, med samansetningar som «flirfuk» og «tullfuk». Fuke i staden for, eller i lag med fauke, er registrert på denne måten frå fleire plassar på Nordmøre (Smøla, Tingvoll, Ålvundfjorden) og sommsta’n elles også. Ein dyrlege fortalte til NRK Møre og Romsdal at han hadde hørt dei sa på Smøla at kua hadde «fått fukå», når ho begynte å få fødselsrrer. Ikkje uventa dukkar ordet opp i Hemne: «i hal verfuk» fortel informanten derifra om. Heilt sør frå Meland i Hordaland er det snakk om at noko er «gjort i ei fuka» – svært kjapt.

Mest utbreidd er nok fuke om vêret. Det kan bety lett regn, skodderegn, særleg i nord. Lenger sør i utbreiingsområdet er det heller sagt om strie byger. Sett under eitt blir det eit nokolunde samanhengande utbreiingsområde frå Fjordane og heilt oppover til Finnmark. Somme plassar er det eit fuk i staden for ei fuke, akkurat som eit fauk finst ved sida av ei fauke.

Ein skulle tru at fuke og fauke er nærskylde så vel i tyding som i etymologi. Fauke heng opplagt i hop med å fyke, som vi sa, men det er litt verre med fuke. Uttalen med lang, trong u skapar problem. På trøndersk dialektområde burde det vore slikt som fukku, føkku, fokko o l for å få det til å klaffe. Vi treng ikkje gå nærare inn på det akkurat her. Men ein har sett for seg at nedbør har hørt til det opphavlege innhaldet i fuke, slik at det kan vera slektskap med fukt. Likevel har det nok ganske sikkert vore påverka av ordslekta som omfattar verbet fyke og substantivet ei fauke.

19.2.19: Fauke

Raptus, ri, anfall. Ordet ser ut til å ha kjerneområdet sitt i Trøndelag og på Nordmøre, pluss Nord-Gudbrandsdalen, Folldalen og Helgeland. Opplysningar også frå Nesset i Romsdal, og eldre oppskrift frå Hafslo i Sogn. Det kan gjelde ei ri med veret (verfauke, vindfauke, uversfauke, snøfauke), men også anfall, raptus med sjukdom e l (hostfauke, kleinfauke, magafauke, nysfauke, ryggfauke). Eller med det mentale, som i rasfauke og tullfauke, i Verdal (og sikkert fleire) også «gælnfauk'».

Ordet fauke heng saman med å fyke. Det kjem særleg godt fram i tydinga ‘skodderegn’, som vi finn på Helgeland (Hemnes, Rana, Rørøy).

18.2.19: Buhund

Her er det ikkje gjetarhund vi tenkjer på, men ei overført tyding sjøsnigel, offisielt gjerne kalla kongsnigel. Kuvung er eit anna namn. Buhund i slik bruk finst langs kysten i Trøndelag og på Møre, og er også registrert frå Helgeland, Salten og Vest-Agder. Stundom brukt berre om sniglehuset. I snigle-tydinga er uttalen av og til avvikande i førsteleddet : bohund eller bauhund, på Ørlandet også «bobbihoinn».

Kanskje har overføringa skjedd ved at ungar har leika med desse og brukt dei til hundar, på same måten som skjel har fått telje for forskjellige dyreslag.

15.2.19: Læke (reprise frå 21.12.17)

«No dryp det dråppå tå tina takskjegg og læka lekje med mildversvend» (Astrid Volden). Eit anna sitat: «Lefsetøyren kom med synnavind og læke» (Martha Schumann: Femja, s. 193). Ja, vi har abolsutt hatt læke no dei siste dagane. Det betyr nettopp mildvêr om vinteren, gjerne med regn. Etter Norsk Ordbok finst ordet i eit ganske samanhengande område med Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag, med forgreiningar til Uvdal og Telemark. Uttalen varierer – oftast er det læk(e) eller lek(e). Mildrid Jordhøy Lunder nemner lekke (forma kjem vel frå Lesja) i ein kommentar til blogginnlegget om kakelinna, og lekke eller lække hører nettopp til i Gudbrandsdalen. I Nord-Østerdalen (og Lårdal i Telemark) kan det heite lækje.

På Innherred har dei uttrykka «slå i leka» eller «gå i leka» ved omslag til mildver («Han gjekk/slo i leka»). I Agdenes «han slo læk’». Gammal seiemåte i Meldal er «det vart lækele ver». Eit ordtak opplyser om at «det ein ikkje kan måka fram med reke, kjem fram i dagen når det er læke». Jens Haukdal nemner ein folkeminnetradisjon frå Gauldalen om at «klårer i vinterfivilen (mjølkevegen) tydde vinterlæke».

Substantivet læke er danna til eit verb å læke, som betyr å bli mildare, og dette kjem i sin tur av adjektivet, norrønt hlær ‘linn, mild’ om ver’, som vi kjenner att i læver (lever) om mildver. I norrønt heitte det hláka.

 

11.2.19: Sprettauskar

«Når Vårherre ji, så ji’n itj i sprætt-auskar» er eit gammalt ordtak som er oppskrive frå Sparbu på Innherred. Eit sprettauskar (også kalla skvettauskar) er eit lite auskar til å ause små båtar. Ordet er/har vore kjent frå Mørekysten og nordover. Ein eldre variant er nok sprettauskjer eller skvettauskjer. Dette i motsetning til den større typen, som heiter bordauskar/bordauskjer.

6.2.19: Medsegbrent

Det var naturleg at dette ordet kom opp i går. For det betyr også (attåt)svidd, gjerne om graut, men også suppe. Kjerneområdet for dette ordet ser ut til å vera på Nordmøre, og så går det inn på romsdalsk (Bolsøy) og trøndersk (Hemne) område. Før det dukkar opp att på Helgeland (Hemnes, Rana). Uttalen er somme plassar mes(s)ibrent, men -i- midt inni. Dette er vel å oppfatte som ei «svekking» av «seg» i trykklett posisjon. Hans Ross (1895) noterer også vedsegbrent («vesibrent») frå Romsdal. På Agder og i Dalane har dei medbrent om det same.

Det var sjeldan å høre skryt for graut før i tida, og grautkokarane sjølve karakteriserte heller aldri grauten sin som god. Men ved eitt bestemt høve har eg hørt fortalt om ein grautkokar som tydeleg forventa skryt. Men nei da – dommen frå han som fekk grauten, var: «mesibrænt og sur og klæppåt!»

5.2.19: Attåtbrent

Svidd, attåtsvidd, fastbrent (om mat, særleg graut). Ordet ser ut til å høre til austafjells, først og fremst, med nyare målførebelegg frå Folldal, Gudbrandsdalen og Toten. Hans Ross 1895 føer i tillegg opp Romerike, Vinger og Valdres, og dessutan har han funne det i Sogn. I Oppdal attåtsegbrent. Alf Prøysen er inne på det i ein av laurdagsstubbbane sine, om matklokkene som brukar å «ringe inn folket til rå kaku og attåt-brent mjølk-mat».  Sigrid Undset har det med i form av eit ordtak: «ataatligget kokke lager ataatbrændt grøt» (Kransen, s. 243). Ein liknande talemåte er innsendt frå Gjemnes på Nordmøre, der det skal visast på bruragrauten om brura er «jomfru» eller ikkje: «attåtliggja brur koka attåtlagt graut».

1.2.19: Bråskite (-sjuttu, -sjetta)

Opphavleg er vel dette diare som kjem brått på. Men det er helst brukt i to andre tydingar: For det første om ein person som er brå, hissig og utidig, og for det andre om bråhast: «det var noko til «bråskjuttu» på deg». Utbreiinga går frå Gudbrandsdalen, spreidd oppover Vestlandet og til og med Trøndelag.

Eit artig uttrykk dukka opp på facebook-gruppa for dialektord frå Aure på Nordmøre: «ikkje la bråskjettå rinn i motbakkå». Det er ei åtvaring mot å bestemme seg for fort. Da kan det slå tilbake på ein sjøl, så ein får angre seg.

I Leksvik er ein bråskjuttudaue skjellsord for ein brå og utidig person.

31.1.19: Brårafs («i brårafsom»)

Hastverk, der ein riv frå seg arbeidet. da er det gjort «i brårafsa» eller «i brårafsom». Gammal seiemåte registrert av Hans Ross 1895 frå Sør-Trøndelag og Stjørdalen. I litt nyare tilfang er «i brårafsom» bekrefta frå Sparbu (folkeminne- og ordsamlaren Karl Braset), og frå Verdal (her «i bråræfsom»: «det e itt gjort i bråræfsom» det er ikkje snargjort). Frå Sør-Trøndelag har vi ingen ting om dette etter oppføringa i Ross. Hans Ross fører elles opp varianten «i brårafstom» frå Stjørdalen, og dessutan at det også kan bety ’til brånøytes’, jf. «Dagens ord» i går 30.1.

Det ser altså ut til at dette gamle uttrykket har hørt til i somme indre strøk av Trøndelag. Men det finst innslag lenger sør også: Trysilforfattaren halvor Floden bruker «i brårafsen», og i eit par ordsamlingarfrå Solør er nemnt «i bråramsom» med same tyding.

30.1.19: Brånøytes

Å ha noko til brånøytes vil seie å ha det som ei provisorisk løysing, ei nødhjelp. Ein kan greie seg med det for ei kort tid. Norsk Ordbok heimfestar til Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Stjørdalen. Interessant å sjå at ordgrensa her (dersom ho er rett) fell saman med den gamle grensa mellom Inn- og Ut-Trøndelag. Eksempel: «det får greie seg til brånøytes», eller «eg gjorde det berre til brånøytes». Eit «brånøytes arbeid» er foreløpig, provisorisk. Somme seier også «te brånøttes». Eit nøyte er noko som kan nyttast til noko (bestemt). Ordslektskap heile vegen.

29.1.19: Bråke seg

I dag var det så kaldt på kontoret at eg måtte opp og bråke meg for å få igjen varmen. Å bråke er jo brukt i mange samanhengar. I tillegg til å lage bråk, kan ein bråke smør, bråke lin, bråke klede m.m. Men akkurat denne såkalla refleksive bruken av å bråke seg vil seie å halde seg i skikkeleg fysisk aktivitet, gjerne med store og markerte rørsler; rett og slett å bruke kroppen hardt. Først og fremst belagt frå indre Nordmøre, med eit par framifrå døme i surnadalsordboka «Ord te gagns»: «hæst’n bråka se på romma» (rommet, altså på plassen sin på stallen), «e lyt bråk-me så e ikkje sterna vekk».

Hans Hyldbakk fortel om ein kar at «han var ikkje av dei som bråka seg stygt i arbeidet. Men det renta seg for han, enten han dreiv i snikkararbeid eller gjekk i skåren og slo» («Gamalt frå Surnadal», s. 50). I dag vil ein kanskje beskrive ein som bråkar seg, som «mye armer og bein». Kua fekk ut ein tur og bråke seg, var ei råd i Skaun mot «tråttå» (opphovning i juret).

24.1.19: Deng

Svikt i golv. I Dialektmagasinet frå 2003 kom det fram opplysningar om dette frå nordre Ytter-Namdalen (Nærøy, Foldereid) og Bindalen. Dessutan er det nemnt i ei ordsamling frå Trondenes, så det er kanskje meir utbreidd nordover. Deng betyr jo vanlegvis juling, pryl, og samanhengen er uklar for meg. Kanskje det er det at golvet sviktar, dissar som om det skulle vore dengt eller banka på.

22.1.19: Svokk

Fordjuping, søkk, innholing. Ordet dukka nyleg opp på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Rindal, og der vart det oppgjeve med inkjekjønn. Mest vanleg er det nok likevel som hokjønnsord, men det er belagt som inkjekjønn (i lag med hokjønn) også frå Hitra. Ordet finst (eller har funnest) eigentleg vidt ikring: Møre og Romsdal, dei nærmaste områda i gamle Sør-Trøndelag (Hemne, Hitra, Frøya), nedover Vestlandet (Nordfjord, Sogn, Voss, Sunnhordland), og dessutan Snåsa, Salten og Trysil (her med uttalen svukk). Alt dette i følgje Norsk Ordbok.

Slik eg hugsar det heimafrå, var det særleg om innholing, innboging i tak, golv o l, og det var også rindalingane inne på. Det stemmer også bra med eksempla til Bjarne Østbø: «takje he svåkk attme murpipånnj» og «svåkk e stavlinånnj». Men det er mange som også opplyser at det kan brukast om søkk i lendet. For eksempel på Hitra om søkk i berg der det samlar seg vatn. Vidare om esvakt, ettergjevande punkt på is eller i veg. Også på kroppen: Ein informant frå Voss har det om gropa som somme har på hakespissen, og Reidar Djupedal frå Selje seier dei brukte det om søkket på kvinnekroppen over hoftene.

Vi finn svekk med mykje av dei same tydingane, og begge er i slekt med å svinge. Det er altså noko som svingar inn.

18.1.19: Fnøse

Svein Guddingsmo i Verdal kom med dette ordet som kommentar til gårsdagens ord vindgjerd. Han fortel at i Verdala var det sagt ei fnøs’ eller vindfnøs’ om ei vindkule eller eit vindkast. Dette ordet viser seg å ha eit par belegg til nettopp på Innherred. Frå Sparbu er det notert i same tyding som frå Verdal. Arnold Dalen har skrive det opp frå Skogn om nokon (særleg kvinnfolk) som fyk opp og blir sint, som tenner fort. Ein annan informant frå Sparbu har det om ei kraftig snøbye, kanskje kombinert med vind. Uttalen viser at ordet har fått kappa endinga og bør normaliserast til nettopp fnøse.

Til grunn for dette ligg eit verb å fnøse med tyd. ‘frøse’, som fanst alt i norrønt, og som er i slekt med (sideform til)  fnyse.

16.1.19. Vindgjer(d)

Hardt vindkast, vindrosse. Ei jer’ (gjerde) om eit vindkast har ei klår vestleg utbreiing, frå Hordaland og oppover til Trøndelagskysten, i alle fall i sør. Det kan også vera snakk om ei kastgjer’.

I si ytre form ser dette ordet for vind ut til eigentleg å vera det same som det gjerdet som vi helst kallar utgard. Til jamføring kan vi tenkje på ord som drevgarde eller rok(k)garde om stormbyge som driv vatnet opp. Det skal vera slektskap med eit verb gara eller garda, som betryr å laga ringar eller striper i vatnet, og også med gåre, som betyr stripe. Opphavleg må vindgjer(d)a dermed ha vore ei vindflage som syner seg i ei mørk stripe på vatnet, og det er da også oppskrive med omtrent slik betydning lenger sørover Vestlandet.

14.1.19: Fonnestrek («fannastrik»)

Stripe etter skred i fjellsida, (smalt) fonnefar. Slik hos Norsk Ordbok. For tida arbeider eg med eit foredrag om språket til sunnmørsforfattaren Marta Schumann, og det er ei kjelle med rikt ordforråd, ikkje minst for natur. Desse får ho bruk for når ho skildrar fjella og fjordane på Sunnmøre. Ordet «fannastrik» finn vi nettopp hos henne. Her går det tradisjon frå Hans Strøm (1762): «Fond-Strek eller Skredfurer», via Ivar Aasen «smalere Spor efter Fjeldskred» og altså fram til Schumann. Reine målførebelegg er det frå Norddal, som ein kan vente ved eit Schumann-ord, men også frå Sykkylven og Volda. Frå desse to siste stadene kom eg borti det i samband med stadnamninnsamlinga i Møre og Romsdal i andre halvdel av 1980-talet. På namnelister herifrå var ordet brukt for å forklare stadnamn som «Strikje oppi Hønna» (Hornet). Eit fannastrik kan vera både etter stein- og snøskred.

11.1.19: Fonnagust

Lufttrykket, drevet frå ei fonn som går. Kan ofte gjera meir skade enn sjølve fonna. Ordet blir kanskje rekna som svært typisk for Sunndal, men det er nok kjent i somme andre nordmørsbygder også. Likeeins i Eresfjorden, og sunnmøringen Arthur Klæbo skriv om «fonngust» i boka «Farlige fjell». I Nordfjord heiter det «fonnvind» eller «fannvind».

I den seinare tida ser det ut til at lokalpressa har begynt å skrive om «fonnagufs». Det er nok ei yngre form, fordi gust er i ferd med å gå ut av dialekten. «Gufs» er nok eit ord som har spreidd seg, for Ivar Aasen fører opp det som eit regionalt ord frå Austlandet.

10.1.19: Mjellfonn

Fonn (snøskred) med tørr snø. På Nordmøre gjerne uttalt «mjillfonn», og elles finst ordet vidare sørover på Nordvestlandet, og det går litt inn i Trøndelag. Førsteleddet er mjøll ‘tørr, fin, laus snø’, av same rot som mjøl. Skred med kram snø kan heite kramfonn eller kramskrede (i Surnadal «kramskrøå» og «kramsnøskrøå»). Men det er gjerne mjellfonner som er dei farlegaste.

9.1.19: Hengfonn

Definisjonen i Norsk Ordbok er truleg nokså dekkande: «rasfarleg snøfonn som heng utover fjellside el bakkekam». Her er ordet heimfesta til Nord-Østerdalen og somme plassar i Trøndelag. Elles finn vi ordet hos Ragnar Solberg og Ivar Kleiven, så da kan vi kanskje tolleg trygt rekne med Nord-Gudbrandsdalen til utbreiingsområdet for ordet også. Flest belegg er det nok i indre Sør-Trøndelag. Inge Krokann brukar det ved fleire høve, og her er eit sitat frå ålbyggen Jon Østeng Hov: «jerven, som tusler skinnflat i motvinden langs hengfonner og elvejuv» («Hurra for naturen», s. 125).

Heng(e)skavl er eit synonym til hengfonn. Det minner meg om ei bemerkning far min kom med, det var ei kone der i grenda som venta småfolk med det aller første: «Ho kjem no snart kramfonna på (namnet på garden) no; han ha vorte så stor hengjeskavel’n».

8.1.19: Dølfonn og skjulfonn

To ord som begge gjeld fonn (snøskred) som kjem uventa, som kjem brått, utan forvarsel. Begge er frå Selbu, men det siste er også registrert av samlaren Karl Braset frå Sparbu. Ingulv Røset beskriv dei som synonyme til «hengfonn». Ein annan informant frå Selbu, Torbjrn Furan, har varianten «døltfonn». I alle fall knyter førsteleddet seg til dølje ‘skjule, løyne’.

7.1.19: Flofri(tt)

«Du ha bøgd flofritt», hørte eg ein kommentar til ein som hadde bygd seg hus ganske langt opp frå sjøen. Flo(d)fri 4.1.1 vil seie ovafor flomålet, slik at ein er trygg for floa. Mest er det vel snakk om at båtane ligg flofritt, å dra båten flofri o.l.  Men eit skjer kan også vera flofritt. Ordet ser ut til å høre til kystområda på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge.

4.1.19: Fonnatrygg, -trygt

«Som dei fleste andre husmannsplassane i Virumdalen, ligg Vollen på ein alt anna enn fonnatrygg plass» (Nils Virum frå Ålvundeid på Nordmøre, eit sitat som har stått på trykk i Aura Avis 4.1.1996 og i årsskriftet Leikvin (Sunndal Museumslag) 2013. Den same Nils Virum er attgjeven i den nye, flotte seterboka for Ålvundeid og Ålvundfjord, i ei oppskrift frå ca. 1970. Det handlar om setrer i Innerdalen: «Setra deira på Fale låg på eit nes mellom storelva og Tverråa. På sørsida av elva var det ikkje fonnetrygt, difor vart det oppsett ein skanse av stein langs øvre veggen av seterfjøset» (s. 114).

På Nordmøre har nok ordet vore uttalt med -a i samansetningsleddet («fåinnatrøggg, -trøkkt»). Frå Sunnmøre finst det også ein del opplysningar, såleis skriv Stein Nupen i boka «Krokedalen med namn og minne» (frå Ørsta): «der dei gamle fortalde oss at det var fonntrygt, er det ikkje fonntrygt lenger, då terrenget har endra seg» (s. 68). I sunnmørsavisene er ordet brukt heilt fram til dette tiåret.

Men det finst ikkje (så langt) i arkiv eller ordbøker, etter det eg kan sjå.

3.1.19: Rodemerke

Merkestolpe som viste kor langt vegstykke ein gard skulle halde ved like. Dette frå ei tid da vegvedlikehaldet var organisert som pliktarbeid for bøndene. Somme plassar har det stått igjen slike merke i form av stolpar (rodestolpe) eller steinar (rodestein) heilt opp mot vår tid. Dei kunne ha gardsnummer måla på eller hogge inn, stundom også gardsnamnet. Ein engelsk turist som la merke til og misforstod alle desse rodemerka, skal ha skrive at i Norge begrov dei sine døde langs vegane. Ei rode eller rote var eit slikt avgrensa vegstykke, men også ein gardskrets som hadde felles ansvar for visse ting. Uttalen med d er nok påverka av dansk rode, men roti i tyd. ‘flokk’ fanst alt i norrønt. Det er rekna som import frå lågtysk rote ‘tropp, hæravdeling’. Ei eldre tyding er ‘flyktande hæravdeling’, og det skal gå tilbake til latin rupta, perfektum partisipp av verbet rumpere ‘bryte, bane veg’.

Her kan du sjå bilde av eit rodemerke: https://digitaltmuseum.no/021025728505/rodemerke

2.1.19: Ploghus

Hus der brøyteplogen/snøplogen var oppbevart i sommarhalvåret. Det er vel særleg frå gamle dagar da dei brøytte med hest, og kvar gard hadde ansvar for si «rode». For kvar slik rode (rote) var det gjerne ein plog og eit eige ploghus. Vi finn om dette i ymse lokalhistorisk litteratur. Siste eksempelet eg har funne, er i årsskriftet «Kumur» for Snåsa historielag, 2018, artikkelen «Snøbrøyting med hesteplog, og andre vinterminner». Der er det bl.a. fortalt om eit ploghus i Olgasvingan i Aglelia. I dette området var det ei bru som var for smal for plogen, så dei måtte løfte han opp på eine sida av rekkverket for å komma over. Så skulle dei utvide brua så ho vart brei nok, og sendte ein kar opp i ploghuset for å måle breidda på plogen. Men han hadde nok vore litt unøyaktig, for det er sagt at dei måtte løfte plogen opp på rekkverket også etter utvidinga!

27.12.18: Brystsvie («brøssve, brøssvea, brøssveå»)

Eit anna ord for halsbrann eller kardialgi, jf. brystbrune, som var «Dagens ord»  21.12. På Nordmøre er nok brystsvie det vanlegaste ordet, i alle fall frå gammalt. Det går også så vidt inn i Fosen, men ellers er det samanheng sørover Vestlandet, i alle fall heilt til Ryfylke. Nordover finst det både i Nordland og Troms. Det er også kjent i Setesdal.

Uttalen varierer nokså mykje. Det blir ei opphoping av konsonantar i samansetningsleddet, og dermed blir det lett forenklingar, slik at vi får «brøssvea», «brøssve» osb. Men somme plassar uttalar dei det med tydeleg brøst- i førsteleddet. Såleis finn vi av og til «brøstve», slik også forfattaren Ragnhild Magerøy skriv det. Da er det ein tendens til å omtolke sisteleddet til ve, som i «veer» (rier). Det har Hans Hyldbakk gjort da han sendte inn ordet til Norsk Ordbok. Det same ser vi hos Leif Hale, i dette sitatet: «Den karen foråt seg ikkje på borkebrød og borkemjøls-graut og var ikkje plaga av buk-ilske og brystveer» («Raud brystduk», s. 135). Men det er ikkje tvil om at sisteleddet er svie, jamfør seiemåtar som «å ha svea fær bringånn». Vi ser det også av norrønt brjóstsviði.

Ei gammal råd mot dette skulle vera å ha i seg skum som gjekk rangsøles i ei elv. Truleg verka det betre å innta pulverisert krit i søtmjølk, slik ei anna råd går ut på.

22.12.18: Brystduk

Kan bety bringeklut for kvinnfolk, men her på traktene kanskje mest kjent som ei eldre nemning for (manns)vest. Men grunnen til at eg tek med ordet, er først og fremst eit gammalt uttrykk frå Orkdalen, formidla av Anders P. Kvaale. No har vel dei fleste ordna juleølet, og venteleg er det godt. Men «vart itj ølet godt, så sa dem at det va bryddja bære på ein gammel brøstdukrøgg» (frå boka «Anders P. har ordet», s. 36).

21.12.18: Brystbrune

Halsbrann (vanleg i Trøndelag, også innslag på Nordmøre). Uttalt –brånnå i indre strøk, -brånna i ytre. I Namdalen også –brårnni. Hans Ross (1895) nemner det også frå Rogaland, og i nyare materiale har vi det frå  Sauda som «brøssbronn». Også frå Førde i Sunnfjord finst det ei opplysning om ordet. Lett å pådra seg i denne tida, med mat ein kanskje ikkje alltid har heilt godt av. Eit gammalt ord frå Snåsa for mat ein lett får halsbrann av, er «brøstbrånnå-årkj». «Årkj» = emne, virke.

20.12.18: Ta siste morka

«Ta sist morkja» – ta ut dei siste kreftene, for eksempel i langrenn, springing. Uttrykket er registrert frå eit par plassar på Nordmøre (Surnadal, Tingvoll), og dessutan frå Nesset i Romsdal. Som gårsdagens uttrykk skriv nok også dette seg opphavleg frå veging med bismar.

19.12.18: For dryg på sist mårko

«Du e fær dryg på sist mårko» kunne far min seie når vi gjekk skitur og eg spurta frå han på slutten. Ein tilsvarande seiemåte med «seig» i staden for «dryg» er registrert frå Meråker. Dekkande for langrennarar med sterke avslutningar.

Uttrykket kjem nok frå bismaren, ein type vekt med krok eller skål i eine enden, og eit lodd til å skuve att og fram på vektstonga. Vi har også uttrykk som «stridast i første morkom» e.  l.; i utgangspunktet om bismar som veg drygt på dei første merkene, eller om person som er strid i førstninga, men som blir mildare etter kvart. «trebøssmör’n e striast e føsst mårkå» (Stangvik på Nordmøre).

18.12.18: Mark/mork og sportsprestasjonar

Med langrennssesongen godt i gang slo det meg at vi har ein liten serie med uttrykk for å beskrive sportsprestasjonar, som har å gjera med vekteininga mark/mork (1/4 kilo).

For det første minnest eg ein onkel av meg, som hadde mange rare uttrykk. Eg var gutunge, og skulle legge ut på ein treningstur i ei løype eg hadde gått opp. – Ja, du ska vel lægg sju aln ette morkjen no da? sa han. Eg oppfatta det jo slik at eg skulle skunde meg, lange ut, koste på. Fra Orkdal har vi omtrent det same uttrykket: «hain la sju æln ette marken» om ein som er rask og dugande i arbeid. Dette skriv seg nok eigentleg frå veving. Norsk Ordbok fører opp uttrykket «legge opp etter marka», forklart som å «fastsetja grannleik på vevnad ved å leggja opp så og så mykje ty (målt i alner) av ei mark med garn». Leif Halse har også ein passasje som kastar lys over dette når han oppplyser at grannvarpet «skulle vera så grant at dei la 3 alen etter morkjen tå di» (Todalen bygdebok, s. 180)

17.12.18: Gjera mjøl

Trønder- og nordmørsuttrykk for å vera effektiv, gjera godt arbeid, gjera veg i vellinga, og verke godt (om reiskap, maskineri). Her er eit sitat frå Bjarne Østbø, romanen «Vindfall»: «Jau, eg skal seie deg vi gjer mjøl no ja. Jødde-meg kor vi bryt fram langtømmer!» (s. 44).

Bokstavleg talt vil jo «gjera mjøl» seie å knuse til mjøl, og det er jo kverna som gjer det i utgangspunktet. Når ho verkar som ho skal, gjer ho mjøl. Vi kan også spore ein litt annan nyanse, som i dette Duun-sitatet: «Eg kan ta forken og gjera mjøl tå skarvpakket» («I stormen», s. 209). Her vil det vel omtrent bety å jule opp.

14.12.18: Mjølet i kjeften

«Bli sittande med mjølet i kjeften» ikkje få fram eit ord; vera klumsa; ikkje ha mot til å uttala seg. Notert etter fleire informantar frå Hitra, men finst også hos forfattarar som Olav Duun og Magnhild Haalke. Her er ein Haalke-variant: «får han mjøl i tuten han og som er så tannbar og tungerapp en kar?» («Kvinneverden, s.13).

12.12.18: Snæken («snækje»)

«17,5 og litte småsnækje hær i dag» skriv ein deltakar på facebookgruppa for ord og uttrykk frå Oppdal. Vi snakkar sjølsagt om minusgrader, og da er det så absolutt «snækje» – kaldt, bitande. Gjerne i kombinasjon med vind. Ordet blir vel av mange oppfatta som typisk oppdalsk, særleg i vendinga «snækje ronntj nævinj», som til og med har vorte namn på ein låt. «Ein snæken vind over landet susar», skriv Ola Setrom (Nordan under fjellom, s. 21).

Men snækje eller snekje viser seg å vera eller ha vore utbreidd over store delar av landet, heilt frå Austfold i sør, via Gudbrandsdalen og langs kysten frå Aust-Agder og heilt opp til Troms. Samansetninga kaldsnæken ser ikkje ut til å gå nord for Trøndelag.

Det er slektskap med eit adjektiv snåken ‘morsk m.m.’, og lenger uti med verba snake og snoke ‘snuse, leite’. Rota skal opphavleg vera lydhermande, og da kan ein jo sjå for seg at vindsusen ligg til grunn.

10.12.18: Drabben (drabbe før’)

«Drabbe føre» skriv Hans Ross (1895) som eksempel til adjektivet drabben, hos han definert som «hinderlig, sinkende, tung». Tungt føre, altså, gjerne klabbføre. Heimfestinga til Ross gjeld vel enda, for i nyare materiale er det belagt frå Hemne, Oppdal, Meldal og Budalen (her «dræbbi»). «Det var litt nysnø kome, så det var drabbe å gå» (Ola Setrom: Der straumane møtest, s. 271). I andre dialektar kan drabben bety ‘trøytt, utsliten’. Bakom adjektivet ligg vel eit verb drabbe, som bl a kan bety ‘gå seint; somle’.

7.12.18: Sviven, adj («svæve», «sveve»)

I går såg vi på eit par verb for å skrense eller gli ut til sida. Det finst også eit adjektiv som heng i hop med dette. I normalisert form skrivst det sviven. Det betyr for det første ‘glatt; som er lett å gli (svive, skrense) på’, og da gjerne om veg eller vegstykke: «væ’n e svævinn» (Surnadal), «bakkinn e svæve» (Oppdal). Det kan også bli sagt «svæve/sveve føre». Utbreiinga er i hovudsak Nord-Gudbrandsdalen og over i Sør-Trøndelag (Oppdal, Meldal, Budalen) og indre Nordmøre (Surnadal). Hans Ross har det frå Nes i Hallingdal, med tyding ‘full av svingar’ (om veg). Vidare kan det brukast for å beskrive noko som sviv eller har lett for å svive: «lasset va svive» (Oppdal, etter Donali), «bil’n va svevinn» (Budalen).

6.12.18: Sveive/svive

To nærskylde verb som begge kan bety å skrense, i tillegg til den meir allmenne bruken. Å sveive om dette finst i indre delar av Sør-Trøndelag og mange plassar i Nord-Trøndelag. Uttalen vil bli med monoftong der dei har det, f eks «slåen sveve» (Ålen).

Å svive om å skrense har vi i eit nokolunde samanhengande område med Valdres, Nord-Gudbrandsdalen, Nordmøre og eit par tilgrensande bygder i Sør-Trøndelag (Hemne og Oppdal). Det er også opplysningar om slik bruk frå Sogn, og strøbelegg frå Solør, Land og Vefsn. «Lasse svev tå veia» (Ingeborg Donali i ordboka for Oppdal). I min barndom var det om å gjera å lære seg å sviv’ når ein skulle renne slalåm. Hans Hyldbakk får med ordet i diktet «Gravøl i Merradala», der det går gale under transporten av den døde bygdediktaren til kyrkjegarden: «Men da dem kom austi Kleivabrattå, da sveiv ‘n sleann, og hingsten glatt, å utfær bar det, å kistå datt-tå, å langt ni ufså fanst hingsten att».

Frå Budalen har vi informasjon om substantivet ei sveve om stad der det er lett å skrense. Når Ola J. Rise skriv i Oppdalsboka om «svævor i blåsvell», må det vera same ordet.

5.12.18: X for U og seks for sju

«Dette gamle ordspillet var det ingen i Mandagsklubben som kunne forklare. Vi spør leserne!» Slik står det i Møllkula 1/2018, i ordsamlinga som kjem i kvart nummer. Skriftet blir gitt ut av Bjugn Bygdatunlag og Yrjar Heimbygdslag.

Da lyt vi vel prøve. Det finst i ordbøker, og vi kan starte med Norsk Ordbok. her har vi ordlaget «skriva x for u og seks for sju», med forklaring «blanda saman ulike (inkommensurable) ting, ikkje bry seg så mykje, vera likesæl, rota». Så har vi Det Norske Akademis ordbok (NAOB), som fører opp uttrykksvariantane «la x være u og seks være sju» eller «sette/skrive x for u og seks for sju». Forklaringa her er «regne feil til egen fordel; bedra». Som belegg på dette siterer dei blant anna Jonas Lie: «Vi to skriver ikke hverandre X for U eller sex for sju nogen Gang, – lirker ikke med hverandre, Sara!» (frå «Gaa paa!»).

Gode, gamle Holberg har det også, i «Peder Paars» er det tale om ein «Kroemand» som er tidleg oppe, «før Hanegal» har han «et X for V på Karvestokken skrevet». Her er det altså X for V, og svensk har likeeins «skriva X för V». Dette må gå tilbake til romartala, der X er 10 og V er 5. Om ein sette X i staden for V, ville ein altså få det dobbelte. Og V kan vera bruka for U i gamle tekstar.

I dansk har vi «sætte en et x for et u» om å narre, lure ein opp i stry. Og tysk har «einem X für ein U machen».

4.12.18: Vesse/vessast

I dag var det slikt føre der eg ferdast at det fort kunne vessast gjennom skoen. Når noko vessest, blir det altså gjennomtrekt av væte. Men det kan også brukast om væske som sig eller tyt ut: det væsses(t) tu såra (dativ). Bjarne Østbø har dette eksempelet frå Surnadal: «det væssest onna fotå» – det piplar fram. Så kan det «vessast tu eit auge» (Hitra), eller «auån vill vessast» – vassflyge (Sparbu). Ordet finst her og der i Trøndelag, så går det inn på nordmørsk områe, og ned i Nord-Gudbrandsdalen og Østerdalen.

I grunnform vesse er det bruka i same tydingane, men med litt annan geografi. Da får vi med oss Vestfold, Numedal og Nordland. Eit sår kan vesse, og det kan vesse utor eit sår. «Vatnet vesste kring føtene kor ein so gjekk utfor gruva» (Kristofer Uppdal: Stigeren, s. 128). Og skoen kan vesse (trekkje vatn), som ein deltakar i facebook-gruppa for namdalsdialekt nemnte frå Kolvereid heilt nyleg.

Det må vel vera dette ordet vi også finn i ei litt vågal gåte frå Beitstad: «De’ står ein mann å vesse, stekk in der de’ pesse, tørke der kor de e vått, å sea kjeinne’n åt». Det skal skildre når ølet blir tappa.

Etymologisk dreier vessast og vesse seg truleg om ei s-avleiing til vatn. Jamfør vassen, og islandsk vessi ‘væte’.

3.12.18: Snipsildlepp’

Surleppe. Lært på ølbrygging i Hegra 1.12. (det var ikkje mange «snipsildlepper» der altså!) Norsk Ordbok forklarer kva ei snipsild er: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=snipsild#ariadne=%5B%5B|410392|,0,|snipsild|]]

Og her kan du finne det vi sa i «Trønderordboka» om snipsild: https://www.nb.no/items/d565bb37e9e0f3e5ac75ab99b12b57eb?page=237&searchText=

30.11.18: Buksorg

Frykt for å ikkje bli mett; sorg, sut for å ikkje få mat nok eller tidsnok. Som norsk dialektord er det flest belegg frå Nordmøre (Smøla, Valsøyfjorden, Sunndal, Øksendal), men også frå Meldal, og så står det nemnt i ei ordsamling frå Hemnes i Nordland. Norsk Ordbok sin informant frå Meldal har dette eksempelet: «d’ æ ei ondele buksærj på de all vei». Kanskje særleg sagt om og til ungar som masar etter mat, men det kan godt brukast på vaksne òg.

No viser det seg at ordet er kjent langt vidare ikring. Såleis i svensk, men også i eldre dansk («bugsorg») og nederlandsk. Det skal også vera kjent i islandsk; der om sorg for utkommet, næringssorg. Truleg har vi å gjera med omsettingslån frå tysk Bauchsorge. Her an du lesa meir om ordet: http://www.sprakochfolkminnen.se/sprak/dialekter/aktuellt-dialektord/dialektord/2013-10-21-buksorg.html

29.11.18: Tesvind

Ordet høver kanskje betre på vårparten, men vi opplever noko liknande ved desse tider også. Tesvind er tørr og mild vind som tærer på snøen. I Norsk Ordbok er det ført under oppslagsforma tæsevind, til eit verb å tæse, som bl a betyr å tære på snøen. Frå Osen blir det opplyst at det kan brukast intransitivt: «snø’n tese» – smeltar av at sola skin på han. Tesvind/tæsevind er først nemnt i Svend Busk Bruns «Efterretninger om Sneaasens Præstegjeld 1812», der forklart som «Tøevind». Frå Snåsa er det også registrert i nyare materiale. Så har Aasen det frå Innherred, og det er nemnt frå Skatval i innsamlinga til Trønderordboka. I Sunnhordland betyr det vind som gjev god tørk.

Arnold Dalen har notert tæspong som skjellsord for ein sein og treg person, frå Lensvika. Dette er nok til eit anna verb tæse.

28.11.18: Mussufinger

Mussufingra er veike, visne, mjuke fingar, «kontorhender». Ordet er kjent frå indre Sør-Trøndelag, Nord-Østerdalen og Nordmøre, og kan også brukast om person som har slike fingrar. Misufinger i Andebu i Vestfold. I Sunndalen kunne det også bli uttrykt slik: «Det e fær mykkjy møsu ti fengro». I forteljinga «Raud brystduk» av Leif Halse utfordrar «bøverdalskjempa» todalingane til styrkeprøve på ein hånsleg måte: «Todaling og raud brystduk, men prøve meg tør de ikkje! Skjettvest og mussfingrar!» (skjettvest = skitlukt). Den som vil veta korleis det gjekk, kan lesa boka, eventuelt slå ho opp hos Nasjonalbiblioteket. 

25.11.18: Peiketå

Tåa nærmast stortåa. Dei tre midtre tærne har vanlegvis ikkje eigne namn anna enn i regler, men her dukka det opp eit namn i ei gammal åtgjerd for å «vende hugen» til ei jente. Henta frå folkeminnesamlinga «Gammalt frå Elvrom», denne også: «Når du vil vende hugen åt e jinte tel deg, så sker du drepa en stær å ta hjærte hass å sy inn i en liten klut. Bær du de millom høgre stortåa å peketåa å trår på bena tel den jinta du er gla’ i, så vil ho bli di» (s. 73).

Ordet finst på ein del bloggar o l, og i nokre andre belegg, men står ikkje i vereken Norsk Ordbok eller Det Norske Akademis ordbok. Sjølsagt danna etter mønster av peikefinger.

21.11.18: Fingerhjerte (-hjarte)

Nok eit ord for fingergom, fingertupp. Dette er avgrensa til Austlandet, og ser ut til å vera mest kjent i Østerdalen (inkl. Solør), men også med belegg frå Nordre Land, frå Andebu i Vestfold, og med gamle opplysningar (Hans Ross) frå Romerike og Austfold. Ein kan nok stundom kjenne hjarteslaga frammi der. Vi hentar eit sitat frå folkeminnesamlinga «Gammalt frå Elvrom»; det handlar om ei jente som vart bergteken: «hadde døm .. tii en dråpå blo’ frå ene fingerhjærte hines, så hadde itte berjefølke hatt mere makt åver a» (s. 42)

20.11.18: Fingersylte

Tynt syltetøy som berre renn av eller gjennom brødskiva og gjer deg klissete på fingrane. Solfrid Helene Lien har med dette ordet i særemne-oppgåva si frå 2002 om dialekten i Fuglvågen (gamle Tustna, no i Aure kommune på Nordmøre. Irriterande fenomen, men storartig å ha eit ord for det! Syltetøy heiter «sylt(e)» i dette området.

16.11.18: Fingergom(me)

Også fingertupp. Ordet kom opp i kommentarar til gårsdagens ord. Gom eller fingergom om fingertuppen går ganske vidt, og er belagt i alle landsdelar. Ein god del vestafjells, men også Telemark, og heilt opp til Trondenes. Frå før hadde vi det frå blant anna Oppdal og Meldal, så da passa det fint at ho Randi Olise nemnte det frå Rennebu.  Ein gammal spelmann frå Sogn sa følgjande: «Dei kan ikkje ein slaott til gangs før dei har fenge han i øyred’n og munnvikad’n, i fingragummad’n og taotippad’n; men dao ska han og sitja, kar».

Dette er same ordet som gom i bet. gane eller tannkjøt. Alf Torp seier  «bet.»fingertup» efter dens likhet med tandkjøt-knuterne».  Det er norrønt ordmateriale; der finn vi fingrargómr, og på islandsk fingurgómur.

Somme plassar har dei også kalla innsida av fremste leddet på ei tå for gom.

15.11.18: Fingerkopp

Fingertupp. I hovudsak registrert frå Trøndelag, eg kan nemne plassane så langt, og så får vi sjå om det kjem supplement: Hitra, Stadsbygd, Budalen, Singsås, Tydal, Leksvik, Frosta og Verdal. Dessutan har hallfrid Christoansen funne det i Lofoten og Vesterålen, men det er einaste opplysninga om det frå Nord-Norge (så langt).

14.11.18: Såldom

Ynkeleg stakkar, svekling (mange plassar i Nord-Trøndelag). Hans Ross har det også frå Nordmøre, men der er det ikkje attfunne i nyare materiale. Brukt av forfattarar frå dette området (Duun, Uppdal, Haalke). Avleiingar på -dom er som regel abstrakte, men i nokre tilfelle kan det altså bli brukt konkret om personar. Jamfør ungdom – både tilstanden å vera ung, og ein ungdom om ein ung person («det kom nokre ungdommar etter vegen»). Såldom kan da også bety stakkarsdom, fattigdom, elendigheit. Slik dobbeltbetydning har vi også i sålbotsdom, som ser ut til å vera lokalt for Innherred. Det kan altså bety både stakkarsleg, elendig tilstand og stakkarsleg, ynkeleg person. «Det e ont å hør, når sålbotsdommen e sjitvekti», seier eit gammalt ordtak.  Stakkarsdom betyr oftaststakkarsleg tilstand, men frå somme plassar er det også brukt om ein tufs eller stakkar.

Sål er det same som sjel og har utvikla ei betydning individ, person. Sål om stakkars person går helst tilbake på det norrøne adjektivet sálugrstakkars’ arm’ (eigentleg same ord som salig).

13.11.18: By fram bækkræv

Trønderuttrykk der folk gir opp litt ulike tydingar. Først eg kom borti det, var ved ein informant frå Titran på Frøya, som meinte det betydde å fara og gjera seg til; ville vera likare enn dei andre. Same informant opplyste også at det kanskje kunne brukast om ein ryggslikkar. Ein annan sa det var brukt om ein person som gjerne gir ei dyr gåve utan å ha midlar nok til det sjøl. Ein tredje (som også har uttrykket frå Frøya) hevdar det er sagt om ei(n) som er for tidleg ute med noko han/ho ikkje skulle ha gjort, som røpar noko før ein burde e.l. Som ein ser , er det litt sprikande forklaringar.

I ordsamlinga frå Stadsbygd (2016) dukkar det opp i forma bymann bækkræv. her forklart som utnamn på ein som har flytta til byen og har forandra livsstil og talemåtar og gir til kjenne at han vil vera betre enn andre.

Ei rauv fyllt med bekk er uansett ikkje bra, så dette er nok i alle fall nedsettande og ironisk.

12.11.18: Bot på brånnån

«Plaster på såret», f.eks. i form av drops e. l. til unge som har slått seg. Talemåten kjem frå Verran, og her er det brånnå (brune) i bet. svie, verk, smerte i kroppen som er aktuell. Som i hæsjbrånnå (halsbrann) og brøstbrånnå. Perfekt form på uttrykket, merk bokstavrimet. Brånnå (i indre strøk) eller brånna (i ytre strøk) i trøndersk  betyr også det at det brenn; brenning: brånnå/brånna i omnen.

9.11.18: Ørskjegg

I butikk-kø i går spurte ei trondheimskvinne meg om eg kjente til ordet ørskjegg om kinnskjegg? Og det gjorde eg jo, men vi lurte jo begge på om det er på veg ut av bruk. Reidar Djupedal noterte alt han kom over, og hos frisøren har han ein gong fått spørsmålet «ska æ stuss ørsjægge dett?» går det fram av ein lapp han har rabla ned på. Etter Norsk Ordbok finst ordet i Sør-Trøndelag, på Nordmøre og på Helgeland, pluss at Hans Ros (1s895) har «øyrneskjegg» frå Tovdal i Vest-Agder. Vi kan sikkert legge til fleire plassar; såleis har det nyleg vore framme i ei facebook-gruppe for dialekten i Fron.

Eit anna ord for dette er kjakeskjegg («kjåkåskjegg») i somme austlege mål. som i Gudbrandsdalen), og det meir slangprega kotelettar eller kotelettskjegg. Bakkenbartar kjem frå tysk, der Backe = kinn.

8.11.18: Krafsull

Opprivne, opptrevla filler, gjerne av ulltøy, brukt som fyll i «stekkatæppen», men også som stoppingsmateriale elles, i puter, bolstrar m m. Krafsullbolster, krafsullteppe. Ei eg snakka med, fortalte at ho hadde hatt ei dokke med krafsull som innmat. Tilsvarar vel sjoddi, eller grov vatt. Også om dottar av ull med dårleg kvalitet, brukt på same måten. Somme opplyser at det også kan brukast om treull til fyll. Ordet krafsull hører i hovudsak heime i Trøndelag, men det finst også på Nordmøre, pluss ei opplysning frå Astafjord i Troms. Krassull er ein annan variant.

6.11.18: Stekkatæppen (stikateppe)

Sengeteppe av to lag stoff som er sydd («stekka», «stækka») i hop med ull, oppklilpt ty, filt e l mellom laga. Nemninga er/har vore utbreidd i Trøndelag, går så vidt inn på Nordmøre, og så er det eit par opplysningar frå Gudbrandsdalen. Fleire karakteriserer ette som eit mellomtrinn mellom skinnfellen og dundyna, og det var gjerne slik at dei brukte «stekkatæppen» som sommardyne når skinnfellen vart for varm. Fleire beskriv også korleis dei låg på golvet og sauma saman slike teppe. Verbet i førsteleddet kjem frå lågtysk sticken ‘sy, brodere’.

2.11.18: Brottskavl

Bølgje som bryt på toppen; brottsjø. Dette kan også kallast berre skavl, og brott er i seg sjøl bølgje som bryt, brenning. Samansetninga brottskavl hører naturleg nok heime i dei mest verharde kystområda i nord, vest og sør, med belegg frå Lista til Troms, iallfall. Forfattarar som Duun har brukt det. Brottskavlar er potensielt farlege. Anders Moe-Rognhaug skildrar ein slik situasjon, det er ein som er ute ei stormnatt: «(han) rodde og ssleit så han kjente blodsmaken, medan sjøskvetten frøste, og ein og annan brottskavel braut skumtoppen over ripbordet» (Jul på Nordmøre 1983, s. 15). Det gjekk ikkje alltid bra: «båten skar på en brottskavel og gikk rundt» (Årbok for Bjørnør 1996, 80). Johan Hveding fortel frå Nord-Norge at når det kom ein farleg brottskavl mot båten, gjaldt det å spytte i han før han braut. At spyttet har magisk kraft i folketrua, kjenner vi jo bl a i skikken å spytte på agnet.

Ei flott utgreiing om bølgjeterminologi har vi i Eldjarn/Godal: Nordlandsbåten og Åfjordsbåten 1, s. 76-77: https://www.nb.no/items/dc3f824eb992029e708b74fadd1fad2e?page=79&searchText=brottskavl

30.10.18: Bråttasam/bråttåsam

Den som først og fremst har registrert denne avleiinga, er Hans Ross i ordboka frå 1895. Han fører opp «brotasam» frå Vestlandet og Nordmøre, og «bråtåsam» frå Sør-Trøndelag og Stjørdalen, med forklaringa «voldsom, haardhændet og uagtsom». I nyare materiale er det fint lite, men bråttasam er komme med i ei nettordsamling frå Smøla. Så er det ei opplysning om «bråtasam» frå Velfjord på Helgeland i setelarkivet til Norsk Ordbok.

Eit nærståande ord brotsam står hos Ivar Aasen og i Nynorskordboka (def. «uvørden, hard»). Det ser ut til å ha levd i ordbøkene for det meste, men finst i ei eldre samling frå Sunnhordland og er oppskrive i nyare tid som bråttsam på Vega.

Spørsmålet til trønderar og nordmøringar må jo bli om bråttasam eller bråttåsam er kjent enno i dag=

29.10.18: På brott

På harde livet; hardast ein vinn. Som så mykje anna her i spalten er dette eit uttrykk som hører heime vest- og nordpå. Innslag på Vestlandet (inkludert Nordmøre), i Trøndelag og Nordland. Ein kan for eksempel fiske på brott, og da driv ein brot(t)fiske eller «brottfeskri». Andre eksempel: «det går på brott» (Verran, tilsvarande bruk hos Magnhild Haalke); «det va så på brått når n skoll gjærra nåkkå» (Høylandet); «dæm sle og hesja på brott» (Surnadal); «dæm ol onga på brått» (Hemne, liknande Rennebu). Frå Øksendal har eg hørt «på bröte» (med ein spesiell ø-lyd). Oppdal har «pi brätt» (oppi brott) – i stor mengd.

Brott heng saman med å bryte, og det som opphavleg ligg i dette, er vel at det er så ofseleg at ein må bryte på, bryte seg fram.

26.10.18: Klemgrime

Grime av tau eller tre som blir som ei saks når ein strammar henne (ordsamlinga frå Stadsbygd). Ikkje å finne i andre kjelder, verken i arkiv eller på nett, etter det eg kan sjå. Nok eit ord berga av lokale entusiastar!

25.10.18: Dråppåhall

Henta frå ordsamlinga «Ker du sei? Ord og uttrykk på Stadsbygda». Der er «dråppåhallje» forklart som «langsida av et hus uten takrenner». Dette er einaste opplysninga vi har om akkurat det ordet, og dermed har altså ordsamlarane på Stadsbygda berga det for oss.

24.10.18: Hundtukt

Tukt som hunden får, men helst overført om hard tukt eller straff som folk må gjennomgå. Mest typisk i Trøndelag, men finst også i Nordland. Det er nok ein nordlending Ivar Grimstad legg denne kraftsalva i munnen på: «Bætter gall, då ska han få hondtukt» («Nytt skip», s. 27). Spådommen kjem etter angrepet på Polen i starten på verdenskrigen, og gjeld kva Hitler har i vente når England og Frankrike går med. Og her er Sverre Hammer-Almås: «De var ei sann hundtugt å ferdast i fjellet for han som var så stel i ftom» («I lystig lag», s. 37). Å li eller slite hundtukt vil seie å lide vondt, ha det som ein hund. Ordtaket fortel oss at «hunden vil ha hundtukt». I Steigen er «å gje hoinntokt» å slå på fingertuppane for å varme hendene. Jf. «finntukt» i hovudinnlegg 31.3.2015: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2015/03/31/finntukt/

23.10.18: Finnkast

I ordsamlinga frå Stadsbygd er dette forklart som «voldsom fysisk behandling», med eksempelet «utover burstråppa gjol’n finnkaste me’n». Elles har vi eit par opplysningar frå Namdalen (Høylandet og Gravvik) om å gjera finnkast – ståande rundkast, altså salto. Finn er her = same.

19.10.18: Dra hanske

Leik, helst for ungar, der deltakarane legg hendene skiftevis over kvarandre. Den som har handa si underst, skal heile tida dra ho ut og legge ho på toppen. Så gjeld det at dette går så fort som muleg. Leiken held fram til det går heilt i ball, eller til ein av deltakarane ikkje følgjer opp eller dreg handa si ut for tidleg. Så kan det vera avtalt at taparen skal gje eitt eller anna i pant. Namnet «dra hanske» på denne leiken kjenner eg frå Øksendal, og elles har vi det frå Hølonda, og Jørgen Reitan nemner det frå Ålen. Men det går sikkerrt vidare. Eit nanna namn på det er «å fange hender».

Signe Aal beskriv leiken «dråggå hansk» (som den heiter der) i detalj frå Hølonda. Der skal den første som dreg handa unna, seie «ein», den neste «to» osv. opp til seks. Da skiftar det til «øks, bøks, håmmår, skitkåmmår». Det var naturleg nok ikkje artig å komma som nummer ti!

18.10.18: Attvidopenkast

Kast i bryting der ein veltar seg sjøl attover og kastar motstandaren over seg (Leksvik). For førsteleddet sin del gjentar vi noko av det vi skreiv om «attvidopen» i denne spalta 14.6.2015.

Dette er eit eksempel på at ord kan bli omforma og vanskelege å kjenne att. Særleg stor er sjansen for ”avsporingar” når opphavet og samanhengen ikkje lenger har stått klart for folk. Neste ord viser også litt av det: I fleire bygder i Gauldalen finst ordet attihopinn, som betyr ’bakover på ryggen; utstrekt på ryggen’. Ein kan ”dette attihopinn” om ein er uheldig. I Budalen er det også snakk om ”å halle attihopinn”, om folk som er ”bratte i nakken”. Her hjelper det oss at ordet andre plassar finst i fasongar som attvioppen, attveoppin m m. Det ser altså ut til at ein v har falle ut av ordet i ”vårt” område.  Vidopen kan sjølsagt bety ’heilt open’, men også ’liggande utstrekt på ryggen’, såleis både i svensk og færøyisk. Vidopen er altså eit fellesnordisk ord som godt kan gå tilbake til norrøn tid utan at vi akkurat har det belagt der, men samansetninga attvidopen med presiserande førsteledd att- nok bør vera ein del yngre.

17.10.18: Slengetak (slengjetak, sløngtak)

Også ein teknikk eller «disiplin» når ein tek tak. Den går ut på at dei to kamphanane tek tak i akslene eller overarmane til kvarandre, og så gjeld det å slenge den andre i bakken. Nemninga er registrert frå mange plassar i Trøndelag, likeeins på Nordmøre og i Romsdal. Så er det også innslag frå Gudbrandsdalen og Valdres, pluss Beiarn i Nordland. Frå Tresfjord og Vestnes heiter det at ein tok tak i trøyekragen i denne forma for dragsmål. I Hordaland finst eit par andre namn på dette: armaslengja og armasletta.

16.10.18: Broktak

Erik S. Viken, Oppdal, nemnte dette i ein kommentar til gårsdagens ord «ryggspenning». Ja, broktak er ei tradisjonell form for styrkeprøve der det gjeld å velte motstandaren. Ein tek tak i broklåra på kvarandre, eventuelt broklinninga. Ein variant er å ha eine handa over ryggen på motstandaren medan den andre held i broka. Ordet broktak hører heime i eit område frå Hallingdal og Valdres og oppover Vestlandet til og med Nordmøre, og litt inn i Trøndelag (Hemne, Oppdal). Leif Halse titulerte boka si om idrettslivet på Nordmøre i gamle dagar for «Skirenn og broktak». Det kan også heite broketak, og på Sørvestlandet brokatak. Elles i Trøndelag forekjem buksetak («bokstak»), eit ord som forfattaren Hans E. Kinck også har.

Fleire har sett likskapen med den islandske nasjonalidretten glima, ei nemning som er nedervd frå norrønt.

Og så er det vel som ein informant uttrykte det – føresetnaden for denne idretten fall i stor grad bort når sterke skinn- og vadmålsbrøker vart avløyst av kleinare varer.

15.10.18: Ryggspenning

Det same som ryggtak: ta ryggspenning. Brukt på Innherred, belagt frå Verdal, Inderøy og Sparbu så langt. Også Olaf Berg alias Martin Kvænnavika bruker det; ved eitt høve fortel han om Stor-Sivert og ein bjønn som tok ryggspenning. Lokaliseringa til Innherred hindrar ikkje Oppdalsforfattaren Ola Setrom i å bruke det: «eit par gutar prøvde eit nappande i ryggspenning» («Den raude logen», s. 157). Det kan nok ha gått vidare i eldre tid, for vi møter det også hos Duun, og det er informasjon om det frå Lofoten. Gammalt ord og gammal styrkeprøve, for hryggspenning finst alt i norrønt.

Eit nærståande, men truleg meir utdøydd ord for det same er ryggspenne (inkjekjønn). Dette noterte Hans Ross frå Sogn og Fjordane, og det står i Christies Norsk Dialect-Lexicon. Det tilsvarar islandsk hryggspenna, f. om det same.

Ein kjem jo også til å tenkje på beltespenning, ein slags holmgang der dei kjempande var bundne fast med eit belte. Kjent frå Jørgen Moes Fanitullen.

12.10.18: Å snu

Ja, dette er jo eit heilt allment ord, seiere du. Her skal vi berre dra fram ei bestemt tyding, nemleg å flå, ta skinnet av eit dyr. Etter Norsk ordbok finst det brukt slik mange plassar i Trøndelag, og dessutan Folldalen, pluss eit par belegg frå Østerdalsbygdene (Trysil og Sollia). Austleg utbreiing, altså. Som eksempel kan vi ta dette sitatet, frå avskrift av intervju med ein eldre budaling, det er ei gaupe som er fanga: «Ja, det va han bessfar søm fekk æra å snu ho. Det va kuns den ene gøpa han hadd snudd i sett liv» (Gauldalsminne 2017, s. 87).

8.10.18: Trekors i hovudet

«Hainn he bære ein trekors oppi haua» var eit uttrykk heime i Sunndal. Det beskreiv ein som var steine dum. Var det ekstra ille, kunne det bli hekta på at i tillegg gjekk korsen rangvegen. Da må det vel vera tenkt på korsen i ei sveivekinne.

Det er samla inn eit par liknande utrtykk frå Midtre Gauldal kommune. Frå Singsås kjem denne: «han går rundt så sent, trekærs’n». Da er det lite omløp i hovudet. Harald Refseth har denne «de æ berre trekærsa i haue på de ander», som er karakteristikk av ein person som vil vera noko til kar, og som ser ut til å meine at han er «omgitt av idiotar».

5.10.18: Musåker

Dette vart nyleg teke opp på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Oppdal, utan at det kom kommentarar. Men det er vel ganske klart kva det er fornoko. Ingeborg Donali forklarer det som «stutte mosestilkar med sporehus (risengrynliknande) som veks på mager grunn, t.d. torvtak og steinar». Det dreiar seg nok om bjørnemose. Slik er det også forklart i ei liste i årsskriftet «Bøgda vår» frå 2004. Namnet er vel fordi sporehusa står tett i tett som ein «åker i lilleputtformat» (dette er truleg Rolf Nordhagen si formulering). Venteleg er det ungar som har funne på namnet i si tid.

Det er interessant at dette namnet finst i Oppdal, for vi må til Valdres for å finne det att. Der, pluss Nes i Hallingdal og Uvdal. Her har musåkeren vore teke som merke på avlinga. Var han tjukk og lubben, ville det bli eit godt år, men var han derimot tynn og tistren, ville det bli kleint. Etter Arbo Høeg skal mosen også ha vore kalla musekorn («-kønn, -kødn») i dette området.

Det er også ei opplysning frå Hol i Hallingdal om at «museåker» skal vera «tue med musegras». Musegras er helst bregne, ormegras. Men same varslet for årsveksten nemner informanten herifrå òg.

4.10.18: Talemåtar med «treskei»

For to dagar sia hadde vi oppe eit par talemåtar med «trehus», og no kjem turen til «treskei». I Norsk Ordbok har ein dessverre ikkje nemnt desse trønderske vendingane. Her er nokre eksempel: «det e mang fasonga på treskjeom» (Klæbu); «det e mang modella på treskeiåm» (Verdal); «det e mang måta på treskeiinn» (Meldal); «dæ æ mang slags skafna på treskjeom» (Rennebu); «det e øms skapningan på treskeiåm» (Sparbu).

I kva slags situasjonar har så desse talemåtane vore brukt? Kanskje særleg for å uttrykke at folk er så forskjellige (leve mangfoldet!), eller at det er mange måtar å gjera ting på. Kanskje også i slike høve som Ola J. Rise fortel om i Oppdalsboka, om seiemåten «dæ æ mang di modellann på feskslevom», sagt «når einkvan tingen hadde serskilt skapnad eller var arbeidd på ein omframt snodig måte» (Oppdalsboka II, s. 221). Altså om noko utanom det vanlege.

3.10.18: Bromhandlar

Ein som handlar med brom (metallskrap); skraphandlar. Hos Knutsen og Ludvigsen er «bromhandler Lund» ein kjent figur, som bl a har eit stormfullt forhold til Lina Larsne. Ordet brom om metall- og anna skrap er nok ikkje allment i norsk. Etter materialet å dømme har vi det først og fremst i nord og vest. Velkjent i Trøndelag og mange plassar både på Vestlandet og i Nord-Norge. Også registrert frå Gudbrandsdalen. Dermed er det såpass utbreidd at det har fått plass i handordbøkene (Bokmålsordboka og Nynorskordboka). Ein vil gjerne knyte det til norrønt  bróma  ‘brot, stykke’. Det kan i så fall vera i slekt med brot(t) og bryte, med ei utgangstyding ‘noko som er sundbrote’.

2.10.18: Ikkje havande i trehus

Da er ein heilt umogleg å ha i hus, eller å ha med å gjera i det heile. Enten ein er rang og ustyrleg (ungar har nok fått høre dette ofte), lortsam av seg, rå i prat og oppførsel eller ulikleg på anna vis. Norsk Ordbok heimfestar uttrykket til Øksendal på Nordmøre, Bø i Vesterålen og Nøtterøy. Frå siste plassen er det snakk om folk som er så bortskjemte at dei «er ‘nte å ha i trehus». Etter det som finst av materiale i arkiv og elles, kan vi nok utvide til fleire plassar både på Vestlandet (som Sauda, Tysnes) i Trøndelag (som Hemne, Stadsbygda) og Nordland (som Vefsn, Hemnes og Rana). Ein variant «ikkje hysande i trehus» finst også. Frå Sørum er ført opp «di er så gælne, je kunn-te få styrt dekk i trehus» (denne er med i Norsk Ordbok). Ein annan variant er «ikkje hysande i trehus».

Så er det somme som er så dumme at dei ikkje får døy i trehus. Her nemner Norsk Ordbok Ringebu, Selje og Sandstad. Til dette kan vi føye Sparbu, og på facebook har eg sett eksempelet «du e så toillåt at du får itt døy i trehus» (frå Frøya). Forfattaren Magnhild Haalke har også brukt dette. Informanten frå Sandstad på Hitra foreslår at dette kan ha å gjera med at dei gamle asyla var bygd i mur. Tja, kanskje?

28.9.18: Kaldsmed

Smed som smir utan å verme jarnet. Ordet er nok litt tilfeldig belagt i målføra, med Gudbrandsdalen, spreidd på Vestlandet, innslag på Nordmøre og i Trøndelag, og noko i Nordland. Også i Trondheim fanst det i si tid ein kaldsmed Sivertsen, som heldt til i Lillegårdsbakken.

Så har kaldsmed somme plassar fått ei litt meir avgrensa betydning: handverkar, gjerne omreisande, som reparerte kjøkkenreiskapar. Også kalla kjelflikkar. Til slutt har det utvikla seg eit meir nedsettande innhald – smed som gjer dårleg handverk, eller ein klein handverkar i det heile, også utanom smedyrket. Som ein informant frå Hitra uttrykker det: «uprofesjonell reparatør, som ordnar ting foreløpig».

Kaldhammarsmed har akkurat same dobbeltbetydninga.

26.9.18: Ressleieleg

«Et ord som er en aldri så liten gjenganger i Språkteigen. Kjerneområdet ser ut til å være Telemark, men det er også utløpere til andre steder, som Brunlanes og Norderhov. Setesdal, Ryfylke og Voss kan også føyes til. Betydningen varierer fra ‘hjelpsom’ (mest utbredt) via ‘grei, rimelig å omgås’ til ‘flink til å ordne opp i ting’ (mest avgrensa). I normalisert form blir det rettleielig, og det er avleda av rettleie, som også er uttalt med –ss over store deler av Østlandet. Lydovergangen er den samme som når litle blir til lisle

25.9.18: Åggå og ære

«Der det ittj e nå åggå e det ittj nå ær'». Slik siterer Olve Røstum, Byneset, mor si (kommentar til Dagens ord 24.9.). Dette ordtaket har vi i liknande versjonar frå fleire plassar i Trøndelag (som Horg, Rennebu og Stjørdal). «Åggå» er her den austtrønderske uttalen av age, som bl a betyr respekt, orden, tilsyn og tukt. Hos Ivar Aasen er ordtaket formulert slik: «Der som er ingen Agen, er helder ingi Æra».

Det finst eit anna ordtak som uttrykker det same, her i ei utgåve på gammaldags stjørdalsmål: «den som åggålaus levvi, han erlaus døyr». Eller som Ivar Aasen seier det: «den som agelaus liver, han ærelaus døyr».

Desse ordtaka er nok svært aktuelle også i dag!

24.9.18: Inga ære å begå

«Det e inga (ittnå) ær å begå med han (hannom)» – da er det inga råd med han, ikkje greie å få. Uttrykket har vore ein del bruka i Trøndelag, men er ikkje heilt ukjent på Vestlandet heller. F. eks. i Rennebu vil ein seie «det va itt ær å begang». Slike folk er det i alle fall ikkje så greitt å begå seg med – stå ut med. Det er same ordet begå som vi har i å begå eit mord, ein forbrytelse eller lignende, men i ein betydningsvariant. Ordet kjem frå lågtysk.

21.9.18: Retta(r)bot, rett(a)bøter

Somme plassar bruker ein dette omtrent på same måte som «rettvendelse», som vi såg på i går. Også dette berre i nektande uttrykk: «innja rættarbot å få»; «itt nå rættabot å få på’n». Av og til er det fleirtalsform: «itt nå rættbøter å få». Det kan gjelde forbetring av ein tilstand, hjelp til å få retten sin, oppklaring, fornuftig svar o l. Forma varierer: rættarbot (Byneset, Leksvik, Sparbu), «rættabot» (Hemne), «rættabøter» (Åfjord); «re(i)ttbot» (Oppdal, Rennebu); «rættbøter» (Hitra, Frøya, Høylandet). Elles finst ordet som målføreord her og der nedover Vestlandet, av og til i Nord-Norge, og det er også registrert nokre få plassar i austlandsområdet.

Dette må ha utvikla seg frå norrønt réttarbót , som vi kjenner om endring i eller tillegg tillegg til lovgjevinga. Eigentleg bot på, betring av retten. I nyare juridisk terminologi er det i nynorsk bruka om midlertidig lov gjeve av Kongen når Stortinget ikkje er samla. Men det har altså levd sitt folkelege liv på sida av det strengt fagleg juridiske.

20.9.18: Rettvendelse

Fornuft, meining. Helst i nektande samanheng: «Det var ikkje rettvendelse å få» – det var ikkje råd å snakke fornuft, ein fekk ikkje vettuge svar. Slik kjenner eg det frå indre Nordmøre (Sunndalen, Øksendalen), og tilsvarande fortalte Signe Aal om frå Hølonda: «inga rættveindels å få», om nokon som slo seg heilt rang. Elles ingen fleire belegg. Men dette er eitt av mange  eksempel på at suffikset (etterfestet) -else har vore produktivt i norsk folkemål. Det vil seie det har vore bruka til å laga nye ord. Rettvendelse er vel danna til eit verb å rettvende – snu i rett retning.

19.9.18: Rettslutt

Det er naturleg å følgje opp med dette ordet, som Randi Olise Hoel nemner i ein kommentar til gårsdagens ord «rettskaffande». Rettslutt blir forklart som rett-tenkt, fornuftig, rettferdig o l. Den som er rettslutt, har utprega rettferdssans, eller «godt vett og god vilje til å gjera det som er rett», som ein informant uttrykker det.

Ivar Aasen (og Norsk Ordbok) fører opp ordet frå Trøndelag. Meir presist er det nok berre i delar av sørfylket (Hemne, Orkdal, Meldal, Rennebu, Oppdal, Budalen, Singsås. Elles er det kjent på Nordmøre, og det går inn i Romsdal (Nesset) og Nord-Østerdalen (Os). Eitt eksempel finn vi hos Ola setrom, som skriv om ein kar som er «påliteleg og rettslutt å rådføre seg med». Eit anna hos bynesingen O. J. Høyem, i omsettinga av Noregs grunnlov frå 1875, i ein kommentar: «kvar retslut sakførar vil halde med meg i dette».

Rettslutt handlar kanskje opphavleg om å dra rette slutningar. Men uansett er det ei litt merkeleg ordlaging som visst saknar parallellar. I Trønderordboka har vi slege frampå om at det kan vera påverka av resolutt, men det er ikkje meir enn ei gjetting. Ei utvida form rettsluttig er registrert frå Vestlandet, Agder og litt i Telemark.

18.9.18: Rettskaffande

Heiderleg, ærleg, moralsk, rakrygga. Trøndervri på det meir allment kjente rettskaffen, frå tysk rechtschaffen ‘skapt på rette måten’. Målførebelegg i trøndersk (så langt) frå Hitra (Arnfinn Aune), Stadsbygda (den nye ordsamlinga til Johan Rein & co), Frosta (ordsamlinga til Ola Stavseth) og Sparbu (Karl Braset), med eksempel som «rættskaffan følk». Olaf Berg alias Martin Kvænnavika har det fleire gonger, f eks «rættskaffan nordmand» (tredje skrønesamlinga, s. 83). Haakon Løken brukar også ordet: «ein rettskaffanes embedsmand» (Anne Kathrines ungdom, s. 41). Olav Duun har det også på ein litt annan måte: «ein rettskaffan segltur» – retteleg, ordentleg (Tre venner, s. 205)

6. 9.18: vidt katta nådde nova

Trønderuttrykk som beskriv ein situasjon der det var nære på, på nippet til å gå gale. «Det va så vidt katta nådd nåv(v)a», eller «nådd nåv(v)en» i tradisjonelle dativdialekt. Da har ein berga seg i siste liten, f eks fått inn tørrhøyet akkurat før det begynte å regne. Som ved dei fleste faste uttrykk finst det variantar, som «det er så vidt katta rekk nova» eller «det var så vidt katta nådd døra». Når ein ser for seg ei katte som akkurat rekk fram, må ein jo minnast visa til Jakob Sande om han Simo i støa og katten, men der er det vel uklart om katten nådde nova

Eit anna og mykje mindre vanleg uttrykk for at noko var nære på, er «det var på kattens øre».

5.9.18: Kattrauva (-ræva)

Solveig Krigsvoll fortalte om selskapsleiken «ta i kattræva» i ein kommentar til «Dagens ord» 3.9. Det gir oss høve til å sjå litt nærare på kattrauva, hadde eg så nær sagt. For her er det fleire talemåtar å ta for seg blant. Å komma i kattrauva vil seie å komma i ein uheldig situasjon, det går dårleg. Godt kjent i Trøndelag og på Helgeland. Gjerne i utformingar som «den som søng om mårrån, kjæm i kattrauva innan kvell’n» (Verdal), eller «den som blistre å skøye om mårrån, han kjæm i kattrøva ferri kvell’n» (Inderøya). Ungar som skrålar og ståkar fælt, kan få beskjed om å passe seg så dei ikkje kjem i kattrauva – det endar med gråt. Ein «må itt spæll-se atti kattrøva» – gle seg for tidleg (Budalen).

Å «fil kattræv» (Lensvika, Frøya) er å blistre høgt og stygt. Meir utbreidd er nok å «file hundrauva».

Så tyr vi til kattrauva i mange tilfelle for å uttrykke kritikk eller forakt, som i desse eksempla frå Hitra: «det e så borti kattræva», og «det legne itt på kattræva». Eller denne, frå Åfjord: «jau, kattræva, æ kjent det på mæ». Ein kan også «bry (seg) kattræva» – altså ikkje bry seg i det heile. Og får ein beskjed om  «kjøss kattrøva», er det uttrykk for den ultimate forakt. Da fer ein med berre tull. «Kyss katta» er ein litt meir avslipa måte å seie det same på.

3.9.18: Katta på salt

«Forstår-itt-se mer på dæ enn katta på salt» – slik er talemåten attgjeven i Oppdalsboka av Ola J. Rise. Norsk Ordbok heimfestar dette til Sør-Trøndelag. Men det går nok vidare, for vi finn det att i Tor Ile si bygdebok for Øyer: «sjønne se inte meir på de heill katta på salt». Kanskje er det meir vanleg med sennep i staden for salt. Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) har i alle fall med uttrykket «ikke skjønne seg mer på noe enn katta på sennep». Det fann eg ogsdå nyleg hos Arthur Klæbo: «Det skjønte eg meg like lite på, som katten på sennep» («Harpeleiken», s. 7).

31.8.18: Sømnstokk m m

Sjusovar er vel «standardordet» i norsk for eit menneske som søv tungt og lenge. Som kjent skriv dette seg frå ei gammal legende om sju personar som sov i nesten to hundre år i ei berghole ved Efesos.

Men det finst mange meir lokale ord for sjusovar. Fleire plassar i Trøndelag kan det heite sømnstokk eller somnstokk. Frå Valsøyfjord og Snillfjord har vi sovarstokk (strengt og litt uforståeleg normert til sovestokk i Norsk Ordbok). Tanken er vel i alle fall at ein ligg urørleg som ein stokk. No er jo elles stokk og andre treuttrykk godt og velbrukt materiale i personkarakteristikkar. For å karakterisere sjusovarar får også grisen gjera tjeneste, slik at dei kan bli kalla slikt som sømngris, sovagris og sømnpurke. Dei «søv som pork i styrslea» (Leksvik).

Eit særeige ord frå Tingvoll for sjusovar er sengjaprest.

30.8.18: Nattseten («nattsøttin»)

Som har vore oppe om natta og er trøytt og uggen; nattvak. Det er «dagen derpå». Ordet synest først og fremst kjent frå Solør og Østerdalen (Elverum, Åmot, Sollia), med utlaupar til Romedal på Hedmarka. Men Hans Ross 1895, som vi stadig kjem tilbake til, har «nåttseten» frå Telemark. Her har vi eit sitat frå folkeminnesamlaren Sigurd Nergaard: «No var det mange kyr som la ned (kalva) ved dette leitet, det kunde vera fleire i vikua, so eg var nattseten» (Folkeminne ifraa Østerdalen IV, s. 155).

28.8.18: Somnpjuskjinn (søvnpjusken)

Samansetning som eg har frå målet til morslekta mi, det vil seie frå Øksendalen på Nordmøre. Det passar visst særleg på småungar som akkurat har vakna etter å ha sove tungt og er litt tafatte, smågretne og ikkje heilt i lag. Ingen andre belegg på akkurat dette ordet, men Olav Duun brukar «sømnpjuskut» (Juvikfolke II, s. 82), og i ei samling med eventyr og sdegner frå Salten finn vi «svevnpuskåt». Sisteleddete r uansett vanlege ord.

27.8.18: Somnurvinn (søvnurven).

Nordmørsord for det å vera tung og ør etter at ein har sove. På meir allminneleg norsk vil det vel bli «søvndrukken». I Norsk Ordbok finn vi det under oppslagsforma «svevnurven». Urven ‘trøytt, uopplagt’ e l er vel nokså vanleg i norsk, men denne samansettinga med søvn- ser ut til å vera brukt berre på Nordmøre. Så langt registrert frå føgjande plassar: Øre, Tingvoll, Øksendal og Sunndal. Forfattaren Ingeborg Åsen  Vatten har brukt det fleire gonger, såleis i romanen «Ales»: «Ho geispar og er somnurva til gagns» (s. 58).

22.8.18: Tjuveitel og fleire «eitilla»

Den 14.8. såg vi på ordet «fuleitel», i Ola Stavseths ordsamling frå Frosta. Ein eitel er, som vi sa, i knute i kjøt, eller ein kjertel i kroppen. Kan også brukast om harde korn, tyter i f eks slipestein. Og så er det ypperleg skjellsordvyrke, gjerne om range og trasige typar. Vi skal sjå på nokre fleire samansetningar med eitel, spreidd rundt i landet og brukt for å karakterisere folk. Ein tjuveitel (Oppdal: «kjyv-etell») er rett og slett ein tjuv (Donali/Rise) eller ein uskikkeleg gutunge (Einar Haugen). Ein rangeitel er ein kranglefant (Hardanger, ved Hans Ross 1895). Ganske utbreidd er ein hardeitel, som sjølsagt kan vera ein hard klump, men først og fremst ein hardhaus. Ein kald, hardsett kar kan også kallast ein kaldeitel (Gulen). Ein «flogeitedl» er ein kar med sterk kjønnsdrift (Vik i Sogn). Frå Sandsvær har vi ormeitel om ein ekkel fyr som rakkar ned på andre, og frå Skjåk «snåreitil» (snår = snørr). Forfattaren Otto Sandhaug brukar svarteitel som skjellsord. Skjellsordsamlaren Oskar Alstad frå Skatval har fleire, både luseitel, sureitel (dette også oppgjeve frå Frosta), tverreitel og tørreitel. Eitt av dei siste vi har fått inn, er slaveitel, frå Hitra, som eit litt ubestemmeleg «kallsmål», som dei seier der utpå.

21.8.18: Koppardankar og koppardanglingar

Den 17.8. nemnte vi det lokale «kåppårsladd» frå Frosta, om kopparmynt. Kopparpengar er jo lite aktuelt no, men det finst fleire andre ord for dette. Gjerne bruka i fleirtal, og med litt nedsettande klang. Koppardankar er belagt frå fleire spreidde plassar (Bergen, Eiken, Ål m m) og e rnytta av ein del forfattarar. Såleis siterer NAOB Sigbjørn Obstfelder på dette ordet. Ein dank er eigentleg ein liten skvett.

Somme plassar på Austlandet har dei koppardanglar (-danglær, – dangler): Eidsvoll, Nordre Land, Drangedal, Nissedal). Ein annan variant er koppardanglingar (Modum, Andebu, Nøtterøy, Holla i nedre Telemark). Dangel og dangling er vel eigentleg noko som heng og danglar (dinglar).

20.8.18: Gebursdag og gebursdagsbarn

Gebursdag (fødselsdag) kjem frå tysk Geburtstag, der Geburt betyr fødsel. Mange uttalevariantar i målføra, som jebbers-, jibbers-, jøbbørs- o fl. Folkeetymologisk blir det stundom tolka som «gibortsdag». Etinga (av blautkake eller anna) i fødselsdagslag heitte i min barndom på indre Nordmøre «å ita jebursdag», og gjer det vel kanskje enno. Bursdag er forkorta av gebursdag. Gebursdagsbarn (bursdagsbarn, fødselsdagsbarn) er den som har gebursdag, også om personen er godt vaksen. Det heilnorske årmålsdag inneheld årmål, som kan bety årsdag, same dag (dato) som tidlegare år. År(e)mål om avtalt tidsrom på eit visst tal år (f eks tilsetting) er same ordet.

17.8.18: Kåppårmodd og kåppårsladd

Begge er ord for taretorsk, taremodd, og er henta frå Ola Stavseths ordsamling. Det er nok raudfarga som ligg til grunn. Kåppårsladd kan også brukast om kopparmynt, kopparpengar. Ikkje registrert frå andre plassar enn Frosta.

16.8.18: Kakkelhani (kaklehane)

I ordsamlinga si frå Frosta forklarer Ola Stavseth dette som «vindhane som skaper lyd». Ein vindhane eller vêrhane er jo ei fløy eller pil som snur seg etter som vinden blæs, og viser vindretninga. Og er det i tillegg lyd i han, blir det altså ein «kakkelhani». Som skjellsord er det sjølsagt også anvendeleg. «Fol dæ vækk din kakkelhani!» sa Frøskatt-Anders til Svend Foyn da han advarte mot å harpunere ein kjempestor kval, ein bottlenose, eller på trøndersk «buttillnassi» (Kvænnavikas beste, s. 115). I ei ordsamling frå Fauske er «gakkelhan» definert som «snakkesalig og bråkende person».

15.8.18: Gælnful (substantiv og adjektiv)

Både «gæln» og «ful» kan jo bety sint, og «gælnful» blir på ein måte dobbbelt opp. Det samansette adjektivet er da også definert som «illsint» i Ola Stavseths ordsamling frå Frosta. I Tillegg har han eit substantiv «gælnful», forklart som «illsinne»: «a jol de i gælnfula». Sisteleddet her er nok hanskjønnsordet fule ‘sinne’. «I gælnfula» blir da dativform. Tradisjonelt har målet på Frosta avkorting (apokope) av tostava hankjønnsord, slik at det blir «ein oks» (okse), «ein ong» (unge) m m  Begge samansetningane «gælnful» er registrert berre frå Frosta.

14.8.18: Fulætillj (fuleitel)

«Sint, sur, ekkel, tverr person» (Ola Stavseths ordsamling frå Frosta). Synonymt med fulkveis. Akkurat denne sammensetninga har vi elles berre frå Hans Ross’ ordbok 1895. Han har funne det i Telemark, og oppgir to betydningar: «brunstig Person» og «ondskapsfuld Person». Det kjem vel alt an på kva ein legg i ful.

Ein eitel kan vera ein svampaktig knute i spekk eller feitt på slakt, men også ein kjertel i kroppen. Og det i seg sjøl er i bruk som skjellsord til folk. Uttalen «ætill» viser den typiske diftongforenklinga for Frosta.

Fulkveis har vi visst berre frå Stavsetns samling.

13.8.18: Løsmaskin (lysmaskin)

Dynamo (Ola Stavseths samling «Ord og uttrykk fra Frosta»): «ræma åt løsmasji’n inni mølnen va gått-åv». Ordet er komme med i Norsk Ordbok og har eit par litterære belegg i arkivet der. Elles finst det nemnt i ein del meir teknisk litteratur, jubileumsbøker for kraftverk m m, men lite og ingenting av målføreoppskrifter. Det ser ut til å ha vore ei eldre nemning for det som vi no til dags kallar for dynamo. I dag kan vel lysmaskin brukast om lysanlegg av ymse slag.

10.8.18: Andvakster

Det å ligge vaken eller måtte halde seg vaken; søvnløyse. Også om å ligge og ikkje få sova fordi ein er redd for å forsova seg, altså å ligge på ank, ligge med otte. Ordet andvakster er avgrensa til Ytter-Namdalen og Helgeland, men gammalt på Snåsa er notert andvakst. Sørvest og sør i landet finn vi andvoke og andvokst. Knytt til dette er adjetivet andvaken ‘søvnlaus’. Gammalt ordstoff, for i norrønt har vi både andvaka (substantiv) og andvaki (adjektiv). Førestavinga er det gamle and- ‘mot’.

9.8.18: Nattsto

Det å vera oppe om natta (på grunn av arbeid, festing eller anna); også ståk, leven om natta. «Det vart ei underleg nattsto». I lamminga f eks blir det gjerne nattsto.  Ordet er mest kjent frå Nordmøre, Oppdal, Orkdalen og Gauldalen. Men det er også opplysning om det nedafrå Sunnhordland, og Hans Ross (2895) støytte på det i Ryfylke. Førsteleddet forklarar seg sjøl, medan andre leddet er eit ord sto ‘ståk, leven’, visstnok same ord som sto ‘flokk av merrar med ein hingst’.

I Gudbrandsdalen ser nattsto ut til å bety tilhaldsstad, opphaldsstad om natta.

8.8.18: Fullskiten («fullskjettinn»)

Stappfull, heilt full (av). Uttrykk som ser ut til å vera avgrensa til indre Nordmøre, og særleg brukt om søkkrike folk: «han e fullskjettinn/follskjettinn tå pæng». Men det kan også seiast om nokon at han f eks er «fullskjettinn tå historiå».  Registrert så langt frå Surnadal, Ålvundeid og Sunndal (på den siste plassen «fullskjetinn» med lang e). Siste delen er jo partisipp av verbet å skite, og heile ordet er laga til sambandet «å skite full (noko)», å fylle med fast avføring. Så må ein spørje seg kva skit har å gjera med dette, slik det også nyleg vart gjort i ei facebookgruppe. Stort anna å svara er det neppe enn at det er ei litt vulgær og for somme kanskje ufyseleg side av folkehumoren vi møter. Ei konkret betydning av «fullskjettinn» finn vi i ei herme etter ein dreng som i ein trasig markaslåttperiode skal ha sagt at Folldalen skulle ha vore «fullskjettinn» med husbonden midt i (Jul på Nordmøre 1989, s. 40).

Vil du sjå andre ord for å vera fullsett, så kan du gå til «Dagens ord» i dagane 25.-28.6.17 (sibreidd, nappsett, teglsett, stabbstinn).

7.8.18: Vanmenne («va-meinn»)

Udugeleg person, stakkarsleg menneske. – menne er som i godmenne, og betyr altså ‘menneske’, og det negative førsteleddet van- er som i for eksempel vanskapt. Ordet fanst alt i norrønt, vanmenni. Tyngdepunkt for dette ordet er heilt klart på Vestlandet. Ivar Aasen fann det også i Telemark. Så er det nokre få opplysningar frå Trøndelag, pluss at ordet finst hos Duun. «Vanmeinn» oppskrive frå Roan for ganske lang tid tilbake har den vanlege betydninga. Men i eit par nyare oppskrifter frå Fosen ser det ut til å ha skjedd ei utvikling i innhaldet. Her har også forma endra seg, til «vameinn». Dette er lett forklarleg som ein reaksjon på for mange n-lydar i same ordet, men jamfør også at mange seier vakant for vankant. «Vameinn» blir frå Bjugn forklart som nærmast ein stabeis. På Hitra blir det skildra som ein person som ikkje forstår, som har det mest i kjeften, som ein ikkje treng ta alvorleg.

For ‘udugeleg person’ finst det også andre samansetningar eller aveiingar med -menne.  Både mismenne og vesalmenne finst spreidd på Vestlandet og i Telemark. Eit illmenne er derimot nærmast eit umenneske (Hallingdal, Voss, Sogn og Fjordane).

Men det finst eit anna trøndersk tradisjonsord med -menne som vel nesten må reknast for utdødd. Hans Ross (1895) har velmenne («vælmæinn») frå Sør-Trøndelag, Innherred og Namdalen. Same betydning som godmenne, men Ross noterer at det på Innherred blir brukt nærmast spottande eller ironisk. Vidare på den vegen må det ha gått i den einaste opplysninga vi har om ordet frå nokolunde nyare tid, i ei ordsamling frå Høylandet frå 1991. Der er det definert som «ekkel, kjedeleg person». Det kunne vore artig om nokon veit meir om dette ordet.

6.8.18: Godmenne

Positivt ord (for ein gongs skuld!). Eit godmenne er eit godt, snilt, hyggeleg, fredeleg og medgjerleg menneske. Norsk Ordbok fører heimfesting til Gusdbrandsdalen, Valdres, Nordre Land, Vestlandet inkludert Nordmøre, og Trøndelag. Vi finn det brukt hos fleire forfattarar; Jens Tvedt har endatil ei bok med tittelen «Godmenne». Det er nedervd frå norrønt góðmenni. Sisteleddet er menne ‘menneske’ avleidd av mann. Eit eksempel frå Jon Leirfall, om ekteskapelege forhold: «!var ho eit rivjarn og han eit godmenne, så var det greitt kven som kom til å bera buksa» (Mangt eg minnest, s. 78). Men det går ei grense sjøl for eit godmenne, det viser desse ordtaka etter Ivar Aasen: «eit godmenne kan òg skjeplast», og «d’ er verst, når eit godmenne skjeplast». Alle kan miste fatninga, og det kan finnast vondt i alle.

Stundom kan ordet bikke over i ein ikkje fullt så positiv nyanse. Eit godmenne kan bli for spak og ettergivande og lett å styre, nærmast dumsnill, altså i retning av ein godfjott. Dette ser vi spor av hos Duun.

Av og til har ordet gått over til å bli hokjønn, altså «ei godmenne». Slik er det i mitt heimemål frå Sunndal, det er opplyst frå Hitra, og vi finn det også hos Duun. Det er ikkje heilt uvanleg at tostava inkjekjønnsord på -e byter til hokjønn, jamfør f eks «ei æppel». I oppdalsmålet har dei fått eit avleidd adjektiv godmennen (uttalt «gomeinne»), som da betyr ‘godmodig, tolmodig og fredeleg’ (Ingeborg Donali).

5.7.18: Botåt

Somme plassar kan dei bruke botåt om åker som er ujamt mogen (opplyst frå Hemne og Gausdal). Frå Hemsedal om ujamn eng. Elles betyr jo botåt (botut, botete) flekkete i det heile, men kanskje spesielt brukt om kyr med store flekker (raudbotåt, svartbotåt osv.). Har dei mindre flekker, er dei vel gjerne droplete. Frå Sande på Sunnmøre er registrert «botete sjø» – når det er små krusingar.

4.7.18: Klokkåt

Dette er sagt om havren når han er gul i toppen og altså mogen, klar til å skjerast. Norsk Ordbok heimfestar ordet til Nord-Trøndelag, men går vi inn i enkeltopplysningane, ser vi at dette er mykje meir avgrensa. Ordet er belagt frå Leksvik, Stjørdalsbygdene (Stjørdal, Skatval, Meråker) og Frosta, viser det seg. Det kan sjølsagt strekke seg noko vidare. Dei kvite korna på halvkvitt korn var kalla «klåkkå» (klokker) i følgje den solide informanten Oskar Alstad frå Skatval, og av dette kjem vel adjektivet «klokkåt».

3.7.18: Blokkåt

Ujamt mogen, særleg om havreåker. Sagt når aksqa er ujamne i fargen, når korna i dei ytste aksa begynner å gulne. Norsk Ordbok har Trøndelag som heimfesting, men det kan nok avgrensast meir. Arkivbelegga er frå Innherred og Nord-Fosen (Roan, Osen). Namdalseid har varianten blukkuåt.

Adjektivet er ei avleiing til blokke, som kan bety blad, men også topp på ein vokster; frøtopp, aks. Blokke er i seg sjøl avleidd av blad.

2.7.18: Galte, bjørn, draug

Kva er felles for desse? Jau, alle tre har vore brukt om eit bestemt fenomen som har med pløying å gjera. Og alt dette er gammalt stoff som vi stort sett må til Aasen og Ross sine ordbøker for å finne. Ein galte er ein stad i åkeren der plogen ikkje har fått snudd torva. Dette vil da bli ståande som ein grasflekk. Hans Ross har det frå Nordmøre og Hallingdal, og det er nyare målførebelegg frå Gausdal. I samansetning har vi det som grasgalte (Aasen frå Austfold, dessutan Selje).og åkergalte (Gol, etter Hans Ross).

Hans Ross har også draug om det same, frå Leksvik, og bjørn («bjynn») frå Stjørdal. Her også som verb. «plogen bjynne».

Elles vil nok mange kunne seie holme om noko slikt. Det kan brukast om mange forskjellige slags plassar eller område som skil seg ut frå omgivnadene.

29.6.18: Såbol (såbord)

Operom i åkeren, der det var ujamt sådd. Arnfinn Aune frå Hitra forklarte dette for meg i telefonen. I heftet «Gammeltida på Hitra» har han litt meir detaljerte opplysningar: «Dersom ein ikkje sådde jamt, laga ein «såbol», sa dei gamle. Da sådde ein slik at det vart store flekkar der det ikkje kom på såkorn, og andre stader vart det altfor tjukt sådd. Det sikraste var å måle opp åkeren og vega til såkornet» (s. 22).

Ordet er ført opp som såbord i Norsk Ordbok. Hans Ross 1895 fører det opp frå Fosen, og gamle J. E. Gunnerus har fått det med i eit manus med forklaringar til ein del norske ord, frå rundt 1770.

Eit anna ord for dette er såbell, som ser ut til å vera lokalt for Romerike. Bell er same ord som bel ‘tidsrom, mellomrom’, her om ein del eller bolk som skil seg ut frå resten av noko.

Vil elles tru at eit ord som helgedag kan brukast om åkerflekk som ikkje er sådd i.

28.6.18: Leste seg

Spire tett, om korn og gras. Som når det skyt sideskot, så det kjem fleire strå frå kvart såkorn. Uttrykket er belagt over store delar av Sør-Norge, opp til Sør-Trøndelag (Hemne, Oppdal, Meldal, Soknedal). På Hitra er det sagt at det lesta seg ut. Reknar ein med at det vil leste seg, kan ein så tynnare.

Verbet er laga til substantivet lest, som kan bety både spirar av korn eller gras og tettvakse gras. Særleg kjent i samansetninga ruglest.

Andre ord for å leste seg er f eks å buske seg eller bole seg.

27.6.18: Bordstelt

«Dæ ska vårrå borstelt» heiter det i Oppdal, og det vil seie at det skal vera ordentleg mat av eitt eller anna slag på bordet, og ikkje berre kaffebrød eller småkaker. Same seiemåten har eg vore borti i Sunndal, men ikkje frå andre plassar enn desse to så langt. Om dette bildet står seg, er det eitt av fleire eksempel på spesiell samanheng i ordforrådet mellom dei to bygdene på kvar si side av fylkesgrensa, og vitnemål om ein særskilt kontakt.

Oppdalsforfattaren Ola Setrom brukar verbet å bordstelle fleire gonger i bøkene sine om å traktere, gje mat. Vi får høre om folk som blir bordstelt på det beste, eller «bordstelte med mat og drykk på beste måte» («Den raude logen», s. 247-48).

26.6.18: Høgbordsenden

Vi må ta med oss det motsette av snålenden også. Høgbordsenden er den bordenden som er nærast høgsetet (benken ved øvre enden av langbordet, der husbonden og kona hadde plassen sin, og eventuelt gjæve gjester). «Matmora gjekk for høgbordsenden og sette grautkummen sin framfor brurafolket» (Leif Halse skildrar bruragrautserveringa i bygdeboka for Todalen, s. 166). Om dei fann korn under høgbordsenden i jula, varsla det godt kornår.

Ordet høgbordsenden har kjerneområdet sitt på Vestlandet opp til og med Nordmøre. Det går så inn i Sør-Trøndelag med Oppdal og Meldal (er spent på Rennebu, Randi Olise!). Ut frå belegg i ymse litteratur kan vi truleg legge til både Hemne og Nord-Østerdalen. Dessutan er det oppskrive frå Lista. Høgbordet er bordet nærast høgsetet.

25.6.18: Snålenden

Å bli «vist åt snålendom i trei borhalle» i bryllaup eller anna stort lag var ingen stas, kommenterer Erik S. Viken frå Oppdal til «Bordhald» 22.6. For den som ikkje måtte kjenne til det, er snålenden den nedste og kleinaste sitteplassen ved eit pådekt langbord. På andre enden har vi høgsetet, sjølve heidersplassen.  Plasseringa ved bordet var strengt regulert etter stand og rang, og vi hører om at husmannen kunne bli beden sist til bords og plassert ved snålenden.

Snålenden om nedste bordenden er spreidd ganske vidt ikring i målføra. I Trøndelag og på Nordmøre er det velkjent, og likeeins i Hallingdal. Elles er det spreidde belegg austafjells (Tynset, Ringsaker, Flesberg, Nøtterøy), pluss at Hans Ross 1895 noterer det frå Seljord og fleire stader i Telemark. Same Ross har det frå Romsdal i eit tillegg til ordboka si. Snålbordsändan i svensk dialekt.

Første leddet er adjektivet snål i tyding ‘gjerrig, småleg’. Det kunne nok stundom vera lite att av maten når fata kom ned til snålenden. Men ordet snålende er i eldre kjelder også registrert om den smale enden av noko, f eks eit fjølbord (det var ikkje alltid dei var skorne jambreie). Av og til blir det opplyst at bordet kunne vera lågare og bordplata smalare ved snålenden.

Eit mykje mindre brukt namn på denne bordenden er skarvenden. Heime frå Sunndal har eg hørt «snøppelændinn» i tillegg til «snålændinn». Det skal vel vise til at stellet var meir «snøpple» (kleint) på denne enden.

22.6.18: Bordhald

Dette betyr vanlegvis bordsetning, dei som sitt og får servering rundt eit matbord på ein gong. I store lag, som bryllaup, kunne det bli nødvendig med fleire bordhald. «Når døm va fælòg me alle bolhalløm, to døm på me brurdansa», fortel Jørgen Reitan frå Ålen. Bordhald i slik betydning har eit kjerneområde i Sør-Trøndelag, på (indre) Nordmøre og i Nord-Østerdalen, ser det ut til. Men det er visst også kjent på Sunnmøre og i Gudbrandsdalen. På nordtrøndersk område har vi det (så langt) frå Leksvik og Stjørdalsbygdene. Ei litt anna betydning er sjølve det duka og dekte matbordet, det kan vera snakk om «å sette fram bordhald» f eks. Men i norrønt betydde det ‘kosthald, matstell, matskikk’, og dette har overlevd somme plassar fram mot vår tid.

Eit anna ord for bordhald eller bordsetning er bordlag, spreidd på forskjellige plassar, men kanskje med tyngdepunkt i Nord-Norge. Det skal vera gammalt også i Vikna.

21.6.18: Fleire gastar

Gast går inn i ein del andre nedsettande personnemningar. Pål Gjønnes kom med råddågast i ein kommentar. Frå Bjugn har vi larvensgast, som er ei fullt forståeleg omforming av sarvensgast. Elles finn vi både fyllegast, sviregast og turegast, og i Hardanger svabbagast, som betyr akkurat det same. Ein sinnatagg kan i Ryfylke bli kalla ein sinne(s)gast, og ein buldregast er ein bråkmakar (Eiken i Vest-Agder). I Agder finst også grongastar – storetarar (til grjon – grøn, matvarer av korn eller mjøl). Og til slutt nemner vi ein abc-gast om ein som akkurat har begynt å lesa og som strevar seg fram i abc-boka (Mo i Telemark).

Ein rabbagast derimot er opphavleg ingen gast. Rabagas var etternamnet på ein figur i eit fransk skuespel. Men det er sjølsagt omlaga med tanke på gast.

Ingen av desse er akkurat gasta karar.

20.6.18: Sarven(s)gast

I går var vi innom ein likselgast, og har er ein annan «gast» av same sorten. Ein sarven(s)gast  er uvøren, sjuskete og likesæl både i arbeid og oppførsel og skeiar gjerne ut. Ordet ser ut til å vera lokalt for Fosenhalvøya (Stjørna, Roan, Osen) og kan uttalast både med og utan s midt inni. Det er ikkje eit slikt ord du finn på nettet. Einaste treffet på sidene til Nasjonalbiblioteket er skjellsordboka mi frå 1999. Men sarv er som kjent dårlege greier.

19.6.18: Likeglade folk

Folk som ikkje let seg påverke eller affisere, kan stundom bli karakterisert som likeglade eller likesæle. No kan ein vera likesæl på to måtar: Enten uoppmerksam og sløv, eller uredd, uvøren og hensynslaus. uansett er det mange ord for likeglade folk, danna med likesæl eller likeglad som base. Tilbake 5.5.2013 hadde vi likselende som «Dagens ord». Det er nordmørsk, men også registrert i Orkdal. Avleidd med det vanlege suffikset -ing har vi likesæling («likseling»), som er ganske utbreidd, men også likglading, som er belagt berre frå eit par plassar i Trøndelag (Leinstrand, Singsås). Likselsole er bruka mange plassar i Trøndelag, og likeeins likgladsole. Det siste har vi også frå Bindal på Helgeland. Likselgast har vi frå Hitra og Frøya, likselhane frå somme plassar på Nordmøre, likseltamp frå Hitra og likseldall frå Frøya. Frå gamle Strinda er notert likgladper, frå Vikna likgladfuri og frå Bindal likgladsabb. Med dette skulle vi ha litt å hjelpe oss med, men send meg gjerne dine variantar også!

18.6.18: Imerkje

«Han lætt se ikkje imærkje» var eit uttrykk mor mi kunne bruke om nokon som ikkje let seg affisere, som ikkje enste noko eller brydde seg. Akkurat som «å ikkje blakke/blara på ei ør'», som vi såg på før helga. Målføret her er Øksendalen, i Sunndal kommune på Nordmøre. I Norsk Ordbok er ikkje dette komme med, men derimot i ei litt anna tyding frå Oppdal: «e kunn itt imærkj nåinn teng» – eg kunne ikkje legge merke til, forstå (Ingeborg Donalis store samling).

Derimot finn vi ein heilt tilsvarande bruk som i tradisjonell øksendaling hos Hallvard Ofigsbø, i «Gudbrandsdalsboka. Folk og yrkje» frå 1926. Her heiter det. «men (ein) høyrde aldri han klaga, hell let seg imerkje med det». Dette lyt ha bakgrunn i gudbrandsdalsmål. Men eg finn ikkje uttrykket i ordsamlingar frå Gudbrandsdalen som eg har tilgang til.

I- må vel her vera eit gammalt førsteledd som betyr bl a ’til ein viss grad’ som i iblå ‘blåvoren’.

15.6.18: Blakke/blara (på ei ør’)

«Han blakka itt øran ætte det» er ein talemåte som uttrykker at ein ikkje bryr seg, ikkje enser eller reagerer på noko, ikkje lar seg affisere. Dette er typisk for Fosen og er oppskrive frå mange plassar der, og vi har noko liknande frå Tingvoll. På Nordmøre heiter det elles gjerne «han blara ikkje på ei ør», «han blara ikkje ørå» e l, i slike tilfelle. Begge verba betyr å vifte eller blafre.

14.6.18: Aurtapp

Trerot som går beint ned i jorda eller auren. Ordet  e registrert frå Skjåk og indre Sogn, og det vitnar om samband over fjellet. I avisa Strilen i 1983 kan vi lesa om ein kar på Lygreneset i Lindås som dreiv med fruktdyrking. Han hadde lært kunsten i Sogn. Han lika det ikkje når apalane sette røter ned i auren og kaldvæta. Slike røter kalla også han for aurtappar, og dei saga han av. Han hadde nok også lært ordet i Sogn.

13.6.18: Rotlausveka

Periode da vokstrar med såkalla pålerot (tjukk rot som veks rett nedover i ein spiss) er lette å rykkje oppmed rota. Ofte rekna som site veka før sankthans. Det er særleg ugraset høymole som blir omtala i samband med rotlausveka, at ho er «rotlaus» da. Ordet finst i varierande former: rotlausvikua på Hedmarka, rotlausvukku i Nord-Østerdalen og somme plassar i indre strøk av Trøndelag, rotlausvokko i Oppdal og rotlausveggæ i Nesna. I ei facebookgruppe for Tingvoll vart fenomenet nyleg nemnt som rotsleppvekkå, eit ord som ikkje er registrert elles. I «Norsk Folkekalender» frå 1859 heiter det at «den Jord, som hvilede det Aar, da skulde opkjøres, fordi alle Rødder da ere løs og saaledes let oprykkes samt siden raadne».

Eg har ikkje nok kunnskap om planteliv til å slå fast dette, men eg har lese ei forklaring som går ut på omtrent følgjande: Når pålerøtene har bruka det meste av krafta til oppbygging av bladverk, blir røtene nokså veike ei ri. Særleg dersom dette fell saman med tørke, vil plantene vera lette å rive opp med rota før røtene begynner å samle opplagsnæring.

Elles meinte ein i folketrua at det var ein fordel med veksande måne og fløande sjø når ein skulle rive opp høymole. I Sunndal hadde vi ein vårfestival på 1970-talet som gjekk under namnet «Grønn uke». Her forekom det utagerande festing, og i folkehumoren vart arrangementet omtalt som «fotlausvøkku». Det kan nok ha vore rodspel på «rotlausvøkku».

12.6.18: Opprak

Eit litt uvanleg ord som betyr det same som etterrakster. Etterraksteren er det som ligg att etter høy- eller kornkjøring, og så blir det brukt i overført forstand om ein rest som blir oppsamla. Såleis hadde vi i går ein rest av ord med fløt- som etterrakster.

Opprak kjenner eg frå mi tid som onnakar i Sunndal om etterraksteren i slåtten; det som vart raka opp og samla etter at ein hadde kjørt inn høyet. Dette skulle takast vare på. Det er laga beint fram til sambandet «raka opp».  Norsk Ordbok har det berre frå tre andre plassar i tillegg til Sunndal, noko som kanskje kan vera litt tilfeldig. Frå Skiptvet i Østfold er det rett og slett forklart som «det dei rakar opp». Så er det nemnt i eit par svarlister til Norsk Etnologisk Gransking, frå Rakkestad i Østfold og Velfjord på Helgeland. Begge stader handlar det om kornaks som vart liggande att på åkeren etter innhaustinga, og som ungane hadde i oppdrag å plukke opp. Desse vart ikkje bunde i band, heiter det frå Velfjord, medan informanten frå Rakkestad fortel at på større gardar kunne dette bli gjeve til husmannsfamiliar.

11.6.18: Fleire ord med fløt-

Vi har dei siste par gongene sett på ord med adjektivet fløt. Somme slike tok vi også opp tilbake i oktober 2016. I dag kjem litt etterrakster. Sjølve adjektivet fløt er spreidd vidt ikring, og likeeins eit ord som fløtpotet. Fløtferd og fløtreis går også ganske vidt, men elles ser samansetningar med fløt- ut til å konsentrere seg om Stjørdalsdalføret og søre Innherred, med visse unntak.

At noko er fløtgjort, vil seie at det er snargjort (og gjerne av dårleg kvalitet). Samansetninga er registrert frå Skatval og Skogn. Frå Meldal er notert fløthest, om ein hest som er snar til å springe. Hans Ross (Norsk Ordbog 1895) har både fløtkjefta og fløtmunna i tyding ‘rappkjefta’, frå Stjørdalen. Frå same plass, pluss Singsås,  har vi også fløtsnakkan i liknande tyding, men også om å snakke før ein tenker.

Til slutt har vi fløtår, nemnt i bygdeboka for Grong om året 1882, eit år med mykje regn utover etterjulsvinteren, slik at våren kom tidleg. I bygdeboka for Stod er 1813 nemnt som eit fløtår; da begynte dei å skjera kornet den 4. august.

8.6.18: Fløtferd og fløtreis

Trønderske ord for abort, med adjektivet fløt i førsteleddet. Fløtferd («-fær», «-fæl», «-fal») er brukt i dalane i Sør-Trøndelag, i Stjørdalen og på Frosta, medan fløtreis ser ut til å vera litt meir avgrensa (Selbu, Stjørdal, Frosta, Åsen, Frol). Fløttur er registrert berre frå Åsen.

Same ideen ligg bak ord med tyding ‘snar’ i førsteleddet, som snarferd og snarreis, i Trøndelag også snåpferd og snåpreis, og i Ottadalen snøggreise og snøggvende.

I alle desse orda ser vi ei innsnevring (spesialisering) av ei meir allmenn tyding ‘snartur’.

7.6.18: Fløtpotet

Sesongen for tidlegpotet er vel i gang, og da er det grunn til å friske opp det gode trønderske ordet fløtpotet for det same. Adjektivet i førsteleddet kjem frå norrønt fljótr ‘rask, snar’. I Hordaland finst eit par variantar som i lydform ligg noko nærare opphavet: «fljotepotu» (Voss) og «fljutapote» (Eksingedalen). Eit anna synonym for tidlegpotet er snarpotet, brukt først og fremst på Vestlandet.

Om du går tilbake til «Dagens ord» i oktober 2016, finn du fleire ord som er samansett med fløt-.

6.6.18: Målbein

I dag vil det kanskje kunne brukast om «scoringsfoten» til fotballspelarar (og det blir faktisk gjort, ser eg på nettet). Men i tradisjonelt oppdalsmål er «målben» brukt om stemme, røyst: «svært te målben ti-m» (Ingeborg Donali, som bygger på Ola J. Rise). Dei kjente oppdalsforfattarane brukar ordet, både Ola Setrom og Inge Krokann: «eit målbein så grovt og sterkt» (Krokann: Gjenom fonna 1, s. 38); «hadde eit målbein mest som Bjørnson» (Krokann: Blodrøter, s. 115).  Kanskje vi bør leite etter ordet i Rennebu også, for vi finn det hos Olav Berkaak, f eks her: «drengen hadde eit utruleg kraftig målbein» (Den siste jernnatt, s. 252). Også forfattaren Knut Hauge brukar ordet. Han har jo bakgrunn frå Valdres, men eg kan ikkje finne det i målføresamlingar derifrå.

Kva bein har å gjera med dette, er så langt uklart for meg. Målbein om stemme kan kanskje ha vore ei spøkefull nemning frå først av. Elles noterer hans Ross (1895) målbein om kragebein, frå Helgeland. Og legen og folkemedisingranskaren Ingjald Reichborn-Kjennerud har målbein om tinningen, frå hegra.

5.6.18: Målbyte

Eit ord som kan bety to ting, alt etter kva slags mål det er tale om. Eg ser da bort frå den meir opplagte, det å byte skrift- eller talemål.

For det første er målbyte skifte, forandring i kosten. Detet er ganske vidt utbreidd, men med klart tyngdepunkt i vest og nord. «Graut og skjør, og skjør og graut – det er no målbyte, det og!» (Leif Halse: Sommardagar i Trollheimen, s. 50).

For det andre vil målbyte seie stemmeskifte: å gå, komma i målbyte. Slik vi finn det i Norsk Ordbok, er dette noko mindre utbreidd. Det er nokså vanleg på Vestlandet, med eit par belegg frå Trøndelag (Oppdal medrekna).

1.6.18: Tor(e)slått

Det at tora slår; torevêr. Meir om sjølve fenomenet enn om det enkelte braket; der finst det andre ord. Kjent over heile Vestlandet, i Trøndelag og mykje av Nord-Norge. Det går også inn på austlandsk område, med Gudbrandsdalen, Nord-Østerdalen, Valdres, Nordre Land og øvre Hallingdal. Det som manglar, er mykje av Austlandet og Agderfylka. Med ei slik utbreiing har ordet som seg hør og bør fått plass i Nynorskordboka. Men det er også mange forfattarar som har brukt det, og på den måten er det også komme med i Det Norske Akademis ordbok (NAOB). «Torslått med regn og junell» skriv folkeminnesamlaren Ola Hola frå Nesset om. Ordet er brukt i somme eldre omsetjingar av Bibelen, og det finst i fleire eldre leksikografiske kjelder. Den eldste er Christen Jensøns Den Norske Dictionarium frå 1640-åra. Også i færøysk har dei det.

31.5.18: Hombakke

Vind og vêr finst det eit rikt og nyansert ordforråd for i tradisjonell dialekt, slik vi har sett mange eksempel på på denne sida. No har vi hatt om skoddevind og vassvind, og her kjem eit nordnorsk ord som hører til i same feltet. Hombakk eller hombakke er skoddelag, særleg nede i fjella eller over havet, gjerne i samband med nordavind. Vind i slik skodde er hombakkvind, hombakknorda eller hombakknordavind. Ordet ser ut til å ha sterkast fotfeste nord i Nordland (Salten, Lofoten, Vesterålen) og i Sør-Troms. Frå Sør-Troms er det opplyst at hombakke også kan bety snøtjukke langt til havs

Førsteleddet er ordet hum, (norrønt húm), som kan bety både mørk luft, mørke frå skyer som dreg seg til, og skybakke. Sisteleddet er som i skybakke (=skybanke).

30.5.18: Skodd(e)vind

«Vind som fører skodde inn frå havet» lyder definisjonen både i Nynorskordboka og Norsk Ordbok. Velkjent ord frå mitt heimemål i Sunndalen, om vestavind som fører skodde med seg. Inga særskilt heimfesting i Norsk Ordbok, og det kan nok vera litt tilfeldig kor det er oppnotert frå. I svarlistene til Norsk Etnologisk Gransking er det ein viss konsentrasjon til Salten. Men det er også målførebelegg frå Sunnhordland, Selje Byneset (på sistnemnte stad både frå nyare tid og frå eit stykke på bynesdialekt i bladet Folkevennen i 1856). Reidar Djupedal fortel frå Selje: «Skoddevinden er ikkje tærre (tørk) i. Han er for rå». Fleire forfattarar har brukt ordet, f eks Olav Duun og Leif B. Lillegaard. Her er Jakob Sande i novellesamlinga «Skarlagensnora» (1946): «ein kald skoddevind stod inn frå vest og saug seg våt og ufjelg gjenom klea» (s. 121). I færøysk skødduvindur og skadduvindur.

Skoddevinden kjem gjerne frå vest, men kan også komma frå nord. I Nord-Norge har dei derfor også ordet skoddenordavind.

29.5.18: Vassvind

Sur, fuktig og råkald vind, som gjerne kjem i forkant av ei regnskur. Ordet kenner eg frå mitt heimeområde (Sunndal, Øksendal), og seinare er det også innrapportert frå Oppdal. Norsk Ordbok har dessutan belegg frå Hemne, pluss Bjerkreim og Bømlo langt sør på Vestlandet. Her er det nok meir utbreidd, for det finst også på eit par bloggsider frå dette området, t.d. Kvinnherad. Forfattaren Åsmund Farestveit, opphavleg frå Modalen i Hordaland, nyttar det i boka «Klårfjell» (1975): «På morgonen hadde ein vassvind sendt ein dugeleg regnskvett ned millom fjelli» (s. 115).

Adjektivet vasskaldt blir gjerne brukt for å beskrive denne vêrtilstanden. Til slutt kan vi nemne at frå Jordalsgrenda på Nordmøre har ein informant oppgjeve ordet vass-skarre om søraustvind som går over i regn.

28.5.18: Brennhuttu

Trøndersk og nordmørsk namn på brennesle. Uttalen av siste delen kan også vera -hotto, – høttu eller -hætt(a). I Gudbrandsdalen og Folldalen -heto eller -hetu. Dette er jo former av hete ‘varme’, og namnet kan da verke som litt smør på flesk. Men vi har nok å gjera med ei omlaging av -nuttu e l. Det finst også vitnemål om ei slik form, og det kjem av nete, som er i slekt med både nesle og nett. Forklaringa ligg i at brennhuttu eller brennesla i tidlegare tider vart brukt som tekstilmateriale, også til fiskegarn (nett). Om slikt kan du lesa meir i Arbo Høeg: Planter og tradisjon  s. 661.

I Meråker er heitnuttu eit tradisjonelt namn på brennesle.

25.5.18: Då («dåi», «dær», «de» o fl)

Oddbjørn Nærvik spør i ein kommentar til gårsdagens ord «holnuttu» om planten (guldå, kvassdå) også kunne bli samla inn til grisene. Det kan godt hende, men Arbo Høeg nemner ikkje akkurat den bruken av då, etter det eg kan sjå.

Det offisielle namnet er i alle fall , men i nynorsk kan også også brukast. Dette fordeler seg på mange forskjellige uttaleformer. I Trøndelag er det ofte dåe eller dåi, i dalane i Sør-Trøndelag gjerne dær eller der, og på Nordmøre og i Hemne de. «De e de» kan det bli sagt i spøk når nokon spør kva slags plante det er. Arbo Høeg noterer dessutan derr frå Leinstrand og darr frå Byneset.

Då og dæ heng truleg etymologisk saman med å dø og daud. Ideen kan vera at då ser ut som ei nesle, men brenner ikkje. Holnesle er elles namn på då somme plassar austafjells; Hans Ross (1895) har dette også frå Verdal. Dette tilsvarar holnuttu, som vi hadde 24.5.

24.5. Holnuttu («hølnuttu», «hølhuttu»)

Sjeldan dialektnamn på planten åkersvinerot. Det er berre nokre få opplysningar: Ivar Aasen fører opp «holnuttu» frå Orkdal, og så har Ove Arbo Høeg «holhuttu» frå Soknedal og «hølnuttu» frå Leksvik.

Vekslinga mellom -nuttu og -huttu er den same som vi ser i uttaleformene av brennesle (brennhuttu e l), der variantane med n er mest opphavlege. Sisteleddet viser vel at planten har vore assosiert med nesler.

Også dette ugraset har vore brukt til grisefôr, noko som også ligg i det offisielle namnet, og i andre, som svineblom og svinesoleie. Frå Nordmøre og Romsdal er registrert purkerot («porkrot»), og frå eit par plassar i Trøndelag porksylrot. Galttann frå Malm kan vel også førast til denne gruppa.

23.5. Svinarve (-arv, -arvi)

Dialektnamn på planten vassarve. Først og fremst kjent frå Trøndelag, men Ove Arbo Høeg har i tillegg Aure på Nordmøre og ei (kanskje tilfeldig?) opplysning frå Holt i Aust-Agder. Ivar Aasen har nemninga frå Nordland. Namnet kjem av at vassarven vart sanka og gjeve til grisene, og han kan også bli kalla grisarve, grisegras m m. Forutan ein viss bruk som for har vassarven vore nytta i folkemedisin, bl a mot byllar og betennelse.

Namnet vassarve kjem enten av at han har noko «vassen» stengel og blad, eller av at han gjerne veks på fuktig kulturjord. Andre namn med dette motivet er våtarve og blautarve. Det siste ser ut til å ha eit heilt avgrensa område, med Rindal, Hemne og Orkdalen.

22.5.18: Gorrmelde («gørmellj»)

Ugrasplanten meldestokk. Namnet er avgrensa til Nord-Trøndelag, og mest til Innherred, pluss Skatval, Mosvik og Leksvik. Gorr- er vel nedsettande. Melde kan også brukast usamansett om denne planta, og meldefamilien er jo ein eigen familie. Melde er etymologisk i slekt med mjøl. Ein favoritt veksestad er ved fraukjellarar, og det er det som har gitt namnet «sjøttskørbu» i Meråker («sjøttskøra» er gjødselutkastet).

I Leksvik er «gørmellj» også brukt overført om ein person som er fæl til å slenge skitkjeft.

16.5.18: Kakhest, kakjarv, kakmoffel

Det at ein somme plassar kallar det vanlege omnsbrødet, hushadningsbrødet, for kake, og et kakeskive, er mykje omtalt og omdiskutert. Men det er langt ifrå berre i Trøndelag og på Nordmøre det er slik, som mange kanskje trur. Nei da, kake («kaku, kak») i denne tydinga er registrert i tradisjonell dialekt Nordland, i heile Møre og Romsdal og over store delar av Austlandet. Innslag av det er det også på Vestlandet, og det er til og med notert i Kristiansand.

Men dei orda som er nemnt i overskrifta, er funne berre på Nordmøre så langt. Det gjeld personar som er ekstra glad i kake (brød), og som kanskje til og med foretrekker det framfor middag. Dei er altså ikkje synonyme med kakemons, som er glad i finare bakverk som småkaker og blautkake. Kakhest har vi frå Averøya, kakjarv frå Ålvundeidet (ein jarv er ein slukhals, vi kan også ha ein matjarv – kanskje samanheng med eldre uttale av dyrenamnet jerv), og kakmoffel frå Øksendal (det siste knyter seg til verbet mofle ‘gomle’).

Ein kakmaular (frå Snåsa) skulle ein tru betydde det same, men i følge informanten er det berre brykt overført, om ein dumming.

15.5.18: Baden («bainn», «bae»)

Når det er skikkeleg lummervarmt, slik som i Trøndelag i dag, heiter det på Nordmøre at «det e bae», eller «han e bainn». Gjerne om den trykkande varmen like før torevêr. Ordet går også inn i Romsdal, og det finst også i eit manuskript frå 1920 om målet i Lesja og Dovre. Utgangspunktet er eit substantiv (hankjønnsord) bade, som betyr sterk varme, lummervarme, og det igjen går til verbet bada og substantivet bad, som opphavleg helst har gått på lauging i varmt vatn. Om det er lummert i sønnavêr,  kan det på indre Nordmøre bli sagt at det er synnobae.

Ei heilt avvikande opplysning om ordet har vi i ei nettordsamling frå Smøla, der deter sagt å bety nomen, stiv av kulde (på fingrane): «æ e heilt bainn på fingrainn».

14.5.18: Rangkløyvd

Det motsette av beinkløyvd, altså vanskeleg å kløyve (om tre, ved). Norsk Ordbok har målførebelegg frå spreidde stader som Valdres, Søndre Land og Stryn. I tillegg kjem Orkdal, i ei ordsamling i årsskriftet til det lokale historielaget, og Trondenes med forma rangklevven. Truleg er det kjent mykje vidare ikring. Men det ser ikkje ut til at dette har vore særleg brukt overført om folk, da har ein helle rtydd til nekting «ikkje så beinkløyvt» e l.

11.5.18: Beinkløyvd

Konkret og opphavleg er dette om tre, materiale som er rettavkse, som ikkje har kvist, motved eller lignende og derfor let seg kløyve beint. Leif Halse fortel om kor dei hogg spikrot (tyrirot) i gamle dagar: «Var spikrota feit og beinkløyvd, gjekk arbeidet lett frå handa» (Kring gamle Tovadal, s. 68).

Men vel så kjent er kanskje dette ordet i overført bruk, og da gjerne i nekting. Om saksforhold, arbeid eller lignende betyr det enkelt, greitt, endefram å få til. Vi kan hente fram eit sitat frå Ola Setrom: «Livet hadde ikkje alltid vore så beinkløyvt for han, men han hadde aldri klaga» (Det straumane møtest, s,. 285). Og så er det brukt om person: «han/ho er ikkje så beinkløyvt» – da er folka range, umedgjerlege, vanskelege å komma ut av det med. Grunnlaget for tydingsovergangen kjem greitt fram i dette sitatet frå Olav Duun: «Bror Erik var av eit meir beinkløyvd treslag» (Menneske og maktene, s. 38).

I Nord-Trøndelag er forma beinkløyv mykje utbreidd. Det tilsvarar benkløv i Oppdal. Elles vil mange bruke sterke partisippformer i andreleddet: – kløvve, – kløvvin, – klove,klåvvin, – klevvin, – kløvven m fl.

9.5.18: Mannbisk

Eit synonym for folkevond, mannevond (jf. folkful). Aasen heimfestar det til «Bergens Stift», det vil seie det meste av Vestlandet, medan Norsk Ordbok seier det er vanleg. Arkivmaterialet syner stor spreiing i alle landsdelar. Somme plassar sønnafjells uttalar dei det med bindevokal: mannebisk. Vi må nok rekne med at det ofte er i ferd med å bli erstatta av mannevond eller folkevond.

Det er altså særleg brukt om olme, aggressive, pågåande dyr. Eit høveleg sitat finn vi for eksempel i Bernt Bøe si bok «Mangt å minnast frå gamle dagar på Indre Nordmøre» (1981): «På Dragset hadde dei ein gong ein bekre, som var heilt mannbisk. Gjekk han borte på holmen og beitte om sommaren så stanga han og gjekk-laus på det som var» (s. 154). Ein påliteleg informant frå Hitra meiner for sin del at ein mannbisk skapning er mindre alvorleg og farleg enn ein som er folkful.

Norsk Ordbok har ein fyldig artikkel om ordet, og fører opp to tydingar til: Bisk, hatefull, om person, og surt, kaldt, bitande om vêret.

Vi kan også notere oss at «mann» her ikkje betyr mannsperson, men ‘menneske, person, individ’.

8.5.18: Folkful

Dette ordet vart nemnt i kommentarane til gårsdagens ord «folkstygg(en)». Her er vi over i litt anna terreng, for dette er først og fremst brukt om dyr som er vonde, olme, sinte mot menneske. Mannevond blir eit bra synonym. Folkful er stort sett avgrensa til Trøndelag, der ful gjerne betyr sint, men det går så vidt inn på Nordmøre også. Kjente forfattarar som Olav Duun og Kristofer Uppdal har brukt ordet. Likeeins Magnhild Haalke: «Det gikk ikke an å ha folkful buting på gården» (Karenanna Velde, s. 68). Buting er avlsokse. Den kjente figuren Frøskatt-Anders, i Kvennavik-universet, fekk utnamnet sitt da han slost i to timar med ei folkful katte. Dokteren måtte bruke tre sneller med tråd for å sy igjen alle riftene han hadde fått. Men da var det ikkje mykje att av katta heller.

I surnadalsmålet har dei eit ord folkill («-il») om person som er sinna og vanskeleg å omgåst, ikkje til å vera i lag med. Vi har ei opplysning til om dette, av ein informant frå Meldal, men det kan like snart vera rindaling dette.

7.5.18: Folkstygg(en)

Folkesky; som held seg unna folk; som helst vil vera inne og for seg sjøl. Forma folkstygg går vidast ikring, med mykje av Vestlandet inkludert Nordmøre, Slidre, Folldalen, Gudbrandsdalen og eit par belegg frå Trøndelag (Hemne, Skogn). Eit sitat som viser bruken, det er ein unge som blir skildra: «det fer så lite framandfolk her at han er beint fram folkstygg» (Ingeborg Åsen Vatten: Ales, s. 38).

I Trøndelag og Nordland bruker ein helst den utvida forma folkstyggen («-styddjin» e l). På nordmørsk område er den så langt registrert berre frå Surnadal, men det ville undre meg om vi ikkje kan føye til Rindal også.

Somme plassar (Øystre Slidre, Hordaland, Sogn) er mannstygg brukt i same tyding.

I folkstygg og mannstygg har vi å gjera med ei særtyding ‘sky, redd’ av adjektivet stygg. Vi kan også jamføre med substantiva ein stygg og ein stygge, som begge kan bety ‘uhygge, redsel’.Frå Hemne er faktisk substantivet ein folkstyggje oppnotert, om det å vera folkstygg.

4.5.18: Domtromme

Stortromme, basstromme. Hans Ross fører det opp frå Trøndelag i eitt av tillegga til hans Norsk Ordbog frå 1895. Tillegg 4 kom vel først på 1900- talet ein gong; det siste, tillegg 6, kom i 1913. Her skriv han «dumtrumba». Det kan sjå ut som eit ord som er avgrensa til Trøndelag. Vi finn det hos Johan Falkberget: «det dundret i den lille stuen som i en domtromme» (Tårnknekten, s. 187). Likeeins fleire plassar hos Olaf Berg alias Martin Kvænnavika: «Vi sto allihop baade gutan aa æ me store kløbba aa dundra paa domtromma, aa de hørdes grangivele som naar tola dundre paa de verst» (Skrøner treddi samlinga, s. 123).

Dom- er vel som i dombjølle, og det er kanskje litt rart, for dom- her betyr eigenlteg ‘døyvt’. Men eg lufta ordet på facebook-gruppa «Trønderske ord og uttrykk som burde brukes oftere», og der er nok Torgeir Johanssen inne på det rette når han påpeikar at domtromma er lågare enn skarptromma.

2.5.18: Gamle dagar

For å uttrykke at noko har skjedd eller funnest langt tilbake i tid, kan ein, i alle fall på trøndersk område, seie slikt som «gammelt attant», «gammelt atett», «gammelt atti (att)», «i gammeldaggan» e.l. 14.3. 2014 hadde vi eit slikt uttrykk i «Dagens ord», som vi godt kan repetere:

Gammeltidvala (-verda) Gamle dagar; gammal tid (Trøndelag). «I gammeltival’n» (dativ). Også «i gammelval’n» (Overhalla) og «i attval’n» (Verdal). Austafjells finst «i gammeldåggåvæl’n» e.l.

Talemåtar med den første mannen, Adam, blir brukt for noe som har skjedd for riktig lenge sia. «Den tida han Adam for nordom» f eks, eller «da ‘n Adam gjekk i kneboks» (Hitra).. Elles har ein gjerne sett for seg at det er så tidleg i Adams liv at han var smågut, helst gjetargut: «Deinn tia enn Adam va smågut» (Stjørdal), «da han Adam gjætt i Skarrali’n» (Meldal), «den tia ‘n Adam va på Synnes og gjætt» (Fosnes), «dæ æ så læng’ sia som da ‘n Adam va på Synnsæt og gjætt» (Rennebu), «når’n Adam va sy Synnseta og gjætt» (Soknedal), «det e så læng sea som da-n Adam va gjetar på Skotrø’n» (Leksvik), «det va den tia da’n Adam va stakallungen og gjetar på Holl’n» (Hemne).

Ein gammal åfjording fortalte at han ein gong skulle begynne å hogge tømmer i ein bratt skogteig litt langt unna gardshusa. Da sa han: – Der ha det itt verri hogd nå sia dem hogg innvedan te Noas ark!

30.4.18: Frå fonne haugjen/haugja

Nyleg såg vi på fynn ‘gammalgras’ og slo fast at det heng i hop med forn ‘gammal’. Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) noterte uttrykket «frå fonne haugja» med betydning ‘frå utgammal tid’. Dette har han frå Byneset. Akkurat det same er registrert i den store ordsamlinga frå Stadsbygd som kom i 2016.

Her har vi å gjera med forn ‘gammal’, kjent både frå norrønt og svensk («forna dar»). I eit målføre utan dativ, som på Hitra, blir det «frå fonne haugjen»: «det har æ hatt sea fonnje haugjen». Andre belegg, lenger sørover, er «frå foinne hågjå» (Gjemnes), «frå finnjå hauå» (Nesjestranda i gamle Veøy kommune), «frå finnje haua» (eintal) og «frå finnje hauå» (fleirtal) (Måndalen i gamle Voll kommune).

Ein litt annan betydningsvariant har vi frå Hemne: «han e så tu fonninn haugja» – han er lik seg, slik han alltid har vore, og «dæm har det vel frå fagna haugjen» (Roan) – det er medfødd.

Vi må nok innrømme at uttrykk som dette begynner å bli ganske fornt (gammaldags, antikk).

27.4.18: Råkkåpåskytt

Ein råkkåpåskytt eller påråkkåskytt er ein slagferdig, ordhitten person. Begge variantane er heilt lokale for Oppdal, ser det ut til. Siste delen er venteleg skytten (skyttelen) som dei brukar når dei vev. Første delen har utgangspunkt i sambandet råkkå på ‘finne på’. Kva som er opphavsforma her, kan diskuterast. «Råkkå» er ei såkalla jamningsform, og første vokalen i slike ordkan vera nesten kva som helst. Ingeborg Donali tolkar «råkkå» som utvikla av reka og normerer til rekepåskytt og pårekeskytt. Norsk Ordbok normerer derimot til rakepåskytt og pårakeskytt, og reknar altså med ein opphavleg rotvokal a.

Det kan kanskje sjå ut som det siste er rettast, dersom vi løftar blikket litt utover og ser på slektningar i andre målføre. Å rake på om å finne på (ei skrøne, eit godt svar e l) er kjent frå Romsdal. Vidare har vi adjektivet pårakeleg ‘god til å finne på; slagferdig’, belagt frå heile Møre og Romsdal, og pårak om påfunn, påhitt, bl a frå Nord-Gudbrandsddalen.

I eldre sunndalsmål fanst forma påraokele i lag med pårakele. Da har det vel skjedd ei kopling til verbet råke ‘treffe’. Kanskje Ola Setrom har vore inne på liknande tankar, jf. dette sitatet: «det var no ein dipill og påråkar-skytt av ein kar» (Medan steinane mel, s. 27).  Men råke er ikkje er eit jamvektsord og derfor ikkje vil kunne gje forma råkkå i Oppdal.

26.4.18: Nabbtre

Dette ordet har eg fått spørsmål om på tidslinja mi på Facebook. Det vil seie ei trelist med knaggar (nabbar) til å feste i veggen og henge klede på. I dag vil vel dei fleste kanskje omtala det som ei knaggrekke. Både Ivar Aasen og Norsk Ordbok fører det under oppslagsforma nabbetre. Aasen har inga særs heimfesting av ordet, medan Norsk Ordbok nemner noko geografi. Den mest brukte uttaleforma er nok nabbtre utan bindevokal inni. Slik er det på Nordmøre, somme plassar i Sør-Trøndelag, på Innherred og Helgeland. Forma nabbetre er belagt berre frå Nesset og Balsfjord. I Hardanger heiter det nabbatre. Johanna Grimstad frå Straumsneset kjem inn på det når ho minnest hus i gamle dagar: «På veggen ot inngangsdøra var det ofte eit langt, kraftig nabbtre, med rom for mange plagg når det trongst» (Du mitt Nordmøre 1986, s. 39). I ei samling med gamle ord og ordtøke frå Kvinnherad er nabbatre sagt å vera stokk med nabbar bruka til stige.

Eit anna ord for nabbtre eller knaggrekke er nabberekkje (Vestlandet).

25.4.18: Nysn

Som fleire andre ord vi har teke for oss i det siste, betyr dette også nyss, vink, ymt e.l. Å «få nysn om» eller «få nysn (t)i» er å få ymt om, få snusen i, høre omtalt. Ordet er kjent frå tradisjonell dialekt over store område både sønnafjells og nordafjells. På Vestlandet finst ei eldre uttaleform «njosn», og somme plassar seier dei også «nøsn».

Eit par eksempel til: «æ haul i (ei eller eit) nys’n om det» (Hemne); «æg hi itt hørd nyssna hell» – ikkje det døyt (Sparbu). Og så må vi nesten sitere frå hans Hyldbakks dikt «Famntak» om han Ola Mela som gikk ikring og var stor på makt og baud folkl å prøve seg på å ta tak med han. Slik begynner andre verset: «De va kje mang så ha mo å fys’n; han va ein røtull han Ola Røv. men så fikk skippern, han By, eit nysn om ein dem vesst så va vant te prøv». Her kan det sikkert vera fleire ord som treng forklaring, men vi ser i alle fall at «nysn» betyr ymt, vink e.l.

Ordet kjem frå norrønt njósn, avleidd til nýsa ‘snuse, speide’. Frå eldre nynorsk- og landsmålslitteratur kjenner vi njosna om å speide og njosnar om speidar. Desse kjennest kanskje sære og arkaiske ut, men dei har altså ein nær slektning i det meir kjente nysn.

 

24.4.18: Rundved

I ordsamlinga i boka Fosenmåla har vi definert dette som «fast innreiing i båt». Det spørst likevel om vi her kan ha feiltolka ei opplysning i Kåre Bjørkøys hovudoppgåve om nemningsbruk på Åfjordbåten. her seier han at rundved «har ei parallellnemning i «innved», eit uttrykk for all fast innreiing i båten». Men når vi ser nærare etter, er ordet ført opp under punktet om rundesing, som er «den rundhøvla lista på utsida av ripa og vaterbordet som går langs heile båten». Og i den ferske dialektsamlinga «Dialekt fra Osen» er «ronn-ve» forklart som «avrunda list på ripa for å verne båten når den ligger til kai». Tyding 2 av rundved i Norsk Ordbok er også i tråd med dette. Her er eit sitat på målføre frå Osen som også underbygger denne tolkinga: «Så vidt æ huske, så bærga vi bestandi båt og bruk, om det konn bryt ganske godt innover rondvean når det va på det mæst» (Årbok for Fosen historielag 1996, s. 42).

23.4.18: Spurlag («sporlag», «spørlag»)

Eit anna ord som kan bety tidend, melding, opplysningar, nyss. «Å få spurlag på» er å få kjennskap til, opplysningar om, greie på. Her er eit eksempel frå Oppdalsordboka hennar Ingeborg Donali: «dem fekk sporlag på ei ku som va bortkomme».

Men dette ordet har også ei anna betydning: etterspørsel, pågang, spørsmål. Det kan vera spurlag etter arbeid, etter ymse slags produkt m m. «Dalasauen vert det meir og meir spurlag etter», les vi i eit klipp frå avisa Sogns Tidend i 1936. Og har nokon vore og spurt etter ein person, kan det, når vedkommande dukkar opp,  bli sagt «det har vore spurlag etter deg».

Ei tredje betydning ‘folkesnakk, sladder’ fører Norsk Ordbok opp etter ei ordsamling frå Lier, med eksempelet «det blir snart spørlag om den som gjør no gæli».

Ordet hører nok først og fremst til litt eldre og tradisjonell dialekt. Skal ein tru arkivmaterialet, har det vore bruka over ganske store område, kanskje likevel med tyngdepunkt sønnafjells. Spur- heng sjølsagt saman med å spørje, og -lag, som jo er eit sjølstendig ord, fungerer her nærmast som eit suffiks.

20.4.18: «Tin» (tidend)

Dette ordet har vore nemnt fleire gonger i kommentarane til orda for teikn til fisk som vi nyss har sett på («likjen», «oppfar»). Nordafjells heiter det gjerne «tin»; somme plassar også «tine». I alle fall betyr det nyheit, melding, bodskap: «har du hørt tin tå..?», «det går tin om..». Særleg vanleg har det vore i samansetninga «sild-tin» – melding, rykte om at silda er på plass og kan fiskast. Som «Dagens ord» 30.1.14 hadde vi ei anna samansetning, gaultinår (fleirtal). Ordet kjem frå Leka og betyr falske rykte, eller «fake news» med dagens språkbruk. Eit trøndersk ordtak fortel oss at «dæm søv itt dæm som tinin bær» – dei som fer rundt med sladder, altså.

I normalisert versjon heiter det tidend eller tidende, norrønt tíðendi, som er fleirtalsform. Endinga er den same som i likjen/leikende.

Vi kjenner ordet også frå somme avisnamn, som Gula Tidend, Harstad Tidende og Fjordenes Tidende.

17.4.18: Oppfar

Det var vel Magnar Oldervik i Aure som kom med dette ordet i ein kommentar til gårsdagens ord. Det er snakk om luftbobler som stig til overflata over ein stim med fisk, kanskje særleg sild (sildoppfar). I Norsk Ordbok er det definert som «små kvervlar i vassflata etter fiskestim»; det er omtrent same forklaringa som Aasen gjev. Aasen har det frå Trøndelag, men det er også god kjent i Nord-Norge, og så går det inn på ytre Nordmøre med Aure og Halsa. Eit strøbelegg er det også frå Fjell i Hordaland.

Reint bokstaveleg betyr jo oppfar ‘det å fara opp’. Vi finn også oppferd om same fenomenet – «oppfær» på Senja og «oppfal» i Leirfjord. Hist og her i Nord-Norge blir oppfar også bruka overført om ufred, krangel eller ståhei.

Andre ord som tilsvarar oppfar er revje (Sogn og Fjordane) og meisk.

16.4.18: Litjen/likjen (likende)

I går tok Arve Helland kontakt med meg om dette gamle uttrykket, og vi gir ordet til han: «Når frostingen sa HAN ER LITJEN har han sett at silda «kokte» i overflata, og da var det bare å ro ut og sette kastenota». Her er vi inne på eit verkeleg gammalt ord, som betyr ‘teikn, merke, spor’. Men spesifikt er det gjerne sagt om merke på at det er fisk i sjøen, og kanskje oftast om måse og annan fugl som samlar seg over. I slik tyding finst det belagt spreidd i kyst- og fjordområda på Vestlandet, i Trøndelag og på Helgeland. Men det er nok jamt over lite kjent i dag. Nettopp frå Frosta hadde vi det oppe i Dialektmagasinet på NRK Sør-Trøndelag tilbake i 1995, ser eg. Og her er eit sitat på målføre frå Kvennværet: «æ trur vi sætt (garna) her, det e no iallfall likjen» (Årbok for Fosen 1970, s. 84). I «Domkyrkjebyggaren» fortel Kristofer Updal om Ølløv Skjølløgrinn, som har forandra seg: «han ruvar rundar og fastar i kroppen òg, og har som eit likjende til mage» (s. 90). Jf. også liknament, som var «Dagens ord» 20.3.2017.

Gammalt ord som sagt, for det kjem av norrønt líkendi ‘skikkelse, figur’, eigentleg noko som er likt noko anna. Vi har nokre få substantiv som er avleidd med eit slikt suffiks -ende/-endi, som kviende ‘ungfe’ (til kvige) og kvikende ‘levande vesen’.

13.4.18: Molgjerrig (mordgjerrig)

Den mest bokstavlege tydinga er nok ‘mordlysten, morderisk, blodtørstig; vill, farleg’. Eventyraren Martin Kvænnavika (i Olaf Bergs penn) fortel ein plass om ein ekspedisjon han var skeptisk til, for det var slik på den staden at «følke hæll dyra hæll ka ‘e no va, skull vårrå så molgjerri» at dei som våga seg dit «ha ventele vorte tynt, for de ha aller spordes nå meir om dæm». Det er eit ganske gammalt ord, for alt Peter Dass skriv om «de mordgjerrig’ hender».

Mest er det nok likevel brukt overført om å vera hissig, aggressiv, pågåande, (over)ivrig, enten det er til å drive på i arbeidet, skaffe seg fordelar e.l. Stundom kan han vera «molgjerrig» med vêret også – vill, heftig. Som så mange andre ord har det ei nordleg og vestleg utbreiing: Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge, med eitt einsleg belegg frå Vest-Agder. Det er ikkje komme med i Nynorskordboka, men det bør med i den foreståande revisjonen. Det Norske Akademis ordbok (NAOB) har ordet, med belegg frå Wergelend.

Første delen er nok rett og slett mord- i reint forsterkande forstand. Siste delen er gjerrig i bet. grådig, grisk, lysten på (noko), som i hemngjerrig.Kanskje er det import, for vi har mordgirig (molgirig) i svensk, mortgirich i lågtysk og mordgierig i tysk.

12.4.18: Kjørkjinn/kjørkje (kyrken)

Når det går kjørkje, da går det trått. Noko som er usmurt, vil gå kjørkje, og det kan vera snakk om kjørkje føre. Første gongen ein tek fram sparken om vinteren, er det ofte rust på meiane, og før ein får gnudd av dette, er det frykteleg kjørkje. Ordet er høveleg når vi har med mykje friksjon å gjera.

Ordet er ikkje i bruk i standard skriftspråk. Dialektgeografisk kjem det fram eit bilete som vi ganske ofte ser, med vestleg og nordleg tyngdepunkt. Ordet finst nedover Vestlandet, i alle fall til Sogn og Hordaland. Går vi nordover, kan vi ta med Sør-Trøndelag, så ser det underleg nok ikkje ut til å høre heime i Nord-Trøndelag, men i Nord-Norge dukkar det opp att. Til utbreiingsområdet kan vi rekne også Østerdalen og Gudbrandsdalen. Ord som dette er eller har vore kjent temmeleg vidt ikring, som vi ser, men likevel har dei ikkje fått innpass som ein del av den norske standarden. Det tykkjer eg for min del er reint forgale. Ikkje mange forfattarar har fått det på trykk heller, men heiderlege unntak er nordmøringane Leif Halse og Hans Hyldbakk, oppdalingen Ola J. Rise, gudbrandsdølene Ivar Kleiven og Tore Ørjasæter. Kanskje er det problem med å finne ei normalisert form som har halde folk frå å bruke ordet i skrift? Rettskrivingsforma er kyrken, kan vi sjå i Nynorskordboka. Dei har det vel med fordi et er belagt frå såpass mange fylke.

Ordet manglar i norrønt, men det er nok aldeles heilnorsk for det. Det må vera laga til eit verb kyrkja som fanst i norrønt og som betydde å kvele, kverke, strøype. Vi er ganske nær dette når dei somme plassar talar om mat som kan vera kjørkjinn – da er han tørr, hard og vanskeleg å svelgje. Og du kan sikkert støyte på ein  nordmøring som ber seg for at han er kjørkjinn i halsa – tett, tørr eller  hås. Ivar Aasen registrerte i si tid ordet brukt om tronge klede som klemmer eller snører inn kroppen. Ute på Fosen har eg hørt folk som talar om å eta seg i kjørk. Det er vel ikkje så vanskeleg å gjette at dette betyr å svelgje rangt, sette mat i rangstrupen.

Såleis heng kjørkjinn saman med å kverke, og kverk, som blant anna betyr strupe, eller meir allment ’innsnevring’. Jamfør namnet Kvarken på den inste og trongare delen av Bottenvika. Å kverke er eigentleg å ta livet av med strupetak.

11.4.18: Etterrakster om dæle

Vi har ein sort dæle som vi ikkje har vore borti enda. Ei dæle kan nemleg også bety ein svak vind, også samansett ei vind-dæle. Registrert frå Snillfjord, Trondenes og Salangen. Verbet å dæle om å guste, blåse litt (så ein kan segle) noterte Ivar Aasen på Helgeland, og Hans Ross fann det i Trøndelag. Det er kanskje same ord som dæle ‘sikle’, men usikkert.

Heilt tilslutt går dæle inn i eit par skjellsord. I Selbu er ei dele ei som er lite tess. Ho kan også kallast ei potetkakudele. Og i Valsøyfjord er ei semmeldel’ ein sein, treg, somlete, «semlin» person.

10.4.18: Meir dæle (tobakksdæle m.m.)

Dæle (ofte bruka i fleirtal) kan også bety spytt som renn ut av munnen; sikkel, slev. Det er kjent på Nordmøre og somme plassar sør i Trøndelag. «De va berre så dælåin rann», kan det heite. Ut av munnen på typiske dælkallar kan det renne tobakksdæler. Til å samle opp sikkel kan ein også bruke ein dælklut eller dælsmekke (uttalen kan også her vera enten med æ eller e).

I går såg vi at dæle kunne bety bl a liten dal og vassrenne. Ein kunne tru at betydninga sikkel er overt herifra til det som renn i ei dæle. Men ordbøkene (først og fremst Norsk Ordbok) behandlar desse som to forskjellige ord. Verbet å dæle om å sikle er kjent på Nordmøre, i Fosen, Oppdal, Rennebu og Meldal (i allfall). Alf Torp sett dette til eit nordsvensk dialektord dil, v ‘renne seint, drype’ og fører opp ein del andre mulege slektningar. Å dæle kan bety å gje frå seg andre væsker enn sikkel: «han sto og dæla og pissa», og det kan brukast overført om å sikle etter: «han gjekk og dæla på gar’n» (Oppdal, INgeborg Donalis samling).

9.4.18: Dæle

No tinar det og renn vatn over alt. Avrenninga bør vera kontrollert, og da kan vi minne om ordet ei dæle, som oftast betyr ei vassrenne av eitt eller anna slag. Som «Dagens ord» 18.12.13 hadde vi nordtrønderordet kjellardæle, som er avløpsgrøft frå kjellar. da nemnte vi også dråppådæle, som betyr takrenne. Takdæle i same betydning har vi frå bl a Stjørdalsdalføret. Å «fløtt oinda dråppom og poinn dæla» (Meldal) betyr å gå frå vondt til verre.

Ordet dæle er mange plassar også uttalt med e som rotvokal. Det er i slekt med dal, jf. at dæle austafjells kan bli bruka om ein liten dal, eit søkk.

6.4.18: Søgg

Måtte skifte sokkar da eg kom på jobb i dag. Nysnøen hadde gått over støvlane, så eg hadde vorte søgg på føtene. Som de forstår, betyr søgg  fuktig, klam. Det er særleg om klede det er bruka. For eksempel blir ein gjerne søgg på føtene når ein går ei stund i gummistøvlar. «Kleda deira vart etter kvart søgge av den rå dampen» (Torvald Sund: Haustsommar i fjellet, s. 60). I eit dikt i samlinga «Kvardagskvede» fortel Bjarne Østbø om ei brok som er «søgg så det dryp».

Ordet finst først og fremst nordafjells, frå Romsdal og nordover, og tek med seg Østerdalen. det er eitt belegg frå Stryn, og vidare finst det i ei gammal ordsamlling frå Nordhordland ca. 1750. Dermed kan det nok ha gått lenger nedover Vestlandet i eldre tid. Uttalen varierer ganske mykje. Det kan vera ein vokal mellom ø og æ (sögg), eller meir mot æ (sægg), også med diftong saugg eller søygg, somme plassar også sågg. Her og der har vi også søggd med d.

Når det gjeld opphavet, viser ein gjerne til islandsk söggur i same betydning, så det må vera gammalt. For vidare etymologisk samanheng kan ein jo slå opp i Alf Torps etymologiske ordbok, nedst på denne sida: http://www.edd.uio.no/perl/search/objview.cgi

5.4.18: Oppstadføre

I ein kommentar til «Dagens ord» i går nemner Steinar Ranes frå Surnadal «øvståfør» om skareføre som ber ein vaksen person. Ordet er også kjent for Gunnvald Bøe. Same ordet brukar N. Leirvoll i eit stykke i «Du mitt Nordmøre» i 1970; det er vel heimkjøring av markahøy på vinterføre det er tale om: «veret var slik at vi kunne rekne med øståfør» frå litt over midnatt og til klokka var 8-10 om føremiddagen» (s. 16). I samlinga «Ord te gagns» frå Surnadal finn vi også «øståfør» om skareføre som ber folk og hest. dessutan «øståfer», definert som «det å gå oppå skaresnøen».

Første delen av desse orda er her tolka som «øvst-å» (øvst oppå). Dette trur eg knapt nok kan vera rett. Eg kjenner ikkje til andre ord som er laga på den måten. Meir sannsynleg er det at vi har ein uttalevariasjon eller ei omtolking av oppstadføre eller oppstøeføre. Begge desse er oppslag i Norsk Ordbok, det første med heimfesting til Rissa, Melhus, Selbu, Bardu, Målselv og Senja, det andre til Bolsøy, Stadsbygd, Rissa og Leksvik. Heimfesting til Surnadal er ikkje komme med, men belegget frå «Du mitt Nordmøre» som er nemnt ovafor, er teke med som litterær kjelde i artikkelen oppstøeføre.

I tillegg til dette har vi oppstøing i same betydning, med spreidde belegg frå Kvam i Hardanger i sør til Saltdalen i nord. Det er også innslag frå Nordmøre, og da kan vi ta med litt frå Sivert Todals skildring av markahøykjøring, i ein seinare årgang av «Du mitt Nordmøre»: «på etterjulsvinteren var det mange gonger skareføre og oppstøing, og da var det fint å køyre heim høyet frå stakksletta til fjells» (1980, s. 26). Hans Ross («Norsk Ordbog», 1895) har oppstøe (hokjønn) om det same, frå fleire stader på Vestlandet.

4.4.18: Avrong eller avronge

Gunnvald Bøe kjem inn på dette ordet i ein kommentar. Som han seier, er det nærmast det motsette av brotføre, for avrong er hardfrosen snø som ber godt. Det er snakk om å gå eller kjøre «på avrångja». Ordet synest avgrensa til Sunnmøre og Fjordane, og er ført opp i band I av Norsk Ordbok med oppslag avrang og avrange. Det kan nok vera rett, med tanke på den vanlege lydutviklinga i sekvensen -ang i dette området. Men nokon plausibel etymologi for ordet har eg ikkje sett. Fleire informantar opplyser at ordet er på veg ut av målet og blir erstatta av skare, skaresnø o.l. Andre vil nyansere, slik at avrongen er hardare og ber betre enn skare.

3.4.18: Brotføre

Gjennomslagsføre. Skareskorpe som er så tynn at ho ikkje ber, slik at ein dett gjennom. Det kan også vera brukt om islag på veg, der hesten trør gjennom. Ivar Aasen fører opp ordet utan heimfesting, men målførebelegga konsentrerer seg om Vestlandet og Trøndelag. Så er det registrert frå Rauland i Telemark, og eit par plassar i Nord-Norge (Beiarn, Malangen). Brot(t)- heng saman med å bryte, så ordet viser at ein bryt gjennom skorpa. I indre trønderske mål har vi varianten bråttåfør, som eigentleg fell under ei normalisert form broteføre. Det same gjeld bråttafør somme plassar på Nordmøre, og brotaføre i Hardanger og Ryfylke. Her er eit sitat frå Ola J. Rise: «med høgre solgonge og nattfrøst vart det bråttåfø’r, det bar og slo-ne til skiftes, så hesten rauk gjennom klankinn» (Oppdalsboka I, s. 101).

27.3.18: Kravkose («kravkåsæ»)

Vassdam på isen. Når det kjem vatn i snøen som har lagt seg på isen, blir det krav (is- og snøsørpe), og dei vassdammane som dannar seg i dette kravet kallast kravkåsæ. Einaste kjelde for ordet er Mary Boldermos ordsamling frå Hemnes i Nordland. Andre leddet har truleg å gjera med kos eller kose ‘dyngje’.

26.3.18: Vårvall

Blautt føre av smeltande snø i vårløysinga. Nordmørsord, og truleg ganske lokalt for Surnadal kommune. «Det e sluspe før ti se vårvalla», skriv Bjarne Østbø på ein setel. Også usamansett vall, men her kjem Sauda i tillegg, med forma vadl. Dette er våt, roten snø som er tung å ferdast i, og da kan vi truleg vise til substantivet vodul (vaul), som kan bety vading i djup snø. Dermed blir det slektskap med å vada, og med val ‘vadestad’.

22.3.18: Jamrodd

2. mars hadde vi skeivrodd og skakkrodd som «Dagens ord». Men vi har også komme over eit ord for å karakterisere båt som går beint, så sant årane på begge sider blir brukt med same kraft. Jamrodd i slik tyding finn vi i den store ordsamlinga til Audun Fitje frå Gloppen. Elles kan det nok bli sagt om to personar som er like flinke til å ro, at dei er jamrodde. Og Ivar Aasen har «jamrødd», forklart som «jævnt besat, om en Baad med duelige Roere for alle aarer».

21.3.18: Læslarki

«Skiftande over til mildvêr» er definisjonen Norsk Ordbok bruker på dette sjeldne ordet, som er registrert berre frå Budalen. Først av Ludvik Enmo i hans «Ordliste til målet i Budal i Sør-Trøndelag», og deretter av Hallfrid Christiansen. «Æ de søm læslarki att?» er Ebnmos eksempel, mens Christiansen skriv «være æ læslarki». Læ- som i læ-ver ‘mildvêr, norrønt hlær ‘linn, mild (om vêret)’.

19.3.18: Snødynt

Det kom ein såpass snødynt i natt at vi må ta ein liten reprise på dette ordet, som også var «Dagens ord» tilbake den 5.12.2013. Vi får prøve å seie litt meir om det denne gongen. Dynt eller snødynt om stort snøfall har eit kjerneområde i Trøndelag, og så går det litt utanom både i sør (Tynset) og nord (Velfjord). Her er eit sitat på gammaldags klæbygg: «når det bærre bar-te så la’n ned dinn ein dyntjn vær einn din ainner» (Klæbu historielag, årsskrift 1988, s. 14). Oftast vil ein med snødynt meine stort snøfall, men det går nok også an å seie «det kom ein liten snødynt».

Ordbøkene viser blant anna til norrønt dyntr ‘slag, støyt’ og dansk dialekt dynte, v ‘strø’. Dynt er truleg rotbeslekta med å dette; jf. at eit snøfall også kan bli kalla ein snødett.

16.3.18: Harrajømmer

Kjent låt som kan hørast på ettervinteren og våren. Folk har meint at dette var hoharen («jømmer» = hosau), men i røynda er det lokkeropet til perleugla. I denne forma er ordet reint nordmørsk, men vi har hårråjømmer eller hårråjemmer på trøndersk område i Oppdal og Orkladalføret.

Det mest kjente namnet på dette er nok elles harehukra. Andre namn på dette er f eks harageit (Sunndal, Øksendal, Voss), hårråhykje (Selbu, Tydal)og haretutre (Hedalen i Sør-Aurdal).

15.3.18: Kattmånad

Anna namn på klomånaden mars, når katten har brunsttid. Ordet er kanskje først og fremst kjent frå Trøndelag. Norsk Ordbok fører opp Jølster i tillegg. I arkivet til same ordbok er det også eit belegg frå Bø i Telemark. Det kan nok gå litt vidare enn som så. For eksempel brukar frfattaren Torbjørn Hovde frå Ringsaker det i debutromanen Maur, det handlar her om ein svigerfar og svigerson som ikkje akkurat er på godfot: «Dei var som to fule hannkattar som sat og vakta på einannan på kvar sin kant og ulte og kvæste litt. Men ingen av dei våga liksom å vise klør. Det var ikkje kattmånad no» (s. 178-179).

Eit anna ord for kattmånad/klomånad er trillarmånad, belagt berre frå Dovre, også hos forfattaren Ragnar Solberg, som skreiv på dovremål: «trillarmåna’n åt klodyrom».

14.3.18: Klomånad

I desse dagar er det sikkert mange som opplever konsert frå remjande kattar med løpetid. Klomånad eller klomåne er den månaden da klodyr parar seg. Oftast reknar ein med at dette er mars månad, men somme vil også ta med februar. Ei oppskrift frå Kinsarvik har «klomånarne» (fleirtal) om månadene frå desember til mars. Stundom ser det ut til å ha vore ein del av det gamle månadssystemet, slik at klomånaden har vore det same som gjømånaden, frå om lag midt i februar til midt i mars. Her er eit høveleg eksempel på bruken: «Jentene ifrå bygda renner til mest som lauparkattane i klomånaden» (Ingeborg Åsen Vatten: Ales lengtar, s. 109).

Norsk Ordbok heimfestar ordet klomånad spreidd over store delar av Sør-Norge, men med store hol i belegga, og ikkje nordom Sør-Trøndelag.

13.3.18: Skjænnis

Tynn, blank, nylagt (gjerne nattgammal) is på still sjø eller stilt vatn. Kan også vera eit lag med slik is oppå annan, gammal is. Trønderord, men ikkje brukt i heile Trøndelag. Det er først og fremst Fosen og Innherred. Uttalen kan også vera «skjennis». Første leddet er sannsynlegvis skin, og meininga at det skin gjennom. Norsk Ordbok normerer det da også til «skinis». Men det finst også ein uttale «skjeinis», og det ser ut til at den er mest brukt på Innherred. Sekundært har det vorte laga eit verb til dette somme plassar: «i natt hi ‘n sjeina» (Verran), eller det «sjenna åver» (Agdenes).

Denne isen kan vera nesten usynleg, og farleg for mindre farkostar. Han er kvass i kantane og kan skjera stygt i borda på trebåtar.

12.3.18: Pipis

Lokalt ord frå Hølonda (men ikkje komme med i den elles framifrå ordsamlinga «Hølonding»), forklart slik av Signe Aal i brev 2.9.1996: «Når vatnet la seg utan at det kom snø, vart det tånnåris. Eg er vaksen opp femten meter frå vassmålet, så eg har høyrt levenet når tånnår-isen legg på seg. Når våren kom kalla me han for pip-is. Han løyste seg opp i småbitar som likna røyr, og som rasa sund når noko kom borti dei. Men når vårvinden jaga bylgjene mot iskanten, vart det vakker klokkemusikk og isen laut gje seg.» her ser vi ho også kjem inn på «tånnåris», jf. «Dagens ord» 9.3.

Norsk Ordbok har ei tyding av pipe som tilsvarar dette, i fleirtal om «røyrliknande biotar av is som held på og løyser seg opp»

9.3.18: Tinaris

Det vi vel må kalle eit regionalt avgrensa ord, til Trøndelag og Nordmøre, for blank, hard, sterk is, altså det same som blåis eller stålis. Førsteleddet er tinar ‘hard ved i skeivvakse eller bøygd bartre’. Uttalen varierer deretter: tennoris eller tænnoris i ytre strøk, tånnåris, tunnuris eller tonnoris i indre. Pluss eit par særformer som tønneris i Meråker og tjunnuris i Lierne.

8.3.18: Seieris

Tynt islag på dam o.l., som gyngar når ein går på det. Enten når isen legg seg om hausten eller når han er i ferd med å gå opp om våren. Ordet er kjent frå Austlandsområdet, f.eks. Eidsvoll, Stange, Aurskog og Oslo. Også belegg frå Tveit i Aust-Agder. Da kunne ungane «løpe seieris» frå isflak til isflak (Oslo).

Det har nok ingenting med seier (siger) å gjera, men snarare med seig ‘som kan bøyast lett utan å knekke’. På Hvaler var det snakk om å «leke sei-is», og frå Grue hører vi om å «trå seigis». Det gjekk for når det fraus til etter mildver og danna seg is på dammane ute på jorda. Da gjekk ungane utpå og huska til isen ga seg og gjekk i bølger. Så gjaldt det å komma seg på tørt land!

6.3.18: Kvervpinne

Forklart slik i samlinga «Dialektord fra Osen», som kom i fjor: «Pinne som festes på sida av kjølen på en kværv båt, så båten går beint».  Det stemmer med det eg fekk opplyst på ein dialektkveld der oppe 4.5.2012. ved same høvet var det snakk om «kvervstyre» – styre med kvervpinne.

Ei enda meir detaljert forklaring kom Johan Haugsand frå Linesøya med i Dialektmagasinet 5.5.2000. Kvervpinnen er oval, slett på ei side, tverr i den eine enden og spiss i den andre. Den vart brukt til robåtar som ikkje var beine i kjølen, påslått på motsett side med tverrenden fram. Dette hadde han etter bestefar sin, som døde i 1956, nesten 90 år gammal.

5.3.18: Knerodd

Her har eg henta fram ein gammal e-post frå Gunnvald Bøe. Han prata i juni 2008 med Jon Nordvik frå Kvenna i gamle Stangvik kommune på Nordmøre, og fekk opplysningar om ordet «knerodd». Eg siterer: «Ein båt er knerodd når den som ror slær nevane/åralommen i knea for kvart åretak (da er tofta feilplassert eller rorsrommet for kort i høve til han som ror)».

I arkivet til Norsk Ordbok finn vi dette ordet frå så spreidde plassar som Ullensaker, Porsgrunn, Bremanger, Suldal, Sande på Sunnmøre og altså Stangvik. Gudtorm Bugen frå Aure skriv om «ein liten knerodd og kvervrodd trebandsfæring» i avisa «Driva» 8.7.1980. Ordet er nok enda meir utbreidd. Asbjørn Klepp forklarar det i boka «Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag»: «Særlig på de lave småbåtene var det viktig å ha tiljene lavest mulig så ikke båten ble «knerodd», det vil si at beina kom så høyt at årelommene slo i knærne i framtaket» (s. 80).

Kverv og kvervrodd er det same som skeivrodd, sjå «Dages ord» 2.3.

2.3.18: Skeivrodd og skakkrodd

Merkelg nok var det ikkje andre enn sunndalingar som kjente til ordet «skeivrent»; i alle fall etter kommentarane å dømme. Men artig at fleire syntest det var eit godt ord og vil begynne å bruke det. Elles vil jo skakk-kjørt vera naturleg å bruke i ein slik samanheng, som fleire peiker på. No til eit anna ord som beskriv farkostar som går skeivt. Ein båt kan vera skeivrodd – altså at han er vanskeleg å få til å ro beint fram. Ordet har nyare målførebelegg frå Oppdal og Stryn (sikkert ganske tilfeldig), og så har Hans Ross notert det frå Dalane i Rogaland. Skakkrodd betyr akkurat det same. Det ser ut til å ha eit litt betre liv på trykk. Her er eit eksempel frå Jacob Hilditch: Sjøfortellinger, bd 2 (1945), det er ein eldre båtbyggar som er kommen til bygda og tek til med handverket sitt: «Og ungdommen stod og gjønte med ham: – Stevntrærne står ikke rett på kjølen, Bernt. Båten blir skakkrodd den!» (s. 19). Frå Vest-Telemark fører hans Ross opp forma skakkrødd.

1.3.18: Skeivrent

Får vone dei ikkje har ronert sparkføret med strøing riktig alle sta’n. Om det var ein spark som hadde lett for å dra til sides, sa vi på mine heimtrakter at han var skeivrent. Det rare er at eg finn ikkje andre belegg på dette ordet. Det kan da ikkje vera berre i Sunndalen og Øksendalen vi har plagast med slike sparkar? Kanskje det kan finnast andre ord for det?

28.2.18: Glåmskåp

Betyr fleire ting: Den eldste er truleg skåp med kikhol og linse som gjer bilda inni fleirdimensjonale, ofte kalla «titteskap». Somme for rundt og «opptrådde» med slike mot betaling, under martna og andre passande høve. Frå Hemne kjem uttrykket «sett i glåmskåpa» – sitte og bli glodd på av mange, f.eks. om ei brur. Det har vel også forekomme som namn på stereoskop. Vidare er/var det også bruka om skåp med dør (og tak og vegger) av glas, også kalla vitrineskap, eller ei oppslagstavle med glas framom. I meir moderne tid har det også komme i bruk om fjernsynsapparatet. Eit menneske som står og glor og kopar, kan også bli kalla ein glåmskåp.

27.2.18: Meinstire

Fleire interessante reaksjonar etter saustiren i går. Anne Mari Svinsaas nemner «menstir» frå Meldal, og det stemmer godt med andre opplysningar. Vi finn det også i bøkene til faren, Ingvald Svinsaas, pluss andre forfattarar frå området, som Astrid Krog Halse og Olav Berkaak. Ivar Aasen har det frå «Orkd» (Orkladalføret) med forklaring «stirre uafbrudt paa noget», og det er belagt i nyare materiale frå Meldal og Orkdal og gamle Orkland kommune. Elles er det arkivopplysning på det frå Oppdal, Hemne og Valsøyfjord. Deretter må vi gå til Sunnmøre og Nordfjord for å finne det att. Mein- er vel her forsterkande, som i meinhalde. Elles har vi fått bekrefta «benstir» (beinstire) frå Oppdal og Rennebu. Inge Krokann bruker også denne varianten, og her er det elles arkivopplysning frå Hemne og Mosvik. Sjølsagt er nistire eit vanleg ord, men også einstire har vore sagt mange plassar. Åse Halse oppgir glåmstire etter mor si, og da har vel ho brukt det i sitt målføre frå Øksendalen. Akkurat denne samansetninga er ikkje belagt elles, men å glåme er jo velkjent.

26.2.18: Saustiren

Tomt, stivt blikk ut i lause lufta. «Har du fått saustir’n?» kan ein spørje folk som står og koper, enten fordi dei har falle i tankar, vorte overvelda eller kva som kan ligge til grunn. I følgje Norsk Ordbok finst dette uttrykket spreidd rundt ikring i Sør-Norge, med flest belegg på Vestlandet. Det står også i ei ordsamling frå Salten. Mange plassar kallar dei det også for geitstiren, eller meir sjeldan bukkestiren. Desse talemåtane bygger sjølsagt på observasjonar av sau og geit. Men også grisen kan oppføre seg slik, og i eit sørleg område kan dei snakke om suggestiren (Vest-Telemark, Setesdal, Vennesla, mange stader i Rogaland).

21.2.18: Få ein sokndaling i halsen

Fleire har komme inn på dette uttrykket når vi har tatt for oss ord for å vera hås. Men når ein har fått ein sokndaling i halsen, er det helst tale om ein slimklump, som gjer at ein må hoste og harke. Dette er helst i dei næraste nabobygdene, som Rennebu, Orkdal og Singsås. Men det mest vanlege blant trønderar er at dei får ein stjørdaling i halsen. her er det nok også eit ordspel på stadnamnet Stjørdalshalsen ute og går. Oppdalingar får sunndalingar i halsen, og på Nordmøre får ein gjerne romsdalingar på same plass. Fleire eksempel: på Byneset får ein leinstrandingar eller staværingar, i Sparbu får ein ogndalingar, og på Steinkjer kan ein få overhallningar. Mønsteret er ikkje ukjent i andre landsdelar heller – på Toten kan det heite at ein har fått ein valdris i halsen.

Ola Stemshaug har i boka «Norske innbyggjarnemningar i overført tyding» (2002) kartlagt blant anna denne forma for nabohets.

20.2.18: Råm (adj)

Hås, gruggen, uklår i målet/halsen, helst fordi ein er forkjølt. Når ein er råm, har ein ikkje direkte vondt i halsen, men det er noko grums nedi der. Ordet finst spreidd i tradisjonelt mål frå Valdres, Hallingdal, Telemark, Setesdal, spreidd oppover Vestlandet med bra dekning på Sunnmøre, litt i Romsdal og på Nordmøre, og inn i Trøndelag med Oppdal, Rennebu og Meldal, før det gjer eit hopp og dukkar opp att i Sørli. Forfattaren Olav Berkaak bruker det: «gusten og råm i målet» (Riaren, s. 128). Rikard Berge fortel at fela til Myllarguten var råm ved eit høve. Da let ho nok ikkje optimalt. Somme plassar har dei avleiinga råmen: Alvdal, Lårdal, Suldal, Nordmøre og Bardu etter Norsk Ordbok. Også somme svenske målføre har råm.

Dette er gammalt ordstoff, for vi finn rámr både i norrønt og islandsk. Etymologisk slektskap med remje.

19.2.18: Prestesjuke

Det å vera hås og mållaus, vel ein slags kronisk halskatarr, på grunn av at ein har brukt stemma feil eller røynt ho for hardt. Særleg prestar og lærarar var utsett for dette. Det er nok ikkje noko typisk dialektord, for det finst i eldre lærebøker i stemmebruk. Dei har det også i dansk: «præstesyge». Norsk Ordbok fører opp målføreheimfesting frå Sparbu («præstsjuka») og Fyresdal. Nyleg har eg også hørt det i eit opptak frå Tranøy i Troms. Prestesjuke er ei folkeleg nemning; faguttrykket for dette er fonasteni.

16.2.18: Vindbert

Det har vore mykje stri vind i det siste, og da passar det vel å minne om eit adjektiv vindbert (oftast brukt i inkjekjønn «vindbert», «vindbart»). Det kan definerast omtrent slik: «som ligg ope, utsett til for vinden». Bruken går fram bl.a. av eksempel som dette: «at folk kunde busetje so villt og vindbert til» (Tore Ørjasæter: Uppheimen på Sandnes, s. 28). Uttrykt med substantiv kan slike plassar få nemningar som vindhol, blåsterhol (sjå Dagens ord 2.2.15) og rokkhol (sjå Dagens ord 17.6.16).

15.2.18: Kalvsenene

Som det heiter i Norsk Ordbok: «sener som  sener som går mellom den ytre kanten av krossbeinet og dei øvre kantane av bekkenbeina hos ku». Ordboka har målførebelegg frå indre Nordmøre og frå Bjørnskinn i Vesterålen. Når kua «ha lagt kalsænninn» (Stangvik) eller «slæft ne kalsænann» (Sunndal) har ho slakka desse senene og er ferdig til å kalve. På fagspråk er kalvsenene kalla bekkenband.

14.2.18: Eggvon

Som apropos til kalvsleie i går, kan vi nemne at dei tilsvarande hos sau og geit, lamvona og kjellingvona, var behandla som «Dagens ord» 11.5. og 12.5.2014. Om von i denne tydinga kan de sjå i Norsk Ordbok, artikkelen II von, tyd 6.

Men det var egg(e)vona det skulle handle om i dag. For det første er det egg som held på og utviklar seg i høne (eller andre hofuglar). Norsk Ordbok fører opp dette frå Ringsaker, Nord-Gudbrandsdalen og Røldal. Ein kan oppdaga det i slakta høner. Slik må ein vel også tolke «eggie-voner» (altså i fleirtal) i Knud Leems ordsamlingar frå 1740-åra. I ei lærebok i husdyrstell frå 1936, som blant anna tek for seg fjørfe, heiter det at «kvar follikkel inneheld ei eggselle (eggvon, eggemne). Det er funne optil 4000 – 4500 eggvoner i eggstokken hos hønekjuklingar».

Det finst også i ei anna ordsamling frå 1700-talet, med ord mest frå Nordmøre. Her er «eigvonan» (også fleirtal, ordet er gjerne brukt slik) definert som «det i Høner og andre Fugle, som Æg bliver af». «Æggestokker?» står i parentes.

Fleire målføreopplysningar frå nyare tid går ut på at eggvona/eggvonene er nettopp eggstokk hos høne (Ålvundeid, Soknedal, Horg).

13.2.18: Kalvsleie (-lægje)

Livmor, fosterleie hos ku. Tradisjonsord som kan vera ganske mykje omforma slik at opphavet blir noko kamuflert, som «kassjle», «kæssjle» i somme trønderbygder, «kæssjleger» (Fron) og «kersele» (Rana). Stundom også utan genitivs-s, som «kælleie» (Horg). Ikkje sjeldan brukt i fleirtal, som «kallsleiene».  Somme vil også kunne bruke dette ordet om fosterhinna eller etterbyrden.

Det hender  at kalven ligg gale, slik at kua ikkje får han ut. da kan det vera «kast på kasjelle» (Hitra) eller «snar på kasjlee» (Snillfjord). Da kan ein måtte inni og snu på kalven. Ei råd for å kurere dette, var å rulle kua nedover bakken, fortel ein informant.

Etter kalving kan det hende at livmora sig fram og kjem ut, at kua kastar eller har frå seg «kalsleiet», og det kan vera livstruande.

12.2. Kvikkalva/kvikkjelvd

(om ku) som går med levande kalv; ein merkar at fosteret begynner å røre på seg. Da reknar ein ho gjerne som halvgått. Begge orda er funne spreidd over store delar av Sør-Norge, kanskje slik at andre leddet -kjelvd særleg har (hatt) fotfeste i dialektar som elles er kjent for å halde på tradisjonelle former. -kjelvd, som er avleidd av kalv, er nok eldre som type enn -kalva. Det går inn i Sør-Trøndelag (Hemne pluss indre dalbygder) som kvekkjæld eller kvekkjælt; i Ålen kvikkjæld.

Første leddet er adjektivet kvik, her i betydning ‘levande; som har liv’ (om foster). Det er same ord som kvikk ‘kjapp, livleg’.

9.2.18: Krøppelkalva

Veldig sjeldan ord, som Hallfrid Christiansen skreiv opp på Bjøllånes i Dunderlandsdalen i 1947. Setninga ho noterte ned, lyder «e ho så krøppelkalva?» Forklaringa er følgjande: «har hun så vanskelig for å føde barn? (vel egl. brukt om kuer, spøkefullt om kvinner)». Ordet er ikkje komme med i Norsk Ordbok, kanskje fordi det har vore for lite av støttande materiale. Eg finn det heller ikkje i setelarkivet, men håpar jo at det ligg ein stad i språksamlingane som vart flytta til Bergen. Det finst i alle fall ein kopi her i Trondheim. Førsteleddet må i alle fall vera beslekta med krøpling.

8.2.18: Komdere

«De e makta som komdere», sa kall’n, han kasta ut katta. Munnhell, her i form frå øvre Melhus. I.O. Rokkones har det slik, frå Rennebu: «Makta komdera, sa’n Frik da’n kasta ut katta».

Her møter vi ei samantrekt form av  verbet kommandere, som er typisk for eldre mål i Trøndelag (og somme plassar på Nordmøre). No til dags seier ein vel helst kommandere, men den eldre forma kan henge att nettopp i slike faste uttrykk og seiemåtar som den vi begynte med. I Oppdal har «komder» og «konder» levd ved sida av kvarandre. Kondere har vi også frå Romsdal og Telemark, og kundera frå Voss. Ei litt merkeleg blandingsform konordere er skriven opp frå Nesset i Romsdal.

Sønnafjells har dei gamle dialektformene av dette ordet gjerne ein e inni seg: kommedere, kummedere. Slikt finst også i Nord-Norge. Enda meir «fullstendig» er kommendere, frå Hedmarka. Former med -e- inni er ikkje heilt ukjent i trøndersk heller, som vi kan sjå av ein versjon frå Inderøya, etter Ottar Aas: «makta kommedere, sa kaill’n da’n høvd ut katta».

7.2.18: Korsgå

Lokalt ord frå Frol og Verdal, i alle fall i den tydinga som er oppgitt: slenge med føtene inn og ut når ein har gått langt og er trøytt.

Lokalt er nok også å korsbera for å korskaste, frå Tresfjord i Romsdal, innsendt til Norsk ordboks arkiv: «du slit ut skonan din når du gjeng og korsber føt’n».

6.2.18: Korskaste (krosskaste)

I går såg vi at dette kunne bli brukt på same måten som å korslegge, å «legge over» i svingane på skeisebanen. I kommentarane kom det inn både å «krässkast» (Oppdal, Erik S. Viken) og å «korskast fotom» (Rennebu, Randi Olise Hoel) om det.

Å korskaste betyr elles meir allment om å legge eller slenge noko i kors. Kanskje aller mest om å legge den eine foten over den andre, å korskaste føtene. Det kan også bli sagt om å sitte med føtene i kryss under seg, i «lotus-stilling» («sitte finn», som det også er kalla). Somme plassar vil dei særleg kunne bruke det om å gå slengete, sleivete, ustødig, å snuble i eigne bein. her er eit sitat frå Ola Setrom: «eg er så god springleik-dansar som det går i eit par heimegjorte skor, farr! Men på deg vil berre føtene krosskaste seg når du skal tvinne snuen!» («Der straumane møtest», s. 179). Krosskasta finst også i færøysk.

Norsk Ordbok har ei målføreopplysning frå Hornnes i Aust-Agder om korskaste i tyding gå fiskebein, på ski. Det brukar også Fritz Huitfeldt i hans «Lærebog i Skiløbning» (1896).

Så legg vi merke til dativbruken i «korskast fotom» (med dativ fleirtal) frå Rennebu. Det blir vel ein såkalla instrumental dativ. «Korskast fotåm» er registrert frå Oppdal, og eg kjenner «korskast foto» frå Sunndal og Øksendal. I Valdres og Hallingdal «krøsskaste føto».

5.2.18: Korslegge

«Legge over» i svingane når ein går på skeiser. Dette uttrykket ser ut til å ha vore det vanlege om svingskjærteknikken i Trøndelag og på Nordmøre. I Agder og somme plassar på Vestlandet har dei sagt å korskaste eller krosskaste om dette. Heime i Sunndal meiner eg å ha hørt «å gå korssvingen» i tillegg til å korslegge. Å korslegge attåbak er også eit begrep, men det er vel helst kunstløparar som meistrar det.

Korslegge kan sjølsagt også brukast meir allment om å legge noko i kors, enten det er kroppsdelar eller ting. Frå Frøya har vi det om å gå ustødig, snuble i eigne føter, og frå Surnadal om å få den eine skia over den andre, noko som av og til skjer.

2.2.18: Kyndelsmessetøy(r)

Mildvêr rundt kyndelsmess (2. februar). Kyndelsmess var ein av dei store, gamle merkedagane. Da skulle halve vinterfôret vera att, bjørnen skulle snu seg i hiet m.m. Og det var knytt varsel for kommande års avling til vêrlaget på denne tida, f.eks. «kyndelsmesstøy gje frøsse konn og røtte høy» (Gauldalen), «kynnelsmesstøy skal gi grønt korn og råtte høy» (Bjørnør), «kyndelsmesstøy gje omåttå konn og rotte høy» (Orkdal). Men det kunne også vera omvendt: «kyndelsmesstøy e ber enn honner lass høy» (Sandvollan).

1.2.18: Kyndelsmess-skorpa

Skareskorpe som dannar seg rundt kyndelsmess (2. februar). Ordet er registrert frå så spreidde plassar som Ullensaker og Beitstad, og det er knytt til eit gammalt merke som seier at denne skorpa skal bli liggande midt i snøen. Det skal altså komma like mykje snø etter kyndelsmess som før. Denne tanken er meir utbreidd; det kan f eks heite at den barnåla som fell på snøen ved kyndelsmess, skal bli liggande midt i snøen til våren. Frå Orkdal har vi fått namnet kyndelsmess-snerken, som er det same som -skorpa.

Andre har rekna med at det skal komma like mykje snø etter trettandedag jul som før, slik at trettendags-skåa blir liggande midt i snøen. I Budalen opererte dei med midtvinterskåa rundt 20. januar. Det er også ei opplysning om midtskåa frå Verdal, men ikkje når den skulle danne seg. Kanskje verdalingar som følgjer med på dette, kan hjelpe?

Om ei uvêrsri rundt kyndelsmess (kyndelsmessklumpen m m) sjå «Dagens ord» 4.2.2015.

31.1.18: Mellomberr («meillabærr»)

Vi får ta med oss eitt ord til likevel i denne «gata». Når ein har berr hud mellom klesplagg, særleg mellom trøye og bukselinning, seier dei i Nord-Norge at ein er eller gårr «meillabærr». Det kan også vera når ein har glipe mellom sokk og nedre kant på stillongs eller langunderbukse. Da har ein «sige sund», som det heiter på mine kantar, eller har ei «meillaglæbb» (mellomglipe, Nesna). På Hølonda var det i slike tilfelle sagt at ein «ser dagranda».

Ordet «meillabærr» er typisk nordnorsk, men er kanskje i ferd med å spre seg litt sørover. F.eks. er det notert ei dialekttilpassa form «millombærv» frå Verdal.

Ein annan bruk av ordet er når det er snøflekker innimellom. Og så er det brukt når det er mellombels tomt for noko. Folk kan bli «meillabærr» når dei er utan arbeid for ein periode, og ein kan også bli «meillabærr» med f eks lege når ein ventar på å få ein ny i stillinga. Dette er fullt levande, etter nordnorske aviser å dømme.

30.1.18: Berrlegg(j)a

Det har komme fram mange eksempel på slike samansetningar, og vi avsluttar denne sekvensen med berrlegg(j)a, som logisk nok betyr ‘med berre, nakne legger; utan sokkar e.l. Som i dette sitatet frå Arvid Hanssen: «Eg var berrføtt og berrleggja, hadde ikkje anna enn kortbukse og skjorte på» («Langt nord i verda», s. 53). Ordet har nok ingen spesiell geografi, men finst i alle landsdelar. Sisteleddet kan bli uttala -legga/-lægga eller -leggja/-leddja e.l., og førsteleddet kan ha forma bar-; f.eks. har eg notert «barlægga» frå Sørli.

Samansetningar som berrlegg(j)a, berrhendt osb. fortel om ein karakteristisk eigenskap, og er av ein type som på fagspråk kallast «bahuvrihi». Dette er eit sanskrit-ord som eigentleg betyr ‘som har mykje ris’. «Possessiv samansetning» er eit anna uttrykk for det. Ein brukar det gjerne om samansetningar av to substantiv, som «kortskalle», «gråbein», «raudstrømpe», men også om slike som «berrlegg(j)a», der førsteleddet er eit adjektiv og andreleddet ei avleiing: Andre eksempel er «godhjarta», «sidrauva», «breibeint», «storromma».

Kan også nemne at «berrlest(a)» var i hovudinnlegg på denne sida 28.11.12, for den som orkar å bla tilbake.

29.1.18: Berrhendt

Med nakne, udekte, berre hender; utan vottar e l: gå, arbeide berrhendt. Ordet er visst vanleg over heile landet. Elles finst variantar som berrhend(t)es, som etter Norsk Ordbok er ganske utbreidd, og i Lofoten og Vesterålen også berrhanda og berrhender. Barhendt har vi sjølsagt også. I dansk barhåndet og meir sjeldan barhændet.

Siste leddet er avleidd av hand, på same måten som f eks finhendt og tomhendt. Her er eit sitat av Johan Falkberget, i eit brev frå 1956: «Ennå er jeg heldigvis «hælu på fingrom», jefg har da klart å greie på gampen i 39 graders kulde».

26.1.18: Berrhaua (berrhovda)

Utan huve, hatt e.l.; berr på hovudet, mest i seiemåten «gå berrhaua» e.l.. Ordet verkar vanleg over heile landet, men sjølsagt med masse dialektvariasjon, særleg i sisteleddet. Berrhaua/bærhaua er typisk for det nordafjelske. På Austlandet er det gjerne -hua (også «barhua»). Oppslagsforma i ordbøker, berrhovda, finst særleg i litt konservative mål både vesta- og austafjells. I Inner-Namdalen har sisteleddet forma -huva. «Barhoda» finst også, bl.a. i Finnmark. Somme plassar har dei ei litt anna ordlaging: berrhuggu e l i Hallingdal, Valdres, søre Gudbrandsdalen, Tydal og Snåsa, og berrhuggus(t) i Gudbrandsdalen og Folldalen.

Den norrøne forma er berhǫfði, og det er interessant at forma bærhaui er registrert frå Hegra (i lag med det vanlege «bærhaua»).

Før i tida var skikken at ein skulle ha eitkvart på hovudet. Ein eldre kar frå mine heimtrakter hadde gjort seg ein tur til Sunndalsøra, og vel heimattkommen vart han spurt om han hadde treft folk. «-Ja, det var no han NN som gikk og gjor-se-te bærhaua!» I Ålen er det ein tradisjon om «berrhugguleka» – ved visse dansar var det skikk at ein skulle ta av seg huva.

25.1.18: Tråvêrssol

Vi var inne på at ringar rundt sola kan varsle tråvêr. Somme plassar har ein ordet tråvêrssol nettopp om dette, eventuelt om lysstriper attmed sola, eller at det ser ut til å vera fleire soler; det fenomenet som heter bisol. Tråvêrssol er kjent frå Snåsa, Røyrvik og Namsskogan, og så går det inn på helgelandsk område i Velfjord. Dette var «Dagens ord» også 27.2.14, men det kan passe å repetere det no.

Bisol har vi også skrive om før: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/12/29/bisol-eller-versol/

23.1.18: Tråvêr

Nok eit ord som kom opp i kommentarar til «stillkalde» (19.1.). Det vil seie langvarig, stabilt vêr. Somme vil særleg bruke det om vedvarande kalde, andre helst om stødig vind frå same kant gjennom lengre tid, og atter andre om langvarig regnvêr. langvarig tørkeperiode om sommaren kan også kallast tråvêr, da gjerne slik at det skyar opp innimellom, men det blir ikkje nedbør av det. Dette tradisjonsordet ser ut til å ha vore kjent i store delar av Sør-Norge, både på Austlandet, Sørlandet, Vestlandet og i Trøndelag. Det finst alt i norrønt: þráviðri, og sameleis på Island; der helst om langvarig vind frå same kant. Også i svenske målføre har vi ordet.

Nordlys betyr tråvêr, er eit gammalt folkeleg varsel. Eit anna, frå Gauldalen, seier at når det er ringar rundt sola, vil det vêret ein får tredje dagen etter dette, vara lenge.

No har vi hatt tråvêr i lang tid – meir presist tråkalde (Vågå, Tynset), men det er visst omslag på gang.

22.1.18: Klårkalde

Dette ordet kom fram i kommentarane til «stillkalde», som var «Dagens ord» 19.1. Definisjonen seier seg sjøl, det er kaldt og klårt vêr. Norsk Ordbok har heimfesting til Folldal, Tynset, Oppdal, Sunndal og Øksendal, og vi finn det hos forfattarar som Ola Setrom og Ingvald Svinsaas. Skal vi bruke forfattarbelegg, må vi nok også rekne med Nord-Gudbrandsdalen til «teigen» for denne samansetninga, for vi finn henne både hos Ragnar Solberg (som skreiv på dovre-mål) og Vegard Vigerust. Likeeins dukkar ordet opp i Erling og Jarnfrid Kjøk: Ei spelmannsoge, med målføregrunnlag frå Ottadalen.

Ordet «spikarkaldt» har også vore nemnt i kommentarane. den som vil, kan gå tilbake til «dagens ord» 9.12.2012 og lesa om det.

19.1.18: Stillkalde

Slik som vêret er i skrivande stund – kaldt, men utan vind. Samansetninga har vi frå eit nokolunde samanhengande område i Sør-Trøndelag: Oppdal, Meldal, Hemne, Budalen og Singsås (eg reknar med at Rennebu heng seg på). Ingvald Svinsaas har brukt ordet, her i romanen «Med seierslue» – det er snakk om gjenoppbygging etter ein brann, midtvinters: «en fikk håpe på laglig vær, lite stillkalde og lite av snøfokk og nordavær» (s. 113).

Frå Rindal skriv Edgar Kattem om stillkjølt, som vel er akkurat det same.

18.1.18: Kjerringspell

Første omgang i (visse) kortspell, som vanlegvis ikkje tel med. Det skal gjerne vera eit dårleg teikn for fortsettelsen å vinne kjerringspellet, i alle fall seier dei gjerne så, dei som tapar det. Ordet ser ut til å vera mest kjent i Trøndelag, og på Nordmøre. Dessutan er det belagt frå Lærdal. Aasen forklarar det som «simplere Spil (Kortspil)». Ein informant frå Horg beskriv kjerringspellet som første omgang i kule eller femkort når dei spela om kvinnfolk; da var det vanlegvis to omgangar.

17.1.18: Kjerringbriller

Å gjera (laga, sette på) kjerringbriller er å skygge med handa for sola, over augene, det same som å laga solhylle. Eventuelt kan det vera å bruke begge hendene og forme dei som briller eller ein kikkert, for å fokusere. Uttrykket verkar å vera avgrensa til Trøndelag og Nordmøre. Kjerringkikkert blir det same. Det er registrert frå Ryfylke, og da er det ikkje uventa at vi finn det brukt av forfattaren Alfred Hauge: «dei … stod og gjorde kjerringkikkert mot solglimet» («Fossen og bålet», s. 185). Kjartan Fløgstad har også brukt dette ordet, og likeeins Teodor Dahl frå Jæren. Elles er det opplysning om dette ordet frå Tingvoll på Nordmøre, og frå Hitra.

16.1.18: Kjerringheina og kjerringøksa

Å bruke kjerringheina vil seie å kvesse knivar ved å stryke dei på omnsplata eller gruesteinen (i visse tilfelle også trappa, dørhella). Uttrykket er kjent frå Trøndelag og Nordmøre, pluss Os i Østerdalen («kjerringhena frempå stena»). Tilsvarande uttrykk er kjerringbryne frå Stange og kjerringsliping frå Øyer.

Mindre utbreidd er visstnok å bruke kjerringøksa om å bryte kvist e.l. over kneet. Men det er registrert frå indre Nordmøre og somme plassar i Trøndelag.

Sjøl om ordet kjerring i seg sjøl ikkje treng vera nedsettande i tradisjonell dialekt i dette området, har nok desse samansetningane ein slik tydingsnyanse. Men det kan også ligge ein positiv tanke i det, om snarrådige kjerringar som gjorde seg hjelpne med det dei hadde for handa.

15.1.18: Kjerringkast

Brukt om kast (av ball, stein e.l.) med strak, hengande arm, nedafrå og opp. Også kalla underarmskast. Kjent i alle fall frå Nordmøre, Trøndelag, Helgeland og Gudbrandsdalen. Somme vil også bruke det om kast med handbaken i feil retning, eller om eit dårleg kast i det heile. Ordet er sjølsagt frå ei eldre tid med andre oppfatningar av kjønnsroller enn dagens. Her er Leif Halse om «ballslått» i Todalen på Nordmøre i eldre tid: «Når vi slo ball, fekk dråkungane vera med, enda dei lærte aldri å gjera rett for seg i leiken. Ikkje kunne dei slå, og ikkje kunne dei springe i rett tid, og ikkje kunne dei kaste. Dei bruka kjerringkastet alle i hop, og det var så tuppe å sjå på at gutungane lo høgt. Men dråkungane var gilde å kaste etter.» (Kring gamle Tovadal, s. 40).

Kjerringkast har også vore brukt om dårleg reipknute som lausnar, eller om enkel knute på vidjespenning. Men i seinare tid har det komme til ein ny bruk, på festivalar og desslike, som ei øving på linje med kjerringbering/konebering. «Kaillkast» forekjem visst også.

12.1.18: Koleskugge («kuluskuggje», «køluskuggje»)

Som Aasen forklarar det, er jo dette heilt konkret skuggen på baksida av ei kole, ei gammaldags tranlampe (uttala «kolo», «kulu», «kølu» osv.); i norrønt koluskuggi. Der må det nødvendigvis bli nokså dunkelt, og frå Hardanger er det fortalt at dei hengte to koler med ryggen mot kvarandre. Slik fekk dei godt lys og ingen koleskugge. I Fjaler er koleskugge brukt om skuggefulle, nordvendte plassar i terrenget, også i stadnamn. Leif Halse nemner også ein overført bruk, om eit naturfenomen: «små skydottar som stengte for sola og la øyar av mørke skuggar over eit landskap som lyste i solskinet – på same måten som det la seg svarte skuggar under kulua inne i stua ein mørk haustkveld» (avisa «Driva» 19.12.1972). Hans Hyldbakk seier om far sin at han voks opp «i livsens kølluskugge» («Heimbygdsvers», s. 51).

I dei indre nordmørsbygdene kan det også brukast om personar. Lars Røslie frå Stangvik forklarar «kuluskuggje» som ein person som er slapp og likesæl med klede og utsjånad, og omtrent likeeins meiner eg å ha hørt «køluskuggje» i Sunndal. Lars Røslie opplyser også at det kunne brukast om eit menneske som fer og lurar i mørket og ser ut som ein skugge.

11.1.18: Lysbragd

Gammalt ord for noko som lyser, belysning. Hans Ross 1895 har det frå Orkdalen og Byneset, med eksempelet «kolo (tranlampa) æ kleint jøsbragd mot lampa». I nyare materiale har vi stadig med oss Byneset og Orkdal, og så kjem Melhus og Hølonda i tillegg. Anders P. Kvaale i Orkdal fortel i et kåseri at skjålykta «var ljøsbragde dem bruka i fjøset». Hans Ross nemner at ordet også kunne brukast om nordlys, og «jøsbrægd» i slik tyding er kjent frå Rennebu den dag i dag.

Andreleddet bragd kan i seg sjøl bety både noko som lyser og nordlys. Men også lysglimt, og da er vi nærare grunntydinga, som må ha vore ‘rask rørsle’ e.l.

10.1.18: Kornstaurmørkt

Fleire har komme inn på dette no når vi har hatt for oss ymse ord for skumring. Harald Brandåstrø i Stjørdal nemner det, og likeeins Astri Marie Røed. Sistnemnte har det frå Rødseidet (Gravvik), og ho fortel at det ofte var nært knytta til romantikk. I Verdalen sa dei «haustmørkre og konnstaur’n», opplyser Svein Guddingsmo. Også Arnfinn Aune på Hitra fortel om «kånnstaurmørt». Det var litt seinare om hausten enn musmørkt, når ungar og ungdom leika gjømsel bak kornstaurane. Den som er interessert, kan gå tilbake til «Dagens ord» 2.9.14 om musmørkt og 30.8.14 om sildmørkt og garnmørkt.

9.1.18: Skreddartime

Enda eit ord for skumringstime. Namnet kjem av at skreddaren måtte ta ein pause da, fram til det vart tent lys og han kunne sjå å tre nåla att. Denne kvilestunda vart gjerne også til ei pratestund, der det vart fortalt frå gamle dagar. Det er ikkje tilfeldig at forfattaren og bygdehistorikaren Jens Haukdal kalla den eine av samlingane sine med folkeminne frå Gauldalsbygdene for nettopp «I skreddartimen». «skreddartimen … kunne gje fred og kvile til slitne arbeidshender og ro til trøytte sinn» (Albert Steen: Med lys og lampe gjennom tidene, s. 80). Nemninga skreddartime har vore mest kjent på Austlandet og i Trøndelag, går det fram av arkivmaterialet vårt. Ordet går også inn på Nordmøre, og så er det enkeltopplysningar frå Eiken i Vest-Agder, og Lærdal.

8.1.18: Skumskott

Gammalt ord for skumring, skumringstime. Utbreidd først og fremst i Trøndelag og over store delar av Austlandet, men mange stader gir informantane opp at det helst var brukt før. Rindal kjem i tillegg, og dessutan Lærdal. Ordet er også registrert oppover i Nord-Norge. Her har det dessutan fått eit par særtydingar, som må vera avleidde (overførte): ‘augeblink’ og ‘uvisse’. Ofte er det særskilt brukt om kvilestunda i skumringa, før ein tente lys og gjekk i gang med kveldsarbeid. Da heiter det gjerne «å kvile/sova/ligge/sitte skumskott».

Ordet finst som skúmaskot i norrønt og islandsk. Sisteleddet tilsvarar tyding 9 av skot i Norsk Ordbok, ‘tidbolk’. Vi har dette også i eit par andre samansetningar: helgeskot ‘helgetid, helgeleite’ og det meir sjeldne dagskot ‘dagning’.

5.1.18: Gonglys

Gonglys eller ganglys er tilstrekkeleg lys til at ein ser å gå, ein ser vegen. Aktuelt i overgangsfasane morgon og kveld («å ha gonglys»). Målførebelegga ser ut til å konsentrere seg om Trøndelag, Nordmøre og Sunnmøre, men varianten «gongeljos» er oppskriven frå Valle i Setesdal. Uttalen varierer mellom gang- og gong(e)- i førsteleddet, og etter vanlege mønster mellom -lys, -løs, – ljøs, -jøs i sisteleddet. her er eit sitat frå Ingvald Svinsaas: «Ofte hadde han tenkt å sette inn en liten sjå attmed doveggen innerst i sjelet, det ville gi godt gonglys her» («Proprietæren», s. 123). Meir utbreidd er nok det tilhørande adjektivet. «det er gonglyst» e.l.

4.1.18: No lyse vi dagja

Som eit apropos til gårsdagens ord «eldslys». Uttrykket er på surnadalsmål, sendt inn av Hans Hyldbakk, og er/var brukt når lamper brann etter at det er dagslys. Tilsvarande frå Oppdal: «no lyse oss daga» (Ola J. Rise). I Norsk Ordbok vil du finne denne uttrykksmåten omtalt i artikkelen I lysa, mot slutten av tyding 4a. I tillegg til Oppdal og Surnadal har dei det frå Hemne og Vefsn. Merk også dativbruken – ein «lyser for dagen» (hjelper dagen med å lyse).

Dette var rekna som unødvendig sløseri, og eg minnest det var herma etter ein nær slektning av meg for eit par generasjonar sia som gjekk rundt og sløkkte lamper, med kommentaren. «No kainn dåkko sjå tå dagja!»

Eit anna uttrykk for å brenne lys eller ha lys på i dagslys er «å brenne hol i dagen», som må reknast som ei åtvaring. Karl Braset i Sparbu uttrykker det slik: «hainn må itt breinn opp da’n».

3.1.18: Eldslys

På denne tida av året er det nok mange aktivitetar som må gå for seg i eldslyset. Den mest opphavlege tydinga er nok lys frå eld, frå open varme (f.eks. frå peis, eller frå levande lys). Men i dag blir det gjerne brukt om all slags kunstig lys, lampelys, til forskjell frå dagslys og sollys. Ordet ser ut til å ha vore mykje utbreidd i tradisjonelt mål, med sisteleddet i variasjon etter dialekten («løs», «jøs», «ljøs» m.m.). Norsk Ordbok har inga heimfesting, heller ikkje Aasen, og det er komme med i Nynorskordboka.  Det fanst alt i norrønt (eldsljós).

Somme opplyser at det helst er brukt om svak, dårleg belysning, f eks på ei hytte, slik at ein ikkje kan lesa. Sikkert er det at ymse arbeid er betre å få gjort i dagslys enn i eldslys. Til slutt eit sitat: «Frøken Hagemann var nærsynt som høna i eldslyset» (Sigvard Kåpvik, i novellesamlinga «I havgarden», s. 75).

2.1.18: Nyårsnåvvår’n (reprise frå 2.1.13):
Eit slags skummelt vesen, ein bor, som etter folketrua for og bora hol i veggene til folk kring årsskiftet (Verdal). Litt annleis i folkeminneboka «Frå gamal tid» (også Verdal), der nyttårsnåvvår er forklart som ein navar som skulle stå i ståldøra (opninga mellom låven og kornstålet) nyttårsnatta.

30.12.17: Tomreipes m m

Takk for alle interessante kommentarar til gårsdagens ord «lausreipa»! Det er neppe stor tvil om at utgansgpunktet er kjøring med hest, og at reipa som skulle stramma lasset, ligg lause når ein ikkje har lass. Seinare er det overført til andre forhold.

Fleire har nemnt andre ord for dette. Tomreipes ser ut til å vera det mest vanlege, spreidd over heile landet slik at ein ikkje har funne grunn til å markere særskilt geografi på det i Norsk Ordbok. Tomreipa er noko mindre vanleg, ser det ut til. Her manglar nordre Austlandet, Sørlandet og mesteparten av Vestlandet. Å kjøre tomlest eller tomlesses hører heime i Trøndelag, men Rindal og Surnadal kjem med. Avgrensa til Nord-Trøndelag er å kjør i tommingom/tommingan, eventuelt å kjør i tomminga eller kjør tomming.

29.12.17: Lausreipa

«Læsåræpa» skriv Marianne Meløy om i gjestekommentaren i dagens Adressa. «Et ord fra Nordmøre som uttrykker at man ikke skal gå tomhendt for eksempel fra stue til kjøkken. Man skal alltid bære med seg kopper og kar».

Som nordmøring kjenner eg sjølsagt til ordet. Men i mitt nordmørsmål, frå Sunndalen, tek vi litt betre vare på diftongane, så der heiter det «lausreipa». Dette er også oppslagsforma, både i Nynorskordboka og i Norsk Ordbok. Men mor mi, frå Øksendalen, sa «lösoræpa». O-en og å-en inne i ordet er helst rest av ein gammal dativkonstrruksjon. Ein variant «lausreipes» finst også.

Å gå eller kjøre lausreipa betyr oftast å ferdast utan bør eller lass. Ordet går vidt ikring (Gudbrandsdalen, Vestlandet, Trøndelag, Nordland, Troms), men ser ut til å mangle på Sørlandet og store delar av Austlandet. Lausreipa kan også brukast på meir overført vis om å vera fri og frank, ikkje ha noko som heftar eller hindrar, vera «ungkar og spellmann». Sjå artikkelen i Norsk Ordbok: http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=lausreipa#ariadne=[[|194614|,0,|lausreipa|]]

Eg deler gjerne ønsket til Marianne om 2018 som «et internasjonalt år for gjenoppliving av nordmørsl dialekt!» Her i spalta skal vi i alle fall gjera vårt.

22.12.17: Klesslinning

Ekstra mildt ver om vinteren. Norsk Ordbok heimfestar dette ordet til Solør, og dessutan ser eg det finst i ei ordsamling frå Sør-Odal. Linning er vel ei avleiing til linne ‘mildver’, eit ord som særleg hører heime på Austlandet, men som har spreidd seg gjennom kakelinna, som har vorte nærmast landskjent og no blir oppfatta av mane som eit typisk dialektord også nordafjells. Kless- er veldig beskrivande for den sørpa som oppstår når det kjem ein slik mildversbolk om vinteren.

21.12.17: Læke

«No dryp det dråppå tå tina takskjegg og læka lekje med mildversvend» (Astrid Volden). Eit anna sitat: «Lefsetøyren kom med synnavind og læke» (Martha Schumann: Fenja, s. 193). Ja, vi har abolsutt hatt læke no dei siste dagane. Det betyr nettopp mildvêr om vinteren, gjerne med regn. Etter Norsk Ordbok finst ordet i eit ganske samanhengande område med Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag, med forgreiningar til Uvdal og Telemark. Uttalen varierer – oftast er det læk(e) eller lek(e). Mildrid Jordhøy Lunder nemner lekke (forma kjem vel frå Lesja) i ein kommentar til blogginnlegget om kakelinna, og lekke eller lække hører nettopp til i Gudbrandsdalen. I Nord-Østerdalen kan det heite lækje.

På Innherred har dei uttrykka «slå i leka» eller «gå i leka» ved omslag til mildver («Han gjekk/slo i leka»). I Agdenes «han slo læk'». Gammal seiemåte i Meldal er «det vart lækele ver». Eit ordtak opplyser om at «det ein ikkje kan måka fram med reke, kjem fram i dagen når det er læke». jens Haukdal nemner ein folkeminnetradisjon frå Gauldalen om at «klårer i vinterfivilen (mjølkevegen) tydde vinterlæke».

Substantivet læke er danna til eit verb å læke, som betyr å bli mildare, og dette kjem i sin tur av adjektivet, norrønt hlær ‘linn, mild’ om ver’, som vi kjenner att i læver (lever) om mildver.

19.12.17: Rånnåmel

I ein kommentar til «Dagens ord» i går nemner Gunnhild M. Aal ordet «rånnåmæl», som ho forklarer som «ei skråhall der jordsmonnet rinn nedover». Dette ordet fekk Ivar Aasen tak i frå Orkdalen. Han gir denne definisjonen: «Sandbakke, Elvebakke med løs jord eller Sand, som jevnlig glider ned». Ein (sand-, elve)mel der det jamt rasar, altså. Rånnåmel eller rånnåmæl er nemnt frå Meldal i fleire nyare kjelder. Odd Inge Trotland har med «rånnåmæl» i si ordsamlig frå Hølonda, forklart som «bratt, tungdrive innmark». Skal eg gjette på at ho Gunnhild kan ha ordet frå Hølonda?

Den normaliserte forma er runemel (slik hos Aasen, og likeeins i Norsk Ordbok). Førsteleddet rånnå (rune) betyr rett og slett (blant anna) noko som har rasa ned, f eks jord eller sand i ein bakke. Det er slektskap med verbet rynje, med grunntyding ‘ramle ned’.

Mange vil nok kunne omtala ein slik lokalitet som ein rasmel. Frå Orkdal har vi opplysning om råssåmel. Ein informant frå Meldal fører opp røssamel, men det må helst vera ei nordmørsform. Kanskje det same som Hans Hykdbakk skriv som «rausamel» i diktsamlinga «Harpespel». Førsteleddet her er vel verbet å rysje ‘drysse, smuldre’, som bl a på surndaling blir uttalt «rössa».

18.12.17: Si(d)halle

Ekkelt å renne på ski når det er sihalle, skriv Kjersti Oline Fløttum frå Soknedal på facebook. Dette må vel bety det same som skåhalle og sne(d)halle, sjå om skåveg m m i hovudinnlegget 19.12.2013: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/12/19/skaveg/. I Sunndal har eg også hørt varianten «skråhalle», som truleg er ei nyare tilpasning av «skåhalle».

På «sihalle» finn eg elles berre eitt belegg, hos Nils Tore Leivdal i hans «Gards- og ættesoge for Gjemnes (bind III, s. 365): «Ein brattbakke ikkje langt frå bua måtte vi «makka oss fram», – ellers vart det for «sihalle» slik som opp Silsetkleiva vinterstid». Si- er vel her side-.

14.12.17: Skjettbelling

Ureinsleg person, vel særleg av hankjønn. Konkret opplysning om det har vi berre frå Gratangen, men det finst sikkert vidare ikring. Samansetningar med belling er i alle fall typisk nordnorsk. I den nordlege landsdelen risikerer du å bli kalla både larvbelling, tjyvbelling og det som verre er. Belling er eigentleg leggskinn på dyr, og frå Nord-Norge kjenner vi også fenomenet akkarbelling (tørka blekksprutarm brukt til agn).

13.12.17: Grisnone

Av dei utallige orda som kan/kunne brukast om ureinsleg mannsperson, dreg vi fram dette litt spesielle frå Namdalen og Brønnøy. Uttalen er «grisnoni» eller «grisnorni», og det er litt vanskeleg å forstå ideen bak, fordi andre leddet ser ut til å vera måltidsnemninga «noni» = non. Elles er det berre å leite i arkiva under samansetningar på nettopp gris-, eller f. eks. lort- (lortball og lortpank har alt vore nemnt), møkk- og skit-. Eit nordmørsord for ein som har gjort i buksa eller sleppt ein vind, er ein skjetturaffel (sisteleddet er vel her mannsnamnet Rafael).

12.12.17: Lortbrye

Eitt av (altfor) mange ord for ureinsleg kvinne. Akkurat denne samansetninga synest avgrensa til trøndersk dialektområde. Norsk Ordbok har belegg frå Tingvoll, Rindal, Oppdal, Orkdal, Selbu, Leksvik og Stjørdal. Seinare er det komme inn opplysningar også frå Aure og Soknedal. Sisteleddet brye er ei tro eller eit trau, oftast av eit uthola trestykke, men ho kan også vera spikra i hop av fjøler. Den typiske er jo grisbrya – grisetroa. Skjellsord med -brye fell greitt inn i mønsteret der ein brukar ord for beholdarar av ymse slag. Andre samansetningar med liknande tyding som lortbrye er «suhljbrye» og sølbrye.

11.12.17: Skitsu (skjettsu)

Ureinsleg kvinne. Særleg brukt i talemåtar som «kvardags fru, helligdags skjettsu» (eventuelt «kvardags brur…»), om slike som stasar seg opp i utide, bruker finklede til kvardags, slik at ein ikkje har noko skikkeleg å ha på seg til helg og fest. Ordet og talemåten er særleg kjent i Nord-Norge, Trøndelag og Romsdal, med eit par spreidde forekomstar utanom (Nordhordland, Nord-Aurdal). I Nord-Norge er det gjerne «ørke(n)dags fru og helligdags skjettsu» e.l. Vi kan ta med eit par andre variantar: «ørkjendags fru, søndags skjettsu» (Frøya) og «vokko fru – helga skjettsu» (Overhalla). Su er her grisepurke, sugge, eit ord som elles nesten berre ser ut til å leva i kryssord. Dette er vel grunnen til at det av og til er omforma til «skitsu» eller «skitsur». Men skitsua tilsvarar altså ei lortpurke. Ei anna utforminh kom heilt nyleg inn på facebook-gruppa for dialekten i Aure: «kvardags brud, hæljedags lortåt fru».

7.12.17: Å bera hundhauet

Av og til snåvar ein over uventa parallellar mellom gammalvore norsk målføremateriale og svensk, med slikt som ikkje kan ha noko å gjera med nyare lån. På nordmørsmål finst eit uttrykk å bera hundhauet. Det er oppnotert frå Ålvundeidet, Surnadal, Åsskard og Valsøyfjorden. Dette betyr å seie frå om slikt som er ubehageleg og truleg vil bli teke ille opp når det blir kjent. Det kan for eksempel gjelde forhold på ein arbeidsplass. Den som ber hundhauet, tek risken og støyten, utsett seg for følgjene ved å synge ut om slikt. Ho eller han tilsvarar vel det som på engelsk heiter whistleblower (fløyteblåsar).  Det kan også bli sagt å vera hundhau (dette har vi frå Tingvoll) eller berre å vera hund (Rindalen, Hitra, Frøya).

Merkeleg nok kan vi slå opp eit heilt tilsvarande uttrykk i svensk; att bära hundhuvudet. Det står i den store Svenska Akademiens ordbok og er belagt heilt tilbake til sist på 1500-talet. Redaksjonen frå ordboka meiner det kan vera lågtysk (nordtysk) mønster for uttrykket (”det hundshøuet dragen”). Betydninga i svensk er nesten akkurat den same som hos oss, men kanskje med ein urliten nyanse – svenskar som ber hundhuvudet, får skulda for noko, blir syndebukk. I svensk finn også att hänga hundhuvudet (på nokon) – å gje nokon skulda.

Slik nordmøringane har bruka å bera hundhauet eller å vera hundhau, er det kanskje hunden i funksjon som vaktbikkje det først og fremst er tenkt på . Svenskane har kanskje heller sett for seg hunden som ein forakta skapning som får skulda for alt mogleg, jamfør dei ganske mange skjellsorda som har med hund å gjera.

6.12.17: Iblåster

Ivar Aasen forklarer dette ordet som «Modblæst, Luftstrøm som møder en stærkere Luftstrøm og anses som en Begyndelse til en Storm». Heimfestinga hans er til Romsdal, medan Hans Ross supplerer med Nordmøre. Også i nyare materiale er ordet registrert frå nettopp desse to områda (Voll, Tresfjord, Vestnes og Bolsøy i Romsdal, Tingvoll og Standvik på Nordmøre). Og nyleg hørte eg eit opptak med ein eldre kar frå Aure, der han brukte samansetninga iblåstervind.  Informantane gir delvis litt meir detaljerte forklaringar. Det er snakk om tilfrisknande vind i forkant av uvêr, gjerne vind frå aust (landvind) som møter ein sterkare luftstraum frå vest, som så blir dominerande.

Iblåster er samansett av preposisjonen i og substantivet blåster, og den bokstavlege tydinga er ‘innblåsing’. Norrønt íblástr ser ut frå belegga ut til å ha hatt ei meir allmenn tyding ‘innblåsing’, og dels ei religiøs ‘inspirasjon’ («íblástr heilags anda»). Inspirere tyder jo opphavleg ‘blåse, ande inn i’. Men folk på Nordmøre og i Romsdal har altså late iblåster få ei høgst konkret og jordnær tyding.

5.12.17: Brybrask

I verste flyttesjauen som eg hadde i haust, kom det for meg eit høveleg ord som mor mi (frå Øksendal) kunne bruke i slike samanhengar. Det var brybrask, og med det meinte ho styr og ståk, ståhei, bryderi, gjerne i samband med forandring og omskiping. Nyleg vart det trekt fram i ei facebook-gruppe for surnadalsdialekt, der skrive «bribrask». Elles har vi det frå Roan, og i forma «brybras» frå Volda. Ein litt lengre variant er bryombrask (Saltdal, Gildeskål), bryombras (Nesna, Nord-Rana) og briombras (Hemne). Eit litterært eksempel finn vi på bokhylla.no hos forfattaren Sigmund Sivertsen: «det (huset) stod jo der og voldte intet bryombrask» («Rømlingen Jens Wærner» (19823), s. 99). Alt i alt viser dette ei nordvestleg utbreiing, frå Sunnmøre til Nordland. Brask kan i seg sjøl bety ståk og bråk, og det kan vel også bras. Første delen har vel kopling til bry og bryderi. Variantane med i-uttale kan tolkast som såkalla itakisme («i for y»), eller til forma «bri» for vri.

4.12.17: Pråttåkongro

Ein som tafsar, fingrar og klår (på jentene). Ordet kjem frå Ålen, men Mee Too-kampanjen har fått fram at det er alt for mange slike. Pråttå = prike, kongro = «edderkopp».

1.12.17: Rennbåt

Også eit ord for person som fer og rek mykje, som aldri er heime. Rennbåt om dette er berre registrert frå Gjemnes på Nordmøre.

30.11.17: Rækkakjævvel
Ekte «fosensk» skjellsord om person som fer og rek ustanseleg, eller som renner i dørene heile tida. Råkkåkjævvel i Verran og råkkakjævvel på Smøla.Indre Sogn har rekarskjevle. (reprise frå 1.2.2014)

29.11.17: Frampårulla

Å ha det frampårulla er eit nordmørsuttrykk for å ha det klart, f eks kva ein skal seie eller svara. Omtrent som den eine betydninga av «å  ha det oppitrædd» («Dagens ord» i går). Det kan også vera greitt når det er frampårulla til jul. Belegg frå Tingvoll, Ålvundfjord, Surnadal og Halsa så langt. Vel opphavleg, som Bjarne Østbø seier, om noko ein har fått frampå ein bakkekneik så det er klart til å rulle utfor.

28.11.17: Oppitrædd

Å ha det oppitrædd kan bety (minst) to forskjellige ting. Mest utbreidd ser det ut til å bety å ha noko greitt, klart for seg, ha det på greitt stell, ha svar på reie hand o.l. Heimfesting til fleire plassar i Trøndelag (Hitra, Verdal, Inderøy, Namdalseid, Namdalen somme plassar) pluss Nord-Rana. Det er også brukt slik av forfattarane Magnhild Haalke og Bjørg Berg. Å ha sitt oppitrædd er å ha det vel tillaga (Namdalseid). «Det va leksom æ ha ‘e oppitredd ja» det ante meg (Inderøy). På Hitra kan det også brukast om å ha noko på gang, i emning.

Den andre betydninga er å ha det travelt, ha mange oppdrag, mange ting ein skal gjera på ein gong. Dette er registrert frå Inner-Namdalen (Høylandet, Harran) og Verdal.

27.11.17: Smaug

Vanleg uttrykk i trøndersk er å itt ha smaug på – ikkje ha lyst til, sans for, ikkje like (f. eks. når ein avviser noko som ein dårleg idé, eit dårleg forslag). Smaug kan også bety interesse for, innsikt i, tak på, anlegg for, (hand)lag med. Ordet går også inn på nordmørsk territorium, som vi ser av dette sitatet: «Jo hadde dårleg smaug på alt nytt» (årsskriftet Du Mitt Nordmøre 1977, s. 14). Heilt framandt har det nok ikkje vore i Romsdal fogderi heller, det viser dette eksempelet etter folkeminnesamlaren Ola Hola: «Han Ola he best smaug på eit dugele’ nordmørskvinnfolk te kåne han» (Folkeliv og tradisjon frå Nesset, bd 1, s. 306). Rita Hovde har eksempelet «æ sjer mæ itj nå smaug på det» (frå Frøya). I Verdal kan det, etter det vi får opplyst, også brukast som adjektiv: «æ e itt nå smaug på e».  Somme plassar er det uttalt smau. Det finst også utanom trøndersk dialektområde: I nordnorsk er det belegg opp til Troms, og Norsk Ordbok fører elles opp Vestfold, Kristiansand og Stavanger. Ein skulle tru at dette heng i hop med smyge (jf. uttrykket «smætt og smyg» om å lirke til noko). Men no har ein både på Vestlandet og i Nord-Norge smaul og smaus i liknande bruk, så det er ikkje så beinast å rekkje opphavet til ordet.

24.11.17: Graffi

Også eit ord som betyr skikk, orden, greie: «å ha eller få graffi på»; «det e itt nå graffi (å få) på ‘n». Dette ser ut til å vera atskilleg meir lokalt avgrensa; vi har det berre frå Rissa, Stadsbygd og Leksvik (så langt). Uttalen er som «fasi», med det vi kallar tonem 1 eller einstavings tonelag (som i «bønder»). Det kan ha løyst seg ut frå ord som geografi, kanskje med påverknad frå grep og/eller greie («få grep på», «få greie på»)..

23.11.17: Fasi

Skikk, greie. Kurt E. O. Stenbakk kjem inn på dette i ein kommentar til uttrykket «få bretting» på. Han har det frå ein kjenning på Byneset. Ordet er ikkje med i ordsamlinga frå Byneset historielag, så da bør dei få det med i ei revidert utgåve. Brukt på liknande måte er det registrert frå Meldal, Orkdal og Hitra. Ein litt avvikande bruksmåte er sendt inn frå Roan til setelarkivet for Norsk Ordbok: «det va itt nå stør fasi på øytjinn i deinn tia» (mellom våronn og slåttonn) – ein hadde ikkje særleg bruk for eller nytte av hestane mellom dei to onnene.

I Verdal er det fleire vitnemål om at fasi betyr futt, fart, fres: «de e lite fasi med han». Eller som Bjarne Slapgard skriv: «Endeleg bar det i veg. Men for ein fasi og fart!» («Bestefar fortel», s. 48).

Fasi har nok ingen ting med (fy) fasan) å gjera. I Norsk Ordbok blir det antyda samanheng med fasong. Men kanskje har det funne vegen inn meir direkte frå latin facies ‘skikkelse, utsjånad’ o.l., same utgangspunktet som vårt ord fjes = ansikt.

22.11.17: Kondisjonsblåst

Dagens ord dukka opp i eit fint stykke på selbyggdialekt av Nils Evjen, i avisa Selbyggen 11.4.2014. Her fortel han om ein påsketur i lag med onkelen sin: «de va bra ver og føre, og så stana mi på minst kvar time så’n onkel Kristian fikk tå se’n kondisjonsblåst (pipa ha’n nerri annorakklommennj)». Akkurat det ordet har eg ikkje hørt før, men eg har hørt «å ta seg ein kondisjonsrøyk» sagt i spøk. For at ikkje kondisjonen skal ta overhand, kan det også heite. Tone Tryti har «kondisjonsdemper» og «kondisjonspinne» om sigarett, i den store slangordboka si.

20.11.17: Bretting

«Får du nå brætting på kameratan-din?» Slik spurte arrangøren av ein dialektkveld på Geitastranda, han lurte på kor mange spellkompisar eg greidde å få med meg. Å få bretting på er å få skikk, orden, greie på, også f.eks. å få godt tak på noko. Men også om personar: «det va engen brætteng å få på’n» – kan bli sagt i forskjellige situasjonar, som når ein prøver å få ein annan til å hjelpe seg, men ikkje får denne til å lova seg fast (eksempel frå Hitra). Uttrykket er typisk trøndersk, med tyngdepunkt i søerfylket, men det er visst ikkje ukjent på Innherred heller. Somme kunne bruke det også i Sunndal, og det heng ve saman med at det er kjent i Oppdal. Ordet er beint fram verbalubstantiv til å brette.

18.11.17: Balhani

Forklart som «uskikkelig guttunge» i den rykande ferske ordsamlinga frå Osen. Uttalen skal vera med tjukk l, slik det også er greitt markert i samlinga. Akkurat dette ordet er ikkje belagt frå andre plassar, noko som viser at det stadig er nye tilskott å finne i lokale ordsamlingar. Her er nok førsteleddet enten substantivet bal ‘styr, ståk’ eller det tilhørande verbet å bala. Neste oppslag i ordsamlinga er balhausi «person som er overaktiv, bråket og urolig». Dette går vidare, for det er kjent også i Namdalen. Eit eksempel på tilknytning nordover i ordtilfanget i målet i Osen.

17.11.17: Drommel

Ord som Willy Sandvik og Pål Gjønnes drog fram i kommentarar til «å slå skanka». Nyleg har vi også hatt for oss han «Jakop ettermiddag», så da kan vel dette vera ei høveleg oppfølging. Verbet å dromle kan bety å drive dank. Ein «går berre og dromle». Etter Norsk Ordbok (både det trykte band II og det elektroniske arkivet) er det belagt spreidd frå fleire plassar i Trøndelag (som Hemne og Oppdal), men også utanom: Rendalen, Slidre, Voss. Oppslagsforma her er forresten drumla. Ordet finst også i nordsvensk og jysk. Det kan også bety å halvsova, dorme: «det er så mangt ein ligg og dromlar og drømmer om nattars tid» (Hans Hyldbakk i avisa «Driva» 6.3.1976). Verbet formeirer seg etter vanleg mønster til ei heil ordslekt. Ein somlekopp kan vera ein drommel, ei dromle, eller ein drommeldall, det å dromle (somle) blir eit drommel, og vi får adjektiva dromlen og dromlåt. Det er nok også same ordslekta når ein på Nordøre talar om «dromle ver» – disig, uklart, grått.

16.11.17: Slå skanka

Årboka for Flatanger Historielag for 2017 er ute, som vanleg med ei side tilsig av dialektuttrykk som er komme inn sia sist. Det første som er nemnt, er å slå skanka, forklart som å kjede seg, drive dank. Dette er kjent fleire plassar, som «slå skank» på Hitra og Frøya, og «spæll skank(a)» også Hitra og Frøya, pluss Steinkjer og Vikna, og sikkert fleire. Frå Åfjord har eg ein e-post med «pella skankan», som kanskje er skrivefeil for «spella skankan». Skankan er jo her føtene, leggene, både på folk og dyr. Ideen om å slå eller spela skank blir kanskje tydelegare når vi jamfører med eit anna uttrykk, «å hein fluaføter», som også kan bety å drive dank (bl.a. Bjugn). Ein informant frå Åfjord forklarte dette som å gnu føtene mot kvarandre når ein kviler under marsjen. Og da ser vi lett for oss flua som gjer akkurat slik.

15.11.17: På rammel

Å sette klokka på rammel er å sette ho til å ringe. Uttrykket er belagt frå spreidde plassar, eg nemner i fleng sørafrå og nordover: Selje i Nordfjord, Sande på Sunnmøre, Tingvoll, Verdal, Verran og Rødøy. Spesialtyding av rammel ‘støy, bråk’. Somme stader kan ein også seie at vekkarklokka ramlar når ho ringer.

14.11.17: Kaldbeitel

Eit anna ord for hardhaus, kaldfisk. Oppskrive frå Selbu av Bardo Flakne for setelarikvet til Norsk Ordbok, i forma ”kaldbetell”. Ein kaldbeitel er eigentleg eit reiskap, det same som ein kaldmeisel; meisel til å hogge kaldt metall (jern) med.

13.11.17: Kaldfisk

Kaldblodig, hard, upåverkeleg, følelseslaus person, eller dristig, likesæl person. «Ein kald fisk» om slike typar må vel reknast som allmennorsk, med fisk i bt. ‘fyr, type’. Jf. «ein sleip fisk», «ein ekkel fisk». Men samansetninga kaldfisk ser ut til å vera først og fremst eit midtnorsk fenomen (Trøndelag og Nordmøre), med innslag også på Austlandet. «En ansvarsløs kaldfisk» blir ein av skikkelsane til Anne B. Ragde stempla som («Hundegalskap!», 1994, s. 47). Og her er eit anna eksempel: «han va’n kaldfesk på det viset ætt’n va itj raidd nåkkå slags ofrøsji» (Årbok for Namdalen 1982, s. 52, målføre frå Jøa). Men kva «ofrøsji» er, får du svar på i neste «Dagens ord».

8.11.17: Jakop ettermiddag

Trønderuttrykk for ein som er seint ute, sein til å komma i gang med noko, det blir helst ettermiddag og kanskje vel så det: «hainn e ein rættele Jakop ættemeddag». Belagt frå fleire plassar: Hitra, Trondheim, Rissa, Selbu, Åsen (så langt). Han har ei nordmørsk tvillingsjel i han «Sivert vikkån-att». Ting kan tyde på at denne Jakob-en finst i vår nordlegaste landsdel også. I alle fall møter vi han hos forfattaren Lars Berg frå Hillesøy i Troms: «det var stygt av mannfolka at di hadde teke til å kalle han Jakob Ettermiddag fordi han viste seg først ut på ettermiddagen» (romanen «Den lange vegen», frå 1967, s. 72).

7.11.17: Langnase

«Peke nese» heiter det på bokmål (og for den del «peike nase» på nynorsk). Vi snakkar om den kjente terginga der du forlenger nasen mot «offeret» med fingrane i veret (med ei eller begge hendene) og viftar med dei. Men på min dialekt (Sunndal) heiter dette «å rette langnase», og gjerne kombinert med hånande rop som «æ, bæ langnase» e.l. Når eg kikar rundt i tilgjengeleg materiale, finn eg også andre verb i kombinasjn med langnase: «ho gjorde langnase åt han» (Olav Duun: Marjane, s. 2), «peike langnase til  rennbyggjene» (Olav Berkaak: November, s. 23).

Alt dette heng jo saman med uttrykk som å få lang nase eller langnase ‘bli narra’ og dra (nokon) etter nasen ‘halde for narr’.

Karl Braset (Sparbu) har «bli langnassi» eller «bli gjort, haft te langnassi» om å bli til narr.

6.11.17: Gammalpengar («gammelpæng»)

Pengar som er arva eller oppspart over lengre tid, og gjerne gjømt heime, «på kistebotnen»; gammal kapital. Ved store investeringar, som oppussing eller byggeprosjekt, kan det vera godt å kunne «ter’ på gammelpængan»; «han bøgd stort, så det går vel hardt på gammelpængan». «Slike som hadde gammalpengar i kisteleddiken» skriv Bjarne Østbø om i romanen «Vindfall» (s. 184). Jon Leirfall konstaterer etter å ha studert inntekst- og formuesforhold i Stjørdalsdalføret i 1870-åra at «inntektene hadde ein i Ner-Stjørdalen, men gammelpengane låg i Hegra» (Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene III, s. 108). Etter målføreopplysningane og dei litterære eksempla ser ordet ut til å vera avgrensa til det nordafjelske, det vil seie Trøndelag og Nord-Norge, og Nordmøre blir inkludert. Eg har hørt ein teori om at ordet skulle ha å gjera med skiftet frå dalar til krone i 1875, og at «gammelpængan» opphavleg skulle gjelde dalar og skilling. Det er heilt naturleg at dei gamle myntane kunne bli omtalt som «gammelpæng», men det er visst ingen direkte dokumentasjon på det. Ordet kan nok brukast om all slags gamle pengar, også gamle myntar som er funne i jorda.

3.11.17: Nette (v)

Ikkje å finne nettmaskene i denne venda. Nei, å nette er avleidd av natt, og det betyr å slå seg til ro for natta, om fuglar (f.eks. høner som vaglar seg). Kan brukast både med og utan refleksivt pronomen, altså kan fuglane rett og slett nette, men også nette seg. Den geografiske utbreiinga er interessant, for det finst i Gudbrandsdalen alt hos Aasen, men også i nyare materiale. Og så er det kjent på indre Nordmøre; eg kan i alle fall gå god for Sunndal og Øksendal. Også Romsdal må reknast med, for der finst uttrykket «å nætte se me dagja» (Rødven, om høner som tek ei kvil på vaglet om dagen). Same uttrykket har dei i Eresfjord, men der også i meir overført forstand, om å legge seg tidleg, eller å gjera frå seg arbeid ute medan det er lyst.

2.11.17: Nattast (og dagast)

Nattast vil seie å overnatte, slå seg til for natta. Oftast er det bruka i sambandet «nattast og dagast» – å opphalde seg, vera på ein plass både natt og dag. Gjerne om kjæresteri: «han ha nattas og dagas borti der atskjelli gong» (eksempel frå Hitra), «ho både nattest og dagest der» (eksempel frå Trondenes). På trøndersk område er nattas(t) i slik tyding innsamla berre frå Hitra og Roan. Elles er det nemnt fleire plassar i Nord-Norge. Norsk Ordbok har eit godt eksempel frå sunnmøringen Ivar Grimstad: «han (er) så oppteken av fabrikken at han både nattast og dagast nedi dinna kjellara» («Nytt skip», s. 94).

1.11.17: Gongberg

Fleire kom inn på dette ordet i kommentarar til «gonghøv». «Gongbær» eller «gongbær» betyr også gangfør; i stand til å gå. Denne samansetninga går nokså vidt i tradisjonell dialekt, men det ser ut til at det har eit sentrum i Sør-Trøndelag og på Nordmøre. Det går også litt inn i Nord-Trøndelag, og elles på spreidde plassar sønnafjells: Ullensaker, Toten, Hallingdal, Kinsarvik. Siste leddet er eit adjektiv berg ‘frisk, rask. djerv’. Så finst det ein variant «gongbørg» eller «gongbørj», der siste leddet er adjektivet byrg, norrønt birgr ‘berga, hjelpen’. Dei to adjektiva er nokså nærskylde.

Frå Surnadal er det registrert ein tydingsvariant: «det e  gongbert» betyr at det er framkommeleg.

27.10.17: Gonghøv

I stand til å gå; gangfør. Litt i same feltet som flakkfør, men kanskje litt snevrare innhald, meir spesifikt knytt til det å gå. Ordet er eit typisk nordtrønderord. Hans Ross (1895) fan det på Innherred, men det er også velkjent lenger nord. Dermed kan vi godt heimfeste det til Nord-Trøndelag. Dessutan finst det i Osen. Oftast brukt i nekting: «han e itt gonghøv». Det kan bli uttalt både «gånghøv» og «ganghøv»; det er vel alt etter om førsteleddet er gonge eller gang. Den nemnte Hans Ross fører opp ein fariant «gonghøg» frå Innherred, men stiller spørsmålsteikn ved det. Siste delen er nok adjektivet høv ‘høveleg, lagleg, dugande’, som vi også hadde i norrønt. Forfattarar som Olav Duun og Kristofer Uppdal har brukt ordet. Vi hentar likevel det «litterære» eksempelet frå ein annan, nemleg Otto Sandhaug, i trønderskrøne-samlinga «Haurt nånn sålles?»: «kjerringa som sat i losjiet, var så skrøpeleg at ho var ikkje gonghøv til å komma sjøl» (s. 42).

26.10.17: Flakkfør

Frisk og rask og rørig; i stand til å komma seg rundt ikring, til å flakke. Utbreiingsområdet er Vestlandet, Trøndelag og Nordland. Somme plassar, f.eks. i Romsdal, seier dei flakkefør. Frå Nordli oppgir dei varianten flakkafør. Typisk blir det brukt om gamle folk, eller om folk som har vore sjuke og sengeliggande, men som har komme seg på føtene igjen. Her er eit eksempel frå Olav Duun: «Han var ikkje verre gamal og skruslen av seg en andre, han var utrulig flakfør enno» («Tre venner», s. 127). Ein av mine informantar meiner flakkfør er eit litt vidare begrep enn gangfør, slik at det siste berre gjeld det å gå. Her er det berre å kjøre debatt!

20.10.17: Hundskinn

Skinn av hund betyr det sjølsagt, bruka i pels, huver og hanskar. Men hundskinnet er rekna som seigt, og «seigt som hundskinn» er ein vanleg talemåte. Så kan det bli overført på folk som er hardføre, som toler mykje: «er det hundskinn på den der kroppen?» (Olav Duun: Straumen og evja, s. 152). Ivar Aasen har denne i Norske Ordsprog: «d’ er Hundskinn paa baade Sidor», med forklaring «lad dem stride; de kunde begge taale en god Deel». Lat oss så hoppe til jordbruket: «Grastorva var gamal og seig som hundeskinn» (Leif Halse: Torevatn, s. 30). Seigt nyland kan bli omtalt som «reine hoinnsjinne» (Frøya) og i Stadsbygda er å «pløy hoinnsjinn» å pløye heilt ned på berget.

Til slutt kan hunden sjøl bli omtalt forakteleg som «hundskinnet» (fillebikkja) akkurat som «kattskinnet».

19.10.17: Snippleg/snupp(e)leg («snøpple»)

Eit ord som vart trekt fram i kommentarane til «nøre», som vi nyleg hadde for oss. Også dette betyr ‘i minste laget; snautt, mangelfullt’. Det er ofte uttalt snepple, sneppli e.l., og har utbreiinga si i Trøndelag, på Nordmøre og somme plassar nedover Vestlandet. Det kan vera «sneppple me mata», «snepple stell» o.l. Dette meiner ein skriv seg frå eit verb snipe, med opphavleg betydning ‘knipe saman’, og beslekta med snipp. Mor mi hadde ei avleiing: «ta va no berre sneppleheita, det» – om dårleg, tarveleg stell (særleg for å unnskylde seg overfor «kaffeframmund»).

Når det gjeld former med ø («snøpple»), blir dei i Norsk Ordbok ført opp under oppslagsforma snuppeleg, og knytt til eit verb snuppe ‘hogge, skjera eller knipe av’. Her kjem også austlandsdalane med i utbreiingsområdet. Da miniskjørta kom, kunne dei bli kalla for «snøpplinn stakk» i Singsås. I Sunndal er snøppelændinn eit anna namn på snålenden; kleinaste bordenden i eit lag.

No er det ikkje utenkjeleg at snippleg kan utvikle seg til snøppleg, fordi i-en kjem i kontakt med ein leppelyd (labial). Det kan også vera slik at dei to ordstammane har fløkt seg i hop.

18.10.17: Våverken

I ein kommentar til ordet «nøre(n)», som vi hadde oppe for eit par dagar sia, nemner Ole Bersven Pedersen at «våvørkjinn» truleg er eit ord som er på veg ut av sunndalsdialekta. Det er nok stor fare for det, ikkje berre i Sunndal, men også elles på Nordmøre, der dette ordet kjem frå. Ordet betyr dumdristig, eller «tilbøielig til farlige Foretagender», som den alltid presise Ivar Aasen uttrykker det. Han har ordet nettopp frå Nordmøre. Dei mest ordhage nordmørsforfattarane har teke ordet i bruk: «ein framifrå skotsikker og våverken bjønnaskyttar» skriv Hans Hyldbakk om i bladet Heimveg 1940. Og her er Leif Halse i Todalsboka: «han var ein meir enn vanleg godkroppa kar, og attåt var han våverkjinn som få. Han let det stå til same kor stygt det såg ut, og det gjekk allveg godt med honom» (s. 189). Det kan også bli sagt at noko er «våverkje gjort». Uttalen «våvørkjinn», som finst fleire plassar på Nordmøre, viser truleg runding av e/æ til ø i naboskap med ein v. Frå Rindal er nemnt varianten «våverka».

Våverken er laga til substantivet våverk ‘vågestykke, farleg verk’, med førsteleddet , norrønt ‘ulykke, skade, fare’.

17.10.17: Bobbredd

Skuggeredd, skvetten, lettskremt. Visstnok bruka berre i nekting: «han/ho e kje bobbredd». Ordet er velkjent og velbruka på Nordmøre, og i større ordgeografisk samanheng viser det seg at det går nedover Vestlandet med ein avstikkar over fjellet til øvre Hallingdal. I fleire variantar, som bubberedd, bøbbaredd m.fl. På Færøyane finn vi bobbaræddur. Første delen må vel vera bobbe ‘skremsel, buse’. Her er eit eksempel på at oret er delt i to: «han var ikkje bobba redd å hiva seg inn i saker og tilhøve som terga sinnataggane» (festskrift til Ludvig Jerdal, s. 14)

Det er eit hol i den samanhengande utbreiinga, for Romsdal har sin eigen variant bufferedd. Her kan førsteleddet vera skremmeordet buff (som tilsvara ), eller buve = buse. I Kristiansund har eg notert boffredd, som kanskje er ei blandingsform av bobbredd og bufferedd.

Forfattaren Hans Aanrud brukar busredd, og det er også notert som målføreord frå Gausdal.

16.10.17: Nøre (adjektiv)

I knappaste laget, f.eks. med mat, men også om noko som akkurat så vidt går, når ein kjem i siste liten osb. ’Knapt’ eller ’akkurat så vidt’ er vel dei to hovudbetydningane eg vil rekne med. Det kunne også bli sagt at det var nøre på ein stad der dei var knipne med maten («det e så nøre med dæm, sju»). Til slutt trur eg også det kunne bli sagt om person, i betydning påpasseleg med sitt, kanskje også knipen, gjerrig:» – Ho e så nøra med mata».

Ordet ser ut til å vera lokalt for Nordmøre. I arkivet vårt har vi sikre målføreopplysningar frå Tingvoll, Sunndalen, Øksendalen, Ålvundeidet, Surnadal og Gjemnes. Det er også teke i bruk av forfattarar frå denne landsdelen, f. eks. skriv Bjarne Østbø slik ein plass:» – Du kann spekuler på ka dem levd tå ’ta Bråttastu-fålkje, om dem va allder så nørn å nøttau». Og Hans Hyldbakk skriv om ein skreddar som sauma trutt og nøre.

Men kva dette kjem av, er verre å seie noko sikkert om. Det ordet som er mest snarlikt, er vel verbet å nøre, som blant anna betyr å fyre opp. Å nøre seg kan bety å eta og drikke godt, og dermed kan ein tenkje seg at adjektivet nøren frå først av har gått på den eigenskapen at ein passar på å få i seg nok. Men eg har likevel litt problem med å godta nokon samanheng her.

Derimot har vi frå fleire plassar på Vestlandet eit verb å naure, som betyr å pusle eller pirke. Ein kan naure med eitkvart, naure på, naure til seg, eller naure i seg. Det siste betyr å eta jamt og smått. Eit naur er ein veik og tufsen liten skapning. Dette kan også heite eit nør. Adjektivet nauren kan bety mager, skrinn, knapp, men også flittig, strevsam og uthaldande. Denne ordstammen har dei meint skal gå tilbake på gnaur-, slik at ei grunnbetydning kan ha vore å gnu eller gnikke.

Slik vi uttalar ordet nøre, med vanleg trong ø, er det klart at det ikkje kan komma direkte av naur-. Særleg ikkje i Sunndalen, der dei held meir på diftongar enn elles på Nordmøre. Men også andre nordmøringar skulle ende opp med noko anna enn ein vanleg ø-lyd her. Det kan likevel vera slektskap i ordrota, jamfør parallellen eit naur og eit nør ovafor..

13.10.17: Buksestut

Bjørn Fossum, Harran, skriv artig på facebook den 31.8. om ein tyttebærtur der det var om å gjera å få med seg så mykje som råd. Faren ranga av seg langunderbuksa og brukte til «bærspann»; han «knytt igjæn boksstutan» heiter det. «Boksstutan» eller berre «stutan» forstår vi er bukselåra, buksebeina. Kanskje særleg om enden på dei, nedste delen. Dette er eit typisk namdalsord. F eks kan det bli sagt at buksa er «støtt i stutan». Ein kunne tenke seg at namnet er komme opp fordi det er to av bukselåra akkurat som stuthorna. Men snarare er det jamføring med kremmarhuset, pikposen, som også kan bli kalla stut (dropsstut). Stut kan visst også bli brukt om andre endar på plagg, som armstut, og om enden av eit røyr (røyrstut).

12.10.17: Krusgull

Bitar av sundslåtte glas eller koppar; krusbrott. Ordet er ut til å h vore brukt først og remst på Nordmøre, men det er enkeltopplysningar frå Norddal på Sunnmøre og Høylandet i Namdalen. Uttalen slik eg kjenner den, kan gjerne vera med kort u i første staving, og g-en i sisteleddet nærmast over til k, altså «krusskuill». Før i tida fungerte vel slikt til dels som barneleike, helst som «servise» for jenter i leikestua. Oddmund Tveikra på Tingvoll fortel at krusgull med farger eller forgylling var særleg populært. Truleg har «krusgull» i utgangspunktet vore sagt nettopp om brott av forgylt krusty, men etter kvart fått utvida betydning.

Usamansett gull om krusbrott har vi frå lenger sørvest i landet, nemleg Dalane og Jæren. Der har det vore sagt slikt som at «tallerken slo seg sund i mange gull» og «koppen ligg i gull» – i knas. På Jæren har dei også tala om gullbrot. Blanke, skinande glasbitar kallast i dette sørvestlege området for glasgull.

11.10.17: Tvieldast

«Han ha tvieldtes(t)», kan det bli sagt om ein som har eldtest fort, som har vorte sjåande mykje eldre ut på kort tid. Det kan vera på grunn av sorg, sjukdom eller andre harde påkjenningar.  Det var vel det som skjedde med Terje Vigen da håret hans vart grått på ei einaste natt. Aasen noterte ordet frå Hallingdal, og Hans Ross frå Trøndelag, men etter Norsk Ordbok er det spreidd i målføra rundt omkring frå Østfold i sør til Salangen i nord. Nyare registreringar av ordet i Trøndelag har vi frå Hemne ogHitra. I Astafjord i Troms har det også fått ei overført betydning ‘plagast frykteleg’. I Telemark har vaneldast vore bruka på liknande måte som tvieldast.

Eit gammalt merke frå Stjørdalen var at «katta tri-eilles». I det ligg det at eitt leveår for katta gjeld for tre kalenderår.

10.10.17: Folkverande («følkvårrånt»)

Leveleg for folk; slik at det går an å opphalde seg for folk. Særleg brukt i nekting, som i dette eksempelet frå Leksvik: «det e itt følkvårrånt fer varma». Andre uttalevariantar er f. eks «folkværrant» (Hitra) og «følkvårrån» (Byneset).

9.10.17: «Itt nå ti ferledde» e.l.

Uttrykk med mange uttalevariantar, for å få fram at det er ikkje for seint, det er (enno) god tid; det har ingen bråhast. Nokre eksempel. «ittj nå ti forlia» (Orkdal); «dete itj nå ti ferlea» (Aure); «de te itj nå ti færlee» (Hemne); «det er kje nåkkår ti færlea» (Øksendal); «itj nå ti forledde» (Byneset); «itj nå ti ferledde» (Stadsbygd); «itj nå ti ferleddi» (Flatanger); «ingol ti forlie» (Oppdal). Seiemåten finst mange plassar i landet. Frå Byneset er det også notert utan nekting: «tia e forledde» – det har vorte for seint; «toget har gått».

Dette er eit lågtysk ord, perfektum partisipp av verbet vorliden ‘ta slutt; gå til ende’, om tid. Vi kjenner det også i dei meir skriftspråklege «forleden dag» og «her forleden». Siste delen er same od som vårt li(de) om tid: «ka så li»?

6.10.17: Beinsnakkande

Som snakkar beint fram, seier rett ut det ein meiner; endefram i talen. Spreidde belegg i Trøndelag, frå Hemne i sør til Foldereid i nord. På Nordmøre like gjerne (og helst?) beintalande («bæntallann»). Dette går også inn i Romsdal, pluss ei enkeltopplysning frå Haltdalen.

5.10.17: I folksynet/folksyna

Synonymt med gårsdagens uttrykk: «(midt) i folksynet/folksyna» vil også seie ‘slik at folk ser de; i alles påsyn’. Kanskje ikkje fullt så vanleg som «i folkauga(n)/folkaugom», men det er fleire belegg frå Trøndelag: Hitra, Stadsbygd, Singsås, og så nemner Erik S. Viken det frå Oppdal i kommentarane til «Dagens ord» for i går. Dessutan er det opplysning frå Røldal: «midt i folkasyna». Aasmund O. Vinje brukte det, og det same gjorde Olav Duun. Dagens «litterære» eksempel hentar vi frå heimstadddiktaren Sigurd Sivertsen, med bakgrunn frå Vesterålen og Lofoten; vi går inn i ein pikant situasjon: «de hadde just kysset hverandre bakom stabbursveggen og kom frem igjen i folksyna» («I grend og vær», 1935, s. 114)..

Som ved «folkauge» kan «folk(e)syn» også bety ‘folkemeining’. Grammatisk kan statusen stundom vera noko vanskeleg å få full greie på. Syn kan vera både hokjønn og inkjekjønn, og så vil dativen spela inn for dei som har det.

4.10.17: I folkau(g)om

I alles påsyn; synleg for alle (slik at dei kan følgje med); openlyst; på offentleg plass. Gjerne i samband med åtvaringar om at ein må ikkje gjera slik eller slik «(midt) i folkaugom». Ivar Aasen noterte seiemåten frå Vestlandet, men den går nok mykje vidare. Norsk ordboks arkiv har belegg frå fleire plassar i Trøndelag (Oppdal, Hemne, Leksvik o fl) , og frå Dovre og Folldal bl.a. Og er det noko ein vil halde skjult, gjeld det å «hå det tu følkauom» (Horg), så ingen kan sjå det. Somme av oss er usjenerte, og ikkje redd for å stille seg fram i folkauga. Andre «tåle itt å få folkauånn på sæ» (Hemne). Frå Lista er det eksempel på at folkeauge ogs kan bety folkemeining: «han stenne kje høgt i folkeaue».

29.9.17: Skysse futen

Gjera sitt fornødne (gjerne ute i marka); gå for seg sjøl på naturens vegner. Spøkefullt, gammalt uttrykk som vel avspeglar forakta folk hadde for denne embetsmannen. Registrert frå Suldal, Hemne og Orkdal («skyss fauten»). I Orkdal også om å bera ut avføringa etter slike som var nødd til å gjera frå seg inne. I Stjørna «kjør futen» – både om å bera ut pisspotta og å trille ut frau. Kolbjørn Aune har skrive ein god del om slike uttrykk i Årbok for Fosen 1994, for den som er interessert.

I svensk (dialekt) har vi i slik bruk både skjutsa fogden og skjutsa lensman. Skyssplikt overfor fogd og anna øvrigheit kunne nok vera temmeleg surt, og i bygdebøkene står det mykje om folk som vart bøtelagt fordi dei hadde nekta å stille opp med slik skyss. Ved å gi uttrykket «skysse futen» ei slik tyding, fekk ein stempla denne skyssinga som ein skitjobb. Wilhelm Moberg har sett for seg korleis dette kan ha kome opp, i romanen «Rid i natt!» Her sitert frå s. 161 i norsk omsetting (det er etter at bøndene har fått pliktarbeid på herregarden): «Men Brändebols bønder syntes allikevel at de ennå hadde en frihet tilbake: den frihet som oksen tar seg når den stanser i plogfuren og løfter på halen. Den frihet hadde herregårdsbonden også; når som helst kunne han la arbeidet hvile og gjøre sitt fornødne. Bøndene fra Brändebol hadde satt et nytt navn på denne fihet: når de gikk avsides for å gjøre sitt fornødne sa de at de kulle gå og gi fogden skyss. Det var den eneste rett bøndene ennå hadde tilbake: å gi fogden skyss!»

28.9.17: Fjutt

Eit anna ord som også kan bety dings, og som ein kan ty til når ein ikkje kjem på kva ein ting eigentleg heiter. Men dette er oftast kanskje litt meir spesifikt: Ein tapp, propp eller plugg. Fjutten til trebøtta er såleis pinnen som går gjennom «øra» og inn i lokket, og til møblar som skal settast i hop, hører det gjerne «fjutta». Ordet er så å seie berre belagt frå Nord-Trøndelag, men det er også opplysningar om det frå Oppdal. Når det gjeld opphavet, så ser det ut til å vera ein variant av fjott. Og det er ikkje godfjotten, men ein annan type fjott. Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895), som vi stadig kjem tilbake til her, definerer fjott slik: «en Pind eller Stump af en Kjep eller en formløs Tap, som sidder fast i et Hul eller er til at sætte der; saaledes: en afbrukken Aaretold eller Rivetand, en Træpind som sættes i en Kjæde (Kjætting) for at erstatte en itubrukken Ring, og dl. (dess like)». Denne fjotten har Ross frå Agder og Vest-Telemark. Det finst slektningar i språk på kontinentet.

27.9.17: Abbedings

Spøkefull nemning for dings, tingest, «duppeditt». Så langt belagt frå tre plassar i Trøndelag: Mosvik (Jarle Langfjærans samling), Malm og Vikna. helst uttalt abbedengs. Siste leddet er jo dings, men eg har inga formeining om kva det første kjem av. Mottakeleg for gode forslag!

26.9.17: Ha alle beina til

Seiemåte som dukka opp i forbifarten da eg såg på «innmed beinet» (Dagnes ord 23.9.17): «Ho he aill bæna te å gjærra det sjøl» står i ei ordsamling frå Rindal (årsskrift for Rindal Heimbygdlag 1988, s. 44). Det betyr at ho kan gjera det sjøl, og treng ikkje leige nokon. Truleg lite kjent i dag, men Ivar Aasen har den med i si ordbok, utan heimfesting: «Han heve alle Beini til: han har Kræfter nok dertil; han er ikke at spare». I Norsk ordbok band I i modernisert form: «han har alle beina til» – «har styrken til det». Bein er nok her rett og slett bein i kroppen, knokkel.

25.9.17: Søtkleimen

Dagens ord hentar vi hos forfattaren, fangstmannen og polarforskaren John Giæver frå Tromsø: «Det hadde seg så at den ene av bestemødrene mine var hva man kaller en særs framifrå kvinne. Krøniken forteller at hun drakk pjolter av høye glass og røykte svarte sigarer i en tid da etiketten foreskrev søtkleimen vin og ingen røyk til hunkjønn» («Fra min barndoms elv til fjerne veidemarker» (1960), s. 8). Slike samansette adjektiv er det mange av i norsk talemål. Dei er nyttige for å få uttrykt ein kombinasjon av to eigenskapar, i dette tilfellet vin som er både søt og kleimen (klissete). Men akkurat denne samansetninga finst visst berre hos Giæver, i alle fall på trykk. Prosaen hans har markerte talemålsnære innslag, og det er ikkje sikkert han har funne på dette sjøl.

23.9.17: Innmed beinet

Bruka overført – inst inne (i ein person); i sitt inste, når ein kjem nokon inn på livet. Ein som ikkje er heil innmed beinet, eller heil med beinet, er ikkje å lite på, har eit moralsk lyte, er kanskje både frekk og farleg. Uttrykket er kjent både i Trøndelag og på Nordmøre. Det kan også bli sagt om nokon som er litt på ein snurr.  Som vanleg er det variantar: «han e kje hælt grodd innme bæne» – ikkje heilt å lite på (Nordmøre); «ho æ itt ren innmed bene» ho er (truleg) gravid (Soknedal) viser ein litt annan nyanse. Meir over på det moralske er vi igjen når Hans Hyldbakk kan skrive: «Skal tru om dei er så reine innmed beinet som dei let seg til?» (avisa «Driva» 2.3.1976). Og likeeins Ola Setrom: «var det ekte og reint innmed beinet, dettehan for med?» («Der straumane møtest», s., 128). «Han e kje så fin han, hell, innmed beinet» kunne det bli sagt heime om folk som overflatisk sett var upåklagelege, men som kanskje hadde skjulte, meir tvilsame  sider.

22.9.17: Han ha kasta ni

Det har alt vore nysnø i fjella, og sjøl om han sikket ikkje blir liggande, er det grunn til å minne om eit gammalt uttrykk. «Han ha kasta ni (i natt)». Norsk ordbok har dette frå følgjande stader: Folldal, Lom, Oppdal og Budalen, altså eit ganske samla område rundt Dovrefjellet. Men det går sikkert vidare enn som så. «Ni» er forkorta for «nedi», og så kan vi merke oss «han» som personifisering av vêret, vêrguden eller kva dei no har tenkt seg. Det kan nok også boi sagt «det ha kasta ni».

21.9.17: Godmenne

Snill, god og medgjerleg person. Vidt utbreidd målføreord: Trøndelag, Nordmøre, Vestlandet, Gudbrandsdalen, Valdres og fleire. Stundom kan det gli litt over i det negative og brukast om ei(n) som er nærmast dumsnill og naiv, ein godfjott. I utgangspunktet er det inkjekjønnsord, men somme plassar har det gått over til hokjønn: «han va ei rettele’ gomeinn'». Dette er elles ikkje heilt uvanleg ved tostava inkjekjønnsord. Andre leddet er menne ‘menneske, person’, avleidd av mann. Norrønt góðmenni

20.9.17: Hol i kjøkkengolvet

Dette var sagt dersom den som rådde for hushaldet, og det vil jo langt inn i vår tid seie husmora, var for raus og ødsel. Uttrykket ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag, men vi finn det også hos forfattaren Ragnhild Magerøy («Forbannet kvinne», s. 174). Måten å seie det på kan variere noko, som «brest i kjøkkengolvet» (Skatval), «oppent kjøkkengolv» (Rissa). I memoarboka «Mot strømmen» nemner Johan J. Jakobsen «gjessi kjøkkengolv».  Jon Leirfall kjente det tradisjonelle samfunnet til botns, og han er også inne på dette: «Ho var slik ho ville ha det stort, og det var å ottas for at kjøkengolvet ville bli utett» («Mangt eg minnes», s. 78).  Å bruke ferskt kjøtt var rekna som luksus: «det e utett kjøkengolv der, dem et kjøttet ferskt» (framleis Jon Leirfall, i Stjørdalsboka bind III, s. 294).

Liknande forestillingar og gamle kjønnsroller ligg bak ordtak som «ei kjerring kan ause ut med skei like fort som mannen fører heim med eit skip» e.l.

19.9.17: Gå glas(i)mellom

Gå att og fram mellom glasa (vindauga), gjerne fordi ein er nervøs, iren, ventar på at nokon skal komma etc. Målføreregistreringa er nok ikkje systematisk her. I alle fall er det notert frå fleire plassar i Trøndelag (Meldal, Stadsbygd), og spreidd austafjells (Ål i Hallingdal, Nes på Hedmarka). Oppdalsforfattaren Ola Setrom brukar det ved fleire høve: «ho gjekk glasmillom og stirde» («Medan steinane mel». s. 211). Ingvald Svinsaas har det også: «Husbonden renner glasimellom og holder øye med om det kan komme noen» (novellesamlinga «Gammeltida», s. 114). Frå Hitra har eg notert det med vindauge: «han for og stavra vindusmyllåm». At «mellom» er etterstilt i ord som dette (jf. vegg(i)mellom, hus(i)mellom), er ein rest av ei gammal ordstilling.

18.9.17: Tutterkvenn

Kari Greiff Nilsson tar opp dette ordet i ein kommentar. Vi nemnte det så vidt da vi skriv om «poppelkvenn» 14.9. Kari har ordet frå Kristiansund, der det er/var brukt om ein snakkesalig person. Men det var gjerne humoristik, og aldri vondskapsfullt.

Gunnar Juel nemner dette ordet i eit setningseksempel i arbeidet sitt om kristiansundsdialekten (hovudoppgåve 1957, utgitt som bok 1991). Og elles har vi faktisk ikkje arkivbelegg på det. Dette var vel vurdert som for tynt grunnlag til å ta det med i Norsk Ordbok, men eg er sikker på at det kan skaffast belegg frå fleire plassar på Nordmøre.

Førsteleddet er verbet tutre («tutter»), her helst i Norsk Ordboks tyding 3: småskjenne, klage, småkjekle.

16.9.17: Maripoppel

Diare, livsykje. Registrert berre frå Eide på Nordmøre (nemnt i årsskriftet Eide-minne for 1979, s. 22). Uvisst kvifor akkurat Mari, men kvinnenamn er ikkje så heilt uvanleg i ord for den slags plager. I følgje same kjelde kan usamansett «Mari» brukast på same måten, og likeeins «Brit». «Å ha ho Gunnhild» er eit vidt utbreidd uttrykk for dette.

15.9.17: Meir poppel

Mange fine kommentarar til «Dagens ord» dei siste dagane. All grunn til å pople litt mier om dette. Først har Ernst Olav Blakstad forklart greitt ordet poppelsjø. I Norsk Ordbok er det definert som «skvalpesjø». Den som vil, kan også bla seg tilbake til «Dagens ord» 12.4.15, som var poppelbåre.

Frå mitt eige målføre kjenner eg poppelregn om plaskregn, også med tilhørande verb. Og så er det sjølsagt poplinga i gryta, når det poppelkokar. Eller som Bjarne Østbø skildrar det: «e grytå reingjord og skovånn skrapa og maukjet hengjer der og poppel-sy».

Det er nok overføring frå poplinga i gryta til orda for skravlebøtter. Det er tydeleg når ein pratesjuk persjon kan bli kalla ei poppelgryte i Romsdal. Andre slike ord for skravlebøtter (i tillegg til poppelkvenn  og poppeldall, som alt har vore nemnt) er poppelnella (Åfjord), poppelkari (Sømna), poppelæske (Rødven i Romsdal) og puplemette (Volda).

Så kjem vi ikkje utanom det litt meir uappetittlege. Ein kan f.eks. poppelfise når utsleppa av tarmgass inneheld element av laus avføring. Rindalingane plagast av og til med noko dei kallar poppelskjettu. Svein Kvistad på Inderøya sendte meg ei historie frå 30-åra om ei lærarinne som skulle introdusere bordskikk og bordbønn for ein førsteklasse. Ho spurte kva mor bruka å seie før dei sette seg til bords. Ein liten kar som var litt for seg, refererte slik: «Fol dåkk te bords, onga – og eta te det popple i røven!»

Og med dette er kanskje emnet uttømt.

14.9.17: Poppelkvenn

Mary K. Wullum minte om dette ordet i ein kommentar til «Dagens ord» i går. Som ho seier, så var det brukt om «kvinnfolk som tala både på inn- og utpust». Kjent i Sunndal også, og fleire andre plassar på Nordmøre. I tillegg er det opplysning om det frå Frøya. Kvenn (kvern) er elles ikkje så uvanleg i ord for personar som skravlar i meste laget: plapperkvenn, rappelkvenn, tutterkvenn, kjeftkvenn, munnkvenn og sikkert mange fleire. Og det igjen går inn i eit større mønster der ord for (bruks)gjenstandar får karakterisere folk.

13.9.17: Få på poplet (sitt)

Få ei lærepenge, ei overhøvling, påpakning; bli irettesett eller motsagt; få svar tilbake med same mynt. Uttrykket er avgrensa til Nordmøre (kanskje særleg indre strøk) og somme plassar i Sør-Trøndelag (Oppdal, Hølonda, Hitra, Stadsbygda), og dessutan Skogn og Frol på Innherred. Bjarne Østbø har ein litt annan vri frå Surnadal: «no får dæm på pople-sett» no får dei noko å sladre om. Hans Ross (1895) har «få på poplet» i heilt konkret forstand, få (ein) på munnen, truten, med heimfesting til Trøndelag. Poppel er her skravling, småprat, også sladder.

12.9.17: Angerhalden

Som angrar seg; full av anger (og derfor motlaus, skuffa og lei seg). Ordet ser ut til å ha eit kjerneområde i Sør-Trøndelag og på Nordmøre, med utlaupar til Nesset i Romsdal. Det er også opplysning om det frå Frosta (innsendar til Trønderordboka), men det står ikkje nemnt i Ola Stavseths nye store ordsamling nettopp herifra. Vidare er det eit par belegg frå Solør. Uttalen varierer: angerhallin, angerhall(d)e, angerhållin, angerhøllin m m. Det er kanskje særleg i samband med handel og bytte ein kan bli angerhalden. Men jf. også «angerhållin over hesten sin» (eksempel frå Roan) – lei seg for å ha mista han. Sjå også «angermann», som var «Dagens ord» 11.3.17.

11.9.17: Ha valet og ta sk(v)alet

Det er vel det det handlar om i dag; eller rettare – det er det vi må unngå. Ein kan velje fritt, men tek det dårlegaste. Skalet må her forståast som det ytre, overført om avfall, det ein kastar. «Har ‘en vale, tæk ‘en gje’n skale» er ein versjon frå Meldal. I Rennebu er a-ane meir opna til æ, og da kan det lyde slik: «har’n væle så tæ’n skæle». Eller som i Soknedal: «en væle å væle te en væle på skvæle». Litt meir omforming ser vi i Sparbu: «den som går i væli, dætt ne i sjæli». Litterære eksempel har vi også: «den som velger i valet, han detter i skallet» (Magnhild Haalke: Karenanna Velde, s. 184); «den som velger i val, han faller i skal» (Ragnhild Magerøy: Forbannet kvinne, s. 175).

Somme plassar, helst på Austlandet, brukar ein skval i staden for skal i desse talemåtane. Skval betyr jo så absolutt avfall. Eit par eksempel her også: «når’n ha vale, så tæk ‘en skvale» (Nes på Hedmarka, Nordre Land); «den som har vale, får skvale» (Eidskog); «den som bler i vale, får skvale» (Holla i Telemark); «det e leitt ha vale, men velja skvale» (Valdres).

Interessant er det å merke seg at ein ofte her har forma val utan g der ein no helst vil bruke g når ein snakkar om dagens val(g). Den eldre forma «val» har altså halde seg i eit fast uttrykk. Slikt er ikkje uvanleg. Eg for min del har valg som substantiv, men manglar g-en i verbet: «å væl».

Så får det gå som det kan i dag. Eller som Hans Ross (1895) noterte frå Lom: «det mår i vale for meg» – det er eitt feitt for meg.

8.9.17: Ein/eitt manns høve

«Ta her e no eitt manns høv'» sa far min når han meinte han ikkje trengte hjelp til eit arbeid, ein vending e.l. Han greidde det aleine, det var høveleg for ein mann. Dette er altså Sunndal, og same seiemåten er kjent i Oppdal og Hemne. I Meldal heiter det «(berr ensmanns høv» eller «manns høv». I den store ordsamlinga frå Stadsbygd som kom i fjor, er det ein litt omforma versjon: «de her kannj gått bærre ein mannj øv» (med omtolking til øve = utøve). Fleire plassar i Namdalen er det sagt at ein er einhøv eller einhøvd med (eit arbeid) når ein greier det utan hjelp. Duun bruker forma einhøvd: «Det hendte Marta tok i og hjelpte han, når det var ein stokk han ikkje var einhøvd med» («Blind-Anders», s. 213). Frå Snåsa er notert «einshøv» – i stand til. Sønnafjells somme plassar er einhjelpen brukt på same måten.

7.9.17.: Litlbøtta

Å bera (bårrå) litlbøtta, også fara, gå med litlbøtta, er å bringe sladder rundt i bygda. Ordet hører til trøndersk dialektområde, med ein kjerne i Orkdals- og Gauldalsbygdene, ser det ut til. Dessutan Hemne, Snillfjord og Osen, indre Nordmøre (Sunndal, Rindal) og somme plassar i Inntrøndelag (Skatval, Frol, Inderøy, Beitstad). Dette geografiske bildet kan sikkert fyllast ut meir i detalj. Eit «litterært» eksempel kan vi ta frå Olav Berkaak, når han fortel om ein person som «satt her og verkte med litj-bøtta si» («Og du skal leva lenge i landet», s. 82). Ein ser vel for seg at bøtta er full med sladder. Det er også sagt berre «bårrå bøtta» (Rennebu, Orkdal, Budalen, Melhus, Byneset og sikkert fleire).

6.9.17: Dilderfinn

Skjelven person. Enda eit eksempel på eit personkarakteriserande ord samansett med -finn. Ordet er henta frå ei samling som Kjell Grytdal på Hovin i Gauldalen har sett i hop. Samlinga er (så langt) ikkje komme på trykk, og Grytdal sjøl seier han har samla orda først og fremst med tanke på etterkommarane. Uansett er det ei god og representativ skattkiste med ordforråd, som også inneheld ord og uttrykk eg ikkje har vore borti. Slik som nettopp «dilderfinn». Tanken er å overlate samlinga til Horg Bygdatun.

5.9.17: Fråg(gå)finn og spørfinn

«Frågfinn» var nemnt i «Dagens ord» i går. Det er ei(n), særleg unge, som grev og spør i tide og utide, ein slags ubehageleg kombinasjon av nysgjerrigper og masekråke. Ordet finst også i forma fråggåfinn (også på Innherred), og verbet i førsteleddet tilsvara svensk fråga. I norske dialektar forekjem det både som frega, fråggå og frågga.

Noko meir utbreidd i Trøndelag er spørfinn. I arkivmaterialet finst det belagt frå Hitra, Åfjord, Verdal, Sparbu, Namdalseid og Flatanger (og ikkje bli lei dykk fordi om det skulle vera ukjent i dag på somme av desse plassane).

Finn i etterleddet er nok ikkje mannsnamnet Finn, men finn = same. Kanskje har dei måtta spørre opp att mykje på grunn av vanskar med språket? Men finn går også inn i andre personkarakteriserande ord, som pråttåfinn (klåfingra person, ordet kjem frå Meråker).

4.9.17: Hakeskjegg:

Skjegg på eller under haka: «Når han tala, sveiv høkkuskjegget ein ørliten grand att og fram som ospeblad i ei vindblykt.» (Hans Hyldbakk: Brev frå barndommen, s. 34). Så er det eit par talemåtar å merke seg: «bårrå hukkuskjegget høgt» – vera kaut og kry, eller ha svært velutvikla sjøltillit, som det er forklart i den nye, store ordsamlinga frå Stadsbygd. Uttrykket er belagt nettopp frå Stadsbygd, pluss Orkdal og Meldal. «Nu e di frågfinn hokkoskjægg», hermar Iver Tronsmo i Verdal etter far sin. Han sa dette når ungane grov og spurte for mykje.

Og så kan ein sverge ved pavens hakeskjegg – som jo ikkje finst, og dermed blir eiden ganske uforpliktande.

1.9.17: Dyrkast

Dette har ingenting med dyrking av jord å gjera. Nei, å dyrkast («dørkas(t), «dørkes») vil seie å bli dyrare; å fordyrast. «Tobakkinn ha dørkast», er eksemplet som er brukt i ordsamlinga til Ingeborg Donali frå Oppdal, og ein informant frå Orkdal gir oss denne: «dæm si sokkre ska dørkas att no».

Ordet er tettast belagt i indre strøk av Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Orkdal, Byneset, Røros). I Norsk Ordboks arkiv er det også innsendt frå Roan. Og da dette var konkurranseord på Trønderradioen i 2002, gjekk det også fram at det var kjent i Nord-Trøndelag. Elles er det nemnt frå Folldal, Aurland og fleire plassar i Hordaland, og Aasen fann det også i Gudbrandsdalen.

Som vi forstår, er ordet avleidd av adjektivet dyr. Når vokalen mange plassar har vorte senka til ø, ser vi at y-en tidleg må ha vorte forkorta framfor konsonantsamband.

Form utan refleksivending er kjent frå Setesdal: «kaffien dyrkar», «no hev maten dyrka». Ein spesiell uttrykksmåte har vi i gammalt mål frå Verdalen: «han dørka e fer om» – gjorde det dyrare for han, f eks ved å by over på auksjon.

31.8.17: Møkkjadraging og tukast

(U)skikken med å dra nattefriarar etter møkkrenna er det litt meir å seie om. I Surnadal heitte det å møkkjadra. Hans Hyldbakk vart utsett for dette som trettenårig dreng. Men det var ikkje fordi han gjekk utpå, men som hemnaksjon etter at han sette møkkjalimen i ansiktet på ein som låg og lurkika på han i fjøset. Dette fortel han om i boka «Brev frå barndommen» s. 83-84.

Skikken med å kaste ut nattefriarar var i Surnadal kalla tukast («utorkast»). Dette er også omtala frå Orkladalføret i ein gammal rapport til Eilert Sundt, som jo studerte «natteløperiet». Her er det opplyst at dette vart gjort når ein fann ut at det begynte å bli litt varmt mellom ei jente og ein gut, og da gikk det for seg slik: «At opspore slige intime Forhold, rive Gutten du af sit idylliske Leie i Pigens Favn og kaste ham frem paa Gulvet, medens en anden under Pigens Modstræbelser indtager hans Plads, er en af Natteløbernes mest yndede Fornøielser og benævnes «Tukast»». Og vidare: «En Mand tager fat i Overkroppen, en anden i benene, og saa løfter de den Liggende ud. Ofte kan han sprælle imod, ofte ikke, men i deslige Tilfælde, maa han dog bestandig vige Plads; nytter det ikke paa anden Maade lægge Fredsforstyrrerne sig udover baade ham og Pigen og qvæle dem næsten». Hans Hyldbakk fortel i eit «Kleivabrev» til avisa «Driva» at mest utsett for «tukast» var «slike lumske karar, som for og smatt for seg sjøl og som sjeldan stilte seg solidarisk med oss andre ungdomar» (24.1.1980).

Også i Modalen i Hordaland kunne nattefriarar bli avstraffa med å bli dregne etter møkkrenna. Der heitte det å lortadra.

30.8.17: Skitpallferda

I går 29.8. hørte vi om skampalldraging. I Oppdal var det sagt at dei «for sjeppallfæra» – om friarar som vart dregne etter møkkrenna (helst av konkurrentar), skreiv Erik S. Viken på facebook 23.5.2015. «Sjeppall» = skitpall, det same som pallstokk eller skitpallstokk, sjå «Dagens ord» 28.8.

29.8.17: Skampall

Møkkrenna i fjøset. Ordet er bruka på indre Nordmøre, og er eigentleg skarn-pall. Første gamle ordet skarn om skit, lort, møkk, og det går også inn i det meir allment utbreidde skantil e l om møkkrenna (av skarn-tile).

I «hine hårde dage» var det om å gjera  legge kjelke i vegen for nattefriarar. Ein brutal skikk var å skampalldra friarar -rett og slett dra dei etter «skampallen». Og det var stor skam å bli «skampalldrigjinn». I Øksendalen var det ein skulemeister som prøvde seg med å sjå om jenter som låg i fjøset, og vart skampalldregen av ein gjeng ungdommar. Dette vart det til og med dikta ei vise om. Du kan lesa om det i årsskriftet Du mitt Nordmøre 1967.

28.8.17: Ballstokk

Berit Gjølmesli i Orkdal fortel i ein kommentar til «Dagens ord» 26.8. at ho vart spurt av far sin om ho «låg i ballstokken». Dette uttrykket er nemnt frå fleire kjelder i Orkdal, som seier at «å ligge i ballstokken» er å ligge og lata seg.

Eg spør: Kan dette vera ei omforming av pallstokk? Det er nemleg namn på stokken eller planken i bakkant av båsrada i eit fjøs; den avrensar altså båsen frå møkkrenna. Ordet hører heime i eit samanhengande område med Hemne, Orkdalen, Oppdal, Gauldalen, Røros, Selbu og Østerdalen, med utlaupar til innflyttarmålet i Bardu. Det kan nok vera temmeleg gammalt, for det kan heite pallstokkur også på islandsk. I Oppdal også «sjeppallstokkinn» (skitpallstokken). Andre namn på det er f eks landstokk, skarnstokk og flostokk.

26.8.17: Stallvakt

I overført betydning om ein person som søv ut rusen i stall, fjøs eller på annan høveleg plass før han kjem seg heim og i seng. Reidar Djupedal noterte dette frå Leinstrand i si tid. Stallvakta fekk nok tømmermenn – hadde kanskje fått i seg haupinsmorning om kvelden. Spøkefullt uttrykk frå Surnadal om dårleg drikke som ein får hovudpine av. Både stallvakt og haupinsmorning kjem med i ei ny slangordbok for trønder- og nordmørsmål som kjem ut i haust.

25.8.17: Tømmermenn

Gårsdagens ord førte til kommentarar om «foillsjuk», skallbank, «kuppelhau», blåmåndag m m. Men det var visst ingen som nemnte å ha tømmermenn. Det er jo så allment at det til og med er leksikonoppslag på det: «Folkelig betegnelse på alkoholindusert rus med etterfølgende hodepine (crapula), tørr munn og kvalme» står det i Store norske. Og vidare: «tømmermenn representerer en tilstand av stress, både fysiologisk og for stoffskiftet. Den er tegn på en akutt reaksjon på alkoholen og dens nedbrytende stoffer». Så veit vi det! Ideen er sjølsagt at det kjennest som tømmermenn held på med bankinga si inni hovudet ditt. Men ordet har vorte overført i enda ein omgang: Kan røpe at i Det Norske Akademis Ordbok (NAOB), som kjem på nettet ved årsskiftet, vil du finne dokumentasjon både på moralske og økonomiske tømmermenn.

24.8.17: Blyhatt

Litt alderdommeleg slanguttrykk for bakrus med skallebank: «han ha setti aa gubba lite Kvæln før saa han ha Blyhat» (Olaf Berg/Martin Kvænnavika: Survikjægta paa tur, s. 24). Ordet er brukt av kjente forfattarar som Jonas Lie, Amalie Skram og Hans E. Kinck. Også kjent i dansk, og det kjem frå lågtysk bliehot. Ideen er vel grei å forstå, for hovudet kan jo vera tungt som bly under slike tilstandar. Frå Valdres er blyhatt nemnt som ein stor, tung hatt som kjøkemeisteren brukte.

23.8.17: Tidfarande

Kjell Grytdal på Hovin har komme med eit ord som er synonymt med tidgåande, men som er mykje meir sjeldan. Uttalen på målføret i Horg er «tifårråinn». Andre leddet er presens partisipp av å fara. Leif Halse har brukt ordet i romanen «Torevatn»: «Ho hadde vorte tidfarande nedi bygda den siste tida, ho Brit» (s. 139). Ein nærståande variant tidfaren er også registrert, men svakt dokumentert.

22.8.17: Tidgåande («tigåan»)

Ordet dukka opp, ikkje så unaturleg, i kommentarane til «heimholt» 18.8. Brukt om folk som kjem ofte på besøk, gjerne slik at dei nesten blir oppfatta som plagsame og innpåslitne: «Han bynne å bli væl tigåan no». Langt dei fleste belegga på ordet kjem  frå Trøndelag («hvori opptatt» Rindal), men også Lillesand, Kristiansand, og eit hopp til Bø i Vesterålen (Norsk Ordbok). Leif Halse bruker forma tidgangand, sikkert med bakgrunn i nordmørsmål. Tid- er same ordet som vi har i nøytrumsform i titt (og ofte).  Eit par belegg frå Namdalen viser forma tittgåan. Andre plassar kan det heite f.eks. tidgjengt, tettgjengt. Eit alderdommeleg utsjåande, men truleg enno fullt levande ord for det same er tidgongug («tigongau» Hølonda, «tigongög» Ålen, «tigongu» Glåmos, Røros).

21.8.17: Heimvett

Vett til å finne heim, eller vett til å ha seg heim i rett tid. Gjeld både folk og krøtter. Kjent her og der i Trøndelag og på Nordmøre; Norsk Ordbok fører i tillegg opp Sunnmøre, Sunnhordland og Vestre Slidre. Ivar Aasen har det utan heimfesting i si ordbok. «De e ein og ting å hå heimvett», heiter det i ei gammal ordtakssamling få Stjørdalen. Olav Duun lar karakteren Åsel uttrykke seg slik: «lat meg ha meg heim, sa ho; eg hadde da heimvett før» (Storbrylloppe, s. 92). Da laut ho «ta åt hæmvætta», som Bjarne Østbø skreiv opp frå Surnadal.

20.8.17: Heimhuga

Som lengtar heim; som har heimlengsel, eller heimhug. He(i)mhåggå i tradisjonelt indre trøndersk, slik Aasen noterte seg det i Orkdalen. Også i andre former, som heimhaua og heimhoga. I Midtre Gauldal hemhåvvå. Blir brukt både om folk og krøtter, f eks hestar som sett opp farten når dei lengtar heim, eller kyr som vil ned frå setra.

18.8.17: Heimholt

Som oppfører seg som om ein er heime; som tar seg til rette hos andre; i meste laget husvarm. Gjerne sagt om ungar som begynner å bli litt for viltre og pågåande når dei er borte hos andre. Ordet er kjent frå fleire stader i Trøndelag (Bjugn, Byneset, Tydal, Inntrøndelag, Snåsa, Inner-Namdalen), og dessutan i Nordland. Ivar Aasen forklarte det slik frå Orkdal: «hjemlig, fortrolig, familiær, om omgang og oppførsel». Tydinga kan gli i retning av ‘nasevis, frekk’.

Ein liten formvariant finst i dette sitatet frå Jon Leirfall: «folk var redde for å sleppe farande folk for nær innpå seg, – de kunne bli «heimhallinn» da» (Stjørdalsboka bd III, s. 277).

Stundom har det vore brukt om villdyr som blir for nærgåande: «den tia va bjønn så heimholdt, at ‘n for neri hageraakran om kveillan aa neter’n aa aat hager» (havre) (Ola Garlaus: Petter Slaap, s. 24).

Det har nok dels vore oppfatta som sisteleddet heng saman med halde; jf. også forma «heimhellt» frå Nordland. Men opphavleg er det nok frå norrønt heimhollr (frå heimoll) ‘som ein har rett til’ (jf. heimel, hjemmel). Den som er heimholt, tar seg jo nettopp til rette, som nemnt.

17.8.17: Besjuan

Å få på besjuan sin er eit lokalt uttrykk frå Hitra, som betyr å måtte stå til rette for noko, komma ut for noko, eller rett og slett få ris på rumpa. Dette er faktisk same ord som besyv,  i den n litt gammaldagse vendinga gi sitt besyv med ‘bidra, komma med si meining’. Besyv kjem frå tysk die böse Sieben ‘den slemme sjuaren’, og skriv seg frå kortspelet styrvolt, der sjua var høgste trompen. Å komma med sitt «besyv» er altså eigentleg å spela ut den høgste trompen sin. Etymologane Falk og Torp antydar elles at dette kan ha blanda seg med nederlandsk beseef eller frisisk bisef ‘begrep, innsikt, forstand’.

16.8.17: Gammellik(t) seg

I referatet  Adressa måndag 14. august frå kampen mellom Rosenborg og Molde helga før står dette om RBK slik laget stod fram etter pausen: «Midtbanen, som hadde rotet med ball, var plutselig gammellik seg». I same referat blir forresten trenar Ingebrigtsen sitert på at laget hadde spela «hånat» før pausen. Artig med slike innslag i avisene, og det er ikkje første gong: På spelarbørsen 22.9.14 fekk Tore Reginiussen 4, meed karakteristikken: «Åpnet usikkert i duellene. Mer gammel-lik seg mot slutten».

Uttrykket å vera gammel-lik seg er definert slik i Norsk Ordbok: «vera den same som før, ikkje ha endra seg». Det kan nok vera både positivt og negativt – i fotballreferata er det utan tvil positivt. Ein er den gode gamle, f eks etter å ha vore sjuk. Men det kan nok også brukast negativt om personar eller forhold som er ved det same gamle utan at det har betra seg.

Norsk ordbok fører opp målførebelegg frå Trysil, Tynset, Ringebu og Telemark, med spesielt mange enkeltbelegg frå nettopp Trysil. Men det er nok mykje meir utbreidd enn som så. Nokre år hadde eg ei språkspalte i Aura Avis på Sunndalsøra der eg drog fram gamle, halvglømte dialektuttrykk. Ein eldre kar meldte tilbake på telefon at dette var så koseleg og gammel-likt seg.

14.8.17: Storle(i)tt

Det dreg etter seg med samansetningar på -le(i)tt for å eskrive ansiktsfasong. Eitt av dei som er nemnt, er «storlætt»; i Norsk Ordbok definert som «med stort og grovt andlet». Målføregrunnlaget for dette ordet er spreidd, utan tydeleg tendens. Det motsette blir småleitt.

Eit par sitat, først frå folkeminnesamlaren Ola Hola: «han ha’ otrule’ stort hau og var nåkkå storleitt» (Folkeliv og tradisjon frå Nesset I, s. 325). Og her er Rasmus Løland: «ho var ein grand tungvaksi og storleitt å sjå til og ikkje det ein kunde kalla ven» (Umskifte, s. 25).

Eg minnest mor mi kom med denne kommentaren ein gong, det var «close-up» av Herbjørn Sørebø på fjernsynet: «Hainn va storlæt hainn Sørebø i kveld».

13.8.17: Breile(i)tt

Eit spørsmål på tidlinja mi om rundle(i)tt avfødde mange kommentarar, og fleire ord av same slaget, som finle(i)tt, langle(i)tt og småle(i)tt. Sisteleddet her har ingenting å gjera med let(t) farge, som i raudleitt. Det heng i hop med det norrøne vernet lita ‘sjå’, og kan derfor jamførast med andlet (and- ‘imot’), ansikt (jf. sikt) og åsyn. Vi snakkar om den kroppsdelen som gjerne vender rett imot ein, og rundleitt, langleitt etc. fortel om ansiktsforma, korleis ansiktet tar seg ut for den som ser på det.

Breile(i)tt vil dermed seie at personen har eit breitt ansikt. Belagt frå mange målføre utan særskilt geografisk tyngdepunkt; eg har det blant anna frå mitt eige sunndalsmål. Det er også brukt av fleire nynorsk-/landsmålforfattarar: Olav Duun skildrar ei taus som «breileitt og bustut og stygg alt med seg». I norrønt heitte det breiðleitr. Både heilag Olav og kong Sverre blir karakterisert som breileitt.

11.8.17: Rub(b)elgut

Ord som dukka opp i samband med gauder, gaulik o fl. Det betyr ein uvøren, framfus og likeglad type; gjerne ein storfestar og gladgut; stundom også sagt om ein vilter gutunge. Sæleg verkar det kjent på Innherred, men også somme andre plassar i Trøndelag (Hitra, Roan) og eit par plassar på Vestlandet. Uttalen varierer mellom rubel- og rubbel-; i Bardu har dei varianten ruffelgut.

Vi kan kose oss med nokre sitat: «på marknaen der var du rubelgut» (Olav Duun: I ungdommen, s. 22); «ein retteleg gjentefut og rubelgut» (Olav Gullvåg: Brattøra, s. 81); «drukne landevegstravarar og rubbelgutar av verste slag» (Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft, s. 110).

Eg har ikkje sett noko forklaring på kva første leddet er for slag. Det er neppe valutaen rubel, sjøl om det i ei revyvise frå Ranheim ca. 1950 heiter «Stalin rubler penger ut, Stalin er en rubelgutt». Kanskje det er samanheng med rubbel og bit, rubb og rake etc. Eg har ingen betre forslag så langt.

10.8.17: Fant-Grete

Ei som er overdrive pynta. Eitt av dei mange spesielle uttrykka som Arnfinn Ane på Hitra har komme med. «E det a fant-Grete som kjæm?» kunne det bli sagt til slike. Truleg går det tilbake på ein reell person, og i alle fall er det vel idear om pynt hos kvinner av reisande folk som ligg til grunn.

9.8.17: Fantstaur m fl

Samansetningar med fant- går i stor grad parallelt med dei som begynner på fark-, som vi såg på i går. Men det er noko færre av dei, ser det ut til. Vi ser i denne samanhengen bort frå dei som gjeld fant i tyding omstreifar, tater o.l., og tar for oss ord for personar som fer med (harmlaust) lureri og fanteri.

Som sagt er det mange parallellar til fark-. Fantstaur er kanskje den mest vanlege samansetninga. Fantsyl finn vi i Sør-Trøndelag, akkurat som farksyl, men det går også inn på nordmørsk område. Fantstav er nordmørsk, akkurat som farkstav. Og fantkjelke har vi frå Oppdal, nett som farkkjelke. Men her er det i tillegg ei opplysning om det frå Gjemnes på Nordmøre. Fantlaup ser derimot til å vera mykje mindre utbreidd enn farklaup, med belegg berre frå Oppdal og Støren.

Spesifikt om og til kvinner er fantmerr (Gjemnes), og ein gutunge som fer med fanteri, kan  i Oppdal bli kalla ein fantryss.

8.8.17: Farkstaur m fl

Også eitt av dei mange synonyma eller nærsynonyma til gauder, gaulik og spissbur. Staur er eit utruleg vanleg sisteledd i slike personkarakteristikkar (jf. f.eks. hånstaur, bøkkelstaur, lygarstaur). Det er veldig mange samansetningar med fark, først og fremst i Trøndelag og på Nordmøre (trøndersk dialektområde), men det går også vidare nordover. Ein fark er da ein luring eller kjeltring. Men ei meir opphavleg tyding av fark er nok landstrykar, for det er avleidd av farre, som i seg sjøl er danna til verbet fara.

Farkstaur er kanskje den mest vanlege av desse samansetningane, men farklaup kjem også høgt på lista. På Nordmøre er farkhau og ikkje minst farkstav ein god del brukt. Farksyl har mange belegg frå Sør-Trøndelag. Og så har vi alle dei som (kanskje tilfeldig) er registrert meir eller mindre lokalt: farkfusse (Singsås), farkkjelke (Oppdal, Singsås), farklur (Sparbu), farknåvvår (Rindal), farkpatrik (Namsskogan),  farkpeis (Vikna), farksole (Orkdal), farkstavar (Hemne), farktange (Rennebu). Magnhild Haalke bruker ordet farkstaka, og Oskar Alstad, Skatval, som noterte skjellsord frå ca. 1900, supplerer med farkbukk, farkhund og farksimen.

I namdalsmål blir ein farkete gutunge ein farkstrik.

Vil ein ha ord særskilt til hokjønnet, står bl a desse til disposisjon: farkfil, farkflis, farkførkje, farksara, farkskjor, farkstikke og farkteks’ (-tikse).

Og så er det sjølsagt mange heilt opplagte samansetningar, som farkgut, farkkkall, farkkjerring, farkstakall og farkunge.

7.8.17: Spissbur

Mange ord med liknande innhald melder seg når vi tar opp ord som gauder og gaulik. Eitt av desse er spissbur, som har fått ein bra dekkande definisjon i Norsk Ordbok: «artig, spøkefull kar; luring; skøyar, skjelm, skjemtegauk». Og det er her rekna som vanleg. Ein spissbur fer gjerne med spissburstreker eller spissburstykke.

Dette ordet er også tysk i sitt opphav: Spitzbube er anna til adjektivet spitz ‘slu’ (jf. spissfindig) og Bube ‘gut, slyngel’. Frå Krisiansand er faktisk forma spissbub registrert. Elles kan det somme plassar heite spissbu eller spissbue. Eg har også hørt varianten spissburger.

Men er det nokon som har hørt om eit hovudplagg som heiter spissburhuve?

5.8.17: Gaulik

Blant dei mange kommentarane til gårsdagens ord «gauder» var det fleire som drog inn ordet gaulik. Det er vel omtrent synonymt med gauder – ein spøkefugl, villstyring e l.  Frå Overhalla blir det opplyst at framvekstringsgutar var kalla «gaulekka», og i Fosnes har det vore brukt om ein pram.

Utbreiinga er ikkje så ulik den for gauder. Det er stort sett avgrensa til Trøndelag, men eg kjenner det godt også frå mitt heimemål i Sunndalen på Nordmøre. Trønderske skrøneskribentar som Olaf Berg og Martin Dahl har sett det på trykk: «han Kal Heln va en stor spissbur aa utspekelert gaulik, som bestandi spekelert på fantstræker» (Berg/Kvænnavika: Skrøner, første samlinga, s. 68).

Somme plassar finst uttalen gøllek eller gøllik (Selbu, Leksvik). Det er i alle fall uttalt med tynn l, og dermed kan det ikkje vera samanheng med verbet gaule. Gjengs oppfatning i dag er at vi rett og slett har å gjera med mannsnamnet Gudleik eller Gullik, slik også Svein Guddingsmo peikar på. Det er belagt i forma Gaulek eller Gaulik. Men så kan det vera påverka av gauder. Ragnvald Iversen målbar ei litt anna oppfatning: Han meinte første delen var som i gauder, men så er ordet danna etter mønster av fyllik, hallik o.l.

4.8.17: Gauder

Personkarakteriserande ord som ikkje nødvendigvis treng å vera negativt. Oftast er det brukt om ein som finn på artigheit, ein spøkefugl, eller også ein luring. Med gauderen kan det også gjerne gå litt vilt og ukontrollert for seg. Men stundom, særleg i Fosen, blir gauder også sagt om ein dyktig kar. Hans Ross 1895 er visst den første som registrerer ordet, og han gir blant anna definisjonen «snedig, fiffig, smidig Karl». I osen kan det også brukast om eit dyr eller ein gjenstand som er dugande og framifrå: ein gauder til hest, ein gauder til båt.

Hans Ross var også den første som såg kva dette ordet må komma av. Det må vera omlaga av tysk Gaudieb, eventuelt lågtysk gaudeef, bokstavleg talt ‘rask, smart tjuv’. I somme tydingsnyansar har det kanskje fått tilknytning til gauv, adj. Den noko mindre omlaga forma gautjuv finst også i norske målføre, og Olaf Berg alias Martin Kvænnavika skriv om gautjyva og gautjyvstræk. I dansk, eldre dansk-norsk og riksmål førekjem gavtyv, brukt av bl.a. Bjørnstjerne Bjørnson.

3.8.17: Tutøygd:

Med auge som står ut. Oftast uttalt tutøgd, men også tutægd og tutågd. Ein kan gråte så ein blir tutøygd, slik vi ser det hos småungar som har hatt ein stri skrikareling. Men tutøygd kan ein også bli av nattvaking. Sjå for deg auga på ei ku. Bjarne Østbø noterte dette setningseksempelet, som også er komme på trykk i ordsaminga «Ord te gagns» frå Surnadal: «ho e tutögdar hell når ku». Etter opplysningane i Norsk Ordbok (inkludert arkivet deira) finst ordet (eller har funnest) på desse stadene: Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal, Sunnhordland, Kinsarvik, Romsdal, indre Nordmøre og Oppdal. På islandsk túteygðr.

2.8.17: Tutrauv:

Det kom mange artige kommentarar til «Dagens ord» i går, og ikkje alle høver like godt til offentleg bruk. Vi kan i alle fall slå fast at «attrauva» er utbreidd på store delar av Nordmøre, og kjent i Oppdal også. Wenche Irene Horne nemner «å værræ tutrævæ» – altså tutrauva, frå Averøya. Og det er danna på same måten som attrauva, sidrauva m fl, «med slik rauv som førsteleddet seier». Men i Sunndalen hadde (og har) vi eit substantiv tutrauv, som betyr «utståande bakende». «Hadde aldri trudd eg hadde tutrauv», skriv Berta Aspås i Jul på Nordmøre 1982, s. 30, med målføregrunnlag frå Tingvoll.

Men det ser ut til at ordet lever i beste velgåande, for det er ein god del treff på «tutræv» på nettet. «Man kan jo faktisk ha «tutræv» og smale hofter», les vi på kvinneguiden.no.

1.8.17: Attrauva

Som har stor, utståande bakende. Kjenner ordet så langt berre frå Sunndal og Surnadal. Men vi finn ein overført bruk hos Leif Halse, i bygdaboka hans for Todalen. Her ser det nærmast ut til å bety ’sein til å koma; tungbeden’: ”Matmora sa til grautberarar mellom bryllaupsfolket, og da var dei ikkje attrauva, skulle eg tru! Nei, dei kom med ein gong!” (s. 166)

5.7.17: All med seg

Betyr det same som gårsdagens uttrykk «alt med seg». Det har neppe noko med kjønn på den som blir skildra å gjera, for det ein brukar «alt med seg», vil det også kunne gjelde hokjønn. Jf. eksempelet frå i går, med kjerringa som var trill rund, alt med seg.

Mest vanleg for all med seg er tydinga ‘over heile, heilt og fullt, i alle måtar’. «han hovna opp all med seg»; «fin hest, han föl-se så godt all me se» (frå Nils Magerøy: Olvundeidmålet); han va ni vatna all med seg» med heile kroppen. Dette går litt vidare enn «alt med seg» i same tyding. I tillegg til Trøndelag og Nordmøre kjem Gudbrandsdalen, Østerdalen og Valdres, pluss somme andre plassar.

Ein litt spesiell vri har vi i dette eksempelet frå Melhus: «han vart så all med seg» oppglødd.

All med seg kan også bli brukt i tyding ‘berre så vidt’ (men nok ikke så vanleg): «det var all med seg at han berga seg i land» (Tingvoll); «de va berre all me se at kjørar’n va kar te å hall’ se fast me lassa» (Edvard Langset: Eventyr, segner og gamle lækjeråder», s. 16).

4.7.17: Alt med seg

Uttrykk som betyr to ting. For det første kan det bety ‘berre så vidt; på hengande håret’. Som i dette dømet frå Karl Braset, på målføre frå Sparbu: «det e alt me sæ ‘n klare det». Eller som hos Duun: «ho var så veik enno, det var alt med seg at ho gjekk (Storbryllope, s. 123).

Den andre betydninga er ‘over heile; i det store og heile’: «kjerringa var trill rund, alt med seg»; «for ellers var ho jo lyslett alt med seg» (Magnhild Haalke: Karenanna Velde, s. 172).

Begge ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag og Nordmøre.

3.7.17: Barbro/barbrogull

Planten balderbrå. Ei omforming av namnet, slik at det fell saman med kvinnenamnet Barbro. Denne overgangen ser ut til å ha skjedd berre i Trøndelag. Ivar Aasen noterer barbrå frå Innherred. Med det vanlege andreleddet -gull i blomsternamn får vi også barbrogull. I Oppdal barbrosoløy.

Namnet balderbrå kan knytast til norrøn mytologi. I Snorre-Edda (den yngre Edda) er det fortalt at guden Balder er så lys og fager, og det er ein blomster som er så kvit at han kan samanliknast med Balders augehår (brá). Baldursbrá på islandsk og færøyisk.

2.7.17: Kjørmusjon

Kjørereiskap, kjøretøy, kjøredoning, framkomstmiddel (Sør-Trøndelag, Leksvik, Ytterøy, Otterøy). På Hitra også med uttaleforma kjørmusjedon. Gammalt ord, særleg brukt om kjørety for hest. «Han (Tore Gjærstuggun) drev mye og gjord kjørmusjon, og slåene og kjelkene hans var namnspurt for å være solide og lettkjørte» (Årbok for Meldal Historielag 1968, s. 46). Musjon er vel forkorta form av «ammunisjon» , overført på anna utstyr. I Tinn er det brukt om møblar, innbu. Eit par andre samansetningar: stasmusjon og vognmusjon.

1.7.17: Stundsjuk:

Utolmodig, rastlaus, ventande, lengtande (Hitra, Leka med uttalen «stonnasjuk», Nesna, Hemnes, Nord-Rana). «han kan itt værra stonnsjuk den som ska vent på dokk» (Hitra). Forfattaren Magnhild Haalke har teke i bruk ordet (”Karenanna Velde”, s. 37)

30.6.17: Søtskruv m m

I går såg vi at søtjo, som er namn på stikkemyggen, også kan bli bruka om ein person som er glad i søtsaker. Det finst fleire andre samansetningar med søt- for slike folk; mest allment kjent er vel søtmons. I Trøndelag og på Nordmøre er elles søtskruv ganske utbreidd. Vidare har vi søttrut (innsendt frå Glåmos), «søtsmoidd» (Meldal, ukjent kva sisteleddet her eigentleg er) og ikkje minst søtmjøkspikkje (Tingvoll). Det siste er også brukt om ein veik, feminin kar. Spikkje = kjøtmeis. Etter same mønster som søtjo, med eit personnamn i sisteleddet, har vi ein søt-Jens (Tustna), ein søt-Mikkel (Melhus) og ei søt-Mildri (Orkdal).

29.6.17: Søtjo

Namn på den summande stikkemyggen, på størrelse mellom knott og myhank. Utbreidd på Nordmøre og i dei vestlege delane av Sør-Trøndelag, med søre delar av Fosen, Orkdalen, Oppdal og Hølonda. Frå Åfjord er det opplyst å vera eit eldre ord. Det går inn på romsdalsk område i Bolsøy. «Når han Søt-Jo tek te å syng, da held han folk vak» (Ragnhild Magerøy: Kjærligheten spør ikke, s. 39).

Stundom kan nok namnet brukast om andre insekt. Somme oppgir det om knott (som i dette området elles heiter my), andre om myhank («stankelbein»). Frå Agdenes heiter det at søtjo er brukt om klegg i tillegg til den vanlege stikkemyggen.

Så er søtjo også brukt overført om folk som er glade i søtsaker, synonymt med søtmons eller sleikmunn (Nordmøre, Frøya). Ola Hola frå Nesset har det om ein smiskande person, ein som er søt i munnen: «akte deg for ‘nå Søtjo og ‘nå Smiskepe»; «han Søt-Jo e sjellå god». Dette fortel indirekte at insektnemninga må ha vore kjent også i Nesset.

Det har vore hevda at søtjo er ei omforming av sørsamisk sætnjoe ‘kløe’, også med tilvising til tjoere ‘insekt’. Eg meiner dette er for dårleg grunngitt, både reint språkleg, som ordlaging, og så langt også med manglande påvising av den kultursamanhengen som skulle ført til ei slik overføring. Så langt oppfattar eg dette beint fram som ei samansetning av adjektivet søt og mannsnamnet Jo.

28.6.17: Stabbstinn

Svært tett, heilt ugjennomtrengeleg. Gjerne bruka om skodde, nedbør, røyk o.l. Registrert berre frå Nordmøre (Tingvoll, Sunndal, Surnadal): «snøen kom veltande tjukk og stabbstinn» (Hans Hyldbakk i bladet Heimveg, nr. 22 1937); «regnet står stabbstint utover fjorden» (Tingvoll). Hyldbakk er nesten den einaste skribenten som har sett ordet på trykk. «Nesten» fordi Gudve Tone Gjellstad har bruka det i diktsamlinga «Ljosmorgon» (1943, s. 40), der ho skriv om «stabbestinn moe». Moe vil vel her seie dis. Gjellstad var frå Vestfold, men hadde sterk tilknytning til Telemark. Det er uvisst om ho har det frå målføre eller har laga det spontant. Lyrikarar kan jo finne på slikt.

Stabbstinn kan også bety tettpakka, stappfull. Det kan vera stabbstint med folk, noko som blir omtrent det same som «stinn brakke». Og her er Hans Hyldbakk igjen: «han slarka ikkje bort velferda si den karen sa dei om han som hadde stabbstint vedla i skottmunningen til vinters» (avisa Driva 22.3.1989).

27.6.17: Teglsett

I ein kommentar til «Dagens ord» i går nemner Mildrid Melkild «taggelsett». Det er vel målføre frå Øksendalen, og betydninga er den same: tettsådd, tettpakka, tett i tett. Eg meiner å ha hørt «tagelsætt» på sunndaling, og til og med «nagelsætt». Særleg den siste, men også den første, ser ut til å ha spora av litt frå opphavet. Teglsett («tæggelsætt») er nemleg meir utbreidd, registrert frå fleire stader på Nordmøre (Tingvoll, Stangvik, Surnadal, Tustna): «tæggelsætt tå lus», «tæggelsætt med påte» (påte = flått), «sjøbotnen er teggelsett av kråkebollar i alle størrelsar og fargar» (avisa Driva 28.1.1982). på Søla «tiggelsætt», og i Eide «telsætt/tesjætt»: «vindua va tesjætt tå flog». Førsteleddet må nok vera tegl, og ideen at det sitt tett i tett som teglstein.

26.6.17: Nappsett

Heilt dekt; tettsådd; tett i tett (Sunndal, Surnadal): nappsett med lus; «nappsett med åt’ ekreng auånn på hæsta» (Bjarne Østbø); «nappsett med aure» Førsteleddet er vel eigentleg napp – innvovne eller knytte trådar eller rivne filler på rye eller klede.

25.6.17: Sibreidd

Jamt og tett breidd ut over alt, vel opphavleg om gras eller høy. Austlandet primært, men også Agder (Ross), Ryfylke (Aasen) og Hardanger.

Overført – tett saman; fullt opp (somme plassar på Austlandet): «sebredd med følk».

Forsterkande si- (siblaut, sigrøn), som går tilbake til norrønt. . Germansk rot, langt uti i slekt med sam-.

23.6.17: Jambreie

Det same som einbreie, som Kari Sollid Heitmann peiker på i kommentar til «Dagens ord» i går. Gras som dekker heile det enghstykket som er avslege, når ein breier det ut til tørking. Velkjent ord på Nordmøre, og Norsk Ordbok fører i tillegg opp Bolsøy, Agdenes, Fauske og Nissedal. her er eit sitat frå Leif Halse: «Det var ågildt med gras uti Dala-øyane. Mange stader gjekk det karane midt å legg, så det vart jamn-breia når breiar-dråka kom med riva si og raka graset i flekker» (Mannbjønn, s. 16). Ord som dette er sjølsagt mindre aktuelle når det er slutt med markaslått, og meir elle rmindre også med å tørke på bakken.

 

22.6.17: Einbreie

Så mykje gras at det blir samanhengande høybreie, altså at det dekker heile det engstykket som er avslege. I Trønderordboka heimfesta vi dette ordet til Sør-Trøndelag og somme stader i Inntrøndelag, og det stemmer bra med beleggsmaterialet. «Det var sjelden det ble enbreie av det armodslige graset», fortel Ingvald Svinsaas om markaslåtten («I skyggen av et tårn», s. 20)

21.6.17. Skuromtil

Ord som beskriv bra det vêret vi har i Trøndelag om dagen. Når det er «skuromte», er det meir eller mindre jamne skurer, byger, med opphalds imellom, og det skiftar fort. Reint trønderord, med arkivbelegg frå Hølonda, Horg, Malvik, Brekken og Frol. Det er visst ikkje komme med i Norsk Ordbok. Dativ fleirtalsform i førsteleddet, etter eit kjent mønster i fleire tradisjonsord, som vi kan sjå på etter kvart («elingom-til», «riom-til» f. eks).

Eit anna ord for det same er skur(i)mellom («skur(i)milla»). Nesten reint trøndersk dette òg: Melhus, Horg, Selbu, Stjørdal, Meråker, Mosvik, Inderøy, Sandvollan, Sparbu, med ein slengar nedafrå Sigdal. Også dette etter eit velkjent, gammalt ordlagingsmønster med etterstilt mellom (som i bekkimellom, veggimellom m.m)

20.6.17: Gnellsteik

Wenche Irene Horne nemner «gnæillstæk» frå Averøya i ein kommentar til «Dagens ord» frå i går. Og ja, dette betyr også person om gneller og skjeller, og gjerne for den minste ting. Hans Ross (1895) har også dette frå Nordmøre og Fosen. Det blir bekrefta i nyare materiale frå desse områda: Vi har Batnfjorden, Øksendalen (og kan no også legge til Averøya) og Hitra.

Steik er definitivt ikkje vanleg i slike nedsettande ord om person, men på Nordmøre har vi noko som heiter leppersteik – brukt om slepphendte folk.

19.6.17: Gnellspik

Marit Julien spør når eg kjem til «sintspik». Den må du forklare sjøl, Marit, for den har vi visst ikkje belegg på. Men kanskje gnellspik er noko liknande? Hans Ross 1895 har det frå Nordmøre og Fosen, definert som «barn eller Kvinde, som hviner i for ingen Ting». I nyare materiale har vi det frå så spreidde plassar som Eid i Nordfjord, Melhus og Nesna. Og Jon Østeng Hov omtalar lemen som «fjellets vakre gnellspik» i Uke-Adressa 25.8.2001. Spik er vel her som i villspik og grannspik, som vi alt har sett på.

18.6.17: Grannspik

Tynn, mager kvinne eller jente. Notert berre etter morfolket mitt i Øksendalen på Nordmøre. Spik som i villspik.

17.6.17: Villspik

Ei som er vilter av seg. Vanleg ord nordafjells, medrekna Møre og Romsdal. Det går også ned i Nord-Østerdalen, og spreidd her og der andre plassar sønnafjells, som Hardanger. Hans Hyldbakk gjorde den observasjonen at «stillfarande folk er ikkje allveg så mykje meir dydige enn villspiker og skravlebøtter» (avisa Driva 16.4.1988). Spik = tyriflis, og dette fell inn i eit velkjent mønster med nemningar for trestykke av forskjellige dimensjonar som andreledd i personkarakteriserande ord. For ein tretti års tid sia hadde Adressa ein serie med korte einspalters presentasjonar av folk som var i vinden, i media eller på annan måte. Dette var akkurat da ei ung Trine Haltvik var i ferd med å slå gjennom. Han som skreiv spalten om ho, hadde som tittelforslag nettopp villspika. Han måtte visst kjempe ein hard kamp for å få ordet på trykk. Det hadde nok gått lettare i dag. Det er såpass utbreidd at det har nesten 80 belegg i arkivet til Norsk ordbok, og det har funne plass i Nynorskordboka.

16.6.17: Greinleg

Kan brukast på same måten som granngivelig, altså tydeleg, nøyaktig, formeleg (til forsterking og understreking). Som målføreord er dette registrert frå Snåsa, Namdalen og Helgeland. Det har vore ein del i bruk blant nynorsk- og landsmåsforfattarar og skribentar. Duun brukar det flittig, f.eks. her: «ein kunde greinlig sjå kor berge der framanfor flutte seg unna» (Paa tvert s. 109). Og her er Ola Setrom, som neppe kan ha det frå oppdalsmålet sitt: «han kjende så greinleg at det var sant» (Der straumane møtest, s. 35). I dette målføreeksempelet frå Snåsa: «han e greinle flink» betyr det vel nærmast ‘faktisk, rett og slett, formeleg’.

Greinleg er avleidd av substantivet grein ‘skikk, orden’, og det kan da også bety ‘ordentleg, i god skikk’ (som det er god grein på). Og det kan vera snakk om å få greinleg melding, greinleg beskjed.

15.6.17: Granngivelig

Tydeleg, nøye, i setningar som «han såg granngivelig ut som..», «han likna så granngivelig på far sin»; «eg syntes granngivelig at..». Vi kan plukke eit sitat frå bokhylla.no: «trollet braser frem så levende og granngivelig» (Odd Hølaas: troll i Norge som Th. Kittelsen så dem, s. 6). Stundom med ein nyanse av «verkeleg, faktisk»: «eg meiner granngivelig at..». Ordet har nok ein litt gammaldags dåm i dag, og det blir gjerne teke med i lokale ordsamlingar og andre dialektoppskrifter. Det finst også i dansk, og i den store «Ordbog over det danske sprog» reknar dei med at første delen er norrønt  grand ‘sorg, bekymring’, slik at ei opphavleg tyding skulle vera ‘som gir seg bekymring’, og derifra ‘omhyggeleg, nøye’. Den nyare «Den danske ordbog» fører opp att det er lånt frå norsk til dansk. Det finst også på islandsk: grandgæfilegur. Kor det no er med dette, så har det vorte assosiert med adjektivet  grann, som også kan bety ‘tydeleg, klår’ – «eg såg det så grant».

14.6.17: Hattstand

I hattstand – med hatt (og da var ein retteleg finkledd). Som målføreord notert frå Øksendal, Flatanger og Vikna. Olav Duun brkar ordet fleire plassar, f. eks. her: «ho er no ikkje i hattstand lel, tenkte Åsel, men elles både kåpe og stell som den likaste storkarsmadammen» (Storbryllope, s. 14).

13.6.17: Leistand

Gå i leistand – gå hand i hand (også arm i arm); gå og leie kvarandre. Norsk Ordbok (inkludert arkivet) gir følgjande heimfesting: Austlandsflatbygdene (Hans Ross), Folldal, Vest-Agder (Ivar Aasen), Voll, Bolsøy, Nordmøre, Trøndelag, Nordland, Senja.  Sikkert merke på at eit par var i ferd med å forlova seg, dersom dei kom slik på lyse dagen. ”Tollvollgutten … skammet seg som en hund over å gå i leistand med et kvinnfolk midt på lyse dagen” (Falkberget: Bør Børson, s. 85-86). Olav Duun skriv eit par plassar om toskillingsleistand; det er visst når ein held kvarandre i handa (og ikkje arm i arm). Når utøyingane kom på Romsdalsmartnan på Veblungsnes i gamle dagar, gjekk gjerne gut og jente i leistand. Romsdalingane på indre strøk hadde spitordet ”å gå utøying” om dette.

12.6.17: Dørafør

Før til, i stand til å ha opp eller igjen døra. Ofte brukt i nekting, enten om små ungar som ikkje greier å ha opp og igjen dørene, eller til dei som slurvar med å lata døra att etter seg: «Er du ikkje dørafør enno?» Ordet er kjent i Romsdal, på Nordmøre og i Fosen. På Averøya er notert dørstokkfør. Småungar som krabbar og ikkje kjem så langt som til dørstokken eller over den, er ikkje dørstokkføre enno.

10.6.17: Bissmi

Krangel, kjekling, usemje, uvennskap. Det kan vera bissmi om noko, og bissmi mellom folk. Stundom er uttalen bessmi. Vanleg ord i Sør-Trøndelag og Inntrøndelag, og dessutan i Gudbrandsdalen. På Nordmøre har eg hørt det i Sunndalen, og der berre så vidt. Olav Gullvåg er ein av få som har sett ordet på trykk: ”i stadig bitsmid med tyskarane” (romanen Det bortkomne manuskriptet, s. 214).  Første ledd heng saman med verbet bitast (”biss”) ’krangle’, medan siste delen er smide ’arbeid som er smidd’. Bissmiet finst også som stadnamn, og da er det gjerne område det har vore trette om. Meir sjeldan er verbet bissmias ’kjekle, krangle’.

9.6.17: Reiregg

Dette har ei konkret og ei overført tyding. Konkret vil det seie egg som ein legg att i reiret (det kan godt vera eit kunstig narre-egg) for at høna skal verpe meir. Det kan også bli gjort ved sanking av villfuglegg. Tilsvarande ord finst i dansk (redeæg), svensk (redägg), engelsk (nest egg) og tysk (Nestei). Overført kan det vera ein oppspart pengesum, for eksempel startkapital i ein bank. Men også siste mynten ein har att i pengepungen elle på sparebørsa. Ein skal ikkje gjera seg heilt tom, men ha att eit reiregg som kan formeire seg; «kjernen til vidareføring og ein garanti for fortsatt drit og samanheng», som det er formulert i Årbok for Fosen 2000, s. 84..

7.6.17: Beskjeng

Opplysning, utgreiing, melding: få full, grei beskjeng. ”det var sørgeli te beskjeng” (Olav Duun: Sigyn, s. 101).  Få ei skjetto beskjeng ikkje få det svaret ein hadde håpa, eller rett og slett få ei overhøvling (Hemne, Snillfjord, liknande på Nordmøre). Vidare kan det bety god skikk, orden eller fynd. Ting kan vera gjort med beskjeng, eller det kan vera beskjeng med ein person.  Også i talemåtar som ”ha e vårre i beskjengen min” (Nordmøre) – hadde eg vore på mitt beste, i mi velmakt. På landsbasis finst ordet på Nordvestlandet (inkludert Nordmøre), i Trøndelag og Nordland. Det er eit lågtysk lån, og eigentleg same ord som beskjed, men gått ut frå ei eldre form beskjedning, som er kjent frå eldre dansk.

6.6.17: Svenske

På den svenske nasjonaldagen skal vi ta opp nokre uttrykk som har med svenske å gjera. Vi hoppar i denne omgangen over «å gjera svenske av seg» og «som håret på ein snau svenske». I staden skal vi sjå på nokre leikar. Mange har vore med på leiken «gjeppe», «vippe pinne» m m om våren. Tredje omgangen i denne leiken, der det er om å gjera å treffe kortpinnen så mange gonger som råd, heiter «svænskinn» i Meråker.

Så er det nokre leikar som nok viser til ufred mellom Sverige og Norge før i tida. Å slå svenske er somme stader i Austlandsområdet (Solør, Østerdalen, Hedmarka) namn på leiken å kjempe – slå stilkane av dunkjempe eller smalbladkjempe mot kvarandre for å slå kven som var sterkast. Det gjaldt å slå hovudet av motparten sine. Astrid Volden nemner slå svenske om dette også frå Oppdal (i Lokalhistorisk magasin 3/2015). Prøvde ein å snike seg til ved å bruke seige stilkar av groblad, vart det rekna som juks.

I Oppdal har ein også ein aktivitet som heiter å kri svensk’ (krige svenske). Det er eit kilespel der ein   sit på golvet og trillar ein ball mellom seg og prøver å slå ned f eks tomme trådsneller som motparten har stilt opp.

Til slutt har vi å bikke svenske, som Inge Ramberg fortel om frå Haltdalen. Det gjekk ut på å sette dominobrikker på kant i ei lang rekkje, for så å bikke den fremste brikka borti den neste, slik at heile rekka bikka. Ramberg knyter dette til den store nordiske krigen og det tragiske felttoget til general Armfeldt 1718-19, da fleire tusen mann fraus i hel i grensefjella.

5.6.17: Seneslit

Forstrekking, slit i ei sene. Islandsk har sinaslit, og ordet står i Nynorskordboka. I. Reichborn-Kjennerud (lege med sterk interesse for folketru og folkemedisin) hevda at seneslit er eitt av fleire vanlege ord for slik muskelstrekk. I dag ser det likevel ut til å leva berre i ordbøkene. Det var også kalla senetog (Telemark, Setesdal), og mot dette brukte dei i folkemedisinen ei salve eller ein graut laga av kranskonvall, kalla senetogsrot. Tog er vel her = tøying.

4.6.17: Senedrått

Det same som senestrekk. Norsk Ordbok har realdefinisjonen sin nettopp under oppslaget senedrått: «smertefull, krampaktig samantrekking av muskel med sene”. Redaksjonen har altså vurdert dette ordet som heilt vanleg. Og det manglar ikkje på belegg i arkivet. Drått heng saman med  dra ‘trekke’. Førsteleddet vil også her variere: «sænna-«, «sunnu-«, «sonno-« osv. På islandsk heiter det sinadráttur. Det er i alle fall ein vond tilstand! Han hadde det ikkje godt, han som hadde det slik: «Eg fekk senadrått i leggene og legusår i veikryggen» (Jul på Nordmøre 1955, s. 12). I Brekken er det kalla sunnudrag, og den samansetninga finst att i Trysil og Solør.

3.6.17: Vindtørr

Det låg nær til å assosierte til dette ordet når det var snakk om seneberre folk. Dette er også eit adjektiv som i hovudsak beskriv folk, gjerne magre og skrukkete og inntørka, og merkt av vêr og vind. Bokstavleg betyr det jo ‘tørka av vinden’. Det er gjerne snakk om gamle, vindtørre gubbar, men også «kjerringa vindtørr og blå» hører vi om hos Prøysen i visa om da ‘n Lars var på Hamar med slakt. Verbiten/værbitt er vel eit bra synonym.

2.6.17: Seneberr

Vi har enda eit kroppsbeskrivande ord samansett med –berr i tydinga ’synleg, tydeleg’. Seneberr vil seie at ein er så tynn (og veltrent, utan overflødig feitt) at det er greitt å sjå senene i kroppen. Spreidde heimfestingar over heile Sør-Norge. Meir standardnorsk er nok senete, som betyr omtrent det same. Islandsk parallell er sinaber. I trønderdialektar blir dety gjerne ”sænnaberr”, ”sunnuberr”, ”sonnoberr”. Rikard Berge fortel om fingrane til Myllarguten: ” Myllaren hadde lange og granne fingrar, rett laglege spelemanns-fingrar. Sterke og senaberre, fjøruge og sperne” (”Myllarguten”, s. 149).

1.6.17: År(e)berr

«Som har godt synlege blodårer under huda» (Norsk Ordboks definisjon). Materialet seier at ordet finst (eller har funnest) frå Romsdal, over Nordmøre og Trøndelag, og i Nord-Norge opp til Vesterålen. Men utbreiinga er nok ikkje heilt samanhengande. Som beinberr er dette ei samansetning der berr tyder ‘synleg, tydeleg’. Frå Averøya er ein uttale «åraberr» oppgitt. Lite av litterære belegg å finne, men Inge Krokann har brukt det: «Han vart ståande i sjølvdæe og stryke det skrinne, år-berre heste-hovudet» (Gjenom fonna I, s. 43). («i sjølvdæe = i eigne tankar).

31.5.17: Beinberr

Så mager at beina (knokane) er synlege under huda. Ordet har vore vanleg både i Trøndelag (spesielt i sørfylket) og på Nordmøre. Og ikkje berre der: Norsk Ordbok fører i tillegg opp Folldal, Gudbrandsdalen, Valdres, Voss, Eksingedalen, Luster og Nordfjord. Dette var redigert ganske tideg i verket, så det er nok mykje meir materiale i dag til å fylle ut det ordgeografiske bildet. «Ho var skrinn og beinberr» – slik skildrar Leif Halse ein person i romanen «Eit plassrom kalla Trøa» 8s. 15). Karakteristikken «beinberr og karlaus» (Åfjord) vitnar om eit litt anna kvinneideal enn det som kanskje dominerer i dag.

30.5.17: Bilhus

Ei tid var dette ordet brukt for garasje somme plassar. Erling Myrbostad minner oss om det i dag på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Surnadal. Norsk Ordbok har belegg på det frå Ringebu, Valdres, Ål i Hallingdal og Verdal. Til dette kan vi legge fleire nordmørskommunar, i alle fall Tingvoll, Surnadal og Rindal. Frå Ringebu heiter det at ordet var i bruk på 30-talet. Informanten frå Tingvoll kan fortelje at ordet der var brukt før krigen. Dei relativt mange treffa på «bilhus» på bokhylla.no indikerer at ordet har vore brukt mange fleire stader.

29.5.17: Utkasta

Utspekulert, utkropen; rang og vrien. Finst i denne tydinga i Nord-Østerdalen pluss eit avgrensa område i indre Sør-Trøndelag: Rennebu, Budalen, Singsås, Tydalen og Klæbu. Det finst fleire dialektord for dette som er samansett med ut-. 14.5.16 hadde vi «utklappa» som Dagens ord, og vi kan ta med varianten «utpåklappa» frå Vestnes i Romsdal.

28.5.17: Skreppe

Eit tredje ord for å skryte. Dette har nok vore kjent i store delar av landet, men kanskje med nordleg tyngdepunkt. Her er eit eksempel: «Han skrytte og skrepte at maken til buskap hadde han aldri hatt» (Leif Halse: .Lite tå kvart, s. 52). Ein typisk bruk av skreppe er om den låta høna presterer når ho har vorpe. Det har vel vore oppfatta som ei form for sjølskryt. Skrepping kan også vera rosande omtale av nokon annan enn ein sjøl.

Skreppe har visst samanheng med eit norrønt verb skrapa som betydde ‘skravle’.

Så oppstår det sjølsagt samansetningar for å beskrive folk som har det med å skreppe, som f eks skreppdall, skrepplort, skreppnils, skreppskit og skreppskjor. Om ei litt anna form for skryting sjå skrepptopp, som var «Dagens ord» 9.9.15.

27.5.17: Skrumpe («skromp»)

Skryte. Avgrensa til Namdalen og Nord-Norge. I dette området kan ein da få samansetningar med dette verbet først, på same måten som vi har sett ved skryte. Dermed blir det ein del synonym til skrytepave, som «skrompluri» og «skrompskit». I «Dagens ord» 16.4.16 hadde vi «skrompnisse», og nemnte også «skromplæst» og «skromppave».

Dette er altså eit heilt anna ord enn det skrumpe ‘minke, avta’ som vi har i skrumpe inn. Det er eit importord frå lågtysk. Alf Torp foreslår at skrumpe ‘skryte’ kan ha komme opp gjennom ei samanblanding av skreppe ‘skryte’ og eit verb skruma ‘skravle, snakke, skryte’ som finst i norrønt. Dette har overlevd som dialektord opp mot vår tid i Hallingdal og Aust-Telemark.

26.5.17: Meir skryt

Skrytlaupen frå i går og skrytsekken frå førre dagen førte til mange kommentarar. Ikkje overraskande ser skrytlaup til å dominere i Midt-Norge. Artig kommentar frå jens Musgjerd i Sunndal om at skrytlaup også var brukt som eit spøkeord på talsmann for friar. I Ogndal kunne denne bli kalla skrytar.

Elles kjenner mange til skryt(e)pave, som eg vil rekne som eit nærmast allmennorsk ord. på Nordmøre kan ein stundom høre varianten skrytarpave. Skrythals er også eit ord som er ganske vidt kjent, vil eg tru. Figuren Skrytmekkel hos Martin Kvænnavika har vel vore med og gjort den samansetninga kjent, men Olaf Berg bygde nok på ein eldre bruk da han skapte denne karakteren. Willy Sandvik har bidratt med skrytpeis, som også finst nordpå, og Kurt E.O. Stenbakk med bl a skrytkall, skrytkjeft og skryt(åt)kjerring.

Her er ei ramse med fleire slike samansetningar som vi har i arkivet, berre for å vise kor slikt ordforråd kan blomstre. Somme av dei kan nok vera spontane lagingar etter som ein kjem på det. Men i alle fall: Skrytbale (Batnfjorden), skrytball (brukt av forfattaren Ragnhild Magerøy), skrytbelg (Stjørna), skrytdall (Osen), skrythæl (Sandvollan, Sparbu), skrytlest (Foldereid), skrytopp (brukt av forfattaren Magnhild Haalke), skrytpe (Fosnes), skrytrauv (Orkdal), skrytsekk (fleire plassar i Trøndelag, også Trondheim), skrytsnuv (Roan, Brekken).

Samansettingar med slikt som skrepp- og skromp- får vi ta ein annan gong.

25.5.17: Skrytlaup

Skrytepave, skrythals. Norsk Ordbok gir denne lista over heimfestingar: Tolga, Fron, Nordmøre, Trøndelag, Vefsn, Rana, Vesterålen, Bardu. Dette dekker truleg ganske bra utbreiingsområdet for laup i samansette personnemningar, for skrytlaup er nok det mest utbreidde av desse. På «pallen», men ganske langt bak, kjem kanskje farklaup og skarvlaup. Ordet skrytlaup er brukt av fleire forfattarar, som Olav Duun og Torvald Sund, og endatil av Henrik Rytter i nynorskomsettinga hass av sjølvaste Shakespeare. Og f.eks. Ingvald Svinsaas: «Tore var mer en skrytlaup, ja, og ikke noen arbeidskar» («Folk og tider», s. 118).

Ein laup er som kjent ein lett, rund eller oval behaldar med tynne vegger. Skjellsorda med laup fell dermed inn i eit svært utbreidd mønster, der ideen bak er at personen ikkje er anna enn ein behaldar (som ved bøtte, dall, kopp og mange fleire). Så får førsteleddet presisere nærmare, i dette tilfellet med skryt.

24.5.17: Skrytpose

Mulepose med høye eller havre til hest . Norsk Ordbok heimfestar dette til Os i Østerdalen, Ålen, Selbu, Tydal og Snåsa. Her er eit sitat: «Skrytpåssån med godt frauhøy hengjer han på hovudet, så merra får noko å eta medan ho ventar» (Oppunder fjellbandet (Årbok for Holtålen) 1997, s. 34). Første leddet er skryt ‘snute, nase, mule på dyr’, som vi så vidt var inne på i går. Men så blandar det andre skryte-ordet seg inn, slik at ein skrytpose («skrytpåsså) også kan vera det same som ein skrytepave. Her har Norsk Ordbok heimfesting til Tolga, Ålen, Røyrvik og Namsskogan.

23.5.17: Skryten («skrytinn»)

Dermed forlet vi øret for ei stund, men minner først om ørskjå for trommehinne, som var «Dagens ord» 29.8.13. Vi går over til eit ord som beskriv utsjånad, nemleg adjektivet skryten. Mange vil nok her tenke seg at det gjeld ein person som er fæl til å skryte, og det kan sjølsagt vera. Men her har vi eit anna ordmateriale: Ordet vi her har for oss, betyr stygg, kanskje særleg med stygge, grove ansiktsdrag. Grovleitt er eit nærsynonym, og mange av f.eks. figutane til Kjell Aukrust vil vi kunne seie er skrytne. Det har eg med som ballast frå oppveksten på Nordmøre, og det er kjent fleire plassar der. Men ikkje i Trøndelag, etter det eg kjenner til, så samanhengen går sørover Vestlandet, heilt ned til Sunnhordland. Så dukkar det opp att her og der i Nord-Norge. Same ordet, i ein litt annan tydingsvariant, har vi nok også frå Telemark.

Kva kjem så dette av? Det finst nok ingen samanheng med verbet å skryte. Somme meiner ordet spesielt gjeld personar med framståande hake, og nettopp dette partiet av kroppen har visst kunna bli kalla skryt’n. På Nordmøre har vi også hatt ordet ein skryt eller skryte om grisetryne. Men dei som har spekulert på dette, vil helst føre det til inkjekjønnsordet eit skryte, som kan bety ein (halv)tørr, kvistete trestamme, eller ein krokete skapning. I så fall kan det høre til same ordslekta som skrot.

Her er eit munnhell frå Vestlandet: – Av lite og nett vert ein aldri mett, men stort og skryte er kvinnelyte, sa mannen, dei fann åt han fordi han hadde så lita kjerring.

Som sunnmøring kjente Ivar Aasen til ordet skryten frå oppveksten sin, og han har det ganske riktig med i ordboka. Han bruker det også i første verset i visa «Gidtar-Taanka» (giftartankar) frå 1843, der han spekulerer på kva slags kvinnfolk som er best å få til kjerring (Aasen vart som kjent gåande ungkar all sioin dag):

«Oftaa hev’ e tenkt aa grunda paa, san,

Kveim som skulde vore best te faa, san:

Sumt æ sært aa skryte,

Sumt hev andre Lyte:

Ei forhindring støtt ein treffe paa, san.

Dæ so va, san,

Best aa ha, san,

Slikt dæ fe einn aldre noke ta, san.»

22.5.17: Øresnipp («ørsnepp»)

Det same som øreflipp, altså den nedste, mjuke snippen, lappen av øremuslingen på folk. Norsk Ordbok seier at ordet er heller vanleg. Det er i alle fall såpass vanleg at det har fått plass både i Bokmåls- og Nynorskordboka. Men etter målføreopplysningane i arkivmaterialet å dømme, ligg tyngdepunktet i Trøndelag og det austafjelske. «Det va kalt, så ‘n frøst ør-sneppen sin (Årsskrift for Rennebu Historielag 1987, s. 71). Det er også ein leik som heiter «ørsnip(p)», der dei to deltakarane klip i ørsnippen til kvarandre medan dei seier fram ei regle forma som spørsmål og svar.

Tydalingane kan i spøk kalle øresnippen for «spit’n usta (austa) øra».

21.5.17: Ørstolan

Det ytre øret, tilsvarar vel omtrent ørebrusken eller øremuslingen. Vanleg ord nordafjells, også mange plassar austa- og vestafjells, men ikkje heilt samanhengande utbreiing i desse områda, i følge Norsk Ordbok. Gjerne brukt i truslar om f.eks. å varme ørstolan på nokon. Her er eit «litterært» eksempel: «Han strekte ut armen og slo henne over kinn og øyrstol så ho seig i hop» (Bjarne Slapgard: Den lange vandringa, s. 81). Ein som er storkjefta, «har kjæft’n klevve poinn ørstolan» (Hitra). I det yngre tilbygget i hovudkyrkja på Fannrem var dei faste stolane for folk frå Øra (Orkanger) med eit ordspell kalla «ørstolan».

Stol kan bety mange ting, ikkje berre møbelet vi sitt på. Det kan f.eks. vera ei berande ramme, som i takstol og vevstol. Det er etymologisk i slekt med å stå.

19.5.17: Lytte purke («lytt pork»)

Det har komme fram nokre kommentarar til lænnhørt, lønnhørt m.m. som gjer at vi må ta ein runde med dette uttrykket. «Å lytt pork» er å lytte i smug, tjuvlytte, sniklytte, og det er komme opp blant ordsamlarane i «Mandagsklubben» i Bjugn, publisert i det lokalhistoriske skriftet «Møllkula». «Står du der og lytte pork?» er eksempelet. her blir det forklart med at grisen har det med å spisse øra, legge hovudet på skakke og lytte når han hører ein ukjent lyd. Arnfinn Aune har det frå Hitra, forklart som å lytte med eit særleg dumt uttrykk (Årbok for Fosen 2000, s. 80). Han knyter det til (den feilaktige) oppfatninga av grisen som eit dumt dyr. Lokalt i Halsa og på Tustna heiter det «å lytt Skålvikpork», etter stadene Skålvika og Skålvikfjorden, vel ei form for nabohets.

Erik S. Viken nemner «porkly’dd» (preteritum) frå Oppdal. Ingeborg Donali har det med i ordboka si, definert som «lytte i løynd». I setelarkivet til Norsk Ordbok har Ivar Streitlien ei interessant opplysning om dette ordet, etter forfattaren Ola Setrom. Han seier det er å høre vel etter, å synast uinteressert, men likevel lytte vel i tilfelle det skulle komma noko ein kan gå rundt og fortelje vidare. I ei ordsamling frå Øystre Slidre er «purkelye» forklasrt som å «stå på lydnad», dvs. å stå å lyde etter kro noko går.

Åse Halse fortel at mor hennar (som var frå Øksendalen) brukte uttrykket ha porkøra til ungane.

18.5.17: Lønnhørt

Gunnvald Bøe fortel i ein kommentar til «Dagens ord» i går at han alltid har sagt «lønnhøyrt». Det er vel da frå Bøfjorden på Nordmøre. Dermed har vi nok ein variant, for lønnhørt er også belagt, men truleg meir sjeldan. Også dette betyr ‘som læst som ein ikkje hører det som blir sagt; som ikkje vil lystre’. I Norsk Ordbok er det redigert under oppslagsforma løynhøyrd, og det same har Hans Ross i 1895. Ross har det frå Nordmøre og Innherred. I nyare materiale har vi det frå Stangvik og Straumsnes, og dessutan frå forfattaren Leif Halse. Informant Lars Røslie frå Stangvik gir dette eksempelet: «nåkkå te lønnhørt gutongje».  Ideen er vel at ein løyner, skjuler at ein faktisk hører. Men lønnhørt og lænnhørt står så nær kvarandre at det er rimeleg dei kan ha påverka kvarandre. Nemnte Hans Ross fører opp forma «lænnørt» frå Aure under sitt oppslag lønnhøyrd.

17.5.17: Lænnhørt

Som ikkje hører etter (tilsnakk); som ikkje læss høre; altså same tyding som læsshørt, som var ”Dagens ord ” i går. Olav Pedersen påpeikar at det heiter lænnhørd  i Mosvika. Norsk Ordbok fører det under oppslaget linnhøyrd, med heimfesting til Tustna, Hemne, Inderøy og Beitstad. Og no kan vi altså ta med Mosvik i tillegg. Også dette er kanskje særleg brukt om/til ungar som ikkje vil adlyde.

Første leddet er trøndersk uttale av linn ’mild, svak’.

16.5.17: Læsshøren/læsshørt

Som ikkje hører etter, er ulydig og ikkje gjer som ein blir beden; som ikkje «læss høre». Begge dei to orda ser ut til å vera avgrensa til Sør-Trøndelag. Uttalen er oftast læsshøren/-hørin eller læsshørt, men i nedre Gauldalen er det også sagt låsshørin eller låsshørt. H-en kan forsvinne, slik at vi står att med løssørin (Budal, Soknedal) og læssørin (Singsås). Eitt eksempel på bruken: «Ungane vart ofte sklremd med julgeita og følget hennes når dei var lesshørte» (heftet «Gammeltida på Hitra», s. 71). Nokre få gir opp at det også kan bety ‘som hører dårleg; tunghørt’. Det må vel henge saman med kommandoen «læsshø(y)r» («vil dokk læsshør!») ‘hør etter, adlyd’, sjøl om dette er knytt til Nord-Trøndelag (nordre INnherred, Namdalen, bruk av Olav Duun).

Ein som ikkje vil høre etter, kan bli kalla ein læsshørtpave eller ein læsshørtpåle (begge frå Hitra).

15.5.17: Ålhøyrt

Når vi først held på med hørsel og lyd som ber godt, kan vi ta med eitt ord som er belagt berre hos ein forfattar. Det er til gjengjeld språkmeisteren Hans Hyldbakk, og han har brukt det såpass ofte at det har fått plass i band 12 av Norsk Ordbok (oppslagsform ålhøyrd). Det betyr ‘som er lett å høre; som hørest godt’, altså omtrent som audhørt, som vi nyleg har hatt for oss. Eit par eksempel: «Da ljøa det ålhøyrt frå bakkar og bø over heile bygda når bryna dansa over ljåeggen» (Bygdesoge for Surnadal II, s. 209); «han reiste seg og spurde med ålhøyrt mål» (avisa «Driva» 8.9.1977). Førstestavinga ål- tyder ‘all, heil, mykje’, som i f eks ålvåt.

14.5.17: Lydbært

Ordet har nokre tydingsnyansar, men det mest vanlege er om lende eller andre forhold som er slik at lyden hørest lang veg. Som så mange andre ord vi tar opp her, er det ei vestleg/nordleg utbreiing: Vestlandet, Nordmøre, Trøndelag, Nordland opp til Vesterålen. Uttalen varierer i første leddet: lyd(b)ært, løbært, jøbært. Heimafrå minnest eg at det somme julkveldar var så «jøbært» at vi kunne høre kjerkeklokkene når dei ringte inn jula. Men det varierte med vêr- og vindforholda.

Ordet kan også bety ‘lydt’: Det er ly(d)bært mellom romma. Og somme kan ha ly(d)bært mål – stemme som lyder klårt, er lett å oppfatte.

Sisteleddet kan ein ha lett for å kople til berr, adj., men det er nok bær, i samanheng med å bera: Lyden ber godt.

13.5.17: Audhørt

Vi har i det siste sett på ord med dei gamle forstavingane aud- ‘lett’ og tor- ‘vanskeleg’. Audkjent og audsett er eksempel på det første. Men det finst også eit par veldig sjeldne ord, knapt nok i bruk i dag, som uttrykker at noko er lett å høre. I norrønt fanst auðheyrt med denne tydinga. Hans Ross (1895) fann dette att som «öhørt» (utan diftong i forstavinga) i Rennebu. Med ei litt anna tyding ‘som hører godt’ skreiv han det opp frå Orkdal og Innherred, og her med diftong «auhørt». Dette er ikkje attfunne i nyare materiale. Men i setelarkivet til Norsk Ordbok har dei ei opplysning frå Surnadal om «auhørann», med tydinga ‘lett å høre’. Det står ikkje i den store samlinga «Ord te gagns», og det spørst om vi må føre desse orda på kontoen for utdødd. Men dei er greie å forstå, og kan takast i bruk att for den som vil det.

12.5.17: Tørnæm

Som har tungt for å lære; tungnem. Som målføreord finst det nokolunde samanhengande p\å Vestlandet og i Trøndelag, og dessutan har vi det frå Helgeland, Aust-Telemark, Gudbrandsdalen og Engerdal. Ein tørrnavar er gjerne tørrnæm. Men her er det heilt klart at førsteleddet eigentleg er det gamle tor- ‘vanskeleg’, for i norrønt heitte det tornæmr, og det betydde ‘vanskeleg å lære’. Interessant nok har ein inforant frå mi heimbygd Sunndal ført opp nett tydinga ‘vanskeleg å forstå’ for «tårnæmm», som det heiter på sunndaling. Siste delen -næm eller -nem, som vi også har i tungnem, lærenem, heng i hop med det gamle verbet nema ‘ta’. Dette ordmaterialet finn vi også som siste ledd i landnåm.

Det har vore ei utbreidd folketru at ein ikkje måtte sy i knappar eller bøte klesplagg som folk hadde på seg. Gjorde ein det med ungar, kunne dei bli tørnæme. Ei åtgjerd kunne vera at ungen fekk bite i nåla (eventuelt saksa, kniven) først. Det var også om å gjera at ungen ikkje måtte seie noko under operasjonen. For å forhindre det, kunne han få ein trepine i munnen.

11.5.17: Tørrnavar

Den mest vanlege tydinga er person som har tungt for å lære, særleg boklege, teoretiske emne. Ordet finst på Vestlandet til og med Møre og Romsdal (det er såleis velkjent på Nordmøre) og går inn i Fosen. Så gjer det eit hopp og kjem att på Helgeland. Det har gjerne vore brukt i samband med skule og ikkje minst konfirmasjon, som i dette sitatet. «For tørrnavarane vart det å gå om att, stundom i årevis» (heftet Du mitt Nordmøre 1968, s. 12). Ei anna tyding (med litt færre belegg) er tørr, kjedeleg person, tørrpinn. I følgjande sitat kan det vel bety både det eine og det andre: «det må vera store hol og tomrom i førekunnskapane hans, slik ein tørrnavar til lærar som han har hatt» (Ingeborg Åsen Vatten: Ales finn lykka, s. 78).

Reidar Djupedal har notert tydinga redd, tafatt person frå Selje. Det kan ein nok fort bli når ein er lite lærenem. Frå Leirfjord er det forklart som «dårleg ku» – vel ei ku som yter lite, er «tørr». Så er det oppgjeve ei tyding «tverr og vanskeleg person» frå Eide på Nordmøre. Det kan kanskje stemme, men kjelda har tolka uttaleforma «tærnavar» som tverr-navar ‘navar som er vanskeleg å bruke’. Dette trur eg ikkje kan vera rett. Tilknytninga til adjektivet tørr er soleklar. Men det spørst likevel om ordet kan ha starta ut som tor-navar, med eit gammalt førsteledd tor- ‘tung, vanskeleg’. Forma «tådnavar» frå Lærdal kan tyde på det. Sisteleddet er rett og slett reiskapsnemninga navar. Det er eit vanleg mønster å bruke ymse ord for reiskap til å danne nedsettande ord for folk.

10.5.17: Stuttnavla

Uttrykket i «Dagens ord» i går 9.5. avfødde ein del alternative formuleringar, og både her og andre plassar blir jo forholdet mellom stutt («støtt») og kort diskutert. Det siste er nok på frammarsj.

Dagens ord stuttnavla betyr også snarsint og nærtakande. Det er belagt frå berre to plassar, begge innafor Namdalsområdet: Flatanger og Overhalla. Bildet er lett å sjå for seg – den som er stutt navla, har ikkje lang «lunte»!

9.5.17: Støtt oinnda (stutt unna)

Snarsint, nærtakande; som har lett for å bli støytt på mansjettane; også utolmodig, sur og grinete. Belagt frå eit heilt avgrensa område, med Rennebu, Meldal, Orkdal, Hølonda, Buvika, Melhus og Horg. Forfattaren Olav Berkaak har sett det på trykk («Riaren», s. 306). I Oppdal har dei varianten støtt oinnde (under). Stutt betyr jo kort, men dette hører til betydninga ‘tverr, sur, avvisande’. Ein er ikkje lang å tøye.

Eit par andre formuleringar som betyr det same: støtt atta stakken (Soknedal); støtt oppunn håmmår’n (Rennebu).

8.5.17: Au(g)grann

Bitte lite grann; ørende lite grann; ørlita mengd: «eit augrann mjøl, salt», «eit augrann fløyte». Også i variantar som «augnegrann», «ogn(e)grann». Må vel reknast som eit allmennorsk ord, og ideen er vel at det ikkje er større enn at ein kan få det inn på auget sitt.. Her er ein definisjon på «ågnegrann» frå Salangen: «vesst du tar ei lita lus og koke ho i sju vatten, så e fettet på det sjuende vatnet et ågnegrann lusefett».

Det skal lite til før det kjennest at ein får noko innpå auget: «Det vil itj varra aua granne hell, sa juttulen, han fekk en barsau innpå auet» (Årbok for Fosen 1982, s. 100, ei ordtaksamling frå Hemne og Snillfjord).

Somme plassar også om ein liten augeblink: «Det er gjort på eit auggrann»; «han var her for eit ågnegrann sia».

7.5.17: Auglag

Uttrykk, utsjånad i auga; oppsyn, mine. Auglaget røper både lynne og sinnsstemning, og om ein pønskar på noko. Somme har godt og mild auglag, andre likar ein ikkje auglaget på, fordi det er morskt, kvasst eller rart. Også dette ordet har nok vore i bruk (og er det sikkert for ein stor del enno) over mykje av landet, også i uttalevariantar som ”augnalag”, ”ognelag” m m. Slik dikta Ivar Aasen: ”Sume ha so blidt eit ognelag, san. Du sku tru dei va ta beste slag, san”. Og her eit sitat frå gudbrandsdølen og målmeisteren Ivar Kleiven: ”Tord måtte sjå på strid um det var ålvor eller berre vanleg gjentesnakk, men han møtte eit så fast auglag at han ha ikkje bo tvile um det var heilt ålvor, det ho sa” (Frå skotteåre (1935), s. 76).

6.5.17: Augsyna

Eit anna ord som dukka opp i diskusjonen om «aukjent». Men dette inneheld faktisk ordet auge. Det kan for det første bety det å sjå på noko, «ta noko i augesyn» (bokmål øyesyn). Men så blir det gjerne bruka om synsfelt, påsyn: «å få noko midt i augsyna», «innafor augsyna» eller «få tu ausyna» – få vekk så ein slepp å sjå det. Eit sitat: «Ho hadde halde seg innahyses og unna augsy’n for dei fleste» (Olav Berkaak: November, s. 111). Og til slutt om ansiktet «syna»: «ho såg han rett opp i augsyna»; «hardneven oppi augsyna» (Leif Halse: Eit plassrom kalla Trøa, s. 60). Stundom kan ein også blil redd augsyna til folk – da har dei eit skummelt oppsyn. «han kjenner det som han sitter framom berget, så hard og høgføtt er ho i augsynet, det gamle mennesket» (Magnhild Haalke: Rød haust? s. 157). I norrønt augsýn ‘augnesyn, påsyn’. Eg har ingen spesiell geografi på dette ordet. I tradisjonelt målføre har det nok vore vanleg over store område.

5.5.17: Audsjåande

På facebook-gruppa for Meldals-ord, der audkjent (3.5.) vart brakt på bane, kom det også ein kommentar om ordet «ausjåann». Innsendaren opplyste at det var brukt om nokon som stikk seg ut med f.eks. farge eller fasong, og ikkje i positiv forstand. Vedkommande lurte også på om det kunne vera rindalsmål. Det kan det nok, for «ausjåann» ‘lett å sjå, audsynt’ er belagt frå nettopp Surnadal og Rindal.  «Det e ausjåann at ‘n he vårre klæn» er eit eksempel frå Surnadal. Men Ivar Aasen har det frå Orkdalen, og det kan godt vera i Meldal han har hørt det. Hans Ross har same ordet frå Røros.

Audsett med liknande tyding går vidare. Frå «vårt» område har Hans Ross opplysingar om «ausjett» frå Sør-Trøndelag, «ausett» frå Røros og «ausjitt» frå Nordmøre. Førsteleddet er i alle tilfelle det gamle aud- ‘lett’.

Det kunne vore interessant å høre om fleire kjenner til desse orda i dag.

4.5.17: Audsynt

Lett å sjå; lett å få auge på; også iaugefallande; som stikk seg ut.  På trøndersk målområde er det belagt berre frå Malm, Oppdal, Sunndalen og Øksendalen. Hemfestinga er elles litt usikker, og det ser ut til å ha levd først og fremst som et litterært ord. Aasen fører opp Telemark med spørsmålsteikn. I nyare materiale er det meldt inn få Hardanger og Voss, og i forma «augsynt» frå Gausdal. Dette siste viser at det har vorte assosiert med auge, slik vi også ser i følgjande sitat: «men Ola vart ingen arbeidskar meir i dag, det var augsynt» (Leif Halse: Eit plassrom kalla Trøa, s. 63). Men i røynda er også dette samansett med leddet aud- ‘lett’, som i audkjent. Norrønt auðsýnn hadde same tyding. Synonym kan vera «berrsynt» på nynorsk og «øyensynlig» på bokmål.

Hans Ross (1895) har merka seg ein litt avvikande bruk som han heimfestar til Sør-Trøndelag utan nærmare spesifisering: «e vart ausynt på’n» – eg måtte sjå på han.

3.5.17: Audkjent

Dette ordet dukka nyleg opp på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Meldal. Sikkert ganske lite brukt i dag, men det finst eller har funnest vidt ikring i Trøndelag og på Nordmøre. Norsk Ordbok har det også frå mange andre plassar: Østerdalen, Gudbrandsdalen, Valdres, delvis i Agder, Sunnhordland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. Men det ser ikkje ut til å gå nordom Trøndelag. Det betyr lett på kjenne igjen, lett kjenneleg. Ein informant frå Orkdal har sendt inn dette gode eksempelet: «Dæm e så aukjent karain e Li’n – dæm hi sommo nasen all ehop». Uttalen er «aukjent», eller «økjent» i dei områda som har diftongforenkling. Frå Tingvoll er det notert ein uttalevariant ørkjent/ærkjent. Ein kunne tru at dette har med auge å gjera, men førsteleddet er eit gammalt prefiks aud- som tyder ‘lett’. Derfor har eg også ført opp audkjent med d i overskrifta.

2.5.17: Behitteleg

Uvanleg, merkverdig, spesiell, aparta, også komisk. Reint trønderord, med belegg frå Geitastrand, Rissa, Mosvik, Verran, Inderøy, Sparbu, Egge. Eksempel: «det va sånn handbragdi og handfali på ‘n at det va reint behittele» (Inderøy). Også som forsterkande adverb, f eks «behittele arti» (Geitastrand). Opphavet er uvisst – ein kunne gjette på samanheng med hitte ‘treffe, råke’, men Arnold Dalen foreslår at det kan komma av eldre dansk behyttelig, til eit verb behytte ‘vakte, beskytte’. I Vikna har vi bejytteli ‘rart, besynderleg’. På Leka betyr det same ordet ‘smart, elegant’. Oppdal har eit ord som minner litt, og som har liknande tyding: behuk(j)ele; også det kan brukast som forsterkande adverb: behukjele rart.

1.5.17: Arbeidstul(e)

Ivrig og uthaldande arbeidskar. Innherredsord; belagt frå Frol og Sparbu. Sisteleddet er hankjønnsordet tul, definert i Norsk Ordbok som «stillfarande og trufast arbeidstræl, som støtt må taka det tyngste taket». Heimfestinga er stadig Innherred (Skogn, Frol, Malm, Inderøy, Sparbu). Etymologisk kan det sjå ut som tul har att ei negativ tyding opphavleg, men her er det definitivt snudd.

30.4.17: Versing

Det mest dekkande ordet å oversette dette med er kanskje «omgang». Omgangen kan vera av forskjellig slag. For eksempel ein tørn eller ei økt. Mange tek seg nok ein versing i hagen no for tida. Men det kan også vera ei skjennepreike, irettesetting, eller rett og slett ein omgang juling: «Eg skal ta’n ein versing». Eit meir spesielt eksempel på ein versing har vi i følgjande sitat, som skal illustrere tonen i nordnorske klager til offentlege etatar: ”Latstaurer og skjettlugger, pamper og tullinger som går hjem klokka tre førr å ta kjærringa en værsing og få sæ nokka i vomma førr dæm pruke og søv ræsten av dagen” (Ivan Kristoffersen: Han Arthur , s. 141).

Ordet versing har nordleg utbreiing, å dømme etter det som finst i arkiv: Mange belegg frå Trøndelag (som kanskje kan tilskrivast ein viss ordsamlar!), men også forgreiningar til Nord-Norge (jf. sitatet) og Nordmøre. Det må oppfattast som ei avleiing/utviding av vers. Uttrykksmåten «ta nokon eit vers» er også hørt.

29.4.17: Bauke (verb)

Det ser ut til at verbet her er meir utbreidd enn substantivet, som vi tok opp i går. Magne Varslot frå Verdal f.eks., seier at å bauk’ er kjent der, men ikkje ei bauk’. Tydingane til verbet og substantivet heng sjølsagt nøye i hop. Å bauke kan bety å rote eller grava i jorda, slik som vånden gjer. Hønene kan også bauke – bada og baske i sand og laus mold. Vidare kan det brukast i samband med nedbør: «han ha bauka ned mykje snø». Når folk baukar, strevar og baskar dei med svære rørsler, f eks gjennom djup snø. Men det kan også bety å streve med noko tungt og vanskeleg: «han bauke og bryt, ittnå hjølpe» (eksempel frå Stjørdal) – eller å fara uvøre fram så ein veltar eller øydelegg ting.

Verbet er nok det mest opphavlege. Bauka finst i norrønt (og islandsk). Geografisk er det ikkje avgrensa til trøndersk område, men finst bl a i Østerdalen, Gudbrandsdalen og Nordland. Jamfør også svensk böka ‘rote som svin’.

28.4.17: Bauke

Grop etter fall, særleg på ski (Rennebu): «Han gjor mang’ böko». Frå Rennebu er bauke også opplyst å bety grop, hump i veg eller terreng, og frå Orkdal ein opprota snøhaug. I Selbu er ei storböke ei stor snømengd. Ellers er ei bauke meir utbreidd om ein opprota jordhaug, særleg etter vånden, ei våndbauke.

27.4.17: Holdstakk/holdstokk

Sjeldne ord som eigentleg har berre to kjelder. Frå mi eiga heimbygd, Sunndalen, har eg fått opplyst at det betyr riktig godt hold. Ein kan ha eller få holdstakk, og det vart visst særleg bruka om tjukke kjerringar og feite krøtter. Så har Arne Sødal notert det frå Hemne: «ha bra/god holdstakk», om tjukke, velfødde kvinnfolk, seier han. Til slutt er det Arnfinn Aune frå Hitra, som nemner å få på deg holdstokken, eller «få holdstokken i seg», om folk som har vorte i overkant feite, slik at det vekker oppsikt: «han va mager, men ha fått holdstokken i sæ».

26.4.17: Ri purka

Ri på stavane når ein renner på ski; sette stavane mellom føtene for å bremse på farten. «Å ri porka» eller «ri pork» – uttrykket er kjent frå Nordmøre og dei næraste bygdene i Sør-Trøndelag (Hemne, Orkdalen, Skaun, Hølonda). Dette er ei interessant geografisk utbreiiing som vi kjenner frå fleire andre ord og uttrykk, og som vitnar om gammal kulturfellesskap i dette området. Frå Tingvoll har vi også «renn’ pork» i lag med «ri pork». I oppdal kan den same operasjonen heite «å ri tremerra». Dette er også kjent frå Hemsedal og Velfjord. Tremerra var eigentleg eit straffe- og torturreiskap som ein måtte sitte over skrevs på med lodd festa til føtene.

25.4.17: Kabyse

Det var Erling Myrbostad som drog inn dette ordet i samband med det å bjønne eller skyte bjønn på ski («Dagens ord» 23.4.). Å gjera ei kab(b)ys’, heiter det i Surnadal, Rindal og nokre fleire plassar. Kanskje særleg nettopp om det å dette på ski i laussnø og laga ei stor grop. Men det kan også vera bruka om uhell av anna slag, som å kjøre seg av vegen, velte med eit tømmerlass m.m. I tillegg til Surnadal og Rindal er ordet registrert frå gamle Stemshaug kommune, og frå Hemne på sørtrøndersk leigmål. Det er ikkje overraskande at Hemne viser ordgeografisk samanheng med Nordmøre. her er eit sitat frå eit stykke i Orkdølafylket nr 11, 1930 (s. 60), der det handlar om kabyser i samband med gruvekjøring på Løkken: «Mang ei kabys blev gjort i det berygtede Åspskale, de bratte lier fra fjeldet og ned til Grindvollan. Staupene i denne veien var altid kolosale. Kjøringen helt fra gruva og ned til Grindvollan var ialmindelighed som en seilads i skrækkelig sjøgang. Uheld kunde der ofte ske, men ikke så vidt huskes non egentlig ulykke». Kanskje vi skal ta med Meldal i utbreiingsområdet for ordet.

Bjarne Østbø har også verbet å kabbys’ om å dette på ski. «Han kabbysa e bå’ håppå» (i begge hoppa) fortel han, om ein uheldig skihoppar.

Norsk Ordbok har ingen sikker etymologi, men antydar samanheng med eit verb kabykse ‘galloppere’. Eg trur like snart at vi har å gjera med kabysse – byssa (kjøkkenet) på store båtar, lånt frå lågtysk kabûse eller nederlandsk kabuis. I (ka)byssa kunne det nok bli ganske rotete, og det er det gjerne også når ein har eit uhell på ski eller under kjøring. Hans Hydbakk skriv kabysa også om byssa på båt.

24.4.17: Bjønnhikkjill

Vi har nyleg sett på orda bjønnbeint og bjønnføtt. Ordet i dag er også ei samanlikning med fotlaget hos bjørnen. Einaste kjelda for «bjønnhikkjill» er ordsamlinga «Dialektord fra Høylandet», ved Kristine og Jo Skarland (1991).  Forklaringa der er «kneleddet bøyd svakt bakover», og det går ikkje fram om det gjeld folk eller krøtter eller begge delar. Men «hikkjill» (høkel) er knehase, haseled på f eks hest.

23.4.17: Å bjønne

Kanskje det blir litt forlenga skisesong denne våren, med det snøvêret som kom. Og når vi først held på med bjønn-ord, kan vi minne om verbet å bjønne om å dette på ski. Det ser ut til å ha vore bruka først og fremst på trøndersk område (Trøndelag pluss Nordmøre). Til og med i bymålet i Trondheim er det kjent. Det kan også bli sagt å skyte ein bjønn. Er ein riktig uheldig, kan ein komma til å skyte mange bjønnar under eit heftig nedrenn. Ideen er vel at ein lagar groper som minner om far etter bjørn.

Verbet å bjønne kan elles bety fleire ting, blant anna å stramme (tømmer)lass med bendebjørn, og å sprenge stein utan å bora hol for dynamitten. Hans Ross har ei særtyding frå Stjørdal, å lage «bjønn» under pløying. Ein bjønn er da ein klump som plogen ikkje har snudd.

22.4.17: Bjørnføtt/bjørnbeint

Bjørnen har stått sterkt i folkemedvettet her til lands.  Det avspeglar seg i mange tradisjonelle talemåtar. Sterk som ein bjørn, bjønnande sterk f eks. Bjørnen har det visst med det at han snur framføtene litt innover når han går, og å vera bjønnføtt eller bjønnbeint er eit uttrykk for å gjera dette også hos folk, det same som å tåe inn eller gå inntilbeins. Men bjønnføtt eller bjønnbeint kan også brukast om andre skavankar med føtene, f eks plattfot eller klumpfot. I Nordre Land var bjønnbeint brukt om vanskapte føter med «stor og vid hæl, nesten som på ein hestehov, og fotbladet lite og smalt og går beint innover». I Trysil var trua at «torefolket» (huldrefolket) var «bjønnbente», dvs. at dei hadde stortåa utabeins!

Også hestar kan vera bjønnbeinte. Frå Oppdal heiter det at hesten er «bjønnbent» når han har for lange hovar slik at føtene blir bøygd framover.  Årdal er «ein bjåddnabeinte hest» det same som knippebeint, med kronisk betennelse i haseleden.

21.4.17: Bjørnfengt

Vi får følgje opp dette med bjørnen litt. Bjønnatappen/bjørneproppen har vi skrive om før (sjå «Dagens ord» 23.5.15), og vi har også hatt for oss bjønnvinden som kjem om hausten. Men kanskje det held på å bli bjønnfengt etter kvart? Det vil seie at det blir mykje bjørn, fare for å råke på bjørn. Ingeborg Donali har det med i den store ordsamlinga si frå Oppdal, og nede på Agder (Åseral, Setesdal) finst det som bjønnefengt. Bjødnafengt har visst også vore brukt i Valdres. Også trønderforfattaren Otto sandhaug brukar ordet; i eit par bøker fortl han om stader der det ei tid var så «bjønnfengd» at dei laut rømme setrane.

Frå gammalt var det somme plassar (bl. a. i Hardanger og Ryfylke) sagt med eit litt anna ord, at det var bjønn(e)gjengt, på Nordmøre bjønnagjengt, og på Voss bjønnsgjengt.

20.4.17: Bjørnestussar

Så vidt eg veit, har det gått skeis med bjørnejakta i Selbu og Tydal denne gongen. Kanskje dei skulle hatt ein ekte bjørnestussar? I skildringar av bjørnejakt i eldre tid møter vi ganske ofte på dette ordet. Så også i boka «Bjørn og varg i Selbu og Tydal», utgjeve av Selbu og Tydal Historielag i 1963. Der hører vi bl.a. om Peder Olsen, som «gav bjørnen «dauskottet» med sin bjørnestusser» (s. 56). Eit anna eksempel: «en ekte bjørnestusser med en kule så svær at en kunde stikke halve tommelfingeren ned i løpet (Otto von Hanno: Opplevet og hørt: Overtro og bjørnehistorier (1934), s. 163). Ein bjørnestussar er ei kort , gammaldags bjørnebørse, munnladningsgevær. Og kort er nettopp nøkkelen til å forstå ordopphavet her, for stussar kjem frå tysk Stutzer ‘kort rifle’, kanskje via dansk studser. Vi ser også at det er skrive «studser» i somme av dei eldre norske kjeldene.

19.4.17: Svasne

Vigdis Ellingsen, Velfjord, nemner dette i ein kommentar til «Dagens ord» i går, svana. Å svasne betyr også å skrumpe inn, gå tilbake, om opphovning, svullar o l. Dette ordet verkar avgrensa til Nord-Trøndelag og Helgeland. Hans Ross registrerer det i si ordbok frå 1895, med heimfesting til Beitstad, Stod og Bindalen. Frå alle tre plassane er det stadfesta i nyare materiale, pluss ein god del fleire (Verran, Sparbu, Egge, Snåsa, Sørli, Nordli, Otterøy, Gravvik, Sømna og Velfjord). «Foten svasna og vart god» skriv Oskar Folden opp som eksempel frå Verran. Hans Ross nemner at også deig kan svasne. Vi finn ordet hos Anders Saus frå Brønnøy i romanen «I skyggen av Bjønnvassbre», der det blir gitt trøst til ein som har eit kne som har trutna: «det svasnet nok når det led på» (s. 136). Det høver i alle fall godt med det geografiske mønsteret vi har funne.

Vi såg at svana er rotbeslekta med bl a sone. Svasne har også ei tilknytning hit. Alf Torp viser til svensk dialekt sväsnas i same tyding, og meiner utgangspunktet er eit verb svæse bl.a. ‘roe, dysse ned’, men at a-en er komme inn frå svana.

18.4.17: Svana

Skrumpe inn, gå tilbake, krympe (om opphovning, svull, kul etter slag o l). I samband som svana ned og svana i hop. Ordet er eller har vore vidt utbreidd, i følgje Norsk Ordbok, likevel kanskje med tyngdepunkt på Vestlandet og nordafjells. Elles bra med belegg frå stader som Hallingdal og Aust-Telemark. Når det finst i målet i Dovre, heng det nok saman med utbreiinga norda fjellet. «Det svanar der det svell» er eit ordtak som fortel om sinne, opphisselse som snart går over.

Det finst også variantar som svene og svåne, og engelsk swane. Det skal vera slektskap (gjennom såkalla avlyd) med sone, som kan bety å stille ein strid, dysse ned noko, jamfør forsone.

17.4.17: Smogne

Ei litt anna form for minking: Dette kan også bety å bli smalare, men vel så ofte å bli mindre, krympe, skrumpe inn, svinne inn, magrast; også å gå tilbake, avta, om opphovning. Eg har hatt ein verkefinger i påska som heldigvis har smogna no. Eventuelt, om folk, å bli skralare, eldre. Det kan heite å smogne inn, smogne i hop, smogne ned m m. Av og til blir vi for at eit klesplagg kan smogne i vasken. Her er eit sitat frå Magnhild Haalke: «De store røde fjøshendene hennes er smognet ihop og blitt nette og lysblå i fargen» (Rød haust s. 90). Frå Rindal er registrert ein overført bruk av «smågn-e-hop»  – å gjera seg liten, småminke seg. I indre Sogn skal det vera brukt om å spakne (både om folk og vind). Norsk Ordbok reknar med samanhengande heimfesting på Vestlandet og nordafjells, men også spreidde belegg elles (Agder, Aust-Telemark, Hallingdal, Øystre Slidre, Tolga.

Ordet er venteleg laga til perfektum partisipp smogen av å smyge.

16.4.17: Sneite

Truleg eit mykje mindre brukt ord enn skata for å bli smalare, smalne av. Registrert berre frå Oppdal og somme plassar på Nordmøre (Sunndalen, Øksendalen, Valsøyfjorden). Eksempel: stakkinn sneta tå – blir trongare nedmed (Oppdal), kjolin sneta inn (Øksendal), golvet sneite – skrår innover (Sunndal).

Kanskje er det ein slektning i ei sneite (snæt’) frå Tingvoll, om ein liten snøeling. Frå same plass også ei bjærkasnæt’ om ein tynn bjørkekvist. Rotbeslekta er nok også verbet å snite («det snite tå» – smalnar inn) frå Snillfjord og adjektivet sniten ‘som smalnar av’ frå Orkdal. Den vidare etymologiske samanhengen er nok ikkje utgreidd for denne ordgruppa.

15.4.17: Solgonge

Dette ordet har visst ikkje vore nemnt i kommentarane til snøgonge, der folk har komme inn på mange forskjellige samansetningar med -gonge. Solgonge betyr gang eller bane som sola har på himmelen, eller tida da sola er oppe. Det kan altså vera tale om både høg solgonge og lang solgonge. Norsk Ordbok heimfestar til følgjande stader: Voss, Surnadal, Hemne, Oppdal, Melhus og Horg. Øksendal og Sunndal kan trygt leggast til, og Sunndal bør i ein framtidig oppretta versjon flyttast frå det synonyme solgang over til solgonge. Det er også opplysning om det frå Stadsbygd. Den utflytta surnadalingen Olaf Sveen skriv om sin opphavlege heimplass at «vi har bra høg solgonge endatil ved juletider» (avisa «Driva» 29.1.1987). Ordet finst nok vidare ikring. Her er eit sitat frå bygdeboka «Gardtales i Stemshaug» av Anders Todal: «Skar ligg meir i livd for ver og vind enn både Skipnes og Rognan. Til vederlag har desse to sistnemnde gardane rikare solgonge enn Skar, som ligg noko i skuggen av fjella både søraust og sørvest for tuna» (s. 312).

14.4.17: Snøgonge

Eit anna ord for snøsmelting, det at snøen går. Ikkje vanleg; det er belegg frå indre Nordmøre, og Bindalen, pluss Os i Østerdalen.«Snøgonga i vår skaffa au så lite vatn, at no lyt verket leige kraft att» (eit sitat som er saksa frå Orkmannen 1936).Snøgang skulle ein vente seg var meir utbreidd, men det er berre eitt sikkert målførebelegg, frå Foldereid. Men dette har nedfelt seg noko meir i skrift, for eksempel brukar Leif Halse det: «Elveflaum og sein snøgang var til stor[t] hinder for jordbruket på Kårvatn» (Markagard, s. 40). Halse hadde nok «snjøgång’» (snøgonge) med seg som målføregrunnlag. Her er Arvid Sveli: «de lyse vårdøgnene med varme og snøgang i fjellene» (Møte med natur og mennesker, s, 102). At ordet er fullt levande, tyder dette ferske sitatet på: «beita i fjellet ser bra ut sik vi kan vente med sein snøgang og lave temperaturer» (Nationen 26.7.2012). Norsk Ordbok har artikkel både på snøgangog snøgonge. Eit par av belegga under –gang skulle nok vore ført under –gonge.

13.4.17: Skat

Toppende av eit felt tre, med eller utan greiner. Dette har vidare utbreiing enn verbet skata, som vi hadde i går, med bra med belegg også austafjells. Somme plassar er det uttalt med kort a: skatt (såleis i Namdalen). Somme vil rekne skatet som alt riset som ligg att etter at det har vore hogge, og kanskje da ein skate eller skatende om kvar enkelt topp. Avkappa greiner kan vera inkludert. Det finst også andre nyanseringsmåtar: I Foldereid har ein, etter det vi har fått opplyst, skilt mellom skat ‘lang toppende’ og topp ‘kort toppende’. På Hitra skat om berre greinene, topp om toppenden. Eit par litterære belegg kan vi ta med: «Uppe på egga låg barkvist og skat» (IngeKrokann: På linfeksing, s. 169; og denne skildringa av ein bjønnsterk kar: «ein femten-alns laftingsstokk vart handsama som om det var eit skat» (Johan Snøfugl: Du tok livet, s. 101).

Andre tydingar kan vera kapp av tømmerstokk eller planke, eller fjøl som smalnar mot enden (på grunn av vankant).

Tørr topp på tre kan heite tørrskat.

Frå Rennebu har vi fått inn det nedsettande ordet åfåttskat – om ein ubrukbar person eller ting. Skatet blir jo gjerne til overs, og når det i tillegg blir åfått – da er det ekstra ille!

12.4.17: Skata

Da vi hadde for oss «skåttålår» og «skåttahei», kom vi inn på eit anna verb som i indre trøndersk uttaleform også lyder «skåttå». I normalisert form heiter dette å skata eller skate, og betydninga er å smalne mot enden, ende i ein spiss. Geografien i dette er, som i så mange ord, nordleg og vestleg. Ordet finst over alt det nordafjelske, på Vestlandet, og går ned i Nord-Gudbrandsdalen. Uttalen varierer mellom skate, skata, skåttå og stundom skatt(a) med kort a. Det er forskjellig som kan skata, det typiske er gjerne eit tre eller ein stokk. Hans Ross, som er ei utruleg rik kjelde vi stadig kjem tilbake til, har krysset skate – krysset på dyr fell av for sterkt (heimfesting Innherred og Namdalen). Frå Meldal blir «fedraget» (eit band av samanhekta åmer på vandring) beskrive som at det «skåttå attover»

Ordet kan også brukast transitivt, om å kvesse, spisse, gjera noko smalare mot enden, f eks å skåttå-tå ein staur.

Norrønt skati betydde ‘spiss’, og vårt verb er nok avleidd av dette.

11.4.17: Skåttåbry

Ei som fer og rek mykje, som er mykje på laupen. Ordet er innringt frå Rissa, til Dialektmagasinet i 2006, og det er einaste opplysninga vi har om det. Men det fell greitt inn i mønsteret med skåttahei og skåttålår, som vi har hatt før. Det er også her verbet skota i førsteleddet, og interessant nok med ei austleg jamningsform. For i Rissa er vi i grenseland mellom indre og ytre type av slike ord. Siste leddet er brye, ei tro eller eit trau, ofte eit uthola trestykke, men kan også vera spikra i hop av fjøler. Den typiske brya er grisbrya – grisetroa. Karakteristisk er også at ein dannar skjellsord med nemning for behaldarar av eitt eller anna slag.

10.4.17: Skåttahei

Uvøren, vilter person, som gjerne har lett for å øydelegge ting. Det tilsvarar i det store og heile skåttålår, som vi hadde til «Dagens ord» 20.9.2015, og som dette er det mest brukt om personar av hokjønn. Fosen er heimstaden til ordet, med belegg frå Hitra, Frøya, Agdenes, Ørlandet og Rissa. Ein informant frå Oksvoll seier det også kan bety pyntedokke.

Arnfinn Aune meiner den opphavlege tydinga er ei gammal, utrangert ku, slik at det er ein «feminin» motsats til skottgamp. Dette kan neppe vera rett, men at førsteleddet har samanheng med skott og skyte, er rimeleg sikkert. Skåtta er ei ytre trøndersk form av same verbet som vi finn som skåttå i skåttålår, og det betyr bl a å fara valdsamt og bråkande fram. I norrønt betydde dette verbet (skota) å støyte eller skumpe.

Sisteleddet hei(e ) har vi også i f eks galnheie («gælnhei»). Dette kan rett¨og slett vera til interjeksjonen hei og det tilhørande verbet å heie. Eventuelt kan det ha samanheng med heidning.

9.4.17: Snartykkjen

Vi hoppar litt tilbake til tykkjen, og tar med oss denne samansetninga. Å vera snartykkjen  er å vera snar til å bli tykkjen, fornærma. Som målføreord er dette belagt frå Hemne og Hitra (Sandstad). Elles ser det ut til å ha levd eit visst ordboksliv som synonym til «nærtakande». Ola Raknes bruker det i Fransk-norsk ordbok i oppslaget épiderme (som betyr hud, overflate); avoir l’ épiderme sensible blir her forklart med «vera nærtakande (sår, snar-tykken)». Eigil Lehmann nemner det i si Færøysk-norsk ordbok. I Norsk Ordbok, som har eigen artikkel på det, er det også brukt i den eine definisjonen av ordet dyntelgod.

8.4.17: Voggarmåne

Nymåne som ligg, som ein voggemei. Denne varsla uvêr, slik at folk måtte vera heime og vogge barn i staden for å dra på sjøen (Frøya).

7.4.17: Tykken (tykkjen, tykkjin)

Sia vi hadde godtykken i går, må vi vel sjå litt på tykken (tykkjinn) i dag. Dette betyr fornærma, furten, støytt, misfornøgd; men også nærtakande, hårsår. Utbreinga er nordleg og vestleg: Hovudområdet er nordafjells og Vestlandet, og så går det ned i Austlandsdalane (Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen og Valdres). Eit eksempel kan vi hente frå nordmørsforfattaren Ingeborg Åsen Vatten, som i romanen «Ales» fortel om ei som kjenner seg til sidessett i eit gjestebod. Ho «har vorte glømt attmed første bordsetninga, og er litt tykkja» (s. 142).

Tykk(j)en knyter seg til ei særtyding av verbet tykkje, nemleg ‘kjenne seg krenka eller fornærma’. Det heiter gjerne at ein tykkjer på noko. Dette er same ord som tykkje i vanleg tyding ‘synast’, men med ei innsnevring der det er uderforstått at ein tykkjer dårleg, ille om noko. Dette fanst alt i norrønt: Þykkja at, og Þykkjast ‘ta ille opp’.

6.4.17: Godtykken (godtykkjin)

Vi må ta med oss dette adjektivet også, som spriker ein god del i betydningane. Det ser ut til å avhenge av om det er laga til godtykke, som vi såg på i går, eller om det knyter seg til tykken/tykkjinn ‘fornærma. Mest vanleg på trøndersk område er det nok at det betyr nettopp fornærma, nærtakande, furten, småsint e l. Hans Ross nemner dette frå bl.a. Innherred og Namdalen. I nyare materiale er det innrapportert frå plassar som Osen, Frol, Snåsa og Foldereid. Det går også mykje vidare ikring. Magnhild Haalke brukar ordet i denne betydninga: «når Netta satt og var mulen og godtykken over noen liten ting» (Røsten, s. 183). Frå Leka (i ordsamlinga som gjekk i «Lekposten») heiter det at ein som er godtykkjin, trur godt om seg sjøl, er sjølgod. Og frå Nordmøre og Romsdal har Hans Ross ordet i tydinga ‘godsleg, godmodig’. I det siste tilfellet knyter det seg direkte til godtykke.

5.4.17: Godtykke

Dette er vel mest kjent i vendingar som «etter eige godtykke» – etter personleg skjønn eller vurdering, «forgodtbefinnende». Og det blir nok helst oppfatta som eit nokså «litterært» ord. Men det har målføregrunnlag også. Hans Ross (1895) har det frå Agder om elskverdig, vinnande vesen og veremåte. Det kan også bety «det å tykkje godt om (nokon)», velvilje, sympati, gode kjensler. Slik har eg fått det opplyst frå Hitra: «æ ha godtyttj fer derre bane». Og to som har «go(d)tyttj fer kvarainner» har eit godt auga til kvarandre.

4.4.17: Mus i merragreie

Merragreie er sjølsagt greie (selety) for merr, men «ta va nå mær som ei mus i mærragrei» er ein karakteristikk av altfor stort, romt klesplagg. Notert frå Halsa; informanten herma det etter ein handverkar dei hadde, som hadde hatt på seg ei altfor stor skjorte ein dag. Merk bokstavrimet, som gir ekstra fynd!

3.4.17: Greie (hestgreie)

Det vanlege ordet for selety, hestesele med utstyr, i eit stort midtre og nordleg område i landet. Det går omtrent frå Romsdal, via Trøndelag og Nordland og inn i Troms. Nord-Østerdalen kjem med, og det er også enkeltopplysningar frå Nord-Gudbrandsdalen. Hans Ross (i ordboka frå 1895) fører opp greia/greiera i bestemt for eintal (hokjønn) med liknande tyding frå somme plassar i Agder.

Så kan ein bruke samansetningar til å nyansere kva slags greie det er snakk om, som arbeidsgreie, kjerkgreie, stasgreie m fl. Ordet har naturleg noknedfelt seg i fleire ordtak, som «skarvmerra slit hardast greiet», «det er greiet åt gammelmerr’n som heng nerast dør’n», eller «krøbba og greiet må høv’ hesten».

Greie om hestesele er ei spesialisering eller innsnevring av den allmenne tydinga ‘reiskap, utstyr, saker’. Nettopp reiskap har fått ei liknande utvikling på Snåsa og i Inner-Namdalen, der det er dette ordet som betyr hestesele. Nemningane heng i hop og deler feltet mellom seg: I same området som har reiskap for hestegreie har ordet greie fått tydinga ‘høvre’ (den delen av seletyet som ligg tvert over ryggen og kviler ot manken). Og i det meste av området som har greie om selety, har dei sele (sæla, sållå) om høvret.

Den geografiske utbreiinga av ordet (hest)greie kan tyde på at Trondheim har vore spreiingssentrum for denne tydingsutviklinga.

2.4.17: Haratopp

Interessant diskusjon om faks kontra man. Det er ikkje så uvanleg at  konkurrerande ord for det same så å seie deler «feltet» mellom seg. Fleire har også vore inne på «toppen» eller panneluggen på hesten, den fremste dusken av fakset, og her er eit tradisjonsord for den. Har(r)atopp, hårråtopp, hartopp er uttalevariantar. Registrert frå Nordmøre, Trøndelag og Helgeland. Å leie hesten etter haratoppen er å toppleie.

I Leksvik heiter det «heltåpp» – kanskje med tilknytning til herdetopp – ryggtoppen, toppen mellom bøgene (toppen av «herdane») på eit dyr. Det gjeld kanskje også for forma «hartopp/haltopp» frå Innherred, som er nemnt ovafor.

1.4.17: Fallfaks/hengefaks

Hengande man (faks) på hest. Begge orda er utbreidde i Trøndelag og på Nordmøre. I Orkdalen, Meldal, Rennebu og Oppdal heiter det gjerne fellfaks, jf. dette sitatet: «eit stort fellfaks frå ein øyk i fullt renn, båra og blagra over skigardane» (Olav Berkaak: November, s. 42). Forma er notert også frå Gauldalen.

Hengefaks (hengfaks, hengjefaks, heng(j)arfaks) er også godt kjent i same området, men her er det belegg frå vidare ikring, som f eks Voss. Vi får ta med eit sitat som dokumentasjon på dette også: «Fin hest! hengefaks! Blisse i skallen! Gule hover!» (Johan Falkberget: Nattens brød. Plogjernet, s. 312).

31.3.17: Standfaks/standarfaks

Oppståande, kortklipt man (faks) på hest. Utbreiinga er kartlagt først og fremst av Oskar Bandle i hans store arbeid om vestnordisk husdyrterminologi, men også gjennom spørjelister til informantnettet for Trønderordboka. Dermed er vi på ganske trygg grunn når vi seier at denne samansetninga stort sett er avgrensa til Trøndelag og Nordmøre. Men det går nok inn i Helgeland også, jf. dette sitatet: «Hesten var lysbrun av farge og hadde standfaks som vi sa» (Johan Greger Øien: Min tid – og det de gamle fortalte, s. 59) – frå garden Øyan i Sømna. Det høver uansett bra med at faks ‘man’ i hovudsak er eit vestleg og nordleg ord i norsk. Om ein skal plukke ut eit «standardnorsk» ord for dette, må det kanskje bli ståman. Ståfaks er også i bruk somme plassar i Trøndelag.

30.3.17: Manstø (verb)

Klippe og stelle mana på hest. Norsk Ordbok heimfestar til Trysil («mønnstø»), Valdres («munstø» etter Hans Ross, stadfesta frå Vestre Slidre i nyare materiale), Vågå (etter Hans Ross) og Dovre («monstø»). Til dette kan vi legge Fron («monstø», i ei lokal ordsamling), og ikkje minst eit eksempel eg kom over i går, da eg lytta på eit opptak frå Tverrelvdalen i Alta. Informanten snakka med sterkt preg av nordleg austlandsdalmål (han stamma vel frå Folldalen, etter det eg kunne forstå), og han tala om at hestane vart «månstødde». No viser det seg at ordet står i ordsamlinga «Oss må tålå meir um detta» frå Folldal, her med formene «monstø» og «månstø». Førsteleddet er heile tida uttaleformer av man, norrønt mǫn.

 29.3.17: Kvitrev

Fjellreven er som kjent ein svært truga dyreeart, og det blir gjort iherdige forsøk på å berge han. I Midtnytt denne veka var det eit innslag om dette arbeidet. Tydalingane som deltok, bruka ordet kvitrev, kunne vi høre. Dette er eit nokså vanleg namn på fjellreven, særleg den varianten som har kvit vinterdrakt, naturleg nok. Dette til forskjell frå blårev, som har blåaktig til brun pels heile året. Det skal også vera brukt om albinoar av raudrev eller sølvrev.

Kvitrev er eit heilt naturleg namn som også er komm inn i oppslagsverk og leksika. Hans Strøm har det i si Sunnmørsbeskrivelse frå 1760-åra, og i skattelister er det belagt enda tidlegare. Vi finn det også i nabospråka: svensk viträv, dansk hvidræv, islandsk hvítrefur, engelsk white fox og tysk Weissfuchs. «Rupa karra, kvitrøven sætte ti skrikje» skriv Rangar Solberg i diktsamlinga Isgud, på Dovremål.

I ei ordsamling frå Lærdal står kvitrev oppført i ei overført tyding ‘dum, truskyldig person med kvitt hår’.

Folkeminnesamlaren Karl Braset i Sparbu fortel at når ein jagar opp kvitreven, skal ein berre stå i ro og vente, for han kjem att ein gong og skal sjå kva det var, og da kan ein skyte han. Somme plassar har ein trudd at kvitrev varsla sjølik.

Polarrev er eit anna namn på fjellreven, og som dialektord finst også fjellrakke og melrakke. Det siste fordi han har hi i sand- eller grusmelar. Rakke er eit gammalt namn på (hann)hund.

Kvitreven lever i eit barskt miljø. Her eit hjartesukk frå ein oppdaling over surt, kaldt vêr: «dæ æ berre for hårrå og kvitræv hær»!

28.3.17: Jektlyr

Mannskap (matros) på ei jekt. Det ser først og fremst ut som eit trønderord, brukt av forfattarar som Olav Duun og Torvald Sund. Og ikkje minst Olaf Berg alias Martin Kvænnavika. Mannskapet på Survikjekta er vel dei mest kjente jektlyrane. Men ordet er også nemnt i bygdeboka for Gulen i Sogn.  Det har nok ein viss spøkefull eller nedsettande klang, men jektlyren stod likevel over kokkguten, som var nedst på rangstigen. Men det gjekk an å arbeide seg oppover: «Ikke helt få sparte seg opp så mange penger som «jektlyre», skipper eller kjentmann at de med trygg økonomi kunne slå seg til på land med gårdsbruk, handelsvirksomhet o.l., og med part i en eller flere jekter i fart fortsatt følge med i eventyret» (Olav L’Orange: jekter og jektefart fra Innherred, s. 67).

Så kan ein spekulere på kva sisteleddet lyr er for noko. Dersom det har vore eit skjemteord frå starten, kunne ein gjette på fisken lyr. Men det passar ikkje heilt, og heller ikkje lyr frå leiken å slå lyr (slå ball). Kanskje er det rett og slett det norrøne lýðr ‘folk’ (som vi kjenner i samansetningar som huslyd, festlyd, møtelyd) med bevart, «fastgrodd» nominativs-r?

27.3.17: Langhalm

I samband med gårsdagens ord «langhavre» kom uttrykket «å trøske (treske) langhalm» opp. Som det blir forklart, er det lange, kjedelege utgreiingar, gjerne på langdryge møte med mykje ordbruk, der ting blir gjentatt og gjentatt utan at det kjem inn nye moment eller argument. Det ser ut til at dette uttrykket har eit tyngdepunkt i Trøndelag og på Nordmøre, men det kan jo vera at det har vore samla meir systematisk akkurat der. Men det er også belagt frå plassar som Jæren og Hallingdal. Og i avisa Valdres stod det i 1937 om at «den store mengd av prestar stod og «treskte langhalm» med danske ord og tyske vendingar». Slik var det i alle fall før i tida. I mediekretsar er dessutan langhalm eit kjent begrep om lang og meir eller mindre innhaldslaus framstilling. Eg meiner også eg har hørt ein litt kortare versjon: «å trøsk halm».

Det er oppgitt eit par spesielle betydningar av uttykket. På Snåsa skal det kunne bety å streve med arbeid som tek lang tid: «me må fell te å trøsk langhælm», og på Byneset om å ta lett på ei arbeidsoppgåve.

Langhalm er heil, uhakka halm. Det kan godt vera at Oddbjørn Nærvik er inne på det rette når han held fram at «å trøske langhalm» meir opphavleg kan gå på sein, arbeidskrevande trøsking med mykje halm og lite korn.

Når Ola J. Rise skriv i Oppdalsboka (bind II, s. 128) om «å bruke langhalmen» om å bruke svep (på hesten), så lurer eg på om det kan ha skjedd ei forveksling med langhavren.

26.3.17: Langhavre

Anna namn på ugrasplanten floghavre, vel på grunn av dei høge stråa som ofte rakar opp over åkeren. Men det er også ein del overført bruk av ordet. Å gi hesten langhavre vil seie å gi han av pisken, svepa. Det kan også bli sagt å fore med langhavre, eller kjone med langhavre (det siste frå Orkdalen). Det går også an å gi folk langhavre – å dupere dei, sette dei på plass. Det siste er registrert både frå Orkdalen og Gauldalen.I Andebu kan det heite å treske langhavre på ryggen til noen – å gi dei skikkeleg juling. «Eg skal betale deg med langhavre, din tjuv!» er ein trussel gjengitt i bygdeboka for Drangedal, det var faktisk lensmannen sjøl som kom med den. Landhavre er eit anna namn på floghavren.

På Ringerike er langhavre eit gammalt utnamn på folk frå Hole. Her var det elles sagt, da ein del storfolk skaffa seg eigedommar i området i tidaetter 1714, at «Ringerike kom til å forgå av langhavre og storfant». Slik gjekk det vel ikkje, får vi tru.

25.3.17: Vatne opp

Uttrykk som er brukt fleire plassar når det blir overvatn, når det kjem opp vatn oppå is eller snø. Det kan f eks skje ved at sprukken is får mykje tung snø oppå seg, og så tyt vatnet opp gjennom dette. Det kan både bli sagt at «det vatnar opp» og at «isen/elva vatnar opp». Fjorden kan også vatne opp, det er sagt om Mjøsa. Under gunstige forhold kan det bli fin skeise-is om dette overvatnet frys til att. «Ulvsjøen vatna opp i govere, og ligg no isblank», skriv Trysilforfattaren Håkon Garaasen. Og her er surnadalingen Bjarne Østbø: «Elva vatna-opp. Lange sørpesjøar demde innmed landet somme stader» (romanen Vindfall, s. 155). I Surnadal heiter det elles gjerne at «det/elva vatna oppi». Rindalingane kan seie at «det ha vatna-på», og i Leksvik «det ha vatna-igjennom», når det er komme vatn og snøsørpe oppå isen. Somme plassar brukar dei «vetne» istf vatne i slike tilfelle: «det ha vetna-opp», eller «elva ha vetna-opp» (Aure, Hemne). Slikt kunne varsle snø eller regn, etter gamle merke.

24.3.17: Kjeftament

Etter mellomspellet i går er vi tilbake på sporet med ord på -ment. Kjeftament er eit spøkefullt uttrykk for kjeften, snakketøyet, munntøyet. Det er mange som har kjeftamentet i orden. Stundom skjer ting så raskt at ein ikkje rekk å få opp kjeftamentet. Ingen spesiell dialektgeografi i dette ordet, ser det ut til. Eit par eksempel: «Kjeftamentet gikk på’n som en propell» (Karsten Alnæs: Kjempesmell og blå dager, s. 12); «ein kjeftaure og ein vrengelpave, kvass og utkropen i kjeftamentet» (Ola Setrom: Medan steinane mel, s. 191-192). Danna etter mønster av importord på -ment av latinsk opphav (som pergament, testament m fl).

23.3.17: Bondelosji («bonlosji»)

Som oppfølging av losjement frå i går: Losji, billeg overnattingsplass (losjement) for bønder på byferd. Kunne vera kombinert med brennevinsutsalg. Der kunne ein også stalle unna (plassere hesten) på dagstur medan ein gjorde utretningar i byen. I Trondheim var det særskilt mange i nedre bydelar, og slik sett er det rett det Olav Berkaak skriv i romanen «Snø og eld», om hovudpersonen Jo som er på bytur, at han fekk «ei retteleg godseng, i eit bondelosji lengst ned mot fjørerusket» (s. 177).

22.3.17: Losjement

Losji, husrom (for natta), husly; herberge. Temmeleg bra utbreidd i tradisjonell dialekt, i mange forskjellige former. Ofte «låssment» eller «låssement», dels også som hokjønn «låssemente/låssementa». I Singsås «løssemænt», Valdres «løsement», I Hallingdal og Nord-Odal «lussement», Vesterålen «losjemang». Eksempel på bruken: «Her er vi 11 mannfolk og 27 kvinnfolk som har kost og lossement» /frå avisa «Driva»). For «losjerande» kunne det bli sagt «lossementfolk». Frå fransk logement av loger ‘bu’, som vi også har importert og bruker som losjere.

21.3.17: Mankement

Mangel, skort: «det var ikkje mankement på nokon ting der i garden». Og når ein får mangel på noko, kan det heite at ein «kjem i mankement». Ordet er vidt utbreidd i tradisjonell dialekt i alle landsdelar, og er teke i bruk av forfattarar som Gabriel Scott og Olav Duun. Og her er Knut Hamsun: «blev han i Mankement for Kjøt saa kunde han skyte en Sau ogsaa» (Den siste Glæde, s. 87). Somme stader går tydinga meir i retning av ‘feil, lyte’, men det er jo også ei form for mangel. Dette er eitt av dei mange franske lånorda som nok går tilbake til 16- eller 1700-talet, da fransk var mote- og prestisjespråket i Europa. På fransk heiter det manquement, og det er laga til verbet manquer, som vi også har importert i forma mankere. Det er nokre uttalevariantar, som mankament og mankemang, somme stader i Trøndelag (Hitra, Stadsbygda) også mankrament, der r-en vel er kommen inn att frå mankere. I manglament (også Hitra) har det vel kopla seg til mangle og mangel.

20.3.17: Liknament

Noko som liknar; snev, teikn; også likheit, likskap. Nokså mykje utbreidd i tradisjonell dialekt, gjerne i uttaleformer som «lignament», «legnament». I Kvennavika-historiene får vi ein plass høre om at han Kal Heln kjøpte «alt de’n kom aaver, som bære ha naakkaaslags leknament me’n hond». Her er eit eksempel henta frå den nye ordsamlinga frå Stadsbygd: «vi såg itt leknament te nå moe målt oppå heia». Stundom betyr det nærmast ‘meining, fornuft’, som i dette eksempelet frå Hitra: «det va itj legnament på nå».

Ordet er omlaga av latin lineamentum ‘konturar, ansiktsdrag’, påverka av likne/ligne.

19.3.17: Nothund

Først definisjonen i Norsk Ordbok: «(utnamn på) (tilreisande) fiskar på eit notlag utanom notbasen», med heimfesting til Vestlandet og nordafjells. I Trønderordboka har vi saggt følgjande: «ein som er med på notbruk (vanleg i fjord- og kystområda). I Miljøet er ordet visst ikkje oppfatta nedsettande, men det kan vera det andre stader».  Sisteleddet -hund kan tyde på at det har vore ei spøkefull nemning frå starten. Lokalhistorikaren Bjarne Rabben frå Sunnmøre hevdar at «uttrykket skriv seg frå eldre tid då dei brukte ein gøyande hund til å halde fisken/silda frå notopninga». Kanskje er det heller som Øyvind Jenssen skriv frå Leirfjord, at det ligg i namnet at det var eit hundliv å vera på not. Første ordboksfestinga er Hans Ross i hans tillegg 5 til «Norsk Ordbog»; han fann det på Jæren.

17.3.17: Nysnø

Ja, det må ein jo rekne med kan komma denne tida, og er det noko ord å masa med, da? Kanskje ikkje, men eg fann eit notat der det går fram at nysnø kan brukast i fleirtal på same måten som snø, slik vi såg i «Dagens ord» 28.2. («de kom nån snøa» – nokre snøkorn). Og «det kom nånn nysnøa» noterte eg altså den 8. desember 2012 i Hegra, etter spontan tale, som det heiter.

Når vi først er ute i nysnøen, kan vi ta med uttrykket «det fell/går som skit i nysnø» om noko som går fint, lett, glatt unna, passar godt (f.eks. for snekkaren). I hovudsak trøndersk og nordmørsk, men belegg også frå Nissedal (her: «de fell’e som lort i nysno») og Rana. Ein variant frå søre Gudbrandsdalen er «dæ feill som drit i nysnog». I Lom «det klæst som skit i nysjog». Jon Leirfall har eit fint eksempel på meir overført bruk når han skildrar gode forteljarar: «kvart ord skulle felle inn i historia som skit i nysnø» (Sannferdige folk, s. 13).

Seiemåten har vel komme opp med tanke på at møtet mellom skit og laus nysnø er forholdsvis motstandslaust.

16.3.17: Matberget

Å vera kommen på matberget vil seie å sitte godt i det, ha fått sikra levebrødet. Det kan vera at ein har fått god og stødig lønn, komme seg attåt ein bra gard, gifta seg til rikdom e.l.  Talemåten er registrert frå mange stader, her er ei liste ut frå det som står i Norsk Ordbok pluss det vi har i arkivet: Øyer, Nissedal, Lista, Nordmøre, Oppdal, Rennebu, Hitra, Foldereid. Johan Hveding nemner det også i ei samling fyndord frå Nord-Norge. Det er grunn til å tru at fleire kjenner til dette, slik at vi kan få fylt ut heimfestinga. Frå Halsa har vi ei særtyding «så mykje gras at det lønner seg å slå».

I Trondhjems Adresseavis 28.3.1917 finn eg eit nesten hundreårgammalt minne. Det er eit innlegg som Adressa hadde saksa frå Aftenposten, med tittelen «Et nødskrik fra en embedsmand». Denne klagar over dyrtida og at lønnsnivået for statstilsette ikkje heng med i denne utviklinga. Han seier bl.a.: «indtil jeg nu efter 22 aars anstrængt arbeide i statens tjeneste næsten har naadd toppen av matberget, har en ansvarsfuld og vigitig stilling med en gasje av 5400 kroner». Men den strakk altså ikkje til.

Eit matberg kan sjølsagt oppfattast som eit berg med mat. Men det spørst likevel om vi har eit ordspell her, med kopling til å matberge seg – livnære seg, matberging og matbjørg (begge = matforsyning). I dette sitatet frå Magnhild Haalke ser det ut til at ordet nærmast betyr matberging eller matstrev: «Det var ikke penger på Mølngården. Vart bare matberg og hus over hodet og mange onger» (Jord som venter, s. 40).

Matberg finst også som gardsnamn fleire plassar, men her er det usikkert om førsteleddet i det heile er mat ‘føde’.

15.3.17: Skrupp («skropp»)

Ord som kan bety nokså mange ting, og det blir ikkje plass til alle her. Norsk Ordbok fører opp som første tyding vissen, inntørka eller innskrumpa ting. Det kan også vera ein gammal, sliten, skrøpeleg gjenstand, som i bilskrupp, båtskrupp og sleaskrupp. Vidare om gamle og gjerne skrøpelege folk: Ein kallskropp på trøndersk tilsvara vel ein «rusten herre». Skrupp er elles brukt nedsettande om folk av forskjellig slag, både dei range og tverre og dei som er store og grovbygde. Lokalt i Sunndal og Øksendal kan ein seie skropp om beinrangel, skjelett. Og så har vi ei interessant tyding råbygg, «skjelett» på hus, også i samansetning husskrupp. Dette finn vi på Nordmøre, i Orkladalføret og Oppdal. Eit typisk eksempel kan vi hente frå årsskriftet til Rindal Heimbygdlag (2014, s. 77), der det er snakk om to snikkarar som «arbeidde sommaren og hausten 1961 og fekk opp skruppen». Så kan vi også, som så ofte før, ty til hans Hyldbakk og hans rike ordbruk. han fortel om ei løe at ho var «tettare i skruppen» enn ei anna ei (Jul på Nordmøre 1955, s. 12).

Det verkar som ordet i det store og heile hører heime i Trøndelag og på Nordmøre. Det er visst etymologisk slektskap med å skrumpe, så den primære tydinga er kanskje ‘innskrumpa ting’.

14.3.17: Kråkerø

Mørk hinne i buken på somme fiskesortar (utapå den blanke). Ordet hører til i Trøndelag (særleg kystområda) og Nord-Norge, med Trondenes som nordlegaste belegg. I skrei vart kråkerøet fjerna før klippfisken vart tørka. Slik er det skildra i Hemneboka: «Dei som lever att av bergfolket, har ikkje glømt at det var tungt å bera skrei på bårestenger, og slett ikkje kor kaldt det kunne vera når dei «reiv kråkrø»» (bind II, s. 176). Rø er fiskeskinn, og kråke er truleg meint nedsettande i dette ordet. Hans von Aphelen, som var fødd i Nærøy i 1719 og etter kvart slo seg ned i Danmark, nemner «Krage-Røe» i eit arbeid frå ca. 1770.

Kråkrø er gardsnamn i Ibestad i Troms, men det kjem visst av ‘kråkereir’.

13.3.17: Mars(i)ria

Uvêrsri, uvêrsperiode som bruker komma i mars. Vêret er gjerne ustabilt og skiftande denne tida. Vipa skulle ha snø på ryggen, og gjerne sju gonger før det vart retteleg sommar, fortalte Arnfinn Aune på Hitra da vi prata om marsria. I målførematerialet er ordet registrert berre frå Hitra og Frøya. Derfor eit sitat frå avisa Hitra-Frøya (11.3.2011), etter eit kraftig snøfall: «overalt i dag kunne vi høre mumling om marsria. Det er vinterens siste krampetrekning før den slipper våren til. Denne gangen ble marsria av den solide sorten. Men bare vent – den må nok gi tapt også i år!» Marsi- med -i-  , som somme seier, avspeglar latin martius, genitiv martii.

12.3.17: Toppleie

Opphavleg å leie ein hest etter luggen («haratoppen»; før ein hadde fått på han beisel eller grime). Så er det brukt i fleire overførte tydingar: Å dra folk etter håret, å lugge, i Vartdal på Sunnmøre også om å leie kvarandre med hendene i akslehøgd, i turdans. På Innherred kan ein seie om kjærastpar at dei går og toppleies. Men du kan også bli toppleidd på den måten at du blir tvangsdirigert. Taumkjøre kan brukast omtrent på same måten.

11.3.17: Angermann

Av og til gjer vi alle noko vi angrar på og helst skulle sett ugjort. Da kan vi få samvittigheitsnag, personifisert som angermannen. Angermannen tek oss, kjem i oss eller over oss – det er fleire måtar å uttrykke det på. ”Det kom angermann ti’n ætt’n ha sæld hæst’n”, står det som eksempel i ei ordsamling frå Høylandet. ”Det gjekk angermann ti’n”, kan det også bli sagt, ”det var angermann ute og gjekk”, eller ”han hi kommi ut fer angermanna” (det siste frå Malm). Å dømme etter målførebelegga er angermannen mest kjent i Trøndelag og Nordland, men går også inn på Nordmøre og i Nord-Østerdalen. Olav Duun har brukt ordet, men her eit sitat frå vesterålingen Henry Oddlo Erichsen : ”en aldri så liten angermann stakk meg i hjertet” (Notater fra båtstøa, s. 43).

Hans Hyldbakk brukar det om person som angrar seg: ”dei tek seg ein dram utan å vera angermann” skriv han f. eks. Og i diktet ”Svarraberje” om ekkoet, spør han med tanke på ungkarsstatusen sin: ”E’n angermann han Hans, hell he’n det godt poinn fella?” og får sjølsagt det svaret han legg opp til. Det er i same diktet han spør: «Ska e jift me, hell ska e lætt det varra?» Og ekkoet svarar sjølsagt: «lætt det varra»!

10.3.17: Folkfare(n)

Som har stor ferdsle; mykje trafikkert av folk. Eller som Ivar Aasen seier: «befaret av mennesker». Eitt av dei få reine målførebelegga på ordet kjem frå Oppdal, der det heiter at det er «my folkfærre» om plassar, f. eks. veg, som er mykje brukt av folk. Men det finst i eldre landsmålslitteratur og ordbøker, og namnegranskaren Lars Ekre (frå Skjåk) har ein illustrerande bruk av ordet i ein artikkel i avisa Dag og Tid frå 1967: «frå den tid fjellet var meir «folkefare» (som dei gamle sa) av slike som verkeleg «hadde ærend» i fjellet, på fangst, fiske og fedrift».  Slik eg kjenner det frå indre Nordmøre (Sunndal og Øksendal) er det nærmast omtolka til eit substantiv: «det e kjøle te folkfare».

Folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu har ei anna tyding av ordet: «hu va følkferri me hann» – i slekt med.

9.3.17: Kveftvind

Ei ordsamansetning som er belagt i eit samanhengande område frå Nord-Fosen over Ytter-Namdalen og til Sør-Helgeland. Det er litt forskjellige forklaringar: På Leka og i Sømna skal det bety kvervelvind; frå Roan og Vikna heiter det at det er vind som slår inn i omn; medan det frå Osen og Brønnøysund er opplyst at det betyr vind som slår rundt ei husnov. Tilsvarande opplysning finst i ei ganske ny ordsamling som dekker fleire kommunar i Ytter-Namdalen. I eit av Flatanger historielags årlege drypp med lokale ord står det at kveftvind er «plutselig vinddrag, ustabil vind».

Det kan kanskje sjå ut som det med vind som slår ned i omn er det mest opphavlege, for verbet kvefte blir eller har vore brukt over ganske store område om vind eller røyk som slår inn. Det er avleidd av kvav og heng saman med kov og å kovne.

8.3.17: Lokre

Når det er så kaldt som det har vore i det siste, er det godt og koseleg å både sjå og høre kor det lokra og brinn i omnen. Da brenn det jamt og roleg, med ein fin dur. Eg kjenner dette frå mitt eige sunndalsmål, og det er også komme med i samlinga «Ord te gagns» frå Surnadal. Hans Hyldbakk brukar det fleire gonger i breva sine frå Kleiva i avisa Driva: «elden av skatkvisten lokrar i jøtulomnen». Ein informant frå Øksendal meiner at dette verbet helst var brukt når flammene i omnen blafra, det brann ujamt.

Dette ser altså ut for å vera ganske lokalt for indre Nordmøre. Noko liknande har vi likevel frå Vik i Sogn, der det heiter at grispurka lokrar når ho smågryntar til ungane. Men å lokre kan bety fleire andre ting. Det kan bli brukt om noko som ikkje sitt tett intil, f eks om sko som slarkar, lakrar. Sameleis om dør, skuff o l som sleng. I Oppdal og Rennebu betyr det å lirke, dra fram og tilbake med små rørsler. Ein informant frå Rennebu fortel at det var sagt å «lokker» med «turru» for å få ut feita i grauten. Ingeborg Donali har det i overført forstand om å godsnakke med, prøve å overtyde nokon.

I Norsk Ordbok finn vi dette under to oppslag: lokra og lukra, så det er nok litt uvisst med normaliseringa. Etymologien er også noko uviss, enten direkte til ei rot som kan ha tyd ‘laus, slakk’, eller som nyare avlyd til lakre og/eller likre, seier Alf Torp.

7.3.17: Hardsokt

Tungt, stritt, vanskeleg. Først og fremst kjent på indre Nordmøre, der det kan bli hardsokt å greie ting, og han kan bli hardsokt med veret. Hans Hyldbakk skriv ein stad om «hardsokt slåsting». Og læraren kunne i alle fall før vera hardsokt med ungane – streng og hardhendt. Opphavleg har det nok vore bruka om verharde plassar, kanskje særleg sjøstykke og farvatn der det ofte er storm og storbåde. Ivar Aasen registrerte hardsokt brukt på denne måten i Namdalen og på Helgeland, og på sistnemnte stad finst det også oppskrive i nyare materiale. Hardsøkt er brukt på same måten, om stader som er heimsøkt av hardt ver. Og da augnar vi samanhengen: hardsokt inneheld ei spesiell partisippform av verbet å søkje. I norrønt vart dette bøygd nokså uregelrett, med preteritum (fortid) sótta eller sótti og perfektum partisipp sóttr

-sokt blir såleis på eit mellomsteg mellom den gamle og nye forma, der o-en er bevart, men k-en er komme inn att frå ordstammen.

6.3.17: Lovere

Rusle, slentre, slenge, drive utan særskilt formål (men stundom for å lurkikke etter noko). Etter Norsk Ordbok finst ordet vidt ikring austafjells og nordafjells. Men det ser ut til å ikkje ha fått fotfeste i det meste av Agder (med unntak av Arendal) og på Vestlandet (Romsdal og Nordmøre har ordet).  Typiske eksempel:  ”Gå og lovere på golvet”, ”lovere att og fram”, og eit sitat: ”Han var en røslig kar som loverte på vegen iblant” (Erling Måna: Gjermunds-Karenius: Bohem i bygd og skog, s. 8) Uttalen «låvver» er opplyst frå  Surnadal og gamle Stangvik. Stundom kan vi sjå forlenga form lovandere, der det truleg har blanda seg saman med valandere.

Frå Holla i nedre Telemark har vi ein tydingsnyanse: Lovere på noko – fundere, lure.

Lovere kan minne om movere, som vi har hatt før her i spalta.  Dette er latin, men lovere kjem frå eldre nederlandsk loveren (no laveeren) ’krysse opp mot vinden; baute’ (segle på kryss og tvers) , til lo – side av farty som vender mot vinden, loside. Ordet har truleg komme med nederlandske sjøfolk. Brukt alt i 1577 i biskop Jens Nilsssøns visitasbok.

5.3.17: Klårsno

Klårsnoen var bitande på dagens skitur. Det var klårver, og sno (kaldt vinddrag) frå søraust. Merkeleg nok ser ordet klårsno ut til å vera belagt berre frå noverande Sunndal kommune i det arktivmaterialet som finst. Frå alle dei tre gamle kommunane: Sunndal, Øksendal og Ålvundeid. Men dette finst det nok mange andre ord for rundt ikring! Sjå også gjerne om klårnordan og klårvestan i «Dagens ord» 27.7.15.

4.3.17: Morgonkvass

I desse dagane får vi sanne det gamle ordtaket eller vêrmerket ”mars – morgonkvass”, i alle fall der eg held til. Ordet morgonkvass er vel brukt nesten berre i denne samanhengen. Men det betyr altså, som Norsk Ordbok seier, ”kald, bitande, strid om morgonen”. Det er mest kjent frå Nord-Norge, men eg har også vore borti det i mi eiga heimbygd Sunndalen. Og det aller eldste belegget er i ei ordsamling frå Vest-Telemark i 1821 (Niels Svenungsen: Det norske Fieldsprog”). Der heiter det ”Mas, Morgoqvas eller Kalleras”, med forklaringa ”den skarpeste Kulde føles i Morgenstunderne, i Marti Maaned”. Men ikkje mist motet sjøl om det er hustre om morgonen, for det kan også heite ”mars, – mårråkvass og kvellgo” (Steigen o fl), eller ”mars morrakvass, middagsmild, kveldstill” (Trondenes). Finn Myrvang fortel i boka ”Bjønntørk og reinkalvri” (s. 84) om ein vri dei har gjort for å beskrive dovne, søvntunge folk: ”Kveldtung, morratrøytt, urven midt på dagen”..

3.3.17: Heilrent

Ikkje noko typisk dialektord, men det er omtrent synonymt med heilstøypt. I konkret forstand støypt i ei støyping (av reint, edelt metall), og i overført forstand harmonisk, av godt slag heilt igjennom (om folk, sinnelag, språk m m). Men så har eg eit eksempeål som viser ein litt annan bruk, og som ikkje er fanga opp i ordbøkene. Ein surnadaling sa til ein annan «e du aldeles hælrennt oppi der?» og meinte «er du aldeles tett i pappen?

Siste leddet er uansett perfektum partisipp av verbet renne i bet. støype (renne kuler, renne jarn etc.). Og ordet har ingenting å gjera med heilen (hjernen) som vi såg på i går.

2.3.17: Heile

Gammalt ord for hjerne. Norsk Ordbok opplyser at det tidlegare var heller vanleg både i målføre og nynorsk skrift. I dag er det nok meir sjeldan å sjå og høre, men det har halde seg noko betre på spreiddde stader om hjerne(massen) på eit slakta dyr. Gjerne sagt heilen, he(i)lin,  eller i fleirtalsform heilan. «Æ braut haue mett, så heilan dansa båd opp å ne, fer å finn nånn utvæg tu vanskeliheita», seier Olaf Berg/Martin Kvænnavika (Kvænnavikas beste, s. 31), her gjeld det altså hjernen på folk. Likeeins i det gamle uttrykket «han æg itt heile i haue», frå Hitra, sagt om ein med minimalt vett. I det norrøne målet heitte det heili eller heilir. Den vidare etymologiske samanhengen er ikkje klår, men Alf Torp sett det i samanheng med eit irsk ord for innvollar.

Veslehjernen på eit slakta dyr var kalla trollheilin i Hemne. Den vart fjerna før dei brukte heilen i hakkpølsa. I Valdres kallast veslehjernen for villheilen.

1.3.17: Grovmjølstamp m m

I dag samlar vi opp nokre talemåtar for å bruke grov kjeft, komma med harde ord, skjelle ut og seie stygge ting: ta tu grovmjølstampen (Bjugn), han to te tu gropmjølsekkja (Hegra); ta tu gropstampa (Lensvik, Byneset), æ ga dæm tu bakstmjølstampa (Hemne), ta tu hoinnmjølstampa (Byneset); få tu hoinnmjølstampa få skjenn (Leksvik). Og det er meir i same gata: Som grovve tu hoinnmjølstampen grov og udanna (Bjugn); ta tu grismjølpåssåm fortelje grove skrøner (Soknedal).

I Øre på Nordmøre er å ta tu grovstampa å utføre lite forseggjort grovarbeid.

28.2.17: Nån snøa

Snø er vanlegvis eit uteljeleg substantiv, ei stoffnemning, som vi ikkje brukar i fleirtal. Men i ein uttrykksmåte kan vi ha det både i Trøndelag og på Nordmøre: «det kom nån/nåre/nåkkåre snøa». Da er det snakk om nokre få snøkorn. Så langt har vi det belagt frå følgande plassar, frå sør mot nord: Tingvoll, Surnadal, Hitra, Åfjord, Oppdal, Byneset, Tydal, Hegra, Frol og Ogndal. Eit par små variantar av uttrykksmåten: «det ha komme nå småe snøa» (Oppdal), «han kasta nån snøa» (Åfjord).  Denne bruken av ordet snø har dessverre ikkje komme med i Norsk Ordbok.

Det finst også eit par nyansar. Heim i Sunndal kunne det bli sagt f eks «ein tå sa føst snjøo» – eitt av desse første snøfalla. Og i Rissa: «det låg nån snøa igjen» – snøflekker.

27.2.17: Unådig/unåden

Ein skulle vel tru at dette betyr det motsette av nådig, men nei da: Det betys snarare uroleg, rastlaus, irritabel. Utbreidd vidt iring, i mange uttaleformer, stundom også samantrekt til onau, onåv e l. Komprimete inkjekjønnsformer finn vi rindalsdialekt i onåkt og onått, men d abetyr det gjerne ergeleg, utgjort eller slitsamt. Ivar Aasen fører opp unådig i tyding utolig, skrikande, særleg om spebarn. Etterfølgjaren Hans Ross definerer det med ord som kravfull, utolmodig, som ikkje har ro på seg, og presiserer at det også kan brukast om vaksne folk.

Unådig er nok det motsette av nådig, men da i ei særtyding. Og nådig i tydinga roleg er faktisk registrert frå Nordland.

Eit substantiv unåde kan også ha tilsvarande betydning, men det er registrert på denne måten berre frå eit par plassar (Voss og Sunndal). På gammaldags sunndaling, «farsmålet» mitt, kunne det bli sagt: «Det vart slik ein onaoe (unåde) ti saora» om sår som kleiar, eller «i fækk sliok ein onaoe ti me» om ubehag meir allment. Norrønt unáðir betyr uro, så dette er språkstoff med lang fartstid.

Så kan ein lure på dette: dersom det er samanheng med nåde og nådig, kvifor finn vi da berre uttale utan d-lyden («onåinn», «onåau» m m)? No skal jo d-en vanlegvis vera stum i slik stiling, etter lag vokal eller diftong. Berre jamfør uttale og skrivemåte i ord som god, tid og raud. Her hører vi ingen d, og «onåinn» etc. utan d er derfor akkurat det vi ville vente. Det er derimot den tydeleg utalte d-en i nåde og nådig som krev ei spesielforklaring, og ho ligg nær for handa. Det må vera bruken av desse orda i religiøs samanheng som er grunnen. Vi har å gjera med det vi kan kalle ein skriftuttale, eller leseuttale.

26.2.17: Tukku(s)laus

Nokså sjeldan ord i dag. Min informant, med røter på Snåsa, fortalte at det var «tukkulaust» å gå på ski i laus, djup snø. Det gav lite framdrift, og var nesten gagnlaust. Eg måtte innrømme at eg ikkje kjente ordet, til stor fryd for informanten.

No viser det seg at Hans Ross, som vi er innom nokså ofte her, har med ordet i eit tillegg (nr 3) til Norsk Ordbog frå 1895. Han har forma tukkuslaus, og forklarer det som «utan yrke eller inntekt». Og han har fått det oppgitt frå Snåsa. Noko seinare har Gunnar Skavlan notert det opp og sendt det til Norsk Ordboks setelarkiv, med tydinga «tomt, stussleg, lite å ta av, fattigsleg». I Norsk Ordbok er det komme med under oppslagsforma takeslaus.

Førsteleddet heng saman med verbet ta (taka) og norrønt substantiv taka, f., som bl a kunne tyde innkome, bygsel på jord.

23.2.17: Risbit

På snakk om unge husdyr må vi også ha med risbiten, på dialekt gjerne uttalt ressbit e l. Dette er brukt om eitt- til to år gammalt småfe. Somme vil helst reservere det for bukk og vêr, men det er langt frå alle. Resbitteks’ (tikse = søye) var eit heilt vanleg ord i min oppvekst. Enkelte stader vil dei kunne kalle årsgammal gris for risbit, og Ivar Aasen fører det opp om to år gammal okse frå sine heimtrakter på Sunnmøre.

Og så er det sjølsagt overført på framvekstringar, gjerne slike som går for presten, og kanskje mest om gutar. Ordet har ein artig etymologi, norrønt hrísbítr – bokstavleg tala ‘den som et riskvister’.

22.2.17: Gimmer

I kommentarane til «vetlide» 20.2. kom ordet «gimmer» opp. Det er ein ungsau, helst ei søye, som enno ikkje har lamma, eller som har lamma for første gong. Uttalen er ofte jemmer, jømmer e.l. Ordet har vore nokså mykje utbreidd, men lever i konkourranse med f eks risbitsøye, risbittikse. Det ser ut til å ha innpass som ein landbruksfagleg term. Kategoriar som «gimrer med lam» er gjengs på utstillingar, i sauekontroll m  m. Skrivemåten er gimmer, tidlegare kunne ein også skrive gimber.

Innimellom kan vi sjå det brukt også om hoer av andre dyreslag. Som så mange andre dyrenemningar fungerer det også kurant som skjellsord. I eit kåseri om ein nokså utagerande fest lar Jon Østeng Hov forteljaren karakterisere ein av dei kvinnelege festdeltakarane som «i otrivelin jemre».

Vi har i alle fall å gjera med umåteleg gammalt ordmateriale. I norrønt heitte det gymbr, og det blir jamført med eit gresk ord khímaira for årsgammal geit. Rota meiner ein har betydd ‘vinter’, og det blir da opphavleg snakk om dyr som har levd ein vinter, akkurat som vettleien.

21.2.17: Kongepjolter

Drink av champagne med konjakk. Nettkjelder opplyser at denne drinken stammar frå 1889, der han vann ein konkurranse i London. Det stemmer bra med eldste belegg i bokhylla.no, som er Peter Egge: Straf (1893). I utlandet skal den vera mest kjent som champagnecocktail. Det er altså ingen eigentleg pjolter. Namnet kan ha oppstått etter mønster av drinkar med «Royal» i seg. Kjartan Fløgstad nemner ein annan variant av kongepjolter, ein del Eksport og ein del Brandy («Dalen Portland» s. 99).

Det finst også noko som heiter dronningpjolter, ei blanding av nypressa druemost og konjakk. Men den er nok mykje mindre kjent.

20.2.17: Vetlide (vettle, vettlei)

Unghest, årsgammal eller eitt til to år. Norsk Ordbok har ei ganske samanhengande utbreiing for ordet, med Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal og Trøndelag. Det finst spreidd i heile dette området, men er nok likte vanleg no. Så er det også notert om årsgammal bjørn, i hovudsak innafor same området, men da er det også opplysningar frå bl a Telemark og Setesdal. Til slutt fører Norsk Ordbok opp ei tyding ungsau på eitt til to år, med heimfesting til Eiken, Dalane og indre Sogn. Uttaleformere er vættle, vættlei m fl.

Opphavet er norrønt vetrliði, til vetter ‘vinter’ og lide ‘gå, om tida’; bokstavleg talt ein som har levd ein vinter. Interessant nok finn vi det i mange målføre der ein no seier vinter i staden for vetter, og dette viser at det har heitt vetter før.

Vi finn det også att i mannsnamnet Vetle, som har hatt kjerneområdet sitt i Telemark og breidd seg noko i seinare tid. Velle er ein Rogalandsvariant av dette.

18.2.17: Tvibera

Også eit ord for å dele opp ei bør og bera henne i to vendingar, som ikkje minst fleire sunndalingar har påpeika i kommentarane. Norsk Ordbok har denne heimfestinga:: Ryfylke , Røldal, Evanger, Indre Sogn, Norddal, Sunndal, Meråker og Malm. Her er eit sitateksempel :»denne fattige mannen fra en koie inni ville Tusterdalen, som kom til bygds etter en tønne korn for å tvibære det fem mil gjennom øydemarka» (Mikkjel Fønhus: Køia i Tusterdalen, s. 71)

17.2.17: Tvenning

Jau da, det finst andre ord for «kippevending» (Dagens ord i går, 16.2.). Som Pål Svisdal nemner i ein kommentar på facebook, har vi i Sunndal tvenning: «ga i tvenning(o)», «bera i tvenning» – i to omgangar, to vendingar. Norsk Ordbok har det med under oppslagsforma tvinning, med denne heimfestinga:  Østre Gausdal, Nordhordland, Sogn og Fjordane, Romsdal, Øksendal, Sunndal, Oppdal og Rennebu. Av eldre kjelder er ordet først og fremst belagt hos Aasen, i hans ordbok, men også i dialektleksikonet til W. F. K. Christie. Som eksempel kan vi ta med dette frå Ingeborg Donalis oppdalsordbok: «dem gjor tvennenga med lasset». Tvenning heitte det også i norrønt.

Bjarne Rogan har med denne historia i boka «Det gamle skysstellet»: «Ein gong var det ein tjukk skrivar som skulle ha skyss frå Nordtorp. Men så hadde Nordtorp berre ei liti grå merr. Skrivaren sa då: «Mon tro om hun drar mig denne lille gampen?» Nils Haga var skysskar og skunda seg til å seia: «Å ja, dre ho de ikkji i ei gong, får ho dra de i tvenningo». Skrivaren: «Hva siger den manden?» Røndjus Nordtorp skunda seg og sa: «Å han seie at var ho godt skodd, so dre ho de nokk.»»

Tvenning/tvinning heng sjølsagt i hop med tvi- ‘som det er to av; todelt’.

16.2.17: Kippevending

Å gjera eller kjøre kippevending er noko som må til når ein må dele opp eit lass eller ei bør og frakte i fleire vendingar, fordi det er for tungt eller bratt å få med alt i ein gong. Ordet hører heime i Austlandsområdet. Norsk Ordbok har også eit enkeltbelegg frå Hemne, men det er kanskje tvilsamt om det er lokalt. I Valdres og Hallingdal finst varianten ei kippevende. Det kan også uttrykkast med verb, som å kippevende eller kippekjøre.

Her er vi tilbake til verbet å kippe ‘rykkje, vippe’, som vi har vore borti fleire gonger no. Men no er det snakk om ei særtyding ‘frakte i små vendingar’. Ein kan f.eks. kippe fram tømmer eller ved til ein samlingsplass, eller til betre veg.

Når eg tviler litt på om belegget frå Hemne er lokalt, så er det fordi at det i trøndersk finst andre ord for dette. Men det kan vi komma tilbake til.

15.2.17: Kip(p)er

Noko eldre ord for ein som lagar tønner; altså det same som ein bøkker. Visstnok lite levande som målføreord no, men det har sett spor etter seg i namn som Kippervika og Kipperneset. Folkeminnesamlaren Ola Hola frå Nesset har notert ei herme etter ein gammal nordmøring som var kalla Båtbyggar-Anders: «Di smala (bråkar) så ‘n ha haurt ei tålt (12 stk) kjippra!»

Det er ikkje slektskap med det kipp- som vi har hatt for oss i fleire dagar her i spalta no. Ordbøkene vil ha det til at kipper er importert frå lågtysk, der vi har både kiper og küper. Den siste forma ligg bak uttalen kjyper, som vi har registrert frå somme målføre. Og likeeins svensk kypare. Det tyske ordet kjem av küpe som betyr tønne, og da kan vi dra liner til det norske kupe om ei skål, og for den del til kopp.

På engelsk heiter det cooper, av same ordrot. Dette er også eit velkjent etternamn, og fell inn i eit karakterisktisk mønster med yrkesnemningar i slektsnamn, som t.d. Smith (smed).Den nederlanske skeiserennaren Harm Kuypers har også tønnemakaren i etternamnet sitt. Slektsnamnet Bødtker er same ord som bøkker, også tønnemakar, og innkomme frå lågtysk, av bodik, som betyr kar. Lånevegen for desse orda gir grei beskjed om kor vi har lånt «kunsten» frå.

14.2.17: Kippsveig

Bøygd bjørkegrein eller lita ungbjørk, kanskje også ein lang, mjuk tein av ei rottåg, med draglykkje i enden. Brukt til å bera høy, men også anna, som never eller bork. Det ser ut til å vera eit reint nordmørsord, som også Hans Ross fører opp herifra i ordboka si frå 1895. Men det er også oppgjeve i nyare tilfang frå plassar som Tingvoll, Ålvundeid, Stangvik, Surnadal, Halsa og Valsøyfjorden. Eit anna og meir utbreidd namn på denne tingen er kippeband. Aurgjeldingen Sivert Todal har ei litt anna form på ordet, som vi ser av dette sitatet: «Karane bar da høyet i kjippandsveige som dei laga seg av småbjørk» (Du mitt Nordmøre 1980, s. 24). Dette kan vera «kippbandsveig», men første delen kan også vera ein presens partisipp «kippande». Jamfør at berartau (gså brukt til høybører) somme plassar er kalla berandtau.

Så kan ein lure på om vi i førsteleddet ar verbet kippe ‘smette’, som i å kippe på seg skorne. Men helst er det vel det gamle substantivet kippe ‘knippe’, slik at kippsveig og kippeband er sveig/band til å bera i noko kippe med.

13.2.17: Kippved

Vi må litt tilbak til ordstammen kipp-, som vi hadde i «kippskodd» for eit par dagar sia. Mange plassar i Trøndela kallar dei ved som er kappa i alnelengd (og kjøpt og selt i famner) for kippved. Gerhard Schøning fortel om forholda i Mosvika på 1770-talet: «De søge ogsaa tildeels Fiskerierne, ude ved Søe-siiden, men driive stærkere Skovhugsten, deels med sav-Tømmer at levere, men fornemmelig med Kip-Veed, hvilken de føre til Throndhiem, og der sælge». Nemninga er nok fordi veden vart selt i kippe (buntar). Kippi finst i norrønt om bunt, knippe, og samansetninga kippnaviðr faktisk også. Vi såg at verbet å kippe kan bety å røske, og eit kippe er kanskje frå først av eit knippe som er rykt eller røska i hop.

12.2.17: Langskogen

Å fårrå på langskojen eller kjør’ på langskojen er å ta seg til skogsområde langt ifrå garden. Ordet er registrert berre frå Leksvik, frå fleire kjelder, men noko tilsvarande er oppført frå Holla i Telemark. Her er det altså ikkje fasongen lang det er tale om, men at det ligg langt unna. Jamfør langhaugan som var «Dagens ord» 24.8.15. Interessant om nokon kjenner til liknande seiemåtar frå sin dialekt.

10.2.17: Kippskodd

Fleire har nemnt ordet kippskodd i kommentarar til ”Dagens ord” i går. Å gå kippskodd er det same som å gå håkkelskodd, altså å gå berrføtt i skorne. Kippskodd er mykje meir utbreidd, og nesten å rekne som normalnorsk. Ivar Aasen nemner det frå Austlandet, og det kan vel kanskje ha spreidd seg derifrå. Norsk Ordbok nemner i tillegg Jæren, Møre og Romsdal og enkelte stader i Trøndelag. I mitt eige målføregrunnlag frå inst på Nordmøre (Sunndalen, men også Øksendalen) har eg kippskodd. (H)åkkelskodd  trur eg ikkje eg lærte å kjenne før eg kom til Tingvoll på gymnaset. Kippskodd (adjektiv) og kippsko (substantiv) har som førsteledd verbet å kippe. Det betyr i utgangspunktet å rykkje, også å rykkje til, støkke, kveppe (jamfør ”å få ein kipp i seg”). Men etter kvart også å smette av eller på seg sko (og klede) i ein fart: ”kippe av/på seg”. Det kan også hende at skoen kippar på foten – heng laust, slarkar.

9.2. 17: Håkkelskodd

Å gå håkkelskodd vil seie å gå utan sokkar i skorne (synonymt med kippskodd). Ordet er brukt fleire plassar på Nordmøre, også i varianten håklaskodd. Det går også inn i Sør-Trøndelag, der dei illfall i indre strøk har sagt hukkulskodd. Leif Halse skriv hukkelskodd (romanen «Raud brystduk», s. 32).  Så dukkar ordet fram att i Valdres, men visstnok ikkje i områda mellom.

Til grunn for adjektivet håkkelskodd ligg naturleg nok eit substantiv håkkelsko. Det må da bety sko som ein lett kan trø oppi og gå med utan sokkar, til bruk f eks om ein skulle ein snartur utom nova. Det finst også dei som vil hevde at poenget ikkje var at ein kunne gå utan sokkar i desse skorne, men at dei var låge, nådde berre oppå okla.

Førsteleddet kan vera eit ord høkul, som betyr okle, men det kan også vera omforming av okleskodd, som også er eit velkjent ord mange stader. I Tingvoll er registrert både håkkelskodd og åkkelskodd. Det er vel ikkje urimeleg at okleskodd og høkulskodd kan ha påverka kvarandre. På Nordmøre er det f eks gjerne snakk om åklakul, men somme seier også håklakul.

8.2.17: Støvar 

Det er onsdagsdans i Klæbu i kveld, og dit kjem det mange støvarar. Ein av mine gode informantar frå Hitra forklarte meg kva ein støvar er, omtrent slik: Ein populær, aktiv, markant kar, god til å danse og med kvinnfolklykke, kjem ofte frå byen(!). No er det absolutt støvarar på landsbygda også – støvarar til å danse, støvarar til å arbeide og støvarar etter jentene. Ikkje så langt ifrå kløppar i betydning.

Her har vi også eit eksempel på ordimport. Støvaren kjem frå lågtysk (nordtysk), slik det er med så veldig mykje i ordforrådet vårt. Og noko dialektord er dette ikkje, det er spreidd over heile landet. Men det har kanskje hatt si glanstid?

Ein støvar eller støver er ein hund som støvar, sporar opp viltet. Lågtysk stover, til verbet stoven, som betyr å oppspore. Og derifrå er det overført til flinke, energiske folk (men stundom er det nok brukt litt ironisk også).

7.2.17: Movere

Importord frå latin, i første rekke brukt om å røre på seg, bevege seg. «Vi må til å movere» – vi må komma oss i veg; «gå og movere» gå og rusle. Målførebelegg spreidd rundt i heile landet. Vi kjenner att ordet også i det engelske move, og det har ein slektning i mosjon. Det siste inneber jo at ein rører på seg.

I dialektane har det fått fleire ulike betydningar. Norsk Ordbok fører opp fem hovudtydingar og fleire undertydingar. Blant anna å trøye seg, vera oppteken med (frå Sandnes) og forsyne seg rikeleg (frå Trondenes). Gjengen i Mandagsklubben i Bjugn har registrert det om å briske seg («det e da vel ingen teng å mover fer!»).

Å move om å manøvrere, eller flytte i små flytt, som vi finn i somme målføre sør i landet, er helst innført direkte frå det engelske move.

6.2.17: Skjefta

Dyktig, grepa, tiltaksam, driftig, resolutt; med bein i nasen. Altså eit veldig positivt ord. Påfallande ofte brukt om kvinner, «eit skjefta kvinnfolk», «ei skjefta kjerring», men det finst for all del skjefta karar også. Vidt utbreidd, med Trøndelag og Gudbrandsdalen (inkludert Folldalen) som eit slags samanhengande kjerneområde, men også med mange belegg andre stader frå. Velkjent også på Sunnmøre f eks. I Nord-Norge er det gjerne snakk om å vera skjefta til eller for noko – skikka, med føresetnader for («han er ikkje skjefta for den jobben»).

Dette er perfektum partisipp av å skjefte – sette skaft på. I Meråker er «kjerring med skaft» det same som ei skjefta kjerring. Jamfør også uttrykk som å ha hovudet på skaft – vera gløgg, intelligent. Og for den del «å ha skaft på litleausa» orden og plan i arbeidet (Dalsfjorden på Sunnmøre, etter Norsk Ordbok).

4.2.17: Blautegg

Blautegg er egg utan fast skal, med berre den mjuke skalhinna.Hønene verp blautegg når dei får for lite kalk. Ordet ser ut til å ha vore vanleg i store område. Andre ord for dette er skinnegg og vindegg.

Så finst det ein del meir slangprega, og til dels ganske dryg og grov bruk av ordet. Å sleppe blautegget kan bety å gjera i buksa. Olav Berkaak har ein saftig karakteristikk av ein erke tøffelhelt: «den spikjitrasten som va’ så kjerrenghundsa at ‘n sleppt blautegge’ kvar gong sugga velta se’ punde skinnfeld’n hass for å – for å krev et ekteskabeligt Afdrag» («November», s. 95). Blautegg var også brukt om barn utafor ekteskap. Og i Fosen var «å kast blautegg» ikkje berre å verpe egg utan hardt skal, men å abortere.

Somme vil nok også kunne seie blautegg om blautkokt egg.

2.2.17: Gråleik

Eit anna veldig gammalt ord dukka opp i kommentarane til gårsdagens ord «gåmmål». Det er brukt i liknande situasjonar. Gråleik kan bety uvennskap, men også gråt og ille låt. «No bli e snart gråleik», kunne det bli sagt når leiken begynte å bli for lystig. Eksempelet er frå Stjørdalen, og det er nettopp frå Stjørdalsbygdene (inkludert Skatval) vi har flest opplysningar om dette ordet. Men det går inn i eit område i Sør-Trøndelag også, med Tydal, Selbu, Brekken, Ålen og Malvik. Ein interessant «ordteig» på tvers av den noverande fylkesgrensa. På plassar med diftognforenkling blir det sjølsagt uttalt «grålek» J. P. Sand fortel frå gamle dagar i Selbu at «dansarleka» kunne utvikle seg til «gråleka» (med krangel og slåsting).

Avleiing med leddet -leik til adjektivet grå, her i overført forstand om triste tilstandar.

1.2.17: Gåmmål

Vi kjenner all situasjonen: Leiken blir villare og villare, det «tar heilt av», og det må ende med at nokon slår seg og begynner å skrike. I tradisjonelt mål på Innherred og Snåsa kunne ein da åtvara med at det kunne «gå/gang tå gåmmåli» (eventuelt «gåmmåle», utan dativending. Heimfestinga til Osen og Nord-Trøndelag i Norsk Ordbok er nok litt for vid. Belegget som er tolka frå Osen viser seg å vera eit ekserpt som osingen Per Vingsand har gjort frå ei folkeminnesamling frå Verdal. Ha seier ikkje noko om at han har ordet i sitt eige målføre. Det er heller ikkje belagt frå Namdalen. Gåmmål kan også bety høgt latterutbrott: «han sætt opp i gåmmål». I den nemnte folkeminnesamlinga frå verdal (ved Anton Røstad) er det nemnt at ein aldri måtte «tølli» telgje) mot steinen, for da fekk han «Gammel-Tol» (Gammel-Erik) seg eit «gåmmål» – ein god skratt.

Kva slags ord er dette? Vi reknar med at det heng i hop med gaman ‘moro, skøy’ . Etymologane viser til eldre tysk gamel ‘skjemt’ og eldre dansk gammel ‘gaman’. Gaman finst i somme indre trøndermål i forma gåmmå. Å flir åt gåmmåa er å flire fordi dei andre gjer det (notert i Hegra). Ein Fosen-variant er gåmma, og på Hitra har det vore sagt «det går over gåmma» når det går over streken og ikkje er artig lenger.

31.1.17: Solgard(e )

Nok eit sol-ord, til oppmuntring i ei tid da det i alle fall går rette vegen. Solgard finst på Nordmøre i betydning solgløtt, kort periode med sol mellom skyer. Slik er det registrert frå Tingvoll. Frå målet til morfolket mitt i Øksendalen kjenner eg det også om ein plass der sola skin i ein slik gløtt – finne seg ein solgard og sette seg. Frå Hemne har vi solgarde («solgale») – når sola gløttar fram ein liten vending i opning i skylaget.

Solgard(e) betyr elles vanlegvis ring rundt sola, sjå dette eldre innlegget: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/12/10/solgard-eit-halofenomen/

30.1.17: Sola ovrar seg

Apropos til fattigmannssola, som var «Dagens ord» i går 29.1. I Sunndal heiter det at «sola åvra seg» når ho kjem høgare på himmelen. Dette er ei spesialtyding av verbet ovre (seg), som meir allment betyr å komma fram, syne seg. Vi kjenner det frå tradisjonell nynorsk i det avleidde substantivet ovring, som betyr forekomst eller fenomen. I Norsk Ordbok er sola ovrar (seg) ført opp med tyding stå opp, renne, sprette, og Sunndal er lagt inn blant heimfestingane her. Men det blir unøyaktig, for i Sunndal ovrar sola seg altså når ho kjem høgre på himmelen for kvar dag.

Om sola som stig høgre på himmelen kan du også lesa i dette blogginnlegget frå januar 2013: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/01/05/

Ovre/ovrast er ganske sjeldan på trøndersk dialektområde, men det finst nokre eksempel: Oppdal har åvras/ågras om å utvide seg, bli større, f eks om ein sprekk. Gammalt mål i Snåsa har åvres om å komma seg, gjera framskritt. Karl Braset fortel frå Sparbu at det (kjøtet) «åvrest i grytån når det e slakta på flo’n». Dei syntest også at rømmen ovrast når dei kinna på flo. Frå Frøya er notert «åvver sæ» om å vise seg hovmodig. Og i Rissa er ågras brukt både om fisk som viser seg i vassflata og om folk som begynner å bli synleg svekt av alderdom. heile tida er det snakk om noko som kjem til syne. Overgangen frå v til g er ikkje heilt uvanleg, men såpass tilfeldig at han ikkje kan reknast som ei lydlov.

Norrønt ofra betydde ‘løfte opp’, og det er slektskap med over.

29.1.17: Fattigmannssol

Når sola er i ferd med å komma tilbake fleire og fleire plassar, minner vi om dette ordet, som betyr solskin som blir reflektert inn i eit rom frå eit hus (vindauge) som sola skin direkte på. I Norsk Ordbok sitt arkiv er det belegg frå Grimstad, og det er også nemnt i ei samling frå Voss. Det går nok vidare ikring. Ein deltakar i nettforumet «Ordspill» fortel dette (7.2.2011): «Jeg vokste opp i skyggen av en stor stein – eller ås – på Østlandet, og i nesten i to måneder hvert år måtte vi klare oss med fattigmannssol fra naboenes panoramavinduer». Og dette: «Oslo bys historie forteller om «fattigmannssola», sola som ble reflektert til mørke bakgårder fra solvendte vinduer i andre gårder» (frå artikkel i Dagsavisen, publisert på nettet 13.7.2015).

26.1.17: Hønerauv

Vi må tilbake ein tur til håret lell, for Åse Halse etterlyser «hønræv» i ein kommentar til kvervill, som var  «Dagens ord» 24.1. Hønrauva er sjølsagt den plassen der egget kjem ut, men folk som er skikkeleg bustete og uflidd på håret, kan sjølsagt få karakteristikken «hønrauv» – dei ser ut som ei hønrauv, eller enda verre, «som ei hønrauv i storm». .

Men det er meir med hønrauva. Å file (på) hønrauv(a) er å plystre høgt, skjerande, irriterande, og ofte falskt. Stundom er det sagt også om annan dårleg musikk, f eks av ei nybegynnar på fele. Uttrykket er visst typisk nordmørsk/trøndersk. Det kan også bli sagt «file (på) hund(s)rauva» og enda grovare ting. Slike uttrykk vart vel gjerne brukt i åtvaringar mot å plystre; det heitte at ein kunne framkalle styggvër med det.

Hønerauv kan også vera forlenga dekk akter på eit farty, nærmast som ein altan, på såkalla hønerauvskøyte. Det er kanskje dette Torvald Sund er inne på i boka «Seglet og dansen» når han skriv «på lovart feiar dei forbi ein dampar, han baskar med svart røyk og kulingen atti hønræva» (s. 212). På Hadeland er hønerauva «bakparten» på ei treskemaskin.

Og rusina i pølsa til slutt: På direktesending på Dialektmagasinet i radio i si tid spurte ein leksværing meg: – Veit du Jenstad ka det e å hørp hønrauv? Det visste eg sjølsagt ikkje, men forklaringa fekk eg tvert: – Jau, det er når kvinnfolka har skjørtet i ball etter toalettbesøk! Og når dette toltest på radio utan sterke reaksjonar, så tolest det vel her også.

25.1.17: Dobbelthake

Fyldig hakeparti med kjøtvalk under som ser ut som ei ekstra hake. Somme vil gjerne ha den bort, medan andre ser ut til å leva godt med dette. Dei to vanlegaste orda er nok dobbelthake og tvihake (tvehake), sjølsagt med dialekttilpassing i sisteleddet (som f eks «døbbelhokko», «dobbelthukku», «tvihokko» etc). Underhake er vanleg på Nordmøre, i Trøndelag og mange plassar i Nord-Norge, og dessutan registrert i ei eldre samling frå Sunnhordland. Også her sjølsagt mange dialektvariantar, som «onnhøkku», «onnhukku» «onnhak», «punnhukku» m fl. Undirhaka i islandsk. Vi finn eit herleg sitat hos Olav Duun: «Erik Sannan var ein godtjukk og godslig mann, ein femti-sekstiårs garbrukar med litt for stor underhake og ein mage som var litt for snar til å disse» (Paa tvert, s. 54-55).

Så er det enkelte, meir lokalt avgrensa: Kyllinghake i Vestfold (Nøtterøy, Sandar – her er det vel jamført med kjøtlappen under nebben på høner) og hakesele («hokusele») frå Vest-Telemark og Setesdal, overført frå eit namn på hakereima i hesteselen.

24.1.17: Kvervel

Fleire har vore inne på det alt, når vi no har tatt for oss ymse hår-terminologi. Kvervel eller kvervill er nok det mest utbreidde ordet, i alle fall i tradisjonell dialekt, for punkt på hovudet der håret deler seg til alle sider. Oftast er dette midt oppå hovudet, men som kjent er det også ein del som har kvervelen i panna. Det er mange uttaleformer av ordet. Kvervill er ganske vanleg, og av andre kan vi særleg dra fram varianten kvælvær frå Oppdal, med ei snedig omkasting av lydane. I bymål og yngre mål blir det gjerne virvel.

Ei kortare form kverv er ikkje uvanleg i somme av Austlandsdalane, og over store delar av det sørlege Austlandet har dei same ordet i forma verv. I eit sørleg område med delar av Telemark, Agderfylka, Rogaland og somme plassar i Hordaland, har dei sveiv. I Setesdal også sveivl(e).

Sverkjill kan ha denne tydinga iNord-Gudbradsdalen, Nord-Østerdalen, Singsås og Tydal.

Til slutt eit artig ord kusleik (også uttala kyresleik e l), som vi møter særleg på Aust- og Sørlandet somme stader. Fleire opplyser at dette særleg gjeld kvervel frammi panna. Enkelte vil også kunne bruke det om glenne i håret opp frå tinningen. Folketrua ville ha det til at dersom ei ku sleikte ei gravid kvinne i hårgarden, ville barnet få ein slik kkusleik.

23.1.17: Snauskalla

Det er mange ord for å beskrive tilstanden da ein har mista håret heilt. Det heiter da gjerne at personen er skalla eller skallete («skallåt», «skallat»). Eitt av dei aller mest utbreidde samansette adjektiva er snauskalla, som forklarer seg sjøl. Fleinskalla inneheld adjektivet flein ‘snau, berr, naken’, medan flintskalla er rekna som ei omlaging av fleinskalla. Gleinskalla finst på Nordmøre og i Nord-Gudbrandsdalen. Hans Ross (1895) fører det også opp frå Meldal, da må vel uttalen ha vore «glenskalla». Så nokre litt meir lokale: glanskalla (Indre Nordmøre), blussuskalla (Oppdal; inneheld vel blese ‘bles i panna på hest) og flåssåskalla (Meldal; kanskje til flase ‘tynn, borklaus stripe’). Så finst det sjølsagt meir spøkefulle skildringar, som snau som ei nyvaska banrauv, snau som ein (om)venda kaldgraut (Meldal) og å ha smørklepp (Leksvik).

22.1.17: Heidninghår

Hår på nyfødde ungar. Dette viser til den gamle forestillinga om at mora var heiden før ungen var døypt (eller «heia mor», som dei sa i Hemne). Ordet heidninghår (hetninghår, heiningahår, heidningshår, heiingshår etc) er belagt først og fremst frå Vestlandet, men også litt i Trøndelag. Varianten heidenhår er registrert frå Valdres. I Oppdal og Hølonda finst ei forkorta form hehår. Hyhår i Sunndal er truleg omforma av hehår med påverknad frå hy ‘tynt hår eller skjegg’. Hårhy om heidninghåret er oppgitt frå Budalen. Heidningshedna er notert frå Voss; jf. hårhynne (-hedne) som vi skreiv om 17.1 I gammal tid var det visst skikk å klippe av dette håret og brenne det. Forestillingane om dette håret som noko heidensk ligg venteleg også bak det tyske Heidenhaar.

På Hitra har ein sagt å slæpp eller fell tuftflættan når nyfødingar mistar det første håret. Ei meir vanleg tyding av tuftflette/tussflette er ‘knute i fakset på hest’. Men nemninga viser i alle fall at det har vore knytt folketru til håret på nyfødde ungar. Huda på dei nyfødde har derimot vore kalla heiingshuda på Hitra.

20.1.17: Hårvik

Den hårfrie vinkelen ved tinningen som har ein tendens til å vekse med åra hos somme av oss. Eg er vant til å nemne dette som vik («han har fått store viker»), og det kan også kallast hårvik. I Norsk Ordbok er hårvik definert slik (og eg trur det var eg som formulerte den definisjonen i si tid): «kileforma, hårlaust felt ved tinningen».

I eit lite område på Vestlandet kallast desse for arvevek aller arvavek (Røldal, Fjelberg, Finnås, Strandebarm). Vek er visst her inkjekjønnsord. I Suldal heiter det ervagjen, der gjen = gin, som betyd gap, opning. Eg har ikkje opplysningar om kvifor det er knytt til arv; kanskje har ein meint at dette trekket er arveleg?

19.1.17: Reik/hårreik

Skil i håret. Dette finst over store delar av Sør-Norge, men er ikkje funne frå det sørlegaste Austlandet, Telemark, Agderfylka, Dalane og Jæren. Frå og med Ryfylke og Sunnhordland dukkar det opp att. I nord går det inn på Helgeland, med nordlegaste belegg frå Vefsn, og så dukkar det opp att i Bardu (rek), her vel som innflyttarmål frå Østerdalen. I Valdres og Hallingdal blir det ofte uttala røyk (det blir truleg oppfatta som “røyk” også somme andre stader), og sjølvsagt rek der ein har diftongforenkling. Ein linn variant reike (uttala reke) har vi i Rørosbygdene (Glåmos, Brekken). Reik fanst også i norrønt i denne tydinga, og det same har vi i færøyisk reikur. Den allmenne tydinga er ‘rad’. Det finst sjølsagt mange andre ord for dette, som hårveit, hårveg, og meir spøkefulle, som lusgang.

18.1.17: Flusk/hårflusk

Hårdusk, pannelugg (både på folk og hest), gjerne når den er litt stri og står til vers. Ordet er godt kjent (om enn ikkje med samanhengande utbreiing) både i Trøndelag og på Nordmøre, og dessutan somme plassar på det indre Austlandet. Slik skildrar journalist Ulf Moen gutungane på juletrefest før i tida: «pent kortklippede unge menn med to-tre centimeters «flusk» over panna og med matrosdress som dominerende antrekk» (Uke-Adressa 29.1.1994). Og her om ein lærar som dreiv aktiv form for «anskuelighetsundervisning»: «Da de hadde om Abraham og Isak, gjorde han stoffet levande ved å ta i hårflusken på ein gut og legge han i golvet» (Jon Leirfall: Bra folk, s. 44). Flusk er venteleg beslekta med flur.

17.1.17: Hautenna/hårtenna

Hårtenna dukka opp i kommentarane til gårsdagens ord (hår)hynna. Ja, det er også eit godt ord for skalpen (hårbotn pluss hår), etter materialet å dømme brukt i Fosen, Namdalen, somme plassar i Inntrøndelag og eit stykke oppover i Nord-Norge. Olaf Berg alias Martin Kvænnavika gir denne målande skildringa av den hardhendte oppdragelsen faren praktiserte: «Somti tok ‘n mæ ætti hårtænna å løfta mæ op å døppa mæ ni sjøn – han støift rættele løs me mæ» (Kvænnavikas beste, s. 7). Ei anna samansetning er hautenna (hovudtenna), som betyr det samme, også brukt om hudparten som blir flådd av hovudet på eit dyr («kalvhautenn» f eks). Utbreiing her er Vestlandet, Trøndelag og Nordland, i følgje Norsk Ordbok. «Dæm va oppi hauteinnåm på kvarannjer» – slik kunne slåsting arte seg. Eksempelet er frå Leksvik, der hautenna også har ei anna tyding; fremste stykket på ein oppskoren fisk. Ein meiner at hautenne/hovudtenne helst er omforma av hovudhedne (sjå Dagens ord 16.1.). Tenne har løyst seg ut og lever som eit sjølstendig, usamansett ord og betyr hautenne/hårtenne. Ei flurtenn’ er ein person som er ugreidd (fluråt) på håret (Frol, Verdal).

16.1.17: Hynne

Hynna eller hårhynna er hovudhåret, luggen, også hovudhuda med håra på. Dette ordet finst i eit avgrensa område i indre Sør-Trøndelag (Gauldalen, Røros, Selbu, Tydal), pluss Folldalen. Det er rekna som ein variant av hedne/henne, som går vidare ikring (først og fremst dei store austlandsdalane, og Vestlandet mange stader). Ein vossing skal ha spurt frisøren: «Kunna de ta hedno mi, de?» (kjelde: ordboksredaktør Olaf Almenningen, som sjøl er frå Voss). Johan Falkberget brukar samansetninga hårhynne fleire stader, blant anna i denne dramatiske skildringa frå «Den nye Bør Børson». «han sprang som et lyn av sted med tollekniven og skar hårhynna på oppsitteren tvers over». I svenske målføre har vi same ordet, härna, om skalle og/eller hovudhud, og dei reknar med at det er i slekt med hjerne.

15.1.17: Snøkule

Snøfall, gjerne stort. Registrert i slik tyding berre frå Sunndal: «i ha kje fått opp att vei’n sia na sist’ snøkula». Somme plassar i Nordland seier dei snøkule («snykulæ») om snøball (Rana, Lofoten).

14.1.17: Kongens avrat

Gammalt uttrykk for karar som vart vraka på sesjon og altså ikkje vart godkjent til å gjera militærtjeneste. Nokså vanleg, i alle fall i Trøndelag og på Nordmøre (pluss Fjaler): Avrat = rask, skrap, skrot – noko som er verdilaust og ubrukbart. Eg vart kongens avrat sjøl, må eg vedgå. Ein informant frå Orkdal seier at kongens avrat var » ørbøgge som gjorde seg skrøpeleg på all vis» på sesjon. I ei opplysning frå Malm heiter det at dei andre soldatane kalla trentroppane (dei som står for transporten av forsyningane) for kongens avrat. I Øksendal var det sagt kongeleg avrat. Somme bygder i Fosen (Agdenes og Stadsbygd) har kongens avrak – og avrak er det same som avrat.

12.1.17: Stauke

Norsk språk er rikt på ord som beskriv ymse ganglag. her har vi eitt til, og igjen er definisjonen i Norsk Ordbok nokså dekkande: «gå tungt, stabbande og slapt». Dette er uavhengig av hålke, og går meir på fysisk tilstand hos den gåande. Gamle, stive kallar kjem gjerne staukande (med stav). Eitt eksempel: «dei stauka og snåva seg i hus med bør etter bør» (Johan Snøfugl: Du tok livet, s. 151). Heimfestingane er temmeleg spreidd, over store delar av det sønnafjelske pluss Trøndelag og Nordland. Det kan også bety å stamme, stotre, og er altså parallelt til stikle i så måte. Men den mest opphavlege tydinga er visst ‘stampe, støyte’ i følgje Alf Torp.  Ein kan både stauke hol og stauke i grauten. Det er slektskap med å stuke. Kanskje er det stappinga med krokstaven som ligg bak tydingsovergangen. Andre tydingar som finst rundt ikring er f.eks. ‘gå, drive omkring’, ‘pugge, terpe’ og ‘drive på, streve’.

Frå Leksvik har vi ein staukert om ein som er skrøpeleg til å gå.

11.1.17: Stikle («stekkel»)

Etter at vi har stavra høgt og stavra oss fram, har eg i dag gått og «stekla» på hålka. definisjonen i Norsk Ordbok finn eg ganske dekkande: «gå stivbeint, ustødig el med stutte steg». Vi kan ta eit eksempel frå godt, gammaldags bakklandsmål i Trondheim, etter Nils Moa alias Esten Kromlær: «Langt om læng stæggla-æ-mæ på fotan ijæn å byint så smått å stekkel avgåle me bægge heinnern støtta te husvæggen oppåver» (Æ kose mæ læll, s. 43). Norks Ordbok gir også heimfesting, i denne tydinga er det noklunde samanhengande i eit stort område frå Telemark over Agder, Vestlandet og Trøndelag til og med Helgeland, pluss eit par belegg frå Troms. Det er også registrert frå enkelte stader austafjells (Engerdal, Ringebu). I ei anna tyding ‘famle etter ord; stotre’ er det litt meir avgrensa, med gder og Rogland, men også opplyst slik frå Hemne. Norrønt stikla betydde ‘bykse, hoppe’

10.1.17: Stavre

Her tenker vi ikkje på å stavre seg fram – gå stivt og ustøtt. Nei, det er eit ord frå skogsarbeid, avleidd av stavar ‘trestubbe’. Å stavre vil rett og slett seie å sette att stavarar, rotstubbar. Brukt på Nordmøre, i setningar som «her e det støgt stavra» (Surnadal); «du må hall neåt å ikkje stavver så høgt» (også Surnadal; dette siste er henta frå samlinga «Ord te gagns». Fin utgreiing får vi også i boka om Søyådalen frå 2015: «Var det store snømengder vart det mykje måking, både for å få til veg og for å nå ned til rota av trea som skulle fellast. Det var ikkje akseptert «å stavver høgt», som dei sa» (s. 166). I Meldal er det notert med austtrøndersk jamningsform: «dæm ståvvåra støgt».

9.1.17: Bannsett

Utgjort, forbanna, umuleg. Truleg nokså vanleg, her er eit eksempel: «Live kunde jamenn vera bannsett når det snudde den sida mot ein» (Olav Duun: Menneske og maktene, s. 222). Gjerne brukt som forsterkande adverb: «bannsett dyrt», «bannsett vondt», «bannsetta stae dyr» skriv Otto Sandhaug om geitene. Ei form bannsettanes finst også. Eigentleg perfektum partisipp til bannsette , norrønt bannsetja ‘sette, lyse i bann’.

8.1.17: Forfaring

Den gode informanten og tradisjonsberaren Arnfinn Aune på Hitra forklarer dette ordet som mengd, omgang e l: «ei forfaring med mat, klea», «det kom to-tre forfaringa med arbeidsfolk». Norsk Ordbok har også denne tydinga omgang («me lyt nok ta det ei forfaring til»); også med utdjupande definisjon «arbeidstørn mellom to skifte» eller «del av eit større arbeid». Dette er såkalla verbalsubstantiv til å forfara. Vi kjenner det kanskje særleg i i refleksiv bruk som forfara seg ‘ta feil; gjera ein tabbe’. Men her er det nok meir i tyding 5 i Norsk Ordbok: «flyrta seg til ein annan plass», eller «skifta feste for t d anker, landtau eller haling», altså frå båtliv opphavleg. I setelarkivet finn vi dette eksempelet frå Stokksund: «vi mått ferfara oss fer søvæst’n» – flytte (båten) til ein tryggare plass. Denne tydinga skal vera etter tysk verfahren.

7.1.17: Sikturleg

Forsiktig, spak, stillfarande o l. Ordet verkar å ha vore kjent over store delar av det vesta- og nordafjelske, frå Agder og oppover heile Vestlandet, i Trøndelag og nokre innslag i Nord-Norge. Belagt også på enkelte stader austafjells. Det er mange uttaleformer, som sekturle, sakturle, septurli, sefturli osv. Norsk Ordbok fører ikkje opp forslag til opphav. I Trønderordboka har vi foreslått at det kan gå tilbake til fransk sécurité ‘sikkerheit’, kanskje via eit nylaga substantiv *sektur. Ein som er sikturleg, er jo opptatt av det sikre.

I siste nummer av det svenske bladet Språktidningen har ein lesar stilt spørsmål om dialektordet sikturlig ‘försiktig, prydlig’, etter ei kvinne på 70 år som var fødd i Småløand, men som budde i skjergarden ved Göteborg det meste av livet. Språktidningen svarar at dette er ordet sek(re)terlig, som finst i Svenska Akademiens ordbok. Det er avleidd av sekretær, og skal da sikte til at ein oppfører seg som det høver ein sekretær. Forma sekketerle frå Rana kan la seg forlike bra med dette (ordet betyr her ‘nøyen på det’).

For min del held eg nok likevel ein knapp på teorien om fransk opphav for det norske dialektordet sikturleg.

6.1.17: Hakkfokk

Eit ord som kom opp i fleire merknader til fokk-orda vi har hatt for oss dei siste dagane. Hakkfokk kan forklarast som stort (og gjerne fortulla) hastverk, kav, oppstyr. Når det går i eit hakkfokk, eller blir gjort i eit hakkfokk, da går det rimeleg hektisk for seg. Nokre få plassar ser dei ut til å dra det i retning av konflikt, krangel, eller som ein informant forklarar det: «også om ikkje altfor alvorleg uvennskap eller meiningsforskjell». Overgangen treng jo ikkje vera så veldig stor. Hans Ross i 1895 er den første som nemner ordet, og han heimfestar det til Innherred og Namdalen. Nyare materiale bekreftar dette, men vi må også ta med Sør-Trøndelag (det er altså vanleg i store delar av Trøndelag), og det går inn på nordmørsk grunn i Rindal og Surnadal. Arnfinn Aune har ei særtyding frå Hitra: «små ispartiklar som blir blåse med vinden langs jorda» (årbok for Fosen 1992, s. 56).

Andre delen fokk er greitt å forstå, men kvifor hakk-? No finst hakk som forsterkande element, som i hakkande galen. Men det spørst likevel om opphavet kan vera hatt(e)fokk. Det betyr også hastverk, kav («færra i hattfåkkje»), og dessutan slagsmål. Det går så hattane fyk. Hattfokk er vidare utbreidd, og finst også somme plassar på trøndersk område. Bl a brukar Olav Duun det.

Ei anna og høgst forståeleg omlaging har vi vel i hastfokk, som er oppgitt berre frå Byneset.

5.1.17: Rennfokk

Vi tar eit nytt fokk-ord som ingen har kommentert enno, ser det ut til. Rennfokk (rennefok) kan brukast omtrent som himmelfokk, altså om vind med drivande snø, men rennfokket kan også innehalde regn. Somme forklarar rennfokk som himmelfokk og jordfokk på same tid. Utbreiinga går etter Norsk Ordbok frå Vest-Telemark (Rauland) over Agder og oppover Vestlandet til og med Nordmøre. Og så er det belagt frå Hemne, noko som ikkje er uventa, for der er det nordmørsmål frå gammalt. Eksempel: «Dalsnoen og rennfokket gusta kaldt kring novene» (Hans Hyldbakk: Brev frå barndomen, s. 37). Dugeleg med rennfokk om vinteren, så snøen driv inni husveggene, skal varsle godt år med husa fulle av høy og anna avling, meinte dei før.

Eit synonym er rennedrev, som også fanst i norrønt (rennidrif). Dette har omtrent same utbreiinga, men er kanskje ikkje fullt så kjent.

4.1.17: Himmelfokk 

Fokk av snø som fell; snødrev i lufta. Etter Norsk Ordbok hører ordet heime på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge, og det er ganske brei dekning ut frå ei svarliste i Norsk Etnologisk Gransking. Til forskjell frå jordfokk, som er når snø som alt har lagt seg på bakken, begynner å fyke i vinden. Himmelfog også i jysk. I avisa Driva fortel Hans Hyldbakk: «Det kom rikeleg med snø no i helgaleitet. Himmelfokk og jordfokk og snø og atter snø» (15.1.1976). Og det var bra for NM på ski som surnadalingane skulle arrangere den vinteren. Og i Årbok for Namdalen 1963: 48 les vi at «himmelfokket kvervla som ei heksegryte mellom fjella». Jordfokk kan også vera sand og jord som fyk.

3.1.17: Gastelering

Det er vel mange som har fare rundt på gastelering i jule- og nyårshelga. Ordet er nok godt kjent for mange, og det vil oftast seie traktering, rikeleg med god mat som ein får som gjest. Leif Halse fortel i boka si med trønderhumor («Tægn te liv») om ein kar med lakenskrekk, som «for på gastelering nesten kvar kveld». Han var plaga med søvnløyse, og det hjelpte ikkje med sovetablettar. Til slutt fekk han rådet «enn om du prøve å lægg dæ?» Gastelering er såkalla verbalsubstantiv til eit verb å gastelere. Ordbøkene fører helst opp gasterere, og det heiter jo det ein del plassar, men det mest vanlege er nok med l. Eit ekempel med r finn vi hos Haakon Løken: «storveies med drik og gasterering» (Landsens liv s. 12). Ordet ser ut til å ha vore utbreidd over nesten heile landet, også med variantar som gastrere og gastere, i Foldereid også «gasjeller», i følge ein informant for Norsk Ordbok. Det ser ut til å vera forma etter tysk gastieren ‘vera gjest, til Gast ‘ gjest’. Frå Ringebu er notert gjestelering, og så er det eit par litt snodige variantar der det kan sjå ut som «gjestebod» har blanda seg inn: jespetering (Leksvik) og jespesering (Øksendal).

Lengst i nordaust i Trøndelag støyter vi på eit par særtydingar av gastelere: drive rundt og fine på spetakkel (Røyrvik) og gå og drive på ein kry måte for å vise seg (Nordli). Begge kan nok ha utvikla seg frå utagerande oppførsel til somme når dei er ute på gastelering.

Overgangen frå r til l (frå gasterere til gastelere) blir på fagspråk kalla dissimilasjon (latin dissimilare ‘gjera ulik’). Det oppstår ein reaksjon mot for mange lydar av same slag nær kvarandre i eit ord, og dermed blir dei gjort ulike. Noko liknande har vi når det blir sagt balbere for barbere.

 2.1.17: Fuglsittande

«Det e itt føggelsettan» det er svært stygt vêr, med vind og regn (Fosnes, opplyst på ein dialektkveld for nokre år sia). Så fælt at fuglen ikkje kan få sette seg nedpå. Frå Ørlandet er det komme inn ein kommentar om at tak kan vera sånn røsta at det «itt e føggelsettant». For bratt da, venteleg.

1.1.17: Abbelere

Nytt år, og tid for å begynne på ny frisk! Vi trekker fram eit tradisjonsord for nettopp dette, å abbeler, eller abbeler-opp (igjen). Mange stader i Trøndelag betyr dette nettopp å begynne på ny frisk, å prøve på nytt, å ta seg saman. I boka «Gjømt, men ikkje glømt» gjengir Sturla Brørs ei historie om ein kjempesterk kar som var involvert i krokdraging: «Ein kvell va e nå ongdomma som villa dra krok me åm. Dem va fem karra som spent ti med kvar si hann ti e taug på ei si åt e bol, han Jonas spent ti me ein fenger på anner siån. Han holl på å skoll gji ette ein gong, men så abelert’n opp igjen og dro all fem karran opp på bole» (s. 64).

I Trønderordboka har vi rekna med at abbelere kjem av appellere. Det stemmer bra med denne bruken frå Senja: Dæ e ´kje tel å abbelere på – det er udiskutabelt, ikkje til å tvile på. Litt mier usikkert blir det når vi drar inn kabbelere, som fleire stader i Trøndelag er brukt på same måten som abbelere: kabbeler opp (att). Dette er rekna som ein variant av kapitulere, og Ivar Aasen fann at kabbelere kunne bety ‘ta tjeneste på nytt; la seg verve’. Det kan jo sjåast som ei form for kapitulasjon, og da er ikkje vegen så lang til å prøve på nytt heller.

30.12.16: Strik(j)

Det er eitt anna kjent ord i Trøndelag og på Nordmøre for å bremse på farten, altså omtrent det same som å skurke (”skork”), som vi såg på i går. Det er å strik, eller strikj. I Trønderordboka har vi det frå somme plassar på Nordmøre, dessutan Fosen og Namdalen, pluss nokre få bygder i dalane i Sør-Trøndelag og på Innherred. Norsk Ordbok har det frå mange andre plassar i tillegg, både austafjells, vestafjells og i Nordland. Denne ordboka fører det elles under oppslagsforma streka, og reknar det altså som same ord som streka ’laga strek’. På trøndersk språkområde har dei to heilt klart skilt lag, slik at streka ’dra strek’ blir uttalt med e eller æ, og strik(j) ‘bremse’ altså med i. Ein variant stryk finst også. Ein kan strik(j) ti og strik(j) på, også i overført tyding ’ta det med ro’, ’bi litt’. I Nord-Fosen er det snakk om å strik segla ’fire’, og da kan nok stryke ha blanda seg inn. Å streka med årene er å sette årene i vatnet så båten stansar. Ivar Aasen registrerte dette, og Magnhild Haalke brukar det akkurat slik (sjå ”Allis sønn” s. 135).

29.12.16: Skurke (skork’)

Det var eit kortvarig sparkføre i Trondheim i romjula, og om ein prøver seg no, er det fare for at det «skorke neppå». Å skurke er eit trøndersk og nordmørsk ord for å gnure, skrapa nedpå, særleg om meiar som går over stein og sand. Men det kan også brukast om båt som tek borti botnen, og om bil som er låg oppunder: «bil’n va så låg at vi skorka nerri». Og med gammaldagse, breie skibindingar kan ein oppleva at «fåttån skorke i ekkjån» – tek borti kanten av sporet. Men skurkinga kan også vera ein meir aktiv prosess: Det blir brukt om å sette nedi hælane og bremse, særleg på spark eller kjelke. I Surnadal og Rindal med interessant dativbruk: skork’ fotå. Dette eksempelet viser ei litt anna form for bremsing: «snøen gaus når han skurka med staven» (Ola Setrom: Medan steinane mel, s. 198).»Å gå og skork» kan også bety å gå og dra føtene. Uttalen er oftast skork, men somme seier også skurk, og frå Rennebu er oppgitt skørk. Verbet skurka finst både i norrønt og islandsk, så det er gammalt språk. Men i dagens dialektar er det altså avgrensa til det trønderske språkområdet (inkludert Nordmøre) pluss eit lite innslag nedi Østfold. Om bremsinga finst det ogsåfleire andre ord, som f eks å strik(j).

28.12.16: Vinterskapnad

Som vanleg er det ein haug med lokalhistoriske skrifter å lesa gjennom i jula, og da blir det gjerne litt ordfangst også. I årsskriftet for Tingvoll, «Hendt og hender», er det på s. 87 sitert eit brev frå 1887. Brevskrivaren fortel om dårlege forhold for fisket: «Sydvest, Staarm og Regn ver dag, her er ingen sne, det er bert til Høieste fjeld saa det er en Daarlig vinter Skaftna». Ja, dårleg vinterskapnad er det sanneleg i år også. Samansetninga er ikkje komme til arkiva før, etter det eg kan sjå, men det er eit heilt greitt ord. Sisteleddet er skapnad i bet. tilstand, forhold, og vi kjenner tilsvarande samansetningar som føreskapnad og vêrskapnad.

27.12.16: Julekut/julskjøt

Kanefart er eit kjent ord om kjøretur (i flokk) med hest og slede og klang frå dombjøller i jula, gjerne til festleg lag, eller som ein rein lysttur. Kane er her nemning for ein lett skysslede. Men om slike utferder i jula finst det også andre ord. Det mest utbreidde er kanskje jul(e)kut. Nemninga er særleg kjent austafjells, men godt dekt også i Trøndelag, og så har ho vandra opp til Målselv, i følgje Norsk Ordbok. Oftast heiter det å kjøre julkut; i eldre tid kunne dei også ri julkut. plassar skilde dei mellom andredagsskeidet (sjå «Dagens ord» i går) og julkut, som begynte på tredjedag. Av og til hører vi også om at dei kjørte julkut på tjuandedagen, for å «kjøre ut jula». Uansett kunne det gå vilt og lystig for seg og utarte til rein tullkjøring. I Trøndelag og på Nordmøre har det vore sagt julskjøt. Skjøt = (rask) skyss. Den som har tid og lyst, kan også gå tilbake eitt år, og lesa om «juldagsskjøt», som var «Dagens ord» 25.12. i 2015.

26.12.16: Steffakut

Andre juledag er minnedag for St. Stefan, eller Stefanus, den første martyren. Stefanus var hestevernaren, og frå fleire stader er det tradisjon om kappriding denne dagen. I Våler i Solør gjaldt det å komma først til eit felles oppkomme så hestane fekk drikke. Dette rittet var kalla staffakuten eller steffakuten, å ri staffanstaffansriding eller andredagsskeid. Kanskje enda meir kjent i Sverige, som staffansridning eller staffansritt. Ein gammal skikk i Selbu var at dei skjenkte hestane med brennevin andredagsmorgonen, og så kjørte dei såkalla landkut (over isen mot land) heim frå kyrkja. Sjølve kappridinga er nok ei mykje eldre manndomsprøve som seinare er kopla til St. Stefan – blanding av kristne og heidenske element igjen, altså!

25.12.16: Juledag

Juldagen var frå gammalt ein roleg og høgtidsam dag, noko som viser att i fleire talemåtar. Olav Duun nemner ordtaket ”det var ein juldag å vera der”, om stader der det var godt å vera, der ein hadde gode dagar. «Det va som ein juldag å kom dit» – roleg, triveleg, alt var bra (Verran). Juldag om noko godt eller framifrå er kjent frå Namdalen og Nesna). «Det ser ut som ein juldag» – det er oppussa og ryddig (Oppdal). . Han va så juldagslekt – om vakkert, fint ver (Leka).

Litt meir vulgært, frå Verdal: «Den fekk du nu fer du feis me kjerka julda’n» – når nokon fekk kjeft eller var uheldig på noko vis og nokon syntes dette var til pass for ein.

Skikken var at folk skulle halde seg heime på juldagen, ein skulle ikkje fara og reka rundt i gardane. Den som gjorde det, kunne få nedsettande namn som julskit (Åfjord, Osen; her om den som kjem ubeden julekvelden eller juledagen), julsleiv (Inderøya, Drangedal, Bamble), juldagsfant (Nes på Hdm), juldagspetter (Nordland), julpetter (Nærøy, Foldereid, oppover i Nordland), julpe (Nærøy), julpilgrim (Sandtorg ved Harstad), julpål (Leiranger i Salten), julstut (Salten), lauparlarv (Målselv). Også julgris kunne bli sagt om slike.

Einaste turen ein kunne gjera heimafrå, var til kyrkja.

24.12.16: Jul

For ein språkinteressert person er det naturleg å spekulere på sjølve ordet jul, eller jol, som det også heiter somme plassar i landet, og som er den forma vi finn i gammalnorsk, eller norrønt.

Og da er det berre å innrømme med ein gong at dette ordet er så gammalt og dunkelt i sitt opphav at det enno ikkje har lykkast nokon å finne ut heilt sikkert kva det eigentleg betyr, kva det kjem av, kva som er den etymologiske samanhengen. Da er dei lettare å forstå, dei orda dei har for jul i fleire andre språk. Engelsk Christmas betyr rett og slett ’Kristusmesse’, tysk Weinacht betyr ’hellig natt’, mens fransk noel kjem av latin natalis, som betyr fødelsdag.

Men vårt ord jul er altså eldre enn kristendommen, og må altså opphavleg ha betydd noko anna enn ein fest til minne om Jesu fødsel. Eit ord som må vera det same som vårt ”jul” er belagt som månadsnamn båd ei norrønt, angelsaksisk og gotisk, om ein tidsperiode ikring midtvinter. Ordet må også ha stått for ei form for fest ein gong i denne perioden.

Somme har prøvd å sette ordet jul i forbindelse med el og eling, og at det såleis skulle stå for ein periode med mykje uvêr, stormar etc (noko som jo stemmer bra denne jula!). Andre vil ha det til at det heng saman med latin joculus, som betyr ’skjemt, spøk’, slik at det opprinnelege innhaldet skulle vera ”gledesfest” eller noko liknande. Men ingen av desse forklaringane er særleg overbevisande.

Det er heller ikkje den som ein del kanskje har hørt, nemleg at vi har same ordet som hjul (som sviv rundt), slik at det er mynta på solsnu, på verdenshjulet som snur. Denne forklaringa er dessverre også heilt umogleg, om ikkje anna så av reint språklege grunnar som eg ikkje skal gå nærare inn på.

Men ordet jul har altså stått for både ein tidsperiode ein gong på mørkaste vinteren, og for ein fest ein gong på denne tida. Både tidspunktet og kva slags fest det har vore snakk om, har vore nokså omdiskutert. Snorre tidfester juleblotet til midtvinter, altså 12. januar, men andre kjelder seier anna. Ein del forskarar reknar med at jula opphavleg har vore ein haustfest, ved avslutninga av produksjonsåret, altså når avlinga var kommen i hus og arbeidet med slaktinga var unnagjort.  Men andre meiner vi har å gjera med ein solsnufest, altså ein parallell til sankthans- eller midtsommarfesten.

Uansett kan vi vel vera enige om at tidspunktet er høveleg for fest, kvile og ferie. Dagane er korte, vêret ofte ustabilt og det passar dårleg å sette i gang med noko stort, langvarig arbeid. Slik må det ha vore også for dei gamle nordgermanarane, kan vi gå ut frå.

Den kristne høgtida av Jesu fødsel kom altså her hos oss til å smelte saman med den gamle heidenske midtvintersfesten, og overtok til og med det gamle namnet. Dermed har vi bakgrunnen for at jula og juleskikkane våre er ei slik merkeleg blanding, med både kristne og heidenske røter.

23.12.16: Hyrmål:

På sjursmessdagen skal vi ta for oss eit ord som definitivt betyr godt og kraftig måltid. Folk har vel for lengst arbeidd seg gjennom fleire hyrmål på juleborda rundt ikring. På Frosta blir det påstått at dei åt heile sju middagar på sjursmessdagen, men det er helst ei skrøne.

Ordet hyrmål finst i Fosen, lengst nord på Nordmøre (Valsøyfjord, Aure), i Oppdal, Rennebu og Singsås, og så har vi (så langt) eitt enkelt nordtrøndersk belegg frå Frol. Frå Frøya er også oppgitt hyrmåltid. Som eksempel kan vi ta «Ta va mæ eit hyrmål», som Sivert Todal, Aure, hermar etter ein gammal todaling som skal ha uttalt dette da han var på markaslått og hadde ete seg godt mett av steiksild og «syrsup» (Du Mitt Nordmøre 1976, s. 45). Ute ved kysten kan det sjå ut som hyrmål særleg har vore knytt til eit måltid «tå sjøa», med ferskfisk. Da langar ein jo skikkeleg innpå.

Førsteleddet kan vera substantivet hyr – lyst (bl a på mat), men det ligg også nær å tenke på verbet hyre i tydinga ‘greie seg; vera tilstrekkeleg’.

22.12.16: Ravamål

Ravamål eller ravvamål er oppgitt som eit dårleg, tarveleg måltid av to veldig gode informantar frå Hitra. Eit måltid på restar, eller ravar. Men ganske nyleg kom det inn ei opplysning frå Åfjord om at det kan bety det stikk motsette, eit herremåltid. da er vel ideen at det er slik ovrflod på mat at ein berre ravar i seg. Ein overført bruk av ravamål er også notert frå Hitra: Informanten definerer det som «flyktig erotisk forbindelse».

21.12.16: Kverva

Vintersolkverv (Orkdal, Meldal, Melhus). Kakebaking måtte etter gammal tru ikkje gjerast på solkvervsdagen, for da kom ”kverva ti kaku” – ho vart rå. ”No æ ho tikoma kverva, alt går på tverke i dag. Mørke og vonde makte hærja’ og slæ seg i lag” (Astrid Krog Halse: Medaldal med segn og soge, s. 68). Frå eit par andre plassar (Land, Eiken) er kverven som hankjønnsord kjent som nemning for solsnu. I Land meinte dei at det vart vërforandring når sola hadde kome seg over «kverven».

20.12.16: Aspekter

Eit aspekter er eit toskete, tilgjort og nærmast komisk menneske, ganske vanleg som skjellsord nordafjells. Sjølsagt er det samme ordet som aspekt, som vi i dag helst tenker på som sider ved ei sak. Men opphavleg var dette eit astronomisk begrep, om stillinga ymse himmellekamar har til kvarandre, sett frå jorda, og dermed også teikna for dette i almanakken. Aspekteran i almanakken vart brukt til vervarsel. Ordstoffet er frå latin, til verbet adspicere ‘sjå på’, og eit aspekter kan nok absolutt trekke til seg blikket!

På Frøya finst vanspekter om ein håplaus type. Det er truleg aspekter som har fått festa på seg det negative førsteleddet van-.

19.12.16: Årette

I «Dagens ord» 13.12. om grautpinne/grautpligg kom vi så vidt inn på uttrykket å årette grauten, som er det same om å eta grautpine.Dette uttrykket har vi frå Tydal, og desseutan spreidde stader nedover Vestlandet. Ideen er klar, for å årette er å drive ein kile eller blegg (ei eller eit årette) inn i nagle eller skaft, så det utvidar seg og ikkje glir ut av festet. Ein kan f eks årette ei øks eller ein hammar. Somme snakkar også om å årette juletreet, og det blir det tid for no snart – å slå i kilar så treet skal sitte godt på juletrefoten. Å årette grauten høver godt med forestillinga om å sette ein pinne eller pligge for grauten. Hans Ross 1895) har ei spesialtyding av årette frå Selbu (der det uttalast årete), nemleg å legge inn eit måltid med fast mat mellom dei vanlege grautmåla f eks under skogsarbeid.

Årette er nok eit veldig gammalt ord, men det er ikkje belagt i norrønt. Derimot har dei ordet både på Island og Færøyane. Det er samanheng med å rette ‘gjera bein, rett’.

Om ikkje lenge må vi til å årette juletreet, eller skjefte det (på), som det også kan bli sagt.

17.12.16: Kusaksla

Som dreg opp akslene; krumrygga. Ordet er så å seie heilt avgrensa til Nord-Trøndelag, og da den nordlege delen, med Namdalen og nordre Innherred. Det er også registrert i Stokksund. Forfattaren Kristofer Uppdal har sett det på prent. Adjektivet kusen/kusin kan bety det samme, og kus er kul, pukkel. I Årbok for Namdalen 1965 er gjengitt ein replikk av ein som kommenterte ein kusaksla kar: «Han kjæm tå i fal (ferd) sjer æ. Han har gryta på ryggjen»..

16.12.16: Hovudveik («hauveik»)

Som lett blir svimmel i store høgder; som har høgdeskrekk. Etter arkivmaterialet hører ordet først og fremst heime i Trøndelag og på Helgeland. Det var også brukt i mi eiga heimbygd Sunndalen. Her er eit sitat: «Mannen og kona gikk het utpå floget og så ned i avgrunnene, de var ikke hauveke» (Ingvald Svinsaas: Markadalsfolk, s. 12). I den ferske ordsamlinga frå Stadsbygd finn vi eit anna ord for dette: hauskyr (skyr = sky, redd). Det motsette er hovudsterk («hausterk»), som har litt større utbreiing. Islandsk höfuðveikur betyr ‘som lett får vondt i hovudet’.

15.12.16: Koke seg ein rå graut

Er ein riktig uheldig, kan ein komma til å koke seg ein rå graut. Da har ein mislykkast, tabba seg ut, sett seg i ei vanskeleg stilling. Ein har gått for langt, slik at resultatet blir det motsette av det ein har tenkt seg. Uttrykket ser ut til å vera avgrensa til Orkladalføret, Oppdal og Sunndal. ”Jarnverksdireksjonen hadde, sant for dyden, gjort seg ein rå graut den gongen Skjepin vart sett til å passe på alt som stod og låg att her” (Olav Berkaak i romanen ”Det ædle malm, s. 20”). . Når dette har skjedd, må det gjerne kolne ein graut (ta lang tid, trekke ut) før ein vågar å prøve seg igjen.

14.12.16: Fortinnagraut

Graut av eit enklare, magrare slag (byggmjølsgraut, mjølkgraut, vassgraut, men også risgraut) med eit lag av rømmegraut oppå. Fattigfolk kunne komma med dette som barselgraut. Ordet ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag og Nordmøre, og uttalen fordeler seg etter kjent mønster mellom fortænna- i ytre og fortånnå- i indre strøk. Det går også inn på romsdalsk område i Eresfjord.  Nokre få plasar seier dei fortinningsgraut. Å fortinne er eigentleg å dekke med eit lag av tinn. Oppågraut er eit anna ord for denne grauten, logisk nok, og på indre Nordmøre og i Oppdal har det også vore sagt lurgraut, for det er jo ei form for «lureri».

13.12.16: Grautpligge/grautpinn(e)

Matbit attåt eller etter grautmåltid, særleg i form av spekemat eller annan saltmat, men det kunne også vera f eks ei brødskive. På Hitra var steikt sål (liten sei på ca 20 cm, størrelsen over kumort) rekna som fullgod grautpinne. Medan grautpinne er mykje utbreidd, er grautpligge meir avgrensa til Trøndelag.  Det kan også bli kalla berre pligg, eller pliggbete (det siste også i Velfjord på Helgeland). I Oppdal også grautplugg. Ideen er at ein sett pinne for grauten («pinn attpå grauten») for å halde han på plass (pligge han fast); jf. at det også kan heite å årette grauten.

12.12.16: Lussinatta

Natta som vi no går inn i, natta før Luciadagen 13. desember. Også kalla lussi langnatt. Etter folketrua var det ekstra mange skumle vette på ferde denne natta, som var rekna som den lengste i året. Ut frå dette skulle ein tru at dei ein gong i tida må ha rekna dette som solsnu. Og før kalenderskiftet år 1700 stemte vel dette så nokolunde. Omvendt har somme operert med natt til 21. desember (solkvervnatta) som lussinatta.

I tradisjonen hører vi om at dyra kunne tala denne natta, som var ei ekstra påkjenning for dei, sidan det var så lenge til morgon og fôring. Da bit kua tre gonger i bandet og seier: «Lussinatta er lang!» «Ho er lang som to,» svarar sauen. Og i somme versjonar blandar geita seg også inn i samtalen. Ho er litt frekk, og kan komma med ein bannkspa, f eks «fan fare i at ho er».

I dei sørvestre delane av landet er det tradisjon om ei «Lussi» som for ikring som eit slags arbeidstilsyn og såg etter at alt grovarbeid til jul var gjort unna. Om ikkje alt var i orden, kunne ho straffe strengt; h0 kunne finne på å rive ned murpipa og til og med gjera folk lamme! Ho kunne også bli brukt til å skremme ungane med, så dei skulle halde seg inne om kveldane fram til jul.

Lysopptoga på Luciadagen representerer ein heilt annan tradisjon. Dette har komme inn frå Sverige, og er neppe eldre enn ca 1930-talet nokon stad her til lands. Men opphavet til begge desse tradisjonane er i alle fall dyrkinga av St. Lucia, som leid martyrdøden på Sicilia under kristenforfølgingar i år 304. Ho fekk minnedag nettopp 13. desember.

Når tradisjonen opererer med både gode og vonde Lucia, kan det kanskje vera Lucifer som har blanda seg inn.

11.12.16: Bakvatn

Dette ordet, som også finst i svensk og dansk, kan bety nokså mange ting. Den tydinga ordbøker gjerne fører opp først (såleis Norsk Ordbok), er vatn som ikkje renn fort nok unna kvernkall eller vasshjul, og som hindrar dette i løpet sitt. Da går kverna eller hjulet i bakvatn, er det sagt.  Gjerne i flaumtida – vatnet bir ståande for høgt (målførebelegg frå Nord-Gudbrandsdalen, Andebu, Valle og Eiken). Også brukt om avlaupsvatn frå kallar eller drivhjul i kvern. Frå Tynset er det opplyst at det er brukt om vatn nedafor ei  demning.

Ei meir «teknisk» tyding er vatn avsilt frå tremasse eller tresliperi når massen blir teken opp; prosessvatn.

I Østerdalen og Gudbrandsdalen kan bakvatn også bli brukt om bakevje : elva går i bakvatn.

Overført finn vi det om stillstand, daudvatn: ”komma i bakvatnet” (Lærdal,), og som i dette sitatet:  ”Valsen trøngde springleiken ut i bakvatnet” (Ivar Kleiven: Lom og Skjåk, s. 342).

Så har vi eit par tydingar knytt til den avanserte vatninga i Nord-Gudbrandsdalen:   Overskotsvatn i vatningsveit, som renn ned i veita nedafor (Lom): ”det er bakvatnet som dreg” (det har lettare for å trenge ned i jorda). Og på nettsidene til NVE finn vi dette, også frå Lom: ”Tjern og dammer som lå lengst bort fra bygda ble kalt ”bakvatn”, og ble tatt i bruk når det nærmeste tjern, Åsteppingje, nærmet seg tomt”.

Til slutt er bakvatn brukt i samband med taktekking: Takvatn som på grunn av feil fall på nevra ikkje renn unna rette vegen, men bakover og kjem under neverlaget (Vinje i Telemark); vatn som vil presse seg oppover ei toke, i frost eller før nevra har sige saman (indre Ryfylke): ”nevra skulle vera så tjukk at det tok bakvatn”; og regnvatn som blir blåse attover og innunder takstein (Ringerike).

10.12.16: Skjersett

Opprådd, fastlåst, i knipe, ille ute. Norsk Ordbok heimfestar vidt: Valdres, Øvre Hallingdal, Telemark, Agder, Rogaland, Fjaler, Smøla, Hitra, Flatanger, Vefsn, Sørfold, Ballangen, Gimsøy, Troms. I jysk «skjærsat» på same måten. Opphavleg ‘som har sett seg fast på eit skjer’, men i denne overførte tydinga (som visst er den einaste som er brukt) har ordet spreidd seg langt innover i landet. På Smøla er uttalen «sjærjesætt». Dette viser ei gammal genitivsform i førsteleddet, som igjen avspeglar at skjer (norrønt sker) var ein såkalla ja-satmme, utan at vi skal gå nærare inn på det her. Ein grunne med skjer heitte frå gammalt på nordmørskysten ei «sjærjegrynne».

9.12.16: Elrå (elrod)

Eit anna ord for opphald mellom byger, akkurat som gløsøkt, som vi hadde for oss på onsdag. Først og fremst er det tett med belegg på ordet frå heile Nordmøre, men Hans Ross har det også frå Romsdal, og utanom dette har vi opplysningar frå Jøster og Trondenes.. Her er eit sitateksempel på ordet: ”Dei hadde drege lina og var på veg innover da stormen kom på dei. Da dei skjønte at det ikkje gjekk lenger la dei seg i livd attom Vassholmen for å vente på eit ”el’råd”. Dei låg slik lenge og så plutselig vart det ei lette så dei såg innover mot land” (Eide-minne 1982, s. 55). Meir avgrensa er elingsrå (elingsrod), som Hans Ross heimfestar til Nordmøre, men som i nyare materiale er nemnt berre frå Halsa. Det er opplagt at førsteleddet er el og eling, og at sisteleddet må bety opphald, men kva er det for slags ord? Det er vi ikkje sikre på, men det er nok ikkje –råd, slik somme har tolka (jamfør sitatet). Ordbøkene normerer til –rod. Dette kan ha samanheng med rydde (rydje), slik at himmelen blir rydda, eller så skal det førast til rod eller rode ’raudfarge på himmelen’, som i samansetningane kveldsrod og morgonrod. Eller det kan vera omlaga av elrov, som vi finn på Sunnmøre, definert slik av gode gamle Ivar Aasen: ”Opklaring i Luften, Skyernes Adspredelse efter en Iling”. Her har vi eit ord rov som betyr ’opning’ rift’, og som faktisk er i slekt med rauv. Opninga er sjølsagt i skylaget. Somme eldre i Sunndalen så elråk med k, men det er nok det vi vil kalle ei avsporing.

8.12.16: Depleri

Gammalt ord frå Sunnmøre som passar til årstida. Det vil seie snøfall på tien (ikkje tilfrosen) mark, og det var gjengs oppfatning at «depleria ligg ikkje lenge». Førsteleddet er eit ord depel (også uttalt depill, dipil e l) som betyr ein dam eller pytt, kanskje særleg ein gjørme- eller myrdam. Dette hører i hovudsak heime sønnafjells, men finst også i Nordand. Og i Sunndal var det fast uttrykk «å snø ni depill’n» – snø på tien mark. «Når det snør ni depill’n, bli ‘n alder liggand'», var  merket. Depel er minkingsord (diminutiv) til dape, som betyr dam. Samanhengen med depill, dippill om glasdobbe, øredobbe og dep(p)ill som nedsettande ord på folk, er ikkje klar.

7.12.16: Gløsøkt

Kortvarig opplett med litt sol (Smøla, Hitra). Økt er greitt forståeleg, og førsteleddet må henge i hop med verbet å gløse, som kan bety både å lyse svakt og å stire, og substantivet ein gløs ‘lysning’, også ‘opning som slepper inn lys’. Ein ser jo litt meir når det lettar opp.

6.12.16: Matheil

Som har sterk matlyst. Norsk Ordbok heimfestar til Telemark, Suldal, Sunnhordland, Røldal, Ullensvang og Hitra. I norrønt heitte det også matheill, så ordet har altså vorte bevart i eit nokolunde samanhengande sørleg område, pluss Hitra (Arnfinn Aune, med ei eldre dame frå Dolmøya som kjelde). Også frå Smøla er ordet registrert, i ei samling derifrå på nettet, men der er det oppplyst å bety ’sunn og frisk’. Men desse to heng vel nøye saman. Eksempel frå Skafså i Telemark: ”han æ like matheil’e atte no” – har fått att matlysta.

5.12.16: Å one/onast

Slik eg kjenner det, er det særleg brukt med nekting: «han one(st) ikkje» – har ikkje tolmod eller lyst, giddar ikkje, orkar ikkje. Slik er det brukt først og fremst i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, med enkeltbelegg også frå Fron og Hemsedal. På trøndersida blir det gjerne uttalt med å-lyd: å ån’ og ånas/ånes.I normalisert form heiter det une og unast, og den mest opphavlege tydinga, som vi også finn i norrønt una (og i mange målføre) er å trivast, vera fornøgd (med noko). Tilsvarande har vi substantivet ein une, som tyder trivsel, sinnsro, tolmod. Ola J. Rise hermar i Oppdlasboka etter ei gammal kjerring som hadde fortalt om kor #furkunnt» det var å få «grønsmakin» (smaen av korn) inni munnen att etter uår: «oss ha-itt åne te å bi’ tart aksa vart fullmåtå». Ordet er elles velkjent frå Garborg-klassikaren «Småsporven gjeng i tunet», der det heiter at småsporven «hev s god ein une og lær åt katten grå. Sporven trivst godt med situasjonen i denne songen.

Dei som har vore borti litt eldre, tradisjonell nynorsk- og landsmålslitteratur, vil kan hende også ha støytt på adjektivet uneleg, som betyr hyggeleg, koseleg, triveleg. Ei standardformulering i livsskildringar o l er at dei skapte ein «uneleg heim».

4.12.16: Augefeste
Småbarn som festar blikket, har ”aufæst”, kan vi lesa i den nye ordsamlinga frå Stadsbygda: ”bane fekk aufæst ætte nån vukku”.  Dette betyr elles ’noko å feste auga på’, gjerne om noko som fer så fort at ein ”itt får aufæst” (Roan, Kolvereid, Malm). Ein greier ikkje følgje det med auga, får ikkje med seg detaljane. Liknande bruk er registrert også frå Stryn og Hareid. I Hol i Hallingdal (”åygnefeste”) og Suldal (”augnafeste”) er det brukt om siktepunkt i stemneleia, f eks når ein ror etter eit vatn.

3.12.16: Snøbrøyta

Rykande fersk ordsamling frå Stadsbygda i posthylla mi her om dagen! Eit stort og flott verk på over 500 sider, med tittelen «Ker du sei? Ord og uttrykk på Stadsbygda». All ære til Johan Rein og hans medsamansvorne for vel utført arbeid. Vi markerer utgjevinga her i spalten med eit ord frå samlilnga, og vel snøbrøyta, som er ei lokal nemning på mjølkevegen (verbrauta, vinterbrauta). Det er eit varsle knytt til den: «E snøbrøyta brei me mang klompa i væst, bi de en hal førrejulsvinter». Snøbrøyta i denne betydninga ser ut til å vera lokalt trøndersk, med Lensvika og Leksvika i tillegg til Stadsbygda. Hans Ross (1895) fører det opp frå Innherred.

Ei snøbrøyte kan sjølsagt også bety stor snømengd, djup snø. Pluss ‘det å brøyte snø’, som nemnte Hans Ross noterer frå Innherred: «er du ute i snøbrøyta?»

2.12.16: Verbrott

I Oppdal betyr dette verforandring, særleg omslag frå godver til styggver, i følge ordboka hennar Ingeborg Donali. Ho gir også eksempel på bruen: «e har vont i kroppa, de bli værbrätt». Ivar Aasen har ordet; han heimfestar til Trøndelag og definerer det med «Nedbrydning el. Skade af Storm og Uveir». Frå Hemne er det opplyst om to tydingar, enten uroleg, skiftande, hardt ver eller uro i lufta før uveret bryt laust. Det siste stemmer bra med definisjonen «truende veir» hos W.F.K.Christie i hans «Norsk Dialect-Lexicon». I islandsk finst veðrabrot med liknande tyding – trugande uro i lufta. Islendingane kan stundom ha veðrabrot også i hovudet («á höfði»), og da er dei urolege til sinns.

1.12.16: Koiever

Snødrev og full vinter på Oppdal i går kveld,  retteleg «kåivær» var kommentaren. Ingeborg Donali har det med i ordboka si, der definert som «stygg snødrive». Ver som gjer at ein må halde seg inne i koia. Ordet ser ut til å vera lokalt for Oppdal, men det heilt parallelle buver eller buaver er mykje meir utbreidd. «No lid det så langt at vi lyt vera budde på snldrive og kojever» Ola Sterom: Medan steinane mel, s. 122)

30.11.16: Rådskolle (”råsskåill”)

Myndig kvinnfolk, ei som legg seg borti alt, fer fram med brask og bram, tek seg større myndigheit enn ho har rett til; også ei som er sjølrådig, stivsint og ubøyeleg (Namdalen, men også Fosenbygdene: Hitra, Stjørna, Åfjord, Stadsbygd).  Forfattaren Magnhild Haalke har sett ordet på trykk (Karenanna Velde, s. 176), og ho hadde det sikkert med seg frå Ytter-Namdalen. Kolla kan vera ei kollete ku, men også eit kjerald, som i rømmekolle. I begge tilfelle går det greitt inn i kjente mønster for å laga skjellsord.

29.11.16: På visk og våg

Med ein viss vågnad eller risiko; på lykke og fromme; på slump, på måfå er alle nokolunde kurante omsettingar av dette uttrykket. Det opptrer også i variantar som på visk og våge, på visken og vågen m fl. Blant anna i Gudbrandsdalen kjem det i omvendt rekkefølgje, altså på våg og visk. Etter Norsk Ordbok har uttrykket vore brukt over ganske store område: Hedmark, Oppland, indre Sogn, Voll i Romsdal, Nordmøre, fleire stader i Trøndelag, og dessutan Bardu. Visk kan bety mange forskjellige ting, bl a eit rykk, eit tak, ei stutt ri. Men den mest aktuelle her er vel kupp, varp («han gjorde ein heil visk») og vågespel.

 28.11.16: Hommel om dommel

Trøndersk utrykk (pluss Sunndalen) som betyr ‘hulter til bulter; i uorden’. I mange variantar: hommel i dommel, hommel te dommel, (i) hommel og dommel, hommel om drommel, hommel om bommel, hommel om tommel og sikkert enda fleire.

Vi kjem her borti ein litt meir «tilfeldig» måte å laga ord på, der folk har leika seg med rim og klang. Derfor er det vanskeleg å peike på noko klårt og eintydig opphav. Ser vi litt vidare utover i det norske dialektlandskapet, finn vi mange liknande ord for det same, og det kan diskuterast kva som er variantar og kva som er sjølstendige ord. I Nord-Norge heiter det såleis gjerne i hom og dom, og på Jæren og i Dalane omman i dom. Går vi til svenske  målføre, finn vi humbel om dumbel, altså veldig likt den trønderske varianten. Og i engelske målføre finst hummel i jummel. For hommel om dommel kan vi kanskje finne eit startpunkt i ordet dummel, som i seg sjøl betyr rot, virvar (i slekt med dum), og så kan første delen ha vorte danna som eit rimord til dette.

Hulter til bulter er rekna som lån frå lågtysk eller nederlandsk, der det finst uttrykk som hulter de bulter og holder de bolder.

27.11.16: Kokkstrek

Svart strek i ansiktet, f eks av sot eller kol. Registrert som målføreord frå Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Hølonda, Horg, Buvika), og dessutan frå Sør-Aurdal. Om ei kvinne hadde ein slik flekk og kunne sette fingeren beinast på det, ville ho snart bli gift, heitte det i Orkdal. I Rennebu var det sagt at «kokkstrek er kokkens adelsmerke». Belegget frå Sør-Aurdal blir bekrefta av dette sitatet om Mikkjel Fønhus: «Mikkjel og jeg er «askeladder», som tyr tett inntil elden og roter i den, slik at vi får mange «kokkestrek» både på hender og kjaker» (Ingebert Kulterstad: I villmark med Mikkjel, s. 30).

26.11.16: Heittgjort på stusse

Dette er ein tradisjonell kveldsmatrett, oppkokt (og gjerne sprengt) mjølk på kaldgraut. Kjent frå somme plassar i Trøndelag (Orkdal, Rennebu, Buvika, visstnok også Hitra, pluss at det er velkjent på Nordmøre). Stussen blir her klumpen med (havre)graut, stusse meir allment kan bli bruka om ein massiv, kraftig klump (murstusse – fundament). Kaldgrauten vart kvelvd ut av kummen eller fatet; da var han blank og glatt og fin, ein grautstusse. Snau som en omvenda kaldgraut (Meldal). Også kalla søvvel på stusse, som viser ei betydning ‘drikke til maten’ hos søvvel. Dette kan også bli brukt om mjølk attåt grauten, grautvått. Eit par andre variantar av kveldsmatretten er: påfonn på stusse, møsufis på stusse. Stundom blir det sagt berre heittgjort, eventuelt heittgjort på (kald)graut, heitt på graut, varmt/vermt på graut (Hølonda). Det er fortalt om ein kar som kom inn ein plass, og så hoppdaga han at det var berre så det aula med ungar der. – Å, det ha vore arbeidd ette heittjort’n her, ja! konstaterte han.

25.11.16: Vardøvvel

Guri Bakk i Rennebu fortalte meg om i si tid om dette ordet, og det fekk meg til å sjå litt nærare på det for å presentere det i eit lite kåseri i foreninga «Rennbygging» i Trondheim for ein del år sia. Ho Guri definerte vardøvvel som «i lortvelle menneskj» – altså ureinsleg og sjuskete. «Ei vardøvvel te kjærreng» kunne det bli sagt. «Vardøvvelskulinn» var bruka i spøk som eit utnamn på husmorskulen. Dei hadde kanskje ikkje særleg tru på at dei vart noko tess, dei som gjekk der!

I alle fall viste det seg at vardøvvel eller varduvvel om ei lat, sjuskete, udugeleg, kanskje også sløsaktig kvinne var registrert i heile Orkladalføret, i Oppdal, Surnadal og Hemne. På Ivar Aasens tid var det også å finne i Gauldalen. Andre plassar kan det ha litt andre tydingar. Aasen noterer det elles om ein pusling, stakkar, frå Orkdalen, og det same gjer Hans Ross frå Nordmøre. I Oppdal har det også vore bruka om ei gammal jomfru, ei pepparmø. I mi heimbygd, Sunndalen, var det visst sagt frå gammalt om umedgjerlege folk som var vanskelege å gjera til lags. Men det er så gammalt at det var absolutt ingen del av daglegspråket da eg voks opp, slik at eg måtte gå til notat og oppskrifter av eldre folk for p finne det. I Snillfjorden kunne det bli bruka nedsettande om og til krøtter: – Dett vardøvvel tå ei ku!

Opphavet til ordet er nok å finne i folketrua. Vi må rekne med at det er same ord som vardøger – forvarsel, føregangar, «følgjeånd». Også dette heiter vardøvvel eller varduvvel fleire plassar, og vardøvvel står nok nærare den opphavlege forma enn vardøger. Utan å gå i detalj om akkurat dette, er det vard pluss eit avleiingselement (suffiks) -ifli.

Overgangen til ei nedsettande tyding, og nærmast eit skjellsord, ser vi ved andre begrep frå folketrua, som hulder, troll, utburd, haugbue o fl. Desse vesena fekk nok mindre respekt etter kvart som kristendommen vann fram, og det vart rekna som heidenskap og overtru. Etter reformasjonen har jo til og med pave vorte skjellsord!

24.11.16: Sverkel (sverkjill)

Den mest opphavlege tydinga ser ut til å vera ring, kvervel, sirkel. Det er også den mest utbreidde geografisk med Østerdalen, Gudbrandsdalen, fleire indre trønderbygder pluss Sunndal. Det kan vera kvervel i håret, eller også ein straumkvervel i vatn. Eller som i dette eksempelet i ei eldre ordsamling frå Sunndalen: – «Fauglann flaug ti ein sværkjill ikring husa». Så kan det bety ein snarvending eller ein sving, ein kan gjera seg ein «sværkjill» for å få ordna eitt eller anna. Sjølvaste Martin Kvænnavika fortel om ein stor kval dei fanga ein gong, at han på si ville ferd med jekta på slep blant anna gjorde ein «sværkjil bortåver åt Ny Seland».

I Nord-Gudbrandsdalen heiter det om gras eller korn som er slått ned av regn og lilgg til ymse kantar, at det ligg «i sverkjille». Altså noko som er flokete, ugreitt. Og somme plassar blir det brukt om eit ledd, ein rørleg nagle i f eks kuband, for å hindre tvinn (dette er det elles mange andre namn på).

Ordet betyr altså forskjellige ting, men det ser ut til å samle seg om ein slags felles kjerne. Alf Torp meiner det må henge saman med svarv eller sverv ‘rundgang’ og svarve, sverve ‘dreie’. Så må det innehalde to suffiks, først eit k, tilsvarande det vi har i t.d. hålke, og deretter-ill, som er forminskande, eller diminutivt. Ein sverkjill kan dermed ophhavleg ha vore ein liten runding eller ein liten rundtur, tydingar vi har sett er greitt dokumenterte også i dag. Med belegg frå fem fylke bør ordet komma med i neste utgåve av Nynorskordboka.

23.11.16: Landtorv

Dette ordet dukka opp i samband med «Dagens ord» frå i går 22.11. Norsk Ordbok har registrert det, med definisjonen «jordkant ved vasskant (langs land)». Heimfestinga er til Trøndelag («somme stader»), pluss Surnadal og Folldal. Eg kjenner det også frå Sunndalen. I Trøndelag er det visst best kjent i dei indre bygdene i sørfylket, men det er også oppgitt frå Meråker. Landtorva heng gjerne utover elva eller bekken, og det kan vera farleg å gå for langt utpå. Men det står gjerne fisk innunder der, som Leif Halse fortel om i dette sitatet: «lurer ein seg frampå elvemælen, ser ein stetor fer som gråe strek unda landtorva» (bladet Heimveg nr. 13,1928). (stete = småfisk i ferskvatn, særleg aure)

22.11.16: Landlaup

Jordras, jordskred. Kjent ord på indre Nordmøre, kanskje spesielt i Sunndalen, med ordgeografisk samanheng austover til Oppdal, Renneu, Meldal, Orkdal (sjeldan der) og Selbu. Frå Aure er registrert landlopp. Også om stad der det har gått landlaup, og slik går det inn i stadnamn som Landlaupet, Landlaupsetra og Landlaupvollen. Brukt av forfattarar som Inge Krokann, Olav Berkaak og Bjarne Østø. Vi finn det også hos Olav Gullvåg: «nakne fjellsider, – med stygge furer etter landlaup» (Det byrja ei jonsoknatt, s. 27). landlaup kan vera alvorlege saker, som vi forstår av dette tilfellet: «I 1737 gjekk eit stort landlaup og jordskred ut i Storlidala og tok med seg rubb og stubb av hus og heim på gardane Stølann og Stenbuenge» (Ola J. Rise: Oppdalsboka II, s. 290)

21.11.16: Rennarar

Skisesongen er i gang, og løparane får testa kor dei står og om treningsarbeidet dei har lagt ned, git utteljing. Men vent – løparane? Det var jo ikkje det vi sa? Nei da, i min oppvekst var det berre tale om ”rennarar”. Det var ”skeisrennara” og ”skirennara” og innafor den siste kategorien var det både ”langrennara”, ”hopprennara” og ”kombinertrennara”. Det var også ”slalåmrennara” og ”utforrennara” – i dette tilfellet altså i staden for -kjørarar. Dei riktig gode var ”storrennara”. Kor vanleg er det å snakke om ”rennara” i dag tru? Norsk Ordbok gir ikkje opp noko særs heimfesting, så det må ha vore ganske mykje utbreidd.

I desse tider kan det vel også passe å minne om eit hjartesukk frå kåsøren ”Pist”, alias surnadalingen, diktaren og ordsamlaren Bjarne Østbø, på 70-talet, da doping-problematikken hadde begynt å dukke opp, i tillegg sjølsagt til det evige smøringsspørsmålet: – Fær e ti’n, da smor vi skjiinn, og såg kann så rennt fortast. Men no te dags sjer dem ka skji så går fortast, og så smør dem rennarann.

20.11.16: Folkvand

«kræsen i Valg af Selskab» definerer Ivar Aasen dette ordet. Norsk Ordbok er litt meir utførleg: «nøyen på kven ein vil omgåst el ha med å gjera; kritisk til andre folk; vanskeleg å omgåst». Heimfestinga er slik: Hjartdal, Sunnhordland, Kvam i Hardanger, Norddal, Stangvik, Surnadal, Melhus. Det er nok komme atskilleg meir materiale om dette etter at artikkelen i Norsk Ordbok vart redigert. Mellom anna var det ein gong konkurranseord i Dialektmagasinet på Trønderradioen, og det var mange som kjente til det.  Vi kan hente eit brukseksempel frå Leif Halse: «Litt folkevand sømde det seg Solemsmammen å vera og ikkje slå lag med allslags fark og utburd» («Dordi», s. 67). To kjerringar ein plass i Trøndelag krangla om ein brunn. Den eine prøva å heve seg litt over dette, og siterte eit salmevers: – Skjende hvem der skjende vil, jeg vil høre Jesum til! – Ja, han e itt folkvand, den mainn! kommenterte ein kall som overhørte krangelen.

19.11.16: Samlaget

Dette er det tradisjonelle namnet på samvirkebutikken mange plassar i Trøndelag, i alle fall her i sørfylket. Rindal kjem i tillegg, så dei er trøndera også i så måte! Bortpå samlaget og få ti brød. Truleg forkorta for handelssamlaget, som vi også finn. Samlag fanst nok som målføreord om hopehav, samkvem, fellesskap før samvirkerørsla kom. Det finst såleis i ei ordsamling frå Nordmøre så tidleg som i 1760-åra. Takk for samlagjet, kunne dei seie i Romsdal etter eit kortare samvære. Somme plassar kalla dei særleg brennevinsutsalget (handelslag som hadde einerett på å selje alkohol i ein kommune, slik ordning fanst før), eller Vinmonopolet for samlaget eller brennevinssamlaget (Nøtterøy, Ringerike, Telemark – mange opplysningar om dette austafjells, men også visstnok i Trondheim og Bergen).

Det som gjer dette ordet litt spesielt, er jo sjølsagt at det betyr noko heilt anna på svensk. Det er fleire som har organisert seg i samlag, og eg vil tru det er mange svenskar som har letta på augbrunene litt ekstra når dei har komme i kontakt med noko som kallast Inntrøndelag frilyndte ungdomssamlag. Dei kan nok få litt falske forhåpningar! Også skyttarane har organisert seg i samlag, i skyttarsamlag, og det kan føre til at svenskane gjer store augo, og gjer seg sine tankar når dei ser at vi arrangerer samlagsstemne og driv og kårar samlagsmeistrar.

18.11.16: Skugg

Glatt og blank is. Er det riktig ille, er det blanke eller blåe skuggen, og da er det stor fare for å dette og beinbryte seg. Etter heimfestingane i Norsk Ordbok har ordet eit slags kjerneområde i Sør-Trøndelag, med utlauparar til Tynset, Gudbrandsdalen og Nordvestlandet. Nordgrensa ser ut til å vera Stjørdal. Somme plassar har det tostava form skugge. Elles finst samansetningar som skuggis, skugghålke, skugghålt (adjektiv) og skuggblank is. Isskugg kan vera både ein issvull og ei samanhengande iskåpe på veg eller mark. Ein informant lurte på om det er samanheng mellom (is)skugg og det norrøne skuggsjå («Konungs skuggsjå = Kongsspegelen). Og det er det nok! Alt i gotisk på 300-talet etter Kristus har vi skuggwô om spegel, så dette er gammalt språkmateriale. Den blanke isen er altså samanlikna med ein spegel, noko som er heilt naturlg. Vi kan jamføre med ord som «spegelhålt» og «speilblank» (om is9. Det vanlege ordet skugge som vi kastar når vi står framfor ei lyskjelde, er også ein nær slektning. Denne skuggen kan jo også oppfattast som ei slags avspegling.

17.11.16: Landskugge

I Norsk Ordbok definert som «del av fjord, vatn eller elv som ligg i skuggen for land (eller fjell)». Heimfesting er til plassar i Fosen: Sandstad, Stjørna, Osen, og dessutan eitt belegg frå Ringerike. Men det finst brukt hos gfleire forfattarar. Etter at dette vart redigert, er det komme fleire nye opplysningar. Bjørn Skauge («Bjørn i Myken») forklarer det slik frå Rødøy, der uttalen er «lannsjygge»: «fenomen som opptrer i mørke ved blankstille sjø og som gjør det umulig å bedømme avstanden til land. Har ført til mange grunnstøtinger eller at båter har kjørt rett på land». Det er altså så dårleg sikt at det er vanskeleg å sjå om det er sjø eller land ein har framfor seg.

16.11.16: Smedfingrar

Å ha smedfingrar er å ha tjukkhuda, herda fingrar (som ein smed) så ein greier (toler) å ta i varme ting utan å brenne seg (glør, varme kjelar). Norsk Ordbok heimfestar til Folldal, Ringebu, NLand, Modum, Nøtterøy, Sandar, Lærdal, Nordmøre, Hemne, Oppdal og  Skjerstad. Vi kan trygt legge til Bjugn og Stjørna, for dei har det med i den løpande ordsamlinga i det lokalhistoriske bladet Møllkula. Eksempel: «ta å løft tå pannå du så he smefengra» (Surnadal, ved den store ordsamlaren Bjarne Østbø). På Hollagarden i Hemne var det ein smed (Ola Holl’n) som hadde rettelege smedfingrar: «Når han skulle tenne opp i avlen i smia, gjekk han bort til komfyren i kjøkenet og fylte nevane med glør, gjekk så fort bort i smia, og kan hende småsprang og. Men han Ola hadde lyst til å prata, og ein gong han møtte ein av grannane uti tunet, stogga han og prata litt. Da bytte han glørne mellom nevane og spøtta litt på dei, og det greidde seg til han fekk tømt dei nedi avlen og fekk fyr der» (frå boka «Trøndelag i nær fortid», s. 174). «Ikkje alle har smedfingrar som eg», skriv Ingrid Espelid Hovig («Velkommen til mitt kjøkken», s. 216).

15.11.16: Å merke ord

Lytte nøye, følgje nøye med på det som blir sagt. Det er jo gjerne det språkforskarar gjer, og eg blir ofte skulda for å lytte meir etter korleis folk seier det enn kva dei faktisk seier. Det ligg helst noko negativt i det, etter Norsk Ordbok «leggja nøye merke til det ein annan seier for kanskje å bruka det mot han el ho seinare, el for å kunna seia vidare det som blir sagt» (Ivar Aasen har det, og ordboka har målførebelegg frå så spreidde plassar som Asker, Andebu, Masfjorden, Øksendal, Sunndal, Hemne, Sandstad, Åfjord og Sparbu). Ut frå Møllkula 1/16 kan vi også legge til Bjugn og Stjørna, og det er sikkert enda meir vanleg.

14.11.16. Hust

Spretthopp. Lokalt uttrykk frå Oppdal og Sunndal:  ”Snart er det kome såpass mykje snø at ein kan prøve skia. Skoleungane får låna spade og byggjer ein ”hust” oppi Jarbærbakken. Bakken er ikkje stor, og hoppet blir bygd som ein oppskjøt midt i bakken” (Knut Gorset: Helg og kvardag i Gorsetgrenda, s. 56). Å renn’ hust er å hoppe på ski, vel helst i ein liten bakke med spretthopp. Også Inge Krokann bruker dette uttrykket ”.  Samansetninga hustrenn(e ) gir seg nesten sjøl. Kor det kan gå når ein ”renner hust” fortalte  Olaf H. Ishol, Lønset (8 år) i bladet Næmingen 2.5.1899): ”Det va ein gong i vinter, at de va so ovelag godt skiføre. Daa ha eg ei stor hustrenne hoprenn uppaa volla ovafor stoggo. So va de ein dag, at eg vilja vise deim, kor gild ein kar eg var aa renne hustrenna. Eg tok skia og gjekk uppaa bakkin og rennte nedyver, men daa eg kom over husten, so stupte eg og vart liggande i snøfonna. Daa eg kom meg uppatt, saag eg ut som ein snjomann og so sto dei i glase og lo aat meg”.

13.11.16: Andblæst

Andpusten, kortpusta. Vanleg ord på Nordmøre og mange plassar i Trøndelag, dessutan belagt frå Nesset i Romsdal, Nord-Gudbrandsdalen, Folldal og Helgeland. Eksempel: «Ho tala fort, så ho vart reint andblæst» (Olav Duun: Paa tvert, s. 149). Eller denne: «No er dei så andblæste, at nasaborone er reint raude» (Inge Krokann: Under himmelteiknet, s. 217). Siste delen heng saman med å blåse, og varianten andblåst finst da også somme stader i Nord-Norge. På Nordmøre har eg hørt andblessin, og på Byneset ved Trondheim andblesse. Også usamansett blæst kan vi støyte på, i alle fall i Trøndelag. Før steleddet er vel and eller ande ‘pust, jf. færøyisk andablástur, som betyr nettopp ande eller pust.

11.11.16: Speleg

Farleg, vågsamt, risikabelt. Når det er glatt, kan det vera spele(g) å gå, og et er spele(g) å mhalde på med eit arbeid eller annan aktivitet der noko kan gå gale. Ting kan stå spele(g) – ustødig, og da ser det spele(g) ut. ordet er belagt over ganske store område frå Telemark og opp langs kysten til Nordmøre og dei næraste bygdene i Sør-Trøndelag. opphavet meiner dei er eit lågtysk (nordtysk) adjektiv spee brukt om noko som ligg ope for innsyn., og ubeskytta (og derfor farleg) til. Dette igjen er i slekt med å speide, og går vi enda lenger ut, finn vi også slektskap med å spå ‘speide, sjå inn i framtida’. Mange plassar i Trøndelag seier dei spæggle eller spæggli om det same, f.eks. spæggli før’. Dette er helst ein variant på spele(g), kanskje med assosiasjonar til spegelhålke o.l.

10.11.16. Klabblag

Kan truleg brukast om  lag med klabb under skiene, men heller eit lag eller ein gjeng som det går mykje i ball for? Denne sesongen har jo ikkje Rosenborg akkurat stått fram som noko klabblag. «Klabblag på jernbanebrua på Heimdal da to trønderkailla møttes – og blånektet å rygge» skreiv Adressa i 2011 (med karakteristikken «Fleksnes live»), og tidlegare har dei skrive om klabblaget til David Tosca. Men det kan vel også brukast om ein festgjeng, ein hurragjeng. Det finst f eks noko som heiter «Gjøvik karsk & klabblag».

9.11.16: Stoppesopp

Reiskap av tre, forma som ein hattsopp, til å stappe inn i f eks sokk som skal stoppast. Ein stikk inn soppen slik at den dekker holet. Som målføreord er det notert frå så spreidde plassar som Eidsvoll, Stangvik, Stjørdal og Berlevåg. Nyleg var det oppe på ei trøndersk facebookgruppe. Det er all grunn til å tru at det er meir utbreidd. Her er eit sitat: «Mamma sat med ulltråd og stoppesopp til langt utover kveldane og bøtte makkoundertrøyene våre» (Liv Randi Bjørlykke: Årbok frå folkedjupet; kåseri for folk som tenkjer (1983), s. 57.

8.11.16: Rennarskjøt

Det lokale ordet for aketur frå mi eiga heimbygd, Sunndalen. Vi sa jo alltid å renne i staden for å ake. Og ein skjøt er ein vending, (svipp)tur o l. Om eitt enkelt renn på kjelke, ski o l er det belagt frå Romsdal, Nordmøre og Trøndelag, i følgje Norsk Ordbok. «Det er monn ti kvar skjøta», som kjerringa sa – ho rente seg på kjellarluka . Det er også tale om å danse ein skjøt, f.eks. Frå norrønt skjótr ‘skyssgreie, skysshest’

7.11.16: Brotthogg

Eit brotthogg eller brøtthogg kan vera ein hardhendt, uvøren person, eller ein som er klønete i arbeidet. Men det kan også bli sagt om slike som er grovslegne å sjå til. Somme stader også om syndebukk, mobbeoffer, eller den som må ta støyten, seie frå om det som er ubehageleg. Men det eigentlege og opphavlege brotthogget er ei gammal, skjemt og utsliten øks som vart brukt til å hogge torv og røter med. Her er altså eit ord for ein bruksgjenstand gått over til å bli brukt om folk, slik vi ofte ser. ordet finst i Trøndelag og Nord-Norge.

6.11.16: Spåkkå

Tynn skorpe av hardfrosen jord eller snø og is (Gauldalen, Roros, Selbu, Tydal, Tynset, Tolga, Bardu). Uttala spåkkå, i Nord-Østerdalen meir som spökkö. Eksempel: ”kjør på spåkkååm” (Selbu); ”det bli int snø, det bli berre spåkkå” (Røros) – her meint eit islag. Utbreiingsmønsteret går igjen i mange andre ord, og det avspeglar ein tydeleg kultursamanheng i dette området. Til Bardu har ordet opplagt komme med bureisarane, kanskje helst frå Tynset/Tolga. Det må vera etymologisk samband med å spe(i)ke – fryse til (og ikkje med speke som i spekekjøtt). Når det spe(i)ker, blir det spåkkå – isspåkkå, snøspåkkå, svellspåkkå. Norsk Ordbok normaliserer det til speke.

5.11.16: Kjevill

Eitt av mange ord som kom fram på dialektkvelden i Tydalen fredag 4.11. Kjevill betyr tynn, liten vedkabbe, og det ser ut til å vera avgrensa til Tydal, Selbu og Ålen. Frå Hessdalen i Ålen er notert samansetninga rundkjevill. Kjevillen er så tynn at den ikkje treng å kløyvast. Ordet er avleidd av kavl og i slekt med kjevle. Kævle om trestykke er kjent også i dansk.

4.11.16: Baråtta

Baråtta eller baråttå – dette noterte faktisk Aasen frå Tydalen: ”om voldsom, støiende fremfærd”. Også kjent om rare fakter, farkstreker m m; ryssbaråtta, styggbaråtta, tullbaråtta. Utbreiinga er i det søraustre hjørnet av Trøndelag: Ålen, Røros, Selbu og Tydalen, pluss Tynset og Folldalen. I tillegg kjem Budalen og Singsås med varianten balåto.  Denne utbreiinga finst i mange andre tilfelle også, og viser jo eit kulturelt fellesskap i dette området. Forfattaren Halvor Floden frå Trysil bruker også ordet, noko som kanskje kan tyde på eit større utbreiingsområde. Ordet blir visst oppfatta som fleirtal, men opphavet må vera norrønt barátta f. ’slag, slagsmål, strid’

3.11.16: Kjesmus

Små ostballar ein tek opp frå gryta når ein kokar kvitost. Ein klemmer ut møsu og kan bruke desse klumpane til ein god smakebit i seg sjøl, eller til pålegg. Ordet finst mange plassar i Trøndelag, kanskje tettast i nordfylket.  Somme meiner at det er sjølve ostløypa som kallast kjesmus, men det mest vanlege er nok å bruke det om desse klumpane av fersk ost. Elles er det oftast slik at ostløypa (henta frå løypemagen til spekalv) kallast kjese. Somme kallar også løypemagen for kjesen. Kjese er interessant, for det er same ord som tysk Käse og engelsk cheese, som begge betyr ost. Det er snakk om tidleg lån frå latin caseus, som også betyr ost, jamfør kasein om ostestoff. Ordet kan ha komme inn i lag med teknikken å sprengje mjølk med løype. Verbet å kjese kan bli bruka om nettopp dette. Somme plassar, f. eks. i Verdalen, brukar dei å kjese synonymt med å yste, eller koke ost, og dette foregår i ein kjeskjel. Musa i kjesmus er venteleg jamføring med dyret. Desse ballane kan vel vera omtrent så store som ei mus.

Det kan i alle fall oppstå snodige situasjonar når ein ikkje er bekant med kjesmusa, verken ordet eller tingen. Ein av mine gode kontaktar i Verdalen fortalte ei historie om bror sin. Han var på sjukhus ein gong, og vart der kjent med ein kar frå Trondheim. Denne bykaren kom seinare til Verdalen på besøk og vart med ein tur på setra. Der fekk han servert kjesmus, slik som dei andre. Akkurat da var han i ferd med å vaske føtene sine i eit lite vaskarfat. Han var temmeleg usikker på kva det var han hadde fått i handa, men fann til slutt ut at det måtte vera nokoslags såpe. Dermed tok han og smurte kjesmusa utover leggene sine!

Ei anna kjesmushistorie var det ein kar frå Brekken ved Røros som fortalte. Der i Rørostraktene har dei ikke ordet kjesmus i dialekten. To karar derifrå hadde gått over fjellet til Tydalen. Der kom dei ned på ei seter, og setertausa dreiv og koka ost. Karane lurte på om dei kunne få kjøpe rømme. Nei, det var dessverre dårleg med det akkurat no, sa setertausa, – men visst dokk vente lite grann, så ska dokk få kjesmus! Dette måtte karane ta ei lengre betenkningstid på. Til slutt kom svaret: – Vi et no all slags mat, men kjesmusa di trur vi du skal få ha for deg sjøl!

2.11.16: Gnaglus

Velkjent ord om ein masekopp, ein person som gneg og gnålar heile tida. Mest brukt blant trønderar og gudbrandsdølar, skal vi tru arkivmaterialet. Også notert i variantar som gnagalus (Fåberg) og gnægarlus (Øksendalen på Nordmøre). Men heilt lokalt i eit område på Innherred (Røra, Frol, Verdal) er det også brukt om eit jarnbeslag, helst på yttersida av ei skåk, for å hindre gnag frå selestikka. Og likeeins om jarnstykke på anna trereiskap der dei er utsett for slitasje. Ofte er det slik at nemningar for bruksting kan bli overført på folk (som hesptre, hamprokk), men i dette tilfellet er reiskapstydinga så avgrensa at det er mest sannsynleg at skjellsordtydinga er den primære.

1.11.16: Kvell

Høg, skingrande, gnellande, om målet, stemma til folk: «ho/han er kvell i målet» eller «har kvellt mål». Vidt utbreiingsområde både austa- og vestafjells og godt kjent i Trøndelag, men det er nok på vikande front som så mange tradisjonsord. Belagt i norrønt som hvellr, med same tyding som i målføra i dag. Utgangspunktet er nok eit verb å kvelle, for verba er ofte stamfaren i ordslektene. Akkurat dette er ikkje belagt i norrønt, men det har nok vore der lell, for det lever att i islandsk. Og det finst i dagens målføre: «det kvell så» – om skarp, gnellande lyd. Om den som er kvell i målet, heiter det somme plassar i Trøndelag at han eller ho er kvellmælt. I Selbu og Stjørdalen kan dei vera kvellsnakkan’. Og i ei gammal ordsamling frå Nordmøre frå 1760-talet er nemnt kvellmål om kvellt, gnellande mål.

Kvell har også fått utvikla andre og ny betydningar og bruksmåtar. «Må itt spæll radion så kvellt» kan oppfordringa lyde i somme trønderbygder. Elles kan tingen eller handlinga som får fram den kvelle lyden, sjøl bli sagt å vera kvell. Ei bjølle eller fløyte kan vera kvell, og Inge Krokann skriv om «kvelle hammarslag». Det er jo eigentleg lyden frå slaga som er skarp. I Selbu har vi ei artig utvikling når dei snakkar om kvellt føre. da er det ei tynn skareskorpe som ein stadig bryt gjennom med ein krasande (kvell) lyd, og det kan vera plagsamt f.ek.s når ein går på jakt. Somme plassar er det kvellt i lufta når lyden ber godt. Eller det blir overført til andre sanseinntrykk, som når dei i Brekken snakkar om at veret er kvellt -skarpt, bitande. Og i Sparbu kan dei visstnok seie at jordbæra er kvell – altså at ho har skarp, skrikande raudfarge.

31.10.16: Gongflesk

Fleskbit til å legge inn i sprekka mellom «skinkene» for å unngå friksjonssår under arbeid, på lange turar e.l. Ordet er kjent frå Osen, og min informant kunne fortelje ei historie om ein jeger som var jamn og ivrig brukar av slikt på dei lange fjellturane sine. Ein gong under elgjakta da han hadde overnatta på ei hytte, var han ikkje kar om å finne att gongflesket sitt som han hadde lagt på ein benk kvelden før. Da han etterlyste det hos dei andre, gjekk det opp eit lys for han som hadde stått for matlaginga. det hadde nok vorte litt fuktig om kvelden, dei hadde steikt egg og flesk og så hadde gongflesket hamna oppi steikepanna. men dei visste heldigvis ikkje kven som hadde sett det til livs.

Også på Hitra har dei brukt fleskbit i bakenden for å hindre sår; der med namnet gongskive. Ein annan metode var å skjera seg ein pinne, flekkje av borken og legge på plass for å unngå slike sår. På Innherred var ein slik ein kalla skorropinne, for dei la han jo oppi «skorro». Og det var for å motverke røffhølsvåttå, som dei kalla det.

Danskane seier dei har fått fisbrand når dei har fått sår på denne plassen. Ein dansk språkforskar eg har hatt kontakt med, har ein mann som spring maraton. Såleis kjenner han både fenomenet og ordet. Soldatar dreg gjerne på seg slikt under utmarsjar, og i ei svensk ordbok over soldatsjargong er det omtalt som feseld.

Må nemne til slutt at vi hadde for oss dette litt uappetittlege temaet på ein underhaldningskveld i Trondhjems Turistforening for nokre år sia. I det høvet framførte spellkompis Ronny Kjøsen den sjølkomponerte reinlenderen «Gongflesk og gnagsår».

30.10.16: Mariauge

Ordet finn vi i denne skildringa av tradisjonell ølbrygging i Hornindal: «Mens renningen pågikk, fant Terje fram en plastboks med små, grå flak. Dette var kveiken, hentet ut av fryseren hjemme hos svigerfar. Han tok et lite spann og hadde i vørter, før han drysset i kveiken for å lage en gjærstarter. Så la han et håndkle over. Kveiken kastet ikke bort tiden, men satte i gang øyeblikkelig. En halvtime senere var overflaten av vørteren dekket av en lysebrun grøt med masse bobler. Det var helt utrolig raskt for gjær som startet som tørkede flak.

«Mariaue kalla me dette i Honndalen», sa Terje. Jeg undret meg fælt på dette navnet. Det med øyne er lett å forstå, for boblene i starten kan se ut som øyne. Men hvem er Mari? Løsningen fant jeg i ordboka til Ivar Aasen: Det er jomfru Maria. Så ordet må gå langt tilbake i historien» (Lars Marius Garshol: Gårdsøl, s. 104).

Det er nok rett at det er kopling til Jomfru Maria her. Og Aasen har det ganske riktig som «en Benævnelse paa Skumboblerne paa gjærende Øl», frå Sogn. Det er også blomsternamn, vel helst på «forglemmegei» (minneblom), men også på øyentrøst.

29.10.16: Kyrkjeknirk

I Norsk Ordbok forklart som knirk i nye kyrkjeskor (eller i innleggssole, for å få skor til å hørast nye ut). Det står også oppført ei tyding til, og den er det eg som har skaffa dei, etter morfolket mitt i Øksendalen. «Kjerkjeknerk» fekk eg forklart som ein lapp dei kunne finne på å legge nedi finskorne for å få dei til å knirke og hørast ut som nye.

28.10.16: Å hald-ti fot(en)

Vera fadder. Norsk Ordbok band III fører opp dette uttrykket frå Dovre, Ryfylke, Surnadal, Budal, Meldal og Verdal. Men da vi i si tid spurte om dette under innsamling av materiale til Trønderordboka, viste det seg å vera vanleg i heile området vi dekte (Trøndelag og Nordmøre). Det finst i fleire variantar: Både hald-ti fot og hald-ti foten (Bestemt form), men også med fleirtal «håll-ti fotan». I Klæbu «håll-ti banfot», og på Frøya «bera skank». Dette blir nok i alle fall delvis oppfatta som litt fleipete omskrivingar, slik som denne frå Øksendalen: «Å varra med og hald ti en fot». Å «slite i foten» skal også ha vore sagt. Men det kan faktisk ha ein bakgrunn som er seriøs nok. Ein av mine informantar, som sjøl var katolikk, meinte det kunne skrive seg frå katolsk dåpssskikk, der fdrar og besteforeldre skulle røre ved barnet.

Å vera fadder kan også heite å halde på. Dette er kjent på Nordmøre, og er elles registrert frå Oppdal, og i ei enkeltopplysning frå vatne på Sunnmøre. Det kan kanskje ha liknande opphav.

27.10.16: Pire

«Det e ‘kje pire» har vore ein vanleg talemåte på Nordmøre, og tilsvarande i dei nærmaste bygdene i Sør-Trøndelag («det e itt pire»). Det vil seie at det er ikkje greitt, det er ingen spøk. Hans Hyldbakk kan fotelje at «det e ækje pire når pongjen e tom», og det er det vel berre å sanne med han i. Leif Halse skriv i boka «Kring gamle Tovadal» (s. 14) at «det var ikkje pire beint å vera liten gut». Her fortel Hale om at alle hadde det med å skremme ungane kvar ein så møtte dei, som ein del av tuktinga til lydeigheit og respekt. Og det var sjølsagt ikkje pire for ungane. Denne uttrykksmåten finst elles spreidd nedover heile Vestlandet. I Oppdal må dei ha vridd noko på det. Også der blir det brukt i nekting, men det heiter «det æ-itt så pire», om noko som er nifst og vågsamt.

Pire er inkjekjønnsform av piren. Blant anna kan det bety tynn, veik, ynkeleg, skranten o.l. Planter og tre som ikkje vil trivast, blir små og pirne. Somme plassar kan piren også bety gjerrig, småleg. Det finst også eit verb å pire, som betyr å piple fram i ein tynn stråle, eller å spire, brydde.

Om vi går ut frå ei tyding ‘tynn, ynkeleg’, skulle ei nekting attåt gje det motsette. Når det såleis kan bli sagt om folk f eks at «han er ikkje piren», så vil det bety at han ikkje er dårleg. «Han e ‘kje pirinn tå seg» er faktisk registrert frå Gjemnes på Nordmøre, og da betyr det at han ikkje er skvetten. Ein som ikkje er piren, treng heller ikkje vera enkel å ha å gjera med, og da er steget ikkje langt til å føre over denne nektinga tl saksforhold. «Det er ikkje pire» kjem dermed til å bety nettopp at det ikkje er til å spøkje med, det er ikkje greitt, lettvint å få til. Om lag slik kan ein sjå for seg at utviklinga har gått.

26.10.16: Kinnbløyte

Flatbrød som får bløyte seg litt med halvkinna rømme oppå. Lekkerbisken dei dagane dei kinna, servert f.eks. til gjetarguten. Ordet er avgrensa til Nord-Gudbrandsdalen, indre Nordmøre, Oppdal og Meldal. Dette i følgje arkivmaterialet. Sannsynlegvis går det vidare, i alle fall er det rimeleg at det kan finnast i Rennebu. Eldste belegg er ei ordsamling frå Fron ca 1743. Eit litterært eksempel: «Mor holdt på å kinne, jeg hadde nettopp fått kinnbløte vi kalte da Oline kom inn» (Ingval Svinsaas: I skyggen av et tårn, s. 24). Andre stader kan det heite f eks rømmebete, rømmekling eller rømmeklining.

25.10.16: Slarkpeis

Godt trøndersk skjellsord å sjå på trykk i Adressa i går. ”Slarkpeiser er det over alt”, uttalte stortingsrepresentant Torhild Aarbergsbotten til avisa i eit oppsett om den omstridde pelsdyrnæringa, som no kanskje syng på siste verset. Aarbergsbotten er sjøl tilhengar av pelsdyrnæringa, og meiner at ein ikkje bør legge ned den på grunn av enkelte ”slarkpeisar”; dei finst i andre bransjar også. Ordet forklarar seg sjøl, og det har også stått på trykk i Adressa før. Peis er eit særs produktivt andreledd i trønderske skjellsord. Det er vel ingen tvil om at det dreier seg om ein sentral kroppsdel hos mannen og somme andre hanndyr. Kroppsdelen får stå for heile individet – ein stilistisk figur som heiter ”pars pro toto” på fint (delen får stå for heilskapen). Det er akkurat det same som skjer i f eks ”brede seil over Nordsjø går”; da får seglet stå for heile skuta.

24.10.16: Spilkum («spellkomm»)

Liten (ikkje nødvendigvis så veldig liten) kumme eller bolle, bruka til å ha suppe eller grautvått i, eller til å drikke av. I Trøndelag visstnok også bruka til å ha karsk i. HansHyldbakk fortel om barselkjerringane som kom dit det var ein nyfødd unge: «Kjerringar med beiningskorger i handa og spellkummar under stortørklædet kom anstiganda med mølsgraut og bakels». Ordet har vore vanleg mange plassar, og spilkum finst også i svensk. Det kjem truleg frå lågtysk spölkumm(e), som vi kjenner att i dansk spølkum. Høgtysk har Spülkumm. Første leddet er eigentleg verbet spyle, slik at den opphavlege tydinga har vore ‘vaskekumme’. Men i norsk og svensk har det vorte kopla til verbet spille i staden.

På ein dialektkveld i Todalen for nokre år sia lærte eg skjellsordet spellkommule om ein skjegglaus kar.

23.10.16: Kalddrag

Kaldt vinddrag; kald sno. Vi merkar det jo godt denne tida, og det er kanskje så sjølsagt at ordsamlarane ikkje har tenkt på å få det registrert og sendt inn til arkiva. Det einaste målførebelegget vi har på det, er frå Nordli. Norsk Ordbok har eit sitat frå Torstein Christensens «Jordbruk og gjødsellære»: Skogsnar og byske i øvre kanten (av eit jorde) tener til livd mot kalddrag ovanfrå»(s. 98). I Stange heiter det «kælddråg» (Vidar Aasens ordsamling «Slik tala vi»).

22.10.16:  Pilltjurrudall

Skjellsord for ein utidig framvekstringsgut på 15-16 år. Opplyst til Dialektmagasinet frå Malm, tilbake i år 2000. Pilltjurru er den første tjurru som kjem når ein brenner ei tjøremile, den er blanda med vatn og er ubrukbar. Altså eigentleg ein dall til pilltjurru. Dall er vanleg i Trøndelag som sisteledd i ukvemsord om folk.

21.10.16: Ondus

Det er mange som lurer på namn som Ondusfjellet, Ondonsåsen på Hølonda og Undurshaugen i Melhus. Førsteleddet i slike namn er ei gammal måltidsnemning undorn, som i visse strøk var i 14-15-tida, men som i trøndersk helst har vore mellom morgonsmat og middag. Når sola (sett frå ein bestemt stad) stod over fjell og åsar med slike namn, var det tid for dette måltidet. Det blir altså ein parallell til andre såkalla dagmerkenamn som Middagshaugen og Nonsfjellet. Undorn er eit frykteleg gammalt ord som heng i hop med latin inter ‘mellom, altså eit mellommåltid. I Trøndelag somme plassar var dette ordet helst brukt i samband med beiting og gjeting. I Gauldalen og Orkdalen heitte det at ein gjætte undunn, gjætte te ånndus, kjy’n gjekk i undøm e l, frå ca 4-5 om morgonen til i 9-tida. Så var kyrne inne på varmaste dagen (når åtet var mest plagsamt)  og ut att til langøkta om ettermiddagen.

I norrønt finn vi ordet som undorn, og det er kjent frå målføre opp mot nyare tid først og fremst frå Telemark, men også Numedal. Pluss altså belegga frå Sør-Trøndelag.
I Telemark finst eit stev om ein som gjekk frå Hardanger til Tinn på ein dag: Dugurden åt eg i Hardang og undolen gjekk på glette, nattverden åt eg i Tinnsdalen, utenkt så ha eg dette. Segna seier at dette var Gaute Tinnske, som var gift og budde i Tinnsdalen, men som for til «Nordlandet», dvs Vestlandet, og vart lenge borte. Det gjekk det ordet at han var død, og kona skulle gifte seg opp att. Gjestebodet var i gang, og dei skulle til lå leie brura inn om kvelden da dei fekk sjå ein skirennar på veg ned fjellsida. Da sa brura: – No har ingen løypt Gaukåsskaret sia mannen min Gaute levde. Så viste det seg at det var Gaute sjøl. Han forstod kva som var på ferde, og kvad dette stevet. Han hadde hatt det så travelt på turen at han måtte innta «undolen» «på glette» – medan han gjekk, i farten. Og «utenkt» hadde han at kona skulle gifte seg på nytt.

20.10.16. Rabbol

Rot; rotete og uframkommeleg stad. Dette er tydinga Norsk stadnamnleksikon gir av ordet, under artikkelen om fjellnamnet Rabbolen, eit fjell opp for Geitastranda i Orkdal kommune. Det er nokså ulendt i rasmarka under dette fjellet. Ordet rabbol finst i eit område i Sør-Trøndelag (Meldal, Rennebu, Hølonda, Melhus, Singsås) og går inn på Nordmøre i Rindal og Surnadal. Det treng ikkje berre vera i terreng, men f eks ein uryddig verkstad. Hans Hyldbakk skreiv ein gong at han hadde eit stort rabbol av sundsprukkne papirposar i skuffene sine, og ein annan plass om å ordne opp i rabbolet av amatørfoto.

Opphavet er uvisst – kanskje omforming av rat-bol eller rav-bol. På Hitra er ein rabbole ein styrlaus gutunge, ein villstyring.
På denne lenka kan du sjå bilde frå fjellet Rabbolen: https://peakbook.org/no/peakbook-element/15331/no/Rabbolen.html

19.10.16: Fotbukt

Innbrett på dyne, fell e.l. i fotenden av senga til å stikke føtene inn i. Nokså mykje utbreidd i Trøndelag og på Nordmøre. På Jæren og i Fjotland i Vest-Agder fotebukt, i Røldal og Suldal fotabukt. «Somme har vermt steinar og lagt i fotbukta» skriv Hans Hyldbakk i avisa Heimveg nr, 4 1942. Andre ord for dette er f.eks. fothus og fotlykkje.

17.10.16: Barneign

«Eit kvinnfolk som enno ikkje er komen tu barn-eign» skriv Leif Halse i boka «Mannbjønn» (s. 11). Det vil seie ei som enno ikkje hadde vorte for gammal til å få barn. Eign (gjerne uttala «ægn»)  heng ihop med å eiga. Jamfør norrønt «eiga barn» om å ha barn.
Ordet er kjent vidt ikring. Aasen fører opp Vestlandet, Valdres o fl, Arkivmaterialet viser også belegg frå Trøndelag, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Setesdalen, Helgeland m m. Også brukt av kjente forfattarar som Aasmund Olavsson Vinje og Jens Tvedt. Samansetninga barn(a)-eign fanst alt i norrønt.
Det finst også andre uttrykk for «å komma tu banægn», f eks «å gå gjeld» (Hitra).

16.10.16: Aminnels

Å få eller ha noko til aminnels vil seie ha få/ha det som eit minne, ei erindring. Bruken kjem fram i dette eksempelet, i Olga Toftes ordsamling frå Melhus: «Kari fekk ei sølj ætte bessmor si. Kari vart glad, no ha ho ei aminnels, et minne om ho bessmor». Ordet ser etter arkivmaterialet i Norsk Ordbok ut til å vera vanleg i Trøndelag og på Austlandet, med utlauparar til Nordvestlandet og Helgeland. I Trysil heiter det åminnels, og ordet ser ut til å vera omforma av det norrøne áminning (påminning), med byte til suffikset -else.

15.10.16: Speike

På dagens markatur kunne eg konstatere at myrane ikkje var heilt spekt enno. Ordet er i alle fall aktuelt denne tida, og det dukkar opp på fleire facebook-grupper. Fleire har problem med å finne det i ordbøkene, og det er kanskje ikkje så rart. I Bokmålsordboka står det visst ikkje i det heile, og i Nynorskordboka finn vi det som spæke eller spækje. Norsk Ordbok har a-infinitiv som redaksjonsspråk, og derfor spækja. Det er ikkje brukt over heile landet: Norsk Ordbok fører opp nordafjells (inkludert Nordmøre) og Østerdalen, pluss nokre strøbelegg. Uttalen er oftast speik(e) eller spek(e). I

I nær samanheng med verbet har vi substantivet speik (spek, spæk). Det betyr frosen skorpe i jorda, og kan også brukast om kuldegrader («tjue speik»).

Alf Torp peikar på moglege slektningar i det lågtyske adjektivet spak ‘tørr’ og verbet spaken ‘bli tørr; sprekke opp av tørke eller hete’. Dette ser ut til å vera eit lydord, med grunntyding ‘bli tørr og sprø’. Og det knasar jo når ein trør på isskorpa.

14.10.16: Hundsvott

Lite sete (skyss-sete) for kjøraren på karjol, spisslede og sluffe. Har nok vore vanleg nemning både i Trøndelag og fleire plassar sønnafjells, både på Aust- og Vestlandet. Også fleire andre tydingar, som ein type tauspleis, eit kraftig slag (lusing) og som skjellsord for ein lite respektert person, ein dott (alt i følgje Norsk Ordbok). Ordet er lånt inn frå tysk hundsfott, eventuelt nedeerlandsk hondsvot, og det betyr rett og slett eigentleg kjønnsorganet på ein hohund. Sisteleddet er same ordet som vi finn att i norske dialektar, særleg sørpå, som fu = rauv, bakende. Det er vel den trekanta, avrunda forma på kuskesetet som har utløyst fantasien.

13.10.16: Friarlapp

Eit ord som det finst berre to arkivbelegg på. Ordsamlaren og ordjegeren Steinar Nilssen på Hitra har fått tak i det, og forklarer det som «tradisjonsrike, pastellfargete, peppermyntedrops med innstøpte, korte tekster om gryende forelskelse og flørt». Dette er det nok mange som hugsar; eg veit ikkje om dei lagar slike lenger. Olve Røstum, Byneset, la det nyleg ut på facebook, så ordet «friarlappa» har nok vore brukt fleire stader om dette.

12.10.16: Kveldslusa

Synleg teikn på at små ungar er trøytte om kvelden; dei kleiar seg i augo, stirer stivt framfor seg, er grinete med meir. Da kan det heite at dei «har fått kveldslusa» eller at «det er kveldslusa som bit». Det er altså stadiet før Jon Blund eller Ole Lukkøye kjem. Ein har nok ikkje konkret sett for seg at ungane har fått lus på seg, men dei kleiar seg og ber seg åt som dei skulle ha lus. Så langt er uttrykket belagt frå Øksendal, Hitra og Selbu.

11.10.16: Bon-enden

Enden på korn- eller potetsekk som det er knytt for. Det er lettast å få tak på den enden, og i følge Jon Leirfall i Stjørdalsboka var det gjerne ”sjølen” som tok tak her når sekken skulle løftast. Frå Meråker har vi konduktørenden om det same, etter ein banearbeidar som brukte ordet når han var med og lempa kornsekker. Det har også vore kalla stasjonsmesterenden.

10.10.16: Fokkskjef

Reiskap, eit slags mellomting mellom bandkniv og høvel, med to handtak og eit blad som kan stillast og skiftast ut. Frå Romsdal er registrert uttalen «fokksjeff», og frå somme plassar på Nordmøre «fokkskjøv» og «fokkskjøvel». namnet må vera ei omlaging av engelsk spoke shaves, som betyr skavekniv. Sjå om «fokkskjefen» på Digitalt museuim: http://digitaltmuseum.no/021026382966

9.10.16: Våggå veg

I forlenginga av «våggåbot» (7.10.) tek vi med dette uttrykket. Å våggå veg/vei er å brøyte veg, laga veg. I denne forma hører det heime i Trøndelag, men det finst også over store delar av Austlandet i forma vega eller væga. Vega opp er å brøyte opp vegen. Frå Røros er våggå også registrert om å la ein sleppe fram, og det er jo også eigentleg å ordne til veg for ein. Verbet er laga direkte til substantivet veg.

8.10.16: Skjerten

Dette er jo eit greitt og skjerte ord, hadde eg så nær sagt, men det det kan brukast på litt forskjellige måtar. Ein person som er skjertinn (eller skjerta dersom det er hokjønn tå slagja) er reinsleg av seg og har ordenssans. Reinskjertinn kan det også heite.

Men så kan inkjekjønnsforma skjerte bli bruka om f. eks. føreforhold. Når det er skjerte, er det tørt (og hardt) føre, så ein slepp å fli til kjørbørna’n og seg sjøl når ein er ute og ferdast. Det er gjerne sagt når det held seg fint og tørt lenge utover hausten. Stundom er det også tale om skjerte ver, når det er godt og stabilt, akkurat slik vi har det no i starten av oktober. Og eit skjerte eller reinskjerte arbeid er noko ein slepp å lorte seg ut så gale med.

Ordet ser ut til å ha eit kjerneområde på Nordmøre, kanskje helst i dei indre bygdene, men det er velkjent også i Oppdal. Ordboksveteranane Ivar Aasen og Hans Ross har det frå om lag same området, og dei gjev forklaringar som ”pynteleg, nett og fin”. Opphavet har vi nok i det norrøne ordet skart, som betyr stas. Skjertinn har vel da frå først av vore sagt om reinslege og ordentlege folk og deretter vorte overført på ver og føre.

Substantivet skart om pynt og stas er forresten overlevert opp til nyare tid på Helgeland, og verbet å skarte om å pynte finst i Telemark. Hans Ross noterte frå Helgeland  skartartaus om pyntesjukt kvinnfolk, og det same betyr skartkona i islandsk.

7.10.16: Våggåbot

Vegreparasjon, «bøting» av veg. Gammalt ord frå Oppdal – det vasr vel særleg brukt om pliktarbeidet som låg på bygdefolket for å stelle på vegen. Lydutviklinga er den same som vi har i «våggåsjæl» for vegaskil. I norrønt heitte det vegabot, og i den forma har det levd på Voss heilt fram til vår tid.
Men i Nissedal i Telemark var «vegbøtar» (fleirtal) stokkar eller strangar som vart lagt på kanten av smal veg for å forhindre at lasset glei ut.

6.10.16: Fløtklokke

Vi har eitt fløt-ord vi ikkje har sett på enno, nemleg dette. Åsveig Meldal frå Namdalseid fotalte om dette i Dialektmagasinet; ho hadde opplysningane frå Overhalla. Fløtklokke ville seie å stille klokka ein time fram, slik at ein vart liggande ein time før dei andre. På gardane gjorde dei dette særleg om sommaren, enkelte var også oppe i to timar. Og somme gardar hadde «fløtklokk» bestandig.

Dette minner jo om fenomenet «seterklokke», som vi hører om frå fleire plassar (Sunndalen, Soknedalen, Selbu). På setra stilte dei da klokka (minst) ein time for fort. Dette var vel for at dei skulle komma seg tidleg opp om morgonen og at krøttera skulle få nytte den finaste tida på dagen ute på beite. I somme tilfelle kunne det vel også vera konkurranse mellom setervollane om å få dyra ut først. Tor Ile nemner også dette i bygdeboka for Øyer: «Sæterklukka gjekk minst 1 time for fort, ofte meir. Ner ho vart altfor røykjete, sotete og lortete, tok ho til å saktne, og da laut ein hengje lite meir i laudda.»

5.10.16: Fleire fløt-ord

Som supplement til fløthand og kommentarane til det i «Dagens ord» i går. Det er eitt belegg til på «gjort med fløthann», i ei gammal samling med ordtak og talemåtar frå Stjørdalen. Litt i same gata er fløtgjort – snargjort, av dårleg kvalitet, registrert frå Skatval og Skogn. Vi nemnte fløtferd og fløtreis om abort; eit anna er fløttur (frå Åsen). Så har Hans Ross i Norsk Ordbog frå 1985 eit knippe med samansetningar frå Stjørdalen: «Fløtfårånes» – som fer fort (også brukt av forfattaren Inge Krokann), og to som betyr rappkjefta: «fløtkjefta» og «fløtmunna». I nyare materiale, men også frå Stjørdalen, er nemnt «fløtsnakkanes», som også sjølsagt betyr rappkjefta.
Førsteleddet er i alle tilfelle adjektivet fløt ‘rask, av norrønt fljótr; samanheng med å flyte.

4.10.16: Fløthand

«Æ fer me fløthand», skreiv ein lyttar frå Hegra til Dialektmagasinet på NRK Trøndelag tilbake i glansdagane i 2006. Da for ho fort over, med harelabben, f eks i vask. Uttrykket er elles ikkje registrert, men det fell greitt inn i mønsteret av samansetningar med fløt i tyd. ‘rask, snar’, også tidleg, som i fløtpotet, og ikkje minst i fløtferd («fløtfal») og fløtreis om abort.

3.10.16: Aventas

Å sjå seg aventas for er å sjå seg råd for, ha ein utveg, ha høve til. Tyngdepunkt i utbreiinga ligg kanskje i vest og nord, inkludert Trøndelag, men det har også vore brukt f eks i Telemark. Aventasi er ein uttalevariant. Dette kjem frå fransk avantage, som betyr fordel. I Tinn i Telemark har det vore brukt også om nattefrieri, utpågonge, og ein kunne jo av og til få «sjangs» (aventas) i den geskjeften! Somme plassar betyr det fortjeneste («drive med aventas og handel») eller omsetning («det vart aventas på maten»), også interesse («det var hans aventas»). Vi har sjølsagt ein parallell i engelsk advantage, men uttalen gjer det temmeleg sikkert at vi har fått ordet frå fransk. Engelsk har vel også importert det frå fransk. Ei særtyding ‘styr, bråk, ståhei’ er notert frå Gudbrandsdalen og Folldal.

2.10.16: Botnaure

Når ein var så uheldig å sette fast i botnen under fisking, heite det i mine gutedagar i Sunndal at ein hadde fått botnaure. No avdøde kollega Ola Stemshaug kjente til ordet frå Aure (gamle Stemshaug kommune). Han meinte det også kunne brukast om det du eventuelt reg opp i slike situasjonar, som f.eks. ei trerot eller den klassiske, gamle beksaumskoen. Eg etterlyste fleire opplysningar om dette ordet gjennom ei lokalavis for nokre år sidan, men utan særleg resultat. Kanskje det blir betre napp her?

I fiskarkretsar verkar det elles som dei talar om botn-napp eller bunn-napp. Det gir i alle fall ein del tilslag på nettet. På sidene til Florø Havfiskeklubb f.eks. får vi veta at vi bør sjekke knutane med jamne mellomrom under fisketuren, «spesielt etter botnnapp» og kamp med storfisk. Bottennapp i svensk.

I Masfjorden i Hordaland kan dei seie botnfisk i spøk om tang, sjøgras o.l. som ein får på kroken når ein sett fast i botnen. ordet botnfisk er jo elles vanleg brukt om fisk som held seg djupt. I Salten hadde dei i den gamle folketrua ein slags trylleformular som dei sa fram for å løyse fiskarsaker som hadde sett seg fast i botnen, dei såkalla botnorda. Frå Trondenes les vi i arkivet til Norsk ordbok om adjektivet botnheldt. «Det var feskesamt, men botnheldt» – det var mykje fisk men ujamn botn der lina sette seg fast, botnen «heldt att». På Senja heiter det botnhaldt.

1.10.16: Fussfin

Trønderuttrykk for det å vera fin på ein uekte og påfallande måte, gi seg ut for å vera finare enn ein eigentleg er. Fin utapå, men ”fuss” inni. Ein vil gjerne gi eit ”fint” inntrykk utetter, halde ein fin fasade.  Ein annan talemåte som uttrykker noko av det same, er ”uta blank og inna krank”, og meir litterært/bibelsk er det jo snakk om ”kalka graver”. Har nyleg vore oppe på facebook-gruppa «Trønderske ord og uttrykk som bør brukes oftere», i lag med andre fuss-ord. Olav Gullvåg har sett det på trykk: «Elles tok han til å gjera skam på dei som heldt han for ein leting og for fussfin til å bli bonde» (Kongens nåde, s. 177). Og Esther Nordmark hevdar at «før i tia faintes det tre typa trøndera. Det merka’n godt i Ravnkloa når ein skoill kjøp sæ fesk. Flæst va det av dæm som snakka slik at du forsto ka dæm sa. Så hadd du dæm som snakka fint – å te slutt dæm som snakka fussfint» (Adressa 25.1.1997).

30.9.16: Sukkerbrød

I «allmennorsken» er det visst brukt om eit slag formkake. Dialektalt kan det også bety «slikkeri», «sukkertøy» i følgje Norsk Ordbok. Tyngdepunktet for dette er i Sør-Trøndelag, men det er også vist til Ørsta og Meråker. For ein stor del trur eg dette kunne spesifiserast til drops, og så kan Sunndal leggast til i heimfestinga, etter opplysningar eg nyleg har fått. Sukkerbrøda vart forvart i eit sukkerbrødspann eller ein sukkerbrødstrut. Frå Støren er det fortalt at også lakris som søtsak kunne bli kalla sukkerbrød.

29.9.16: Fattigstjerna

Planeten Venus som kveldsstjerne. Etter at den var komme opp, kunne ein ikkje avvise fattigfolk (f. eks. loffarar) som kom og psurte om losji. Det var rekna som umoralsk og ukristeleg. Målførebelegg på ordet finst frå Nordfjord, Nordmøre og Hemne. Eit anna namn er fattigmannsstjerna, som Leif Halse skriv om i boka «Kring gamle Tovadal» (s. 72): «Det er Vårherre som har sett Fattigmannsstjerna på himmelen som eit teikn og eit merke. Når Fattigmannsstjerna lyser over Rambjøra, har ingen lov til å nekte pilgrimar og vandringsmenn husrom og nattelegu». Dette ordet finn vi også hos forfattarar som Jens Tvedt og Alf Prøysen. Stakkarsstjerna skal også ha vore brukt, men er nok sjeldan.

28.9.16: Minkekval (minke)

Eit anna namn på vågekval. Eg kom borti det i dag, under redigering av orda minke og minkehval for Det Norske Akademis store Ordbok (NAOB). Begge orda står også i Norsk Ordbok, men det er ingen etymologi på dei. Det finst tradisjon om at ein kvalfangar ved namn Meincke ein gong skal ha skote på ein slik ein i staden for ein blåkval, ved eit mistak, og at han skal ha fått namnet på den måten. Dette kan ein ta for ei god skrøne, men det er gjengitt slik i Wikipedia. Faktisk også i ærverdige Oxford English Dictionary. På engelsk finst nemleg også «minke whale» og «minke» om denne arten. Åkke som er det rimeleg å tru at minke er forkorta for minkekval. Det kan nok og ha spela inn at vågekvalen er den minste av finnkvalane. Han har namn både på engelsk (lesser rorqual), fransk (petit rorqual) og tysk (Zwergwal) som viser til størrelsen.

Vågekval har elles fått namnet sitt fordi han vart fanga inne i vågane.

27.9.16: Hurrull

Nordmørsord med to nokså forskjellige betydningar. For det første orden, skikk, struktur, greie som i dette eksempelet frå Straumsneset: «det va kje nå hurrull på-nå». Men fekk denne karen seg ei dyktig kjerring, kunne det heite: «no vart det hurrull på-nå»! Frå Ålvundfjorden har eg fått referert ein ganmmal regel: «det ska varra hurrull på bleikjevolla». Det vil seie at det skal vera orden og system i kleda som ligg på bleiken, slik at like plagg ligg i lag. Ei avleiing har vi truleg i uttrykket «e du itt riktig hurrulla?» frå Hemne, sagt til nokon som ikkje er riktig opplagt, som er sur og furten.

Tradisjonsberaren Torolv Løset på Meisingset kunne fortelje at ordet kunne bli brukt om enkelte gutar i konfirmasjonsalderen, slike som hadde vore små og spinkle, men som plutseleg tok til å vekse unormalt fort både i høgda og breidda. – Han ha vorte ein retteleg hurrull, kunne det bli sagt da. Løset sett det i samband med ein hurre, som jo er eit stort og kraftig eksemplar. Bjarne Østbø i Surnadal gir opp forma hørrull, og i følgje han er det noko som er ihopvakse, ihopfløkt eller utoversige, eller også noko som er tjukt, grovslege, digert. – det he vorte hørrull på ‘na, kunne detheite om ei som var synleg gravid.

Det er jo sannsynleg at det er samanheng mellom desse to betydningane av hurrull, men opphavet er langt frå klårt.

26.9.16: Kroppamåne (”kroppamåorni”)

Svakeleg, bleik og ynkeleg person. Typisk namdalsord, med belegg frå Grong, Harran, Høylandet, Overhalla og Fosnes). Alf Strøm, gammal spellmannskompis frå Fosnes, og vaktmester i mange år på Sunndalsøra, etterlet seg ei ordsamling der han forklarer ordet som ”en som ser det ulikt”. Dette har nok vorte misforstått i Norsk Ordbok, der dei har med ei ekstra tyding ”person som har eit anna syn på noko”, med bakgrunn i dette belegget. Men ulikt/olekt i nordtrøndersk kan jo bl a bety dårleg, og når ein ser det ”olekt”, ser ein jo svart på det, ein er lite mota, ting ser umogeleg ut. ”Han såog e olekt me bærginnjen” er eit eksempel frå Kristine og Jo Skarlands ordsamling over dialekten på Høylandet. Kroppa- er vel til verbet å kroppe, som betyr å prike, arbeide utan særleg framgang. Måne som element i nedsettand eord om folk er ikkje så vanleg,

25.9.16: Lyrodd

Lyroddan er i Inner-Namdalen brukt i spøk om det ytre øret, ørstolan. Særleg i utrykket «kvæss opp lyroddan» gi nokon ein ørefik. Men lyroddan er eigentleg trekanta borstykke eller (kvar av to) små bordfjøler som er felt inn mellom ripa og stamnen i båt. Ordet skriv seg såleis frå til kyst- og båtkultur og er særleg kjen t frå kystområda i Namdalen, men også frå Fosen og Nordmøre, og ikkje minst Nordland og Troms. Det er også kjent nedovre Vestlandet. Nemninga lyrodd ser ut til særleg å vera knyutt til nordlandsbåten. På åfjordsbåten og dei nordmørske geitbåtane hadde lyroddane ei noko anna utforming. Norrønt hlýr er skipsbaug, og odd er på grunn av den spisse utforminga.

24.9.16: Latmark

1. Lat person. Jf. definisjonen på ei fiskarstong, som er ei stong med ein agnmark i eine enden og ein latmark i den andre. 2. Latskap, altså meir abstrakt, i vendingar som «latmarkjen e komme ti’n»; «det er latmark i ryggen på han»; «pass dæ så itt latmarkjen kry ti dæ» (Leksvik); «e pærsa tu-om latmarkinn» (Rennebu). Her blir latmarken den personifiserte latskap, i form av ein mark eller eit liknande dyr som kan krype inn i folk og ta frå dei tiltakslysta. Nordmørsforfattaren Ingeborg Åsen Vatten skriv ein stad at det kjentest som heile kroppen var full av latmark. Kjennskapen til at det kan gå mark i mat, trevirke m m har nok vore med og danna bakgrunn for ordspelet. Konkret eller abstrakt betydning; ordet latmark har i hovudsak ei nordleg og vestleg utbreiing, frå Møre og Romsdal og nordover. Hans Ross (1895) noterer det også frå Gudbrandsdalen.

23.9.16: Bryte gammelost

Stupe kråke baklengs; ta baklengs rulle. Uttrykket er registrert frå Øksendal på Nordmøre pluss Heim og Meldal i Sør-Trøndelag, og dessutan i ei nordtrøndersk nettordliste. Å bryte ost kan dette heite fleire plassar på Nordmøre. Eit par enkeltståande opplysningar er bryte geitost (Bardu) og bryte skitost (Bremanger). Kanskje nokon kan svara på kvifor osten er kommen inn i desse uttrykka?

22.9.16: Jamspent

For to dagar sia hadde vi for oss «jamspelt», og her kjem eitt som liknar veldig, og som betyr omtrent det same. Jamspent er registrert som målføreord frå Tingvoll, og det er sett på trykk av ein kar som hadde svært solid forankring i tradisjonell nordmørsk språkbruk, sjølvaste Hans Hyldbakk (Brev frå barndommen, s. 104). Hos ein annan som hadde nordmørsdialekt i botnen for det meste han skreiv, Leif Halse, finn vi det brukt på ein litt annan måte. Han fortel om ein kamp mellom to oksar, at aldri hadde folk sett ein så jamspent og dryg kamp (Sommardagar i Trollheimen, s. 31).

21.9.16: Aspekter

Eit aspekter er eit toskete, tilgjort og nærmast komisk menneske, ganske vanleg som skjellsord nordafjells. Sjølsagt er det samme ordet som aspekt, som vi i dag helst tenker på som sider ved ei sak. Men opphavleg var dette eit astronomisk begrep, om stillinga ymse himmellekamar har til kvarandre, sett frå jorda, og dermed også teikna for dette i almanakken. Aspekteran i almanakken vart brukt til vervarsel. Ordstoffet er frå latin, til verbet adspicere ‘sjå på’, og eit aspekter kan nok absolutt trekke til seg blikket!

På Frøya finst vanspekter om ein håplaus type. Det er truleg aspekter som har fått festa på seg det negative førsteleddet van-.

20.9.16: Jamspelt

I dag er det vel mest kjent i samanhengen «ein jamspelt kamp». Men i tradisjonelt målføre betyr det gjerne «like god (sterk, flink e l)», «jamgod», i samanlikning mellom to eller fleire. I ei dramatisk skildring av møte mellom mann og bjønn står dette eksempelet (på elverumsmål): «Nå var døm nåsåner jemnspelte båe så døm vart stån der å bryte å kleme e lang stønn» (Årbok for Glåmdalen 1964, s. 52). Mannen kom frå det med livet i dette basketaket, men fekk rive ut det eine auget. Etterpå vart han spurt om bjørnen hadde vore sterk. Svaret var: «han var itte så fælt sterk, men han var så liddeli tel å klore».

I Oppdal finst ei særtyding «som går godt i lag»: «sa ongann æ å jamspelt». Noko liknande er registrert frå Lom og Rana.

Ein litt snedig ting ved dette ordet er at ein i somme målføre uttalar sisteleddet med palatal «-speihltj», sjøl om ein aldri uttalar verbet å spela med palatal, heller ikkje perfektum partisipp spelt. Det har altså kopla seg frå opphavet og lever sitt sjølstendige liv.

19.9.16: Omnkjerring

Mor mi, frå Øksendal, tala om å laga omnkjerring. Det var når det slokna att i omnen etter at det hadde begynt å brenne, f eks om ein skrur igjen trekken for tidleg. Ein annan informant frå  Øksendal seier at det er når det brenn baki omnen, men ikkje frammi.

Fleire stader i Nord-Norge er omnkjerringa eit vesen ein såg for seg heldt til inni omnen. Det er ho som lagar lyden når det pip i halvrå ved.

18.9.16: Setergubbe

Gutunge som er med på setra heile sommaren (Sunndal, Oppdal, Rennebu, Budalen). I Folldal har det vore brukt om ein gammal kar som ikkje er til noko gagn heime på garden, men som kan ha for seg småarbeid på setra.

Det er fleire ord som har liknande utbreiing, og som vitnar om eit kulturelt fellesskap kring Dovrefjellet, knytt til utnytting av fjellområda gjennom seterdrift og jakt.

17.9.16: Geivle kjeftom

Om saks, tong og liknande reiskap, vera så laus i gjenget eller skeiv at dei to delane av kjeften ikkje møtest som dei skal, men går om kvarandre (Gudbrandsdalen, i følgje Norsk Ordbok). I Lom er det også sagt om å bruke kjeft, og Asbjørn Dagsgard opplyser i boka «Målet i Lom og Skjåk» at det også kan tyde å vri munnen. Legg elles merke til den interessante dativbruken!

16.9.16: Attsett

Baktung, baklasta, om båt. Ordet ser ut til å vera vestleg og nordleg, som så mykje anna ordforråd (Vestlandet, Trøndelag, Nord-Norge). Somme seier også baksett, men det er nok meir sjeldan. Det motsette blir framsett.

I den fantastiske skattkista som språksamlingane våre er (dei som no er flytta frå Oslo til Bergen) finn vi ei opplysning om at attsett også kan brukast om folk. Den kjem frå Kolvereid, og informanten melder at både dei som er bratte i nakken og som har stor bak, kan bli omtalt som attsett.

15.9.16: Hallår

År med (svært) dårleg avling; svartår, uår, grønår. Gammalt ord som tidlegare var spreidd ganske vidt ikring. Ivar Aasen notert det frå Stjørdalen, og ellers er det i gammalt og nytt materiale funne i Austfold, Valdres, Numedal, Vest-Agder, Dalane, på Jæren,  i Romsdal, eit par plassar på indre Nordmøre, i Meldal og på Helgeland. Hans Ross, etterfølgjaren til Ivar Aasen, modererte opplysninga frå Stjørdalen noko: Eit hallår er eit mindre godt år, men ikkje så ille som eit uår, seier han. Andre er inne på det same. ”Når’n he hatt gode år, so tåle’n eit hallår au”, er eit ordtak frå Romsdal. I norrønt har vi hallæri, der -æri er ei avleiing til år. Første delen skal vera til eit adjektiv hall om noko som hallar, som står skakt. Eit år der det går litt på skeiven, med andre ord.

14.9.16: Halv nettopp/halvnettopp

Nordrøndersk uttrykk (nordre Innherred og Namdalen)  som kan bety litt forskjellig: 1. småsinna, arg. 2. heller dårleg, skral: ”det va no så hælv nættopp”; ”grauten va berre hæl nettopp”. 3. berre så vidt; på hekta: det va hælvnættopp at brua bar”. Også berre nettopp (utan ”halv”) blir brukt på tilsvarande måte.

13.9.16: Furuskjold

Namn på eit fiskeslag. Per Vingsand beskriv denne fisken som liten, svart og kvitflekkete og som finst attmed fjøresteinane. Dei fekk han til å bite på knappnåla når dei stod og fiska mort. Haakon Løken bruker ordet i boka «Landsens liv» og forklarer det i ein fotnote: «en liten uspiselig fisk, med stort, knudret hovud». Det ser ut til at det helst dreiar seg om dvergulke, men at det også innimellom kan brukast om vanleg ulke (breiflabb, marulk). Ordet er avgrensa til Nord-Fosen (Åfjord, Roan, Osen – her er sisteleddet uttala -skjolt) og eit område i Nord-Trøndelag (Mosvik, Verran, Røra, Inderøy, Sandvollan).

Dette kan sjølsagt ikkje ha noko med furu å gjera. Det ser ut til å vera ei omlaging av norrønt fuð-ruskill eller fuð-ryskill, som må ha betydd ulke eller ulkefisk. Og dette i seg sjølv er visst igjen laga som eit diminutiv (minkingsord) til eit elles ubelagt fuð-froskr. Første delen her betyr rett og slett rauv, og det er vel tenkt på den stygge utsjånaden. Vi finn det att som forrosk, furrusk o l nordpå, men også som furusk i Roan og furrus i Stokksund, og da om marulk.

I Verran har førsteleddet i furuskjold fått ei absolutt forståeleg omforming til fjurru-.

12.9.16: Snær(e)kvist

Tørr grankvist utan nåler, som er fin å tenne opp med (Norsk Ordbok): «Dei gjekk i skogen sommars tid og plukka grankonglar og snærekvist og anna avfall» (Knut Hauge: For lenge, lenge sidan, s. 117). Knut Hauge var frå Valdres, og ordet snær(e)kvist er belagt herifrå og somme andre stader i Austlandsområdet (Gudbrandsdalen, Telemark). Førsteledet snære går enda vidare. Det kan bety både krattskog og tørt ris. Det er avleidd av snår, som finst med same tydingane i norske målføre, og som er kjent frå svensk. Så er det også slektskap med snar ‘småskog, kjerr’, som i skogsnar.

11.9.16: Andfelåt

Uke-Adressa jaktar på den typiske trønderen i ein storstilt reportasje 10.9. Med i dette er ei liste over «Typiske trønderske ord». Lista verkar nokså tilfeldig ihopsett, men eitt av orda er litt spesielt: «Ainnfelåt» – forklart som «utålmodig». Dette er eit typisk innherredsord, og kanskje mest frå den nordlege delen av dette området. Akkurat denne betydninga – utålmodig, masete, uroleg er nok den som går vidast. Men det kan også bety redd, engsteleg, og lokalt i Malm er det opplyst at det også kan bety tverr, sta. Hans Ross (1895) noterer det frå Innherred i bet. redd, blyg og lite for seg.

Det kan sjå ut som dette med redsel er mest opphavleg, for alt i norrønt fant andfælur ‘redsel’. Første del er nok den gamle forstavinga and- ‘imot’, medan sisteleddet heng saman med fælen.

10.9.16: Purketysk (”porktysk”)

Uforståeleg språk, babbel, kaudervelsk. Ordet ser ut til å høre heime i Trøndelag og på Vestlandet, og går også inn i Nordland (Vefsn): ”Før hadde han snakket ganske bra norsk, men nå ble det bare ”porktysk”, så vi forsto ikke et ord” (Frøya historielag, årbok 1978, s. 75, om ein som faktisk var tysk) .  Frå Sogn stammar dette ordtaket: ”Kann du sognamaol og litevetta purketysk, kann du fara verdi rundt; men kjem du te Konstantinopel, staor du hoggande fast”.  I Trondheim er det snakk om ”porkengelsk”  – dårleg engelsk med trøndersk aksent.  I Verdal galtfransk, Singsås slæbbtysk. På Nordmøre babbeltysk og baldertysk. Det går mykje i tysk, ser vi. Erling Lauglo har ein teori om opphavet til nemninga ”porktysk” i bygdeboka si for Leinstrand: ”Mange offiserer hadde sterke røtter i fremmed jord og kultur og tok franske ord opp i det ellers rådende militærspråk under eneveldet, tysk. Merkelige uttrykk forplantet seg nedover i rekkene, trivdes, og var smått i live ennå for en mannsalder siden. Men de misunnelige kalte det ”porktysk” når gamle soldater frisket opp gloser fra unge år” (Leinstrand, et lite stykke Norge bd 2 (1958), s. 352).

9.9.16: Folkmenneske

Ja, dette ser vel ut som smør på flesk? Men det ligg ein nyanse i det: Eit folkmenneske er eit skikkeleg, rimeleg, folkeleg menneske, ein person som oppfører seg som folk, altså ein positiv karakteristikk. Belegga på ordet konsentrerer seg til Trøndelag (litt også på Nordmøre), pluss nokre innslag i Valdres (Vestre og Øystre Slidre). Respekterte forfattarar som Olav Duun og Inge Krokann har brukt ordet: «svara ja som eit folkmenneske» (Krokann: Gjenom fonna II, s. 85). Her er nokre fleire eksempel direkte frå «folkets munn»: «han ha no vorte et folkmenneskj no mot dæ han skull ha verre da han va ønger» (Oppdal); «den einen va umuli, den ainner va folkmennesj» (Hitra); «prøv å ta sæ samen å oppfør sæ som i følkmeinnisj» (Ola Garlaus: Konsti kanalia, s. 26); «eg meina de ha værte følkmeniskji tå hono med» (Vestre Slidre). Ved eit par høve bruker Magnhild Haalke det nærmast synonymt med «ei levande sjel»: «Ho kauker om hjelp, ikke et folkmenneske ville høre henne».

8.9.16: Sidrune (syrånnå, syrani m m)

Saksar definisjonen frå Trønderordboka: ”nye, grøne skot som kjem opp i kornåker som har lagt seg el vorte skadd på annan måte; som ikkje blir mogne, men verande som grøne innslag i elles mogen åker”.  Aktuelt for årstida, altså. Veldig mange uttalevariantar: I indre trønderske mål  gjerne med full vokalutjamning i sisteleddet: sirånnå/syrånnå; på Innherred syrani (gammalt også serani), i Osen og Namdalen syrånni, på Nordmøre sirånne, på Snåsa syrærni, for å nemne nokre. Ordet er registrert frå mange målføre vidt ikring, både i Sør- og Nord-Norge.  Andre betydningar er f eks spirande korn i kornband på staur, også nye skot, renningar på trestubbe. Frå Støren er registrert ei artig overført betydning: Ungar, det er jo også noko nytt som skyt opp. Første leddet sid- betyr seint, med same ordrota som i sist, andre leddet heng saman med renne i bet. ’spire’.

7.9.16: Gaukstam

Eit ord som berre er belagt hos forfattaren Magnhild Haalke, og som ut frå dette er komme med i Norsk Ordbok. Der er det definert som ”ovandotten og mållaus”, noko som bygger bl a på dette sitatet : ”Mora er gaukstam. Ho setter seg rett ned med hendene i hop” (Rød haust, s. 68). Haalke har mange dialektord frå Vikna, og eg fekk bekrefta at det stadig er kjent der, på ein dialektkveld tilbake i 2010. Det er naturleg å sjå det i samanheng med eit anna ord, der leddfølgja er omvendt: Ein stamgauk eller stammegauk er ein person som stammar; med tanke på gauken som stundom ”stammar” før han begynner å gala. Det har også vore sagt om gauken sjøl når han er ”hås” og ”stammar”.

6.9.16: Stortørtau (storturftig)

Som «dagens ord» 1.9,. hadde vi «tortmykkjin», som vi såg betydde kravstor e.l. I dag har vi eitt som betyr omtrent det same, og som inneheld delvis same ordmaterialet. I Norsk Ordbok er det normert som storturftig, med definisjon ‘som treng mykje (t.d. mat)’ og ‘storforlangande’. Heimfestinga er Hallingdal, Numedal og Vestlandet. På Nordmøre og i Romsdal er uttalen «stortørtau». Turft ‘trong, behov’ går inn i både «stortørtau» og «tortmykkjin».

5.9.16: Fordumle

Rote, sløse, somle vekk; f eks gjømme bort ting og så glømme kor det er. Ordet har ein sterk konsentrasjon i Nord-Trøndelag, med belegg frå Leksvik, Mosvik, Verran, Inderøya, Frosta, Frol og Ogndal. Sør-Trøndelag er representert ved Frøya og Lensvik. Utanom dette er det belegg frå Hordaland i eldre kjelder (Hans Ross og Chr. Vidsteen), og Hans Ross (1895) har eit fordumple i liknande tyding frå Nordmøre. Eks3empel på bruken: æ ha ferdomla det; itt ferdommel ‘ fer mæ! Frå Inderøy er også notert refleksiv/passiv: det ferdomles, og frå Høylandet uttrykket komma i ferdomlinnjen – bli rota bort. Trleg import og tilpassing av lågtyske ord som vordobbelen og vordomen, brukt på tilsvarande måte.

4.9.16: Galleple

Dette ordet dukka opp i kommentarane til Dagens ord i går 3.9., og da kan vi like godt ta med litt om dette også. I trøndersk er det mykje brukt om (gall)sur eplekart, slik det også gjekk fram av kommentarane. Sigfred Simonsen skriv om ei dame at ho var «surar einn ein heil bekkvognslast med gaillæppel». Frå Nordmøre er det opplysningar om at galleple har vore bruka om eple frå villapal, også kalla sureple, og villapalen har vore kalla galleppeltre. Men galleple har også ei meir «offisiell»tyding, iflg bl a Lokalhistoriewiki: «Galleple (tysk. Gallapfel), utvekst (galle) på blad eller knopper av forskjellige arter eik og andre planter, brukt som fargestoff (i blekk og tekstiler) og som garvemiddel. «Umodne» utvekster ligner små, grønne epler, senere oppstår likhet med nøtter. Galleple ble derfor også kalt gallnøtt».

3.9.16: Gallkart

Særs umoden frukt eller bær;  gallsur kart. Kanskje spesielt om hard moltekart. Utprega trønderord, kanskje med konsentrasjon i Namdalen, men også innslag i sørfylket. Det finst ei historie om ein kar frå Namsskogan som var nede i Harran, på butikken, tidleg på sommaren. Der plaskregna det, men namsskogingen påstod det var fin sol da han for heimafrå. Noen gutar syntes dette vart i meste laget lokalpatriotisk, og sa: – Det er vel sikkert moden molte også på Namsskogan no? – Ja, det vil æ anta, når gaillkarten e så stor her i Harran!

Frå Geitastrand noterer Ove Arbo Høeg gallknute som slik moltekart. Dette blri bekrefta også i ei anna kjelde derifrå.

2.9.16: Skrabbete

”Det skal være en helvetes usprek og skræbbete politi-Volvo som ikke makter å kjøre i 60 kilometer i timen!” (Jon Michelet: Leve republikken! S. 35). Adjektivavleiing til hankjønnsordet skrabb, som er ganske utbreidd om ein gammal, skrøpeleg og utsliten ting eller skapning. Somme plassar i Trøndelag bllir skrabbåt brukt synonymt med småsjuk, sjaber (Haltdalen, Ålen, Skatval). Frå Sollia i Nord-Østerdalen har vi skrabbet om steinete, ulendt. Dette siste heng nok (kanskje også geografisk) i hop med skræbb om steinurd, frå Budalen. Skrabb om ulendt terreng er mykje utbreidd austafjells.

1.9.16: Tortmykkjin

Kravstor. Registrert frå Gudbrandsdalen så tidleg som 1785, og derifrå finst det også i noko nyare materiale. Hans Ross har det frå Ålen i eit tillegg til ordboka si, og det er også nemnt av Jørgen Reitan i boka ”Aalens Maalføre”. Men så er det komme fram at det også har vore bruka i Snåsa, og dermed kan vi utvide heimfestinga noko. Der betyr det nærmast ‘sur, fornærma, støytt’. Ordet har gammalvore preg, og dei spreidde forekomstane indikerer at det har vore meir samanhengande utbreidd før. Det har også ein parallell i islandsk Þurftarmikill. Førsteleddet er turft ’trong, behov’ (jamfør nødtørft), slik at ein som er tortmykkjin, er ein som treng (tarv) mykje.

31.8.16: Smærre (smer’, smær’)

Mindre. Gammal gradbøyingsform (komparativ) av små, og det må da stå til eit ord i fleirtal. Registrert frå Trøndelag og Nordmøre, med utlaupar til Helgeland. Til dels også med superlativform smest/smæst. Laurits Killingbergtrø illustrerer bruken og bøyinga greitt i ordsamlinga som han har i bygdaboka for Leksvik: «små steina, smer steina, de smæst steinan». Vekslinga små – smære viser såkalla i-omlyd, som i få – færre.

30.8.16: Skotske

Vi begynner med eit sitat frå Sigurd Lybeck: ”Nils Frimodig var det liten utsikt til å få dans med for nå var det alt fjerde dansen han skotsket med ho Synnøve oppi prestegården, og så tett i hop danset de at de var som spett”. Kva vil det seie at han skotska? Egil Bakka fortel i boka ”Norske dansetradisjonar” at å skotske springaren var å danse ei enklare form for springar enn dei gjorde før. Han heimfestar dette til Numedal og Aust-Telemark. Frå Rollag er det opplyst at dette var ein springar der dei dansa samdans heile tida.

Frå Folldal er verbet å skotske oppskrive om å trippe, stega fort. Ein kunne ”skotske og danse” – danse snøgt, som i skotsk ril, er forklaringa – men også ”skotske og springe”. Ei oppskrift frå Kviteseid har tydinga å springe mykje, unødig, så ein slikt skorne. Frå Sør-Aurdal – og da er vi jo nær Sigurd Lybecks heimetrakter – er å skotske definert som å fjasa, småflørte.

Ein informant frå Øystre Slidre seier at å skotske er å danse skotsk. Dansen skotsk er ein galoppvariant. Ordgeografisk ser denne nemninga ut til å ha eit midtnorsk tyngdepunkt, med hamborgar sørafor og hoppvals nordafor. Skotsk som dansenemning kan komma av skotsk vals eller hamborgarskotsk. Somme vil knyte det til rekkedansen ecossaise. Jamfør også svensk schottis (i eldre tid også stava skottisch) om det vi vanlegvis kallar reinlender.

29.8.16.: Neveknepping

Anna ord for handfull, nevefull – så mykje du får inni neven når du knepper han. Nåvvåknæppeng dukka nyleg opp på fb-gruppa for ord og uttrykk frå Rennebu, og frå før har vi navvaknæppeng i ei trykt ordsamling frå Høylandet. Men i Norsk Ordbok må nok ordet vente til den reviderte, digitale versjonen.

27.8.16: Rennhæl («-hel»)

Travel person, som spring (renner) frå ein stad til den neste. Ordet står i ei artig ordsamling frå Tustna som Ingrid Aukan har lagt ut (http://ingridaukan.blogspot.no/2011/04/tustnadialekta-ikke-alle-har-like-godt.html). Ordet er ikkje registrert elles. Førsteleddet renn- er jo greitt, og andreleddet er rett og slett hælen på foten. Namn på dei fleste kroppsdelar, frå topp til tå,  kan gå inn som sisteledd i skjellsord. Da får (kropps)delen stå for heile personen. Hælen er kanskje ikkje så vanleg til dette bruket, mest kjent er kanskje tverrhæl. Skithæl er overført frå ein konkret bruksting. Men no kan vi altså føye til ein til!

26.8.16: Moltesting (-styng)

Mageknip fordi ein har ete for mykje molte eller moltekart (gjerne i lag med mjølk, når ein går i fjellet) (øvre Hallingdal, Tinn, Bø i Telemark, Eiken, Hardanger, Lærdal): «Stundom la dei så i seg (med molte) at dei fekk moltestyng» (Halldor Opedal: Makter og menneske Folkeminne ifrå Hardanger V, s. 193)

25.8.16: Heilpeng/heilpenning

Store sølvmyntar (dalar og mark). Eg har nyleg fått spørsmål om dette ordet, som Ivar Aasen fører opp frå Vestlandet, men som nok også andre plassar. Slike hadde magisk kraft, trudde dei før.I boka «Skikkar og trueer ved ølbryggjing» av Andreas Leiro er det eit sitat frå Sparbu som gjeld åtgjerder for å få gjæringa i gang. Dei hadde ein «trollpose» under karet. Denne inneheldt malt, «kjerkgålbein» og «kjerkgåljol», og også «heilpeng». Karl Braset frå Sparbu fortel i ein annan samanheng at «dem skoll kast heilpenning i bekkjen juldagsmaarraan, saa skoll pængan vaartaa dryg aatt dæm» (Gamalt paa Sparbumaal II, s. 224).

24.8.16: Flåjara

Vidare oppe enn nede, om kjerald (bøtte e l) som er lagga. Reidar Djupedal noterte dette frå Selje i Nordfjord, og det er einaste opplysninga vi har om dette ordet. Flåjara er sett i motsetning til jamjara. Når kjeraldet er jamjara, går sidene rett opp og ned.

23.8.16: Kakkbryne

«Født tel å følje fotsporet hass far, delje je Kvernlands stål i sten og stokk. Da glåmte han forurettet, trakk hena frå holken og kakkbrynte» (Vidar Sandbeck fortel om ljåslåtten i lag med far sin, i boka «Husbondens røst», s. 171). Da eg redigerte den aktuelle alfabetbolken, tok eg kontakt med Sandbeck for å få greie på kva det var å kakkbryne. Sandbeck var da nokså skrøpeleg, men eg fekk forklaring via kona. Dermed kunne ordet bli med i Norsk Ordbok, med forklaringa «bryna (ljå) fort slik at brynet kakkar mot ljåbladet», med heimfesting til Åmot.

22.8.16: Merradrepar

Kviststubb som står att på tømmerstokk som ikkje har vore kvista skikkeleg. Slike ville ta borti og gjera det tungt for hesten å dra. Lærte ordet i går 21.8. på dialektarrangement på Kråksundet sjøbruksmuseum, Tustna.

20.8.16: Lobjønn

Det å vera lat har vore ein lite verdsett eigenskap; det viser alle dei tradisjonelle dialektorda for lat person. Her er eitt av dei, frå Ringebu. Ein lobjønn er ein lathans, ein som har det med å loe – ta det med ro; dra seg.

19.8.16 Brødspenning

Flatbrødstabel (Snåsa og somme stader på nordre Innherred: Verdal, Stod): «I buret på hylla over kornbingen skulle det stå tett i tett med brødspenningar som rakk heilt opp under burslemmen» (Kumur (årsskrift for Snåsa historielag) 2014, s. 46). Usamansett spenning om (flat)brødstabel finst både i Nord- og Sør-Trøndelag..

18.8.16 Avstaden

I Trøndelag gjerne brukt om gras som har stått for lenge på rot og vorte trena. Uttale «avstai», «avstae», «avstaikt», «avstadd»,»åstae» o l. Same tyding finst også i Østerdalsbygdene og Solør: «Ungt gras krev meir tørk enn «avsta’int» gras (Halvor Floden: Ein fjellgard, s. 228). Det kan også brukast om overmoden åker, og truleg også om overmoden bær. Alt som har stått for lenge, med andre ord. I andre målføre kan avstaden tyde ‘overstått, avslutta’ (om sjukdom, slagsmål m m).

17.8.16: Fysekjerring

Gravid kvinne som «fyser» etter uvanleg mat (Andebu i Vestfold).

16.8.16: Våddåmykkjy

Svært mykje; for mykje på ein gong. Uttrykket ser ut til å vera lokalt for Verdal, men er til gjengjeld oppgitt i mange kjelder herifrå. Så mykje at ein må «våddå» (vade) i det.

15.8.16: Tjukkmel

Tjukk skoddebanke: «ein tjukkmæl kom sigande innover Solåskjølane» (bladet Heimveg 1,1942). Einaste registreringa vi har av denne3 samansetninga, og dermed er ho heller ikkje komme med i Norsk Ordbok. Men skoddemel står, og det er heimfesta til Sør-Fosen, mened litteraturbelegg med tilknytning til Nordmøre. Sisteleddet er mel i ei særtyding ‘tjukk skybanke’, men eigentleg same ordet som vi har i sandmel, grusmel m m.

14 .8.16: Skurdbrok

Vi har hatt om ljåverk her i spalten, og i dag om ei tilsvarande plage ein kunne få når ein skar korn for hand. Mange stader heitte dette skurdbrok eller skurdabrok; i Norsk Ordbok definert som «verkande, stive og støle musklar i hofter, lår og legger som ein får av å gå bøygd og skjera korn med sigd». Dette kan også heite skurdbukse eller skurdverk, blant anna. Vi tar med ei skildring frå Sigurd Lybecks Bustenskjold-historier – her er det ein Tølleiv som blir ramma: «- Au farken, nå hadde han ballet borte i åkeren til han hadde fått skurbroka igjen kjentes det ut for. Det stakk som sviende sylodder i miermleddet (hofteleddet, min merknad). – Å ja, det var mest ikke ventendes at en trottet så mye som i ungdommen. Nå hadde han gått tvikrokete med skjyrua en hel veke borte i den digre byggåkeren hans Tore Navarhaugen. Det var ikke noe rart om det stakk» (trykt i samlinga «Bygdesladder fra Oladalen 2» (1998), s. 66.

12.8.16: Tallikmyssmør

Geitost som ein ikkje fekk plass tili osteforma og sm derfor vart lagt på fat; dette var den beste mysosten (Tydal).

11.8.16: Treruppul

Rusk og rask, småkvist o.l. som ein får med seg når ein plukkar bær. Også sagt berre ruppul. Ein innringar til Dialektmagasinet tilbake i 2002 hadde dette ordet etter mannen, frå Brattsberg ved Trondheim.

10.8.16: Knesalåt

Knising, i ordtak som «det kjem gråt etter knesalåt» og «etter knesalåt kommer jammer og gråt». Registrert frå Eidsvoll og Stange, og liknande i Numedal. Denne bitre erfaringa har elles nedfelt seg i mange andre talemåtar.

9.8.16: Ljåverk

Verk i ryggen, over livet fordi ein har teke det for hardt i starten på ljåslåtten med den konstante vridinga av kroppen. Ordet ser ut til å høre heime først og fremst på Vestlandet, men er også opplyst om frå Rissa i Sør-Trøndelag. Det er mange andre namn på dette, som ljågnag (Modum), ljåhald (Folldal), ljåhink (Verdal), ljåkink (Verdal), ljåknekk (Aurskog, Frosta o fl), ljåslengen (Trysil), ljåstyng (Hjartdal) og slåttaknekk (Osen i Sør-Tøndelag)

8.8.16: Strokland

Nake kystområde som er utsett for vêr og vind, og der straumen står hardt på, utan skjergard og gode hamneforhold. Ordet er kjent mange stader i Nord-Norge, og er dessutan registrert frå Hitra og Sunnmøre. Det kan også brukast om havstykke med sterk straum, der fisken ikkje blir ståande, men berre stryk forbi. Ein informant frå Batnfjorden på Nordmøre opplyser om ein  overført bruk – område (f eks mellom to bygder) der ein ikkje har sans for kultur og tradisjon, men blir lett påverka av massementalitet.

2.8.16: Snøsost

Hard, innkoka myssmørost som må skavast på brødskiva. Må etast på innpust dersom ein ikkje kleiner det nedi smøret, og ein må heller ikkje snøse puste, blåse i nsen) for mykje når ein skavar. Ordet kjent frå fleire plassar i Trøndelag (Hitra, Rissa, Stadsbygda, Leksvika). Også kalla snøsmyssmør.

1.8.16: Skjænnaskjøt

Skyss, fart som den fekk som hang i kubandet når ei ku «skjænna» – rente i veg for å komma unna insekt (Osen).

31.7.16: Ombytarhelg/Ombyttehelg

Helg da ein tok kroppsvask og bytta klede (i alle fall underklede). Før i tida var dette gjerne annakvar helg. Ordet er kjent frå Hitra og Frøya, men skikken var nok meir allmenn. Rita Hovde nemner i si ordsamling frå Frøya seiemåten «det vart ombytarhelg tå det» – DVs at ein har skitna seg til.

30.7.16: Griseple

Mandelpotet. Brukt i Vågå, og truleg noko vidare ikring i same området. Det kan visst også bli sagt berre «griser». Mathias Øvsteng har truleg rett når han seier at namnet «truleg (er) etter samanlikning med forma på ein griserygg» («Kulturarven» 75. mars 2016, s. 27). Griseeple kan andre stader bli brukt om sure eple, eller villeple.

28.7.16:Sveittasvale

Sval vind på varm kropp (Hardanger). Ordet er hankjønnsord.

27.7.16: Ljåfarande

(om mark, teig, jordstykke) som det er vert, gagn i å fara over med ljåen. Kanskje oftast brukt i nekting, som i Ingeborg Donalis døme frå Oppdal: «det va så dåle gras at det va no itt jå-fårrånn hell dær da». Ordet er registrert frå store delar av Sør-Norge, men kanskje med tyngdepunkt i Trøndelag og på Nordmøre.

26.7.16: Røytmånaden

Eit anna namn på hundedagane, tida 23. juli – 23. august. Namnet fordi ein rekna med at all mat, t.d. fisk som vart fanga, hadde lett for å rotne eller surne i denne tida. I boka «Dag og merke» heiter det at ordet var brukt over store delar av Austlandet, også i former som «røtmånen» og «røtnmånen» (det siste eigentleg «rotnemånaden»). I ei ordsamling frå Høylandet er «røytmåolnan» nemnt.

25.7.16: Skrokkelskjør

Skjør (surmjølk) som er klumpete og har begynt å løype, skilje seg i ost og myse. Eit ord som ser ut til å vera heilt avgrensa til Nordmøre. Hans Ross heimfestar det hit i ordboka si frå 1895, og det er mange belegg også i nyare materiale. Dårleg kvalitet i forhold til «tettskjøret» (tettemjølka). Det var just ikkje noko skrokkelskjør vi fekk på Gammelsetra i Grøvudalen i helga!

17.7.16: Rokkhol

Vindsterk plass; stad der det ryk og blæs mykje. Flest belegg frå Nord-Norge, men også frå Trøndelagskysten. Første ledd er rok(k) ‘drev, fokk’, avleidd av ryke.

16.7.16: Raudvelle

Dette ordet finn vi hos Ivar Berre i ein artikkel i Årbok for Namdalen 1994, der han skriv om eit oppkomme med jernhaldig vatn: «I bekken ned for oppkomet er det eit relativt tjukt lag med malmavsettning. I Gauldalen blir eit slikt oppkomme kalla «raudvelle». Der er det kjent jarnblesterer ved fleire slike «raudveller»» (s. 23). Ordet er ikkje registrert i ordinære leksikografiske kjelder, men er kjent og brukt av eksperten Arne Espelund, såleis i boka «Bondejern i Norge». Elles er det berre eit par treff på nettet, i artiklar om jernvinne. I Norsk Ordbok er det ikkje komme inn, så det må eventuelt skje i ei digital utgåve.

15.7.16: Rattanngarde

Person med stygge tenner. Ordet er opplyst frå Leksvik, i ei svarliste til Norsk Etnologisk Gransking. Kai Hunstadbråten har tatt med dette i boka «Tenner og tannverk» (s. 66), der han siterer informanten: «Det var heller vanleg å bruke klengenamn på folk med stygge tenner før i tida. Uttrykk som din rat-tanngare eller din skall-tanngare var vanlege under kjefting mellom folk». No for tida har vel tannreguleringa fjerna grunnlaget for slike kallenamn. Men informanten frå Leksvik har  meir å fortelje om tenner: «Ein leksværing … som hadde uvanleg stygge tenner, gjekk faktisk ikkje under anna namn enn Steinbiten før han for til Amerika. Da han kom tilbake og hadde fått nokre gulltenner, fekk han namnet Gulltann«.

14.7. Toppbrenne

Brenne heilt oppi tretoppane, ved skogbrann: «Brannen spredte seg huertig der det var mote og god trekk. I nedoverbakke og i le gikk det sakte. Vindstryken og hvor tørt det var hadde stor betydning. Er det sterk vind og det toppbrinn, jan det gå veldig fort» (Årbok for Fosen Historielag 2014, s. 161, skildring av ein fæl skogbrann). Underleg nok er det nesten ikkje belegg på denne samansetninga.

13.7.16: Fuglehakke («føggelhakk»)

Vi siterer Arnold Dalen, som har notert ordet etter Svein Guddingsmo i Verdal 1984: «hakke med øks-stilt blad på den eine sida, tverr-stilt blad på den andre». Dette er einaste belegget på nemninga, som kanskje er lokal for Verdal? I årboka for Verdal Historielag 2015 er det nemnt i samband med nydyrking: «Håbdredskapen var stort sett øks, føggelhakke og ei stor flåhakke». Eit meir vanleg namn på dette er vel tverrhakke.

12.7.16: Onngjera

Gjera onn(a); drive onnaarbeid. Ordet finst belagt i to område – eitt søruastleg (Solør, Trysil, Elverum) og eitt i Trøndelag (Ørlandet, Skatval, Inderøya; Jon Lerifall brukar det fleire gonger i skriftene sine) . «Dæm held-på og onngjer»; i fortid «dæm onngjol'»..

11.7.16: Omflinad

Det å fli om; reingjering, rydding, oppussing (nordleg utbreiing, mest i Trøndelag og Nord-Norge, ser det ut til). Ordet kan illustrerast med eit par ordtak i form frå Hitra: «omflina’n e no den han e, sa kall’n, han tørka-tå bole (bordet) med katta». Og dette: «Omflina’n e no den han e, sa kjerringa, da ho snudd særken sin julkvell’n». Her kan omflinad oppfattast som reinslegheit, hygiene, eller heile utsagnet kan tolkast som «forandring fryder».

10.7.16: Rallkattskjå

Tid for eit nordnorsk ord no. Dette betyr dårleg hus, skur, og er registrert frå Fauske (med uttalen «-sjåg») og Bardu. Eigentleg eit ope skur der omstreifande kattar (rallkattar) held til.

9.7. 16: Minnebein/minningsbein

I dag går vi til folketrua. Det er snakk om hoftebein av dyr, med hol i, som dei åt eller drakk gjennom for å få godt minne. Ei tru som har vore nokså mykje utbreidd. Dette fortel folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu: «minningsbeine, i bein me høl ti paa saukryssi, de va i tal naar ein drakk igjønnøm de fekk ‘en gaatt minn’ naar’n ha iti-taa spikkjikkjøttskankja».

8.7.16: Lysregn («løsregn»)

Regn i austavêr med tynt skydekke; regnvêr som tømmer seg austafra (Verdal). Nok eit spesifikt, naturbeskrivande ord, som tradisjonell dialekt er så spekka med.

7.7.16: Lettsprungen

«Det e ‘kje lettsprungje» det er ikkje enkelt å få til. Notert frå Tingvoll, og einaste belegg  dette ordet. Kanskje etter mønster av «det er ikkje snarsprunge», eit uttrykk som ser ut til å gå litt vidare.

6.7.16: Purkemerke

Lite hakk som dei skar eller fila inst på ein negl den dagen dei var i veg med purka for paring. Når merker var utvakse med neglen, var purka «dagalaus» og ein kunne vente grisungar (Ola Ljødals ordsamling frå Eidsvoll).

5.7.16 Knoppsliten («knoppsletti»)

(om reip) der den eine kordelen (tåtten) er sliten attmed enden (Flatanger). Innringt til programmet «Dialektmagasinet» i 2007; ellers ikkje registrert. Men eit anna ord for noko liknande er tåttsprungen.

4.7.16: Jarblad

Dårleg knivblad, som fort blir skjemt (Grong). Førsteleddet kanskje jarn-, i motsetning til stål.

2.7.16: Oddoroar

Ordet kjem frå fisket i Namsen – det er ein roar som held seg i «oddoin» (bakevjene, idene) for å spare krefter.

1.7.16: Holdblaut

Gjennomvåt inn til skinnet (holdet) (Hitra). Noko meir utbreidd er holdvåt, som er registrert, rett nok spreidd,  frå Nordmøre, Trøndelag og Nordland.

30.6.16: Hardfødd

Hard, dryg i kosten; som treng mykje føde/fôr (både om folk og krøtter). Norsk Ordbok heimfestar ordet ganske vidt, med belegg frå Hedmarka, Toten, Gudbrandsdalen, Selje i Nordfjord, Voll i Romsdal, indre Nordmøre, Sør-Trøndelag og Nordland (det siste etter Aasen). Etter redigeringa er det også komme til eit belegg frå Sollia i Nord-Østerdalen. Fleire stader er det fortalt ein litt grotesk tradisjon om grådige matmødrer som blanda lut atti kosten til tenestefolket så dei ikkje skulle bli så hardfødde (magen trekte seg saman).

29.6.16: Kleiarkøyne

Insektstikk eller kvise (som klør) (Marie Lovise Widnes, i ordsamlinga hennar frå Vanylven). Ei køyne er ei kvise eller blemme. Samansetninga er visst ikkje registrert andre stader.

28.6.16: Grisøre

Innkrulla, innbretta kant på bokblad; eseløre (Selje, Beitstad).

27.6.16: Fjellfuka (fleirtal)

Lette, lokale regnbyger som kan gå langs fjellsidene ein varm sommardag (Ogndal).

26.6.16: Kolameis

Har du stått for nær sankthansbålet? I så fall har du kanskje opplevd å få «kolameis» på deg. I ei ordsamling frå Halsnøy er dette forklart som «sprett» i auga frå eit bål. Det har også ei tyding til: Sotflekk i ansiktet. t.d. ved tjørebrenning. Dialektordsamlingar er ei gullgruve!

25.6.16: Sessedryg («-drug»)

(om gjest) som aldri har vett til å gå. Telemarksord dette også, belagt frå Heddal, Hjartdal og Notodden. Så dryg på sessen sin at vertskapet går lei.

24.6.16: Leikebasse

Første orrhanen som kjem på leiken om morgonen (Nissedal). Men på Landskappleiken let det vel døgnet rundt.

23.6.16: Geitkne

Hard, rufsete (oppskrapa) hud på olbogen, og stundom på knea (belagt frå Folldal, Vestnes og somme plassar på Nordmøre og i Trøndelag). Også uttalt geitakne. Det finst fleire andre namn på fenomenet, f eks gardkånnåkne (Holønda) og gartnerkne (Ogndal).

22.6.16: Lusfjøl

– er dagens ord fordi Adressa melder at det blant anna skal lagast ei trøndersk lusfjøl til eit nytt landskap i Disney World i Florida, basert på filmen «Frost». På Folkemuseet på Sverresborg har dei ei lusfjøl frå ca. 1850 som skal tjene som modell. Konservator Terje Bratberg demonstrerer den for avisa. Norsk Ordbok har ordet lusefjøl, heimfesta til Lom og Oppdal, med denne definisjonen: «fjøl til å kjemma lus frå hovudet ned på for å samla og knusa dei». Lusbrett er eit anna namn på denne typen gjenstand.

21.6.16: Klosettstryte

Avlaupsrenne frå veslehuset (eller «løyndehuset», som oppskrivaren, rektor Mandius Berntsen ordlegg seg). Ordet kjem frå Stavanger. Siste delen, stryte, kjenner vi om bl a ei trerenne, f eks ned i potetkjellaren.

20.6.16: Fuglsittande

«Det e itt føggelsettan» det er fælt vêr, det blæs og regnar. Notert frå Fosnes.

17.6.16: Finfessikrus

Kvinnfolk som er fin på det (Flatanger).

16.6.16: Fatvakker

Som tar seg fint ut på fat. Her er kåsøren Mary Lilleløkken frå Rindal i avisa Driva 5.12.2008 (det handlar om baking): «Men å få til noe fatvakkert av et kliss som ligner til forveksling på mjøl-lim, som kleber seg på ens fingre, nei, det må en nesten være en samtidskunstner for å makte». Ordet er ellers ikkje registrert, og ingen Google-treff, så den godeste Mary har kanskje laga det sjøl? Men godt og nyttig er det vel?

15.6.16: Toftefast

(om båt) fullasta med fisk, heilt  opp til toftene. Ordet står i ei ordsamling frå Ulstein ved Peder Fritz Waage, frå 1997. Dette er einaste belegget vi har, men ordet har også vorte med i Norsk Ordbok. Og det skulle vel berre mangle at ikkje fiskerilandet Norge hadde eit slikt ord!

14.6.16: Fisdarre

Lita oljelampe av blikk, utan glas (Selbu). Også kalla fiskall.

13.6.16: Kompoll

Lokalt ord for Oppdal og Sunndal. Ingeborg Donali har to definisjonar i si store ordbok frå Oppdal: 1. «stridshuga kar» og 2. «uroleg og uregjerleg unge, urokråke». Det stemmer bra med bruken slik eg kjenner det frå Sunndal også, særleg den andre tydinga. Eg har funne ei samansetning, i dette sitatet: «Men  en tå oroskompollom tok bikkja og kasta ho oppå take, så ho skrek forferdele» (Ola J. Rise: Oppdalsboka I, s. 153). Det kan hende at ordet heng saman med kumpan og har fått bytt ut suffikset etter mønster av ord som «ångåll» (angel) og «kångåll» (kongro).

12.6.16: Lurkero

Oppbevaringsplass under trappa (ordsamling frå Ullensaker). Førsteleddet er vel enten verbet å lurke, som bl a kan bety å gøyme, snike unna, eller substantivet ei lurke, som kan bety gøymestad. Og ro = rå, krå. Mange av oss har nok ei slik lurkero der det blir rydda opp litt for sjeldan og støvet samlar seg,

11.6.16: Kudag

Slik fungerer det i Altaelva: «Det meste av sommeren er det lokalbefolkningen som fisker. De som eier nok jord langs elva til å fø ei ku gjennom vinteren, har fiskerettigheter, såkalte kudager». Og her er grunneigar, altaværing og laksefiskar Kjersti Bang: «Å ikke være ved elva om sommeren, er som å ikke feire jul. Et år glemte jeg å melde meg på loddtrekningen om fiske. Da kjente jeg at jeg ble helt varm i hodet… Men jeg hadde heldigvis mine kudager». (Kjersti Sandvik: Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret, s. 83-84).

10.6.16: Bitarfluge

Fluge som stikk (bit). «bitarfluggu og blinding» skriv Ingvald Svinsaas om i boka «Markadalsfolk» (s. 61). Elles eit par belegg nordafra: «bitarfloga» i Malangen og «bitaflo» i Beiarn. i Tresfjord er «betfloge» brukt overført om person som brukar bitande og beiske ord.

9.6.16: Latsveitte

«Hun fik sandelig ut latsvetten paa mig» skreiv ein sunndaling i avisa Nordmøringen 10.3.1921. Da fekk han no verkeleg kjørt seg. Dette sitatet gjorde at eg tok med ordet i ordboka mi for Sunndal, for eg meinte eg også hadde hørt det. Men andre belegg på det finst visst ikkje. Artig om noen kjenner til det!

8.6.16: Botngnag

«Gnag, slitasje på fastståande (fiske)redskap (ruse, teine, kanskje også garrn) som står f. eks. på berg» (Hitraordbok på nettet)

7.6.16: Blomstermånad

I poetisk språk er dette gjerne mai, men blomstrar gjer det jo for fullt også i juni. Den framifrå informanten og tradisjonsberaren Petter Risvik på Hitra hadde nokre gamle månadsnamn etter mor si. Her var sommarmånadene kalla «blomstermåne», «grasmåne» og «høymåne». OM vinteren tilsvara «torsmåne» torre (februar) og «gjømåne» gjø (mars). Alt dette var del av ei gammal regle om månadene.

6.6.16: Svenskebær

Vi må ha med oss eit «svensk-ord» på svenska flaggans dag. Svenskebær er nemning for svart blåbær i Nord-Odal, seier Ove Arbo Høeg i storverket «Planter og tradisjon». Det er ikkje gitt noe forklaring på kvifor.

5.6.16: Skinnæmt

Utsett for tørke, om jord, åker, eng (Telemark, Agder, Suldal, Voss). Gjerne uttala «sjennæm(e)» eller «sjennæmt(e)». «Det fall til so skinnæmt eit aar, det brann av alt fôret» (Rikard Berge: Vinje og Rauland III, s. 468). Kornet og graset har altså lett for å skine – bli tørt og skrumpe inn av mykje solskin.

4.6.16: Raleblad

Veke- og teikneserieblad (Varaldsøy i Hardanger). Førsteleddet er vel ral ‘vrøvl. sladder e l’.

3.6.16: Blodknusk

Knusk i lag med flint for å slå eld kjenner vi. Men her er ein annan bruk, som Oskar Alstad frå Skatval fortel om: «Bjørkesoppen vart brukt til å stoppe blod. Den var kokt ut i vatn, banket og tørket. Som regel hadde de litt «blodknøsk», som de kalte den, liggende ferdig til bruk. Den vart lagt direkte på ferske og sterkt blødende sår. Den hadde en enestående evne til å stoppe all blødning» (Årbok for Nordt-Trøndelag historielag 1967-68, s. 57. Same opplysningane i Stjørdalsboka bd II, s. 373)..

2.6.16: Kaldbit

Meisel til å hogge kaldt metall med; kaldmeisel. Ganske vidt spreidd i målføra sønnafjells, men også kjent i Oppdal. «Dor’n vart brukt te å slå høl i jarnet, og kaldbit høgg dom av jarnet med» (Jakob Samuelsen: Folkeminne frå Modum, s. 67). Også i svensk kallbit.  Ei anna tyding av kaldbit er nemnt frå Lindås i Hordaland og Oppdal, nemleg naglebit: «kaldbit’n va kåmme ti fengra» (Oppdal)..

1.6.16: Lakstak

Frå midnatt var elvefisket etter laks i gang, og da er det aktuelt med dette ordet, som rett og slett betyr god fiskeplass i ei lakselv. Storfiskaren i Nidelva, Tor Hansen, bruker ordet: ”Man kan trygt si at i Nidelva er det stort sett roeren som avgjør om det skal bli fisk eller ikke. Til ham stilles det store krav. Han må ikke bare være så ”lommekjent” at han kan manøvrere båten mellom steiner og grunner, stryk og bakevjer – han må også ha full kontroll med at redskapen går riktig i vannet, og fremfor alt ha førstehånds kjennskap til hvor de såkalte ”lakstak” er, hvor den usynlige storlaksen alltid er på vakt for å beskytte sitt eget revir” (sitat frå boka ”Storlaksen kom i natt”, s. 13).

31.5.16: Beiskpepar

Sterk pepar, truleg det same som spansk pepar. Ordet er først og fremst belagt i Trøndelag (beskpeppar, beskpåppår), men vi finn det også hos Regine Normann, i boka Det gråner mot høst. Nordlandssagn (1930), der brudgomskleda til ein eldre kar hadde «ligget innpakket med kamfer og beskpepper i storkisten på kammersloftet» (s. 24). Brennevin med beiskpepar i, beiskpeparbrennevin, vart nytta til medisinsk bruk, bl a mot magetrøbbel.

30.5.16: Vårgrødd (vårgrøtt)

Det same som vårkjømt (sjå Dagens ord 29.5.). Belagt frå Øvre Hallingdal (Hemnsedal og Hol). Ivar aase fann det også i Hallingdal og gav det denne definisjonen: «tidlig groende, el. tidlig grøn».

29.5.16: Vårkjømt

Markaturane i helga har vist stor forskjell på kor langt våren er kommen på forskjellige plassar. Nordvendt og i høgda kan det vera så vidt snøen har gått, og kvitsymra begynner å dukke opp, mens du andre plassar kan sjå både jonsokkoll og raud jonsokblom f eks. Vårkjømt er eit ord som beskriv dette. På forskjellige stader kan det vera meir eller mindre vårkjømt, etter kor tidleg det blir vår, med lauvsprett og nygro. I dei eldste ordbøkene (Hans Ross) er ordet heimfesta til Nord-Gudbrandsdalen og Nordmøre. Ut i frå det nyare materialet i Norsk Ordbok kan vi plusse på Midt-Gudbrandsdalen og ein snipp av indre Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Meldal, Soknedal, Budal, Singsås), og dessutan Hol i Hallingdal og Årdal. Også forfattarar har teke i bruk dette flotte ordet, slik som Vinje. Og her er eit sitat frå Olav Aukrust: «I eit varmt og vårkjømd leite låg ein liten fjellgard gøymd».

28.5.16: Klesstala

Tala, snakke ureint. Norsk Ordbok heimfestar til Grue og Furnes. I ei ordsamling frå Romedal på Hedmarka er det forklart meir spesifikt: å seie mænn som på vestsida av Mjøsa, i staden for mæinn.

27.5.16: Austermål

Så mykje vatn i båten at ein må ause (det går over tilja, eller påverkar seglinga). Ordet er registrert spreidd i kystområda (Sunnhordland, Veøy i Romsdal, Hitra, Trondenes, Hillesøy). Også kalla ausmål.

26.5.16: Åssåball

Urokråke. Notert i Hegra, men dette er eit skjellsord av «klassisk» type, som kan oppstå eller bli spontant danna nesten kor som helst. Bortsett frå at det må vera i det austlege området i Trøndelag der verbet asa blir uttalt åsså.

25.5.16: Argstein

Få argstein’ ti sæ – gnagande sinne som ein ikkje blir kvitt (Hitra).

24.5.16: Hornflesk

Hardt, seigt, nærmast uetande flesk av gammal gragalte (råne) (Masfjorden, Voss, Fjordane). Hardt som horn, altså. I Nordfjord var det eit knep å stikke ein fersk avberkt rognekjepp i kjeften på slike galtar i same augneblinken som ein stakk dei.(Nils Lid: Joleband og vegetasjonsguddom, s. 102).

23.5.16: Trastid

Trasig tid; (økonomisk) nedgangstid: «Tidene skifter som kjent, og rett som det var kom «trastida», og den økte også behovet av å styre forbruksvareinnkjøpet sjøl» (frå artikkelen «Forbrukersamvirket i Snåsa», i «Kumur», årsskriftet til Snåsa Historielag, 2010, s. 7). Tras kan på snåsamål bety bl a noko verdilaust; skrot, rask. Den mest kjente medlemmen av denne ordslekta er nok adjektivet trasig, og i botnen ligg eit ord trase ‘fille’.

22.5.16: Bålvuddu

Materiale, vyrke til bål. Hørte ordet i samband med bålbrenning i går kveld, av ein hegrasbygg, men elles eit godt austtrøndersk ord. Vuddu er emne, vyrke, materiale, i utgangspunktet av tre, men også anna.

21.5.16: Krokspenn

Det å spenne krok, krokfot på nokon. Sigurd Lybeck skildrar eit safitg slagsmål mellom Plassbakkallen og Myrenggubben, dei har roke skikkeleg uklar: «De to kallene gikk ihop i et herlig og vederkvegende ryggtak. Den ene var omtrent like god som den annen. De valset rundt hele åkeren så  jorda skvatt: men så fikk Plassbakkallen inn et krokspenn. Og dermed røk Myreng-gubben på ryggen» (Bygdesladder fra Oladalen 2 (1989), s. 9). Verbet krokspenne står i Norsk Ordbok, men ikkje substantivet krokspenn.

20.5.16: Skjensle

Skjenn, skjennepreike (Fræna): «det va ei skjensle å få då» det vanka skjenn dersom gjetarane «gjette bort» for seg. Finst på opptak frå Fræna, digitalisert gjennom det såkalla LIA-prosjektet. Avleiinga skjensle er ikkje registrert i Norsk Ordbok. Det er meir ordforråd å hente i dei norske målføra!

19.5.16: Frostmort

Person som har lett for å fryse (Aure på Nordmøre, i ordsamling derifrå ved Helle-Marie og Harald Kr. Strand, 2007). Ikkje registrert elles. Ikkje greitt å vera frostmort i denne kalde våren!

18.5.16: Snørrdolge

Skjellsord frå Meldal, uttala «snærdælje». Vel eigentleg ein snørrklump i nasen, gjerne ein som heng ned. Ein dolge («dælje») er i seg sjøl ein lat person. Snørrlurdolk («snallur-«) er brukt på tilsvarande måte i Rindal.

17.5.16: Kaffepinne

«Det var far som sto for bålet og kaffekokingen. For ham var det alltid et høydepunkt når bålet brant og han kunne henge kaffekjelen på kaffepinnen. Han la alltid mye arbeid i å skaffe en skikkelig kaffepinne. På de kaffeplassene vi ofte besøkte, hadde han faste kaffepinner liggende. Han haddde gjerne gjemt dem unna i buskaset slik at han var sikker på at de lå der når han kom tilbake. Da han ble eldre og likte å bruke en kjepp i hånden når han gikk tur, brukte han ofte den til kaffepinne» (Rune Gerhardsen om faren einar, i boka «Du er faren min likevel?», s. 240). Kaffepinne er jo eit heilt endefram ord for dette, men det ser likevel ikkje ut til å vera registrert. Somme plassar i Nord-Trøndelag får denne pinnen heite g eller kaffemåg.

16.5.16: Skoddfloks(e)

Skoddedott. Samansetninga berre registrert frå Hemne, i materiale frå Norsk Etnologisk Gransking. Derifrå er det komme inn i setelarkivet til Norsk Ordbok, og såleis har det også vorte med i den trykte versjonen.

15.5.16: Isgjedde

«Det var om våren, dde siste dagene av april og begynnelsen av mai, når isen gikk opp, at de begynte med gjeddefisket, og da ble fisken kalt ‘isgjedde'» (om gjeddefiske i Tufsingdalen, i Amund Spangen: Øst på dalom, s. 160). Norsk Ordbok har ordet isgjedde frå Romerike og Sandsvær.

14.5.16: Utklappa

Utspekulert, utkropen (hist og her i Møre og Romsdal, pluss ytre strøk i Sør-Trøndelag): ein utklappa kar.

13.5.16: Hundhegg

Trollhegg (fleire stader i Trøndelag og på Vestlandet). Hund- er kanskje nedsettande, for veksten har vore rekna som giftig. I folkemedisinen har han vore bruka bl a mot «hardt liv» (såleis i Rissa, hundheggbork kokt i mjølk).

12.5.16: Gjessibøtt’ (gisen-bøtte)

Sladderhank (gammalt skjellsord frå Malvik).

11.5.16: Bidnetvoge

Oppvaskklut. Lærte ordet i dag, på Tingvoll, faktisk. Men informanten hadde ordet frå Lærdal i Sogn. Arkivet til Norsk Ordbok har det også herifrå, og dessutan frå Leikanger i same området. Førsteleddet er bidne ‘kar, kopp, spann’. Om andre ord for oppvaskkluten sjå her: https://ordoguttrykk.files.wordpress.com/2015/02/oppvasklut3.jpg

10.5.16: Stuttbrok

Stuttbrokvêret forsvann igjen, i alle fall i Trøndelag. Men la oss håpe det blir rikeleg høve til å iføre seg stuttbrok i sommaren som kjem. Stuttbrok er sjølsagt det same som kortbukse, eller shorts. Mange plassar ser det ut til at ordet brok er på retur og blir fortrengt av bukse. Men stuttbrok er stadig kurant ord på Nordmøre (i alle fall indre strøk) og i tilliggande område i Sør-Trøndelag (Hemne, Orkladalføret, Oppdal). I Ottadalen (Lom, Skjåk) likeeins, og i Nesset i Romsdal. Det ser ut til å vera eit slags midtnorsk kjerneområde for denne samansetninga, som også fanst i norrønt. Norsk Ordbok har i tillegg heimfesting til Sør-Aurdal, Sauda og Sunnhordland. Til slutt eit lite sitat frå Hans Hyldbakk, henta frå eit «Kleivabrev» i avisa Driva sommaren 1978. Hans er på gardsbesøk, og fortel om jordkaren som «gjekk og stabba i stuttbrok mellom kalvane i gardstunet».

9.5.16: Kjerringglede

Tørr småkvist av gran og furu, brukt til å fyre med (Nøtterøy, i Ragnhild Paulsens framifrå ordsamling). «De brannt gått, men brannt-ut forrt, au!» kommenterer Ragnhild Paulsen. Ordet står i Norsk Ordbok, men ei opplysning frå Sandvollan på Innherred er ikkje komme med der: «tørrbar er kjerringglea».

8.5.16: Fonn(a)gjengst

Adjektiv, om stad der det ofte går fonn (skred) (Norddal, Vestnes, Tresfjord)

7.5.16: Halsbein

Anna ord for halsvirvel. «Foill åt hæsjbeine» – metaforisk uttrykk for fullasta skip (Steinar Nilsens ordsamling frå Hitra).

6.5.16: Surveduppe

Ei som masar, syter og klagar støtt. Ordet kjem frå Toten, og er eit eksempel frå ei skjellsordinnsamling som vart gjort i 2012, presentert i Mjøsmuseets årbok same år. Det kom også inn frå same området i 1992 gjennom det som den gongen var Norsk Målførearkiv. Å surve er å klage og sutre.

5.5.16: Gardhald

Det å halde gjerde ved like; gjerdehald. Aktuelt for årstida! Norsk Ordbok heimfestar til Vestre Slidre, Ytre Sandsvær, Holla, Masfjorden, Skogn og Sparbu. «Døm råke usams om galhølle» er setningseksempelet frå Sandsvær. Heimfestinga kan nok utvidast monaleg.

4.5.16: Vannkjælen

«Æ e så vannkjælen, men a … går rætt uti»  (overhørt på busstopp i Trondheim i dag). Kjælen er ein jo når ein toler lite, og her er det snakk om å vera var for låg temperatur i vatnet når ein skal bada. Samansetninga er ikkje registrert før, etter det eg kan sjå. Men no er ho det!

3.5.16: Fotsøyr(e)

Fotsveitte. Hans Ross fører det opp frå Østerdalen og Trøndelag i si ordbok frå 1895. Det står også i boka «Dialekt fra Det gamle Beitstaden» (2012), med dialektord frå Namdalseid, Beitstad og Malm. Kristofer Uppdal brukar ordet (sitat henta frå Norsk Ordbok): «inn i den rå eimen blandar seg sterk tjukk røyk tå skråtobak og ein sur tev tå fotsøyr» (Ved Akerselva og andre fortellingar, s. 81). Søyr tyder bl a vond, sur lukt av noko som er ureint eller vått.

2.5.16: Pruttull

Liten trerank, staurende (Oppdal; Ingeborg Donalis ordbok). Det må vera same ordet som er oppgjeve frå Tjeldsund i forma protål, om ein ukvass staur av tre eller jarn.

1.5.16: Skvamplerom

Vi tek med eit tredje ord som betyr det same som berandbord (28.4.16). Skvamplerom er belagt frå Hardanger. Frå Gulen i Sogn kjem varianten skvomplerom.

29.4.16: Skumplarrom

Det same som berandbord (sjå «Dagens ord» 28.4.), altså tomrom mellom væskeoverflate og kant i eit kjerald. Eller som Ivar Aasen seier: «Skvulperum i et Kar, som man skal bære». Aasen heimfestar til «Bergens stift», det vil vel seie at han har hørt ordet fleire stader på Vestlandet. Chr. Vidsteen skriv «skomplerom» i ordsamlinga si frå Sunnhordland, og dette er også oppslagsforma i Norsk Ordbok.

28.4.16: Berandbord/berarbord/berebord

Tomrom mellom væskeoverflata og kanten i eit kar (spann, bøtte) som er fylt med noko flytande, så stort at ein kan bera det utan at innhaldet skvalpar over: «Det er så vidt det er berandbord/berebord». Forma berandbord er registrert frå Vågå (Hans Ross), berarbord frå fleire stader i Romsdal, og berebord frå Sunnhordland og fleire stader i Nord-Norge. Tilsvarar beranda borð i norrønt. Det er også kalla berre bord (Vest-Telemark, Nordland) og heng vel saman med fribordet på eit fartøy, høgda frå vassflata til dekket.

27.4.16: Sliebotn

Det same som sløbotn, altså blaut, slimete (sjø)botn. Eller «blød og slibrig Grund i Vandet», som Ivar Aasen seier. Han er einaste kjelda for dette ordet, og heimfestar det til «Gbr (altså Gudbrandsdalen) o.fl.» Førsteleddet er slie ‘blaut, slimete, ekkel masse’.

26.4.16: Sløbotn

Blaut, slimut sjøbotn iflg. Norsk Ordbok, med heimfesting til tre stader i Trøndelag: Fillan, Rissa og Skogn. Belegget frå Fillan er henta frå Steinar Nilsens flotte ordsamling frå Tranvikan. Nilsen fører også opp varianten sløybotn. Hans forklaring er «plan dyphavsbotn av bløt og løs leiremateriale». Han nemner også «nepå sløya», og ordet ei sløye i slik betydning er han visst aleine om å ha registrert.

25.4.16: Overkufte

Overrumple, overmanne (Trysil, også brukt av Trysil-forfattaren Sven Moren). Å kufte kan bety å renne ikring, å vera overivrig e l. I Gausdal overkuffe.

24.4.16: Tørrbanke

Rundjule, mørbanke: «og hves ho ikkje telfeldigvis hadde vore mor tel ungan hannes, så skulle han ha lagt ho på sagkrakken og tørrbanka ho» (Arvid Hanssen: Ho Nætta på hylla, s. 68). Norsk Ordbok har ordet, med sitat frå Olav Duun.

23.4.16: Raudsei

«I Salten spiste en rødsei, salta og ubløgga sei som hadde ligget en tid» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge, s. 25). Det er nok ikkje berre i Salten, for Norsk Ordbok heimfestar ordet raudsei til desse stadene i tillegg til Salten; Selje, Skogn, Nesna, Mo i Rana, Rødøy, Senja. Og her er deira definisjon: «(salta) sei som blir lagra lenge i lake og får raudbrun farge; gamalsei».

22.4.16: Langstrøy

Å «fårrå i strøy» om å sette i rangstrupen er i Norsk Ordbok ført opp frå fleire stader i Inntrøndelag (Frosta, Inderøy, Sparbu, Ogndal). Men å «eta sæg i langstrøy» om det same er folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu aleine om, ser det ut til.

21.4.16: Dessertglipe

Plass til dessert, sjøl om ein er stappa med forrett og hovudrett. Ordet dukka opp på spellmannsøving i går kveld, og skal stamme frå Meldal.

20.4.16: Klesslepe

Kresen person. Norsk Ordbok heimfestar ordet til Solør og Elverum. Vidar Sandbeck bruker ordet i barndomsminneboka «Stakkars kroken» (s. 28; faren kalla han det). Sisteleddet er uttalt «læpa» og betyr leppe, typisk for fleire målføre på Austlandet.

19.4.16: Gongtre

Plankar, stokkar over elv eller bekk; klopp (Bardu, ordsamling ved det lokale historielaget). Det viser seg at gong(e)tre eller gang(e)tre er belagt frå Østerdalsbygdene, og det har vel vorte med derifra med innflyttarane til Bardu. Elles er ordet registrert frå Sigda og Numedal. Jf. også «Dagens ord» gonge 1.4.16.

18.4.16: Argperrill

Ein som er argsint; sinnatagg (Grong).

17.4.16: Kinntrøstar

Slag på kinnet; kinnhest: «Han var styggelig sint og gav Plassbakk-kallen en kinntrøster så tannstumpene skranglet i kjeften på ham» (Sigurd Lybeck: Livet i Oladalen, s. 25). Ordet er ikkje komme med i Norsk Ordbok, og det einaste arkivbelegget vi har der, er dette, som eg har lagt inn sjøl.

16.4.16: Skrumpnisse

Skrytepave (Vikna). Å skrumpe («skromp») om å skryte, overdrive, er eit typisk nordnorsk ord, men det går også ned i Namdalen. «Skrompnisse» var eitt av mange ord som vart trekt fram under ein dialektkveld på Vikna i 2010, i lag med f.eks. «skromplæst» og «skromppave».

15.4.16: Torevatn

Vatn som blir ståande i søkk i steinar etter torebye. Skal ha lækjande kraft, jf. steinvatn 13.4. Registrert i folkeminnelitteraturen bl.a. frå Østerdalen.

13.4.16: Steinvatn

Vatn som har samla seg i søkk i ein stein etter regnskur (torevêr). Slikt vatn skulle etter folketrua vera effektivt bl a mot å vaske vekk vorter og utslett. Notert i folkeminnelitteraturen frå Østerdalen, Numedal, Davik (i Nordfjord) og Nesna.

12.4.16: Snøbot

Det er vel nokre snøbøter att enno, her og der. I Norsk ordbok er ordet definert som «(liten) haug av snø». Eg vil snarare tru at snøbøter rett og slett er snøflekker. Ei bot er ikkje berre ein lapp over noko som er sundt, men også eit stykke eller ein flekk som skil seg ut frå overflata ikring. For eksempel ei grasbot om ein liten, graskledd flekk. Eit dyr, f.eks. ei ku, kan vera botete.  Ingvald Svinsaas er glad i samansetninga snøbot, og bruker ordet fleire plassar: «Sola glitret på snøbøtene oppi fjellia» (I skyggen av et tårn, . 40). Og her er Ola Setrom: «Dei stakkars snøbøtene som fanst, gjorde berre lendet til eit roglut eventyrland» (frå novellesamlinga «Trønderkveld», s. 16).

11.4.16: Krusdass

Sagt om doskåla da dei første vassklosetta kom i bruk (enno upublisert ordsamling frå Rennebu).

9.4.16: Trehesting

Båt med trehestes motor (Amund Spangen: Øst på dalom, s. 168). Avleiinga er ikkje ordboksført og gir ingen Google-treff, men er høgst reell for det.

8.4.16: Ravstell

Uorden, vanstell. Nær i slekt med gårsdagens ord. Norsk Ordbok heimfestar til Fauske, Steigen og Lavangen.

7.4.16: Ravelstelt

med dårleg stell, dårleg orden (Ola Stavseth: Ord og uttrykk fra Frosta). Elles ikkje registrert.

5.4.16: Dvergdrope

Gjennomsiktig stein; bergkrystall (Hadeland, Fyresdal). Skulle etter folketrua kunne verne mot vonde makter.

4.4.16: Treskoknuve

Hard knuve på foten, etter gnag frå tresko (Bjerkreim).

3.4.16: Brødsløyd

«På Østensjø skole hadde vi brødsløyd, som var den nedlatende standardbetegnelsen som vi gutta hadde på skolekjøkken» (Pål Steigan: En folkefiende, s. 36). På nettstaden «foreldreportalen» fortel ein innsendar om at ho/han skreiv «Prøve i brødsløyd» på ein prøve i heimekunnskap og fekk nedsett karaketr av den grunn. Det er noen (men ikkje mange) nettreff på ordet.

2.4.16: Kaffelade

Drikk til ungar av mjølk blanda med litt kaffe. Norsk Ordbok heimfestar det til Nøtterøy, Stavanger og Trondheim. «Eg fekk kaffilade. Og kjeks» (Per Inge Torkelsen: Ikkje heilt rektige, s. 29).

1.4.16: Gonge

Dette betyr sjølsagt det å gå, ganglag m.m. Men somme stader har det ei heilt konkret tyding (enkel, primitiv) gangbru, klopp. Det er ein konsentrasjon i inde >Sør-Trøndelag, med Oppdal, Meldal, Horg, Støren, Soknedal, Budal og Singsås. Elles Øvre Hallingdal, Nordre Land og Etnedal. Også i samansetning som fjølgonge.

31.3.16: Griplegg

Lokalt ord frå Snåsa. Jørn Sandnes kjente det om sendingar, beiningar som dei hadde med til gjestebod: «gang’ med griplegg». Nicolai Kjenstad forklarar det i ordboka si frå Snåsa med traktering som naboane kom med når snekkarane hadde lagt golvåsane i «nystuggu». Truls Eggen skreiv i en e-post i 2004 at det var brukt når naboar heldt mat på arbeidsfolket under større byggearbeid, særleg husbygging. Førsteleddet kan vera norrønt gripr ‘verdifull tng’, også ‘lausøre’. medan legg kanskje går på at ein legg til, gir tilskott til kosten? Kor som er, eit veldig gammalt og interessant ord.

30.3.16: Skuldpung

Person som er nedsylta i gjeld. I dag ville vi vel seie gjeldsoffer eller gjeldsslave. Hans Ross (1895) registrerer dette ordet frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Men ein gammal banksjef i Sunndal kommune hadde dette som karakteristikk av enkelte av kundane sine, og derfor har eg nok skulda (!) for at Sunndal er med i heimfestinga av skuldpung i Norsk Ordbok. Ikkje alle er kjent med at skuld kan tyde gjeld også i norsk. Såleis skriv Simen Ekern i den elles framifrå boka «Europeere», han har møtt den tyske sosiologen Ulrich Beck: «Det tyske ordet for gjeld, Schuld, forteller at man bør ha en god porsjon dårlig samvittighet hvis man har lånt penger, fordi det også sier at man er skyldig, understreket Beck da jeg møtte ham høsten 2013″ (s. 34).

29.3.16: Hamnefall

Forfall; det at ein tapar seg. Lokalt ord frå Masfjorden i Hordaland. Ei kjelde gir opp uttalen «hamnafall» – «du ser ikkje noko hamnafall på henne» vil seie at ho framleis ser godt ut. Førsteleddet må vel henge saman med ham. Somme stader kan hamn bety utsjånad.

28.3.16: Gråddåmeis

«Ein uroleg unge som kravlar og kryr over alt» (Nicolai Kjenstad: Snåsamålet). Vi markerer med dette ordet frå Snåsa at det drar seg mot språkarrengement i Snåsa Historielag 1. april (jau da, det er sant!). Førsteleddet er verbet gråddå, forklart som «rulle, kravle» i Snåsamålet.

24.3.16: Ruen

Reint hordalandsord, kan det verke som. Norsk Ordbok fører opp tydingane «hås, sår i halsen», «i ulag, grinut, sur (etter ein rus)» og «litt rusen». Alle tre avgrensa til Sunnhordland og Hardanger. I følgjande sitat er det vel tydinga i midten det gjeld: «Espen kjem ned frå loftet. Han ser tung og ruen ut» (Norvald Tveit: Ungkarsfesten, s. 36).

23.3.16: Eldførepung

Det same som eldbeinpung (sjå Dagens ord i går 22.3.). Dette er nok meir utbreidd, såleis finst det i Østerdalen, Gudbrandsdalen, Telemark, Romsdal, Nordmøre og Trøndelag. I Roan eldfyrpong. Pungen var ofte laga av testikkelpungen frå bukk eller okse, skriv Norsk Ordbok. Som eldbein er eldføre eit gammalt ord for eldtøy, fyrtøy. Og dette er belagt i norrønt som eld(s)færi.

22.3.16: Eldbeinpung

Skinnpung til oppbevaring av fyrtøy (flint, knusk og eldstål) (Verdal, Snåsa, Høylandet, Harran). Eldbein(e) er eit gammalt ord for dette utstyret. Frå Harran er eit gammalt sagn om at dei skaut ein varg ein gong, og denne hadde eldbeinpungen under bogen. Det var ein som hadde skapt seg om til varg og vart for sein til å skapa seg tilbake igjen.

21.3.16: Rettboren

Etter Norsk Ordbok eit reint litterært ord, som betyr rettkommen, sjølvskriven, t.d. til å arve eit kongedømme. Etter norrønt réttborinn. Men så dukkar det opp eit målførebelegg i boka «Hølonding. Ord og uttrykk» (Reidar Almås 2015). her blir «rættbørinnj»forklart som «berettiget», om den som har rett til å bera t.d. brurakrone.Spørsmålet blir: har ordet levd på Hølonda sia norrøn tid, eller er det eit nyare litterært lån?

20.3.16: Myrråk

Forfattaren Hans Henrik Holm har brukt dette ordet i tydinga ‘gangstig over myr’. Det kan sjå ut som vi har ei litt anna tyding i dette sitatet; skildring av ei bjørnejakt i Bygdebok for Lierne, hefte 6 «Folk og historier», der jegeren, ein reindriftssame, har stilt seg på post i ein myrjare (myrkant), medan hunden hans jagar bjørnen, som alt har forsynt seg med to reinskalvar: «Bjørnen basket seg fram gjennom den vårbløte snøen med hunden gjøende innpå seg bakfra. Da bjørnen var kommet midt utpå myrråka, ropte Nils fra skjulestedet sitt: «Veint no, bæstefar, så ska du få hør’ ein ting». Bjørnen stanset opp for å se eller høre hva det var for noe, og da smalt det.» (kanskje råk tyder ‘stripe, rand’ i dette tilfellet.

19.3.16:  Pannesild

Sild steikt i steikepanne. Norsk Ordbok har berre trønder-relaterte belegg. Her er eitt til, utan heimfesting: «når en hadde fått tak i fersk sild, og det dufta steiksild eller «pannsild» med løk i huset, gledet både store og små seg til middagen» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge, s. 23)

18.3.16: Dørabru

Dørabrua er trappa, hella framfor inngangsdøra (Roan, Osen, Innherred, Grong). «Når katta sett på dørabrua og sleike sæ, kjæm det fræmmen» (Inderøy). Snåsa dårabru. Somme plassar i  Nord-Norge dør(r)brua, Vinje i Telemark og Setesdal durabru (dette helst i eit rim).

17.3.16: Snåssårotte

Nysgjerrig person; snushane. Ordet dukka opp nyleg på facebookgruppa for ord og uttrykk frå Meldal. Det har ikkje funne vegen inn i arkiva så langt, men snåkkårott(e) har det, og det betyr akkurat det same (sjå Dagens ord 26.10.15). Førsteledda er verba snåkkå (snaka) og snåsså (snosa), som har temmeleg likt innhald.

16.3.16: Kjøtale

Stong til å henge kjøt på (Østerdalen, bl.a. registrert i Aasens ordbok). Meir presist ser det ut til å vera stutt kjepp som ein la mellom slindene under taket, og hengte kjøtet på. «Det var alltid noen stenger oppunder taket på kjøkkenet som en kunne legge ‘kjøttålåan’ på (Amund Spangen: Øst på dalom, s. 102 – tradisjon frå Os). Sisteleddet ale tyder lita stong eller tein.

15.3.16: Lurvuthovda

Hovda (hovde, fjellknaus) med mange små haugar tilvakse med bjørkeholtar (Folldal, innsendt av Ivar A. Streitlien til arkivet i Norsk Ordbok). Finst iflg han også som stadnamn.

14.3.16: Snøballast

Kaste snøball på kvarandre, ha snøballkrig. Ut frå grunnlagsmaterialet heimfestar Norsk Ordbok dette ordet til Vestre Slidre, Nissedal, Lista, Hardanger (her uttalt «snjobadlast») og Lærdal. I dag er det perfekte forhold for slik aktivitet der spalteredaktøren residerer. Sjå også snøballføre, som var dagens ord 31.12.14.

13.3.16: Skjerpe

Dette kan bety mange ting, men vi tenker no på den som Amund Spangen skildrar slik i boka «Øst på dalom» (s. 102): «Om høsten, når elgjakta er over og slaktinga er i gang, blir det alltid noen kjøttstykker som er for små til stek og for store til å males opp. Slike ‘skreer’ blir det lagd ‘skjerpe’ av. Kjøttet gnis inn med grovsalt på begge sider, og så lar en det ligge i et trau et par døgn. Så blir kjøttet tatt opp, saltet blir pusset av, og en henger det opp til tørk i romtemperatur». Tydinga ‘tørka kjøt’ av skjerpe er i Norsk Ordbok heimfesta til Ytre Rendal, Tynset, Kvikne og Rennebu. Med opplysningane frå Spangens bok kan vi legge til Os i denne heimfestinga. Arthur Klæboe skriv om skjerpekjøt, men det er vindørka, usalta sauekjøt.

12.3.16: Nattskare

Sjølforklarande ord, og typisk for denne tida på vinteren. Likevel berre eitt belegg i Norsk Ordboks arkiv, og dermed har det ikkje kvalifisert seg til eigen artikkel. Men her i denne spalten tek vi ikkje slike omsyn, og gir plass til ordet. Vi siterer forfattaren Bjarne Østbø frå Surnadal: » Karane trødde sund nattskare og sokk nedi blautsnø» (frå romanen Vindfall, s. 187).

11.3.16: Skralskrekkes

«komme av lage ved en uventet bevegelse» (Steigen, i samlinga «Ord og uttrykk fra Steigen», utg. av Steigen bondekvinnelag 1988). Ikkje registrert elles. Eit lite eksempel på den store amatørinnsatsen som blir gjort for å kartlegge det norske ordforrådet i si fulle breidd.

9.3.16: Ordhegd

Norsk Ordbok definerer dette ordet slik: «det å vera ordhag; dugleik i å ordleggja seg; talekunst, talegåver». Kva kan høve betre som Dagens ord når det er dagen for lansering av tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok. Som målføreord er ordet registrert frå Telemark av Aasen, i nyare tilfang frå Nissedal, Voss og Hemne. Men pass opp – for «visdom og ordhegd fylst sjeldan åt», seier eit ordtak.

8.3.16: Kvinnfolkhans

Vi må ha med eit slags kvinneord i høve kvinnedagen. Dette er litt spesielt og gammalt, og slett ingen Hans som legg seg etter kvinnfolka, som ein kanskje skulle tru. Nei, det er hans i tyding traktering og skjenk som ein skulle spandere. Ein skulle «gjera kvinnfolkhansen» første gong ein var med på Lofotfiske etter ein hadde gifta seg (Nesna).

7.3.16: Skråningsgrevling

«På Ringsaker eller helt lokalt kaller de en som ikke helt kan styre alkoholbruken sin for en skråningsgrævling. Man må nesten forestille seg en grevling som krafser og peser for å komme opp en skråning av løsjord eller sand og ubønnhørlig raser ned igjen.  … Skråningsgrævlingen kan bli så nøden at han ikke greier å vente på foredling, men bælmer den uklare mæsken» (Torgrim Eggen: HB. En destillert norgeshistorie, s. 63). Kommentarar er vel overflødige. Ordet har ikkje komme inn til arkiva, og står heller ikkje i ordsamlinga «Ringsakmålet».

6.3.16: Snøskurv

«Det var kaldt, med «snøskurv» på markja, frost den 4. februar (frå Selje, i boka «Folk før II», s. 213. Samansetninga er ikkje registrert i arkiva, men sisteleddet må vel vera skurv ‘sårskorpe’ i ei litt anna tyding.

5.3.16: Hekksjø

Bølgjene som dannar seg etter ein båt: «Vi har også stilt krav om at skroget skal lage lite hekksjø» (RS-magasinet (Redningsselskapet) 4/2015, s. 10; dette gjeld ei ny skøyte. Hekken er som kjent bakarste del av eit skip. Sjå elles fyldig om hekksjø i Båtwiki: http://www.baatwiki.no/wiki/Hekksj%C3%B8

4.3.16: Kattsjuk

Sjalu, om mannfolk som trur at andre vil ta frå han kjerringa (Vågå, Øystein Hovdkinns samling). Ikkje registrert elles, men Ivar Aasen har kattesykje om brunst, frå Valdres, og Hans Ross kattesjuke om skjelving av brunst, frå Toten, odal og Vinger.

3.3.16: Klampverk

«Klompete, grov konstruksjon» (definert slik i den nye ordsamlinga frå Frosta). Som målføreord er det elles registrert frå Salangen: «overdimensjonert, unett arbeidsstykke». Men i samlinga «Ordtøkje og herme» (E. Seim) får vi vite at «klampeverket varer gjerne lengst».

2.3.16: Vegbreddmellom

Dagens ord er eit adverb, og vi hentar det frå Sigurd Lybeck: En gylden bro. Han skildrar ein som har fått litt for mykje å drikke: «ennå ville føttene helst gå sine egne veger. – Det gikk vegbreddmellom, og et stort hell var at han ikke møtte folk». Stakkaren sjangla altså frå den eine vegkanten til den andre. Dette minner om ein trøndersk sjåfør for lenge sia: Tryggaste plassen når han var ute og kjørte, var midt på vegen, for der befann han seg berre av og til, når han for over frå den eine grøfta til den andre. Dagens ord er sett i hop på same måten som husmellom, vegg(i)mellom m.fl.

1.3.16: Lervjute

Ein som er sjuskete og likesæl, går fillete kledd e.l. Lokalt ord frå Sømna, og første ord som vart ringt inn under dialektsendinga i programmet «Norgeskontakten» 22.2. Norsk Ordbok har også fått med ordet. Sisteleddet er nok jute = jyde, danske.

29.2.16: Skotårsdag

Ja, det er jo i dag, og det er best for mannfolka å passe seg. Slik var det formulert i Hardanger: «Skotårsdagen kunde kvendi fria sjølve, og det var ingi skam» (Halddor O. Opedal: Makter og menneske II, s. 142).

27.2.16: Lagstav

Pratmakar. Ord som finst blant mange på kort med fargerike dialektord, utgitt i Ringebu. Hans Ross 1895 noterte dette ordet frå Hedmarka og Gudbrandsdalen. Å laga kan her bety å prate laust og utan innhald.

26.2.16: Omflinad

Det å fli om (på fleire måtar). Det kan vera reingjering, (rund)vasking, rydding, men også oppussing, utbetring, reparasjon, stell o.l. Brukt overført om hard medfart, kjeft, kanskje til og med juling. Overført kan det dessutan bli sagt om «oppvask» i ein etat eller liknande (Arnfinn Aune, Hitra). Somme vil også kunne bruke det om snunad, ny giv for eksempel i gardsdrift. Ordet er belagt frå Trøndelag og Nord-Norge. Det er diverse munnhell med dette ordet: «Omflina e en dyd, sa jenta, ho høggde lørven unna stakken» (Trondenes). «Omflina’n e no den han e, han, sa kall’n, han tørka tå bole med katta» (Hitra). «Omflinan va rar, sa kjerringa, da ho tok tå skinnfell’n ova og skjøtt på ‘n nea» (Vemundvik ved Namsos)

25.2.16: Jal (uttalt med tjukk l)

Gjær (fleire stader i indre bygder i Trøndelag, som f. eks. Stjørdalen). Også om gjæring og gang: «det kom jal ti ølet». I normalisert form blir det gjerd, akkurat som ferd blir til fal i same målføreområdet. Skriftspråkets gjær er påverka av (og samanblanda med) tysk Gähre. Mange stader sa elles dei gamle gjerne jester om gjær; ordet gjær kom med den kjøpte, fabrikklaga vara.

24.2.16: Hogstvon

Skogteig som er oppmerka for hogst. «han kunne også høre øksesmellene fra hugstevona til de to ungguttene» (Sigurd Lybeck i forteljinga «På villstrå»). Som målføreord er det registrert frå Ådal og Søndre Land, og når Edvard Elsrud brukar det, kan vi vel også føye til Hedalen lengst sør i Valdres.

23.2.16: Linerlepiss

Vi følgjer opp ordet frå i går. Dette betyr også tynn drikke, særleg kaffe (Nordre Land, Oppdal). Ein informant har hørt ordet linerlepill om det same, på Hønefoss.

22.2.16: Sulupess (svalepiss)

Tynn drikke (Meråker). Ikkje registrert frå før i arkiva, men det finst mange ord med liknande ide

21.2.16: Råplog

Denne spalta har hatt ei pause under Rørosmartnan, men er no tilbake med nok eit ord frå den flotte ordboka over Rørosmålet. Ein råplog er det same som ein råblei – ein rå, brutal, omsynslaus person.

17.2.16: Kaffeklåre

Tida som går frå kaffen kokar til han klårnar (Rørosordboka). Med dette Røros-ordet markerer vi at årets martna er i gang. Der er jo Kaffestuggu ein sentral plass, og det blir nok ikkje drukke berre kaffe der. Men det er utruleg kva det finst ord for!

16.2.16: Einhøring

Ei(n) som ikkje hører etter, som ikkje er oppmerksam. Ein god informant frå Hitra fortel at mor hans kalla han for det. Ordet er visst ikkje registrert elles.

15.2.16: Skjørtgran

Elias Johansen har sendt meg dette ordet på e-post, og forklarer det slik: «Dette begrepet brukr jeg om ei gran du kan smyge innunder når snøkavet eller silregnet setter inn. Baret fungerer nærmest sm et tak, og du sitter i ly. Snart skal elevene holde rast under ei «skjørtgran» når vi har uteskole». Ordet er ikkje registrert i arkiva. Tilsvarar vel det som somme stader heiter bugran eller bustadgran.

14.2.16: Vallberkast

Uhell, «skeivferd», utforkjøring e.l. (Hølonda). Skal vera etter ei Valborg, som «bekka om» da ho kjørte med okse.

13.2.16: Reinsslo

Veg i snøen etter reinsflokk. Den ferske Norsk Ordbok heimfestar samansetninga til Sunndal, Oppdal, Øvre Gauldalen og Verdal, pluss eit skriftleg belegg med tilknytning til Valdres. I tillegg kan vi føre opp Røros, for ordet står i den nye, store Rørosordboka. Siste leddet slo finst fleire plassar, i mange forskjellige tydingar: Opptrakka veg, spor etter dyreflokk, som her, men også slepeveg, flokk, følgje (som skrid framover) og fleire. Ordet fanst i norrønt.

12.2.16: Svåddåbakk

Berr, hardfrosen mark. Lokalt ord frå Hegra, i si tid oppskrive av samlaren Robert Husbyn. I kveld fekk vi bekrefta at ordet framleis er kjent, under eit treff på Hegra Bosenter. Førsteleddet må truleg henge i hop med verbet svåddå eller svåddås, som Hans Ross (1895) registrerte frå Stjørdal, om å flakne av, revne frå.

11.2.16: Sprettruke

Gausdalsord for spretthopp

10.2.16: Drevlei

Lei, vegstrekning der det gjerne driv att med snø (Trysil): » e fæl drevle».

9.2.16: Otaksmån/otåkkmån (utokk(s)mon)

Liten forskjell; lite om å gjera (Budalen). Den første varianten står på «Dialektkoppen» frå Budalen, den andre er notert av Ludvik Enmo og Hallfrid Christiansen. Første delen er kanskje utokk ‘brysamt, ulikleg, utekkeleg dyr eller menneske’, slik at utokkmon blir noko som er så lite om å gjera at det irriterer.

8.2.16: Purksvell

Hålke, glattis (Oppdal). «Mildvær på vintra, da bli det rene porksvelle» (Ola Innerdal i facebookgruppa for ord og uttrykk frå Oppdal). Sjøl noterte eg ordet frå Oppdal i 2009. «Som purka på svellet» er uttrykk for total hjelpeløyse (Oppdal, Rennebu). jamfør engelsk «like a hog on ice».

7.2.16: Gallersmed

Ein som har det med å skrike og skjenne (lokalt ord frå Osen, lengst nord i Sør-Trøndelag).

5.2.16: Føstretid

Eit ord som Hans Ross fører opp i frå 1895, med tyding ‘yngletid’  (tida på året da ein dyreart ynglar). Han har heimfesting til «Østl»; det vil vel seie flatbygdene på Austlandet. Eit føstre er det same som eit kull, f eks rypeføstre. Det er vel det same forfattaren Bernhard Herre er inne på når han i «En Jægers Erindringer» (s. 13 og 15) skriv om «fostertiden». Her forstått som tida da ein jaktar på skogsfuglhoer som enno er i lag med ungekullet sitt. «En Jægers Erindringer» vart utgitt posthumt i 1849, etter at Herre døde under ein jakttur i Maridalen same år, kanskje på grunn av eit vådeskot.

4.2.16: Åværig

Vi markerer at band 12 av Norsk Ordbok no er komme ut, med det aller siste ordet i denne store ordboka, adjektivet åværig. Slik ser artikkelen i Norsk Ordbok ut:

åværig adj [R; målf òg hå- (Nfj R), -ug (Nfj); vel påv. av II håvar og uværug (R)] 1 blyg (1), håvar (II,1), tilbakehalden (R; Nfj). 2 uhuga på å gjera noko; kvidefull (1) (Førde R).

Nfj er Nordfjord, R er Hans Ross: Norsk Ordbog (1895). Vi kan konstatere at fjordingane (Nordfjord og Sunnfjord)  fekk siste ordet!

3.2.16: Snorgard

Det same som snaregard, som i Norsk Ordbok er definert slik: «stengsle av kvister som skal styra fugl inn mot snare». Somme stader seier dei snor om snare, og slik står det hos Amund Spangen i boka «Øst på dalom» (s. 126, med tradisjon frå Os i Østerdalen): «Rypsnarene måtte vekkes annenhver dag – vi kalte det «å vekke snorgarden»». Samansetninga snorgard er visst ikkje ordboksført eller arkivregistrert tidlegare.

2.2.16: Kjerringjuldag

Tjuandedag jul (13, januar) eller kyndelsmesse (2. februar). Etter nordnorsk tradisjon skulle kjerringane besøke kvarandre denne dagen, som ei markering av at jula var slutt. No nyleg har facebook sensurert ein annonse frå Sør-Troms Museum med invitasjon til «kjerringjuldag», fordi det visstnok skulle vera krenkande. Da har ein nok ikkje fått med seg at ordet «kjerring» over store delar av landet slett ikkje er negativt.

1.2.16 Kuppelkuse

Ein som har lett for å dette framover, som har dårleg balanse (Selbu). Målføret her har verbet kuple om å snuble.

31.1.16: Fellskatt

Utpåkarane (nattefriarane) vart erta med at dei måtte betale dette for slit på sengetøyet. Ordet er også brukt i spøk om barnebidrag (Røros).

30.1.16: Smerillåt

Smiskande, innsmigrande om person. Om mat kan det bety emmen, vammel, litt for søt. Ordet finst i Nord-Trøndelag (nordre Innherred og Namdalen), og Hans Ross registrerte det også frå Helgeland.

29.1.16: Snømente

Snømengde. Ordet er henta frå Rørosordboka som kom i fjor haust, og er visst ikkje registrert elles.

27.1.16: Snønæme

Snøløysing (Hardanger).

26.1.16: Lysnad

I går kveld på veg heim frå Sørdalen i Åfjord vart det kommentert at vi såg «løssna’n» frå byen. Altså lysskjæret, ljosken. I normalisert form lysnad, og etter Norsk Ordbok er det heimfesta til Innherred, Namdalen og Bindal. Men no kan vi altså legge til Åfjord også. Olav Duun brukar ordet ganske ofte, som f.eks. her: «(sola kom fram) og la ein vid og strålande lysna over jorder og skog og sjø» (Straumen og evja s. 155).

25.1.16: Kråkkåkul

«kul, forhøyning av frosset grunn» (Frosta, Ola Stavseths ferske ordsamling). Førsteleddet er kråkkå ‘hardfrossen mark’. Det finst også som krake, og er truleg omlaga av klake. Samansetninga kråkkå er ikkje registrert elles. Litt om kråkkå/krake står det også her: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/26/rimfrost-og-berrfrost/

24.1.16: Oppiskjenk

Påfyll av drikk; påtår (Oppdal).

22.1.16: Snøvodul (-vodel, -vaul)

Siste leddet heng i hop med verbet å vada, så det er naturleg at denne samansetninga kan tyde vading i snø, slik Aasen registrerte det. Likeeins skriv Reidar Djupedal opp frå Selje: «der var eit heilt snøvaul» – tungt å gå i snøen. Men det kan også tyde stort snøfall, stor snømengd: «det la ned slik ein snøvodel at vi kom ikkje fram»; og desutan snøslaps. Ordet hører først og femst heime på Sunnmøre, men det går også inn i Fjordane. Tydinga snøslaps er også registrert frå Høyland på Jæren.

21.1.16: Fudsnø

Snø som er så djup at han rekk til bakenden, fuda (Suldal, Hjelmeland).

18.1.16: An

«De va u litte an ti di no» skriv Audun Fløttum på facebookgruppa for gamle ord og uttrykk frå Soknedal. Da er det uroleg i vêret. I slik bruk har vi registrert ordet frå Soknedal, Meldal og Horg. Men det kan også vera rastlaus uro i folk: «det va i undele an på’n», og frå Oppdal «det vart gjort i en an» i stort hastverk. Dette korte og greie, men altså nokså lokale ordet, har ein nær slektning i verbet ana ‘ta vêret; stå spent og uroleg’ (om dyr). Lenger ute er det også i slekt med onn.

17.1.16: Flagefure

Furu som manglar bork nedover langs eine sida (Hans Ross 1895 har dette frå Råbyggjelaget, dvs. indre Agder). Første leddet er flage ‘flak, skive som er avflekt eler har lausna’.

16.1.16: Leverspipe

Piping, blistrelåt i omnen, skal varsle mildver (Nordmøre, Hemne, også Vik og Balestrand).»Når det pipa med lange låter i veden som brann i omnen vinters dag, vart det lever. Difor kalla dei det òg for leverspip» (Hans Hyldbakk: Bygdesoge for Surnadal II, s. 60). Levêr (læver) = mildvêr.

15.1.16: Bergtrong

«Det sto ailldeles foillklina eit bærgtrong (med tømmer)» (Gunnar Furuhaug fortel om tømmerhogst og fløting i Grytdalen, gjengitt i Årbok for Orkdal 2015, s. 28). Bergtrong er vel ein trondg passasje i berg, ei bergkløft. Samansetninga er visst ikkje registrert tidlegare.

14.1.16: Firkantaholet

(i spøk) døra: «æ vist ‘om firkantahøle» (Stjørdal) – jaga han på dør. «kom att og hivde utgjenom firkanta-holet heile Gølvåks-gardgjenta, og stundom dotra og» (Inge Krokann: Gjenom fonna II, s. 27). I Oppdal og Rennebu også «firkantåthæle (på vegga)».

13.1.16: Gokkelhest

Ein som fer med tull og vas (eitt av mange slagkraftige ord henta frå Ola Stavseths ferske ordsamling frå Frosta).

12.1.16: Feittlokk

Storkna feitt lagt som lokk over matvare som skal lagrast, som kjøttmat og syltetøy. Ordet er neppe spesielt dialektalt. Her er eit ferskt eksempel: «Det vart laga blodpølser, kjøttkaker og pølser, som vart hermetiseert eller lagt i krukker med feittlokk oppå» (Jul på Nordmøre 2015, s. 25.

11.1.16: Halvfyllkorsen

Uttrykk som dukka opp på dialektkveld i Ogndal 10.1. Brukt i samanlikning melllom personar: «han kjem itt på hælvfyllkorsen mot NN».  vel opphavleg vera merke (i form  av kors) på at noko er halvfullt.

10.1.16: Tidingsbete

Høydott som oksen får etter paring (Modalen i Hordaland).

9.1.16: Postilljaga

Strengt religiøs (og som viser mykje til (hus)postillen, d.e. preikesamlinga) (Gausdal, Aure, Innherred) – gjerne i talemålten «bibelsprengt og postilljaga!.

8.1.16: Pelkall

I dei lokalhistoriske skriftene som kjem i tida før jul, og som er min faste julelesnad, er det bestandig nye ord å finne. Dette står i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag (2015, s. 57). Ein som arbeidde i Telegrafverket, omtalte seg sjøl som «pelkall». Det er kkje sagt meir om kva dette gjekk ut på, men kanskje arbeidet var å sette opp pålar? Førsteleddet må enten vera substantivet pæl (=påle) eller verbet å pæle.

7.1.16: Bærlasp

Bjørn som lever av planteføde (som f eks bær). Tilsvarar grasbjørn, grastasse o.l., og blir det motsette av slagbjørn (saubjørn), som har fått smaken på kjøtt. Ordet står i nyaste årsskriftet til Stangvik Historielag (2015), s. 27. Siste leddet er vel det lasp som Hans Ross (1895) fører opp frå Nordmøre om stakkarsleg skapning (f eks ein liten bjørn) som går stille omkring for seg sjøl. Samansetninga bærlasp er ikkje registrert før.

6.1.16: Åskragg

«En måtte ha fin egg når en skulle gi seg i kast med åskraggen. Kvisten var hard som bein» (Sigurd Lybeck i historia «På villstrå», her gjengitt i avisa Driva 23.12.2015, der denne forteljinga går som føljetong). Vi får tankane til ein som skal på tømmerhogst og driv og kvesser øksa si. Ein kragg er eit misvakse, krokete tre. Samansetninga åskragg er ikkje ordboksført, etter det eg kan sjå.

5.1.16: Gnasterver

Råkaldt ver med litt snø (Østerdalen, etter Hans Ross: Norsk Ordbog, 1895). Hit hører også adjektivet gnastrete. I Vågå gnisterver, omtrent om det same.

4.1.16: Gnisterkalde

Gnistrande kulde; gnallfrost. Registrert frå Trysil og Trondheim, og sikkert kurant ord mange fleire stader. Ivar Aasen registrerte gnisterkulde i Nordland.

3.1.16: Opplaupande(s)

Når det er frose opp på myrhol og tjønnhol om hausten, slik at det ber oppe når ein går der (Ogndal).

2.1.16: Blautmøkker

Grunn som er noko oppbløytt (Frosta, nok ein liten smakebit frå Ola Stavseths fyldige ordsamling): «væ’n (vegen) oppijænnåm skogjen e bære blötmøkkra».

1.1.16: Nyttårsskoke/nyårsskoke

Gammal skikk med å gå rundt og gi folk ris på nyttårsaftan (nordnorsk, bl a Senja). Tilsvarande var det juleskoke rundt julaftan.

31.12.15: Gå som turru frå grauta (‘som tvara frå grauten’)

Trøndersk uttrykk for å gå frå eit arbeid utan å gjera det skikkeleg frå seg eller ordne opp etter seg; forlate sin post i full fart. Ein Namdalsvariant: – Han gjekk ifrå det som ei sleika torro uttu grautgryta.

30.12.15: Nettskjær

Dette blir oppført som dialektnamn på krepsdyret marflo i handbøker om dyreliv (f. eks. Norges dyr 5, s. 232), på nettsider, i leksika m m. Marfloa kunne ete opp eit lin- eller bomullsgarn i løpet av ei natt, er det fortalt (sjå «Bøgda vår», Oppdal Historielag 2015, s. 31). Derfor namnet. Men det er visst ikkje komme inn i ordbøkene, ikkje registrert i dialektsamlingane, og det kan sjå ut som dei ulike skriftlege kjeldene meir eller mindre er avskrift av kvarandre.

29.12.15: Yrk(es)jul

Somme av oss må halde hjula i gang også i jula. Om arbeidsdagane i romjula har vi ord som julyrk (julørkja). I Trøndelag finst det også variantar med omvendt rekkefølgje på ledda: Ørkjul (Singsås), ærkjul (Meldal) – begge altså uttaleformer av yrk-jul, og dessutan ørkesjula (Lånke) og ørtjanjula (Stadsbygd).

28.12.15: Juldall

Dall der gutar og jenter gjømte det dei ikkje greidde å eta opp av slikt som dei fekk av bollar, kringle og slikt som dei fekk i julkalas. Det er folkeminnesamlaren Jens Haukdal som har fortalt om dette, blant anna i boka «I skreddartimen», med folkeminne frå Gauldalsbygdene. Haukdal fortel også at dei ikkje tykte dei hadde råd til å eta denne dallen heilt tom, og til slutt kunne innhaldet vera så mugla at dei kunne ta det opp etter luggen. På Helgeland var noko tilsvarande kalla julmatdall. Jf. også julbomme og julmatbomme, som var «Dagens ord» 25.12.14.

27.12.15: Vidskreves

Adverb har vi ikkje så ofte i denne spalta, men vi gjer eit unntak i dag. Tore Viken skriv i 2015-utgåva av «Bøgda vår» (Oppdal Historielags årsskrift) om «livskunstnaren og humoristen» Einar Viken, blant anna dette: «Den same ulsteren bruka Einar òg da han ein kald vinterdag like etter krigen satt vidskreves og måla det norske flagget med bengalakk på haleroret til eit Spitfire-liknande fly, som ein dreng på nabogarden hadde laga». Vidskeves finst ikkje i arkiva våre, derimot utskrev(e)s.

26.12.15: Å kaur tå trefoten

Uttrykk for vedmangel, henta frå Mandagsklubbens bidrag med ord og uttrykk i siste utgave av Møllkula (lokalhistorisk tidsskrift for Ørland og Bjugn). Å kaur er som kjent å smi tennspon, og dersom ein må ty til trefoten, er nok vedmangelen verkeleg kritisk!

25.12.15: Juledagsskjøt

Skjøt, kjøretur på juledagen. Tilsvarar julskjøt eller julkut, som er kjøretur (hesteskyss) for moro i jula, kanefart. Den einaste eg har sett bruka samansetninga juldagsskjøt, er surnadalingen Bjarne Østbø, i romanen Vindfall (s. 24): «Ein tomkasse på langsleden, eit par høysekker attåt – det fekk vere godt nok til kvardags, det var ingen juledagsskjøt han no skulle kjøre».

24.12.15: Tjukkert

Olav Gullvåg har kåsert og fortel om dette i brev til dottera Åse 30.9.1956: «Eg nemnde Duun og Martin Kvænnavika, representantar for to sider av trønderhumoren. Då reiste det seg ein tjukkert nede i salen, – bukka pent og sa takk! – for han var soneson av Martin Kvænnavika» (gjengitt i Eivind Hasles ferske bok om morfaren Olav Gullvåg, s. 106). Tjukkert om tjukk person er ikkje vanleg i norsk, og det er f.eks. ikkje med i Norsk Ordbok. Vi brukar heller andre suffiks og talar om tjukkas og meir sjeldan tjukkis (jf. svensk tjockis). Gullvåg kan kanskje ha det med seg frå trøndersk, og særleg trondheimsmål, som er litt av eit senter for avleiingar med -ert. Her har vi slikt som bensert om bensinstasjon og heimert for heimbrent. Men dansk har tykkert, så det kan også ha spela inn. I den tida vi no går inn i, er det grunn til å akte seg så ein ikkje blir verken tjukkert eller tjukkas!

23.12.15: Emissærtårar

Tynn kaffe. Møllkula, lokalhistorisk tidsskrift for Ørland og Bjugn, er ute med nummer 2 for 2015. Som vanleg bidrar «Mandagsklubben» med ord og uttrykk. Eit markert innslag av ord for både tynn og sterk kaffe denne gongen!

22.12.15: Frostfridd

Trygg for, verna mot frost (Norddal på Sunnmøre): Frostfridde poteter.

21.12.15: Gjerningsleie

Dagens ord er henta frå den nye, store, ferske ordsamlinga frå Frosta. Ola Stavseth har samla, Arnold Dalen har redigert. Ordet er ein smakebit på dei «godsakene» som er å finne i denne flotte boka. Definisjonen er: «penger for selve arbeidet til skredder/sydame». Eksempelet gjer det enda klårare: «Nårr æ skaffe tye ått dressa sjøl, kårr my bli e i jærningslei’ da?» Akkurat dette ordet er ikkje registrert før, men gjerningslønn finst, i same tyding.

20.12.15: Purkotte

Til sommaren skal søskenparet Jorun Marie og Ola Kvernberg ha konsert i Molde domkirke i «porkotta», melder Adressa. Slik kom det fram eit gammalt uttrykk for grytidleg morgonstund. Vi hadde det også som «Dagens ord» 10.3.14, men kan gjerne friske det opp att. Når det var grisslakting, måtte ein opp tidleg. Ein måtte fyre opp under storgryta for å varme skåldingsvatn. Somme grunngir det med at ein skulle «elte» grisen; jaga han så blodet skulle renne lettare av. Ordet purk(e)otte ser etter Norsk Ordbok ut til å ha ei samanhengande utbreiing frå Romsdal via Nordmøre og til Trøndelag. Dessutan er det belagt frå Gudbrandsdalsbygdene og Toten. Andre stader kan det heite grisotte, svinotte m.m. I Ølen var det sagt «porkotta» om «oppeseta» i grisebingen for å ta imot grisungar.

19.12.15: Kalfatre

Vi kjenner det kanskje best i samansetninga omkalfatring – stor forandring, omvelting. Det foregår nok ei viss omkalfatring rundt omkring i heimane i desse tider. På julebord kan ein i verste fall bli omkalfatra sjøl, eller ein kan kalfatre om nokon annan – denge vedkommande grundig opp, så han ikkje er lik seg etterpå. Men uttrykket skriv seg eigentleg frå båt og sjø. Det er å gå over og tette skuteside og dekk med drev (opptrevla hamp). Ordet kalfatre er komme til oss frå nederlandsk, men opphavet er eit arabisk ord som betyr å tjørebre båt.

16.12.15: Sulkjeft (suvlkjeft)

Det same som feitekjeft (sjå Dagens ord i går 15.12.). Person som er glad i feit mat, som smør tjukt på brødskiva m.m. Også dette ordet er innsendt frå Måndalen, men er først og fremst kjent på Sunnmøre, også brukt av Arthur Klæbo. «Du må kje bruke både smør og brøsme-rø på kakeskjivå, din sulkjeft» (eksempel frå Rogne og Flem si ordsamling frå Haram). Førsteleddet er sul (suvl) i tyding kraftig og god mat.

15.12.15: Feitekjeft

Person som er glad i feit mat. Ordet er innsendt til Norsk Ordboks arkiv frå Måndalen i Romsdal, og skulle vel høve no i desse julebordstider.

14.12.15: Stute

Jon Østeng Hov skriv i spalta si i Uke-Adressa 12.12.2015: «Men minnene står igjen. Som jeg skal ta med meg i graven. Og så skal jeg legge ut for Sankt Peter om alle mine opplevelser med storfuglene på jorden. Jeg behøver ikke å stute et ord, for opplevelsene er full av spenning og sannheter». Her bruker den gode Jon dialektordet å stute, om å skrøne. Det er kjent i ålbyggmålet, og finst i samlingane både til Hans Haugen og Per Olav Almås. Jon Østeng Hov nemnte for meg i ein prat vi hadde ein gong at å stute helst var brukt om å overdrive, «fargelegge», utan å dirkete lyge. Utflytta ålbygg Eiliv Hofstad hadde samansetninga ein stutper om ein som har det med å stute.

Ordet er også kjent andre plassar i Trøndelag. Petter Risvik på Hitra brukte det: «Kår dæm ha stuta-di dæ no igjæn?» Han meiner det også fanst på Smøla og Frøya. Ein annan tradisjonsberar på Hitra, Arnfinn Aune, foreslår «foillstuta» eller «stuta foill» som avløysar for ‘indoktrinert’. Det er også opplysningar frå Bjugn.

Ordet må på eitt eller anna vis henge i hop med stut, utan at eg kjenner til at stuten skal vera spesielt løgnaktig. Han er vel meir rett på sak. Men å stute kan også vera å blåse i stut – ein kort lur laga av stuthorn. Kanskje har tydinga ‘lyge, overdrive’ gått via eit mellomledd ‘gi falske signal’?

13.12.15: Lunkomhei

Oppvarma kaffe (Nøtterøy).

12.12.15: Gardsmeie

Varme som blir ute, frå husa på ein gard (Eksingedalen). Siste leddet er vel det same som i dagsmeie, norrønt dagsmegin eller dagsmegn ‘full dag’, bokstavleg tala ‘dagsstykre’.

11.12.15: Livhangel

Skral vinterfôring, så vidt at dyra bergar livet. Gjerne om markaslåtthøyet før i tida. Ordet ser ut til å vera knytt særleg til Soknedalen, og Jens Haukdal bruker det i folkeminne- og bygdebøkene sine. Det kan nok også gjelde skrøpeleg matstell for folk, og her er eit eksempel frå den same Haukdal i novella «Stein kan tala», trykt i prosasamlinga Trøndelag ’78: «Det var til livhangel dette husmannslivet, men stort meir var det heller ikkje» (s. 71). Det hanglar liv, men heller ikkje meir.  Ordet er heldigvis frå ei faren tid. Det er trekt fram att nyleg i ei facebookgruppe for ord og uttrykk frå Soknedalen.

10.12.15: Fonnskot

Steinete jord, der det tidlegare har gått steinras (som i dette målføret kan kallast fonn). Ordet er frå Vanylven, i ordsamlinga derifra som Marie Lovise Widnes har laga, og er elles ikkje arkivbelagt.

9.12.15: Skråsnø

Snø som går like høgt som skorne; skosnø (Lom). Førsteleddet er skrå – eit gammalt ord for sko (vel opphavleg skinnsko).

8.12.15: Pessperrik

Fisken kloskate (trollskate) (Røra og fleire på Innherad). Ordet dukka nyleg opp på ei facebookgruppe, men er også registrert frå før gjennom spørjelistene til Trønderordboka, og der derfor også komme med i Norsk Ordbok. Også brukt overført, om unge som væter seg i senga.

7.12.15: Storfengleg

Når vi tok med småfengleg i går 6.12., må vi vel ta med det motsette også. Det er avgrensa til Helgeland (der Ivar Aasen fann det) og nordre del av Nord-Trøndelag (Namdalen pluss Snåsa). I Norsk Ordbok er det normert storfengjeleg. Det kan bety rikeleg, fullt opp (slik Aasen fann det på Helgeland). Men også stor på ruv, omfangsrik (Snåsa, Fosnes), eller stor på det, om folk (Snåsa, Grong, Fosnes). Hos Olav Duun ser det ut til å bety i overkant storveges, ekstra flott, som når han skriv om «storfengli handel» (Tre venner, s. 28) og «storfenglig stell» (i Juvikfolke). Slik også i Skarland-samlinga frå Høylandet..

6.12.15: Småfengleg

Som det er lite av, eller små av størrelse: «småfængli» i ordsamlinga frå Flatanger i årboka til det lokale historielaget. Elles belegg frå Høylandet.

5.12.15: Labbsnø (verb)

Snø tett, med tunge, blaute filler. Norsk Ordbok fører opp Frol og Velfjord som heimfesting for ordet, ut frå belegg i arkivet. I tillegg nemner Arnfinn Aune frå Hitra ordet i ein artikkel frå 1992. Og det finst nok fleire plassar, for ganske nyleg hørte eg ein bynesing bruke ordet heilt spontant, da han fortalte ei historie: «så begynt det å labbsnø».

4.12.15: Grønbork

Når «det grønne skiftet» no er kåra til årets ord, markerer vi dette her ved å dra fram eit tradisjonelt grøn-ord. Grønbork på gran er mjuk bork som er raudbrun og slett utapå, men grøn inni. Dette viser at treet veks.

3.12.15: Hamlætt (hamlet)

Hudfarge, særleg ansiktsfarge (om ein er brun eller bleik). Vanleg i tradisjonelt målføre over store delar av landet. Ein kan f eks ha frisk eller dårleg hamlet (som teikn på om ein er frisk eller sjuk). «Pe Dala var uvanleg raud både i hår og hamlett» (Leif Halse: Lite tå kvart, s. 101). Somme plassar i Trøndelag seier ein hamlått.

2.12.15: Blåsterhol

Stad der det blæs mykje; verhard plass. Eksempel frå årets ordfangst i den faste spalta i årboka frå Flatanger Historielag. Olav Duun bruker også ordet, men elles er det berre belagt i Nord-Norge. Blåsterhol kan også vera «pusteholet» til kvalen.

1.12.15: Valleslette

Eit ord som høver for årstida. Det tyder oftast sludd, snøslette, men kan også bli brukt om slaps på bakken, slapseføre. Vanleg ord mange stader på Vestlandet, ofte uttalt «vadlasletta» e l. Første delen er vall ‘våt, roten snø’, som kanskje har samanheng med vada (snø som ein må vada i). Andre leddet slette betyr rett og slett sludd, avleidd av slat eller slatt med same tyding, og med ein nær slektning i slatter.

30.11.15: Sulk

Viskeler. I denne tydinga er ordet visst heilt lokalt for Gausdal. men Heidal har sulketopp om det same. Det er vel samanheng med å sulke ‘skitne til’, slik at sulken og sulketoppen skal brukast til å få vekk det ein har sulka på arket.

29.11.15: Tomte/tomtast

Vise seg såvidt; vise merke etter (somme stader i Østerdalsbygdene, nyare målførebeleg frå Rendalen og Sollia). «Om vegen fauk att så han ikkje ein gong «tomta» seg (Halvor Floden: Ein fjellgard, s. 264). «Vei’n tomtes der» – det er så vidt merke etter kjøring (Hans Ross 1895,  frå Østerdalen)

28.11.15: Vedrenne

(om ikorn) renne oppover trestammar og hoppe frå tre til tre. Lokalt ord frå Trysil. Her har vi ved i ei litt anna og eldre tyding enn den veden vi puttar i omnen.

27.11.15: Parsko

Skopar som er utforma som høgre- og venstresko.

26.11.15: Oppflæsik

”etter redskapen den fanges med (flytegarn) ute i de frie vannmasser” (Norges dyr 1 1992, s. 134 – nemninga frå Randsfjorden). Flæe = flå (fløyt) på fiskegarn.

25.11.15:  Oppundersik

Sik som står like oppunder isen og blir fiska på vinterstid (Tor Ile i bygdeboka for Øyer; elles fleire stader i Mjøstraktene).

24.11.15: Skulemeistersteik

«Skulmeistersteik var sers omtykt, den retten var gjerne nytta til sundags middag. Det er steikt sauribbe» (Halvor Floden: Ein fjellgard, s. 43). Einaste belegg, og ingen fleire opplysningar om bakgrunnen.

23.11.15: Brånåjord (brunejord)

Mørkt, hardt jordlag under matjorda (Trysil): «under dette lausare laget låg «brånåjorda». Det var eit tett og hardt lag av undergrunnsjord, halvvegs forsteina, vasstett og tett mot planterøter» (Halvor Floden: Ein fjellgard, s. 14). Tilsvarar vel det som ellers gjerne heiter aurhelle.

22.11.15:  Jamrodd

Om båt, som går beint når årane på begge sider blir brukt med same kraft (Gloppen).

21.11.15: Saumtåg

Det same som sveipetåg (sjå Dagens ord for i går 20.11.). Dette ordet står ikkje i Norsk Ordbok, men er med i Amund Spangen: Øst på dalom (1996): «Tåga som det ‘saumes’ med må først kløves i to. Mønsterbinding dannes ved at ‘saumtåga’ vekselvis vikles rundt ‘leggtåga’ og bindes sammen med foregående omgang» (s. 103, tradisjon frå Os i Østerdalen).

20.11.15: Sveipetåg

(som oppfølging frå gårsdagens ord) tåg som ein bind rundt leggjetåga med (Valle).

19.11.15: Leggjetåg

Den tåga ein legg beint fram og bind rundt, i tågbinding. Norsk Ordbok har målførebelegg frå Valle i Setesdal. I tillegg har Amund Spangen ordet med i boka «Øst på dalom» (1996), frå Os i Østerdalen.

17.11.15: Papirtutt

Liten papirpose (med spiss): «en sammenkrølle papirtutt med småpenger i» (Alf Prøysen, samlaverk V, s. 26). Denne samansetninga kom ikkje med i Norsk Ordbok, vel fordi det einaste belegget var hos Prøysen. Men også Magnhild Haalke har ordet (Karenanna Velde, s. 80). Usamansett tutt i slik tyding har Hans Reynolds i ordsamlinga si frå Porsgrunn.

16.11.15: Skjorkvist

Små, fingertjukk furukvist (litt grovare enn den skjora bruker til reiret sitt) (Tynset); sjurkvest tynn raskved, sagt om småtre som fattigfolk fekk ta ut (Hitra, Åfjord)

15.11.15: Sinnedirr
Skjelvande og kvass stemme fordi ein er sint (Sauda).

14.11.15: Tas(j)iomn
Etasjeomn – høg omn med fleire etasjar (del med røykkanal og ope rom, tutndom og med dør) over fyringsrommet. Uttalen viser at etasje har hatt trykk på 2. staving.

13.11.15: Skrytopp

Vi fortsett med samansetningar med -opp, og dette betyr skrytepave, skrytlaup, og er bukt av forfattaren Magnhild Haalke. Ho kan kanskje ha det frå målføret i Vikna.

12.11.15: Skvettopp (ein)

Skvetten og redd person (Sparbu).

11.11.15: Rompopp (substantiv)

«å gjær en rompopp» gjera ein innsats; ta ein tørn (Budalen). Her må det vel gå på å få opp rumpa, «få ræva i gir», og altså litt annan motivasjon enn verbuttrykket i Dagens ord 10.11. Om ord som dette skreiv eg ein artikkel «Rompopp og fliropp» i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan 2012, s. 43-54).

10.11.15: Rompe opp (rumpe opp)
Gi opp, kapitulere, gå trøytt; også (overført om å) gå konkurs. Norsk Ordbok heimfestar til Solør, Ringsaker, Løten, Gudbrandsdalen, Voss, Voll i Romsdal, Sunndal og Oppdal). I skårgangen i slåtten gjaldt det å ikkje «rompe opp», heiter det i eit belegg frå Ringsaker og Løten. Ideen er kanskje at når ein «rompar opp», blir ein liggande med rompa (baken) i vêret. Frå eit par plassar (Åsens, oppdal) blir det opplyst at det også kan bety å gå tom, bli lens for noko. På Bneset er det sagt at ei vektstong «rompe opp» når ho misser likevekta og dett ned på eine sida. «Å rumpe seg opp» betyr i Valle å ta seg saman, raska på.

9.11.15: Hjarteslag

Sjølsagt kan dette bety både pulsslag og hjartelammelse. Men i slaktetider kan vi minne om at dette også er ei samlenemning for hjarte, lunger, mellomgolv og enden av luftrøyra på eit slakta dyr. Ordet er noko brukt som slakteriterm, og i kjøtkontrollen.

7.11.15: Brynnragnhild
Variant frå Høylandet av vassvettet i brønnen, brukt til å skremme ungane så dei skulle halde seg unna. Jf. brunntore som Dagens ord 6.11.

6.11.15: Brunntore

«ho brunntore» er forklart slik av Einar Hovdhaugen (Ringebu) i setelarkivet til Norsk Ordbok: «eit vassvette i kvendeskapnad som livde i brunner. Borni vart ofte skremde med at dei måtte vera stille, eller so kom ho Brunn-Tore og tok deim». På dialektkveld i Fron Mållag i oktober kom det fram at ho Brunn-Tore stadig er kjent i fleire bygder i Gudbrandsdalen. Slike brunnvette har dei elles skremt ungane med fleire plassar, for å få dei til å halde seg unna brunnar.

5.11.15: Berrmeitt

På berr mark (Overhalla). «Å dans med ho var som å kjør berrmeitt» (utsegn snappa opp på Melamartnan i 2008).

4.11.15: Briskslaktar

Dialektnamn på fuglen tornskate. Dette blir oppgitt i fuglebøker og leksika, men det er lite av uavhengige målførebelegg på det. Både dette namnet og det offisielle viser til at denne fuglen spiddar byttet på tornar eller spisse kvistar og sankar seg forråd på den måten. Brisk = eine, så da kan han vel bruke einenåler også til dette formålet.

3.11.15: Latmannsbør

Ekstra stor og tung bør, så ein skal sleppe å gå fleire vendingar. Ordet ser ut til å vera temmeleg mykje utbreidd, og gjerne i ordtak som «latmannsbøra er alltid tung». Parallell i engelsk lazy man’s load.

2.11.15: Vomriv

Mageknip, magesmerter (Gudbrandsdalen: våm(b)rev), Oppdal: våmbaræv, Inderøy: våmræv). I Fron også «våmreft». Andre delen heng saman med å rive, det er smertene som riv.

1.11.15: Plasere
plasere seg – more seg; ha det artig (Jølster, Gloppen).Altså ikkje plassere, for dette kjem av substantivet plaser, frå fransk plaisir ‘moro’.

31.10.15: Halloweenbukk

I kveld er det «halloween», og diskusjonen går om vi bør avvise denne nye skikken eller gjera det beste ut av det. I Trondheim er i alle fall uttrykket «å gå halloweenbukk» registrert blant ungar. Da har ein ikkje lagt seg heilt flate, men blanda det i hop med eldre tradisjonar.
Sjå elles om helgemess i hovudinnlegg 1.11.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/11/01/

30.10.15: Kråkjerring

Norsk Ordbok fører opp 5 tydingar, frå forskjellige stader, her i kortform: 1) (i folketrua) kvinneleg vette som sit i ei krå og som ein må ofre øl til når ein bryggjar. 2) skugge i ei krå når det mørknar på kvelden. 3) trekanta stokk ein sett inn i nov for å få ho tett. 4) trestokk ein boltar fast i kvar krå på gamle hus så dei ikkje skal sige i hop. 5) kongro. Og no kan vi legge til ei sjette: Arnt Johan Schou frå Hemne fortel på facebook at kråkjerring også er ein ring som sprett av bordet i spelet kurong. Denne blir lagt i nærmaste hjørnet frå der han sprett utom.

29.10.15: Sinnabir

Sinnatagg (Øystre Slidre). Jamfør tannbir (Dagens ord 27.10.15). Kva dette bir er for noko, er ikkje heilt klart. Det kan brukast i seg sjøl om ein sinna person, men kan også bety aureyngel.

28.10.15: Helvitesdepel
Etter dagens besøk i Helvete i Espedalen, for NRK-opptak, kan det vel passe med eit slikt ord. Steinar Schjøtt foreslår det i si Dansk-Norsk Ordbok som avløysar for «helvedespøl». Men det ser ikkje ut til at han har hatt særleg suksess med det. Ein depel er i alle fall ein dam eller pytt.

27.10.15: Tannbir

Person som er tannberr, som har ”tenna på tørk” (Tustna, Surnadal – og truleg fleire stader på Nordmøre?)

26.10.15: Snåkkårått

ein som fer og leitar etter noko godt eller vil ha greie på ting han ikkje har noko med (Hølonda). Som hankjønnsord er nok sisteleddet rott, m – eit gammalt ord for (grise)tryne. I trøndersk finst også ei snåkkårått’ (Lensvik, Orkdal, Skaun, Melhus); og da har vi nok å gjera med dyret rotte.

25.10.15: Sjonk
Å kjøre (i) sjonk er å kjøre sundt, å kjøre ut av vegen og velte, eller begge delar. Uttrykket hører først og fremst til i Trøndelag, men er også belagt frå Vega på Helgeland. Det har også ein refleksiv variant å kjøre seg (i) sjonk. I Nord-Norge finst å segle seg i sjonk, og likeeins å få sjunken over seg – om å søkke, forlise med båt. Dermed må dette truleg henge i hop med svensk sjunka ‘søkke’. I Oppdalsmål finst eit refleksivt verb sjonkast: «Det vil itt sjonkast, det e åt te meddags» – det vil ikkje fordøyast (Ingeborg Donalis ordbok).

24.10.15: Skoddesinder

Snø i små korn; kornsnø (Vågå), i materialet til Norsk Etnologisk Gransking. Samansetninga er belagt berre frå Vågå, og ordet kjem med her for å markere at skrivaren deltok på «Haustdugurd» i Mållaget Ivar Kleiven i Vågå i dag. Sisteleddet sinder er elles godt kjent om smått avfall, kanskje særleg om spon av jarn frå smia, men også om små sandkorn, pulver og liknande.

23.10.15: Skorrospell

På Innherred og i Namdalen har dei ordet skorrospæll om eit mannhaftig, grovt, kanskje til og med usedeleg (usømmeleg) kvinnfolk (som kanskje er grov i kjeften også). Likeeins på Hitra – men her uttalt skårraspæll. Skjemtenamn på trekkspel (Overhalla). Men det er også, og vel eigentleg, eit primitivt skrammelinstrument, ei trestikke med hakk (derav skorro), som dei skrapa mot ei anna trestikke, ein bordkant o l, for å få til lyd, det same som skorofele. Skårraspæll på Hitra også i denne tydinga. Dessutan Horg, Selbu og mange stader i Nord-Trøndelag. Skurruspæll Horg, Selbu og Stjørdalsbygdene.

22.10.15: Skysskaffarmerr

I uttrykket «ligg ti det/færra som ei skysskaffarmerr «– ha det veldig travelt (Rissa, Ørlandet). Dessutan dette frå Leinstrand: «Blakk som ei skysskaffarmerr», noko som vel viser til fjordingen som skysshest. «Tapa som ei skysskaffarmerr» (Hitra) fortel at bygdahestane hadde ikkje sjanse når dei møtte profesjonistar; også overført om forhold mellom folk. (Arnfinn Aune) Skysskaffaren var styrar på skysskifte, der dei bytte hestar.

21.10.15: Bosenjakk

Å spela bosenjakk spela kort på ein meiningslaus måte (Kolbjørn Gåsvær, Jøa). Eigentleg bosniak ’person frå Bosnia’. Overført å spela bosenjakk med vera hardhendt med; tyne (Nord-Østerdalen. Også kjøre bosenjakk (Engerdal).

19.10.15: Sykkelstyrbukk
Ung kronhjort , halvtanna år (Otterøya, i Ola Stemshaugs bok «Hjorten», s. 82). Det er mange nemningar for kronhjorten på dette steget, og dei viser gjerne til fasongen på horna.

18.10.15: Gørmeillkokar
Løgnaktig person (Mosvik, i den nye ordsamlinga som er komme derifrå). Førsteleddet er gormelde, dialektnamn på planten meldestokk. I Leksvik kan «gørmeill» nyttast som skjellsord på ein person som er fæl til å bruke grov kjeft.

17.10.15: Sneikalv

Spydigheit, sneiord, «stikkpille» (lokalt ord frå Leksvik). Av same slag er gorkalv («gørkælv»). Registrert frå Leksvik og Verran.

16.10.15: Bustløysar

Frå slaktinga: Dram som var skjenkt når dei skålda grisen (Hitra, Grong). Ei opplysning frå Skaun om at bustløysar også kunne vera namn på den reiskapen dei skrapa busta av med. Den er også kalla bustskrape eller busthorn.

15.10.15: Geivle kjeftom

Om saks, tong og liknande reiskap, vera så laus i gjenget eller skeiv at dei to delane av kjeften ikkje møtest som dei skal, men går om kvarandre (Gudbrandsdalen, i følgje Norsk Ordbok). I Lom er det også brukt om å bruke kjeft, og Asbjørn Dagsgard opplyser i «Målet i Lom og Skjåk» at det også kan tyde å vri munnen. Legg merke til den interessante dativbruken!

14.10.15: Knekkarmål

Vi tek med eit ord til frå publikasjonen Nordvesten (2015-årgangen) og Edvin Rødals artikkel om fisket på Storegga: «Beit storelanga, var det et tungt spenn å dra opp fisk og stein til snøret kom så høyt at langa skjøt magen. Det var omtrent 50 favner, og dette kalte de knekkermålet, da var makta til langa knekt» (s. 14). Dette er spesialisert yrkessjargong hos fiskarar, og eg kan ikkje sjå at ordet er registrert i noko arkiv frå før. Kanskje skyte magen også krev ei forklaring. Det vil seie å gulpe magesekken opp i munnen, om fisk som blir teken opp frå djupt vatn.

13.10.15: Medlyst

Så lyst at fiskarane kan ta med. Norsk Ordbok fører opp som heimfesting Sunnmøre, Helgeland (etter Hans Ross), Trondenes og Senja. Omgrepet er nok kjent fleire stader, såleis på Romsdalskysten: «Eggafisket startet om våren å snart det ble «medlyst», dvs så lyst at en kan se fjella og ta «med»» (Edvin Rødal i ein artikkel om fisket på Storegga i den vakre publikasjonen Nordvesten, 2015, s. 14). Nordvesten er medlemsblad for Nordre Bjørnsund Velforening.

12.10.15: Stå på sty’n

Vera ferdig tiol å kalve, om ku. Ordet kom fram på «vakseølkkveld» med tema dialekt på Geitastranda 11.10. Det stod i ei oppskrift frå 1960-talet. Visstnok ukjent elles.

11.10.15: Stempla
Urokkeleg, viljefast, sta (ganske vidt utbreidd, i følgje Norsk Ordbok: Gudbrandsdalen, Tinn, Eiken, Jæren, Sunnhordland, Manger, Selje, Møre og Romsdal, Fosen, Røra, Sparbu). Ein av fleire måtar å vera stempla, ha fått eit stempel på seg – her gjeld deteit karaktertrekk.

10.10.15: Skitørd(t)

Den 7. hadde vi avleiinga skamørdt, til skamord. Skitord kan bety omtrent det same som skamord, og vi finn også adjektivavleiinga skitørd(t). Det vil seie ‘som kjem med skitord; spydig, ironisk’. Dette ordet er brukt vestafjells, frå Dalane og Jæren og opp til Sunnmøre. Gjerne uttalt sjetørd, sjetørt e.l. I Gjesdal skjedørten.

9.10.15: Ufanslegrank

Skjellsord som kom fram på dialektkveld i Fron Mållag 8.10. Lokalt frå Fron, og visst ikkje registrert tidlegare. Til ufansleg, som m a kan tyde ‘stor og uformeleg’, men også ‘uvøren, skøytelaus, taktlaus’.

8.10.15: Tøvrukkukall

Tøysete gammal kall (Soknedal). Henta frå facebookogruppa for gamle ord og uttrykk i Soknedal, der orda no prisverdig er samla i ei fil. Til eksempel for fleire slike grupper!

7.10.15: Skamørdt

Som bruker grov munn, rakkar ned på andre med sårande ord; som «skyt skam»; uforskamma (Nordmøre, Romsdal, Hans Ross noterer også Trøndelag i 1895). Mor mi (frå Øksendal) kunne seie: «Du ska kje varra så skammaørt åt na mor din!» Leif Halse har sett det på trykk i bygdaboka si for Todalen. Ein plass her skriv han om ein Jo Kjerrom, som blir karakterisert som ein ordhettin kar, som også kunne vera skam-ørdt, som Halse skriv ordetI Sunndal skamvørt, Surnadal skamørinn og Aure skamvølinn, som omforma variantar.

Bjarne Østbø seier i sine kommentarar til ordet at den som er skamørt, fører skam over andre med talen sin, så dei skal bli skamfulle.

Skamørt heng sjølsagt nøye saman med skamord. Sisteleddet -ørdt er avleidd av ord

6.10.15: Forbala

Opprådd, rådvill, overgitt (Trøndelag og Nord-Norge): «sjå seg forbala» – sagt når noko verkar håplaust og uoverkommeleg, ingen utveg i sikte. Også forbalt. Frå Kolvereid er også oppgitt ei tyding redd, sutefull: «han va så ferbala fer pengan sin»

5.10.15: Fjollfarre
Skrytpave, tosk, f. eks. ein innbilsk gammalungkar. Nok eit friskt ord frå Rørosordboka!

2.10.15: Fargabrennvin («farja-«)
Brunt brennevin, som brandy, konjakk, akevitt, whisky. Nok eit ord frå den innhaldsrike Rørosordboka, som vart lansert i går kveld.

1.10.15: Blåbera

I dag er det lansering av ny, stor ordbok over målet på Røros. Vi markerer dette med eit ord frå boka, eitt som får representere den særeigne Røroskulturen. «Blåbera» er namn på ei mindre blåsemaskin i smeltehytta. Ordet er omlaga av engelsk blower.

30.9.15: Tuske langsmed (langsmed)

Uttrykk som Reidar Djupedal har notert frå Selje i Nordfjord. Overført tyder det å ikkje seie greitt frå eller svara klart; orde frampå; sitje på gjerdet.

29.9.15: Håvvelskåk

Uvøre kvinnfolk. Innsendt av Kjellrun Åsgard, Vikna, som seier: «sannsynlegvis av at hesten var vill og trøa utav skjækern». Eg har ikkje noko betre forslag.

28.9.15: Korell

Krangel, trette, usemje, spetakkel, ståhei (Trøndelag, Nord-Norge): «Det vart da en littn korrell millåm Norge og Danmark om Grønland» (eksempelsetninga er frå Osen). Også uttala korill, i Lofoten kurell. Dette er same ordet som engelsk quarrel, og ein kunne tru det er importert derifra. Men som norsk målføreord kjem det snarare frå fransk querelle.

27.9.15: Svartpurka

Å lyske (løsk’) svartpurka er å arbeide ute eter det har vorte mørkt, eller å ta seg fram, famle, stumle ute i mørkret; mørkne ned. Norsk Ordbok fører opp denne heimfestinga: Trysil, Øyer, Lærdal, Syvde, Volda, Sunndal, Oppdal, Sandstad (Hitra) og Kvæfjord. I Kvæfjord er uttrykket også brukt om å arbeide svart.

26.9.15: Tverrstikkar
Reidar Djupedal har notert dette på ein lapp, med tyding ‘tverr, vrang person’, og ei ganske uspesifisert heimfesting til «Trøndelag». Ordet er ikkje registrert elles, og eg prøvde det på ei facebook-gruppe for trønderske ord og uttrykk. Odd Magne Green i Verdal støtta dette, men meinte det også kunne bety ein beinveg. Harald Røstad (Ørlandet/Klæbu) antyd at det kanskje også kan ha vore brukt om planken som er felt inn i tømmeret i enden ved vindauge og dør. Det heiter jo elles beitski e.l.

25.9.15: Illbriskelig

«Gruverdelig eller forferdelig». Slik er det forklart i ei samling med ord som var oppe til diskusjon på eit arrangement i Leksvik pensjonistforening 21.9. Ordet var heilt nytt for meg, men ser ut til å vera brukt forsterkande. Ein nær slektning finn vi nok i illbrisken frå Fjærland i Sogn, forklart som «rang og sinty; ill å gjera til lags». Frå Sogn har vi også samansetninga hardbrisken – hard, vond og streng (om person). Brisken og briskeleg er vel utvidingar av brisk ‘skarp, beisk’.

24.9.15: Tømmerhaugen

Ein tømmerhaug kan sjølsagt vera ein haug, dunge med tømmer (f. eks. på ei sag), eventuelt ein tømmervase i elv. Men på Namdalseid er tømmerhaugen det same som tømmerskogen. Om andre slike haug-ord i «Dagens ord», sjå bærhaugen (9.8.13), sauhaugen (19.8.15), langhaugan (24.8.15) og hjorthaugen (14.9.15).

23.9.15: Mortesuppe
Suppe av (saltvassfisken) mort: «Fersk mort blei gjerene servert med lever og «mortasuppa» til» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge, s. 25; opplysningar frå Sørvestlandet).

22.9.15: Tause (v)

Sette barn på ei jente utan å gifte seg med henne: «å tause ei jente». Ordete r nemnt i fleire ordsamlingar frå Hallingdal i 1740-åra, og hos Hans Ross i Norsk Ordbog frå 1895 (her utan heimfesting). I nyare materiale er det belagt frå Kinsarvik («er eg taus, so hev du taust meg»)og Jondal, begge i Hardanger. Det har visst også vore brukt i Setesdal. Og ikkje minst noterer Reidar Djupedal det frå sjølvaste Oslo: «å tause ei jente». Til taus i tydinga ‘jente som har fått barn (utanfor ekteskap)’ .

21.9.15: Gjessi milla teinn (gisen mellom tennene)

Sladderaktig (innsendt av Kolbjørn Gåsvær, Jøa i Fosnes). Ting slepp lett ut da!

20.9.15: Skåttålår

Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895, definerer det slik: Viltert, omfarende hunvæsen», «især om et væsen som er allesteds fremme og gjør Fortræd» (Trondhjems stift, altså Trøndelag). I nyare materiale: Ei som er uvøren, støyter borti og riv med seg ting (Hegra); viltre jenter, vill kvige (Hegra); våryre kyr som nettopp er sleppte ut av fjøset (Stjørdal); menneske som fer frå det eine til det andre (Åsen).

Verbet skåttå (skota) betyr bl a å fara voldsamt og bråkande fram. Samanheng med skot. Sisteleddet er eit eksempel på at ein kroppsdel får stå for heile skapningen. Lår er rett nok ikkje så vanleg i denne bruken, men det forekjem.

19.9.15: Skrepptopp

Når dei kjørte heim høy med slede på vinterføre, ”gjøra” (reipa) dei lasset etter ein bestemt framgangsmåte, med tre reip. Når lasset var ferdig ”gjøra”, la dei på ein ekstra topp med laushøy oppå att både frampå og attpå. Så tok dei reipsnatet frå hegda og ned i sleden att, i vegendet framme og sledebrugda bak og tøydde til så godt dei kunne. På dette viset vart lasset sjåande ut som ein kamel. Denne ekstra toppen vart kalla skrepptopp.

Førsteleddet er verbet skreppe = skryte. Førsteleddet er verbet skreppe = skryte.Det var kanskje særleg ved kjøring etter bygdavegen dei bruka skrepptopp, og å få lasset til å ruve på denne måten var sjølsagt ei form for skryting eller skrepping. Namnet skrepptopp er derfor logisk nok.

 Etter det materialet vi har, hører ordet skrepptopp heime i det som no er Sunndal kommune, altså Øksendalen, Sunndalen og Ålvundeidet, og så kjem Oppdal i tillegg. Frå Ålvundeidet har vi talemåten «han spara ikkje på skrepptoppan», om ein som er slem til å skryte av seg sjøl og sitt eige. I Singsås var namnet skrepptapp.

18.9.15: Sleppstykke

Stykke som er hoppa over og dannar eit tomrom, f.eks. tomt stykke av potetfor som er hoppa over under settinga (Inderøy); jordstykke utan korn og potet (Meråker). Tradisjon frå Verdal (Anton Røstad) at dersom det vart eit sleppstykke (tomrom) i ei brureferd, skulle det bli lenge til det kom ei ny brureferd i same slekta. Og vart ste sleppstykke i ei likferd, ville det snart bli likferd igjen, etter nokon av dei som var med.

17.9.15: Tammellegg

«Hallo, din tammellægg”. Slik begynte første e-posten eg fekk frå Kåre P. Arnevik i Åfjorden. I ein annan e-post fortel Jakob Olav Wibe om same ordet: «Æ hi haftd einn store glea å vøksi opp som odelsgut på ein gål på Innerøya. I oppvæksta mi va de my følk i gåla mengång (=alltid, min merknad). Farfereldra min budd på kåri, å dæm va bægge Innerøyninga, fødd godt ferri nettenhoinner. Dæm deltonaturle ti oppdragelsa tå boinnboinna, å det va my ferstaindi å ler tå dæm. Det va av å te å få hør at no e du ein rættele tammellægg. Det va itj nå hedersbetægnels akkurat, men det sjærpa løsta te å jørrå sæ fer teng litte ber ein ainnan gong, sålles at det heiller vart litte skryt å få».

Tammellegg er inga heidersnemning altså. Det er ein som har det med å tamle («tammel») – fara klønete fram, gjera dårleg arbeid, fomle og somle. Ordet er først og fremst brukt på Innherred, men også kjent i Åfjorden, som vi såg.

16.9.15: Støvelbendik («stævvelbændek»)

I går 15.9. hadde vi ein «skoffelbendik», og her kjem ein til. Ein «stævvelbændek» kan vera ein som berre støvlar uvørent i veg utan å sjå seg for. Men også ein som trampar i klaveret i meir overført forstand, f eks ein som dukkar opp tilfeldig utan omsyn til tid og stad, kjem ubeden til selskap osv. Ordet kjem frå Hitra og Frøya.

15.9.15: Skoffelbendik

«Du din skoffelbændik!» Anjo Klungervik Greenall la ut dette ordet på ei facebookgruppe for trønderdialekt nyleg. Eg reknar med at ho har det frå Hemne, og at det myntar på ein som er «skoflin» – uvøren, hardhendt, som skubbar borti og riv ned ting etc. Andre tilsvarande skjellsord i trøndermål er skoffelmerr og skoffeltre, men desse går helst på kvinnfolk. Bendik er ikkje så vanleg å bruke i slike samansetningar, men her er altså eitt eksempel.

14.9.15: Hjorthaugan

Hjortjaktterrenget (Hitra). Jf. andre slike ord: Bærhaugen (Dagens ord 9.8.13), sauhaugen (Dagens ord 19.8.15) og langhaugan (Dagens ord 24.8.15).

13.9.15: Stortrøye
Stor vadmålstrøye til å ha som ytterplagg (før vinterfrakkane kom); også bruka om dressjakke. Norsk Ordbok heimfestar til Kyrkjebø i Sogn, Sande på Sunnmøre, Nordmøre, Fosen, Namdalen og Mo i Rana.

11.9.15: Smer(e)smak
Smeren, vammel, emmen smak på mat. Norsk Ordbok fører opp Haram, Sparbu, Fosnes og Nesna. «Smersmak, itt meirsmak» uttrykk frå Jøa (Fosnes).

10.9.15: Skaksålding (ein)

Person som blir skilt ut, sett att, som ikkje blir beden med i gjestebod o.l. (Ogndal). Jamfør skak(e)såld 8.9.15.

9.9.15: Leike nært

«Snekulene suste, og triumfhylene lød vilt når sneballene slo inn i vinduskarmene så de store rutene på det gamle losjelokalet i Tromsdalen rista. Det å «leke nært» var en dristig sort, til tider for dristig. Og kostbar» (Arthur Arntzen i Arntsen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 79). Jf. også dette sitatet: «Skulle bare leke nært. Var ikke meningen å ødelegge..»  http://pappapasserpaa.abcblogg.no/m_072010.htmlhttp://pappapasserpaa.abcblogg.no/m_072010.html

8.9.15: Skak(e)såld

Eit synonym for hæresåld (sjå Dagens ord i går 7.9.15). Etter Norsk Ordbok er dette ordet brukt i Tinn og Hvovin i Aust-Telemark, Froland, Dalane, Jæren, Fosen, Nord-Trøndelag, mange stader i Nordland, pluss Astafjord og Senja i Troms. På Jæren er det også skjellsord om eit rangt, umogeleg kvinnfolk. Skak- (også uttala skakk-) er fordi ein rista i såldet.

7.9.15: Hæresåld

Vi tek med nok eit ord frå arbeidet med kornet slik det gjekk for seg i gamle dagar. Hæresåld er eit grovt (firkanta) såld til å reinske kornet for halmstubb og agner. Botnen var laga på forskjellige måtar, f. eks. av fjøler med passelege hol i som kornet fall gjennom. Dermed vart avfallet liggande att. Ein kunne ha det hengt opp etter vidjer eller tau. Ordet ser ut til å ha vore ganske allment utbreidd. Mange uttalevariantar i førsteleddet: hær-, her-, hør-, hel-, hal- m.m. Førsteleddet hære er nettopp agner og avfall etter korn. Sitat frå Åfjord etter noen som heldt på ute i ausregn og hadde regnklede, men vart blaute lell: – det herre regnklean, dæm lek da som helsoll’n dem!

6.9.15: Hungerklubbe
«Ved ei «naud-tresking» galdt det om å skaffa korn til å mala til mjøl, meddi ein hadde brukt opp kornet frå tidlegare års avling. Då kunne det heita at «hungerklubba gjekk». Det var ei «tjuvtusting», som det heiter frå Strandvik. Då kunne ein gjerne også «slå or» kornband utan å bruka tust, for at det ikkje skulle høyrast i grannelaget. Det vitna nemleg om dårleg styring, om ringt hushald, dersom ein hadde gjort seg mjøllaus så tidleg.» (Jon Bergsåker: Tust og tresking, s. 31). Tust eller sluggu er den gamle treskereiskapen dei bruka den tida dette vart gjort med handmakt.

5.9.15: Bukheil og beinsterk

Frisk og sterk på alle måtar, både utvortes og innvortes; slik ein er i sine beste år (Aure, Hitra, Roan, Vikna). Ein må vera «både bukheil og beinsterk» når ein skal ta fatt på eit ekstra tungt arbeid. Ein eldre informant frå Roan definerer bukheil som «ubeskadiget i indvoldene».

4.9.15: Kankast

Småslåst, knuffe, knubbast (vanleg i Trøndelag, finst også på Nordmøre): «gutongan hell på og kankas», «småkankas». Som substantiv finst kank i uttrykk som «å gjera det på kank» eller «for kank» – for terging, eller på trass, i rangskap. Litt usikkert opphav, men det heng vel saman med kank ‘klase av blomster, bær eller frukt’, ‘snur på tråd, streng’. I svensk kan kank bety hane.

3.9.15: Opplykt («oppløkt, oppløkti»)

Tyder omtrent det same som løkte (sjå Dagens ord i går 2.9.). Som er løfta litt opp frå underlaget, så det blir operom; også lausleg lagt saman. Hans Ross (1895) nemner Fosen, Byneset (her: «steinen ligg oppløkt») og Namdalen, men det er også kjent frå nyare materiale. «Granbaret ligg oppløkt» (Inderøya). i Osen «oppløkti» f.eks. om vedskier i omn, som har for stor avstand så det blir vanskeleg å få det til å brenne. Her også «isen e oppløkti» – det er to lag med is, med luft eller vatn imellom. I Åfjord som verb: «isen oppløkte» – da er det operom mellom isen og vatnet under.

2.9.15: Løkt-ør’ (lyktyrde)

Steinurd som er overvakse med vegetasjon, men med holrom under (Oppdal). Tilsvarar glopurd, sjå «Dagens ord» i går 1.9.15. Løkt er holrom, og adjektivet løkte ‘lykten’ betyr nettopp med holrom, operom; innhol, laus og luftig. Siste delen -ør er nok eit yrde, avleidd av urd.

1.9.15: Glopurd

Grov steinurd (med store steinar) med djupe hol og gangar under, der det er vanskeleg og farleg å ta seg fram (Hallingdal, Vest-Telemark, Agder, Vestlandet, Ålen, Tydal, Nordland, Hillesøy). Også uttalt glopa- (Vest-Telemark), glåppå- (Tydal) og gråppå- (Ålen). Overført på folk, om ein slukhals (Sogn, Hans Ross, Norsk ordbok 1895). Til glop ’gap, hol, opning’.

”Gløsande hoggorm i gomol glòpurd” (Olav Aukrust: Dikt i samling, s. 147)

31.8.15: Omåkkåmåne (umakamåne)

Siste nymånen i eit år med 13 nymånar (Selbu, Ingulv Røsets samling). Utruleg kva det finst ord for!

30.8.15: Husenering
Bygging, snekkering, ominnreiing, utviding til hus (Hegra, Meråker). I Meråker kan husenere også tyde herje, husere.

29.8.15: Ongletaske (angeltaske)

1. Taske, veske til å ha onglar (fiskekrokar) i. 2. Fuglen havelle (fleire stader på Vestlandet: Stavanger, Sunnfjord, Selje): «vi høyrde «ongletaska» utmed stranda, den song så fint» (Selje. Folk før II, s. 211. Namnet skal vera etter låten, ho seier «ong – ong(e)la – ongela» med ein nasal klang. Er også kalla onglemakar (Sunnhordland, Sunnmøre) Hans Strøm seier i si Sunnmørsbeskrivelse frå 1760-åra at ropet vart oppfatta som påminning om at fiskarane skulle laga onglar. Angeltaske finst også i dansk.

28.8.15: Hanske (verb)

Ta borti, fingre med; handfara (på ein hardhendt og uvøren måte): «du må itt stå og hansk slepse mett længer» (Verdal). Også tafse, grafse på: «handske på jentonger» (Magnhild Haalke: Kaja Augusta, s. 57), eller grafse, kara til seg: «hansjke åt si» (Røros). Til og med tukte, denge: «du skulle vore hanska» (Masfjorden). Avleidd av hand.

27.8.15: Kle(s)pøyra (-pøyrå)

Simple, fillete, verdilause klede. Samansetninga er avgrensa til Selbu, Tydal og Meråker. Sisteleddet er fleirtal av hokjønnsordet pøyre, som også er brukt om fillete, lervete kledeplagg.

26.8.15: Sløngstaur

1.  oppstad, fløyt på fiskereiskap (Namdalen). 2. skjellsord for ein lathans, likesæling, ein som går og sleng (Jøa i Fosnes)

25.8.15: Binareling

Stund, eling når ein «binar» – (her:) sitt passiv i eigne tankar og sløver. Nytt ord i nyutgåva (2015) av Bøfjorden Historielags ordsamling «Teft og tykkje», med ord og uttrykk både frå Bøfjorden og resten av Nordmøre. Dette for å markere hyggeleg søndagstreff på sjøbruksmuseet i Bøfjorden 23.8.

24.8.15: Langhaugan
Utmark, beitemark langt frå garden (Hitra). Kyrne kunne finne på å «ta på langhaugan». Jf. sauhaugen no nyleg 19.8 og bærhaugen 9.8.13.

23.8.15: Gesvint («jessvint»)

Når ein person er jessvint, er han snar i vendinga, effektiv, men også hjelpsam, lett å be m m. Men ein bruksting kan også vera jessvint, og da er den hendig og lettvint. Endeleg kan ting gå jessvint, gå radig, lett og greitt unna. Det går også an av og til å ha berre ein jessvint middag – snargjort og enkel. Ordet finn vi jo att som geschwind ’snar, rask’ i standard høgtysk. Men til oss har det helst komme gjennom lågtysk (nordtysk), og det ligg dermed nær å gjette på Hansatida.

22.8.15: Folketokke

Det å vera godt likt; velvilje hos folk; popularitet. Sørvestleg ord i følgje Norsk Ordbok: Jæren, Ryfylke, Sunnhordland, Hardanger. Som målføreord i dette området er det gjerne uttalt folkatokka. Reidar Djupedal noterer det også frå Selje i Nordfjord. Kanskje vi også kunne lagt attåt Valdres, ut frå dette eksempelet: «Ho Sissel hadde god framferd og folketokke» (Tidsskrift for Valdres Historielag 1959, s. 105). Tokke = kjensle, inntrykk. For politikarane er det ekstra om å gjera å ha folketokke no i desse valgtider!

21.8.15: Gælnfira

Merket (det astronomiske teiknet) for planeten Jupiter i almanakken (Innherred). Skulle varsle dårleg vêr, og var derfor også kalla nordavindsfira (Beitstad, Stod). På Inderøya også uversmelja.

20.8.15: Velt

I uttrykket av velten («tå velten») av beste sort; førsteklasses; minst like ofte brukt ironisk og negativt: av verste sort. «Kjøtthau tå velt’n» er eit sitat etter ein lærar som oppgitt karakteriserte ein håplaus elev. Uttrykket er (var) ganske vanleg over heile landet. Preposisjonen utor er stundom brkt: «ein kjeltring uttu velt’n» (Skogn).Somme plassar også «av all velt», «av første velt» o.l. Opphavet er velt ‘trumf i kortspel’.

19.8.15: Sauhaugen

Beiteområde for sauer i utmarka (Namdalseid). Eit eksempel på -haugen/-haugan brukt om utmarksområde der det foregår ei eller anna form for ressursutnytting. Eit anna er torvhaugen.Sjå også bærhaugen, som var Dagens ord 9.8.2013

18.8.15: Storkjesi

Kar med stor mage; også ein storkar (Jøa i Fosnes). Kjese (=osteløype) kan bli brukt om stor mage på folk.

17.8.15: Annkavt

Annsamt, travelt (Verdal, Inderøy, Sparbu, Malm): «ha7få det annkavt»; «det vart så annkavt». I Snåsa som substantiv eit annkav: «det e i annkav førri jula». Her er førsteleddet ikkje and-, men ann- som viser til arbeid og travelheit, samanheng med onn.

16.8.15: Andåggå

Kjensle av otte; uroleg spenning (Innherred: Verdal, Røra, Sparbu). «Ha andåggå fer bånnåm»; «sitti med andåggå». I Gudbrandsdalen betyr same ordet tilsyn, oppsyn. Normalisert form er anduge, og slik finn ein det somme plassar på Vestlandet i same tyding som på Innherred. Første delen er and- ‘imot’; siste delen heng saman med age.

I Frol som adjektiv «vårrå andåggå» sterkt oppteken, konsentrert, men også oppjaga (for noko som skal gjerast).

15.8.15: Vindsky

Om hest: vanskeleg å fange; taksky. Innsendt av Ottar Berg, Brekstad (Ørlandet). Einaste belegget vi har på akkurat denne samansetninga.

14.8.15: Bordjung(e)

Bordkniv, vanleg (luten) matkniv, kanskje særleg om heimesmidd slik kniv (Nordland, Trøndelag, Nordmøre, Nord-Østerdalen, Valdres, Vanylven). Somme plassar matjonge. Også usamansett jong eller jonge. I Øksendalen på Nordmøre var brødkniven tidlegare kalla kakjong. Junge kjem truleg frå lågtysk, og er vel same ordet som Junge ‘unge; ung person’, kanskje opphavleg brukt i spøk om liten kniv.

13.8.15: Skalkopp

Skøyer, spelloppmakar, særleg gutunge (Høylandet, Fosnes). Uttala skælkopp. Laga etter same mønster som f eks fliropp. Førsteleddet er skalk ‘skjelm, prettemakar’.

12.8.15: Bovenfull

Ein oppfølgjar til gårsdagens ord. Dette betyr full til randa, heilt full. Belagt berre frå Sunnhordland, i Chr. Vidsteens «Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland» frå år 1900.

11.8.15: Boven opp

Fullt opp, rikeleg, meir enn nok. Kystområda i vest og nord (Sunnhordland, Trøndelag, Helgeland, Troms), og brukt av trønderforfattarane Bjørg Berg og Magnhild Haalke. «Dæm har boven opp tå alle slag» (Roan). Også berre boven: «Han har fått boven med fisk i dag». Variantar: båojen opp (Osen), bøven opp (Nesset), bøvelen opp (Smøla). Det kjem frå den nederlandske eller lågtyske preposisionen boven ‘over, ovafor’, og er nok komme gjennom sjøfarten. Bovenbramsegl er øvre bramsegl, og bovenlast er last over dekk og riper.

10.8.15: Eldhest

Stor vedkubbe eller vedskie som varmar lenge (f.eks. utover natta). Typisk trønderord, med tyngdepunkt i Nord-Trøndelag. Kjetil Dillan fortel at ein eldhest ikkje var kva stor vedkubbe som helst. Han måtte ha visse kvalitetar som gjorde at han brann lenge. Det kunne vera ei rot som ein fann nedi jordbandet, eller ein seinvaksen, hard stokk med mykje kvist.

Litt supplerande opplysningar er innkomme frå Overhalla og Grong: Ordet kunne også bli brukt om ein arbeidskamerat som det var god varme av i tømmerkoia, gjerne også ein som «sleppte vinden» og fyra på den måten. Og det har også vore sagt om ein overaktiv mannsperson, særleg i samband med festing og damer.

9.8.15: Lonåsen
”Ongann va på Lonåsen” er eit uttrykk frå Oppdal (ordboka til Ingeborg Donali), brukt når ungane var range og i dårleg humør. I setelarkivet til Norsk Ordbok er ein variant frå Oppdal: ”Bar det på Lonåsen?” med tyding ’vart du sur’? Lonåsen er ein stad som faktisk finst, på Tynset.

6.8.15: Trebretting
«Mandagsklubben» samlar ord frå Ørlandet og Bjugn og har fast spalte med dette i publikasjonen «Møllkula». Dette ordet står i nr 2/2014 og er definert slik: «Pengeseddel av stort format, slik som de gamle 500- og 1000-kronersedlene».

5.8.15: Tussuladdpass

tussuladdpass – bli funnen udyktig til militærtenste; bli kassert som soldat (Budalen). Hans Ross fører opp «få tussidladdpass» om det same, i Norsk ordbog frå 1895.

4.8.15: Tårrå

I hovudsak nedsettande ord frå Østerdalen og nokre indre trønderbygder. Sør i Østerdalen kan det også bli uttalt tara eller tärä. Om folk er det brukt om ein stakkar, svekling, ein som toler lite, er udugeleg, klønete, tufsete o.l. Han er tårråvorinn (Selbu) eller tårråvolinn (Meråker). Slike folk kan også bli kalla ein tårråmes (Tydal) eller ein tårråpip (Meråker). Men stundom er tårrå også brukt om ein som er trassig og rang, eller gjerrig og grådig. Vidare kan det bli sagt om eit magert, vantrive dyr, og i Østerdalsbygdene finn vi det dessutan om ei fille eller ein strimmel. Det er nok nærast det opphavlege, for det er laga til ei rot *ter ‘rive sund’, som vi finn att bl.a. i å tære og engelsk tear. Ei torro ‘smule, grann’ er ein annan slektning.

3.8.15: Bangdalen
Heimen til ein reddhare. Med tilvising til Bangdalen i Nord-Trøndelag kan det heite om ein uredd person at han ”e itt fødd i Bangdalen” (Leksvik, Roan, Selbu, Skatval, Frosta), eller formulert slik: du æ vel itt frå Bangendal (Oppdal); eller «Æ itt fødd i Bangendal og kristna på Toten (Meldal). Om eit ekstra pysete menneske kan det bli sagt at han/ho er ”fødd i Bangdalen og navla med ulltråd! (Hemne). Her var guten sin som ikkje var fødd i Bangendal og oppalen med kopp! (Leif Halse Kring gamle Tovadal 53-54).

Nokre fleire variantar: «Minn tru alder dokk ska treff han Berau Bangendal» (Inge Krokann På linfeksing 111).
«Han e ingen bangdaling» (Stjørdal), og «tru itt at æ e oppillinn i bangromma» (også Stjørdal)

2.8.15: Telefonbod
Det same som telefonbeskjed. Det var jo aktuelt den tida telefonen ikkje var allemannseige. Da var det gått med beskjed til dei som ikkje hadde. Enten fekkdei beskjeden referert, eller så måtte dei begi seg til nærmaste telefon og ringe opp att. Dette heitte gjerne å gå med telefonbod eller –bud. I Trøndelag kunne det bli sagt å gå med telefonbau. Mor mi frå Øksendalen fortalte at dei ofte gjekk med telefonbø, som dei sa, til nabogarden, for det var ein periode dei ikkje hadde telefon der. Det kunne også vera faste takstar for å gå med slik beskjed, det var vel gjerne ungar som fekk slike oppdrag. Eg meiner å ha hørt snakk om 25 øre.
I Selbu var det sagt å ga med tellefonåder (gut’n måt ga me tellefonåder mitt å natt’n – frå ordboka til Ingulv Røset). Åder er vel ei eldre uttaleform av ordre – her i betydning beskjed, ei melding, og ikkje kommando eller pålegg/påbod.

1.8.15: Husmåssåsida

Som oppfølging til gårsdagens ord. Husmåssåsida er brukt nedsetjande om baksida, skuggesida, bortsida av dalen, der det veks mest husmose. Begrepet ser først og fremst ut til å vera kjent i Gauldalsbygdene (Singsås, Haltdalen, Ålen). Men også i Selbu var husmåssåsiinga utnamn på folk frå ei bestemt grend. «Å kome frå «husmåssåsida» og ned i sentrum var nifst!» minnest ein bidragsytar i årsskriftet for Singsås Historielag («Far tå folk») 2014 (s. 64). Frå Oppdal har vi ei opplysning om at husmåssårande skal vera brukt overført om ein person som har lite å fara med.
Husmose er som kjent mose brukt til å tette i medfara i tømmervegg.

31.7.15: Limrisbygda

Dei øvste grendene opp mot fjellet (nytta somme stader i Gauldalen blant anna Budalen; på budalsmål «limrisbyta») syner nok til ressursutnytting, men dette har vel ein noko nedsetjande klang. Det ligg ein insinuasjon om at skogen i så høgtliggjande trakter ikkje er brukande til anna enn soplimevyrke. Jon Østeng Hov skriv om ”oppunder limrisgrensa”.

30.7.15: Davit

Davitan er ei innretning, bøygde, svingbare oppstandarar, jarnbommar, som livbåtar heng i og kan settast ned på vatnet med og hevast om bord att. Frå engelsk, som visst igjen har det frå fransk. Skal eigentleg vera mannsnamnet David, av ein eller annan grunn, dette namnet er visst bruka som nemning på forskjellige reiskapar eller reiskapsdelar. Overført i uttrykket å ha nåkka hengan i davitan, som vil seie å vera gravid: «ho har ein hængan i davitan igjen». Harald Berre, Brekstad, har sendt inn dette uttrykket, og han hadde i sin tur hørt det av ein frå Bjugn.

29.7.15: Birhane

1. tappekran (av metall)  i (øl)tynne. Dette har visst vore vanleg, og er den opphavlege tydinga. 2. vasskran til springvatn. Denne tydinga er kanskje noko meir avgrensa, men også relativt vanleg. Frå tysk Bierhahn. Stundom er det (i tyding 1) fornorska til ølhane. Usamansett hane er elles nokså vanleg om kran eller tapp i tynne, pumpe e.l.

28.7.15: Gjeldblom, gjeldblomster

«Høre tiena tå at det e my jeillblom i år» (Aase Kristine Green, Verdal, på facebook). Gjeldblom eller gjeldblomster er hannblomster, særleg på molte, men også annan blomster som av ein eller annan grunn ikkje utviklar seg til frukt. Desse orda finst spreidd over heile landet, men ujamt fordelt. Ove Arbo Høeg («Planter og tradisjon») har også mange andre namn for dette: Blindblomster (Åmot), gapablome (Elverum), villblomster (bl a Vevelstad), villbløme (Stor-Elvdal), fløgblom (Rollag), røsblom og «gærne blomster».

27.7.15: Klårvestan
Vestavind (gjerne kald) med klårver.»Han bles itt klårvestan nå læn, itt», herma vår informant, Tor Magne Larsen frå Malm, etter «Kal på Sneppa», som eigentleg var frå Stordalen i Åfjord. Frå Selje i Nordfjord er nemnt eit tilsvarande ord, klårnordan. Dette skulle vera beste veret til å tørke kleppfisk i.

26.7.15: Brenne kol
Dele seng med jente som har friar (Oppdal, Budalen, Haltdalen); også å gå til ein annan si jente (Budalen). Å brenn-opp-att er å få friar sjøl, når ein før har brent kol (Oppdal).

24.7.15: Andskate
Hans Ross (Norsk Ordbog 1895) skreiv opp frå Leka ordet ein andskati – ”en som bærer seg stygt ad” – og så er det tilhørande adjektiv andskatelig eller andskatåt. Vi har det ikkje belagt i nyare materiale. Det må vera så ås eie nøyaktig samme ordet som vi finn i norrøn ordbok som andskoti ’motstandar, fiende’, eller rett og slett djevel.

23.7.15: Dåvart

Brått, uventa (mange plassar i Nord-Trøndelag): «det kom så dåvart på meg». Kristofer Uppdal bruker ordet i «Domkyrkjebyggjaren» (s. 271). Førsteleddet vel norrønt dár ’som gjer sterkt inntrykk’, det same som i dått (det kjem dått på, å bli dått med)

22.7.15: Skvert

Engsteleg og lettskremt person. Kunne også bli brukt som press mot ein smågut når det var noko han ikkje våga: ”du e da vel ittnån skvert”? (Erik Stenvik, Namdalseid, har det frå barndommen i Trondheim/Strinda).  Dette minner mistenkeleg om det engelske squirt, som etter mine ordbøker betyr ”insignificant person”. Dette har eg lagt fram for Stenvik, som seier det godt kan ha komme som eit sjømannsuttrykk. Bestefar hans brukte ordet, han var fødd 1893 og voks opp på Lamo’n, hadde eldre brødre som var til sjøs.

21.7.15: Hente lys

På trøndersk «hent løs» e l. Lys er her eld, glo, varme, som kunne hentast hos naboen for å få gjort opp varme hos seg sjøl. Men det er også brukt overført om å ha det travelt (det var om å gjera å komma seg heim før gloa slokna). På Frøya er hent glo brukt på same måten. Å gå etter glør om å ha det annsamt finst i ordtaksamlingane til Ivar Aasen. Å fårrå som ein løshentar (Verdal) er å fara fort

20.7.15: Samlaget

Dette er det tradisjonelle namnet på samvirkebutikken mange plassar i Trøndelag, i alle fall i sørfylket. Likeeins i Rindal. «Bortpå samlaget og få ti brød». Truleg forkorta for handelssamlaget, som vi også finn. Samlag fanst nok som målføreord om hopehav, samkvem, fellesskap før samvirkerørsla kom. Det finst såleis i ei ordsamling frå Nordmøre så tidleg som i 1760-åra. Takk for samlagjet, kunne dei seie i Romsdal etter eit kortare samvære. Somme plassar kalla dei særleg brennevinsutsalget (handelslag som hadde einerett på å selje alkohol i ein kommune, slik ordning fanst før), eller Vinmonopolet for samlaget eller brennevinssamlaget (Nøtterøy, Ringerike, Telemark – mange opplysningar om dette austafjells, men også visstnok i Trondheim og Bergen).

Det som gjer dette ordet litt spesielt, er jo sjølsagt at det betyr noko heilt anna på svensk. Det er fleire som har organisert seg i samlag, og eg vil tru det er mange svenskar som har letta på augebrunene litt ekstra når dei har komme i kontakt med noko som kallast Inntrøndelag frilyndte ungdomssamlag. Dei kan nok få litt falske forhåpningar! Også skyttarane har organisert seg i samlag, i skyttarsamlag, og det kan føre til at svenskane gjer store augo, og gjer seg sine tankar når dei ser at vi arrangerer samlagsstemne og driv og kårar samlagsmeistrar.

19.7.15: Onnagorre

Ein som sluntrar unna og ikkje tek del i onnearbeidet (Øksendal).

11.7.15: Grautebakken
«Å gange grautebakkjen» handlar om små ungar som prøver å «føte» seg oppetter bringa på mora (Nissedal i Telemark, ordsamling ved Torkjell Solheim frå 1982).

10.7.15: Kvispen

Kvespinn glad, livleg, kåt (brev frå Hovin i Gauldalen til Dialektmagasinet på Trønderradioen tilbake i 1993). Elles oppgitt frå Midtre Gauldal; i alle fall Singsås, Soknedalen. Må henge saman med eit verb å kvispe, som helsthører heime på Austlandet, og bl a tyder ‘røre, piske’ – kanskje av vispe med innverknad av ord på kv. Ein annan slektning er å kvespas, – friskne til (Singsås).

9.7.15: Snippgjelde

Ei form for gjelding (kastrering). Særleg i truslar som «eg skal ta og snippgjelde deg», «du skulle vore snippgjelda». Norsk ordbok fører opp Sunndal, Surnadal, Oppdal og Hølonda som heimfesting. Etter diskusjon nyleg i ei facebookgruppe kan vi føye attåt Lesja her. Det er også opplyst kjent på Innherred (Røra). I Nordfjord «han skulle vore snippskoren».

8.7.15: Fontenell
Fontenell er eit ord frå folkemedisinen. Jens Haukdal skriv om dette i boka ”I skreddartimen” (s. 115). Dei brukte å smette ei trekule (ei ”hålåkule”) under huda i opne sår. Når så denne svall ut, drog den ut våg og dermed kunne såret bli kurert. Haukdal kallar vågen eller væska som kjem ut, for fontenell, men i Haltdalen, Ålen og på Røros er funtenell namnet på trekulene som vart brukt. Desse kallar Jens Haukdal for fontenellkuler. Eit avvik har vi i funterell i Verdal, om ein olderpinne som dei stakk inn i baken mellom skinkene når dei hadde vorte såre der, eller for å unngå å bli såre. Eit anna namn på akkurat det er skorropinne, i nordnorsk også svettpeis (som kanskje er opphavet til skjellsordet?). Men tilbake til fontanell (som er skriftforma): Mest kjent er det nok i dag som faguttrykk for den delen av kraniet som ikkje er ihopgrodd hos foster og spebarn. I medisinsk bruk er det også om kunstig laga sår til å skilje ut skadelege stoff frå kroppen, og da nærmar vi oss det som Jens Haukdal fortel om. Opphavet er uansett italiensk fontanella ’liten brønn’, i slekt med fontene. Det kan nok ha hatt ein eller fleire mellomstasjonar på vegen opp hit, såleis er det kjent i dansk. Men det er ein del av den vanlege vegen for språkstoff og andre kulturelement frå kontinentet og nordover.

7.7.15: Fønster

Brukt som skjellsord på eit rart, merkeleg, tåpeleg, jålete m.m.  kvinnfolk (”ho e eit oinneli fønster”). I svensk betyr fønster jo vindauge, og det er vanskeleg å sjå samanheng. Alf Torp (etymolog) har gjetta på samanheng mellom det før nemnte fåne og eit anna ord gjønster dum, merkeleg person (ein det blir drive gjøn med). Jf. at ein i Hemne har sagt fjønster i lag med fønster. Og det er meir frå Hemne: Fønster, opplyser ein informant,  var først brukt i 1920-åra om ungjenter som begynte å gå rundt med raude og gule kåper!

Fønster ’vindauge’ i svensk er komme gjennom lågtysk frå latin fenestra ’vindaugsopning, glugg’. Norsk rim: sju gjønster satt i eit fønster (Senja).

6.7.15: Malabarisk (malebarisk)
Ordbøkene fører gjerne opp tydingar som uforståeleg (om språk), framandatarta. Men i folkeleg dialwkt vest og betyr det heller ustyrleg, forferdeleg, og dette er da også behørig registrert i Norsk Ordbok. Dette kan vera både om folk og om vêr: «han e mallabarisk utpå garda no». Ei dame på Trøndelagskysten som vi ikkje skal namnta,sa om ein kar ho kjente frå ungdomstida si: – Han va mallabarisk te å kryp-på! Ordet er laga til namnet Malabarkysten sørvest i India. Det har vore gammal kontakt hit, det har visst vore kristne like lenge som i Europa, og ein eldgammal koloni av jødar, som no stort sett er emigrert til Israel. Det har gått for seg mykje skipshandel, og ordet malabarisk må høgst truleg ha komme inn med sjøfolk.

5.7.15: Rasmus
For det første er det sjømannssjargong for sjø , bølgje som slår innover båten. Når ”rasmus slår over”, tek skuta overvatn. Nordmørsforfattaren Ingeborg Åsen Vatten skriv om ”når han Rasmus herjar”, i romanen Ales. På Senja er det brukt om sterk storm. Det er vel eit slags tabunamn om sjøen, brukt av sjøfolk. Men så er det også overført på folk: På Jøa er ein Rasmus ein person som herjar og står i det. Og i Roan er det ein (manns)person som er rasande: ”han ska bli Rasmus når’n får sjå det”

3.7.15: Lusglas
siksaksting som ein syr nedst i splitten på skjorter, til forsterking (Hølonda). I Aure lustropp (-trapp).

2.7.15: Lesnadsgåan(de)

Gammal nok til å gå for presten, på lesna’n. Akkurat denne samansetninga er berre registrert frå Åfjord .

1.7.15: Sveletjuv

Person som er glad i svele og andre slags søte kaker. Tilsvarar ein kakemons, eller lefserev («løfserøv») på søre Sunnmøre (i ei av fleire tydingar). Reidar Djupedal har skrive opp «sveletju» frå Selje, og det er einaste registreringa vi har på det ordet.

30.6.15: Kleppmerr

Tvinn, kank på ståltråd (hesjetråd), berre frå Åfjord og Stokksund,og  begge innringt. Eksempel på ord vi ikkje ville fått tak i utan Dialektmagasinet på Trønderradioen. Vel til klepp = klump, og spøkefullt i utgangspunktet?

29.6.15: Åstren

Ivrig, ihuga, ustyrleg. Adjektiv som berre er registrert i Namdalen, med to oppskrifter frå Fosnes og ei frå Foldereid. Kolbjørn Gåsvær, den eine registranten frå Fosnes, lurer på om det kan ha å gjera med åst ’kjærleik’ (kjent frå norrønt og folkevisemål). Er usikker på det, åst er visst eit reint litterært ord. Adjektivet er normert til ostren i Norsk Ordbok

28.6.15: Ragat

Fleire verdalingar har teke opp ordet  ragat – som for dei betyr ein kvist eller stor grein, ein påle. Samansetninga bjørkragat om bjørkkragg (Røra) har løyst ut variantforma gragat.  Ragat har mange betydningar, vi har det med i Trønderordboka, f. eks. staur- eller stokkende som stikk opp av jorda (Sparbu), rot, stokk el noko under vassflata, har vi opplysning om frå Verdal, ein uhøveleg spikar o l (Oppdal) – noko som ein hektar i. Også om folk, i tydingar som ein stor, grovbygd person,ein  lang, ulenkeleg kar, men også ein ramp etc. Uttalen ragater (altså i eintal) er ikkje uvanleg. Ordet kjem truleg frå latin ragatius ‘gut, tjenar’. Jamfør italiensk ragazzo ‘gut’.

27.6.15: Otorrotre

Skjellsord som står  i dei trykte ordsamlingane som er komne frå Inner-Namdalen. I samlinga frå Høylandet forklart som rang person, og frå Grong/Harran vanskelig person som ikkje vil innrette seg etter dei gjeldande lover og reglar. Her er det sagt at det eigentleg er ein tretopp eller emne som ikkje ein gong var brukbart til torro (tvare).

26.6.15: Å tikse (teks’)

Verb som kan bety mange ting. I Nordland og Namdalen er det brukt om å renne i veg, eller å ramle, dette. F. eks. teks heim med deg kom deg heim, pakk deg heim (Bindalen). Eller ein kan få ordrar som teks-deg ætt i vebøl (ordsamling frå Høylandet). Å teks på hav er å dette på sjøen (Bindalen, Vikna). Kjetil Dillan, Verdal, nemner ein annan bruk: di må itt teks son me’ kattonga, hu bli da så ovæl i maga-a – altså uvøren handtering av eit mindre og forsvarslaust krek. Frå Leksvik har vi teks-ut herje, hundse med, slite nokon ut. Å teks-ut om å jaga på dør er  kjent frå Namdalen, i samanheng med Sør-Helgeland. Heng saman med å tikke – gi eit lett slag o l, pikke. Teks’  om hosau (Nordmøre og delar av Sør-Trøndelag) er visst eigentleg ei anna ordslekt.

25.6.15: Stullardag

Det er seterflyttingstid, og derfor denne: «Var det flere setrer på samme stul, skiftedes gjerne budeiene om å gjete, så de andre en dag imellom fikk være heime og stelle. Disse dager kaltes «stullardågå»» (Anders Sandvig: Seteriv og seterstell (1942), s. 243). Samansetninga er ikkje ordboksført. I førsteleddet finn vi verbet stulle, særleg kjent i sambandet «stulle og stelle», om å gjera husarbeid, drive med småarbeid, men også om å stelle og fore husdyr. I Nord-Gudbrandsdalen er å «stulle utu» (utor) å gjera seg klar til å flytte ned frå setra.

24.6.15: Frifrøs
Frittalande, radikal person (innsendt av Kolbjørn Gåsvær, Jøa)

23.6.15: Eldhusklokkar

Ord som heilt nyleg dukka opp på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Meldal. Arnt Stene forklarer det slik: «Ja, det æ utj nå hedersbetegnels akkorat. Et gammelt ord fer en som søng i dusja ta, og som egna se best der. Stemmebruk te hjemmebruk». Og her er Bjørg Schjølberg, som la ut ordet: «en person så søng i overkanty høgt, å akkorat vakkert å hør på e det itj». Kari-Elin Røttereng Liellemo supplerer: «Det ha å vårte brukt om onga som bråke i meste laget, det som dæm no kalle «utestemme».»

22.6.15: Å gorte

Å gort’ om å vera spydig, komma med ukvemsord, er kjent frå fleire plassar i Trøndelag (Rissa, Leksvik, Røra, Inderøya, Verdal, Vikna): «ka du sett og gorte ti?» Det kan elles bety fleire forskjellige ting: å gupre/rape, om ein hikstande lyd frå kråka (som var rekna som styggversvarsel), eller om grisgrynting (Høylandet m fl). Stundom er det uttala gørt’. Det er nær i slekt med å garte, som bl a er brukt om grisgrynting.

21.6.15: Tauskjerringrukke

Vi følgjer opp ordet frå i går, med dette, som er frå Selbu (Ingulv Røsetsordsamling), og tyder rukke, rynke som oppstår i flatbrødleiven når bakstekjerringa kjevlar han ut. Uttala «töskjerringrokke». Har det vore ei forestilling om at ein ikkje skulle bli gift, altså bli gåande som «tauskjerring», når ein laga slike rukker, både som dette og som i gårsdagens ord?

20.6.15: Tauskjerringskropp

Rukke, fald (=skropp) på klesplagg, etter strykejernet (Verdal).

19.6.15: Lyngarde

Elektrisk gjerde. Registrert av Olve Utne frå Imarsundet, som er sundet mellom Ertvågsøya og Stabblandet i Aure kommune. Og det er einaste plassen vi har akkurat dette ordet frå. Uttalen er her «-gale» med tjukk l.

18.6.15: Trummul

Sta, tverr person (Tydal, Selbu, Stjørdal). I Singsås trømmul, på Frøya trummuli. Ordet er ikkje sikkert etymologisert, men har kanskje samanheng med svensk trum ‘mule’. Adjektiv mulin/mulåt kan også bety sur, tverr. Laga med suffikset -ul s om i (selbyggmål) klæssul, kussul, dassul etc. Mønsteret kan ha utgangspunkt i ord som  for eksempel stuppul. Til substantivet finst også adjektivet trummulåt.

17.6.15: Komfoli

Harpiks er nødvendig for å få felebogen til å bite. Da eg undersøkte nemningar for dette, dukka det opp eit uventa ordgeografisk mønster. Det syner seg nemleg at sønnafjells er det mest sagt harpiks eller harpeis, medan ein nordafjells helst har variantar av kolofonium. Mest utbreidd uttaleform er komfoli, men også konfoli, konfolium og konforium forekjem. Ordet er lån frå tysk Kolophonium, som igjen kjem frå latin colophonia eller colophonia resina ’stoff (harpiks) frå Kolofon’. Kolofon er ein gammal by i Lydia i Lille-Asia, og nemninga avspeglar truleg at den beste harpiksen kom derifrå. Sørgrensa for kolofonium i ulike utformingar er Nord-Østerdalen, Oppdal, Sunndal og Sunnmøre. Denne grensa fell i store trekk saman med ei velkjent ordgeografisk grense, som har tydelege parallellar bl a i husdyrterminologi og i nemningar i samband med fiske. Feleharpiks/kolofonium er jo eit heller nytt fenomen. Når så dette får ei grense i nemningsbruken som samsvarer med ei grense i den norske ordgeografien som må vera mykje eldre, viser det at liknande krefter i spreiinga av språkstoff kan verke på svært ulike tidspunkt. Vi må her ha å gjera med ei kulturgrense som har vore aktiv over svært lang tid. I det området der ein har kolofonium som nemning, er det grunn til å rekne med Trondheim som spreiingssenter både for ordet og substansen.

14.6.15: Attvidopen

Dette er eit eksempel på at ord kan bli omforma og vanskelege å kjenne att. Særleg stor er sjansen for ”avsporingar” når opphavet og samanhengen ikkje lenger har stått klart for folk. Neste ord viser også litt av det: I fleire bygder i Gauldalen finst ordet attihopinn, som betyr ’bakover på ryggen; utstrekt på ryggen’. Ein kan ”dette attihopinn” om ein er uheldig. I Budalen er det også snakk om ”å halle attihopinn”, om folk som er ”bratte i nakken”. Her hjelper det oss at ordet andre plassar finst i fasongar som attvioppen, attveoppin m m. Det ser altså ut til at ein v har falle ut av ordet i ”vårt” område. I Leksvik er attviopinkast namn på eit kast i slåsting (bryting) der ein veltar seg sjøl attover og kastar motstandaren over seg. Ordet er samansett av att og vidopen. Vidopen kan sjølsagt bety ’heilt open’, men også ’liggande utstrekt på ryggen’, såleis både i svensk og færøyisk. Vidopen er altså eit fellesnordisk ord som godt kan gå tilbake til norrøn tid utan at vi akkurat har det belagt der, men samansetninga attvidopen med presiserande førsteledd att- nok bør vera ein del yngre.

13.6.15: Haldstreng

Grovtvinna og ubrukeleg tråd. Henta frå ei ordsamling frå Averøya, ved Gunvor Strømsæther. Ho er visst aleine om dette ordet. Andre ord for det same er f.eks. geitaband og bjønntråd.

12.6.15: Langelt
Med det langvarige, samanhengande regnveret vi har på våre kantar av landet no, er dette ordet dekkande. «Han er langelt», heiter det når elingane, eller bygene, varer lenge. Gunnvald Bøe kom med dette ordet på ei facebookgruppe nyleg. Han har det frå Bøfjorden i gamle Åsskard kommune på Nordmøre. Elles nemner Arnfinn Aune det i ei ordsamling frå Hitra, der er uttalen «langælt». Det motsette er «støttælt» (stuttelt), da er elingane kortvarige. -elt er ei avleiing til el ‘byge’.

11.6.15: Slåkkåmån (slakkemon)
Lokalt ord frå Verdal for slingringsmon, sikkerheitsmargin, litt å gå på. Førsteleddet er verbet slakke, som i somme målføre, mellom anna på Innherred, syner jamvekts- og jamningsform slåkkå.

10.6.15: Musbrent
Når slike tabuord frå kjønnslivet blir overført til andre situasjonar, kan det gje ein pikant effekt. Såleis kan det vera snakk om å vera musbrent. Det er litt delte meiningar og litt forskjellig bruk: «Han e musbrent på fingran» – slepphendt (Hitra), men også «han e itt musbrent» – toler å ta i det som er varmt, eller toler mykje kulde. Ein gong kom det brev til Dialektmagasinet i Trønderradioen frå ei frue som hadde hørt ordet i eit selskap der det vart sendt rundt varme kjelar. Ho spurte: – kan man fortelle hva slags mus det er tale om, som til tider kan bli så innmari het? Musbrent er kjent også i Jämtland – her om at ein er redd for å ta i varme ting.

9.6.15: Andløgd
I forma annjlekt er registrert frå bl a Budalen og Singsås, og det betyr ’flirfull, lattermild’. Same uttalen har det i Haltdalen og Ålen, men opphavet ser vi lettare om vi går til andre bygder, f eks Rennebu og Oppdal, der det heiter annjløgd eller annjlægd. Annløgd var sagt frå gammalt også i mi eiga heimbygd Sunndalen. Vidare går det over i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen, og det finst fleire stader austafjells. Også frå Setesdal, Suldal og Hardanger er det oppskrive. Første delen må truleg vera den gamle forstavinga and- ’mot’, som i andpusten, andblæst etc. Og siste delen er nok –løgd, slik fleirtalet av målføreformene tyder på. Dette heng saman med verbet å le, helst via eit anna verb å løgje, som betyr å få til å le (akkurat som å grøte betyr å få til å gråte). Vi kjenner att denne ordstammen også i adjektivet løgleg ’artig; til å le av’. Noko ord andløgd er ikkje belagt i norrønt, men måten det er laga på, det heilnorske ordstoffet og den vide utbreiinga gjer at vi temmeleg trygt kan føre det tilbake til den tida.

8.6.15: Malehelle
Flat, blankskura stein der målarane knuste og gneid ut målarfargar, det var gjerne ei slik ei på gardane før (Modum, kjent også fleire stader)

3.6.15: Badang
Bång er eit merkeleg ord som betyr ”kroppsdelen” på eit klesplagg, overdelen utan ermar, bulen. Det er funne i Budalen, Singsås og Haltdalen. ”Trøybången e i stäst lave”, står det i Olav Fløttums ordsamling frå Singsås. Om vi løftar blikket og ser litt vidare utover, finn vi andre variantar: badang i Selbu og Tydal, boddong i Meråker og på Innherred, bødding i Inner-Namdalen, og samantrekt til i Ålen og Tydal. Det finst også i svenske målføre. Alf Torp i ”Nynorsk etymologisk ordbok” viser dessutan til nokre tyske dialektformer og meiner at ordet må vera eit svært tidleg lån, men uvisst kor frå. Det er i slekt med det engelske body ’kropp’.

2.6.15: Tasabekken
I Rana finst ein seiemåte «han e kje kommen over tasabekkjen» – han har hittil drive berre med skøy, men får snart vita av anna (oppskrift frå Storforshei av Hallfrid Christiansen 1947 i setelarkivet til Norsk Ordbok; også oppført i samlinga til Tor Jacobsen frå 1993). Tasa v tyder ‘(stor)skratte’ i dette området, så «tasabekken» blir det abstrakte omgrepet for grensa der noko tek til å bli alvorleg eller vanskeleg (Norsk Ordbok XI, i trykk).

1.6.15: Skamskøyte (substantiv)
Eksempel frå Gunvor Strømsæthers samling frå Averøya: ”skamskjæt”, person som ikkje har skamvet. Eller som ho uttrykker det «en som burde skamme seg, men kanskje ikke gjør det». Ei(n) som ikkje skøyter (skjøttar) skam. Elles berre belagt frå Kleive, gamle Bolsøy herad som ”skamsjøyte”. Viser ordsamanheng mellom ytre Nordmøre og Romsdal.

31.5.15: Pråttåstelt
Vi kjem her til det siste ordet som var omtalt i ein artikkel i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan i 2013 (sjå også tvibøli 19.5.15 og vandsett 25.5.15). Dette går også på å vera opprådd, og her ser det ut til at dokumentasjonen er sterkast frå Budalen. Rett nok finn vi ikkje i oppskriftene verken hos Ludvik Enmo eller Hallfrid Christiansen, men Berit Krigsvoll ringe inn om det til Dialektmagasinet i 1996, og Jostein Storrø skreiv om det til same programpost i 2003. Eg har elles hørt det av fleire budalingar. Even Krigsvoll har det med i si (enno utrykte) ordsamling frå 1998, der det er mest Singsås-ord, men han presiserer at akkurat dette er frå Budalen. ”Noe som er umulig å få til” er hans skildring av ordet.
Men heilt lokalt for Budalen er det kanskje ikkje likevel. Jens Haukdal fortel om det i folkeminnesamlinga ”Framfor stena” (1978, s. 166). Og så skreiv Bjarne Løset frå Løkken verk om det i ein tidleg fase i Dialektmagasinet, i brev 22.4.1993: ”når en driver med noe en ikke kommer noen vei med, det blir bare tull, og til slutt blir en rett og slett opprådd”. Det kjem ikkje heilt klart fram om han har dette frå Meldal eller andre stader.
Verbet å pråttå betyr å pirke. Såleis kan pråttåstelt ha starta sitt ordeliv med å uttrykke pusling med noko smått som ein blir ståande heilt fast med. For sisteleddet sin del har vi parallellar i ord som leistelt, rangstelt m fl.
Ja, det kan bli obøtna te tæbbora og oheidømt med trasighet, så ein kan bli både vandsett og pråttåstelt!

30.5.15: Solglur
Liten solgløtt, lita oppklårning i skya ver. Lokalt nordmørsord; denne samansetninga er registrert frå Øksendal og Tingvoll. ”Solglo gjer morgondagen god og solglur gjer morgondagen sur” er eit gammalt vermerke som nyleg har komme inn nettopp frå Tingvoll på Facebook. Glur er altså oppklårning, opphald: ”kvelds glur gjer mårgo sur” heitte det på Ålvundeidet. Usamansett glur er også belagt frå Nesset i Romsdal. I Øksendal var det tale om godversglur. Men glur kan også vera eit vinddrag (Øksendal, Stangvik), som i kveldsglur.
Kanskje glur er grunnordet for verbet å glyre, som kan bety å myse, plire, men på Nordmøre også å gjera store augo; glana. Jf. islandsk glýra, blenkje; og lågtysk glûren, sjå skarpt på, med samanknipne augo. Frå Sunndal kjenner eg ikkje substantivet glur, men uttrykket ”det glire opp” når skodda lettar. Med tanke på itakismen i Sunndal kan dette godt vera glyre.

29.5.15: Påssålag
Samarbeid, hopehav, samkvem, men gjerne litt hemmeleg og fordektig. Maskepi er kanskje nokså dekkande. Ordet er nemnt frå Folldal, Soknedal (der det sjølsagt er uttala ”påssålav”), Klæbu og Leinstrand. Men ideen bak er uklar for meg, altså kva slags pose folk er i lag om. Kanskje mjølet i posen ikkje er heilt reint.

28.5.15: Matfrisk
Lysten på mat, svolten (Norsk Ordboks definisjon). Ordet blir heimfesta til Løten, Trysil og Verdal, med litterære belegg som gir klare målføreindikasjonar også til Sør-Østerdalen og Salten. Etter at det aktuelle bandet vart trykt, er det også registrert i Lavangen. Nyleg har eg også fått opplysningar om det frå Namdalen. «Er du matfrisk?» er eit absolutt relevant spørsmål dagen etter ein fuktig fest. I dette sitatet ser vi eksempel på ein storetar som kunne kunsten å bli matfrisk att: Å greie eit digert saulår i målet var hans minste kunst, og ved toddybordet bad han aldri om nåde. Høvde det slik i godt lag at den romslege magen sa nok, gjekk han ut og øvde klassisk romarkunst og kom matfrisk innatt» (Årbok for Glåmdalen 1944, s. 53).

27.5.15: Havglopp
Solveig Strand frå Averøya har sendt inn mange særprega ord frå Bremsnes som frivillig medarbeidar på Norsk Ordbok. Eitt ekempel er ordet havglopp, forklart som ”elingsver”: ”det e havglopp i dag”. Og så skriv ho at dette forekjem særleg om hausten når det er klår himmel og det så brått kjem stutte, kraftige regnelingar så spruten står. Særleg når det er nordavind og nordvest. Norsk Ordbok heimfestar det til Nordmøre, men det er nok for generelt. Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895, noterer det frå Kvernes, og forklarar det ”en fra Havet indkommende voldsom nedbørsbyge, af Sne, Hagl eller Regn”). Eit reint Averøy-ord, ser det ut til. Dette er dei to einaste belegga vi har.

25.5.15: Vandsett
Ja, det kan bli så ”tvibøli” (sjå «Dagens ord» 19.5.15) at ein blir aldeles vandsett. Da er ein opprådd, i knipe, i beit. Dette ordet har litt breiare geografisk grunnlag enn «tvibøli». Budalen er solid dokumentert også her, først med samlinga til Ludvik Enmo og Hallfrid Christiansen-oppskrift frå 1953. Men dei fleste oppskriftene har vi frå Singsås. Det finst i Olav Fløttums ordsamling, og mannen som ein del kanskje kjem i hug som den myndige ”eldregeneralen”, Per Hovda, noterte det frå Singsås på 1970-talet. Hovda var nemleg språkforskar av fag, med stadnamngransking som spesiale. Ein kar som nok er meir kjent for andre ting, tok med seg ordet inn i skriftspråket. Det er Johan Hovstad (1896-1959), som var lektor ved Sinsen høyere skole, og ein av dei som stifta Humanetisk forbund i si tid. Han skreiv doktoravhandlinga ”Mannen og samfunnet. Studiar i norrøn etikk”, og der heiter det ein stad: ”Ein skulle hjelpe den som var vandsett og bad om stønad og hjelp”. I bygdeboka for Singsås har ein også hatt bruk for ordet: ”I hardår når dei vart vansette for mat” (Singsåsboka bind I del II, s. 286). Olav Duun har også brukt ordet, i ei av forteljingane der han bygger på det året han var lærar i Singsås. ”Jens var vandsett for eit emne til vognarm”, skriv han (trykt i ”Tredje gongen og andre forteljingar”, s. 35). Duun må ha lært ordet i Singsås, for det finst så vidt vi veit ikkje i Ytter-Namdalen.
Elles er det registrert i Soknedalen, og dessutan i Oppdal. Med folketungas sikre sans for fyndige bokstavrim kan ein stundom få høre at nokon er ”vær’ enn vandsett”. Og da er ein skikkeleg opprådd! Denne seiemåten er registrert frå heile utbreiingsområdete for ordet (Singsås, Budalen, Soknedalen, Oppdal).
Ordlaginga er grei nok her. Første delen er vand ’vanskeleg, og vandsett vil da seie att ein er sett, stilt i ein vanskeleg situasjon.
(henta frå ein artikkel i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan 2013)

24.5.15: Pølbekk
Liten bekk, siklebekk (Oppdal). Når ein er i lag med kunnskapsrike og forteljeglade oppdalingar, slik spalteskrivaren har vore i store delar av pinsehelga, blir det alltid nye/nygamle uttrykk og historier å få med seg. Pølbekk er eitt av dei som kom denne gongen. Det er vel nesten unødvendig å seie at ordet er verken ordboks- eller arkivført frå før. Første leddet er ei pøle (pø’l), sagt om vassdam, sølepytt o.l.

22.5.15: Handlar
Ein handlar er ein som driv med handel. Handelsmannen, kjøpmannen i daglegvarer var mange plassar rett og slett kalla for handlar’n, kanskje særleg i Trøndelag og på Nordmøre. Kjøp mjøl hos handlar’n, kunne det heite, eller til og med i dativ fleirtal: eg skal åt handlarom. Den enkelte kjøpmannen kunne bli omtala som ”han Jo handlar” og ”han Edevart handlar” f. eks.

21.5.15: Skilderi
Også uttala sjelleri e l. Det er kanskje (etter kvart) litt nedsettande, om bilde av dårleg kvalitet eit billeg og glorete skilderi om glorete fargar og sentimentale motiv (”elg i solnedgang”). Det var også snakk om skilderiblad og skilderibok. Tysk ord (schilderei), til skildre.

20.5.15: Kvestion
Margit Værnes, Agdenes har sendt inn ordetkvestion, som betyr setning eller ord: ”lætt mæ få inn ein kvestion, no da” – frå engelsk question, spørsmål. Frå Voss har vi kvestinera ’grava og spørje’. Dette verbet finst også i svensk.

19.5.15: Tvibøli
Dette er vel eit typisk Budalsuttrykk. Dialektforskaren Hallfrid Christiansen skreiv det opp i 1953 da ho gjekk gjennom ordlista til Ludvik Enmo. Forklaringa her er ”trongt om plass, vanskeleg”. Uttalen er med ein litt spesiell ø-lyd, ein slags ”mellomvokal” som ligg ein plass mellom vanleg ø og o, og dessutan med tjukk l. Ordet lever stadig mellom budalingar. Olaug Enodd ringte inn til Dialektmagasinet om det alt i første sesongen, våren 1993, og gav ei betydningsopplysning som er heilt i samsvar med Christiansen 40 år før: Når det er tvibøli, er det vanskeleg, ein blir opprådd. Og heilt fram til dags dato har budalingar brukt og kommentert ordet.
Det ser altså ut for å vera temmeleg lokalt for Budalen, men eg har ved eitt tilfelle notert ”tvibøle” i Soknedalen, tilbake i 1997. Tradisjonen for det ser ut til å vera langt svakare her, og det er godt muleg at det er lånt frå Budalen og tilpassa. For dersom opphavet er det som eg straks skal foreslå, burde det hatt uttale med r og ikkje tjukk l på sokndaling, etter ei elles velkjent dialektgrense. Det verka heilt ukjent på facebook-gruppa ”Gamle ord og uttrykk i Soknedal” da eg prøvde å lansere det der.
Hallfrid Christiansen sett opp som ein forsøksvis normert skrivemåte tviburdig, og det er også oppslagsforma i Norsk Ordbok. Burd- heng i hop med å bera, og ideen med ordet kan kanskje vera at vanskane fører til ei dobbelt bør. Kanskje kunne det med like god grunn vore skrive tvibyrdig. Tvi- veit vi betyr dobbelt, og her fungerer det kanskje reint forsterkande. Det finst parallelle uttrykk, f eks tvibråttinn (tvibroten) frå Tingvoll om noko som er ekstra vanskeleg.
(frå ein artikkel i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan 2013)

18.5.15: Riklelaus (rekkellaus)
Ustø, lealaus (Høylandet, Alstahaug)

17.5.15: Flaggblad
På nasjonaldagen får vi ta eit ord med flagg i seg. Men dette har ingenting å gjera med det flagget vi viftar med. Flaggbladet er øvste bladet på eit kornstrå, som omlsuttar akset før det begynner å skyte. Også kalla skotblad.

16.5.15: Tergflis
«-Er du en tergflis?» Det er Gøran Sørloth som får spørsmålet, og han svarer: «-Nja, det kommer jo helt an på hva man diskuterer. Er det litt mer alvorlige tema som diskuteres er jeg ikke det» (Bydelsavisa Strinda 13.5.2015). Den gamle toppscoraren fortel at han elskar diskusjonar.
Tergflis blir vel synonymt med ertekrok. Akkurat denne samansetninga hadde vi visst ikkje i samlingane frå før, men vi har terglus og tergstikke, og likeeins ertflis.
Gøran Sørloth minner elles her litt om ein original frå gamle dagar på mine heimetrakter. Han var glad i ein diskusjon, og inntok gjerne motsett standpunkt av det han eigentleg meinte, for å halde ordskiftet i gang. Mottoet hans var: – Det e skit te kar som ikkje kan trett’ på rangt og få rett for seg!

15.5.15: Stubbåker
Fanging og merking av kortnebbgås har gått for seg på ein stubbåker i Skogn, fortel Adressa 11.5. Stubbåker er åker der halmstubbben står att etter hausting, og ordet er primært trøndersk. Men det har også funne vegen inn i faglitteraturen om jordbruk, blant anna i Norsk landbruksordbok.

14.5.15: Helgetorsdagsria
Ri, periode med ruskever som ein rekna med rundt helgetorsdag (Kristi Himmelfartsdag) om våren (nordnorsk tradisjon). Sjå om helgetorsdag i «Dagens ord» 9.5.13.

13.5.15: Svalbardgås
Eit anna namn på kortnebbgås, vel fordi ho hekkar blant anna på Svalbard (Norsk Allkunnebok). Etter Wikipedia og mange andre nettstader er svalbardgås meir brukt om kvitkinngåsa.

12.5.15: Dunharpe
Definert slik i Torstein Sørensens ordsamling frå Nesna: ”apparat for rensking av edderdun. Firkantig treramme ca. 90×60 cm med tråder spent i ca 1 cm avstand som strengene i en harpe. Duna ble spredt over trådene samtidig som en trepinne ble dratt over disse. Rusket rydde ned og duna satte seg på trådene. Opprinnelig ble strengen (tråden) på (pil)buen brukt”.
På nettsidene til Nordland Ærfugllag kan du sjå korleis dunharpa vart brukt: http://www.eiderducks.no/?side=galleri_img&imgid=54&cat=13&orderby=
Harpe er brukt om såld av ymse slag. Såleis finst det t.d. både kornharper og sandharper. Truleg same ord som musikkinstrumentet harpe, opphavleg.

11.5.15: Kjømå
Dette er eit ganske lokalt ord frå Lensvika som kom inn på Dialektmagasinet, nemleg å gjærra kjømå (med) – drive ap med, helst om godlyndt småerting. Det var innringt i 2001 av Jorunn Singstad. Akkurat dette har vi berre opplysning om derifrå, men det må truleg vera same ordet som det keime eller køyme som nordafor somme plassar kan bety ei lita kvise, det er truleg i slekt med kime. Kjøymå i fleirtal frå Skogn betyr unotar, særleg hos hest.

10.5.15: Spelekipe
Nok eit ord frå samlinga ”Folk før II”. Denne gongen er det Martin Blålid, Vågsøy som fortel: ”Den einaste plassen eg har måtta bere domøk i kipe, var der. Utedoen var i eldhuset, og over påske måtte eg ta fatt på vårvinna med å bere møk. Eg fann meg ei tette spelekipe og leste møk oppi og bar sørom haugen der, til eit myrlende” (s. 235). Ordet er ikkje ordboksført, men jamfør spelekorg, som etter Norsk Ordbok er ”korg som er bunden saman av tunne trefliser; sponkorg”. Spele er det same som spile (smalt, tynt stykke av tre).

9.5.15: Kilterpeis
Når ein er ute i ”felten” på dialektkveld, dukkar det stadig opp nye ord. Dette ordet vart brakt på bane under eit arrangement i grenda Seter i Osen. Dette er omtrent så langt nord det går an å komma i Sør-Trøndelag, like ved grensa til Flatanger. Ordet kilterpeis kjem da også frå Flatanger, og vart forklart som ”ein som gjer alt på ein ”bøklåt” måte. Det knyter seg til ei ordgruppe med verbet å kiltre eller kjeltre, som bl.a. betyr å gjera dårleg arbeid, substantivet eit kilter og adjektiva kiltren og kiltråt. Det er rotslektskap med ordet kjeltring, via eit lågtysk eller frisisk verb keltern ’skjelle; bruke seg fælt’.

8.5.15: Kjenkahau
Det er dialektkveld i Osen i dag, og derfor eit lokalt ord derifrå, forklart slik av Torbjørn Vingsand: «en skjærer av nedre del av kjeven av fisken, fjerner toknen (gjellene), koker og spiser. Helst torsk.» Fiskhau som er kjenka = kløyvt. Nedre delen av kløyvt toskhau, altså. Også Sigurd Brattgjerd har forklart det; ein tok vare på tunga og underkjevane som det matnyttige. Berre belagt frå Osen. Det kan også brukast som skjellsord, akkurat som toskhau.

7.5.15. Kjelsteik (kjælesteik)
1. Person som er glad i varme og helst vil sitte i omnskråa (Osen). 2. Kjælen person, ei(n) som er glad i å kjæle (Tresfjord).

6.5.15: Jarvlending
Prima ord frå Agdenes i Sør-Trøndelag for ein som snakkar ein ubestemmeleg dialekt, med drag frå mange kantar. Kanskje den mest typiske dialektbrukaren i dag, så mykje som folk flyttar på seg? Men fenomenet må ha vore kjent og påakta før også, i og med at det finst eit tradisjonsord for det. Førsteleddet må henge saman med eit verb jarve, som både kan bety å tygge, gnaga, å skravle og å blande, rote noko saman.

5.5.15: Nermarka
”dra høylass opp de bratte bakkene fra nermarka” (Arthur Arntzen i Arntzen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 96). Her dreiar det seg jo om lågareliggande delar av (inn)marka til eit gardsbruk. Men somme plassar, som på Hitra, er ”nermarka” også eit omskrivande ord for ”underlivet”.

4.5.15: Altermåndag
Det er konfirmasjonstid, og før var det vanleg at konfirmantane gjekk til alters: ”Hans fortel om altermåndag i 1932. Han vr nettopp konfirmert, og den fylgjande måndag var det vanleg at konfirmantane gjekk til alters” (Hans Bøe, Stryn, i boka ”Folk før II”, s.87). Litt lenger framme går det fram at Hans Bøe på denne altermåndagen fekk beskjed av far sin at han måtte vera heime og overta garden. Ordet altermåndag er ikkje ordboksført, men altersdag er notert frå Masfjorden i Hordaland om dag da det er altergonge, særleg rett etter konfirmasjon. Det er også belegg på ord som altergongesundag.

3.5.15: Knelegge
Det drar seg mot dialektkveld i Osen, og derfor tar vi med eit lokalt ord derifra. Å «knelægg» er ein teknikk frå fiske med handsnøre (kastarsnøre), forklart slik av Per Vingsand: «Når fiskarane dreg opp snøret på litt djupt vatn når dei sit og kastar, etter ur t.d., legg dei høgre handbogen på høgre kneet og fer att og fram med kneet i takt med høgre handa når dei dreg. Det blir mykje lettare å dra da; særleg når det er fisk på, kan det bli for tungt elles». Med eksempel: «Du må ta å knelægg, gut, så gaor det lettar!» (nb – ao-diftongen er på plass, det er ikkje berre Hardanger, Voss og Sogn som har den!) Det går altså ut på å legge handa innåt kneet og utnytte krafta av rørslene frå heile kroppen når det tunge snøret skal hevast opp frå djupt vatn.

2.5.15: Valhaug
Haug med kvister og stubbar (Inner-Namdalen): «å eill valhaug». Val eller vål kan bety haug med tømmer o l.

1.5.15: Arbeidsauke
På arbeidaranes dag er det på sin plass med eit arbeids-ord. Arbeidsauke kan definerast som meir arbeid enn nødvendig; meirarbeid, arbeid som må gjerast opp att (på grunn av dårleg planlegging e l). Ivar Aasen fører opp ordet frå Vestlandet, medan dei nyare belegga ser ut til å konsentrere seg om sunnmøre, med eit unntak for Valdres. Dette dømet frå Vanylven får illustrere bruken: ”Dæ bli berre arbeidsaukje ditta dær – du kunna spart deg ditta”

30.4.15: Piss-slætte («pess-slettj»)
Flekk der graset er «brunne tå» fordi ein har stått og pissa på same staden over lengre tid (Rindal, i Hallvard Morkens ordsamling «som sagt»).

29.4.15: Svellkveise
Aktiv, aggressiv kveise; også brukt som skjellsord for person som fer med vondt snakk (Høylandet).

28.4.15: Omkomstver
Så stygt ver at det kan gå på livet laust (at det er fare for å omkomma). Som målføreord kjem det frå Dovre, og forfattaren Ragnar Solberg, som skriv på dovremål, brukar det fleire gonger.

27.4.15: Holfonn
Snøfonn med holrom under. Hans Ross (1895) fører det opp frå Sunnhordland, og i tillegg er det målførebelegg frå Røldal. Men det finst nok fleire plassar, såleis er det eit belegg som peikar mot Valdres. Og Ragnar Solberg, som skreiv dikt på målføre frå Dovre, bruker det også, som i denne skildringa: «Sjobræe krympa seg og kalva, røss og rulla, frå holfennom gule vatnet glitra og pulla» (diktet «Eg og du», i samlinga «Livs-skurd», s. 190).

26.4.15: Polskpasstoddy
Reidar Djupedal skreiv opp dette frå Oslo («pålspasstoddy») og forklarte det som ein «trøstedrikk» under kortspel. Polskpass er eit kortspel, og opphavet må vel vera i Polen (eit land spalteredaktøren nettopp har besøkt).

23.4.15: Brukdunge
”Sauene beiter ofte i ”brukdungan” som røstværingene sier. Under uvær skylles enorme mengder tang og tare i land og blir liggende i store dynger langs fjæra. Her finner sauene mye mat som nok dekker behov for viktige næringsstoffer hos dyrene” (Ferdaveger. Vandringer i Nordland, s. 248)

22.4.15: Onglestø
Steinar Håøy, Bremanger, fortel om håfiske i boka ”Folk før II”: ”For det meste dreiv vi med tolv-linarar, to stubbar ut i slengen. Håen stod onglestø. Der det ikkje var hå, der var ongelen vekke”. Reidar Djupedal forklarer ordet i ei eiga oppskrift frå Selje: ”han stod onglestød’e (fisken beit på alle linekrokar” – og ”håen er onglestøde – går på kvar ongel i ei lineset”. Ordet står også i Norsk Ordbok, med definisjon som tilsvarar Djupedal sin.

21.4.15: Framflødd
Nei, det er ikkje tastefeil for ”framfødd”. Når det er framflødd, er det full flo. Som i dette sitatet (her er situasjonen at det er meldt sørvest full til sterk storm, dreiande vestleg, og forfattaren drøftar dette med ein gammal fiskar: ”Men det var heilt stilt, reine godvêret. ”Det ikkje noke storm?” sa eg. ”Å jau du, han kjeme på flonenje”. Og då han var framflødde, så small dei fyrste kvasse vindròsene i tak og vegger”. (Å kome til og fare frå – kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda, s. 17).
Dette er frå ytre Nordfjord. Samansetninga ”framflødd” har vi visst ikkje i arkiva våre frå før.

20.4.15: Stallvekkje
Lita hestebjølle, gjerne av messing, særleg brukt til kjøring om vinteren. Veldig utbreidd ord, bl a Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Valdres, Sunnmøre, Nordmøre og Trøndelag. Også kalla bl a hestevekkje. Ei vekkje er også brukt uwsamansett om ei slik bjølle, og det er laga til verbet å vekkje, altså den som vekkjer, får ein til å lytte. I Haltdalen er bjølla kalla vekkar.
Grunnen til at stallvekkje er dagens ord i dag, er at det står sentralt i diktet «Messingsong» av Torleif Andersen. Det var urframført i fjor haust som eit stort verk, med musikk av Henning Sommerro og kjente solistar. I kveld er det vårmøte i Byneset historielag, der Messingsong blir vist, og der redaktøren av denne spalta skal ta for seg uvanlege ord og uttrykk i diktet.
Diktaren og presten Anders Hovden hadde med seg ei stallvekkje heimafra til inspirasjon når han stod fast i skrivinga.

19.4.15: Steggote
”Det opna seg ein umåteleg stor fjellhall. Lys frå mange lamper over alt. Vi vart viste rundt til tonar frå turbinar. Dei var mange og store. Ein mindre tunnel gjekk skrått opppover, bratt til vêrs. Der var jarnrør av svære dimensjonar, skrudde saman med kraftige flensar. Steggotene kalla dei slike tunnelar. Namnet tyktest rimeleg, der gjekk solide stigar oppover langs røra” (frå smelteverket i Svelgen, i boka ”Å kome til, og fare frå. Kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda” (2013, s. 35). Hennøy ligg ytst i Nordfjord.
Ordet steggote er ikkje ordboks- eller arkivført etter det eg kan sjå.

18.4.15: Framførsle
Som abstrakt substantiv tyder dette det å føre fram eller bli ført fram (slik hos Aasen). I Nord-Gudbrandsdalen noterte Hans Ross ei anna tyding, nemnleg forsørging, forsyting for levetida. Og frå same stad ein framførslemann om ein forsørgar.

17.4.15: Maskemale
Verb, som betyr å knuse i småbitar (til mask): «det var som om ein stormvind ville ta stua og maskemale ho» (Finn Myrvang: I Trollbotn. Folkeminne frå Andøya, s. 70). Myrvang har også skrive dette opp som målføreord frå Bjørnskinn i Vesterålen.

16.4.15: Dankmann
Ekstra mann på garn- eller linebåt, utanom det faste mannskapet, som får lott av fisken på hans eigne garn eller liner. Ordet er i arkiva belagt frå ytre Nordmøre, men det er nok kjent andre stader også. Det går fram av dette sitatet; det handlar om Ivar Kråkenes frå Vågsøy i Nordfjord: ”Det året Ivar fylte 15 år var han dankmann på torskefiske i Polljen (Torskangerpolljen). ”Eg hadde eit garn i kvart set og fekk fisen som sat i det garnet. Same arbeidet som dei andre, men eg slapp utgiftene.”” (Kjell Askeland: Folk før II. Tjuefem historier frå Nordfjord, s. 82). Same arbeidet som dei andre, altså. Likevel ser dette ut til å høre saman med å drive dank og verbet å danke.

15.4.15: Kneppellåt
Slått (spelt på fele) som inneheld knipsing (pizzicato) (Meråker). «Det gjekk an å spållå kneppel-låten på hel-sunnuom», sagt når ein har lykkast med ei vanskeleg oppgåve e l.

14.4.15: Folkenepe
Kålrot (Kvam i Hardanger). Førsteleddet er vel lagt til for å skille det frå kunepe.

13.4.15: Svellstø
Lokalt ord frå Sunndal for isbrannflekk.

12.4.15: Poppelbåre
Straumbåre, skvalpesjø der to straumretningar møtest (Gravvik, Leka – og sikkert fleire stader i Ytter-Namdalen).

11.4.15: Kisever
Blank luft som gjer at ein må «kisa» (myse, plire) (Egersund).

10.4.15: Hårtorv
Hårtorva er vel hårluggen og hårbotnen, om lag det same som skalpen: ”Iallfall forsvant karen helt. Det eneste som var å se på overflata, var ei tjukk hårtorv som flaut som en laus parykk nedover elva” (Arthur Arntzen i Arntsen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 68). Det kan sjå ut som denne samansetninga er mest nordnorsk, sidan det einaste belegget utanom dette er frå ”Vett og uvett”.

9.4.15: Krigsball
I høve 9. april leita eg etter eit høveleg ord med krig- i seg. Eg endte opp med det ganske truskyldige krigsball, som er eit anna namn på leiken kanonball (Verdal).

8.4.15: Kveldvitja
Vi går tilbake til folketradisjonen, og nok ein gong Finn Myrvang: ”På Åknes eller der omkring var det ein annen gut som blei så møydd av at ei hulderjenta la seg etter han. Ho fekk ikkje noka vedtruing av han, endå ho gjorde han kveldvitja fleire gonger” (I Trollbotn. Folkeminne frå Andøya, s. 21). Kveldvitja vil bokstavleg talt seie kveldsbesøk, men det er nok ikkje heilt tilfeldig at ”vitja” (hokjønnsord, avleidd av verbet vitje) er brukt her, for det har ein dåm av skrømt og førevarsel, som i førevitje. Kveldvitje er ikkje ordboksført.
Myrvang bruker her også eit anna ord som han ser ut til å vera ganske aleine om, nemleg vedtruing. Ut frå samanhengen må det tyde sikkert svar, lovnad e l.

7.4.15: Å sløye avisa
I dag kom første avisa etter påske, stappfull av reklamebilag. Hos meg går dette rett i søpla. Det gjer det visst også hos Magne Aasbrenn i Fredrikstad, som nyleg gav ut ei samling småstykke frå ei språkspalte han har i Fredriksstad Blad (ja, namnet på avisa skrivst med to s-ar!). I 2006 fann han på uttrykket ”å sløye avisa”, som han sjøl skriv: ”Et ord jeg har funni på helt sjøl. Beskriver det du gjør når du tar ut reklame-innstikka fra midten før du kan begynne å lese” (Boka ”250 slengerær”, s. 126). Og det har altså eg også gjort i dag. Knakande godt uttrykk, som det er berre å ta i bruk!

6.4.15: Trollkjerringsida
Vi går til folketradisjonen for å finne dagens ord: ”Når trollkjerringane sjølv var ute og melka kyr, i fjøsane hos folk, sat de alltid på venstresida av kua. Derfor er det at folk kallar det for ”trollkjerringsida”” (Finnn Myrvang: I Trollbotn. Folkeminne frå Andøya, s. 77). Ordet er ikkje ordboksført, men sitatet finst i setelarkivet til Norsk Ordbok.

5.4.15: Påskedisk
Omgang juling folk fekk på senga om morgonen langfredag eller første påskedag. Knud Leem har dette i sine samlingar frå 1700-talet, og det er stadfesta frå Avaldsnes i nyare tid.

4.4.15: Påskestilla
Vindstilt i ein periode før eller etter påske. Dei rekna med at det kunne vara så lenge som fjorten dagar (somme plassar i Nord-Norge, sjå t.d. Håløygminne 1968, s. 305).

3.4.15: Langfredagsgust
Vind (gjerne kald) på langfredag (Rennebu).

2.4.15: Skjærtorsdagsstål
Frå gammal folketru: «egg lagt skjærtorsdag og «skjærtorsdagsstål» verner mot trollskap» (I. Reichborn-Kjennerud: Vår gamle trolldomsmedisin I, s. 128). Stål kjenner vi jo godt til som hjelperåd mot trollmaktene.

1.4.15: Blistersup’
Svært tynn saftsuppe (Verdal).

31.3.15: Forala
Skjemme bort, forvenne (Surnadal, Hitra, Rennebu): «e tykkje dæm ha færålle na gutongjinn» (Surnadal); «ho færol ongan» (Hitra); «rang og færållin» (Rennebu).

30.3.15: Skrevstøvel
Støvel som når opp til skrevet (vadestøvel). Som i dette sitatet: «Han vokste opp på Kanstad og husker da han ble stor nok til å gå alene til Gullesfjorden. Han beskriver stien i detalj og husker at han ble båret over elva av en som hadde «skrevstøvler». Det var ikke alltid like lett å krysse den strie Heggedalselva». (Ingvald Frøysa, Lødingen, fortel i boka «Ferdaveger. Vandringer i Nordland», s. 240)

29.3.15: Sukkertott
Forløpar for dagens smokk. Bente Foldvik skriv om dette i boka «Jenteliv uten vaskemaskin» (om jenter langs kysten av Nord-Norge i førkrigstida): «Barna ble ikke kontrollert av noe slags helsevesen. De levde av brystmelk og fikk nye bleier når de trengte det. Hylte de, så fikk de gjerne en «sukkertott» i munnen. Det var en smokk lagd av tøy dyppet i sukker eller sirup» (s. 36, denne opplysninga er frå Skjervøy).

28.3.15: Fiskbytardagen
Dette har ikkje noko med datoen i dag å gjera. Ordet er forklart slik i Åse Elstads bok «Kystkvinner i Norge»: «Noen av disse markedene hadde sitt opphav i «fiskbytardagen», da tørrfisken blei tatt ned fra hjellene, delt mellom fiskerne og sendt til Bergen – eller seinere til lokale kjøpmenn for salg» (s. 144). Også kalla fiskhentardagen, som var 1.6. før 1816, og 12.6. etter det (Torstein Sørensens ordsamling frå Nesna). Andre oppskrifter frå Nordland nemner tida 12.-14.juni.

27.3.15: Tøffelpus
Tøffelhelten kjenner vi, men her er ein liten vri: «Morsbundne tøffelpusa har aldri vore min lidenskap» (Norvald Tveit: Ungkarsfesten. s. 30)

26.3.15: Hengskuldrat
Som har skrå, hengande skuldrer: «Han Tommas va blitt så hengskuldrat på turen opp tel elva at han ikkje va tel å kjenne igjen» (Arvid Hanssen: Ho Nætta på hylla, s. 84). Akkurat denne varianten er strengt tatt ikkje ordboksført før. Bokmålsordbokas hengeskuldra eller hengeskuldret danna på ein litt annan måte. I målføra ser hengeaksla ut til å vera meir utbreidd. Konservative mål sønnafjells har også hengjeherda.
Det er fortalt om ein som var så hengaksla at han ikkje fekk lov av turkameratane til å bera flasker med dyrebar drikk i ryggsekken. Det var for risikabelt!

25.3.15: Fiskeskrin
Ikkje skrin til å ha fisk i, men til å ha mat i under lengre fiske: «I Ryfylke snakka de for eksempel ikke om matkiste, men om fiskeskrin. Det var fullpakka med flatbrød, smør og flatost» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge, s. 33-34)

24.3.15: Marstasakost
Gammalt namn på månaden etter julemånaden, torre og gjø (Bjerkreim). Skulle tilsvara omtrent denne tida.

23.3.15: Bjørnetappen
Hard klump av skit som sitt lengst ut i endetarmen på bjørnen i hiet, og som han må kvitte seg med når han forlet hiet om våren. Bjørnekjennaren Edvard Elsrud skriv: «Først utpå våren løsner «bjørnetappen», men heller ikke da skjer det før bamsen har akt på baken flere turer nedover bakker med hard skaresnø for å gni den vekk».
Per Inge Torkelsen skildrar dette slik: «Når bjørnen komme ud fra hiet sitt, og bjørnaproppen går så serveres der ein eksplosjonsudsendelse av et halvt års bakterier og gassar».
Felespelar Svein Stuen har laga slåtten «Bjønntappen», ein reinlender der første vendingen er tung
og fortel om bjørnen rett etter at han kjem ut av hiet. I andre vending strevar han med «tappen» i skjerande dissonansar, før han i tredje luskar glad og letta i veg.

22.3.15: Galdergauk
Person som skrålar og bråkar mykje (Tjeldsund).

21.3.15: Skråppåsjænn
«Dagens ord» er tilbake! I dag med eit trønderord som er brukt om delvis overskya vêr med solskin innimellom, eller kortvarig oppklårning tidleg på morgonen, som går over til meir skya utover dagen. «Du må gleinner me auan når de e skråppåskjænn». Ordet er registrert spreidd frå austre delar av Trøndelag (Soknedal, Lånke, Inderøya).

6.3.15: Repplås («ræpplås»)
Glidelås. Notert påbamsen har akt dialektkveld i Vikna 27.10.2010: «boinnitrøy me ræpplås». Første delen heng truleg i hop med rippe, v.

5.3.15: Avhallande («tåhaillainn»)
(om terreng, lende) skrått, hellande. Oppdal, der øvingar i det lokale spellmannslaget fører stadig fleire nygamle ord inn på banen. Dette kom fram på øvingskvelden 25.2., og er visst ikkje registrert eller arkivert før. Det står heller ikkje i den store ordsamlinga til Ingeborg Donali frå Oppdal. Så sjøl i dei mest gjennomdokumenterte målføra er det enno interessante ting å hente!

4.3.15: Vissmål
Trygg, fast lovnad (Hans Ross, 1895, frå Ytre Sogn).

1.3.15: Visskjefta
Som finn dei rette, treffande orda; munnrapp (Vikna, Vega).

28.2.15: Dolpa
Severin Freund hoppa heilt ned i dolpa i dagens laghopp i ski-VM. Dolpa (dølpa, dælpa) er overgangen i hoppbakken, eit typisk trønderuttrykk. Det kan også bli brukt om lengdegropa på friidrettsbanen.

26.2.15: Fyrspytu
Fyrstikk (Heidal)

25.2.15: Kaldstein
«Å ta kaldstein’ tu» er sagt i fleire trønderdialektar om å temperere f eks kald drikke. Også om å ta inn sko og klede så dei skal bli litt varme før ein har dei på seg. På Hitra kan det bli sagt «å få ein kaldstein ti sæ» om å få ein skikkeleg støkk, bli nærmast lamma av angst. Og frå gammalt i Roan heitte det at «det ha kommi ein kaldstein imylla dæm» – om eit forhold som har vorte kaldt og dårleg.
Så finst det også opplysningar om at «kaldstein gjekk tu jorda» i slutten av februar. Telen i jorda begynte å gå opp, slik at det tok til å tine nedafra. Dette ligg det nær å knytte til merkedagen Per Varmestein den 22. februar. Etter tradisjonen kasta St. Peter da varme steinar i jorda så telen skulle gå opp og sjø og vatn ikkje fryse til meir.

24.2.15: Krimfull
Forkjøla, tett i nasen, full av slim i hals og bryst. Utbreidd i tradisjonelt mål på Austlandet, i Romsdal, på Nordmøre og i Trøndelag, og med innflyttarmål sørfrå i Bardu. I Verdal særleg om det stadiet der ein held på og blir forkjøla.

23.2.15: Bryddehærd
Med annan farge i hårtoppane enn i resten av håret. Notert som «bryllehærd» frå Telemark og Setesdal av ordboksmannen Hans Ross. -hærd er avleiing til hår.

22.2.15: Svaddsimon
sladrehank (Budalen)

18.2.15: Oskedag
Anna namn på oskeonsdag (Vik i Sogn): «ein laut eta oskegraut um oskedagen, vilde ein fria seg for eitretrodli» (Hermund Skjørvo si ordsamling frå Vik). Oskegraut er ingen matrett, men det same som oskegrut eller oskeroe («askro») ‘botnfall etter lut; blanding av oske og vatn’. «Eitretroll» er eit anna lokalt ord frå Vik i Sogn, ei samlenemning for orm, kvefs og anna avåt som har giftig bit eller stikk.

17.2.15: Storhylar
Ein hylar kan bety fleire ting, bl a ein sterk dram. I Nord-Norge kan det også brukast om sterk vind. Er han ekstra sterk, kan det bli ein storhylar, målande skildra i dette sitatet: «Den siste storhylaren hadde vi her i oktober i fjor, og dersom dokker e i besiddelse av aldri så lite hukommelse, så huske dokker sekkert den dagen. Allerede tidlig på morran va han så grov at husan gikk både på hjul og meia, og han blei så min santen ikkje lettar på handa etter kvært» (Arvid Hanssen: Ho Nætta på hylla, s. 67).

16.2.15: Daudmål
Stygt, høgt skrik, remjing; redselsskrik. Belagt somme plassar i Nord-Norge (Lavangen, Astafjord). Her er eit eksempel frå Arthur Arntzen: «Han skreik til med daudmål, kasta seg rundt og ga meg en kraftig ørefik så jeg trilla bortover myrtuene» (Arntzen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 46). Vel opphavleg rop frå ein dauding, ein attgangar.

13.2.15: Isfast
(om vatn) dekt med sterk is (Gloppen og Breim i Nordfjord). I ei litta anna tyding: Eit farty som sit fast i isen, kan vera isfast.

11.2.15: Greiarhytt
Liten klepp (hytt) for å ta fisk av garnet (Flatanger).

10.2.15: Verstur
Opphald etter storm (Beiarn). Her er også stur brukt på same måten: «Da bei no et stur i elingan». Substantivet stur heng i hop med verbet å sture, og kan blant anna bety ‘stans i vokster’. Det kan jo også bli sagt at ei plante sturer når ho vantrivst eller skrantar.

9.2.15: Rundkall («roinnkaill»)
Brukt om formloff (spiralloff), f. eks. attåt reker (Trondheim).

8.2.15: Innastokksver
Styggver, slik at det er best å halde seg «innastokks» -dvs innandørs, innafor dørstokken. Ordet er kjent frå Sunnmøre og indre Nordmøre, og er dekkande for veret slik det har arta seg mange stader i vest og nord denne helga.

7.2.15: Sniktrekk
Med «Ole» rett inn frå vest merkar eg fenomenet, som er definert slik i Norsk Ordbok: «kaldt luftdrag (frå vindauge, sprekk i vegg el l)». Heimfestingane er spreidde, men med tyngdepunkt i Nord-Norge: Sandsvær, Frosta, Leirfjord, Skjerstad og Trondenes. Dermed skulle det høve bra med eit Arthur Arntzen-sitat: «Kulingen kom i ville kast nedover Dalen, rista huset og trengte seg inn mellom avispapir og glasskår i vinduene. Sniktrekk overalt» (Artnzen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 26)

6.2.15: Sandabil («sainnabil»)
Bil som strør sand på glatte vegar; strøbil (Høylandet). Her (som fleire andre stader) brukar ein også verbet å sande om å strø med sand.

5.2.15: Vinterbrenne
Brennefang for vinteren. Seks-sju hundre bårer torv var vanleg vinterbrenne, heiter det frå Hitra. Målføreregistrert nettopp derifra, men også Edvard Hoem nyttar dette ordet. Vi må rekne med at han har det med seg frå Fræna.

4.2.15: Kyndelsmessklumpen
Snøfall (og styggvêr) rundt kyndelsmesse 2. februar (Trøndelag og Helgeland). Er også kalla t.d. kyndelsmessdetten (Hardanger, Voss), kyndelsmessknuten, kyndelsmesskyngen (Valle i Setesdal), kyndelsmessria (fleire spreidde stader) og kyndelsmessrykken.

3.2.15: Oppståartid
Tid for å stå opp om morgonen. Nordnorsk, med målførebelegg frå Bø i Vesterålen og Trondenes. «Da det lakket mot oppståertid for dovne folk» (Regine Normann: Riket som kommer, s. 174). Og nok eit sitat: «Skulle hun ikke legge seg igjen? Var det virkelig oppståertid?» (Arvid Hanssen i Artnzen/Hanssen: Småkarer under frostmåne, s. 72).

2.2.15: Halvmann
Hummar som har mista ei klo. Ordet er registrert i fiskarmiljø på Agderkysten, og dessutan frå Stord (Norsk Ordbok). Det er også omtalt i Åsa Elstads bok «Kystkvinner i Norge»: «Hummer var også først og fremst salgsvare. En kunne likevel unne seg hummer i julehelga, eller spise «halvmenner» – hummer med bare ei klo – til søndags eller når vi hadde gjester» (s. 25)

1.2.15: Finnkalla
I tillegg til vanleg tyding har vi dette: «For der inne mellom fjella dro vinden «finnkallan» rett til værs fra sjøen. «Finnkallan» var navnet på de søiler av sjø som hvirvelvindene trakk rett opp fra sjøflata.» (frå intervju med skipperen og fiskaren Per Engvik (1876-1956), opphavleg i Arbeider-Avisa 22.10.1955, her etter Årbok for Fosen Historielag 2014, s. 114)

31.1.15: Sauhau (sauehovud)
Spalteredaktøren skal i «smalahovelag» denne dagen, og derfor dette ordet. Eg foretrekker å kalle det «sauhau». Forutan hovudet på sauen, og matretten produsert av dette, er «sauhau» også godt anvendeleg som skjellsord. Kanskje urettferdig overfor sauen, men vi har no eingong forestillinga «dum som ein sau». «Trur du at det finst oter oppi haugane, ditt sauhau!» (Leif Halse: Eit plassrom kalla Trøa, s. 87).

30.1.15: Holdrussu:
Som eit apropos til kroppsvasken for helga: Ordet er frå Rennebu, og er forklart slik i eit brev til NRK Trøndelag: «Den tida folk vaska seg rundt berre eit par gonger for året, så gjorde dei det til gagns. Gjerne med badstue! Da satt dei i badstua å nugga og rulla av deg dau hud, det er hållrussu!» Det er også herma etter ein kar at han tykte det var godt med badstu kvar laurdag for å bli kvitt holdrussu og dangelbær. Holdrussu kan også brukast om kjøtsida på ei grisehud.

29.1.15: Urenbuff (ur’nbuff):
Vond lukt, særleg av fis (Verdal, Inderøy, Sparbu): «hen lokte det vesst urnbuff ja» t.d. om småungar som har gjort i bleia. Karl Braset (Sparbu) forklarer «urnbuff» som «komlingen i fraua» – det vil vel rett og slett seie ein «kabel».
Eit litt anna ord, men som liknar veldig, er urebuff, som enten er ein tverr person (Stjørna, Bjugn – her også uribuff), ein som ser fæl ut, er uryddig på håret e l (Hitra). Urrebuff har i Trondheim vore brukt som kjælord til gutunge.
Eg har inga aning om kva ordet kjem av. . Uansett er det vanskeleg å drive tradisjonell etymologi på spøkefulle ord av denne sorten.

28.1.15: Fjellmot
Punkt der to fjell møtest i synsranda (Ivar Aasen).

27.1.15: Underveg
Veg, veglei som ikkje visest fordi det er komme nysnø eller er attfoke (Hallingdal). Det var viktig å ha ein hest som kunne «ta undevegen».

26.1.15: Daudmann
Dette betyr sjølsagt fleire ting. Mellom anna er det også brukt som ein av mange friske karakteristikkar av hardt vêr: «No va hain rein nordvest, og det e det vi kalle før daumann ute hos oss» (Arvid Hanssen: Ho Nætta på hylla, s. 70).

25.1.15: Neppertolen
Som toler lite; lett å såre, nærtakande. Ordet er utprega nordnorsk, men det finst variantar også i Trøndelag. Her er eit eksempel frå Arthur Arntzen: «Jeg skjemtes forferdelig og hadde mest lyst til å gråte. Alt som smågutt var jeg det man kalte «neppertåren», og det fortok seg visst ikke med veksten» (Arthur Arntzen/Arvid Hanssen: Småkarer under frostmåne», s. 58-59). Førsteleddet, adjektivet nepper, har ei noko vidare utbreiing. Det kjem av norrønt hneppr ‘knapp’.

23.1.15: Stjerneloden (sjennløe»):
Uvanleg full av stjerner, om natthimmelen. Etter Norsk Ordbok finst det spreidd ikring i Sør-Trøndelag, på indre Nordmøre, i Sparbu og eit par plassar på Helgeland. «Så stjernløddin hemmeln e julnatta, så mykkjy målt bli de», fortel Karl Braset frå Sparbu. Ei tilleggstyding har eg akkurat fått inn frå Oppdal: «Sjennløe» kan der også brukast om ei strikkakofte som er full av «lus» (enkeltmosker med anna farge enn botnfargen, jf lusekofte).

22.1.15: Purkehuspinne («porkhuspinn»):
Spøkefullt og lett nedsettande om den som står sist opp om morgonen. Frå gårsdagens ordfangst på møte i Orkdal Pensjonistforening på Fannrem. I Sunndal er purkehusnabbe («pørkhusnabb») brukt på same måten.

21.1.15: Lysgrav
Håkon Bleken fortel i Adressa 20.1.15 frå sine gutedagar om at gjengen han var med i, fanga ei rotte i ei lysgrav. Per Olav Tiller nemner det også i boka «Førkrigsbarndom i Trondheim»: «Vi kunne gå på «pengefiske» i lysgraver (fordypningene i fortauet under ristene foran kjellervinduer) rundt om i byen. Der – eller under slike trapper som bare var sprinkler – hendte det at vi fikk øye på en mynt» (s. 26). Her er ordet også forklart. Det er nok ikkje særskilt for Trondheim, men kjent i bygningssamanheng, noko dei mange Google-treffa viser. Eit anna namn på det er lyskasse. I fagkretsaar også area: https://snl.no/area

20.1.15: Botnlausføre
Så djup og laus snø at ein ikkje når botnen. Ordet er hørt i Sunndal, men kan sikkert brukast andre stader også.

18.1.15: Nattsodd
Sodd servert som nattmat på fest, som i denne skildringa frå martna i Namdalen: «Nattsoddet var en god oppkvikker som avslutning på moroa på dagen, når man unntar de som fikk sin «sjødram» eller «dosis» hos «langerne»» (Årbok for Namdalen 1973, s. 52)

17.1.15: Møkkerstol
Stubbe med høg spiss som står att når ein har felt eit tre. Dette kunne bli ordna til med vilje for å ha «avtrede» i tømmerskogen. Ordet brukt i Bratsberg ved Trondheim på 1950-talet, fekk vi opplyst på eit arrangement no torsdag 15. Også «skitstol» vart sagt. Sjå meir om skitstol i hovudinnlegget 17.11.12: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/17/

16.1.15: Byroar
Eit yrke som har komme bort: «I noen kystbygder, som på Hvaler og Flekkerøy, var det også kvinnene som rodde fisken mennene hadde fiska inn til byen for å selge den, et arbeid som var både tungt og tidkrevende. Disse kvinnene ble kalt «byroere»» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge s. 46). Ordet er ikkje ordboksført eller registrert på anna vis, etter det eg kan sjå. Kanskje symptomatisk?

15.1.15: Snøkavl (-kavvel)
Vindgust med snø i (Sparbu, etter Karl Brasets ordsamling).

14.1.15: Neveveitsle («neva-vaitla»)
Eit ekte vossa-ord! Informanten for Norsk Ordbok, Sigurd Eskeland, forklarar det slik: «når ein gjest får stukke mat burti handi, eller maten vert servert på ein noko uhøgtideleg måte». han er sjølv inne på at dette tilsvarar «ståande buffet». Veitsle tyder her gjestebod.

13.1.15: Bortfarsmør
Smør til å ha med på utferd, t.d. til fiske på Lofoten eller Finnmarka: «I Gratangen i Troms blei augustsmøret satt bort til «bortfarsmør», for det var mest holdbart» (Åsa Elstad: Kystkvinner i Norge s. 33). Bortfarsmøret var ein del av bortfarkosten, som også omfatta bortfarbrød og bortfarlefse, og som var oppbevart i bortfarkista.

12.1.15: Isonn
Arbeid med å skjera isblokker som vart brukt til frysing. Her er ei skildring av denne isdrifta i indre Oslofjorden: «Om vinteren pågikk «isønna» døgnet rundt. Det var et hardt arbeid. En isblokk veide 100-150 kilo og måtte løftes og transporteres med håndmakt. Bare på Nesodden gikk opptil hundre hester i skytteltrafikk mellom dammene og lagerhusene langs fjorden, der blokkene ble pakket inn i saglfis. Sagflisen holdt på kulda og bevarte isen til langt ut på sommeren» (Magasinet Levende Historie 2/2006, s. 48)

11.1.15: Kommar
Velkomstdram (Nord-Norge): «Med en «kommar» blir vi tatt imot på trammen av en av deltakerne som gikk i forveien. Det hører med – en dram som river i bringa og som markerer at nå er vi her. Sammen» (Reportasje om Gappohytta i Indre troms, Fjell og Vidde 3 2007, s. 31)

10.1.15: Korlægje («kårlei»)
«Å bli leggan i kårlei» ringte Øyvind Johansen på Frøya og spurte om kommentar til den 9.1. Det kan skje f.eks. når ein har fått motorskade på båten, den må på verkstad og ein blir liggande uverksam og vente. «Kårlei» er her altså ei fastlåst stilling når noko er ute av funksjon, og uttrykket er kjent frå fleire stader i Fosen, men også nedover Vestlandet.
Vi har å gjera med eit veldig gammalt uttrykk som her er brukt overført. Korlægje eller kor(a)legeer mest utbreidd om det å ligge til sengs, og gjerne langvarig sengelege (på grunn av sjukdom, alderdom eller kanskje rett og slett latskap). Vi har det frå mange stader sønnafjells, både på det sentrale Vestlandet og i dalstrøk austafjells (Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen). I Andebu i Vestfold kan ein vera «i kølleia» både når ein er fyllesjuk og når ein går konkurs!
Førsteleddet er eit norrønt ord kǫr som tydde seng, sjukeseng.

9.1.15: Børgraut
Graut som vart koka for å få god bør når ein skulle reise ut (på fiske eller til Bergen). Kjent omgrep i Nord-Norge. Slik skriv Åsa Elstad i boka «Kystkvinner i Nogre» (s. 35): «Den dagen de skulle reise (d.e. på Lofotfiske) skulle det kokes «børgraut», og den skulle være ekstra god. Dersom kvinnene fikk grauten til å «prate» godt når de brukte tvara under kokinga, så fikk mennene det godt og livlig på Lofoten det året. Men det var et dårlig merke om grøten hadde lett for å «skvette tårer»»

8.1.15: Nyårsny
Første nymåne i det nye året. Til dette har det vore knytt folketru. I Vestfold heitte det seg at ein skulle få sorg om ein var inne når ein såg nyårsny første gongen. Men var ein ute og hadde noko i hendene, skulle ein få mykje nytt dette året, og mest av nettopp det ein hadde i hendene. Somme stader var det også sagt at ein kunne ønske seg tre ting første gong ein såg nyårsnyet. Eller at det ein heldt på med når ein såg nyårsnyet, fekk ein drive på med heile året.

7.1.15: Dillerflesk
Kanskje noko folk slit med etter jul? Det betyr i alle fall overflødig, dissande feitt på kroppen. Uttrykket kjem frå Verdal.

6.1.15: Isbåt
Dette kan bety fleire ting, både isbrytar og båt som fraktar isa fisk. Men mest interessant og spesiell er kanskje ein båt med meiar på, til transport over is. Frå Nærøyfjorden (Aurland) stod denne skildringa i Dag og Tid 1.10.2005: «Eit spesielt problem som postførarane hadde, var at det stundom la seg is på fjorden. Isen var ofte slik at dei ikkje kunne gå på han, og det var heller ikkje råd å koma fram med båt. Då laga dei seg ein såkalla isbåt, ein båt med meiar på. Dei gjekk på isen og skubba båten føre seg. Når dei heldt på å trakka gjennom isen, hoppa dei om bord i båten og staka seg framover. Slik for dei fram, dels på utsida og dels oppe i båten».

5.1.15. Godtestykke (gåttastykkj’)
Kakestykke; stykke av kaffibrød (Verdal). Ordet var, etter det er har fått opplyst, aldri brukt om anna slags «godter». Det er vel enno igjen litt «gåttastykkj» etter jula her og der.

4.1.15: Djuprent
Når det er laus, djup snø, slik at ein søkk mykje nedi når ein går på ski (Trysil, Sollia, Namsskogan, Salten, Gimsøy). Det motsette er lettrent eller opprent. Dialektforskaren Hallfrid Christiansen noterte dette eksempelet frå Gimsøy i Lofoten: «han snya fælt om natta, og om mårran va det så djuprent at det va nesten omuli å komm fram»

3.1.15: Gjærkauk
Det begynner kanskje å minke på juleølet, og da minner vi om eit begrep frå den tradisjonelle ølbrygginga. Slik står det i årsskriftet til Rennebu Hisrorielag 2006 (s. 42): «En viktig skikk fr de gamle ved dette punktet i bryggeprosessen var «gjærkø’kinn». Den skulle lyde når gjæra kom i ølet. «Kø’kenga» ble i gammel tid gjort for å skremme bort underjordiske som hadde til hensikt å ødelegge ølet.
Heime i Sunndalen var dette kalla «å hauk på gjera». Greidde ein å prestere ein skikkeleg brakfis samtidig, ville ølet bli både godt og sterkt!

2.1.15: Årsbrenne
Brenne (brensel, brennefang) for eit år: «For å ha nok til et «årsbrenn» måtte man ha 3-5 slike store torvstakker hvert år» (frå Smøla, artikkel om torvtaking i heftet «Jul på Nordmøre» 2014, s. 19).

1.1.15: Nyårsband
Kornband (nek) som vart hengt ut til fuglane nyårsaftan (Hjartdal).

31.12.14: Snøballføre
Kram snø som gjer det lett å laga snøballar. Norsk Ordbok heimfestar ordet til så spreidde stader som Folldal, Lom, Øystre Slidre, Hareid, indre Nordmøre og Fosen. Uttalen vil sjølsagt variere, t.d. er det «sjogbaillføre» i Lom. Det er vel sannsynleg at ordet er kalkert over «rassballføre» eller «rauvaballføre», begge om «lystig» hålke.

30.12.14: Attiattskjenk
Liten påtår, ekstra påfyll med kaffe. Det dukkar rett som det er opp nye ord på alle facebook-gruppene som driv med dialekt. Attiattskjenken kom på ei gruppe for Rennebu no i romjula, og det var Inger Jorid Lium som drog fram ordet. Samanstillinga «attiatt» er typisk for målføra i dette området. Ein kan for eksempel bli «attiattkomme» – senil. Og går noko ut av ledd, kan ein «ha det attiatt». Andre ord for påtår er f.eks. attpåtår og attpåsup.

29.12.14: Julestubb
Stubb etter lys som var brent julekvelden. Desse meinte ein hadde magisk kraft, og dei vart brukt i medisin både til folk og krøtter. F. eks. kunne ein smelte (bræde) dei og ha det på sår. Dei har til og med vore brukt til å smøre folk i baken med for å kurere forstoppelse. Somme plassar var det også brukeleg å svi håret på korsbeinet på ku som hadde kalva eller når det gjekk tungt i kalvinga. «Eg brenner deg med jolestubb so du ikkje skal skjene i sumar, i sumar, i sumar» sa dei i Fjaler når dei gjorde dette. I Åfjord var «julstubbin» eit ekstra langs lys som dei støypåte om hausten. Det skulle stå på bordet og vara heile jula.

28.12.2.14: Romhelligjula
Variant av romjula, romhelga (Sparbu, Ogndal). I Verdal og Inderøy romhelgjula.

27.12.14: Laglik
No er det tid for jul-lag (juleselskap), og da er det kanskje om å gjera å vera laglik. Hans Ross har det med i si ordbok frå 1895. Han har det frå Sør-Helgeland, og definerer det som «lig det øvrige Selskab». Eller, i Norsk Ordbok si ordlegging: «lik dei ein er saman med». Det er einaste registreringa vi har på dette ordet. Inntil livsvminna frå Sveinung Leirvik, Foldereid, no står på trykk i Årbok for Namdalen 2014. Her fortel han om ei jul da han fekk lommelykt i julegåve, og det var populært. Lykta tok han med på juletrefesten andre juledag, og «no var eg laglik», skriv han.
For så vidt ikkje så overraskande at eit ord frå Sør-Hegeland også skulle dukke opp på sørsida av fylkesgrensa, men artig lell!

26.12.14: Julruv
Ull som blir klipt om vinteren. Da vi redigerte dette ordet for Norsk Ordbok for borti 10 år sia, hadde vi informasjon om det berre frå nordre Innherred (Sparbu og Stod). Men no dukka det opp i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag 2014 (s. 62-63). Her er det igjen henta frå ei gammal bok «Opptegnelse og erindringer fra de gamle prestegaarde». Rasmus Brockmann Parelius var prest i Rindal frå 1858 til 1865. Frå prestgarden fortel han blant anna dette: «Al uld klippedes av gaardens sauer 3 gange om aaret (høstuld, julruv og vaarveft)». Ordet julruv ser altså ut til å ha vore vidare kjent.

25.12.14: Julbomme
Jula er tida for å lesa lokalhistoriske skrifter. Denne gongen låg Årbok for Namdalen øvst i bunken. Her er blant anna «Erindringer» av Hall Ingebrigtsen Steinan, Foldereid (f. 1860). Vi siterer: «Det var fast skikk den tid at barna skulde ha en julebomme eller en laup hvori de skulde gjemme litt julemat til julen var forbi» (s. 94). Frå julebomma kunne dei traktere venner som kom på besøk. Ordet og skikken er kjent frå Namdalen og Nordland. I Nordland også kalla julmatbomme.

24.12.14: Julkveite
Kveite til julkveldsmat (kysten i Nord-Norge og Trøndelag). Julkveita skulle vera så fersk som råd, og dersom karane (husbonden sjøl eller drengen) ikkje greidde å skaffe kveite til jul, måtte dei til straff sitte overskrevs på nausttaket julekvelden («ri nausttaket»).

23.12.14: Førijulsbær
(om ku) som kalvar på førejulsvinteren (Sandsvær). Tilsvarar dei vanlege samansetningane haustbær og vårbær.

22.12.14: Julgadd
Gadd (tørrfuru) til juleved. Budalsdiktaren Jon P. Enlid skriv i eit dikt som vel er å rekne som ein fri variasjon på Prøysens Julekveldsvise: «Og no er julgadden kløvt opp og ongan har børe inn ved». Jens Haukdal fortel om ein kar frå Støren som fekk hjelp av tusskallane til å skaffe seg julgadd ei jul han var så dårleg og ikkje hadde vedpinnen i huset.

21.12.14: Sotsøndag
Siste søndag før jul. Eg vel meg ut dette ordet blant mange som nemning for denne dagen, for det var det eg lærte heime. Forutan på Nordmøre finst dette ordet i Sør-Trøndelag, lengst sør i Nord-Trøndelag, i Folldal, Nesna og Bardu. Tanken er at ein tek lett på reinhaldet denne dagen og står i med juleførebuingar. Dette kjem til uttrykk også i andre nemningar på denne dagen, som skittensøndag, svartsøndag og lortsøndag.

20.12.14: Skarka (juleskarka)Ein spellkompis refererte dette ordet nyleg, frå Valdres, og lurte på om eg visste kva det tydde. På gammal rutine og stygg mistanke gjetta eg på at det hadde noko å gjera med knappe tilhøve i tida før jul. Det viste seg at dette skotet frå hofta ikkje var så heilt tullete. Ein av definisjonane av skarke i Norsk Ordbok er nemleg: «fattigsleg tilvere; (serl:) tidbolk då ein har det heller strevsamt og knapt, trongt, t.d. dagane før jul(i motsetnad til sjølve jula)». Heimfestinga for dette er Elverum, Valdres og Sogn. I Setesdal skal samansetninga ha vore brukt om det same. Det er kjent frå folketradisjonen at ein skulle spara både på mat og klede i tida før jul, men ein slik tankegang er nok fjern for folk flest i overflodssamfunnet vårt her til lands.
Skarke har elles fleire tydingar som kan vera aktuelle denne tida. Hans Ross (1895) har blant anna denne, frå Austlandet: «Veiens kummerlige ujævne Tilstand i Barfrost»

19.12.14: Røyskattstilla
Total blekkstille, utan eit vindpust, på sjø og vatn. I slikt vêr vågar røyskatten seg utpå og fraktar ungane sine over fjorden, vatnet eller elva, i følgje følketrua. Etter det som blir fortalt, skal dette skje på ei tørr kuruke som røyskatten sett ungane oppi og skuvar framfor seg med brystet. Ein innsendar til Norsk Ordbok frå Måndalen i Romsdal fekk fortalt av ein heimelsmann fødd 1842 at denne hadde møtte ein slik transport. Han hadde berga røyskattungane da bårene trua med å slå «båten» full. Røyskatten svømte etter båten til lands og fekk overta avkommet sitt der. Ordet røyskattstilla er belagt på Vestlandet frå Haugesund til Romsdal, og dessutan frå Senja.
Sjå også hovudinnlegg om røyskatten: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/12/18/royskatten/

18.12.14: Kaldkneppo
Lokalt ord frå Vikna for kuldeperiode. Det kan komma ei «kallkneppo» før «læfstø» (kakelinna). Ordboksmannen Hans Ross har notert ordet ei kneppe frå Namdalen om ri med hardt vêr.

17.12.14: Blindsvelt
Enda eit ord for underhålt, svikhålt eller lurglatt. Dette ordet hører Vestlandet til: Hardanger, Vossebygdene, Leikanger, Lærdal. Også som substantiv blindsvell eller blindsvelle.

16.12.14: Lurglatt
Trondheimsordet for underhålt eller svikhålt (når det er tynt snølag oppå glatt is).

15.12.14: Svikhålt
Svikefullt glatt; når det er tynt snølag oppå isen. Jamfør blindhålke, «Dagens ord» 14.12. Ordet finst i Telemark, Agder, Dalane, Sunnhordland og på Sunnmøre, dels uttala «svekhålt». Tilsvarar trøndersk «(p)oinnhålt», «(p)uinnhålt». Eksempel (frå Gjøvdal): «Du lyt køyre varsamt i dag, dæ kalleg svikhålt på vegen»

14.12.14: Blindhålke
Hålke som er skjult under tynt snølag. Ordet synest spesielt godt kjent i Nord-Norge, men det er også spreidde belegg på Vestlandet (Lærdal, Hordaland, Suldal). Enkeltopplysning også frå verdal. Det er elles mange andre ord for dette fenomenet.

13.12.14: Lussitøyr
Vi markerer lussimesse, minnedagen for den heilage Lucia, med dette ordet. Det tyder mildvêr rundt 13. desember, og hører til eldre folketradisjon i Telemark og Agd er. Ideen om ein mildvêrsperiode før jul har nedfelt seg i mange nemningar, som kakelinna, lemsbløyta o fl.

12.12.14: Snøkjerring
Tyder fleire ting: For det første tilsvarar det snømann, i Norsk Ordbok definert som «kvinneskapnad laga av kram snø». Så kan det også bli brukt om ein stor snøball som er rulla i hop. Men også om store, våt snøfiller som laver ned. Her er det mange blomstrande talemåtar, som «det snør digre kjerringar». Eller som i Røryvik: «det snør gamle kjerringa og finnsko».

11.12.14: Glasmellom
Frå glas til glas (altså frå vindauge til vindauge). «Gå glasmellom» – gå frå vindauge til vindauge og kike, t.d. i otte for nokon ein ventar heim att. Fet på Romerike, Ål i Hallingdal, Meldal og sikkert fleire. oppdalsforfattaren Ola Setrom brukar ordet fleire plasar.

10.12.14: Slagne
Bli fuktig, mjukne av fukt; slå seg. Typisk om matvarer som flatbrød, kjeks, ja, det kan til og med bli sagt om potetgull, men også om t.d. høy. Verb som er kjent i store delar av landet, i alle fall norda- og vestafjells. Men det går også inn i Nord-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen. Likevel; med ei slik utbreiing har det nok ikkje fått den utbreiinga i skriftspråk som det kunne fortjene. Det er laga til adjektivet slagen ‘fuktig, råsken’, som i sin tur er partisippform av verbet slå. Dette har stundiom med fuktigheit å gjera, som i sambandet «slå seg»

9.12.14: Tørrkalde
Kalde (kulde) med tørr luft. Ivar Aasen registrerte dette frå Trøndelag, og at det framleis lever, fekk eg stadfesta i Hegra sist helg, der ordet dukka opp i spontan tale. I skrift finn vi det brukt i ei gammal husstellbok frå 1930: «I hard turr-kalde kann soppane ikkje øksla seg». Variantar med kul(d)e finst også: I Eksingedalen turrkulde, på Voss turrkule, og i Vinje i telemark «tjurrkuldi» eller «tjurrkuli». Kule er her eit litt anna ord enn kulde, sjølv om det tyder det same.

8.12.14: Gløsmål
Namdalsord, i Norsk Ordbok definert som «område som ein ser utan å snu seg», «synsvidd». Ein kan også like å vera «i gløsmåli» – å vera frampå (Grong). Frå Høylandet: «han villa jærn hall seg i gløsi» (gløsen) – blant dei fremste. Samanheng med Gløshaugen, sjå geografigåta 4.12.14.

7.12.14: Drekkarsørill
Ein som er drikkfeldig. Ord som kom naturleg fram under bryggjardag for Stjørdalsøl i Hegra 6.12. Ein sørill i seg sjøl er eit lokalt ord frå Stjørdalen for ein slik type, men her er han altså tydeleggjort og forsterka.

4.12.14: Bolsageneral
Ein som har det med å bolse, altså sluntre unna arbeidet, drive dank (Gunnar Bergs ordsamling frå Salten). Viss ein slik ein tok hendene ut av bukselommene, så mista han balansen, var det sagt.

3.12.14. Isbrent
Norsk ordbok fører opp tydinga «som er merkt av isbrann; avsvidd». Litt annleis i Gunnar Myklebusts ferske bok «Ishavet», om fangsthistoria der oppe i nord, her om selfangsten: «Dyra skulle avlivast raskt og effektivt. Først hakapik, så kaste dyret kvikt om på ryggen og sprette det opp, finne blodårane og få det til å blø. «Visst dei ikkje gjorde det, så vart skinnet ødelagt i løpet av ei 2-3-4 timar. Det vart solbrent, isbrent so’ oss seie»» (s. 177)

2.12.14: Ørneslegen
«Å værra ørnslie» – «du sjer ut som du e ørnslie» – da er ein lurvete og fillete i kleda. Parallell til «haukriven», sjå Dagens ord 1.12.

1.12.14: Haukriven
Sundriven og oppklora av hauk. Gjerne i samanlikningar: «Han såg ut som ‘n va haukrevve» (Geitastranda); «du ser ut so ei haukrevo høna på håret» (Suldal).

30.11.14: Anders fiskar
Andreasmesse, 30. november. Minnedag for apostelen Andreas. Han var fiskar, bror til Peter, og primstavmerket er ofte ein fiskekrok. «Anders fisker skulle man fiske til julen», står det i bygdeboka «Frosta i gammel og ny tid».

29.11.14: Kløbbforma (klubbforma)
Narreting som ungane vart sendt for å hente når det var slakting (Stjørdal, Åsen). Same funksjon som «rompdrag», «pølsmønster», «spelklipe» o fl.

28.11.14: LensmannskakskiveEkstra tynn kakeskive (brødskive), som krev mykje pålegg. Lært av surnadalingen Nils Røv under ei festleg samkome 26.11.

27.11.14: Kjølbrott
Boka «Hølonding. Ord og uttrykk» av Reidar Almås blir lansert i dag, og vi markerer det ved å ta med eit ord frå denne samlinga. Kjølbrottet er overgangen mellom skogkledd li og kjøl, som er fjellområde, åsdrag.

26.11.14: Smultetruls
I den ferske og fine boka «Leve dialekten. En språkreise» av Gunhild Kværness fortel Maj Britt Andersen om da ho kom til Oslo: «Jeg jobbet en periode i en barnehage på Ullevål sykehus, og jeg fikk veldig mye positiv respons på det å snakke totning. Det som måtte være av problemer, er bare forskjellige morsomme episoder. Som for eksempel da jeg kom til et konditori på Majorstua og ba om å få en ‘smultetruls’. Ingen forsto hva jeg mente. Men ganske snart fikk vi oppklart det, og jeg lærte da at dette heter ‘berlinerbolle’ i Oslo» (s. 28-29).
Ingen arkiv- eller nettbelegg på dette ordet, som truleg er ganske lokalt?

25.11.14: Galtestykke
«Å gjøre et galtestøkke» er å gjera ein tabbe, ein brølar, vera uheldig med ei arbeidsoppgåve e l. Ordet ser ut til å vera lokalt for Troms (Kvæfjord, Lavangen, SAstafjord, Trondenes). Galte er jo hanngrisen, men det kan også brukast som skjellsord for ein stiv, tung, klossete person. Så finn vi det i ein annan samanheng, men også om noko som har fått eit uheldig utfall: Ein galte er ein grasvaksen flekk i åker, der plogen har gått over utan verknad.

24.11.14: Magefysnad
Vi lyt av og til komma tilbake til naturskildraren Torgeir Bjørnaraa. Her fortel han om ein mår som har fått seg eit rikt bytte og held etegilde: «Og han grev med dei kvasse klørne og jafsar i seg feite og digre smaa-skrottar i tylfter og i tjug og i hundrad. Og han trykkjer rova tett mot marki og murrar og smaagryler av magefysnad» (Dyresogor I, s. 8).
Fysnad er definert som «hug, trå; lystkjensle, intens nyting, inderleg glede» i Norsk Ordbok. Det er brukt blant anna av Olav Duun. Men samankoplinga «magefysnad» er visst den gode Bjørnaraa aleine om.

23.11.14: Hemnever
Slik står det i Hans Jacob Wille: «Beskrivelse over Sillejords Præstegield» fr 1786. «Af Høstens og Vinterens Beskaffenhed dømme de gemeenlig om Foraaret og Sommeren, og mene, at, naar et vist Slags Veir meest har regieret om Høsten, kommer det samme igjen om Foraaret, og dette kalde de Hævne-Væir» (s. 77). Toril Torlei omtalar begrepet i boka «Gamle værtegn for nye værprofeter» (1998): «Når gåsungene kommer tidlig, ligger det ikke i vår natur å glede oss. Det er ikke noe for oss å ta slike vårtegn som en gave. Nei, vi ser gåsungene, registrerer datoen, og mobiliserer alle forsvarsmekanismer. Vi innstiller oss på hevnevær. Hevnevær er et ord vi bare finner i skandinaviske språk. Et spesialtilpasset ord til en spesialtilpasset innstilling: det går aldri så godt at det ikke går galt til slutt! Hevnevær, tror vi, er naturens måte å straffe oss på når vi har fått det litt for lettvindt og litt for godt.» (s. 30)
I farten finn eg ikkje noko som tilsvarar «hevnevær» verken i svensk eller dansk, så påstanden om «skandinavisk» tør eg ikkje gå god for. Men far min sa iallfall når det hadde vore langvarig godvêr: «- Nå, det kjæm vel ænkvart atti-att!»

22.11.14: Fauskagn
Kvite åmer i fausk (morke tre), brukt til agn under isfiske (Orkdal, Skaun, Hølonda). Skal vera larvar av furubukk.

21.11.14: Høllik
Jentehuve (kvit) til høgtidsbruk. I denne tydinga mest kjent i Trøndelag og Nord-Norge, men også registrert frå Romedal og Drangedal. På Vega vart det sagt om ei som ville vera finare enn andre at «ho bruka både hatt og høllik» (Åsa Elstad: Moteløver og heimføringer, s. 57). Elles er ordet brukt om andre plagg, såleis ganske utbreidd om dåpshuve, kyse. I fleire andre uttaleformer, som hylk, hyllyk, hølk o fl. Frå lågtysk hull(e)ken ‘hovudplagg’, samanheng med å hylle (inn).

20.11.14: Hovudtein
To ulike forklaringar på dette ordet, begge hos Gunvor Ingstad Trætteberg: Skinnhyre og sjøklær. Først s. 41: «Når skinnet skulle festes på veggen, pikset man først inn en haudtein, dvs. slo inn en treplugg i hodeskinnet, strakk så skinnet nedetter og satte inn teiner ved halen. Så strakk man skinnet ut på sidene og festet det med plugg, så skinnet satt helt stramt etter veggen». Og på s. 42: «Skinnene ble festet til et skinnhald. Det er en tverrstokk som ble lagt på bunne av elva. Stokken hadde i hver ende en oppstander som rakk til hver elvebredd. Når skinn skulle legges til røyting, drog man opp tverrstokken og festet skinnene til den med en vidje, hovdtein, som ble trukket gjennom øyehulene på hodeskinnet. Ved begge disse festemåtene lå skinnene med hårene med strømmen.» (frå Sunnmøre). I det siste sitatet har vi også eit interessant ord skinnhald, som ikkje er belagt elles.

19.11.14: Hupfe?
Det handlar om den tida underbuksene for kvinner hadde opning i saumen mellom buksebeina: «Det hendte ofte at bondekonene som kom gående i sine side, svarte, foldelagte stakker, gikk ut av veien og bak et tre. Der sto de stille en stund mens de svaiet i ryggen og bøyet knærne litt. Stakken holdt de et stykke ut fra kroppen foran seg. Slik «forrettet de sitt tarv» før de verdig vandret inn i en by der offentlige toaleter var mangelvare. På Ringerike kaltes dette å «hupfe»» (Astri Riddervold: Innenfor fellesskapet, s. 165).
Eg finn ikkje noko slikt ord i arkiva våre, og vil helst tru at det er ei feilskriving av hupse, hufse, hypje e l. Derfor spørsmålsteiknet. «Å hufse på seg stakken» er jo kjent.

18.11.14: Høljedrikke
Drikke i store mengder, nidrikke: «Han satte Madeiraflaska på truten og høljedrakk som en stor uvetting» (Sigurd Lybeck i forteljinga «Baksidegubber»). For ein ordjeger kan det vera mykje å finne hos Sigurd Lybeck. Han har vel med seg dette ordet frå Etnedal. Elles er det målførebelegg frå Modum: «høljedrekke» ellker «høljadrekke». Hølje- er vel som i «høljeregne» og at det «høljar ned». «Holgedrikka» frå Sauda har same tyding og er snarlikt, men førsteleddet er nok likevel eit anna her.

17.11.14: Hovudflått
Det avflådde skinnet av hovudet, på dyr eller folk. Eit ord med sørleg utbreiing. Det finst fleire stader i Austlandsområdet (gjerne som «huguflått» e l), i Telemark og over til Ryfylke. For eit eksempel gir vi ordet til vår ordrike venn Torgeir Bjørnaraa, i ei dramatisk skildring av kamp mellom mann og bjørn: «Men bjørnen beit han fyrst i den eine handi og flengde han etterpaa i hovudet med tennerne, so halve hovudflaatten vart dregen ned over panna» (Dyresogor I, s. 53-54).
Sisteleddet flått heng saman med verbet å flå.

16.11.14: Låvegløs
For å markere den nye boka om «Norges låver», tek vi med dette ordet, som betyr liten vindaugsopning i låve (Eide på Nordmøre).

14.11.14: Horving
Det er sesong for kraftig vêr, og vi gjengir denne passasjen med frisk nordnorsk skildring, frå Arvid Hanssen: Ho Nætta på hylla (s. 70): «No va han rein nordvest, og det e det vi kalle for daumann ute hos oss. Men sjelden e det at han oppnår ei sånn overjordisk hastigheit som den her dagen. Han Tommas står fremdeles der og vrir seg då den allmektige horvingen kjem. Og han e så sterk at han løfte sjyen ut av hamna og kvelve han oppover lia».
Horving må vel her bety eit heftig stormkast. Hos Johan Hveding: Håløygsk ordsamling er det forklart som god vind, sterk seglbør. I den samanhengen er det nok vel så vanleg å snakke om ein hurving, f eks vestavindshurving.

13.11.14: Flygarskorke
Ku som ikkje vil ta seg kalv, men som berre «flyg opp att» (Iveland i Aust-Agder).

12.11.14: Lapplaus
«Lapplaus med falske skilt» var overskrifta på ein liten notis i Adressa 1.8.2009. Det gjekk fram av teksta at det gjaldt ein mopedist som hadde kjørt utan gyldig førarort og med falske skilt. Har du ikkje sertifikatet («lappen»), så er du sjølsagt lapplaus. Dette viser at vi stadig lagar nye ord med adjektivet laus for å uttrykkje mangel på noko.
Lapp kan også tyde andre ting, og i somme målføre på Vestlandet er lappelaus eller lappalaus brukt om sko som har heilt utsliten sole.

11.11.14: Reppill
Kort periode, omgang, ri, raptus. Ordet dukka opp på dialektkveld på Skatval 22.10. Eivind Rian hadde det frå Leksvik (markabygda), og han har i ettertid fått stadfesta det også på Skatval. Det viser seg at vi har det frå fleire plassar på Innherred (Verdal, Inderøya, Sparbu, Kvam), og dessutan ei opplysning frå Inner-Namdalen. «Hann fekk en reppill med ont i maga» (Verdal). Også i samansetningar som godversreppill og kaldreppill. Når Olav Duun skriv «frostreipel» (Gamal jord, s. 212), så er det nok same ordet. Det er i slekt med repp og repping, som har liknande tydingar.

10.11.14: Huk-i-mæ-gut (hukimeggut)
Ein som er skikkeleg frampå, ekstra «karavoren». Tor Arne Sandstad i Trondheim ringte inn dette ordet til Dialektmagasinet på NRK Trøndelag i 2006. Han er opphavleg frå Fjellværsøya (Hitra) og har vel med seg ordet derifrå. Frisk karakteristikk av ein viss type person.

9.11.14: Salving
Sterk vind eller vindkast (Nesna og Trondenes, iflg NOrsk Ordbok). Ordet er ei avleiing av salve, og salving kan brukast også om skotsalve og lattersalve. Meir utbreidd er nok samansetninga rok(k)salving – sterk vind med sjørokk. Dette finn vi langs store delar av kysten i vest og nord.

7.11.14: Fullblæst
Om vind, som har nådd sin fulle styrke etter å ha starta spakt. Ivar Aasen har dette frå Sunnmøre, og i nyare materiale er det stadfesta frå Norddal: «Han vert vel fullblæst utpå dagen».

6.11.14: Løybøy
«Det gikk opp og ned med fangsten. Av og til hadde vi ei «løybøy» – det var lite eller ingen hval» (Gøthe Gøthesen: Tjøme – bilder fra en nær fortid, (2001) s. 117). Daudperiode, slakke (i fangsten) altså. Einaste arkivbelegget på «løybøy(e)», og ikkje ordboksført. Men her tek vi det med!

5.11.14: Skroppmarihøne
Nattsvermar, nattfivreld (Overhalla). Skropp- er nok fordi motten (møllen) her er kalla skroppmark.

4.11.14: Magerjerp
Tynn, mager person. Iver Marius Tronsmo, Verdal, deler denne med oss på facebook: «Hain va ‘n magerjærsp tå ‘n stakkal». Sisteleddet er helst fuglenamnet jerpe. Enda eit tilskot til den etter kvart ruvande samlinga med ukvemsord vi kan finne på å bruke om og til kvarandre.

3.11.14: Hortløyse
«Simen var en hårtlause, som lå bortover på plassene på kortspill og drikk, når det bød seg til, ellers lå han i fjellet, setrene bortover og gjorde ingen ting» (Jacob Breda Bull: Fjellfolk, s. 90-91). I fotnote er «hårtlause» forklart som «dovenpeis». Bull har sikkert ordet frå Rendalen. Eg vil tru det kanskje burde skrivast -løyse, for det er nok avleidd til det østerdalske adjektivet «hørtløs». I Norsk Ordbok er dette definert som «lite framtøk; dauv, dorsk, likesæl; lat». «Hørtløsheta tek det ho får», er eit ordtak frå Stor-Elvdal. Norsk Ordbok fører opp adjektivet som hyrtlaus, men det kunne like snart vore normalisert hortlaus.

2.11.14: Iglepadde
Alle dyrenamn er potensielle skjellsord på folk. Denne kobinasjonen har kanskje Norvald Tveit skapt sjølv, i følgjande tirade: «Du skal i vert fall ikkje få meg på anstalt, du salmonellabefengde brimkuse av ei iglepadde… Kom deg ut!» (Ungkarsfesten, s. 104)

1.11.14: Grutlog
Frå Bø i Telemark kjem denne rapporten: «Vi unger fikk aldri kaffi attåt maten, men når kaffin var utkokt, tok mor gruten over på en annen kjele, hadde på vatn, og koka det opp. Dette blei kalla «grutlåg»». (Tidsskriftet «By og Bygd» 1954, s. 93). Norsk Ordboks arkiv har belegg på same ordet frå Gausdal, og i Hemnes i Nordland heiter det «gruslåg». For der er grus = kaffigrut.

31.10.14: Helgamessflaum
Det må vel vera dette dei opplever på Vestlandet om dagen. Mildvêrsperiode rundt helgamess (1. november), med regn og flaum. Dei gamle venta seg ein slik vêrbolk. Og på Hadeland sa dei «hæljemesslut (-sludd) varar vikua ut». Sjå elels hovudinnlegg om helgamesse 1. november 2013: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/11/01/

30.10.14: Tjønnspove
Lokalnamn i Romundstadbygda i Rindal på vadefuglen raudstilk (Edgar Kattem, på facebook). Raudstilken er karakteristisk, men raudt nebb og raude føter. Namnet tjønnspove er ikkje registrert tidlegare. Andre namn på raudstilken er gjerna samansett med -tjeld, som gråtjeld, kvekkatjeld (Trøndelag), skvaptjeld (Nordland) og småtjeld (Hemnes).

29.10.14: Grovloa
Grovkalibra, om børse. Som i dette sitatet, henta frå boka «Gard og grunn» av Ragnvald Mo (boka handlar om folkeminne frå Salten): «Børsa hans var så grovloa at han fekk tommen nedi pipa» (s. 100). Denne måten å skildre grovt kaliber på finn vi også hos vår gamle ordrike venn Torgeir Bjørnaraa: «Til slutt måtte me til med ein muskedunder som var so grov-loda at ein kunde sveiva tumen i» (Dyresogor I, s. 108). Grovloa (eller grovlodd) og finloa er laga til lo, eit ord for kaliber på skytevåpen.

28.10.14: Båtsloge
Rekkje av båtar som er festa til kvarandre (for transport til plassen der dei skal seljast). Nordnorsk ord, som vi kan lesa om i Årbok for den Norske Turistforening (2006, s. 82): «Det blie klinket nordlandsbåter i alle størrelser – som regel på høsten og førjulsvinteren, men etter hvert gjennom hele året. Åttringer, fembøringer og mindre båter ble møysommelig fraktet ned til fjordene. Mange ble solgt på de årvisse sommermarkedene på Tilrem ved Brønnøysund og Bjørn på Dønna. Andre ble trukket i lange båtsloger til de store markedene i Kabelvåg og Stokmarknes». Også usamansett sloge kan brukast på denne måten.

27.10.14: Ursmed
Gammalt ord for urmakar, iflg Reidar Djupedal, som noterer det frå Selje. Frå same staden har han også klokkesmed om person som kan reparere klokker. Det er eit ord som også er brukt av forfattaren Per Sivle.

26.10.14: Skeiongel m m
Arvid Hanssen får ordet, i boka «Ho Nætta på hylla», s. 46 (det handlar om ein fisk som var vanskeleg å få på kroken): «Det va berre det at denna her, han beit ikkje på ongel, same ka du bydde han. Vi begynte med vanlige skeiongla og fortsette med gummimakka, fjørongla, snaubeita og blankjagar, men det va som å by han blåsyra».
Skeiongel er vel set same som skei, ein skeiforma sluk. Dei to neste er vel også rimeleg greie. Men snaubeita og blankjagar trengst det nok meir fagkunnskap om fiske enn eg har, til å forklara. Ingen av desse to orda finst i ordbøker og arkiv.

25.10.14: Gullmynt
Adjektiv dette altså, og det tyder «som har gull i framtennene». Det vart brukt om norsk-amerikanarar (Jølster).

24.10.14: Haustgauk
Ein som oppfører seg dumt, fer med bakvendte ting, snakkar i utide o l (Masfjorden, Gulen). Akkurat som om ein gauk skulle gi seg til å gala om hausten. På Nordmøre er ordet også kjent, om ein spelloppmakar (Eide), men helst om ein bonde som treskar for tidleg (Tingvoll, Stangvik). Det var teikn på at han var mjøllaus og måtte skaffe seg matmjøl.

23.10.14: Gultrant
Stor aure (Ålen; uttala «göltrant»). Frå samlinga til Per Olav Almås, trykt i boka «Dialektsamling frå Ålen og Haltdalen». Fleire namn på aure har gul- eller gull- i seg. Hos eventyrforteljaren Asbjørnsen finn vi gullhake: «hakefisk, fjellørrethan, gullglinsende og med en hakeformet forlengelse av underkjeven». Hans Ross (1895) registrerte gulberking frå Lesja om stor, lys, gulvoren aure. Frå Eide på Nordmøre har vi guling om feit ferskvassaure, og frå Bjerkreim i Rogaland er oppgitt gullrøyr om eit slag aure som er gulraud under buken. Telemarksdiktaren Jørund Telnes brukar gulløring synonymt med aure.
På nettsida fjellogfiske.no står følgjande å lesa: «Ørret som lever under myrlignende forhold(ikke steinbunn) kan lett få en gul farge i buken for å tilpasse seg omgivelsene».

22.10.14: Gråbust
Ubarka tømmerstokkar. Dette finn vi i Karen Syses hovudfagsoppgåve i etnologi: Lende og landskap (2000), s. 107-08: «Litt av trivselen forsvant fra skogen idet han tapte landskapets lydbilde og fikk traktorstøy i stedet. Tømmerhoggerne trengte ikke lenger å barke og avrunde stokkene, fine, hvite tømmerstokker ble erstattet av ubarkete stokker, «gråbust». Hestekjøreren hadde en lettere jobb dersom stokkene var barket, da ble det mindre friksjon mot bakken. Traktoren klarte imidlertid å trekke selv ubarkete stokker frem i både gjørme og våt snø». Oppgåva handlar om Nordmarka ved Oslo, så da er vel nemninga også derifrå. Men det kan godt vera meir vanleg skogskarsjargong. I alle fall – ordet er (som så mange andre her i spalta) verken ordboks- eller arkivregistrert. Og det seier igjen kanskje noko om at vi leksikografar opererer med noko skeivt kjeldegrunnlag.

21.10.14: Gullpost
Særs god jaktpost. «..for som i de fleste andre jaktområder, finnes det gullposter» (Solheim, Pedersen, Klaesson (2003): Hjort – fra hale til hode, s. 94). Eitt eksempel til, her er Peder cappelen om posteringsjakt: «Haren tar gjerne veien gjennom lett framkommelig terreng. Derfor er veier, stier eller overganger alltid sikre poster. Et kryss der flere stier møtes, gjerne i nærheten av en slukt eller kløft, er en «gullpost».» http://www.klikk.no/produkthjemmesider/villmarksliv/article290163.ece.
Det ser ikkje ut til at ordet er komme med i ordbøker, og det røpar kanskje at ordboksmakarane til tider kan ha eit noko skeivt og ufullstendig kjeldegrunnlag.

20.10.14: Lammedun
Det er sesong for sau, og vi tar med oss nok eit saue-ord. Lammedun («-don») er ulla av lam første gongen ein klipper dei. Hans Ross fann dette ordet i Østfold og tok det med i ordboka si frå 1895.

19.10.14: Niglerau(v)
«Jysses for ei niglerau. Ein advokat ska sei «pang» og «sånn e det»» (Per Inge Torkelsen: Ikkje heilt rektige, s. 168). Ut frå samanhengen må «niglerau» (som visst ikkje er ordboksført eller arkivregistrert) tyde somlekopp her. Å nigle/nigla kan nettopp tyde å vera sein og tvilrådig. Ei anna tyding er å spinke og spara, vera gjerrig, og ein niglefant (Strand i Ryfylke) er ein gjerrigknark.

18.10.14: Klaskedo
Do i bygård, ei sjakt der skiten fell ned i ein binge på bakkeplan. Ordet kjent frå Oslo. Også kalla klaskedass. Eit anna namn er dumpedo (Johan Fredrik Grøgaard: «Folkets stadion Bislett», s. 35).

17.10.14: Lykkjetau
Lasso (importert frå spansk) er så godt innarbeidd at det trengst neppe noko avløysord for det. Men det finst synonym, og igjen er det vår ordrike ven Torgeir Bjørnaraa som bidrar. I «Dyresogor» skriv han både om «lykkjetog» (altså lykkjetau) og lykkjereip. Kan hende har han laga desse orda sjølv, sidan dei ikkje er belagt elles. Andre ord for lasso er kasteband eller kastarband, og kastetaum. Snorlykkje tyder vanlegvis rennelykkje, men i Lærdal skal det også vera brukt om lasso.

16.10.14: Livtøler
Tid for eit Torgeir Bjørnaraa-ord igjen i spalten. Bjørnaraa frå Valle hadde ein frisk stil som natur- og jaktskildrar, sjå berre på dette: «Blodet sprøytte og sila over os. Eg saag det kom gøysande ut or gapet paa udyret, og det gjorde meg mest vill av gleda, for eg skyna eg hadde raaka livtølorne med kniven»(Dyresogor I, s. 50). «Livtølorne» må vel vera livsviktige organ, kanskje helst pulsåra, som også er kalla livåra. Sisteleddet er vel ein overført bruk av tøler = reiskapar, saker og ting ein har med seg o.l. Samansetninga er elles ikkje registrert.

15.10.14: Skamskål
Kristin Fridtun gjer meg merksam på denne nedsetjande personnemninga, som Alf Prøysen nyttar båe i Trost i taklampa (om Gunvor Smikkstugun) og i Dørstokken heme. Det må vel tyde ei som oppfører seg skammeleg. Ordet er ikkje registrert elles. Og sjølv om det er vanleg med nemningar for behaldarar i skjellsord til folk, er skål høgst uvanleg.

13.10.14: Lematame
Vi har sitert naturforteljaren Torgeir Bjørnaraa her i spalten før. Her skildrar han ein kar som «stiltra seg fram over neddotne greiner og tre, kjende seg varleg fyre med foten eller byrsa, og bykste der han kjende seg trygg. Det var ein gløggskap og svimleik og lema-tame eg aldri hadde sett maken til» (Dyresogor I, s. 16). Lematame er i Norsk Ordbok definert som «det å vera smidig og mjuk (i lemene)». Ordboksmannen Hans Ross har det med i det sjette og siste tillegget til si ordbok. Bjørnaraa brukar også ei anna ord her, «svimleik». Det er til adjektivet svim ‘snar, ledig’.

12.10.14: Lykketapp
Ulltapp som ein lar stå att på sauen første gongen ein klipper han, det skal bringe lykke (Trøndelag: «løkktapp»). I Lom og Skjåk lykkedodd.

11.10.14: Livdott
Ulldott som ein etter gammal skikk sette att på bogen på sauer som skulle settast på til livdyr, for å skilje dei frå dei som skulle slaktast (Voss og Fjell i Hordaland).

10.10.14: Skadehare
Hare som gjer skade. På kva måte, forklarer den store naturforteljaren Torgeir Bjørnaraa: «Harane søkte … inn på sætervollarne og gnog morgon og kveld. Og so vart dei «skadeharar» som eigarane kunde gjeva lov til aa skjota etter at veidetidi var ute» (Dyresogor II, s. 33). Håkon Løken, redaktør i avisene Dagsposten og Nidaros i Trondheim, nemner det også i boka «Fra Fjordnes til Sjøvinn» (1912), ei bok som har replikkar på reinhekla dialekt: «Æ hi da sjet me bedrøvels at det hi veri en ska’haarraa neri haagaan» (s. 115).

9.10.14: Smørland
Jon Michelet skriv om dette i «Havets velde» (s. 86): «En type land fikk meksikanerne ganske sikkert se, og det er slikt land som sjøfolk kaller smørland. I horisonten synes en mørk stripe. Det kan da ikke være en sky? Det må være land, mørkt, fast land. Det er landet som hugen står etter å se. Ved synet av det som fortoner seg som en landstripe, bryter gjerne den uerfarne – eller den villfarne – ut i det urgamle ropet «land i sikte!» Men så løser landet seg opp, som smør når det smelter. Det var bare innbilning, det var bare smørland.»
Dette ordet er fanga opp i dei større ordbøkene, både Norsk Ordbok og Norsk Riksmålsordbok. I den siste er det vist til belegg frå avisa «Den Constitutionelle» så tidleg som i 1837. Leksikografen Steinar Schjøtt har det med i sine ordbøker frå først på 1900-talet. Arnulf Johnsen forklarer det slik i eit arbeid om bymålet i Kristiansand: «tåkebanke som har skuffende likhet med land i horisonten».
Vi har nok her å gjera med internasjonal sjømanns-slang. Smørland finst brukt på same måten i dansk og svensk, og desutan har vi butterland i tysk og boterland i nederlandsk. I engelsk finn vi same ideen uttrykt i butter-shore.

8.10.14: Kleinhorning («kleinhånnjeng»)
Eit ord frå den rike hjorte-terminologien på Hitra. Dette er ein hjort som manglar ein substans i horna slik at dei ikkje stivnar, men held seg mjuke heile livet og slår krull på seg i alle retningar. I flgje min informant skal denne «roten» i horna skrive seg frå eit insekt som legg egg i kjøtet. Men om det er rett, må biologar svara på.

7.10.14: TrutmåttåStappmett. Ordet kjem frå Byneset, og er visstnok lokalt derifrå. Trykt i ei lokal ordsamling utgitt av Byneset historielag i 1999. Ein revisjon er på trappene. Måttå = mata; mest sagt om korn som er moge.

6.10.14: Lettjakta
Eit jakt-ord til i dag. Det er vel nokså sjølforklarande, men her er i alle fall Karl H. Brox i boka Forollhogna (s. 314): «Forollhognaområdet er såpass lettjakta at eldre , ivrige jegere kan jakte der opp i høg alder». Terrenget er lett å jakte i, altså.

5.10.14: Hyfsopp
Seng som er oppe på veggen, over ei anna ei; overkøye (Torpa).

4.10.14: Måfåveit
Når noko er gjort på måfå, er det enten fåfengt og nyttelaust, eller så er det på slump, på vona. Ei måfåveit er eit fenomen frå den kjente vatninga i Ottadalføret, der dei leidde vatn i utrulege veitesystem frå langt inni fjellet og ned til innmarka. Dette var avansert ingeniørkunst, men likevel ikkje alltid vellykka. Slik skriv Ivar Teigum i Kulturarven (69, september 2014, s. 31; også i ei kommande bok): «Kringom i fjell og utmark finst noko som vi kallar måfåveiter. Dei er spor etter karar som ikkje var spesialistar på dette feltet». Ordet måfåveit er visst ikkje ordboksført tidlegare.

3.10.14: Skotlyst (adj inkjekjønn)
Nok eit jakt-ord. Dette betyr tilstrekkeleg lyst til at ein kan skyte med presisjon. «Skåttjøst» er det gjerne uttala på Nordmøre og enkelte stader i Sør-Trøndelag: «Så kunne han vera i rypefjellet søndag morgon til det vart passeleg skottljøst. Det var da rypa var spakast og lettast å få i sekken» (Du mitt Nordmøre 1984, s. 78). Men det er også kjent elles, på så spreidde stader som Ryfylke og Vesterålen.

2.10.14: Skotberr
Det er jakttid, og da kan det passe å trekke fram dette omgrepet. Det beskriv at det er fri sikt mellom skyttaren og det ho eller han skyt på. Som målføreord er det registrert berre frå Voss og Hitra, men det finst nokre få belegg i bøker. W. Faye skriv i «Lærebok i stridskunst» (1938) om infanteriet som «skal til å gå skotberrt fram», men også om å rykkje fram «i skotberrt lende under skadeeld». Arnfinn Aune gir dette eksempelet, på jegerspråk frå Hitra: «Æ stilt-mæ poinn-en (hjorten), og så hålt-æ-te åt’n, så snart æ fekk-en skåttbærr».

1.10.14: Lagløsbaråttå
Fleirtalsord, som informanten forklarte som «lovlaus oppførsel». Ordet kjem frå Tydal, og første delen er nok laglaus ‘vill, ukontrollert; over måte’. Siste delen er fleirtalsform av baråtte, som må skrive seg frå norrønt barátta ‘slag, slagsmål, strid’. Det blir gjerne brukt om rare fakter, også fantestreker, i Tydal dessutan om ståkande framferd.

30.9.14: Oræle ti finkakdeigen
«Det ha kømme oræle ti finkakdeigen» – sagt om uønska graviditet. Frå Røros, ringt inn av Ingeborg Donali. Takk for den, Ingeborg! Om eit liknande uttrykk, sjå «Dagens ord» 29.10.13: «det dryp nerri finbrødruva». Oræle (uræle) = noko ureint eller uryddig.

29.9.14: Fråslåvolinn
Vi held fram litt med «slåfrå» o l. Dette adjektivet er belagt berre frå Meråker og tyder’likeglad’. Da er det vel snakk om å «slå frå seg» – å gi opp, drive bort ein tanke, ei oppgåve e l. Ein «slår det berre frå seg».

28.9.14: Slåfråprat
Randi Holm, Kolvereid, beskriv dette fenomenet slik i facebook-gruppa for namdalsdialekt 26.9.: «Man bare prater og prater uten at det betyr noe. Etterpå sitter man igjen med en følelse av at man ikke har fått høre noen ting». Kjent, ja? Vi kan supplere med at på Leka betyr ein slåfrå ein pratmakar.

27.9.14: Vombadissar
Det er stridt vêr mange plassar no: «Han vart ein vombadissar» sa dei i Selje i Nordfjord, når (slik Reidar Djupedal forklarer det) «han vart so mykje sjø (el storm) at båten kasta seg på bårå». Det finst tilsvarande seiemåtar som nemner meir «vågale» kroppsdelar også….

26.9.14: Brånnårom
Ileggsrom, brennkammer i vedomn (Meldal, Rennebu, Soknedal, Hølonda). I Hemne brånnarom. Brånnå/brånna har normalisert form brune og tyder ‘brenning; det at noko brenn’. I overført forstand blir det sagt at «det kleie ni brånnåromme» om kvinnfolk som har lyst på kar.

25.9.14: Lentebasse
Spøkefugl, humorist (Setesdal). Heng saman med orda lent og lenter ‘spøk, fjas’, og verbet å lente, som bl a kan tyde å skjemte, fjasa. Ein lentebasse er lentug (‘spøkefull, morosam’).

24.9.14: Gammal-lik seg
Vera slik som før (sjukdom, skade, «downperiode») e l; vera den same (gode) gamle; ikkje ha forandra seg. Ordet er belagt frå fleire spreidde målføre og er truleg meir kjent og utbreidd enn det arkivsituasjonen skulle tilseie. Vi honorerer gjerne bruk av slike ord i pressa, og ei rose går denne gongen til Ole Kristian Sagbakken i Adressa, som vurderer innsatsen til Rosenborg-spelarane i helgas seriekamp i måndagsavisa den 22.9.14. Ein av dei får denne karakteristikken: «Åpnet usikkert i duellene. Mer gammel-lik seg mot slutten».

23.9.14: Jamhaust
Anna ord for haustjamdøgn. Visst berre registrert hos dei gamle ordboksmennene Hans Ross og Steinar Schjøtt.

22.9.14: Nasevarme
1. Varme, kanskje helst den første varmen, frå ei eller anna varmekjelde, som varmar nasen (Nordre Land, Østre Gausdal, Tynset, Meløy i Nordland). «Brei over ungen så han får nåsåvarme» (Tynset). «Gjera upp ein liten nåsåvarme» – tenne på pipa når det er kaldt (Østre Gausdal). 2. Kroppsleg nærkontakt (definert slik i Norsk Ordbok, basert på eit brev frå Rolv Øygard i Skjåk om mosesanking i fjellet, trykt i boka «Seterliv og seterstell» av Anders Sandvig: «Var veret moe og godt, så lå deim oppe på fjellet. for det kunne vera langt å gå heim eller på setra, og dei få fjellbuer var det ikkje så mange som fekk rum i, da buene som oftast var små og kalde. Men varr veret stilt og moe og godt, så fann dei saman mykje turr måså, som dei bala seg nedi, karar og kvinnor saman etter som dei var vener til. Det traff nok fleire gonger det at gutar og gjentor fann kvarandre i slike måsådyngjer, der deim dusa saman, så det vart «nåsåvarme», som dei kalla det, ikkje berre såleis i fjellet, men «nåså-/varme» for heile livet. Det er så rart med det – i fjellet … Det lokkar og dreg med andre følelser der, hell nede i bygdi.» (s. 265-266)

21.9.14: Hynntre
Sjeldan skjellsord frå Verdal. Skal vera brukt om prippen dame, helst frøken. I Bkgrunnen ligg vel verbet å hynne, som kan bety mange ting, bl a å vera nasevis.

20.9.14: Rallhundsvang
Svært svolten (svang). Takk til Toril Trana for dette flotte ordet frå Korgen, som kommentar til hovudinnlegget om ord for å vera svolten, 17.9. Ein rallhund er ein omstreifande hund, ein lauparhund. Ordet er også brukt overført på folk som fer mykje og rek.

19.9.14: Vinddett
Vi siterer frå Bjørn Nilsen Gjevik og Steinar Gjevik, i den framifrå artikkelen «Ord og uttrykk for vær, vind og sjø fra Hitra» (Årbok for Fosen 2007): «Av og til hører en sagt at fly har kjørt inn i såkalte «lufttomme rom» og har falt hundre meter eller mer. Det er selvfølgelig ikke riktig at rommet er lufttomt. Derimot kan dette skje når det er kraftig turbulens i lufta og flyet blir dratt med i en stor kraftig virvel og mister løftet på vingene. Uttrykt i gammel språkdrakt kan en korrekt si at flyet kommer inn i ein vinnjdætt.» (s. 57). Når får vi høre flykapteinen annonsere at vi kjem inn i ein vinddett?
I Trondenes er vinddett hokjønnsord, og betyr eit vindkast som kjem fort.

18.9.14: Oksemål
I går 17.9. hadde vi skinnfellmæling som «Dagens ord». Oksemål er noko av det same. Det er eit mål åker som ei husmannskone skulle skjera for at bonden hadde lånt ut oksen sin til kua på husmannsplassen. Nemnet i Paul Tage Halbergs bok «Den stolte sliter», s. 65. Denne boka kom i 1993 og handlar om skog- og landarbeidarane frå 1900 til 1990. Ordet er ikkje ordboksført og finst i det heile ikkje i samlingane i denne tydinga. Det er meir å hente, og all grunn til å føre vidare innsamlinga av norsk ordforråd. Men akkurat no ser det litt mørkt ut…

17.9.14: Skinnfellmæling
Mæling (mål) kornåker som skulle skjerast av nattefriaren på garden der han for, som vederlag for at han hadde slite på skinnfellen. Kjent omgrep i Trøndelag og på Nordmøre.

16.9.14: Kvitagning
«Smått stell med mark så langt inne i fjellet, men endelig fant de da et par kvitagninger slik at gubben fikk egnet på og slengt uti fra storsteinen som var beste fiskeplassen i vatnet» (sitat Sigurd Lybeck i forteljinga «Sørine Navarhaugens romferd». Ordet kvitagning er ikkje ordboksført eller arkivregistrert frå før, etter det eg kan sjå. Men det må vel vera det same som på Nordmøre og i Trøndelag kan bli kalla kvitmark, ein sort mark som lever i magrare jord enn raudmarken, har seigare skinn og derfor høver betre til agn. I Malm er kvitmark nemnt som billelarvar som ein kan finne under trestubbar. Av desse får ein kvitmarkagn.

15.9.14: Fløskjær
Siri Wahl-Olsen kommenterer høge målingar for Ap og Rita Ottervik i Trondheim i Adressa 13.9.: «Med Rita til rors har Ap helt siden valget i 2003 styrt klar av både dønninger og fløskjær». Eit fløskjær er eit skjær som er synleg på fjøre sjø, men som blir borte på flo. I Norsk Ordbok bind 3 er det belagt berre frå ei ordsamling frå Hardanger i 1775. Men det er kjent langs kysten, med registreringar frå plassar som Hitra, Frøya, Vikna og Rødøy. Forfattaren Kolbjørn Brekstad brukar det i dette sitatet: «dette endelause kongeriket som var befolka av holmar og fløskjer og båar» (Naumdøla Jul 1997, s. 32). Gledeleg at det også dukkar opp i avisa, i overført tyding; det viser at ordet lever. Meir av slikt!

14.9.14: Klokkarbær
Ekstra svart blåbær (Surnadal, Aure, Hemne, Innherad).

12.9.14: Fonnsu
Jauda, det finst norske ord som tilsvarar tsunami! På Eikesdalsvatnet har det vore snakk om fonnsu, som er flodbølgje etter fonn (ras). Ordet su er det same som vi har i dragsu – sjøgang mot og frå land. I Jølster er usamansett su brukt nettopp om flodbølgje etter ras. Eikesdalingane brukar elles gjerne su om straumstrekninga mellom to hølar i ei elv.

11.9.14: Storskoltrøye
I dag har vi leita fram nok eit ord som ikkje er ordboksført. Det er ei lokal fiskenemning, på eit fiskeslag som finst i Skogsfjordvatnet på Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Slik står det å lesa i Labyrint, kunnskapsmagasin for Universitetet i Tromsø (nr 1/2013, s. 33): «På bunnen fant vi i tillegg en stor, kannibalsk røyevariant, som lever av å spise de mindre røyene. Disse hadde merkbart større hoder, store øyne og et helt vanvittig tannsett. Det viste seg at de lokale fiskerne var kjent med denne typen, og hadde faktisk gitt den et lokalt navn – Storskoltrøya.»

10.9.14: Haustrabb
Knudrete utslett på hest som har gått for lenge ute på beite om hausten. Også kalla haustkart. Begge orda frå Dalane i Rogaland.

9.9.14: Kjøtgøyme
Det er jakttid, og vi plukkar fram ei jaktord frå ein artikkel av Per Jordhøy m fl i tidsskriftet Kulturarven (nr 65, 2013, s. 22). Det handlar om gamle fangstanlegg. «Ved fleire av anlegga finst nedmura groper i ur. Dette er såkalla «kjøtgøymer». Her vart kjøt lagra og dekt til med stein for at rovdyr og fugl ikkje sulle koma til».
I Sunndalen var dette kalla kjøtgreft. Tor Ile nemner «kjøttgraver» i bygdeboka for Øyer. Ingen av desse orda er ordboksførte.

8.9.14: Laksebole
I dag gir vi ordet med det same til sunnmøringen Jostein Fet, i boka «Stemmer frå ei fjern tid» (s. 165): «I norrøn mytologi var alvane ein type naturvette; ii nyare folketru liknar dei meir huldrefolk eller underjordiske. Men somme stader finn ein døme på at dei blir knytte til vatn som her, anten i strøymande elvar og fossar som den svenske strömkarlen og den norske fossegrimen, eller dei var på ferde i innsjøar og laga bobler i isen. Slike bobler, i sunnmørsmålet boler, vart også kalla lakseboler, fordi dei meinte det var laksen som låg og gulpa dei opp ifrå djupet. Om vinteren kunne slie bobler lage holrom i vassisen. Dei er danna av brennbar metangass som stig opp frå rotnande plante- og trerestar på botnen. Det var skikk i min oppvokster å brenne boler i vintermørket.»
Så langt Jostein Fet. Laksebole er eit ord vi ikkje har fått med i Norsk Ordbok (Band 7). Men det kan komma med i oppdateringa, om vi får midlar til å oppdatere da…

7.9.14: «Årsvukkukvestan»
Kvistane (på bjørk og andre lauvtre) som får gult lauv før resten av treet. Per-Odd Eggen frå Snåsa kom med dette ordet, som han hadde hørt av ein mann fødd ca 1890. Denne mannen hadde igjen hørt det av mor si. Eggen hadde ikkje noko forklaring på uttrykket, men kan tenkje seg at desse vart brukt for å spå vêret. Dette kan elles også ha noko å gjera med det særeigne systemet med «vukkutal» om sommaren som dei hadde i Snåsa. Det begynte med jensvukku, deretter kom seksvukku (syftesok), så heilvukku, og så «føst høyannsvukku» (høyonnsveka) med Knut med ljåen, 10. juli. Deretter gjekk det fram til tolvte «høyannsvukku», som var ved Mikkelsmess. Om dette kan ein lesa meir i årsskriftet til Snåsa Historielag, «Kumur», frå 1981.

6.9.14: Tremarksmann
Person som før i tida hadde betalt tre mark i bot for eitt eller anna brotsverk (visstnok gjerne for lausmunna snakk, løgn og injuriar) og dermed var stempla som løgnar, upåliteleg og ærelaus, i det heile tatt mindreverdig. Ein tremarksmann kunne ikkje få forsvarar mot ærekrenking, og han kunne heller ikkje få eit einaste offentleg tillitsverv. «Eg dreiv han til tremarksmann» er ein talemåte bevart heilt opp mot våre dagar om å avsløre nokon i løgn.

5.9.14: Tullførkjevatn
Parfyme (Stange, Åmot, Øyer, Ålen, Røros). På Hølonda «toillførkjsmorning» om kosmetikk.

4.9.14: Frostnavar
Utsliten navar som dei hadde med seg i båten og bora i ein trekubbe for å halde varmen. Kjent i kystområda frå Vestlandet og oppover. Også bruka overført om ein person som har lett for å fryse, ein frosenpinne. Det finst ei litt grotesk herme etter ei kone ein stad på Trøndelagskysten som fekk den triste meldinga at mannen hadde frose i båten. Komentaren hennar var: — Hainn koinn ha borra, deinn lathoinn!

3.9.14: Brundskure
Det er ikkje så lenge til parringstid for hjorten. På Hitra kjem det vel da etter kvart rapportar om einkvan som «ha sjett broinnskura». Det kan vera eit lite tre som hjorten har «barka tå» og knuvla i hop, og da veit ein det finst hjort i terrenget. Arnfinn Aune har opplyst også om dette uttrykket, som for Dagens ord 2.9.

2.9.14: Musmørkt
Det er noko som heiter musmørkt også, sa Agnar Sæther frå Hitra i ein kommentar til «Dagens ord» sildmørkt og garnmørkt den 30.8. Og ein annan hitterværing, Arnfinn Aune, kan fortelje at det var når kornet var komme på staur og det begynte å skymast utpå augustmånaden.

1.9.14: Snølsnipp
Ein som ikkje får til noko; tøvekopp, rotekopp (Budalen). Ei av mange gode gloser som vart trejt fram i vennelag i Budalen sist helg. Førsteleddet er eit verb å snøle = rote, tøve, tulle. Val av sisteledd har nok å gjera med klangen, bokstavrimet.

31.8.14: Søtekjerring
Vanskapt eple, som ofte er søtare på smak enn finare eple på same treet (Ullensvang).

30.8.14: Sildmørkt
Eit ord brukt i kystområda i Trøndelag og på Nordmøre når nettene tek til å bli mørke igjen på ettersommaren (gjerne frå og med hundedagane). Per Todal frå Aure forklarer bakgrunnen greitt i skriftet Du mitt Nordmøre (1979, s. 78): «Uttrykket sildmørkt skriv seg frå den gode gamle tida før monofilamentgarna kom på marknaden. Garn av snelletråd eller annan sildegarnstråd, gjerne barka, var lett synlege i dagslys, så silda heldt seg unna. Det måtte altså eit visst mål av mørker til før det kunne vera von om fangst». Det var også sagt garnmørkt.

29.8.14: Åkosttråvar
Travel person (Gunnar Jenshus: Fronsmålet). Åkost er her jamning i suppe eller saus. Somme stader er det også brukt om røre, t.d. vaffelrøre.

28.8.14: Kjøpmannsside
Dette ordet er forklart i boka «Gapskratt-historier fra Valdres». Det handlar om ein skogsarbeidar som kjørte fram tømmer med hest på vinterføre, og vi siterer» «Til å begynne med strevde han fælt med å få stokkene til å gli ordentlig på snøen, men etter hvert lærte han seg til å legge «kjøpmannssida» på stokkene ned. Etter det gikk kjøringa mykje betre. Kjøpmannssida er den bua sida. Kanskje eit hint til at enkelte kjøpmenn er ekstra runde i formene».
I ei oppskrift frå Andebu er kjøpmannssida forklart som rettsida på skoren trelast. Det heng nok saman med kjøpmannslast, som var trelast som ein kunne få selt til trelasthandlar i by. Kjøpmannssida vart vel snudd opp på lasset.

27.8.14: Glisperstund
Stund med opphaldsvêr (slik at ein kan få inn høyet). Notert på Høylandet under eit besøk der i 2007, uttala «glesperstoinn». Det var ein som skulle ha brukt det uttrykket under regnsommaren 1921. Ordet er elles ikkje registrert, men må nok henge i hop med substantiva glisp og glispe om opning, mellomrom, sprekk, glipe.

26.8.14: Åkertjuv
Hjort som kjem inn på innmarka (eitt av dei mange gode orda til Arnfinn Aune, Sandstad på Hitra).

25.8.14: Soppmed
Det er sopptid, og da kan det passe med dette ordet, som betyr plass der ein kan finne mykje sopp. Eg har det etter morfolket mitt frå Øksendalen på Nordmøre, der med er brukt om nettopp plassar der ein kan sanke, hauste noko (og ikkje berre om fiskemed). Såleis også moltemed om molteplass.

24.8.14: Trøyheitmus
Ingen grunn til å få uheldige assosiasjonar her. Trøyheit er moro, leik, underhaldning, og ei trøyheitmus er ei leikemus. Svein Guddingsmo, Verdal har bidratt med ordet.

23.8.14: Månglyr
Glimt av månen mellom skyene (somme plassar på Nordmøre – Eide, Tingvoll).

22.8.14: Grønspording
Småsei av ein viss størrelse (Bjugn, Ørlandet, Frosta, Lyngen, Måsøy, Vardø). Kystfolk har finstilt gradering og nemningsbruk på dette feltet. Systemet varierer frå plass til plass, og størrelsen på grønspordingen blir også oppgitt litt forskjellig: 18-20 cm, 15-25 cm og 25-30 cm. På denne lenka er det bilde av ein lomvi som er i ferd med å sluke ein «grønnspoling» http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/Image.aspx?rappsyst=1&obsid=12725382&imageID=382705.

21.8.14: Å hestereise seg (ein gong til)
Dette hadde vi i «Dagens ord» også 13.2.14, men det er komme fleire nye opplysningar som gir grunn til å ta det fram igjen. For å repetere, vil det seie å reise seg på framføtene først, som ein hest gjer. Men det er da sagt om kua, som vanlegvis reiser seg på bakføtene først. I tillegg til Verran, som vi nemnte den 13.2., er det også kjent i Oppdal (ordsamlinga til Ingeborg Donali). I Kvam i Hardanger heiter det å hestrisa. Frå Hedalen i Valdres er det opplyst at å hestereise seg vanlegvis er brukt overført om å komma seg opp med eit krafttak.
Men det er meir frå Valdres: I ei fersk bok av året med «historio og skrøno or valdresbygdo» fortel forfattaren Gunnar Hauge i detalj om dette uttrykket: «hestereise seg = reise seg heilt opp på framføtene fyrst, så opp bak. Ei ku går normalt berre opp på framknea fyrst, så opp bak, og tilslutt heilt opp framme. Om kua hestreiste seg, så såg dei det gjerne som eit uvanleg og uheldig tegn».
Og så kjem det sjølsagt ei historie på reinspikka valdresmål der uttrykket blir nytta. Det er ein Haldor Enger, som «sa mykje snodigt», som leverer sluttreplikken:
«På hotellé på Bygdin hadde dei ei kokke so va lite spesiell. Ner ho sto o skar upp steik, so kunna ho ta kniven o skrubbe se gødt på leggjo med innimyljo. Og der va ho so løi, det let so du skulde ha skrapa ette ryggé på ei purke, sa dei. Men ein dag va visst ikkje tingé heilt på stell før kokkun. «Ho er nok ikkji heilt i slag, e såg ho hestereiste seg i dagtilé», sa ‘n Haldor».

20.8.14: Pissan
Så lang strekning som ein går frå ein har pissa og til ein må gjera det på nytt (Gausdal). Det er da snakk om at ein har «gått eit pissan». Frå Inderøya er nemnt eit uttrykk som nok inneheld same ordet: «han e stri i pessani» (dativ). Det er dessverre ikkje forklart nærare i kjelda,men betyr nok ‘det å pisse’ eller ‘pissing’. Og her er det sikkert ein overført bruk.

19.8.14: abc-konge
Det er skulestart, og vi minner om dette ordet, som var sagt om førsteklassingane, som streva med å lære seg alfabetet (dei som ikkje hadde lært bokstavane før dei begynte på skulen). På Helgeland var nemninga abc-gauk, gjerne også brukt om dei som hadde tungt for å lære å lesa..

18.8.14: Grindstuppul
Grindstolpe av stein (Selbu, Ingulv Røsets ordsamling).

17.8.14: Skrivarsjuttu
Diare (sjuttu) som følgje av skriving under hardt tidspress. Kanskje noko som mange skribentar har fått røyne? Vi foregrip litt og tar med ordet som ein smakebit frå ei ordsamling frå Hølonda som er under utarbeiding ved Reidar Almås.

16.8.14: Skodd-dam (skoddedam)
Skoddebanke; tett samling av skodde. Samansetninga skodd-dam er visst lokal for heimbygda mi, Sunndal. Den er i alle fall ikkje registrert andre stader.

15.8.14: Judisere
Diskutere, vurdere, småsnakke att og fram (om uvesentlege ting); filosofere, vega for og imot (somme stader austafjells, som Land, Nedre Buskerud, Andebu, Drangedal; pluss hist og her i Trøndelag: Ørlandet, Orkdal, Leksvik, Mosvik m fl): «dæm satt og juddisert». I Drangedal uttalt judensere. Danna til judisium, som er latin og tyder dømmekraft, skjønn.

14.8.14: Augustknott
Lokalnamn på insektet knott (Glåmos).

13.8.14. Ylmepose
Brukt både om sinte stutekalvar og om sinte, grinete og range personar (Selje). Eitt av dei tallause orda som Reidar Djupedal har notert, og akkurat dette er han visst aleine om.

12.8.14: Litlauge
«Gjera litl-au» – blunke flørtande (Mosvik, Sparbu, Flatanger)

11.8.14: Seinsokk
Seindrektig person (Bamble i Telemark, Risør og Holt i Aust-Agder).

10.8.14: Påssålag (poselag)
samkvem, hopehav, gjerne slikt som er litt hemmeleg og forektig (Folldal, Soknedal, Klæbu, Leinstrand.

9.8.14: Blanksynnavind
Synnavind i klårver (Senja)

8.8.14: Steingalen
Heilt galen, ravgalen, med stein- som forsterkande førsteledd. Det er vel løyst ut frå samansetningar som steinhard o l. Steingalen, steintullen og steintullet får ein ny tydingsnyanse når ein skal ut på tokt i lag med amatørgeologar, som spalteskrivaren skal denne dagen.

7.8.14: Tottsykkel
Trehjulssykkel. Nemninga er oppgitt frå fleire plassar i Trøndelag (Rennebu, Malvik, Stjørdal). Uvisst opphav, kanskje er det eit firmamerke?

6.8.14: Pipmål
Det er Prøysen-år, og vi markerer det med å ta med eit ord som Prøysen har brukt i skriftene sine. Pipmål er kvile i arbeidsøkta (med ein piperøyk). Også kalla pipekvil. Som målføreord er pipmål registrert nettopp frå Prøysens heimstad Ringsaker, og dessutan Løten. Lokalt for Hedmarka, ser det ut til.

5.8.14: Moltesting
Sting, mageknip etter å ha ete for mykje molte (Tinn, Øvre Hallingdal, Eiken, Hardanger, Voss og sikkert fleire).

4.8.14: Madrassmodna
«ektefellen peikte på at madrassmodna bær ikke var førsteklasses vare» (Knut Melangen: Hårda bud under Tøttatoppen, s.93). Denne boka er ei samling med historier frå Narvik. Ordet er ikkje registrert i arkiva våre, men dekkjer nok omlag det same som skinnfellmolte, som vi omtalte i hovudinnlegg 4. august i fjor: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/08/04/skinnfellmolte/

3.8.14: Langminnug
Som hugsar godt (langt attover) (Ål i Hallingdal, Surnadal, Sparbu). Dette eksempelet er henta frå Ål: «Ho e ‘kji langsint, men ho e langminnug».

2.8.14: Skreppår
Kronår, år til å skreppe (skryte) av når det gjeld avling. Ikkje direkte målførebelagt, men det finst i eit par kjelder, blant anna den store samlinga «Ordtøkje og herme» ved Einar Seim.

1.8.14: Augustfiskar
Fiskar som fiska i elva etter at den eigentlege vald-leigaren var reist, han som fiska i den beste sesongen i juni og juli. Dette omgrepet kan vi lesa om i bygdeboka for Meldal.

31.7.14: Kvitklokke
1. Fint underskjørt (av bomull, med blondar) (Byneset, Orkdal, Leksvik, Stjørdal). 2. Planten storklokke (Sparbu, Rødøy).

30.7.14: Barme
Gammalt trønderord som eg vart mint på under Landsfestivalen på Steinkjer av spellmannskollega Reidar Aksnes. Han har det frå Verdalen, og det tyder søsken i husdyrkull. Enten i same kull, eller i alle fall unna same mor. Det er kanskje helst brukt om gris («dæm va barma di grisin vi fekk-ti»), men det kan også vera snakk om t.d. lamsbarme. Ivar Aasen noterte ordet frå mange plassar i Trøndelag (Orkdalen, Gauldalen, Stjørdalen, Inderøya). I nyare materiale er det registrert frå spreidde plassar (Oppdal, Orkdal, Selbu, Hegra, Verdal). Norrønt barmi tydde bror. Ordet er i slekt med barm, og grunnforestillinga er etter Alf Torp «av same morsliv».

29.7.14: Hellerim
Sot på og under bakstehella eller på gryta; dette vart før brukt til å laga skokrem og blekk av (Lista).

28.7.14: Slarkmjølk
Eit ord som hadde ei nokså kort levetid. Det skal etter det eg har fått opplyst, ha vore sagt i Trysil om mjølk i plastposar. Det var prøvd med dette ein liten periode i overgangen frå flaskemjølk til kartong. I følgje Opplysningskontoret for meieriprodukter var dette brukt for ein avgrensa del av mjølkeproduksjonen i tida 1964/65 til 1973/74. Men i Trysil rakk dei altså å skapa eit eige ord for det! Uttala «slærkmjølk».

24.7.14: Andski(e)
Vedskie som ein sett vertikalt som «sperre» fremst på vedbøra, slik at ein kan stable på mykje utan at skiene dett ned (Bøfjorden på Nordmøre, henta frå samlinga «Teft og tykkje», sjå også «Dagens ord» 22.7.).

23.7.14: Solfarekjøld
Kjøld, kulde på grunn av at sola glader eller kjem attom ei sky. Også kalla solfaresvale (begge frå Ullensvang i Hardanger).

22.7.14: Fiskplask
Skikkeleg plask når ein kastar eller sett ut fiskereiskap. Dette skal bety fiskelykke. Vi markerer nyutgåve (2014) av dialektsamlinga «Teft og tykkje» (Bøfjorden Historielag) med å plukke ut eit ord derifrå. Her er det mange gode ord frå Bøfjorden og andre stader på Nordmøre.

21.7.14: Finger-etas
Eta med fingrane. «Den ilanddrivne alkoholiserte styrmannen veit mest ikkje kva for hand han skal halde gaffelen i, og hadde det ikkje vore for at han var van med å ferdas blant fint folk, hadde han vel fingeråtes» (Torvald Sund: Seglet og dansen, s. 269). Trygve Gulbranssen bruker det også, i «Og bakom synger skogene»: «han fingeraat fisk og fugl».

20.7.14: Einnemnt
Spalta er tilbake etter ei lita festivalpause. Å vera «einnemnt (i bygda)» er å vera den einaste som har det namnet (Eresfjord i Romsdal).

16.7.14: Stallport
Gangen eller framrommet til stallen. Ganske vanleg i Trøndelag, og dessutan registrert frå Sunndal og Stor-Elvdal. Men det er også brukt i spøk om buksesmekken.

15.7.14: Torkall’n
«Det e torkall’n som driv seg», sa dei frå gammalt i Snåsa når det var lyn og torevêr.

14.7.14: Omfangshus
Lager- og arbeidshus (reiskapshus) på ein gard (Nordfjord). Uttalt «omfångshus» eller «omfångehus». «Omfångerom» er hus, rom der ein slaktar, bakar og gjer anna vanleg arbeid (Selje). Vi ser her fang i tyding ‘forråd’.

13.7.14: Trastskit
Også sagt i spøk om fregnar (Frosta)

12.7.14: Skjøling (ein)
Kort, kraftig regnvêr (Hitra og fleire i Trøndelag). Skylling/skyljing.

11.7.14: Floavarme el -verme
Sørvestlandsk ord om stikkande solskin og varm, trykkande luft før det kjem ei toreskur (ei flo) (Bjerkreim, Hyland, Gjesdal, Røldal). Og da er det floavarmt (Røldal).

10.7.14: Ølgubbe
1. Varmt vindpust (Nord-Trøndelag, Nord-Fosen, Sør-Helgeland). 2. Stor vedkubbe (Namdalen).

9.7.14: Ettersjø
«Ættesjø’n» – tverrskavl bak båten, som kjem når ein sakkar opp (Hitra).

8.7.14: Dåggåten
I denne spalta presenterer vi ord frå dag til dag. For å halde styr på dagtalet, brukte dei i gamle dagar som kjent primstav. Men denne har i Gauldalen og Selbu det gamle, lokale namnet «dåggåten» (dagatein).

7.7.14: Øktkløyv
«Å ta øftkløyv» (øktkløyv) er å ta pause midt i økta (Hegra). I Selbu er «øftkløvar’n» (øtkløyvaren) narreting som godtruande personar (særleg ungar) kunne bli bedne om å hente. På linje med «rompdrag», «pølsmønster» o.l.

6.7.14: Skåltom
Heilt tom. Forfattaren Kjartan Fløgstad brukar ordet, såleis fleire gonger i den nye boka «Magdalenafjorden». Men det er belagt vidt ikring, frå Porsgrunn i aust, via Agder, Jæren, Haugesund, Romsdal og opp til Nordland fylke. Det kan også bli brukt om farty som er utan last eller ballast.

5.7.14: Massingrøyk
«Hainn tæle-itt my tå masengrøka» er eit uttrykk frå Oppdal om ein som toler lite, er snarsint (ordboka til Ingeborg Donali). Same vendinga er brukt i ei folkeminnesamling frå Hemne. Her er det fortalt om ei piperøykande legdkjerring på 1800-talet som visstnok kunne vera noko mistenksam og lunefull og ikkje tolte mykje av «massingrøyken». Men ho kunne også vera i godlag og fortelje eventyr og historier, heiter det (Henrik Sødal: I gammeltida, s. 155). Ganske nyleg er noe liknande dukka opp på facebooksida for gamle uttrykk frå Soknedalen: «ha fått nok tå masingrøken».

4.7.14: Falakoll (ferdakolle)
Det er ferietid og reisetid, og ei «falakoll» er ei som er litt for glad i å reise, som fer og rek heile tida. Ordet er innsendt frå Kolvereid, men er også ført opp frå Helgeland av Hans Ross (1895) om ei sjuskete, floksete kvinne. Kolle kan vel her vera trekjeraldet, som vi har i rømmekolle, men kanskje også hodyret utan horn. Vil du ha eit anna ord for person som er for mykje på farten, så sjå om «rækkakjævvel» i «Dagens ord» 1.2.14.

3.7.14: Kveldsøve
Namn på fleire ulike planter, oftast løvetann (Sogn, Roan, Tranøy) eller kløver, særleg kvitkløver (fleire plassar i Trøndelag, dessutan Straumsneset på Nordmøre). Men også hestehov (Beiarn), vassarve (Beitstad). I Sogn kan kveldsøve også tyde det å sovne tidleg om kvelden, eller ein person som har det med å sovne tidleg.

2.7.14: Øyræv
Ødsel, sløsaktig person; «ødeland» (Lånke i Stjørdal kommune). Ræv er her = rauv (bakende). I nabobygda Skatval er «øsselræv» notert om same mennesketypen. Dette også frå Øre på Nordmøre.

1.7.14: Gjærra-om-sæ (gjera om seg)
markere seg (Hitra).

30.6.14: Sommarlang
Så lang som om sommaren, så lang som på sommarstid. Ivar Aasen fører det opp (utan heimfesting) i vendinga «ein sumarslang dag». Han har det også med i eit ordtak, som er attgjeve slik i «Norske Ordsprog»: «Ein kann myket segja ein sumarlang Dag».

28.6.14: Støypskur
Kraftig regnskur som kjem fort og varer kort (Oppdal, Soknedal, Stjørdal, Verdal, Frol).

27.6.14: Sommarbunad
Kan sjølvsagt brukast om klesplagg, sommardrakt, og likeeins om sommarpels på dyr og sommarfjørdrakt på fuglar. Men såmmårbona’n kan også vera kjørereiskap til bruk om sommaren (Folldal, Røros).

26.6.14: Akselfjøl
Skulderblad (Trøndelag, mest i nordfylket, pluss Østerdalen).

25.6.14: Dryingsmon
Rom for å drye, utsette (ei sak). Men i Dovre spesielt om tida som går frå ein blir beden til bords og til ein faktisk (omsider) sett seg attåt. Jamfør hovudinnlegg om trolltime 11.1.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/tag/trolltime/

24.6.14: Havatigalen
Grisk etter gods og gull; havesjuk. Vår kjære, store ordsamlar Hans Ross (1895) noterte dette i Valdres, også med varianten havagalen. Stadig like aktuelt!

23.6.14: Sankthanskokar
Somlekopp (Nissedal).

22.6.14: Galneholet
Rangstrupen (Voss): «få maten i galneholet».

21.6.14: Jonsokria
Kuldeperiode rundt jonsok. På Voss kalla jonsoksnekkjen.

20.6.14: Snefektig
1. Som kjem uforvarande og lumskt på. 2. Smart, slu, lur, men også dyktig. I begge tydingane er det registrert av Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) frå namdalen og Helgeland. «Snefekti te å lyg». I boka «Dialektsamlling frå Ytter-Namdalen» (2011) er det ført opp med tyding ‘smart, oppfinnsam, snartenkt’ frå Gravvik og Leka.

18.6.14: Gå i kjarkomfotom
Gå berrføtt (Tydal).

17.6.14: Håbollvidje
Vidje som er funnen og vridd i håbolla (tida mellom våronn og slåttonn) og seinare lagra. Desse var rekna som dei seigaste og sterkaste vidjene til å laga nestingar (spenningar) av. Ordet er (var) kjent vidt ikring i Sør-Norge, også på plassar der dei elles ikkje seier håbolle/håball om denne tida på året. «Stygt, men sterkt’, sa fan, han batt at kjeften på mor si med ei håballsvie» (Modum)

16.6.14: Sommarfjøsgran
Vid og kvistrik gran (som er godt gjødsla av frauen frå sommarfjøs). Akkurat dette ordet er frå Overhalla, men det finst fleire ord med liknande motivasjon, som t.d. kutrøgran.

15.6.14: Suselakk
Snodig kar (Porsgrunn): «En artig suselakk».

14.6.14: Nebbtak
Tak med ytste delen av eit spett eller ei våg når ein stein skal løftast, så vekta blir lett (Oppdal, Tingvoll). Nebb kan bli brukt om ytste, fremste delen av noko, slik vi ser her. Frå Sunnhordland er nebbtak registrert med ei litt anna tyding: fælt tungt tak.

13.6.14: Trollkikkert
Artig namn på kaleidoskop – eit rør med vinkelspeglar og kikkhol og lause, farga glasbitar som skiftar plass når ein ristar det, så ein kan sjå flotte mønster. Trollkikkert er brukt om dette i Møllkula, lokalhistorisk tidsskrift for Ørland og Bjugn, nr 2 2013, s. 4

12.6.14: Frauskegroa
Eit slags fabeldyr; ein fæl, kjempestor frosk som dei trudde kunne vise seg og ta hemn når nokon hadde pint ein frosk (Malangen). Jf. hovudinnlegg om frosk 11.6.14.

11.6.14: Junikar
Den som ikkje greidde å bli ferdig med våronna til skoklefallsdagen (som somme stader var rekna til 31. mai, men oftast 3. juni). Kristian Østberg nemner omgrepet «junikar» i verket «Norsk bonderett» (bind 6, s. 101)

10.6.14: Støaleik
Dominerande vindretning (Sunnmøre, Romsdal). «Det e’ so dårla trekk i ømna i dinnje støaleikja» (Haram).

9.6.14: Trå-vår
Sein vår (Leikanger).

4.6.14: Sniglaskrei
Spor, slimveg etter snigel (Hardanger). Jamfør hovudinnlegg om skogsnigel 3.6.14.
I år som i fjor på denne tida tek spalten nokre dagars pause, på grunn av spelmannstur til Sverige.

3.6.14: Holstange
Stange hol på; særleg om krøtter som stangar nokon i magen så det blir ope sår og skade på innvolar. Ordet ser ut til å vera avgrensa til Møre og Romsdal og Trøndelag. Anndre stader kan det heite f eks å holrenne, gorstange e l. «Når kollåtkua får honn, så hølstange a» – om oppkomlingar som kjem for raskt til riktom og makt, og som misbrukar dette. I Froan har holstange fått særtydinga å klipe av kverken på ein fisk og ta ut levra.

2.6.14: Siropskakugut
Bortskjemt pappagut (Selbu).

1.6.14: Banemann
Kjent om norrøne forhold om den som drep nokon, blir ein persons bane. Men i somme målføre har det overlevd opp mot vår tid, og da ikkje nødvendigvis om drapsmann, men om gjerningsmann eller den som er ansvarleg. Banamann i Roan har også vore sagt om barnefar: – Kæm som e banamann fer ho no da? I Oppdal har ein brukt bånnåmann f eks slik: – Dæ va hainn sum va bånnåmann for veianlegge (som fekk lagt anlegget dit eller dit).

31.5.14: Bånnådrag
Tungt, hardt slag eller dask. Tradisjonsford frå Inn-Trøndelag (Frosta, Røra, Inderøy, Sandvollan, Malm): «Hainn fekk ‘i bånnådrag». Bånnå- er vel bane, som i banehogg. opp til vår tid har det siste ordet levd i målføret i Verdal som «bånnåhaugg» – kraftig, dødeleg hogg.

30.5.14: Sågidder
Skjelving, dirring i lufta over jorde og åkrar i våronna (Blaker, Telemark, Setesdal, Suldal). Slik seier Halvor Strand det i boka «Mors dag» frå 1926: «Soli glitrar i bylgjorne på vatnet og sågidren yver vollarne» (s. 5). Det finst mange andre ord for dette fenomenet; det får vi komma tilbake til.

29.5.14: Kålgraut
(Nord)trønderord for kålrabistappe.

28.5.14: Kringsnakkande
Som snakkar svært fort (kringt); orda kjem snart og lett. Ordet kjent mange stader i Trøndelag, oftast uttala «krengsnakkan». Som f eks frå Hemne: «Hainn e så krengsnakkain at det e itt godt å fælj me».

27.5.14: Blindskiting
Det å lure seg på skogen under påskot av å gjera sitt fornødne, og lure seg til eit ekstra femminutt. Det ser ut til å ha vore sjargong på anleggsarbeid der ein ikkje hadde do, og det er omtalt både i bygdehistoria for Midtre Gauldal og i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan. I ei ordsamling frå Hemnes finn vi ein blindskit om ein som lurer seg unna arbeidet.

26.5.14: Orgemakk
Lokalnemning for meitemakk (Beiarn). Til verbet å orge ‘bale, streve, slite’. Om andre namn på meitemakken sjå hovudinnlegg 25.5.14: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/05/25/jordforbetrar-og-agn/

25.5.14: Han Beinlaus
Vanleg uttrykk for vinden, særleg brukt når dører fer opp av seg sjøl. Også «beinlausingen» eller «va det ein beinlausing?» I Surnadal, Meldal og Rennebu er det snakk om «han Evvinn (Even) Beinlaus», og i Meråker «han Beinlaus-Ola».

24.5.14: Gilderbunad
Trønderord for noko som står ustøtt, som er gildra opp, eit rakleverk. Uttala «jillerbona» e l.

23.5.14: Vårfivel
Lokalnamn på leirfivel, hestehov, eit par stader i Nord-Trøndelag. Hans Ross har det med frå Stjørdalen i ordboka si frå 1895, og i seinare tid er det notert frå Verdal. Ove Arbo Høeg har ikkje med dette namnet i verket «Planter og tradisjon», og det er heller ikkje med i hovudinnlegget om hestehov her i nettkråa 12.4.2013: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/04/12/

22.5.14: Vêrhått
Tilstand med veret; vêrlag, vêrtype. Kanskje mest kjent i trønderdialektane (nordmørsmåla inkludert), men også brukt i Nord-Gudbrandsdalen, og belagt også frå Nord-Norge. «Det vart ein anna vêrhått»; eller «snunad i verhåtten», som Oppdals-forfattaren Ola Setrom skriv. «Å færra som ein Guds vêrhått» er å fara som eit olja lyn (Hitra).

21.5.14: Kongetorsk
Sidan spalteskrivaren skal spela for kongeparet på denne dagen, plukkar vi eit «kongeleg» ord. Ein kongetorsk er ein stor torsk, gjerne med kul i nakken. Ein slik ein vart sett på som lykkefisk og kunne også brukast til å spå vêret med. På Senja tørka dei han og hengte han opp etter ryggfinna. Da ville han vende «snuten» mot den kanten vêret kom frå.

20.5.14: Vårfattig
Fattig på fôr om våren, fordi ein har vore for ødsel med fôret om hausten. Dermed blir det vårknipe. Talemåten «vårfattig og haustrik» eller «haustrik og vårfattig» er registrert frå Sandsvær og Tynset. Hans Ross (1895) har «haustrik og vårarm» om det same, frå Fron.

19.5.14: Tranrunnen
Dette vil vel eigentleg seie ‘gjennmtrekt av tran’. Det er ein fare når ein tørkar rav, strimlar av feitt kjøt rundt finnane på kveite. Slik står det å lesa i tidsskriftet Håløygminne for 1964 (s. 292): «Når ein skulle tørke raven, så måtte ein hengja han opp på nordsida av husveggen. Dersom han vart hengt opp i solveggen, ville han bli solsteikt og tranrunnen, som dei sa». I Steinar Nymos ferske ordsamling frå Senja er tranrunnen forklart slik: «om fisk som har stått så lenge på bruket at han er misfarga fordi galle og lever har gått i oppløysing». Men så kjem ein overført bruk, om folk: «som synlig er ille forrangla». Dermed får vi følgt opp tråden frå i går.

18.5.14:Kulmannskost
Kanskje somme av oss kan trenge litt kulmannskost i dag? Det er salt sild eller annan saltmat, for den som er i bakrus og treng noko salt. Gammalt ord frå Nordmøre (Stangvik). Ein «kulmann» (kulemann) er ein fyllik, ein som ofte har seg ei fyllekule.

17.5.14: Maislufs’
Syttandemaisløyfe. Det var det ordet mor mi, frå Øksendal, brukte om slike sløyfer. Slufse og hårslufse er sagt fleire plassar, så det er sikkert fleire som snakkar om maislufse også, om ein undersøker meir nøye.

16.5.14: Skammaplagg
Tilbake til eit anna av orda læraren i Bratsberg på 1890-talet vart skulda for å ha kalla elevane sine (sjå dagens ord 14.5.). Eit skammaplagg eller skamplagg er for det første eit plagg som må berast til straff eller til skam. Særleg var det bruka om eit bestemt hovudplagg som ugifte mødrer måtte ha, og som var forskjellig frå konehuva. Men så er ordet også overført til bruk om folk som skjemmer seg ut, som ber seg skammeleg åt. Så det var ikkje akkurat noko kompliment læraren serverte!

15.5.14: Glafskjøring
Råkjøring, gapkjøring, grisekjøring (Namdalen). Eitt av veldig mange ord for dette. Ein glafs er ein uvøren, framfus person, og inkjekjønnsordet glafs er uvøren framferd, tullfakter.

14.5.14: Horstre
Tid for eit skjellsord igjen. I årboka for Nardo og Bratsberg Historielag («Njardarholl») for 2013 er det ein artikkel om skulestua på Eklesbakken. Der er det referert eit brev frå tilsynsutvalget for «Eklesbakken skolekreds» frå 1899, retta til Bratsberg skolestyre, der dei klagar på mangelfull undervisning. Læraren får gjennomgå, også for språkbruken: «Læreren kan også undertiden bringe mindre passende udtryk, idet han kalder børnene for hårstre, skammaplag, sladrebøtte og lignende». Læraren forsvarar seg på dette punktet med at han slett ikkje kan hugse å ha uttalt «de Ukvemsord, der anføres i Klagen». Det ser ut til at læraren fekk fortsette i ca. 10 år til.
Ordet horstre står i Hans Ross: Norsk Ordbog (1895), heimfesta til Nordmøre, Trøndelag og Østerdalen, med definisjonen «kaad person». Kåt skal nok ikkje oppfattast i seksuell forstand her. Snarare betyr det vilter e l. I botnen ligg verbet å horse, kjent også i våre dagar bl a om å halde leven, ståke og slåst o.l. Det igjen er laga til substantivet hors ‘hest, merr’, omforming av det norrøne hross ‘hest’.
Elles er det ikkje mange opplysningar om ordet horstre. Vi har det (udefinert) i ei anonym samling innsendt på 1990-talet, med ord frå Nord-Fosen. Men først og fremst har Odd Inge Trotland notert det frå Hølonda, da om jente som har det med å horse – vekke oppsikt ved fnising og leven, som han seier.
Læraren på Eklesbakken har nok hatt sine problem med bråkete ungar, og så har det gått over styr for han i munnbruken av og til!

13.5.14: Reibratt
Beint fram, endefram, enkelt. Sjeldan ord, belagt berre frå Inderøya i Nord-Trøndelag: – itt så reibratt som du trur.

12.5.14: Kjellingvona
Vi følgjer opp lamvona frå i går 11.5. med kjellingvona, som er livmora hos geit. Dette ordet ser ut til å vera mykje meir avgrensa, registrert berre frå Oppdal og Selbu.

11.5.14: Lamvona
Det er lammingstid, og vi minner derfor om dialektordet lamvona, som er livmora til sauen. Ordet hører heime i Sør-Trøndelag og på Nordmøre. Om teksa (søya) har frå seg lamvona, kan det vera ein livstruande situasjon.

10.5.14: Reskjefta
Grei og snar i vendinga (Horg). Sia dette er ein dialekt med diftongforenkling, er vel utgangsforma «rei(e)skjefta». I målføra finst det masse ord som seier noko positivt om folk også, og som kan brukast til framsnakking. For min del har eg nok vore flinkast til å trekke fram dei negative, altså skjellsorda om folk. «Dagens ord» i dag er eit forsøk på å bøte litt på dette.

9.5.14: Flagge
Å flagge betyr sjølsagt å heise flagg, å ha flagget oppe. Men det finst eit par andre, uhøgtidelege og meir slangprega tydingar. For det første kan det brukast om å bli raud av blygsel, som i dette dømet frå Verdal: «Veikja flagda da vi næmnt kjæresten heinnes». Frå Skien har eg fått opplyst at det var sagt «nå flaggær ‘u», dersom nokon hadde fått skjorta utom buksa. Og Tone Tryti i «Norsk slangordbok» har å flagge om å ha bukse med så låg linning at trusa visest.

8.5.14: Våronngreie
Hestgreie (hestesele) av lettare type, brukt i våronna (Trøndelag). Om tora slo i våronngreiet, ville det bli eit elendig år, trudde dei. Det var ikkje bra med torevêr om våren. Og dersom hesten rista seg i våronngreiet, var det også utsikter til ein dårleg sommar. Eit anna varsel var at når tora slo i ploggreiet, ville bjørnen slå (krøtter) om sommaren.

7.5.14: Voksterver
Voksterver eller vokstraver er både aktuelt og ønskeleg denne årstida. Da er det høveleg blanding av god temperatur, sol og regn og gunstig for det som skal vekse, for årsvoksteren. Ordet hører først og fremst heime på Vestlandet og i Trøndelag, men går også over i Valdres. I Land heiter det «vækservær» og i Lærdal «veksever». Grorver eller groraver er eit anna ord for det same. Arnfinn Aune på Hitra er inne på ein muleg nyanse mellom grorver og voksterver, slik at gror(a)ver helst er brukt i samband med våronna, når potet og korn er komme i jorda og skal spire og gro, medan voksterveret er seinare i voksterperioden. Ikkje alle vil dele den oppfatninga, kanskje.
Leif Halse skriv slik: ”Så kom varme, gode sommar, vokstra-ver med sol i aust. Grønet grodde og vart moge, stod der gult og tungt mot haust” (På bygdabakkom, s. 18).

6.5.14: Døvvelpitt
Klønete, uhag, trehendt person (Verdal).

5.5.14: Nærkone
Denne spalten markerer den internasjonale jordmordagen 5. mai ved å dra fram dette gamle ordet for jordmor. Nærkone er belagt i dialektmateriale frå alle landsdelar, og det fanst også i norrønt. I svenske dialektar har vi nærkvinna. Dialektord for jordmor har etter kvart komme til å få innhaldet ufaglært hjelpekone ved barnefødsel, etter kvart som jordmødrene mot slutten av 1800-talet voks fram som stand med eigen yrkestittel. Tanken bak nemninga nærkone er nok den som står nær («står hos») under fødselen. Same ideen ligg bak comadre, det spanske ordet for jordmor. I somme målføre på Austlandet har jordmora også vore kalla nærkjerring.

4.5.14: «Gålgælin» (gardgalen)
Forstyrra etter å gå seg gard; jordhungrig (Inderøya). I dagens situasjon hadde vi kanskje trengt fleire med denne eigenskapen?

3.5.14: Utburd
Skrekkfilmen «Utburd» blir i desse dagar vist på filmfestivalen kosmorama i Trondheim. Den handlar om den brutale skikken at uønska barn i eldre tid vart sett ut i skogen for å omkomma. Myten fortel at utburden var skrømtet etter slike, eller også etter slike som døydde utan å vera døpt og ikkje var lagt i kristen jord. Slike ropa og bar seg fælt, og ein måte å stanse dette på, var å «døpe» dei, f. eks. med ein formel som dette: «Eg døper deg på ei von, Guri eller Jon». Ei kjerring i Verdal kom ut for ein slik unge ein gong: – Ka du vil du da, nakjinpilt? sa ho. Dermed forsvann han, for med dette hadde han fått namn. I Skåre i Rogaland hadde ei fødd i dølgsmål, teke livet av ungen og grave han ned. Ein gong gjekk ho forbi denne plassen ein søndag i lag med ein flokk jenter. Da vart det ei fæl remjing. – Hald kjeften, heiagap! ropa barnemora. da hørtest ein stygg lått: – Mor mi kallar meg heiagap! Etter dette måtte jenta vedgå det ho hadde gjort.

Ordet utburd (også uttalt «utbor», «utbol») kjem av å bera ut, altså den som er boren ut. Om denne forma for skrømt ser det ut til at ordet først og fremst hører til vesta- og nordafjells. Ikkje fullt så utbreidd er trua på at utburden kom frå etterbyrden etter ein barnefødsel, dersom denne ikkje vart brent. Det fanst forestillingar om at kvar gong det vart fødd eit menneskebarn, vart det også fødd ein djevel, og denne følgte med etterbyrden.

Det er ikkje så merkeleg at ordet utburd har vorte overført på folk som faktisk lever. Veldig nær er det slik som i Hemne, der ordet kan bety ein forkommen, våt og vanstelt unge. Men meir vanleg er utburd/utbol brukt som skjellsord på umulege og ufordragelege folk – fælingar, styggingar, rampar. I slik bruk går det også over i Nord-Østerdalen og Nord-Gudbrandsdalen. I ei litt utvida form «utboleng» (utburding) finst det somme plassar i Trøndelag. Frå Orkdal er det fortalt at ein «utboleng» gjorde både laug, stal, drakk og slost. Ein slik ein er verkeleg «utbolåt» (Røros).

2.5.14: Pinvår
Sein og kald vår med fôrmangel (Nordland, Troms). Om føtene til tjelden er bleike, kjem det til å bli pinvår, var trua. Pinvåren 1917 måtte husdyra stå inne til over sankthans, er det fortalt.

1.5.14: Maisaft
Bjørkesevje, før i tida tappa av bjørka (i mai) og brukt til drikke (frå Mary Boldermo: Dialektord i Hemnes, 1999).

30.4.14: Innapåtrøyelomme
Innerlomme på jakke, t.d. dressjakke. Ordet kom opp på arrangement i Tingvoll Mållag 28.4. Det kan jo synast overflødig langt, men det fungerer! Akkurat denne varianten har vi visst berre frå Tingvoll, men elles kan det heite innapålomme, innabeinslomme, innvendeslomme m.m.
Tillegg: Etter kommentarane på facebook i dag 30.4. kan vi utvide området for «innapåtrøyelomme» med Rindal, Åsskard (truleg), Valsøyfjord (ikkje heilt ukjent), Meldal og Rennebu.

29.4.14: Argfastheit
Argskap, vondskap (Roan): «Hann gjol det i bærre argfastheit».

28.4.14: Innsnørpa
Avisa Ny Tid greier å få til dette i spalta «Nyord for en ny tid» 25.4.14 om ordet «innsnørpa», som dei har funne i «Nordlys» 20.4: «Kontaminasjoner av ord og uttrykk ender ofte i det absurde, og det er gjerne meningsløsheten som gjør dem morsomme. Her har man dog, i en cocktail av «inneslutta» og «snerpete» – må man gå ut fra – endt opp med et uhyre nyansert adjektiv: Du får ikke fram et ord, du svelger alle tilløp til ganelyder, du besvarer tiltale med sammenknepne, hatske blikk, alle krppens muskler dirrer av bitterhet og leppene utgjør en hard «O» uten hull i midten… Du er rett og slett innsnørpa
Akk ja. Å «snørp(e)» med ø er jo vanleg uttale av å snurpe mange plassar, spesielt nordafjells, så «innsnørpa», som avisa her beskriv som «absurd» og «meiningslaust», er eit heilt kurant folkemålsord over store delar av landet, og på ingen måte «nytt». Vi får skrive det på kontoen for urban ignoranse, og den kan i seg sjøl vera temmeleg «innsnørpa».
Det hører også med at Nordlys henta historia si frå Harstad Tidende. Dei fortel om ei som opna døra, og der stod ein spilder naken kar utafor. Dama let seg ikkje skremme, og den nakne mannen sette seg etter kvart inn i bilen sin og for sin veg. Størrelsen var heller ikkje noko å bli skremt av, fortalte ho. «Darrisen» var ca 3 centimeter. Det var kaldt, så han var heilt innsnørpa.
«Darrisen» gjekk nok langt over hauet på Ny Tids spaltist uansett. Men at det i folkemålet finst «uhyre nyanserte adjektiv», kan vi skrive under på.

27.4.14: Vespsmed (vispsmed):
Ein som rotar til det meste og har lite suksess med det han prøver på. Eitt av dei mange skjellsorda som Andreas Lunnan samla og sendte inn i 1992. Dette har han frå Verdal.

25.4.14: Vårluggumt
Vårleg (Oppdal). Oppdalsforfattaren Inge Krokann kjem med denne påminninga. «For e har alder anna sjitt inn oss har fått lidd for d\e i jensukulete, har såmårmålin spjåka se te for vårlugum» (På linfeksing s. 156; her er det snakk om sommarmål 14. april). I tillegg til Oppdal kjenner eg «vårløgumt» frå Øksendalen, og det er nok kurant ord i Sunndalen også.

24.4.14: Bryombrask
Styr og ståk, (unødig) bryderi, gjerne i samband med forandring og nyordning (Tjøtta, Gildeskål). Også bryombras (Nesna, Rana), briombrask (Hemne), brybrask (Øksendal, Roan) og brybras (Volda). Passar på mykje av omorganiseringa i dagens samfunn!

23.4.14: Kjellargror
Gror (groe, spire) på potet som er lagra i kjellaren. I jamføring om tufsete personar som ser bleike og sjukelege ut: – Bleik som ein kjellargror (Frol, Inderøy, også kjent på Nordmøre). Dette flotte sitatet er frå avisa Møre (1935): «For det som hev vakse og veks fram i norsk natur, med nok av sol og ljos, kann ikkje verta nokon kjellargror».

22.4.14: Sparlaken
Sengeforheng; uttalt «spalaken» i Drangedal og «spelakan» i Verdal. Same tydinga hadde det norrøne sparlak, som er lån frå lågtysk sperlaken ‘duk til overbreisle’. Frå Tjølling i Vestfold er «spelaken» opplyst å tyde sengeteppe. I Sunnhordland var «sparlakjen» brukt om teppe som vart lagt på stolen til brura i kyrkja, også kalla brurebleie.

21.4.14: Andløfte
Falskt løfte; lovnad som ikkje blir halden (Meråker).

20.4.14: Smørtynne
Ja, dette er vel rett og slett ei tynne (tønne) til å oppbevara smør i, og såleis ingenting spesielt å masa med? Det er vel så, men det finst nokre talemåtar som er litt interessante. Alle frå trøndersk dialektområde, ser det ut til. «Hainn stei oppi smørtynna med bægge fotåm» (Sparbu), «hainn hoppa oppi smørtynna med stævlom på» (Melhus), «det e itt all som får sti oppi smørtynna med storstævlom på» (Innherred), «det va itt bærre å hopp nerri smørtynna med stævlen på» (Hitra). Alt dette uttrykker å vera heldig, særleg om å gifte seg til rikdom. Men også å komma til dekka bord, oppnå stor gevinst med minimal eigeninnsats. Denne varianten er frå Hemne/Snillfjord: «Ho trødd oppi smørtraugje med begge foto». Og frå Inderøya: «Hu hoppa beint i smøraua» – vart godt og rikt gift. Det kan også bli sagt «å stævvel rætt oppi grautfate».

19.4.14: Børarykk
Vegstykke ein kan gå med ei bør utan å kvile (Suldal)

18.4.14: Langfredagsfjøre
Ekstra stor fjøre ved påsketider (særleg på langfredag). Ordet ser ut til å høre heime først og fremst i Trøndelag og Nord-Norge, med enkeltbelegg frå Fjordane (Gloppen). Dette har samanheng med at tidspunktet for påska er regulert av når det er fullmåne. Ved så stor fjøre kan ein utforske område der ein elles ikkje kjem til, for å samle skjel m.m.

17.4.14: Skjærtorsdagsri
Ri med storm og regn (eller snø) i påsketida, rundt skjærtorsdag (Snillfjord, Lofoten, Vesterålen). Om eit anna skjærtorsdags-ord, skjærtorsdagspåle, sjå «Dagens ord» 28.3.13.

16.4.14: Surnorda
Nordavind med regn eller sluddbyger. Takk til Erling Flem, som har ordet etter eldre slekt frå Haram. Det viser seg å vera registrert også fleire stader på Sunnmøre, men ikkje utanfor der.

15.4.14: Hardpistill
Hardhaus (lokalt ord frå Selbu). Sisteleddet pistill kan vera ein som er liten og tufsete, men det er også eitt av dei utallige namna på «litlkar’n».

14.4.14: Skydrag
Drag, drift i skyene på grunn av vind. Som målføreord er det registrert frå Folldal, Vinje i Telemark, Stryn og somme stader på Sunnmøre.Også kalla skydrått (Utsira, Lærdal, Beiarn o fl), skytrekk, skydrett(e) (Sande på Sunnmøre, Hareid, Beitstad) og skydrekt (Øksendal). Det finst sikkert fleire ord for dette.
Og det er det, bl a skyflogd (Sunndal, v/Tor Helge Gravem) og skygonge (Hadeland, v/Erling Flem).

13.4.14: Villvare
Gammalt ord som kan bety fleire ting. I eldre ordsamlingar er det ført opp som skinn av ville dyr, altså pelsverk. Ivar Aasen registrerer det også slik, og folkeminnesamlaren Rikard Berge frå Telemark bruker det også på den måten. Men det er også brukt om villdyr, i Gudbrandsdalen i forma villvuru. «Nøgde av villvuru og fisk» heiter det i ei folkeminnesamling derifrå. Ei enkelt opplysning frå Oppdal har vi om «villvurru» i tyding hare. Ola J. Rise har notert det, og det er ført vidare i den store oppdalsordboka til Ingeborg Donali. Så er det overført på folk: Asbjørn Dagsgard opplyser i kjempeverket om målet i Lom og Skjåk at villvuru kan brukast om ei vilter jente, men også om ei livleg, vaksen kvinne «med litt låkt ord på seg på det seksuelle området».
Så kan vi truleg ta med Rindal i utbreiingsområdet. Sølvi Tørset kom i 2013 med ei særs interessant opplysning på facebook-gruppa for ord og uttrykk frå Rindal. Villvørru er vill og uroleg skapning (t.d. unge eller katt).
Aasen har i ordboka si med samansetninga villvarskinn om » skinn av ville dyr. Gudtorm Bugen frå Aure på Nordmøre skriv i ein artikkel frå 1980 om «villvårråskinn», som må vera same ordet.

12.4.14: Klumpsåpe
Såpestykke (Verdal).

11.4.14: Knivslirereim
Livreim, beltereim med feste for knivslire (Trøndelag, Nord-Østerdalen). Før i tida var dei visst gjerne noko smalare enn dagens beltereimar. «Hævvel-innpå knivslirreima» (Orkdal) er å stramme livreima, leva meir sparsamt.

10.4.14: Dåggåm-te
Med variasjon frå dag til dag; ein dag betre, ein annan dårlegare (Skogn, Frol). Ordsamlaren Peter Grevskott frå Frol har dette eksempelet: «Kolles e det med dæ? – Å, dete lite dåggåm-te æte som vere’ e».

9.4.14: Avbune
1. drepa, ta livet av, slakte (Vefsn, Velfjord). 2. banke opp nokon (Vefsn). 3. i perfektum partisipp: «abunæ» er ein når ein har mista fiskereiskapen og derfor må slutte; også brukt i tilsvarande situasjonar (Nesna). Frå Foldereid heiter det: «Ha’n sli av jå’n, e ‘n avbonna». I tyding 3 er det tydeleg kopling til bunad («bonna») = utstyr, men i dei to første ser det heller ut til å vera samanheng med verbet å buna («bonna», «bånna», «bånnå») som bl a vil seie å drive på, å ståke. Frå Flatanger har vi ei opplysning om «avbuna», men her er det dessverre ikkje oppgitt kva det tyder. På facebook-gruppa for Namdalsdialekt blir det opplyst at ein er «avbuna» når ein ikkje har det ein treng for å gjera det som var planlagt (Randi Holm). Her er det i alle fall eit ordfellesskap mellom Helgeland og Namdalen, som så ofte elles.

8.4.14: Solbreå (solbræde)
Det at snøen tinar og blir kram i sola, men så blir det skare igjen til natta; også om plassen der det blir slik (Surnadal). Da kan det danne seg glas-skå, eit tynt islag oppå snøen. Ola Skrøvseth brukar ordet i diktet «Livberging», som stod i Du mitt Nordmøre i 1975, og vi siterer: «vi renner no før sola kjem og lagar solbreå før vi når heim» (s. 75). Ordet er også nemnt i 2-3 eldre ordsamlingar frå rundt 1800, og elles finst solbrå somme stader om bråning i solvarme.

7.4.14: Dovenstol
Gyngestol med høgt rggstø (Velfjord).

6.4.14: Vårgjæle
Mest kjent i dag er vel dette ordet om frekner som ein får når sola begynner å gjera seg gjeldande om våren. Det er eit utprega nordvestlandsord, med kjerneområde i Fjordane og på Sunnmøre. Men det er også belagt i Romsdal, og Ivar Aasen fann det på Nordmøre. I nyare materiale har vi berre ei registrering frå nordmørsmål, og det er i Gjemnes. Elles skal det også ha vore brukt i Hardanger. Eksempel: ”Han va so oversådd’e ta vårgjæle” (Selje i Nordfjord).
Men det skal også ha vore brukt om solbrent hud, eller det at huda tørkar og spretkk i vårvêret. Hans Ross (1895) har det frå Fjordane om kaldvoren og tørr vind om våren. Dette er kanskje det mest opphavlege, for gjæle går nok tilbake til norrønt gæla, som tyder spak vind

5.4.14: Verfaut (-fut)
Verspåmann (Selbu, med uttale -föt).

4.4.14: Skåpjens
Unge som snik i skåpa og et mellom måltida (Oppdal, Rennebu, Meldal, Soknedal, Budal). Kan vel også brukast om vaksen som kikar i skåpa og er nysgjerrig. Hør om skåpjens og andre trønderske skjellsord i dette radioinnslaget: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-troendelag/dktl02006614/02-04-2014#t=1h2m27s

3.4.14: Lefausk
Fausk (morknande ved) av ein bestemt konsistens, når det har komme vatn inni han (Sunndal, Oppdal). Førsteleddet kan vera ler (lær). Sjå elles hovudinnlegg om fausk 29.10.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/10/

2.4.14: Vidåker
Vidvanke, vidåtte (Stjørdal, Sparbu): «Kåmmå på viåker’n»: «han fer på viåker».

1.4.14: Utlokkarver
Vêr som i utgangspunktet kan sjå bra ut, men som er utrygt og kan slå om til storm og uvêr (Vestlandet og Nord-Norge).

31.3.14: Kaksmorneng (kakesmurning)
Smørevillig (og gjerne klissete) pålegg på kakskiva (brødskiva) (Hitra).

30.3.14: Skiakar
Skiløpar (Gausdal, Valdres, Land – og sikkert fleire plassar austafjells).

29.3.14: Knivamagga
Kvinnfolk som gjer mannfolkarbeid (Kvam i Hardanger).

28.3.14: Slakatarm
Lat, doven person. Noko av fangsten under skjellsordkveld på Toten 26.3. Ordet ikkje arkivbelagt før.

27.3.14: Tråverssol
Lysstriper eller lysande flekk i breidd med sola; bisol (Snåsa, Inner-Namdalen, pluss ei opplysning frå Helgeland). Som vêrmerke varsla det tråvêr – langvarig,, stabilt vêr.

26.13.14: Dråklort
Fingermerke på dørene attmed handtaket (Hegra). «Vask dråklorten».

25.3.14:Bakvendt-Goinna (Gunnar)
Ein som gjer ting bakvendt. Frå ei samling med gamle ord frå Malvik ved Brit Vikhammermo Johnsen, ei samling vi no har fått tilgang til. Her var det ikkje minst mange snedige personkarakteristikkar.

24.3.14: Rånndam
Oppdemt is i elva når det er isgang (når elva «ry»). Lært i Skaudalen i Rissa 21.3. Ikkje tidlegare registrert, i alle fall ikkje i arkivet til Norsk Ordbok.

23.3.14: Rive kjeft
Krangle, diskutere, mnnhoggast. Dette kan vera seriøst, men oftast i spøk, om eit slags humørfylt kappestrid med vridne ord og kjappe svar. Uttrykket er kjent i Trøndelag og på Nordmøre, men også i Nord-Østerdalen, Nord-Gudbrandsdalen, Hallingdal og fleire andre stader.

22.3.14: Svarraskit i dauggji (doggen)
Brukt om unge som legg seg utilbørleg borti samtalen til dei vaksne. Notert i Grong 20.2. Fleire andre plassar kjent som «svarraskit i laget» e l.

20.3.14: Lisnære
Kratt mellom skogli og snaufjell; øvste skogen opp mot skoggrensa (Tinn).

19.3.14: Søttenpassenskei
Stor spiseskei (Verdal). Eigentleg ei stor vevskei. «Passen» = basme, del av vev.

18.3.14: Glaubersalt
Saltaktig stoff (vasshaldig natriumsulfat), eit slags pulver brukt i krøttermedisin. Mot kolikk, og når kyrne var matleie, og når dei ikkje fekk «greie seg» (ikkje fekk frå seg «greisla», etterburden). Namn etter den tyske kjemikaren og legen Glauber (1600-talet), som var den første som laga saltsrye av koksalt og svovelsyre.

17.3.14: Versoft
Verhardt (Flatanger). Siste delen er kanskje ei paritsippform av verbet søke, altså ‘versøkt’.

16.3.14: Gjølskrokk’ (gjølskrukke).
Kjælent dyr som vil ha kos (Hølonda). Kan sikkert overførast på folk også?

15.3.14: Vervand
Ord som betyr fleire ting: 1. Nøyen på veret, redd, utolig for uver eller verforandring (Land, Hol i Hallingdal, Suldal, Tingvoll, Hemnes, Senja; Ivar Aasen fører det opp utan heimfesting). «Di e’ ‘kje vervande så tek’e ut i detta vere!» (Suldal). I Ringebu også om fisken, som ikkje bit i all slags ver. 2. Om veg, sjø, terreng der det er farbart berre i godver (Nesna, Trondenes, Aasen fører opp Nordland her). 3. Om stad, plass der det gjerne er ulagleg ver (Hans Ross fører her opp Lista som heimfesting). 4. «det er vervandt», sagt om vanskelege verforhold (Salangen) eller at veret er skiftande, ein dag blekkstilt, neste dag regn og rusk (Sunnhordland). 5. Om båt som ikkje toler vind og bølgjer (Nesna).

14.3.14: Å bera ut grisfoten
Drikke ein dram for kvart bein i grisfoten (Volda, Hemne, visst også kjent i Telemark, der det òg kan heite å bera griselabb). Eg veit ikkje om nokon har rekna opp kor mange bein det er snakk om, men eg har hørt 24. Dette blir neppe olympisk grein med det første, men kanskje ein ide å prøve til helga!

13.3.14: Gammeltidvala (-verda)Gamle dagar; gammal tid (Trøndelag). «I gammeltival’n» (dativ). Også «i gammelval’n» (Overhalla) og «i attval’n» (Verdal). Austafjells finst «i gammeldåggåvæl’n» e.l.

12.3.14: Ska(d)vase
Stor mengd av noko; stor hop (med sild f.eks, men også med folk). Ordet finst på Vestlandet frå Sunnhordland og opp til Ytre Sogn, og deretter på Helgeland. Dette er ei interessant utbreiing vi ser for fleire ord og andre dialekttrekk, og som viser gammal kontakt mellom desse områda. Ordet er også uttalt skarvase og skalvase, men førsteleddet er nok forsterkande ska(d)-.

11.3.14: Verkvennspjøll
Stressa, hyperaktiv dame (Budalen). Ei verkvenn er elles kjent som ei lita vindmølle eller vinddriven kråkeskramle, og dessutan som skjellsord om vimsete eller frykteleg taletrengte folk. Spjøll = spjeld.

10.3.14: Purkeotte
Grytidleg tidspunkt om morgonen (Gudbrandsdalen, Toten, Ølen, Romsdal, Nordmøre, Trøndelag). I Nordlege omrpåde gjerne sagt porkott. «No vekkje du me aildeles i porkottåin» (Tingvoll). Ei forklaring som er foreslått, er at purka let grisungane suge første gongen veldig tidleg, i 4-5-tida om morgonen. Men det er nok helst den tida ein måtte stå opp når det var grisslakting, for å begynne å verme skåldingsvatnet og gjera det klart på alle vis. Også kalla grisotta eller svinotta, og på Helgeland grisstekkarotta. I Ølen i Sunnhordland var det purkeotte når ein satt oppe for å ta imot grisungar.

9.3.14: Vahljbægge
vasete, tøvete person (Støren)

7.3.14: Avgjengd
Uttala «åvgjengd» – betyr ‘som kan, har høve til å gå bort heimafrå’. Ein har altså ikkje arbeid, ungar eller anna som bind ein til heimen. «Eg er ikkje åvgjengd i dag». Ordet kjem frå Meland i Hordaland.

6.3.14: Ruddufjøl
Urokråke (Klæbu).

5.3.14: Takolis
Istapp som heng ned frå tak (Leksvik, Skogn, Sparbu).

4.3.14: Attlyse
Begynne å lysne av dag (Hemne, Snillfjord, Røros etter Hans Ross, Harran, Sunnmøre somme stader «attelyse»). Ivar Aasen skriv «atterlysa» og fører det opp frå Sogn og Fjordane, Orkdal o fl.

3.3.14: Fråsåkladd
Klump av frosen jord. Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) fører dette opp frå Østfold og Romerike.

2.3.14: Fingerkopp
Fingertupp, fingergom. Ordet finst her og der i Trøndelag (Hitra, Budalen, Singsås, Tydal, Leksvik, Verdal og sikkert fleire). Også hos Olav Duun. Målføregranskaren hallfrid Christiansen fann det også i Lofoten og Vesterålen.

1.3.14: Andræves
Å ligge andføttes om å ligge i lag, med føtene i kvar si retning, er kjent. Men å ligge andræves (andrauves) er også eit utrykk, ogdet blir da å ligge bakende mot bakende, eller rauv mot rauv. Belagt frå Jølster og Senja. Det blir ein slags motsats til å kvelve trau, som er å ligge inntil kvarandre mage mot rygg.

28.2.14: Hattstand
At ein er i hattstand, vil rett og slett seie at ein har hatt på seg. Olav Duun brukar ordet fleire plassar, som i Storbrylloppe: «..i det same kjem Mina, i hattstand og kåpe og i full fart» (s. 233). Som målføreord er det notert frå Øksendal på Nordmøre.

27.2.14: Gammelstøyt
Gammal kar, gammal gubbe; gamling; eldstemann i laget eller i familien; kårkallen. Om meir nymotens forhold kan det nok også brukast om «seniorsjefen». Kan også vera reint positivt: «Det vart så gammelstøytan mått te» (for å få til noko) – dei gode, gamle, gjæve gubbane. Sitat frå Hitra: «Det vart stilt når gammelstøyt’n kom» – lensmannen måtte ut når fylla var på det verste i jula. Ordet hører heime nordafjells (Nord-Norge og Trøndelag), og det går så vidt inn på Nordmøre også. I Lierne er «gamstøyt» også sagt om gammal ungkar.

26.2.14: Bustehirr
1. Sinnatagg. 2. Gut med stridt, stivt eller bustete hår (frå Sunnmøre, i begge tydingar).

25.2.14: Gærkovele
«Dagens ord» er tilbake etter fleire dagars pause pga Rørosmartna og Sverige-tur. Ordet denen gongen kjem frå Selbu og betyr sprekk, holrom med «gærkoe» (gorkvae, blaut kvae) i tre. Siste leddet er veile ‘feil, lyte’.

19.2.14: Skruppføre
Eller «skroppfør'», som det gjerne blir uttalt. I Namsskogan og Overhalla er dette eit anna ord for gjennomslagsføre, særleg brukt av jegerar, som da ikkje greier å ta seg fram lydlaust. I Røyrvik blir det forklart som skaresnø som gir skrapelyd når ein renner på han. Frå Målselv har Roald Renmælmo varianten «skråppføre»: «Det beskriv eit føre på barmark. Det er spesielt knytt til elgjakt (haustjakt generelt) der ein går etter elgen. Det er når det har begynt å fryse eit tynt lag på marka slik at det dannar ei ishinne. Når ein går knuser ein denne og det er det som lagar «skråpp» lyden. Denne lyden høyrer elgen god. På den andre sida kan dei som sit på post høyre elgen når han kjem springande. Det er ofte kaldt og stille når det er skråppføre så lyden når langt». Dessutan kan det bli brukt om hard skare også i Målselv. Nemninga er først og fremst knytt til lyden og den spækte hinna, og det kan altså forekomma både på snø og berr mark. Skropp-/skråpp- er heilt klart lydhermande.

18.2.14: Krushund
Pyntegjenstand av krusty (Nordland og Troms). Opphavleg var det nok hundar, men etter kvart også brukt om andre figurar. Det går ei historie som bl a Arthur Artnzen har gjenfortalt, der replikken blir tillagt ei kone som kjem inn på butikken og synest vareutvalet er mangelfullt. I ein annan versjon klagar ho på mannen som kjem heim frå fiske og har handla inn varer som han meinte var nødvendig. Replikken frå kona er i siste tilfelle omtrent slik: «Sokker og mel og majnnsjit, det har dokker kjøft, men krushujnna som folk verkelig træng, det har dokker ikkje!» Ordet kan også brukast overført om ein forsiktig og svak person (Meløy). Ordet var omtlt i Språkteigen søndag 16.2., for den som vil høre meir om det. Du kan også lesa om ordet i boka «1000 ord i nord» av Eli Ellingsve.

17.2.14: Låde
Eske, kasse .Verdal og Lierne lå’, innkomme frå svensk låda. Mjøllå’, vedlå’.

16.2.14: Flistrever
Vêr med kvasse, bråe vindkast (Skjerstad i Salten).

14.2.14: Vandsamgris
Person som er vandsam, dvs kresen (Oppdal). I Øksendal er ein slik person kalla ein vandsamende. Eit vandsambeist og ei vandsambikkje er eit gammalt ord frå Stangvik for krøtter som er kresent på maten.

13.2.14: Å hestreise seg
(om ku) reise seg med framføtene først (Verran). Vanlegvis begynner kua med bakføtene når ho reiser seg.

12.2.14: Veghitten (adj)
Glup til å finne vegen. Aasen har dette frå Telemark og Ryfylke; i nyare materiale finst det belagt frå Hol i Hallingdal, Suldal og Selje.

11.2.14: Hardpiken
Dersom ein er blautfengt av seg (jf Dagens ord 10.2.) kan ein bli nødd til å «slå-ti-seg hardpiken». Uttrykket er frå Ålen og Haltdalen, og betyr å stålsette seg, manne seg opp før noko ubehageleg. Sjå denne sida med dialektord frå Holtålen: http://www.findland.no/poa/ordliste/h.htm.
«Å sette-ti-seg hardpiken» kan det også bli sagt.

10.2.14: Blautfengt
Som toler lite; blaut av seg. Ivar Aasen skreiv opp dette frå Orkdal, og i nyare tid er det registrert frå Norddal på Sunnmøre. Elles ser det ikkje ut til å bløkte særleg liv i dette utanom ordbøkene. Rett nok er eit sitat frå Syn og Segn (1923, 183) ført opp unde rblautfengt i Norsk Ordbok, men det står «mangt eit kjæle og blaudfengt land av det hypersiviliserte Europa». Dermed burde det vore ført under blaud-, som er eit litt anna ord enn blaut.

9.2.14: Skjengel-lok(k)
Lokk av f.eks. kasserolle som ungane fekk låne til å kaste gjennom lufta (Sunndal). Forløpar for frisbee!

8.2.14: Harralsty
«Det e no et harralsty å fårrå med». Ordet vart ringt inn til Dialektmagasinet i 2007, og uttrykket var gjerne brukt om geitkje og kalvar som var vanskelege å halde styr på under seterferda. Men det kunne også brukast om små ungar. Ordet kjem frå Selbu, og innringaren, Sofie Marstad, har gitt ut eit hefte om livet i gamle dagar der ho også brukar ordet på denne måten. Det er ikkje registrert elles, og opphavet er uvisst. Men ein kan sjå for seg at det kan vera noko med ein eller annan lokal Harald.

7.2.14: Habbale
Lokalt trøndersk skjellsord, i Leksvik som habbale eller habbali. Laurits Killingbergtrø har denne definisjonen i ordsamlinga i Leksvik Bygdabok: «ustyrleg gut, villbasse; utange, ramp». Han har også samansetninga habbalestaur eller habbalistaur, om same typen person.
Det er ikkje langt frå Leksvika til Frosta, og her har Ola Stavseth i ei enno utrykt ordsamling habbal, forklart som «hard og tverr person». Det er nok akkurat same ordet, med forventa forkorting på Frosta i hankjønnsord av denne typen. Stavseth fører i same slengen opp habbalong’ (habbalunge) og trollhabbal. Habbal(e) kjem truleg av hardbale.

6.2.14: Andfådd
Andpusten (Trysil, Meråker, Lierne). Samanheng med svensk.

5.2.14: Balderkuse
Ein som snakkar klabbete, lespar etc (Selbu).

4.2.14: Kaldsnavlen
«Han e kaldsnavlin», «det e kaldsnavli» – kaldt og hustrig. Nordtrønderord med spreidde belegg (Frosta, Egge, Harran). Veldig mange slike samansetningar med kald-, som kaldhustren, kaldkjælen, kaldsnæk(j)en m fl. Snavlen/snavlin utan førsteledd kan bety både ‘langfingra’, ‘lekkervsolten’ og ‘grådig’. Trønderord det også.

3.2.14: Landvindsglær
Tørr, kald, gjennomtrengande landvind (austavind). Glær om den slags vind ser ut til å vera typisk for Frøya. Her finn vi også samansetningar som austavindsglær, nordaglær, nordaustglær eller nordavindsglær.

2.2.14:Rokkgard(e)
Tett og sterkt sjødrev (sjørokk) som står som eit gjerde (Fosen, Namdalen, Vestlandet mange stader, Salten, Hadsel)

1.2.14: Rækkakjævvel
Ekte «fosensk» skjellsord om person som fer og rek ustanseleg, eller som renner i dørene heile tida. Råkkåkjævvel i Verran og råkkakjævvel på Smøla.Indre Sogn har rekarskjevle.

31.1.14: Bikkjestranda
«Gå bikkjestranda» – gå ein mødesam strandveg (som ein kunne sleppe dersom ein hadde båt). Eitt av dei uendeleg mange uttrykka Ivar Aasen registrerte.

30.1.14: Gaultinår (fleirtal)
Ville rykte (Leka). «Tinår» = tidender.

29.1.14: Rong
Båtuttrykk som kan bety fleire ting. For det første kan det brukast synonymt med spant eller band (tverrtrea i botnen av båt, som held konstruksjonen saman). Stundom om bestemte band, som det som er nærast stamnen, men også om det nest fremste eller nest bakarste bandet. Så er det også brukt om rommet nærast stamnen, og det er vel det som er meint i den kjente visa:
«Eg rodde meg ut på seiegrunnen, det var om morgonen tidleg.
Då kom han Olav frå Kåremunnen, og lagde båten for ile.
Då dreiv eg til han med fiskestongi, så’n datt i uvitet bak i rongi.
Eg vart so glad, eg tok til og kvad, eg rådde grunnen åleine.
Sudeli sudeli sudeli dei hoi!»
Somme plassar er det uttala rogn, men rong er nok det opphavlege. Det hører til ei rot som må ha betydd ‘krumming’ e l, og er i slekt med adjektivet (v)rang. Sjå ein diskusjon på denne bloggen: http://baatlab.wordpress.com/2014/01/20/nye-ord-til-spraknokkelen/#comments

28.1.14: Badstutopp
1. Propp av filler til å tette glugg i badstu: «Ho va gu jælpe me svart som bastutåppa» (INge Krokann: Gjenom fonna II, s. 165). 2. Den tredje som gjekk i stampen når dei bada seg til jul før i tida og alle brukte same vatnet. Ordet kjem frå Oppdal.

27.1.14: Fulmaske
«Han sett-opp fulmask» – det drar opp til uvêr (Hitra).

26.1.14: Spellmerr
Stol, (spell)hest på fele (Oppdal, Budal, Singsås).

25.1.14: Isongling eller isangling
Isfiske (Meråker, Ålen). Å ongle eller angle betyr rett og slett å fiske (med krok, ongul/angel).

24.1.14: Seinfengt
Sein til å arbeide (Oppdal, Meldal). Ivar Aasen fører opp seinfengd, med tyding «som man faar sent, eller venter længe paa».

23.1.14: Atthål
Bakglatt, om ski og skiføre (mange plassar i området Nordmøre, Trøndelag, Nordland, Troms). Det var ein fyllik som klaga på at det var «atthålt i alle retningar».

22.1.14: Bårstuprat
Grovt, rått, usømmeleg snakk; historier som er «på kanten» o l (Nord-Norge, Trøndelag, Nordmøre). Slikt som foregikk i «bårstua» (borgstua), som var drengestua, tjenarstua (på store gardar). Også bårstupreik eller bårstusnakk. Andre stader drengstusnakk e l. Ordet borgstue var kommentert i Språkteigen 19.1.14: http://radio.nrk.no/serie/spraakteigen/dmpt12000314/19-01-2014

21.1.14: Stallvar
Om hest: som ikkje får til å pisse (stalle), er redd for å pisse på seg eller stiller seg på ein spesiell måte når han pissar (Selbu, Stjørdal, Meråker). Deretter overført på eldre folk som må ha hjelp til å late vatnet.

20.1.14: Varskulott
Lott, andel i fangsten for den som varskudde om at det var sild i vågen (kystområda på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge). Også varskuar- eller varskuingslott.

19.1.14: Gardakonge
Stort tre i mekresgard eller grenseline (Voss). Det var uskriven lov at ingen skulle hogge slike.

18.1.14: Austyrju
Vedvarande, kald austavind med snødrev. Ein vêrsituasjon vi har hatt lenge no. Ordet er typisk for Nord-Gudbrandsdalen (Lesja, Dovre, Vågå, Skjåk). Denne skildringa av ein uheldig høykjørar står i Årbok for Gudbrandsdalen 1977, s. 73: «Høykøyraren hadde reist før det var ljost om morgonen og så hadde han teke skinnfellen hans Iva i staden for skinnkjolen sin. Det vart nok verst for høykøyraren at han hadde teke i miss, for det var slik austyrju at skinnfellen hekk som eit segl og blafra ikring hovudet hans». Ordet finst også i indre Agder og Telemark (f. eks. som «østaørju» i Hjartdal). Og i Oppdal heiter det «austaærj» eller «ustaærj», i klår ordgeografisk samanheng med Gudbrandsdalen. Også vest(a)yrje finst, men mykje meir sjeldan, og visst aldri norda- eller sønna-yrje. Kaldyrje eller kaldørje er brukt hist og her i Nord-Norge om iskald vind, langvarig, kaldt vêr eller kaldt regn. I eldre materiale også om kald og rå luft, og da kjem Telemark og Sunnhordland i tillegg. Yrje heng saman med yr (småregn) og yre (vrimle). Jamfør også svensk snøyra.

17.1.14: Hundrom
Lite rorsrom, halvrom, midt i båt (nærast mastra) (Nordland og Trøndelagskysten). Særleg i færing, såkalla hundromsfæring. Hundrommet var elles sengerommet nærast døra i huset der dei som arbeidde i kvernsteinsbrotta i Selbu heldt til. Det var også kalla hunden. To ekstratydingar av hundrom i Vefsn: Lite rom i sleden for hunden, og i spøk om ekstra plass i luggar eller sokkar som er for store.

16.1.14: Knirkesnø og knirkeføre
Knirkesnø er kald, tørr snø som det knirkar i når ein går. Ordet er registrert frå Skien, og elles brukt av forfattaren Ragnar Hovland, men er nok mykje meir vanleg. Knirkeskoføre er namnet på slikt snøføre i Skien, medan Modalen i Hordaland har knirkeføre om snøføre når kulden er så sterk at det knirkar under sledemeiane.

15.1.14: Flåtallerk
Flat tallerken (mange stader i Trøndelag, eit par-tre stader på Nordmøre, Nordland, Troms, Trysil, Hol i Hallingdal). Flåtallik, – tællik e l.

14.1.14: Sjølert
På trøndersk er dette det heilt naturlege avløysarordet for «selfie» (sjå «Nye ord» 5.1.14). Det skal vera komme i bruk i Trondheim alt. Og her er det mønster frå før, for trondheimsdialekten er litt av eit sentrum for avleiingar på -ert: Her heiter det f eks lappert for lapskaus, folk kan ha kvitert (kvitost), lævvert (leverpostei) og mysert (mysost) på kakskiva, og dei kan ha ærend både på benserten og biblerten før dei fer på privert (privatfest).

13.1.14: Beinsperritus
Artig ord for vaterpass (Fosnes).

12.1.14: Dragkje’
Glidelås (Sørli). På svensk dragkedja. Ikkje så overraskande å finne samanheng med svensk i ordforrådet i limål. Eit tradisjonelt nordtrønderord for glidelås skal elles vera draglås, i følge ordboksmannen og veralingen Gunnar Pedersen. «Telt med draglås» f.eks. Kan nokon bekrefte det?

11.1.14: Frostbeite
Mildare vêr (gjerne kombinert med litt snø) før det blir kaldare. Akkurat slik vi har hatt det i Trøndelag no, og dermed er det grunn til å minne om dette ordet, som er brukt i Nordmøre og Fosen. Meir om dette og andre ord for same fenomen, sjå hovudinnlegg 7.12.12: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/12/07/

10.1.14: Slirreim
Beltereim, livreim (til å henge slirekniven i). Nokså vanleg i Trøndelag, men ikkje brukt utanom denne landsdelen, ser det ut til. Olav Duun har nytta ordet. I Gauldalen og Rørostraktene er det uttalt «slerrem», mens «slerreim» er oppgitt frå Skatval og Frol. «Slir-reima med tollekniven høyrde med til utstyret for ein gjetargut», skriv Kolbjørn Gåsvær i boka Gjetarliv (s. 13)

9.1.14: Sopspjeld
Feiebrett (Snåsa, Inner-Namdalen).

8.1.14: Lesingnål
Sikkerheitsnål (Singsås). Låsnål er eit anna namn på denne nyttige tingen.

7.1.14: Rule
Nei, det er ikkje det nye, engelskinspirerte ordet som betyr å vera fremst, best («det ruler»). Det finst nemleg eit gammalt ord å rule om å synge eller spela stygt, ganske lokalt for verran og Inderøya: «han rule og søng, rule og spælle». Og som adjektiv kan slikt vera «ruli å hør på». Sjølsagt uttalt med tjukk l. Frå Valle i Setesdal er rule oppgitt å bety ‘ståke. bråke’. Dette er truleg same ordet, og det er nok lydhermande i utgangspunktet.

6.1.14: Tømmerfør
Brukande (stor, før nok) til tømmer; som det kan bli skikkeleg tømmerstokk av. Godt kjent ord i skogsmiljø både i Trøndelag og andre plassar. I Lærdal finst ei særtyding: der kan ei elv vera tømmerfør – skikka til tømmerfløyting.

5.1.14: Spåkkåføre
Ishålke som er igjen når snøen er forsvunne (Bardu); veg eller mark med lite snø og is, slik at sleden tek nedi berra (Selbu). Slike forhold mange plassar akkurat no.

4.1.14: Vegfløt
Sørtrønderord som ser ut til å vera litt sjeldan. Oppgitt som «veifløt» på Hølonda. Fløt kan bety rask, snar, og det er først og fremst hestar som er «veifløt» – raske til å springe (tek seg raskt fram etter vegen). At ordet også finst i Selbu, kan dette sitatet frå heftet «Jul i Neadalen» tyde på: «vegfløte hester med godt gemytt» (2006, s. 48). Men det står ikkje i Ingulv Røsets store ordsamling frå Selbu. Etter innkomne merknader frå Hølonda kan vi slå fast at ordet også er brukt om bilar og traktorar.

3.1.14: Held punglåset blankt
Bruker masse pengar (Inderøy)

2.1.14: Tverrlandvind
Vind frå søraust (tvert av land) (Trøndelags- og Nordmørskysten).

1.1.14: Nyårstråd
Etter gammal skikk var dette tråd som gutane bad jentene om å få ved nyårsleite til å laga tråddokker av så dei kunne feste på hatten eller huva. Det kunne også bli sagt om gåve som ei jente gav rokkmannen sin. Det kunne ofte vera ei tråddokke, men òg f.eks. hoseband (jamfør jultråd). Skikken kjent frå Hallingdal, Nordmøre og Innherred og sikkert fleire. På Ytterøya var brukvisen den at når dei kjørte julkut og velta sleden, skulle guten ha nyårstråd av den jenta han skyssa.

31.12.13: Blindgraut
Graut som det ikkje er smørauge i. Gammalt ord frå indre Agder (Valle, Hornnes). Registrert i ei ordsamling frå desse traktene så tidleg som 1698. Også blind graut.

30.12.13: Rubbelgut eller rubelgut
Rå og vilter krabat (gjerne unggut), villstyring, storfestar, «blåsar», gladgut (Meland i Hordaland, Gulen, Norddal på Sunnmøre, Hitra, Roan, Frosta, Innherred, Snåsa). I Bardu ruffelgut. «Du har slåst med nothundane, har eg hørt, og på marknaen var du rubelgut» (Duun: I ungdomen, s. 22); «ein retteleg gjentefut og rubelgut» (Olav Gullvåg: Brattøra, s. 81). Det er vel slike på ferde i jula også no til dags? Opphavet er uvisst.

29.12.13: Kveisbrytti
Det hender det kjem inn ord i romjula også. Dette kom inn frå Hegra, og betyr ‘kuppelrygga’. Frå før hadde vi belegg på det frå Meråker. Men det er ting som tyder på at det kan ha hatt eitt anna innhald tidlegare. I Tinn i Telemark er «kveisebroten» det same som arrete etter kveis (barnekoppar), altså = kopparrete. Hans Ross skreiv opp «kveissottbroten» frå Nord-Gudbrandsdalen om dette. Men korleis overføringa har skjedd, er så langt uklart.

28.12.13: Julmusjon
Høveleg, standsmessig kjørereiskap til kjøreturar i jula (julkut, julskjøt) (Byneset).

27.12.13: Søykje
Bjeffe, gøy, gneldre (vanleg i Trøndelag). På Austlandet gjerne som søke. Også belagt frå Fyresdal i Telemark og frå somme stader i Nordland. «Ein ska hør ætte når gammelhonn’ søykje» er eit trøndersk ordtak. Spesialtyding av å søk(j)e ‘leite;prøve å finne’. Mellomleddet er nok det å forfølgje vilt, om hunden, som bjeffar når han får los.

26.12.13: Godtekall
«Gåttekællær» eller «gøttekællær» er namn på kakemenner i Østfold.

25.12.13: Juledagsflot
Feitt av kokamaten som ein har ete til kveldsmat på juledagen (Årbok for Nordfjord 1961, s. 110)

24.12.13: Jøklefall
Den kanskje farlegaste hålka oppstår når regnet frys med det same det treffer bakken og dannar eit usynleg islag. Slikt har ført til mange beinbrot, utforkjøringar og kjedekollisjonar. Eit ord for dette i sørvestlege strøk av landet (Agder, Dalane) er jøklefall, i mange uttaleformer: juklefall, jogelfadl, joglafadl m m.

23.12.13: Sjursmesstøy
Mildvêr ved sjursmesse, 23. desember (Meråker).

22.12.13: Bryte stormklokka
«Haltdalingen i ord og bilder» bok III er komme, med dialektord i alfabetområdet s-å (pluss tillegg på tidlegare bokstavar) og dessutan historier, kart me dgamle namn, og gamle bilde. Vi markerer det ved å plukke fram uttrykket «å bryte stormklokka», som var å ringe opp telefonsentralen mellom klokka 21 og 08, altså i den tida det ikkje var fast vakt ved sentralbordet. Eit ord frå nær fortid, som historia likeel har gått frå. Stormklokka var ei klokke det vart ringt med i eldre tid for å varsle om noko farleg, som brann eller fiendeangrep.

21.12.13. Tomasmesse
Gammal merkedag 21. desember, til minne om apostelen Tomas. «Tomas med jullågja» sa dei på Averøya på Nordmøre om denne dagen. da vart det vatn til bading, vasking og matlaging. «Tåmmås borti fjøsporta» var eit mystisk vesen ungane måtte passe seg for denne dagen (Røyrvik i Nord-Trøndelag).

20.12.13: Bognarhålke
Is som held på å breste, som gyngar når ein går på han (Vestvågøy).

19.12.13: Vassbakast
Den 9.12. hadde vi å snøbaske, men her kjem eit ord for å skvette vatn på kvarandre: vassbåkås har Hans Ross i ordboka si frå 1895, frå Heddal i Telemark.

18.12.13: Dråppådæl’
Takrenne (Meldal). På Sunnmøre dropdæle eller drøpedæle. Ei dæle er ei renne, grøft eller veit, f eks i kjellardæle om avløpsgrøft frå kjellar.

17.12.13: Kaldsup
Nok eit uttrykk frå Roan: Å drekk kaldsup, som er å supe i seg snørret i staden for å snyte seg. Neppe særleg lurt, men fort gjort å ty til!

16.12.13: Brettameita
Stiv, stolt, kry og upassande holdning (gammalt ord frå Roan). Fleirtalsord: «Ho sto og gjol brettameita borti stakallskåkkjen»

15.12.13: Slovinter
Vinter med mykje regn og mildvêr (Vest-Agder, Dalane, Jæren, Ryfylke).

14.12.13: Verast
No har det verast (oppatt) etter uvêret Ivar, men det er vel meir i vente. Å verast vil seie at veret har roa seg; det letnar, stilnar. Ordet registrert frå mange plassar i det sønnafjelske, men også på Hitra. Forekjem også i aktiv form i verbet: «han vera (seg) tu» (indre Nordmøre, Hemne, Hitra). I Hemne også «han vera sæ te».

13.12.13:Lussibrur
Om morgonen lusiadagen for lussibrura rundt i gardane med ei matkorg og spanderte mat og drikke. Så song dei «Lussi lilla, tussi lilla, elleve netter føre» (Håvard Skirbekk i folkeminnesamlinga «Tru og tenkjemåte», frå Solør). Han fortel også at det helst var på svensk side dei gjorde dette, og luciabrud er nettopp ein svensk skikk.

12.11.13: Fumsnø
Laus snø som nyleg har lagt seg, eller første snøen når ein ventar eit større snøfall. Johan Hveding noterer dette frå Vesterålen og Senja i si interessante «Håløygsk ordsamling».

11.12.13: Pipemakt
Makt til å suge tobakkspipa så ho ryk godt (Hjartdal): «Han va så veik at pipemakte va borte» (Gudrun Hovde Gvåle: Hått sie du? Målføra i Hjartdal, Sauland og Tuddal (1985), s. 103). Også sagt pipekraft.

10.12.13: Fattigmannstøyren
Tøyr (mildversperiode) før jul, slik at husmennene skulle få vatn til å mala kornet sitt (Lærdal). Ordet er belagt også frå Hallingdal. Når dette blir lagt ut, er det i alle fall slii tøyr i Trøndelag. Sjå elles om kakelinna m m i hovudinnlegg 5.12.12: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/12/05/

9.12.13: Snøbaske
Velte nokon i koll i laussnøen og gni snø i ansiktet på han/ho, eller dynge vedkommande ned i snø (Nordmøre, Romsdal, Oppdal, Rennebu, Meldal, Soknedal, Tynset): «Han tok og snøbaska ho, så ho såg ut som ein snømann». På Austlandet å snøbasa, i Trondheim å snødøpe. Å kryne er elles eit mykje utbreidd ord for dette.

8.12.13: Hogghår
Augehår som krøkjer seg innom augelokket og kjennest stikkande (Østerdalen, Sunndal, Oppdal, Horg,Singsås,Stokksund). Eit slikt hår ripar innpå auga, det «høgg».

7.12.13: Å ligge setertaus
Ligge på ryggen (og sova), og skreva med føtene i vêret (særleg om hund) (Tingvoll, Soknedal, Ålen, Beitstad, Snåsa)

6.12.13: Klevgeit
Unge som vil klive alle stader (Sør-Aurdal). Klivegeit i Vinje i Telemark.

5.12.13: Snødynt
(Stor) snømengd som kjem på ein gong (Trøndelag, Tynset, Velfjord).

4.12.13: Angermon
Liten mangel eller lita ulempe; litt å angre på eller vera misnøgd med; hårsbridd i minste laget (Oppdal, Budal): «Det vart en angermon for lite».

3.12.13: Fastsnø
Snø som blir liggande fast for vinteren. Sjeldan ord, med berre eitt belegg, i dette sitatet (og varselet) frå tidsskriftet Håløygminne (1934,177): «Når skogjen gulnar tidleg, kjem fastsnyen seint».

2.12.13: Adventbrur
Brur som gifta seg i adventa. Dette skulle etter folketrua bety ulykke, heitte det på Frosta. Det er jo også ei utid å ha bryllaup på, og det måtte i tilfelle vera «hastesak». Folkeminnesamlaren Karl Braset noterer: «tværanbrur å atvenntbrur itt bra» (det var heller ikkje bra å gifte seg i «tværan» – altså minkande måne).

1.12.13: Vasstasse
Sagt nedsettande om ein som blandar brennevinet med vatn. Aktuelt ord i desse julebordstider. Min informant er frå Rindal, men han har hørt ordet i Rennebu.

30.11.13: Gjeldver
Her er det inkjekjønnsordet som gjeld, så det handlar ikkje om ein kastrert ver. Dette ordet hørere heime i det sørvestlege hjørnet av landet. Frå Lund i Dalane er det definert som skiftande ver; veksling mellom frost og mildver. Frå Bjerkreim i same landsdel er gjeldver sagt å vera ver med verken regn, vind eller sol. Gode gamle Hans Ross (1895) fann ordet i Vest-Agder, og da om grått og kaldt sommarver utan regn; dårleg voksterver. Frå Forsand i Ryfylke heiter det at det er uhøveleg ver til det arbeidet ein skal få gjort ute. Uansett er norske målføre veldig rike på nemningar for ver og vind.

29.11.13: Forekjettever
Svært skiftande ver, mellom regn, hagl, vindkast og solskin. Så ustadig at det ikkje er råd å planlegge noko arbeid ute (Ørsta, Volda). Ikkje rart vi har fått eit ord med dette innhaldet på norsk, der vi kan oppleve dei fire årstidene på eit kvarter! Ei forekjette eller foråkjette er ein snarsint person, som brasar opp i sinne når ein minst ventar det.

28.11.13: Asver
Svært skiftande og uroleg vêr (Vestlandet, Trøndelag, Hillesøy).

27.11.13: Smell’n i vass-supa
Krona på verket; løysinga på eit problem (Titran på Frøya, innsendt av den iherdige og dyktige samlaren Johanne Bay Christensen).

26.11.13: Dæffli rota
Lokalt kraftuttrykk frå Trondheim, snappa opp av medpassasjerar på veg heim frå Krakow. Eitt av dei mange som er laga på omforming av «djevelen».

22.11.13: Attpåkast
Vêrskifte til det verre (Kvinnherad). Dette ordet er elles brukt også på andre måtar. Forfattaren Jens Tvedt, nettopp frå Kvinnherad, brukar det også om tilbakeslag i vêret. Ivar Aasen fører det opp om «nytt forsøk», medan det er målføreopplsyning frå Masfjorden om at det skal bety noko ein får attpå ein handel.

21.11.13: Vassloppen
Loppen på fingrane (av fukt og kulde). Hans Ross fører opp Trøndelag som heimeområde for denne samansetninga i Norsk Ordbog (1895). I nyare materiae først og fremst frå Nord-Trøndelag (Sparbu, Snåsa, Namdalen), men også «vassløppinn» i Singsås.

20.11.13: Fattigmannsvinter
Mild, snøfattig vinter (Ringerike, Andebu, Nøtterøy). Fattigmann- er vel fordi det gjekk mindre ved og røynte mindre på husa i slike vintrar. Så få vi sjå kva slags vinter det blir denne gongen.

19.11.13: Gælnversnatta
Hilde for hardt fram mange stader, men det har vore uvêr også før i tida. I tradisjonen heilt fram til våre dagar har det i Nord-Trøndelag gått fråsegn om «gælnversnatta», ei viss stormnatt som blir lagt til litt ulike tider i perioden 1836-1839. Somme seier at det skjedde mellom 11. og 12. oktober 1837 og at det var ein ny storstorm i 1937, 100 år etter. Andre namn som har vore brukt, er «gæln-natta» og «storvêrsnatta». I Inner-Namdalen har dette også vore omtalt som valfallet.

18.11.13: Månegard
Lysring rundt månen (tydeleg ring om kvelden 17.11). Også kalla berre gard eller garde. Det finst mange andre namn på dette, men det får vi heller komma tilbake til. Månegard er ganske vidt utbreidd rundt ikring i Sør-Norge, i følgje Norsk Ordbok. Dessutan har vi månegård i dansk og mångård i svensk. Mykje brukt som vêrmerke. Helst er det varsel om snø, noko som er naturleg, sidan månegarden helst blir observert om vinteren.

17.11.13: Galnvind eller gælnvind
Svært kraftig vind, gjerne også uberekneleg, slik at han kjem i bråe kast eller frå fleire kantar. Ordet er i alle fall kjent i heile noverande Sunndal kommune (Sunndal, Øksendal, Ålvundeid), men sikkert også fleire stader. Jamfør pannerivar 9.11..

16.11.13: Sjakk (matt)
Det er sjakkfeber i Norge! La oss ta med oss at ordet sjakk kjem frå persisk og er same ord som sjah, som betyr ‘konge’. Sjakk matt kjem frå arabisk shah mat og betyr bokstavleg talt ‘kongen er død’. Så spørst det om det var noko sjakktrekk å skrive om dette. «Det var ikkje noko sjakktrekk», heiter det gjerne om ei uklok, lite taktisk, lite gjennomtenkt handlilng.

15.11.13: Vassflyge
Det er helst auge og munn (og tenner) som kan vassflyge – bli våte, fyllast med væske. Ein kan seie det rett fram slik, at augo/munnen vassflyg, men også at ein vassflyg i augo eller i munnen. Mange vassflyg nok i munnen med tanke på julebordsesongen. «Tennene løper i vann» kjenner vi frå den såkalla «standardnorsken», men utover landet har ein sagt det på andre måtar. Ein kan stire til auga vassflyg, men dei kan også vasslfyge om tårekanalane er tette. Ivar Aasen førte opp vassflyge frå Bergens stift, altså Vestlandet, men det er nok mykje meir utbreidd. Det er godt kjent i Trøndelag, fleire plassar i Nord-Norge, Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Telemark og fleire stader austafjells. Også Prøysen brukar ordet: «og itte kæille je det å gråte om aua vassflyg når’n tæk en dram». Ordet ser ut til å mangle lengst sør på Austlandet, i Hallingdal og Valdres, og i Agder t.d. Men det finst andre verb for dette: vasshegle (Hallingdal), vassrenne, vassflyte, vaslast m m.

14.11.13: Amplort
Masekråke (Soknedal).

13.11.13: Vasegjæl
Vasete, tøvete oppførsel. Reidar Djupedal noterte dette frå Skien: «Hva slags vasegjæl er det på deg da gutten min?» «Gjæl» = gjerd. Ordet er truleg ukjent i dag?

12.11.13: Godmatrauv
Godt ord frå Trøndelag og Møre og Romsdal for matglad person, gourmet.

11.11.13: Skaulnbork
Bork som lausnar i flak, særleg når det har vore frost og blir mildare, og veden enno er isete og hard (Snåsa, skogsarbeidarspråk). Til verbet skolne – falle av i flak, i Trøndelag ofte uttalt «skauln».

10.11.13: Skvakke
Bjeffe, (små)gøy, (små)gneldre. Som målføreord hører dette først og fremst heime i Telemark og Aust-Agder, også registrert frå Kvinnherad. Mange vil elles kjenne det frå visa «Hanen stend på stabburshella», der ei line går slik: «Rakkjen skvakkar i bergo nord». «Rakkjen» er rett og slett reven, så her får vi rett og slett svar på det dagsaktuelle spørsmålet kva reven seier! Terje Aarset skreiv om ord for ymse dyrelydar i avisa Dag og Tid 18.10. og Møre-Nytt 26.10. Har ikkje funne desse på nettet, men om det er interesse og Aarset tillet det, kan vi legge dei ut her i nettkroken.

9.11.13: Pannerivar
Sterk vind som kan fara med takpannene (Halsnøy i Ryfylke, Bømlo og Fjelberg i Sunnhordland).

7.11.13: Frosttare
Tynt lag nysnø i frost (Vefsn). I Astafjord frosttæra (hokjønn) – tynt lag med nynsø eller antydning til snøfall i kaldt ver. Aktuelle ord for årstida!

6.11.13: Lutgraut
Sesongen for lutfisk er begynt (smaka på han sjøl i går). Men i gammal tid var det koka noko dei kalla for lutgraut, på sterk lut og vanleg mjøl. Dette var bruka som råd mot altfor sterk matlyst, for magen krympa av luta. Opplyst frå Hemne, og dessutan er det nemnt i M. B. Landstads folkeminnesamling «Mytiske Sagn fra Telemarken» (s. 48). Ha også hørt frå andre plassar at det gjekk om grådige gardkjerringar som sørga for lut atti maten til tenestfolket, så dei ikkje skulle bli så «hardfødde».

5.11.13: Varfugl
Fugl som held vakt og varslar om fare (Sparbu, Rødøy). Folkeminnesamlaren Karl Braset fortel frå Sparbu at «varfauggel’n» følgjer rev og hare. Kattugla har ein liten varfugl som følgjer henne om dagen, når ho ser dårleg. Varfugl er også den som svømmer først i ein flokk (f.eks. av ærfugl), eller som flyg fremst i gåseplogen på trekket.

4.11.13: Å sette bot på sjela si
Sjelebot eller sælebot er eit velkjent omgrep. Men Svein Guddingsmo i Verdal opplyser om uttrykket «å sætt bot på sjæla si», som er å prøve å gjera godt att noko ein angrar på.

3.11.13: Søndagsdus
Opphald i storm eller uvêr på søndag (Senja). Det blir ikkje varig betring i vêret da, for «søndagsdus gjer vekasus» – det varslar styggvêr i veka som kjem.

2.11.13: Avtekendag
I går 1.11. var ein slik dag. På Helgeland (Korgen) «avtikjendag». Dette er dagar som vart avvikla som helgedagar ved festdagsreduksjonen i 1770, men som heldt seg i folketradisjonen lenge framover og vart rekna som meir heilage enn vanlege kvardagar. Men somme slags arbeid kunne ein gjera på slike dagar. Dette gjeld både helgamess (1.11) og mikkelsmess (29.9.).

1.11.13: Munkefis eller -fes
Lett skodde som legg seg over elvar og vatn om natta (Valdres, Sigdal, Numedal, Hovin og Tinn i Telemark, Hans Ross (1895) har det også frå Vest-Agder). Kanskje det siktar til bruken av røykelse i katolske kyrkjer?

31.10.13: Hamsjams
Ein som berre jattar med, snakkar andre etter mmunnen, er «enig med siste talar» (Lofoten, Foldereid). Det finst også eit verb å hamsjamse, som nettopp betyr å jatte med, eller å svara i hytt og ver. Det kan også bli sagt «hamse og jamse».

30.10.13: Brurafuri
Gammalkjærasten til brura. Ordet er innrapportert frå Flatanger og elles ikkje registrert, og informanten er noko usikker. Skulle gjerne hatt fleire opplysningar om dette!

29.10.13: Finbrødruva
Eit uttrykk denne gongen: «Det dryp nerri finbrødruva». Sagt om person eller familie som vil vera fin(e) eller stor(e) på det, men så hender det noko uheldig, flautt, skammeleg. F.eks at det kjem ein arving «på si», eller det blir eitt eller anna med pengar. Astri Bjørnstad, Ranheim, har uttrykket etter mor si, frå Åsen i Nord-Trøndelag.

28.10.13: Tiurstein
Ørliten, svart partikkel som ein fann i kråsen hos tiur og brukte i folkemedisinen til å ta bort rusk frå auget med. Ein trudde det var augesteinen til tiuren (Tinn i Teemark).

27.10.13: Tusserøyk
Låge skyer som kjem ut av ingenting og forsvinn nesten like fort (Volda; Løset & Løset si ordsamling «Ditta he ej me haurt», frå 2012.

26.10.13: Kaffepipe (hokjønn)
Stordrikkar av kaffe (Oppdal).

25.10.13: Fjellmon
Nedbør som kjem som regn i låglandet og som snø i fjellet (Sauda). Andre stader i Ryfylke (Suldal, Hjelmeland) ser dette ordet ut til å vera brukt om forskjell i snømengd på høg- og lågland, eller at det er snø i høgda, men bert i låglandet. Altså om lag det same som landmonn, sjå hovudinnlegg 25.4.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/04/25/

24.10.13: Var(a)truge
Reservetruge til hest. Uttalt vartry(e) (Støren/Soknedal), varatrøg (Tydal), vårråtrøg (Haltdalen), vörråtrya (i fleirtal, Singsås). Ordet er også brukt overført, om ei nød- eller reserveløysing, eller om ein mann som gjer det du ikkje sjøl vil gjera. Ein spesiell bruk av ordet er nemnt i bygdehistoria for Midtre Gauldal (bind I, 2. 254): «Ei jente som strevde med å få tak i den ene rette, kunne ha en stødig, sikker mann i bakhånd, en som når som helst var villig til å inngå ekteskap. På folkemunne ble han kalt en «vartrye», det vil si reservetruge for hesten, noe som alltid var med på sleden» (s. 254).

23.10.13: Brånåberg
Dette ordet ser ut til ¨bety to ting. I Folldal er det ein raudfarga, hard masse av sand og grus, det same som aurhelle. Også kalla brånåstein. Men brånåberg i Soknedal er ei uverssky.

22.10.13: Blåmassingskalle
Tid for eit saftig skjellsord igjen! Dette betyr dumming, dumskalle og kjem frå Hølonda.

21.10.13: Bjynnhaka (bjørnhake)
Eit ord frå boka «Dialektsamling frå Ytter-Namdalen», utgitt 2011 av Ytre Namdal Mållag. Ordet er forklart kort som «innvendig dørstengsel». Det må jo vera for å hindre bjørnen i å ta seg inn. Elles er bjønnlås eller bjønnalås kjent frå fleire plassar om ei slå e l innafor fjøsdøra. Denne kunne skuvast fram og tilbake med ein tre- eller jarnkrok gjennom eit hol i døra.

20.10.13: Rimfall
Rim (frosen dogg). Parallell til doggfall. Ordet kjem frå Nord-Rana.

19.10.13: Snødusme
Vinteren nærmar seg, og da kan det høve ta fram dette ordet, som tyder uklår, snøfull luft. Registrert frå Voss, og det er hokjønnsord.

18.10.13: Blålam
Lite og magert slakt av lam. Kjent begrep blant dei som driv med sau. Mange plassar går sauene på innmarka og feitar seg opp i desse dagar for å få opp slaktevekta.

17.10.13: Gruggmerra
Spøkenamn på kaffekjelen. Kjent i Trøndelag, Nordland og på Nordmøre (og sikkert fleire). Eitt sitat: «No fikk «grugg-mærra» seg en rask galopp forbi framrakte kopper» (Per Sulåmo: Rast i Gammelvollbua, s. 45).

16.10.13: Brevsynt
Som kan lesa/tyde handskrift, og dermed også brev. Ingen sjølsagt ting i gamle dagar, og det å vera både brevsynt og skrivefør var nok ei form for spisskompetanse.

15.10.13: Bandhard
(Om krøtter) som ikkje vil stå i band, men slit seg gong på gong. Oppnotert frå Volda og Roan, men kan vel sikkert finnast fleire plassar.

14.10.13: Vinterdag
Mange av oss har vore ute ein vinterdag før, men nettopp denne dagen, 14. oktober, er rekna som første vinterdagen etter gammal årsinndeling. Jamfør sommarmål 14. april. No begynner vinterhalvåret, og tida ikring 14. oktober har også vore omtalt som vinternettene, heilt frå gammalnorsk tid. Og som 14. april var dette «flyttardag». «Vinternatt må de meg vente, helgamess kjem eg visst» er eit gammalt ordlag om når ein kunne vente snøen. Eg har hørt snakk om at ein hadde krav på halvparten av det ein fann av andre sine krøter ute i marka etter vinternettene.

13.10.13: Aslaup
Ein som er brå og masete (Leksvik).

12.10.13: Murrufloks
Nattsvermar (Soknedal). Har dukka opp nyleg på facebook-gruppe for ord og uttrykk frå Soknedal.

11.10.13: Fattigmannssol
refleks av solstrålar frå vindauga eller hus som sola skin direkte på (Grimstad, Voss og sikkert fleire).

10.10.13: «Oslo-fæl»
Spalteskrivaren har vore til Oslo i dag, og kom på dette ordet, som kanskje ikkje har noko med ferd til Oslo å gjera i det heile. Ordboksmannen Hans Ross fører det opp i si store ordbok frå 1895 under oppslaget «uslod-ferd», med spørsmålsteikn. Han fann ordet i Østerdalen, og det betydde der ei uheldig ferd, ei uferd. Ross ymtar om at det kanskje bokstavleg talt er «ferd til Oslo». Eg har ganske nyleg fått ordet oppgitt også frå Singsås, og uttalen der tyder på at det ikkje har noko med byen Oslo å gjera.

9.10.13:Handsålkje
Der ein skitnar eller sulkar til døra med handa (Vefsn, Halvard Lundestads ordsamling).Ordet er inkjekjønn iflg han. Jamfør gårsdagens ord!

8.10.13: Friarflekk
Flekk etter hand eller fingrar under dørklinka (Oppdal, Ingeborg Donalis samling).

7.10.13: Vemmerpave
Etter gårsdagens hets av jålete og vimsete kvinnfolk, skundar vi oss å rette opp balansen med å presentere skjellsordet «vemmerpave» om ein vinglete og forvirra kar. Dette har eg etter morfolket mitt frå Øksendalen (no i Sunndal kommune), og eg har ikkje vore borti akkurat denne samansetninga elles. Så kan ein spekulere på om reformasjonen skapte grobotn for skjellsord med -pave.

6.10.13: Hønsebedånelse
Ein skjellsordsamlar kunne ikkje stå for dette, som også står i Terje Benjaminsens ordsamling frå Ofoten, vel med basis i Ballangen (jf «Dagens ord» i går 5.10.). Hønsebedånelse blir forklart som «jålete og vimsete kvinnfolk». Men ta det med ro – eg lovar at det skal komma nedsettande ord om mannfolk også, etter kvart!

5.10.13: Skreppbær
Det er vel for det meste slutt på bærsesongen, men her er eit begrep som står i ei ny ordsamling frå Ofoten, ved Terje Benjaminsen. Her er «skræppbær» forklart som»det ser ut til å være mye bær, men når en skal plukke er det ikke så mye, bare litt bær i toppen eller på tuvene». Første delen heng truleg i hop med verbet å skreppe = skryte.

4.10.13: Gåfortbukse
Skjemtenamn på kordfløyelsbukse. «Gåfortboks» iflg vår informant frå Verran, fordi det hørest ut som det seier «gåfort» når det skrapar i låra når ein går.

3.10.13: Røytevoll
Engstykke, voll som ein ikkje slår, men let graset rotne på så det skal bli meir neste år (Tinn).

2.10.13: Avundsmann
For det første betyr dette sjølvsagt ein mann som er avundsjuk, misunneleg (på deg). Det er ikkje så triveleg, men kanskje vanskeleg å unngå. Den som har misunnelege folk rundt seg, får trøyste seg med dette trønderordtaket: «Har ‘n itj en avundsmann, har ‘n itj nå anna hell» (Årbokf for Fosen 1982, s. 109). Men så er ordet også brukt om ei lausriven hudfille ved neglerota (Oppdal). I Hægeland i vest-Agder er det same kalla avindsklo. Det ligg vel folketru bak. I Lofoten skal avundsmenner eller ovundsmenner ha vore sagt om kvite prikkar under neglane.

1.10.13: Agnfaut
Den som hadde arbeidet med å ta unna agnene under tresking (Selbu, Malvik, Stjørdal, Verdal, også registrert frå Skedsmo på Romerike). Dette var ikkje akkurat rekna som nokon høgstatusjobb.

30.9.13: Grannverbåttå
Restar som ligg igjen på fatet etter eit måltid (Hølonda). Grannver = blyg, beskjeden (til å forsyne seg).

29.9.13: Mikæli
Namn på merkedagen i dag, mikkelsmesse, minnedag for erkeengelen Mikael. Ofte uttala mikkeli eller mekkeli. Ordet kjem frå latinsk Michaeli, dativ av Michael. Det heitte gjerne at all avling skulle vera i hus til mikeli, og alle dyr skulle vera under tak.

27.9.13: Tjåk i saurauv
Verdals-uttrykk for mas og gnål oppatt om det same. Også brukt om musikk ein ikkje likar. Det var ei kone i Verdal som sa dette om radioprogramma med hardingfelemusikk på 1930-talet. Elles er det sagt fleire plassar at «det ry som tu ei sauræv» e l., når nokon pratar svært fort.

26.9.13: Gildpinke
Framand, fin jente som dukka opp på fest og som gutane tykte om. Opplyst frå Selbu, men står ikkje i ordboka til Ingulv Røset. Her kan eg ikkje dy meg for å servere ei historie om ei slik «gildpinke». Det er nok ei vandresoge, men ho blir tillagt ein sambygding av meg. Han var på fest og hadde sett seg ut eit prakteksemplar av arta, men torde ikkje å nærme seg før han hadde fyrt seg skikkeleg opp. Dermed sjangla han over golvet og bukka djupt. Vakkertausa såg i kva slags forfatning han var, og takka nei. Ho dansa ikkje med fulle folk, sa ho. Da kom det kjappe svaret: «-Eg har ‘kje bydd deg opp heller. Eg prøver berre å få skjortflaket opp tu rauvaskørunn!»

25.9.13: Ukløyv
Adjektiv som er brukt på to måtar: For det første om vedkubbe o l som det ikkje nyttar å kløyve, og dernest om reiskap, først og fremst øks, som er ukvass og ubrukeleg til å kløyve (ved) med. Ingen av delane er fordelaktig når vinterveden skal sikrast. Ordet hører heime i Nord-Trøndelag og på Helgeland.

24.9.2013: Varg(e)mål
Kraftig, solid og godt måltid (Sande på Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre, Stjørdal, Verran). Eitt eksempel: «Bestemor deira hadde ordna til eit heilt vargmål med mat» (Ingeborg Åsen Vatten: Frå fjell til fjord, s. 61)

23.9.13: Vasskatt
I den store ordsamlinga frå Oppdal av Ingeborg Donali er dette definert slik: «Musfelle i form av ei vippefjøl over kanten på eit vasskjerald (bøtte e.l.) og med lokkemat utpå enden (når musa kjem utpå fjøla, dett ho i vatnet og druknar)». Heilt nyleg er ordet diskutert i ei facebook-gruppe for ord og uttrykk frå Soknedal, og det ser ut til å gjelde det same. Vi har også eit par opplysningar frå Rennebu og Tydal om at dette er eit slags fangstreiskap.

22.9.13: Smørtjuv
Brødskive, knekkebrød, vaffel o l med ruglete overflate sm gjer at det går med mykje smør (fleire stader). Stundom også om ekstra tynn brøskive (Suldal, Åsskard).

20.9.13: Silkjetrælar
Vi følgjer opp «mussufingrane» frå i går med dette ordet, som er brukt i skjemt om trælar som ikkje finst, i hendene på embetsfolk og anna «fint folk», eller på latsekker som ikkje tek si hand i arbeid. Ordet kjem frå Nissedal i Telemark.

19.9.13: Mussufinger
Mussufingra er veike, visne, mjuke fingrar, «kontorhender». Ordet er kjent frå indre Sør-Trøndelag, Nord-Østerdalen og Nordmøre, og kan også brukast om person som har slike fingrar. Misufinger i Andebu i Vestfold.

18.9.13: Soddhårrå
Skjellsord som lever i beste velgåande i Trøndelag, helst i indre bygder der dei seier hårrå for hare. Dels er det brukt allment nedsettande, eller om ein som er tufsete og stakkarsleg. Men frå somme plassar (f.eks. Oppdal og Røros) blir det opplyst at det gjeld folk som går i begravelsar, snik seg med i selskap, berre for å få eta sodd. Frå Malm heiter det at soddhårrå er nemning på dei yngste som er med og serverer sodd i gjestebod. Eg har også hørt ordet i mi eiga heimbygd Sunndal,da som soddhare. Men det er nok eit «omsettingslån» frå trøndermål. Ordet må ha opp stått i Trøndelag.

17.9.13: Langhalsabikkje
Hjortkolle (Hitra). Visst brukt delvis som eit «hemmeleg» ord blant jegerar. Også sagt f eks «skoll ha vårre-i-vei og tatt sæ ei langhalsa» – skote seg ei hjortkolle.

16.9.13: Flakebringa
Gå flakebringa – gå med uknept (eller sundriven) skjorte, slik at ein er naken innpå brystet. Ivar Aasen skreiv opp dette frå Sunnmøre. I seinare tid er det registrert frå Korgen (her som flakabringa). I svenske målføre finst uttrykket gå flaken i bringan ‘gå med nake bryst’. Å flaka om klede kan bety å opne seg, gapa.

15.9.13: Dotsup
Det er jakttid, og da kan det passe å dra fram dette ordet. Dotsupen er dram som blir skjenkt når viltet er felt. Første delen kjem frå lågtysk dot, same ord som høgtysk tot ‘død’.

13.9.13: Blekkfesar
Sau med svart fjes (Sunnmøre). kreativ omforming av engelsk «black face»!

12.9.13: Møyspranget
Opninga frå trappa og inn i gangen på stabbur (Glen, Audun Fitjes ordsamling)

11.9.13: Blåpeis
Lokalnamn i Rindal på svart og kvit flugesnappar, på grunn av blåfargen på egga. Om andre namn på denne fuglen, sjå hovudinnlegg 28.5.: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/05/.
Ein blåpeis kan også vera ein gjerrigknark (Ålen; blå = gjerrig), eller namn på planten raudknapp (Uvdal).

10.9.13: Fallver
Ver med fallvind – vind som kjem i ujamne, brå kast ned fjellsider, ned gjennom tronge skar og dalar eller i tronge fjordar. Dei sterke rossene kan treffe sjøen så rokket står. Slik vind kan komma frå ei anna retning enn den rådande. Ordet er tettast dokumentert i Nord-Norge, men finst spreidd også i Trøndelag og nedover Vestlandet. Eit sitat: «ein dag de va sån fæl nordaustkuling og fallver inni fjorn» (Håløygminne 1962, s. 27).

9.9.13: Eggetute
Utblåse, tomt eggeskal (Sør-Helgeland).

8.9.13: Lekaur
Laus, grov aur (grus, sand) som er slik at væte lett sig gjennom (Seljord, Fyresdal, somme stader i Aust-Agder, Etne, Kvinnherad). I Bjerkreim skal ordet vera brukt om kvikksand.

6.9.13: Vanlyte
Eit ord som eg truleg har med meg frå morfolket mitt i Øksendalen på Nordmøre. Det kunne brukast t.d. slik: «Det va ‘kje te vanlyt fær ‘no (for han) at ‘n vart snau i haua» – han vart ikkje styggare av å bli snau i hovudet, han tok seg like godt ut for det. Same ordet må det vera vi har i ei oppskrift frå Gaular i Sunnfjord, her med uttalen «valyte», forklart som kroppsleg lyte.

5.9.13: Geit-tolmod
Dårleg tolmod (Dovre i Gudbrandsdalen, frå Alf Eriksens samling).

4.9.13: Krusgull
Krusbrott; stykke av sundslått krus (glas, porselen). Var gjerne brukt som barneleike. Norsk Ordbok fører ordet opp frå Nordmøre, Norddal på Sunnmøre og Høylandet. Etter fersk melding frå Rune Stavaas kan vi legge til He

3.9.13: Misbuen
Ujamt moden, særleg om bær (Rindal, Haltdalen, Singsås, Selbu, Meråker).

2.9.13: Umisjamt
Ujamt fordelt, variabelt, ustadig, uregelmessig. Tettast belagt er dette ordet i Helgeland, elles finst det i Telemark og somme stader i Agder. Einaste registreringa mellom desse to områda er frå Fjaler i Sunnfjord. Om t.d. fisket er umisjamt, vil det seie enten at fisken varierer i størrelse, at ein får mykje ein dag og lite ein annan dag, eller at somme får mykje og andre lite. Det litt snedige er at det ser ut til å tyde det same som misjamt, slik at u- her helst er forsterkande og ikkje nektande.

1.9.13: Skjetøksne
Halvvaksne oksekalvar; også brukt overført om kjepphøge ungdommar (Breim).

30.8.13: Sladremari
Flaske som det klukkar i når ein skjenker av henne; klunkeflaske (Nissedal, Røldal).

29.8.13: Ørskjå
Trommehinne (gammalt ord frå Meldal og Sunndal). Øyrnaskjå i Leikanger i Sogn.

28.8.13: Ollmåssålinspolle
1. Utnamn på folk som er litt dumme, nærmast som sauer (Rindal). 2. Ekstra mjukt koseplagg, «sutteklut» (Hølonda). Polle er kjæleord til sau.

27.8.13: Oterblar
Krusing på vatnet slik at det blir fint å fiske med oter (Oppdal; samlinga til Ingeborg Donali). I går kveld var eg i kontakt med rindalingar som gav opp to ord for vinddrag som gir slik krusing: oterbris og oterbør. Frå Hemnes i Nordland har vi otergråe om det same. Fleire?

26.8.13: Sjølok(k)
Sjølok(k)et er overflata på sjøen, havoverflata. Ordet hører først og fremst heime på Vestlandet, men er også registrert somme plassar i Nord-Norge.

25.8.13: Måfåmunn
Person som pratar i eitt sett utan eigentleg å ha noko å seie. Typen er velkjent, og det finst mange ord for å beskrive slike. Akkurat dette er frå Sande på Sunnmøre.

24.8.13: Kattedagane
Hundedagane er over, men somme plassar rekna dei med at dei tre eller fire neste dagane var kattedagane eller kattadagane (Andebu, Eiken i Vest-Agder, Granvin og Varaldsøy i Hardanger). Og kattedagane var dei verste, heitte det. Var hundedagane galne, skulle kattedagane bli verre.

23.8.13: Elalaust
Nok eit spesialuttrykk om veret, denne gongen frå Balestrand i Sogn, formulert som eit ordtak: «Da byrjar elalaust og sluttar skilalaust». Det vil seie at regnvêret tek til utan at ein ser kva kant det kjem frå. I Norsk Ordbok har ein rekna med at siste delen truleg vil seie at det sluttar like umerkande som det har begynt. Men ut frå vanleg tyding av skil(a)laust vil eg heller tru ordtaket fortel at det utviklar seg og blir veldig kraftig.

22.8.13: Drakehide
Stad der det har slått ned ein meteor. Gammalt ord frå Vågsøy i Nordfjord. Med tradisjon tilbake til 1800-talet er det fortalt at ein mann såg kvar meteoren («draken») slo ned i fjellet og fann masse sølv der. Hide = hi.

21.8.13: Dralteskur
(regn)skur som kjem ei lita stund etter at det eigentlege uvêret er over. Ordboksmannen Hans Ross noterte dette frå Vest-Agder, i lag med dralte-el, som betyr det same.

20.8.13: Meinlyse
Lyse på ein uheldig, ulagleg måte (om motlys eller sidelys), så det sjenerer, hindrar ein i å sjå godt. Ordet er belagt i to heilt åtskilte delar av landet, nemleg Agder og Nordmøre. Eit eksempel: «Fløtt de, så du ikkje mænlye me me løkt’n» (Surnadal, ved Bjarne Østbø).

19.8.13: Habohit
Person som er ute etter å ha alt for seg sjøl, og som ikkje vil dele med andre, som f.eks. legg beslag på store område under bærplukking (Modum, Lier). Til uttrykket «ha bo» – trenge, behøve, som finst somme plassar austafjells. «Bo» er her truleg ei forkorting av «behov». Ei hit er ein skinnsekk, her overført på person.

18.8.13: Langkari
Rakstejente som ikkje greier å ta unna etter slåttekarane (Trysil).

17.8.13: Lusstæga
Kinnskjegg (Stange). Ordet kan også bli brukt om bart.

16.8.13: Vaffelkakhund
Ingen hund, men ein person som renner rundt til folk for å få vaffel og kaffe. Journalistveteran Ulf Moen i Adressa fortalte om dette ordet, som han hadde hørt på Ørlandet.

15.8.13: Skogsop
Person som finn bær i marka når ingen andre gjer det (Trond Dragøys ordsamling frå Senja).

14.8.13: Talgbjørk
Bjørk som har vorte liggande nedhogd utan å bli avberkt (Soknedal)

13.8.13: Vegreken
I går lærte eg meg eit nytt ord, frå ei ordsamling eg fekk med meg frå Skaun ein gong eg var der. Ordet var «veirikkje», forklart som «trøytt etter turen». Så gjekk eg til arkivet, og der fann eg «vægrikkjin» frå Surnadal og «veirakjin» frå Meldal, i same tyding. Det dukka også opp i Gudbrandsdalen, som «veirakje i fron», «veigrekje» eller «vægrekje» i Ringebu og «veigreikt» i Vågå. Men her fanst det også i ein litt annan samanheng, i eit gammalt ordtak: «veigrekje mat æ best»; «veigrekje mat gje mathug» (=-hug) o l. Maten ein har frakta med seg, reisenista, skal etetr dette vera den maten som smakar best. Det kunne vore artig å høre om fleire kjenenr til dette rodet.

12.8.13: Fekkelstein
«Fekkelsteina» er fine, runde, glatte steinar i fjæra, som ungane brukte til leike. Kallane brukte også å ha eit par sike i lomma (Hitra).

11.8.13: Snutt
Neppe alle er klar over at dette også er ein matrett. Eg fekk det servert i 50-årslag i går, med budalingar i hovudrolla. I Ludvik Enmos ordliste for budalsmålet er det forklart slik: «Hakka kjøtt stekt i panne eller kokt i gryte». Kjøtet vi fekk i går, var oppmale, og servert i gryte. Godt var det i alle fall! Nemninga ser ut til å vera heilt lokal for Budalen.

10.8.13: Vindløype (verb)
«Huse vindlæp» – når vinden blæs gjennom opne dører eller vindauge og er så sterk at den kan gjera skade. Gjennomtrekk i meste laget (Averøya på Nordmøre).

9.8.13: Bærhaugen/bærhaugan
Ingen bestemt haug (eller bestemte haugar), men rett og slett bærmark, bærterreng. Brukt i Trøndelag, kanskje særleg i ytre strøk: – Ska du på berhaujen? Også berahaujen (Nord-Fosen, Ytter-Namdalen). På Sør-Helgeland berihåjen.

8.8.13: Hunddagarømme
Rømme som er kinna i hundedagane. Denne var tynn og vanskeleg å få smør av; den forandra seg når kyrne nådde i soppen (Sunndal). Trond Dragøy fører opp trollkattrømme om rømme som ikkje vil skilje seg (ordsamling frå Senja). Ein har vel da meint at det var trollskap med i spelet, at rømmen var forgjort på eitkvart vis.

7. 8.13: Voksakjole
Regnfrakk (Inner-Namdalen).

6.8.13: Fåttåtibrann
Spøkefullt trønderord (helst frå indre strøk) for eldbrann, lauseld.

5.8.13: Sommarkauk
Kauk (strofe, rop) som gjetarar, seterfolk og onnafolk på utmarkslått kauka til kvarandre om sommaren, som signal (Namdalen, Snåsa, Sparbu). Folkeminnesamlaren Karl Braset skildrar det slik: «De va tri takti ti saammaarkaukja, men dæm va itt lik. Dæm ha kvar sin kauk, som dæm ga namn ætt hann som dæm lerd en taa, aa denn ein’ kaukjen va vakkrar enn den anner. Æg minnes Ol-Annerson-kaukjen, aa, dæm som konn ‘en, dæm kauka hann me saa rennanes i maal» (Nord-Trøndelag Historielag, årbok 1995, s. 233).

4.8.13: Solhylle
Sette (gjera, laga, legge) solhylle = å skygge med handa for augo (visst ganske mykje utbreidd uttrykk).

3.8.13: Blautbelgen
Lokalt namn på mellomgolvet (Snillfjord). I Røra blautmagan. Meir vanleg i trøndermål er ord som medgarde («megale») og medgavle. Me(d)- betyr midt-.

2.8.13: Hunddagasild
feitsild, som kom årvisst dette leitet. Også (fersk) spekesild av denne.

1.8.13: Hunddagatroll
Vårflugelarve (Rindal). Også kalla olsøkutroll, iflg. Eilert Mo.

31.7.13: Skadversmåne
1. Månen når han har ei bestemt farge på overflata elelr ringen rundt, dette skal varsle skadver (uver) (Foldereid, Leirfjord, Vesterålen). 2. overført på folk, sagt om ein kop (Foldereid).

30.7.13: Skitarbjørk
Som oppfølgjar til talemåten «å sette ned ein husmann» (sjå «Dagens ord» 23.7.) tek vi med dette ordet, henta frå Ernst Jensens samling av ranværingsuttrykk. Det vil seie ei krokete bjørk å sitte på for å gjera sitt fornødne. Ein gammal nabo av meg hadde ein metode i slike situasjonar: Finn deg ei tynn, passeleg lang bjørk, skreva over den og gå framover. Når bjørka slår opp attom deg, er du rein i baken!

29.7.13: Å byte ku i verre naut
Nordmørsuttrykk for å gå frå vondt til verre, frå oska til elden.

26.7.13: Fredagsver
«Retteleg fredagsver» er skildring av dårleg ver (Folldal). Kanskje er det tankar om langfredagen som har spøkt i bakgrunnen. «Fredagsvær er søndagsvær» er eit merke dei har hatt på Austlandet. På Nordmøre har ein sett det på ein litt annan måte: «Tosdags kved gje fredags ver. Lauda’n bli det enten vær’ hell ber'».

25.7.13: Ljåstubb
Grasstubb (eventuelt halmstubb) som står att etter ljåslått (ganske utbreidd ord i tradisjonelt målføre både sønna- og nordafjells)

24.7.13: Å ta ljåmusa
Skjera seg på ljåen når ein bryner (Nordmøre, Trøndelag).

23.7.13: Å sette ned ein husmann
«Dagens ord» er tilbake etter pause pga Landsfestival i gammaldans m m. «Å sette ned ein husmann» er trønderuttrykk for å gjera sitt fornødne ute i marka. Måtte faktisk gjera det sjøl på skogsturen i dag – som hastesak!

17.7.13: Fattigmannsveske
Plastpose (Trond Dragøys samling frå Senja)

16.7.13: Fisvørkje
Mat som gir luft i magen (Søndre Land).

15.7. 13: Hølksåmmår
Ekstra sur, kald og våt sommar (Meldal). Sommar med hålkeføre!

14.7.13: Prekastikke
Eit ord frå indre austlandsbygder denne gongen, som tyder: 1. Tannpirkar (Eidsvoll, Solør). 2. Pinne til å klø seg på ryggen med (Østre Toten).

13.7.13: Fjellrusk
Ein som er glad i å gå i fjellet (Seljord). Sesong for fjellruskar no!

12.7.13: Fulmask(e)
Bistert, morskt ansikt: «stell-te fulmask». Har fått ordet frå tradisjonsberaren Arnfinn Aune på Hitra (Sandstad). Det kan også brukast overført om vêret: «han sætt-opp fulmask» – når det dreg opp til uvêr.

11.7.13: Lausvatn
I går var det steinvått, og i dag kjem eit ord i same gata. Lausvatn er vatn eller væte som berre ligg utapå (f eks ved, materialar eller høy) og ikkje har trengt inni (Surnadal, Agdenes). Det har altså berre vore duskregn eller ei lita skvettskur. Forfattaren Bjarne Østbø skriv om ei som «rista lausvatn av stakkekanten» (romanen «Vindfall», s. 171). Litt meir utbreidd er lausvæte («lausvet'») (Hitra, Geitastranda, Støren, Budalen, Rennebu).

10.7.13: Steinvåt(t)
Når det har regna (eller dogga) så lite at steinane så vidt er våte (hedmarka, Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, indre Nordmøre, Oppdal, Ålen, Selbu).»Det vart berre steinvått av denna regnskura» (Folldal)

9.7.13: Fampfiria
Ei som «fampar» på seg klede (for mykje, og uelegant) (Frøya)

8.7.13: Tarramoiddglire
Ufordrageleg, raudhåra gut (Fosen). Takk til Tove Haack Grande for nytt tilskot til skjellsordsamlinga!

7.7.13: Gråknyting
Umogen bær, kart (Vanylven på Sunnmøre).

6.7.13: Angerknuv (angerknoke)
Andre leddet på tommelfingeren. Når det klør der, er det merke på at ein har noko å angre (Vesterålen).

5.7.13: Rikkskyer eller rikkaskyer
Fjørforma skyer høgt på himmelen i finver (fjørskyer, perlemorskyer) (Sande på Sunnmøre, Halsa på Nordmøre. Ivar Aasen noterte det også frå Orkdalen).

4.7.13: Smellpung
Planten engsmelle (Nord-Fosen, Nord-Trøndelag).

1.7.13: Spikarblomster
Skogstorkenebb (Tjøtta). Sjå elles hovudinnlegg om skogstorkenebb i dag.

30.6.13: Raleblad
Veke- og teikneserieblad (Varaldsøy i Hardanger).

29.6.13: Hønsebedånelse
Jålete og vimsete kvinnfolk. Smakebit frå den ferske ordsamlinga «Ka du bala med?» – gamle ord og utrykk brukt i Ofoten.

28.6.13: Å sop’ kre’n
Det er landskappleik for fulle mugger på Røros, og da må det vel passe med eit spellmannsuttrykk. Dette er frå Verdal, og betyr å få med seg alle tonane og alle nyansane i ein slått. Skal ein ha håp om god plassering, må ein nok «sop’ kre’n»! Bokstavleg betyr det sjølsagt å sope vel i alle krikar og krokar.

23.6.13: Å feste nattsøvnen
Sovne inn (tungt) for natta. Det er berre så vidt ein rekk det når ein skal opp og ta tidleg fly!

22.6.13: Gråbenåt
Det held visst på å bli det igjen. For dette betyr at det er mykje ulv. I årboka Fjell-Folk frå Røros les vi (2009, s. 48) at det var «gråbenåt» om vinteren før. I Gudbrandsdalen og Østerdalen sa dei at det var gråbe(i)nsamt. Kanskje kom skjora først i kornbandet i jula som var? Det skulle vera dårleg varsel. Ikkje berre ville det bli regnfull sommar med skral avdrått frå setra, men rovdyra kom også til å gjera store innhogg i buskapen, iflg. Jens Haukdal. Eit retteleg gråbeinår ville det bli.

21.6.13: Trollkjerringver
Sol og regn om einannan (Budalen). I Verran var det sagt at det var brøllåp i helvete når det var solskin og regn samtidig. Og i Serbia sa dei «no gifter heksene seg» når det var slikt vêr. Det har altså spelt ei rolle i folketrua fleire plassar. Tillegg: Når det regna og skein sol på same tid, var det bryllaup i himmelen, sa dei gamle (diktaren Olav H. Hauge har notert dette frå Ulvik i Hardanger – det er komme med i ei bok som kom ut i fjor med tidlegare utrykt materiale etter han).

20.6.13: Glemstervær
Regnvêr, men slik at det kan bli ein solblenk mellom skurene (Meldal)

19.6.13: Barnemon (eller bånemon).
Den tida som går (eller trengst) mellom to fødslar, to søsken, i ein famile (Telemark, Åmli).

15.6.13: Bukonge
Førarkua i ein buskap (Telemark og Agder).

14.6.13: Bærling
Svak dønning, småbårer, skvaling. Ordet er kjent i Fosen (Frøya, Ørlandet, Roan, Osen) og elles på Sunnmøre og i Nordland. Til grunn ligg eit verb bærle ‘gå i småbølgjer’, som i sin tur er avleidd av båre.

13.6.13: Slagband
Kraftig arbeidsband ein reiser opp stavane i når ein lagar tønner. Ein slår på desse for å drive tønna. I Leksvik finst det brukt i eit par overførte uttrykk som gjeld graviditet: «hu har ongin ti slagbannjåm» – er gravid, og «han va ti slagbannjåm da» – var unnfanga.

12.6.13: «Å gjeill grauten»
Vi tar med oss nok eit graut-uttrykk, denne gongen frå Svein Guddingsmo i Verdal. Å «gjeill» (gjelde) grauten vil seie å snu grautskeia oppp ned når ein et. Og nok eitt frå same mann: «å hesj grauten» – det gjer ein når ein er retteleg hungrig, veltar den i seg.

11.6.13: Grautunge
Da er denne spalten tilbake etter ei pause på grunn av reise. Vi tar fatt att med grautunge, henta frå Asbjørn Dagsgard si ordsamling frå Lom og Skjåk. Ein grautunge er ein klump med graut som glir av skeia og ned i koppen med grautvått, når fleire et av same fatet og brukar same koppen til væska.

4.6.13: Ordtak om han Lat-Hans
Eit ordtak denne gongen, i versjon frå Innherred: «-Minst omakjen høve ‘åm Lat-Hans bæst». Denne spalta tar no pause nokre dagar på grunn av spelmannstur til Sverige.

3.6.13: Fiolinstørja
Kontrabass (Senja).

2.6.13: Skoganyste
Vi pøser på med gode dialektord. Dagens ord skoganyste er eit lam eller kje som blir fødd ute i marka (Sunnmøre pluss Selje i Nordfjord).

1.6.13: Skjænntor
Torever utan at det kjem regn (Osen, Budal, Selbu, Sparbu).

31.5.13: Sodde
Lummervarm, trykkande luft (Kvikne, Rindal, Orkdal, Meldal, Oppdal): «God såidde ti være». Lengst ut samanheng med å syde (koke).

30.5.13: Solreven
Når det er så varmt som her akkurat no, er det fare for at ein kan bli tatt av solreven. Dette er døsigheit som fell på ein i solvarmen; ein blir doven, tung og slapp og får mest lyst til å lata seg. Det er gjerne formulert som advarslar: – Må ikkje la solreven ta deg! – Han tar oss no vel solreven snart. Uttrykksmåten ser ut til å ha vore kjent og brukt mange stader i det sønnafjelske. Fenomenet er delvis oppfatta som ein lurande rev.

29.5.13: Landfull
Eit ord å minne om i desse flaumtider. Når elva går landfull, fyller ho faret sitt, går heilt opp til kanten. Ordet er godt kjent i Trøndelag, men også registrert frå Agder, Telemark, Hedmarka og Land.

28.5.13: Ohagpåli
Godt innernamdalsk skjellsord for ein som er uhag, altså klønete og upraktisk (Overhalla, Høylandet).

27.5.13: Poinnmann
Underlensmann (brukt nedsettande eller som «artigord») (Hitra).

26.5.13: Full-lauva (adjektiv)
(om tre) som har fullt utsprunge lauv. Registrert frå spreidde stader (Eidsvoll, Volli Romsdal, Surnadal). Også brukt av forfattaren Kjartan Fløgstad. I Selbu full-løvd.

25.5.13: Berrarmskinande (adjektiv)
Skildrar opphaldsvêr eller solskin, når det er slik at ein kan gå i skjorteermane: «Han er berrarmskinande i dag». I lokale ordsamlingar finst det mange gullkorn, og ei av dei rikaste kjeldene på slike godbitar frå folkemunnen er Halldor Opedal frå Hardanger. Dette ordet har han frå Ullensvang.

24.5.13: Seilert
Mannskap på seglskute. Kollega Arnold Dalen noterte seg dette i Lensvika i pinsehelga. Det stadfester inntrykket av Trøndelag som eit kjerneområde for avleiingar på -ert. Jamfør kvitert og mysert som «Dagens ord» 15.3.

23.5.13: Læparegnskap
Muntleg økonomisk avtale (Søndre Land). Altså avtale gjort med leppene, og slike er som kjent ikkje verdt papiret dei er skrivne på!

22.5.13: Forsøle
Stad som ligg i skuggen, som får lite solskin; sollaus stad. Mest kjent på Sunnmøre, men Ivar aasen registrerer det også frå Sogn og Fjordane. Ordet fanst også i norrønt, og siste del heng saman med sol.

21.5.13: På sitt fire og tjue
På sitt beste, på sitt sprekaste (Trøndelag og Nordmøre). Den tida eg var «på mett firogtju (og spilder ny)». Også «på sett fir og tjuan». Dette må vel sikte til alderen, 24 år, ei tid ein i alle fall fysisk er på topp, som regel.

20.5.13: Heggstaur
Vi følgjer opp innlegget om kvithegg frå i går 19.5. Heggstaur kan bety ei skrøne. Olav Duun-eksperten og dialektentusiasten Kolbjørn Gåsvær frå Jøa sendte inn uttrykket i 2004, med dette eksempelet: «Han slo i mæ ein heggstaur, det fersto æ no, så æ trudd berre så pass’lig på’n».

19.5.13: Pinstimask’
Skinnhellig oppsyn (Orkdal).

18.5.13: Hælvlærvinn i bælja
Etter den søte kløe.. Det er nok ein del som har det slik i dag. Vi presenterer nemleg eit fyndig Stjørdals-uttrykk for å vera bakfull og ha dårleg mage (belgen er altså ikkje trekkspelbelgen i dette tilfellet). Å dømme etter lydnivået i nabolaget i går kveld treng eg ikkje gå langt for å finne folk med denne tilstanden. – Det var likso kjekkare i går, som sunnmmøringen sa. Og enda verre blir det vel i morgon!

17.5.13: Hurra!
Sjølsagt må vi ta med dette utropet for hylling og glede på ein dag som denne. Opphavet er noko uvisst, men vi har det felles med språk som engelsk og tysk. Det som kanskje er litt mindre påakta, er at «hurra» i delar av landet også har vore brukt som ei avskjedshelsing. Ein kunne seie «hurra», «ja, hurra, da» eller liknande i staden for «ha det» eller «farvel». Etter det eg har kunna finne ut, har dette hørt heime i Trøndelag og Møre og Romsdal. Det er neppe mykje brukt i dag. Somme vil hevde at det oppstod som ei jøssinghelsing under krigen, men eg har snakka med folk som minnest det tilbake til 30-åra og enda lenger. Ein slangprega måte å ta avskjed på med tyngdepunkt i Midt-Norge.
Ha ein fin 17. mai!

16.5.13: Skogslitti
På spellmannsøvingane i Oppdal Spell- og dansarlag lærer ein stadig nye ord! I Går kveld kom ordet skogslitti, som beskriv den fasen på seinvinteren eller tidlegvåren da det begynne rå bli bert rundt trea. Sjå om andre ord for dette i hovudinnlegget 18.3. i år: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/03/18/

15.5.13: Hallvardsok
Dagen i dag er merkedag til minne om St. Hallvard, som etter legenda vart søkkt i Drammensfjorden med ein kvernstein om halsen. Også uttala «hallvardsoke», «hallvardsvukku» e l. Ymse merke vor såtid, vêr m m har vore knytt til denne dagen, og no skulle gjerne buskapen finne føda ute. Det var stundom rekna med ei uversri dette leitet, hallvardsokria, hallvardsok-nekken (Voss) eller hallvardsokskura (Røldal). Men i Sunndal sa dei «hallvardsvøkku ska’n sett inn røkku» (snøskuffa).

14.5.13: Kvervsynt
Som ser skeivt. Eitt av dei mange orda som hitterværingen Petter Risvik informerte om. Og dette har vi faktisk berre frå han!

13.5.13: Vårrak
Magert krøtter i vårknipa. Ordet finst spreidd her og der på Vestlandet og i Nord-Norge.

12.5.13: Å hoppe opp og ta seg sommarlam
Det er sesong for lamming, og da kan det vel passe å ta med dette uttrykket. Det kjem frå Hitra, og er brukt overført om å gjera eit uventa sprell.

11.5.13: Bortheftardag
Dag da det ikkje blir gjort noko nyttig (smakebit frå utkast til ei planlagt ordsamling frå Rennebu). Det blir ein del slike dagar i mai!

10.5.13: Bættagrautmøggel
Spøkeord om begynnande skjeggvekst (Stangvik). Eigentleg møggel (mugg) på «bættagraut» – graut som pålegg på flatbrødbete.

9.5.13: Helgetorsdag
Det tradisjonelle namnet på dagen i dag, Kristi Himmelfartsdag, i svært mange målføre. på Nordmøre var det gjerne sagt «hæltossda’n». Norrønt helgiÞorsdagr.
Sjølsagt var dette ein viktig merkedag, og i Vest-Agder sa dei at der ein fiska denne dagen, om ein så fekk berre ein einaste fisk, skulle ein få fisk heile sommaren. I Østerdalen hadde dei det vermerke at slik veret var på skjærtorsdag, ville det bli fram til helgetorsdag. Det ser i det heile ut til å vera ein samanheng mellom desse to dagane i folkelege forestillingar. På Romerike kalla dei faktisk skjærtorsdagen for «hæljetorsdag» frå gammalt.

8.5.13: Fjellsjøhedning
«Artigord» om utkantbuar ved fjellvatn. Innsendt frå Meråker, men ikkje med i ordsamlinga derifrå som kom ut i 2011. Min gamle ordbokssjef Magne Rommetveit har notert det frå Stord om ein som det er lite med, ein tulling, tosk. Sjøl har eg teke det med i eit par skjellsordbøker. No har eg oppdaga at Johan falkbergets forteljing «Sol (en fortelling fra 1600-tallet)» (1918) frå først av gjekk som føljetong i vittigheitsbladet «Hvepsen», men da under namnet «Fjellsjøhedningen». Er det herifrå det har funne vegen til somme målføre, eller har Falkberget sjølv snappa det opp?

7.5.13: Maigås
Mai månad, i denne herma: «Ho maigås lokka kua av bås» (Vefsn).

6.5.13: Flakkføtt
Plattfot. Ordet er registrert berre frå Meldal. Flatføtt er noko meir vanleg.

5.5.13: Likselende
Likeglad, likesæl person. Dette har eg vel frå mor mi, med dialekt frå Øksendalen på Nordmøre. Det er mange liknande ord, som likselgast, likgladsole m m.

4.5.13: Å broye
Henge bakpå bil og buss. Lokalt uttrykk frå Trondheimsområdet. Ein uttalevariant proye finst også, og det gjer det sannsynleg at opphavet er praie. Denne farlege «sporten» har sikkert mange andre namn. Så langt veit eg om å dingse frå Skien. Send oss gjerne fleire!

3.5.13: Kaldjokk
Dette er ikkje så gale som det ser ut, for det er ein gammal matrett av vatn og havregryn (og kanskje litt søtningsmiddel). Lært av Torvald Sund på Levanger i dag.

2.5.13:Tverrløykj’
Stikkrennene kan ha problem med å ta unna vatnet på denne årstida. Det finst dialektord også for stikkrenne. Tverrløykj(e) er frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Ei løykj kan brukast om fleire slags grøfter, f.eks. kjellarløykj om avløpsgrøft frå kjellar.

1.5.13: Kvittar
Lokalnamn i Sunndal på bokfink, som markerer seg veldig akkurat no. Kvittar er også kjent som fuglenamn andre plassar (Tingvoll, Tresfjord, Vestnes), men da litt meir uspesifisert om ein liten fugl (sporv eller fink) som seier «kvitt kvitt» og varslar snø eller kaldt vër.

30.4.13: Skottmed
Landkrabben prøver seg på eit uttrykk frå sjøen denne gongen. Dette er med (merke) som ein tek over bakskotten i båten og ror etter (til forskjell frå tverrmed). Ordet er bruka mange stader i Nord-Norge, men er ikkje heilt ukjent på Trøndelags- og Nordmørskysten heller.

29.4.13: Tverrklok og tvitoskåt
Uttrykk frå Hemne, sagt om ein person som vanlegvis ikkje utmerker seg med klokskap, men som kan ha sine lyse innfall ein gong imellom. Sendt inn til Norsk Ordboks arkiv av Arne Sødal i 1933.

28.4.13: «Hemfjeset»
«Hemfjeset» eller «heimefjeset» – Britt Furunes i Oppdal fortel om dette, når nokon skryter av ein person og seier f eks at denne er så triveleg og eineståande på alle vis, kan ho svara med «-Å, du ha itt sjitt hemfjæse hinna du!» Eg trur ikkje eg har hørt dette før, så kanskje Britt her har laga eit nytt, godt ord. Takk til henne!

27.4.13: Å bryt gammelost
Nordmørsuttrykk for å ta baklengs rulle (stupe kråke bakover)

26.4.13: Kattball’n
Ball som katten fekk når dei laga fiskball, av det siste som vart skrapa ut av trauet (Hitra).

25.4.13: Rauvaløftar
«Å tå en rauvaløftar» – dra på seg broka (når ho har sige ned). Lærte det på øving i Oppdal Spellmannslag i går kveld. Det vart presentert som ei herme etter ein person, og er kanskje individuelt. Men godt uttrykk for det!

24.4.13: Det e itt særle når gikta går i trefoten
Gammalt trønderordtak denne gongen. Det er sjølsagt brukt overført, om folk som får fikse idear eller rare meiningar som dei ikkje greier å bli kvitt.

23.4.13: Fjellkaldt
Etter besøk i Folldal tek vi med ordet fjellkaldt derifrå, for det stemmer med forholda slik det var om kvelden måndag 22.4. Da er det rett og slett kaldt, med kalde frå fjellet. Fjellkalden sig ned i dalane. Ordet er belagt berre frå Folldal som måløfreord, men er også brukt av forfattaren Tore ørjasæter.

22.4.13: Blågull
Tilsynelatande ulogisk, men dette er det lokale namnet i Stadsbygd på blåveis.

21.4.13: Vårkjømt
Vakkert ord som fortel om våren. På ein plass det er vårkjømt, blir det tidleg vår.

20.4.13: Skistokk
Skistav. Har hørt ordet av fleire eldre folk i Trondheim, og det ser faktisk ut til å vera lokalt for bymålet her.

19.4.13: Kvitklokke
Fint underskjørt («poinnstakk»), gjerne av bomull (Orkdal, Byneset, Leksvik – og sikkerrt fleire i Trøndelag)

18.4.13: Glansros(e)
Glansbilde (Tynset, Ålen, Singsås)

17.4.13: Påskesalt
Vi har vel påska såpass friskt i minne enno at vi kan ta med oss dette ordet med smak av eldre tiders folketru. Påskesaltet var salt som hadde lege på murhylla (peishylla) påskenatta og som dei gav krøttera som vern mot vonde makter før dei vart sleppt ut på beite om våren. Detet finn vi omtalt fleire stader i folkeminnelitteraturen. På Finnskogen hadde dei det i kubjølla før dei sette ho på, og i Valdres la dei eit korn med påskesalt i botnen på sausåen før dei lauga sauene. «Julemalt og påskesalt er godt for alt» eller «hjelper for alt», var det sagt.

16.4.13: Landvokka
Opning langs land i elvaisen (Støren)

15.4.13: Sporvebuse
Fugleskremsel (Lom, Skjåk, Otta)

14.4.13: Kaldvassdokter
Dokter som er forsiktig med å gi ut medisin (ordet har vore brukt i Trøndelag).Med dagens overforbruk av medikament og utvikling av resistens hadde vi kanskje trengt nokre fleire kaldvassdoktrar.

13.4.13: Molgpøl’
Ser at gytegropene for fisken er tørrlagt i Stjørdalselva. I Sunndal har vi eit eige ord for gytegrop, nemleg ei molgpøl’. Å molge er å gyte.

12.4.13: Siropskakugut
Bortskjemt pappagut (Selbu).

11.4.13: Tussuladdpass
Å få tussuladdpass var å bli avvist på sesjon (Budalen). Meir vanleg var det å bli omtalt som Kongens avrat.

10.4.13: Stortyn
Noko dramatisk ein gjer; dramatisk hending. Det kan vera eit uhell, men også ein uventa positiv framgang (Hitra). Om folk har fått berga ei ku f.eks., kan dei synast dei har gjort eit stortyn.

9.4.13: Oljespannaksla
(om person) hengslete (Averøya).

8.4.13: Skred(e)næmt
Aktuelt ord i snøskredtider. At det er skred(e)næmt ein stad, vil seie at det er utsett for skred. Ordet kjem frå Voss.

7.4.13: Kyrkjeknirk
Eit litt «søndagsprega» ord denne gongen. Det tyder knirk i nye kyrkjeskor. Ordet er registrert frå Nordfjord, og dessutan kjenner eg det frå Øksendal på Nordmøre. Der var det sagt om ein lapp som dei kunne legge i finsko for at dei skulle knirke, og dermed hørast ut som nye. I Trøndelag finst kjerkreks om denne knirkinga, og i Hardanger og Ryfylke kyrkjerikt. Frå Suldal er dette fortalt at «kyrkjerikten» i skorne til brudgommen sa: «Eg tregar, eg tregar…»

6.4.13: Leirkallunge
Lita hyse. Dette er eitt av dei mange orda hitterværingen Petter Risvik kom med. Petter vart begraven i går. Han var ein stor kulturberar, og vi heidrar han her med ei av dei mange nemningane han har vore med og berga for ettertida. Da eg snakka med han i telefonen før jul, sa han «minne mett røkk itt længer enn frå klokka tolv og te meddags», men det gjorde det så absolutt ja! Leirkall om lita hyse er elles registrert frå Smøla og Kolvereid. Men leirkall er jo meir vanleg som namn på hestehov.

5.4.13: Larvkjesi
Lært på Spaserstokk-arrangement i Åfjord 4.4.13. Informanten forklarte at bestefaren hennar brukte det som eit godmodig skjellsord til ungar, nærmast med innhaldet ‘liten luring’ e.l. Kjese er vanlegvis osteløype av løypemagen til spekalv. I namdalsmål betyr kjesi vom eller mage, og det er kanskje det vi har ein utløpar av her.

4.4.13: Melakoll
Lokal nemning frå Frol og Verdal på hestehov, eller leirfivel. Det viser til leirmelar som favoritt veksestad for denne planten. Melblad er eit anna namn med same ide bak, brukt på Innherred og i Namdalen.

3.4.13: Tvieldast
Bli fort gammal; eldast fort; sjå eldre ut på kort tid (bokstavleg: eldast dobbelt så fort som vanleg). «Han har tvieldtest». Ordet er belagt spreidd frå fleire kantar av landet, og har truleg vore meir vanleg i eldre tid (Eidsberg, Vang i Valdres, Andebu, Hjartdal, Rauland, Nissedal, Vanylven, Hemne, Hitra, Salangen, Lavangen, Astafjord). J.E.Gunnerus nemner det i ei ordsamling frå ca 1770, forklart slik: «i en Hast at se ældre ud end sædvanlig».

2.4.13: Tåkjeft
Sprekk i tå, er definisjonen til Ivar Aasen, som fører opp ordet frå Sunnmøre. Marie Lovise Widnes er litt meir presis i si ordsamling frå Vanylven: «Sprekk mellom tærne når ein gjekk mykje berrføtt». I slik tyding er det også ført opp i fleire nyare ordsamlingar frå Sunnmøre. Plagsamt er det i alle fall!

1.4. 13: Å laup april
Bli narra april (Sparbu). I Hemne å løyp april (også laup, men meir sjeldan). Også kjent på dansk: løbe eller rende april. Det vil vel opphavleg seie å bli sendt i veg for å springe eit narreærend denne dagen. Det stemmer i alle fall brqa for Hemne sin del, for Kolbjørn Aune fortel at å løyp april helst var å stikke etter fiktive ting som «pølsmønster» etc.  Og alt dette er sjølsagt heilt sant!

31.3.13: Påskebukk
Vi har sett på langfredagspåle og skjærtorsdagspåle, og noko i same stilen er påskebukk. For det vart dei kalla, dei som gjekk på frieri natt til første påskedag (Singsås).

30.3.13: Påskelaurdag
Ordet mitt for «påskeaften». Det var aldri sagt anna enn påsklauda’n heime (Sunndal). Der kalla dei forresten også onsdagen fær skjærtorsdag for påskonsda’n. Er det meir vanleg, skal tru?

29.3.13: Langfredagspåle
Dette er litt meir omtalt enn skjærtorsdagspåle, og har vel derfor vore hakket verre. Leif Halse fortel at det handla om folk som var ute etter midnatt på langfredag. Slikt var dårleg folkeskikk, og folk reiste opp stokkar og strangar attmed dører og vegger hos slike. Lars Røslie er ein annan som har opplysningar om dette, litt annleis enn hos Halse, men i begge tilfelle skriv det seg frå gamle Stangvik kommune. Røslie fortel at ein langfredagspåle var ein som hadde vore for lenge ute på skjærtorsdagskvelden. Han vart det sjøl eit år han var i konfirmasjonsalderen, og det var stor skam. I årboka for Todalen Historielag kan vi lesa at jenter som var ute så lenge på skjærtorsdag at det hadde bikka over til langfredag, fekk langfredagspåle – ein tømmerstokk e.l. reist på døra.

28.3.13: Skjærtorsdagspåle
I følgje Leif Halse var dette merkelappen dei fekk, dei som var ute etter midnatt på skjærtorsdag. Han har det vel frå heimbygda Todalen (i Surnadal, gamle Stangvik kommune). Dette var rekna som skam. I morgon skal vi sjå på ein enda verre påle!

27.3.13: Kattvegen
Å gå kattvegen vil seie å smyge seg fram heilt inmed husveggen når det er store snøhaugar litt lenger utfrå. Uttrykket er registrert frå Hitra og Surnadal, men er truleg kjent vidare ikring? Frå Meldal hører vi om at det i gamle, glisne hus kunne drive inn snøfokk «frå kattbakkom«.

26.3.13: Vårsvarri
Snø som held på å bli heilt oppløyst av vårsola. Ordet er typisk namdaling, og tilsvarar blåstøe som vi skreiv om 22.3: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/03/22/blastoe/

25.3.13: Mussufingra
Veike, kraftlause fingrar, som ber lite preg av manuelt arbeid. Ordet dukka opp da ein facebook-venn i går kveld fortalte om at ho hadde fått gnagsår på tomlane etter skigåing. Ho kommenterte sjøl at det kanskje var på grunn av «akademikarfingrar». Ordet mussufingra er i alle fall kjent og brukt i Nord-Østerdalen (Folldal, Sollia), fleire plassar på Nordmøre, i Hemne og i indre Sør-Trøndelag (Oppdal, Meldal, Budalen, Singsås). Dessutan er det enkeltbelegg frå Andebu i Vestfold. Førsteleddet er rett og slett myse, og uttalen vekslar deretter: mysu-, møssu-,  møsså-, mussu-. Det kan også brukast som skjellsord om ein person som er veik i klypa. Vi kostar på oss eit sitat frå Leif Halse: «Kom med mussu-fingrom dine,. Johan Øyset, så skal eg snart rette dem beine»  («Torevatn», s. 145). Her er det nok krokdraging det bryggjar opp til, og da gjeld det verkeleg å ikkje ha for mykje myse i fingrane!

24.3.13: Emissærklister
Det er ikkje snakk om skismurning med spesiell kopling til høgare makter, velsigna til bruk på påsketur! Ordet er henta frå den framifrå boka «1000 ord i nord», av kollega Eli Ellingsve. Dette er ei bok med typisk nordnorske ord som slår opp eit breitt bilde av kulturen i vår nordlegaste landsdel. På misjonsbasarar i Salangen var det skikk å servere sviskergraut, som dermed kom til å bli kalla emissærklister.

23.3.13: Å slå ti demma
Teie still; halde kjeft (Meldal). Uttrykket vart diskutert på Facebook-gruppa «Ord og uttrykk fra Meldal» i går kveld. Det skriv seg frå kverna, og her er konklusjonen til Oddbjørn Nærvik:  «-Dæmma, eller vasslætta, va et vass-stengsel i kvennjtroa. Vass-teførsla te spjellda vart regulert med dæmma/vasslætta. Konnj reguleras frå helt stengt, te helt åpent. Reguleringa skjedd med at du løfta et spesielt stag, som du nådd frå den «tørre» delen av kvennja».

22.3.13: Landlausing
Smørauge i graut (Skatval).

21.3.13: Ein krubbskjæl
På spellmannsøvingar på Oppdal kjem det fram eitt og anna ordet. Dette dukka opp onsdag 20.03.13, og blir forklart som ein sup, f.eks. med kaffe, for å skylje ut av munnen (som her er «krubba»). Særleg om ein har matrestar som kjennest ubehageleg. «-skjæl» heng jo i hop med å skylje/skylle.

20.3.13: Kommandotida
Historisk omgrep sagt på folkemunne om krigsåra 1807-1814, i følgje Jon Suul, i Årbok for Verdal Historielag 1951 (s. 49).

19.3.13: Abbeluren
Sjeldan adjektiv, registrert frå Hemne. Bruka om vêret  tyder det utrygt: «Han sjer nåkko abbelurinn ut me vera i dag»! Men også rang eller vond, om folk, eller om tilhøve: «det va i abbelure arbeid». Frå gamle Stemshaug herad (no i Aure kommune) er oppgjeve akkelure (inkjekjønn), som tyder vanskeleg, og som truleg er variant av same ordet. Inga aning om opphavet, anna enn at det «luktar» forvanska framandord.

18.3.13: Vasslausing
Fleire plassar har dei vore vasslause. Vasslaus er eit kjent ord, men vasslausing om vasslaus person hørte eg først i ein telefonsamtale: – Når du dusje no i dag, så tenk på oss vasslösingann oppi Budala!  Kan også minne om ein talemåte frå mine heimtrakter, om tynn kaffe: -Han va ‘kje koka i vassløysånn, na der! da er det «mykkjy tu bekkja og lite tu sekkja».

17.3.13: Drevmjøll
Anna ord for drevsnø, fokksnø, ihopblåsen tørrsnø. På sunndaling, min barndoms dialekt, var det sagt drævmjill. Ordet er kjent også i Oppdal, og registrert frå Rindal, pluss eit par andre plassar (Jelsa i Ryfylke, og Vestre Slidre). «Drevmilda klabba og var tung å gå i», skriv oppdalsforfattaren Ola Setrom i romanen «Den raude logen».

16.3.13: Panservær
Vi held oss til Trondheims-slangen også i dag, for panser har fått ein veldig positiv valør i dette bymålet. Trondhjemmarane snakkar om panservær, om idrettsutøvarar som er i panserform, og i kortspel får du av og til panserkort. Og i dag er vêret i Trondheim heilt panser! Det er til å bli i panserhumør av!

15.3.13: Kvitert og mysert
To ord denne gongen, lært på årsmøte for veteranane i idrettsklubben Rapp 14.3.13. Trondheimsslang for kvitost og mysost: «To med kvitert og to med mysert» var standard matpakke. Trondheimsmålet er litt av eit sentrum for slike ordlagingar på -ert. Folk går på biblerten og låner bøker, fyller bensin på benserten, et av og til lappert (lapskaus) m.m.

14.3.13: Tasktreff
Eit ord lært på Byneset 12.3.13. Det er ein gjeng mannfolk som møtest og tek badstu, som nyttar dette ordet om samkoma si. Sikkert nokså lokalt, men vi får sjå om det slår an!

13.3.13: Jåssåtask’
Skjellsord for ei retteleg skravlebøtte, lært på seniordans på Byneset i går.

12.3.13: Det snø labbsola
Sagt om kraftig snøvêr med store, tette snøfiller. Henta frå ei fersk bok vi godt kan drive litt reklame for: «Dialekt fra Det gamle Beitstaden. Ei samling dialektord, uttrykk og ordtak fra Namdalseid, Beitstad og Malm» (2012). Ein labbsole er sjølsagt sole til ein labb, kjent frå fleire plassar i Trøndelag. Labbsolen kunne vera av strie, garntråd eller tøvde sjøvottar og var gjerne sett inn med tjøre eller forsterka med lêrbitar. I følgje boka kan labbsole også brukast nedsettande om mannsperson. Ikkje akkurat overraskande, det!

11.3.13: Tørrmatslø
Svolten på tørrmat (som «kakskiv’» etc). Opplyst på Spaserstokk-arrangement på Steinkjer i dag. Informanten hadde ordet frå Ytter-Namdalen.

10.3.13: Drævhei
Ei arbeidstunnu (sjå gårsdagens ord) er nok ei som går som ei drævhei – går i stadig knog og arbeid. Ordet drævhei kjem frå Hitra.

9.3.13: Arbeidstunnu
Heidersord for ein type kvinner som det fanst mange av før, og som det finst ein del av
den dag i dag. Ei arbeidstunnu er eit lite, tynt, men sterkt og
arbeidssamt kvinnfolk (Oppdal, Soknedal, Singsås). Ei tunnu er vel
opphavleg ei fjøl til å strekke skinn på, men her altså overført på
folk.

8.3.13: Skjefta
Til ære for alle skjefta kvinnfolk på dagen dykkar: Ei som er skjefta er grepa, framifrå, driftig, har bein i nasen. Ordet er brukt ganske vidt ikring: Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Sunnmøre, Trøndelag og fleire. «Ho Brit er sanneleg både ei skjefta og grei kjerring» skriv Hans Hyldbakk i «Ei haustferd på Nordmøre». Til verbet skjefte ‘sette skaft på’, og overført på folk kan dei vera slik og slik skjefta – sett saman.

7.3.13:  Huggu buver
Særdeles stygt vêr (Rørosdistriktet).

6.3.13: Tutmulåt (adj)
Som sitt og surmuler (Mosvik)

5.3.13: Å nyste røvtråd
Gå og dilte atti ræva på nokon. Uttrykket er oppgitt frå Tydal, på dialektarrangement i Selbu 3.9.11.

4.3.13: Bekkvognboks’ (bikkvognbukse)
Klaffbukse, lokkbrok. Ordet lært på arrangement i Bjugn 3.3.  Når vi veit at bikkvogna er ei arbeidskjerre som kan bikkast slik at lasset fer av, blir bildet perfekt!

3.3.13: Ellei
Opphaldsver etter byge eller mellom byger (Trøndelagskysten og Ytre Nordmøre). Kjem vel av el-løye.

2.3.13: Siskol
Vedvarande regn, siregn. Ordet er visst lokalt for Namdalsområdet. Uttalt med å-lyd i andre staving.

1.3.13: Marsidynten
Kraftig snøfall i mars. Ordet er registrert frå Klæbu. Snødynt er elles velkjent i trøndersk om (stort) snøfall.

28.2.13: Neverskomil
Så langt som ein kan gå i eit par neversko før dei slitst ut. Omgrepet er kjent somme plassar på Nordmøre, og dessutan frå Solør og Trysil. Akkurat kor langt dette er, er litt uvisst; eg har sett eit anslag på 16 kilometer.

27.2.13: Tomsledeføre
Vi held oss til vinter og snøføre, og tomslæaføre i Hurdal er så djup snø at ein ikkje kjem fram når ein har lass på sleden.

26.2.13: Læke
Mildvêrsperiode om vinteren (Vestlandet frå og med Sogn og Fjordane til Nordmøre, Trøndelag, Gudbrandsdalen, Nord-Østerdalen, Uvdal). I Gudbrandsdalen uttalt lekke, i Trøndelag og på Nordmøre ofte lek’. Å slå i leka vil seie at det slår om til mildvêr.

25.2.13: Bronnemelk (brunnemjølk)
Mjølk med litt annan konsistens enn vanleg, med tillaup til at ho har osta seg. Teikn på sjukdom i juret. Arnfinn Aune, Sandstad på Hitra, har rapportert om dette ordet.

24.2.13: Oppin oppåt øråm
Storkjefta. Takk til Kjetil Dillan i Verdal, som kom med dette spreke uttrykket på Facebook.

23.2.13: Flokstell’
Ustelt, unett kvinnfolk (Flatanger). Ei tell’ er eit enkelttre, helst av gran eller furu, og er ikkje så vanleg å bruke i skjellsord. Tre er brukt mykje meir (håntre, tulltre etc). Ei flurtell’ er brukt overført om ei som er «fluråt» på håret.

22.2.13: Martnaskjærast
Kjærast, (fast) følgje som ein hadde berre under martna’n. Slikt var gjerne ein kortvarig romanse. På Romerike var kvinneleg martnaskjærast kalla martnaskjerring eller martnaskone.

21.2.13: Martnasblåse
Det er martnastid, og dagens ord gjeld ei gummiblåse (blære) med trefløyte i enden, til å blåse opp og få lyd i når ein slepper ut lufta. Slike vart gjerne kjøpt på martna. Kjent i Trøndelag, men også somme andre plassar (Modum, Holla, Bjerkreim).

20.2.13: Tortmykkjynn
Som stiller store krav, t.d. til traktering; storforlangande. Gammalt ord frå Ålen. I normalisert form turftmykjen, der førsteleddet heng saman med tarv – trong, behov. Det handlar altså om å trenge mykje. Registrert også i eldre kjelder frå Gudbrandsdalen. Ikkje belagt i norrønt, men det har truleg eksistert også i den tida, for i islandsk finn vi det som Þurftarmikill. I Snåsa har tortmykkjinn ei litt anna tyding, nemleg fornærma eller støytt. Men folk som har lett for på bli det, er jo også krevande.

19.2.13: Å sett på hølknakka
Prøve å innsmigre seg, ville vera på god fot med (Soknedal). Ein hølknakk (holknakk) er ein knakk (krakk) med hol i setet. Under holet kunne ein sette nattmøbelet.

18.2.13: Å slå ti seg hardpiken
Uttrykk for å stålsette seg. Dette vart dratt fram på arrangement i Ålen 17.2., og der vart det sagt at det skriv seg frå pikstav (piggstav) som dei brukte til å sette fart på stae oksar. Å sette pik i ein betyr elles å få fart på.

17.2.13: Lomre (verb)
Småfise. Opplyst på arrangement i Ålen. Ordet har også andre tydingar.

15.2.13: Lettblæst
Som pustar lett, som ikkje blir andblæst; som har god lungekapasitet (Vik i Sogn, Oppdal, Meldal, Snåsa; Ivar Aasen skreiv det også opp frå Helgeland). Viktig eigenskap for dei som driv kondisjonsidrett! I Valdres kan lettblæst tyde lettspelt, om blåseinstrument.

14.2.13: Sopskjølder
Skjelving («skjølder») i kroppen fordi ein er svolten («sopin»). Verdalsuttrykk, formidla av spellmannen Asmund Bjørken.

13.2.13: Piksnø
Tørr, haglliknande snø (mange plassar i Indre Sør-Trøndelag, pluss Sunndal, Os i Østerdalen og Hillesøy i Troms).

12.2.13: Kvitfluge
Ei slags poetisk uttrykk for snøen, snøfluksene. «No kjem kvitfløgu», kunne det bli sagt i Sunndal når det begynte å snø. Seiemåten er registrert fleire stader nedover Vestlandet, og finst også i Ivar Aasens «Norske Ordsprog». «Kvitfluå dansa» er eit gammalt uttrykk for snøfokk, nemnt frå Halsa.

11.2.13: Å bera hundhauet
Å bera eller vera hundhauet er å seie frå om det som er ubehageleg, synge ut, vera «varslar» (Nordmøre).

10.2.13: Gloeise
Glohaug (i omn) (Drangedal, registrert også frå Rollag i Numedal). I Surnadal heiter det glostabbe. Sjøl råveden brenn om ein får til skikkeleg glostabbe. Aktuelle ord for dei mange som praktiserer vedfyring.

9.2.13: Veigar’n
Snøplogkjøraren, brøytaren (Grong, Høylandet).

8.2.13: Brøytingssnø
Så mykje snø at ein må ut med plogen og brøyte. Ordet er registrert frå Surnadal og Fosnes, men finst sikkert fleire stader. På Innherred kan det heite brøytsnø, og frå Setesdal skreiv Hans Ross opp brøytslesnø («brøyslesjno’re») i si tid.

7.2.13: Tullel
Anfall av raseri, sinnsforvirring eller toskeskap (Sunndal, Oppdal, Selbu, Sørli og sikkert fleire).

6.2.13: Kjelsteik (tjukk l)
1. Person som er glad i varme og helst vil sitte i omnskråa (Osen i Sør-Trøndelag). 2. Kjælen person, ei(n) som gjerne vil bli kjælt med (Tresfjord i Romsdal).

5.2.13: Å rål’ med tuggen i kjæfta
Jamre seg utan grunn; vera misnøgd med det ein har (Verdal). Å rål’ tyder her å hyle, remje. Merk dei systemriktige dativformene! Det er nok sauene som opprinneleg kan finne på å «råle» med grastugga i kjeften.

4.2.13: Skjortemikkel
Unge som fer rundt i berre skjorta (Sandsvær).

3.2.13: Skifatnad
Lokalt ord for skibinding (Buvika).

2.2.13: Kjynnesmøss-supen
Rest av julebrennevinet som skulle vera att til kyndelsmesse (2. februar) og drikkast da (Todalen i gamle Stangvik, no Surnadal kommune).

1.2.13: Glye
Slimete, geleaktig masse. Ordet kan også tyde andre ting, men dette er vel den mest kjente. «Augo hans Ole Johan var berre ei slimut glye» skriv Jakob Sande i det makabre diktet «Likfunn». P. Chr. Asbjørnsen samla ikkje berre eventyr. Han skreiv også om mat og var opptatt av å fornorske språket, og i boka «Fornuftigt Madstel» (1864) foreslo han nettopp glye som avløysarord for gelatin. Men det vart vel ingen suksess –

31.1.13: Trågråten (adj)
Om ungar som græt lenge; sippete (gammalt på Sunnmøre, dessutan oppskrive frå Selje i Nordfjord).

30.1.13: Fauskagn
Eit slag åme som finst under borken på nedrotna tre, brukt som agn under isfiske (Orkdal, Skaun, Hølonda). Skal vera larven til den billa som heiter furubukk.

29.1.13: Purrull
1. Lokkeord til sau: «Kåmmå no, purrullann!». 2. Liten klump av deig som smakebit til ungane. Ordet kjem frå Oppdal, og vart trekt fram under eit pensjonistarrangement på Buvik kafe denne dagen. I ei bok med folkeminne frå Romsdal, som kom ut i 1933, er det fortalt om ein liten gut som kom ned til Finnset i Eikesdalen, ein som ingen kjente. Så ropa det oppi ura der: «Purull! Purull! Litl-Purull minn!» – Å, det er mamma mi, sa guten og for sin veg. Det var nok jutulmor som ropa på ungen sin –

28.1.13: Å trø tarma
Gjera tarmar reine i samband med slakting. Brukt overført om å stappe i seg mykje mat (Hølonda).

27.1.13: Svalgut
Noko av poenget her er å få fram presise dialektord med innhald som ikkje er dekt av noko standardord. Svalgut kjem frå Fron i Gudbranddsdalen, og står for yngre bror av odelsguten.

26.1.13: Spærrilægg
Person med stivt, «militært» ganglag (Meråker). Det er utruleg mange gode dialektord for å karakterisere folk!

25.1.13: Vindskitestøng
Dialektane er rike på ord for ymse kroppslege plager. Dette ordet kjem frå Hordaland, og betyr mageknip eller kolikk. Takk til Eli Neeraas Vihovde som sendte det inn!

24.1.13: Skitluftedryftar
Eit skjellsord som professor Reidar Djupedal skreiv opp frå heimbygda Selje i Nordfjord i si tid. For forklaring gir vi ordet til han: «ein som slær stort på men som ikkje har noko å fare med; person som skal prate og som bryr seg med småting og pirk og som er masete om alt og alle, og sladrar om inkjevetta».

23.1.13: Spikrotmagga
Mage som toler alt (Hitra).

22.1.13: Truppul
Raring, einstøing (Hans Ross i Norsk Ordbog 1895, heimfesta til Nordmøre og Fosen). Men Johan Klakken i Rissa kjente ordet og ringte inn om det i radioprogram i 1998. Han forklarte det som ein tverrpomp. Er det fleire som kjenner det?

21.1.13: Tronkjinn (adjektiv)
Heilt stappmett, fullstappa av mat. Notert i Meldal 1998, og da oppgitt som eit gammalt ord i bygda. Tronken eller trunken kan elles bety opphovna, truten, men også sur og furten, eller tverr og uvillig, alt etter kor du er i landet.

20.1.13: Å mess-komm-ihau-sæ
Å hugse feil, misminne seg. Trøndersk uttrykk som bryt med alle reglar og teoriar for korleis ord kan settast i hop. Som Hamsun sa om nordnorsk: «ravgalt inntil kunst, men det uttrykte deres meninger».

19.1.13: Sjøsluk
Lokalt namn frå Flatanger på fisken breiflabb (marulk). Belagt berre frå Flatanger, og står i ei interessant ordsamling i årsskriftet til det lokale historielaget, der det kjem tillegg kvart år.

18.1.13: Augomkrøks
Uttrykket betyr straks, på timen: «æ kjæm ögomkrøks». Notert under eit arrangement på Verrastranda 28.10.2011. Det var fleire som stadfesta det og brukte det.

17.1.13: Rennkammartan
Hastverk, springing for å komma seg på do (fordi ein har «rennskjuttu«). Målande skildring av kinkig hastesak, ordet kjem frå Todalen på Nordmøre (i gamle Stangvik, no i Surnadal kommune). Tan er som kjent springing i full fart, og kammar er rett og slett «mannskit».

16.1.13: Ei slettrenn(e)
Skirenne (løype) som det ikkje er hopp i, altså ei utfor-eller slalåmløype (Meldal). Somme plassar på Austlandet har det vore kalla slett(e)løype.

15.1.13: Mjøksuplesar (-læssar)
Nok eit «mjøk»-ord frå Normøre. Dette står for ein hyklar, ein som gir seg ut for å vera «religiøs» og litt betre enn dei andre, og som ikkje har i seg noko sterkare enn «mjøksup» (mjølksuppe), i alle fall ikkje når andre ser det. Kjent frå Rindal og fleire stader. Ein lesar er ein «religiøs» person, frå først av var det truleg bruka om haugianarane.

14.1.13: Søtmjøkspikkje
Kalleord eller skjellsord frå Tingvold. Brukt både om ein svak, «feminin» kar og om ein som er glad i søtsaker. Mjølk heiter mjøk på Nordmøre, og spikkje er eigentleg fuglen kjøtmeis.

13.1.13: Aka hålsko
Renne, skli på skorne på isen (i ei sklie). Brukt i eit område på Austlandet (Land, Hadeland, Toten, Sør-Gudbrandsdalen). Også sagt haulsko.

12.1.13: Sammenbask
Trønderord, nærmare bestemt frå Orkdal, for innavl: «Nå ja, det vart væl my samenbask uti dær, da sju». Henta frå den framifrå hefteserien «Som sagt», av Hallvard Morken. Mange godbitar der!

11.1.13: Gainnsøa (gand-)
Kraftig vindkule (Osen): «Hainn kom me ei gainn-søa da æ va mett utpå fjol’n så æ tænkt hainn ha hivd mæ»

10.1.13: Gråleik
Leik, moro som endar med gråt og uvennskap. «No bli det snart gråleik», eller «dokk må itt holl på så det bli gråleik», var sagt når ungane flira eller styra for mykje. Ordet er først og fremst kjent frå Stjørdalsbygdene, men også frå gammalt i Selbu og Tydal, der som grålek.

9.1.13: Meiokko
Spor etter sledemei i snøen (Inner-Namdalen). Okko heng i hop med å aka.

8.1.13: Gropgrynhoinn (grovgrynhund)
Ein som er stygg og grov i kjeften, eller i oppførselen i det heile (Grong, Fosnes). Frå Overhalla fekk vi varianten groptrynhoinn under Melamartna’n 2012.

7.1.13: Midtskåa
Skareskorpe som ligg midt i snølaget, tilsvarar trettendagsskåa (Verdal)

6.1.13: Trettendagsskåa
Skareskorpe (skå) som dannar seg ved mildver rundt 13. juledag. Trettendagsskåa ligg midt i snøen, er det sagt (Selbu, Hegra, Velfjord). Dersom dette merket stemmer, skal det altså legge seg like mykje snø etter denne dagen som før.

5.1.13: Trettenbekre
Trettenbekre er eit namn på utkledd person som for rundt til folk i trettandehelga, det tilsvarar julebukk. Men det var samtidig også eit vette som var ute ved desse tider, på same måte som julgeita i tida før jul. Ordet ser ut til å vera heilt lokalt for Nordmøre, og helst gamle Stangvik kommune (Todalen, Ålvundfjorden). Bekre = nordmørsk for ver, saubukk. Sjå også om nyårsgeita under «dagens ord» 31.112.

4.1.13: Læ-ver eller le-ver (inkjekjønn)
Mildver. Ordet er belagt på Vestlandet og nordafjells og går så vidt inn i Nord-Gudbrandsdalen, men ser ut til å mangle elles på Austlandet og i Agderfylka. Norrønt hlæveðr; førsteleddet er adjektivet , norrønt hlær ‘linn, mild’ (vel helst om veret).

3.1.13: Nasalint (adjektiv inkjekjønn)
Så kaldt at ein får nasedrope. Spøkefullt lada ord, t.d. dersom nokon spår at det vil bli lint (mildt i veret) og ein ikkje trur særleg på det, kan ein svare at det blir nok berre «nasalint». Brukt i somme austlandsbygder (Romerike, Solør, Odal, Stange). På Toten nåsålint. «Er det nasalint i dag?» kan også seiast til folk som er forkjøla. Substantivet nasalinne/nåsålinne om nase som renn har vi også (Slidre, Søndre Land, Ringerike).

2.1.13: Nyårsnåvvår’n
Eit slags skummelt vesen, ein bor, som etter folketrua for og bora hol i veggene til folk kring årsskiftet (Verdal). Litt annleis i folkeminneboka «Frå gamal tid» (også Verdal), der nyttårsnåvvår er forklart som ein navar som skulle stå i ståldøra (opninga mellom låven og kornstålet) nyttårsnatta.

1.1.13: Frøskjerring
Kan bety sint, oppfarande kjerring. Men på trøndersk er det også sagt om «stjerneskudd», som mange har hatt til nyttårsfyrverkeri. Det finst også andre namn på dette, f.eks. tikka brasar inn til oss frå Tingvoll siste dagen i 2012. Fleire ord for «stjerneskudd»?

31.12.12: Nyårsgeit eller nyttårsgeit
1. Person som gjekk «julebukk» i eller etter nyårshelga (Elverum, Eidsvoll, Furnes, Meldal). 2. Vette som det vart skremt med ved nyårsleite, tilsvarar julgeita (Frosta).

30.12.12: Julørka (bestemt form)
Arbeidsdagane mellom jul og nyttår (Nordmøre, Trøndelag, Fjaler)

29.12.12: Julflua
Stor, einsleg fluge som dukkar opp inne i hus ved juletider. Eitt av dei mange orda Steinar Nilsen har samla inn på Hitra.

28.12.12: Julbrødvarå
Småkaker i jula (Høylandet).

27.12.12: Julhaue(t)
Å ha fått på seg julhaue(t) – vera glad og lystig og litt på’n i jula (Innherred, Grong). I Trysil «å få på seg julhuvu».

26.12,12: Julkut
Kjøretur, kanefart i jula; gjerne i samband med besøk (Austlandet, Trøndelag, Målselv). Det hendte det vart kappkjøring ut av det. I Trøndelag og på Nordmøre er det gjerne kalla julskjøt.

25.12.12: Juldagspetter
Ein som går på besøk til folk første juledag (Helgeland, Salten). Slikt var rekna for dårleg folkeskikk.

24.12.12: Jul(e)band
Kornband som ein heng opp til småfuglane i jula; julenek. Nokså utbreidd nemning: Valdres, Hallingdal, Numedal, Setesdal, Voss, Nordmøre, Trøndelag og sikkert fleire. Nek er altså slett ikkje noko allment ord for dette. Også kalla fugleband, jf «føggelbæinn» hos Prøysen. Mykje fugl i bandet varslar godt år.

23.12.12: Jultroll
1. Fillete klede som ein har på seg i tida før jul (Gudbrandsdalen, Stadsbygd, Flatanger). 2. Person som går i slike klede (Nord-Fosen, Inderøya).

22.12.12: Tjuvbotn
Innbukting i botnen på flaske. Tjuv- vel fordi det «stel» av volumet. Dette var kanskje meir markert på flaskene før. Her er ein uttalelse frå Meråker om ein som var sid til å drikke: – Fluggu kan sitti tærskodd (tørrskodd) på tjyvbotna!

21.12.12: Kverva
Kverva (i bestemt form) er solsnu (Orkdal, Meldal, Melhus). Jamfør solkverv. Kakebakinga måtte ikkje gjerast på denne dagen, for da «kom kverva ti kaku» – kakene «reiv seg» og vart rå (Orkdal).

20.12.12: Skjænnhaukdag
Ein dag da ein finn på noko som det ikkje er gagn i, som t.d. å kjøre ein tur på måfå (Skogn). Å ta seg ein skjænnhaukdag sitt vel lenger inne enn å ta seg ei tomstund i travle tider. Ein skjænnhauk er eigentleg ein rovfugl, enten sporvehauk eller musvåk.

19.12.12: Tomstund
Ledig stund; kvilestund. Folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu forklarer det slik: «Ta sæg i tommstonn, setti å ingen teng hå-ferr sæg».

18.12.12: Gråleik
Gråt og uvennskap. Når f.eks. ungane leikar for vilt, kan det bli sagt at det vil ende med gråleik (Stjørdalen, Selbu, Tydal).

17.12.12: Verlys
Nordlys (mykje utbreidd). Vel fordi ein har teke vêrvarsel av nordlyset.

16.12.12: Å sko hålka
Det at det kjem litt snø som festar seg oppå hålke, så det blir tryggare å gå (Trøndelag).

15.12.12: Tullvind
Vind som er uberekneleg, som kjem frå alle kantar (nordafjells).

14.12.12: Treklappi
Hakkespett (Namdalen).

13.12.12: Grunnstøng
Issvull på steinar i elvebotnen, utan at det blir is på overflata i elva (Verdal). Elvebotnen «skyt is». Elveisen blir aldri liggande lenge når han legg seg på den måten, seiest det.

12.12.12: Trekkspelleggar
Sokkar som sig ned og blir liggande i skrukker (Eidsvoll, Ålen o fl). Også kjent som trækkspællhosso (trøndersk; opplyst av Aud Marie Mollan) eller trækkspællhåsæ (Leirfjord og Alstahaug i Nordland).

11.12.12: Glansros(e)
Glansbilde (Tynset, Røros, Ålen, Rindal – og sikkert fleire)

10.12.12: Vegglusgran
Gran med ringar oppover stammen (Skaun).

9.12.12: Spikarkaldt
Sprengkaldt (Nordmøre, Fosen, Namdalen, Rana). Edgar Kattem i Rindal har ein interessant ide om mogleg opphav: Det er så kaldt at «spikarhaua» visest i rimfrosten i bordkledinga på veggen. Like sannsynleg er det kanskje at tanken bak er at frosten, kalden er så hard som ein spikar.

8.12.12: Gneggfotlengd
Bitte liten monn eller avstand (t.d. når ein sagar av – «gnegge tå» – bitte litt av ei fjøl) (Budalen; uttala -lengn).

7.12.12: Tvoføtekatt
Ein som 4.12.15: naskar mat på kjøkkenet (Sogndal, arkivet til Norsk Ord26.1.21.1.16: bok)orsen

6.12.12: Snøgneiste
I fleirtal, snøfjom med tørr, lett snø (Folldal, Indre Nordmøre, Oppdal, Rennebu8.12.15: , Hølonda, Snillfjord, Hitra, Byneset), Stjørdal): det kom nokre snø(g)nesta.: Fuglsittan

35 thoughts on “«Dagens ord»

  1. Snønæsta i Rindala.

  2. Rita Hovde on said:

    På Frøya sa dæm «gainnvinnjgjæl» om en hvirvelvind som helst oppsto ved vindretning fra nord til nordvest. Den kunne gjøre mye skade.

  3. tojk on said:

    Fin den, Rita!

  4. tojk on said:

    Vindgjæl/vindgjer er jo = vindkast

  5. Rita Hovde on said:

    Augomkrøks har en viss likhet med sporenstreks, som betyr det samme.

  6. tojk on said:

    Enig i det, Rita! Godt observert.

  7. Rita Hovde on said:

    Det ligna veldig på stuppul, som vi sa på Frøya. Det uttales med tjukk l og betyr det samme som truppul.

  8. Rita Hovde on said:

    OBS. Stuppul går nok mer i retning av tverrpomp, men han er også en raring.

  9. tojk on said:

    Ja, stuppul liknar jo, og det er fleire andre også: trummul, tuppul, ruttul etc. Formelt er nok likevel alt dette forskjellige ord, men dei går inn i eit tydeleg mønster i trøndersk. Er litt inne på dette i siste boka mi, «Din hånstaur!»

  10. tojk on said:

    Det er tilbakemeldingar frå Hølonda (på facebook) om at å trø tarma truleg heller er å lage morr, altså å stappe noko i tarmane.

  11. tojk on said:

    artig, Ragnhild!

  12. Interessant med «tort». I rindala kan det henda at somme er stortortau,- eg tolkar det som er stor på det/kravstor.

  13. tojk on said:

    Ja, dette er ein annan måte å seie det på. Dette er nok litt meir utbreidd enn «tortmykkjynn», og hieter i normalilsert form «storturftig». Leddet «tort» = «turft» går igjen i begge.

  14. tojk on said:

    Storturftig står også i Nynorskordboka. I Norsk Ordbok er det heimfesta til Hallingdal, Numedal og Vestlandet. Rindal er kanskje nordgrensa for ordet?

  15. tojk on said:

    Til brurafuri (30.10.13), som eg la ut på facebookgruppa for namdalsdialekt. Her kommenterer Arild Lindsetmo (31.10): «eillers har æ hørd brurafurinj om ein som ha verri boksferlåva med brura» (Otterøya).

  16. Steffen on said:

    Til Fløskjær:

    I Heissafjorden mellom Ålesund og Sula, Møre og Romsdal ser ein framleis på kartet ymse fluder (fløskjær) som Sandvikflua, Flesjefluda, Korsfluda og Valleflua.

    Hokjønnsordet flu(d) finn ein i Nynorskordboka (http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=flu&nynorsk=+&ordbok=nynorsk).

    Kartet eg finn desse fludene på er kartet til GuleSider (http://kart.gulesider.no/).

  17. Kjersti L. on said:

    I dag er det høstjevndøgn. Jeg hadde håpet på noen dialektord for dette. Jamdøgn er for «alminnelig». En kollega hadde et annet ord i vår, men han har ikke svart på mitt spørsmål om hva det var – og om han har et for høstjevndøgnet også. Har du?

    • tojk on said:

      Takk for kommentar Kjersti! Har ikkje svar på ståande fot, men skal sjekke det på jobben i morgon.

      • tojk on said:

        Fann faktisk eit ord no i kveld 23.9. Jamhaust – lagt på «Dagens ord».

  18. Ann grimsmo on said:

    Har ikkje høyrt «samlaget» om butikk i Rindal. «Samvirke» derimot var vanleg bruka, og er delvis bruka enno, trass i Prix og Marked.

  19. Ann Grimsmo on said:

    Kommentar til Dagens ord 09.12.2015. Der er det sagt at skrå er eit gammalt ord for sko. I gammal rindalsdialekt er skre bruka om sko i fleirtal, men eg har aldri høyrt skrå bruka om ein sko. Det verkar truleg at skre er fleirtal av skrå. Kom og til å tenkje på at på Færøyane er skrå bruka om program (program for olsokfeiring). Kan det vere nokon sammanhang?

    • tojk on said:

      Skre er fleirtalsform av skrå, ganske riktig. I gammal nordmørsdialekt er det nok helst berre fleirtalsforma som har levd opp til vår tid. Men Leif Halse fortel om ein skikk «å spenne skrå». Dei vippa ein sko over hauet på seg, og i den retninga tåa peika, skulle kjærasten/ektemaken komma frå. Skrå om program var interessant, for det betyr jo også oppskrivne lover, vedtekter m m. Samanhengen er nok at desse opphavleg var oppsett på skinn, og at skrå opphavleg har vore bruka om skinnsko.

  20. Rita Hovde on said:

    Ein argstein kainn værra ein som ha vorri utsætt før ein harmastein over længer tid.

  21. Å One/onast har du 5.12.16. Det minner meg om eit uttrykk som var brukt i min barndom på Sunnmøre: «Han låg der og orjonast». Deter lufta fleire gonger i Sunnmørske ord og uttrykk som burde brukast oftare

  22. ‘Depleri’ har du 8.12.16. Frå min barndom på ytre nøre Sunmøre kan eg ikkje minnast ‘depleri’ eller ‘depel’ brukt om vinterføre, slaps og is. ‘Dape’ var væte oppå skeiseisen. ‘Depel’ var ei skitsøyle på veg eller rås. Eg synest likskapen med ‘Dublin’ og med tydinga av ‘Blackpool’ er slåande!

  23. Ann Grimsmo on said:

    Reiregg i overført tyding kjenner eg ikkje berre bruka om pengar. Mor mi og tantene bruka det om dei oppdaga noko som stod att etter at dei var ferdig med koppvasken. «Det er bra å ha reiregg»= noko å bygge vidare på.

  24. Ann Grimsmo on said:

    Frampårulla: Med dette tenker eg på at tømmeret er rulla frampå elvamelen klar til flåtting-

  25. Tilbaketråkk: 11.mars 2020. SKAUMANN. – Ordglad

Legg igjen en kommentar