Moro med ord og uttrykk!

Vallsaks (rome)

Rome

Vallsaks er dialektnamn på denne planta i heile Møre og Romsdal og tilgrensande delar av Sør-Trøndelag. Likeeins i Nordfjord, og elles her og der nedover Vestlandet. Meldal har varianten -sjaks i sisteleddet. Første delen heng truleg saman med voll, og siste delen, saks, er nok på grunn av dei sverdforma blada. Norrønt sax kunne bety ‘kort sverd’. Eit tysk namn på denne veksten er visst Schusterknief ‘skomakarkniv’.

«Det anga sterkt av myr og mose, og valsaksgraset lyste gult i rastane» (Leif Halse: Sommardagar i Trollheimen, s. 38). Frå Tingvoll heiter det seg at dersom det er mykje vallsaks på ei myr, er ho trygg å gå på. Omvendt er det i ei opplysning frå Leksvik; der er det sagt at den veks på «råtamyr», så der måtte ein ikkje kjøre.

Andre namn av same slag er fjellsaks og myrsaks. Begge forekjem i Trøndelag; det siste også på Nordvestlandet og Helgeland.

Somme namn på rome er samansett med leddet brodd eller brydd, f eks bjønnabrydd i Oppdal, myrbraudd (Mosvik, Sparbu, Nordli) og libraudd på Namdalseidet. Fleire av desse kan også vera brukt om andre planter, slik som den som offisielt heiter bjørnebrodd (Tofielda pusilla). Av og til er planta kalla storrgras, fordi ho veks blant storrplanter på myr. I Suldal er det brotastorr, sjå om beinbrot litt lenger ned.

Planta kan heite ljågras i Telemark, somme plassar i Agder, pluss Suldal.

Det offisielle namnet er rome eller romegras. Dette skal henge saman med norrønt hrumr ‘veik, skrøpeleg’. Ein rekna med at krøttera kunne bli beinskjøre av å eta rome. Beinbrekk eller beinbrekkgras er namn som har vore brukt. Dette er nok direkte omsett frå tysk Beinbrech. Og vi finn det att i siste delen av det latinske namnet: Narthecium ossifragum.

Planta er jo giftig, og mest kjent i vår tid er vel romen for at han fører til sauesjukdommen alveld. Det er ein slags betennelse som gjer at huda på hovud og øre ser ut som ho er brent. Særleg på kvite lam.

 

Tepperot

Tepperot

Tepperot er det offisielle namnet på denne planta, som på latin heiter Potentilla erecta. Dette er ei av dei plantene som har vore mest bruka i folkemedisinen, og det er eit utal med dialektnamn på henne. Ho har vore bruka mot munnsår og andre sår, men først og fremst mot diaré. Det ligg også i sjølve namnet tepperot, for verbet å teppe betyr å stoppe, tette att. Ei fullstendig oversikt over alle namna finst i Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon.

Eit folkeleg utrykk for diaré er skite (i mange uttaleformer, som skjuttu, skjetta, skjøtu m m). Dermed blir skiterot eit høveleg namn på tepperota. Etter Norsk Ordbok har dette samanhengande utbreiing med Nordmøre, Trøndelag og Nordland, innslag sørover Vestlandet (Fræna, Volda, Odda) og eit strøbelegg frå Lier. Uttalen blir skjutturot, skjettarot m m, alt etter kor du er hen. Skitegras er eit anna adekvat namn. Her fører Norsk Ordbok opp Vestnes, Tresfjord, Ålen, Leksvik, Mosvik, Elsfjord og Sørreisa.

Så er det eit mylder av meir lokale variantar, her er nokre: Skjuttugull (Geitastranda, Hølonda, Leksvik), skjøttugull (Rindal), skjutturotgull (Mosvik), skjutturotblomster (Namdalseid, Snåsa), skjettarotgras (Helgeland), skjettsolei (Røyrvik) og skjuttumannblomster (Malm). Magarot i Trysil viser vel også til effekten mot laus mage. I svensk dialekt finst dritrot. Eit passande, men svakt dokumentert namn (truleg frå Hattfjelldal) er renneskitstilla.

Før Linné kom og skapte system i offisielle plantenemningar, var Tormentilla brukt på denne planta (latin tormentum ‘smerte’). Frå middelalderske urte- og legebøker har dette spreidd seg til dialektane i meir eller mindre forvanska former, som tormantille, tillimann, turmannsro o fl.

 

Langfotakongle

 

LangotakongleEster

Ja, det er det namnet eg helst ville bruke på denne skapningen. Det er avgrensa til Nordmøre og Romsdal, og det kan også bli bruka om ei stor kongro, eller kongle, som det heiter i dette området. Og den vi ser på bildet, er vel ei kongle (kongro) eller ein edderkopp. I Leksvik og Frol vil dette vera ei langskankkongro.

Vi ser altså at slike kan bli blanda i hop med myhanken, den store myggen med svært lange føter. Også kjent som stankelbein, langbein og eit utal forskjellige namn. Det gamle namnet på den i Sunndal var nok myhenkje. Austafjells mange plassar har dei mehenkje, også mehenkjekrakk og mehenkjekraka. I Inntrøndelag og oppover i Nord-Norge finst nemningar som langskankmy eller berre langskank. Skjengelmy har vi også innafor same området. I Sørli, Nordli og Røyrvik er det langskjengelmy, og i Leirfjord og Astafjord skjengelmyskank.

At namna på forskjellige insekt kan gå litt om kvarandre og «hoppe» mellom artar, ser vi ved at den vanlege stikkemyggen heiter langskankanders i Bolsøy. I Dalane i Rogaland har myhanken vore omtala og tiltala som loje langbein, langbein loge eller langbeinloge, og i Drangedal i Telemark som hølje langbein.

Den som først og fremst har kartlagt ordgeografien for myhanken og fleire andre insekt, er Arnold Dalen, og det kan ein lesa om i festskriftet til han, s. 57-74.

Da står det att å takke Ester Kjellaug Sveen for at eg fekk bruke bildet!

Dagens ord II

30.4.24: Boltit/kleinårsåkerlo

“Det er ingen som lager TV-program om boltitten», syng Øystein Sunde. Men han sytte i alle fall for at denne trivelege fjellfuglen fekk sin eigen song. Fjørdrakta er veldig audkjent (karakteristisk). Det latinske namnet er Charadrias morinellus.

Eg kom til å spekulere litt på namnet boltit, og spesielt første delen. Siste delen er vel tit(e) elller tet som vi har i så mange fuglenamn. Standardordbøkene og Det Norske Akademis ordbok (NAOB) seier det truleg inneheld ordet bol ‘hi, reir’, medan Store Norske Leksikon melder pass og reknar opphavet som uvisst. Herman L. Løvenskiold har ei alternativ forklaring i ein artikkel i Årbok for Den Norske Turistforening 1952: «Bolltit heter den fordi den nærmest av alt likner en liten ball som kommer rullende over marken».

Enten bol eller boll/ball altså. No har vel bo:ltit med lang, trong o-lyd vorte ein slags standarduttale. Men kva sa informantane frå Gudbrandsdalen og Valdres som ordboksmannen Hans Ross fekk opplysningar om ordet av? Første ordboksføringa er nemleg hos nettopp Hans Ross, ikkje i ordboka frå 1895, men i det første av i alt seks tillegg som han publiserte i etterkant. Her seier han berre at det er «en vis Høifjeldsfugl». I to seinare tillegg har han komme fram til det latinske namnet. Men etter den tidas skriveskikk er det uråd å slutte noko sikkert om uttalen ut frå dette. «Boltit» finst elles også i P. A. Jensens lesebok frå 1863. Frå Malangen er «boltiting» nemnt som lokalnamn på lauvsongar, men nøyaktig uttale er ikkje markert.

Eg har prøvd å spore opp ein «ekte» målføreuttale som kunne avgjera saka, men det har vist seg vanskeleg. Men det er kanskje grunn til å merke seg at forfattaren Ragnar Solberg, som skreiv på målføre frå Dovre, brukar forma «bolltit». Fuglen har nok ikkje vore særleg mykje omtala, til forskjell frå slektningen heiloa. Det ser ut til at «boltit» har festa seg tidleg som ei offisiell nemning på denne arta. I følgje somme oppslagsverk skal fjell-lo også vera brukt om boltit. NAOB har dette som einaste tyding, men vanlegvis er fjell-lo brukt om heiloa. Det skulle elles ikkje vera særleg sterke grunnar til å blande dei to.

Vi har nokre andre namn på boltiten. Rundfugl i eit par eldre kjelder er noko usikkert, medan pomeransfugl (etter den brunraude undersida) helst er importert frå Danmark. Men her om dagen kom eg over eit lokalt namn frå Sørli: kleinårsåkerlo. Åkerlo er her heilo, som på mange andre plassar i Trøndelag. Når ho hoppa rundt på marka og skreik, var det tid for å så. Men når kleinårsåkerloa (boltiten) av og til viste seg på jorda i seine, kalde vårar, skulle det bli eit dårleg år. Det er forstmannen og ornitologen Kristen Krogh, kjent mellom anna som naturverninspektør, som har komme med denne opplysninga i eit par publikasjonar.

Men vi står altså stadig fast når det gjeld opphavet til førsteleddet i boltit. Kanskje det kan finnast noko i originaloppskriftene til Hans Ross? Eg hallar mest til at det eigentleg er boll- ‘ball’. Ei indirekte støtte er det kanskje at fjell-loa/åkerloa kan heite åkerloball i Hemnes i Nordland. Begge er runde på skap.

Foto: Store Norske Leksikon

18.4.24: Marklende

Bildet er i grunnen med berre for at det viser litt terreng, i ein kjent dal på Nordmøre. På indre Nordmøre har vi nemleg eit synonym for terreng eller lende (i utmark), og det er samansetninga marklende. Som målføreord er det visst hokjønn, som vi ser av dette sitatet: «Nei, marklennå der e slik at der skoill de ha vårre sleppt bjønn!» (Du mitt Nordmøre 2003, s. 170). Dermed er det tale om fin og stygg marklende (ikkje «fint» og «stygt»). «Marklenda flatna og gjekk over i fjell»- skriv Leif Halse i Romanen «Dordi».

I tillegg til indre Nordmøre går ordet også inn i Hemnebygdene. (visstnok som hokjønn der også). I Oppdalsordboka er ordet ført som inkjekjønn, med den presise definisjonen «slett og steinfri mark». Men på Nordmøre kan marklenda vera både stygg, bratt og dårleg.

I mitt eige sundalsmål er «låglende» også gått over til å bli hokjønn: «ni låglændånnj» (dativ). Denne overgangen er ikkje så heilt uvanleg ved slike ord. Ved eit ord som «nyre» er han vel så å seie helt gjennomført, men den eldre generasjonen heime tala om «eitt nyr'». Og både «auge»og «eple» er ofte hokjønn.

4.4.24: Grøft(opp)kast

Grøfting i myr på Nordmøre 1932. Det er fortalt om ein bureisar i Bøfjorden som dreiv døgnet rundt. Han «halla seg berre nedpå grøftkastet ei lita ri mea fåglann tagd». Her ser vi ordet grøftkast brukt om den massen som er graven opp og lagt på kanten under grøfting. Arkivet til Norsk Ordbok har målførebelegg på dette berre frå Oppdal, men det kan nok supplerast. For eksempel er det komme med i den ferske, fine ordsamlinga frå Åfjord. Fleire trønderforfattarar har det også i ordverktøykassa si: Kolbjørn Brekstad, Johan Snøfugl og Ingvald Svinsaas. Her eit eksempel frå sistnemnte: «Spaden hans gikk rasende og kasta blaut lort oppå grøftkasta til seine kvelden» («I skyggen av et tårn» s. 61).

Massen blir jo kasta opp på kanten, og ein del plassar blir den naturleg nok kalla nettopp oppkast. Også grøftoppkast, som igjen har målførebelegg berre frå Oppdal i ordboksarkivet. Men eit søk på bokhylla.no gir god dokumentasjon i skriftlege kjelder mange stader nordafjells. Lokalt for Leksvik ser råsoppkast ut til å vera. Nettopp her kan rås bety grøft, slik som hos naboane i Stadsbygda og nokre andre plassar.

Til slutt ei lita trønderhistorie frå grøftekanten: Ein heidersmann i bygda skulle fylle 70 år, og ein journalist frå lokalavisa vart sendt til garden for å få eit intervju. Ho spurte etter jubilanten, og fekk beskjed om at han var ute og tok grøft. Ho fann han i fullsving i grøfta, og lurte på om det var han som skulle fylle 70. Jau, det var no det. Da kunne det vel passe med nokre ord i avisa, da? -Tja, dåkk må heller snakk med dfar min, han bli no netti no! Ja, dei kunne godt ta med han også, men kor var han å treffe? – Han heill på længer frammi grøfta her. Han ska forræsten gift sæ igjen no! – Ja, ville han verkele ggifte seg igjen i den alderen? – Han vill itt – men han må!

Foto: digitaltmuseum.no

18.3.24: Å korslegge

Her er det berømte bildet av Hjallis frå 1951, like før han datt. Det vart hevda at han var blenda av blitzen til Dagblad-fotografen Johan Brun i fjeset, og derfor fekk han gå opp att. Seinare har det komme fram at han kanskje var bopti ein liten metallstolpe akkurat da blitzen gjekk av.

Dette får no vera som det vil, den gode Hjallis meistra i alle fall svingteknikken på skeiser. Der du sett høgre skeisa over og framom venstre for å komma gjennom svingen og skyte fart ut på langsida ved hjelp av sentrifugalkrafta. Dette vart eg for min del aldri noko god til.

Denne teknikken blir gjerne kalla å legge over eller legge om. I Trøndelag og på Nordmøre heiter det ofte å korslegge. Truleg også lenger nord. I alle fall skildrar forfattaren Stig Bang frå Mo i Rana ei spenningsfylt stund der familien hører  på skeiserenn på ein dårleg radio. Kuppern kjempa med rundetidene, faren rugga vilt i gyngestolen, mora tassa varsamt rundt med kaffe og nysteikte vafar, og «avkommet kors-la som en hjulvisp under bordet»- Å «korslegge attåbak» er eit kunststykke for viderekomne på skeisebanen.

Elles ser å korskaste eller krosskaste ut til å ha vore ein del brukt. Ordboksmannen Hans Ross, som vi stadig vender tilbake til, har det frå Agder: «om Skøiteløb, hvori Benene slænges korsvis». Frå Kristiannsand er «krøsskaste» registrert i nyare materiale. Norsk ordbok har eit godt sitat frå Kristen Stalleland: «han kunde både skeisa framlenges og baklenges og krosskasta og hoppa».

Frå mi eiga heimbygd, Sunndalen, har eg hørt «å gå korssvingen». Dette har eg ikkje komme over andre plassar.

5.3.24: Makta etter modet

Myrenggubben i harnisk her, men står makteslaus overfor dei som er så frekke at dei badar i hølen hans. Men hadde han hatt makta etter motet, så skulle han altså ha rundjult alle saman.

Mor mi sa ofte med eit sukk: «ha e haft makta ette mo`a» (dativ inkjekjønn). Det var gjerne etter ho var komme opp i åra og merka at kreftene ikkje strekte til for alt ho kunne tenkt seg.

Sambandet «makt og mot» eller «mot og makt» er mykje brukt om styrke og krefter. Det gir jo eit fyndig bokstavrim. Men «mod utan magt er litet mætande», heiter det i Aasens «Norske Ordsprog», og «åra reise både me mot og makt» blir det konstatert i ei gammal ordtaksamling frå Stjørdal. Det blir også påstått at «makta minkar og sinnet veks».

28.2.24: Eåsand

Nei, det er for så vidt ikkje dette eg drøymer om her eg sklir rundt på svellkulane på Byåsen. Det er med her for å illustrere eit ord eg vil presentere. På Nordmøre heiter det eåsand (Tingvoll, Surnadal) eller eosand (Sunndal). Det er bruka om fin sand, som gjerne legg seg att i evjer langs elva, og som høver til støypsand. Eller verre enn som så: «Eåsand og kuppulstein ligg strøydd innover åker og eng» skriv Hans Hyldbakk i «Ei haustferd på Nordmøre» om situasjonen etter ein storflaum.

Førsteleddet inneheld eit ord for evje, i normalisert form ide. Det hart mange uttalevariantar. I indre trøndersk heiter det gjerne uddu, jf. udduvoll. På engelsk kan «eddy» bety ein liten straumkvervel, og det skal vera rart om det ikkje er ein sammenheng her.

Eosand på farsmålet mitt i Sunndalen altså, men kjennaren Ivar Ottem Nisja fører opp forma «øusand» (og her skal ø og u uttalast i kvar sin stavelse og ikkje som diftong). Det er for så vidt ei form ein ville vente ut frå klangen i gammeldags sunndalsmål.

Frå Gauldalen (Melhus, Horg) er oppgjeve «esand» eller «æsand» om fin sand, og frå Snåsa «essand» om kvikksand. Både esand og essand har fått eigne oppslag i Norsk Ordbok, men det spørst om vi må sjå på dette på nytt under revisjonen. Esanden (ofte skrive Essandsjøen) om den innsjøen i Tydal som no er ein del av den oppdemte Nesjøen, har visst ikkje noko med dette å gjera, anna enn at «sand» går inn også her.

Bilde: fotocommunity.de

15.2.24: Galgeristar

Vi har nyleg skreve om “slavemne”, som er eit skjellsord, men som opphavleg er ein som med livsstilen og oppførselen sin er kandidat til å hamne i fengsel, eller på slaveriet.

Enda verre var det med dei som førte eit så  lovlaust liv at det var stor fare for at dei ville ende i galgen. Når Steinar Schjøtt førte inn ordet «slaveemne» i sine to store ordbøker, brukte han «galgenkandidat» som synonym. Dette er eit gammelt dansk ord som nok ikkje er srleg i bruk lenger.

Men vi har ordet galgenfugl, som er eller har vore såpass vanleg at det (enno) står i standardordbøkene våre. Dansk har same ordet, og det kjem frå tysk Galgenvogel. Opphavleg har det betydd «kandidat til galgen», men det har etter kvart komme til å stå meir for ein spøkefugl, ein galning.

Det samme gjeld det meir heilnorske ordet galgeristar.  Det er også i utgangspunktet ein som teiknar til å dingle i galgen etter kvart. Men så har det vorte ufarleggjort til å bety villbasse. På Jæren har det vorte nærmast eit kjæleord til liten gutunge: «Du, din galgeristar!» akkurat som «din røvar», «din rakkar» o l. Ein «gæljerister» kan dessutan vera ein lang, ulenkeleg person. I målføret i Eidsvoll er «gæljerister» faktisk eit spøkeord for trekkspellar. Det finst nok dei som gjerne hadde sett alle trekkspellarar hengt.

For dei som faktisk hamna i galgen, var truleg dette gamle «visdomsordet» til heller lita trøst: – Det er betre å bli godt hengt enn dårleg gift!

1.2.24: Eit godt farkemne

Ja, Emil var kanskje det, men det vart da visst folk av han, til og med ordførar. Heimafrå Sunndalen har eg eit sitat etter ein som kjefta opp ein gut som hadde begått fantestreker: «Ja, bli det folk tå de(g), da går det te spilles et godt farkæmn!» I Hemne er same tanken formulert på ein litt annan måte: «Bli det folk tå hånno der, da skjemmest det ut eit godt farkemn». Ein anonym kåsør i avisa Sør-Trøndelag 23.6.1953 seier «som kjerringa sa om gutten»: «Ja, blir det folk av han der, da er det sannelig ødelagt et overlag gdt farkemne!»

Frå Snillfjorden er det notert ein annan variant: «Bli det folk tå hånno der, da skjemmest det ut i bra slarkemn». Her er det altså emne til slark det er tale om. På same måten i denne, frå Meldal: «Bli det fælk tå dinnder karn, så går det bort et aillvåle fint slarkæmn».

Hist og her i Trøndelag har slaveemne («slavæmn» vore bruka som skjellsord (Trondheim, Hitra, Frøya bl.a.). Det forekjem også i litteraturen, såleis hos Falkberget (i «Bør Børson») og Duun, og Olaf Berg/Martin Kvænnavika: «dett fertørka slavæmn!». Ordet var vanleg i Trondheim i mellomkrigstida, heiter det i eit innlegg med signaturen «Ulfr» i Uke-Adressa 27.3.1993, om «utidige guttvåtter som spredte utrivelighet rundt seg ved frekk og forargerlig fremferd – eller om mer voksne personer som man mente hadde rårand i seg og viste tegn til skummel oppførsel». Steinar Schjøtt har det med i si «Norsk ordbok» frå 1914, med dansk forklaring «galgenkandidat». Og eg må nesten sitere definisjonen av slaveemne i det såkalla «Grunnmanuskriptet» til den store «Norsk Ordbok». Denne viser ein litt annan språkkultur enn i Uke-Adressa: «ein som syner tidleg tilhug til brotslege gjerningar»

25.1.24: Brådagan/nyadagan

Det er vel ikkje håp om fred verken i Gaza eller Ukraina med det første, dessverre. «Det bli ‘kje i brådago», ville mor mi sagt på si dialekt frå  Øksendalen på Nordmøre. Akkurat same uttrykksmåten er belagt frå eit par plassar i Nordland fylke (Steigen og Bø i Vesterålen): «det bli ikkje gjort i brådagan». Gode gamle Hans Ross (1895) fanga noko liknande opp frå Nes i Hallingdal: «Det blir ikkje på bråande dagen».  

På det indre Austlandet betyr «itte bråndagen/bråendedagen» derimot ‘ikkje på langt nær’. «Det er itte bråendedagen nok murstein åt fjøset» (eksempel frå Øyer).

Eit anna uttrykk som også kan bety ‘med det første’, er «i nyadagan»: «Det bli itt i nyadaggan de der huse kjæmm opp» (eksempel frå Roan). Forfattaren Magnhild Halke bruker det på same måten. Slik også i Verran: «æ ska nå itt gå dit i nyadåggån (eller med dativ nyadåggåm) nei», f eks om ein har vorte uforlikt med nokon og ikkje vil sette sine bein der. Litt annleis på Frøya: «det ska bli nyomdag(g)an før æ reisi åt by’n igjen»- Dette kan også bety ‘ofte’: «æ reist itj åt by’n i nyomdagan sjøl om vi ha fått hurtigbåt» (Rita Hovdes ordsamling).

«I nyadagan» o.l. kan også bety ‘i det siste; i seinare tid’: «slekt ha itj skjedd i nyadåggån» (Stadsbygd); «det e  itj nå som ha komme åt ho i nyardåggån» (Buvika). I Osen kan «te nyadagan» bety ‘fram til no’; fram til våre dagar.

Som vi ser: Medan «brådag» e l er belagt frå fleire landsdelar, ser uttrykka med «nyadag» ut til å vera særtrønderske.

16.1.24: Rabbhakke?

På indre Nordmøre har vi skjellsordet «ei rabbhakk(e)» om eit illsint, ufordrageleg, ekkelt kvinnfolk. Men skal tru om ikkje rabbhakka frå først av kan ha vore eit lokalt namn på den tingen vi ser på bildet, nemleg ei flåhakke? Eg har ikkje sikker dokumentasjon på det, men har jo tenkt tanken. Det er ikkje uvanleg at namn på bruksting lever vidare som skjellsord på folk.

Ei flåhakke er ei hakke med breitt, flatt blad festa vinkelrett på skaftet. Bruka til å hakke laus (flå av) torv, lyng, røter m m.

(bilde frå Store norske leksikon)

5.1.24: Merrahoste eller utrengsmålshoste?

Denne karen deler lagnad med mange no for tida. Han er inne i ei kraftig hostekule og er synleg plaga. Men her er det mykje ordforråd å ta fatt i.Vi tek oss ein pastill og går laus:

Mange synonym til ‘hostekule’ inneheld host-, hoste-, hostar- pluss eit etterledd som betyr ri, raptus e.l. På trøndersk område er kanskje hostfauk(e ) det mest vanlege, kanskje med hosteling som ein god nummer to. Men trøndermålet er rikt, og vi kan også slå om oss med blant anna  hostbøy/hostarbøy, hostarfuk’ (Aure), hostardørji (Namsskogan) og hostrosso (Overhalla).

På eit ganske avgrensa område på Nordmøre og dei næraste bygdene i Sør-Trøndelag har vi eitt eller to særprega verb for tørr, vedvarande småhosting: Å jøkt’ eller å kjøkt’. I Midtre Gauldal også å kjøkte eller å kjøkstre. Alle desse er vel opplagt lydhermande. Substantivet for slik hosting blir da kjøkthoste.

Tørr, hard. irriterande hoste der ein ikkje får opp slim, er det elles svært mange ord for.  Somme har dyrenemningar i førsteleddet, som tekshoste (Oppdal, Rennebu; teksa er hosauen), sauhoste (Oppdal, Lesja) og purkehoste («porkhoste» – Surnadal, Rindal, Hemne, Orkdal). Mykje utbreidd er merrahoste, også med spøkefulle tillegg som svensk eller fransk merrahoste. Ein informant er inne på at merramjølk skal vera eit godt middel mot slik hoste, men namnet har vel komme opp på grunn av hosten som hestar kan ha. «Nægghoste» er notert frå Straumsneset på Nordmøre om slikk hste, i tydeleg sammenheng med nygghoste eller nyggjarhoste frå Sunnmøre. «Tahlj-hoste» er småhoste som kan vera irriterande nok (Orkdal), og tauskjerringhoste (Rødøy) er tørr, langvarig hoste. Og vi kan ha hakkhoste, krekthoste og mange fleire.

Hoste der ein får opp slim, kan heite skrølhoste, i Land også skrøljahoste. Hoste fordi ein får noko i rangstrupen, kan på Innherred heite strøyhoste. Å fårrå i strøy betyr å få noko i rangstrupen.

Tefell(s)hoste er litt tilgjort hoste, når ein ikkje er forkjøla, nærmast berre som ei kremting. Kjent på Indre Nordmøre og i Oppdal. I Surnadal kan det brukast som eit signal om at ein meiner nokon skrøner, skryter e l. Somme plassar har dei ordet utrengsmålshoste om hoste som strengt teke er unødvendig. Og det er på mange vis: Vi avsluttar for denne gongen med tjonshoste, som er hosting som var bruka særleg av jentene i kyrkja, for å bli lagt merke til (Hol i Hallingdal).

18.12.23: Rekkjarføre m m

Harespor på kryss og tvers. Det er det vi på mine heimtrakter på indre Nordmøre kalla rekkjarføre. Men det kan det vera også med mindre snø enn dette. Det er gjerne sagt om den første snøen, som kan vera berre som eit rim, men nok til at ein kan sjå far etter dyr (eller folk, for den del). Sporsnø er vel standardordet for dette.

Rekkjarføre hadde vi som «Dagens ord» tilbake i april 2020, da det kom eit lite påfyll av nysnø. Den gongen kjente eg denne ordforma berre frå Sunndal kommune, men det kom inn nokre kommentarar. No kan vi føye til Eresfjorden og Eikesdalen, og dessutan Lom og Skjåk. Rekkjarføre kan det også vera i laus sand eller gjørme. Førsteleddet finst også i eit par andre utformingar: Rekk(j)ingsføre er det mest vanlege elles på Nordmøre og i Sør-Trøndelag, medan dei har rekkjeføre i Nord-Gudbrandsdalen, Folldalen og Sollia i Østerdalen. Frå Masfjorden i Nordhordland har vi i arkivet til Norsk Ordbok både rekkjefør og rekkjingefør. Så langt ned på Vestlandet har dei sjølsagt ikkje den trønderske ordavkortinga (apokopen), så her er sisteleddet ikkje føre, men det sterke (einstava) hokjønnsordet førd, som betyr føre. I alle fall knyter førsteleddet seg til verbet å rekkje om å finne og følgje spor.

Far er eit vanleg synonym for spor, og farsnø om sporsnø finst somme plassar på Vestlandet (Suldal, Hardanger, Voss).

Det kan også uttrykkast på ein litt annan måte. At det er sporsynt, kan dei seie i eit område på det sentrale Austlandet, etter det vi har opplysningar om (Hurdal, Land, Hadeland, Nordmarka, og litt inn i Valdres, i Sør-Aurdal), Eit synonym til dette er slagsynt, som også er mest brukt på Austlandet: Sør-Gudbrandsdalen, Sørkedalen, Vestfold, truleg også over til indre Sogn). Dette er til slag i tyding ‘spor’, som vi først og fremst har austafjells, men som også er kjent frå Sunndal og Oppdal.  Eit anna synonym er farsynt, som går ganske vidt både på Aust- og Vestlandet: Valdres, Hallingdal, Numedal, indre Agder, Ryfylke, Røldal, Voss.

1.12.23: Hundpissarstil

Jan Bokløv i svevet. Han revolusjonerte som kjent hoppsporten sist på 1980-talet med å hoppe med sprikande ski. No er denne såkalla V-stilen heilt einerådande, og den har både ført til lengre svev og gjort hoppsporten tryggare.

Men før fekk ein kraftig trekk i stilkarakterane for slik skiføring. I skibygda Rindal var dette kalla «hoinnpessarstil» (hundpissarstil), sjå årsskriftet for Rindal Heimbygdlag 2001, s. 36.

No kan det vera ein litt annan «stilart» som har fått namn etter jamføring med hundar som lettar på foten og «markerer». Thor Gotaas fortel i boka «Norske hoppbakker» (s. 278): «Kåre trakk i hvert svev opp det ene beinet og den ene skien helt oppunder seg og fikk tilnavnet «Bikkjemigstilen» – å mige er pisse på dialekt. Det så ut som han gjorde det i lufta». Dette er frå Lyngdal i Numedal, og det er vitnemål om same teknikken og namnet frå Skotselv i Eiker. På Høgskulen på Ås var det «hoppveke» vinteren 1975. Referenten skriv i organet «Tuntreet» om eit kveldshopprenn: «Dette rennet i stor bakke var suverent det beste. Det var særleg gamle stilartar som vart tolka – alt frå rakstandar til opptrekk og bikkjemig»

Foto: Store norske leksikon

24.11.23: Slalåm og krokak

Denne slalåmrennaren er frå 1950-talet, under litt enklare forhold enn det vi har i dag. Sjølve ordet slalåm er eitt av dei ganske få vi her i landet har bidratt med til det internasjonale samfunnet.  Frå først av er dette eit dialektord, i hovudsak frå Telemark, samansett av adjektivet sla ‘slak’ og låm ‘spor, løype’. Altså ei renne i jamt hallande terreng.

Finst det andre ord for dette, i andre målføre? Eg har funne eitt så langt. I Øystre Slidre har det vore sagt krokak om skikjøring i svingar (å aka i krokar). Det står i ei ordsamling herifrå, og i boka til Thor Gotaas om norske hoppbakkar er det også nemnt, nettopp frå Øystre Slidre.

Foto: flickr.com

30.10.23: Letfarast

Denne veggen må ein vel kunne seie er noko falma og bleikna. Om f.eks. klede som blir liggande ute, kan ein i Soknedal og Singsås seie at dei «lettfers». Det ser i det heile ut til å bety å skifte farge, slik at om ein person som blir raud til gagns, kan det seiast at han eller ho «lettfors». Frå Verdal har vi eksempelet «det kan lættfårrås i vask nån gonga», også her om klede.

Første leddet her er det gamle ordet let («lætt») om farge, som av og til er diskutert i dialektgruppene på Facebook. Men det har ei veldig interessant utbreiing. Frå Setesdal skreiv Hans Ross opp «høytti (høyet) litferst» – det bleiknar, folnar, mistar leten. Og når vi finn att «litfarast» både i islandsk og færøysk, luktar jo dette av det vi kallar relikt. Samansetninga må ha funnest over store område, men har levd fram til våre dagar berre på nokre spreidde plassar. Vi har ikkje belegg på det frå norrønt, men det er mykje truleg at det har funnest.

Eit anna, og meir utbreidd ord for at noko er falma, er at det er a(v)lekka, a(v)lækka eller avlåkkå. Opphavleg av-letka, slik at leten går inn også her.

16.10.23: Fot standande

I fotball heiter det gjerne å få «frimerke» på seg. Ein spelar har fått i oppdrag å markere ein bestemt spelar på motstandarlaget så tett som råd, ligge klistra på han, og dermed nøytralisere han. «Frimerket» må da  følgje denne motspelaren «fot standande».

 Å følgje nokon fot standande vil seie å følgje steg for steg, gå like i hælane på, kvar ein går. Det ser ut til at ein alltid må ha den eldre presens partisipp-forma «standande» i dette uttrykket. «Fot ståan(de)» har eg ikkje komme over. Det er altså noko anna enn «på ståande fot».

Mest kjent er det visst innafor trøndersk dialektområde, med indre Nordmøre, Oppdal, Rennebu, vel også Meldal, og dessutan Hemne, Hitra og Åfjord. I tillegg er det opplyst om det frå Valdres, noko som stemmer bra med at vi finn det hos læraren og skribenten Hallvard Bergh.

Forfattarar frå det vi kan kalle «kjerneområdet» for uttrykket, har brukt det ganske flittig: «Men han Stingrim slapp då å stå åleine i nybròtet. Han Tore fylgde honom fot standande» (Inge Krokann: Under himmelteiknet, s. 346); «ruggen frå Håråliom heldt dei seg til, fot standande» (Olav Berkaak: Det ædle malm, s. 157); «han hadde vore med i arbeidet fot standande» (Ola Setrom; Når tuftene ryk, s. 163).

På Byneset har orda bytt plass: «å gå standan fot (attmed)» er her å gå fast, støtt, utan stans eller avvik (ved sida av nokon).

Rundt ikring i landet i landet finst mange forskjellige måtar å uttrykkje dette på: følgje fots fote, fots fete, fot og fete, fot (i) hæle, fot å hæle, for å nemne nokre som er ført opp i Norsk Ordbok.

«Fot standande» passar altså godt på «frimerke» i idretten. Andre moderne fenomen kan også beskrivast godt med det, som dette utsagnet frå eit søskenbarn av meg i Sunndalen: «i he da ‘kje mobil’n me(d) me(g) fot standann».

29.9.23: Bedaring

Denne fyren er i bedaring, ser det ut til. Hans Hyldbakk var også det ein gong, slik han skriv i eit vers i diktet «Svarrabærje», som handlar om ekko:
«Da e va trætti år
e kom e stor bedaring
fær enda va det vår
me perikom å paring.
Så spor e me te råss
å ropa opp:
Høy. Ska e jift me no
hell ska e lætt det varra?
– Lætt det varra.

Bedaring betyr altså tvil. Ordet er særleg vanleg i Nord-Norge, meir til lenger nord ein kjem, kan det nesten sjå ut til («eg va i bedaring om eg sku gang» – Hemnes). Men det finst også ein og annan plassen i Trøndelag, og likeeins på Nordmøre.
Her er det snakk om import frå lågtysk, der vi har verbet bedaren om å stilne. Og at veret/han bedara seg er kjent på Vedstlandet, heilt opp til Nordmøre. Overgangen frå ‘stilne, spakne’ til ‘tvil’ kan vel forklarast med at når ein kjem i tvil, så stilnar ein – farmdrifta stoppar.

22.9.23: Krokåtgårdan (beinvein/snaervein, snåpvei’n om)

Ras og flaum har ført til mange og lange omkjøringar i sommar. Da kan det hende det blir «beinvei’n (også snarvei’n, snåpvei’n) om krokåtgårdan», for å minne om eit godt, gammelt trønderuttrykk. Akkurat som «å gjera krok for beinveg» kan det også brukast overført om å gjera noko på ein unødig tungvint måte.

14.9.23: Å danse bavian

Uttrykket fekk eg frå Hitra, og det betyr å danse etter andre si pipe, rette seg blindt etter andre sin vilje i stort og smått: «Æ dainse itt bavian for dem lenger». Her må det nok vera lirekassemannen med apekatten ein har sett for seg. Det er kanskje somme som må danse litt bavian no etgter valget.

Elles er jo bavian kjent frå sjøfarten om den som har vakt på båten medan dei andre er i land. Han har bavianvakta, må «gå bavian».

8.9.23: Baule

Dette må vel vera ein baule av verste sort. Trøndersk skjellsord for ein brutal, brtautande, ekkel og skrytande type. Han er både framfus, høgrøsta og sjølgod. Kan også fara med trollskap.

Interessant med dette ordet er at det verkar å ha ei ganske avgrensa utbreiing. Vi har komme over det rundt Trondheim (Klæbu, Tiller), og frå gammalt var det truleg brukt også i sjølve byen. Så finn vi det på andre sida av fjorden (Rissa, Stadsbygda, Leksvik, Mosvik). Det er elles opplysning om det frå Skaun (her om ein som er lat og tjukk), frå Geitastranda og frå Hitra.

Forfattaren Magnhild Haalke, med røter på Vikna, bruker «bauler» om tunge, klumpete sko.

Baule ser ut til å vera nærsynonymt med bølle, men det er nok ikkje same ordmaterialet. Bølle kjem frå dansk og er ganske nytt. Det skriv seg frå 1880-åra og ein gjeng læregutar som samla seg på staden Bøllemose for å drive med pøbelfakter.

Eg har ikkje anna forklaring i farten enn at baule må vera laga til verbet å baule ‘brøle, belje’, sjøl om dette ikkje ser ut til å vera særleg bruka i Trøndelag. Men det har nok kanskje funnest over heile landet, for vi har det i islandsk. Og i norrønt har vi hokjønnsordet baula om ku.

29.8.23: Bat(t)a tak

Her ser det ut som det har bata tak! Får håpe det er retteleg fisk, og ikkje botnaure.

Det eigentlege ærendet mitt er verbet å bata eller batta, som betyr å feste seg, bite seg fast. Eg meiner gamle storfiskarar frå heimbygda Sunndal i gang med historiene sine kunne seie slikt som «så kjænt i fiskjen bata ti».

I Namdalen heiter det «batta», gjerne i sambandet «batta tak», eller at det er noko som «batta imot». Også «ankeret batta fast».

Andre plassar på Nordmøre kan det heite at «det bætta tak». Likeeins på Hitra. Det kan vera heilt konkret, f.eks. når ein får feste med spettet, eller (huff!) kjem borti noko under sokning. Men også overført om at det bit godt, f.eks. eit innlegg eller ein replikk. I valgkampen gjeld det å komma med slikt som «bætta tak». Æ-en kan ha komme inn i assosiasjon med eit «bætt».

Frå Bolsøy i Romsdal har vi vendinga å «bate seg fast». Det betyr å kjøre seg fast, slik som når arbeidet går i ball og ein ikkje får det frå seg. Men også å bli mållaus, ikkje få ord for seg.

Tilbake til fiskinga, og eit sitat frå ein gammel sunndaling som var optimistisk med tanke på den foreståande fisketuren: – Nå ja, han (fisken) ska få væta sei tå at det e ein kar i ander ændo på tråa» (i andre enden av snøret)

(Biletet er lånteke frå bondelaget.no)

21.8.23: Hestevandring.

Her ser vi ei hestevandring som eg fann på DigitaltMuseum, denne er frå Jærmuseet. I denne innretninga gjekk ein eller to (eller fleire) hestar i ring, spent for ein bom, som drog eit hjul der krafta gjennom eit system av stenger, aksar og drev vart overført til ei maskin. Mest var det vel bruka til å drive trøskemaskina.

Namnet hestevandring gir seg på ein måte sjøl. Fleire plassar både austa-og vestafjells har ein berre kalla det vandring. Kjørvandring er eit anna ord for dette, brukt både austafjells og i Trøndelag. Kjørgang eller kjørgong er mindre vanleg, men vi har det frå Oppdal og Rissa, det er brukt av Duun, og så finn vi det att i Vefsn.

Etter det store drivhjulet har vi fått namna kjørhjulet (Hemne, Innherred) eller storhjulet (fleire plassar i Nord-Trøndelag). I Vestfold har dei rett og slett kalla hestevandringa for «krafta». Lokalt for Leksvik er turkall. Dette er nok humoristisk meint, for turkall er meir kjent som eit namn på snurrebass.

Frå mine heimtrakter har eg hørt om ei merr som var så overlag klok. Dette kom særleg til syne når ho skulle dra hestevandringa under trøskinga. Ho forstod så vel kva det gjaldt. Dei berre sette ho på plass, ropa til henne, og da la ho hovudet på skakke og begynte å gå. Først sakte, til trøskverket var komme opp i passe fart. Dei trong ikkje nedi og sjå om ho. Ho gjekk heilt til dei ropa att, og da sakka ho fint ned til det stoppa.

Ein stad las eg om at ungane brukte hestevandringa til barneleik, ein slags karusell. Somme dro, og andre satt på!

16.8.23: Muldragast

Verdens kyssedag var 6. juli, så vi er litt seint ute. Lengste kysset som er målt, var visst på ca. 58 minutt. Puh!

På «kvasinynorsk» er denne aktiviteten kalla trynesleik eller trynesleiking. «Jeg elsker deg av hele mitt hjerte og ønsker å kysse deg på munnen» skal i denne fiktive «språkvarianten» bli noko slikt som «eg hugheilar deg av heile mi blodpumpe og ynskjer å trynesleikja deg rundt etarholet».

«Mulemøte» er kanskje også eit slikt «tullenynorsk» ord. Men Hans Hyldbakk påstår uansett at «mulbyt(e)» var i bruk om kyssing på Nordmøre i hans tid. Og slanguttrykka for kyssing har ofte eitt eller anna med mule: «slafse mule», «traint muli» (Namdalen). «å muldra» (muledra – Hans Ross 1895 frå Nordmøre – utruleg kva denne prestesonen frå Holum fekk tak i av folkelege gloser!) , «muldragast» (Nordmøre), «muledrågåst» (Folldal). Det finst sikkert mange fleire.

«Å syg skolt» er eit trønderuttrykk for å kyssast, og da snakkar vi vel gjerne om tungekyss (fransk kyss). Eigentleg er vel dette å suge ut ein feitrtklump inni uersskolten. Av liknande sort er å «eta hau» og å «syg hyshau».

10.8.23: Fleire eponym

Av kommentarane til «Dagens ord» av dette slaget synest det som eit lite poeng ikkje er komme godt nok fram. Derfor denne vesle innføringa:

I skulegrammatikken har vi lært at substantiva deler seg i to store hovedgrupper. På nynorskskulen der eg gjekk, var det snakk om særnamn og samnamn – mange her har vel hatt om fellesnavn og egennavn, og i fagleg samanheng vart det gjerne proprium og appellativ.

Forskjellen er oftast ganske grei: Ordet by er samnamn (fellesnavn), Trondheim er særnamn (egennavn) – ein gut er samnamn, Per er særnamn.

Men så skjer det av og til at særnamna kan konvertere til å bli samnamn. Namnet på ein person går da over til å bli eit allment ord, f. eks. for folk med same karakteristiske eigenskapen som opphavspersonen, eller om noko anna som opphavspersonen er kjent for. På ”framandordsk” snakkar ein av og til om eponym i denne samanhengen. Det er altså ei muleg kjelde til nytt ordforråd, ikkje så frykteleg mykje utnytta kanskje, men det finst ein del.

Klassiske eksempel på dette frå allmennspråket er ein judas, ein krøsus og ein quisling. Men det finst også i dialektane. Det er både interessant og verdifullt å få fram informasjon om personar som faktisk har levd og som har hatt kallenamn. Men i denne samanhengen tenkjer eg mest på slike namn som har gått over til å bli bruka allment om folk med slike eigenskapar. Ho Gullmunns-Kersti har beviseleg levd. Og fram til i dag kan/kunne ein seie «ho er ei retteleg Gullmunns-Kersti» eller «nei, sjå ho Gullmunns-Kersti!» om kvinnfolk som er dyktige til karaarbeid. Altså om andre enn den opphavlege, om ein viss kategori av kvinner. Over frå særnamn til samnamn.

Han Små-Jo har eksistert, og det er flott å få fram opplysningar om han. Men har ein kunna sagt om andre at «han er ein retteleg Små-Jo» eller «nei, sjå/hør han Små-Jo»? Det er også kjekt å få fram former som fortel om folkeleg tilnamnsbruk, slik som ho «kopparslagar-Ildri» eller «ho Karen Kammersa» og «Kværnengs-Kjerstina». Men det er litt på sida av temaet her.

Om «Sprett-Nils» går tilbake på ein bestemt person, kan godt hende (ein kramkar?), men det har i alle fall gjennomført overgangen. For det kan brukast om ein spretten person i det heile, eller ein som har det med å hoppe og sprette. Samtidig er det både eit kortspel (også på sparknekten og/eller jokeren i kortstokken)  og namn på ei barnleike. Sprett-Nils er også namn på ein slått, vel ein hambo eller pols.

Til sluitt eit par fleire eksempel på liknande ord, utan å ta stilling til om det også er historiske personar:

Ein gnell-Tåmmås – høgrøsta person (Meråker)

Ein stut-Per – ein som «stutar» (skrøner) (Ålen)

Ei jarv-Tale – skravlebøtte (Vikna)

9.8.23: Pers-Berret, Lensmanns-Marta og andre eponym

Vi har i det siste sett på nokre personkarakteriserande ord som går tilbake på bestemte personar («Snekker-Erek smed», «Gullmunns-Kersti»). Sannsynleg utgangspunkt i bestemte personar er det nok når ein på Hitra har eit allment begrep ho Pers-Berret, sagt til folk, særleg ungar, som har skorne på rang fot. Dette må skrive seg frå ei bestemt jente eller kvinne som brukte å gjera dette. Faren er at dette kan vera så nær i tid at ein skal vera forsiktig med å bruke det, det kan leva att folk som har stått personen nær. Det same kan vera tilfelle med eit anna uttrykk frå Hitra, ei lensmanns-Marta, om ei geskjeftig, litt ukvinneleg kvinne. Dette kan også gå tilbake på ei bestemt, ei myndig lensmannskjerring, -dotter e l. Vi veit ikkje sikkert.

Frå Hitra kjem også «Sakrias storlygar» («nei, hør på’n Sakrias no»). Dette skal også vera ein historisk person. Det har funnest fleire storlygarar og storskrytarar: «Du e’n Såll-Jo» kunne det bli sagt til slike på Snåsa før i tida. «Såll» er her sølv, og det skal ha eksistert ein Jo som skrytte av sølvet han fekk tak i, i ein haug der det skulle ha vore ein skatt. Denne karen fortalte visst elles mykje rart. «Hør’ på’n Storføggel-Lars» heitte det i Leksvik. Eg veit ikkje om dette går tilbake på ein påstått suksessrik storfugljeger.

7.8.23: Bartemons

Gild bart her! Trondheim er jo kjent som «bartebyen», og Trøndelag som «barteland». Det er sterk tradisjon for at politimennene i Trondheim er bartepryda, «bartkaillan», som dei gjerne har vore nemnt.

Men kva ord har vi elles for mann med bart? Bartemons er kanskje like mykje brukt om katt. Men i denne passasjen frå Kristian Kristiansen: Klokken på Kalvskinnet» er det utan tvil folk det gjeld, nærmare bestemt i målarlauget: «Og disse bartmonser begynte så å heie og skråle opp mot hederlige arbeidsfolk!» (s. 116).

Sjøl har eg hørt «din bartolomeus» som (mildt) skjellsord til person med bart. Og når canada-surndalingen Olaf Sveen skriv om «denna barta-mulinn inni Tyskland», er det sjølsagt Hitler med sin karakteristiske bart han tenkjer på.

2.8.23: Ola Allting

Her ser vi ein nevenyttig fyr, ein som kan fikse det meste. Ein altmulegmann, seier vi gjerne. Lokalt på Nordmøre kan slike også bli omtalt som ein «allhandskar»,

Om allsidige handverkarar blir det også sagt at dei er «både til tress og til sme(d)s». I oppdal kan ein slik person bli kalla for «snekker-erek sme(d)».

Så kan han også ha fått eit retteleg namn knytt til seg: Ein «Ola Allting», eller ein «Ommen (Ommund) Allting». «Han var «ommen allting» der på gar’n» (Romerike). Dette skal visstnok gå tilbake på ein bestemt person som har eksistert. Varianten «Amund Allting» ser ut til å leva mest berre i ordbøker, som synonym eller avløysingsforslag til «altmuligmann». Den einaste som visst har teke det i bruk i skrift eller, er Henrik Rytter i omsetting av Shakespeare.

1.8.23: Hoggstå

«Plutselig hoggsto hele greia etter en stygg knaselyd». Dette skjedde på trykkeriet på Sunndalsøra, ein episode skildra i avisa Opdalingen 6.1.2009. Det var ein fugl som hadde forvilla seg inn i trykkerihallen. Dei fekk han ikkje ut, og kasta ein mutter etter han. Mutteren var søkk borte, heilt til dei starta pressa …

Som vi forstår, betyr å hoggstå å stå bom fast. Det er lite opplysningar om det, men det er i alle fall velkjent i Sunndalen, der eg hørte det i bruk så seint som no i sommarferien. Det er også bruka ein del i aviser frå området (Aura Avis, Driva og Tidens Krav). Så finn vi det att hos forfattaren Olav Berkaak frå Rennebu.

29.6.23: Det går mykje smør i ein heit omn

“Fråtseri” av Pieter Bruegel, ja. Det er nok aktuelt i dag også, ser vi av ymse signal i tida.

Her skal vi likevel ikkje moralisere, men bruke målarstykket for å illustrere eit gammalt ordtak. Typisk kan det vera formulert om lag slik: «Det går mykje smør i ein heit omn». Det er nettopp meint som ei spottande formulering mot overforbruk, og som ein litt spydig kommentar til den som ødslar og ikkje greier å styre pengane. Det er kostbart å leva flott.

Dette visdomsordet går vidt ikring. Vi finn det på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge, og gamle Ivar Aasen registrerte det også frå Agder. Så langt har eg ikkje komme over noko liknande austafjells, men det er sikkert berre fordi eg ikkje har leita godt nok. Vi skal i alle fall ikkje dra forhasta konkiusjonar om eventuelle forskjellar i folkesjela på dette grunnlaget.

Det er elles mange måtar å uttrykkje dette på. Her kjem nokre: «ein kan bræda mykje smør i ein heit omn» (Ullensvang i Hardanger); «det vil vårrå my smør ti ei heit pannj» (Melhus), og «det går my ve(d) ti ein varm omn» (Rissa).

Med dette tek «Dagens ord» sommarferie for ei stund, og ønsker alle ein riktig god sommar!

23.6.23: I det karet han skal barkast/gjerast

Her ser vi eit barkekar, til barking av nøter, garn og segl. Barking er impregnering i barkelog, ei blanding av bork og vatn. Det er garvesyra i borken som blir utnytta.

Men eg har med dette for å illustrere ein talemåte frå Vikna: «Han e komme i det karet han ska barkas». Det kan t.d. vera når nokon har teke på seg ei krevande oppgåve og verkeleg skal få prøve seg, få røyne livet. Litt skadefryd kan det nok ligge i eit slikt utsagn. Og det skriv seg utan tvil frå notbarkinga.

På Hitra har dei eit liknande uttrykk: «Han e komme i det karet han ska jælas»: Han er kommen i harde omgivelsar, der han skal herdast og utvikle seg.

(Foto: Namdalsmuseet/Digitalt museum)

20.6.23: Å komma seg på digerenden

Her ser vi rett inn i digerenden på eit par tømmerstokkar. Digerenden er det same som tjukkenden, rotenden. Men når vi tek det med her, er det først og fremst på grunn av eit uttrykk frå Rindalen: «å komm-se(g) på digerendinn» – å komma seg fram i livet, oppnå posisjonar.

Det finst mange uttrykk for å gjera det godt, få ei god stilling, sikre seg økonomisk (gjerne gjennom giftarmål): Å komma på matberget, hamne i sukkerhuset, eller som på Hitra: «å stævvel rett oppi grautfatet».

Den 10. og 11.5.2020 skreiv vi om grovenden og grannenden, også i overført forstand. Grovenden kan vera dei finaste slektene, også kalla storenden, langrompslaget, storrompslaget m.m. Å vera på grannenden kan bety å vera oppegåande, oppe og i sving.

Til slutt tilbake til Rindalen, og enda eit uttrykk innsamla av Tor Gunnar Heggem: «han fækk se ti tå grainnendå» – gifta seg med ei av fattigfolk.

16.6.23: Allminne

Ja, her har vi er ei hending som setesdølane vil kalle eit «allminni». Dette i følgje den framifrå nettsdia «Vallemål», kanskje den beste i sitt slag her til lands. Nettopp denne episoden frå VM på ski i Oslo i 1982 blir brukt som eksempel på å illustrere ordet «allminni» (allminne eller alminne): allminni | Vallemål.no (vallemal.no)

Her bir det altså definert som minne om ting eller hedningar som alle kjenner til. I verket «Gamalt ord Setesdal» er det brukt litt annleis, nærmast om minneting, aminnelse: «halsringen han bar, fekk han til allminne for han kvad i eit bryllaup i Lårdal» (bind I, s. 107.

Gammalt og sjeldan ordstoff, dette, som ein vil vente det nettopp i Setesdal. Men ikkje for det, folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu fører opp «de(t) va inga allminn» – det var ikkje vanleg.

Det kan vel hende at det er omlaga av åminne ‘minneting, aminnelse’. Og bakom ligg vel norrønt áminning.

15.6.23: Massingsele på purka

Å heng eller legg massengsållå på porka er ein talemåte vi kjenner frå Meldal og Orkdal. Det skal gå på at ein stasar seg opp med klede som ikkkje høver med kroppen. Same kritikken kjem frå Hemne: «Det måta itj med massingsela på porko».  Frå Rissa er tanken formulert slik: «Det e som å hæng pælbann på ei pork».

Det ligg vel ein undertone her, som det ofte gjer i ordtak og talemåtar, at ein skal halde seg på plassen sin i samfunnet. Ein konservativ moral, kan ein seie. Som det heiter i Sparbu: «Om en seinne porka te England, så e a porka læl». Og for å vende tilbake til Hemnebygdene: «Fint ska det varra, sa porko, da ho fekk sæ snørliv».

14.6.23: Ambar og amfora

Ein ambar er eit trekjerald (trespann) med lokk til å feste i ørestavane og handtak midt på lokket, til å ha f.eks. graut eller smør i.  På bildet ser vi ein grautambar. Ordet er utbreidd over heile det sønnafjelske Norge og kjent elles også. Det tilsvarar det som på mine kantar helst er kalla ein dall. Ein god del plassar austafjells vil dei bruke ambar også om eit trekjerald med øre eller hank på eine sida, til å gje krøtter drikke i, også kalla slikt som kakk eller stave.

Ordet kan ha fleire andre tydingar, bl.a. tutkanne (Oppdal og fleire). «Ambara med øl så mor he bryggja sjøl» er blant dei tinga Hans Hyldbakk ramsar opp i diktet «Kultursjå», som eg er freista til å karakterisere som ein rap («ræpp») som var forut for si tid. I Sogn og Fjordane kan dei bruke ambaren i spøk om magesekken, og dei plukkar av og til bær i «langambaren» i staden for i spannet.

Der ambar er nemning på kjerald med eitt handtak, kan det vera omtolka etter talordet ein. Det er elles mange uttalevariantar, som «ember», «embar» m.m.

Men ambar er eigentleg same ord som amfora, desse antikke leirkrukkene med to handtak, som vi ser på det andre bildet. Latin amphora, frå gresk amphoreus, til amphi- (amfi-) ‘på begge sider’ og ei avleiing av verbet pherein ‘bera’. Før det kom til oss, har det hatt ein mellomstasjon i lågtysk, der amber (også i fleire andre former) betydde spann. Litt av ei reise frå den klassiske antikken i Middelhavsområdet til graut- og smørambarane i norske bygder!

13.6.23: Heromder

Ein heromder er ein person (vel oftast ein kar) som er ustadig, ikkje til å lite på, truande til litt av kvart. Stundom gjeld det særleg ein som er ustadig i kvinnfolkvegen, altså rett og slett ein rundbrennar. Så langt kjenner vi til det først og fremst frå Nordmøre (Averøya, Tingvoll, Surnadal, Rindal, gamle Åsskard), men det finst også i Nesset i Romsdal. Uttalen er, etter det eg har hørt, med det vi kallar tonem 1 (som i «bønder»).

«Det var sønd au om slek ei ofsetaus so ho Injebør skull vorte med ein her-om-der te mann» (Folkeliv og tradisjon frå Nesset bd I, s. 307).

Ordlaginga er uvanleg. Det er sjølsagt adverba «her» og «der» som er involvert, og det er vel tenkt på folk som opererer litt både her og der.

2.6.23: Kak(e)smurning

Pålegg, gjerne slikt som er seigt og smørevillig, som sirup, syltetøy m.m. Sjølsagt bruka i spøk. Reine målføreopplysningar har vi frå frå Surnadal, Rindal og Hitra, men det går nok vidare. I den klassiske «Norsk mat» står «kaksmurning» i parentes til ei oppskrift på myssmør. Her er forfattaren Pål Sundvor frå Fusa i Hordaland, i barneboka «Ola frå garden» (1947): «Så ville han setja bu der på staden og laga smør og prim og ost i mengdevis. Det skulle ‘kje vanta kakesmurning der i garden!» (s. 82).

1.6.23: S(j)ussere

Anslå, taksere, berekne, verdsette etter skjønn. Målførebelegg frå Hareid på Sunnmøre, somme plassar på Nordmøre, samt Flatanger. Norsk Ordbok har eit godt eksempel frå Smøla: «vi vog ikkje, men sussere det te ti kilo». Sigurd Bjerkeset frå Batnfjorden gir i ein artikkel i avisa «Driva» i 1983 igjen notat frå hausten 1948, som må ha vore ganske fin. Måndag 15. november heiter det «trøska 10 lass kveite på åkeren, sjusert til 1234 kg».

I ordbøkene er dette ført opp som jugere. Det Norske Akademis ordbok gir opp uttalen «sjyssere». Slik finst det også i dansk. Det går tilbake på fransk juger, som betyr ‘dømme’, og dette igjen kjem frå latin judicare. Dermed kan det førast i hop med judisium ‘dømmekraft, skjønn’, og blir ein slektning til judisere, som vi hadde i «Dagens ord» 15.8.2014.

I ei nordnorsk ordsamling er det opplyst at «sjussere» også kan bety justere, tilpasse.

31.5.23: Biris

Kulemage, «ølvom». Det er ikkje sikker at nordmøringar har meir av dette enn andre, men det ser ut til at ordet er mest kjent her. Det går også inn på romsdalsk område, blant anna i Molde. Kan også uttalast «birris».

Ordet ser ut til å ha fått eit oppsving i avisspaltene i 1974, da VG hadde eit oppsett som viste ein redaksjonssekretær som var «herre på byen» i Molde: «Det affiserer ham ikke det minste at birisen viser sterkt tiltagende omfang». I denne artikkelen vart det proklamert at god, mjuk «bilring» er på moten; den åleslanke Hollywood-typen er på eg ut.

I avisa Tidens Krav stod det i juni 1988 om ein kar frå Averøya som hadde begynt å trimme. Han innsåg at noko måtte gjerast da han kasta seg ut i ein reinlender og oppdaga at «birisen» hoppa opp medan resten hoppa ned.

Dette må vel vera ein parallell til ølmage og ølvom, til tysk Bier med det slangprega suffikset -is. I norske slangordbøker er det ikkje komme ed, med unntak av mi eiga av dette slaget frå 2017. Og det var dagens reklame.

30.5.23: Skuttu

Dette kan bety mange ting, men her skal vi konsentrere oss om ei gammal, lokal tyding på Innherred, der det betyr irettesetting, skjennepreike, «skyllebøtte». Lokalt avgrensa til Verran, Inderøy og Sparbu: «æ ga ‘åm ei skuttu». Det er samanheng med å skyte, og heilt konkret finn vi ei «skota» om ein sprut av noko (enten det er vått eller tørt) i indre Sogn («eg fekk heile skota over meg»).

Ei skukku kan også bety ei skjennepreike, også samansett skjennskukku, men det heng i hop med å skaka ‘riste’.

23.5.23: Kjakebrak

Tomt og unødig snakk. Dei som skal ha æra for å ha fått dette ordet fram i lyset, er Ole Rogne og Johan Flem frå Haram på Sunnmøre, i ei ordsamling derifrå. «Kjakebrak og lippebulder» er det dei fører opp som eksempel på bruken. Veldig talande og fyndig, med rim inni og allting. Seinare har det funne vegen til somme andre publikasjonar. Eg har også gjort mitt for å spreie det, i ei bok med artige dialektuttrykk frå 2018. I presseomtalen var nettopp dette eitt av dei orda som vart trekt fram. Det kunne gjerne brukast meir!

16.5.23: Stuttul(l)

Stor, svær skapning, seier Hans Ross (1895) om dette ordet, som han fann på Nordmøre. «Ein stuttull te kar, stuttull te okse». Ross meiner han også har hørt uttalen «støttull». Opplysningane hans blir bekrefta av nyare registreringar, frå plassar som Tingvoll, Stangvik og Valsøyfjorden. Ordet går også inn i Fosen (Hitra, Ørlandet, Rissa), her gjerne om ein grov, stor gjenstand, ein stiv stokk e.l. i tillegg til bruken om folk. Det same visstnok i Aure. Også i Namdalen finst det indikasjonar på ordet, her om ein gammal kar.

Her har det nok vore nære assosiasjonar til stuppul, kanskje også til stut. I Tresfjord og Vestnes i Romsdal blir ein stuttull skildra som ein einstøing, ein staur til kar, som går i sine eigne tankar. Da er han «stuttllfengjinn» – distre, uhøveleg og lite selskapeleg.

12.5.23: Ruttull

Det var ikkje så uventa at også dette ordet kom opp, etter gårsdagens ord. Ikkje nok med at det rimar og er snarlikt bortsett frå første lyden, men det er nær også i betydning. Ein ruttull er ein stor, sterk og grovbygd kar, som stundom også kan vera tung og klossete. Men her gjeld det kanskje mest størrelsen og styrken og ikkje nødvendigvis at han er brautande og brytande.

Ordet finst i Telemark, jamfør «ein fælsleg rutul so stor og før» (Rikard Berge i bygdeboka for Vinje). Røldal må vel sjåast som ein utlaupar her. Så dukkar det ikkje fram att før på Sunnmøre, så noko i Romsdal, ganske tett på Nordmøre og litt i Trøndelag (Hemne, Støren, Orkdal). Overhalla har forma «ruttuli», som vil vera typisk namdalsk. I strukturen ter dette seg også som eit jamvektsord, og syner full utjamning på vokalane («ruttull») utanom der vi skulle vente det, som i Romsdal og fleire plassar på Nordmøre. På indre Nordmøre (Surnadal, Ruindal, Sunndal, Øksendal) er det røttull, i Sunndalen røtull med lang ø. Hans Hyldbakk skriv om far sin at han var «ein fyraug røtull og ein av dei hålaste famntakarane i bygda».

Ordet kan også brukast om ting, f eks store, tunge steinar som er vanskelege å handtere. Elller andre litt klumpete ting: Det var sagt at dersom ein kar laga ein «sneddinn» (høveleg, snerten) soplime, ville han få ei «snedda» kjerring. Laga han ein «røtull» derimot, vart det nok eit anna resultat i ekteskapet.

Etymologisk knyter Alf Torp dette til eit to verb: ryte (norrønt hrjóta), som bl a kan bety å ramle ned, falle ut, og rute, som kan bety å storme hardt på, arbeide hardt, ståke, skråle.

Utmed kysten i Fosen finst ruttul som fuglenamn, men det er ikkje akkurat store og grovslegne skapningar. Det er snakk om vadefuglane steinvendar og raudstilk. Her er det nok eit heilt anna opphav, mest truleg lyden.

11.5.23: Bruttul

Kar som er sterk og pågåande i arbeidet, men hardhendt og uvøren, beint ut brutal. Gjerne også litt klønete, slik at ting går sundt for han. I all hovudsak må dette reknast som eit midtnorsk ord. Det er sterkast og tettast belagt frå Trøndelag, spreidd over heile det nye fylket, men også kjent på indre Nordmøre og somme plassar i Romsdal. Vidare går det over i Gudbrandsdalen (Lesja, Dovre) og Folldal, og Norsk Ordbok har opplysningar om det også frå Solør.

Etymologisk har ordet ingenting å gjera med brutal, som ein kanskje kunne finne på å tru. Brutal er fransk import. Bruttul er derimot avleidd til verbet å bryte, og ein bruttul er da også ein retteleg brytar. Ivar Aasen kom over «brutull» på Innherred. Etterfølgjaren Hans Ross fann former som «bråtul» og gjorde om oppslagsforma til brotul, som er den forma også Norsk Ordbok har.

Uttalen varierer på fleire måtar. Suffikset -ul(l) er det same som vi har i f eks stuppul og jutull, og det er uttalt enten med tjukk l eller palatal l. I namdalsmål er det gjerne utvida til bruttuli, etter eit elles kjent mønster derifrå. Men denne forma er også registrert frå Ogndalen, pluss bruttule frå Geitastranda. Vokalklangen er interessant. Det oppfører seg som eit såkalla jamvektsord, og det er oftast full utjamning på vokalane: bruttul, også i Fosen (heilt ut på Hitra og Frøya) og Romsdal. Dette kan enten bety at ordet har spreidd seg frå område der slik vokalutjamning er regelfast, eller så har denne utviklinga av vokalane gått vidare før, slik at vi her ser ein rest. På indre Nordmøre og i Simgsås er det «brøttull», slik ein her ventar seg vokalane i eit jamvektsord.

Det finst nokre avleidde adjektiv: bruttulåt (Leksvik, Rissa), bruttulaktig (Ytterøya) og bråtolsam (Velfjord). Dette siste tyder vel på at bruttulen/brotulen også har gått inn på Helgeland.

I Agdenes er «bruttul bærje» eit uttrykk for ein «elefant i glasmagasin». I Malvik har det gått sagn om eit par bruttular. Ein heitte Bruttull Bromli’n, og den andre (om det ikkje var den same) slo visst i hel ein kar som han v ar uforlikt med. Det får vera måte på å vera bruttul!

10.5.23: Boder(a)

«Vil du ha kvit hell blank fløyt(e) ti kaffe’n du?» «Ja, e det nå så du hi «boder», så e det nå best med den blankin da.» Denne dialogen er å finne i eit kapittel om Meråker i ei bok om husmenn og husmannsvesen i Nord-Trøndelag. Som vi ser, må «boder» bety begge delar (av to forskjellige alternativ).

Arnold Dalen har notert «æ vil ha bodera» frå Teveldalen i Meråker. Det kan vel oversettast med «ja takk, begge delar». Uttalen er med såkalla tonem 1, som i f.eks. «boplikt».

Dette må gå tilbake til eit norrønt báđa Þeira ‘begge (av to)’. Det er riktignok ikkje direkte belagt, men må ha funnest. Når vi finn dette nettopp i Meråker, så er det naturleg også å sjå det i samanheng med svensk bådadera, som betyr det same, og som har same opphav. Bjørn R. Krogstad har «bodeila» i si dialektsamling frå Meråker frå 2011. Denne forma representerer vel ei «modernisering».

9.5.23: Stempill (stempel)

Stempel som reiskap kjenner vi jo godt til. Vi brukar stempel til å sette avtrykk (også om sjølve avtrykket), til å stanse hol (ein dor) og vi har stempel som rører seg i ein sylinder. I tradisjonell dialekt mange plassar heiter det «stempill» og er hankjønnsord.

Men som så mange andre ord for reiskap, kan det overførast på folk. Da er det i alle fall hankjønn. Norsk Ordbok opererer med fem forskjellige tydingar her, og vi skal gå raskt gjennom dei og supplere litt I Bardu er «ein unnerli stempel» ein kar eller fyr, som gjerne skil seg noko ut. I Ål i Hallingdal er det bruka om ein stutt, tettvaksen kar, Så er det fleire plassar sagt om ein stri, arg, sjølrådig person, ein som ikkje gjev seg (Norddal, Haram, Sunndal, Astafjord). I Inner-Namdalen er ordet ganske sterkt rosande, om ein real, «stempla» kar, som alltid stiller opp. Så har vi til slutt Stjørdalen, der ein stempill er ein vilter og livat fyr, gjerne gutunge, som er full av galne påfunn.

Så er det nokre samansetningar. Ein egenstempill (Roan, «egenstempel» i Fauske) er ein stabeis. På indre Nordmøre (Sunndal, Øksendal) har vi ein gorstempill om ein som er (gorande) lat. Og ein jutstempill i Soknedal er vel omtrent det same som ein jute, altså ein tosk.

Heilt til slutt har eg eit ord heimafrå Sunndalen, nemleg «askakstempill«. Det har vel fungert som skjellsord, men er vel eigentleg ein eiskap til å stemple ut leivar, særleg til såkalla askake – ei lita kake av vanleg brøddeig, steikt på omnen.

5.5.23: «Fal-tåg» (ferd-tåg)

Det let seg enno gjera å komma over gammalt ordforråd som ikkje er registrert. Såleis finst det ei samling innsendt av Rafael Lyngvær frå Vik i Sømna. Det er ei utfylling av ei tidlegare samling frå Brønnøy, der Lyngvær fører på kva det heiter i Sømna. Det kom ei fin ordsamling frå Sømna i 2011, men det finst ord hos Rafael Lyngvær som ikkje står i den. Lyungvær-samlinga ser i det heile ikkje ut til å ha vore særleg utnytta, men no skal vi i alle fall sørgje for at tilfanget blir bruka i Norsk Ordbok.

Eit slikt «nygammalt» ord er ei «fal-tåg». Lyngvær kjem inn på dette i samband med eit par ord for navlestreng som i seg sjøl er sjeldne: «livtåg» og «tågstreng». Han forklarar «fal-tåje» (bunden form eintal) som dei kvite senene i fiskenakken. Desse vart nøye studert av fiskartane når dei gjorde opp og kappa hovudet av fisken, opplyser han. Var det fisk som var på sig, og gjerne i stor mengd, så var senene i nakken meir utvikla, meir synlege enn på fisk som stod still og var meir spreidd og fåtalig.

I overført bruk kunne også folk få «faltåg». Vi gir ordet til Rafael Lyngvær: «En mann eller kvinne som fikk det merkbart travelt med å komme seg avsted til en «utvalgt» hadde fått faltåje i seg».

«Fal» er dialektuttale av ferd.

2.5.23: Bjønn i ba(r)nleik

Det kan komma bjørn i barnleik, heiter det. Kva er det som skjer da? Jau, det kan f.eks. komma ein ytre fare og skiple leiken eller arbeidet. Det blir eit leitt og uventa avbrot, ein strek i rekninga. Talemåten er gammal, først belagt i Knud Leems målsamlingar frå 1740-åra, og deretter via Ivar Aasen og diverse nyare ordtaksamlingar. Meir direkte målførebelegg har vi frå plassar som Surnadal, Hemne, Hitra, Åfjord og Nesset i Romsdal. Forfattaren Bjørg Berg har det: «Ta deg i vare, det kan komme bjønn i banleik!» («Syndens sold», s. 174). I avisdebattar o.l. ser vi det kan komma som ein kommentar når ein verkeleg autoritet, ein overmann, blandar seg inn i spørsmålet og sett ting på plass.

Nei, det er ingen ba(r)nleik når gamle kjerringar dansar, for å bruke eit anna gammalt ordtak.

28.4.23: Malise(r)

Denne importen frå fransk betyr opphavleg vondskap eller skadefryd. Det går tilbake til latin malus ‘vond’. Men i målføra har det levd sitt eige liv og utvikla mange forskjellige tydingar. Nær utgangspuktet ligg vel pretter, farkstrek, påfunn: «gjera maliser», «full tå maliser». Når noko er «gjort på maliser», er det for moro, leven. Men også for å vera rang (Måndalen i Romsdal). I Leksvik kan «å gjær malliså» også bety å skjera grimasar. I Bolsøy i Romsdal er det katten som kan gjera maliser – kunster, hopp og sprett.

Elles i Romsdal kan malise vera ei lite overtenkt handling, ein fadese, eit mistak.

Å vera «under malisen» er å vera i militærteneste, på eksis (Gausdal). Det kan nok føre med seg mykje vondt. Men i Indre Sogn er dei «under malisen» når dei er under streng kommando i det heile, eller ille ute.

Siste blomster i buketten er «foille maliisser» – fullt utstyr med saker (Kolvereid).

Så dette ordet har forgreina seg. På Karmøy har det til og med vorte substantiv: Ein maliser er der ein tøysekopp, ein tullball.

Eit ord av same slekta er «mallisjørsk», som vi skreiv om i «Dagens ord» 25.11.12 og «Dagens ord II» 13.5.22. Det kjem av malisiøs, ei avleiing til malise.

27.4.23: Fliropp

Ein som flirer mykje og ofte; lattermild person, ein fliremikkel. Det ser ut til å ha kjerneområdet sitt i Trøndelag og på Nordmøre, men flyt litt over til Romsdal og Nord-Østerdalen. «Ein fliropp og ein godtull til kar», skriv Olav Duun («I blinda», s. 15). Ein skøyer og spetakkelmakar i Vangsgutane ber namnet Fliropp. For nokre år sia dreiv «Adressa» med utdeling av såkalla «awards» i mange forskjellige kategoriar. Der vart den blidspente Tore Strømøy foreslått til «årets fliropp».

I dette sitatet frå Olaf Berg/Martin Kvænnavika ser fliropp nærmast ut til å bety ein eigenskap ved personen, noko i retning av humoristisk sans eller godt humør: «han Petter-Lorns va da der me fliroppen sin. Han kan da itj bærg sæ fer å flir såmmå kor gælli de e» («Skrøner», s. 61)

Ein glisopp blir det same som ein fliropp, men det er nok langt mindre vanleg. Men Jon Leirfall gjorde i sogebøkene sine den danske politikaren Mogens Glistrup om til Morten Glisopp. Hans norske meiningsfelle Anders Lange vartforresten i same slengen døypt til Andris Bikkjefostrar.

Det finst ein del andre slike ord med -opp, som f.eks. ein friskopp om ein friskus. Men denne måten å laga ord på er lite omtalt i faglitteraturen. Eg gjorde eit forsøk på å skrive litt om det i ein artikkel i Bygdabladet for Støren, Rognes og Snøan i 2016. Det kan ha starta opp som ei samantrekking av ei ordgruppe med bydeform av verbet og adverbet opp. Som i ein sittopp ‘slag, dask, støkk’ (som får ein til å sitte opp) og hundenamnet Passopp «»pass opp!»). Så har desse kunna danne mønster for nye lagingar med andre forledd, som verb eller substantiv i fliropp og glisopp, og som adjektiv i friskopp og kvikkopp. -opp har altså vorte eit slags suffiks.

26.4.23: «Kvar sin tyttj»

Orkdalingen Hallvard Morken skreiv i avisa Sør-Trøndelag 28.5.1988 og hadde lita forståing for folk som søkte opp i høgda seint på våren for å finne snø til den siste skituren: «Jaja, kvar sin tyttj, som ho sa kjerringa. Men min tyttj er no den at når vinteren endeleg er over, og det tar til å gro på åker og eng, da er livet endeleg leveleg».

Uttrykket «kvar sin tyttj/tykkj» har vore diskutert fleire gonger på facebook-gruppa «Trønderske ord og uttrykk som burde brukes oftere». Kvar får ha si meining (om den saka), «smak og behag». Det er/var i bruk fleire plassar: Orkdal, Geitastranda, Hitra og Rindal har vi i alle fall sikre belegg frå. Frå Inderøya er registrert «kvar sin tykkjå», noko som stemmer bra med at dette substantivet er hokjønn i norrønt og islandsk.

I normalisert form heiter det tykke, og det kjem av verbet å tykkje ‘synast’. Kjønnet kan variere. Ofte er det inkjekjønn: etter mitt tykke», «etter eige tykke». Det kan definerast med meining, vurdering, oppfatning, skjønn, smak m.m. «Han sa sett tykkjy» heiter det på Leka; han sa meininga si, kva han tykte. Seiemåten går vidare oppover på Helgeland. «Um smak og tykkje er langt å trætta», finn vi i Aasens ordtak. Ein annan måte å seie at smak og behag ikkje kan diskuterast.

Frå Nordmøre kjenner vi sambandet «teft og tykkje», som også kan oversettast med smak og behag. Særleg berømt er det som tittel på det framifrå dialektheftet til Bøfjorden Historielag, som kjem med stadig nye oppdateringar. Her er det også ei meir nyansert forklaring: Det gjeld både instinkt (altså ubevisst) og det ein tykkjer etter å ha gjort seg opp ei personleg meining. Det kan også forekomma med omvendt ordstilling: «tykkje og teft».

Tykkje kan også bety agg, uvilje: «han fekk en tykkj åt ‘om» (Meldal). Også ei lett krenking som skapar uvilje: «en tykkje kan sett ti leng'» (Oppdal). Jamfør adjektivet tykkjen ‘fortørna’. Samansetninga godtykke er lite kjent i trøndersk, men vi har ho frå Hitra: «æ ha go(d)tykkj for derre bane» – sympati.

25.4.23: Afse

Det er ingen som «afsa på ongan» lenger, klaga ein surndaling i eit lesarinnlegg i avisa «Driva» i 1988. Han forarga seg på at sjokoladepapir, potetgullposar og brusflasker låg strødd ikring etter den oppveksande slekta. Det er kanskje ikkje så mange som brukar verbet «å afs(e )» lenger heller.

Som vi forstår, betyr å afse å tala til rettes, formana, åtvara, be om å passe på. Oftast er det i sambandet «afse for» («e afsa fær ongå» – Rindal), men også «afse på»: «Ho mor sat bære å afsa på oss at vi mått varra redd for skjøre» (Hans Hyldbakk: Ei haustferd på Nordmøre, s. 135). Hyldbakk er elles den einaste eg har sett som har sett ordet på trykk, utanom ordsamlingar. Etter mitt eige opphav har eg notert setningar som «ho afsa ti ongo» og «han afsa ette-na».

Ordet er først og fremst kjent i Romsdal og på Nordmøre. Men kanskje ikkje allstad på Nordmøre; så langt kjenner vi det frå Tingvoll, Øksendal, Sunndal, Surnadal og Rindal). Så flyt det litt inn i Sør-Trøndelag med Meldal. I seinare tid kan vi også utvide til nordre Sunnmøre, med ei ordsamling frå Haram: «dei afsa nå av te slutt» – dei fekk dempa, overtala han (til å gje seg).

I Norsk Ordbok er ordet normert avse, og da har ein vel sett for seg ein samanheng med av, som i avstyre, avtelje, avrå o. l. Det skal neppe knytast til ofse, slik ei kjelde foreslår, og neppe heller til norrønt ávísa eller vísa á peike på, seie frå.

21.4.23: Kropphol

Lite og trongt rom; krypinn. Ordet er kjent her og der på Nordmøre (Stangvik, Surnadal, Tingvoll, Øksendal): «han hell-te på et kråpphål uti by’n» (Surnadal). «Vi er av ei slekt som kom til verda i halmseng, og våre forfedrar levde i kropphol og skrava sikturleg over dørstrokken for ikkje å slite han ut» (Hans Hyldbakk i avisa «Driva» 4.10.1975, om meir nøysame tider). Eit kropphol kan også vera ein gøymeplass der det er trongt å komma til og vanskeleg å finne ein, der f eks farkåte krøtter kan stikke seg vekk.

Førsteleddet er nok ikkje kroppen vi går rundt og deg med oss, men krop, som heng saman med å krype. Morfolket mitt i Øksendalen uttalar det «kröphöl», med vokal som ligg ein plass mellom ø og æ: «det va no som et kröphöl, na hybel’n hass». Dette igjen ligg nær uttalen i Nesset i Romsdal, som er «krøphøl».

20.4.23: Jordduns(t)

Opp gjennom tida har det ikkje mangla på åtvaringar om å sette seg på kald og fuktig mark om våren. Regelen kunne vera at ein skulle vente til ein hadde hørt gauken, eller vente til sankthans.

Elles risikerte ein å få jorddunst, jordduns eller berre dunst. Dette er jo eigentleg rå damp eller eim frå jorda. Men fekk ein denne i kroppen, kunne det føre til sjukdom. Utslett vart forklart med jorddunst, og likeeins om ein berre fekk vondt ein plass. Somme har endatil meint at jorddunst kunne gjera barn lamme, altså føre til poliomyelitt.

Begrepet ser ut til å vera kjent berre vest og nord i landet (Trøndelag inkludert). Andre ord for det, som ikkje er så utbreidd, er jordgust og jordkast. Forestillinga er kjent også i samisk. Eit godt råd mot jorddunst skulle vera å kle seg naken sankthansnatta og rulle seg i dogga (Båtsfjord).

Dette er nok meir sjeldan, men ein kunne også få sjødunst frå sjøen. Paul Woxeng fortel frå Vikna at når fiskarane kom heim frå sjøen, måtte dei byte av seg sjøhyra før dei gjekk bortåt barnvogga. Dette for å sikre at barnet ikkje fekk «sjøduns», for det var farleg og kunne føre til engelsk sjuke.

19.4.23: Pinnhard(t)

Pinn- i forsterkande tyding kjem enda tydelegare fram i dette ordet, som betyr svært hard(t), knallhard(t). Etter dei reine målføreopplysningane vi har, ser denne samansetninga ut til å ha eit tyngdepunkt i området Jæren/Dalane, med slikt som pinnhardt brød og pinnhardt kjøt. «Sprengkulden har frosset maten pinnhard», kan vi lesa i avisa «Agder» 13.1.1997. Men det er også notert frå Sollia i Nord-Østerdalen, og heller ikkje ukjent på Nordmøre. Truleg hår det mykje vidare. Den 4. desember i 1980 kom ordet på førstesida i avisa «Driva». Den lykkelege vinnaren av kr. 280 000 i tipping nekta å bli avbilda i avisa, han «heldt seg pinnhard», stod det. I «Adressa» året etter er det reportasje frå ein bygdadag på Frosta: «Midt på dagen ble det virkelig lang kø, og tro det eller ei, men der sto gubber og kjerringer, ungdommer og barn pinnhard, ikke til å rikke av flekken før de hadde fått en dyp tallerken rømmegrøt». Ja, ein kan godt stå pinnhard ei god stund når ein ventar på noko godt. Stundom blir det stava «pinnehard», slik i Oppland Arbeiderblad frå eit skirenn i Valdres i 1975: «Løypa var pinnehard og med lange partier med blåis».

Litt mindre kjent er ei anna samansetning med forsterkande pinn-: pinn(e)liten.

18.4.23: Pinnfritt

Heilt umuleg; ikkje tale om: «Det er pinnfritt at eg blir med på det». Tyngdepunkt på Nordmøre, men finst i ein målføretekst frå Namdalseid, og Olav Duun har brukt det. Så det går nok vidare enn arkivmaterialet kan tyde på. «Nei, så pinnfritt om e står opp att meir i dag» (Ragnhild Magerøy: Gunhiuld, s. 68).

Fritt knyter seg vel til fri i tydinga ‘tom (for)’, som i «fri for mat», «fritt for mus», «fritt om eg veit». Pinn-er nok reint forsterkande.

13.4.23: Slutt med blistringa

Når det er slutt eller forbi med blistringa, er det slutt på moroa. Vi kan gå inn i ein situasjon i ei forteljing av Sigurd Lybeck: «Han Even Sauhaugen hadde ikke hatt noen større lykke med seg hjå ho Sirine Kveksbakken likevel, for han var blitt så full og nærgående at ho hadde måttet gi ham en kinntrøster. Han hadde rett og slett skjelt henne ut og sagt at ho var ei merr, og da kan noen hver skjønne at det ble ingen elskov».

Talemåten ser ut til å ha vore særleg populær på Austlandet, også med spøkefulle tillegg som «sa mannen, han mista underleppa/nerleppa/nerkjeften». Eller som denne frå Valdres: «Dæ æ ute med blistringen når lepadn sprekk».

Men det er også eksempel på det nordafjells, som Oppdal, Rennebu og Sparbu. På mitt eige sunndalsmål heitte det «det vart slutt med di blistringjen».

12.4.23: Ærendsfør

Når ein er ærendsfør, får ein gjort, utretta det ein har tenkt. Ein er snar og grei og påliteleg til å utføre ærendet. Det tilsvarar omtrent «iveggjerande», som vi hadde som «Dagens ord» 17.3.23. Ordet ser ut til å vera mest kjent i Trøndelag, men det går også nedover Vestlandet og litt inn i dalane på Austandet, i følgje Norsk Ordbok. Det er gjerne sagt om ungar som er flinke, dels også om slike som er ærlege og dermed kan sendast i ærend for andre. Før er som i f eks arbeidsfør.

I Årbok for Bjørnør 1977 er det fortalt om ein mann frå Åfjorden som var aleine på bytur. På heimvegen var det motvind og dårleg ver, men han sleit seg heilt ut til Agdenes, da han kom på at han hadde gløymt å kjøpe ei pakke blåfarge til ei nabokjerring. «I stedet for at han fikk ord på seg for at han ikke var ærendsfør, snudde han like så godt om og for de fire-fem milene tilbake til byen. Etter å ha fått tak i fargepakken, begav han seg igjen på heimvei» (s. 29).

Eit gammelt ordtak handlar om å ikkje vera ærendsfør, her i versjon frå Hitra: «Når’n vise ban te by, må’n sjøl gå ætte på ny».

29.3.23: Folkhus

Husstand, husfolk, famlie. Det er gjerne snakk om «stort folkhus»: «Det var ikkje spøk å laga mat åt eit stort folkhus» (Årbok for Fosen historielag 1970, s. 37). Denne bruken av «folk(e)hus» ser ut til å gå frå Vestlandet og nordover, med Trøndelag og mange plassar også i Nord-Norge. Ein kan også ha stort folkhus i helga eller i ferien, når det er fleire enn vanleg.

Folkhus kan natrurleg nok også bety hus for folk, bolighus. Såleis hos Alf Prøysen: «det ser itte ut som et folkehus inne», og Hans Hyldbakk: «han er ikkje verd å koma i folkhus slik han ser ut» (bladet Heimveg, 1928)

24.3.23: Børte

Få til å brenne, lyse klårare. Det var kanskje særleg bruka om gamle tran- eller oljelamper, men også om lys. Ordet hører først og fremst heime på Vestlandet til og med Nordmøre, så er det litt meir sparsamt i Trøndelag, men med innslag både i Fosen (Frøya, Osen) og Namdalen, og så har det stått sterkare att i Nordland. Ein kan børte opp eller børte fram lampa, ved å skruve opp veiken, og lyset ved å klippe av den svartbrente stubben av veiken (skara, som det også heiter). På Nordmøre kan det også bli sagt å børte ned om å skruve ned veiken. I Osen betyr «å børt lampa» å blåse ut, sløkkje lampa. I ei ordsamling frå Hemnes heiter det at «å børt med lyset» er å slå det av og på, f.eks. ei lommelykt.

Somme plassar kan å børte eller byrte bety å friske opp elden, i omn eller på bål. Dette er likeeins i shetlandsk birt, og det fører oss til opphavet. Norrønt birta betydde å lyse opp, og meir overført å gjera noko kjent. Det er avleidd til adjektivet bjart ‘lys, skinande, klår’. Etymologisk same ord som engelsk bright, men det er visst ikkje snakk om «lån» den eine eller andre vegen. Dette er gammalt fellesgermansk (og kanskje til og med indoeuropeisk) ordstoff.

20.3.23: Formeins(t)

Forkjært, uheldig, meinsleg. Dette ordet har eg funne på berre på Nordmøre (ganske mange plassar) og i Oppdal. I nordmørsmål gjerne uttala «færmæns», stundom med ein t til slutt, og i Oppdal «fårmens».

Ein kan trø formeins(t), sitte formeins(t), elle ting kan komma formeins(t) på. «Somme gonger kunne tømmerbrotane ligge så formeins til, at dei veda til vatnet gjekk oppunder hendene før dei kom bortåt» (Leif Halse; Todalen bygdebok, s 157).

Diktet «Famntak» av Hans Hyldbakk handlar om ein batalje mellom han Ola Mela og han Polla-Pe. Men det er eitt vers der som ser ut til å ha vorte borte i innspelinga med Vårsøg. Her er dei første fire linjene:

«Men best det va fikk ‘n Ola Mela

ein lettin kråkfot på’n Polla-Pe.

Han glatt og tok litt færmæns me hela,

å mesta om-det han jikk på kne»

Dette verset er eigentleg vendepunktet i diktet, for det fører til at han Polla-Pe mistar tolmodet og kvelver han Ola Mela «evve se att å bak». Og det var dagens diktanalyse.

Formeins(t) har sjølsagt med mein å gjera. Ein kan lure på om det er oppstått som ei kopling mellom mein og «forkjært», som er dnask-tysk import og eigentleg betyr «vendt i feil retning».

18.3.23: Livkorting

Heilt bokstavleg betyr jo dette avkorting av livet. Men det finst visst berre i eit fast uttrykk: på livkorting eller på livkortinga. Dette kan bety to ting. For det første kan det bety ‘berre så vidt’, slik vi finn det spreidd på Nordmøre (Eide, Tingvoll, Sunndal, Aure): «dete på livkortingja ætt i vinn det» (Eide). Underforsått er det vel at det er berre så vidt det ikkje går på livet laust.

På eit par plassar i Trøndelag (Hemne, Meldal) er det oppgitt å bety ‘svært farleg’: «det var mesta på livkortinga å kjøre med lass der».

17.3.23: Iveggjerande

Som ein kan «gjera i veg» (sende ut) for å utrette ting. Da er du effektiv og påliteleg, rett og slett ærendsfør. «Iveigrjørrånnj» heiter det i indre strøk av Sør-Trøndelag (Orkdal, Meldal, Rennebu, Hølonda, Melhus, Budalen). På Hitra er det «iveigjærran». Det ville forundre meg om dette ikkje skulle finnast på plassar som Soknedalen og Hemne også, om ein leitar.

Reidar Almås kom borti dette ordet da han samla stoff til ordoka si frå Hølonda, og fekk det forklart med eit eksempel: «Det spørs om du Reidar e iveigjørrånj, vess du bli sett te å kjøp kjolty åt kjerringa». Slik gjengir han det i spalta si i avisa Gaula den 12.3.2014.

Når ein skal velje utsendingar til f.eks. landsmøte, er det viktig å finne folk som er «iveigjørrånj». Ordlagingsmåten med samansetning der sisteleddet står i presens partisipp, er tradisjonell og god, men kanskje noko på retur. Landsmøteutsendingane bør absolutt vera «utsleppand», og så får vi håpe dei får mat som er «(t)iseghavand».

Ja, det er så mange rare ord at det er ikkje «om-det-taland».

16.3.23: Eignating

Verdifull, dyrebar, kosteleg ting som det er verdt å eige. Det kan f.eks. vera noko ein har arva, noko som har vore i slekta, slik som her: «ein liten eikekagge med massingholk i, ein eignating ho har hatt med heimafrå» (Ingeborg Åsen Vatten: «Ales lengtar», s. 56). Kan vel nesten oversettast med klenodium.

Eignatingen kan også vera ein ting som er høveleg til formålet: «Ein god ljå var ein eignating for slåttekaren» (Du mott Nordmøre 1980, s. 19).

Også folk kan vera «eignating», f eks. snille ungar: «et ægnteng te onge» (Kjerringøy).

Etter arkivet til Norsk Ordbok og andre kjelder finst ordet i Romsdal og på Nordmøre. Så hoppar det over mykje av Trøndelag, men finst att på Snåsa og i Namdalen. På Helgeland har dei det, og det er også innslag av det i Troms. Ting kan elles tyde på at det går lenger nedover Vestlandet enn materialet viser.

Førsteleddet er eign ‘eige, eigedom’, med gammal genitivsform slik vi ser t.d. i norrønt eignarhlutr.

15.3.23: Leverspipe

Piping, blistrelåt i omnen eller murpipa (på grunn av rå ved?). Dette skal varsle mildvêr, vil dei ha det til (somme plassar på Nordmøre, som Surnadal og Rindal, dessutan Hemne). Så finn vi ordet att i Sogn (Vik og Balestrand). I Hardanger heiter det lyverspipa. »Når det pipa med lange låter i veden som brann i omnen vinters dag, vart det lever. Difor kalla dei det òg for leverspip» (Hans Hyldbakk: Bygdesoge for Surnadal II, s. 60). «Det er leverspipa som lagar låt, på kjølda visst han sler, no vert det retteleg synnåver» (Ingeborg Åsen Vatten: Under Nordmørsfjell, s. 18). Levêr (læver) = mildvêr. I Sunndalen har eg hørt denne pipinga omtalt som «godverslåto».

I Eide på Nordmøre sa dei leverspipe også om halmstrå som dei bles i (halmpipe, åkerpipe). Dei trudde denne blåsinga framkalla regn.

14.3.23: Annas(t) med

Uroleg, redd, forskrekka (Rindal, Hemne, Agdenes, Roan, Oppdal, Orkladalføret, Soknedal, Hølonda, Horg). Somme seier helst anas med. Også annars ved (Strinda); anna med (Fosen, etter Hans Ross 1895); ans med (Støren, Singsås); ans ved (Smøla), ennjast med (Sunndal, Øksendal); ænast med (Tingvoll, Straumsnes. Surnadal, Halsa; her altså omtolking til «einast»). Norsk Ordbok fører opp Gudbrandsdalen, Vestlandet og Trøndelag som heimfesting for dette og tilsvarande uttrykk, med strøbelegg også frå Romedal på Hedmarka. Det skal nok knytast til pronomenet annan, jf. norrønt honum varð annars hugar við ‘han vart annleis i hugen’, han vart ulik seg på grunn av forandring eller skrekk.

Eg har hørt ei historie om ein prest i Rennebu som var ute og kjørte bil ein gong, og som ikkje tok sjansen på anna enn å halde innersvingen på ei bratt strekning. Det bar ikkje betre til enn at han kolliderte. Da han fortalte om dette, sa han: «Men da blev jeg meget anas med!» Han hadde altså lært seg litt rennbygg.

13.3.23: Frunt og frynt

I ei gammal vise om ein «skomakarpjes som kom frå Östernäs» heiter det: «Han va vel ingjin kongens kar, men pisk han atti nakko bar, han vel ha oppfrunta sitt hår». Nils Magerøy har denne visa i boka «Gamle visor og kvedor», og forfattaren Ragnhild Magerøy gjengir ho i romanen «Gunhild». Nils Magerøy skreiv også eit arbeid om målet på Ålvundeidet, og der har han dette med i ein dialektprøve: «kor han ha frunta opp håret sett». Det var vel også på Ålvundeidet han fann visa.

Dette må vel bety å stelle, sette opp håret, slik også Norsk Ordbok reknar med. Somme plassar har dei frunt om pannehår, hårlugg, og i Biri er hårfrunt det same som bølge i håret. Ein trufast kommentator her i spalta, Randi Olise Hoel frå Rennebu, har frynt og hårfrynt om stort, «fluråt» hår.

Ein slektning er vel også verbet å frunte om å rukke på nasen. Men dette er ei nokså sjedan ordslekt, og etymologien er langt frå klår.

10.3.23: Fetling

«Sentra kan verta for store, og då går det ut over fetlingane (utkantane)», står det i ein artikkel i Gula Tidend 12.8.1978. Jau da, «fehljingan» (omtrent slik blir det uttalt i «mitt» dialektområde, med ustemt palatal l som i «tahlj») var og blir vel stadig sagt om utkantar og avsides plassar. Det er da enno litt folk att «i fehljingan/fehljingå/fehljingo», og påstanden i Gula Tidend er nok ikkje mindre aktuell i dag..

Fetling er opphavleg skinn av fot eller legg på dyr, brukt til å laga hudsko. Det er ordslektskap med fot. Så har det vorte bruka om kanten, den mindre verdifulle delen av skinnet, og derfrå om utkant av ei bygd, kant på eit jordstykke o l. «Det vart bærre fehljengan på mæ» (Hemne) berre skrapet som var att.

I begge tydingane ser ordet ut til å ha vore nokså vanleg. Den opphavlege og den overførte blir sameint i felire talemåtar: «Er det knapt at liva paa ei Hud, so ver det verre paa ein Fetling» er eitt av ordtaka hos Ivar Aasen. Dette gjeld fordeling av jord, seier han, og han skal visst ha det frå Nordmøre. Her er ein versjon frå Flatanger: «Det kan itt all bu på hua, det må nån bu på fehljingan å». Frå Fræna lyder det slik: «Det e kje allje so kan bu midt på JKalvskinnet, nåkkån må bu i feslingå au».

«Eg skal halda i fetlingane med han» er eit fast uttrykk frå Aurland. Det er omtrent som å halde nokon i øyro, han skal ikkje få gjera som han vil. «Berre vent te e fæ ti fehljingan på de» kunne dei true med på Hølonda når nokon hadde gjort ei prette.

9.3.23: Hauknapp (hovudknapp)

Brukt i spøk om hovudet på folk, og gjerne med tanke på hovudet som sete for åndsevner. «Det er god liten hauknapp på guten! Rart det ikkje blir jurist eller eitkvart slikt tå han!» (Leif Hale i Jul på Nordmøre 1957, s. 16).

Det ser ut til at dette ordet først og fremst har sitt utbreiingsområde i det gamle Sør-Trøndelag, med ein konsentrasjon i Orkladalføret, Oppdal og Hølonda. Men det er også spor etter det andre plassar, som Hitra og Rissa. og i forma «huvvuknapp» i Singsås. På Frøya «hauknopp». Ola Setrom skriv slik i romanen «Med steinane mel» (s. 136): «Presten fann snart ut at det var hovudknapp på guten» (og da er det underforstått at den hovudknappen var god).

8.3.23: Haustav (hovudstav)

«Haustaven» kjenner eg først og fremst som den viktigaste, fremste personen, den som går i spissen, tek ansvar og styring, er drivkraft og «primus motor». Dette har vi registrert frå Romsdal, frå fleire plassar på Nordmøre (Øksendal, Surnadal, Rindal) og frå Meldal. I Romsdals Budstikke 5.1.1939 står det om eit nytt ungdomshus, og det er eit lærarpar som fortener stor takk,»for dei hev vore haustaven» for prosjektet. I Brekken er/var «huggustaven», brukt på same måte, og i Nesna og Rødøy «høvstavar’n». Her kunne det også brukast om skipperen.

Dette er helst ein overført bruk. Men kva er den opphavlege haustaven/hovudstaven? Det kan vera fleire ting: For det første er det ei nemning for gravstøtte, gravminne (slik i Romsdal, og også i Gudbrandsdalen, som «hugustav»). I Romsdal kan det også vera berebjelke i bygning, og frå Tingvoll er det nemnt om dei to stavane i ei lagga trebøtte som er lengre enn dei andre.

3.3.23: Bordost

I dag er vel dette mest kjent om ein ost til å sette heil på bordet under eit måltid. Det er i alle fall slik vi møter det i litteratur om matstell. Eit gammelt reklameslagord seier at «Nordost er den beste bordost».

Men overført kan det brukast om ein unge som har komme seg opp på bordet og som gjerne vil bli verande der. «E det bordost?» blir det gjerne sagt til slike. Vi har ordet frå spreidde plassar i Trøndelag, frå Rennebu i sør til Snåsa og Flatanger i nord. Det er også innslag av det på Nordmøre, og lenger nord har vi det i ordsamlingar frå Alstahaug og Nesna, pluss at Hallfrid Christiansen seier at det er (var) vanleg i heile området Lofoten – Vesterålen – Senja. I papirversjonen av Norsk Ordbok er det berre heimfesta til Verdal, så dette må vi nok utvide kraftig i den pågåande revisjonen.

Også ein katt som har seg oppå bordet, kan bli kalla bordost. Kattar vil gjerne vera høgt oppe og ha oversikt. I gamle dagar kunne omreisande skreddarar sitte på bordet med arbeidet sitt, men eg kjenner ikkje til at dei har vore kalla bordost for det.

28.2.23: Bøangs (bauangs, bjøangs)

Å ha noko «te bøangs» vil seie enten å ha noko ein vil by fram for salg (altså sett frå seljaren sitt synspunkt) eller å ha tilbod om å kjøpe noko (sett frå den potensielle kjøparen). For eksempel slik det stod om ein gammal skulebygning i avisa «Driva» 17.4.1982: «Bygda har hatt han til bøangs for ingen ting».

I denne forma finst ordet på Nordmøre (Halsa, Straumsnes, Øksendal, Sunndal, Surnadal og sikkert fleire) pluss Hemne, og i Rennebu böangs med ein spesiell ø-lyd. Meldal og Orkdal har «te bauangs». I Oppdal er det «te bjøangs», og frå Åfjord er det opplyst om varianten «te bøengs».

Førsteleddet er nok bod ’tilbod’, i dette området uttalt som «bø», «bau» e.l. Somme har rekna med at det kan vera ein omforma presens partisipp «til bodande(s)», som så skulle ha vorte trekt saman til «bøangs/bauangs». Men på islandsk har vi visstok bođangur om det å by fram noko til salg, så kanskje dette likevel er ei avleiing med suffikset -ang. Forma «bjøangs» frå Oppdal heng nok i hop med den eldre uttalen «å bjø» for å by.

Kjem vi litt lenger aust i Trøndelag, er ting «te baunas» (Skaun, Hølonda, Melhus, Byneset). Til og med døtrer er «te baunas» når dei er gifteferdige (Melhus). Da har vi ei anna avleiing til det bod som er nemnt ovafor, no med suffikset -nad. I normalisert nynorsk form må dette bli bodnad. Dette finst faktisk også utanom genitivsuttrykk: «bøna» på Høylandet er innbyding, det å ha gjester.

20.2.23: Steinhogge

Eg minnest eit bryllaup for om lag 40 år sia, ungdommen ståka og dansa og flørta. Da var det nokre gubbar i den alderen som eg er no, som skulle ønske at dei var unge igjen. Da skulle dei vore meir frampå overfor kvinnfolka, meinte dei. «Men oss va da så redd fær å steinhogg, sju!»

Å steinhogge i konkret forstand er sjølsagt å skjemme ut eggreiskap (særleg ljå) ved å hogge han i stein. Ljåen kan også bli skjemt om ein høgg han i jorda. I dette sitatet frå Jon Leirfall finn vi begge: «han vart ikkje nokon kar med ljåen, steinhogg og jordhogg» («Mangt eg minnes frå ei tid som var», s. 101).

Overført vil å steinhogge seie å feilvurdere, mislykkast, støyte på uventa motstand, gjerne i form av eit krasst og uvennleg svar. Herunder å ha utur når ein legg an på kvinnfolk, eller få avslag på frieri. Hos Sigurd Lybeck finn vi eit eksempel: «det er far som har fått ham hit, og hadde kanskje trudd at han skulle bli eit passelig parti for meg, men da skal han steinhogge om han aldri har gjort det før. Je kan itte fordra den bleikfeite tassen».

17.2.23: Fuffu

I den grad ordet er kjent i dag, er det vel først og fremst om dårleg skjenk (kleint brennevin, dårleg øl e l). «Ei flaske godt brennevin kosta den tid ei ort og tolv skilling – ei flaske «fufu» fekk dei for ei ort» (Levanger Historielag, årsskrift 2005, s. 285; om forholda på Levangermartnan i 1870-åra). «Ein martnastur» heiter eit hefte frå 1905, skrive av ørlendingen Christopher Hovde, men utgitt på Stjørdalshalsen. Martnasturen går her til Trondheim, og det er blant anna snakk om å finne brennevinsutsalget som har «reinast fuffua».

Dette er jo eit typisk trønderord, men det går også så vidt inn på nordmørsk og romsdalsk grunn. Dit har det nok spreidd seg frå Trøndelag.

I Trønderordboka har vi ein ganske utførleg artikkel om ordet fuffu, som vi kartla ganske grundig rundt1990. Fuffu kan brukast om dårlege greier i det heile, noko som er av dårleg kvalitet, verdilaust, ubrukbart, kraftlaust: «berre fuffu», «det e fer my fuffu ti denni». Og omvendt: «det e itj nå fuffu» – da er det svære greier. Så kan fuffu også vera boss og rask av forskjellig slag, eller lukt av slikt, innstengt lukt: «det lokte fuffu». Informanten frå Buvika fortalte at det var spesielt bruka om støvrøyk, gabb, f.eks. ved trøsking.

I Norsk Ordbok (NB: før revisjonen) har dei knytt ordet til fusel, og har med berre betydninga ‘kleint brennevin’. Som vi alt har sett, må nok dette byggast kraftig ut. Ordet har same vokalklangen som hokjønnsorda med jamvekt i indre trøndersk, som mussu, fjurru, vukku etc. I Selbu er det til og med veksling mellom fuffu i ubestemt og foffo i bestemt form, slik som f eks vukku går. Det ser altså ut som at ordet har slutta seg til denne bøyingsklassen, men det går jo langt utover det området som har u-u i slike ord.

Kanskje har fusel spela inn i utgangsunktet. Ein kan også tenke på svensk fuffens ‘fantestrek, puss, knep’, som dei reknar med er import frå lågtysk. I svensk slang finst også fuff om hasj, Likevel må ein vel seie at opphavet er uvisst. Kanskje er rein lydherming også inne i bildet.

Aller simplaste vare av brennevin heiter i Røros og Holtålen for gørrfuffu, med det forsterkande gør(r)- som er så typisk for målet her. Ei eldre oppskrift frå Roan, der fuffu er forklart som dårleg brennevin, har skjellsordet fuffumerr; i den noko gammaldagse uttrykksmåten til oppskrivaren definert som «kvinde henfalden til nydelse av «fuffu»».

16.2.23: Fauk og fole (forde)

«Det e sju folå ti ei fauk», lyder eit gammalt utsagn frå Byneset. Sammenhengen her var visst fauke (forde) om ri, raptus. Her kan det sjå ut som to begrepsfelt er blanda i hop, for ei fauke er jo ei kvass ri, eit anfall (av sjukdom, styggvêr m m). Medan ei fol’ (forde) oftast vil seie ei stor mengd, ein stor porsjon av noko. Men det kan også av og til brukast om ei fauke eller flage.

Frå Straumsneset på Nordmøre har vi fått inn denne: «det e 70 balla ti ei fol, å 70 folå ti ei fauk». Her dreier det seg om matretten ball.

Eg meiner eg har vore borti liknande påstandar om forholdet mellom «fol» og «fauk», men det er desse eg finn i farten. Om nokon kjenner til dette, så gje lyd! Sju-talet er i alle fall typisk i uttrykk som dette.

15.2.23: Bera imellom

Fara med sladder. Underforstått er det vel at ein da fører slarvet mellom to leirar, Frå Oppdalsordboka til Ingeborg Donali noterer vi dømet «ho æ fale, ho kan bårrå imillåm». Slikt kan sette folk opp mot kvarandre.

Frå Tydal er «bårrå/bår imilla» også forklart som å fara med sladder, særleg om bodbringarar mellom f.eks. to familiar som er i uvennskap. Det kan vera ein felles slektning mellom to fiendtlege leirar.

Dette minner meg på ei historie frå Volda. Der var både Olav Riste og Nils Magerøy skulestyrarar. Dei var ikkje alltid heilt forikte, og ein gong førte dei «krig» ved hjelp av ungane. Ein av ungane til Riste sa til ein av Magerøy-ungane at far hans, som var slik norskdomsmann, burde byte namn frå Magerøy til Skrinnøy. Neste gong kom bodskapen motsette vegen, at Riste i så fall burde skifte namn til Skake.

Også på færøysk heiter det bera ímillum

14.2.23: Solsvelte

Denne dagen kjem sola att på plassen der eg voks opp, i ei trong dalskøru som skjer seg sørover frå Gjøra i Sunndalen, inn mot fjellgardane. Så da er det slutt på solsvelta (solmangelen, solløysa) for denne gongen.

Dette var ikkje eit ord vi bruka, men tek vi turen synnom fjellet, finn vi det. Hans Ross fann det i Gudbrandsdalen, og det er kjent også i seinare tid. Skrivande folk frå Gudbrandsdalen har bruka det, som Ivar Kleiven, og ikkje minst Tor Jonsson: «og lang er solsvelta her i lia». «Den høge, bratte høe, som gjev solsvelte i 20 veker», står det om i Årbok for Gudbrandsdalen (1951, s. 155). Med tronge, djupe dalar blir det lang solsvelte.

Forfattaren Knut Hauge kjenner ordet, noko som kan tyde på at det også hører heime i Valdres: «Sola var gått ned her, men på vestsida låg ho enno blank over alle gardar. No fekk dei.att for solsvelta vinterstid» («For lenge lenge sidan», s. 10).

No ser det også ut til at solsvelte kan brukast om ein plass der det er lite sol, ei skuggeside eller bakside. Slik er det oppgjeve i ordsamlingar frå Heidal og Lom, og jammen dukkar det ikkje opp på denne måten også utpå Hitra. Kan det ha komme dit med ein utflytta døl? Eksempel finn vi i avisa Dagningen (26.5.1979): «det er gras vi avler her borti solsvelta»

13.2.23: Himmelvatn

«Det er ikkje småtteri kva himmelvatn som hev hylja ned siste dagane», skriv avisa Vestlandsnytt 9.10.1950 om forholda på ytre søre Sunnmøre. Slik har det også vore frå her min posisjon. Himmelvatn er som vi forstår regn, regnvatn. Direkte målførebelegg på dette har vi i arkivet til Norsk Ordbok frå Bjerkreim og Volda. Da høver det bra at voldingen Arthus Klæbo skriv at «det tyder lukke å få himmelvatn på kroppen» («Balladen i Alstadbygda», s. 124). På færøysk heiter det himmalvatn.

Informanten frå Bjerkreim meiner at plantene likar best himmelvatn. Det same blir hevda i ei gammal lærebok om «Naturleg jordbruk og kunstgjødseljordbruk»: «himmelvatn er altid det beste, for det kjem frå himmelromet metta med solenergi». Regnvatn som er samla i pyttar skal også ha vore bruka som smøremiddel for å fjerne vorter.

I religiøs samanheng er himmelvatn av og til bruka både om dåpsvatn og altervin.

10.2.23: Tett snøfall og store snøfiller

Det er mange saftige skildringar av dette. Ein måte å beskrive det på, er å jamføre med vottar. Det kan f.eks. snø både gammelvottar og bladvottar (Trøndelag, Nordmøre), eller «blavottæmnå» (Horg), og da er det bladvottsnø (Hølonda). På Hitra var det snakk om «øyavotta», vel fordi ei på garden Øya var kjent for å produsere store og solide sjøvottar. Jamfør at slikt snøfall heiter «sjyvottsnø» i Trondenes.

Eventuelt kan dette tette snøfallet bli samanlikna med bøter til vottane: Det snør gammelvottbøt(e) (Soknedal, Budal, Sebu), totrådvottbøte (Singsås), eller «han kaste hanskbøt» (gammal seiemåte frå Lånke). I Selbu og Tydal har ein assosiert til hudskoen, så der kan det snø hudskobøter.

Men det er meir: I Orkdal og Meldal snør det «kopplærvo», på Meisingset i Tingvoll snør det lamskinn, og Mikkjel Fønhus skriv at det «snør skinnfeller». I Selbu og Meråker kan det snø «skinnfellbøte».

Frosta opererer med «lærvlabba og gamle finnkjerringa», og dermed er vi over på kjerringtemaet. For det kan snø kjerringar, både store og gamle, trollkjerringar (Gudbrandsdalen, Sunnmøre og sikkert fleire) og fantekjerringar (fleire plassar langt sør i landet: Vestfold, Agder, Rogaland). På Nøtterøy er det snakk om «svære nøttlandskjerringer».

9.2.23: Barhakkar

Før tok ein merke av korleis bar og kongler vart hakka av trea om vinteren. Låg det mykje bar, særleg rundt heile treet, ville det bli eit godt kongleår, eller eit godt år i det heile. Var det derimot hakka berre på sørsida, spådde det dårleg for årsveksten. Mest om dette ser det ut til å vera i Nord-Trøndelag. Ole Nordgaard kjem inn på det i eit gammalt arbeid om folkemeteorologi. Han seier folk trudde det var ein bestemt fugl som sto for dette. Det treng ikkje vera ein bestemt art, men korsnebbane og konglebit blir naturleg nok sterkt mistenkt. Men det er også nemnt andre: tiur, sporv og gråsisik.

Frå Leinstrand er det opplysningar om ein fugl dei kalla barhakken. Når ein gjekk i skogen om hausten, kunne ein sjå om baret var fint hakka og strødd jamt utover. Det spådde godt år. Men var det grovt og ujamt, ville det bli uår.

Somme plassar kunne også ikornet bli nemnt for barhakkar. I Stjørdal har det visst også vore sagt om eit reiskap, eit slags tung kniv eller saks.

Ivar Aasen skreiv opp barhoggar frå Innherred om «ein viss skogsfugl». Fuglebøker, leksika og andre kjelder vil ha det til at dette er svartspett.

8.2.23: Sladderhund

Kallenamn på vater, vaterpass. I første sending av det nye dialektmagasinet «Ka sa du, sa du?» på Nea Radio i går 7.2. kom dette ordet inn, som eit forsøk på å sette «eksperten» fast. Og det gjekk med glans! Fleire kjente til det, i alle fall i området Stjørdal/Hommelvik. Elles kjenner eg sladderhund berre som eit anna ord for sladderehank, og slik er det brukt alt av sjølvaste Johan Nordahl Brun, i eit skuespel frå 1802. Men det er fullt forståeleg at det kan brukast om vater, for det er jo eit verkty som «sladrar» om at noko ikkje er beint.

Ei anna skjemtenemning for vater er «beinsperritus», registrert frå Fosnes.

Vater er forkorta for vaterpass, og det er importert frå lågtysk. Pass betyr her ’tilstand, stilling’. Ein fornorska versjon vasspass har vi fått inn frå Sørli.

Til slutt i dag eit trøndersk jungelordtak: «Det e likar med eit godt aumål enn ein skarvåt vater».

6.2.23: Poppelkvenn

Skravlebøtte, kanskje særleg om kvinnfolk «tå slagja». Ordet (men kanskje ikkje mennesketypen?) har sitt kjerneområde på Nordmøre, der vi kjenner det både frå indre og ytre strøk. Men det flyt litt utover grensene, med Nesset på eine sida og Frøya på den andre. Mange kan nok slutte seg til oppfordringa i Ragnhild Magerøy sin roman «Gunhild» på s. 56″ «Hald kjeften din no, di poppelkvenn».

Poplinga i ei gryte som kokar kan nok lett samanliknast med prating i eitt kjør. Og kvenna går og går, så det er nok ikkje tilfeldig at ho får plass i fleire slike ord for skravlebøtter. Rappelvkenn er ikkje uvanleg i Trøndelag, og i same slengen kan vi ta med plapperkvenn (Stadsbygd) og tutterkvenn (Kristiansund og fleire).

Dette blir jo lagt ut på facebook, og da lever tråden sitt eige, sjølstendige liv. Avsporingar er nesten regelen meir enn unntaket. No skal eg ta ei avsporing like godt før eg slepper dette ut til folket: Kvifor må det heite «puple» og ikkje pople på nynorsk? Før kunne ein ikkje skrive «boble» heller, det måtte heite «buble». Det er heldigvis endra. Men eg minnest enno kor eg irriterte meg da eg i barneskulen fekk att ein stil med trekk og skjemmande raudstrek fordi eg hadde skrive «boble». Eg skreiv vanlegvis feilfritt, så dette var ein nedtur.

Og når eg først er i gang: Det er ei gåte for meg kvifor vi må skrive «kaffi» på normert nynorsk. Er det ikkje på tide p sleppe til «kaffe»?

2.2.23: Blodmule

Mørk mule på nyfødd kalv. Dette skulle vera teikn på at kalven kom til å bli ei dårleg mjølkarku. Ordet finst i setelarkivet til Norsk Ordbok, og er innsendt av Mattias A. Lothe frå Roan, med uttalen «blomuli». Lothe skreiv ned mykje ordforråd frå Roan, men akkujrat dette har han etter ei kvinne som ar fødd i Åfjord.

Ordet er ikkje komme med i bind I i Norsk Ordbok, kanskje fordi ein hadde berre denne eine kjelda. Om det viser seg at fleire kjenner til det, kan vi få det med i revisjonen. Det er ingenting å finne om det på nettet, ser det ut til, heller ikkje på Nasjonalbiblioteket. Interessant hadde det også vore om einkvan kunne seie noko om det husdyrfaglege her.

1.2.23: Gallbråsse og peppelteng

To personkarakteriserande ord, nærmast i motsett ende av skalaen. Begge kom Arnfinn Aune på Sandstad, Hitra, i ein telefonprat 1. desember i fjor.

Ein gallbråsse er ein som er pågåande, lite hensynsfull, lite diplomatisk. Arnfinn har dette ordet etter bestemora, som bruka det om ein slektning. Frå før har han meldt inn substantivet ein bråsse om ein som er i meste laget frampå, som vil vera storkar, og verbet å bråss eller bråssa om å oppføre seg slik. Inntil vidare gjettar eg på ein samanheng med å brasa.

Det andre (av mange) som eg fekk av Arnfinn i denne samtalen, er ein peppelteng (-ting). Det er ein ømtolig person, ofte ein liten unge.

Det er vel unødvendig å seie at ingen av desse orda hadde vi frå før.

30.1.23: Gjevve kjøp

Godt kjøp. Arnfinn Aune nemner uttrykket frå Hitra, og vi finn det att i bygdeboka for Hemne: «Tolv hundre kroner for dampmaskina var «gjevve kjøp», tykte karane» (bind II, s. 81). Det er nesten så ein får det til gjevande, altså.

Det er greitt nok å forstå logikken i dette ordsambandet. Det kan også knytast til uttrykket «giva kaup», som Ivar Aasen har, forklart som å sette rimelege vilkår, vera lempeleg. Vi støyter også på det i dette gamle stevet frå Hardanger, med ein plan for å få jentene meir medgjerlege:

«No vil me slutta med ut å gange

so fær ‘kje gjentone ver’ so vande.

no vil me slutta med ute løp,

ska du sjå gjenton’ gje betre kjøp»

27.1.23: Å gjera igjen

Gjera gjengjeld; ta igjen; ta hemn. I arkivet finn eg ikkje at vi har dette anna enn frå Leksvik, Stadsbygd og Aure, men det er nok meir utbreidd enn som så. I ordsamlinga «Ker du sei?» frå Stadsbygd står eit godt råd: «du ska itj jær ejæn ont me ont, står de i Bokja». «Bokja» er her naturlegvis Bibelen.

Gjengjeld kan også vera ei positiv motyting: «No vil vi gjær igjæn for de hælsingan vi har fått» (frå eit lite dikt i Steinjjjer-Avisa 1.8.1989).

25.1.23: Kjørarhold og arbeidshold

Ordet kjørarhold er sendt inn til Norsk Ordbok frå Hemne, og forklart som passeleg hold og musklar for å vera fullt arbeidsfør. Det er nok hesten det er snakk om her, og det høver godt med uttrykket «i passeleg godt kjørselhald», som kom inn frå Lesja i går. Der gjekk det også fram at det opphavleg gjeld hesten, men kan i spøk vera overført på folk. Siste leddet er nok også her hold ‘kjøt på kroppen; musklar’.

Arbeidshold ser ut til å vera eit begrep blant hestefolk: «Hoppa skal helst være i jamt arbeidshold under drektigheten og i rimelig godt hold ved folinga», står det i ei husdyrlære frå 1942. Og arbeidshesten bør ikkje vera «unødugt feit», men «rein og triveleg og i passande godt arbeidshold» (Sogns Tidend 7.2.1933)

24.1.23: Godt ihopkokmmen

Spelarane i handball-VM kan ha noko forskjellig kroppsfasong, ser vi. Men felles for dei er at ein kan seie dei er «godt ihopkomne». Dette kan altså dekke litt forskjellige utgåver av menneskekroppen. Ein kan vera velbygd, harmonisk, men kanskje aller helst noko tettbygd og kraftig, i godt hold, stundom på grensa til det overvektige. Ungar, kanskje særleg gutungar, som er tunge å løfte på etter alderen, kan få høre at dei er godt ihopkomne. Utsjånaden kan vitne om at vi har å gjera med ein handfast person: «han er rund over skuldrene og godt ihopkommen, den karen, noe som kan tyde på tilstedeværelse av skjulte krefter» (Innherreds Folkeblad/Verdalingen 15.11.1968). Slike skildringar av folk ser ut til å vera særleg utbreidd i Trøndelag, men er også kjent på Nordmøre og så langt borte som i Setesdal.

Eit arbeidsprodukt kan også vera «godt ihopkomme» når det er godt samansett, forseggjort, solid etc. Rikard Berge skriv i bygdeboka for Vinje og Rauland om ei stavkyrkje som «var so godt ihopkomi, at det var mest uraad aa faa stavar og stolpar ifraa einannan». Ein informant for Norsk Ordbok frå Skafså i Telemark skriv at også eit brev kan vera «godt ihopkomi». Om det kan seiast om dagens «Dagens ord», er ikkje opp til meg å avgjera.

20..23: Iblåster

Eit bestemt vindfenomen: Når austleg vind (landvind) møter ein sterkare vestleg luftstraum. Eit lågtrykk frå vest er på veg inn. Medan det enno blæs frå aust, dreg skyene seg opp i vest og det er sterk skytrekk derifrå i dei høgare luftlag. Dette er rekna som forvasrsel til storm og uvêr, og det er farleg for dei som er på sjøen. Titran-ulykka i 1899 skal ha komme på denne måten.

Dei store pionerane våre i dialekt-leksikografi registrerte ordet frå Nordmøre (Ivar Aasen) og Romsdal (IHans Ross). Dette blir stadfesta i nyare materiale. I tillegg er det no også komme inn i ei ordsamling frå Sande på Sunnmøre. På Nordmøre er det kanskje mest kjent i ytre strøk, som Smøla og Aure. I eit opptak frå Aure snakkar intervjuobjektet om iblåstervind. Men om tilfrisknande vind kan det også vera kjent noko lenger inn, som Tingvoll og Surnadal.

Ordet finst i norrønt, men ikkje i denne tydinga. Der er det meir abstrakt, om inspirasjon (som bokstavleg tala er «innblåsing»). Men det er muligens den vanlege preposisjonen «i» som står først også i iblåster, men kanskje reint forsterkande.

Ola K. Husøy skriv slik på romsdalsmål i diktsamlinga «Kvardagstankar» (s. 51):

«I skulla vore ute, men i trul ikkje i bellje

De e so færfærdele te iblåster sjellje»

(skjelle er ein kvass, kald og tørr (land)vind)

19.1.23: Fustasje

Stor tynne. Ordet må ha vore vanleg før, i alle fall er det markert slik i Norsk Ordbok. Det Norske Akademis ordbok meiner det særleg er knytt til til bryggerifaget, men i dialektane hørte det nok til allmennspråket. Innhaldet i ein fustasje var helst flytande, kanskje mest typisk med sirup (sirupsfustasje), men det finst også olje-, parafin- og vinfustasjar. Sirupsfustasjane kom på krambua, der innhaldet vart fordelt mellom kundane. Ein tom sirupsfustasje kunne bli gjenbrukt som to stampar.

Uttalen er gjerne fustasi, hist og her i Nord-Norge også fukstasi, og i Fauske frukstasi. Ordet kjem frå tysk eller nederlandsk, men går ytst tilbake på latin fustis ‘tynnestav’. Det kan også ha vore innom ein mellomstasjon i gammalfransk på turen.

Omfangsrike folk kan bli samanlikna med ein fustasje: «tjukk/stor som ein fustasi».

Da diktaren Hans Hyldbakk kom til Kleiva i 1938, skulle det dyrkast jord. Han fekk dugnadshjelp til dette ein laurdagskveld, og skildra det slik: «da vi snudde sju torver på sju mann og drakk ein heil fustasi med tomtenøl» (Kleivabrev i avisa «Driva» 18.112.1976).

Den som vil, kan lesa om synonymet ame i «Dagens ord» 11.9.2020.

17.1.23: Austavind og …

Vind frå aust har avfødd nokre talemåtar som nok kan oppfattast som kvinnediskriminerande. Austavind og kjerringtrette begynner med storm og sluttar med væte, kan det heite. At det kjem regn i etterkant av austavind, er vel ei gammel erfaring. «Austavinnj e åpinn attai», sa dei i Bolsøy i Romsdal, og at austavinden (landvinden) og sønnavinden er «våt i enden» har vore sagt fleire plassar.

Austavinden kan vera langvarig, og da får vi fleire kvinnediskriminerande sentensar, som «austavinn og kjerringgnag te aller slutt» (Skatval), eller «austavinnj og kjerreng-gnål bli det alljer ennj’ på» (Stjørdal).

Like ille er det om austavinden viser seg ustatbil: «Austavind å kvinnfolkesinn e’ to like ting» (Halsnøy i Sunnhordland). Forfattaren Hans E. Kinck siterer frå Hardanger: «Austavind og kvindesind æ to ustadige ting».

16.1.23: Ein brann kan ikkje brenne

Enda eit ordtak som finst i mange versjonar, f. eks. desse:

«Ein brann kan itj brinn, og ei kjerring kan itj skjennas (Frosta, Beitstad)

«Ein brann kan itj brenn, og ei kjerring kan itj skjenn» (Hemne).

Brannen er her det brennande vedtreet, og er stundom bytt ut med andre ord:

«Ei veaskji brinn itj, og ei kjerring skjenne itj» (Rindal)

«Ei ski kan itj brinn, og ei kjerring kan itj krangel» (Verdal)

«Ei einsle skie kan ikkje brenne, ei einsle kjerring kan ikkje skjenne» (Folldal)

«Ein lurk kan ikkje brenna, og ei kjerring kan ikkje skjenna» (Ryfylke).

Ei og ein skal ha trykk heile vegen her, for det er ei(n) i motsetning til fleire. Konkret er det jo slik at ein får ikkje særleg fyr med berre ei vedskie. Og det må minst to til for å få til krangel og kjefting. Men det kan vel også vriast til at gleda er større når ein er fleire om ho.

13.1.23: Kolet finn åt brannen

«Køle ska itt finn åt branda for dæ han æ svart» lyder eit godt råd, her i form frå Oppdal. Ideen kjem fram i fleire utformingar, som «køla må ittj finn-åt branna» (Leksvik), eller med regelen underforstått: «køle finn åt branna» (Os i Østerdalen). «De e rart når kåle finn åt branda» melder Hans Hyldbakk frå Surnadal, og sjølvaste Ivar Aasen har det i Norske Ordsprog: «D’ er leidt når Kolet finn åt Branden».

Tanken er at ein skal vera forsiktig med å kritisere andre. Det er ikkje sikkert ein er likare sjøl, og vi har alle våre feil. Kolet og det utbrente trestykket (branden) er like svarte.

Stundom er same tanken uttrykt med litt andre ord: «Gryta ska ittj finn åt kåle» (Hitra), «gryta må ittj finn åt kjel’n» (Bjugn), eller «kjel’n må ittj finn åt grytån, dæm e sotåt bægge to» (Inderøya).

11.1.23: Å komma utpå brannan

Komma i knipe, i nød, på fallittens rand. Gammalt indre trøndersk uttrykk, med belegg frå Orkdalen og vidare innover og rundt heilt opp til nordre Innherred: «kåmmå utpå brannan/brandan», «det bær utpå brannan» o.l. Gode gamle Hans Ross (1895) fører det opp frå Strinda, Stjørdalen og Innherred. Når ein først er kommen i ein slik fortvilt situasjon, viser det seg i dativformene: «på brandøm» (Ålen) og «på brandåm» (Selbu).

Utgangspunktet for dette er nok også brann/brand ‘stokk som brenn’, som i «Dagens ord» i går 10.1. Men i fleirtal ser det ut til å kunne bety vedhaugen attmed omnen, kanskje også omnskråa. Siste stadium før ein hamnar i elden. Det minner elles om denne strofa i Håvamål: «Brå vert den som på brandom skal sitja og føre ærendet fram».

I Hemne betyr «på branno»(dativ fleirtal) på farten, på spranget: «kua står på branno og ska bærra». «Æ satt akkorat så æ satt på brannan» (Bjørnskinn i Vesterålen) – som eg satt på glør.

10.1.23: Det ryk ikkje tå branda

«De ryk ikkje tå branda utta at de e varme ti no». Slik lyder eit ordtak som eg har med meg frå Sunndalen. I dette ligg det same som i det meir kjente «ingen røyk utan eld». Sjøl det lausaste rykte er aldri heilt grunnlaust, vil denne jamføringa lære oss.

Forestillinga ser ut til å ha funnest over mesta heile landet, for den er nemnt i mange ordtaksamlingar. Her er nokre variantar, attgjeve slik dei står i kjelda:

«De ryk ikkje tå branda uta de e eld ti ‘nå» (Surnadal)

«Det ryk itt tå branda minders det ha verre jøs ti’n» (Meldal, Hølonda)

«De ryk ikkj tå brainna fennj de ha verri elljn ti åm» (Leksvik)

«Det ryk ittj tu brainnda utta det e glo ti a» (Tydalen)

Det ryk itj tå brainna ferinn det ha verri neisti ti om» (Inderøy)

«Dæ ryk itte tå branna ut’n de æ værme ti’n (Kvikne)

«Det ryk ikkje tå branden utan det har vore eld i han» (Hardanger)

Og enda er det mange andre versjonar. Brann/brand viser her truleg til stokk som brenn, vedskie, og ikkje elden. Det skriv seg frå norrønt brandr i alle tilfelle. I denne varianten er det i alle fall ikkje tvil om at det er det rykande trestykket: «Det ryk ikkje av snarten utan der har vore eld i han» (Høgsfjord i Ryfylke)

I somme formuleringar med oska er det vel heller elden det er tenkt på: «Dæ ryk itte ta åsken, hvis det itte har vøri varme ti’n» (Biri/Snertingdal), «»de ryk itj tu åska, utan de hi virri løs ti’n» (Skatval).

6.1.23: Om å skite på gruvsteinen

«Det hændt bære ein gong at råven skeit på gruvstein'», sa far min når han meinte at det var liten eller ingen sjanse for at noko skulle inntreffe. Gruvsteinen (gruesteinen) er som kjent steinen frammafor eller kring ei grue. Talemåten er kjent frå ganske mange plassar, i ulike variantar. Olav Duun har den med i «Medmenneske»: «Kva hender det ikkje! I gamle dagar hendte det at reven skeit på gruvesteinen åt folk!» Og «det bli itj oftar enn reven skit på gruvstein, det», skriv Bjørg Berg i «Syndens sold». Like ofte er det kanskje ulven (vargen) som blir teke i bruk, f eks her: «de hennje ittj kvar dag at værjen sjit oppi gruvstein» (Stjørdal).

Noko slikt er vel av det mest vanvittige og utenkjelege folk har kunna forestille seg, sjøl om vargen, den tida han var talrik, kunne komma heilt inni tunet til folk og ta hundar f.eks. Men det kan kanskje også ligge ei konkret hending (eller fleire) bak. Jon Leirfall har fortalt om ein episode frå Skatval, Ein kveld fekk dei høre at hunden pistra på ytterdøra og ville inn. Mannen opna døra, tok det han trudde var hunden i nakkeskinnet og heiv han inn. Men det var ein varg i hælane på hunden, og det var vargen han hadde sendt inn i stua. Vargen var heilt fortumla og sprang bort til grua og pissa på den. Til slutt fekk dei slått han i hel. Etter dette skal det ha vorte eit ordtak i bygda når det hadde hendt noko uvanleg: «Det e itj kvar dag at værjen pesse på gruvstein». Men sjølsagt kan talemåten ha komme først og historia vera konstruert etter det.

Reven kan elles gjera frå seg både her og der. Sigurd Lybeck har ei historie der han Nils Frimodig hadde stukke av frå alt utan å gjera opp for seg. Det vart tap også for Laurtits kremmar. «Du fekk nok itte meir enn det reven la att på stubba du heller, Laurits», konstaterte Plassbakk-kallen. Lite og ingenting, med andre ord. «Du får itte mer hell det reven la att på tua», heiter det på Hadeland.

Garnet gjekk fullt for ein fiskar på Hitra, men mesteparten måtte dessverfre kastast, for det var ikkje noko å få for silda akkurat da. Han kommenterte det slik: «Når reven skit på rennstein’, e det itj pris på skiten». Denne finst i boka «Ansneslandet – folket og livet»

5.1.23: Svensk banko

«Dette søte, sleipe dei kalla svensk banko» (Olav Duun: Tre venner. s. 56). Som vi forstår, er det ein slags skjenk det er snakk om. Det er ein type punsj som var i handelen frå midt på 1800-talet og utover, og det er nemnt hos forfattarar som sjølvaste Hwenrik Ibsen, men også Rasmus Løland, Magnhild Haalke o fl. Og sjølsagt er det mykje å finne om det i gamle aviser og andre skrifter om eldre forhold.

Dette er nok forkorta frå «svensk bancopunsch», etter Svenska Akademiens Ordbok (SAOB) enten fordi at denne punsjen var rekna som særleg «förträfflig» eller fordi prisen på ei flaske var 1 riksdaler banko. Det siste er nok mest sannsynleg, og den forklaringa er også ført vidare i Det Norske Akademis ordbok (NAOB). Også i Danmark har dei kjent til svensk banko.

3.1.23: Å skyte (ein) bjønn

Dette kom opp i kommentarane til gårsdagens ord. Godt kjent skjemtenemning for å dette på ski, men først og fremst på trøndersk område (Trøndelag pluss Nordmøre), ser det ut til. Variantar er «slå en bjønn» (Oppdal) og «støyp bjønn» (Overhalla). Same utbreiinga har verbet som hører til, nemleg å bjønne. Uttalen vil samsvare med korleis «bjørn» blir uttala i dialekten, som å «bjynn», eller som i Tydalen: «å bøne». Er ein riktig uheldig, kan ein komma til å skyte mange bjønnar under eit heftig nedrenn. Ideen er vel at ein lagar groper som minner om far etter bjørn.

Oppdalingen Oddvar Hoel fortel levande om skirenninga i friminutta i boka «Minner frå barne- og ungdomsår»: «Vi trakka opp skibakkar og bygde hopp som ar lugume åt både store og små. Det var nok å velje i i det kuperte landskapet og dei bratte Mælesliene. Det v art mang ein bjønn (når vi datt, bjønna), og dei lodne vindmølsklæda vart mang ein gong så innbaka med snø at vi måtte gå laus til gagns med soplimen på kvarandre når vi skulle inn til ny time!» (s. 67).

På Hitra (og sikkert andre plassar) kan å bjønn’ eller å skjøt’ bjønn’ også bli sagt om å kjøre seg utom vegen, og ei bjønnseng blir da både gropa der ein har dotte på ski eller der ein har kjørt ut.

2.1.23: Nyårsbukk (nyttårsbukk)

«Utkledd, maskert person (med bukkehovud) som går på vitjing til folk for moro skuld ved nyårstider» (slik er den første definisjonen i Norsk Ordbok). Å gå nyårsbukk vil dermed tilsvara å gå julebukk. Skikken og namnet ser ut til å ha vore mest kjent på Vestlandet (inkludert Nordmøre) og i Trøndelag. Men det er også nemnt frå f.eks. Vestfold. Somme plassar heitte det seg at julebukk skulle ein gå berre i romjula. Kom ein etter nyår, fekk ein utnamnet nyårsbukk, og det var rekna som ei skam.

Men nyårsbukken er også eit vesen, eit fantasifoster, som var på ferde ved nyårsleite. Dette ser ut til å vera noko meir avgrensa, med opplysningar frå Sande på Sunnmøre, Nordmøre og Hemne. Ungane vart skremt med denne, så dei skulle halde seg inne om kvelden. På mine heimtrakter på indre Nordmøre var det elles i året «businn» om hadde denne oppgåva. Fram mot jul var det «julgeita», som så vart avløyst av «nyårsbokkjen».

21.12.22: Kokamat

Det seier seg vel sjøl at dette er mat som er tillaga ved koking, til forskjell frå tørrmat. Men det finst nokre talemåtar som vi bør notere oss:

Eit trøndersk ordtak seier «ein ska hainntakk fer kokamat». Kanskje vil det da seie at ein ikkje treng å handtakke for annan mat?

«Det va kokamat åt dæm det!» Bjarne Østbø frå Surnadal forklarer i si flotte ordsamling kokamaten her som «noko å gasse seg i, sladder, skandale, «gefundenes Fressen»». Kaffemat kan vel brukast på omtrent same måten.

På Hitra har dei eit uttrykk «å kom te kokamat» eller «å kom te koka mat». Det kan bety å komma til rett tid, men ikkje berre det. I telefonsamtalar har den gode informanten Arnfinn Aune skildra fleire situasjonar der det kan høve. For det første kan det vera f.eks. om nokon har vore i byen og vore ute med damer, og så har nokon varskudd kona om dette før han kjem heim. Eit anna tilfelle er der nokon har tenkt seg å ta eit oppgjer med ein annan, men så har motparten fått tips om at han er ventande. Da er motparten førebudd, og den som er ute etter eit oppgjer, går glipp av «overraskelsesmomentet».

20.12.22: Tåttavalle

Konkret er dette ein høytopp som er «tåtta» (nappa) ut av høystabben. Så er det overført på folk, helst om ein svekling eller stakkar, men også ein «vaspeis», som ein av informantane uttrykte det. Ordet er kjent i Fosen, først og fremst på Frøya. Ein valle er eit fange, ein balle, og går i Trøndelag inn i mange nedsettande nemningar på folk: ruskvalle, sålvalle, toskvalle, tullvalle o fl.

Men så dukka det opp eit uttrykk på facebookgruppa for barndomsdialekta mi i Sunndalen: «å vasa på tåtto». Det vil seie å prate vås. Eg meiner også at det kunne bli sagt til ein person som vasa og tøva at «du e vasinn på tåtto». Kva slags «tåtta» dette er snakk om, er eg usikker på. Har det å gjera med å «tåtta» høy, eller er det tått i reip eller garn? Det får vi spekulere på til seinare.

16.12.22: Rekkje småtarma

Småtarmar er eit anna ord for tynntarmen i dyr, i slakt. Dette har visst gått nokså vidt, men ser ut til å mangle lengst sør og aust. i landet. Småtarmane vart fjerna, noko som måtte gjerast medan dyret var varmt. Denne operasjonen heitte i Hemne «å spinn småtarma», men elles vart det ein del plassar i Trøndelag sagt «å rekkj(e) småtarma». Dette kan også brukast overført: «å rekkj(e) småtarman tu» vil da seie å grava og spørje, fritte ut, på ein slik måte at ein får greie på alt muleg, at hemmelegheiter blir røpa. Politikarane blir av og til utsett for slikt gjennom pågåande intervjuarar. Dette har nok også funnest utanom Trøndelag. Ein innsendar «østlending» ber seg i Østerdalens Arbeiderblad 18.9.1929 over at slarvet (sladderen) held på og tek heilt overhand: «I gamle dager var det første bud til barna dette: Du skær itte læt døm rekkje tu dig småtarma! Det betyr så mye som at barna skulde vokte sig for slarv. Idag er ikke folk så nøie med å velte sitt «tarminnhold» utover grannelaget».

Operasjonen med å dra ut småtarmane kan også brukast i truslar. I Edvard Krukens skujlehistorie frå Leksvik er det fortalt om ein gut som var uvanleg stor og sterk. Ein gong hadde han faktisk lagt læraren i golvet! Etter dette hadde læraren respekt for guten, og når han gjekk langs pultrekkjene for å høre om elevane song, kunne guten seie: «du må itj kom nerar no, hellers ska æ røkk tu dæ småtarman»!

Vold og truslar om vold mot lærarar har altså forekomme før i tida òg!

14.12.22: Hanketarm(ar) (hanka(r)tarma, hånkatarma)

Tynntarmen i slakt, gjerne den nedste, buktete delen, det same som småtarm, smaltarm o fl. Ordet har ei interessant todelt utbreiing. Først nede i sørvest, med Dalane og litt inn på Jæren. Elles er det mest kjent på Helgeland og litt i Troms.

Denne vart fjerna, den kunne hankast eller hespast ut (og vart derfor kalla hespetarm i Evenes). Så vart talgen liggande fri og kunne brukast. Hanketarmane/småtarmane eigna seg til pølseskinn.

13.12.22: Kattesnill

Den som er snill med katta, er snill med kjerringa, vil den gamle folkevisdommen ha det til. For godt og vel eitt år sia (15.11.21) tok vi opp nokre seiemåtar som uttrykker det motsette, at den som kjæler og er snill med katta, er hard og vond mot kjerringa: «katteklinar og kjerringpinar», «katteklinar er kjerringpinar» eller «katteklinar og kjerringgrinar». Seiemåten ser ut til å vera mest vanleg på Austlandet (Buskerud, Vestfold, Østfold, Telemark), men den er også kjent i Trøndelag (Hemne, Stjørdalen) og i Nord-Norge. I Skånland er det snudd til «kallpinar og katteklinar» – ei kjerring som kjæler med katta, er ikkje snill med mannen.

Vi kan også legge til «katteklin er kjerringpin» (Hol i Hallingdal) og «kattaklapp og kjerringhakk» (Nesset i Romsdal), begge frå Norsk Ordbok.

No har eg komme over enda ein variant på dette: «kattesnill blir kjerringvill» (Rødenes, Høland) eller berre «kattersnill – kjerringvill» (Sørum).

9.12.22: Det skal kolne ein graut

«Dæ ska få kölne en gröt, før ei gjer i slik rese att» står det i ei samling med ord og ordlag frå Vingelen. Det vil seie at det skal gå lang tid før ein blir med på noko slikt att. Dette er nok kjent i Østerdalsbygdene, blant anna har Trysil-forfattaren Halvor Floden brukt det ein god del. Norsk Ordbok har med eit godt døme frå han, under oppslaget kolna: «Det skal kolne ein graut fyrr eg går dit att!» («Skogen og vidda», s. 106). Det forekjem nok i Trøndelag også: Vi har (til no) opplysningar frå Meldal og Hitra.

Sigurd Lybeck brukar «kjølne en kål». Med bokstavrimet blir dette nesten meir fyndig. Vi saksar frå ei forteljing der eitt av peka til Plassbakk-kallen har gått ut over gammelprosten, og denne konfronterer den gamle syndaren, som tek på flukta: «Nå gjaldt det å berge seg unna gammelprosten. Han fikk døren opp og i bares kjorten sprang han rett på ville skogen. Var det noe han fryktet her i verden så var det den geistlige stand samt øvrigheta. Men nå skulle det komme til å kjølne en kål før gammelprosten nådde han igjen»

8.12.22: Prestrop

På folkemunne har vi ein del nokså upresise mål på avstand, som f.eks. eit
steinkast. Det må vel variere etter styrken og teknikken på den som kastar, men
det fungerer som nemning for eit ganske kort stykke.

I ei ordsamling frå Gausdal er prestrop ført opp som ei slik nemning.- altså
så langt som ein kan høre ein prest rope. Det må vel også vera nokså
varierande?

I same samlinga kan vi også lesa om lengdemålet eit migan. Som ein vil forstå,
er det så langt som ein kan pisse. Går vi til Valdres, har dei ei litt anna
forståing av dette. Der er det enten lengda ein kan gå mellom kvar gong ein må
mige, eller tida som går mellom kvar gong ein let vatnet.

Dette må seiast å vera tøyelege begrep (akkurat som trekkspellet).

7.12.22: Reiregg

Egg som ein let ligge att i reiret eller verpekassa for at høna skal verpe meir. Liknande har nok også vore gjort ved sanking av villfuglegg, som ærfugl. Om det er av fuglen sine eigne egg, og det blir liggande lenge, kan det nok bli røytegg av det, men i orinsippet er det altså noko anna. Ein har også gjerne brukt kunstige (kvitmåla) «narre-egg» av tre eller krus til dette formålet. I siste tilfelle har ein også namnet steinegg. I Egersund var dei av steinty eller krit, kalla «kridegg». I Sunnhordland og Ryfylke seier ein reil for reir, og da blir reiregget til reil(s)egg.

Tilsvarande har vi i mange språk: svensk redägg, dansk redeæg, islandsk hreiðuregg, engelsk nest egg og tysk Nestei.

Så er det overført bruk her også: Det kan vera siste myntane ein har att i pungen eller på sparebørsa, men også ein startkapital i ein bank e.l. Ideen er at ein ikkje må gjera seg heilt lens, men halde att noko til å «ala» meir av. Eg har også hørt om det i samband med jakt og avskyting. «Garanti for fortsatt drift og samanheng», seier ein informant presist.

Vi har litt magre løyvingar til arbeidet med Norsk Ordbok no, men vi får håpe at det vesle som er, kan fungere som reiregg!

6.12.22: Røytegg

Vanlegvis betyr det egg som det ikkje blir noko av, som blir liggande att i reiret. Medst kjent frå Trøndelag og Nordmøre, verkar det som. Slike egg har rotna under ruginga, og det luktar gjerne fælt av dei. Somme vil seie at eit røytegg er eit egg det har begynt å utvikle seg kjukling i, men dei er truleg i mindretal.

Så kjem det sjølsagt overført bruk. På Byneset er røytegget den yngste i søskenflokken, attpåklatten eller skrapkaka. Noko liknande finn vi hos Duun. Mykje meir nedsettande blir det når røytegget får stå for ein veik, hjelpelaus person, ein mislykka raring (Hemne, Stjørdal). I Kristian Kristiansens «Brev til Stefan» er det ein familie som «hadde hatt et røtegg i slekten». Om henne heiter det: «Gudbevares, det var vel ingen som tenkte hindre henne i å lære å spille piano, men hun burde ha tenkt på familienavnet. De hadde faktisk gjort hva ssom sto i deres makt for å få henne til å slutte med restaurantmusikken. Men hun ville være selvstendig, hadde hun sagt» (s. 284). Ut frå denne samanhengen blir vel røytegget nærmast «familiens sorte får». Sterkt nedsettande er også dette eksempelet: «Dessverre fanst det òg røytegg som ikkje hadde lært anna enn å bolse, ture, slåss og skryte» (Singsåsboka 1, s. 481).

Mynta på folk er vel også denne talemåten frå Meråker: «det treffe det bli røytegg ti eit storfuggelreir, òg».

29.11.22: Løynkvae («lønnko»)

Kvae som samlar seg i holrom i veden, og som kan tute ut av stokkendane når ein sagar, eller komma fram når ein kløyver ved. Denne er klår og fin og tyntflytande og kani følgje somme minne om lys sirup. Den slags kvae skal vera svær for å grø sår.

Nemninga er registrert frå fleire plassar i landet: Telemark, Valdres, Gausdal, Sollia, litt i Trøndelag («lønnkov») og på Helgeland («løngko(v)ä»). Det kan også finnast andre namn på det, som «innvedko». I Overhalla heiter det «spryinnko», til sprunge ‘sprekkk’.

. 28.11.22: Kvaeplaster («koplåster»)

«Eller hun kom stikkende med et lite eggeglass med brunt ko’plåster – kvaeplaster. Hun vet at Lars sverger til den gamle, hjemmelagete salven mot verkefinger. Han får ofte flis i fingrene under arbeidet i skogen, og hevder skråsikkert at Evines ko’plåster trekker ut både verken og flisa» (Margaret Skjelbred: Vildresinn, s. 134).

Ja, kvaeplaster er ei gammel hjelperåd til omslag for å få sår til å gro og unngå infeksjon. Det er ei salve der kvae (av den rennande typen) er koka i hop først og fremst med talg. Men det er også nemnt ymse andre ingrediensar, som smør, kamfer, terpentin, og til og med melis og sukker. Som regel var vel dette heimlaga, men det har visst også forekomme på apotek. Ty utapå, men det kunne også vera never.

Dette er nok langt frå berre overtru, for eit tre skil ut kvae når det blir skadd, veit vi, Dette hindrar insekt og bakteriar i å angruipe, og gjer at treet ikkje tørkar ut.

I kjeldene er dette først og fremst nemnt frå Austlandet og Trøndelag, og det er i alle fall kjent i Jämtland også. I Trøndelag er dfet oftast uttalt «koplåster», altså akkurat same forma som forfattar Skjelbred vel har med seg frå Vestfold. Men i Oppdal har det vore sagt «kvuplåster».

25.11.22: Reinlesa

Lesa flytande utan å stava. Det var gjerne litt stas å kunne dette før ein begynte på skulen, og for å oppnå dette, kunne ein få «førskule» i lesekunsten av foreldre eller eldre søsken. Men vi hører også om at dei måtte gjennom stavestadiet på skulen uansett, sjøl om dei kunne reinlesa, noko som måtte verke litt meiningslaust. Her er eit eksempel på bruken av ordet, frå 1903: «Daa ho Ragnhild kunde reinlesa, hadde hi snaudt greide paa fyrste a’en» («Frå fjord og lid og fjell», s. 19). Det er to tvillingsøstrer som blir samanlikna.

Ordet ser ut til å ha vore bruka mange plassar, og er såleis kanskje ikkje noko typisk dialektord. Det Norske Akademis ordbok (NAOB) har eksempel frå Knud Knudsen, bokmålets far, og Norsk Ordbok har belegg tilbake til 1880-åra. Sambandet «å lesa reint» kan sjølsagt bety det same.

I overført forstand kan å reinlesa bety å skjelle grovt ut nokon. Ein kan «reinlesa bannskap» når det blir på det verste. Den same parallelle bruken har i ved å «lesa reint», som da vil seie å refse, lesa nokon teksta, ta eit oppgjer.

24.11.22: Litt meir om lokket og dallen som passar i hop

I «Dagens ord» 22.9.20 skreiv vi om lokk som passar til dallen, ein talemåte som beskriv to som går godt i lag, i partnerskap eller ekteskap. Dette synest avgrensa til Stjørdalsbygdene.  Sitata gir oss tradisjonelle dativformer på siste ordet: «lokk («løkk», «lækk») som måte dalla», eller «som høve dalla». Ein litt lengre versjon står hos Bjørgum/Røkke «Som dei gamle sa for eit ord»: «de fins no allti løkk som høve dalla». Vi har også vore inne på varianten «skræpp så måta røgga», frå Meldal. Men det er håp for alle, for «det bli eit lokk åt kver dall» (Lofoten).

Mange plassar brukar dei ordet ambar om dall eller butt, og talemåtane finn vi her også: «Det er lok, som høver ambaren (Aasens ordtak). I Solund i Sogn sa dei «ambar som lok med spøte føre» om brudepar som likna på kvarandre. Spøte er den pinnen som låser lokket til ambaren (dallstikke). Det kan nok gjerne ligge noko negativt også i dette: «da e lok te ambaren» (Kyrkjebø i Sogn) var sagt om to som hadde funne saman og var like enten det gjaldt kropp eller sinn, helst på ein negativ måte. I Gulen heitte det «det er lok etter ambaren og spøte i» om noko som høver som fot i hose, men helst om folk som liknar på slekta si og dei negative trekka den har.

11.22: Husredd

Redd for å vera åleine i huset. «Ho spring ifrå det heile. Husredd i framandt hus» (Ingeborg Åsen Vatten: Ales, s. 59). Litt merkeleg med eit tilsynelatande så daglegdags ord, at det er så lite registreringar. Det er (såvidt) komme med i Norsk Ordbok, med ei enkelt målføreheimfesting, og i Det Norske Akademis ordbok (NAOB) står det med eitt sitat. Men det er plenty belegg både i bøker og aviser. Likevel er ordet kanskje ganske nytt, for på Nasjonalbibliotekets sider finn ein ikkje noko som er eldre enn 1950-talet.

Klaus Sonstad skriv i boka «Far på ferde» om noko han kallar «omvendt husredd». Dette opplevde han når kona og småungane var borte nokre dagar, og det vart altfor stilt i huset.

18.11.22: Ta hus i gæli stu(ggu)

Inntrønderuttrykk som kan ha fleire nyansar, men som alltid gjeld å misfara seg eller mislykkast. Det kan passe når noko ikkje går som planlagt eller til og med går heilt skeis, når ein seier noko som folk blir fornærma av, når ein møter motstand og mislykkast med å innføre noko nytt, når ein dreg på seg ei kraftig, men velfortjent irettesetting m.m. «Æ trur dem tok hus i ei gæli stu, og tenkjer på å snu» heiter det i eit dikt i Trønder-Av isa i 1959.

Tilfanget vårt viser Leksvik, Verdal, Inderøy, Sparbu og Beitstad. Og hos Martin Kvænnavika finn vi det om ein som terga på seg «gutan».

17.11.22: Givar gjentakar

Det er lite populært å kreve eller ta tilbake noko ein akkurat har gjeve bort. Blant ungar oppstår vel krangel om slikt ganske ofte, når den rause gjevaren angrar seg. Da kan han få høre regla «juksemakar pipelort – tar igjen og gir det bort», for slikt blir oppfatta som simpelt.

Denne regla er nok det vi kan kalle allmennorsk. Men det finst andre måtar å seie dette på. «Gjevar – att(er)takar» er kanskje mest kjent på Vestlandet, av og til utbygd som «gossgjevar – attetakar» (Sunnhordland) eller «gjevarinnj – attetakarinnj – største naudestakarinnj» (Vanylven).

Frå Oppdal har vi eit par variantar med ei litt merkeleg blanding av dansk og norsk: «giver attager musgjell» og «giver attager snærlur». I Verdal var det sagt «‘n sjitgivar og ijæntakar». «Givar – gjentakar» har vorte omtolka til «Ivar gjentakar», f eks i Nesna, der dei song dette opp og opp att på ein visestubb. I Stavanger var det «Ivar ijenntager». Og har først personnamn komme inn, kan det bli spunne vidare på, slik at det i Kolvereid var snakk om «han Ola gjentakar».

15.11.22: Hurpirauv («hørpirøv»)

Ufordrageleg kvinnfolk; hurpe; kanskje særleg ei som er kry og viktig. Dette ordet har vi frå indre Nordmøre (Øksendal, Sunndal, Rindal) og tilgrensande bygder i Sør-Trøndelag (Oppdal, Meldal). Første delen er nok hurpe, men eg trur likevel det er feil å normalisere det til «hurperauv» slik det er gjort i Norsk Ordbok. Dersom første delen beint fram var «hurpe», skulle uttalen bli «hørprauv» e.l. Men det er det ikkje; det er «hørpirauv»/»hørpiröv» med einstavings tonelag, i alle fall så langt eg kjenner til, og det må helst vera ei samantrekking av «hørp(e) i rauv».

Frå Øksendalen har eg også lært ordsambandet «fru hørpiröv» om denne typen damer. Herifrå har eg også hørt ei skjemtehistorie om ei finfrue som hadde ei papegøye. Tenarane seg imellom kalla frua for «fru hørpiröv». Men så reiste frua bort, og da hadde tenarane lurt seg til å koke seg rømmegraut. For å avleie papegøya hadde dei sendt ei vassbøtte ned gjennom pipa. Da frua kom heim att, sa papegøya: «Mi fru, hørp i röv, tenarann koka se rømmgraut da ta stor’ regnet va». Men dermed vart tenarane avslørt, for det hadde ikkje vore noko regn.

14.11.22: Stægabrennvin

Det er vel ein ti års tid sia eg vart gjort merksam på dette ordet. Informanten meinte opphavet kunne ligge på Austlandet, kanskje i Kongsvingertraktene eller der omkring. Og ganske riktig – vi finn det hos forfattaren Levi Henriksen, som er frå nettopp Kongsvinger. I «Snø vil falle over snø som har falt» møter vi det. Der er også forklaringa: Kjøpbrennevin som ekspeditøren må klatre på stige for å hente. Topp kvalitet på øvste hylle. Ordet manglar visst i den ferske «Norsk fylleordbok», men bør vel med i ei seinare utgåve.

Tilbake i 1997 skal Per Olav Lundteigen ha uttalt seg om kylling som mat på ein måte som kunne tolkast negativt, noko som skapte eit visst rabader. Ein petitkåsør i Nationen skreiv da at i følge ubekrefta medlingar skal Lundteigen ha truga ungane sine med kylling til middag dersom dei ikkje var snille. Men i fjørfekretsar, seier kåsøren, der er kylling definert som «stægabrennvin» – i øvste kvalitetshylle. Dette stod i avisa den 19, juli, i verste agurktida, og den vittige kåsøren kunne konstatere at Lundteigen hadde bevist at han hadde grøne fingrar. Han greidde å gjera ein agurk ut av ein kylling.

Øvste hylle, ja – det miner meg om storbonden frå Innherred som skulle stelle til bryllaup og var på Polet for å gjera nødvendige innkjøp. – Bynnj å bårrå – ta åvant! kommanderte han.

11.11.22: Bukrammel

Hørbar rumling i magen. Så langt er denne sammensetninga registrert frå desse plassane: Surnadal, Rindal, Orkdal, Meldal, Rennebu, Singsås, Os i Østerdalen og Roan. Bukrommel finst også, men ser ut tilå vera meir uvanleg. Rindalsrevyen i 1998 hadde nettopp namnet «Bukrammel», og det passa visst bra, for halve bygda låg nede for teling i farang, i følge aviser frå den tida.

Hans Hyldbakk kjem vi stadig tilbake, og her skriv han: «Og så godt som ein søv på graut! Utan bukrammel og vonde draumar. Hyldbakk var også skeptisk til ein del av den moderne diktinga, som ikkje var anna enn prosa oppsett på linjer som om det skulle vera dikt. Dette kalla han «åndeleg bukrammel», og påstod at Arnulf Øverland hadde sagt det same. Det har eg ikkje funne att i farten, men det kan vel hende at Øverland har brukt ei litt meir «urban» formulering.

«9.11.22: Å skrøft presttina

Slå kornband mot ein vegg e.l. Uttrykket er registrert frå Skatval, og dette vart nok gjort med dei kornbanda presten skulle ha som del av tienda si. Det fall nok ned nokre korn da, som såleis vart att åt ein sjøl. Å skrøfte er nettopp å banke ut det mognaste kornet av kornbanda på denne måten. I dansk heiter dette skrifte, og etter Alf Torp kjem det frå sammensetningar som skrifterug og skriftehvede, om tiendegåver som presten fekk for skriftemål. Det var rekna som greitt å banke lause korn ut av slike kornband.

7.11.22: Fornemmeleg

Eitt av desse orda som ser svært så «litterære» ut, men som ein gong beit seg fast også i dialektane og har overlevd der somme plassar. Det betyr ‘særskilt, særleg, spesielt, først og fremst’, slik vi ser av desse eksempla: «E kjæm i hau fornæmmele en gong» (Oppdal); æ huse fernæmmele på … » (Skogn); «det va ein fornemmele som merka sæ ut» (Stjørdal); «#Det va’kje vandt om det bjøyn’ kom åt buskapa om somrann og fornæmmele utpå haustparta» (Holen/Westrum: Folkeliv og tradisjon frå Nesset 1, s. 141). Sjølvaste Henrik Ibsen bruka ordet på denne måten.

I ei gammal bryllaupsvise frå Violda, som Ivar Aasen skreiv ned, finst det ei strofe der ordet nærmast ser ut til å tyde ‘framifrå»’ «Kokkjen, ho æ ei fornemmele Kaane».

I alle fall kjem dette frå lågtysk vornemelik(en), avleidd av det velkjente fornem. Fornem må opphavleg ha betydd ‘som bør takast framfor andre’ e.l. Vi kjenner att det gamle verbet nema ‘ta’ inni her. Fornemmeleg er da noko som er teke fram blant fleire, som det viktigaste, mest framståande.

1.11.22: Djupt sø

«Det e juft sø på det» heiter det i den spilde rnye ordsamlinga frå Åfjord. «Sesån da vi det» Forklaringa er «Det er liten sjanse for løsning med det første». Uttrykket passar nok dessverre godt bl a på Ukraina-krigen. Det er lenge før ein kjem til botnen i saka.

Det ser ut som ein typisk talemåte frå Fosen. Freå før kjenner vi den frå Hitra og Stadsbygda, men den finst nok fleire plassar berre ein leitar. Forfattaren Bjørg Berg, med bakgrunn frå Bjugn, har brukt vendinga i romanen «Fullmånedansen». Figuren Siri driv sjølspott: – Det e itj så rart med deg no nei, Siri, seier ho til seg sjøl. – Ker det bli-tå berømmelsa, trur du? Det e djupt sø på den, ja (s. 226)

31.10.22: Vindbøytel

Skrytepave, seier Reidar Djupedal frå Selje. Oppblåst person, heiter det i ei gammal samling frå Porsgrunn. Frå Frøya blir ein vindbeitel skildra som ein som har det travelt, er brå og kvass i rørslene, elle rein som gjer mange ekstra vendingar.

Vindbøytel kan også bli bruka om bakverket vassbakkels, slik vi finn det bl.a. hos Kjartan Fløgstad.

Det Norske Akademis ordbok (NAOB) har forklaringa: Dte kjem frå tysk Windbeutel, eigentleg pung eller sekk (Beutel) fylt med luft (Wind). Om skrytepave, bløffmakar o.l. belegg ordboka det frå forfattarar som Wergeland, Wilhelm Krag og Terje Stigen, men seier at det er «mest foreldet». Sigurd Lybeck har ein bortimot tysk skrivemåte: «Denne vindbeutelen, denne gårdsgutten fra Navarhaugen som danset med henne nå, skulle han da konkurrere ut på et blunk».

28.10.22: Sparlaken, sparlakenseng

Spelakan var sagt somme plassar på Innherred før, om sengeforheng. Og ei himmelseng var kalla spelakanseng. Det er også registrert somme andre plassar, i ynmse variantformer, men er nok for det meste gått ut av språket i dag. Norsk Ordbok fører opp eit par andre tydingar: Lett sengeteppe (frå Tjølling) og teppe lagt på stolen til brura i kyrkja (Sunnhordland). Ei opplysning frå Beitstad om at spelakan skal ha vore bruka om sprinkelvegg mot trapp, må vi nok inntil vidare ta med ei klipe salt. Kanskje det kan ha vore eit teppe som hang over rekkverket?

Sparlak om sengeforheng fanst alt i norrønt språk. Vi har å gjera med eit tidleg lån frå lågtysk, der sperlaken var eit utspent klede over bord, seng, vogn o.l. Første delen heng saman med verbet å sperre (‘spenne ut’), og siste delen er rett og slett laken. Sparlagen har dei også hatt i dansk. Der var sparlagensprædiken ei skjennepreike som den eine ektemaken heldt til den andre (bak sengeforhenget), slik som «gardinpreken» hos oss.

26.10.22: Skot(t)gamp

Gammal, utsliten, ubrukeleg hest, som ein like godt kan avlive. I gamle dagar la dei ut slike til bjørneåte. Da vart dei vel leidd ut i marka før dei vart skotne. «Den gongen hadde dei tre spreke hestar – no hadde dei to skotgampar som gjekk og drog seg og hengde med hovudet» (Ola Setrom: Mold og menneske, s. 82). Ordet ser ut til å ha vore vanleg over mykjegodt heile landet. Så er det sjølsagt også bruka overført om gamle, avfeldige, utlevde kallar, i spøk også om pensjonistar. «Det er trøysamt for ein gamal skottgamp å sitta på sengestaven og meditere over slekter og slekters gang» skreiv Hans Hyldbakk i avisa «Driva» i 1989. Men han levde no i mange år etter det.

Hokjønns-motstykket til skotgamp er skotmerr. Og når ein er på det stadiet, er ein skotgammal: «Han smatta på hesten som mest var huga på å taka verda med ro, skottgammal som han var» (Otto Sandhaug: Det skrik frå Stygghammarjuvet, s. 31)

25.10.22: Heile gademmen

Alt/alle i hop; heile hakka, heile sulamitten. Først og fremst kjent i Nord-Norge, og flest opplysningar frå Troms: «Jeg ga vel fanken i både «Gjøa» og han Johan Sivertsen og heile gademmen!»» (Henry Rudi, isbjørnkongen, s. 23). Også uttala «kademmen», i Varanger også «kademjen». Vekslinga mellom g og k kan kanskje tyde på at det har vore innom samisk.

Men «heile gademme(r)n» er også notert frå Ytter-Namdalen. Og i ei rykfersk ordsamling frå Åfjord er «gaddæm» forklart som eit hardt slag.

Opphavet er truleg, slik Eli Johanne Ellingsve foreslår i boka «1000 ord i nord», engelsk «the whole god damned thing» e.l. Elementet av krsftuttrykk kjem tydeleg fram i denne salva frå Lofoten:»heile helvetes gademmen gikk tel fanes» (Våganavisa 10.9.2008)

19.10.22: Glasmakar/glasmester

Dette er jo ein handverkar som skjer til og sett inn glas(ruter). Men det finst eit par talemåtar her, som eit hint til den som står i vegen og skyggjer for lyset eller hindrar utsynet: «Far din er ikkje glasmester/glasmakar», eller «far din var ikkje glasmester da han laga deg». Eventuelt enda litt meir drastisk: «Far din var ikkje glasmester, han sette ikkje glas i ræva di».

Vi har ingen samla geografi på dette, for det er ikkje systematisk registrert, men det finst belegg frå alle landsdelar med unntak av Sørlandet, og det verkar sjeldan også på Vestlandet.

Ein gluggtapp er til å tette att ein glugg, med, t.d. eit trestykke eller ein høydott. I Ringebu er gluggtapp bruka overført om den som står i vegen for ei lampe eller eit lys.

18.10.22: Tullfliren

Å få tullfliren vil seie å få krampelatter, og ikkje greie å slutte. Slikt skjer gjerne i situasjonar der ein helst skulle halde seg alvorleg, men da blir gjerne den minste ting ustyrteleg komisk. I Kyrkjebladet for Vestnes (2016) er ei skildring av ungar som var med mødrene på «forening»: «Vi knisa og småprata og forstyrra nok, kan ennå kjenne heile benken riste når nokon av oss fekk tullfliren, gjerne midt i ei bønn eller ei andakt».

Tullfliren kan ein nok få kvar som helst i landet, men akkurat dette ordet for det ser ut til å vera konsentrert til Møre og Romsdal og Trøndelag. Men det ville forundre meg ganske storleg om det ikkje også skulle finnast nordpå.

Tullflir kan sjølsagt bety fjollete, rar latter eller fliring av tullete ting også når den lar seg stoppe: «De slår alvoret bort i tullflir» (Bjørg Berg: Kvinnelabyrinten, s. 61)

17.10.22: Det smell opp/sprett opp (for nokon)

«Det spratt opp for meg» – da braut eg ut i skratt. Dette skjer brått, og gjerne når det ikkje passar seg heilt. Også i noko så enkelt og kvardagsleg slår ordgeografien inn, for det er ikkje alle plasar ein kan seie at det sprett opp på den måten. Nordmørsmål har det (Tingvoll, Sunndal, Øksendal, Stangvik, Surnadal), og så er det utlauparar på kvar side, med Nesset og Oppdal.

Men i øvre Surnadal, Rindal, Rennebu, Meldal og Orkdal heiter det at det «small opp». Det skal vera brukt også i Oppdal, attåt at det «spratt opp». Surndals-canadiaren Olaf Sveen har ei skildring frå frukostbordet vedd folkehøskulen på Skei, der han gjekk i 1938: «Fru vik sat ved enden av eit av borda, og det var forbode å lei (le, skratte). Og vi veit forbuden frukt smakar best, så det small opp for både den eine og den andre av gutane, og da kasta fru Vik kvasse augsteinar på oss» (avisa «Driva» 28.5.1983).

Kanskje er tanken at det er latterdøra som smell opp eller sprett opp? Elles kan det jo også smelle opp med styggvêr.

13.10.22: Holdsår

Tilsvarar ømskinna, både konkret og overført. Heilt konkret kan ein vera holdsår på den måten at ein toler lite noko som kjem attpå huda, f eks grove underklede, eller kvasse tindar på ein kam. Kjent frå Hardanger og Sunnmøre, og Bjarne Østbø har notert det i Surnadal. Frå Hemne er det ei oppskrift som truleg må tolkast slik at ein er holdsår når ein «røss i hold(et)», har kuldegysningar.

Så er det den overførte tydinga: Lett å såre, lett å fornærme,nærtakande, hårsår. «Lensmannsarbeidet er ofte eit lite populært arbeid, og ein fær korkje vera holdsår eller partisk» (Sunnmørsposten 10.2.1936). Spreidde opplysningar om slik bruk frå Sunnmøre og Nordmøre, og så brukar Magnhild Haalke ordet ein god del, f eks her: «Han var sterk på mange måter. Men for det som var ondt, var han holdsår» («Kvinneverden», s. 199).

12.10.22: Holdvåt

Våt til skinnet, gjennomvåt. I kleda når det gjeld folk, i pelsen når det er tale om dyr. Nordvestleg ord, som så mange av dei vi tek opp her, med belegg (riktignok ganske spreidd) frå Nordmøre, Trøndelag og Nord-Norge. Ein gong regna det så gale at «ein vart holdvåt berre ein bar utom døra som snarast», skriv hemnværingen Kolbjørn Aune i avisa Sør-Trøndelag. Lenger nord finn vi det hos Dagmar Blix: «Geitene likar aldri å bli holdvåte» («I fjell og fjære», s. 88).

Hold er kjøttet, musklane på kroppen. «Hold og skinn» er ein kjent kombinasjon. «Vatn mellom hold og skinn» skal ha vore eit namn på vattersott. Når det heiiter «haillvåt» i Hemnes, i følge ei lokal ordsamling derifrå, så må det vera ei omforming.

Holdblaut er det same som holdvåt, men det ser ut til å vera mykje meir sjeldan. Men det er i alle fall sikkert belagt frå Hitra.

11.10.22: Obsternasig/obstanasig

Begge desse skrivemåtane er faktisk «lov». «Frekk, nasevis, trassig, sjølvrådig» er synonyma Norsk Ordbok brukar for å definere ordet. Vi kan vel trygt føye til f eks «ulydig, vrang, motvilig, oppsetsig», som alle ligg om lag i same gata. Som vanleg ved slike litt kronglete ord vil det oppstå uttalevariantar, f. eks. «oppstinasi» (Fosen), «oppstranasi» (Frol), «oppstranasen» (Hornindal), «uppstonasig» (Nissedal) og «oppsnasi» (Toten).

Det er ganske tydeleg at det har blanda seg inn forestillingar om nasen som står opp. I ei bok om barndomsminne frå Trondheim har ordet vorte til «oppstaindernasig».

Men rekkjer vi ordet attover, kjem vi til latin obstinatus ‘stri, stivnakka’.Det igjen er laga til verbet obstinare ‘vera stri’. Till oss har det truleg komme gjennom lågtysk.

Ostinat i musikken, om motiv som stadig blir teke opp att, har faktisk same opphav. Det held jo på sitt, det òg. I musikarslang blir det gjort om til «ost i natten».

7.10.22: Skabilken

Det var ikkje så rart at dette ordet vart brakt på bane når vi hadde skaberakk som «Dagens ord» i går. For eit skabilken tangerer på fleire måtar skaberakk(el) i betydning. «Stygt, formløst vesen» seier NAOB, «stygg, uformeleg skapnad eller ting» seier Norsk Ordbok. Ein ubrukeleg reiskap, eit kleint krøtter, ein underleg framtoning – det kan vera både skaberakk og skabilken. Som skjellsord er /var det temmeleg negativt, seier min informant frå Hitra.

Som ved mange andre framandvorne ord med litt merkeleg fasong, får utforminga blomstre nokså fritt, og det oppstår variantar som skabinkel, skabjelken, skabille og skabilk. Ordhistoria er litt annleis enn for skaberakk; skabilken fører ein til lågtysk schabülk, brukt både om ansiktsmaske og om stygg person. Dette blir igjen sett i samanheng med det tyske dialektordet schabelle og samansetninga schäbelkengesicht «hæslig gammel kjærring» (Alf Torp).

Skabilken, og særleg skabilkenhode (-hovud) er også ein modell, ei form (av tre eller annan masse, f eks papp) med eit hovud, hals og aksler, bruka for å tilpasse parykkar, hattar eller kapper, og som utstillingsfigur.  Det er modellert (!) over lågtysk schabülkenkopp (kopp = hovud, jamfør høgtysk Kopf). Den negative betydninga vi starta ut med, er overført, og den overføringa skjedde alt på tysk område.

Det har gått ei historie som vel stod først på trykk i Adresseavisens «Trønderskrøner». Her handla det om ei som hadde vore i hattebutikk og kjøpt ein hatt etter siste mote, men da ho kom heim, viste det seg at hatten slett ikkje passa på hovudet hennar . Ho gjekk tilbake til forretninga og beklaga seg, men fekk kontant svar: «Ein kain itj gjær hatten ætte skabilkenhauan, ein må gjær dm ætte mønstrom!»

6.10.22: Skaberakk(el)

Oftast er nok dette brukt slik som Norsk Ordbok skriv: «dårleg, uformeleg, stygg ting eller skapnad». Det kan vera noko som er forsarva, nedslite, ubrukeleg, falleferdig, som nesten ikkje heng saman. Eit skaberakk(el) av ein bil f. eks. Eller eit gammelt, skrøpeleg, skrantete, magert dyr. Sjølsagt må slikt også overførast på folk, gjerne som skjellsord: ditt (gamle skaberakk(el)!

Uttalevariantar er noko ein absolutt må vente seg for eit slikt ord. Skaberakk er nærmast opphavsforma, og i forma skaberakkel har nok rakkel kopla seg på. På Innherred kan det lyde som skabernakkel, og i Kristiansand er det skrabberakk, her truleg med tilknytning til skrabb, og kanskje skrap (som i den dialekten blir uttala skrab). Frå Drangedal er notert stabberakk, her med særtydinga stillas. Eit ganske vaklevore stillas, vil ein tru.

Men opphavleg tyder skaberakk eit hestedekken. Til oss er det nok importert frå tysk schabrack(e), som både kan bety hestedekken og ein gammel hest. Vegen før det er noko omdiskutert. Ein snakkar om både polsk og ungarsk, men lengst atti kjem vi til tyrkisk. Hestedekken var gjerne endestasjonen for gamle, utslitne teppe o.l. Kanskje det har danna grunnlag for tydingsoverføring hos oss? Men dei middeladerske skaberakka var nok staselege, enten dei var brukt i strid eller riddarturneringar.

I seinare tid er ordet forresten lånt inn att i forma shabrack, i hestesport.

5.10.22: Skabelon

Den mest vanlege betydninga i dag er nok form, fasong, skapnad, utsjånad, skikkelse. Å få rett skabelon på ein ting, for eksempel, er viktig. Og både folk , dyr og ting kan ha ein merkeleg skabelon. Vêret kan også skapa seg forskjellig, som i desse uttrykka, først og fremst knytt til Settemsdalen i gamle Åsskard, no Surnadal kommune: «ose(d)vanle/mykkjy på fer(d) te vêrskabelona». Da er det vel snakk om det ein no gjerne kallar ekstremvêr. Dessutan kan det brukast om ein (rar) skapning: «Kva slags skabelon er det som kjem der?» I «Markens grøde» er det Oline som finn åt den haremynte Inger og kallar henne «en skabelon for Gud og mennesker» (sitatet finst i Det Norske Akademis ordbok).

Eit ord med ein såpass merkeleg skabelon (!) vil ha lett for å utvikle uttalevariantar, og Norsk Ordbok nemner mellom anna skapelon, skaplon, skabbelon, skabilon og skabbelun. Ivar Aasen har stussa litt på dette ordet. Han fører det inn som ei oppslagsform skaplund?, men er inne på at det er «Maaske en Tillempning af et fremmed Ord».

Og det er nok rett. Vi har importert det frå tysk Schablone, men det er opphavleg fransk, og same ord som sjablong. Den opphavlege betydninga ‘mønster, mal, modell’, som hører til sjablong, er registrert i norsk for skabelon, men det er nok svært sjeldan no.

4.10.22: Medholdsbarn

Bortskjemt unge, som alltid får medhald (helst av foreldra). Vi trur dette logiske ordet er meir kjent enn ein kan få inntrykk av. Så langt har vi det frå Egge ved Steinkjer, og nyleg vart det drege fram i ei facebook-gruppe for ord og uttrykk frå Kristiansund. Eit «mehåillsba(r)n» har opplevd for lite grensesetting.

30.9.22: Blindtomt

Midlertidig tomt. Å tømre på blindtomt er å sette opp eit hus på ein annan plass enn der det skal stå, når det ikkje kan settast opp direkte der det skal stå permanent. Seinare plukkar ein det ned att og fraktar dei tilhogne stokkane dit huset endeleg skal stå, og fører det opp att der.

Nemninga blindtomt for dette ser ut til å vera kjent både i Trøndelag, Gudbrandsdalen og Telemark, etter treffa i Nasjonalbiblioteket å dømme. Her er bygdeboka for Malvik: «Gammel-Sivert Plassa var tømmermann og var med i Gjervom, der de dreiv og bygde hus på blindtomt og solgte nedpå Strinda» (bind II, s. 237).

I Selbu har dei eit eige ord for dette, nemleg «otomt» (utomt), med det nektande prefikset u-/o- (sette opp stuggu på otomt). Ei «ikkje-tomt», med andre ord

29.9.22: Huff titti/tytty

Utrop som utviding av huff elller uff, når ein er redd eller synest noko er trasig eller beint ut motbydeleg. Det finst i eit samanhengande sørtrøndersk område (Hitra, Hemne, Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Hølonda, Budal, Singsås, Horg, Melhus) og går litt inn på nordmørsgrunn (Sunndal, Surnadal, også Aure, her som «huff tøtti mæ»). Rindal, som også har det, må vi vel rekne til Trøndelag no. Så er det samanheng over til Kvikne og Gudbrandsdalen. Frå Voss har vi «ufftete», som vel også må reknast som ein variant, og somme plassar i Nord-Norge «huff tetta». Bø i Vesterålen har «hu tetta». Det er vanleg med tillegg, som «huff tytty meg», eller som på Hitra: «huff titti mæ tu». Ein variasjon «jøye meg tytty» skal også finnast.

Så kan ein spekulere på kva dette tillegget er. Fleire har tenkt seg at det kan vera ei form av tykje (djevelen), men i så fall er det nokså avbleika. «Huff titti» o l kan brukast sjøl av dei aller mest «skikkelege». Men når vi faktisk har «huff tykje» på Byneset, så kan det vera ei støtte for denne teoiren.

27.9.22: Andmokt

Det er kanskje ikkje så mange i dag som tek hintet og sett opp eit glas dersom nokon klagar på at det er andmokt. Men det betyr at lufta i eit rom er varm, tung og urein, nærmast kvelande. Ordet blir bruka slik, i denne forma, i eit avgrensa område: Det som no er Surnadal kommune (inkludert gamle Stangvik og Åsskard), dessutan Rindal, Oppdal og Rennebu. På den sistnemnte staden kan det også lyde «annbokt». I Surnadal skal det også ha funnest ei form «andmokje», kanskje påverka av «kokje», som blant anna kan brukast i liknande tyding. Hans Hyldbakk skriv om lemmen i gamle seterskjel: «Det var ein mørk og hugnadleg stad å kvile på, men ofte andmokt når det vart for mange om romet» (Bygdesoge for Surnadal II, s. 223). Ola Setrom brukar det om veret: «Veret vart berre meir og meir andmokt og kvæve» (Den raude logen, s. 210)

Norsk Ordbok fører andmodt som oppslagsform, og uttalen andre plassar er «andmott» e.l. Det er vel snakk om inkjekjønnsformer av eit tenkt andmod, som kan henge i hop med islandsk andmóðugr ‘trøytt, sliten’. I tillegg til det området vi alt har sett på, er det registrert frå Østerdalen, Gudbrandsdalen, Sunnmøre og Nordfjord. Altså ei midtnorsk utbreiing.

Innafor dette området kan det bety fleire andre ting i tillegg: Folk kan bli andmott, og da vil det seie andpusten, andblæst). Dette er kanskje nærast ei opphavleg tyding. Eit andmott arbeid er kvisamt å ta fatt på, eller ulagleg og brysamt, t.d. når det har regna i tørt høy. Og det kan vera andmott å bu aleine – stussleg, til og med uhyggeleg.

23.9.22: Bauslonk/bauslomp

Eit par svært lokale ord for den som kjem ubeden til gjestebod (snyltegjest, snikjegjest): Bauslonk har vi frå Skaun og Børsa, og vi kan truleg rekne med Orkdal også. Bauslomp er rapportert frå Skaun og Buvika. Truleg kan det også brukast om ein som tilfeldigvis blir innbeden.

Slonk knyter seg kanskje til substantivet ein slunk om ein person eller hest som er tung og slapp (Norsk Ordbok), eller verbet slunke ‘gå tungt og dove’; også ‘sluntre unna’. Slomp (slump) er vel rest. Og bau er bod, som i «gjestbau» (gjestebod).

På Voss og i Hardanger har ordet bodslott levd fram til våre dagar om snyltegjesten. Det har røter heilt tilbake til norrønt bođslotti. Dette i motsetning til ein bođsmađr, som var invitert. Ein slott er kjent frå somme målføre i vår tid om ein som går og sleng, ein slamp. Det spørst om bauslonk og bauslomp også kan vera omlagingar av bodslott (som kanskje har vore uttalt «bauslott») for å gjera det meir forståeleg.

22.9.22: «Ful annj»

«Dårlig ånde» heiter det helst i dag. Men gammelt på Innherred kunne det bli sagt at folk hadde «ful annj». I tradisjonell dialekt sa dei gjerne «and», med uttalen «annj» der dei palataliserer. I bunden form «annja» med tonelag 1, akkurat som ved fuglenamnet and; det er altså eit einstava ord. Ein kan «dra annja», «sup/syp etter annj’/annja» hive etter pusten, «hæks ætte annja» (det same), «hallj/hållj annja», «mess annja» og i verste fall «gi opp annja». «Så stakk æ’n såpass at’n ga opp anna» heiter det i ei gammel dramatisk skildring frå Verdal. Ein kan også gå «me annja i heisjen» (Stadsbygd) – i angst. I Sunndalen har eg hørt ande (hankjønn) om pust, det tilsvarar nynorskforma.

For «åndedrett» har vi tradisjonsordet andedrått («annjdrått»), på Nordmøre også «annjadrått».

Men i eitt bestemt uttrykk har vi visst berre ånd («åinnj»), og da er det vel med tanke på sjela:, f. eks. «det e bære ånnja i vinnjmøln» (Skogn) om folk som det er lite igjen av fysisk. Likeeins «mæsta bære ånnja så svara i våinnmåla» (Valsøyfjord). Det er lite att inni vadmålskleda, altså.

16.9.22: Kort/stutt for hovudet

“E du «kort for hodet?»» kunne mor mi spørje, om eg var litt småsur ein dag og svara berre kort og tvert. Det var nok ei reint «litterær» vending, men den finst også i meir dialektmerkte former, som «kårt for hue» (Andebu, Nøtterøy) og «kårt’e får håve» (Stavanger). Det betyr oftast avvisande, tverr, sur, uvennleg, fåordig, men kan stundom også bety tungnæm, innskrenka, korttenkt.

Sigurd Lybeck brukar vendinga «stutt for skallen» på same måten, noko han godt kan ha hørt i heimbygda Etnedal. Det kan nok hende at temaet har komme sørafrå. Dansk har «kort for hovedet», eldre dansk «kort for panden», svensk «kort om huvudet» og tysk «kurzköpfisch».

I slik tilstand har ein litt kort lunte. I Oppdal, Orkdalen og Nedre Gauldalen har ein uttrykket «støtt oinda» (stutt unna) om å vera snarsint, irritabel.  

15.9.22: Hestfrelsar

Skjellsord, truleg nokså sterkt nedsettande. Så langt veit vi om det frå Sunnmøre, Nordmøre, Trøndelag og lenger nord. Ei særleg meir presis tyding har det neppe. Den gode informanten Arnfinn Aune frå Hitra seier det er vedig sterkt lada, nærmast uhyggeleg.

Ein sjeldan gong har det funne vegen inn i litteraturen. «La han vær i fred, din hestfrelsar!» (Dag Ove Johansen: Stormnatt). Personen som får denne salva i romanen, har faktisk «Jesus» som utnamn. Utan at vi skal legge for mykje i det, og heller ikkje gje oss innpå altfor djupsindige diskusjonar om bakgrunn for ordet, om hesten har ei sjel som treng frelse etc.

Ein gammal byveterinær i Kristiansundsregionen fekk tittelen «hestefrelser og grisedøde». For han gjekk det visst fint å kurere hestar, men ein gong var det ein gris som strauk med under doktereringa i fjøset.

13.9.22: Kyrkjeknirk

Dette hadde vi som «Dagens ord» også 29.10.2016, men det er komme såpass mykje nye opplysningar at vi lyt ta det att.

Det er altså snakk om knirking som hørest frå skorne når ein går opppover kyrkjegolvet. I finsko (nysko) kunne dei som eit triks legge inn ein lapp eller ekstra sole for å få fram denne knirkinga. Det skulle hørast at ein hadde råd til nye sko. I Selje i Nordfjord var det somme som meinte dette var fint, medan andre sa det viste at skorne ikkje var betalt. Kjell Fredly skreiv eit dikt til 800-årsjubileet for Edøy gamle kyrkje i 1990. Ei av strofene lyder: «Før messa kom væreigar-fruen i staskle av silke og kyrkjeknirk-sko» (Årbok for Nordmøre 2015, s. 37).

Andre namn på dette kan vera «kjerkreks» (Trøndelag), «kjerkjegneks» (Romsdal) og «kyrkjerikt» (Jølster, Hardanger, Ryfylke). I Suldal fortalte dei at «kyrkjerikten» sa «eg tregar, eg tregar … » når brudgommen gjekk oppover kyrkjegolvet.

Nyleg oppdaga eg nok eit ord for dette, i forteljinga «Kjærlighetens underlige krokveger» av Sigurd Lybeck (eg les mykje rart, sju) . Der handlar det om ein stormforelska skomakar som lagar fine kalvskinnssko for å gjera inntrykk på dama. Han har lagt ein bit tørr never i gelenkane (den oppsvinga delen av skosolen) «så det skulle knirke fornemt når ho trippet inn over kjerkegolvet. Stormannsknirken som de gamle sa, og han ville holde på tradisjonene»-

Ei tid var det faktisk på moten med «knirkesko» med kork under solen, som stassko.

9.9.22: Å hekse i seg maten

Eta fort, glupsk og stygt. Når ein har det travelt, kan det bli slik, men det er neppe sunt. Ein vegvoktar som hadde det travelt og var heimom som snarast for å få i seg litt mat, sa at han «hækst-ti-se ei kakskjiv og for oppi lia att». Det kan også brukast om dyr. Olav Berkaak skriv om øykene (hestane) «som hekste i seg or surpe-bøtta» («Det ædle malm», s. 162). I arkivet til Norsk Ordbok finn vi dette eksempelet frå Eiken i Vest-Agder: «kjyræ he bare hekst hær» – dei har beitt av det meste, men ikkje alt.

Denne betydninga er visst såpass utbreidd at Nordsk Ordbok fører den opp som «vanleg». Og det har ingenting med trollskap og hekseri å gjera, men skal vera ei avleiing til hake. Kanskje er den opphavlege tanken at ein veltar i seg med ein reiskap med kvass krok?

Å hekse kan også bety forskjellig anna, f.eks. «å hæks ætte ainna» – snappe etter pusten (dette frå Vikna). Og ein kan også «hekse tu seg» – bruke stygg kjeft.

8.9.22: Spela mester(en)

Uttrykk som kan femne nokså breitt. Det kan bety å regjere, sjefe, oppføre seg som ein er sjefen eller den beste. Eller å late som ein kan noko ein eigentleg ikkje passar til. «Du læt nå full itte kvindfolka spelle mester på de!» lyder ein advarsel i eit stykke i avisa «Sarpen» 16.11.1916. Og om ei problematisk grisslakting er det fortsalt i avisa «Glåmdalen» 10.12.1977: «Var det itte sjølve faen at grisen skulle spelle mester!» Han rømte frå dei, og det var slett ikkje meininga. I slike tilfelle er det jo negativt, men det kan nok også brukast nøytralt eller positivt om å faktisk vera den beste, å overgå dei andre: «Je hadde spellt mester på en overlærer, og trolig alle som gnikke fele i Elverom» (Vidar Sandbeck: Husbondens røst, s. 275). Også som utbrot: «dæ spellte mester’n!» (Nordre Land) om noko som var heilt borti veggene, det «tok kaka».

Det er mest å finne om dette uttrykket på Austlandet, men eg har nok hørt det på Nordmøre, og kanskje også i Trøndelag.

7.9.22: Banehogg

Frå norrønt kjenner vi bane om (årsak til) død: Det vart hans bane, og i sammensetningar som banehogg, banemann og banesår. Men det har faktisk overlevd heilt fram mot vår tid. Hans Ross 1895 har «bånnåhogg» frå Stjørdal, med ekte inntrøndersk vokaljamning. Det er også registrert i Verdal. Og så viser det seg at Ola Stavseth har fått det med i den framifrå ordsamlinga frå Frosta. Det kan bety «dødsstøyt», f eks ved avliving av krøtter, slik som her: «Ta hit øksa så ska æ gji grisa bånnåhøddje ska du sjå» (Frosta). Elles er/var det gjerne bruka om hardt slag eller dask der noko går sundt, ved større uhell.

Banemann har overlevd i somme trøndermål som banamann eller bånnåmann, om den som står bak, er ansvarleg for noko («Dagens ord» 1.6..2014), og det er nok også det gamle bane som går inn i bånnådrag om kraftig slag, hard dask, i innherredsmål («Dagens ord» 31.5.2014).

2.9.22: Sjustjerna/sjustjernene

«Det er som å (eller verre enn) ta ned sjustjernan» kan vera ein passande kommentar når noko er heilt umuleg eller usannsynleg å få til. Her er ein versjon frå Stjørdal: «det e så umule som å ta ne sjustjernån tå himmela». Det blir omtrent som å skyte etter månen. Vi går ut i himmelrommet når vi skal ta retteleg i. Seiemåten med å ta ned sjustjerna kjenner eg først og fremst frå Trøndelag, fleire plassar. Ein verdaling siterte etter mor si, som kunne bryte ut når det hendte noko uventa: «Nei, no dætt sjustjenan ned!»

Sjustjerna eller sjustjernene er eit anna namn på stjernehopen Pleiadene. Desse var etter gresk sagntradisjon sju søstrer som vart forandra til stjerner. På folkemunne ser det også ut til at sjustjernene har vore bruka om Karlsvogna.

Mor mi, frå Øksendal, kunne bruke karakteristikken «slåtten om sjustjernann» når nokon spela stygt og «uforståeleg». Men Leif Halse skreiv ei bok «Slåtten om Sjustjerna» (utgjeve 1924) som viser ein litt annan sammenheng. Her er det spelmannen Fele-Jo som er i gang med «Styggrilen», men som nærmast i ekstase glir over i den vakre slåtten om Sjustjerna når han tenkjer på jenta han er glad i. Han seier sjøl at han har lært slåtten av stjernene.

1.9.22: Kaffelade

No for tida er det vel lite snakk om dette. Men det er kaffe med mjølk, eller kanskje helst omvendt. Det var gjerne nokså mykje mjølk og lite kaffe, og godt blanda med sukker. Somme beskriv det som ein drikk av mjølk med såpass kaffe oppi at den fekk litt brunfarge. Det fanst nok dei som kalla dette nedsettande for «kalvdrikk», «bleng» eller anna, men drikken var helst for ungar, og eit ledd i påvenninga på retteleg kaffe.

Ein kunne tru at dette rett og slett er kaffe pluss lade (forkorta for sjokolade), og vi hører stundom at ei plate kokesjokolade kunne vera ingrediens i kaffeladen. Men vel så truleg er det at det er ei tilpassing av fransk café au lait ‘kaffe med mjølk’. Akkurat samme ordinnhaldet er det i kaffe latte (espressokaffe med mjølk), men det er henta frå italiensk.

31.8.22: Ballhard(t)

Betyr vel akkurat det samme som knallhard(t). Men ballhard(t) er nok yngre og meir slangprega. Mest brukt ser det kanskje ut til å vera i området Trøndelag/Nordmøre, men det kan jo også ha å gjera med kontaktnettet til spalteskrivaren. Kanskje er det spesielt godt etablert i Kristiansund. I avisa Tidens Krav skriv dei såleis både om «ballhard rock» og idrettskampar som kan bli ein «ballhard batalje». Men det går nok mykje vidare. Sunnmørsavisa Møre-Nytt skriv f eks om «en ballharde kamp». Varianten ballehard forekjem også, men meir sjeldan.

Eg har prøvd Nasjonalbiblioteket for å finne ut kor gammalt dette kan vera. Adressa nemner «en ballhard leiemorder» (heldigvis i ein film) i 1994. Elles dukkar ordet opp fleire plassar i 1983, slik som i Brynjar Aa sin roman «babyboy», der det står om ein fyr som «gikk ballhardt ut mot materialismen». Men det eldste eg har funne, er frå Stjørdalens Blad 15.11.1979, der det vil bli «ballhardt» sportsleg for Stjørdals-Blink slik oppsettet for 3. divisjon såg ut for 1980. Likevel blir alle desse suverent slått av Kristiansund. Gunnar Juel nemner nemleg uttrykket i hovedoppgåva «Hovedtrekk av syntaksen i Kristiansund bymål» frå 1957, trykt 1991.

Når det gjeld det forsterkande ball- her, kan ein vel sjå for seg ein hardt oppumpa fotball, men det finst nok også meir odiøse alternativ.

25.8.22: Snær(e)kvist

Tørr barkvist som nettopp har sleppt nålene og som er lett å fyre opp med, kan brytast av nedst på trea. Akkurat denne sammensetninga ser ut til å vera mest kjent frå Telemark, Valdres og Gudbrandsdalen, men det er også ei oppteikning «snerkvest» frå Singsås. «Og skull døm ha trøbbel med å få fyra opp ti omna, kain døm berre brote tå ein snærkvist eill tu» (stykke på dialekt i avisa Gudbrandsdølen 22.1.1966).

Snære (eller sner’) kan vera både krattskog og tørt ris, kvistved. Det er i slekt med snar (skogsnar) og snår. Det siste kjenner vi kanskje best frå svensk, men det finst også i norske dialektar. Og så har vi eit verb å snære som blant anna kan bety å ta fyr og spraka opp. Snærkvisten «brannn så det snæra» (Øyer).

24.8.22: Å treffe feita midt i ballen

«Han træft feita mett i ball’n». Dette uttrykket, som kjem frå Hitra, skal karakterisere ein situasjon der nokon har komme med ein uheldig kommentar som fører til ein kraftig, uventa reaksjon. Min heimelsmann seier dette er fordi at når ein ball (blandaball f.eks.) blir varm, så blir feittet inni flytande, og da vil det sprute når ein skjer i det.

Da Rita Westvik skulle vera programleiar for Spelemannprisen i 1988, sa ho føreåt at ho skulle fuingere som «flesket midt i ballen».

22.8.22: Heim-alen

Eller «heimålinn», «hæmållinn» som det gjerne heiter på Nordmøre. Dette betyr to ting: For det første vil det seie «urøynd med tilhøva utanfor heimstaden» (Nynorskordboka), altså ukultivert, primitiv, «heimgjort». Heimfødingar er typisk heimalne. «Kåt var han både i mål og rkopp – heime-alen og vant til å gjera og seie som han sjøl tykte» (Leif Halse i romanen «Raud brystduk» s. 9.). «Han er heime alen og borte galen», seier ordtaket.

Men så kan det også bety husvarm, heimekjent, slik at ein tek seg friheiter ein annan plass enn heime. Dette er registrert på Nordmøre, lenger sør på Vestlandet, Hitra og Hemnes i Nordland, og er sikkert meir utbreidd. Da Bjørnstjerne Bjørnson gjekk i skulen, var han ein god del inne hos lærarfolket: «Bjørnstjerne vart derfor ikkje så lite «heimalinn» i huset der. Han gjekk rett som det var borti mjølkehylla og åt av rømmen på mjølkeringene hennar Kari» (Westrum: Folkeliv og tradisjon frå Nesset II, s. 69)

19.2.22: Gråt ikkje over ein lodden fot

Eit gammalt råd og ei trøst når eit dyr dør. Gjerne sagt til ungar som sørger over at eit favorittdyr (kalv, lam) må lata livet i slaktinga. Dette ordtaket ser ut til å ha vore brukt og kjent over store delar av landet, i mange forskjellige utformingar. Her er nokre eksempel: «Du ska-itt særj’ over en løe fot» (Oppdal); «du ska ikkje fællje tåre på løinj fot» (Fræna); «ann må kje gråte loen fote» (Valle i Setesdal).

Den djupare meininga med dette er sjølsagt at ein skl spare tårene og sorga til det er menneske som går bort, ut frå tanken at eit dyr trass alt er langt mindre verdifullt enn eit menneske. På Hitra er dette uttrykt slik: «Du ska itt gråt over løen labb, det e vær’ når dæm må bærra-ut tu stua». I Vevelstad heitte det også at ein ikkje skulle gråte over lodden fot – det er verre når det går ein slett ein. Her meinte ein elles at når ulykka begynner i fjøset, så sluttar ho inne.

18.8.22: Kaste ball og stav

Sleppe det ein har i hendene og springe brått frå det ein held på med. Da er det komme på eitt eller anna som er viktigare, som ein synest hastar meir. Uttrykket ser ut til å vera avgrensa til Nordmøre og dei tilgrensande delane av Trøndelag (Hemne, Orkdalen, Oppdal, Hølonda). Eit eksempel: «Men jeg mintes òg at det var ei tid da husfolket kastet ball og stav når samlingskaren kom til gards» (Ingvald Svinsaas: Folk ved ei gruve, s. 142).

Kva slags ball og stav dette konkret har betydd, synest usikkert. Kanskje lesarane har gode forslag?

Eit anna, likknande uttrykk er «å gå som turru frå grauta». Det handlar også om å forlate posten sin, å å gå frå ein aktivitet eller eit arbeid i full fart, utan å gjera skikkeleg frå seg. Dette ser ut som eit typisk trønderuttrykk.

16.8.22: Rå ball

«Du narra ikkje rå ball ti ein tosk» er ein gammal talemåte frå Nordmøre. Kanskje særleg knytt til Tingvoll, men den finst sikkert fleire plassar òg. Ivar Bølset forklarar dette godt i eit innlegg i Aura Svis: Samme kor stor tosk, så finst det ei grense for kva ein kan la seg lure til å godta. Når det gjeld mat, skriv Bølset, så går tydelegvis den grensa omtrent i skillet mellom rå og kokt ball. For den som har smaka sildball, raspaball etc., er dette umiddelbart forståeleg, seier han.

Uttrykket har ikkje gjort mykje av seg på prent. Men eg fann eit innlegg i avisa Romsdalsposten den 4.4.1939, som er svar på ein innsendar som skal ha uttrykt at ungdommar som er landsmålsvennlege, er syndebukkar som ein bør slå kvar og når som helst ein treffer på dei. I svarinnlegget heiter det: «Det er eit gamalt ordtak som seier at det nyttar ikkje å narra rå ball i ein tosk. Og det høver svært godt til svar her. Ballen er rå og kan ikkje meltast».

Men i eit avisinnlegg mykje seinare er ein annan innsendar frå Tingvoll bekymra for kor lett det er å narra rå ball i ein menigmann.

15.8.22: Vegbreddmellom/vegkantmellom

Vi har ein tradisjonell måte å laga adverb på ved å sette sammen eit førsteledd pluss (i)mellom, som i veggimellom, husimellom, gardimellom, å gå glas(i)mellom (den siste har vi hatt for oss her i spalta, sjå 11.12.2014 og 10.9.2017).

Eit par slike har eg funne berre hos Sigurd Lybeck. Både «vegbreddmellom» og «vegkantmellom» betyr ‘frå den eine vegkanten til den andre’. Gjerne handlar det om fulle folk som har problem med å halde seg innafor vegbreidda. Som i desse eksempla: «han ble klarere i hue, men ennå ville føttene helst gå sine egne veger. Det gikk vegbreddmellom, og et stort hell var det at han ikke møtte folk», og «Myrenggubben var en vanskelig arrestant i den tilstanden han var i nå. Han sjanglet vegkantmellom og brukte en vederstyggelig kjeft.» Det er ikkje sikkert Lybeck har laga desse sammensetningane sjøl, men han er ein ordrik og folkeleg forfattar som har mykje å gje til oss som leitar etter ord.

12.8.22: Klebit

Som et på klede (om krøtter). Dette ordet har vi berre ei einaste opplysning om, frå Robert Husbyn i Hegra. Men han har hørt det av ein kontakt på Nordmøre, truleg i gamle Stangvik. Om det faktisk er eit reelt ord, er det danna etter mønster av trebit, om hestar som har trong til å bite i krubba.

Sommaren 1974 var det ein tysk familie som innretta seg på elvakanten heime og heldt til der ei god stund. Dei vart ute for krøtter som var «klebit». Dei hadde ordna seg og spent opp klessnor mellom to toller frampå der, men så hadde det komme krøtter og ete på lakena dei hadde hengande til tørk. Den vesle guten i familien skulle fortelje oss om dette, han brumma «Teufel» og sette fingrane ut frå skallen til horn.

Desse tyskarane var forresten inne hos oss og såg VM-finalen i fotball mellom Tyskland og Nederland. Det endte med feiring og snaps, men det er ei heilt anna historie.

10.8.22: Molte seg

Bli moden, mjukne. Om bær, naturleg nok først og fremst om molte. Ikkje registrert frå særleg mange plassar, men vi har nokre spreidde belegg: Breim, Folldalen, Gimsøy. Gode gamle Hans Ross nemner det frå Nordmøre, og Edvard Storm har det med i ordsamlinga si frå Gudbrandsdalen i 1760-åra.

Den dag i dag vil nok mange først og fremst bruke molte om den modne bæra (og myrbær så lenge det er kart). Dette er nok ein opphavleg situasjon, for molte er helst laga til adjektivet molten ‘mjuk, blaut’, som igjen er opphavleg perfektum partisipp av verbet melte ‘fordøye’. At molte kan ha vore bruka om fleire slag modne bær, og ikkje berre molte, ser vi av samansetningane myrbærmølte og tytebærmølte frå Valdres.

9.8.22: Skoddpung

Eitt av desse skjellsorda som gjerne blir brukt litt ubestemmeleg. Allment nedsettande, kan vi seie. Men om folk blir pressa til å presisere, vil det gjerne gjelde slike som fer med dumme ting, som oppfører seg toskete, som har berre skodde oppi hovudet. Det er ikkje så mange opplysningar som har lurt seg inn i arkiva våre, men vi kan slå fast at ordet er kjent både i Trøndelag og på Nordmøre. Til og med i Trondheim by; det var gangbart på Lamo’n før i tida og er det kanskje den dag i dag. Eg trur ikkje det er heilt fritt for ordet i Nord-Norge heller. Og i Bergen skal det finnast ein «FK Skoddpung» som eg ikkje har funne ut meir om. Kanskje dei er i same liga som klubben til Pondus?

8.8.22: Fellslætt/punnefellslætt (-slit)

Slitasje på skinnfellen som ein for artigheit meinte at utpåkarane hadde forårsaka. For dette vart ein skuldig skinnfell-leie, eller fellskatt. Denne skulle gjerne betalast med arbeid, som f.eks. kunne vera ein dag i slåttonna. Eller ein måtte skjera eit visst åkerstykke, den såkalla «skinnfellmælingen», som vederlag. Frå Frol er det fortalt at dette var ei åkerremse attmed husa der hønene gjekk og trødde, og det kunne bli glissent med kornstrå. Hadde ein mistanke om at nokon hadde lege attmed tausa, fekk han skjera dette stykket.

På Nordmøre kunne det vera slik at den (eller dei) som hadde vore utpåkar gjennom året, skulle skjera potetkål for «punnefellslættet». For at fet ikkje skulle bli altfor openlyst, gjekk dette gjerne for seg nattes tid. Hadde det vore fleire inne i bildet, kunne det bli reine dugnaden!

Skikken og talemåtane er kjent frå Trøndelag og Nordmøre. Sjå fellskatt som «Dagens ord» 31.1.2016, og skinnfellmæling 17.9.2014.

5.8.22: Glanarar og glåm(e)folk

Samling av folk som er komme for å glo på noko. Kanskje særleg slike som ikkje er bedne i bryllaup, men som likevel møter opp for å bivåne vielsen, og helst for å sjå korleis brura tek seg ut. Glanarar er nokså utbreidd for dette, likeeins glåmarar, og i Trøndelag kan vi også finne gynarar. Elles blir dei gjerne omtalt som kopen eller koparane. I Gudbrandsdalen også brurkop eller kjørkjekop. «Kopkjell’n» (kjell = hjell, lem) er eit anna ord for galleriet i kyrkja (Meldal), kanskje eitt bestemt galleri?

Glåm(e)folk kan på det indre Austlandet brukast om publikum, tilskuarar i det heile, og på Voss har det samme vore sagt om folk som sit og stirer framfor skjermen. Kanskje det også kan overførast på dei som støtt har nasen i mobilskjermen?

4.8.22: Bek( k)engel

Velkjent og utbreidd skjellsord. Eigentleg «svart engel», og da kan det nok ha vore bruka også om den vonde sjøl. Om og til folk er det gjerne nokså uspesifisert, men somme forklarar det meir inngåande. I Nissedal gjeld det folk som kan sjå blide og snille ut, men som er vonde og falske på botnen. Frå Furnes får vi veta at det kan vera ein gutunge som gjer mykje gale, men som gjerne ser heilt uskyldig ut. Nesten motsett vinkling er det i Lier, der har det vore bruka om ein som trass alt ikkje er så mykje å klandre: «Du er nå en bekengel allikavæl!»

Skomakarar er ofte tilsølt med bek, og bekengel blir da eit naturleg utnamn på denne yrkesgruppa. Karl Braset frå Sparbu fortel denne rispa, med innlagt ordspel: «De va ein dæm kalla Skomakar Bækk fer han budd ti ei bækkstu’. Å sønnin hanns som va trållått kalla dæm «bækkænglan»». Vi kan legge til at «bøkkstu» er eit lokalt namn på eldhus.

3.8.22: Surdåm

Sur dåm, her med dåm i tyding ‘lukt’. «Ein laut bruke både einlaug og sandskuring for å få surdåmen ut (av mjølkekoppane)», kan vi lesa om i eit oppsett om gammaltids matstell frå Orkdal i avisa Sør-Trøndelag 27.5.1987. Elles forekjem ordet i eit ordtak, her frå Stjørdal: «de e leitt når surdåminn hi kommi ti koppinn». Ein Vestlandsvariant finn vi i den store samlinga «Ordtøkje og herme»: «er surdåmen først i koppen komen, kann han sitja lenge i». Dette skal nok også oppfattast overført.

2.8.22: Flogvatn

Spalteredaktøren har feriert i «fosseriket» Sunndal. Med som ferielektyre var reisetipsboka «Bortom allfarveg. Vestlandet» av Gunnar Garfors. Med fossesøgen i bakgrunnen måte eg sperre opp augo da eg kom til denne passasjen: «På Olagarden ventar innehavar Randi Tafjord med middag og «fløgvatn». Det er dialekt for vatn som har vore i fritt fall i ein foss. Det seiest å smake friskare og betre enn anna vatn».

Dette ordet har eg ikkje vore borti før, så det måtte sjekkast. Det viser seg at Norsk Ordbok har «flogvatn» i litt anna betydning: vatn som renn oppå jordoverflata etgter t.d. regnskol eller snøsmelting (Sunnhordland), eller vatn som ikkje sig ned i grunnen fordi det er tele i jorda (Troms). Det er ikkje mykje å finne om ordet elles heller

Til slutt renst det for meg ein gammal original i Sundal som meinte at vatnet i Sandvikelva var dårleg til kaffevatn, for det var så «sundslege».

30.6.22: Handtvar(n)ing

Ivaretaking, råderett, oppbevaring, kontroll. Etter målførebelegga å dømme er det først og fremst delar av Sør-Trøndelag som har dette (Hitra, Orkdal, Byneset), men vi finn ein utlaupar til nordmørsgrunn i gamle Stemshaug kommune. Ein kan ta eller ha handtvarning på noko, eller ha det i handtvarning. I Agdenes er det opplyst å heite antvaring, og i Oppdal antvarneng (forfattaren Ola Setrom har brukt det).

Det finst nok også lenger nord. I tradisjonen frå Lofoten heiter det at om første fisken dei fekk, var ein fiskekonge (torsk med misforma «nase»), så var lotten berga. Den tok dei handtvarning på; han vart reinsa og hengt opp i naustet som «vindspåmann».

Iavisa Sør-Trøndelag 3.3.1932 står det om skiljing av tamrein i Meldal: «Nedpå Krokåtvatnet er det livlig om dagane. Der driv dei og skal skilje flokkane åt så kvar eigar kann taka handtvaring på sine dyr». Og eit seinare eksempel, frå 25.10.1989, står det om ein lensmann som skal flytte frå Orkdal til Bærum. Skribenten trur dette kan bli ein stor skilnad: «her i bygda hadde han handtvaring på ti tusen mot i Bærum nittitusen innbyggjarar».

Handt- er nok som i handtverk.

29.6.22. Verstein

«Her har ein diger gloheit verstein sligi ner og espedirt» (eksplodert) (Olaf Lommerud: Den raue mannen. Fortelinger frå Solør, s. 13). I dette tilfellet ser verstein ut til å bety meteor. Men det ein trudde var eit meteornedslag, viste seg å vera eit resultat av det som forteljinga handlar om, nemleg «dinamittfisjing» (umiskjenneleg solørsk).

Elles er det lite å finne om verstein. Men i Vestre Slidre ser det ut til å ha vore bruka om snå steinar (nappesteinar) i den leiken som kallast femstein, spela munk m m.

For spøk er det i nyare tid somme som sett opp eller får seg «versteinar» i hagen. Dei skal signalisere veret, slik at om steinen er varm eller kastar skugge, så er det sol. Er han våt, så er det regn. Er han kvit, så er det snø. Ser du han ikkje, så er det skodde. Flyttar han på seg, så er det vind, og er han heilt borte, så er det orkan. Det blir sagt litt forskjellig om dette er ein dansk eller amerikansk ide.

24.6.22: Hynne (verb)

Mest vanleg ser det ut til at dette også betyr å slepe med seg noko tungt. Kjerneområdet har vi nok i indre Sør-Trøndelag (inkludert Hemne), som i desse eksempla: «han hynna og bar se mest forderva» (Meldal), «han kom hynnann’ mæ ‘n stor bjørkstrange» (Singsås). Men dette går også inn på nordmørsgrunn, i alle fall i Surnadal og Rindal: «vi hynna og slæt på na tong’ ståkkjen» (Surnadal). Frå Roan er det opplyst at å hynn’ betyr å velte f eks ein stein eller ein kasse bortover kant i kant.

«Å hynn’ aste» (avstad) er i gamle Stangvik å fara fort i veg med overkroppen bøygd framover. Leif Halse har noko liknande: «var kanskje likast han hynna heim straks» («Slåtten om Sjustjerna», s. 143). «Han hynna og sprang» kunne bli sagt i Sunndal også.

Hans Ross (1895) har eit vidare spekter av betydningar for dette ordet, alltid frå Trøndelag. Det kunne for det første bety å stikke fram hovudet, vera nasevis eller nærsøken. Dette har han frå Stadsbygd og Skogn. «kjem du hynnann no» kunne bli sagt om nokon kom og stakk seg inn i ein samtale, iflg. Ross. Frå Strinda noterer han betydninga å raske til seg, stela, naske («han tole itt å sjå på nån ting, minners han må hynn’ tå di». Og til slutt har han det om å dra i håret, denge eller pryle. Dette heimfestar han til Innherred, Strinda, Gauldalen og Selbu: «han hynna opp ‘om».

Jo Lorns Mona frå Snåsa har notert ordet ein «hynnver». Det er eigentleg ein graver, men også brukt som skjellsord om ein som for og «hynna» etter kvinnfolk.

Det er kanskje fleire opphav til å hynne. Det kan knytast til ei hynne om hovudhåret, luggen (sjå «Dagens ord» 16.1.2017), men også til eit verb å hyrne om å stange (og dette har sjølsagt slektskap med horn).

23.6.22: Temse («tæms»)

«Sett du der og temsa enda?» Ja, slik kunne mor mi spørje irritert når eg satt berre og pirka i mat som eg ikkje lika, og derfor aldri vart ferdig med måltidet. Dette stemmer på ein prikk med første tydinga som er ført opp i Norsk Ordbok: «tyggja seint og eta med ulyst». Geografisk strekker dette seg frå Sunnmøre via Romsdal og Nordmøre og litt i Trøndelag. Her er eit eksempel frå Selbu: «henn satt å tæmsa å ot gammelt, segt kjætt».

Så har det ei anna betydning som eg også har frå morfolket mitt i Øksendalen, i ei setning som dette: «han satt og tæmsa og tæmsa færre’n fekk sagt det ‘n skull». Her betyr det altså å snakke seint, å famle etter orda.

Men det har også fleire betydningar. I sammenhengar som «å tæms og ro», «dæm tæmsa og dro» dreg det seg mot å slite tungt, og tangerer såleis tremse, som vi såg på i går. Her er lenke til artikkelen i Norsk Ordbok, for full oversikt: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=temsa#ariadne=%5B%5B|456318|,0,|temsa|]]

Ordet har ingen sikker etymologi, men det må i alle fall vera det samme som islandsk temsa ‘vera sein med noko’. Vi har også eit verb å tamse, som har stort sett parallelle betydningar med temse, og som opplagt må vera av samme slekta. Det overlappar dels med temse, men ser ut til å ha tyngdepunktet meir mot sør og aust.

22.6.22. Tremse («træms»)

Slepe eller bera på noko tungt, gjerne noko som er nesten for tungt; dragse, drasse «Ho træmsa og bar», «han kom træmsan (med ein stor sekk)». Ordet er mykje utbreidd i Trøndelag, men ser ikkje ut til å gå utanom fylket (men dette må sjekkast nærare). Også i tradisjonelt bymål i Trondheim hører det til, som hos Esther Nordmark: «Dæm træmse på store sækka med godteposa». Bydialekten er full av ord frå omlandet, om det no er «bonat» eller ei.

Ordet har ikkje noko sikkert opphav. Men somme plassar heiter det «å dræms», og det knyter seg til eit meir utbreidd verb som ein i ordbøkene finn som drimse.

Det er elles mange forskjellige ord for dette. Drasse og dragse er alt nemnt. På Nordmøre der eg kjem frå, heiter det ofte «å tress'» (trisse), og det finst frå Vestlandet, noko i Trøndelag og opp i Nord-Norge. Det blir sett til lågrysk tretzen, i slekt med å trosse/trasse.

17.6.22: Turist (heil- og halvturist)

I årsskriftet «Du mitt Nordmøre» for 1981 er det fortalt om ein skomakar som «laga alt av folk sitt behov for fotty, frå sjøstøvlar, heil- og halvturistar, lågsko og finare jomfru- og damesko og vanlege kjerringsko» (s. 59). Turist er forklart som eit slag finsko med snøring eit stykke opp på leggen (opplysning frå Stangvik på Nordmøre, elles i bygdeboka for Voll i Romsdal. Heil. og halvturist viser vel til kor langt opp dei går.

Turist må vel vise til at desse var til turbruk. Det einaste eg forøvrig har funne, er «halvturist-støvler» frå eit signalement i ei etterlysing i Polititidende 1923.

16.6.22: Eit «o-rom»

Alle blir vi for at vi har forlagt ting, slik at vi ikkje finn dei att på den plassen dei skulle ha vore. Her om dagen skulle eg raske med meg passet mitt, og fann det ikkje i den skuffa der eg brukar ha det. Eg spekulerte, og leita fleire plassar. Eg visste at eg hadde det med på utanlandstur i slutten av april, men visste også heilt sikkert at det vart med heim frå denne turen. Borte var det likevel, og det var slett ikkje heldig med tanke på alt styret for å få fornya pass no for tida. Men så kom eg omsider på at eg hadde teke ein kopi av det for å ha som avkrevd legitimasjon til banken. Og ganske riktig – på kopimaskina låg passet, som gjeld til 2028.

Vi har eit par opplysningar frå Trøndelag (Stjørdal, Steinkjer) om eit uttrykk for ein uhøveleg plass der ting kan bli forlagt. Da ligg det «på et o-rom» (æ trur æ må ha lagt våttan på et o-rom». Altså u-rom, med det negative prefikset u-, som i utid, uår m fl.

Det kunne vore artig å høre om fleire kjenner til dette?

15.6.22: Hynte

Uttrykket «å hynte seg» («hynt-sæ») har nyleg vore oppe på facebook-gruppa om dialektord frå Aure. Der betyr det å rette på kleda, sjekke at ein ser nokolunde ut. Det var kjent av fleire, men antyda at det kanskje kunne stamme frå Smøla.

Vi har ingen opplysningar om det frå Smøla, men derimot frå Tingvoll, om å stelle seg, kle seg skikkeleg: «No må du sjå te å hynt-de(g)». Og frå Budalen har vi fått setninga «kess ha du hynta-de(g)-te»? korleis har du kledd deg (underforstått at da er påkledninga rar).

Dette må vel vera ein slags avleggar av det verbet «hynte» som vi kjenner frå Helgeland. Gamle Hans Ross, som vi stadig kjem til, definerer det som «optræde stadseligt», også «være i Vælten (i vinden); sprade». Slike har «hynt» med seg: «tiltalende Ydre og Væsen», og dei kan kallast hyntarglunt og hyntartaus. I følge nyare opplysningar frå Helgeland kan hynte også bety å flørte, kurtisere, sverme: «hynte med jentene». Og frå Hemnes også å småerte nokon.

Alf Torp, som vi gjerne tyr til for etymologi, melder pass på akkurat dette ordet. Lenger sør i landet finst eit anna ord hynte om å refse, klandre eller spotte. Kanskje er det ein utlaupar av dette vi har i Tresfjord, der å hynte etter nokon skal bety å slå etter nokon, nærmast for å skremme.

I skuespelet «Tonen din, Åsta» let Bjarne Slapgard ein av karakterane bruke «hynte meg» som kraftuttrykk: «eg skal hynte meg pusse han opp i andletet før vi går heim»

14.6.22: Sett deg på smellen

Med gjenopninga kan det nok bli fullt både her og der, både på utestader og meir privat. Her kjem eit par eksempel på ei uærbødig og spøkefull oppfordring til den som kjem inn der det er trongt om plassen eller heilt fullt: «du får tramp i gålve og sætt-dæ på smell’n» (Hitra); «slå i gølve og sætt-dæ på smellæn» (Verdal). Liknande kan sikkert bli sagt mange plassar.

10.6.22: Halde og flå

Eg har ein god kontakt som rapporterer om mykje godt språkstoff frå Tingvoll og Straumsneset. For eksempel uttrykket «han e både te å hall’ (halde) og flå», om ein som duger til litt av kvart. Vi spekulerte på om dette språkbildet kunne skrive seg frå slaktinga, der ungane kunne hjelpe til å halde medan det vart flådd. I alle fall må det ha med slakting å gjera.

Talemåten finst fleire plassar. I Smølaminne for 2010 er det fortalt om ein som fekk skryt: «du e både te å held og flå». Men det er gammelt: Først finn vi det hos presten og språkforskaren Knud Leem, som i si tid skreiv både om samisk og om norske dialekter. Han har «aa kunna baa halda, aa flaae», forklart som «at være flink og færdig». Dette er nok oppskrive i 1740-åra. Ivar Aasen har fått det med i ordtaka sine, der heiter det: «hann kann baade halda og flaa». I nyare materiale er det registrert frå Ryfylke i tillegg til dei nemnte eksempla frå Nordmøre. I Haugesunds Avis 29.12.1927 er det fortalt om ein altmulegmann som blant anna hadde vore på Bjørnøya og elles prøvd litt av kvart. Og han er naturlegvis ein mann som kan «både halda og flå».

Frå Lista er ein litt annan versjon: «‘n kann kje både holle og flå». Ei åtvaring mot for mykje multitasking, kanskje? Og Ivar Aasen har denne: «den som held og den som flær» (flår) er like gode» – begge har like stor skuld.

8.6.22: Hakkenyn

Rang, gretten, grinete kvinne. Gammal hurpe blir ganske synonymt. Ordet finst i Trøndelag somme plassar. Hans Ross 1895 nemner Stjørdal, Fosen og fleire. I nyare materiale er det registrert som «hakkenin» i Trondheim, Malvik og Stjørdal. Så har vi det i Bergen, som hakkenyn`ne, med trykk på tredje stavinga. Det er vel ikkje utruleg at det har oppstått i Bergen, spreidd seg derfrå til Trondheim og så utover bygda i Trøndelag. Førsteleddet er truleg verbet hakke ‘småskjenne’, men det er meir usikkert med siste delen. Ein kunne tenkje på den leika som heiter nyne – sildhovud som ein spelar på ved å blåse eller nynne mot membranen mellom augo (Norsk Ordbok), også kalla sildnyne eller tørrsildnyne. Men det er usikkert.

På Innherred finst forma hakkelnyn, med tilknyting til verbet å hakle – hakke, banke. Så har det skjedd ei anna omforming, til kakkenyn eller kak(k)enynne. Hans Ross 1895 noterte dette i Trøndelag, men det har nok spreidd seg. Her er det kanskje kopling til kakk ‘nebb’. Denne ordforma vart elles kjent fordi ho av ein eller annan grunn dukka opp i synonymordbøker. Feministar oppdaga at synonymordbøkene hadde fullt opp av nedsettande ord for kvinne, og påpeika dette. Sjå f eks Berit Ås: «Kvinnens lille røde»

7.6.22: Herdslevatn/herdevatn

Vatn som smeden har i ein høveleg behaldar for å stikke gloande metall i når han skal herde det. Det er fleire namn på dette, men herdslevatn og herdevatn ser ut til å vera dei mest brukte. Frå Rennebu har eg vore borti dialektvarianten «hervatn», og Frå Geitastranda «hælingsvatn», altså herdingsvatn. Smivatn er også sagt somme plassar.

Ein kunde som skulle ha gjort ei øks, kom med øl borti smia til smeden. Denne kommenterte at no skulle han få ei god øks, sia han kom med så godt herdslevatn (frå Hol i Hallingdal). Dette vatnet har elles vore rekna som bra i folkemedisinen.

2.6.22: Om/med ein hals

Uttrykk som ser ut til å vera nokså lokalt avgrensa. «Å vårrå om en hæsj» eller «med en hæsj» betyr å vera ille ute, ute av seg, forskrekka, og da gjeld det å komma seg vekk frå situasjonen. Det kan berast i veg «om en hæsj».

Eg har funne dette berre frå Orkdal og Byneset så langt. Da stemmer det også bra at bynesingen O.J. Høyem brukar det i «Den helige saga og kjørkjesaga».

Det kan sjå ut som det er frykta for å bli straffa med halshogging som ligg bak. Det kan rett og slett stå om halsen.

31.5.22: Uårsleg

Som ikkje passar med årstida, som ikkje opptrer til rett tid. Einaste opplysninga vi har om dette ordet, er frå den gode informanten Robert Husbyn i Stjørdal (Hegra), som skriv «det e o-årsle at homla kjem tile om vår’n. Ja, gaukinnj å».

24.5.22: Hardfridd

Vanskeleg å få ja-ord av når ein frir. Ordet er vel ganske sjeldan. Men i Aust-Agder Blad 6.5.2008 kan vi lesa om forholda i gamle dagar, da dei unge ikkje hadde så mykje å seie når det gjaldt å finne ektefelle. Når foreldra på begge sider tykte det passa, «då var det bare for dei unge å bli forlikt. I den alderen er dei ikkje så hardfridd heller».

I Gerhard Hedlund: «Muntre historier fra Telemark» er det fortalt om ei jente som var nokså hardfridd. Ho var innejente hos ein ugift bonde, og han prøvde seg utan særleg hell. Men ein dag small det ei salve på eit veganlegg attned garden, og da skvarr jenta og kasta seg rundt halsen på bonden. Da skjønte han at ho var skotredd, og la ein plan. Han fekk naboen til å henge opp dynamittpatroner rundt ikring og begynne salutten samme kvelden. Det small heftig ei lang stund. Dagen etter spurte naboen kor det hadde gått. Nei, han hadde kakka på til jenta da det første kotet small, og fekk sleppe inn på kammerset. Så small det i hop att, men da han skulle sette inn den avgjerande støyten, var det slutt. Dermed var jenta like standhaftig som før, og sendte han på dør.

Bør Børson hadde også sine problem, for «alle storingsfrøknene, de var så hardfriendes … de sa ikke ja med det første augeblonk, de topphønene» (Falkberget: «Bør Børson», s. 69). Også dette ordet er sjeldan, og kan også bety «pågåande i friing», som enkelte jenter på skotårsdagen.

18.5.22: Sponhelvete

Saftig nordnorsk ord for styr og ståk, stor oppstandelse, rabalder, kaos. Det kan vera forårsaka av vêret, men også inntreffe dersom politikarar gjer upopulære vedtak, om ein blir nekta servering, eller kjem borti andre av livets motbakkar. I eit lesarinnlegg i fleire nordnorske aviser vart det hevda at Lars Sponheim hadde laga «sponhelvet» for landbruksnæringa i Nord-Norge. Arvid Hanssen er ein forfattar som har brukt det på trykk.

Det har nok likevel ikkkje noko direkte å gjera med Sponheimen, men heller med spon om fliser som fyk. Andre liknande ord er sponliv (Lavangen) og spondans (Hitra), det siste om lausslept livsstil, iflg informanten..

10.5.22: Plas(s)er

Dette har ikkje å gjera med verbet plassera, men er eit substantiv som betyr moro, fornøyelse, tidtrøyte. Ein kan gjera noko «for plasser» eller «på plasser», Når bergensarane for på landtur, kunne dei kalle det «plassertur».

Ordet ser ut til å ha vore bruka over store delar av landet, men verkar nok gammalvore i dag. Frå Midt-Norge er det lite opplysningar. Ola J. Rise har teke det med i ordsamlinga si frå Oppdal, og Ingeborg Donali har ført det vidare, men det er visst ikkje nyare informasjon om det herifrå.

Somme plassar seier/sa dei «ha til plasser» om å ha for vane, og det kan gjerne vera mobbing og erting. Det er ikkje til særleg «plasser» for den som blir utsett.

Ordet er importert frå fransk plaisir. Innhaldet minner jo om engelsk pleasure, og det er samme ordet. Men uttalen med -a vitnar om at fransk er kjeldespråket i dette tilfellet.

6.5.22: Penibel

Nortsk Ordbok opererer med to definisjonar her: Den eine er ‘vanskeleg, pinleg, ubehageleg’, som i «ein penibel situasjon». «Det er penibelt for en embetsmann når hans nærmeste pårørende går hen og kompromitterer seg gang etter gang», seier byfogden i Henrik Ibsens «En folkefiende». Den andre er om folk og betyr ‘gjerrig, sparsam, pinen’. «I dag he du visst vore pinibel me ‘nje Dagros, ho ser so svong’e ut» (ordsamling frå Sande på Sunnmøre; kua er «svong’e» – svolten, med tom von). Men ein kan også f eks «leva penibelt». Og det kan vera penibelt når det er knapt med noko, f eks med mat eller med ty til ein kjole. Med slike assosiasjonar er det ikkje rart at det også blir uttala «pinibel», som vi alt har sett.

Opphavet er fransk peine ‘straff, smerte, pine’.

4.5.22: Maroder

Lemster, giktbroten, arbeidsufør; også utmatta, avkrefta. Ein kan f eks bli maroder etter eit arbeidsuhell, som i dette trønderske tilfellet: «hæstkrøtteret skåppå sæ te og slo av lårbeinet på mæ, så æ låg der aildeles maroder» (Otto Sandhaug i skrønesamlinga «Haurt nån sålles», s. 57).

Vanleg over heile landet, og ein del av den store ordimporten frå fransk. I dette tilfellet har det kanskje gått via tysk, men opphavet er i alle fall fransk maraud ‘skurk’. Marodørar var soldatar som hadde desertert, eller påstod å vera sjuke eller såra, og la seg etter avdelinga si for å plyndre sivile. Kanskje går dette tilbake til trettiårskrigen.

Ho hadde nok misforstått litt, ho som fekk telegram frå soldatsonen sin at han låg maroder på eit sjukehus. Ho tykte han gjorde rask karriere i det militære!

3.5.22: Dus(s)emang

To betydningar kan vi skille ut: Den eine er uvel, utilpass, slapp, ute av form, medan den andre er trist, molefonken, tungsint, nedstemt, lei seg. Desse to tilstandane følgjest vel gjerne åt. Ordet må ha vore vanleg over heile landet, og er kanskje godt kjent enno, men verkar vel litt gammelvore. Dette er eitt av dei mange orda vi har importert frå fransk. Utgangspunktet er det franske adjektivet doux ‘mild’, samme ordet som vi har i dus (duse fargar). Det er adverbforma doucement som ligg til grunn for vårt dus(s)emang. I norsk er det ulikt normert, dusemang i nynorsk, men dusement i bokmål.

Det opphavlege innhaldet har nok jamt over ikkje vore forstått, og da blir det rom for diverse omformingar og avsporingar. Dussemangen (Andebu) er ikkje så langt unna opphavet. Litt lenger har det gått i duslemang (belagt på Innherred) og dusselmang (Trysil). Fleire plassar i Trøndelag, og også elles, heiter det tussemang, med tilknytning til adjektiv som tussen og tusken. På Nordmøre og i Romsdal finst forma dussebang. Her er det kanskje bang(e) ‘redd’ som har spela inn. På Ytre Nordmøre har desse blanda seg, slik at resultatet har vorte tussebang.

2.5.22: Heimstrikkahund

Spøkefull nemning for puddel. Uttalt i eitt ord slik som dette må det nesten høre heime nordafjells. Systemet i måla lenger sør tilseier to ord. Men denne typen, som i «heimbakakak», «heimkokasåp», «heimspunnegarn» m m er typisk for Trøndelag og tilliggande herlegheiter.

Humoristen Tande-P fortel i boka «Tande-p’å tur» om wei togreise der ein gammel trøndergubbe sitt rett overfor ei finare bergensfrue på andre sida av midtgangen. Frua har ein puddel, som svinsar rundt og sleiker, også på gubbben. Dette tek han med godt humør, og seier til frua at «Det herre kaille vi for heimstrekkahoinn i Trøndelag». Men da surnar frua til: «Ufordragelighetene Deres kan de holde for Dem selv!» «Ufordragelig?» spør gubben. Han hadde da berre tenkt å komma med ei saksopplysning, at det hadde rakna ei maske i ræva på hunden …

25.4.22: Å gjera svenske av seg

Stikke av; ikkje møte fram; utebli (frå ein avtale e.l.). Velkjent uttrykk, men kva kjem det av? Somme har spekulert i at det kan vise til dei som rømte over til Sverige under andre verdenskrigen, men det er lite truleg. Dei hadde sine svært gode grunnar, og det fangar ikkje opp det nedsettande i å gjera svenske av seg. Dessutan er uttrykket mykje eldre.

Bokstavleg betyr det jo å flytte til Sverige, eller bli svensk statsborgar, og slik sett går det vel tilbake til unionstida. Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) og andre kjelder viser til eit tysk verb schwänsen ‘drive omkring; skulke’, men at det er påverka av substantivet ein svenske.

Kjell Ivar Vannebo har gitt ut fleire bøker om norske talemåtar. Han meiner den overførte betydninga kan ha oppstått på slutten av 1800-talet, da det var ganske stor innvandring til Austlandet frå dei næraste bygdene i Sverige. Det var rimelegare å dra dit enn til Amerika, og det var ganske gode sjansar for å få arbeid i Krisiania-området. Men det var gnisningar mellom dei fastbuande og innvandrarane også den gongen, og i dette klimaet vart «å gjera svenske av seg» bruka om å stikke av frå jobb, familie eller andre plikter. Skjellsordet svenskeradd skal også ha komme opp i denne tida.

Andre har meint at det går lenger attover, frå unionstida med Danmark. Folk skal da ha stukke av til Sverige for å unngå militærtjeneste. Men dette blir nok mest spekulasjon.

Elles kan vel dette sjåast på som ein del av eit kjent mønster av nabohets, som i engelsk to take French leave (stikke av utan å betala),, spansk hacerse en sueco (ikkje innfinne seg til eit møte, der dukka svensken opp igjen!) eller tysk sich auf polnisch verabschieden (stikke av). Ordbøker og andre kjelder er også inne på dette.

22.4.22: Sara

Bibelsk namn dette også, og det går inn i ei lang rekkje sammensetningar for å karakterisere ymse typar folk. Vi held oss til Midt-Norge akkurat her, men nemningar etter dette mønsteret går nok mykje vidare. Kanskje ei av dei mest utbreidde i Trøndelag er tullsara («toillsara») om ei som er tullete og tøvete. I Hemne har dei ei tokkelsara om denne sorten. På Nordmøre har vi ei gælnsara om ei som er sint og oppfarande. Ei farksara (Trondheim) er nok litt upåliteleg, medan ei rappelsara (Byneset) er ei skravlebøtte. I Selbu er ei slarksara ei som er slurvete og likesæl. Men i Haltdalen bør ein passe seg om ein møter ei stakallsara – ho er litt for glad i gutar. Ei dallsara (Roan) er vel glad i å dalle seg til, pynte seg. På Snåsa har dei både dettsara (ei som snublar og dett støtt) og pjuttsara (ei som er pjutt – sur og furten). Ei hekkersara og ei skrekkelsara (begge Hitra) er slike som ler med tynt mål på ein plagsam måte (kvifor assosierer eg til Vedum, tru?)

Ei rætteli sjysara (Vikna) er ei røff jente, som er dyktig til å ordne opp, glad i å vera på sjøen etc. Dette skriv seg frå den legendariske personen Sjø-Sara eller Gjæsling-Sara, som dreiv sjøen betre enn ein kar, og var både fiskar og los. Noko hardhendt og uvøren er ei bauksara (Flatanger).

På Innherred har dei uttrykket eit saralag om ein gjeng eller ei forsamling som er støyande og useriøs. Det finst vel nokre slike på fotballtribunane rundt ikring.

Ei skikkeleg saralava er nærmast eit kjæleord om og til jentunge (Orkdal, Meldal). I Meldal skal det vera ein plass som heiter Saralavastuggu, så dette går vel også tilbake på ein person som faktisk har eksistert.

21.4.22: Mikkel

Mest kjent som namn på reven, «Mikkel Rev». Dette skriv seg vel frå folkeeventyra, der Mikkel Rev opptrer som ein retteleg luring. Men kvifor akkurat Mikkel er vel ikkje klårlagt.

Så blir Mikkel-namnet overført til folk, etter velkjent mønster. Ein mikkel skulle da bli ein lur person, og det er nok også tilfelle. Men i fleire av sammensetningane er Mikkel slett ikkje så slu, berre tenk på dåsemikkel (som ikkje er ein hermetisert rev!) og dustemikkel. Ein soddmikkel (Bergen) er rett og slett ein tosk. Ein sosemikkel eller surremikkel er vel heller ikkje av dei glupaste, her snakkar vi om rotekoppar. Ein slørvmekkel (Trondenes) og ein lortemikkel (Skien) tek det heller ikkje så nøye. Og kva ein klønmikkel (Åsen) er, seier seg vel sjøl. Ein sjuttjumekkel (Oppdal) er allment nedsettande. Frå trøndersk (og noko i nordnorsk) kjenner vi ein skrytmikkel om ein skrytepave, kanskje takk vere storskrytaren i Kvænnavika-universet. Ein drøsmekkel (Skatval) er vel av liknande slag.

Meir i pakt med reven er kanskje luskemikkel om ein som luskar og lurer, og ein skulemikkel (Vestby) er ein som skuler, følgjer mistenksamt med i det andre gjer. Så har vi ein fliremikkel som flirer støtt, og ein søtmikkel som er glad i søtsaker. Ein skjortemikkel (Sandsvær) er ein unge som går i berre skjorta, og ein skrapmikkjel (Hemnes) er ein mager person, men eigentleg ei pølse av dårleg kjøt.

Til slutt kan vi ikkje underslå at «han Snyt-mikkjil» (Salten) er eitt av dei mange namna på den vonde sjøl.

11.4.22: Å fara breiddamed

I overført forstand kan dette bety å vera utru. Blir det barn som resultatet av utruskapen, er barnet gjort «breiddamed senga». Dette er nok ganske gammelt, for i ei ordsamling frå rundt 1760 med både trønder og nordmørsmål, heiter det å «have et barn bræida me». Ein gut som var fødd utanfor eksteskap, kunne kallast ein «breiddamedkar». Og her er frå O.J.Høyems versjon av historia om Sara og Abraham i Bibelen: «da kona hans Abram, ho Sara, såg, at ho ingen born fik, bad ho mannen sin take til breidamed-kona ei ægyptisk trælkvinne, som ho hadde». No ordna jo dette seg likevel.

Breiddamed eller breiddmed betyr «ved sida av». Ein kan gå «breiddamed vegen», eller som i dette eksempelet frå Grong: «hainnj råokt braddjme skiva». Det er mest opplysningar om det i Midt-Norge, men det går nok mykje vidare, i alle fall nordafor.

Ein annan overført bruk har vi når det kan seiatr om folk at «han/ho er lite breiddame» – litt utafor. Og mor mi hadde ei flott glose for «utanomsnakk» – breiddamed-tal!

8.4.22: Kjære kjerkefolk!

Utbrott for å uttrykke overrasking. Tilsvarar vel omtrent «kjære meg!» eller «du store min!»,. Bokstavrimet har nok spela inn for utforminga. Det er velkjent på Nordmøre, men også på Sunnmøre, og forfattaren Ingvar Moe frå Sunnhordland har til og med skrive ei bok som heiter «Kjære kyrkjefolk!» Moe har bruka det fleire gonger, slik som her: «Men kjere kjørkjefolk, di ha nå kje andre elle seg sjølve å takka» («Sommaren te Ingjeberr», s. 21). Også i Kristiansand er det kjent, og her fann eg eit eksempel i avisa «Lindesnes»: Du kjere kjerkefolk hå mye brendsel som blir hiven vekk te ingen nytte i mange a di gamle husan mi bo i» (21.1.1963).

At kjerkefolk/kyrkjefolk også kan bety lysande glør i sotet i omn, har vi vore inne på tidlegare her i spalten. Men det kan også vera kaffegrut som er att i koppen, og i Selbu har det vore sagt om korta over 10 i kortstokken. I Budalen kallast desse «kjørkjgubba».

7.4.22: Forplikta

Vanlegvis betyr jo dette at ein er pålagt noko som plikt. Ein kan f eks vera noralsk forplikta til å gjera eitt eller anna. Men så er det ein annan bruk, der det betyr ‘umuleg, rådlaust’: «Det var forplikta å få det til»; «dei tala så lågt at det var forplikta å høre kva som vart sagt». Det kan sjå ut som dette er geografisk avgrensa. Opplysningane er stort sett frå Trøndelag og Nordmøre, og dessutan Folldalen.

Forfattarar som har teke dette i bruk, er Olav Berkaak og Olav Gullvåg, og her Vegard Vigerust»: «Men det var forplikta. Han fekk seg ikkje til det» («Guten som ville kjøpe Norsk Rikskringkasting», s. 131).

Å forplikte seg på kan også bety å sverje, banne på. «Nei, så sant forplikta» finn vi som eit lite kraftuttrykk hos nemnte Olav Berkaak. Men mest sannsynleg er det vel at forplikta her er ei omforming av forbanna, på samme måten som forpinna, forpligga etc.

6.4.22: Bress (bris)

Dette har ingenting å gjera med gårsdagens ord «bressel», anna enn lydlikheit. Derimot er det frå dyreanatomien, og sikkert bruka litt forskjellig. Men det gjeld oftast kvite, svampaktige trevlar eller klumpar i dyrekjøt. Dette vart ikkje rekna som etande. Ordet finst først og fremst vesta- og nordafjells, men også i Valdres og Telemark, bl.a. Uttalen er ofte bress eller bræss. Somme stader i indre delar av det gamle Sør-Trøndelag er det bresj, og på Hølonda bræst. Frå Surnadal er det forklart slik at ein skilte mellom bress, som var store, faste, glatte slingser og eitlar («ehlja»), som var mindre og hardare klumpar.

Samme ordet er nok også det bris vi har om ein kjertel bak øvste del av brystbeinet, thymus på fagspråk. Denne heiter brissel på dansk.

Opphavet til dette er uklart, men det ligg føre mistankar om import frå tysk.

5.4.22: Bressel (brisel)

Fargestoff framstilt av brasiltreet. Brasiltre er samnemning for fleire tropiske treslag. I nyare oppslagsverk er desse trea raude og gir raudt fargestoff. Men det ser ut til at ein også har farga garn og ty blått eller svart med dette. Eit anna namn på fargestoffet er blåspon.

Ordet har funne vegen gjennom lågtysken frå latin brasilium. Opphavet er uvisst. Staten Brasil har fått namnet sitt frå treet.

Ei kjelde (I.O.Rokkones) fører opp uttrykket «tållå bressel» utan nærmare forklaring. Eg veit renn bygger les denne spalten. Kanskje dei kan hjelpe?

4.4.22: Balstyrig/balstyren

Ustyrleg, villstyren. Neppe typisk dialekt, men det blir vel etter kvart oppfatta som eit litt gammaldags ord. Du finn det likevel i dei fleste ordbøker. Det kjem frå lågtysk balsturich og/eller nederlandsk balsturig, der bal betyr ‘dårleg’ og siste delen er ei avleiing til eit verb som tilsvarar vårt å styre. I Trøndelag er førsteleddet gjerne uttalt med palatal l, og suffikset er bytt ut, slik at det heiter ballstyrin eller ballstyren. Her er eit par eksempel: «han skåppå sæ te og vart heilt ballstyrin» (Verran); «karer som kunne bli høgrøsta og ballstyrin» (Årsskrift for Snåsa Historielag 2008, s. 20). På Hitra er uttalevarianten ballestyrisk registrert.

1.4.22: Å skre orda m m

Fotballpresidenten vår, Lise Klaveness, heldt ein tordentale til FIFA. Ho skredde ikkje orda akkurat. Dhøver det med ein liten reprise frå januar i fjor om nettopp dette:

”Han skredd itj orda ti’n” – da sa han sanninga eller meininga si rett fram utan å legge fingrane mellom. Belagt frå alle delar av Trøndelag, men ikkje berre der. Det er god samanheng over til det austafjelske, med liknande uttrykk heilt ned til Oslo og Østfold. Så er det da også komme med både i Bokmålsordboka og Det Norske Akademis Ordbok. I den sistnemnte er ”skre ordene” forklart med ”være forsiktig med hva man sier”. Men det er nok helst bruka i nekting, slik også i eksempelet som er sitert i NAOB, frå Hans Børli.  Nynorskordboka har verbet, i forma skræ, men ikkje sambandet ”å skræ orda”.

Å skre eller skræde er her i tydinga ’sortere ut’. Ein sparar ikkje på orda når ein ikkje skrer dei. Verbet kan også bety å sløse, spille, øyde bort, utnytte dårleg. Det kjem frå lågtysk schraden ’skjera, snitte’ og er såleis i slekt med skreddar.

Men det finst mange uttrykk for akkurat dette. Aud Mollan beskriv det på dialekt frå Verran at «hu la ittj læmsa (lefsa) imilljom». Dette kjenner vi også frå Hitra, Ørlandet og Beitstad.

I alle fall var Lise Klaveness beintalande, og dei fekk det kasta i nasen. Men ho var kanskje ikkje så grov i ordbruken at ein kan seie FIFA «fekk tu hundmjølstampa»?

31.3.22: Mons

Mons eller Monse er jo kjent namn på (hann)katten. «Mat for Mons» er ein godbit både for kattar og folk. Og nettopp dette med å vera glad i god mat eller godteri ser ut til å vera typisk for den menneskelege monsen. Vi nemner i fleng: matmons, godmatmons, grautmons, kakemons, godterimons, søtmons, sukkermons og det trønderske snavvelmons. I Folldalen har dei fløytmonsar.

Ein mons kan også vera ein kar som er galen etter kvinnfolk. Både gramonsar og rallmonsar er hannkatt som stadig er på farten, men også bruka overført om erotisk aktive karar. Det samme gjeld ein migmons (Lofoten).

Bartemons har vel også starta ut med katten. I Ringebu er ein «sjurt-mons» (skjortemons) ein liten gutunge som fer og spring rundt i berre skjorta. Og det finst nok enda fleire monsar om ein leitar vel.

30.3.22: Brit

Også eit kvinnfolknamn som har gått inn i nokre faste uttrykk i språket. På samme måten som Gunnhild kan Brit også bety diare, livsykje (Eide på Nordmøre). Så kjem eg på at mor mi, på sitt øksendalsmål, av og til kunne seie «ta va åt deg, det, Brit!» Det er ein kommentar når ein sjøl merkar at ein får fordekt kritikk, og uttrykker at ein forstår at dette v ar retta mot ein sjøl (også om ein sjøl ikkje heiter Brit). Dette går sikkert tilbake på ei bestemt hending eller ein bestemt situasjon, som vi vel ikkkje veit meir om i dag.

Men det er særleg i sammensetningar ho Brit gjer seg gjeldande. Da får ho oftast stå for kva person som helst, og så fortel førsteleddet kva slags eigenskapar denne personen har. Dei treng på ingen måte heite Brit – det er slett ikkje alle «nysgjerrigperar» som heiter Per heller. Fleire sammensetningar gjeld personar som legg seg for mykje opp i ting, enten dei er nysgjerrige eller bekymra. Slik er det med ei hausytbrit og ei koftbrit (begge Sunndal) og ei ombausbrit (Orkdal). Ei trossaubrit (Hemne) er eit menneske eller dyr som trassar seg fram, medan ei tullbrit (Meråker) er tøvete.

Frå dyreverda har vi tjuvbrit (Romsdal), som er namn på fisken berggylte. Den skal visst vera slem til å berre nappe i agnet.

Romsdalsk er også bjørkanes-brit, eller berre bjørkabrit om bjørkeriset: «du ska få tå na bjørkanes-brit» (Tresfjord, Vestnes) kunne ujngane få høre om dei ikkje var snille.

29.3.22: Gunnhild

I namnet åt likestillinga lyt vi no ta for oss eit kvinnfolknamn. Når vi hadde Gunnar i går, kan vi halde fram med Gunnhild i dag. Dei fisfine må slutte å lesa her, for no blir det litt ufyseleg. «Å ha ho Gunnhild», eller «å ha Gunnilla» er nemleg eit gammalt trøndersk og nordmørsk uttrykk for å ha diare, magesjau. På Nordmøre og i Hemne kan dei også seie «ho Gunnhild nåven (dativ)». Da må ein forte seg til ein bestemt plass attom nova, jamfør «ho Ane på nåven» i Sunndal. Andre variantar er «Gonnill snarfot» (Roan) og «Gunnhild snørp om nova» (Beitstad). Er det ekstra ille, kan ein ha ho «gunnill på sjuan omfaret» (Averøya). Meir sjeldan kan «å ha ho Gunnhild» også bety andre ting: trong til å pisse (Selbu), menstruasjon (Verdal)

Kvifor akkurat Gunnhild kan ein jo berre spekulere på. Eit forsøk har vore å sjå det som folkeetymologisk omforming av eit gammalt ord gund ‘skorpe av vatn eller slim’. Eit anna er å knyte det til den fæle dronning Gunnhild frå vikingtida, og trolldommen hennar. Mden ingenting av dette verkar overbevisande.

Også andre kvinnfolknamn kan bli bruka på likknande nåte, som Lisbet og Randi.

Gunnill eller fjølgunnill er også namn på fjølkjelke, fjølpurke (Oppdal, Rennebu).

28.3.22: Gunna(r)

Ikkje så sjeldan ser vi i språket at namn på personar går over til å få ei meir allmenn tyding. Dei går over frå å vera særnamn (proprium) til å bli (meir eller mindre) samnamn (appellativ). I dag ser vi litt på mannsnamnet Gunnar (i tradisjonell dialekt gjerne uttala uttala «guinna», «goinna» o l).

Dette går inn i somme faste uttrykk. I Aure på Nordmøre har dei «å sett og bett’n Gunna» om å sitte og surmule, furte. På liknande vis kan det fleire plassar vera snakk om å binde oksen eller binde vêren, i samme tyding. I Sunndal har vi «å kjør Gunna» om å kjøre fort og uvøre. Av og til utvida til «å kjør Gunna og velt’ Trond».

Så har vi namnet i nokre samansetningar, først om personar: Ein furtegunnar er ein som sit og furtar (Vestre Slidre), men også ei personifisering av sjølve furtenskapen: «er’n furtegunnar kommen te dei nå?» (Vestfold, etter Hans Ross). Jamfør «å bett ‘n Gunna» ovafor! Kva ein «bakvendtgoinna» (Malvik) er, seier seg vel sjøl, likeeins ein «fersekti-guinna» (Surnadal). Ein «grautagonnja» (Herøy på Sunnmøre) er ein som er glad i graut.

Eit par eksemplar har vi også i fugleverda: «Huvegonnar» (Bjerkreim) er eit sjeldan namn på kjøtmeisen, og «leverguinna» på havhesten (Smøla). Blågunnar om kolmule kan vera omlaga av eit anna ord.

25.3.22: Fôrsterk

For å unngå vårknipa, gjeld det å vera fôrsterk – som vil seie å ha rikeleg med fôr til krøttera. Denne samansettinga ser ut til å vera nokså sjeldan, men det er vanskeleg å søkje opp på Nasjonalbibliotgeket, fordi du da får store mengde tilslag som har med forsterking å gjera. Og det er vi jo ikkje ute etter her. Norsk Ordbok har belegg frå Oppdal og Alvdal, og no kan vi også legge til eit sikkkert målførebelegg frå Stjørdal. Eit eksempel gjer kanskje bruken tydelegare: «Æ de fôrsterke på Nørdsti, da?» (Alvdal)

Samansetningar med sterk fortel som regel kor sterk noko(n) er: bjørnsterk, kjempesterk, krutsterk, trollsterk etc. Men det finst nokre der førsteleddet uttrykkjer at det er mykje av noko. Vi kan nemne mannsterk og pengesterk, og bandsterke verk – (bok)verk som inneheld mange band. Og eit firma eller foretak kan vera kapitalsterkt. Fôrsterk føyer seg inn i denne rekkja.

24.3.22: Rubelgut

Uvøren, framfus og likeglad type; gjerne ein storfestar og gladgut; stundom også sagt om ein vilter gutunge. Han er rå og vill og kombinerer i seg både villstyringen og ugagnskråka. Sæleg verkar ordet kjent på Innherred, men også somme andre plassar i Trøndelag (Hitra, Roan, Klæbu), eit par-tre plassar på Vestlandet, og Sømna på Helgeland. Uttalen varierer mellom rubel- og rubbel-; i Bardu har dei varianten ruffelgut.

Vi kan kose oss med nokre sitat: «på marknaen der var du rubelgut» (Olav Duun: I ungdommen, s. 22), det er Astri som konfronterer Odin med dette, også at han slost med nothundane; «ein retteleg gjentefut og rubelgut» (Olav Gullvåg: Brattøra, s. 81); «drukne landevegstravarar og rubbelgutar av verste slag» (Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft, s. 110). Om ein sagmeister i Klæbu på 1700-talet heiter det at «Lars var litt av ein rubelgut. Ofte innstemt på tinget for slagsmål og gjeld (Klæbuboka II, s. 89)». Her er ein original frå Snåsa: «Da han ekserserte var han en «rubbelgut» av de verste. Tittt darkk han sig full og naar eksercisen skulle begynne, følte han sig ofte mere opplagt til aa bruk kjeft enn aa eksercere» (avisa Nidaros, 1920).

Eg har ikkje sett noko truverdig forklaring på kva første leddet er for slag. Det er neppe valutaen rubel, sjøl om det i ei revyvise frå Ranheim ca. 1950 heiter «Stalin rubler penger ut, Stalin er en rubelgutt». Og i ei anna avis frå 1920 fortel dei om ein som skal ha teke med seg 70 000 gullrublar frå Russland, og derfor er ein «retteleg rubelgut». Kanskje det er sammenheng med rubbel og bitrubb og rake etc, eller kanskje adjektivet rubben ‘knudrete’. Eg har ingen betre forslag pr i dag.

21.3.22: Bryte arta

Det har gått eit sagn i forskjellige utformingar om ei kjerring som måtte hjelpe til da ei underjordisk kjerring skulle ha små. Denne underjordiske kjerringa var eigentleg av vanleg folk og måtte derfor ha hjelp av kristne folk ved fødselen. Ho får kviskra til hjelpekona at når denne skal gå, må ho skunde seg og smette attom døra. Hulderkallen, eller jutulen, vil henne ikkje noko vondt, men han kan ikkje bryte arta, heiter det. Og ganske riktig: Når ho får slengt seg bakom døra, kjem det ei gloande pil (i somme versjonar: ei jarnstong) etter henne, men den treffer heldigvis ikkje. Det hører elles med til historia at morgonen etter står det ei framand ku på båsen heime hos gardkjerringa, som takk for hjelpa.

Med art tenkjer vi vel i dag først og fremst på dyreartar, artsmangfald, Artsdatabanken m.v. Men i sagnet ovafor vil arta seie natur, naturlege anlegg, medfødde eigenskapar. Når ein ikkje kan bryte arta, blir vel det omtrent som at naturen går over opptuktelsen.

Talemåtar med denne forma for art kjem gjerne fram når ungar eller dyreavkom gjer slikt som minner om vaksen åtferd. Det kan vera gutungar som begynner å interessere seg for jenter, hanekjuklingar som sparkar i vengen, oksekalvar som prøver å «ri» etc etc. Da kan det heite slikt som «ser du arta», «arta ter seg», «arta e no ti dem», «det er rette arta», eller med ei lokal formulering frå Hølonda (og kanskje fleire): «sjå arta kor ho klønes». «Aga arte di!» er ei åtvaring frå Valdres. Vi avrundar for denne gongen med eit par humoristiske munnhell: «Der ser du arta, sa mannen, ungane slost om maten» ; «artæ er artæ, sa feier’n, ongen hanses så i pipa, han var åtte daer gammæll» (Nøtterøy).

18.3.22: Skrott

«Nå er det vel hue a’ og skrotten i gryta», sa mannen, han vart tatt for tjuveri. Dette munnhellet kjem frå Sandsvær i Buskerud (ja, eg veit det skulle stått «Viken» no, men søren heller!). I alle fall uttrykker dette på ein litt drastisk måte at at no går det i alle fall gale, så eg får berre ta konsekvensane. Eg veit om spesielt ein som dette kan høve på i dag.

Skrott kan brukast om så mangt. Det er eit litt meir uhøgtideleg ord for kroppen, som når vi snakkar om at noko gjer godt i ein gammel skrott, eller å fryse over heile skrotten. «Blir det ikkje skrott, så blir det vom», sa dei før i Numedal. Det myntar visst på dårleg krøttermat som var berre vomfyll, på kleint beite om hausten.

Så har vi naturlegvis skrotten av eit slakta dyr. Og vidare: Kjernehuset av frukt, som i eple- og pæreskrott. Men også skal og restar av bær og frukt. Det som er att når ein har pressa safta ut, eller skalet og steinane som ein spyttar ut. Bærskrott, blåbærskrott osv.

Skrotten kan også vera den berande hovuddelen av ei bygning, slik som ytterveggene.

Og til slutt kan ein skrott også vera eit menneske (eller eit dyr), litt nedsettande. Det finst kallskrottar, karaskrottar, kjerringskrottar og gampskrottar for å nemne nokre. I Rennebu er ein rånnåskrott ein som snusar borti mangt.

17.3.22: Papirhane

I Norsk Ordbok (som visst er den einaste ordboka som har dette ordet med) er det definert slik: «ein som går rundt og briskar seg; spradebasse, viktigper, sprett». Og det kan vel vera riktig nok når ein ser eit sitat som dette: «Den største broren var riktig papirhane der han satt oppi bilen og synte fram rattet» (Ove Røsbak i boka «Alf Prøysen: Præstvægen og sjustjerna», s. 62).

Men i dag er det vel mest vanleg å bruke papirhane som eit nedsettande ord for ein som jobbar i kontoryrke i staden for med praktisk arbeid. Slik må det forresten ha vore ei stund, kan ein sjå på treffa ein får i Nasjonalbiblioteket. For eksempel i Vikbeladet 13.4.1939, der det er fortalt om ein kar som utdanna seg til lærar. Men før det hadde han vore med på vinterfiske, og var «soleis ein ikkje heilt papirhane då han bestemde seg for lærargjerninga». I 25-årsskriftet for Voss jordbruksskule heiter det om ein at han var «ein praktisk kar – ikkje ein teoretisk papirhane» (s. 3).

Byråkrat er eit ord ein får assosiasjonar til når det er snakk om papirhane. Ein veldig god informant frå Hitra seier at papirhanen er ein byråkrat som veit han har makt. Det er flust med sitat som viser at det er tenkt på byråkratar, berre sjå her: «en eller annen papirhane bak et skrivebord i Oslo» («Nytt om namn» 1995, s. 20 – sitat frå Stavanger Aftenblad); «en «papirhane» som begraver seg i dokumenthaugen og sender ut skriv i hytt og pine» (Aura Avis 11.1.1997); «det blir stadig fleire arbeidsskye papirhanar på kommunehusa» (Avisa Valdres 6.1.1983).

Andre ord for dette er f eks papirkallar og papirmenn. Ein original på mine heimtrakter tala om «mappmenn» (mappemenn) – slike lika han slett ikkje.

16.3.22: Å slette over

Det var visst ei holdning før i tida at husmennene helst ikkje skulle ha mykje pengar. Det finst ei historie (etter Robert Husbyn i Hegra) om ein trønderbonde som skal ha uttalt at han ikkje ville sjå dalarar hos husmennene sine. Kjerringa prøvde å slette over, og sa: «Det kjæm vel pæng’ som høve husmannja å».

Som vi forstår, betyr «å slette over» her å gjera godt igjen, pynte på, glatte over, dempe motsetnader eller usemje. Men konkret (og opphavleg) vil det sjølsagt seie å gjera eitkvart jamt og glatt.

På Hølonda (og truleg også i Orkdal?) har dei eit uttrykk som vi kan ta med i same rennet: ei «sohljprek». Det er snakk som ein serverer nettopp for å slette over noko, gjerne med svulstige ord og høvelege mengder skryt av den som skal blidgjerast.

15.3.22: Grågeit

«Gle deg, grågeit, i mårra e du kvit». Gle deg ikkje for tidleg, vil denne nordnorske talemåten fortelje oss. Det blir ikkje slik som du trur, du har for store forventningar og falske forhåpningar. Eit par variantar frå Roan har komme inn på Facebook nyleg: «Gle dæ, grågeit, så får du kvite kje», «Gle dæ grågeit, i mårra kjem han Stallvik og sjer på kjøtte dett».

Ei grågeit er sjølsagt ei gråfarga geit (Grågeit er også bruka som geitenamn), og det er nok liten sjanse for at ho skal bli kvit om ho ønskjer det aldri så mykje. I Rana hadde dei ein skikk på feittysdagen med å spikre eit stykke kjøt på fjøsveggen og seie: «Pisteripit, pisteripit, injen ska kåmm hit og rør mi grågeit». Da skulle dyra få vera i fred for rovdyr om sommaren. I Vefrsn skulle dei verken smaka eller nemne kjøt på oskeonsdagen. I staden sa dei «grågeit».

I Leikanger er grågeit ein karakteristikk av ein person som ser dårleg ut.

11.3.22: Omføttes

Eit anna ord for andføttes, altså med føtene vendt i kvar si retning: å ligge omføttes. Hans Ross har fått det inn frå Røros, men det står ikkje i den nye Rørosordboka. Da er det kanskje utdøydd der. Men det ser ut til å vera kjent hist og her på det indre Austlandet. Både Vidar Sandbeck og Dagfinn Grønoset har fått det på trykk. Og det lever enno, som i denne matspalta i Oppland Arbeiderblad: «Filetene legger jeg «omføttes» to og to og drysser på litt salt og hvitt pepper» (9.9.2005). Omføttes finst også i ei ordsamling frå Sande på Sunnmøre. På Hadeland hender det at dei tek på seg sko og støvlar omføttes – på feil fot.

Andføttes er nok det klart mest vanlege ordet for føter vendt mot einannan, men det finst også mange andre, som motføttes, omskarves, omskoftes og tilspennes.

10.3.22: Gruvle

Da eg var på Høylandet på dialektkveld for nokre år sia, noterte eg «å gruvvel» om å krype, kravle (om ungar). Dette er også opplyst frå Harran. Konsulterer vi Hans Ross, slik vi har for vane, så har han dette ordet i slik bruk frå Innherred og Namdalen: «han ligg å grovle». Dette blir bekrefta av nyare opplysningar frå Verdal, men der med litt annan uttale: «å grøvvel» – «dæm låg å grøvla ni gølvi». Her er det også bruka meir overført om å vera klønete og ikkje komma nokon veg med ting, og ein som har det slik, kan bli kalla ein «grøvveldall», «grøvvelkall» eller «grøvvellægg».

Det er ordgeografisk sammenheng nordover her, for også i Salten seier dei «å grøvvel» om å krype. Likeeins i Rødøy: «di må lær å grøvvel før di kan gå».

Dette er nok ikkje same ordet som gruvle i tyding ‘gruble’. Det går nok tilbake til norrønt grufla, som også der betydde å kravle.

9.3.22: Drevmjøll og dragmil

For tida kosar eg meg med å gå gjennom kladdebøker etter Robert Husbyn frå Hegra. Her er det massevis av gode ord og uttrykk. Husbyn har jo sendt inn mykje flott materiale før, både til Norsk Ordbok og Trønderordboka, men her kjem det stor mengder gull i tillegg.

«Dragmil» forklarer han som fokksnø. «Når det er fokksnø i vegen, er det «tungt» føre (sleden glid ikkje lett), da seier ein at det er dragmil».

Siste leddet i dette ordet mistenker eg å vera ei uttaleform av mjell eller mjøll, som betyr tørr, laus snø. Det ville klaffe bra for Stjørdalsdalføret, som også har former som «bil» av bjølle og «fil» av fjell.

Drevmjøll eller drevmjell er jo nettopp laus fokksnø. Våre kjære gamle ordbokspionerar registrerte det: Ivar Aasen fann det i Gudbrandsdalen og Hallingdal, og Hans Ross plukka det opp i Stjørdalen («drævmeel» skriv han). Elles er det kjent frå Vestre Slidre, Oppdal, Sunndal og Rindal: «Drævmilda klabba og var tung å gå i» (Ola Setrom: «Den raude logen», s. 91).

Dragmil tenkjer eg meg altså byggjer på drevmjøll («drævmel», «drævmil») med tilknytning til dra(g) fordi slik fokksnø gjer det tungt å dra sleden.

8.3.22: Gullmundskersti

Ei som er dyktig til å gjera kararbeid. Slik har eg fått det opplyst i muntleg tradisjon frå Budalen i nokså ny tid. Men dette går tilbake på ein bestemt person, og er såleis det vi kallar eit eponym. Den opphavlege Gullmunnskersti var kona til den kjente stolsnekkaren Gudmund Storrø (1777-1856). Han var blind, og vart kalla Blind-Gudmund. Kersti hjelpte mannen på mange vis. Ho var i skogen og hogg solemne og drog heim på kjelke, og gjorde sjølsagt alt utearbeidet heime.

4.3.22: Mylde

Strø mold eller oske på snøen for å skunde på smeltinga (mylde snøen, mylde åkeren). Ein kan også mylde med møkk (talle). Nokså utbreidd ord, men det ser ut til å mangle på store delar av Austlandet. «På dei fleste gardane hadde dei mylda åkrane, så dei låg der moldgrå med vårsnøen på åkerreiner og england» (Leif Halse: «Raud brystduk», s. 65).Å mylde har elles fleire tydingar (Norsk Ordbok fører opp i alt 7), bl a kan ein mylde ned såkornet. Men dette med mylding på snøen er truleg det primære.

Å mylde er avleidd av mold. Rotvokalen i verbet har komme opp gjennom ein prosess som kallast i-omlyd. Det er samme prosessen som gjer at vi har fått verbet å bøte til ei bot, å fylle til full m.m. Men dette har ikkje vore verksamt i norsk på nokså lenge, så det viser at å mylde må vera nokså gammalt. Det kan også heite å molde, som da truleg er eit yngre ord. Andre ord for det same er f eks å mele (på Sunnmøre), å åte og å aure.

I Surndala hermer dei etter Svorklimannen, som skal ha sagt at der måtte ein vera ekstra tidleg med myldinga, elles kunne han risikere at han ikkje vann seg til å mylde før det vart bert!

Bestefar min, frå Øksendalen, hadde gjennom sine forgjengarar tradisjon tilbake til nødsåra tidleg på 1800-talet. Blant anna fortalte han dette: Det var visst ein som hadde litt såkorn som han hadde håp om å få i jorda eitt av desse åra. Det var sein vår og mykje snø, men han dreiv og mylda. Naboen fekk sjå dette, og kommenterte: «ha deg heim og mæla kånnje dett og lengje live dett!»

3.3.22: Bekaie eller bekaje

Oppta plass; beslaglegge, hindre, gjera utilgjengeleg (Nord-Fosen, Leksvik, Verran, Frosta, Skogn, Inderøy, Sparbu): plass’n e bekaja (Skogn, Verran), han bekaja vei’n (Leksvik); legge noko slik at ein ikkje får tak i det (Sparbu); bli bekaja bli overmanna, oppskjørta av noko som tek overhand, kjem ut av kontroll (Orkdal, Hegra, Meråker). Tilsvarande i danske målføre. Frå tysk bekaien, nederlandsk bekaaien, visstnok til kai.

2.3.22: Blek(k)

Særtyding ‘blink (til å skyte på)’. Først finn vi det i W. F. K. Christie: Norsk Dialect-Lexicon, eit manus frå 1830-40-åra (ja, det er han frå riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814). Hans Ross har det frå Gudbrandsdalen, og da er det ikkje uventa å finne det hos Ivar Kleiven: «blek å skjote på» (Elvesøg, s. 315). Så er det målføreopplysningar om dette frå Etnedal («skaut på blek») og Budalen (her uttala «blækk»). Truleg må det finnast i Telemark også. I avisa Telen 13.10.1965 er det eit stykke som handlar om ein ihuga skyttar: «Det fortelst at han etter at han var ein gamal mann dreiv saman med ungdomane og dundra og skaut på blekk».

Blik/blek/blekk kan elles bety lys flekk i berg. I mitt eige målføre frå Sunndal er eit «blæk» ein slik lys flekk, spesielt der det nyleg har rasa ut. Det kan også bety blink på eit tre (merke som er hogge i borken for å vise at treet skal fellast), og elles eit kvitt signal. Det er samme ordet vi har i blikk/blekk/blækk stille. Norrønt blik betydde ‘glans’. Ein nær ordslekting er bleik.

1.3.22: Grinarvêr

I dag er det så blankt ute at eg trur eg blir nødd til å dra ned rullegardina. Sola skin på kvit snø, ein snø som enno er så fersk at dette må kunne kallast grinarvêr. Det blir så lyst at ein må grine – altså ikkje gråte, men knipe i hop augo. Uttrykket ser ut til å vera kjent først og fremst i Surandal/Stangvik-området. Leif Halse ordlegg seg slik: «Heile dalen ligg kvit, og sola spelar på snøen så det glitrar og skin. Det er retteleg grinarver, segjer folk og ser småøygde på kvarandre» (stykke i avisa Nidaros 12.2.1929). Smølværingen Olav Gjernes har ein litt annan variant: «Fint vinterver, nysnø, sol og grinver» (Du mitt Nordmøre 1977, s. 16)

28.2.22: Handfritt

Fort og greitt, utan problem, lettvint, elegant: «Det gjekk handfritt (for seg)», «det var handfritt gjort». Ordet hører heime på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge, men det kan finnast utlauparar, f eks i Folldal. Ein informant meiner at det særleg er knytt til handverkarar som arbeider lett og fort, med riktige handgrep, dei får arbeidet handfritt frå seg.

Dette kan sjå ut som ei grei samansetning av hand og fri, jamfør også «han e handfri te å få det te» (Surnadal) og å «dette handfritt» – dette, ramle utan å få sett hendene framfor seg. Men det kan også hende at eit adjektiv frid ‘fager, herleg, glup’ har blanda seg noko inn i siste delen av ordet.

25.2.22: Lysbrynt

Det er Vidar Sandbeck som fortel i barndomserindringane sine om han og kamraten Nils som er i fjøset heime hos Nils. Dei kjem på at det kanskje er kaldt åt grisen å vera naken: «I fjøsgangen hang det en frakk. den tok Nils med borti bingen, der grisen sto lysbrynt og naken. Den var liten. Da Nils drog godt tel klarte han å knappe frakken rundt magen hans («Fy skam deg!» s. 67).

Det er kanskje ikkje så vanleg å beskrive ein gris som «lysbrynt». Den som er lysbrynt, har nemleg lyse augebruner. Ivar Aasen fann ordet i Telemark, og Norsk Ordbok har det frå fleire plassar, som Gausdal, Nordre Land, og Hol i Hallingdal. Dei har også med opplysningar frå Horg, om «jøsbrynnjt», som der visst kan/kunne brukast også i tyding «lys i håret» og ikkje berre i augebrunene. Ut frå anna materiale kan vi i alle fall legge til Romdedal og Sunnhotdland til denne heimfestinga. Førsteleddet varierer med dialektane og blir uttala jos-, jøs-, ljos etc.

24.2.22: Slutaksla og lutaksla

Med aksler (skuldrer) som heng ned; hengeaksla. Slutaksla er klart mest utbreidd, det er funne ganske mange plassar i Sør-Norge. Eg kjenner spesielt godt til det frå Nordmøre. Somme er så slutaksla at det ikkje heng «boksgrei» (bukseselar) på dei. Det var visst ein surndaling som var så slutaksla at han ikkje fekk lov til ¨å bera ryggsekken med øl på påsketuren – dei andre var redd sekken skulle gli av akslene hans slik at flaskene vart knust. Merkeleg nok har surndalingane hatt ord på seg for å vera både magre og slutaksla. I Orkdal har surndaling vorfe utnamn på ei høg flaske som skrånar jamt frå tuten og nedover, ei typsik vinflaske.

Lutaksla er mykje meir avgrensa, men det finst nokre belegg på det. Vidar Sandbeck har det, kanskje med grunnlag frå heimplassen i Sør-Østerdalen.

Slutaksla og lutaksla liknar på kvarandre både i form og tyding, og dei kan nok ha påverka kvarandre. Såleis skal begge to vera i brukt i Ytre Romsdal. Men det språklege opphavet til førsteledda er ulikt. Lutaksla er til adjektivet lut ‘framoverbøyd, krumrygga’. I slutaksla har vi eit adjektiv slut til verbet å slute ‘henge ned’. Jf. også svensk sluttning ‘helling’. Begge ordstammane (slut- og lut-) finst i norrønt, og det er viisst ingen etymologisk sammenheng mellom dei.

Du kan også bla tilbake til «Dagens ord» 26.3.2015 om eit synonym frå Trondheim: «hengskuldrat».

23.2.22: Støne til

Å «støn te» eller «stønn te» vil seie å stivne, sterkne, bli fastare, stabilisere seg. Eldre trønderar i området Stjørdalen – Skogn – Verdal – Sparbu vil truleg dra kjensel på det. Det kan bli bruka om marka eller føret når det frys til (det «støne på»). Men også om folk som frisknar til. På Hitra vil «å stønnas te» seie å få (tilbake) såpass styrke at ein kan yte fysisk motstand.

Verbet er sjølsagt avleidd av stø, adjektiv. Det finst også somme plassar både vesta- og austafjells.

22.2.22: Husruv

Noko som fyller opp i huset (og som gjerne er til lita nytte), f eks eit stort møbel. Ordet er kjent frå nordre Nordmøre og mykje av Sør-Trøndelag. I eit oppsett i Årbok for Fosen Historielag 2010 er småbarnsleikene før og no samanlikna. Før var dei gjerne heimgjort, men no er leikene «kjøpt husruv, gjerne med øredøvende (u)lyder». Dei gamle telefonane var «store husruv» jamført med dei nette mobilane vi har i dag.

Litt ufint kan husruv også overførast på folk: «et husruv te kjærring» (Hemne) og «ho æ berre husruve’ og klæa» (Støren).

21.2.22: Å ler(e) tå kroppa

Lære av harde (og utilsikta) fysiske erfaringar, f eks lære seg gjennom å fryse at ein må kle seg etter vêret. For å finne det uttrykt på denne måten må ein tikl indre trønderske dativmålføre: «n lære bæst når’n lære tå kroppa» (Melhus); «det e for seint å ler tå kroppa» (Stjørdal). Kan også brukast om å lære av eiga erfaring i det heile, slik som denne pensjonerte stodbyggen som vart intervjua i Trønder-Avisa 21.7.1987. Han dreiv med snekkering og vart spurt om han hadde gått i snekkarlære. «Nei, ein lere tå kroppa», fastslo han.

I meir normalisert form kan det heite «å lære på kroppen» – å erfare gjennom eigen praksis. Nybegynnarar i eit arbeid vart gjerne utsett for dette gjennom ymse narre-operasjonar dei vart sett til. Det ligg nokså nært «å føle på kroppen»

15.2.22: Balere

Dette ordet har fleire tydingar, som glir noko over i kvarandre. For det første kan det ha omtrent samme innhald som å bala – altså å streva, kava, træle, husere, ståke, drive hardt på med noko, og gjerne slik at det følgjer leven med. Dette er kanskje mest vanleg i sør og vest (Agderfylka, Rogaland), men også somme andre plassar, f eks er det notert slik på Toten og i Eresfjorden. Eg meiner også å ha hørt det på Nrodmøre, men er usikker.

Den andre hovudtydinga er å snakke høgrøsta, buldre og tala, bruke munn, skjenne, skryte. Slik har det vore bruka først og fremst i Gudbrandsdalen og Oppdal. Fellesnemnaren er vel at det blir bråk av det.

Når det gjeld opphavet, er ikkje ordbøkene heilt samstemte. Eitt forslag er at det er ei «latiniserande» utviding av å bala, som det jo også har mykje felles med i innhald. NAOB held seg til denne teorien, og likeeins Norsk Ordbok, men artikkelen der skal jo til revisjon om ikkje så lenge. Forma bålere, som vi har i Øyer, og som vi finn hos Prøysen («bæinne og bålere»), må vel i alle fall gå tilbake på uttalen «bålå» av bala. Men standardordbøkene (Bokmåls- og Nynorskordboka) har ei anna oppfatning. Der blir balere knytt til nederlandsk ball(e)ren ‘danse, trampe, ståke’, som går tilbake på fransk baler ‘danse’ og er i slekt med ball ‘dansetilstelning’. For å gjera forvirringa total, kan nemnast at Einar Haugen ut frå tydinga ‘taka høgt’ i Oppdal knyter det til fransk parler ‘snakke’.

14.2.22: Plukkroten

Så roten at ein kan plukka det frå kvarandre med hendene, f eks om trematerial. Klart mest kjent og bruka i Nord-Norge, ser det ut til, jf. denne karakteristikken av ein båt, frå den klassiske «Vett og uvett»: «plokråtten e han og næggelsletten så du ser store hyse gjønna revven». Dette var elles ein båt som gjekk «bår-i-mejlla lisså et trækspel». Ordet er også nemnt frå eit par plassar i Trøndelag (Vikna, Stjørdal), og vi finn det hos Duun. Så kjem det att nedpå Sør-Vestlandet (Jæren, Suldal, Bjerkreim).

Overført på folk kan det bety at dei er late, eller umoralske. «De som e plokkråtten gjer vanligis ikke en pellemannsjit» (Våganavisa 14.2.2007)

11.2.22: Granngiveleg

«Eg såg det så granngiveleg» – tydeleg, nøyaktig, klart, presist, faktisk; ikkje til å ta feil av. Det Norske Akademis ordbok (NAOB) karakteriserer det som «litterært», og det kan nok vera riktig, men det har også funnest i folkeleg talemål mange plassar, i setningar som «han likna så granngiveleg på bestefar sin», «han hørte det så granngivelig, ord for anna» (Duun: I blinda, s. 87). No for tida har det nok fått ein gammaldags dåm og er i stor grad på veg ut av språket.

I NAOB reknar ein det som ei dansk form og viser til gammaldansk «grandgiueligh». «Den Danske Ordbog» fører derimot opp norsk opphav, og det finst også i islandsk. Det er altså ikkje heilt sikkert kva veg lånet har gått. Første leddet reknar ein som det norrøne grand ‘skade, sorg, bekymring’, slik at det opphavleg skal ha betydd ‘som uroar seg for, er omhyggjeleg/nøyaktig med’. Så har det vorte assosiert med grant ‘presist, nøyaktig» (eg såg det så grant).

10.2.22: Dump og dal

«Hurra! nu dækker sneen hver bakke, dump og dal» står det i eit lite dikt i «Vort Land» 7.3.1900. Og det gjer snøen verkeleg, akkurat no. Kvart minste søkk (dump, domp) er spakla att. Men uttrykket «dump og dal» kan vi sjå litt på. I avisa Glåmdalen 31.8.1964 er det referat frå ein konkurranse i crosskjøring, eit løp som «gikk over dump og dal og mellom harde furulegger». Og Vidar Sandbeck fortel om far sin, som sprang «domp og dal» for å ta streikebrytarar i skule.

Bokstavrimet gir uttrykket ekstra fynd og klem. Noko tilsvarande har vi på trøndersk i «fara/fårrå dy og dala» – over alt; høgt og lågt.

9.2.22: Henge kjeften på veggen

Dette var eit uttrykk mor mi bruka om å skjera ned på forbruket, stremme inn livreima. Etter kvart hart eg skjønt at det rett og slett betyr å svelte seg. «Ein kan kan ikkje hengja kjeften på veggen», heiter det i Ivar Aasens ordtak, og det vil beint fram seie at ein ikkje greier seg utan mat. «Når matbøra er tom, er det betrre å hengja kjeften på veggen», står det i ei anna ordtaksamling, Einar Seims «Ordtøkje og herme». «Hadde ein berre kunna hengt kjeften på veggen ei ri, eller soge på labben som bjørn», skriv nordmørsforfattaren Ingeborg Åsen Vatten i romanen «Ales». «Og no fær me helst hengja kjeften på veggen, som dei segjer, og eta turr kake» (bladet «Fiskaren», 27.8.1941). Med ein liten vri finn vi «sette kjeften på veggen og li hungersnød» (Opstad: Vår gamle kystkultur på Møre 1, s. 22<9. Uttrykket kjenner vi også frå Asbjørnsens eventyr.

8.2.22: Handspik

Stong eller staur til å sette under noko tungt for å vippe det opp og flytte på det. Er vel om lag det samme som brekkstong, løftestong. Også kalla handspikar, handspak, brott, våg m.m. Brukt bl.a. til stein, ved lessing og lunning av tømmer etc. Her er eit sitat frå Leif Halse: «Det var mykje arbeid med å bryte opp fururøter som høvde til spikhyllbrensle og tendved, og ein trong både handspik og vågstong til slikt arbeid» (frå eit stykke i avisa «Driva» 10.11.1976).

Ordet handspik ser ut til å ha vore nytta over store delar av landet, i lag med andre ord for det samme. Det er nok gammelt, for det finst også i islandsk. Verbet å handspike (om å løfte med handspik) er belagt berre frå Nordmøre så langt.

På høgste overgangen i fjellet mellom Skjåk og Jostedalen finn vi lokaliteten Handspikje («Handspiken» på kart). I følgje namnegranskaren Lars Ekre er dette eit preposisjonsnamn som har mista preposisjonen. Før har ein sagt «å gå over ved Handspikje», men det har vorte til «å gå over Handspikje». Bakgrunnen skal vera at det har stått ei handspik som ein synleg stake i varden oppå der.

7.2.22: Avlaust

Utan styring, vilt. Det er kanskje særleg bruka om hest som tek ut, slik at «å springe avlaust» blir det samme som «å løpe løpsk». Kan også bli sagt om ein hest som er tilbøyeleg til dette, at han er avlaus, eller ein avlaushest. Ein kan «kjøre avlaust», og det «går avlaust» når det er heilt ute av kontroll.

I denne tydinga er ordet avgrensa, med eit klart kjerneområde i Gudbrandsdalen og utlauparar til Sunndalen (visst einaste plassen på Nordmøre som har det?) og indre Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Singsås). Vidare er det eit par opplysningar frå Innherred, og frå Vestre Slidre lengst mot sør og vest. På Vestlandet har avlaus andre tydingar: «laus og ledig», «som kan brukast fritt», «til overs».

Som forsterkande adverb kan det også fungere: «avlaust galinn» (Oppdal), «avløst langt» (Singsås). «det var avlaust kor skrubben herja ei tid! (Ola Setrom: «Den solbrune garden», s, 38). Og merk at dette er ei anna ord enn agalaus(t), sjøl om det kan tangere i tyding.

4.2.22: Avskjerande («åvskjæran»)

Som kan skjerast av. Konkret bruka om stor, fin fisk som kan delast i to eller fleire kokestykke, eller som er for lang til å ha heil i panna. Han kan vera både ein, to og tre gonger «åvskjæran». Ordet ser ut til å høre til kyst- og fjordområda i Trøndelag og på Nordmøre, og går vel også inn på Helgeland. Her er eit eksempel frå Frosta, etter Ola Stavseths ordsamling: «om lag hældda tå fessja vi fekk i jaftes va åvsjørrån, ræstn jekk te fø’ ått kattåm».

Overført om folk kan det bety dugande, brukbar. Frå Frøya nemner Rita Hovde det slik om karar, og frå Hitra og Aure hører vi snakk om «åvsjærran kvinnfolk» «og åvsjærran kjerringemne»

3.2.22: Aurhalt

Sårføtt, om hest. Enten fordi han har gått lenge (uskodd) på harde vegar, aur og stein, eller fordi botnen poå hoven har sokke ned. Ordet er kjent fleire plassar i Trøndelag, helst i sør (Oppdal, Rennebu, Hemne, Stadsbygd, Osen, Selbu, ei isolert opplysning frå Snåsa). Dessutan på Nordmøre (Tingvoll, Sunndal), Sunnmøre, i Nord-Gudbrandsdalen og Østerdalen (det siste etter Ivar Aasen). «No har merra mi gått skolaus så lenge at ho har vorte aur-halt» (Leif Halse: Raud brystduk, s. 42). Frå Hemne og Osen heiter det at det også kunne brukast om kyr. I Nord-Gudbrandsdalen var det sagt om folk som gjekk berrføtt og vart sårføtte. Sjøl noterte eg frå Rennebu for ca. 20 år sia at «örhalt» kunne bli sagt i spøk om folk som har gått lenge bak plogen. Ei gammal oppskrift frå Hordaland fortel at dei kunne kalle det aurhalt når ein hadde sitte slik at ein kjenner seg halt med det samme ein reiser seg.

Førsteleddet er sjølsagt aur – grus. Synonyme ord, men meir sjeldne, er aurføtt og aursår. I Nordhordland har dei substantivet aurhelte ‘det å vera aurhalt’.

2.2.22: Gorre

Gutunge, smågut. I det store og heile eit nordvestlandsk ord i denne tydinga, men det finst nok også andre plassar. Kjent frå Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, her kanskje mest frå ytre strøk (Eide, Averøya, Øre). Det kan også bli uttala «gåre», «gørre» m.m. «Gutgorra» og «smågorra» kan det bli sagt. Delvis kan det nok ha ein nedsettande klang, som når forfattaren Ragnhild Magerøy skriv om «snørrgåre» og «skjitgårin». Når ein i Halsa har kunna tala om «ein gammel gårre», så betyr det vel rett og slett mann.

Ordet er elles nokså mangfoldig. Norsk Ordbok fører opp i alt 9 tydingar. På Nordmøre er det også kjent om ein som er lat og treg, ein latgorre. Frå Øksendalen har eg lært om onnagorre, ein som sluntrar unna og latar seg i onna medan dei andre må slite. I Selbu er ein «gørre» ein stor, svær skapning, f eks ein kar eller ein fisk.

Etymologien er ikkje heilt klar. Det kan vera samanheng med gosse, og kanskje til og med engelsk girl. Men i alle fall i somme tydingar er det vel også påverka av gor(r) ‘gjørme’.

1.2.22: Sveirom (sveiarrom, sveiingsrom)

Rom til å snu seg, røre seg. Særleg når ein arbeider, men det kan nok også brukast overført om rom til å utfalde seg,  tumleplass eller råderom. Det tilsvarar vel armslag eller olbogerom (bokmål albuerom). Sveirom har vi frå fleire plassar på indre Nordmøre (helst det som no er Sunndal kommune). Så finst det att lengst nord i Ytter-Namdalen (Gravvik, Leka) og over i Nordland fylke (Hemnes, Nesna, Gimsøy). Lenger ut på Nordmøre heiter det sveiarrom (Eide, Gjemnes, Tustna), medan sveiingsrom er registrert frå Tingvoll, gamle Stangvik, Rindal og Frøya.  Reidar Svare skriv frå Vefsn om dei eldste stuehusa der, med åre og ljore: «Der var lite sveiar-rom og dåleg høve til slik dans vi no driv på med» (Far etter fedrane II, s. 114).

Førsteleddet er nok ikkje sveive, men verbet sveie eller sveige ‘svinge, veive’. Det tyder også forma sveigerom frå Røldal på. Men vi har også sveivarrom i samme tyding frå Andenes, og elles svivrom (norrønst sveifirúm og  svifrúm). Svaierom finst også. Det er vel henta frå farty som svaiar eller ligg på svai – ligg for anker med og svingar med stamnen mot vind og straum.

31.1.22: Nærmun(d)s

Vinteren er nok ikkje «nermons» ferdig enno. Dette uttrykket betyr «på langt nær», som ein vil forstå. og er eitt av dei som blir uttala forskjellig på sunndaling og øksendaling, og som eg dermed fekk demonstrert i ung alder. Medan farsslekta mi sa nermons med o og vanleg tunn n, sa morfolket mitt nermunnjs med u og såkalla palatal eller j-holdig n.

Nermons/nermunns  har vel lenge vore på vikande front, i første omgang for nerte (nær-til) . ”ikkje nerte så mykkjy”, og etter kvart sikkert også for det standardnorske på langt nær. Vi blir visst stadig meir slipa og utjamna.

Nermons finst med fleire variantar og slektningar over eit midtnorsk område der Nordmøre blir liggande omtrent i midten. Utbreiinga går sørover til Romsdal, Sunnmøre og Nordfjord, og andre vegen kan vi følgje dette språkmaterialet til Sør-Trøndelag og Inn-Trøndelag. Dersom vi reknar inn varianten nærmundt, blir også Helgeland med.

Oppdalingane gjer det ekstra tydeleg ved å seie (itt) nermonns ner. Det same fortsett vidare i dei indre sørtrønderske bygdene, med nermunns ner i Soknedalen, nemunns nere eller nømmunns nere i Budalen, Singsås og Haltdalen, og nåmmåns nere i Ålen.

Utan nekting kan dei bruke det somme plassar i vendingar som ”han e nermuns te” – han er i nærheita; også: han hører til slekta. I nermune(t) og i nermunom kan også bety i nærheita. På Innherred og Sør-Helgeland har dei forma nemunnt eller nemoinnt, som også betyr nær ved, like ved.

Dei som har lese litt klassisk nynorsk, vil kanskje ha støytt på uttrykket (ikkje) nåme nær, som betyr det same som vårt ikkje nermons. Her begynner vi i alle fall å nærme oss eit opphav, for i norrønt fanst námunda, som betydde i nærheita. Vi kan godt også nemne færøyisk námundis, som betyr nær ved.

Nå- og nær hører eigentleg til same ordstamme, og begge betyr ’nær’. Nå- har vi som førsteledd i ordet nabo av norrønt nábui – ein som bur nær. Og det gjer vel naboane oftast.

Ner- i nermons er altså nær. Men kva er siste delen? Dei formene som er dokumentert i norrønt og færøyisk, viser at det i alle fall bør skrivast mund. Mest truleg er det da det gamle ordet mund som betydde hand. For ein heilt parallell ide kan vi vise til trønderuttrykket i nærhandom, som betyr i nærheita. Og når noko er for handa, er det jo også «nære til”. Den som vil skrive ordet vårt i normalisert form, kan altså prøve seg med nærmunds.

Mund i betydning ’hand’ er gått ut av språket vårt. Men vi finn det att i avleiinga myndig. Her har betydningen utvikla seg frå ’hand’ til ’vern’, ’makt’ e l. 

28.1.22: Ulven

Ulven er det tradisjonelle namnet på drøvelen i mange dialektar, kanskje mest vesta- og nordafjells. Her har det elles skjedd ei snedig omkobling til dyreslaget, for opphavleg må drøvelen ha vore kalla uven, slik han enno blir det i fleire målføre lenger sør i landet. Dette kjem frå latin uva, som betyr drue. På latin heiter drøvelen uvula, som er minkingsord til uva, altså bokstaveleg tala ’lita drue’. Det er fasongen på drøvelen som har gjeve namnet. Sjølve ordet drøvel eller drøpel er minkingsord til drope, altså ’liten drope’.

Skal eg dra opp ulven i deg? kan (kunne) ein få høre som ein trussel. Men dette var opphavleg ei råd mot halsesjuke. Ein meinte halsen var vond fordi drøvelen hadde sige ned, og så kunne dei løfte han opp att ved å dra i håra i kvervelen midt oppå hovudet.

På Hitra kunne dei også seie å dra opp ulven om å rote opp i oska i omnen slik at ein fekk open passasje.

27.1.22: Drusk og druske

Frå Øksendal og Tingvoll på Nordmøre noterte ordboksmannen Hans Ross ordet ein drusk eller ein druskar om ein tung og sløv person. Han fann også eit verb som hørte til, å drusk’, om å gå seint og sløvt ikring, og likeeins adjektivet drusken, som vel var uttala druskjinn. «Han går å druska å sig likså i sjøleiskoddå» er eit eksempel han har. Desse drusk-orda har eg ikkje vore borti i nyare materiale, men frå Gjemnes har vi fått oppgjeve eitt som må vera ein nær slektning: ei druske, om eit stort, kraftig kvinnfolk. Frå Romsdalssida (Nesset og Bolsøy) har vi også ei druske om ei som er stor og sterk og passar best til grøvre arbeid. Men på øksendalsmål har eg hørt «for øro min» at eit kvinnfolk vart sagt å vera tongdruskja. Da var ho vel både tung og sløv.

(vi var innom desse orda også under fana «Dagens ord» 24.6.2019)

26.1.22: Attfor

«Pass deg, du står attfor meg!» Dette skulle ein tru gir meining berre dersom ein er i ferd med å rygge, og det står nokon bak som må flytte seg. Og attfor eller attafor betyr jo som oftast bak, som i gammel trøndersk «han e itt tørr attfer ørom». Men i ein del dialekter betyr attfor ‘i vegen for; til hinder’, og da kan ein absolutt stå attfor nokon fordi om ein står frammafor han. I Trønderordboka frå 2002 registrerte vi denne tydinga frå Meldal, Gauldalsbygdene, Selbu, Tydal og Meråker. Seinare har det komme opplysningar om dette også frå Røros, Skatval og Sørli. Det går også utanom Trøndelag, som vi ser av dette sitatet frå Sigurd Lybeck: «je skal itte gå attfor deg i kvinnfolkvegen … Je greier meg så inderlig godt som ongkar!»

Vi må ha med nokre fleire eksempel: «det kom e sky attfør sola» (Horg); «kåmmå attfor skott» (Ålen); «(han) vart attfor i salve» (Selbu); «itt fårrå så du kjæmm-attfør nå» (Skatval). I Selbu kan ein «glåppå» eller «dåkkå se attfor» – rote, tulle seg i vegen for. Når ein i Singsås seier «væska di står attfær dør’n», så kan det like snart bety at ho står i vegen, slik at døra ikkkje kan opnast.

25.1.22: Huskall

Velkjent namn på gråsporven, gjerne nemnt også i fuglebøker i tillegg til det offisielle. Namnet ser i vår tid ut til å vera avgrensa til Trøndelag og Nordland, med eitt innslag frå Troms («husakall» i Trondenes). Men ut frå ganle kjelder på 1700-talet kan det sjå ut som huskall-nemninga har gått noko vidare før. Også Ivar Aasen nemner det, utan å gje heimfesting.

Namnet treng vel inga forklaring. Dette er eit fugleslag som held seg nær innåt husa. Frå Meråker er det opplyst at det også kunne brukast om andre småfuglar om vinteren. Ein huskall er vel opphavleg det samme som ein husmann. Aasen seier det også er brukt «om En, som holder sig stadig hjemme». I Nordli er huskall også namn på planten rosenrot.

Det er sjølsagt mange andre dialektnamn på ein så kjent fugl som gråsporven. Eitt eksempel er «gråfyl», frå Verdal og Fril.

24.1.22: Om betaling og gjeld

«Deinn får betal som sist levvi» heiter det i ei samling med ordtak og talemåtar frå Inderøya. Dette meint som ein kommentar til uansvarleg stifting av gjeld. I samme samlinga (etter Ottar Aas) finn vi denne konstateringa: «Det e tongt å betral oppitti mat og utslitti klea»

21.1.22: Ugråtande

«Låne(t) ska gang’ ogråtand’ hem-att» sa dei i Oppdal før. Noko liknande har visst også vore sagt i Sunndal. Kva ligg i denne litt uvanlege utrykksmåten? Jau, at når ein låner noko, skal det leverast tilbake heilt, fullmålt og uskadd, slik at ein ikkje treng å skjemmast. I Melhus var det sagt at «lånet må itj gråt». Ein sa at «lånet gret» når ein gav att for lite. I Nordland har det vore formulert med bokstavrim: «lån skal lytelaus heimgå».

Ugråtande betyr ‘som ikkje gret’: «halde seg ugråtande».

Apropos lån: På folkemunne er det fortalt om ein som lånte ei gryte av ein annan, og da eigaren fekk gryta tilbake, var det eit hol i henne. Han konfronterte lånaren med dette, men fekk følgjande svar: «For det første var det hol i gryta då eg lånte ho, for det andre var gryta heil da eg leverte ho tilbake, og for det tredje har eg slett ikkje lånt noko gryte av deg heller!».

20.1.22: Gråtande tåre

«På gråtain’ tår» er ein gammal talemåte som er belagt i fleire kjelder frå Meldal. Det betyr «på gråten», som ein vil forstå. I Oppdal er det «med gråtain’ tår», slik vi også møter det hos Inge Krokann: «han pèser fram orda reint med gråtande tår» (På linfeksing, s. 11). «Ho gjekk me gråtanes tåra» er eit eksempel vi har frå Smøla. Bynesingen O. J. Høyem let i si omsetjing av Bibelen profeten Esra be «med gråtande tåre til sin Gud». Vi har det også i eldre dansk-norsk, såleis hos Holberg, og i Ibsens gengangere fortel Engstrand om Johanne at «hun betrode sig til mig under grædendes tårer».

Det som er spesielt her, er at vi har presens partisipp i passiv tyding. Vanlegvis er det aktivt, som i «ei hjelpande hand» (det er handa som hjelper), «bitande kulde» (det er kulden som er bitande). Men i «gråtande tåre» er det jo ikkje tårene som græt, men personen bak som er lei seg og derfor tek til tårene. Men det fanst altså meir av dette i eldre dansk-norsk., med eksempel som «mit iboende Hus» og «et udgivende Skrift». Før nemnte Holberg kunne skrive at kornetten var «et Musicalsk blæsende Instrument» (eit instrument som nokon blæs på).

19.1.22: Fattigdommen

Koronapandemien har ført til fleire fattige. Så det er ingen mangel på fattigdom, som det heiter i eit ordtak. Ein annan talemåte, kanskje ei lita trøst, er at «fattigdommen er stor, men så er vi mange om han òg». Eller som det heiter på oppdaling: «fattidommin ska vårrå lett å bårrå, for dæ æ så mang om han».

Så er det også vanleg å seie at «fattigdommen kan ingen skjule». Stundom med tillegg: «fattigdommen kan ingen skjul, rikdommen kan en skjul med lærva» (Hitra); fattigdom kan itj dølas, rikdom kan gjømmas ti lærvom» (Meråker). Det er mange utformingar av denne, til slutt ein frå Kolvereid: «Fattigdommen kan ingenmann skjul, men rikdommen kan en stekk i lomma»

18.1.22: Sleppe ut gråveren

Det er grått og regn i dag, altså gråvêr. Eller som tradisjonsberaren Petter Risvik på Hitra sa med eit ordspel: «Han ha slæft ut gråver’n». Men om den gråvêren som Odin sleppte ut for Bendek i Kjelvika, må du lesa i «I eventyre». Ei herleg forteling.

17.1.22: Snøkave

Det legst til med stridt vêr. Ikkje før har vi gjort unna Gyda, så kjem det ein svært kraftig snøstorm hakk i hæl. No er kanskje det verste likevel over for denne gongen. Her snør det ganske tynt akkurat no, og han dett nokolunde beint ned. Men nokså stinn snøkave har det vore til tider.

Snøkave er vel eit ord svært mange kjenner og brukar. Det kan bety ein snøeling, men kanskje helst eit tett snøfall med vind og dårleg sikt. «De kom en snøkavvi så diger at i såg itj hainna framfer meig» (Kumur (årsskrift for Snåsa historielag) 1982, s. 16). Det ser ut til å vera kjent over mykje av landet. Å «sjå i kavin» er eit nordtrøndersk uttrykk for å vente litt, sjå det litt an.

Kave er i slekt med kav ‘sjødjup’ (der det «leikade fisk» i følgje Aasen). Somme kan også snakke om regnkave (tett regneling), og i Nordfjord og på Sunnmøre kan ei sluddbyge kallast slettekave.

14.1.22: Isgang (isforr)

Gyda har ført til isgang i mange elvar. Isgang eller isløysing er vel «#standardorda» for dette, men i dialektane finst det mange andre. Heimafrå (Sunndalen) er eg vant med isfor(r), og dette finst i eit midtre område med Gudbrandsdalen, Nordmøre og noko inn i Sør-Trøndelag). På mine heimetrakter var det ein hardhaus som svømte over elva da isforra gjekk. Han kava unna seg isflaka med hendene. Så for han heim, hengte skjorta ovre omnen og kommenterte: – Godt med et forfriskende bad!

I Gauldalen heiter det issmal (smal = dunder, rammel). Andre stader i Trøndelag kan det heite isrånn, isrånnå, isrånna eller at elva rånna eller rånnå. Grunntydinga av rånna/rånnå er ‘ramle ned’. Isflak som blir liggande att innpå land når isen har gått, heiter «rårnstabba» i Namdalen. Var desse høge, ville det bli god kornavling, slik at flatbrødstablane vart like høge.

Kaldflo kan bety isløysing, helst i klaldt ver, men også at det renn vatn oppå elvaisen

13.1.22: Søtsmakande

I dag eit uttrykk frå Hitra, om stridt, stygt, ufyseleg vêr: «Han va itt søtsmakan». Også «det smaka itt søtt tå’n (utfor nova). Kan med fordel overførast til iltre, sinna folk.

12.1.22: Asvêr

Det er vel den sorten vêr vi no har vesta- og nordafjells. I Nynorskordboka er det definert slik: «styggevêr med storm og regn». Ivar Aasen ordlegg seg på denne måten: «et stort Uveir med Storm og Søgang». Og her er ei ganske ny forklaring frå Hitra: «periode med meget skiftende og urolig vær, mye nedbør og kraftig vind fra forskjellige kanter». Ordet er tyngst belagt frå Vestlandet, men det er også bra kjent i Trøndelag og somme plassar i Nord-Norge. Førsteleddet er substantivet as ‘uro’ eller verbet asa (bl.a. ‘storme, rasa’, om vêret).

11.1.22: Bakstallen

Det er vel godt kjent, i alle fall for dei som har vore noko borti hest, at ein opererer med framstall og bakstall. Framstallen er rommet framfor krubba, der ein har inn fôret, og bakstallen er rommet bak, der ein tek ut hestane og spar ut møkka. Dør inn til begge.

Men grunnen til at eg tek med dette, er eit uttrykk frå Meråker: «Han e itt fødd i bakstalla» – om ein person med godt hovud.

7.1.22: Smal mellom auga

«Du e for smal imilla augom enda» er ein kommentar brukt i Stjørdalsbygdene til ei(n) som har for lite erfaring eller for lite vett. Liknande frå Ørlandet: «for smal mellom auan» om nokon som ikkje duger. Det skal vel vise til at ein enno har for snever erfaring og kunnskap, eller at ein ikkje er ordentleg (ut)vaksen enno.

Når ein er «smal i auan» er det vel heller slik at ein plirer fordi ein har sove for lite, er sint e.l.

6.1.22: Så alvoret dett

I snart to år har vi sett pressekonferansar om pandemien, med alvorsame fagfolk og politikarar. «Det er så alvoret dett av dem», kunne ein seie om dette. I ein omtale av bøkene til Olav Duun i avisa Nidaros 10.9.1927 blir Duun karakterisert som «største ålvorsmannen i norsk diktning»: «Bøkene er som andletet hans. Det er så ålvoret dett av deim». Sverre By skriv i boka «Reidar Rask» om ein gut som «står der så stiv og stram at alvoret dett av han».

Ola J. Rise har i Oppdalsboka uttrykket «æ æ berre så ølvøre dett» – om ein som held seg gravalvorleg når andre storler. Ingeborg Donali forklarer «ælvåre dætt» som at tunglyndet fell på, også når ein tek ting tungt i utrengsmål. Frå Os i Østerdalen har vi denne: «berre så ølvøle rinn neette smalleggom».

Mange av oss vil vel kjenne uttrykket «så alvorsam at det dryp».

5.1.22: Sotdrøfte

I årsskriftet for Stangvik historielag for 2021 står det om dei gamle røykomnstuene og reingjeringa av dei. Til kvar helg sandskura dei veggene så langt opp dei nådde med hendene. «Lenger oppe på veggen sopa dei ned sotet med kost så langt dei nådde. Det kallast å «sotdrøft». Lenger oppe fekk sotet vera der. Oppunder taket vart det eit tjukt lag med sot, og det hende at det rås sot ned i stua av og til» (s. 14).

Desse opplysningane skriv seg vel frå Lars Røslie, som også skreiv om dette i «Du mitt Nordmøre» 1967. Det er også nemnt i samlinga «Ord te gagns» frå Surnadal.

På Innherred og i Rana betyr å sotdrøfte rett og slett å feie skorsteinspipa eller omnen. Begge tydingane er komne med i Norsk Ordbok.

Drøftinga her må vel vera overført frå drøfting av korn, å reinse det ved å riste det. Å drøfte kan også bli bruka om å riste noko anna opp og ned. Å drøfte ei sak er same ordet, opphavleg å skilje det vesentlege frå det uvesentlege.

4.1.22: Leakrokåt eller si(d)krokete

I siste årsskriftet til Rindal Heimbygdslag har Ola Sæther eit stykke om skiutstyr og skirenning. Skiene må ha passe spenn i seg, vera passe «stekkfatt». «Var det feil spenn på ein annan måte, så kunne skia bli både «leakrokåt» og «vinn» (s. 61).

«Leakrokåt» må vel vera det same som ein del andre plassar er kjent som «sikrokåt» (si(d)krokut, -krokete). Det vil seie krokete til eine sida, eller i to plan. «Vyrkje lyt vera vel verka og reidt på rette måten, skal ikkje skia slå seg sidkrokut hell vri seg slagvind» (Årbok for Gudbrandsdalen 1954, s. 115). Her er vel førsteleddet rett og slett side-. Jamfør at led også kan bety side.

I Folldal vil «sikrokot» seie at noko har den eine kroken etter den andre, den eine begynner der den andre sluttar, f eks på ein stav. Hans Ross 1895 har noko liknande, frå Hedmarka, her f eks om ein veg. Da har vi vel å gjera med eit forsterkande si-

3.1.22: Snøbaske

Velte nokon i koll i laussnøen og gni snø i ansiktet på han/ho, eller dynge vedkommande ned i snø (Nordmøre, Romsdal, Oppdal, Rennebu, Meldal, Soknedal, Tynset): «Han tok og snøbaska ho, så ho såg ut som ein snømann» (Stangvik, setelarkivet til Norsk Ordbok). I Surnadal også refleksiv form å snøbaskast, da er det vel gjensidig. Gutar har hatt for vane å snøbaske jengter, som ei primitiv form for flørt, men da har dei nok ofte gått på ein smell. Når ein blir snøbaska, får ein seg eit snøbask. På Austlandet å snøbasa, i Trondheimsområdet å snødøpe eller snødyppe. Å kryne er elles eit mykje utbreidd ord for dette.

23.12.21: Om å gjera feil og arbeide tull

Her er eit par eksempel på sannheitsord om aktivitet og arbeid: «Den som aller ha gjort ein feil, han ha itj gjort nå my anna her i verden» (Hitra); «den som itj ha arbett tull, ha itj arbett» (Leksvik).

22.12.21: Oppkar(r)a

Opphissa, oppøst, oppskaka, også forarga, irritert. Vanleg på Nordmøre, men så ser det stort sett ut til å hoppe over Trøndelag (med unntak av Hitra, og eg reknar med det finst i Hemne også), før det dukkar fram att i Nord-Norge. «sindige og skikkeleg folk kunne bli så oppkarra at dei brukte ein syndig kjeft, ja, endå slost med årene» (Dagmar Blix: Gamle Lofoten, s. 24). Hans Hyldbakk skriv om «denne oppkarra julestemninga» når han ser den store «folkstrøkku» som renner inn på butikkane. Oppkaringa kan også gå på det seksuelle: «ho blir så oppkarra, ho treng visstnok ein karraskrott over seg sjøl og» (Ingeborg Åsebn Vatten: Ales finn lykka, s. 211).

Å kar(r)a betyr å grava, skrapa, krafse. Utgangspunktet her er vel rett og slett å kara opp glørne for å få varmen til å blusse opp. Elles har dei eit godt eksempel i den flotte ordsamlinga frå Surnadal, «Ord te gagns»: «håret stod som ei oppkarra hønrauv».

21.12.12: Det går tå flira

«No er det alvor», sa han Jonas. Ein innherredsbygg ville kunne seie at det går tå flira (dativ). Og det er nettopp når det kjem eit brått skifte, det hender noko som gjer at det blir alvor. Det blir slutt på moroa, det er ikkje noko å flire av lenger. Frå eit avisinnlegg i «Nord-Trøndelag og Nordenfjeldske Tidende siterer vi: «Ei stund såg det forresten ut som det skulde gå tå flira. Det var ikkje berre åker og eng som for ille av tørken, det vart også slik vassmangel utover bygdene, at mange måtte på lengnin etter drikkanesvatten» (8.8.1936).

Frå Hemne har vi «han går tå flir’n» om tilsvarande situasjonar, og frå Stokksund «det gjekk tå fliran». I det siste tilfellet må det vel vera ei fleirtalsform. Olav Duun brukar også denne uttrykksmåten. I Oppdal kan det «gang å glis» når det går gale og blir slutt på moroa: «det gjekk å glis da døssarrepe rauk» (Donali).

20.12.21: Så peng(ar) og hauste armod

«Du sår peng’ og hausta armod» er gjerne sagt i spøk til den som mistar ned pengar. Men no begynner det vel etter kvart å bli så lite kontantar blant folk at dette er mindre aktuelt og må kanskje formast om. Allmenngjort i ordtaksform heiter det «den som sår pengar, haustar armod». Ei seriøs åtvaring om at den som slår om seg med pengar, risikerer å bli ståande på berr bakke til slutt. Ein trønderversjon er «så’n rikdom, hauste’n armo». Og rikdommen er lettare å bli kvitt enn armoda, veit vi. Men det er kanskje ei trøst at «det går an å låvvå me armo’n å, når’n bære bli vant me a», som kjerringa i Malm skal ha sagt.

17.12.21: Å dra til bols

Skaffe seg mykje saker og ting; «samle i lader». Dette har nok eg frå morfolket mitt i Øksendalen på Nordmøre, men det er også opplysning om det frå Snåsa. Eit bol er jo tilhaldsstad, liggestad for ymse slags levande vesen (mus, rotte, ikorn, kvefs, humle m m), men akkurat dette uttrykket skriv seg nok frå grisen. I ei ordtaksamling frå Nord-Norge står det «han dreg til bols nett som grisen». Og grisen gjer nettopp dette, han dreg i hop bol eller ber bol når han flyttar halmen frå ei krå i bingen til den andre. Også ute i det fri kan grisen gjera slikt. Somme plassar meinte dei dette varsla regn.

16.12.21: Kjellargroe/kjellargror

Groe, spire på poteter som er lagra i mørk kjellar og derfor blir nokså lys. Gjerne sagt om folk som ser bleike og svakelege ut – dei «ser ut som ein kjellargror» eller er «bleike som ein kjellargror». «For det som har vakse fram og veks fram i norsk natur, med nok av sol og lys, kan ikkje verta nokon kjellargror» (pressemelding frå Norges Bondelag om «Bondereisingi sin ide», i den tidas blomstrande retorikk, trykt i fleire aviser i 1935). Kjellargror i seg sjøl kan brukast om ein bleik person, kanskje også ein som er bortskjemt, overbeskytta og pysete.

15.12.21: Våleg

Gammalt ord som betyr farleg. Å vera uforsiktig med «fåttåtipinna» kan vera våleg. Ordet er av og til diskutert på facebook-grupper, og folk spør gjerne om det betyr det samme som farleg. Eg vil tru at desse to orda svært ofte kan bytast ut med kvarandre utan at betydninga forandrar seg. Største forskjellen er vel at farleg er eit fullt levande ord, medan våleg er av dei som held på og kjem meir og meir ut av bruk. Ein våleg kar er tankelaus og vågal. Så ser vi også at det kan brukast som forsterkande adverb: våleg stort, våleg til regn. Tyngdepunkt for ordet ser ut til å vera tradisjonelt mål i Trøndelag og på Nordmøre, men det er også enkelte utlauparar.

Så spekulerer folk på kva det kjem av. Det er nok ingen sammenheng med våge og vågal, som ein kanskje skulle tru. Heller ikkje kjem det av alvorleg («aillvåle»), som enkelte foreslår, sjøl om bruken tangerer, jf. «alvorleg stor». Nei, dette finn vi i norrønt som váligr, til eit kortare ord ‘skade, ulykke’. I bokmål har vi dette som våde, som vi kjenner også frå f eks vådeskudd.

14.12.21: Fåttåtipinna

Fyrstikkene er mykje i bruk i den kaldaste tida. Dei har nokre spøkefulle namn som vi kan sjå litt på, og som også viser ei litt uvanleg ordlaging. Dei får det jo til å fata (ti) – ta fyr. Dette verbet har to former på trøndersk dialektområde, ei ytre «fatta (ti)» og ei indre «fåttå (ti)». Dermed får fyrstikkene heite enten «fattatipinna» eller «fåttåtipinna», eller med anna sisteledd «fattatistekka/-stekko» eller «fåttåtistekka». Det uvanlege her er jo at eit samband av eit verb og ein såkalla «partikkel» – «fatta/fåttå ti» utgjer førsteleddet. Men nokre slike finst, som «gåbortklede», og enda meir ekstreme, som «komåtmeg-lukt» om parfyme.

Så er det eit par ord som viser til ripinga mot svovelet på fyrstikkeska, men som er laga på liknande måte: «råppåtistekka» (Meråker) og «råppåtåpilta» (Hølonda)

13.12.21: Repping

Ein repping kan vera eit tidsrom, eller ein runde, omgang, ei ri, ein raptus. Ein kan f.eks. ha ein repping med godvêr eller styggvêr, eller ein repping med sjukdom. «Det va reppenga me søvæstråkk, før, på tilihausten», noterte eg etter ein stødig dialektbrukar frå Hitra. Å ta ein repping er å ta eit tak med noko. Somme plassar kan dei også bruke repping om eit avgrensa jordstykke, ein teig. Ordet ser etter oppslag og bakgrunnsmateriale i Norsk Ordbok ut til å høre heime i Trøndelag og noko i Nord-Norge. Det er vel ei utviding av repp, som også betyr ein viss tidsperiode, eller ei ri, ein raptus. «Reping» om ein hard tørn (Budalen, Selbu) er nok heller reiping.

10.12.21: Skamraske

Eit ord som har litt forskjellige nyansar. Ofte er det snakk om å bli skamraska – bli overraska, overrumpla, teken på fersk gjerning. Men attåt at nokon kjem uventa på ein, kan stakkaren også bli mishandla, skadd, skamfaren, tynt. Å bli skamraska kan også beint fram bety å bli rundstolen. Å skamraske ein ting vil nærmast seie å gjera hærverk, øydelegge. Som så mange andre ord er dette bruka vesta- og nordafjells. Frå Nord-Gudbrandsdalen er det notert om å få bukt med, få kontroll over (særleg eit krøtter). Denne utbreiinga gjer at posisjonen i skriftlivet er ikkje er veldig sterk, men ordet står i Nynorskordboka og er sjølsagt grundig behandla i Norsk Ordbok. Når det av og til har lurt seg inn ein b inni ordet, er det enten fordi «mbr» blir ein naturleg lydsekvens, eller gjennom påverknad frå verbet braske: «han var så lemster og skambraska av bjønnalabbane, at han vart sengliggande mange dagar etterpå» (Gamle segn og minner fra Rissa, s. 37).

Andre delen er verbet å raske ‘skrapa, rote’ eller ‘rappe’ (raske til seg). Første delen skam- er vel enten fordi det er litt skammeleg å skamraske eller å bli skamraska, eller så er det reint forsterkande.

9.12.21: Hengen eller sprengen

Det er enten (på) hengen eller (på) sprengen, seier dei. Kanskje særleg i samband med arbeid, da er det enten stillstand eller fullt kjør. Det kan vel også seiast om folk, når dei enten berre står og heng, eller arbeider på spreng: «det er hengen eller sprengen med han». Det er aldri noko midt imellom, alltid i underkant eller overkant. Uttrykket ser ut til å ha vore kjent mange plassar, men det er kanskje flest opplysningar frå Trøndelag. Som alltid er det variantar, slik som desse: «det er ein gong sprengen og ein annan gong hengen» (Smøla); «nån gång e de hengjinn å nån gång slengjinn» (Skatval). Og så kan det vera (berre) på hengen og sprengen når det er noko ein så vidt greier, det er på hekta. Somme plassar i landet tilsvarar «i hengen og sprengen» i hurten og sturten.

8.12.21: Om hunden og rumpa

«Når æ hi vinni-over honnj’, så vinn æ vel over rompa å». Denne seiemåten stammar frå Stjørdal, og uttrykker at har ein greidd mesteparten av det store arbeidet, så greier ein vel også det vesle som står att eller som kjem i tillegg. Skomakaren f.eks. kunnne kommentere slik når han fekk ekstraarbeid. Det finst andre versjonar: «skråvvå-u hoinn, så skråvvå-u rompa» (Meldal); «han vinn vel over rompa, når’n ha vonne over haue» (Hitra). Men vi har ein til frå Stjørdal: «Hoppe katta, så hoppe vel rompa å» – ein finn alltid noko som passar til det andre.

7.12.21: Langfoten

«Å kast-se-rondt på langfota» (dativ) er å skunde seg og få gjort noko (Oppdal). Somme liknande uttrykk har vi, slik som i dette sitatet: «det var begynt å mørkne da han endelig fikk gi sig på hjemveien, og da satte han jammen langfoten fremst» (Elisa Ulvig, lærar og forfattar frå Hyllestad, her i Nationen 22.12.1934). John Giæver brukar også uttrykket slik. Og så fann eg eit nyare eksempel, frå avisa «Gjesdalbuen» 18.11.2004: «vi tok det med ro, mens Ingrid satte langfoten først og stod klar med bilen da vi kom ner».

Den mest berømte langfoten i Trøndelag er vel den til Kvænnavika-figuren Barulina.

3.12.21: Handslit

Arbeid, tak og grep som røyner hendene. I mitt dialektområde vil hendene seie armane. Det er ikkje så mange direkte målføreopplysningar om ordet, men vi har «hannjaslætt» frå Hemne og «hannjslettj» frå Oppdal. Men i skrift finn vi litt fleire eksempel. I «Bøgda vår», årboka for Oppdal historielag, var det i 2002 ein artikkel om historia til Felleskjøpet i bygda. Der kan vi lesa: «Sekketrallene ble erstattet av truck-håndtering av tonn-varene. Tilværelsen ble med ett endret fra et utrolig handslit i trange kår til rene eventyret» (s. 11). Og her er ein sunnmøring som filosoferer over mekaniseringa i jordbruket: «Dei som no fær drive gardane ved å setje seg på traktoren og både pløge og køyre forhaustar, kan tenkje etter kva handslit det ofte har vore for å få marka slik at desse reidskap kan brukast på den no» (avisa Møre 5.12.1981)

2.12.21: Skjeggvatn

Dette betyr to ting: For det første er det vatnet ein brukar når ein barberer seg, også kalla barbervatn eller rakevatn. Det er jo mest aktuelt når ein førebur barberinga med såpe og kost. Ein vermer vatnet og har det i ein kopp, duppar kosten i og vaskar skjegget. Da blir det lettare å skjera. Skjeggvatn som namn på dette kjenner vi frå Trøndelag (Orkdalen, Stjørdalen, Verdalen), men vi finn det også hos forfattaren Jens Tvedt frå Sunnhordland. Det var ei tru om at ein gut let skjeggvatnet koke når han skulle verme det, så vart han ikkje gift kommande året.

Så kan skjeggvatn også bli bruka om etterbarberingsvatn, altså det ein smør på seg etter barbering, tilsett sprit og parfyme. Det er oppgjeve i ordsamlingar frå Hitra og Nesna.

1.12.21: Ettersleppen (adj)

Ettergjevande, føyeleg, mild (i for stor grad). Kan også gli over til å bety slepphendt, som ikkje passar på det ein har, og det er jo ikkje så langt sprang. Som målføreord har vi det frå ein del plassar i Trøndelag, og da i forma «ættslæppin»: Stjørdal, Verdal, Sparbu, Malm, Roan, Ytter-Namdalen). Elles er det spreidde opplysningar: Østerdalen, Sør-Gudbrandsdalen og Sandsvær. Eit eksempel på bruken finn vi hos Kristofer Uppdal: «Berre ikkje Rambern blir for ettersleppen og føyeleg med kona si»# (Røysingfolket, s. 127).

30.11.21: Rangbismar

Rang, vrien person, kanskje særleg sagt om og til ein grinete, vanskeleg unge. Flest opplysningar om det frå gamle Nord-Trøndelag fylke (Leksvik, Stjørdal, Frol, Inderøy): rangbøssmal. Også innsendt frå Vanylven på Sunnmøre. Lenger nord er det rangvisbessmar (Rødøy, Lofoten, Senja).

Bismaren er jo den gamle stongvekta med krok eller skål i eine enden og lodd til å skuve fram og tilbake på stonga. Det er nokså vanleg at nemningar på ymse bruksgjenstandar går inn i skjellsord som dette. Frå Kvæfjord heiter det at rangbesmar rett og slett er ei dårleg bismarvekt, og å «taåe som ein rangbesmar» er å gjera ein dårleg handel.

29.11.21: Om frostbeit og å kvesse på kjølta

Vi tillet oss ein liten reprise frå 2021 i dag: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/12/07/

26.11.21: Ette sin

Snedig ordsamband som i det siste har vore diskutert noko på facebookgruppa «Ord og uttrykk fra Meldal». Det er litt vanskeleg å definere, men det blir vel noko slik som «etter forholda», «i seg sjøl», «i jamføring med». Eksempelsetninga som starta diskusjonen, var: «det e ittj så væsst føre åt rullatorn heill, ette sin». Eg fekk for nokre år sia inn eit par eksempel frå Tingvoll: «ta romme verka stør ette sin» – i seg sjøl, og «det bli mær mat ette sin» – forholdsvis meir, f eks når ein brukar saus.

I Norsk Ordbok finn vi det som eit såkalla underoppslag under artikkelen sin, pronomen, i forma «etter sitt»: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=etter+sitt#ariadne=%5B%5B|378580|,0,|etter%20sitt|]]

Ein kan gå direkte dit via lenka, eller søkje opp sin, pronomen og bla seg ned til tyding 7a. Heimfestinga av «etter sitt» i Norsk Ordbok er Gjerstad, Tingvoll, Oppdal og Tydalen. Definisjonen her er «etter måten; høvesvis». Etter det som har komme fram i diskusjonen, kan vi i alle fall føye til Rindal og Meldal (og Orkdal?) i heimfestinga.

«Ette sin» hører heime her fordi «sin» i dette tilfellet er dativform. I dativmålføre vil det vera veksling her, så det kan heite slikt som «han gikk inni huse sett», men «han e inni husa sin». Tilsvarande med «min» og «din». Eg kjem på mor mi fekk ei salve av han far ein gong han meinte ho la seg utilbørleg oppi eitt eller anna utvendig, som var hans gebet: «Hald kjeften din, og ha-deg-inn åt din’!» Åt ditt/dett med dativform, altså. I Oppdal ser det forresten ikkje ut til at dei brukar dativforma her: «ette sitt æ han den stø’st» (Donali).

25.11.21: Rosbøker og glansrøs

I litt gammeldags dialekt mange plassar sa (og seier?) dei ros eller rose om bilde. I indre strøk i Sør-Trøndelag og på Nordmøre blir det gjerne «røs» i fleirtal. Det går ei historie om presten som besøkte alle 90-åringar i bygda. Han kom inn til ein som var svært interessert i pornoblad, og det låg fleire slike framme. Presten ymta om at dette kanskje var eit tvilsamt lesestoff. – Å, e sjer no berre på røs’n, sa gubben.

Da er det naturleg at ein også seier rosbok, rosebok eller rosabok om bildebok, kanskje også om teikneseriehefte. I Budalen var «rosbøk» bøker med mønster til figurar som likna på blomster, lima på ruteark.

Glansbilde har vore kalla glansrose fleire plassar. Der dei har fleirtal «røs», må det også bli «glansrøs». Eit anna ord for glansbilde er glansmerke, så langt berre registrert frå Sandnes på Jæren.

24.11.21: Mistungt

Eit litt sjeldan ord, kanskje, som betyr at tyngda er ujamt fordelt, at noko er tyngre på ei side. Flest belegg frå Trøndelag (Røros, Innherred). Eit lass kan vera mistungt, men også ei kvern som er ujamt hoggen. I Årbok for Nord-Trøndelag historielag finn vi denne passasjen: «Graudjin (d.e. grotten) tente som lager, og etter kvart som steinane sleits laut han drivast ned. Dersom kverna var litt messtong, så sleits graudjin meir enn vanleg, og då vara han ikkje lenge. Det var ein kall som hadde mali til graudjin var vekk, og så sa han: «Æ sjønne itjnå tå dehenne, såmmå kolles æ føre ti kveinna så skrik a ætte meir» (1941, s. 63)

23.11.21: «Bæsst det hæle når væsst det svir»

Fyndig ordtak som Arnfinn Aune på Hitra kom med i ein prat nyleg. Det var ei mor som kom med dette visdomdsordet til dotter si da denne hadde fått oppslagsbrev frå kjærasten. «Hæle» er herde, og det ligg vel i det at ein kjem styrka ut av motgang, jo verre, desto meir herda kjem ein ut av det.

22.11.21: Hektmellsving

På bildet ser vi elv som lagar meandrar. Nyleg fekk eg inn eit ord for dette, sitert etter folldalingar. Det var «hektmellsving». Hektmelle er malje, lykkje i eit hektepar, og hører sammen med ein krok. Hektmellsving er eit prima ord, men eg har ikkje funne meir om det. Kanskje er det eit individuelt påfunn, men her er i alle fall eit forsøk på å gjera det meir kjent.

19.11.21: Om å slite samme limen

«Slita same limen» er ført opp i Norsk Ordbok med heimfesting til Røldal, og forklaring «dele godt og vondt». Og frå Stjørdal har dei «småkkå såmmå liminn» om å røyne samme vilkåra. Da kan vi supplere med ein uttalelse frå Hitra: «det e itj valt å snakk, for den limen der ha æ slette, å». Du må ikkje snakke, for eg har gjennomgått det samme (sagt f eks når folk fortel om noko vondt dei har vore gjennom).

Litt meir pikant blir det vel, og veldig aktuelt i våre dagar, når dei i Stjørdal sa at «dæm ha slitti såmmå liminn» om to som har vore gift eller forlova med den samme.

18.11.21: Gjeravill

«Det e no så gjærravill», eller «gjærravill te greiå», seier mange på Nordmøre om noko som er utanom det vanlege, tvilsamt, så som så, umåteleg. Typisk nordmørsk, men det går også litt inn i Sør-Trøndelag. Som så ofte finn vi det hos ordboksmannen hans Ross i 1895, med denne forklaringa: «som tillater flere forklaringer elle resultater». Stundom har det fått ein s inni seg: «det va så gjærrasvill kor det regna». Det kan også bety ‘bortimot, omtrent’: «dæm va så gjærravill jamaldringa».

Svært vanleg er det også i sambandet «med gjerrasvill» – i store mengder, så mykje ein måtte ønske, flust: «her e det med gjærravill å ta tå».

I Norsk Ordbok (og Trønderordboka) har ein oppslagsforma gjeravill, kanskje ut frå at ein har rekna med at siste delen kan vera adjektivet vill. Slik ser det også ut i den forsterkande (positive) bruken som er oppgjeve frå Aure: «jærrasvilt snilt», «jærrrasvilt artig». Men det forekjem også i to ord: «med gjærra vill», «her e det blåber med gjærrast vill», i Orkdal og på Byneset også «med gjørrås vill». Det er naturleg å oppfatte «vill» her som presens av å ville/vilje. Så kan dette ha vorte trekt saman til gjærra(s)vill og glidd i betydning frå ‘så mykje in vil’ til ‘utanom det vanlege’ eller ‘så som så’. Medn sikkert er no ikkje dette.

16.11.21: Ugjort vêr

«Han fer ittj i ugjort vêr» er ein gammal trøndersk talemåte. Dette handlar om folk som har klare planar og får utretta det dei har fore. I dag ville ein vel seie at dei har gjennomføringsevne. Vi har det så langt frå desse plassane: Hitra, Sparbu, Høylandet og Leka. Olav Duun brukar dette ganske mykje, slik som her: «Kasten Landre var ein som ikkje for i ugjort vêr, han og fortenesta det var som fuglen og silda det» (Storbrylloppe, s. 73). På Høylandet kan det heite «han la i veig i ojort ver» – uitan å tenkje seg om, og da kan jo resultatet bli dårleg.

Så kan ein lure på kvifor det er vêret som skal vera «ugjort»? Eg trur nok dette er omforming av vendingar som «ugjort ærend» og «ugjort sak», og så knyter det seg til vêr i overført forstand. Vi kan nemne uttrykk som «ved første vêret» – ved første høvet (Hosanger) og «det går for såmmå være» utan ekstra bry (Oppdal).

15.11.21: Katteklinar (og kjerringpinar)

Her i sommar fekk eg nabokatta opp i senga åt meg ein kveld etter eg hadde lagt meg. Begge skvatt omtrent like mykje, vil eg tru, og sia eg er allergisk mot katt, fekk ho fort skyss ut. Så eg er definitivt ingen katteklinar. Vi får håpe at den gamle talemåten «katteklinar og kjerringpinar» eller «katteklinar er kjerringpinar» stemmer på meg da. Denne gamle folkevisdommen vil ha det til at den som er snill med katta og kjæler med henne, er hard og vond mot kjerringa. Seiemåten ser ut til å vera mest vanleg på Austlandet (Buskerud, Vestfold, Telemark), men den er også kjent i Trøndelag (Hemne, Stjørdalen) og i Nord-Norge. I Skånland er det snudd til «kallpinar og katteklinar» – ei kjerring som kjæler med katta, er ikkje snill med mannen.

Men eg er fullt klar over at mange også vil hevde det motsette, at den som er snill med katta, også er snill med kjerringa eller kallen. Så eg er i grunnen like vis.

12.11.21: Hengskjæle

«E vart se huggutullinn ti hustrepa borti hengskjæla». Dette er ei klassisk setning for å prøve ut om folk forstår ålbygg eller haltdaling. «Hustrepe» er rett og slett dissa, huska, og da demrar vel tydinga for dei fleste. Men «hengskjæle»? Ein bykar som vart presentert for denne setninga, lurte på om det var noko som hadde skjedd utpå Hemnskjela! Men nei, Jon Østeng Hov forklarte meg i si tid at det er eit lite tilbygg til fjøs, utan vegger. Norsk Ordbok har fått tak i ordet, og definerer det som «rom mellom ytre husvegg og utoverbygd tak». Og her er «Haltdalingen i ord og bilder»: «åpen inngang på fjøs. Lemmen på fjøset er bygd utover inngangen til fjøskassa, slik at det blir et åpent rom for å sette fra seg kjøreredskaper og lignende». Høveleg lagerplass, altså, for kjørereiskapar, staur m m. Og det kunne gå an å få opp eit «hustrep» der. Frå Stjørdalsdalføret er oppgjeve «hennjskjøl», som må vera omtrent det same.

11.11.21: Gå i giftartankar

Giftartankar er sjølsagt tankar, planar om å gifte seg. Men det kan jo oppta ein så mykje at å gå i giftartanka(r)/giftartankom har vorte eit overført uttrykk for å gå i eigne tankar, vera distre, åndsfråverande, drøyme seg bort. Ein tenkjer på andtre ting enn det ein skal, og forsømmer arbeidet og det som elles er ikring ein. I Verdal kan ein til og med gå i «annsmanns giftartanka». Somme plassar kallar dei denne tilstanden for å vera gifteblind.

10.11.21: Bantrauet

Å gje i eller på bantrauet (-tröje) var å gje ei dåps- eller faddergåve når ein kom inn der det var ein nyfødd unge. Uttrykket er kjent frå indre Nordmøre. Det må vel skrive seg frå ei tid da den vesle ungen faktisk låg i eit trau. Barnetrau er nemnt i gjenstandslister frå 1700-talet. Andre stader kan det heite å gje på vogga.

Om ein ikkje ga i bantrauet, kunne ein misse huva. Denne skikken er kjent frå fleire plassar; ein kunne bli fråteken huva si eller få henne gøymt, og så måtte ein løyse henne ut med ei gåve til barnet. «Pass på så du ikkje misser huva» kunne vera advarsel til nokon som var på veg inn der det var ein nyfødd unge.

9.11.21: Grautgave («-gåvvå»)

Når ei kvinne nyss har fått barn, var (er?) det skikk å møte opp med barselgraut. («seng(j)amat», av mange omtolka til «sendamat»). I ein del nettbelegg les vi at det kunne vera ei lita gåve attåt grauten. Det finst avisreportasjar med avkom som trekker fram ting som mora har fått i «grautgåve» da dei kom til.

Men i fleire trønderbygder var grautgave/grautgåvvå noko som dei som hadde med seg grauten, fekk i retur av barselkona. Slikt hører vi om frå Stjørdal, Melhus og Meldal, og det var sikkert skikken fleire plassar. Det kunne vera tallerkar, kaffekoppar, sukkerkoppar m.m. Og dette måtte barselkona ha ordna seg med føreåt. Frå Melhus hører vi om ei som gav bort over 30 kaffekoppar, og frå Meldal om ei som hadde rådd seg med 30 små mugger, og enda vart det ikkje nok!

Robert Husbyn fortel at det i 1920- og 30-åra vart meir slutt med å gje barselgraut. Dei begynte å kjøpe med seg ein ting i staden. Og da kunne ein få høre setningar som: «Ka ska æ kjøp te graut?»

8.11.21: Om å ta det med ro

Her kjem ei tradisjonell oppfordring om å ta det med ro, det er ingen ting som står på. Den er til og med utforma på rim, og kan hørast omtrent slik ut: «Det har ingen hast – det sitt inga kjerring fast». Ingen prekær situasjon, altså. Duun brukar vendinga i «Storbåten», det er Sigurd som prøver å roe ned kompisen Ingolf, som vil komma seg heim så fort som råd: «Det grip ingen hast – det sitt inga kjerring fast» (s. 32). Frå Verdal har vi ein litt utvida variant: «det brår ingen hast, det sett inga lænsmannskjørring fast». Sigurd Lybeck har denne: «nei, det sitter ingen fattigkjerring fast». Og hos folkeminnesamlaren Knut Strompdal frå Helgeland er det formulert slik: «Aa det har ingen hast, det sit daa ingi helselaus kjerring fast»

5.11.21: Krok for beinveg

Å gjera krok for beinveg, heiter det når ein gjer unødige vendingar, utfører noko på ein unødig komplisert måte. Det kan/kunne i alle fall bli sagt slik på Nordmøre, også med den vesle vrien ”beinveg om kroken”. Beinvegen er som kjent kortaste vegen, snarvegen. I Oppdal var det med eit ordspel snakk om å ”gang’ benast om krokann”.

Eit inntrønderuttrykk er ”å gå beinvein om krokåtgålan”. Det er gjerne når noko varer lenger eller fører med seg meir trøbbel enn venta. I Sparbu er ”snåpvei’n om krokåtgålan” bruka som ei åtvaring: Der ein er ukjent, er det rettast å halde seg etter vegen.

Nei, det er ikkje alltid det lønner seg å ta snarvegar og kutte svingar, verken i konkret eller overført forstand. Da kan ein få erfare at ”beinvegen er seinvegen”, som ordtaket seier.

3.11.21: Bakk(e)brun og liabrun

Ei brun (gjerne uttala bron) er ein kant i vid forstand. Eit gammalt ord med røter tikl norrønt og enda lenger attover. Verbet å bryne er avleidd av brun, og det vil eigentleg seie å laga ei brun – ein (skarp) kant. I terrenget vil bruna vera der eit flatare parti går over i eit hall. Såleis vil bakkebruna («bakkbrona») vera «øvste kanten på ein bakke» (Norsk Ordbok, Nynorskordboka), det same som bakkekant eller bakkekam. Forfattarar som Hans Hyldbakk og INgvald Svinsaas har sett bakk(e)brun på trykk. Og i bygdeboka for Meldal kan vi lesa om eit bruk som «ligg vakkert til ute på bakkebruna ovanføre Rikstadgrenda». Er ein på veg ned frå fjelltur, begynner det å halle bratt ned mot dalen når ein kjem frammi fjellbruna eller liabruna. På sunndaling seier vi gjerne bråtabrona om liabruna, for her har vi fleire plassar som kallast brotet, om det flatare partiet mellom liakammen og sjølve fjellfoten.

1.11.21: Kontrali (kontrale, kontrari)

Uhøveleg, hinderleg, særleg om vind og vêr til sjøs. Men det kan også bety rangt, vanskeleg, trasig og ugreitt meir allment, om noko som går ein imot. Han kan ikkje hatt det greitt, han trønderen som presenterte seg sjøl som «Emil Gotfred Olsen, kontrali, travali, Lissvikja»! På Namsskogan kunne det heite om folk at dei var «kontrali i brennvini» – krakilske og vanskelege når dei hadde fått seg nokre drammar.

Ordet er komme frå engelsk contrary, og dit frå latin contrarius ‘motsett’. Kontrær er ein variant som kjem frå fransk. Formene med l er ganske vanlege både på Vestlandet og nordafjells.

29.10.21: Å komma «te skjæls» (til skils)

Dukke opp, komma fram att, komma til rette (om noko eller nokon som har vore borte). Tyngdepunkt i indre Sør-Trøndelag, med «kåmmå te skjæls» (Byneset, Orkdal, Rennebu, Soknedal, Ålen, Røros), «kåmmå te skjøls» (Oppdal). Men også eit par andre plassar: «kåmma te skjæls» (Hitra), «kåmmå te skjels» (Røyrvik). Vi har å gjera med ordet skil/skjell, som betyr skille, dele, men her er det gått over til orden, greie, klårheit, som i «rett og skjell».

Lenger sør i landet (Vestlandet, Hallingdal) har dei uttrykket «kom(m)a til manna» om å komma fram til folk, å komma til rette. Her har vi ei gammal genitivsform. Frå Inderøya har vi noko liknande: «hainn kom da te mainns att» – han kom da til rette att.

28.10.21: Om halting og hinking

Det er eit munnhell som er nokså utbreidd, som lyder slik i eit par trøndervariantar blant mange: ”Ho æ-itt så halt som ho henka” Oppdal), og ”hainn e itj så hailt som ’n lenke te” (Inderøya). Det som ligg i dette, er at det er ikkje så ille med han eller henne som det ser ut til, eller blir gitt uttrykk for. Verbet som blir bruka, kan variere, men det må i alle fall ha å gjera med å gå haltande, å dra på ein fot e. l. Hos Ivar Aasen er det formulert slik: ”Han er ikkje so halt, som han hinkrar”.

Seiemåten kjem jo unekteleg for meg når eg ser fotballspelarar ligge og vri seg i smerte, men sprett opp, friske som feler, så snart dei har fått frisparket sitt.

27.10.21: Å gjess’

”Katta låg og gjessa på musa”. Eit typisk eksempel på det som i Norsk Ordbok er ført opp som tyding 2 av verbet gissa. Her betyr det altså å ligge eller stå på lur, spionere, eller ”vakta på i løynd” som ordboka uttrykker det. Under jakt kan det fort bli ein del ”gjessing”. ”Kå du fer og gjesse ætte?” kan ein i Orkdal spørre ein som luskar rundt og ser ut til å kunne finne på ugagn.Heimfestinga til denne tydinga er (for igjen å følgje Norsk Ordbok) Valdres, Hallingdal, indre Nordmøre, Hemne, Orkladalføret og Oppdal.

Frå nynorsk kjenner mange sikkert å gisse i ei anna tyding, nemleg å gjette, tenkje seg til. Å jiss og jiss-på om å gjette er også kjent frå målføra fleire plassar i Trøndelag, og i følgje Norsk Ordbok har dette vore vanleg i store delar av landet bortsett frå Austlandet.

Vi har å gjera med to tydingar av eitt og same ordet. Å gisse (gjess’) har ikkje noko kjent norrønt opphav, men det finst i svensk og lågtysk. Engelsk guess er sikkert også eigentleg same ordet. Alf Torp meiner det er avleidd av gjeta/gjette. Når det har komme til å bety ’lure på nokon’, foreslår Torp at det kan vera påverka av eit anna verb, nemleg gisle, som betyr å lure, speide, passe på høve til noko.

26.10.21: Takk for snyteriet

Snyteri er jo svindel og bedrageri, det å snyte nokon. Men «takk for snyteriet» er ein spøkefull måte å seie takk for handelen på. Ein antydar vel at rett nok kan ein eller begge partar ha vorte snytt, men det bryr vi oss ikkje om. Fleire kjente forfattarar har brukt det, som Kjartan Fløgstad og Johan Falkberget, men uttrykket er ikkje nemnt i oppslaget snyteri verken i Norsk Ordbok eller i NAOB. Avisa Nidaros omtalte ei injuriesak i 1950, der forsvararen heldt fram at ein del (trønderske) uttrykk kunne verke injurierande på andre utan å vera det, som nettopp «takk for snyteriet». Mannen som var tiltalt, vart uansett dømt for å sagt om sorenskrivaren i Varanger at han «koker sammen historier»

22.10.21: Gar(r)abøgg

Nordmørsuttrykk som betyr full fres, full kraft: «Å gje ‘nå garrabøgg» kan bety å gje full gass, men også å gje ein skikkeleg omgang juling. Vi har opplysningar om det (så langt) frå Stangvik, Surnadal, Halsa og Averøya. Kraftfullt let det når Leif Halse let ein av skikkelsane i romanen «Raud brystduk»bruke det: «Han slengte sekken opp på kloppa med ei hand: – Sjå her skal de få garra-bygg karar! sa han og lo attover til dei andre todalingane».

Dette kan vera ‘person frå ein gard’. Folk frå Setergarden i Surnadal har vore kalla «gar(d)abyggje». Her var det også før og etter krigen ein ungkarsklubb som kalla seg «Garabøgg», i følgje ordsamlinga «Ord te gagns».

Det som gjer meg litt i tvil, er at når eg har hørt ordet muntleg, har det alltid vore med einstavings tonelag. Dersom det var ei samansetning med gard pluss bygg(e), burde det hatt tostavings.

21.10.21: Berrtennt

Med tenner som visest mellom leppene, når ein snakkar eller ler. Framståande tenner visest sjølsagt også godt, og det er somme som meiner at også dette ligg i å vera berrtent. Men helst er det noko litt anna, da er ein framtennt eller har «tenna på tørk», som det heiter. Ordet berrtent er i hovudsak funne i to område; Vestlandet frå Jæren til Sogn, og Namdalen. Så er det utlauparar i Os i Østerdalen og Gimsøy i Lofoten. Eit anna ord for det same, og med same ordmateriale, er tannberr. Dette fanst også i norrønt.

I Gauldalen var det ei tru at ein vart berrtennt av å eta grønsaker, så dei gamle heldt seg helst unna det. Til slutt eit litterært eksempel på bruken av ordet: «og vona sveik honom inkje heller, han kunne ikkje seie det – om ho ikkje alltid smilte så berrtent mot honom som han hadde drøymt om» (Ola Setrom: «Mold og menneske», s. 22)

20.10.21: Gammelsjø

«Større dønning fra fjerne uvær» er definisjonen til Steinar Nilsen, i ei fyldig og interresant ordsamling frå Tranvikan på Hitra. Eit ord som ikkje står i ordbøkene, etter det eg kan sjå, men det er visst ein god del brukt, først og fremst på Trøndelagskysten og i Nord-Norge. «Vi prøvde med dykkere der ute, men det var såpass mye «gammelsjø» vi kaller det, at de ikke kom seg ned» (avisa Hitra-Frøya 12.8.2011); «ute på sjøen var det dønninger etter gammelsjø» (Nordlands Framtid 23.12.1987). Per Anders Todal i Dag og Tid kjenner det også: «sjøen fer fint med oss på vegen vestover, han er berre litt gammalsjø etter kulingen som bles i går» (6.7.2018). Leif B. Lillegaard har rett som det er bruk for det i sine skildringar av ver og vind frå Nordland.

19.10.21: Bakstgogn

Samlenemning for reiskapane som trengst til flatbrød- og lefsebaking, gjerne eit enkelt sett av desse. Det vil vel stort sett seie kjevle, rull, takke og stikkene til å vende leiven med. Nemninga hører først og fremst heime austafjells, og da helst i dei indre bygdene på Austlandet. Vi finn opplysningar om dette frå Telemark via Hallingdal, Valdres og Toten, til Gudbrandsdalen og Folldalen. Også registrert heilt ut til Romerike. Elles på Flat-Austlandet ser det ut til at dei har sagt bakst(e)gagn, å dømme etter det som finst i Norsk Ordbok.

Kanskje kan vi no utvide området urlitegrann lell. Det er akkurat komme inn ei ordsamling frå Oppdal, etter Oddmunn Farbregd. Oppdalsmålet er jo ei av dei dialektene som er aller best dokumentert, både når det gjeld ordforråd og elles, men likevel finst det nye ting her. For eksempel fører han opp ”bakstgonga” om bakereiskapane (”kjevle, rulla, bløkta og fløyen”). Dette er riktignok ført på med blyant og ikkje reinskrive, så han har nok ikkje vore heilt sikker på ordet. Men når det finst i Gudbrandsdalen og Folldalen, er det ikkje urimeleg at dei kan ha hatt det i Oppdal òg.

Sisteleddet er i alle fall gogn ’reiskap, bruksting o l’, eigentleg ei gammal fleirtalsform av gagn. Gagnsting kan vi vel kalle det.

Vil ein ha eit ”sikkert” trønderord for dette, kunne det f eks bli bakstbørnad.

18.10.21: Uversfugl

Det er uver og ruskver om dagen, og da kan passe å ta opp det som kallast uversfuglar. Norsk Ordbok opererer med fleire nyansar for dette ordet, men hovudskillet går gjennom ordentleg fugl og menneske. Uversfuglar er fugleslag som varslar uver, slik som kråka, ramnen, svartspetten, grønspetten eller skarven. Når det gjeld folk, så kan ein uversfugl vera ein som fer ute i uveret og ikkje bryr seg om det (men som kanskje heller burde halde seg inne). Men det kan også vera folk som ofte kjem ut for uver, eller som spår uver.

Brukt om lag på same måten har vi uversfugl og uverskråke, i Stjrødalen også ”ruskversføggel”. Og det finst sikkert fleire om ein leitar grundigare.

15.10.21: Bakfot

”Kvar av dei to attarste føtene på eit firføtt dyr” er ordboksdefinisjonen (Nynorskordboka). Men ein bakfot kan også vera ein rang, tverr og bakvendt person, ein som sett seg imot det meste. Han sett seg på bakføtene – slår seg rang, strittar imot. Bakfoten har avfødd fleire talemåtar: Mest kjent er kanskje å vera berre kjeften og bakføtene – å vera stor i kjeften, men elles lite tess. Ein pratar mykje, men får lite utretta. ”Sliker skoll’n ta å hæng opp ætte bakfotan”, heiter det i Osen. Til slutt eit par meir lokale vriar: I Orkdal er dei stundom ”vid millom bakføten”, da er dei krye og karavorne. Og kanskje du berre har fått tak i ein bakfot, eller eine bakfoten, av ”Dagens ord”? I Verdal betyr det å ha fått med seg berre brotstykke av det som blir fortalt.

14.10.21: Lumpomtil («lompomte»)

Av og til, innimellom. Dette ordet vart trekt fram på dialektkvelden i Hegra 12.10. Det er frå Meråker, og det vart herma etter ein som var svært tungpusta: «Lompomte e det så gæli at æ fe ittj blås». Slikt er sjeldan vare, og det einaste vi elles har om dette ordet, er frå Hans Ross: Norsk Ordbok (1895), som vi jo kjem tilbake til slik «lompomtre» her i spalten. Han har «lumpomtil» frå Nord-Trøndelag, der forklart som vekslande, skiftande (særleg om vêret). Artig å sjå at det enno i 2021 fanst spor etter det! Nettopp i Meråker har dei lump om tidsrom: «lange lompainn» betyr lange periodar. Mønsteret for «lompomte» er jo elles godt kjent i andre adverb med liknande tyding, som riomtil, stundomtil og takomtil.

13.10.21: Kalas i tankane

«Å gjørrå se kalas i tankom» – å tenkje seg til å gjera eller utrette noko storslagent og fint, men som er nokså urealistisk. Reine målføreopplysningar har vi berre frå Rennebu og Meldal, og forfattaren Olav Berkaak brukar det. Nokre andre eksempel på trykk finst det, blant anna hos tryslingen Halvor Floden. Olav Dalgard fortel i boka «Teatret i det 20. hundreåret» om eit stykke av Ionesco, der eit gammalt portnarpar «lagar seg kalas i tankane og innbyr ei rad med fiktive gjester» (s. 275). Til lsutt eit aviseksempel: «alt er berre innbilling. Men det kan vera moro å gjera seg kalas i tankane» (Agder Tidend 5.12.1931).

12.10.21: Fisen (fissin, fessin, fessen) på kalas

Helst brukt i nekting: «han er ikkje fisen på kalas», som vil seie at han er tøff, ikkje skvetten. Kan også komma som spørsmål: «Er du fisen på kalas?» Først og fremst belagt frå hist og her i Trøndelag: Geitastranda, Buvika, Ørlandet, Verran, Tydal, Nordli. Men også frå Nordmøre, vi har i alle fall ei grei opplysning om det frå Bøverdalen i gamle Åsskard, no Surnadal kommune. Det har vore diskutert ein del i facebookgrupper. Her er det foreslått at det kan komma frå svensk, men det er vel ikkje noko som tyder direkte på det. På bokhylla.no får ein treff som tyder på at det er/har vore kjent også i Hallingdal og på Agder. Kalas betyr som kjent fest, selskap, gjestebod, av latinsk språkmateriale, opphavleg ‘spleiselag’. Fisen betyr jo redd, feig. Det ser ut til å finnast nokre tydningsnyansar av «fisen på kalas», som ‘ikkje så nøyen på det’, ‘tungbedd’ m.m.. Men kanskje den som opphavleg har vore fisen på kalas, er den som har vore knipen med å spandere i festlege høve?

11.10.21: Stubrua/stuggubrua

Trappa eller hella utafor ei stue (inngangstrappa eller dørhella). Denne nemninga ser ut til å vera avgrensa til somme plassar i Nord-Trøndelag (Stjørdalsbygdene, Leksvika, Namdalen) og på Helgeland. Olav Duun brukar ordet mykje. I ein dramatisk episode i «Storbrylloppe» endar Blind-Anders sine dagar ved å gå seg på hovudet utover «stubrua» når han skal «gjera åt» for skrømt. «Skrømtet» er Ola Håberg, som har kledd seg ut.

8.10.21: Bakkeskyr

Ein hest kan ha mange feil og lyte, og det er ein velutvikla terminologi blant hestfolk om slike ”øykjelyte” som det av og til kallast. I går hadde vi skitsta. Hestar kan vera takskyr, skåkvar og mykje anna. Om eigensapen kanøygd kan de klikke her og lesa: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/15/kanoygd/

Når hesten er bakkeskyr, er han nervøs og redd i bakkane, han spring for hardt på, og det kan rett og slett vera farleg å kjøre med lass i unnabakken med ein slik ein. Han har gjerne vorte øydelagt i temminga. Uttaleformene som er registrert, er bakkeskyr (Hareid, Vestnes), bakksky (Malangen), bakkasky (Sunnhordland) og bakkeskyv (Vestre Slidre). Andre ord for det same er bakk-skjøgg (Roan), bakkebrå (Telemark) og bakkeskjerr. Bakkefør (Norddal) er kanskje noko av det same, det er berre opplyst at hesten da er ”skundig i bakkane”.

”Apropos hæst, kolles e det med mor di?” sa orkdalingen. 

7.10.21: Skitsta

Hesten er skitsta når han stoppar opp for å levere avføringa, og ikkje vil begynne å gå att før han er ferdig. Hans Ross registrerte ordet på Nordmøre i si tid, og i nyare materiale kjenner vi det både frå Tingvoll og Sunndal i denne landsdelen. Så finst det sjølsagt i hestbygda Orkdal, og dessutan er det kjent frå Tresfjord i Romsdal og Sauda i Ryfylke. Truleg ville ein kunne fylt ut dette biletet om ein hadde leita grundigare. I Ringebu heiter det møkkjasta.

6.10.21: Tobbe

Eit gammalt ord for merr, hoppe. Det ser ut til å ha (hatt) eit midtnorsk kjerneområde, med Nordvestlandet, Nord-Gudbrandsdalen, Folldalen og dalane i Sør-Trøndelag. Gammalt også i Hemne. Det kan sjå ut som det først og fremst (og opphavleg?) har vore eit lokke- og kjæleord. Det er tradisjonar om at merra skal ha lika betre å bli kalla «tobbe» enn «merr». Somme plassar fortel dei også at tobbe var eit ord kvinnfolka skulle bruke, medan karane kunne seie merr. Og det er gjerne litt negative assosiasjonar knytt til ordet merr.

Det har vore foreslått at tobbe kan vera ei kjæleform av kvinnenamn som Torbjørg o.l. Alf Torp gjev ingen sikker etymologi, men det kan sjå ut som han meiner det kan ha samanheng med tufs. Norsk Ordbok fører opp fleire tydingar av ordet, og det er tydingar som ‘pjuskete vesen av hokjønn’ etymolog Torp meiner kan vera den mest opphavlege. Her kan du sjå artikkelen i Norsk Ordbok: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=tobbe#ariadne=%5B%5B|461778|,0,|tobbe|]]

«Med graset gror, døyr ho tobbemor», seier eit ordtak.

4.10.21: Merraføl og hestføl

Merraføl er føl (folunge) av hokjønn, i motsetning til hestføl, som er hankjønn (hingstføl). Vi kjem borti gammal folketru her. Såleis har det funnest truer om at dersom det vart mange gutebarn, oksekalvar, bukkekje, hestføl m m, ville det bli eit godt kornår. Omvendt dersom det vart jentebarn, kukalvar, tikselam, merraføl osv.

I Årbok for Meldal Historielag (1977, s. 45) er det fortalt at merraføl jamt vart avliva i eldre tid, det var ikkje marked for overproduksjonen. Blant anna bruka dei berre hingstar i militære. Når noko gjekk skeis i arbeidet, vart klossete utført e.l., hadde dei utrykket «det vart merrføl, ja!». I følgje ein tradisjon var den kjente Vis-Knut med på ein hestskyss med ei drektig merr ein gong, og så velta dei. Da skal han ha sagt at det blir «hoppeføl» når merra velt imot bakken.

Men i Oppdal vil «sætt ti’n et hestføl» seie å slå i nokon ei skrøne.

1.10.21: Gammelstøyt
Gammal kar, gammal gubbe; gamling; eldstemann i laget eller i familien; kårkallen. Om meir nymotens forhold kan det nok også brukast om «seniorsjefen». Kan også vera reint positivt: «Det vart så gammelstøytan mått te» (for å få til noko) – dei gode, gamle, gjæve gubbane. Sitat frå Hitra: «Det vart stilt når gammelstøyt’n kom» – lensmannen måtte ut når fylla var på det verste i jula. Ordet hører heime nordafjells (Nord-Norge og Trøndelag), og det går så vidt inn på Nordmøre også. I Lierne er «gamstøyt» også sagt om gammal ungkar.

30.9.21: Einstaka

Som er for seg sjøl; enkeltståande. I dag vil kanskje somme oppfatte det som eit typisk «litterært» nynorskord, i samband som «ein einstaka gong», «eit einstaka døme» o.l. Men det har nok også eit solid dialektgrunnlag. I Trønderordboka opererer vi med fire tydingar; Norsk Ordbok har heile 9 (og fleire kan det bli, i den kommande revisjonen).

Ein typisk, folkeleg bruk har vi i «ein einstaka gard» – ein gard som ligg for seg sjøl, avsides, langt frå næraste nabo. Det kan ha sine sider å «bu einståkkå» (Stjørdal). Ei særtyding «sjeldant og godt» er oppgjeve frå Meråker. Det skulle omtrent tilsvara «førkunnt» – eineståande godt.

I Sunndal har vi namnet einstakablom om blom, bregne med ein høg stilk. Same namnet registrerer Aasen frå Romsdal.

I Gudbrandsdalen, Østerdalen og indre strøk av Trøndelag er uttalen einståk(k)å eller enståk(k)å. Svensk har enstaka, og norrønt einstaka. Sisteleddet er rett og slett det vanlege ordet stake, meiner Alf Torp og fleire med han.

29.9.21: Abbelurin

Dagens ord kan sjå ut som temmeleg lokalt, men det kan godt hende ein bør leite litt meir før ein slår fast det. Først og fremst er det sanka inn frå Hemne, av solide folk som Kolbjørn Aune og Arne Sødal. Det kan bety litt forskjellig: For det første kan han vera abbelurin med veret – det er utrygt, ustabilt. Kolbjørn Aune har også sett det på trykk i bygdaboka for Hemne: «somme prøva å bruke vinden til drivkraft, men han var for abbeluren og ujamn, blir det sagt» (Hemneboka II, s. 199). Dette var før i tida og er kanskje annleis i dag, men vindkraftutbygginga er sterkt omdiskutert, veit vi. Også magen kan vera abbelurin, opplyser Kolbjørn Aune, og vidare har han eit eksempel «han e lite abbelurin na bokkjen» – rang, vond og ikkje å lite på. Arne Sødal nemner at eit arbeid kan vera abbelure – rangt og vanskeleg å få til. Vi har også ei opplysning om at noko kan vera akkelure, altså litt rangt eller vanskeleg. Dette kjem frå Aure, nærmare bestemt gamle Stemshaug, og er i godt naboskap med Hemne.

Første delen i abbeluren kan knytast til eit verb å abbe, som er notert frå Vestre Sildre: «Dæ abba so mæ di» – om vêret når det kan sjå ut til litt av kvart. Bakom dette ligg truleg norrønt abbast, som betydde ‘argast, bli sinna’, men også ‘terge’.

Da dei skulle få den flotte ordsamlinga til Bjarne Østbø i Surnadal på trykk, styrte Sverre Hatle ein språkspalte i avisa «Driva» der dei etterlyste fleire tilskot til samlinga. Der var dei på sporet av noko da dei fekk informasjon frå Eidsvåg om ein abbelure, ein som er abbelurin. Det kom respons som tyda på ei form appelurin («han e no appelurin i dag», om vêret). Men noko meir kom det visst ikkje ut av det, og ordet er ikkje ført inn i «Ord te gagns».

Abbeluren har oppslag i Norsk ordbok band 1. Men no veit vi litt meir, slik at artikkelen kan byggast ut ein del i den reviderte versjonen.

28.9.21: Einlet(t)

Ei samansetning der sisteleddet er avleidd det gamle ordet let for farge. Det tyder einsfarga, eller med same fargen (leten) over heile. Ein kan t.d. ha ein einlett kjole, og den kan vera einlett blå. Ordet ser ut til å vera særleg godt kjent på det indre Austlandet (Gudbrandsdalen, Østerdalen m fl), men det går også inn i Trøndelag og på Nordmøre. Det nærskylde og synonyme einleta ser ut til å gå noko vidare, å dømme etter heimfestingane i Norsk Ordbok (ordboksartiklane og bakgrunnsmaterialet).

I Romsdals Budstikke sommaren 1945 ser vi at «feittprosenten viser nedgang for einlett fe og oppgang for sida fe».

27.9.21: Galenheie («gælnhei»)

Skjellsord som i hovedsak betyr to ting, alt etter kva ein legg i ‘galen’. Mest utbreidd er det om ein vilter, ustyrleg person, særleg jente. Dette finn vi både norda- og sønnafjells. Til og med i Oslo: «Hun kunne fly med ungene som den verste gælneheie, men straks et voksent menneske viste seg, jo takk, da stod hun rolig, da så hun ikke opp» (Oskar Braaten: Ulvehiet, s. 141).

Men så kan det også knyte seg til tydinga ‘sint’ av galen. Da blir galenheia ein illsint skapning (ikkje berre av hokjønn), ein sinnatagg. Dette hører nok helst til Trøndelag. I Oppdal har ein her varianten ei galnheis’.

I Fosen somme plassar kan dei kalle ei som er vilter og ustryleg for ei skåttahei‘.

Men kva er så denne heia for noko? Ho finst også usamansett: Ei heie kan vera ei som er kvikk og livat, men også ei som er bråkete og fjollete. Det er foreslått at det kan vera samanheng med heiden, slik at ei heie opphavleg har vore heidensk, og deretter vill, ustyrleg m.m. Ein slik person kan også kallast eit heiebeist.

23.9.21: Om å fara allstads

Mange gamle ordtak og talemåtar er mynta på den som fer og snokar over alt. Denne versjonen er frå Bud i Romsdal: «han so he allstan nasin, e ingjinstan velkåmin». I Oppdal lyder det slik: «han har allstan ofærre, å æ inginnstan vælkåmme». Kan passe på ungar som skal rote borti alt («ofærre» = ufare, som ikkje er fare over eller undersøkt enno).

Den som fer overalt på denne måten, må vente seg litt av kvart, åtvarar ordtaka om: «Deinn som vil aillstass snåkkå, fe imist småkkå» (Haltdalen), «den som allstess ska snåkkå får ømsi småkkå» (Malvik); «den så ska allstan snaka, får ømse smaka» (Surnadal); «dennj som alljsta snåttå, får nåkkå småkkå» (Leksvik); «den som allstan har eringja (ærendet), bli så ømse fer» (Tingvoll). Eit par andre variantar: «den som allstan vanke, han nokka sanke» (Hitra), og «den allestad rotar, fær flis i nosi» (Gamalt or Setesdal).

Ein får i alle fall erfare at «det e itj allstan lik æns», som det heiter i eit gammalt trøndersk jungelordtak.

22.9.21: Snapp og snau/snipp og snau

Tom, lens, fri for; som ikkje har noko; som har mista alt; også blakk, penglaus. Desse uttrykka, med fyndig bokstavrim, er først og fremst belagt nordafjells, det med snipp (snepp) går også nedover Vestlandet. Eldste belegg på «snapp og snau» er i ei ordsamling frå Vesterålen i 1698.

Hans Hyldbakk skreiv denne helsinga til seg sjøl på 75-årsdagen:

«Ver helsa, du som fyller år og vart ein gammal mann.

Kven kunne tru i livsens vår at du slik heider vann?

For du var fødd så snapp og snau i snoen frå ei bygd som baud

så mager sommarlovnad og lite laurbærlauv» (heile diktet står i «Lauvfall i Litlsalen», s, 31, og i «Dikt i samling», s. 264).

Vi kostar på oss eit par eksempel til: «Han æg snapp å snautt de’n går ti» (Stjørdal), og «det va 40 000 fer snapp å snau går’n» (Verdal) – for berre sjølve garden (utan avling, buskap og reiskap)

21.9.21_ Flågrunn (flågrunt)

Dette adjektivet er bruka for å beskrive grunne sjøbukter der botnen hallar lite. Flågrunt betyr såleis det same som langgrunt, utgrunt. Målføreopplysningane er veldig spreidd, så dette har nok vore vanleg språkbruk ganske mange plassar. Og ikkje berre på kysten, det viser belegg frå Valdres og Høylandet. Det kan sjølsagt vera flågrunt også i ferskvatn. Vi tek med eitt eksempel: «Det er flågrunt og veldige fjærer langs hele Skagelandet» (Namdal Arbeiderblad 31.3.1961).

Førsteleddet er adjektivet flå ‘flat, jamn; med slakke sider’. Til adjektivet flågrunn har vi også substantivet flågrynne.

20.9.21: Grosø

Væske som kjem fram i eit større sår som gror og er i ferd med å fylle seg. Einaste opplysninga om dette ordet er i setelarkivet til Norsk Ordbok, innsendt frå Vegårshei. I ordboka er det normert til gro-sod.

16.9.21: Bestemorlov

PÅ 1990-talet ser det ut til at Bestemorloven kom inn som eit nytt begrep. Det skulle vera det motsette av Janteloven, og gjekk ut på å skryte av og belønne folk som hadde gjort noko positivt. Det er vanskeleg å seie om dette berre var eit blaff, ein kortvarig mote, men tanken var jo grei nok.

No finst det også ein meir tradisjonell bruk av «bestemorlov». I Verdal var å «bruk bæssmorloven» å ta seg til rette, operere på kanten av det tillatne.

Så langt har vi å gjera med hann- og hokjønnsordet lov ‘rettsregel m.m.’. Men vi har også eit inkjekjønnsord lov ‘løyve, tillatelse’, og det er dette som kjem i uttrykket «ta seg bessmorlov». Det vil seie å ta seg lov til noko ein eigentleg ikkje har lov til. Bestemødre har jo ord på seg for å skjemme bort barnebarna, så fenomenet er kjent. Men akkurat uttrykket å ta seg bessmorlov ser ut til å vera avgrensa til Tydalen, Selbu og Stjørdalsdalføret. Sisteleddet er også uttalt -löv, -læv. UL Vårfryd i Gresslia i Tydal førte i 2014 opp revyen «Mi te oss bæssmorløv».

No og da finn uttrykket vegen inn i avisspaltene. I Adressa 27.7.1979 fofrtel selbyggen Peder Sirås i eit intervju at han som liten gut likte å skjera ut saker og ting med kniv. Dette var ikkje så populært, men han tok seg bessmorlov og skar likevel. Og i Trønder-Avisa 6.3.1969 har vi ei som seier ho er husmorvikar på «bestemorlov», fordi ho ikkje har husmorvikarskulen.

15.9.21: Skuvrande

Rygg som isbreen har skuva med seg; morenerygg. Eit godt ord som er og har vore bruka i Gudbrandsdalen, kanskje helst i Vågå og Lom, av reinsjegerar og fjellfolk. Ordet har også dels vorte adoptert av fagfolk: «En endemorene eller en skuvrande har i sin mest karakteristiske utforming en bratt proximalkant, som i en dal er formet rundt en bueformet brefront, konkavt mot brebevegelsens retning» (Norsk geografisk tidsskrift 1942, s. 245).

Ein rande er ein jordrygg i ei fjellside. I Nordfjord og Sogn finst eit anna godt ord for morenerygg, nemleg bregard.

På bildet ser vi ein skuvrande frå Grønland (henta frå Wikipedia)

14.9.21: Røffel (ræffel)

Slik definerer Norsk Ordbok det: «kvass irettesetjing; refsing, skrape, overhøvling». Ja, når ein får røffel, blir ein sett skikkeleg på plass, ein får høre nokre sannheitsord. Målførestatusen til dette ordet er litt uklar – det er flest opplysningar frå Trøndelag, men spreidd: (Hemne, Hitra, Oppdal, Stjørdal). Og litt frå somme andre plassar.

Det er snakk om import frå tysk rüffel, som igjen er laga til verbet rüffeln. Dette i sin tur kan henge i hop med det lågtyske ordet ruffel, som betyr skrubbhøvel. Også på norsk kan vi ha det som verb: å røfle opp, og som verbalsubstantiv: å få røfling. Så finst ein variant ræffel, både som substantiv og verb. Her er det kanskje påverknad frå rifle.

10.9.21: Brevsynt

Den som er brevsynt, kan lesa skrift, og særleg handskrift, som det jo helst var i brev. Gammalt ord som heldigvis ikkje er så aktuelt lenger, sjøl om vi finn det i ordbøkene. Men tilbake på 1800-talet var det alltids spørsmål etter dei som kunne lesa. Det hendte f.eks. at folk måtte gå til ein brevsynt person for å få opplese amerikabreva som kom. Den som var både brevsynt og pennefør, vart ein viktig ressursperson i lokalsamfunnet. Eit anna ord for lesekyndig er boksynt, men det var kanskje ikkje fullt så vanleg.

9.9.21: Det har slonge for øran

«Det slång mæ for øran» vil seie at ein har hørt det, fått det fortalt, i forbifarten. Slik er det sagt på Hitra, og heilt tilsvarande har vi frå Selje i Nordfjord: «da slong meg for øyrå (at han far din skulle kome heim til sommara)». «Det var noe som slang for øran» står det i Stjørdalens blad i 1998 om eit rykte som gjekk. Frå Stangvik på Nordmøre er notert «det he slångje færbi» om noko ein har hørt om, hørt gjete.

Frå meir «offisielt» norsk kjenner vi seiemåten «det har komme meg for øre». Det er vel truleg at uttrykka med «slenge» er ein meir uvøren, saftig variant.

8.9.21: Fundersam

Som har det med å fundere; ettertenksam, grublande, tankefull, tvilrådig. Mnge forfattarar har bruka det, som Olav Gullvåg, Alfred Hauge, Mikkjel Fønhus og Hans Børli. Her har vi Jacob Breda Bull: «Ola snudde sig langsomt og gikk ut. Der ute blev han stående lenge fundersam og stirre. Du skulde se, han begynte å bli gammel, at han kunde glemme slikt!» (Romaner og folkelivsskildringer 6, s. 63).

Ordet er kjent i svensk, og det er såleis kanskje ikkje tilfeldig at dei reine målføreopplysningane vi har om det, er frå Trøndelag og det indre Austlandet. Men det er ikkje så mange.

Det er avleidd med suffikset -sam til verbet å fundere. Andre slike avleiingar av verb eller verbrot er hjelpsam, sparsam og trøysam. Desse orda betyr gjerne at ein gjerne gjer mykje av det som grunnordet nemner. Men vi har også avleiingar av substantiv (som alvorsam, brysam) og adjektiv (som langsam og tungsam).

7.9.21: Frå riset til stauren

Når nokon «ha vokse onna rise og poinn staur’n» (Hitra), kan dei tola hardare tukt, strengare åtgjerder. Samme uttrykksmåten er oppskriven i Velfjord på Helgeland, der er det sagt at det er mynta på tenåringar. Frå Aure på Nordmøre er varianten «å væks efrå risa og oppoinn staur’n» – om slike som ikkje retta seg etter åtsnakk som barn, og som fortsette slik i vaksen alder.

6.9.21: Blekke/blikke seg (blidke)

Snarsinte folk er heldigvis gjerne slik at dei «blekka» seg ganske fort. Når ein har blekka/blikka seg, har ein vorte blid att, i alle fall blidare enn ein var. Det er nok nesten å rekne som eit allmennorsk ord. Å blekk-te-att nokon er å gjera ein annan enn seg sjøl blid. I Verdalen også å blekk-opp-att nånn. Men å blikke/blekke seg i sitt eige skinn, eller i samme skinnet, er å bli blid att av seg sjøl.

Det kan også ha refleksiv form: å blekkast/blekkes te. Og så hender det (heldigvis også her) at vêret også blekka/blikka seg.

Naturlegvis er det sammenheng med ajdektivet blid, og det stammar frå norrønt bliđka. Avleidd med eit såkalla suffiks som viser at det må vera nokså gammalt.

Leif Halse fortel om ein prest på Nordmøre i gamle dagar som var snarsint, men som «blekka se» fort. Han spurte ein konfirmant på ovderhøringa kor mange gudar det var. Stakkaren tenkte nok på treenigheita, og presterte å svara at det var tre gudar. Presten fauk opp i sinne: – Vet du da ikke, ditt lange rekel, din elendige himmelhund, ditt trege porkhau, at det bare er en gud, mitt kjære barn?» Han «blekka seg» før han hadde fullført setninga.

2.9.21: Å gje bakarbarna brød

Ordtaket fortel at dette skal ein ikkje gjera, det er stygt, eller synd: «de e støgt å gi bakarbana brø» (Stjørdal), «de e synn å gji bakarbånnåm brø» (Sparbu), «‘n ska itt gi bakarboimmøm brø» (Haltdalen) – og så vidare, i mange utformingar. I Leksvik seiest det at «de e som å gi bakarbane brø». Ivar Aasen har «d’ er ikkje verdt å giva Bakarbarnet Braud»

Meininga med dette er at ein skal ikkje gje til den som alt har rikeleg. Det blir som å bera vatn til elva. Oppslagsverka reknar med at det er eit norsk sannheitsord, men det finst visst også i islandsk: «ekki Þarf ađ gefa bakarabarni brauđ».

1.9.21: Fetalje (føtali, føtåli)

Eit par plassar i Trøndelag er det registrert eit litt merkeleg ord som betyr matvarer, proviant, forråd, «levnetsmidler» e.l. Det er «føtali» i Budalen og «føtåli» i Meråker. Dette er eit gammalt ord som vi finn som «fetalje» i ordbøkene. I svensk har dei det, og likeeins i eldre dansk. Ivar Aasen nemner ordet, og han kan vel ha hørt det på Sunnmøre. Peter Dass har det i «Nordlands Trompet»: «De droge tilbage, forkynded den Sag, Bejamred sin store forgjeves Umag, Hvad Kost og Fetalje anlanger»

I eldre dokument finn ein det særleg om skips- og soldatproviant. Det kjem av latin victualis ‘det som trengst til livsopphaldet’, til victus ‘næring’, som igjen kjem av vivere ‘leva’. Vi får vel seie det har gått ein lang veg frå latin til norske dialektformer, men slikt er ikkje så aldeles uvanleg.

31.8.21: Det verken løyse eller bett

Uttrykk som fortel at noko ikkje har noko å bety, det er berre småting, som ikkje har vesentleg innverknad. Arnfinn Aune på Hitra forklarer setninga «de her værken løyse eller bett» som at da er det inga løysing, det forandrar ikkje saka, det er for seint i alle tilfelle (f. eks. om eit forslag som kjem). Andre variantar: «de gjær værken de løyse heill de bett» (Inderøya); «dæ gjær korkje de løse einn bett» (Meldal).

I avisa Innherreds folkeblad og Verdalingen stod 30.1.1970 om den kjente vukubyggen (i Verdal) Ole Hjelde (1831-1925). Han var aldri til dokter. Om han skadde seg under snekkararbeid, slo han i såret frå ei flaske politur han hadde. Og når det var snakk om ungdommar som gjekk til dokter, bles han: «det bli berre fluggu tå alt». Ein dag han kjente seg uvel, hadde kjerringa etter mykje strev fått overtalt han til å ta medisin (det var nafta eller kamferdropar). Etterpå stod han og kjente etter, knapt eit halvt minutt, og så kom det: «Æ kann itt kjenn verken det løyse eller bett».

30.8.21: Å jamne laget

Sørge for at det blir likt for alle; skapa balanse eller likestilling. Omtrent slik er uttrykket forklart i Norsk Ordbok. Det er ikkje mykje å finne om det. Ordboka har belegg frå telemarkingen, kulturhistorikaren Rikard Berge, og ei ordtaksamling frå Inderøya. Men her kjem tradisjonsberaren Arnfinn Aune på Hitra oss til hjelp med eit godt eksempel: «Kjerringa låg klein mesta eit heilt år. Da ho endeleg var frisk, vart mannen liggande. Da sa kjerringa: – Der sjer du kall, sjøl mann han jamne lage». Det er nok Vårherre som er «sjøl mann» her.

27.8.21: Gale kjørt og rangt velta

Nokså nådelaus larakteristikk av noko som er «rangt gjort eller mislykka frå ende til annan» (Norsk Ordbok). Utan at ting nødvendigvis går meir skeis der enn andre plassar, ser det ut til at uttrykket er best kjent i Trøndelag og på Nordmøre. Men det er også enkeltopplysningar frå Gudbrandsdalen og Nord-Norge.

Den eksakte utforminga kan ymse noko: «rangt kjørt og gale velta» f.eks., «gæli kjørd og vær’ velta» (Ivar Aasen har ein liknande versjon); «gæli snudd og rangt velta» (bl.a. Duun). Aasen har også registrert «gali gjort og rangt oppsett». I det gamle agitasjonsskriftet «Olaboka» står ei avkorta utgåve: «kjøm dom i Kassamangel naa, saa maa de vaaraa gæli kjørt».

Forfattarar har gjort seg nytte av det, slik vi alt har sett hos Duun. Falkberget let Ol-Kanelesa beskrive seg sjøl i ei tung stund: «en stakkar som støtt ha kjørt gali og rangt velta».

Og uttrykket lever! Så seint som den 31.10.2020 støyter vi på det i eit innlegg i avisa Sør-Trøndelag. Forfattaren er kritisk til planane for ny travbaneanlegg i Orkdal, og «har en dyster følelse av at dette prosjektet kan gjøre seg fortjent til den orkdalske betegnelse «gæle kjaurt og rangt velta»». Samtidig lurer han på kor kornjorda skal veltast – .

24.8.21: På vidåker

“Kåmmå/fårrå på viåker” er eit nokså sjeldan uttrykk for å komma på vidda, på vidvanke, tulle seg bort. Det er nokre få opplysningar om det frå Inntrøndelag (Stjørdal, Sparbu). Men Ole E. Rølvaag har bruka det, i ein dialektreplikk: «Vi e bære onga einno i Amerika. Slæp du sånn kara ut på verdens vidåker, e da ondt å vedd ke de kan find på!»» («Peder Seier>», s. 248).

Vi kjenner jo uttrykket «på vidotta/vidåtta» om det same. Dette går tilbake på norrønt víđáttá, der sisteleddet er uklårt. Kanskje har ein bytta ut eit dunkelt sisteledd med det meir forståelege -åker.

20.8.21: Krokspringe

Natrurlegvis betyr dette å springe i krokar, som ein kan gjera for å spelle unna forfølgjarar og til og med kuler. «Eg kroksprang millom buskene» (Olav Sletto: Per Stavlang, s. 7). Men så har vi det også i ein litt annan brruk, med objekt. Du kan krokspringe nokon – springe i ein krok eller omveg for å komma framom, ta att og stengje av (avskjera): «Vikin, som var lett som ein mygg i fotom, skulle krokspringa kua fyrste gongen» (Årbok for Gudbrandsdalen 1959, s. 82).

19.8.21: Tunnere (tonnere)

Bråke, husere, herje, ture fram, bruke kjeft m.m. Typisk for ungar i aktiv, fysisk leik. Ein stødig informant frå Overhalla, Johan Steen, fortalte at da dei var ungar, fekk dei ikkje lov til å «tonner i nornsømntida» (middagstida). «Dom speller grammofon og danser og tunnerer», heiter det hos Hans Børli («Det small et skott», s. 16). Om kjeftbruk fortel dette gamle eksemplet frå Johan Bojer: «Han bandte og tunerte som en tyrk» («Gamle historier» (1901), s. 9). Og i Singsås kan dei «tønnere på ongænn». Men det kan også brukast om styggver som rasar: «Kaillhustrinn vinnfuka tonner i teillom» (Andreas Bøgseth: «I setrom», s. 74, på målføre frå Snåsa).

Som vi ser, kan det uttalast både tunnere, tonnere og tønnere. Det kan sjå ut som det har eit kjerneområde i Trøndelag, der det er flest opplysningar frå. Men det er også litt å finne om det austafjells, og spreidd her og der elles. I svensk finst tonnera og tornera brukt på liknande måte. Vi har å gjera med ei omforming av turnere, og det har vel utvikla seg frå den turneringa som gjekk for seg i riddarturneringane. Det var sikkert eit syndig leven der. Ytst kjem vi til latin tornare ‘snu, vende’.

18.8.21: Vindslætt (vindslit)

Dette ordet hart vi først og fremst frå Stjørdalsbygdene. Det vil seie frisk vind (gjerne austavind om hausten) med nokre regndropar atti. Vinden slit med seg litt regn, kan ein seie. Men vi har også ei oppplysning om det frå Flå i Gauldalen. Informanten derifrå fortel at det kunne komma frisk vind med litt regn medan dei dreiv og kjørte høy, og dei var redde for at det da vart slutt med høykjøringa. Men da kunne husbonden roe ned med at «det er berre vindslett» – det vart ikkje noko av det.

Vindslit har også ei anna betydning, helst blant fagfolk, nemleg det at vinden slit på skog og annan vegetasjon og kan skada han.

17.8.21: Farkhol

Ussel, farleg, dårleg plass, seier Johan Hveding i Håløygsk ordsamling. Det kan vera ei dårleg hamn, ei skral lei m.m. «Dette naustet er eit farkhol, med draugar og skrømt» (Årbok for Helgeland 2012, s. 106, i stykke av forfattaren Jon Klæbo. Ein pensjonist i Namsos klagar i Namdal Arbeiderblad 22.1.1981 over manglande brøyting: «Vi bor nemlig i et «farkhol» når det gjelder snø, spesielt i en sånn snøvinter som i år». Også Magnhild Haalke har sett ordet på prent. Fleire stadnamn Farkholet (i alle fall i Surnadal og Nærøysund kommunar) myntar vel på «farkar» som skal ha hatt tilhald der.

Kolbjørn Aune frå Hemne har skrive opp farkhol om eit hol i kjøreveg. Det er vel gjerne slike dei kjem borti, dei som uhappar seg på sykkel, rulleski og el-sparkesykkel.

16.8.21: Som merra den blinde

Som berre det, alt ein orkar, intenst, tankelaust. Ein kan eta og drikke som merra den blinde – utan magemål, men også springe, kjøre, stå på, ja, til og med lyge og snorke. Veldig mange forfattarar har brukt dette. Vi plukkar eit sitat frå Jon Michelet: «Da må alt som kan flyte og røre på seg av norske skuter, bare seile på som merra den blinde»(Blodige strender, s. 23). NAOB seier at det «muligens» kan vise til praksisen med å sette skylappar på hesten. Eg har ikkje noko betre forslag.

På trøndersk område ser det ut til at varianten «som merra blind» er mest brukt. Denne finn vi både hos Duun og Falkberget, men også hos ikkje-trønderen Vinje.

13.8.21: Dra tømmerstokkar

Når nokon snorkar høglydt, hørest det gjerne ut som dei held på med eitkvartslags tungt arbeid. Derfor er det ikkje unaturleg at dette kan bli omtalt som å dra tømmerstokkar. Norsk Ordbok har dette frå Porsgrunn, Eiken og Orkdal, men det finst sikkert fleire andre plassar. Her er eit sitat frå Adolf Skramstad («I Storbygda, 1914, s. 107): «Og ‘n Tore sov. Hæin laag vid-opin og drog tømmerstokker saa det dundret ti vægger og tak».

I Voll i Romsdal er å dra tømmerstokkar noko anna. Det er noko ein kan bli nødd til å gjera i leiken «bete tå grisa». Da får deltakarane tildelt ein bete av grisen, f.eks. trynet eller spelen, og så kjem ein annan og fortel kva dei skal bruke denne delen til. Dette skjer i stillheit, og etterpå skal dei fortelje openlyst kva dei har fått og kva dei skal gjera. Dette kan sjølsagt bli komisk, men den som flirer, må gje frå seg ein ting i pant. For å løyse inn pantet må han eller ho dra tømmerstokkar, som her vil seie å sette panna hardt mot ein vegg og dra ho fort nedover. Da hørest det som ein dreg tømmerstokkar på tela mark, og det er sikkert vondt. Også frå Nordre Land er det opplyst at å dra tømmerstokkar er å gnure panna mot eit glas eller ei dør. Men det er ikkje sagt at dette er knytt til ein leik.

Å kjøre kavastokkar er noko anna. I følgje Leif Halse er det å sipe og gråte.

Uttrykk for høg snorking kan også vera henta frå fiske: å dra hyse, dra ballfisk eller vera på hysmedet.

2.8.21: Firholing

«Du lyt no få ein firholing, no!» Slik kunne det bli sagt heime i Sunndal når nokon serverte ei grov skrøne. Eventuelt «du slo no vel ein firholing, no!» Da blir jo firholingen sjølve skrøna.

Men ein firholing er ein knapp med fire hol, og det er denne som da blir «lønna» eller «påskjønninnga» for å komma med ei skrøne. Denne talemåten ser ut til å ha vore nokså utbreidd. Hans E. Kinck skriv om hardingane: «De har f.eks. – eller hadde – en skik, når de ville antyde at en sat og skrønte: de trak stille op sin kniv, skar av en bukseknap med fire hul i og rakte ham den i taushet. Haringen var altid færdig med ‘firholingen'». Kinck forklarar det også: «firholing – knap med fire hul (leveres skrønemagere som tegn paa at man ikke har lat sig binde noget paa ærmet)». Somme plassar kan ein få ein firholing også for eit godt påfunn, for å ha gjort ei tjeneste m.m. På Nordmøre er ei firholingsregle ei skrøne som er verdt ein firholing. På Nøtterøy skulle det bety lykke å finne ein firholing, akkurat som ein firkløver. «Dæm e konstaug (hendt, kunstferdig) no for tida,» sa ein stjørdaling da han fekk sjå ein firholing.

Dei som kolporterer «fake news» i dag, skulle hatt seg ein firholing eller to.

11.8.21: Trast og long’

«Kom inn å åtå trast, ho mor ha koka lo’ng, sa guten» (Ola J. Rise i Oppdalsboka). Dette ordspelet er også notert ned i Stjørdalen, men elles ikkje. Det er verken snakk om fugl eller fisk, om nokon skulle tru det, men to tidsadverb. Trast er ikkje fuglen trost, men ei dialektform av straks, truleg via former som strakst. Og long’ er ikkje fisken lange, men adverbet longe ‘for lenge sidan’. Ein må altså komma inn og eta med ein gong, for mor har koka ferdig maten for lengst.

Ein annan gut vart spurt etter første skuledagen: Du kjem no vel til å bli lei av dette? – Å, eg er no long’ sia lei, sa guten.

10.8.21: Å ljore

Ord som beskriv når det lettar opp, lysnar i skyer eller skodde slik at ein ser ein flekk med blå himmel. Uttala ljøre, jøre, løre, lyre o.l. «Skodda jøra», «han jøra ti skodda», «han løra frå nora» (Vågsøy) – det lettar opp frå nord. Ordet er registrert på Vestlandet frå Hardanger til Nordmøre (det siste berre frå Hans Ross, ikkje i nyare tilfang), men mest frå området Nordfjord-Sunnmøre-Romsdal. Så hoppar det over Trøndelag, men finst att her og der i Nord-Norge. Olav Aukrust er den einaste forfattaren som har brukt det, ser det ut til: «gjev det ein gong måtte ljore blått i sky mot ein himmel blank og ny» (frå «Hamar i Hellom»). Språkleg heng det naturlegvis i hop med ljoren, som er røykholet og lysopninga i taket i somme gamnle, einetasjes hus.

Når det ljorar i skodda, blir det klårhol. Om dette og andre ord for det same har vi skrive før: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/08/23/klarhol/

9.8.21: Varbrok

Ekstra brok til å dra på seg utapå når ein skulle ut i kulde eller styggver. Godt ord, men lite og spreidd belagt (Valdres, Haltdalen, Tresfjord). I bygdeboka for Haltdalen er det fortalt om ein uheldig reinsjeger som fekk sjå ein hop med rein. Men han tykte det var så kaldt å legge seg ned og sikte at han nmåtte opp og ha på seg varbroka først. Men innan han var ferdig med den operasjonen, hadde reinane sjølsagt stroke sin kos.

Var- betyr her ‘vern’. Eit putevar er eit vernande overtrekk. Eg for min del har overtrekksbrok – i stil med bankkontoen.

6.8.21: Evigheitsfonn

Anna ord for snøbre, fonn som ikkje tinar bort. Eg har notert dette frå Sunndalen. Ei eldre form er nok «ævelegfonn», som Hans Ross (1895) fører opp frå Nordmøre. Æveleg betyr jo nettopp evig. Frå Voll i Romsdal har vi ein «evelebree», innsendt til arkivet for Norsk Ordbok. Bygdaboka for Voll har «evelsbre».

I fjella ved Eikesdalen, like ved Mardalen, finn vi Evelsfonnhøa, som sikkert har same bakgrunn. Her er det ein snøbre markert på kartet. Det er vel også tilfdelle med Evelsbreden/Ævelsdalen mellom Vatne og Brattvåg.

Men i dag spøkjer det kanskje for mange av dei ævelege evigheitsfonnene.

4.8.21: Forsvoren ting

Å forsverje noko er det same som å avsverje, nekte for at noko er muleg. «Det e no vel færsvåre!» sa dei gamle heime om noko dei ikkje trudde kunne vera muleg. Det finst ein talemåte i ordtaksform som kan lyde f.eks. slik: «fersverri teng går helst omkreng» (Verdal) eller «fårsværre teng går fortast ikreng» (Oppdal). Ordtaket har vore vanleg over heile landet, skal ein tru Norsk Ordbok. Ivar Aasen har det frå Vestlandet. Det som ligg i denne utsegna, er at det som ein har svore på ikkje kan skje, er det som lett kan hende likevel. Det kan gå troll i ord. Ei tilleggsforklaring frå Oppdal er at det som skal haldast hemmeleg, er det som det blir snakka mest om.

1.7.21: Raurævpåte (raudrauvpåte)

Påte er eit namn på flåtten som stort sett er avgrensa til Nordmøre. Det skal visst henge ihop med eit verb å pota, som bl.a. betyr å stikke. Men her kjem eit meir sjeldan ord, ein «raurævpåte». Dette er også frå Nordmøre, og skal ha vore sagt om hoa til flåtten, som har raud bakkropp. Det er biologane Reidar Mehl og Per Bergan som har sørga for at denne opplysninga kom inn til arkivet for Norsk Ordbok. Insekteksperten Mehl har vel komme over det under feltarbeid. Elles har vi ikkje meir informasjon om det.

30.6.21: Dravelant (drevelant)

Hardt slag, dask, kilevink. Ofte = ørefik, men ein slik dask treng ikkje nødvendigvis treffe berre øret. Stort sett avgrensa til Trøndelag, og mest i nordfylket. Så er det ei enkeltopplysning frå Nordmøre (Tingvoll). Drevvelant er vel så vanleg uttale. Andre former er drevvilant (Verdal), dravvelanns (Stjørdal) og drevvelink (Sparbu).

I «Trønderordboka» har vi antyda samanheng med dravat ‘basketak’, som vi kjenner frå Ibsens Terje Vigen. Han hadde «døjet mangen dravat». Det har vi fått gjennom nederlandsk travaat, som igjen har det frå fransk og portugisisk, med tyding ‘kastevind, orkan’. Til oss må det vel ha komme med sjøfolk.

Men Ragnvald Iversen er nok inne på noko vesentleg i «Lånord og lønnord hos folk og fant». Her skriv han om dravelant: «Dravelanten hører til de «ekte bastarder», som vi ikke har så rent få av i språket. Grunnordet er uten tvil verbet «dra (til)» = slå (til); ved utviding med et romaniserende suffiks og innskuting av en trykklett mellomstav(else) … har vi så fått den uorganiske form dravelant. Slike språklige bastarder har vi også i ord som slabbedant, kladasi o.fl.»

Her kan ein vel føye til at forma drevvelant o.l. også kan vera påverka av «å drive til (nokon) = slå til. Det er kanskje slik den gamle redaksjonen i Norsk Ordbok har tenkt når dei har oppslag både på dravelant og drevelant.

Draveleis i slik tyding er ført opp med markeringa «dialektalt» i Det Norske Akademis ordbok. Men det ser ut til å vera svært sjeldan.

29.6.21: Massingaugo, massinglet

Eit gammalt vêruttrykk i Sunndal var «han gjer massingauo». Det er når vêret brått letnar og sola kjem fram, og det har vore rekna som eit styggvêrsvarsel. Den karakteristiske (grøn)gule leten (fargen) på massing har vi også i eit vêrmerke nemnt i bygdaboka for Voll i Romsdal (bind III, s. 54): «Massinglet på sky og skodde varsla storm». Men koparlet på sky og skodde varskla regn, får vi vita.

28.6.21: Forkila

Forkava, forstyrra, stressa, oppjaga, forskremt. Ordet er nokså vanleg i Trøndelag og går inn på nordmørsrgrunn. Forfattaren Kristofer Uppdal har brukt det mykje. På Sunnmøre finst det i forma forkilt. Vi kan illustrere det med eit vers frå diktet «På bertur», trykt i Steinkjer-Avisa 13.10.1992:

Med æ gjekk og kopa kom

det ein kall med spainna tom,

hain va blid og glad og itj det slag forkila.

«Ber det har vi da frå før

men æ samle godt humør,

bertur det e bærre trivligheit og kvila»

Opphavleg vil vel forkila seie at noko har kilt seg fast. Eg har hørt det brukt slik, f eks at «geværet har forkila seg».

25.6.21: Reise gjest

Manøver som katta gjer når ho vaskar seg. Da stikk ho den eine bakfoten opp i veret og sleiker seg atti låret eller bakenden. Ein trudde da at katta venta framandfolk. Det er særleg ordboksmannen Hans Ross (1895) som har komme over mykje om dette. Han nemner «reise gjest» frå mange plassar: Follo, Hadeland, Hallingdal, Vestfold, Telemark, Agder, Sunnmøre, Romsdal og fleire. Frå Romsdal har han herma «katten reise gjest, nasinn e rauvinn nest». Det kan også heite å sette opp gjest, i Agder dessutan å peike gjest. På Nøtterøy var det sagt «jaså, reiser du gjest?» som kommentar når nokon datt. I Telemark og Agder kunne ein beint fram bruke verbet å gjeste om dette. Somme seier at bakfoten på katta skal peike i den retninga gjestane kjem frå.

Ein variant er å gjera (sette opp, rette) gjestespjot (-spyd), frå Telemark, Hardanger og Voss. På Jæren sa dei at katta «sette opp ein gjestaspjæle», og forfattaren Jens Tvedt frå Sunnhordland har å sette «gjestaspret».

Katten er kjent i folketrua som spåmann. Det kan vera nok at han berre vaskar seg utan å gjera denne operasjonen, gjestar vil det komma lell.

24.6.21: Ein uttu kvart badsturike

Noko som er tilfeldig raska saman frå alle kantar. Det er målføreoppplysningar om dette frå Innherred (Ytterøya, Inderøy og Ogndal). I avisa Sør-Trøndelag den 27.6.1929 kan vi lesa i ein omtale av eit songarstemne i Melhus den 22. og 23. same året: «Alle mannskora kom so fram. Der kom det likso tydeleg fram som i blandakora at det var «ein fraa kvart badsturike». Den samanstøypte einskap og heilskap i klang og farge var ikkje so god som ein med rett kunde vente».

Det er mange forskjellige uttrykk for dette, som f.eks. «ein finn ifrå kvar fjerding». Nils Arne Eggen sa om samansetninga av eit fotballag ein gong at det var «ein fark tu kvar bygd».

23.6.21: Ordet og dasken

Uttrykk som fortrel at det er kort veg frå tanke (eller særleg ordre, påbod) til handling. Det er kanskje mest bruka i Nord-Norge, men det går også inn i Trøndelag, først og fremst Namdalen. Noko namdalsforfattarane Olav Duun og Magnhild Haalke har gjort seg nytte av. Men også Adressa (5.4.1957) hadde det som overskrift på ein notis om ein verdaling som hadde klabba til ein annan berre fordi denne spurte om han hadde sett ei bøtte og eit tau.

Dette myntar jo på snarsinte folk som forlangar å bli lystra med ein gong og er snare på labben. Det er altså ikkje langt mellom ordren og smellen. Ein slår først og spør etterpå. Strenge foreldre kunne nok også få denne karakteristikken. Her er eit sitat frå Asbjørn Sybwad: Møljekalas og andre historia, s. 15): «han derre fanejunkern, han var snarsijnt – så det va ‘kje langt meilla ordet og dasken»

21.6.21: Einhøv(d)

Når ein er einhøv eller einhøvd med eit arbeid, er ein i stand til å greie det aleine, utan hjelp. Ordet er visst kjent berre frå Namdalen (både indre og ytre), med ei enkeltopplysning også frå Snåsa. Som ein kan vente, er ordet å finne hos Duun. For eksempel lagt i munnen på Blind-Anders, som fortel om ein Elias som dreiv og sette seg opp kvernhus: «Det hendte Marta tok i og hjelpte han, når det var ein stokk han ikkje var einhøvd med». Somme stader kan dei bruke einhjelpen om det same. Arnold Dalen har notert «ei einhøv» om ein snarveg, frå Sørli.

I eit anna dialektområde er dette uttrykt på ein litt annan måte. Ein vinter det var vasslaust, var far min på veg ned i elva etter eit par vassbøtter. Eg baud meg til å hjelpe, men fekk til svar at dette v ar «eitt manns høv'». Altså ikkkje større oppgåve enn at ein person kunne greie det aleine (Sunndal). Same seiemåten er kjent frå Hemne og Oppdal (her også «en-manns høv'». Frå Meldal har vi «manns høv'» eller «ensmanns høv'».

Om ei oppgåve eller eit arbeid som ikkje er for kven som helst, kan det heite «det e itt all manns høv’ å varra med på slekt» (Hemne).

18.6.21: Det gror ikkje gras på allmannvegen

«Dæ gror-itt gras ti allmannveia» står det i ei samling av ordtak i Oppdalsboka til Ola J. Rise. Her er ein annan versjon, frå Hitra: det gror itj gras på ein ålmannvei». I forskjellige utformingar finn vi dette frå mange plassar i landet. Allmannvegen/ålmannvegen er den allmenne ferdslevegen.

Sjølsagt har vi å gjera med ein overført bruk her. Ordtaka kan riktignok vera både snusfornuftige og tørre, men å konstatere rett fram at det blir dårleg grasvokster på ein hovudveg eller allfarveg, blir nok for enkelt. Nei, det som ligg bak, er nok eit ymt om at lettlyndte, usedelege kvinnfolk som hadde omgang med fleeire karar, gjerne ikkje vart med barn likevel. Dei vart rekna som ufruktbare.

Ordtaka våre ber ganske ofte med seg forestillingar som vi ikkje vil eller bør vedkjenne oss i dag.

17.6.21: Innabeins

På innsida av legg eller lår. Ein kan bli sår innabeins, og broka kan få flerrer innabeins om ein er uheldig. Leif Halse og Hans Hyldbakk fortel om dei gamle slåstkjempene som praktiserte famntaking og broktak, at dei opererte både med innabeins og utabeins kråkfot. Etter Ivar Aasen skal innabeins også kunne bety på innsida av armen, men det må vera sjeldan. Somme talar også om å gå innabeins – sette tærne innover når ein går (tåe inn, gå inntilbeins). Dette er det opplyst om frå Lista, Tustna og Orkdal.

Innabeins på hesteleggen er det nokre harde knollar, hornvorter som er kalla kastanjer. Her har det vore folketruer om at den vonde sjøl har spytta på hesten, og desse vortene kallast da også slikt som gammelerikklysånn (Oppdal), gammelerikspøtt (Øksendal og Oppdal) og satanssputt (Valdres). Dette heng kanskje saman med tabuet mot å eta hestekjøt.

16.6.21: Å gje suge

Eldre uttrykk for å amme, gje ein unge brystmjølk. Substantivet suge (su’) betyr altså rett og slett morsmjølk, brystmjølk, naturlegvis i nær slekt med verbet å suge. Etter Norsk Ordbok heiter det å gje suge e.l. spreidd rundt både på Aust- og Vestlandet, i Trøndelag og Nordland. I eit manuskript frå Stjørdal fann eg ein overført bruk: Der skal uttrykket «å gje kattungane suge» ha vore sagt om å legge armane i kors.

15.6.21: Å kristne ein husmannsunge

«Det er snart gjort å kristne ein husmannsunge», «det er lettvint å kristne eit husmannsbarn» – vi har fleire slike talemåtar, som fortel om ting som er gjort i ei handvending og ikkje treng mange seremoniar. Å kristne betyr her å døpe, og tanken er vel at eit dåpsgilde i ei husmannsstue ikkje varte lenge. Det kan også vera tillegg som at det er om våren denne kristninga er fort gjort. Frå Hardanger heiter det «da æ snart fyre te kristna ait husmannubadn naor dai æ sjeu presta å badne haite Ola» (etter Halldor Opedal). Somtid kan det også bli sagt at det er snart å gifte ei husmannsbrur.

14.6.21: Ein studert mann

I dag vil vel dei fleste forstå å studere med å utdanne seg ved universitet eller høgskule. Men om vi ser på artikkelen studera i Norsk Ordbok, så er det jo litt meir. F eks er det viktig å srtudere ein kontrakt nøye før ein skriv under, altså lesa grundig gjennom, undersøkje grundig. Og somme brukar lang tid kvar dag på å studere seg sjøl i spegelen. Så kan ein studere på noko – lure, spekulere på. Ein studert mann vil seie ein boklærd, skolert mann. I følgje Norsk Ordbok kan partisippen studert plassar i Vestfold og Telemark bety skeptisk, betenkt: «han vart studert da han fekk greie på det».

Ein kar på mine heimtrakter kom opp i diskusjon med herredsskogmeisteren om skogfaglege ting. Til slutt tok fagmannen av seg huva, viste fram ein blank skalle og sa: – Du må da gje deg, du må da sjå eg er ein studert mann! . – Å ja, skal det no gå etter det så, sa opponenten, tok av seg huva og avslørte ein minst like snau skalle!

11.6.21: Fola i myra

Fødd i utide og på ulagleg plass. Opphavleg er det vel om ein folunge som kan ha fått ein dårleg start i livet. Men helst er det brukt i nekting, om ein person som er både modig og djerv. Da er han ikkje fola i myra, akkurat. Som i dette eksempelet frå Hjørundfjord: «anj e kje fòla i myrinje hanj so greidde ditta arbeie». Ein som er fola i myra, er da både dum og hjelpelaus. Uttrykket er registrert frå fleire spreidde plassar: Ulvik i Hardanger, Norddal og Hjørundfjord på Sunnmøre, Kolvereid i Namdalen. Vi finn det også hos Leif Halse. Og på Nøtterøy heitte det: «han må værra folæ på oisen og tørkæ på åmmen» – om ein som er retteleg dum.

10.6.21: Bustak

Bus kjenner vi som nemning på rallar, anleggsslusk. Bustak finn vi i den store Rørosordboka, med to tydingar: Eit retteleg krafttak, men også meir abstrakt om handlekraft, tiltak: «de e bustak ti dænnj kara». Det er ei opplysning om bustak også frå Stjørdal, og det går nok vidare. Og her er eit sitat frå eit stykke på dialekt i Røros-avisa Arbeidets Rett: «Kom i hau at dæin største skryten vi kuin oppnå før i tien, va å bli kalla «bus», å at vi haidde vørre me på it rætteli «bustak» (I stæille førr flere domme garpfakta)»

3.6.21: Haukjømle

Eit ord med betydningsomfang omtrent frå sørgeleg, skremmande og nifs til vanskeleg og problematisk. Det kan vera haukjømle når ungane renner seg på isen eller når nokon ikkje kjem heim til rett tid, og haukjømle å ta seg over ei skrøpeleg bru. Men det kan også vera haukjømle å veta kva ein skal gjera og haukjømle å ta på seg ei stor og viktig oppgåve. Bekymringsfullt, er vel i ganske bra omsetting.

Ordet finst på Nordmøre, i Hemne, Oppdal, Rennebu og Meldal. Forfattarane Inge Krokann og Olav Berkaak har gjort seg god nytte av det: ”eit andlet så høkjømle som om sjølve dommedagen var nær” (Berkaak: Riaren, s. 342).

Her er det nok ikkje hau ’hovud’ vi har å gjera med, men hug (som i ”komma i hau” – hugse). Siste delen –kjømle heng saman med å koma, så når noko er haukjømle, kjem det sterkt fram i hugen og er ekkelt å tenkje på, vondt å komma i hug. Ein kvir seg for det.

Ein litt avvikande bruk i Oppdal er ”å vårrå haukjømle for” (nokon)  ha omsorg, omtanke for.

2.6.21: Haubrott (hovudbrot)

Vanskeleg tankearbeid; problem som krev hard tenking (eit par av formuleringane som er bruka i Norsk Ordbok for å definere dette ordet). Det er neppe spesielt dialekt, for det er belagt i alle landsdelar. Men i dag blir det kanskje ofte erstatta av ”hodebry (haubry)”. Ein innsendar til det fantastiske barnebladet Næmingen, som kom ut på Svorkmo i tida 1898-1906, fortel om ein ”halvtulling” som vart narra til å stå på hovudet. Han fekk nokre øre for kvar gong han gjorde dette, og så heldt han på med det i eininga. Så var det ein som spurte om han ikkje fekk vondt i hovuet av å halde på slik. Da svara han: ”å jau, det e no haubrott!”  

Haubrott er laga til å bryte hovudet – tenkje, gruble hardt på noko. Hans Ross fann det bruka også i betydninga ’hovudpine, hovudverk’ i Telemark.

1.6.21: Felose

Raring, skrue, original: ”ein underleg felose”, ”ein felose te kar”. Ordet ser ut til å halde seg innafor trøndersk dialektområde, altså Trøndelag pluss Nordmøre. Det har nok vore kontakt med felure/filur, men mest truleg kjem felose frå engelsk fellows (fleirtal). At det skulle vera ei forvrenging av filosof, som det også har vore foreslått, er nok mindre truleg.

Så er det jo artig å notere seg at det engelske fellow har dei fått frå skandinavisk. Det er same ord som felage ’følgjesvein, kamerat’. Felagar er dei som har fellesskap, kompaniskap i gods eller pengar; ein kan kalle dei medeigarar. Det felle som vi har i ord som ektefelle og reisefelle kjem også frå det norrøne félagi.

31.5.21: Galure

I ”Trønderordboka” har vi definert ein gallur eller gallure som ein som er uvøren, som er med fusk og fantestreker, ein spøkefugl, gjerne også ein som r bråkande i framferda. Ordet er/var kjent frå Trøndelag (mest i det gamle sørfylket) og på Nordmøre, og så går det så vidt inn på romsdalsk territorium i Nesset. I Nord-Gudbrandsdalen er det belagt som eit meir ubestemmeleg skjellsord. ”Opp som inn gallur og ned som inn snellur” er Selbu-utgåva av ”opp som ei løve og ned som ein skinnfell”, eller ”opp som ein hjort og ned som ein lort”. Frå mitt eige sunndalsmål har eg det om ein som kjeftar og kommanderer, ei brølape. Vidare er gallur(e ) notert somme plassar om ein stor, grov hest, ein stor fisk, eller ein stor, ufansleg ting. På Frøya kan avskorne gummistøvlar bli kalla gallura.

I Nordland finst det i eit par andre tydingar, som likevel kanskje er nærare opphavet. Der kunne det brukast om ein lur, ein ropert, som fiskarane bruka på hamna. Der har vi også gallur eller gallaur om sterk lyd, skrål. I Stjørdal kunne dei ”slå opp gallur’n” – storskratte så det hørtest lang veg. På Vega har dei landvindsgalaur om landvindstrekk.

Opphavet er ikkje heilt klårlagt, men det ser ut til å vera heimgjort. Første delen kan knytast både til gala og galdre, og i siste del er det nok (i alle fall dels) snakk om påverknad frå det same lur og lure som vi såg hadde lurt seg inn i felure.

28.5.21: Filure/felure

Ein luring, men kanskje mest i retning av det artige, omrtent som ein skøyer eller gap. Kanskje han er både litt luring og litt tosk. Ein litt spesiell type er det i alle fall. I ordbøkene vil ein finne det som filur, og der får ein veta at det er importert frå fransk filou ’skøyer’. Her på berget vårt har vi tilmåta det under innverknad frå lur, adj og lure, v.

I Trøndelag og på Nordmøre er det gjerne utvida til filure eller felure, som nemnt i overskrifta. Da har vel også hankjønnsordet lure som skjellsord vore med i spelet. Jamfør også samansetningar som fusselure, gaffelure, skitlure, skjegglure, skrubbelure og tuppelure.

27.5.21: Kommers

Eit ord som gjerne blir oppfatta som litt gammaldags dialekt i dag. Det dukkar opp rett som det er i lokale ordsamlingar, og i facebook-grupper om temaet. Det kan bety oppstyr, bråk, spetakkel (”ungane heldt ein forferdeleg kommers”), men også spøk, moro, skøy (”gjera kommers med nokon”, ”full av kommers”, ”på kommers”). Same dobbeltbetydninga har vi jo både i leven og spetakkel.

Lenger atti tida, og meir opphavleg, var kommers det same som handel eller handelssamkvem. Vi har importert det gjennom fransk commerce frå latin commercium. Jamfør kommersiell. Det kan nok ha vore leven og oppstyr i samband med handel gjennom tidene, tenk berre på martnaslivet.

26.5.21: Karniss

Bygningsdel med S-forma profil, til list, gesims o.l., opplyser Norsk Ordbok. Det kan også bli bruka om kransen, kollen på skåp, somme plassar også om hylle over peis eller komfyr. I dialektane kan det bli uttala med variantar som kaniss, kaness og kannæss, nyleg kom eg også over forma karris.

Dette er nok eit handverkaruttrykk som har komme opp til oss gjennom tysk Karnies. Attom der igjen ligg fransk corniche og italiensk cornice, og dette kjem frå gresk koronis ’bøyg, krumming’. Såleis blir karnissen vår faktisk i slekt med korona.  

21.5.21: Grohold

Den som er så heldig å ha godt grohold, har hold, kjøt som har lett for å gro når det har komme sår og rifter i det. Holdet er som kjent musklane på kroppen, særleg det ytre kjøtlaget. Grokjøtt er eit anna  og kanskje meir ”standard” ord for dette. Det finst uttalevariantar, som ”grorahold”, ”grøhold”, ”grohald” og ”grøhald”. Yngre folk har oftast betre grohold enn eldre. Somme plassar hadde dei den trua at når eit lite barn fekk stryke hunden på håra, ville det få godt grohold. Hunden måtte helst vera første dyret det tok i. Var det ein katt derimot, ville ungen få dårleg grohold og bli plaga med mykje svie i sår. Ei anna gammal tru var at barnet måtte eta fisk før det fekk kjøt visst det skulle få godt grohold.

I Kristiansund var det snakk om t.d. salver som det var fint grohold i, som altså hadde evne til å få sår til å gro.

Under tvil tek eg sjansen på å avslutte i dag med ei utsegn om ein som visstnok hadde så godt grohold at han måtte ligge med ein pinne i baken om natta for å halde ting oppe!

20.5.21: Det er jamnen som dreg

Dette ordtaket fortel at det er det jamne, trottige arbeidet som monnar mest og som gjev best resultat, i motsetning til dei bråe skippertaka. Formuleringa ser ut til å ha vore bruka over store delar av landet. Dels også enda kortare og fyndigare utforma, som ”jamnen dreg”. Stundom er det ordspel på plantenamnet jamne (forskjellige arter i kråkefotfamilien), slik at det kan heite f eks ”jamnen er eit godt gras”.  

19.5.21: Holsar

Ein holsar kan vera fleire ting: Ofte ein stor, kraftig kar, men også eit stort dyr, ein stor fisk, eller ein stor gjenstand, f eks ein stein. Verar (bekrar) har av og til fått namnet Holsar. På snakk om menneske er det gjerne ein som er dyktig og rask i arbeidet (ein holsar til å arbeide). Det treng ikkje nødvendigvis vera akkurat arbeidet ein er flink til heller, det finst også holsarar til å danse, eller til å spela kort. Ein holsar kan også vera ein som oppfører seg brautande, som drikk og bråkar, altså omtrent det same som ein blåsar. ”Ein kar som det gustar litt av”, forklarer Hans Hyldbakk. Kvinnfolkfutar kan også få merkelappen holsar (ein holsar på kvinnfolka). Holsarar er i alle fall aktive på ein eller fleire måtar, og somme er reine storholsarar.

Ordet finst ikkje i dei norske allmennordbøkene (Bokmåls- og Nynorskordboka). Dette har nok å gjera med utbreiinga, som ser ut til å vera avgrensa frå Sunnmøre i sør til Lofoten i nord. Flest belegg er det frå Trøndelag og Helgeland. Men den store Norsk Ordbok har fått det med.

Uttalen er visst alltid med tynn l (ikkje palatal), og det er heller ikkje samanfall i ein sj-lyd, som i hasj for hals (ikkje ”håsjar”, altså). Variantformer som er funne, er hulsar (Hemne) og hølsar (Haram på Sunnmøre, Surnadal). Frå Surnadal er det Bjarne Østbø som skriv hølsar, medan Hans Hyldbakk har holsar. Surnadalsordboka ”Ord te gagns” har med begge.

Opphavet til holsar er nokså uvisst. Eitt forslag er at det skal komma av holsteinskar. Holsteinskarane var soldatar som var med og slost for Danmark i Holstein på 1700-talet, og som det har gått tradisjon om i mange bygder. Men dette er nok høgst tvilsamt.

Endefram ser det ut til at ein holsar må vera laga til eit verb å holse. Og dette finst. På Voss betyr det å gå dumpande og snåvande, f eks i laus snø. Somme plassar på Helgeland kan det bety å skråle og rope, fara fram med brask og bram, eller vera for snar og tankelaus. Dette siste kan jo stemme bra med ein holsar. Litt rart er det at verbet har så mykje meir avgrensa utbreiing enn det avleidde substantivet.  Men det kan jo ha funnest i eit større, samanhengande område tidlegare.

18.5.21: Månen sett på kvelden

Månen kjem seint opp om kvelden, kanskje ikkje i det heile medan det er kveld. Eg kjenner dette først og fremst frå Sunndalen og Øksendalen, men det viser seg at liknande ordlag er eller har vore brukt vidt ikring. ”Måninn settj-å kvæl”. Ivar Aasen fører opp ”månen sit å kveld” frå Sunnmøre, Setesdal og fleire. Begge verba, sette og sitte, kan altså brukast. Eit fyldig oversyn finst i artikkelen kveld i Norsk Ordbok (sjå langt uti under tyding 1 b): http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=kveld#ariadne=%5B%5B|129186|,0,|kveld|]]. I Blaker er det ”sitta kvell”, og på Lista ”sidde kvelden”. Ein overført bruk er notert av Bjarne Østbø i Surnadal, om folk som let vente på seg, som ikkje dukkar opp før seint på kvelden.  

12.5.21: Avstyre

Forhindre, avverje; gå imellom og roe gemytta. Få slutt på strid; få nokon frå å gjera noko uklokt. Ofte kan det gjelde å få nokon til å slutte og slåst. Ein kan måtte avstyre ungane, og er det ein fest der ting går for langt, kan lensmannen måtta komma og avstyre. Ordet har nok vore ganske vanleg over heile landet (det seieer også Ivar Aasen), men det begynner vel å få ein litt gammaldags klang. Det finst også i svensk og islandsk.

Bokstaveleg tala er det å styre nokon bort, vekk frå noko som ikkje er bra. Det kan også bli sagt å styre av, men det er nok mindre vanleg. I Trysil har dei uttrykket ”å styre imilla” om å skilje slåstkjemper frå kvarandre.

11.5.21: Tauskjerringknute

”Tauskjærrengknut” står nemnt i ei ordsamling frå Stjørdal, nedskriven i ei kladdebok i åra 1987-88. Det er uforklart, men eg vil tru at det må vera det same som kjerringknute i den mest utbreidde tydinga, altså ein knute som går lett opp. Men eg er absolutt open for andre meiningar, om nokon skulle kjenne til ordet. Dette er den einaste opplysninga vi har om det. Ei tauskjerring er enten ei attgløyme, ei peparmøy, eller ei (eldre) ugift mor, i følgje Norsk Ordbok.

7.5.21: Blåknute

Svært hard knute som er vanskeleg å løyse (Nynorskordboka, og tilsvarande i Bokmålsordboka). ”Hard dobbeltknute”, seier NAOB. Altså eit ord som er såpass vanleg at det står i allmenne ordbøker, og dermed kan det neppe kallast typisk dialekt.Det finst andre, meir lokale namn på slik knute, som styggknute, støytknute, trollknute og til og med kjerringknute. Men meir vanleg er det vel at kjerringknute er ein laus knute, som er lett å få opp.

Blåknuten kan vera trasig, men han er ikkje blå. Likevel verkar blåknute logisk nok, med blå i forsterkande meining. Jamfør blåhalde, blånekte, blånøye. Og dette har nok spela inn, men opphavleg er det sannsynlegvis bråknute, av eit brå som har sammenheng med norrønt bregða ’flette’. Bråknuten må altså ha vore fletta på ein slik måte at han var vanskeleg å få opp. Ordforma bråknute har overlevd nesten opp mot våre dagar i Valdres, slik at Hans Ross kunne få det med i si ordbok frå 1895.

Blåknuten kan også vera på det indre planet. Olav Berkaak skriv i ”Riaren” om ei kjensle som likna både redsle og sinne, og som ”vatt seg i hop til ein blåknute i bringa”. Frå Nord-Gudbrandsdalen er ein blåknut notert i overført bruk om ein småleg, knipen person, ein som er ”blå” på den måten.

6.5.21: Fullhavd

Fullt utvikla, særleg om unge som er boren lenge nok og fødd med normal avslutning av svangerskapet (=fullboren). Men også om dyrefoster, som i dette litt dystre eksempelet frå Verdal: ”Dæm fann en fullhavd kælv inni dauku’n”. Når dei sa om ein person at han ikkje var aldeles fullhavd, kunne dei meine at vedkommande var tilbakeståande, hadde eit medfødd psykisk handikapp. Og det kan handle om vidare utvikling gjennom livet: I Rissa var ein for eksempel ikkje rekna som fullhavd kar før ein hadde vore med til Lofoten som fiskar. Da er ein framvaksen og utlært. Og så kan noko vera fullhavd når det er fullt ut ferdig, eller fullgodt.  

Ordet ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag, Nordmøre og Romsdal, men ikkje med samanhengande utbreiing innafor desse områda. På Nordmøre er det gjerne sagt ”fullhaft”.

5.5.21: Ein rivihel

Ein som er snar og drivande i arbeidet, men som er hardhendt, hissig og uvøren. Det skal gå fort unna med riving, brøkkjing og bryting, og vi kan vel seie at ein slik person er ekstremt resultatorientert. Ordet er belagt spreidd i store delar av landet, frå Froland i sør og opp til Rødøy i nord, med unntak av dei sørlege og vestlege delane. ”Han var slik ein rivihel til å arbeida og slik ein hardhaus at han ikkje var verande i-lag med” (Olav Duun: Løglege skruvar, s. 33).  Det kan også brukast om ein som er grov i kjeften og hard og rå mot andre. Og kombinert med nekting får det motsett tyding: ”han var ingen rivihel” – da er han makeleg og med lite tiltak: ”Drængen va lat, men han va itt nån rivihæl han som håssbånn skoll værra, heller” (Hitra).

Det litt spesielle med ordet er at det er laga til eit verbaluttrykk rive i hel.

3.5.21: Gryndokter

Homøopat. Informanten frå Stjørdal forklarar det slik at før i tida var medisinane mest på glas og flasker, men homøopatane hadde berre gryn (pastillar). Ordet var gått av bruk alt i 1979, da han sendte det inn til Norsk Ordbok. I ein notis i bladet ”Urd” (nr 35, 1935) finn vi dette, det handlar om ei sjuk jente: ”Dem har vært både hos gryndokter og almindelig dokter, men det er ikke blitt noe bedre”. Forklaringa er likeeins her. Rørosforfattaredn Einar Døhl har også brukt det i ei avisforteljing. Og i Fjell-Ljom 29. juli 1912 er det ei kone som går til forsvar for homøopaten. Ho har hatt ein mangeårig sjukdom og søkt legar både på Røros og andre stader, utan å bli betre. Men etter at ho søkte gryndokteren, har ho ikkje vore så bra på lenge.

30.4.21: Skinnbryllaup

Falskt, ”arrangert” bryllaup (ved pro forma-ekteskap). Det finst brukt noko i bøker og aviser, men har visst ikkje funne vegen inn i ordbøker, anna enn i Norsk Ordbok, sjå straks.  Skinn- er her som i skinnhellig.

Men i setelarkivet til Norsk Ordbok har vi ei ganske utførleg skildring av skinnbryllaup frå stjørdalingen Robert Husbyn, og vi siterer: ”Når ein gammal ungkar tykte han hadde liten utsikt tikl å bli gift, heldt han skinnbryllup. Bryllupet gjekk for seg som eit vanleg bryllup, men det var inga brur med. Dei kjørte ein tur til kyrkja og, men var ikkje inn i kyrkja. Gjestebodet heldt han for å få att pengane han hadde gjevi i skåla i dei bryllupa han hadde vori med i. Kor gammal denne skikken er her i Stjørdal, veit eg ikkje, men far min (fødd 1857) visste om ein som hadde haldi skinnbryllup. At det gjekk sers lystig for seg i desse gjesteboda, er det ingen grunn til å tvila på”. Dette kan neppe ha vore allment, for eg kan ikkje sjå at Jon Leirfall har nemnt det i bygdebøkene sine frå Stjørdalen, enda så rike skildringar han har av folkelivet.

No er det visst slik at ektefolk også kan feire skinnbryllaup, men det er etter 9 års eksteskap. Desse markeringane er vel nokså omdiskuterte. Eg ser at ein etter 9 år også opererer med lærbryllaup og pilbryllaup.

29.4.21: Brønnill, Brønnel (Brynhild)

Det er eit kjent fenomen i ordlaginga vår at eit personnamn får stå for ein type menneske. Ofte i samansetningar, og ofte negativt, som i viktigper, skrytmikkel og utallige fleire.

I dag skal vi ta for oss nokre slike der kvinnenamnet Brynhild (brønnill, brønnel, brønnøl) er involvert. Brønnøl kan også vera ei form av mannsnamnet Brynjulv, men her er det hokjønnet vi ser på. Ei brønnøl (usamansett) kan vera skjellsord i seg sjøl, såleis er det på Geitastranda, ei som legg seg borti for mykje. Same sorten er ei ombausbrønnel (Meldal) eller ei koftbrønnill (Øksendal). Kva ei lortbrønnel er (Hemne, Rennebu), seier seg vel sjøl. Ei pessbrønnill er i Øksendal eit tarveleg, forakteleg kvinnfolk, men i Tingvoll meir spesifikt om ei som ikkje har full kontroll over ei viss væske som skal ut av kroppen. Meir positivt er ei vaskarbrønnel (Stadsbygd) om ei ivrig, dyktig vaskarkjerring. Her blir det kopla til brønn, frå den tida ein vaska klede i brønn og bekk, men det er nok helst ho Brynhild som ligg attom her også. Til slutt har vi ”nåkkå te banbrønill” (Tresfjord, Vestnes) om ei som er mor til ein stor flokk småbarn. Dette må vel gå attende på ei bestemt Brynhild som har hatt mange ungar.

28.4.21: Gut eller barn?

Vart det gut eller barn? kunne dei i gamle dagar spørje når ein unge var kommen til verda. Dette var brukvisen fleire stader i Trøndelag, og det går dessutan inn på Nordmøre (Smøla, Sunndalen) og i Romsdal (Bolsøy). Det skal også ha vore kjent på Jæren, og sikkert vidare ikring.

Som Arnold Dalen har peika på i ein artikkel om nemningar for gut og jente, så ville alt av hannkjønn rangere over kvinnekjønnet i det gamle mannssamfunnet. Det generelle ordet for barn har fått tydinga jente, medan guten har fått behalde kjønnsnemninga si. Han var ikkje eit vanleg barn, men ein gut!

Leif Halse har ei historie frå ei av Gauldalsbygdene, om ein plass der det var komme til eit barn, altså ei jente. Det var den førstefødde og stor stas, men så greidde dei ikkje å bli enige om namnet. Dei fann på å spørje presten til råds om kva dei skulle kalle ”barnet”. Jau, presten meinte det var mange fine namn å velje mellom, og så hadde dei jo denne vakre skikken med å kalle opp besteforeldra. – Hva heter din far? spurte presten barnefaren. Jau, det var Peder. – Peder ja, det var eit godt namn, bibelsk dessmeir! Presten var oppglødd for det. Men dette bar jo litt gale i veg, og mannen kleia seg i hauet for å få saka inn på rett spor. Han snudde seg til kona og spurte: – Ka du mein, Ane, ska vi kall veikjongen for Peder?

27.4.21: Dæm dugg og heile kadæmmen

”Eg forstår ikkje (det) dæm dugg”, kan det heite. Eller ”eg får ikkje gjort (det) dæm dugg”. Absolutt ingenting, vil det seie. Geografien i dette uttrykket er visst ikkje kartlagt, men det finst nok både i Romsdal, på Nordmøre og i Trøndelag iallfall. Sikkert også lenger nordpå. Her er det truleg to trådar som har fletta seg i hop. Dugg kjem nok frå svensk ”inte et dugg” og er for øvrig same ord som dogg. Og ”dæm” må helst komma frå engelsk ”damned” ’fordømt’.

Så har vi eit anna uttrykk ”heile kadæmmen” eller ”heile gadæmmen” – alt i hop, heile hakka. Dette er først og fremst kjent i Nord-Norge, men også i Ytter-Namdalen. I Lofotposten fortel ein veteran om ein dramatisk situasjon til sjøs: ”Hadde jeg ikke kuttet slepene, ville vi omkommet med mann og mus, hele kadæmmen”. I Finnmark også ”hele kademjen”.

Dette har høgst sannsynleg gått ut frå engelsk ”the whole (God) damned thing”.

23.4.21: Artigord for potetkake

Det finst nokre slangprega, litt respektlause ord som siktar til ein antatt effekt av å eta mykje potetkake. Berre frå Sunndal kjenner eg tre, her i fleirtalsform: fisfjøle, fisfløndro (-flyndrer) og fislappa. Fisfjøl også frå Øksendal, Meldal og Namdalseid, og fislapp frå Namsos. Frå Orkdal fisbleio, og frå Byneset hølfis (holfis). Det finst mange meir seriøse ord for potetkake også, som labbkake (Tingvoll, Meldal, Rennebu), potetkavring i Nord-Trøndelag og potetløype i Namdalen og på Helgeland. Men dei kan vi komma tilbake til ein annan gong.

22.4.21: Landfull

Bekk og elv kan gå i landfylling, kommenterte Erik S. Viken, Oppdal, til gårsdagens ord bekkefylle. Akkurat denne forma er registrert nettopp frå Oppdal, pluss Nord-Østerdalen, og så finst det hos forfattaren Ingvald Svinsaas. Noko meir utbreidd er adjektivet landfull, som sjølsagt uttrykkjer det same. Når elva går landfull, fyller ho faret sitt, går heilt opp til kanten. Ordet er godt kjent i Trøndelag, men også registrert frå Agder, Telemark, Hedmarka og Land. Vi hadde det som ”Dagens ord” tilbake i 2013, men kan godt dra det fram att no. I Verran går elva landstor, og somme plassar i Nord-Trøndelag og på indre Nordmøre kan det også heite at ho er melfull.

Når elva går over braddane, går ho innpå grønt land, nemner Edgar Kattem frå Rindal. Oddbjørn Nærvik, Orkdal, kjenner også til det, og det same gjer eg frå mine heimtrakter. I Osen går ho over all land.

I Rindalen fortalte dei om storflaumar på 20- og 30-talet at elva tok ei fotlandsbreidd for året. Fotlandet er jordremsa i åkerkanten som ein snudde hestane på under pløying. Og i ei skildring av elvabrott på ein gard i Orkdal heiter det at det datt ned hælvmælingsbreidda.

Til slutt litt i dag litt om flaum i Nordfjord: I Erdalen i Oppstryn er der eit stort gjel i fjellet mellom gardane Erdal og Berge. Den bekken som kjem derfrå gjekk til tider utover bøane, når det var regnver eller snødemme. Og det hendte at det vart gjort mykje skade. Det blir fortalt at når det gjekk verst utover gardane på Berge, var det ein frå Erdal som sa: ”Dei ugudelege har mange plager”. Men når vatnet kom mot Erdalsbøane og hans eigedom, sa han det slik: ”Herren refser sine” (Martin Lilleheim: Nordfjord-glimt III, s. 36-38).

21.4.21: Bekkefyll(e)

Flaum som fyller bekkene. Dette kan ein få både på våren, ved snøtining, og på hausten, ved mykje regn. Førsteleddet kan bli uttala både bekkja- og bekkje-. Ordet finst spreidd over store delar av det sørlege og vestlege Norge, frå Telemark, Setesdal og rundt, opp til Nordmøre og litt inn i Trøndelag. Eit eksempel på bruken kjem her: ”Her var kvennavatn, so vidt kvennane rangla, men ein grand meir bekkjafyll hadde ikkje skjemt ut” (Lars Jaastad: Tre tun, s. 21). Ein kar i Stadsbygda uttalte at ”snøn bi itj liggan før vi ha haft e årntle bettjafyll på seinhøst’n”. Vart det ei bekkefylle på ”kvernknarren” (1. sepgtember), skulle det bli ni bekkefyller utover hausten, i følgje eit gammalt merke.

”Bekkjinn dem venta se mykkjy på fer’ te fylling og fest inni farå”, skreiv Hans Hyldbakk i diktet ”Sol borti Hjelma”, kjent gjennom gruppa Vårsøg og tonesetting av Henning Sommerro.

19.4.21: Hastverk er lastverk

Allment kjente visdomsord og gode råd er slikt som ”hastverk er lastverk”, ”skynd deg langsomt” og at ein skal ta den tida ein treng. Ingen kan vera usamd i det, men det finst også andre måtar å uttrykke det på. Morfar min, i Øksendalen på Nordmøre, snakka om at ein måtte ”gje ti’n rom”. Merk dativforma ”ti’n” fordi det står som indirekte objekt. Det direkte objektet er ”rom”.

Frå Stjørdal (og sikkert andre stader) er det formulert på dette viset: ”Når’n ska skjynn sæ, må’n gi sæ tia”.

16.4.21: Meir om lommedukar og snytfiller

Vi får ta litt meir om dette, etter at vi snakka om å ”snyt’ storkar” i går. Som fleire er inne på, er det nok ikkje alltid situasjonen tilseier å dra opp eit lommetørkle, enten det er i arbeid eller idrett. Da tyr ein gjerne til fingrane, trøyeerma eller ein rett og slett held for den eine ”nasabøru” og blæs det ut. Elles går det jo gjerne på papirlommetørkle i dag.

Det er forbausande mange namn på lommetørkleet: lommeduk, lommeplagg, lommefille, naseduk, naseklut, snytfille, snytklut, snørrfille osb. Snørrlærv’ ser ut til å vera spesikfikt nordmørsk/trøndersk. Så er det også nokre samansetningar som truleg har uttelevariantar av ’snørrlur’ i førsteleddet: snellurlærve (Selbu), snorrollærv’ (Overhalla) og snorrollduk (Namsskogan).

Ord som snytfille og snørrfille er nok hakket meir uvørne og spøkefulle enn lommetørkle. Frå Østre Toten er det ei opplysning om at forskjellen var både sakleg og stilistisk: Her var snytfilla ei fille av gammalt, utbrukt ty som ein snytte seg i når ein v ar krimfull, medan lommetørkleet var til finbruk for damer.

15.4.21: Å snyte storkar

Snyte seg i lommetørkle. Uttrykket er notert frå Stjørdalen. I riktig gamle dagar snytte folk seg sjølsagt i fingrane, tørka av nasen med trøyeerma og tørka av fingrane på kleda. Da lommetørkleet kom i bruk, var det til reint dekorative formål, medan snytinga heldt fram på gamlemåten. Eilert Sundt beskriv ein observasjon han gjorde av konfirmantar i kyrkja på 1800-talet. Desse kunne gripne av undervisninga, gret, snytte seg og tørka seg, men fann ikkje på å bruke det reine lommetørkleet som dei heldt trufast i fanget i lag med salmeboka.

Lommetørkleet fekk innpass på 1600-talet i europeiske hoffkretsar, visstnok først ved hoffet til Ludvig 14. Hoffet og adelen begynte etter kvart å bruke det ikkje berre til pynt, men til å pusse nasen med. Med tida vart det så rekna som usmakeleg å få snørr på fingrane. b��E6

14.4.21: Krugg

Hans Ross (”Norsk ordbog”, 1895), som vi stadig kjem tilbake til på denne sida, fører opp krugg om lågt, krokete, kvistete tre, frå Gauldalen og Strinda, i lag med kruggfuru og krugg-gran. Da blir det omtrent same tyding som kragg. Bjørkekrugg skal også forekomma. I nyare materiale frå Horg er krugg forklart som skogholt med tre og buskar.

For meg er ein krugg helst ein person, ein stutt, tettvaksen, grovbygd kar. Den er registrert fleire plassar. Men oftast er det ein forkrøpla person, gjerne med pukkelrygg. Sjølve pukkelen på ryggen kan også kallast krugg (austafjells). Når krugg som vi ser kan ha fått tydinga ’krokete tre’, er det kanskje påverka frå kragg.

Krugg og kragg er visst ikkje direkte i slekt etymologisk sett. Krugg vil dei sette i samband med kruk og å kruke (huke seg ned, også danse med krøkte kne, ”kosakkdans”, i halling).

Som vi såg at kragg hadde varianten kragd, finn vi også krugd. Ein tollkrugd (belagt frå Halsa) er ein furukragg. &ƽ���#

12.4.21: Kragg

Forvridd, forkrøpla furutre. Misvakse og ganske kort, fordi det har hatt det for karrig og ikkje fått utvikle seg fritt. Kraggar står gjerne i myrkant eller opp mot fjellet. Nemninga finn vi på Nordmøre, i Trøndelag, mange plassar austafjells og litt også i Nord-Norge. I Gudbrandsdalen også ei kragge. Varianten kragd har vi frå Lesja og somme plassar på Nordmøre. Takknemleg ord å laga samansetningar med, slik at det blir furukraggar og kraggfuruer, tollkraggar og kraggtoller. Fjellkragg og myrkragg er også kjente begrep. Og kraggen er kraggvokse. Det er mest furu det handlar om, men det kan også vera grankraggar: ”I fjelli e gråna bærre krusk og kragga” (Snåsa).

Kragg kan også brukast overført om liten, krokut mannsperson, eller om eit lite dyr som ikkje vil vekse og trivast.

Ordet er ikkje belagt i norrønt, men etter Alf Torp må det vera i slekt med krake, som er nokså parfallelt i betydningar. Og krake er i sin tur i slekt med krok, gjennom ein samanheng som kallast avlyd.

9.4.21: Dommelver

Stilt, grått ver med dis eller lågt skydekke, men utan nedbør. Det er altså verken sol eller regn, men dårleg tørk. Stundom blir det også bruka om lummert, trykkande ver. Ordet har først og fremst vore bruka på Helgeland og i Salten, men det er også opplysningar frå Senja. Så finn vi det att nokså langt unna, i eit lite område i Aust-Telemark (Tinn og Hjartdal). Til grunn ligg adjektivet dumleg eller dumlen, som går nettopp på denne sorten ver. Drommelver i Roan er til eit anna adjektiv, drumlen, med liknande tyding.

8.4.21: Null i fattigkommisjonen

Fattigkommisjonen var eit styre eller ein kommisjon som hadde med fattigstellet å gjera. Slike vart oppretta frå midt på 1700-talet, knytt til kvar sine stift. Med den nye fattiglova frå 1845 skulle kvar kommune ha sin fattigkommisjon. I dag er jo dette for lengst borte, og det lever berre i uttrykket ”eit null i fattigkommisjonen”. Da er det meint nokon som er heilt ubetydeleg, som ikkje har noko som helst å seie, som er svært lite respektert og kjenner seg liten. Uttrykket ser ut til å vera vanleg over det heile, og det er ført opp i alle ordbøker. Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) har sitat frå forfattarar som Herbjørg Wassmo og Jon Michelet. Vår eigen Hans Hyldbakk har det med i eit dikt (det er vel seg sjøl han skriv om): ”Å røda fint om åndsens gull det høyrer med til tonen. Men åndsens tenar sit som eit null i fattigkommisjonen. Han metter seg med himmelvon og gneg på gammelosten, men duger knapt til svigerson åt futen eller prosten”. Eg kjenner til ein variant som er ekstra audmjukande: ”han e kje såpass så et null i fattigkommisjona”.

7.4.21: Ei løesprengje er ei kusvengje

Dette ser vel nokså gresk ut for dei fleste i dag. Ordtaket kom eg tilfeldigvis over i påska da eg satt og fikla med nettbrettet. Det står i bygdeboka for Voll i Romsdal, i bind 3, som omhandlar den gamle bygda. Her er det greitt forklart: Avlingane varierte frå år til år, og dette ordtaket var bruka som ei åtvaring etter riktig gode år. Ei løesprengje vil seie at løa blir heilt sprengfull av høy. Da kunne folk bli freista til å sette på for mange krøtter og vera for rause med fôret, og dermed kunne det likevel bli fôrmangel når våren kom. Ei ku-svengje er det som gjer kua svang (tom, svolten).

Vårknipa var i høgste drag eit muleg ”scenario”, og ein skulle derfor aldri ta frå toppen av høystabben, men nappe det ut med ein dertil eigna krok. Her får vi ei formaning i konsis ordtaksform, og attpåtil på rim. Typisk folkeleg ordkunst!

Opplysningane frå Voll er også komne inn til Norsk Ordbok, slik at ein har fått det med der.

6.4.21: Nybøtta er alltid kvit

Ordtak som kan tolkast i litt forskjellige retningar. Men det ligg vel helst i det at det nye er gjævast. Gjerne bruka når noko nytt blir introdusert i miljøet, også ein ny person. Alt som er nytt og ubruka, er fint og tiltrekkande. Det nye kan sjå betre ut enn det ein hadde frå før, men berre vent, det kjem til å bleikne med tida. «Glansen» vil tapa seg. Vi kan ha variantar som «nybøtta er alltid kvit, når ho blir bruka ei stund, så blir ho ikkje slik», «nybøtta er blankast», «nybøtta er no alltid kvitast» m.m. Seiemåten ser ut til å vera avgrensa til Nordmøre og Trøndelag, Ivar Aasen har det med i «Norske Ordsprog», som «den nye bytta er alltid kvit», med heimfesting til Trøndelag.

26.3.21: Som ku(a) for økshammar(en)

I rett tid, akkurat tidsnok, som om ein var bodsendt. Denne seiemåten var vi inne på tilbake i juni 2014, da som ein av mange talemåtar som har med ku å gjera. No skal vi dra fram akkurat denne og seie litt meir om den. Det er spreidde registreringar frå mange plassar i Sør-Norge. Stundom med variasjonen at ein kjem som kua under (”poinn”) økshammaren. Det kan også brukast spøkefullt når nokon kjem inn ein plass der dei akkurat skal til å eta, for eksempel. På Hitra har dei uttrykket ”du kjæm te koka mat”, som nok har sitt utspring i akkurat denne situasjonen, men som blir bruka overført på liknande måte som det med kua og økshammaren.

Johan Falkberget brukar det i ”Bør Børson”. Det er Tollvollguten som har dramma seg godt opp og ligg og lurar på han Bør og skal gje han juling, og tenkjer at jau, no kjem han som kua for økshammaren. Bør, som kjem i følgje med jomfru Isaksen, får verkeleg rundjuling, og Tollvollguten overtek jomfrua for ei tid. Korleis det går vidare, får de lesa sjøl.

”Som ku for økshammar” skriv seg naturlegvis frå slaktinga. Økshammaren er den bakre enden av hovudet på ei øks, og det kan fungere som hammar. Før i tida også til å slå i hel dyr med. På Vestlandet var det eit begrep ”øksahamarsøl” – ekstra sterkt øl som slo ein nedåt, akkurat som ein varft treft av ein økshammar.  

25.3.21: Å svadde

Skravle, prate, gjerne i meste laget. Ordet finst meir eller mindre samanhengande frå Romsdal og nordover til Lofoten og Vesterålen, med eit par attåt-innslag nede i Rogaland. I Sunndal kommune, der eg kjem ifrå, var det helst bruka om skravling (”kjøle kor du svadda og tala!”). Men mange plassar i Trøndelag vil å svadde først og fremst seie å fara med sladder, og gjerne å plapre om ting ein ikkje skulle røpa, ikkje vise diskresjon. Ein svaddsimon (Budalen) blir såleis ein sladderhank, medan ein svadd eller ein Iva svadd i Sunndal rett og slett er ei skravlebøtte. Med adjektiv blir slike folk karakterisert som svaddin eller svaddaktig, og dei kan vera ei svaddbøtte, ein svaddkopp eller ein svaddlaup. I Melhus er svaddbøtte også bruka overført om ”heksekostar” i bjørk. I svenske dialektar finst verbet svada om å skravle og å sladre. Den som svaddar, fer gjerne med svada, men det er nok eit heilt anna ord. Det kjem frå latin svada ’det å vera veltalande’, til svadere ’overtala’.

Det kan vera nærliggande å tru at det er samanheng mellom svadde og å svalle, som dei brukar om å prate, for eksempel i Hallingdal. Men lydleg blir det heilt umuleg. Vi skal nok sjå ein annan veg, for å svadde kan også bety å vasse, trampe i søler og væte, slik ungane er så glad i. Dette kjenner vi frå Tresfjord og Vestnes. Å søle, susle, skvample med vatn er ei anna tyding som er registrert. Alf Torp viser blant anna til orda swadder og swadle i engelske dialekter, om å plaske i vatn eller søle. Svaddinga var truleg da frå først av plasking i vatn og søle, og mest sannsynleg lydhermande av opphav.

23.3.21: Gang

I samband med trugeuttrykka i går kom orda halvgang og heilgang opp. Ein heilgang truger er på alle fire føtene på hesten, medan ein halvgang er truger berre på bakføtene. Tilsvarande kan ein ha heil- og halvgang hestsko eller hestskosaum.

Her har vi å gjera med gang i tydinga ’sett’. Eller som det er definert i Norsk Ordbok: ”mengd av einskildting som trengst til eit føremål eller ein heilskap”. Ein gang truger blir da det same som ein heilgang, 4 stk (ein heil eller full ”tryggang”). Ein gang hestskosaum blir 24 eller 32. Ein gang av strikkepinnar er  5 stk. Ein gang bor er eit sett med borar av ulik lengd (dette har vi frå Surnadal). Ein hjulgang er eit hjulpar på ein aksling, medan ein kledegang eller klesgang er eit sett med klede, kanskje særleg ytterklede. Gang kan også bety porsjon eller omgang: ”ein gang øl”. Stundom blir det uttala ”gång”.

22.3.21: Halvtrygt og heiltrygt

Dette har å gjera med truger til hest. Å kjøre halvtrygt vil seie at hesten har truger berre på bakføtene. Har han truger på alle fire føtene, blir det naturleg nok heiltrygt. Det var vel føret som avgjorde om ein bruka det eine eller det andre. Ved vanskeleg føre måtte det nok vera truger på alle føtene. Frå Høylandet blir det opplyst at ein under tømmerkjøringa kjørte ”heiltrøgt” når det skulle kjørast opp ny veg i djup snø, og ”halvtrøgt” når vegen hadde fastna. Ordbruken med heil. Og halvtrygt ser ut til å vera avgrensa til Trøndelag (Hemne, Meldal, Inner-Namdalen).

19.3.21: Snart råe

”Dæ æ snart råe at ohelle kjæm” (Oppdal, ordboka til Ingeborg Donali). Det er fort gjort, det kan lett skje. Vi må ta med eit par litt meir saftige eksempel: ”Dæ æ snart råe å få ’i utnamn, sa guten, ’n far stäl en okse å sia vart’n kalla oks-Pær”. I visse situasjonar kan det brukast som unnskyldning: ”snart råi, sa guten, da-n skjet-ut se” (Singsås). Råe/råi er vel her inkjekjønnsforma av adjektivet råden, definert slik i Norsk Ordbok: ”komen i ei viss stilling, stelt, ordna”.

18.3.21: Kjeftende

I fleirtal om munnvikene, men visst nokså sjeldan. ”Kjeftennjan” frå Stjørdal, og dette eksempelet frå Meldal: ”tørk tu kjeftsendom din!” Ord samansett med kjeft- som førsteledd får ein sjeldan gong -s- i fuga. Eitt eksempel er ”kjæfsbeitt” – oppdaling for munnbit i beksel (den delen av bekselet som hesten har i munn og munnviker)

17.3.21: Gradoning

Rånebil (bil brukt til rånekjøring). Ordet finn eg ikkje andre stader enn hos humoristen Jens Brekke i Sogn. Det er kanskje han som har funne på det. Godt er det i alle fall, og vi siterer eit heilt avsnitt: ”Natteløperiet har avteke sterkt. Men avvikla er det slett ikkje, heldigvis. Ikkje er det vanskeleg å sjå heller. Det er lettare å leggja merke til det no enn i dei dagar då dei kom i hop på fjøslemmane kringom. Skikken me har no har skifta namn, men føremålet er nett det same. Namnet no er nattekøyreri, med Opel, Ford, Toyota, Mazda eller kva ein måtte ha til gradoning (rånebil). Rollane no er litt omsnudde. No er det gutane som ventar på at jentene skal koma inn til dei, spenna av seg skorne og kasta trøya” (”Dei seie so – om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen, s. 75-76)

16.1.21: Felinke

To registrerte betydningar, frå to forskjellige område. Først Hallingdal og Sigdal, der å felinke eller felinkast betyr å smigre, innynde seg, gjera seg blid og hjelpsam. Ein kan for eksempel felinke seg åt eller etter ei jente som ein er interessert i.

Den andre betydninga noterer vi frå eit par plassar i Nordland fylke, nemleg Meløy og Skjerstad. Der betyr det å pusle med, ”prøve seg på finmekanikk”, som det heiter i samlinga frå Meløy. ”Ka du fellenka med?” kan ein få spørsmål om.

Det er sikkert snakk om spøkefulle, slangprega utvidingar av opphavleg kortare ord (jf. grublisere for gruble). Ein har peika på eit verb å file, som kan bety både å logre, smigre og pusle med noko. Elles er det fleire ord som liknar, som å finkulere eller fenkulere om å pusle, og å fellenkulere om å gruble att og fram, vera ubestemt. Det siste er frå Leka.

15.3.21: Råppålås

Eit anna namn på glidelås, nemnt i ei gammal oppskrift frå Meldal. Elles er vel glidelås nokså einerådande for denne innretninga. Men lynlås er noko brukt, og likeeins draglås (telt med draglås). Kåsøren Oluf Turtumøygard frå Gudbrandsdalen hadde nok litt forskjellige erfaringar med glidelås/draglås, det var fult av vondskap: ”Draglåset er så innmalisk at ein nesten ikkje kan tru at det er berre eit draglås, men ei klo av skuledemokratiet eller fellesmarknaden” (”Tei nå still, Oluf Pratmakar” (1977), s. 38).  Draglås er også ein gammaldags lås til kister og lignende der ein fører låskolven fram og tilbake.

12.3.21: Koke/brygge på sekkebandet

Sekkebandet veit vi jo er bandet som ein bind att opninga på ein sekk med. Ikkje noko merkeleg i det, men det er eit par talemåtar det kan vera verdt å notere seg. Om sterk kaffe kan det i Namdalen heite ”du hi itt koka tå sekkbanni”. Og i Verran: ”hu kokt itt berre tå sekkbannom”. Og hos Rikard Berge finn vi denne: ”me bryggjar på sekkjabande”, som hardingen segjer når det er lite taka av” (bygdebok for Vinje og Rauland).

Om det blir stilt i eit lag, folk liksom blir målbundne, seier/sa surndalingane at ”det kom bannj fer sekkjen”.

11.3.21:  Lusbol

Eit bol med lus, som ein kan forstå. Forståeleg er det også at det kan brukast om eit hus eller ein heim der det er lortåt og ustelt, og derfor mykje lus (Norsk Ordbok). Som sjømann vart Jakob Sande arrestert ein gong og måtte ligge i ”eit fornedrelsens lusebol” av ein arrest. Ei skitten seng og skittent hår kan nok også kallast eit lusbol.

Men så er det eit begrep i folketrua å ha lusbol. Da har (hadde, får vi tru) ein lus på seg som ein ikkje blir kvitt same kor ein vaskar seg. Opplyst frå Veøy i Romsdal, Smøla, Verdalen, og frå Helgeland. I Aure heitte det at det hadde vorte lusbol i det når ein hadde sår som ikkje ville gro.

9.3.21: Grevinneheng

Laus, slapp hud, slapt muskelparti på overarmane. Lurer på om dette tilsvarar tricepsen – strekkmuskelen i overarmen? Det er visst særleg hos kvinner som er komme noko opp i åra, og somme av desse orda kan nok av somme bli oppfatta som uttrykk for kvinneforakt. Det er fleire ord som knyter dette til grevinne: grevinnearm, grevinnemuskelen, grevinnesleng og grevinneslør. Kanskje ein tenkjer seg at ei grevinne har eit makeleg liv og kan få slapp muskulatur. Bøker og blad er elles fulle av tips til øvingar for å stramme opp dette.   

Gjeddeheng er nok importert frå svensk gäddhäng. Her er vel fasongen på slike overarmar samanlikna med forma på ei sidbuka gjedde.

Bingoarmar og bingovenger er nok påverka av det engelske bingo arms. Flaggermusarmar er eit anna ord for dette, og eg har også vore borti kjerringarmar og budeiearmar. Det siste er litt rart, for ein skulle jo tru at budeiene var sterke og faste i overarmane.

8.3.21: Karled

Karleda er mannssida. For det første heilt konkret, om sida der karane heldt til, særleg om mannssida i ei kyrkje, frå den tida kyrkja var kjønnsdelt etter midtgangen. Så er det somme plassar bruka om mannsida i ei slekt: ”det va kje mang att på karrale’n” (Surnadal). Og til slutt det som har litt med likestilling å gjera. Ei som er dyktig (frakkast, likast) på karle(d)a, er flink til å gjera mannfolkarbeid. Denne bruken ser ut til å vera avgrensa til plassar i gamle Sør-Trøndelag (Hemne, Meldal, Oppdal, Soknedal). Kvinnfolka måtte ta del ”på karlea” i onnene, heiter det frå Meldal – og det stemmer nok godt.

5.3.21: Rundbeite

Beite der ein bind eit krøtter slik at det kan eta graset rundt seg over ei heil sirkelflate. Forklart av målføreinformantar frå bl.a. Surnadal og Hemne, og er nok meir vanleg enn som så. Men det står ikkje i Norsk Landbruksordbok. I Norsk Ordbok er det komme greitt med

3.3.21: Bogn(ar)is

Bognis er tynn is som bølgar, gyngar når ein går på han. På Vikna var det ein sport å ”trøa bognis” – springe fram og tilbake over sjøisen som la seg på grunne valar (Stein Storsul, facebook). Bognis (bognais, bognaris) ser elles ut til å vera mest kjent i Nord-Norge (Vefsn, Astafjord, Gamvik). Men sjå kva ein ekte lamonitt frå Trondheim skriv i Arbeiderbladet i 1923: ”De va my aa trøi sæ me for ongan neri fjæra – om sommarn va de aa vadda eiller aa hoil paa me’n kano aa om vijntern va de bognaris – aa æ vilj sei at ves du aildri ha vore me aa plompa paa bognarn, saa veit du ijt ka arti e for naa”. Frå Vestvågøy i Lofoten har vi bognarhålke om det same (det var ”Dagens ord” 20.12.13).

Å bogne vil seie å bøye seg: Han er betre den kvisten som bognar, enn den som brest, seier eit gammalt ordtak. I Austlandsområdet kan denne sorten is heite seieris eller seiis. Dette har ikkje med seier (siger) å gjera, men heller med seig. Dette var ”Dagens ord” 8.3.18.

2.3.21: Kallse (kallsin)

Kallsin eller kallsen er sjølmannen i huset, husfaren eller ektemannen. Korrekt definert i Norsk Ordbok, etter det eg kan sjå. Her er det også nemnt at det kan brukast om ein mannsperson i det heile, helst ein tilårskommen, og at stilnivået er i uhøgtideleg eller fortruleg omtale. Geografisk er det avgrensa til Trøndelag og litt inn på Nordmøre, ser det ut til. Stundom kan det også opptre i samansetningar, som far-kallsin om faren i huset. Eit eksempel på ordet kan vi hente frå årboka til historielaga i Malvik (2003, s. 83): ”Ei og anna sistakka kjerring og utslitti bøygd kailsi som kreka seg bortover vegen”

Sjølsagt er kallse avleidd av kall. Det har vore gjetta på ei samanblanding av kall og kakse, men det er helst ei ”kjæleform” til kall. Mønster kan ha vore tilnamn som Basse.

1.3.21: Forborde (færbør’, ferbol’)

Sikre (mot skade), lagre trygt, ta vare på, ta hand om. Eg er vant med forma ”færbør” frå Nordmøre, som tilsvara ”forbør” i Oppdal. Ein kan ”færbør’” for eksempel materialar, eller høy, og ”færbør’ utgar’n” slik at krøtera ikkje kjem seg gjennom. Uttalen er alltid med trykk på andre stavinga, slik at det blir oppfatta som at det inneheld prefikset for- som i forvara, forstå etc. I Trøndelag og på ytre Nordmøre seier ein helst ”ferbol”, ”færbol”. Det må henge saman med islandsk farborði ’hjelp, underhald’ og norrønt leita ser farborði ’prøve å komma seg unna’. Derfor finn ein det som farborde i ordbøker. Utanom trøndersk dialektområde (”hvori opptatt” Nordmøre), finn vi det i Gudbrandsdalen, Folldalen, Romsdal og Bindal.

Det kan også bety ’forhindre, avverje’. Leif Halse har ei historie om ein gut som kom til presten og skulle ta ut lysing. Presten spurte om namn, alder og andre formalia, og til slutt kom spørsmålet: – Har du barn utenfor ekteskap? Guten smilte og svara: – Nei, og det va no leksom det vi skull førbol’ da.

26.2.21: Fåfenga må eitkvart bestell

Uttrykk med mange forskjellige variantar. Overskrifta er ein versjon frå Mosvik, med liknande frå Roan. Her er nokre andre utformingar: fåfengt må eitt bestell (Åfjord); fåfeng må nå’ bestell (Frol); fåfæng må innjkvart gjær (Hasselvika, Leksvik); fåfæng må eittj gjærra (Hitra); fåfeng må inkva gjørrå (Inderøya); fåfeng må å nå gjårrå (Skatval); den fåfeng må inkvart gjørrå (Frosta); han fåfængt må eitt finn på (Bjugn/Stjørna); han fåfeng må inkvart ta sæ te (Leksvik). Kan tilpassast fleire situasjonar, for eksempel om ungar som finn på ugagn, eller folk som held på med eit unyttig, meiningslaust arbeid, kjem med håplause forlag o.l.  Fåfeng eller ”han fåfeng” er her ein person som har lite å gjera eller får gjort lite nyttig. Fåfengtbetyr som kjent fånyttes, og fåfengarbeid er unyttig arbeid.

25.5.21: Fanke

”Kor ha du fanka ti influensan?” Slik kan ein uttrykke seg somme plassar i Trøndelag, i alle fall Egge og Flatanger etter det vi veit om så langt. Å ”fank ti” betyr altså her å dra på seg noko vondt eller skadeleg, bli smitta. Ein kan også ”fank ti” uty. Magnhild Haalke ser ut til å bruke det omtrent synonymt med fange, som det vel også er i slekt med. Hos Sigvard Kåpvik, i novellesamlinga ”I Havgarden”, finn vi dette: ”Han hadde fanka heim eit kvinnfolk da han var sørafor etter silda i fjorhaust”.

Men det er også ein annan bruk: ”Ka du fær å fanke ti, ha på dæ likar klea” (Geitastranda). Magnhild Haalke er også innom noko liknande: ”han fanket på seg noe på hodet” (”Dragspill”, s. 19)

24.2.21: Gallernebb (galdernebb)

Ord i hovudsak frå Nordland, med tre tydingar. Dei to første er registrert i Norsk Ordbok, den tredje får vi føre på i revisjonen. Det konkrete og opphavlege er ytste neset eller ytste odden, ”omkring hvilken Havet og Vinden brøler” (Hans Ross). Gallernebben/Galdernebben finst også som stadnamn fleire plassar i Nordland, og likeeins er ein stad på Bjørnøya kalla Galdernebben. Så er ordet overført på to måtar: Brukt om folk er ein gallernebb ein som galdrar og syng, med gnellande mål, eller som pratar mykje. På Høylandet er det overført om ytste spissen på mønsåsen. Galder er bråk og larm, men også blåster (vindgalder).

23.2.21: Fagnande

”Blid og fagnan” – seiemåte frå Leka, i ordsamlinga som har gått over fleire år i den kommunale nettavisa Lekaposten. Forklart som «blid og tilfreds». Han gamle Ivar Aasen veit å ”sei tå” at fagnande er ”værd at modtages eller nyde nogen Opmærksomhed”. Han gjev også att eit eksempel frå Helgeland (i bra geografisk samanheng med Leka): ”eg veit ikkje, om eg er fagnande” (”siges naar man kommer hjem fra en uheldig Reise”.

Dette heng sjølsagt i hop med verbet å fagne ’ta vel imot; hylle, traktere’ (bl.a.), fagnad ’glede, hyllest’, fagning ’hyllest, jubel’ (”hauste stor fagning”) og fagnamann ’aktverdig mann; heidersmann’. Røter direkte til norrønt, og vel rekna som typiske nynorskord. Men dei har dialektgrunnlag, og er verken rare eller kunstige. Brukelege både for fark og fagnamann.

17.2.21: Kaldpotet

Kokt potet som er kolna, seier Norsk Ordbok heilt presist. For å kunne kallast kaldpotet, må ho altså ha vore kokt først. Det er noko anna enn råpotet. Så er det eit par motstridande utsegner om korleis kaldpotet verkar på sinnet. Ottar Aas på Inderøya seier ”e du tongsint, så ska du eta kaillpotedes”, medan stjørdalingen Robert Husbyn hevdar at ”enn bli tongsint tå å eta kaillpoddes”. Folk får teste ut og sjå kven som har rett. Begge var svært habile informantar og tradisjonsberarar. Dei på Senja vil visst halde med førstnemnte, altså at kaldpotet skal hjelpe når ein er bedrøva.

I Selbu er kaldpotet brukt overført om ein uvøren, uredd person (ein kaldfisk). Øyalf Endresen siterer ein bonde der oppi på 1970-talet, som sa til drengen etter at denne hadde skrudd av lokket på bensintanken på traktoren og lagt det heilt inntil ein av polane på batteriet: ” – Du e nå ’n kallpotet, å”.

16.2.21: Attpåklonk

Den aller første novella Alf Prøysen skreiv, var ”Skolissene”. Her var det også at han begynte som dialektforfattar. Det er ei som ringer i matklokka for å få folket inn til måls: ”Hu tok blikket fra skaubrynet, ringte hardt et par gonger og samla all si makt og drog i tauet foruten å sleppe det tilbars. Da stoppa klokka med en gang. Det var ei gamal overtru i Hedemarksbygdene, at den som itte greide å slutte ringinga med eit par harde klonk og ingen attpåsleng, fekk så mange lausonger som klokkeslaga etter tauet var stramme. Hu Inga tenkte itte større over detta; men det var en gamal vana frå den gongen hu flaug laus og ledig heme på Håkensbakken og ringte tel måls. Det var særlig en sommar hu varde seg væl for å få ”attpåklonk” … ”

15.2.21: Undertrådlaust (”poinntrålaust”, ”onntrålaust”)

Når undertråden manglar (er gått av) under sauming med symaskin. Undertråden (”poinntrå’n”) er tråden som kjem opp under tyet frå ein spole nedi maskina og flettar seg til hovudtråden. Når det er feil med den, hører ein det gjerne på lyden. Samansetninga er notert frå nokre ganske få plassar, men går nok mykje vidare: ”poinntrålaust” (Hemne), ”puinntrålaust” (Eide på Nordmøre), ”onntrålaust” (Sunndal) og ”ondetrålaust” (Hareid på Sunnmøre. ”issa, e kje de ondetrålaust no igjen”).

Overført kan det brukast om noko som er håplaust, meiningslaust, dumt, når det raklar eller står i stampe i det heile (opplyst slik frå Eide, i Ingvar Øiens ferske ordsamling).

12.2.21: Meinis

Is som er til hinder for ferdsla på fjord og sjø, enten fordi han er for tjukk til å laga råk i eller for tynn til å gå på (Norsk Ordbok). Is som er til mein, kan ein også seie. Belegg spreidd rundt ikring over heile Sør-Norge, i alle fall til og med Sør-Trøndelag (stadig i følgje Norsk Ordbok). Men vel også kjent lenger nord. På søre del av Vestlandet puttar dei gjerne inn ein binde-s, slik at det blir meinsis.

Leif Halse fortel i bygdeboka for Todalen om situasjonen der i bygda: ”Så visst som det er vinter, legg sjøisen seg og stengjer for dampskipsferdsla. Ofte er det mein-is på sjøen, og da er landvegen einaste sambandsåra med bygdene utafor” (s. 17)

11.2.21: Kammarhane

Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) har greidd å fange opp utruleg mange nedsettande ord for person. Kammarhane er eitt av desse. Ross har funne det på Nordmøre, og forklaringa hans er «Møddinghane; Skjældsord». I den nyredigerte Norsk Ordbok har ein teke dette bokstavleg, og definert ordet slik: «hane som sit på mottingen (nytta som skjellsord)». Motting = mødding = møkkadunge.

Eg trur kanskje ikkje ein skal ta det fullt så bokstavleg dette med hanen som sitt på møkkadungen, og eg er i tvil om kammarhane  nokon gong har hatt ei slik betydning. Eg trur det er danna direkte som skjellsord, med kammar (mannskit) i nedsettande meining. Sjøl har eg notert kammarhane som skjellsord i Rindalen, og det har vel om lag same innhald som «dritsekk». Møddinghane, som Ross fører opp, finn eg ikkje i danske ordbøker.

Men det hører med i bildet at eg ramla borti ordet hos Arthur Klæbo: «Veslehuset hans Pålina-Peder  er så smikkande fullt at kammarhanane stikk opp i bakenden på tausene, det har eg sjølv sett» («Fest i vest», s. 152-153).

10.2.21: Krusdo

Vassklosett. Spøkefullt ord, registrert frå Volda og somme andre plassar på Sunnmøre. Den ordhage voldingen Arthur Klæbo har funne plass til det: ”Ein mann bygde seg eit fint hus med mange rom og bad med vask og toalett. Ulukka var berre at kommunen var ikkje ferdig med kloakken sin, difor kunne sjølvsagt ikkje krusdoen brukast om han var aldri så varm og koselig å sitje på, mot gamle, velbrukte trebenken i veslehuset, der ein risikerte å få fliser i bakenden” (Fest i vest, s. 106). Det er vel i den første tida med vassklosett at dei sette eit slikt namn på det.

Krusdass har nok også vore sagt, men det kjenner eg berre frå ei historie om den legendariske herredsagronomen John Røen i Rindal, attgjeve i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag i 2012. Det var uttakingsrenn i Rindal før vinter-OL i 1952, og Røen var med som frivillig. Da kom det ein kar bort og spurte om det fanst toalett for publikum. Og han fekk svar: ”Jau da, oss he krusdass i kjellara på samverkelagja, der slepp du å kræst å!”

Porselensdass kan nok også ha vore eit namn på vassklosettet, men det veit eg berre av som personkarakteristikk: ”fornikla postelinsdass” om eit kvinnfolk som var i meste laget fin på det. Det var tanta mi frå Øksendalen som kom med det.

8.2.21: Vond penning

”Han e vær’ enn o’n pænningjen”. Dette uttrykket fekk eg frå Arnfinn Aune på Hitra tilbake i 2020. I følgje han var det bruka svært nedsettande om ein ubehageleg mannsperson. Arnfinn lurte på om det kunne skrive seg frå uærlege pengar, som ikkje er varige og som fører ulykke med seg.

Den vonde penningen er eit begrep i folketrua. Det tilsvarar ein lykkeskilling, men denne mynten er ”vond” fordi det er knytt trollskap til han. Kolbjørn Skaare skriv om dette i boka ”Mynt i Norge”. Den vonde penningen er slik at har du først fått han, kan du betala kva som helst, og du kan veksle han bort, men han kjem likevel alltid tilbake til eigaren. Men du blir ikkje lykkeleg med ein slik mynt. Du får ikkje sova av frykt for å miste han. For å bli kvitt den vonde penningen ein gong for alle, skal du ro utpå eit vatn, under det høgaste fjellet, og kaste mynten attom deg utan å sjå etter han. Det verkeleg skumle er at du får tak i den vonde penningen frå styggen sjøl. Svartebøkene har råd om korleis du skal mana han fram og få han til personleg å gje deg denne ulykksalige mynten.  

5.2.21: Den frosne og den svoltne

”Ein fryssinn ska ikkj legg inni omn” i følgje ei gammal ordtaksamling frå Stjørdalen. Da går det nemleg for mykje ved. Dette ordtaket har gjerne med eit tillegg om mat, slik som i denne litt nyare versjonen frå Stjørdalen: ”den fryssinnj ska ikkj lægg innji omn; den svultinnj ska ikkj låttå ti gryta”. Denne viktige innsikta finst i mange versjonar. Her er Ivar Aasen sin: ”han skal ikkje vera frosen, som legg i omnen, og ikkje svolten, som slær i gryta” (Norske Ordsprog, med heimfesting til Trøndelag, Valdres og fleire). På Karmøy lydde det slik: ”den frosne ska kje leggja i ogen, å den svoltne ska kje sjera i gryta”. Og i Eidskog såleis: ”den svultine skær itte laga maten, og den frøsine itte reise på værmen”

4.2.21: Fosshogg

Mikkjel Fønhus har ei dramatisk skildring av tømmerfløting i boka «Der villmarka suser», der vi les bl.a. dette: «det karen ville, det var å komme seg ut på den tømmerhaugen som sto midt i elva, ovafor fosshogget». Også Tarjei Vesaas brukar ordet fosshogg, men det er ikkje sikkert han meiner akkurat det same.  Norsk Ordbok gjev opp to tydingar: Den første er liten foss eller stryk. Ivar Aasen har dette frå Telemark, og vi må vel rekne med at det er dette Vesaas legg i ordet. Ei målføreopplysning frå Nordre Land stadfestar dette; der er «fosshøgg» ein liten foss der vatnet fell beint ned, i lause lufta. Liknande også fossahogg frå Ulvik i Hardanger. Men frå heimbygda til Mikkjel Fønhus, Sør-Aurdal, blir det opplyst at «føsshøgg» er kanten der fossen begynner, der sjølve fallet tek til. Det blir det same som fossbrot (Setesdal, etter Hans Ross), og fosshuggu (Våler i Solør) og fosshuvu (Trysil). Dette siste har vi vel også i gardsnamnet Fosshauet («Fosshode») i Klæbu. Garden ligg ved øvre enden av Fjæremsfossen.

2.2.21: Fråde (froddo, fruddu, frøå)

At «fråden stod om munnen» kjenner vi frå skrift. Her er det ein forskjell mellom skriftmålsformene våre, slik at på bokmål heiter det fråde, men på nynorsk må det heite frode. Opphavet er norrønt froða.

«Jamvektsord» av dette slaget, og med denne lydstrukturen, får gjerne utvikla eit utal dialektformer. Desse er det gjort greie for i oppslaga både i Norsk Ordbok og Trønderordboka. Såleis får vi f.eks.  frøa på Fosen og i Ytter-Namdalen, frøå på Nordmøre, frøo i Hemnebygdene og Aure, fro i Meldal, fru’ i Oppdal og Rennebu, frö(e) i Gauldalen, fraue på Røros, og fruddu/froddo/fråddå i indre delar av Nord-Trøndelag. Froddo har vi også i Namdalen, først og fremst i indre strøk der.

Det betyr oftast skum, både det som kjem ut av kjeften («grisen taugg froddo så det valt tu kjæfta», Verdal), men også f.eks. på mjølk. 

Så er det også namn på matrett somme plassar. Stundom er det synonymt med dravle, elles kan det vera små ostklumpar, eller den tynne osten som skil seg ut og legg seg oppå mysa når ho kokar opp etter at kvitosten er teken ut (mussufro i Meldal, mussufru i Vuttudalen). Tyding «laus masse» er innmeldt frå Eide på Nordmøre: «ball’n vart berre frøåinn». Olav Duun nyttar det til å skildre verforhold: «Sørfjorden låg i ei frøa».

1.2.21: Tviskinnast

«Det tviskinnes fer augom min» er ein gammal seiemåte frå Stjørdal for at ein ser dobbelt. Dette er helst ei omforming av tvisynast, for tviskinnast betyr (opphavleg) heilt andre ting. Dette er eit ord som nok er på veg ut i dag, så ein må gå til eldre kjelder og arkivmateriale. Opplysningane er først og fremst samla i Norsk Ordbok. Tviskinnast ha vore brukt om hud som deler seg i to lag, når ein går i hudskifte (slik bl a i Ålen). I Velfjord på Helgeland har dei sagt det om lêr i sko som kløyver seg. Og så er det brukt somme stader på Vestlandet om blører som dannar seg i flatbrødleiv eller potetkake (Sulda, Masfjorden, Vik i Sogn). Råda mot dette er å tvisteikje flatbrødet, seier Hulda Garborg: «Daa er ein trygg for at det ikkje tviskinnast, og braude vert sprøare» («Heimestell», s. 46)

29.1.21: Eittleite

Mor mi brukte eit uttrykk når vi hadde tenkt oss ut på ein tur som ho såg for seg kunne bli langvarig: «Dåkko kjem no vel ikkje att færre ettj-let'» – det kjem nok til å bli heller seint, meinte ho. Ein informant frå Averøya har sendt inn eksempel på liknande bruk til setelarkivet for Norsk Ordbok. 

Leite handlar som vi ser om tid i dette tilfellet, og eittleite kan da også bli brukt om ein gong (før) i tida («det var slik eittleite»). Men den mest kjente bruken har vi nok i uttrykket «på sitt eittleite» (sjeldnare: «i sitt eittleite») – i sin beste alder, på sitt beste. I Gudbrandsdalen er dette mykje utbreidd: «ha e vori på mitt eitt-læte, skulle’n fått juling» (eksempel innsendt frå Fron). Men det går også vidare – til Hedmarka, Toten, Valdres og Land, i alle fall. Eit visst innpass har det til og med fått i skrift, sjå berre på dette sitatet frå Gudbrandsdølen/Dagningen (15.6.2011): «de aller fleste av oss som har passert vårt eittleite, husker naturligvis gode ting fra tidligere tider»

28.1.21: Eldmus

Vi held oss til omnen, no med eit ord som truleg er ganske lokalt. «Det er ei eldmus i omnen», sa dei i Andenes når det gnistra og peip. Det er vel det same som «leverspip(e)», sjå «Dagens ord» 16.1.2016. Men eldmus er bruka også i ein annan samanheng i Nord-Norge. Når ungane felte ei mjølketann, kunne dei kaste henne på varmen og seie: «Eldmus, eldmus, gje meg ei gulltann, så skal du få ei beintann». Meir vanleg har denne regla berre «mus, mus…». I alle fall ser det ut til at ein har forestilit seg eit slags pipande vesen inne i elden.

27.1.21: Brurafølgje

Når sotet brenn og vandrar i omnen (Helge Husby, Gyl i Tingvoll, i kommentar til «Dagens ord» i går. Også om gneistar eller eldstripe på gryte. Brur(e)ferd er det også kalla. Det er flest opplysningar om denne overførte bruken av orda frå Nordmøre og Trøndelag, men også litt frå somme austlandsbygder. Brurfolk, brurapar (Åfjord) og kjerkfolk kan bli bruka på same måten, og kjerkhop i Oppdal. Finnbryllaup kan det også heite.

Det kunne vera varsel knytt til dette, som at det skulle bli vind, og kva vindretning ein kunne vente seg. Somme tok det som teikn på kor lang brureferd ein ville få. I Beitstad var brurferd («brufal») når glørne gjekk opp, og gravferd om det motsette. Når ein gneiste skilde lagg med «brurefølgjet», sa dei i Selnu at «den då (den der) riar’n to ut».

26.1.21: Fisbrånne

Når det ikkje vil brenne ordentleg i omnen og veden berre ligg og «fis», kan det bli kalla fisbrånne. Eg har truleg fått med meg dette ordet frå morfolket mitt i Øksendalen. Sisteleddet er derimot eit vidt utbreidd ord som betyr brann, brenning. Det skrivst brune og har uttalevriar som brånna, brånnå o.fl.

Liknande bakgrunn har fessvarme (Ringerike) – dårleg varme av sur ved som ligg berre og ryk og dampar. Hans Børli veit også å fortelje om ein som «gjorde opp en liten fisværme».

«Berre eldsløkkja til ved» kan det heite i Astafjord og Ibestad om dårleg ved som heller sløkkjer elden enn å kveikje han. Og på Røros heiter det seg at veden er daubrent når han berre ligg og ulmar med liten trekk, utan lys og flamme.

Vi hektar til slutt i dag på ein liten reprise på omnkjerring, som var «Dagens ord» 19.9.2016: Det var mor mi, frå Øksendal, som tala om å laga omnkjerring. Det var når det slokna att i omnen etter at det hadde begynt å brenne, f eks om ein skrur igjen trekken for tidleg. Ein annan informant frå  Øksendal seier at det er når det brenn baki omnen, men ikkje frammi.

Fleire stader i Nord-Norge er omnkjerringa eit vesen ein såg for seg heldt til inni omnen. Det er ho som lagar lyden når det pip i halvrå ved.

25.1.21: Rauva mi te rokkhjul

«Jau,  rauva mi!» er eit forakteleg utrop som kommentar til noko ein har dårleg tru på (dette er ikkje meir verdt enn bakenden min). Men så finst det nokre variantar der «rauva» er kopla i hop med «rokkhjul», truleg mykje på grunn av bokstavrim-effekten: «Jau, rauva mi te rokk-kjul og hyppa mi te snor» (Oppdal, hyppa er kanskje ein slags stakk?); «jau, rauva mi te rokk-kjul og dæ ander te snell» (også Oppdal); og «ja vesst ja, ræva mi te rokkhjul og resten te snor» (Surnadal). Men den mest utbygde varianten kom inn heilt nyleg på ei nyoppretta (eigentleg revitalisert) facebook-gruppe for ord og uttrykk frå Sunndal: «jau, rauva mi te rokkhjul og kjerringja te snor, så dansa i sjøl oppå»!

21.1.21: Gi rygg

Gi opp, gi seg, gi etter. Godt forklart av Arnfinn Aune frå Hitra: Vike plass fordi ein ikkje strekk til lenger, ein har utspelt sin rolle. «Gamle fordomar må gjeva rygg» skreiv gode gamle Aasmund O. Vinje. Uttrykket har vore bruka ein del i skrift, blant anna av Olav Duun. No er det så godt med det at ein kan leite rundt i Nasjonalbiblioteket (bokhylla.no) og finne flotte eksmpel. Den 3.9.1938 står det i avisa Nordmør at «enten må kommunen ta en håpløs kamp eller gi rygg straks». Men på Sunnmøre er det visst von om mildare vêr i slutten av mars 1947, og «då må no vel telen gi rygg» (Sunnmøre Arbeideravis 29.3.1947). Og i Firda Tidend 30.5.2008 er det ein som hermar etter bestefar sin i Hyen, i starten på den tyske okkupasjonen: «Eg lurer på kven skal fyrst gje rygg av meg og tysken»

20.1.21: Vidare inna enn uta

Folk som er «viar in(n)a enn uta» har meir i seg enn det kan verke som, dei er likare enn dei ser ut til (interesserte kan slå opp i Norsk Ordbok under vid, tyding A 4b). Dei kan ha godt vett og eit rikt indre tankeliv om dei kan sjå tuslete ut. Tett belagt i Trøndelag, særleg i det ganle sørfylket og i Innherredsbygdene. Men ikkje ukjent utanom dette området heller. For eksempel ser vi i Årbok for Namdalen (1977, s. 12) om ein som «var kanskje ikke så imponerende av utseende, men var av dem som var viar inna enn uta». Nordmørsforfattaren Bjarne Østbø har også funne bruk for vendinga: «Han Hans innpå Brottet var ein hendt arbeidskar. Ein spekulant au, viar inna enn uta». Truleg kan det forekomma i Nord-Norge også, jf. «Vett og uvett»: «han va viar ijnne så han va ute dejnn karen» (s. 62, merk her elles «så» i tyding ‘enn’). Aller oftast er nok dette meint rosande: «de va ein stor ros aa vaarraa viser ina enn uta» (folkeminnesamlaren Karl Braset frå Sparbu). Men ein svært påliteleg informant frå Hitra seier at det også kan brukast om folk som er innfule og ikkje er den dei gir seg ut for.

For eit liknande uttrykk («ikkje all der ein ser han») sjå denne spalten 7.10.2020.

19.1.21: Fattiglaup

Fattig stakkar. «Du er ikke noen fattiglaup, men en proletar, sosialist», forkynte Martin Tranmæl i 1920. Truleg har han med seg dette ordet heimafrå Melhus, for det har tydeleg trønderpreg. Vi finn det på trykk i trønderske aviser, og i trøndersk memoar- og lokalhistorisk litteratur. For eksempel hos Bjarne Tvete, Trondheim, som ein stad skriv om ein som «ventet på et nådens brød som en annen fattiglaup». Og i bygdeboka for Leinstrand får vi høre om «fattiglauper og almisselemmer». Julenummeret til Stjørdalens Blad i 1982 har eit intervju med Gunnulf Moa om Ole Vig, som med utgangspunkt som «husmannsgut og fattiglaup frå Vikmarka» kom seg bra fram i verda. Ordet fattiglaup er nok litt gammaldags i dag, men er truleg fullt levande. Så seint som i 2004 får vi i det nemnte Stjørdalens Blad klar beskjed om at «kommunen er ingen fattiglaup».

Samansetning med -laup fell fint inn i eit kjent trøndersk mønster for å laga ord som karakteriserer personar, som farklaup, fjakklaup, skrytlaup og tammmelaup.

15.1.21: Forgifte seg

Dette skulle ein tru måtte bety å øydelegge seg med gift, men sjå kva vi finn i dette sitatet: «Han var sjøl kommen av småfolk. De kunne umulig begripe seg på ham. Men det var vel fra kona det kom, det hadde en sett så mangen gang før. Det hjalp ikke om karen var aldri så bra, han hadde forgifta seg, og det var hele feilen. Gud vet om han ikke kjente seg litt simpel attmed et sånt damemenneske» (Kristian Kristiansen: Brev til Stefan, s. 80-81).  Her må det jo bety å vera uheldig med giftinga, og i dette tilfellet er det nok ein som har gifta seg over sin stand. Eit anna eksempel er ganske ferskt, frå 2009 (avis): «ho vart forelska og forgifta seg med ein mann i Ukraina».

Sjølsagt har vi å gjera med eit ordspel. Det kjem også tydeleg fram i denne regla frå Nøtterøy: «Elsk, men forelsk dæ inte, låv, men fårlåv dæ inte, jift, men fårjift dæ inte».

14.1.21: Lusfrost

Bitande kulde, så kaldt at ein kunne henge ut skinnfellen for å bli kvitt lus. Ordet er kjent frå Rana (Hemnes, Nesna, Nord-Rana), også med uttalen lusfrøst. Men fenomenet er vidare kjent, at lus og luseegg døyr i streng kulde. – Eg vil heller bli koka i sju lute, enn ligge ei vinternatt ute, skal lusa ha sagt.

I Rana sa dei også det når det var veldig kaldt, at «i dag ser han ikkje blidt på nakjen mann». Elles er jo Østerdalen kjent for sterk kulde, med konkurranse mellom Alvdal og Tynset. Ein tømmerhoggar skal ha fortalt at det var så kaldt der oppi ein vinter at det var 40 minusgrader tre månader i strekk. Og det var ikkje vanlege grader heller, for kvar grad var tre tommar lang!

13.1.21: «Fanten den sommo»

I går kveld fekk eg ein leveranse med ved. Det var avtalt 15 sekker, men eg let meg overtala til å ta 20. Da tenkte eg skit la gå, eg er no «fanten den sommo». Same fanten, altså. I dette ligg det vel at det går for det same, det gjer ikkje noko frå eller til, eg er like fattig. Eg kjenner det frå Indre Nordmøre, både Sunndal og Surnadal kommune. Det viser seg at forfattarar som Olav Duun og Jens Tvedt har bruka uttrykket, og likeeins Olav Gullvåg, som i dette eksempelet: «han vilde heller vera fanten den same enn å ta imot noko som ikkje var ærleg hans». Og ein kar som er sitert i ei avis, seier: «eg er fanten den same og kjøper skinna dine usedde». Her er det vel fant i tyding ‘fattig stakkar’ vi har å gjera med. Eit uttrykk med liknande struktur er «tosken den same», som vi også finn hos Duun.

12.1.21: Å skre orda

”Han skredd itj orda ti’n” – da sa han sanninga eller meininga si rett fram utan å legge fingrane mellom. Belagt frå alle delar av Trøndelag, men ikkje berre der. Det er god samanheng over til det austafjelske, med liknande uttrykk heilt ned til Oslo og Østfold. Så er det da også komme med både i Bokmålsordboka og Det Norske Akademis Ordbok. I den sistnemnte er ”skre ordene” forklart med ”være forsiktig med hva man sier”. Men det er nok helst bruka i nekting, slik også i eksempelet som er sitert i NAOB, frå Hans Børli.  Nynorskordboka har verbet, i forma skræ, men ikkje sambandet ”å skræ orda”.

Å skre eller skræde er her i tydinga ’sortere ut’. Ein sparar ikkje på orda når ein ikkje skrer dei. Verbet kan også bety å sløse, spille, øyde bort, utnytte dårleg. Det kjem frå lågtysk schraden ’skjera, snitte’ og er såleis i slekt med skreddar.

11.1.21: Eldhest

Stor vedkubbe eller vedskie som varmar lenge (f.eks. utover natta). Typisk trønderord, med tyngdepunkt i Nord-Trøndelag. Kjetil Dillan fortel at ein eldhest ikkje var kva stor vedkubbe som helst. Han måtte ha visse kvalitetar som gjorde at han brann lenge. Det kunne vera ei rot som ein fann nedi jordbandet, eller ein seinvaksen, hard stokk med mykje kvist.

Litt supplerande opplysningar er innkomme frå Overhalla og Grong: Ordet kunne også bli brukt om ein arbeidskamerat som det var god varme av i tømmerkoia, gjerne også ein som «sleppte vinden» og fyra på den måten. Og det har også vore sagt om ein overaktiv mannsperson, særleg i samband med festing og damer.

Det finst mange andre ord for slike store vedkubbar som gir langvarig varme. Eitt slikt er ølkabbe (til øl med tjukk l = varme); eit anna er gløskubbe, som Erik S. Viken frå Oppdal lanserte nyleg. Inge Krokann har brukt det ordet i ein av sine romanar.

7.1.21: Godbrødstykke

Snill person, kanskje særleg om kvinne. Kjent frå Inner-Namdalen (Grong, Harran, Høylandet) og hest bruka i nekting: «ho va just itt nå gobrøstykkj». I ei forteljing i julenummeret til Namdal Arbeiderblad i 1958 handlar det om eit ektepar som vel å «splitte opp». Det hadde kanskje sine grunnar, for «noe godbrødstykke var vel ingen av dem». Etter Norsk Ordbok er godbrød to ting: For det første flatbrød av finare mjøl enn vanleg, for det andre (søtt) bakverk av ymnse slag, til kaffemat. Det er vel flatbrødet det er tenkt på i eit par vendingar om godbrødsruva (-stabelen): «det hi drøppi ni gobrøruvan heinnes» (Verdal) om ei som har ei dotter som er «komme i ulykka», og «det kom ein dråppå oppi gobrøsruva heinnes» (Inderøya) når sønnen til ei «stornosa» kjerring er «uheldig» med ei jente som ikkje er bra nok.

4.1.21: Å felle oppi

Felle eit tre slik at det blir hengande fast i eit anna, som dermed også må fellast. Dette kan skje i tett skog, men vante hoggarar greidde vel oftast å berekne slik at dei unngjekk dette. Likevel seier Paul Tage Halberg i boka «Den stolte sliter» (om skog- og landarbeidarane 1900  1990) at dei fleste dødsulykkene under tømmerhogging skjedde i nettopp slike situasjonar. Og i årboka for Velfjord historielag (2003, s. 69) står det om ein instruktør som skulle vise felling med motorsag under ein skogdag. Det første han gjorde, var nettopp å «felle oppi». Han syntest dette var leitt og tok seg svært nær av det. Men da var det ein gammal, erfaren skogsarbeidar som tok ordet og sa at einaste måten å unngå å felle oppi, var å halde seg heime og ikkje dra til skogs.

Reint språkleg er «å felle oppi» naturlegvis å felle oppi eit anna tre, men blant skogsfolk er dette underforstått.

21.12.20: Tvert som ein syl

«De ska bestillas tvært som inn syl» – lovnad frå butikken som hadde gått tom for ei etterspurt vare. henta frå eit herleg stykke i Uke-Adressa no sist laurdag (19.12.) med masse gode eksempel frå dialekten i Meråker. Fort, brått, med det same, på raude rappet betyr jo dette, og det er vel å oppfatte som ei humoristisk forsterking av «tvert» i samme betydning. Ein syl er jo alt anna enn tverr, men det kan kanskje ha verka inn at sylen kan bryte fort igjennom noko.

Uttrykket er målførebelagt nettopp frå Meråker, pluss Skogn og Verdal. Det siste høver bra med at forfattaren Bjarne Slapgard gjer bruk av det fleire gonger. Men det går nok vidare enn som så. Eg er rimeleg sikker på at det er/var bruka også heime, i Sunndalen. Ein trønder skriv i Klassekampen 13.1.1979, det er spørsmål om å greie å halde avisa oppe som dagsavis: «Mangle dokk korrespondenta? Æ mælde mæ, tvært som ein syl». Forankring i Rørosdialekt har denne ordren i ei juleforteljing i Arbeidets Rett 27.12.1999: «legge møssa ifråi – tvert som en syl!»

18.12.20: Piksnø

Ein slags mellomting mellom regn og hagl; tørre, kvasse små snøfliser. Det blir nesten som små isnåler, og ein kan kjenne at det stikk når dei treffer. Det er vel derfor det har vorte kalla piksnø i det vi med litt godvilje kan kalle ein midtnorsk ordteig. Kjerneområdet er i indre Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Budal, Singsås). Vidare kan vi legge til Sunndal i sørvest og Os i Østerdalen i søraust. Vi noterer også ei enkeltopplysning frå Hillesøy i Troms. Somme vil heller kalle det piggsnø. Det er den forma Inge Krokann brukar, den einaste forfattaren eg har sett nytte dette ordet på trykk. Ideen bak blir uansett den same.

Piksnø opptrer gjerne om våren, og elles før overgang til mildare vêr.

17.12.20: Forsagd

Å arbeide på forsagd, eller ta på seg noko på forsagd, er det same som å arbeide på akkord. Forsagd kan, som akkord, vera både avtalen som blir gjort og den arbeidsmengda som skal gjerast. Forsagdarbeid er det same som akkordarbeid.

Denne nemninga ser ut til å ha vore kjent og bruka vidt ikring. Opphavleg tyder det «sagt føreåt», og det går tilbake på eit eldre dansk adjektiv forsagt. Poenget er at det er gjort ein avtale på førehand.

Somme plassar går det an å gjera noko på forsagd – med fritt forsett, på formon (Gjemnes, Budalen). Men dette er eit avvik.

16.12.20: Bær i bjønnarauv

Den truleg eldste kjelda til norsk dialekt etter den store omforminga frå gammalnorsk til meir moderne norsk er ei samling med grammatikk og ordtøke frå Vest-Agder. Denne fanst som handskrift i det kongelege bibliotek i København og vart trykt i 1911. Samlinga må vera frå første halvpart av 1600-talet. Som opphavsmann er foreslått Jørgen Thomassøn, prest i Kvinesdal frå 1610 til 1655, og elles stamfar til den no så kjente slekta Willoch. Men her finn vi blant ordtøka: «dette herre forslær som Bær i Biøndsrovna». Det forslår lite, visst særleg bruka om for lite mat. Seiemåten har overlevd opp mot vår tid: «det var som bær i bjønnsrev» (Masfjorden), «da e so bær i bjøynnjaræv» (Vanylven) og «det er som å kasta ber i bjønnsrauvæ» (Bjerkreim). Tydinga er den same – det er for lite, det forslår ikkje, er bortkasta og verdilaust. Varianten «som boss i bjønnsræv» finn vi også, blant anna hos forfattarane Ragnvald Vaage og Ivar Eskeland. Bokstavrimet er i behald her også. Men det ser ut som vestlendingane har teke best vare på dette gamle uttrykket.

15.12.20: Dagsing

Arbeid for daglønn; (tilfeldig) arbeid der ein får betalt dag for dag. Altså til forskjell frå akkord, og frå fast månads- eller årslønn. Arbeide på dagsing, gå på dagsing, fara rundt på dagsing kan det heite. Ordet ser ut til å ha vore ganske vanleg. I Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) reknar dei med at det er laga av ei forkorta form av dagsarbeid pluss suffikset -ing. Dagslønn kunne vel også vera ein kandidat her. Som reint verb å dagse er det visst meir sjeldan. Til slutt eit sitat med eksempel: men han var tyaug og trottug i arbeidet, anten han svara plikta si eller var ute på dagsing for åtti øre dagen (Hans Hyldbakk; Streiftog i bygda, s. 80)

11.12.20: Vaske seg all igjennom

«No ha i vaska me all igjåno». Slik herma dei etter ein gammal sunndaling, han hadde ein telefonprat med ein kamerat da begge var i ferd med å ta helg. All igjennom betyr jo tvers igjennom, heilt ut, så dette kan kanskje synast litt drastisk. Men det betyr rett og slett å ta full kroppsvask, å vaske seg over det heile.  Det heiter «vask se all igjännäm» på oppdaling og «vaske se all igjønøm» i Nord-Gudbrandsdalen. Når ein har vaska seg all igjennom, kjenner ein seg god all igjennom. Men er ein ute i regnet, kan ein bli våt all igjennom.

10.12.20: Til dundas

«Det går te dundas» betyr at det går gale, skeis, nord og ned, i hundane, til helvete. I stilnivå nærmar nok dette uttrykket seg slang; du vil neppe finne det i offentlege dokument. Men det kan likevel dukke opp i seriøse samanhengar, som dette eksempelet frå Årbok for Fosen historielag: «Alt gjekk til dundas, Norge mista sitt sjølvstende» (2007, s. 128). To uttrykk ser ut til å ha blanda seg saman: det latinske ad undas ’til bølgjene’, og til dunders, der dunder vel er evfemisme for sjølve djevelen.

8.12.20: Spela basen

Vera den fremste, beste, dyktigaste. Talemåten er eller har vore nokså utbreidd, og vi finn han blant anna hos Ibsen i Peer Gynt. Her er eit greitt og typisk eksempel: «I smia var det han Anders som spela basen» (Hans Hyldbakk: Brev frå barndommen, s. 77). Det kan også brukast ironisk, som i denne passasjen frå Sigurd Lybeck. Det er Gurine i Røyskattlia som kjem inn til Plassbakk-kallen. Denne har lagt ein sekk med moltkart i senga, og Gurine trur at det er eit kvinnfolk han har fått oppi til seg. Den gamle luringen ser ingen grunn til å ta frå henne den trua, og opplyser at det er ein gammelkjærast som har komme og vil friske opp gamle minne. Gurine blir moralsk forarga: – Nei kvinnfolka nå spelte basen. De burde låses inne med syv hengelås».

Etter Norsk Ordbok kjem uttrykket frå nederlandsk «den baas spelen». Det er ofte ganske endefram å overføre språkmateriale frå nederlandsk til norsk. Bas er her det same som bas i tyding formann (i eit arbeidslag). Også det kjem frå nederlandsk, der baas skal ha ei grunntyding ‘onkel’.

Det finst fleire andre uttrykk som tilsvarar «å spela basen», som «å spela mesteren», «spela storen» m.fl.

4.12.20: Snøbom

Snømasse som ved sterkt snøfall legg seg oppå vatn og kan stenge fjord, elv eller bekk. Ein snøbom blir gjerne hardpakka og ugjennomtrengeleg. Vi hører om snøbom som er til hinder for ferdsel på fjorden, eller det kan bli snøbom som legg seg for brukara og truar med å øydelegge brua. Her frå ei skildring av kjøring med hest frå gamle Åsskard til Stangvikkyrkja før i tida, og føreforholda dei kunne bli for: «Hamnesfjorden var attlagt av snøbom, men da dei kom til Vargøysundet var det fin tenoris og hestane skvatt til da dei kom over på blankisen» (Årbok for Nordmøre 1983, s. 43). Vi tek også med denne utsegna: «Far ha mykjy prakk med isen om vintran. Det la seg snybom og vart umuleg å ro» (Hemneboka II, s. 232).

Sisteleddet bom er vel fordi dette kan bli eit stengsel. Samansetninga snøbom er avgrensa til Trøndelag og Nordmøre, kan det sjå ut til.

3.12.20: Badsøle

Grop som hjorten sparkar opp og rullar seg i i paringstida. Kanskje ganske lokalt ord for gamle Stangvik. Det er nemnt i årsskriftet til Stangvik Historielag 2009 (s. 89), og som forklaring til stadnamnet Ba(d)sølå, i stadnamninnsamling frå same område i 1989. Eit meir «offisielt» namn på slikt (som kan gjelde både for hjort og elg) er vel brunstgrop. Også brundgrop, brundgrubbe, brundhol, brundhole (-hullu-, hollo), brundstø o.fl. forekjem.

2.12.20: Brødmangel

Er dette noko ord å kommentere, kan du spørje. Nei, kanskje ikkje, men eg tenker på ein bestemt bruk, som truleg er ganske ny. Vi har ein del talemåtar for uspesifisert tid, ein gong langt atti tida, som «atten hundre og den tid». Gjerne i humoristiske utformingar som «atten hundre og klem-åt» o.l. Mellom desse har vi «atten hundre og brødmangel»: «Det har ikke vært så mye banking og styr her siden attenhundre-og brødmangel, sa Gubben» («Nisse Noppes juleeventyr», s. 65.). Eit anna eksempel: «la oss slippe å sende ungdommen på en ungdomskole fra atten hundre og brødmangel» («Framtid i nord» 19.10.2010). Andre variantar: «nummer flere tusen og brødmangel» (Aftenposten 6.3.2007), «ørten hundre og brødmangel» (Bergensavisen 2.1.2011).

I avisene ser dette ut til å vera bruka mest i Nord-Norge, men også noko i Trøndelag, og i Bergen. Mønsteret må vel vera skildringar frå eldre tid, med uttrykk som «dyrtid og brødmangel».

30.11.20: Avmerke

«Borti avmerkjo» (dativ fleirtal) nemner Tor Helge Gravem i ein kommentar til «avskjeklan», som vi tok for oss 26.11. Dette er truleg mykje meir lokalt, og eg kjenner det berre frå Sunndal og Øksendal. I arkivet til Norsk ordbok er det også ei oppskrift «borti avmerkjå» frå Voll i Romsdal. Nasjonalbiblioteket har belegg som også knyter det til Tresfjord og Vestnes. Ut frå dette burde ein også vente å finne det i Nesset kommune.

Adverbet avmerkjes er sikrare belagt, med mange opplysningar frå Sunnmøre og Nordfjord. Det finst også i Surnadal, og i samlinga «Ord te gagns» er det ein merknad om at «avmerkjes» er så langt av lei at det ikkje finst bytemerke (grensemerke). Det trur eg treffer det rette.

Avmerke er elles kjent i ei anna tyding: særskilt kjennemerke, skiljemerke.

26.11.20: Avskjeklan

Uti/borti/oppi avskjeklan/avskjeklom = avsides, i avkrokane, i utkantane. Gjerne også plassar som er ulendt og vanskeleg å komma fram til, supplerer Norsk Ordbok. Igjen eit ord med nordleg og vestleg utbreiing. Det er flust med opplysningar frå Nordland og Troms. I Trøndelag er det først og fremst frå nordfylket, men det går også inn på sørtrøndersk område i Osen og Roan. På Nordmøre må vi litt ut for å finne det (Tingvoll, Gjemnes, Averøya), og så finst det her og der på Nordvestlandet ned til Nordfjord. Ein meir sjeldan variant er avskjeklingan.

Av- er sjølsagt som i avhol, avkrok og avsides, men sisteleddet knyter seg til det norrøne ordet skekill, som betyr utkant, snipp.

25.11.20: Avsaga (åvsaga) dall

Fara/ligg-ti det/renne som ein åvsaga dall – vera sterkt oppteken, i hektisk aktivitet (med arbeid eller anna), ikkje unne seg kvile. Uttrykket er kjent i Trøndelag og på Nordmøre, og dels også i Nord-Norge. Bakgrunnen er vi nok ikkje heilt sikre på. Ein informant frå Meldal foreslo i si tid at det skulle skrive seg frå «åshåggådall», etter ein husmann frå Åshåggån, som gjorde dallar. Og det gjekk visst fort for seg. Men dette har eg lita tru på; det er nok helst ei forklaring som er konstruert i etterkant. Meir for seg har kanskje det forslaget som vi gir att i Trønderordboka, og som kjem frå Steinar Nilsen på Hitra, at ein utsliten dall kunne ha eit vidt og mangfoldig bruksområde. Etter Magnhild Haalke har vi dette sitatet: «Mama, du ser ut som en avsaga dall. Det er hele bredda mellom trøya og skjørtet ditt» («Dragspill», s. 18). «Du blir snart gammel og avsaget du og», skriv ho ein annan plass («Grys saga II, s. 68). I Rissa har «din åvsaga blængdall» vore bruka som skjellsord. Ein kan også vera eller kjenne seg som ein avsaga dall – sliten, i dårleg form.

24.11.20: Klattersmed

Frå først av ein dårleg, klønete smed. Men så har det vorte generalisert til ein som gjer dårleg arbeid i det heile, særleg ein handverkar. Om utbreiinga, sjå Norsk Ordbok: o2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=klatresmed#ariadne=[[|131441|,0,|klatresmed|]]

Frå Hemneboka hentar vi dette eksempelet, som også gir ei god forklaring: «På mange gardar kunne mannen sjøl eller ein annan laga besag på sledar, innbu og somme slags reiskap. Den som var klønet til slikt, vart kalla «klattersmed», og det namnet vart lagt på somme langt ned gjennom tida.» (bind I, del 2, s. 104)

Førsteleddet er verbet klatre, som blant anna kan bety å gjera dårleg, slurvete arbeid. Det er nok også eit substantiv klatter (det å gjera) dårleg arbeid’ inne i biletet, og norrønt klatr betydde blant anna ‘skade’.

20.11.20: Marklende

Ein skulle nesten tru det var smør på flesk å sette i hop to slike ord. Men marklende er høgst reelt, og det betyr rett og slett terreng eller mark. Kanskje mest sagt i samband med utmark. På indre Nordmøre (Sunndal, Stangvik, Surnadal) er ordet hokjønn, det er snakk om fin eller stygg marklende (ikkje fint og stygt). «Nei, marklennå der e slik at der skoill de ha vårre slept bjønn!» (Du mitt Nordmøre 2003, s. 170. Forfattarar som Leif Halse og Bjarne Østbø har funne god bruk for ordet. I Oppdal er det inkjekjønn, og i følgje Oppdals-ordboka betyr det der slett og steinfri mark. Ola J. Rise har ei litt anna form på det, når han skriv om «jakt i ålmenning og anna morkalende».

Hausten 1960 var ikkje (da heller) alle sauene attfunne i Sunndalstraktene. I Aura Avis blir det framheva som rart at ein «vaksensau med sine to lam er svart borte i eit så fint marklende som Vikfjellområdet» (8. november 1960)

19.11.20: Avleie og avleien

«Avleia tek meg», klaga ei frå Overhalla som ringte inn til dialektprogrammet på Trønderradioen i si tid. Fullgale var det vel ikkje all den stund ho ringte. Men ho meinte da at ho mangla tiltakslyst og gjerne utsette ting. «Avleia tek med det ho fe» er eit gammalt visdomsord frå Snåsa. I det ligg det at det som ikkje blir gjort med det same, men utsett, er det gjerne ikkje så lett å få gjort seinare. Til dette har vi også adjektivet avleien ‘som har lett for å utsette, dryge ut ting’. Orda har eit utbreiingsområde i Inner-Namdalen og på Snåsa, og så finn vi det att nedover Vestlandet. Ei enkeltopplysning frå Gjemnes kommune («ein avleiinn gardbrukar») heng vel i hop med forekomstane i Romsdal.

Orda her er avleidd (!) av verbet å avleie, som kan bety å dryge ut, vel eigentleg å leie nokon bort frå det ho/han eigentleg skal.

17.11.20: Avel og vas

Rot og tull: «det vart berre avvel og vas». Dette uttrykket har slått rot i Nord-Norge og på Trøndelagskysten. Nærheita til sjø og kyst er naturleg, for avel er her ein vase av fiskegarn eller liner. I samlinga med ord og uttrykk frå Stadsbygda lærer vi at å «dra avvel» er å dra fleire lenker med garn som har filtra seg saman til ein stor klump. Innimellom møter vi det omforma til «angel og vas»; på Hitra også «abbel og vas» som ein variant.

16.11.20: Naudanytte («nauanøtt»)

Det var Kjetil Dillan i Verdal som sette meg på å ha dette til «Dagens ord» i dag, når vi opererer med eit «nødlandslag» i fotball. Ei «nauanøtt» eller «nøanøtt» er noko ein grip til i ein nødssituasjon, i mangel av noko betre, både ting og folk. Noko ein nyttar i nauda, ei naudløysing eller reserveløysing: «det va no berre ei nauanøtt», «det kunn no vårrå te ei nauanøtt». Her er eit fint og typisk eksempel, henta frå årboka for Sparbu Historielag: «Dæm» (karfolka) mått å rætterer når nå jekk soinnt, i allfall finn i nauanøtt te så læng» (2002, s. 13). Ei «nauanøtt» kan også vera til erotiske formål, når ein er «opprådd».

Ordet er registrert frå Trøndelag, Nordmøre og Romsdal. Det kan også ha andre tydingar. Den som vil ha full oversikt, kan klikke her og finne det i Norsk Ordbok: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=naudarnytte#ariadne=%5B%5B|300894|,0,|naudarnytte|]]

13.11.20: Dagomtil

Av og til, no og da; ulikt frå dag til dag (Skogn, Frol, Verdal, Flatanger): «helsa e sånn dagomte» (Flatanger); «kolles e de me dæ? – Å, de e lite dåggåmte, ette som vere e» (Frol); «timene går og dagomtil blåser varm vind inn i skolestuene» (Stjørdalens Blad 25.8.1962).

12.11.20: Kvapen (kvapinn, kvape)

Pløsete, posen, særleg i ansiktet. Dette er den mest utbreidde bruken av ordet, og etter Norsk Ordbok går dette frå Hallingdal og Valdres, Nordhordland og vidare nordover Vestlandet til og med Nordmøre (her berre registrert frå nokre få plassar: Eide, Sunndal og Rindal), og så litt inn i Sør-Trøndelag (Hemne, Oppdal, Rennebu, Soknedal, Budal). Ordet kan også ha andre tydingar. For full oversikt sjekk Norsk Ordbok: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=kvapen#ariadne=%5B%5B|180570|,0,|kvapen|]]

Ordet har vore såpass utbreidd at det er komme inn i Norsk Medisinsk Ordbok. Legen og forfattaren Idar Handagard har bruka det, f.eks. her: «ein trote som er vatsdrukken eller kvapen» («Doktarboki» frå 1913, s. 194). Ein trote er ein svull eller ei blemme. Arne Horge er ein skribent med eit rikt ordforråd. Her er noko han skreiv i Klassekampen (1.3.2010) etter at Julia Timosjenko tapte presidentvalget i Ukraina: «Og kva kan me råke til å få i staden for Julia Timosjenko? Jau, endå ein mann i dress og slips, og kanhende både kvapen og sidvomba».

Så litt om opphavet. Kvapen kjem frå eit verb kvapa, som betyr å vera våt, å tyte ut væte e.l. Ein austlending vil kanskje kunne bruke slektningen kvapsete på liknande måte. Eit eldre ord for vattersott (unormal oppsamling av væske i kroppen) er kvapsott. Det er slektskap med kvabb, som kan vera blaut jord, men også ein fagterm for ein bestemt sort finsand. Grunntydinga ser ut til å ha vore ‘blaut og fuktig masse’.

11.11.20: Mærskjelling (morrskilling)

Skive, stykke av (morr)pølse («mær», morr). ordet er komme med i den nye, flotte boka «Rennebumålet», av Joar Fjellstad. Rennebu er aleine om dette ordet, ser det ut til, og det er ganske sjeldan at eit ord er så heilt lokalt. Ideen bak er grei nok – pølseskivene er jamført med pengestykke. Arnt Skjerve fortalte om dette ordet på ei radiosending tilbake i 1993, og på grunnlag av dette er ordet også komme med i Norsk Ordbok.

10.11.20: Frøken (frøkjinn, frøkje)

«Frøkjinn graut» er eit uttrykk eg har fått med meg frå Sunndalen, min barndoms dal. Da er grauten feit, kanskje nesten for feit, om det går an å tenkje seg det.

Gløttar vi i arkivet, først og fremst hos Norsk Ordbok, finn vi at frøken i tyding ram, sterk, (for) feit, stinn, (for) søt finst i eit avgrensa område med Sunndal, Surnadal, Rindal, Oppdal, Orkdal, Rennebu, Meldal og Hemne. Frå Aure blir det opplyst at ordet kan brukast om drikk som er for sterk, og i Meldal også om stram lukt som riv i nasen.

Ordet har eit par andre betydningar: På Sunnmøre og i Ringebu kan ein seie det om folk som er friske og livskraftige, har god matlyst m.m. Og så har vi den som truleg er mest opphavleg: djerv, modig, dugande, som er den vi kjenner frå norrønt. Jamfør Fridtjov den frøkne.  Den har overlevd opp mot vår tid somme stader på Vestlandet. Frøken er i slekt med frak(k) ‘dugande, flink, sterk’, gjennom såkalla avlyd.

6.11.20: «Tå og på»

«Det e itj det ein tå ferre det ainner e på» – uttrykk frå Byneset som tilsvarar «ei ulykke kjem sjeldan aleine».

5.11.20: Settarblindkjuk (sittar-)

Kom tilfeldigvis over ei oppskrift frå Meldal i setelarkivet til Norsk Ordbok om denne leiken. Det er ein variant av blindkjuke (blindebukk), der dei andre sett seg når blindkjuka (blindebukken) har fått på seg band for augo. Så sett blindkjuka seg hos ein av dei andre og seier «Gje lyd». Denne må da låte på ein eller annan måte, og så skal blindkjuka gjette kven det er. Treffer han/ho på rett da, må denne vera blindkjuke neste gong.

4.11.20: Halde ausa bein

«Hellj ausa bein» –  «Være forsiktig med å motsi en vanskelig og/eller voldelig person» («Ker du sei?» Ord og uttrykk på Stadsbygda, s. 136).

3.11.20: Brekkasje

Dette er vel stadig eit kurant og levande ord i samband med forsikring. Standardordbøkene våre er samde om at det er skade på varer under transport som følgje av slag eller brot (og altså ikkje vass- eller brannskadar). Det kjennest kanskje litt gammaldags, men Nasjonalbiblioteket har ganske ferske belegg.

Men det kan også bli bruka om det som er knust, eller som NAOB seier: «gjenstand(er) som er skadet eller ødelagt». Eva Joly har ein særskilt variant av dette: «Etter at vi hadde sklidd på Himmelsklia, gikk vi til knekkebrødfabrikken og tagg om brekkasje, knekkebrød i biter» («Korrupsjonsjeger», s. 44). Noko liknande blir kjeksbrott, som dei i Trondheim kunne få frå kjeksfabrikk og bakeri.

I alle fall er ordet brekkasje ei tilpassing av engelsk breakage, til break ‘bryte sund’.

2.11.20: Aumleg (ømle, omle)

Sørgeleg, trist, vemodig – slik har vi definert det i Trønderordboka. Gjerne sagt medfølande. Vi har det i den indre, sørvestlege delen a Trøndelag, med Orkdal, Skaun, Byneset, Gauldalen, Røros, Selbu og Tydal. Uttalen er gjerne ømle eller ømli, somme plassar også omle (Skaun, Hølonda, Horg, Selbu). «Det va ømle kelles de gjekk me hænnøm» (Singsås).

Litt anna betydning er registrert i eldre ordsamlingar frå Østfold og Østerdalen, der er det meir ‘veik, stakkarsleg, liten’. men utan tvil same ordet. Det går tilbake til norrønt aumligr ‘ynkeleg’, som igjen kjem av eit adjektiv aumr ‘elendig, ynkeleg’, og det er faktisk same ord som vårt øm.

30.10.20: Sprotte

Mange stader sønnafjells og somme plassar i Trøndelag ikkje så reint uvanleg om opning, splitt i klesplagg, f.eks. stakksprotte. «Lausaktug fyrkje har lang sprotte» sa dei i Lom.  Lang opning nedover kjolen (så han skulle vera lett å få av seg). Somme plassar kan sprotte også brukast om buksesmekken: broksprotte, buksesprotte. Her kan du sjå meir om forskjellige namn på akkurat det: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2015/01/08/stalldora-er-open/. Ellers også om ei rift i klede. Og sjølsagt som eitt av dei tallause namna på det kvinnelege kjønnsorganet. Det er nok også derfor vi i Sunndalen har fått skjellsordet ei tullsprått‘. Endeleg har vi neversprotte om ei lita, samankrulla never (Surnadal, Nesset).

Sprotte heng saman med verbet å sprette (opp) ‘løyse, skjera opp’, akkurat som sprotne.

29.10.20: Sprotne

Særleg bruka i samband med klesplagg. Når broka/buksa har sprotna, har ho lausna, gått opp i saumen. Men ein kan også seie at saumen har sprotna, eller sprotna opp (att). I den fine boka «Hemnværingen og orda» har Kolbjørn Aune eit artig eksempel: «brurgåmmen tøkt de va sjihlje da brotja språtna på kjerktråppen». Og Hans Hyldbakk går aldri av vegen for å bruke gode ord: «Det var ein skeiv hel som måtte rettast opp att, eit oppsprotna førføtt og mangt anna som laut retterast» («Driva» 23.12.1986). Litt meir odiøst er det når ein i Trondheim kunne (kan?) seie om ei kvinne som hadde mista «dyden», at ho var sprotna.

Ordet sprotne har tyngdepunkt i vestlege og nordlege område, med utlauparar ned i dei store dalane på Austlandet. Sørlegaste belegg er Stange. Alf Torp (og Norsk ordbok) gjev grei etymologi: det er laga til perfektum partisipp sprotten av å sprette, jf. å sprette opp noko.

28.10: Isskote(n)

Det har vore isskote på trappa og vegen her eit par morgonar no. Da må ein passe seg, for da er det eit tynt islag som ein ikkje nødvendigvis blir var. Fort gjort at ein ligg der da. «Det bar ned ei is-skota bratte» (Hans Hyldbakk: Gamalt frå Surnadal, s. 54). Også stokkar og strangar kan vera isskotne. Uttrykket ser ut til å vera avgrensa til Nordmøre og Romsdal. Men det kjem jo av å skyte is(en), som vil seie å få eit lag med is (gjerne i kontakt med varmare luft). Det kan også bety å tine, bli fri for is. I Trondheim har det gått ei historie om ein prest som hadde glømt at han skulle forrette i ein brurviels ein bitande kald vinterdag. Klokkaren gjekk til slutt heim til presten, men han kvilte og kunne ikkje treffast. Da sa klokkaren: «Men når’n våkne,  må di be’n kom ned i Bakk-kjerka og ta med sæ ei bøtt kallvatn, så brura får skjøt isen!»

27.10.20: Dotsupskåp

Lite hengeskåp. Oppdal, på facebookgruppa «Antikviteter fra Oppdal». Dotsupen er dram som blir skjenkt når viltet er felt. Første delen kjem frå lågtysk dot, same ord som høgtysk tot ‘død’ («Dagens ord» 15.9.2013).  Det er nok rett som Morten Dørum seier i oppdalsgruppa, at nemninga dotsupskåp har med bruksområde å gjera, altså ei form for barskåp. «Dotsupskap» er også nemnt som eit produkt frå ei møbelbedrift på Singsås, i ein artikkel i Trønderbladet 8.11.2008.

26.10.20: Blavis(e)

Spøkefullt ord for blad, avis: «lesa i blavisa». Sjølsagt ein kombinasjon av blad og avis, og dermed eit eksempel på det vi kallar teleskopord. Desse er laga med første delen av eitt ord og siste delen av eit anna, slik som moped (av motor og velociped), motell (av motor og hotell) og floragram (av flora og telegram).

Eit par eksempel: «Læs du itte blaviser, gutt?» (Vidar Sandbeck: Husbondens røst, s. 253). «Og så tager dem skriveren uti sin hånd og lufter sine meninger i blavisa» (innlegg i Akershus Amtstidende 27.8.1956).

Ordet står både i Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) og i Tryti: Norsk slangordbok. Det har nok ein ganske utdatert klang, men det finst eksempel på det i aviser heilt opp til det siste tiået.

23.10.20: Amasjør

Ord frå blåsarsjargongen (med blåsarar er her meint dei som spelar i korps. Det går vel på å ha rette munn- og leppestillinga, rette muskelbruken, når ein trakterer eit blåseinstrument. Den fysiske spelforma, kan ein vel seie. Det er viktig å ha god amasjør.

Dette er fransk import i ein litt heimsmidd versjon. I ordbøkene vil ein finne det som embouchure, som på fransk betyr munnstykke. Attom ligg verbet emboucher  ‘sette (blåseinstrument) for munnen’ (Det Norske Akademis Ordbok, Bokmålsordboka).

Det gjeld altså først og fremst dei som har eit instrument dei blæs på. Men i dette eksempelet frå Sigurd Lybeck er det overført til spelform og drag på eit heilt anna instrument. Det er Myrenggubben som nærmast har gått amok og øydelagt trommahan spela på: «Det var synd på tromma, snøvlet Myrenggubben. Og je som slo så godt da, gitt. Je har itte hatt slik amasjør på alle de åra je har spelt»

22.10.20: Brekkekkel

Særs ekkel, motbydeleg. Slangord som har lange tradisjonar i Trondheim og som kanskje har oppstått der. Og skribentar med bakgrunn frå denne byen har sett det på trykk (Nils Moa, Gunnar Haarberg, Per Olav Tiller). Nils Hallan overhørte ein gong ein dialog mellom to trondhjemmarar som diskuterte ein dtredje peron: – Hainn e gørlei! – ja, hainn e rætteli brækkækkel.

Om dette ordet såg dagens lys i Trondheim, så har det nok spreidd seg. Sjøl møtte eg det første gongen i ungdomssjargongen i Sunndal på 1960- og 70-talet, og det er nemnt frå plassar som Overhalla, Røros og Frøya (her også i ein variant «bækkækkel», som vi må tru er ei avsporing). Tone Tryti har det med i si «Norsk slangordbok», utan å heimfeste spesielt, og fleire forfattarar har funne bruk for det. Torvald Sund har gode eksempel: «ein brekkekkel fyr er han, ein stuppul til å behandla folk» («Seglet og dansen», s. 212).

Ideen bak er nok «så ekkel at han/ho/det er til å brekke seg (kaste opp) av». Og ein brekkekkel person, ei riktig klyse, blir ein brekkekling.

21.10.20: Olmose (almisse)

I indre Sør-Trøndelag finn vi former som ælmus, ølmus og ælmos om gåve til folk som er trengande, som lid naud. Også i Surnadal: «gi te ålmøss». Dette har mange variantformer utover landet, og alle kan førast inn under ei normalform olmose. Formene er nok direkte nedervd frå norrønt olmusa. Dette er same ord som almisse, som vi nok har importert frå lågtysk, og som langt på veg har avløyst dei formene som går direkte tilbake til norrønt. I Oppdal er det almøss, som ser ut som ei blanding av dei to. Lengst tilbake kjem vi til gresk eleemosyne ‘miskunn, barmhjertigheit’. Betydningsoverføringa har vel gått for seg slik at tiggarane har bede om barmhjertigheit, og så har ordet gått over til å bety sjølve gåva.

Ei olmose kan også vera ein arm, hjelpelaus person, som på Leka: ei ålmås.

20.10.20: Knalen (adj)

«Det e ei knali ti vi levve ti» (Per Vingsand, Osen, i setelarkivet til Norsk Ordbok). Ei hard, lei tid, forklarar han det som, og det kan nok passe ganske bra også i dag. «Det va knale å få te», seier informanten frå Hemne – da er det vandt og rangt, i minste laget. Så er det fleire opplysningar frå Rennebu om at knale betyr trongt økonomisk, armodsleg, fattigsleg, «smått stell».

Ordet finst att i Sunnhordland, der det også betyr ‘skralt, skrøpeleg’, eller ‘rar, merkeleg’men i ungdomssjargongen på Stord har det også fått positiv tyding ‘festleg, storarta, strålande’.

Nokon etymologi vågar eg meg ikkje ut på, og det ser ikkje ut til at nokon annan har gjort det heller. Det finst riktignok eit verb å knala ‘tyne, øydelegge’, men samanhengen er uklår.

19.10.20: Fasi

«Det er ingen fasi på ‘om», kan (kunne) det heite i Orkdal og Meldal (og liknande på Hitra). Da betyr det skikk, gjerd, også utsjånad. Frå Roan har vi dette eksempelet: «Det va itt nå stor fasi på øytjinn (hestane) i denn tia, ætte våronna va færdi». Da var dei utslitne, så ein hadde ikkje særleg nytte av dei. Vi kan også notere eit eksempel frå Bjarne Slapgard: «Endeleg bar det i veg. Men for ein fasi og fart!» (Bestefar fortel, s. 48).

I Norsk Ordbok antyda dei i si tid at ordet kunne henge saman med fasong. Minst like rimeleg, som orkdalingane sjøl har vore inne på, er at vi har å gjera med latin facie(s) ‘form, skikkelse’. Dette ligg elles i siste instans bak vårt ord fjes. Jamfør også uttrykket prima facie ‘ved første augekast, første inntrykk’.

16.10.20: Låttalei’ (låtteløye)

Det er ikkje så godt å bli til «låttalei» – til latter og spott. Da blir ein gjerne drive ap med.  Ordbøkene fører det opp som låtteløye, samansett av lått (latter) og løye (moro, skøy, artigheit). Det siste heng i sin tur i hop med å le.

Samansetninga er for det aller meste belagt frå Trøndelag og Vestlandet. Forma låttalei kan gå tilbake på ei gammal genitivsform hlátrar- i førsteleddet. I indre trøndersk heiter det ofte låttålei; det ser altså ut som eit jamvektsord. Denne kan ha utvikla seg på to måtar: Enten som ei samandraging av lått-og-løye, eller som kontrast til den ytre forma låtta- etter mønster av systemforskjellen som vi har mellom ytre og indre trøndermål i ord som kåmma – kåmmå etc.

Eitt eller ei låttalei/låttålei kan også brukast om den personen som blir til latter, ein latterleg person.

15.10.20: Blidføre

Blidt lune. På indre Nordmøre seier ein gjerne at «ho/han e på bliføra» (dativ) når nokon er blid og i godt humør. Frå Verdal er det notert med dativ fleirtal: «på bliføråm». Den så mange gonger omtalte Hans Ross (1895) har det frå Stjørdal: «blifør», og forfattaren Kristofer Uppdal har sett det på trykk. Ola Hola i Nesset har også ordet, i ei forteljing der Børnstjerne Bjørnson er omtalt: «Men då han fekk sjå maskineriet til Hans der oppå mønet, tok han i eit kraft-skratl som han brukte då han var på retteleg blidføret» (Folkeliv og tradisjon frå Nesset II, s. 186).

Her har vi føre i tyding ‘lune, huglag’, som i godføre, rangføre o fl. Stundom er somme på det føret at dei ikkje er tilsnakkande.

14.10.20: Flyttardag

Dette kan sjølsagt vera ein kva som helst dag når det foregår flytting, f.eks. på setra eller til ny bustad. Men etter gammal skikk var det to særskilte flyttardagar, den 14. april og 14. oktober. Altså første sommardagen og første vinterdagen, ut frå den gamle inndelinga i sommar- og vinterhalvår. Dette var dei faste dagane da tenarar flytta til ny teneste, også kalla faredagar.

Alf Prøysen har ei vise som rett og slett heiter «Fløttardag». Her er det ein som sit i kjerra på veg til garden der han skal tene. Men han har noko i bakhand: «en bæljesprøkkin torader tel hjelp mot sorg og savn».

13.10.20: Bladdag

Tysdag er kanskje bladdag for somme av oss enno? Før var det onsdag, og det er sjølsagt snakk om den dagen da nye vekeblad kjem i handelen. Kor vidt ordet bladdag går, er vanskeleg å seie for sikkert. Det er/var i alle fall velkjent på Nordmøre og vidare ikring, og forfattarar heilt opp til Jon Fosse har teke det i bruk: «tysdag i dag, bladdag, kan kjøpe vekeblad» («Stengd gitar», s. 55). Arnljot Eggen er reint lyrisk: «å gjev det var onsdag og bladdag igjen med spennande heltar og kjærleik som brenn» (Bakside-viser, s. 8).

På samvirkelaget i Rindalen var det ein gut som møtte opp på bladdagen og stilte seg opp og tjuvlas Donald Duck. Da betjeninga antyda at han kanskje heller burde ha med seg pengar og kjøpe bladet, svara han: «ja men det kjem da nye blad kvar onsdag!» (Rindal heimbygdslag, årsskrift 2011, s. 74).

 i12.10.20: Dåffåle

Adjektiv som dekker eit ganske breitt spekter av negativ personkarakteristikk. Det kan bety motlaus, mismodig, nedtrykt, men også maktlaus, tiltakslaus, slapp og skral, i dårleg form, ynkeleg, stakkarsleg. Ein annan nyanse er forfjamsa, paff: «han vart ståan aldeles dåffålin». Og ein siste er toskete, halvtomsete, seintenkt. Uttalen kan variere: dåffåle, dåffålin, dåffåeleien, til og med tåffåleien.

Ordet finst i forskjellige variantar i Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Fjordane og Sogn. I tillegg er det nemnt frå Skjåk og nokre plassar i Nordland.

Ordbøkene normerer det til dåfurdeleg, og i somme av dei mange uttaleformene går det fram at det nok hører med ein r der. Men det er nok slik at siste delen viser samanblanding og innverknad frå fleire ord. Dåfallen ‘brått redd; skamfull, motlaus’ hører i alle fall med her. Første delen heng tett i hop med det norrøne substantivet ‘dvale; dåning’.

9.10.20: Ansimellom

Litt spesielt gammeluttrykk som betyr fleire forskjellige ting, men som likevel heng i hop. La oss ta dei etter tur, etter mønster av oppføringa i Trønderordboka:

For det første betyr det ‘av og til, ‘no og da, uregelmessig, etter som det fell seg’. Så kan det vera innimellom (anna arbeid); i ei ledig stund, når det er stans i arbeidet for ei kort tid (f.eks. medan ein ventar på reiskap). «Lån mæ en bonning æ sett her så ansimillo» (Hemne); «han  gjorde det slik ansimellom» (i småstundene). Når det somme plassar betyr travelt, så er det eigentleg det same, for da har ein nettopp ei ledig stund, eit lite pusterom,  til å få gjort noko som ligg på. Til slutt kan det bety midlertidig lens, tom, opprådd for. Da er det jo også ein mellomfase før «normaltilstanden» er oppretta att. Ein kan bli ansimillom for mjøl elle rkaffe f.eks.

Ordet har vore bruka ikkje berre i Trøndelag og på Nordmøre, men også på plassar som Romsdal, Sunnmøre, Nordfjord, Voss, Hallingdal og Rendalen. Norsk Ordbok har oppslagsforma alls-imellom, med annars-imellom i parentes. Det siste er kanskje nærast opphavet, for det er helst annars imellom ‘mellom andre ting’ som ligg til grunn.

8.10.20: Han bles ‘n far sin i auan

Steinar Nilsen har registrert dette uttrykket på Hitra, og han forklarer det slik: «uttrykk for kjent værfenomen (spesielt under høststormene) i Ytre Trøndelag: der svak, søraust vind (bris) «holder» sterkere sørvest vind (storm) ut fra kysten, slik at «hain feillj itj innj».

Meir detaljert er dette skildra i ein fantastisk artikkel av Steinar Nilsen og Bjørn Nilsen Gjevik: «Ord og uttrykk for vær, vind og sjø fra Hitra» (Årbok for Fosen, 2007, s. 53-70). Her heiter det «Før en kraftig sørveststorm slår inn, er det gjerne sørøstlig vind. Den ligger på forsiden av en varmfront og noen ganger kan denne vinden bli ganske kraftig. Om dette ble det sagt no bles ‘n far sin i auan. Det uttrykte klart at en etterhvert kunne vente vinddreining og kraftig sørvest». Så han fell nok inn til slutt.

I denne artikkelen er det også ei fin jamføring mellom «gammel hitterskala» og Beauforts skala som uttrykk for vindstyrke. Alt dette er eksempel på kor nyansert og detaljert dialektane våre beskriv ver, vind og andre naturfenomen. Mykje kunnskap verdt å ta vare på!

7.10.20: Han er ikkje all der ein ser han

«Han e ikkje all der’n sjer’n» er ein seiemåte eg har fått med meg frå Sunndalen og Øksendalen. Eksakt same formulering finst i ei gammal samling med ordtak og talevendingar frå Stjørdalen («Som dei gamle sa for eit ord»). Norsk Ordbok har det frå Valdres, Gudbrandsdalen, Østerdalen, Sunnmøre og Trøndelag, og her kan vi nok plusse på ganske mykje når vi skal til å revidere. Dette skildrar ein person som det bur meir i enn det ein ser. Han eller ho har andre eigenskapar enn dei viser fram, somtid kan det også antyde at personen ikkje er heilt å lite på, du veit ikkje heilt kor du har han. Eit tilfeldig valt eksempel: «Å, han Kalle er ikkje all der du ser han. Det sit ein god hovudknapp på den karen» (Jens Haukdal: «Morten hare», s. 639. Uttrykket er gammalt, for alt i norrønt hadde dei «hann var eigi allr sem han var sénn».  All betyr nok her ‘heil, fullstendig’.

5.10.20: «Gjæra auo gjæstbø»

Unggguten melder til kameratane sine, han ser nye, fjonge lærarinna kjem syklande: «No kjem ho nylerarinna! No må dåkko gjæra auo gjæstbø!» Det vil altså seie å nyte synet, men ikkje noko meir. «Bare se, men ikke røre», som det også heiter. Liknande ting har nok vore sagt mange plassar. «Han fekk gjera augom sinom gjestebod» har Ivar Aasen i «Norske Ordsprog». Merk at i dativmålføre må det vera dativending på «auo(m)», for det blir indirekte objekt. Det direkte objektet er «gjestebod». I målføre utan dativ vil det (i Trøndelag) kunne bli f. eks. «gjærra auan gjestbu». Eit «gjestebod for augo» er noko sværande fint, noko som er vakkert å sjå på. «Øyenslyst» heiter det vel på sidemålet.

Onkel og tante til ein av mine informantar var for mange år sia på badeutflukt til Devlebukta i Trondheim. Da kom det ei særs lettkledd og vakker ung dame gåande tett forbi, noko onkelen i høgste grad vart merksam på. Han fekk ganske fort klar ordre frå tanta om å «dra te sæ auan». Men han svara roleg: «Man skal unne sitt øye et gjestebud»!

2.10.20: Alnakkfrø

Narreting, oppdikta ting som ungar kunne bli sendt i veg for å skaffe. «Gå og kjøp alnakkfrø». I boka «Hva dagene vet» knytter Sverre Østen dette til skikken med aprilsnarr. I alle fall er al(ma)nakkfrø ein av mange slike fiktive ting som ein har narra ungar eller nybegynnarar på ein arbeidsplass med, sendt dei bort på meiningslause ærend. Rompdrag og pølsmønster er nok ganske kjent, men det finst mange andre: aumålet, sengvarmar’n, grøftsmygar’n, sylspettfrø osv osv.

1.10.20: Almanakk (alnakka)

Den som ikkje har Bibel og almanakk,. han lever på slump, seier ordtaket. Folk kan av og til sjå ut som dei har «rømt tu alnakkam» (Meldal) eller er «døtten utur alnakken» (Leirfjord). Og får du høre noko hemmeleg, med tillegget «ikkje eit ord i almanakken», da må du for all del ikkje fortelje det vidare (Bømlo).

På dialekten min heiter det «ein alnakka». Men som kraftuttrykk kunne ein bruke «du svarte almanakk»: «du svarte almanakk, kor det regna!»

Å «tjen almenakka» (Roan) var å vera i teneste berre eitt år på ein plass.  Det var skam å byte plass så ofte, og ein slik person vart på Voss kalla ein «alnakkatenar».

Eit gammal namn på almanakken er «verboka».

30.9.20: Husmannssommar

Bolk med mildt og fint vêr om hausten (etter at det har vore kaldt ei tid); attpåsommar; «indian summer». Den første vi ser nemner dette, er Hans Ross, som har nemninga frå Austlandet. Men det har nok vore kjent også andre plassar; såleis er det ein del opplysningar om det frå Rogaland. Tanken er at husmannen da skulle få tid til å gjera onnaarbeid heime på plassen. I alle onnene om sommaren var husmannen (og gjerne kjerringa og ungane også) fullt opptekne med pliktarbeid på hovudgarden. Eit merke i Rogaland var at om vêret var godt første september, vart det ein god husmannssommar. Ein husmannssommar er dobbelt god, har det også vore sagt. I Telemark var det snakk om husmannstørk («husmannsturkjen») på høy og korn.

Men helgamessommaren må vel vente enda ein månads tid.

29.9.20: Dalasno

Vindtrekk ned gjennom ein dal. Spesielt om vinteren kan denne vera både skarp og bitande. Ordet er typisk for Nordmøre: «dalsnoen og rennfokket gusta kaldt kring novene» (Hans Hyldbakk: Brev frå barndommen, s. 37). Uti Aure møter vi forma dalasnå, og den går inn i Trøndelag fleire plassar, blant anna i Hemnebygdene og Fosen elles. Sno og snå varierer mellom dialektane, og det gjer også kjønnet, hann- eller hokjønn. Lenger nedover Vestlandet har vi også ordet (Sunnmøre, Fjordane, Sogn), men der gjerne i forma dalsno.

Lagsavisa til Orklalaget i Trondheim heitte i si tid Dalasno (dette eksisterer vel ikkje no; eg har fune opplysningar om det rundt 1950). Eit hus på Åndalsnes heitte også Dalasno. Dette var ille utsett for vinden ned Romsdalen. Denne sorten vind heiter der elles helst «skjellå».

28.9.20: Hoggram

Her høver det å starte ed Ivar Aasens forklaring: «djerv, dristig at hugge til, ogs. nem til at træffe et visst punkt». Dette fann han i Orkdalen og Gauldalen. Norsk Ordbok fyller på med fleire tydingsnyansar: «bitande og kjapp i svar og tale; råkande til å ordleggja seg», «godt og råkande formulert; treffande, fyndig», «pågåande, uvøren», «brutal». Heile tida er vi i det gamle Sør-Trøndelag, men det har nok funnest i mitt eige målføre frå Sunndalen også: «hoggram te å svara». «Det kunne falle hoggramme ordspel når dei «rev kjeft», skriv Ola J. Rise i Oppdalsboka. «Det finst dei som er hogg-ram og kvass-tæinnt men og dei som fær med tannlaust sbnakk» (Meldal historielag, årbok 1970, s. 13).

Ein parallell har vi i det gamle ordet bitram ‘bisk, sinna’, som hans Ross har frå Strinda og Gauldalen, og Ivar Aasen frå Helgeland.

25.9.20: Legge bi med

«Det e ‘kje verdt å lægg bi med dæm,» sa mor mi, og det var om folk som det ikkje var grunn til å ha noko med å gjera. Best å styre unna!

Dette er ein overført bruk, for uttrykket stammar frå sjøfarten. Å legge bi (eller dreie bi) vil seie å legge eit farty så nær opp mot vinden at det gjer liten eller ingen fart. Bi kjem frå mellomlågtysk , som betyr ‘ved sida av’, og som tilsvarar høgtysk bei. Vi har det same i å stå nokon bi.

24.9.20: Søvvel som høve brø’n

Enda ein talemåte for noko(n) som passar godt i lag. Og denne går kanskje meir på samlivspartnarar igjen. Uttrykket ser ut til å vera lokalt for Verdalen, men belagt frå solide tradisjonberarar som Helge Dillan, Bjørn Åstadvold og Svein Guddingsmo. «Søvvel» (suvl) kan bety mange ting, men her er det vel pålegg (smør, ost m m) det er tenkt på. Og så noterer vi oss ein fin dativ, klassisk for innherredsmål i inkjekjønnsord som i uttalen sluttar på vokal.

23.9.20: Som skit i nysnø

Fleire har komme inn på dette uttrykket når vi no har vore inne på talemåtar om folk som passar godt saman. Men når noko fell/går/passar som skit i nysnø, er det kanskje helst tenkt på eit arbeid som går glatt. Mest typisk møter vi det vel når snekkaren eller bygningsarbeidaren får noko til å felle godt saman. Norsk Ordbok har dette frå Trøndelag, Nordmøre og Nord-Rana, pluss ein variant frå Nissedal i Telemark: «Det fell som lort i nysnø». Her går det nok an å føye til fleire. Ein rask sjekk gjev i alle fall Eikesdalen, og dessutan Leirfjord og Salangen nordpå. I Lom heiter (heitte?) det «det klæst som skit i nysjog» (slik er i alle fall Hans W. Brimi sitert). I samlinga «Ordtøkje og herme» er det formulert slik: «det sokk som skit i nysnø».

I Austlandsområdet ser det ut til å gå meir på drit: «Dæ feill som drit i nysnog» (Øyer, liknande frå Ringsaker); «detti går som varm drit i nysnø» (Furnes). I Valdres har det fått form som eit hermestev: «Detta fell so drit i nysnø, sa tømmermann, han prøvde nøve» (nova).

Bildebuken er vel grei å sjå for seg. Merk at det frå Furnes er nemnt at driten må vera varm. «Som varm kniv i smør» er uttrykk for ein liknande tankegang.

22.9.20: Lokk som måte dalla

Ein annan talemåte som beskriv to som går godt i lag, i partnerskap eller ekteskap. Altså det same som skreppa som passar til ryggen i «Dagens ord» 20.9.20. Men dette vi ser på her, synest avgrensa til Stjørdalsbygdene.  Sitata gir oss tradisjonelle dativformer på siste ordet: «lokk («løkk», «lækk») som måte dalla», eller «som høve dalla». Ein litt lengre versjon står hos Bjørgum/Røkke «Som dei gamle sa for eit ord»: «de fins no allti løkk som høve dalla». Dermed er det håp for oss alle!

21.9.20: Søtsnakkande

I eit artig og interessant stykke i årboka for Meldal historielag 1996 er det lista opp mange talemåtar knytt til namna på forskjellige kroppsdelar. Eit rikt og variert materiale. Om tunga blir det opplyst at hokan vera «søtsnakkaind» – med andre ord falsk.

Akkurat denne kombinasjonen er visst ikkje registrert andre stader, men det koplar seg jo greitt til søt i tyding «tilgjort blid og vennleg». Søttalande er eit synonym, likeeins søtlåten og søtmælt. Hans Ross (1895) fann «søttålåndes» i Nord-Gudbrandsdalen, og søttalande er også brukt av fleire forfattarar. Tynset har søtmunn om ein person «som talar alle til lags», i følgje informanten. Dette er vel elles meir kjent om ein som er glad i søtsaker.

20.9.20: Skreppe som måtar ryggen

No for tida er det mykje snakk om å ha «god kjemi». I mange relasjonar er dette viktig, og kanskje særleg når det gjeld livspartnar. Tradisjonell dialekt har uttrykk for dette, og da er det nok særleg tenkt på ekteskapelege samlivet: «Få sæ ti ei skræpp som måte ryddjen» (Stadsbygd), eller «det va skræpp som måta ryggjen» (Bjugn). Frå målføre med dativ vil det kunne bli slik: «skræpp som måta rygg(j)a» (Meldal, Melhus). Da passar dei to godt ihop.

18.9.20: Beinkløkk

Osteoporose, eller beinskjørheit, er noko som mange slit med, særleg eldre. I staden for beinskjør sa vi i Sunndalen at slike folk var «beinklåkk». Klåkk er dialektuttale av kløkk, ei form som forutan i gammaldags sunndaling finst i Indre Sogn, Snåsa og Lierne. Det snedige er at eg ikkje har funne samansetninga beinkløkk andre plassar.

Såg ei Pondus-stripe der Pondus i ein fotballkamp legg inn eit svært så moderat skulderpress på ein motstandar, med det resultatet at denne blir liggande som ein fillehaug. Etter kampen diskuterer Pondus og Jokke, og Pondus lurer på kva verdas mest beinskjøre mann har å gjera på ein fotballbane. Jokke kan opplyse at denne karen akkurat er tilbake etter ein stygg skade han pådrog seg under ei støttepasning for seks år sia. Han var beinkløkk, han!

17.9.20: Befengt

Vi får håpe det snart ikkje er fleire som bli befengt no. Det betyr nemleg smitta, angripen, plaga av. Ein kan bli befengt med sjukdom og sott, men også med f.eks. sopp, eller med lus og anna uty. I dag har det nok litt gammaldags klang, men det har vore bruka i dialektane rundt ikring. Samansetninga pestbefengt er også kjent. Ordet er partisippform av eit eldre verb befenge, dansk befænge, som betyr nettopp å angripe eller smitte. Det kjem frå mellomlågtysk bevangen ‘gripe’, og er i slekt med dei meir vanlege verba fenge og fange.

Det går vel også an å bli befengt (plaga) med innpåslitne menneske, og vidare kan det brukast om personlege eigenskapar , helst negative: «Han er så befengt med at han alltid skal vera den første». Frå Leksvik har eg ei opplysning om at dei bruka befengt også i tydinga gravid.

14.9.20: Baktak

Når du tek baktaket på nokon, tek du vedkommande rundt livet attafrå. I slåstinga i gutedagane var dette rekna som eit feigt knep. Leif Halse skildrar ein episode der karakterane Stor-Maria og Jo er på lauvhogging. På veg ned med børene trør ho Stor-Maria nedi eit hol og uhappar foten sin. Dermed må Jo til pers: «Så tok han baktak rundt livet og løfta, men jødemeg, kor tung ho var! Ho var tyngre enn nokon maltsekk!» (Eit plassrom kalla Trøa, s. 111).

Det kan også brukast overført. I bygdeboka «Gard og grendeliv i Budalen» får vi høre om ein som gjelda tok baktak på.

10.9.20: Ame

Stor tønne (fat, fustasje). I Norsk Ordbok er ordet heimfesta til Sunnmøre, Trøndelag og Nordland. Med fleire opplysningar tilgjengeleg kan vi trygt føye til Nordmøre, og sikkert fleire. «amor med øl av da sterkaste slags» heiter de i ei vise på sørhelgelandsmål frå ca. 1800. Vi har sirupsamer, vassamer, vinamer, parafinamer og fleire. Ame er også eit eldre rommål for flytande vare, Det tilsvarar ca. 4 anker, der eitt anker er i underkant av 40 liter.

Ordet er importert frå lågtysk i si tid, men går lengst tilbake til latin ama og gresk ame ‘(vass)spann’.

Fustasje, som er om lag synonymt med ame, er komme frå tysk eller nederlandsk og stammar frå latin fustis ‘tønnestav’.

9.9.20: Dokterskrift

Uleseleg handskrift, «kråketær». Det er kanskje ein myte at doktrane skriv stygt, men det har vel vore rabla ned einog annan uleseleg resept opp gjennom åra. Ei historie har gått om ein dokter som inviterte ein av pasientane sine i selskap. Invitasjonen kom skriftleg, men pasienten dukka aldri opp. Ei tid etterpå treftest dei to, og dokteren lurte på om pasienten ikkje hadde fått brevet. Jau da, takk for det, han hadde levert det inn på apoteket, fått medisin og no kjente han seg mykje betre!

Jon Haugnes fortel om ein dokter i boka «Vaksefølk» (s. 105): «Til slutt skrev han ut en resept på medisiner. Den var totalt uleselig for vanlige folk. På bygda ble det sagt at han hadde toppkarakter på doktorskolen når det gjaldt praktisering av doktorskrift».

Med utskrifter frå pcen blir det vel slutt på dokterskrifta.

7.9.20: Heilbeina/heilombeinom

Det er dei to oppslagsformene Norsk Ordbok har på dette ordet. Det er uttalt på fleire forskjellige måtar; her er eit par eksempel frå Nordmøre på bruken: «du lyt farra så du kjæm de hæm hælåbænå» (Gyl i Tingvoll); «han kom se hælåbæna frå di» (Stangvik). Som ein forstår, betyr det ‘med heile bein og lemmer; utan beinbrot; uskadd; heilskinna’. Det er belagt først og fremst frå Nordfjord, Sunnmøre og Nordmøre. I tillegg er «heilbeina» ført opp i ei eldre ordsamling frå Sunnhordland. På trøndersk område har vi «heilåbeino» frå Hemne og «heilabeina» frå Hitra.

Det er dels gamle dativendingar vi møter her, som uttrykkjer måten ein kom seg fram eller ut av ein situasjon på og tilstanden ein er i etterpå. Delvis er det dativending på begge ledda («hælåbænå»), delvis berre på første ledd («heilobeina») eller berre på siste ledd («heilabeinå»). Ivar Aasen noterer det i to ord frå Sunnmøre: «heilå beinå».

Somme plassar kan det også heite heilbeint.

5.9.20: Brødsmellen

«Brøsmell’n e æg radd» (Karl Braset, frå Sparbu). «Han tæle-itt brøsmell’n (Oppdal) sagt om den som er gjerrig og redd for at det skal gå med for mykje mat. Liknande finn vi i Rennebu, og alt Ivar Aasen fann slike talemåtar i det «trondhjemske». På Høylandet lyder oppfordringa til matmora «du må itt varra radd brøsmell’n»  ønske, oppfordring om å servere mykje og god mat. Brødsmellen er her smellen når du bryt flatbrød.

3.9.20: Le(d)rensel

Om ikkje ledda fer ut av stilling, kan ein ha andre plager med dei. Ein kan ha verk, gikt i dei, eller «le-rensel». Denne samansetninga har eg funne berre hos to forfattarar, Inge Krokann og Olav Berkaak: «han hadde vorte mest børlam av le-rensle siste åra» (Krokann: I Dovre-sno, s. 237). «Rensel ti leåm» kan det også bli sagt. Rensel eller rensle er i denne samanhengen ilingar, tokter, flager av smerte. Riktig ille er det når ein får «rensel i all kroppa (dativ)». Samansetninga giktrensel finst også.

1.9.20: Leddokter

Når noko fer «tu le’n» (ut av ledd), er det om å gjera å få det atti-att. Det fanst folk som hadde spesialkompetanse på den slags operasjonar, og dei var gjerne ikkje utdanna doktrar. I følgje Norsk Ordbok er/var ein leddokter ein «(ufaglærd) person som har godt handlag med å leggja saman beinbrot og setja bein i led». Dei fleste opplysningane om slike er frå Trøndelag, men det fanst namnspurte leddoktrar på Nordmøre også. Hans Hyldbakk skriv i eit avisstykke (10.5.1997) om  at dei skulle «etterlikne dei gamle leddoktrane med å få leda attiatt».

31.8.20: Å komma (kåmmå) attiatt

Dette betyr i alle fall to ting: For det første å komma i barndommen, bli senil, og da er ein attiattkommen. Dette er nok mest utbreidd. Men somme plassar seier ein også å «kåmmå attiatt» om å komma til seg sjøl, komma til bevisstheit (f eks Rindal, Selbu, Ålen, Alvdal). Fellesnemnaren er nok å komma tilbake til ein tidlegare tilstand.

26.8.20: Klepptung

«dom slepte de vasne klepptunge skoa etter seg» (Ove Røsbak: Husimellom, s. 119). Nytt ord for meg, men Norsk Ordbok har forklaringa, som så ofte elles: «tung i høve til storleik».  Eller som forgjengaren Hans Ross seier det (1895): «tung i Forhold til Omfanget». Han har ordet frå Nord-Gudbrandsdalen. Stor eigenvekt, vil vel fagfolk kunne seie. Det er målførebelegg også frå Elverum, og Vidar Sandbeck har også brukt ordet. Somme har kanskje vore borti det i gamle Nordahl Rolfsens lesebok. I ei av forteljingane der er det ein som prøver å løfte ei jente, men ho har ete så mykje rømme om sommaren at ho er «klepptung som eitkvart ilt», heiter det. Forteljinga er av læraren, barnebokforfattaren og folkeminnesamlaren Hallvard Bergh (1850 – 1922). K. M. Elda har dette ordet i bygdeboka «Gardtales i Orkland»: «Det er ein steinklepp som ligg opplagt til løftings på Angviksætra. Klepptung er han, og hål å få tak ti» (s. 146). Og det er vel klepp ‘klump’ som ligg i førsteleddet. Ordet går nok vidare enn som så, og det er truleg tilfeldig at vi ikkje veit så mykje meir om utbreiinga.

I januar 2004 var det ein sel som hadde rota seg inn på flyplassen i Alta, kan vi lesa i Altaposten. Folka på flyplassen måtte fjerne han. På spørsmål frå avisa om «pågripelsen» var dramatisk, var svaret at kobben var snill og føyeleg. Men han var klepptung!

24.8.20: Trøysamsole m.m.

Trøysam, artig gut eller kar; det same som artigsole (Meldal, Rennebu, Budal, Selbu). I heile dette området vil uttalen vera trøsamsole. Men det er fleire solar: larvsole, likgladsole og likselsole kan bli sagt om likeglad, upåliteleg person, ein latsekk kan også vera ein latsole, og ein raring kan vera ein rarsole (i alle fall i Meldal og på Hitra) eller ein pussigsole og snorri(g)sole (begge Leksvik). I Orkdal har vi drygsole om ein skrytande, arrogant person. Ein rangsole er rang og tverr (Meldal, Budalen). Frå Verran har vi ein ovlisoli om ein ovlen, uvøren kar. Og ein vandsole er vand på maten (Rindal).

20.8.20: Artigsole

Artig (morosam) gut eller kar; spøkefugl, skøyer. Ordet er registrert berre frå Nordmøre og Sør-Trøndelag. Siste delen, ein sole, er ein raring. På eitt eller anna vis er det nok samanheng med skosolen. I spalta «Fra minnenes album» i avisa Tidens Krav er det den 27. november 2004 fortalt om den gamle kommunale kinohallen i Kristiansund før krigen. Det kunne danne seg lange køar, og ein gong kom det ein artigsole, litt på’n og stilte seg fremst i køa. «Still dæ bakerst!» vart det ropa. Han parerte med at det hadde han prøvd, men der stod det ein frå før. Ein retteleg artigsole, han der.

19.8.20: Påfynster

Påfunn, påhitt, gjerne av eit tullete slag. Av og til også om påskot, bortforklaringar. Ordet er altså ofte noko nedsettande. Arkivbelegga er spreidd over store delar av landet, frå Onsøy og Lista i sør og til Trondenes i nord, kanskje med ein viss konsentrasjon på Vestlandet. Bruka av mange forfattarar, særleg ofte finn vi det hos Arne Garborg.  Ordet finst ikkje i dei eldre samlingane (Asen og Ross), men ser likevel ut til å vera heilnorsk. Uttalen kan også vera påfønster. Her kjem eit typisk eksempel på bruken:

«Som morsdagen er også farsdagen ein amerikansk idé, mange vil kalle det eit påfynster» (Olav Bø: Høgtider og minnedagar, s. 101)

17.8.20: Velendet

Dette er matrøyra, eller «spiserøret», på eit slakta dyr. Eigentleg eit landsomfattande ord, i mange ulike former: væl(l)einne, væle, vælaren, velane, vølende, vålannje, varle, viljan, for å nemne nokre. I svenske dialektar forekjem det også. Det går tilbake på norrønt vélendi, men den vidare etymologiske samanhengen er det lite å finne om i ordbøkene.
Ein operasjon som er nemnt frå Soknedalen, er «å snu vælende». Dette har eg fått forklart som å ta ut ein liten kjøttbit i strupehovudet på eit saueslakt.
Så har vi nokre uttrykk der det skjer ei overføring til mennesket: «Å bløyt vellenne» er ein spøkefull talemåte frå Grong, om å leske strupen. Så har vi eit par frå Stjørdalen:. For det første var det ein far som skal ha sagt dette til sønnen, dei heldt på med eit arbeid: «Ta ti så vi får sjå om det e grodd-for velenne på dæ!» Og så var det ein som var sagt å vera «oppilli på velendkjøttkak». Neppe den mest næringsrike kosten!
Ein måtte knyte for velendet slik at mageinnhaldet (gorret) ikkje kom opp og skjemte ut
slaktet. Dette heitte å bett for eller knyte for velendet. Til dette brukte ein velendsnøre eller velendtråd.

14.8.20: Argstein

«Få argstein ti sæ» – få eit gnagande sinne som ein ikkje blir kvitt. Det er Arnfinn Aune frå Hitra som har meldt om dette uttrykket. Og det er alt vi til no veit om dette. Eit søk på Nasjonalbiblioteket gir tilslag på eit nummer av Dagsavisa i Trondheim, den 4. mai 1946. Her er det ein T. U. som har ei lita andakt over ein bibeltekst som handlar om «husholderne», her leiarane for menigheitene. Han skriv «Husholderne blir så ofte holdt for trangsynte, gammeldagse og til slutt en argstein som de ønsker bort».

Dagsavisa i Trondheim kom ut frå 1946 til 1954. Akkurat dette nummeret er forresten sterkt prega av den da pågåande retssaka mot Henry Rinnan.

13.8.20: Barkekul, barkkyle m fl

Av dei tradisjonelle nemningane for adamseplet (den øvste, framståande delen av strupehovudet) er dei aller fleste samansett med barke ‘strupe’. Vi har bark(e)kul, bark(e)kyl(e), bark(e)knut(e) m fl. På Innherred har det vore sagt barkkjøggel. På Austlandet finst garp eller garpe om strupe, barke, luftrøyr, og til dette har vi eit par ord for adamseple: garpeknut(e) og garpekul(e). Så er det eit par samansetningar med hals: halseple (Krødsherad) og halskule (Østfold).

Etter Det Norske Akademis ordbok (NAOB) er adamseple laga etter tysk Adamsapfel. Dette igjen er omsett frå mellomalderlatin pomum Adami, og attom dette ligg hebraisk tappuach ha adam ‘mannens eple’, eller noko tilsvarande på arabisk. Det har vore folketru om at Adam i Bibelen sette det forbodne eplet i halsen da Vårherre ropa på han.

12.8.20: Barke

Tradisjonelt ord for strupen, eller luftrøyret i halsen. Etter Norsk ordbok har dette vore vanleg over heile landet. Arkivmaterialet stadfester dette. Men i den grad det enno lever, er det nok helst om dyr, og gjerne i samband med slakting. I Trønderordboka nemner vi ein trussel «ska æ klip-over barkjinn på dæ?» (dette frå Smøla). Å skrike, skråle av barke er å skrike av full hals (Lista). Somme plassar seier dei barketak om strupetak, slik også med barkatak i færøysk.

Ordet fanst også i norrønt. T d hører vi om råskinnet Egil Skallagrimsson, som rauk på Atle den skamme, velta han i koll og beit han i barken. Etter Alf Torp er ‘spalte’ den opphavlege tydinga, og det er same rot som i verbet bora.

Barke er også brukt om eit slags tilhogging i laftehals som høver nedi innsnittet på stokken under, og som i form kan likne litt på ein barke.

Verbet barke som i «barke i hop», «barke saman», «det barkar gale i veg» kan henge saman med dette (i så fall opphavleg ‘flyge i strupen på’), men det kan også komma av barke ‘garve’ eller ‘ta borken av’.

11.8.20: Frossen (og) forfæld

«Ho va itt/ikkje frøssin ferfæld» – ho var sanneleg modig, ikkje skvetten. Dette nektande uttrykket kjenner vi (så langt) frå Ytter-Namdalen, Innherred (Sparbu) og Nordland (Fauske). Bokstavrimet må ha gjort at dette har festa seg. Det er truleg samantrekt av «frossen og forfæld», slik det også er registrert av og til. «frøssin og ferfæld» (Snåsa), «ho var ikkje frossen og forferd» (Håløygminne 1935, s. 167). Forfæld betyr skremt, forskrekka, sjokkert, stundom også overraska. Partisippform som kan vera blanda i hop av to verb: forfæle (jf. fæle ‘bli, vera redd for’) og forfære (som har samanheng med fare ‘noko som er farleg’). Forferde hører også med i selskapet. Dette er lågtysk import, som også har samanheng med fare.

7.8.20: Hunddagatroll

Hunddagatroll eller olsøkutroll er namn på vårflugelarvar. Eilert Mo fører opp dette frå Rindal, og det er dei einaste opplysningane vi har om desse orda. Dei har eit hylster (ein «bale») av saur og sand ikring seg, seier Mo. «Olsøku» er sjølsagt olsok. Og på tradisjonell rindaling heiter det «tröll» med ein spesiell ø-lyd.

5.8.20: Hundedagssild

Feitsild som kjem inn og blir fiska i hundedagane: «Hundedagssild og nypoteter var noe å slå leppene i, – sa gammelkarene» (Stjørdalens Blad 25.7.1959). Ordet ser ut til å vera brukt først og fremst i Trøndelag og på Nordmøre, pluss eit belegg frå Folldal. Uttale «honndag(g)asill», «honndåggåsill» e l. Men det heiter seg at denne silda ikkje stod seg særleg godt, og ho eigna seg derfor ikkje til salting og lagring. Ho «slepte buken», som dei sa (i Aure), og feittet satt så laust at denne silda ulna heller fort.

3.8.20: Beinkjørande

Som går rett på sak, seier meininga si rett fram utan omsyn. Det ser ut som eit nesten reint trønderord, til no belagt frå følgjande plassar: Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Soknedal/Støren, Hemne, Sandvollan, Ogndal, Beitstad og Snåsa. I tillegg er det notert frå Tolga. «Benkjørinn» frå Singsås og «benkjøre» frå Oppdal tilsvarar i normalisert form beinkjøren, med ei litt anna form på avleiinga. Som «Dagens ord» 6.1.17 hadde vi beinsnakkande og beintalande, som betyr omtrent det same.

21.7.20: Jamslite

Slite like mykje av alle klesplagg (Norddal på Sunnmøre, belegg i setelarkivet til Norsk Ordbok): «Du må ikkje jamslite so kleda dine. Kva skal du ha til kyrkje då?». Det var vel ein regel det at ein ikkje måtte jamslite kleda sine, men live finkleda. Det blir ikkje helgaplagg når alt er jamslite.

Greitt nok det, men så var eg innom ein bokhandel i Stryn i ferien og kjøpte meg eit par humorbøker frå Nordfjord. Der står ei historie om ein smed som heldt på å kvesse ei slegge da grannen kom inn. Han brukte venstre handa til å slå med, og dette reagerte grannen på: – Eg har aldri visst at du var keivhendt?  – Nei, det er eg ikkje heller. Men eg har funne ut at det er på tide at eg bjønde å jamslilte kroppen» (Martin Lilleheim: Nordfjordglimt III, s. 44)

10.7.20: Sladot eller sladose

Dette kom opp i eit par kommentarar til gårsdagens ord, og da legg eg inn avsnittet om slike ord frå boka «Din hånstaur» (2012). Eit par heimfestingar er føydd til:

Sladot

Er ein slabbedask eller slamp (Frøya, Trondheim, Roan, Gimsøy, somme plassar på Vestlandet). Her er det fleire forgreiningar og variantar, ikkje minst sladose (Byneset, Malvik, Skaun, Rennebu, Meråker, somme plassar på Nordmøre), slodose (Frøya, Alstahaug, Nesna), slåddos (Malvik, Skogn), slodont (Oppdal), i Nord-Norge også slodot og slodokje. Og det finst enda fleire, også med tydeleg sammenblanding av anna ordstoff, som slantedant og slarredant, kanskje også slabbori (Osen). I Sunndal og Eresfjord har det fått full folkeetymologisk omforming til slodonk, særleg brukt om ein ungdom som driv dank.  Etter ein teori skal det vera omforming av soldat, brukt av marinefolk som nedsettande nemning på landmilitære. Men helst kjem det frå lågtysk sladood i uttrykk som «en lange sladood» (ein lang slamp). Enda nærare opphavet er  nederlandsk slachtdoot ‘ ein som slår død’, altså ein mordar, av slagen ‘slå’ og dood ‘død’. Dette er ganske drastisk, men ordet ser ut til å ha vorte ufarleggjort med tida. Med den vestlege og nordlege utbreiinga er det rimeleg å tru at Bergen har vore innfallsporten.

9.7.20: Slaurar i slaraffenland

Ein slaur eller slaure kjenner vi som ein lat og likesæl person, ein slabbedask. Norsk Ordbok karakteriserer det som «heller vanleg», men det har nok tyngdepunktet sitt vesta- og nordafjells.

Eit slaraffenland er eit fantasiland der folk ikkje treng å arbeide, eller for å sitere Det Norske Akademis ordbok: «hvor arbeid er en last og dovenskap en dyd, hvor stekte duer flyr i munnen på en, og pølser vokser på gjerdene». Høveleg plass å vera for slaurar, skulle ein tru. Og det kan faktisk vera ein samanheng: Slarafenland har vi importert frå tysk. Første ledd her er Schlaraffe ‘doven person’. Dette igjen går tilbake på mellomhøgtysk sluraffe. Affe er ape, og slur er i seg sjøl ein doven, lettsindig person. Ikkje heilt usannsynleg i slekt med den norske slauren i språkmateriale, og i alle fall i innhald.

8.7.20: Hesthandlarpung

Det var Roar Lynum som nemnte dette ordet i ein kommentar til «storboka» frå i går. Og ja, hesthandlarpungen er den gammaldagse, veskeforma pengepungen av skinn, med knepplås. Her er eit eksemplar frå Digitalt museum: https://digitaltmuseum.no/021028344907/pengepung

Nemninga må vel ha komme opp fordi hesthandlarane bruka slike. Elels er jo ordet kjent frå Trøndelag og Nordmøre, truleg også meir i Nord-Norge enn det innsamla materialet gjev inntrykk av. Forfattarar som Hans Hyldbakk, Edvard Hoem, Ingeborg Åsen Vatten og Inga E. Næss har hatt bruk for ordet.

Her kjem litt frå ein episode i Kvam i Nord-Trøndelag, der denne pungen kom fram: «Taksten for ei lysing den gongen va 2 daler, men som sagt: Ole Andfinsen Gudenum var ingen skitgut, så hain drog fram hesthandlarpungen sin å betalte 4 daler» («Nåkkå tå kvart frå Kvam og Følling» 1992, s. 68)

7.7.20: Storboka

«Han lyt vel finn fram storbokja», var sagt i spøk når ein skulle gjera opp for noko, gjerne ein litt større sum. Neppe så aktuelt lenger når det meste foregår med kort og vipps. Storboka om pengebok med mykje pengar i kjenner eg frå indre Nordmøre, og det finst fleire plassar i Trøndelag også. Elles er storboka eller storeboka sagt om den viktigaste boka, særleg Bibelen («det står i storboka»). I eit par eldre kjelder er det forslag om å bruke stor(e bok som avløysar for protokoll, men det førte visst aldri fram.

30.6.20: Knuppen på dasslokket

«Du er knuppen på dasslokket» – spøkefull, rosande kommentar til den som har vore flink, hjelpsam e l. Kanskje ikkje spesielt dialektalt, for det er belagt rundt ikring i store delar av Sør-Norge, og leitar ein, vil ein sikkert finne det i nord også. «Knuppen på dolokket» forekjem også. Utviding av det vanlege «du er ein knupp». Knuppen på dasslokket viser sjølsagt til handtaket.

29.6.20: Synnavinden er våt i enden

Det fekk vi sanne i går, da det milde synnaveret vi har hatt så lenge, gjekk over til regn. Ola Løkken skreiv da også på facebookgruppa for ord og uttrykk frå Meldal at «syinnavinn e blaut ti endinn». Med gammel dativ ville det vel bli «ti endam». Dette uttrykket, med blaut eller våt, er såpass vanleg at det står i allmenne ordtaksamlingar, f eks «Norsk ordspråksleksikon». Somme plassar kan det vera landvinden som er våt i enden, andre plassar sørvesten. Det er vel liknande erfaringar nesten over alt.

26.6.20: To alen av same stykke

Kjent og allmennorsk uttrykk som fortel at nokon er av same slag, eller «like i sinn og skinn», som Det Norske Akademis ordbok (NAOB) definerer det. Men her er det mange lokale utformingar, som «dæm e to æln tå såmmå stykkjy» (Innherred). Og om det er ein som blir jamført med einkvan annan, kan det bli f eks «han æ ei æln tå såmmå støkkje» (Oppdal).

Stykket er nok her tystykket, for ty vart gjerne målt i alner. Ddet viser også variantar som «ei æln tå såmmå tya» (Stjørdal), «tå såmmå klen» (Mosvik) ellere «tå såmmå stuva» (Mosvik, her med tanke på tystuven). «Det var ei alen av same serktyet i dei to»(S. Kåpvik: I havgarden, s. 20). Heimafrå Sunndalen kjenner eg «to aln tå sommo veva».

Det kan også heite «to alen av same slaget». Alf Strøm samla ord og uttrykk frå Fosnes, og hos han heiter det «to æln tå samma staven». Og det er sikkert mange fleire vriar på dette.

25.6.20: Forverken

«Maten va no bærre så ferværken». Da er det heller dårleg. «Ferværken», med variantane «ferværkens» og «ferværkent» ser ut til å vera eit typisk namdalsord, og det kjem opp på facebook-gruppa for namdalsdialekt rett som det er. Betydninga går frå lite, dårleg, tarveleg, ubetydeleg til meiningslaust, gagnlaust, verdilaust, bortkasta, til fånyttes. Vi manglar opplysningar frå Flatanger og Otterøy, ser det ut til, men til gjengjeld er det kjent frå Snåsa.

Dette kan jo sjå ut som eit tilpassa importord frå kontinentet. Men det er vanskeleg å finne eit høveleg utgangspunkt. Da er kanskje heller Arnold Dalen inne på det rette når han foreslår at det kan vera forkorta av «for verken det eine eller det andre» e.l. Det er truleg heimsmidd, altså.

24.6.20: Matåte

Åte kjenner vi vel no helst om agn, lokkemat. Men i ein del dialektar betyr det også ‘det å eta; eting’. «Det vart ikkje rart me åtåinn», kan det heite på Nordmøre når det ikkje er gjort særlege innhogg i matfatet. I begge tilfelle er det slektskap til verbet eta. Norrøn ordbok fører opp tre tydingar av hokjønnsordet áta: 1. eting (det har vi altså hatt med oss enge) 2. det som er etande; mat, føde og 3. sildestim som blir jaga av kval.

Men så kjenner eg også, frå mitt eige sunndalsmål, samansetninga matåte («mataot»), om det å eta mat. Eg har også notert dette frå Budalen. Ein skulle tru at ei slik samansetning var heilt overflødig, men ho finst no i alle fall. I og med at åte kan bety forskjellige ting, kan ein ha kjent trong for eit presiserande førsteledd likevel.

19.6.20: Mattrollet

«No sprakk det, mattrollet!» kunne mor mi seie viss nokon kom til å sleppe ein rap ved matbordet. Det var nok helst som ein litt humoristisk kommentar til små ungar som enno ikkje var fullt utlært i gode bordmanerar. Norsk Ordbok har tydeleg sørvestleg tyngdepunkt i utbreiinga av dette uttrykket, med innslag frå Telemark, Dalane, Ryfylke og eit par stader i Hordaland. Med bruken til mor mi kan vi også føye til Øksendalen, og ganske nyleg vart det også drege fram på facebookgruppa for namdalsdialekt. Kjartan Fløgstad er den einaste forfattaren eg har sett brukt det. Han har det nok med seg frå Ryfylke. Stundom kan det også bli sagt «no kom mattrollet».

«Eg høyrer mattrodlæ i magen din», heiter det i Bjerkreim, og da er det rumling i magen som er meint. Og i Modalen sa dei «no skal vi drepa mattrollet» når ein sette seg til å eta nokre ekstra bitar.

Eg har såvidt sett ordet «mattrollet» brukt i ein nyare samanheng, i litteratur om spiseforstyrrelsar.

18.6.20: Trastmaga

Mage som blir fort mett (Surnadal, Rindal): «he du trastmaga, gut?», også personen som har slik mage. I Meråker er attlagtmåggå eit utrykk for dårleg matlyst, mettheit. Dette knyter seg til attlagttarma frå Oppdal. her har det vore sagt om dei som et lite, at dei «må vårrå fødd mæ attlagttarma». Eiegentleg skal attlagttarmar vera tarmar som er ute av funksjon, tomtarmar i naut. Det heiter seg at kyrne kyrne i gammal tid kunne vera så sveltefôra at tarmane grodde att. I ei ordsamling frå Fauske er attlakktarma forklart som ein bestemt del av tarmen i husdyr, utan at det er nærare spesifisert kva.

17.6.20: Akselbrand og akslakubb

To ord for ein strange som er høveleg stor til at han kan berast på aksla. Det første (også uttalt aksle- eller akslabrand) finst i sørvest (Ryfylke, Dalane, også inn i Vest-Agder). Brand om strange eller trelurk hører også først og fremst heime i dette området (pluss Telemark); sikkert i ubroten tradisjon frå norrønt brandr stokk’. Akslakubb ser ut til å vera meir lokalt for delar av Hordaland (Voss, Bruvik). På Voss rekna dei frå gammalt 18 akslakubbar i eitt mål ved. Men har det funnest noko ord for dette i Midt-Norge?

16.6.20: Kantor

Nei, det er ikkje organisten eller kyrkjesongaren vi tenkjer på. Kantor er rett og slett ein (eldre?) uttalevariant av kontor. Etter Norsk Ordbok har denne forma vore bruka vidt ikring med spreidde forekomstar frå Østfold og Telemark i sør, via Bergen i vest og opp til Salten i nord. Det Norske Akademis ordbok siterer Hamsun, om Mack som «staar nu bare på kantoret og skriver».

Forma kantor er nok komme frå nederlandsk eller lågtysk kantoor. Det vanlege kontor skriv seg frå tysk. Bak begge desse ligg fransk comptoir, opphavleg  ‘reknebord, kjøpmannsdisk’, til compter ‘telje, rekne’. Det blir slektskap med både konto og computer.

15.6.20: Agnhald

Mothake på fiskekrok. Altså det same som hovudtydinga av agnor (10.6.). Når agnor synest ukjent ein del plassar, kan det vera nettopp fordi ein har (hatt) ordet agnhald i staden. Logisk nemning; det er jo dette som held agnet på plass. Kjent over eit vidt område, med Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge. Også Jämtland, og når det dessutan finst på Island og Færøyane, borgar det for høg alder. Namsskogan har ei særtyding av agnhald: stikka som agnet er festa på i ei felle.

Til slutt i dag ein liten merknad: «ångåll» er nok ikkje uttaleform av agnor, slik det har vore antyda, men av angel/ongel/ongul ‘fiskekrok.

10.6.20: Agnor

Mothake på fiskekrok helst, men også på f eks harpun og pil. Det er/har vore nokså vanleg i alle landsdelar, og finst som agnǫr i norrønt. Truleg er det samansett av agn (lokkemat, åte) og ǫr, som betyr pil. I den gamle papirutgåva av Norsk Ordbok er berre denne tydinga oppført. Men ut frå det nyare materialet som er komme inn, må vi få inn fleire. Frå Øksendalen har eg hørt gåta «Ka e det så e ytst på (g)jor’n»? Her er det snakk om gjord, eit band rundt f eks ei bøtte eller tynne, og svaret er «agnor’n». Agnoren blir her eit innhakk på enden av gjorda, for feste. I same stilen ligg jo spørsmålet «ka så e ytst på hava»? Svaret der er «bøttknappen», med ordspel på hav om (bøtte)hank. På Voss var agnor bruka om innhakk på treboltar.

Men det er meir: I Lier er det sagt at agnor betyr lykkje, slyng på ståltråd. Både frå Hølonda og Selbu er det notert om kant som blir ståande att når ein sagar eller filar eit metallstykke, og til slutt har dei det i Odal om sår hudflis ved nagl.

9.6.20: Agnpåsså

«Du held på å reste tu agnpåssån, sa mannen, han fekk kjeft av grannen». Denne talemåten står i folkeminnesamlinga «Framfor stena» av Jens Haukdal (s. 140). Denne posen med agn inneheld nok neppe lokkemat til fisk, men heller agner av korn (dekkblad og snerpe). Ein agnpåsså er nemnt som skjellsord frå Støren, og i Hemne var ein agnpåssa eit ikkje særleg djuptenkt menneske.

3.6.20: Byblommi

Gåve som ein har med heim etter ei byferd. Ordet står i den ganske ferske ordsamlinga frå Osen (2017). Denne opplysninga fyller ut eit hol i ordgeografien vår på ein interessant måte. Byblom er elles berre kjent frå langt sør på Vestlandet (Hardanger, Sunnhordland, Ryfylke). Og det er gammalt, for dei eldste ordsamlarane våre har komme borti det, frå Knud Leem og Johan Ernst Gunnerus på 1700-talet og til Ivar Aasen og Hans Ross seinare. I Nord-Norge heiter det bernblom eller bersblom (bergen(s)blom), og det var altså presangar som Bergensfararane hadde med til dei heime når dei hadde vore på sin årlege jektetur. Ei tilsvarande Lofotgåve heiter vågablom, og det er truleg til Vågan i Lofoten, og neppe Vågen i Bergen. Det er nok blom ‘blomster’ vi har for oss, i ei overført tyding som er kjent berre frå desse samansetningane.

27.5.20: Finstilt og grovstilt

Sist på april var vi borti trebokstavar og bibelbokstavar. No skal vi sjå på nokre folkelege ord for skrifttypar. Ikkje detaljert, med fontar og greier, men gjerne ei todeling mellom små, fine og store, grove typar. Det kan for eksempel bli sagt at skrifta (boka, bladet) er finstilt/finstila eller grovstilt/grovstila. Inge Krokann skriv i ein av romanane sine om ei som berre lyt legge frå seg bladet ho held på med: «nei, det er så finstilt òg, dette «Kvinnen og tiden» at». I staden for finstilit kan det også heite småstila eller småstilt, som i dette eksempelet frå Fauske: «boka e så småstilt at ho e tong å læs».  Grannstilt er også eit alternativ. Storstila eller storstilt blir det same som grovstilt. I Hallingdal har dei grovstigla og grannstigla.

26.5.20: Ikkje for aldri det

Ei sterk nekting, brukt når det er noko ein for alt i verda ikkje vil, ikkje for nokon pris: «i ha kje villa gjort det fær alder det» vil det heite på mitt farsmål. Frå målføra er dette uttrykket belagt spreidd i Sør-Norge, frå Kristiansand i sør til Trøndelag i nord, og mange forfattarar har nytta seg av det. Ein litt annan vri har vi i dette sitatet, frå ein artikkel i tidsskriftet Syn og Segn om «måssåtaking» i Lesjafjellet. Det handlar om river til å raka mosen (reinlaven): «Sume smedar var namnspurde for rivene sine, andre fekk ikkje til ei brukande rive for aldri det» (1948, s. 256)

«For aldri det» er truleg forkorta for eit lengre uttrykk, slik at noko altså er underforstått. «Eg vilde ikke missa Latinen min for aldri det var», skriv Aasmund O. Vinje (Skrifter i utval 4, s. 330).

13.5.20: Børlam

Når ein er børlam, er ein forderva i kroppen og har vanskeleg for å røre seg. Ein er stiv, støl, lemster elleer heilt maroder. Dette kan vera ein permanent tilstand (som når ein er giktbroten), eller eit resultat av hardt arbeid eller skade. Iden er vel «lamma av bører», som Einar Haugen har tenkt seg.

Ordet har ei interessant utbreiing. Det er eit kjerneområde i indre Sør-Trøndelag, med Oppdal, Orkdalen, Gauldalen og Røros, pluss bygdene rundt Trondheim (Byneset, Leinstrand, Malvik). Så er det registrert frå Nord-Østerdalen (Alval, Tynset og Folldalen) og frå Dovre i Gudbrandsdalen, og eit par innslag på indre Nordmøre,  Sunndalen og Rindalen, som ikkje så sjeldan går i lag med Trøndelag i ordforrådet. R-en kjem av og til bort, slik at uttalen blir «bølam». Ordet er brukt av forfattarar som Inge Krokann og Johan Falkberget.

Uttalevariantar er børlamma (Meldal), børlemra (Rindal) og børlennja (Byneset). Det siste skal vera særleg bruka om vondt i hoftene, medan børlam er øm og støl i musklar og ledd. Ingvald Svinsaas bruker forma børlåmmå.

Kor er dette? Geografi og stadnamn 2

13.12.19: Hamn i Velfjord

Blogg13.12

Dette var kanskje i vanskelegaste laget. Men skulle det vera nokon som greidde det, måtte det sjølsagt bli Bjarte Øye. Bildet er frå Nevernes hamn i Velfjorden i Brønnøy kommune.

Interessant plass, med utstillingar, krigsmuseum, kunstgalleri m m: http://www.neverneshavn.no/

Ein teori om namnet kan vera at førsteleddet rett og slett viser til (bjørke)never og bjørkeskog, men det er også andre alternativ. Her er Norsk stadnamnleksikon: http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=043f85c199fd4fb08e42d758d6b74f43

Og her er drøftinga i Norske Gaardnavne: https://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS254740%4056491=on

Snipsild?

tangnål

Kanskje denne tangsnella (bilde frå artsdatabanken.no) er den opphavlege snipsilda?

Norsk Ordbok har ordet snipsild fått 3 tydingar: 1. «sild som er gana så mykje at det er berre att ein spiss av hovudet» (heimfesting Stjørdal); «garnsild som underkjevane er rivne av på» (Risa). 2. (liten, tunn) fisk av ymse slag, som tangnål, nebbesild, stingsild o fl. 3. «overført, nedsetjande, (serl om gjente el kvinne)  (lang, tunn), sær el ufordrageleg person. Heimfestinga her er Trøndelag, somme plassar på Nordmøre, her og der i Nor-Norge (Salten, Vesterålen, Astafjord, Alta), pluss Haram på Sunnmøre og heilt nede i Stavanger.

Eg trur nok at snilsild er opphavleg fisknamn. Men særleg tyding 3 synest eg blir noko mangelfull i det nokså tronge ordboksformatet. Her er det eg skreiv om snipsild i boka «Din hånstaur» frå 2012, i eit kapittel om fiskenemningar brukt i skjellsord:

«På tale om fisk er det uråd å komma unna ordet snipsild. Som skjellsord kan det slå temmeleg breitt, og geografisk går det langt utover dei områda som har direkte kontakt med sild og saltvatn. Uansett gjeld det kvinner som er usympatiske på ein eller annan måte, ofte kan snipsilda såleis vera prippen, nebbete eller tilgjort og jålete, fin på det. Men ho kan også vera kry og overlegen, vondskapsfull og slem, spydig og ekkel, innpåsliten, eller sur og nærtakande. Pluss mange fleire negative eigenskapar. Øystein Dolmen (her vel gjennom sitt alter ego FeskhandlerTorske) beskreiv i brev til meg i 1992 ei snipsild, eventuelt helsikes snipsild slik: «Brukes om knølate kunda som søle bort anna folks tid med mas om prisen og holdbarheten på fesken». Stundom går det på det reint fysiske, om magre og bleike kvinnemenneske. ”Di vinnsprokke snipsill” finn vi som utskjelling hos Esten Kromlær (Æ kose mæ læll, s. 32). Men er det også ein fisk? Fleire hevdar det: Det er ein simpel fiskesort som held seg i lag med silda (Rissa), garnsild som underkjevane er rivne av på (denne opplysninga også frå Rissa), lang, tynn sild (Stadsbygd) eller sild som er gana så mykje at det berre er ein spiss igjen av hovudet (Stjørdal). Ei slik sild er forøvrig også kalla tauskjerringsild (Orkdal). På tale om snipsild er den lokale dialekteksperten Arnfinn Aune (Sandstad) inne på at silda har komme til å stå for noe falskt og kanskje litt intrikat, og at bruken av sild som agnfisk kan ha verka inn på symbolikken. (Årbok for Fosen Historielag 1996, s. 120)»

Da er det berre å komma med dine meingar!

Lonke dalbotning

 

abbeyroad

Dette velkjente omslagsbildet får illustrere fenomenet i overskrifta. Å «lonke dalbotning» er i ordsamlinga frå Sømna forklart som å gå etter kvarandre. Det er laga til området Dalbotnan. Akkurat dette var nytt for meg, men det er mange uttrykk for dette. Det mest «standardnorske» er kanskje å gå i gåsegang.

Elles er jo dette brukt i den språklege nabohetsen som ser ut til å ha vore litt av ein folkesport i landet vårt. Å gå etter kvarandre på ei rekkje slik som dette har vore rekna som eit primitivt og bondsk trekk, som folk frå mindre urbane strøk avslører seg med når dei skal ta seg fram i bygatene. Stundom blir slikt forklart med at dei er vant til lite armslag heimafrå, med smale stigar der ein er nødt til å gå etter kvarandre, og så greier dei ikkje å legge av seg denne vanen når dei kjem til større forhold. I Trøndelag kan slikt heite f eks å gå selbygg, eller å gå frøyværing. Meir lokalt kan det vera snakk om å gå sondaling (Stjørdalen), gå lensvikbygg (Stadsbygda), gå hortaværing (Leka) eller ræk jårsbygg (Rennebu). På Nordmøre er det gjerne å ga bøverdaling, men også «ga imarsynding» (Tustna, Aure) og «ga veiværing» (Aure, med peik til Veiholmen). I Romsdal har det vore snakk om f,eks. å gå bjørnsunding eller å rande frening. Det er også kjent frå andre landsdelar, som å gå lustring (Gudbrandsdalen), gå sygn (Lom, Vågå), rekkje døler (Nord-Østerdalen), gå vennis (Vang i Valdres), «gao suling» (Brekke i Sogn) og gå straumværing (Bodø).

Mykje om dette er å finne i Ola Stemshaugs bok «Norske innbyggjarnemningar i overført tyding» (2002).

Fynn og finsk

finske

Her ser vi gammalt, visna gras som står att frå året før. Ein aktivitet som hørte våren til, var å brenne dette graset («brenn’ fynn, eld’ finsk). Det har også spela ei viss rolle som fôr når krøttera vart sleppte ut om våren, og det enno var lite mat å finne i marka. Vi har såleis fått ganske mange forskjellige nemningar på dette, og det er heller inga standardnemning som har peika seg ut, sjølv om fjorgras, tørrgras og gammelgras m m nok vil falle lett i munnen for mange. Vi skal sjå på nokre av orda for dette graset.

Fynn eller fynne er det vanlege ordet for dette graset på Nordmøre, mange plassar i Sør-Trøndelag, i Stjørdalen og somme plassar i Inner-Namdalen. Vidare har vi det i Østerdalen, og i Østfold som fyne. Når det så dukkar opp att i Troms (Bardu, Nordreisa), må det nok reknast som innflyttarmål sørfrå. Ofte går det inn i samansetningar som daudfynn, fjordynn og gammelfynn/gamfynn.

Fynn(e) heng nok saman med forn ‘gammal’ (jf fornminne). Gammalgraset heiter da også nettopp forne, i uttalevariantar som fonne, fodne, fønne, funne m m, først og fremst i det som gjerne blir kalla midlandsmåla. Så finn vi det att i Vossebygdene og her og der i Sogn. Forne er beint fram avleidd av forn ‘gammal’.

I det meste av Nord-Trøndelag (frårekna Stjørdalen) finn vi ordet finske, også sammansett «gammelfinsk». Det går også så vidt inn i Sør-Trøndelag (Rissa) og Nordland (Bindalen). Dette har nok ingenting med svedjebruk innført av finar å gjera, men kjem truleg av ei tenkt form *firnske, som heng saman med forn og fyrne.

Litt dystre vitnemål om det forgjengelege i naturen er nemningane daude og dauding, som er lokale for Gudbrandsdalen. Samansetninga daudelje er derimot eit typisk vestlandsord. Daudsen(n)e finst i to avgrensa område: På eine sida Sunnmøre og Romsdal, og på andre sida ganske vidt ikring i Nord-Norge. Sisteleddet meiner dei heng i hop med sine , v ‘tørke inn’.

 

 

Gjerde og jorde

 

Ein språkleg myte eg har støytt på fleire gonger i Trøndelag, og gjerne i samband med namnespørsmål. Det gjeld orda jorde og gjerde.

Forvirringa her botnar truleg i at austlandsordet jorde om eit stykke dyrkamark (innmark) har spreid seg og blir oppfatta som det ”normalnorske”. På våre kantar har vi eigentleg ordet gjerde (eit jære, jalejer’) om dette. Vi har samansetningar som heimgjerde og inngjerde, og ikkje minst temmeleg mange stadnamn på –gjerdet, både på gardsbruk og på enkelte jordstykke. Akkurat same ordet har dei i Trøndelag, men det kan vera uttala på fleire forskjellige måtar. Formene med a-vokal (jale, jare) viser ei velkjent lydutvikling i eit ganske stort område i Trøndelag. Jamfør at dei også kan seie vala om verda.

Ordet gjerde er avleidd av gard, og det blir da opphavleg eit jordstykke som er inngjerdt med gard. Verbet å gjerde hører sjølsagt til same slekta.

Dette blir eit anna system enn det vi har i norsk standardmål bygd på austlandsk. Der er jorde altså jordstykket, og gjerde er stengselet rundt. Dette stengselet heiter mange plassar utgard – vel eigentleg garden (gjerdet) mellom innmark og utmark. Gard i den gamle betydningen ’gjerde’ har vi i f. eks. gardvånd (gjerdefang) og adjektivet gardhard, bruka om krøtter som er slemme til å hoppe (ut)gardar.

Det ser ut til å vera ei vanleg og naturleg utvikling at ord går over frå å bety stengsel eller gjerde til det som er innafor stengselet. Det har skjedd med gard, og på våre kantar har det gått likeeins med gjerde. På same viset er det med hage. Dette var opphavleg stengselet rundt hagen, og er i slekt med ord som hegn og å hegne.

Men ein del trønderar ser altså ut til å meine at deira ord jære, jæle, jale o l er uttalevariantar av jorde. Kanskje trur somme nordmøringar det same om eit jer’. Men dette er å snu ting på hovudet. For jorde har truleg komme opp i austlandsk, helst ein gong i seinmiddelalderen, som ei samanblanding av gjerde og jord. Skrivemåtar som giorde i gamle dokument ser ut til å avspegle dette.

Åfyllfat

storetar

Ja, det er spalteredaktøren når han får is. I Norsk Ordbok definert som «umetteleg slukhals; glupsk person». Og det stemmer bra, for vi har å gjera med eit menneske som er heilt utan magemål. I same ordboka finn vi det forresten under to oppslag, både ovfyllfat og ufyllefat. Eg trur det er vanskeleg å skilje desse frå kvarandre, for første stavinga (prefikset) kan ha hoppa litt rundt og vorte omtolka. Om vi slår desse saman, får vi ei utbreiing med Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms. Eldste belegga er frå 1700-talet; ei ordsamling frå Hedmarka 1743 og Edvard Storms samling frå Gudbrandsdalen 1769.

Her er først eit par eksempel på bruken: «På kjøkenet var det to andblesne kjellå som hadde det annsamt der dei etla-til dure åt mangt eit åfyllfat» (avisa Driva 3.8.2001, med målføregrunnlag frå Åsskard på Nordmøre) – her skal det altså stellast mat til forventa storetarar. Og dette: «de før opp alle ungene sine til ufyllfat» (Magnhild Haalke: kaja Augusta, s. 124).

Ordet/orda har nokre andre tydingar som rimeleg greitt lar seg forklare ut frå den opphavlege. Det kan bli brukt om ein person som drikk mykje, om ein stor, kraftig person (det blir jo ein storetar gjerne), om ein urimeleg, utakknemleg person, og ein person som ødslar.

Med normeringa ov- tenkjer ein seg at første delen er det forsterkande ov- som i ovgild, ovstor etc. Ganske mange plassar er første stavinga uttalt o- eller u-, med (tilsynelatande) nektingsprefiks, som i ufin, utett etc. Og dei gamle ordboksskrivarane Ivar Aasen og Hans Ross fann det begge to brukt om eit umåteleg stort fat eller kjerald. Det ser vi også frå somme plassar i nyare materiale, f eks Oppdal, der «ofyllfat» kan bety ein unødig stor ting, for eksempel eit skåp eller ei kiste. Ottar Aas frå Inderøya, som har «ufyllfat» om ei ødsel kone, tolkar det som eit fat som ikkje lar seg fylle.

På Nordmøre blir ordet gjerne uttala åfyllfat. Her har Hans Hyldbakk ein teori om at åfyllfatet var ein mjølkestamp med surmjølk, som dei fylte på att med ferskare mjølk etter kvart som det minka. Slik heldt dei surmjølka levande i lang tid. Det skal etter han altså eigentleg vera «påfyll-fat», med den gamle preposisjonen å istf. på. Han brukar det også slik i dette sitatet: «så laga dei tettskjør og slo mjølk i åfyllfat» (avisa Driva 12.5.1974). Og i Jul på Nordmøre 1976 (s. 19) ordlegg han seg slik: «For meg høyrer holmane og røslyngheiane ungdomstida til, og det er noko heilt anna enn det tunge trasket som du må trø mellom trygdekassa og åfyllfatet i ditt alderdoms fengsel». Det ser ikkje ut til at Hyldbakk har fått særleg støtte i dette, og han kan kanskje ha blanda saman med åfall ‘fløyte, rømme på eit mjølkkjerald’ og åfallringje ‘ringje, kolle med åfall’. Men eg har ei svak formeining om at eg i mine gutedagar på Nordmøre kan ha hørt ordet åfyll om det ein fyller oppi eit kar, ein kumme eller liknande.

Uttalen er av og til med -full- inni (ofullfat, åfullfat). Andre uttalevariantar å merke seg er åfyllsfat (Halsa), åfillsfat (Eide) og ofyssfat (Hemne).

Innleggsnavigering