Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Gullboste”

Gobbegabbe

15b

Løvetanna har her fått kvit hårprakt. Ho har vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag. Det er elles veldig mange dialektnamn på denne planta. Men eg voks opp med gobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som også var svært interessert i dei folkelege plantenamna, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjaldt «kvithårstadiet», i motsetning til gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal f.eks. «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. I Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»!
Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i Sunndal tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Innleggsnavigering