Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “malabarisk”

Mallabariske sakkalava

Somme av dialektorda våre har litt meir eksotisk opphav enn andre. Tittelen på dette innlegget kombinerer to slike.

Malabarisk eller malebarisk skriv seg frå Malabarkysten i Sørvest-India, no ein del av staten Kerala. Her har det vore kristtne like lenge som i Europa, det oppstod tidleg handelssentra, og området vart såleis kjent også av europearar. Ordet malabarisk er for det første brukt om uforståeleg tale, men deretter om folk som er ustyrlege, slemme, vidløftige o.l. I denne tydinga ser det ut til å høre heime frå og med Nordmøre og oppover til Finnmark. Men når det blir sagt  «han e mallabarisk i dag», er det oftast snakk om retteleg stygt vêr.

Sakalav (sakkalave, sakkalavi) er også brukt først og fremst i Trøndelag (helst i ytre strøk) og i Nord-Norge, om ein upåliteleg person, ein kjeltring e l. «Sakalavar, skitstrompar og fusseladdar såg vi ikkje snurten av», skriv Bernt Bøe i avisa Driva omtale av eit arrangement på museet i Bøfjorden. Det har vel gått greitt for seg der da! Ein litt avspora variant sakkalabuss er registrert i ei sror ordsamling frå Holla i Telemark. Sakalavane er eigentleg ein folkestamme på Madagaskar, og her til lands må vi vel ha fått kjennskap til ordet gjennom misjonen og foreningsblada deira, eller ved sjøfolk. Språkforskar og diktar Helge Stangnes fortel frå si tid på Sør-Senja Museum at der hang det eit misjonskart over Madagaskar, med gradar av heidenskap markert som nyansar i grått og svart. Over heile øya stod det skrive «sakalaver». Kolbjørn Aune har behandla ordet i heftet Jul i Trøndelag for 2009. Her fortel han at dei i Stjørna har sagt sakkalavhøtt om eit skrøpeleg byggverk.

Innleggsnavigering