Moro med ord og uttrykk!

Vårpengeurt

Vårpengeurt

Her har vi også ei tidleg plante, ein slektning av vanleg pengeurt. Vårpengeurt er ein nykomling i den norske floraen og hører opphavleg heime i fjella i Sør- og Mellom-Europa. Hit kom den sist på 1800-talet da dei blant anna dyrka vårpengeurt i botanisk hage på Tøyen, men verkeleg vanleg vart den først utover 1900-talet. Tørre bakkar, vegkantar og åkrar er typiske veksestader.

Ein slik fersking har da heller ikkje særleg mange dialektnamn, men Ove Arbo Høeg (”Planter og tradisjon”) har funne nokre.
I Fåberg fekk den namnet oppjordsblom, etter lokaliteten Oppjordet der den først vart observert. Liknande bakgrunn er det vel for prestgårdsblomster i Haltdalen.
Så har Arbo Høeg registrert sukkertopp frå Kongsberg. Dette namnet er etter hans tid oppgitt også frå Skien, og kan sikkert finnast fleire plassar. Her er det jamføring med den eigentlege sukkertoppen, som jo er eit kjegleforma stykke av kvitsukker. Sukkertopp er også brukt om andre planter, som raudkløver, kvitkløver og jonsokkoll.
Einar Stoltenberg, som var heradsskogmeister i Fyresdal i mange år, la på namnet armodsblom på vårpengeurt, ut frå at den veks på magre enger. Han fortalte til Ove Arbo Høeg at folk i bygda begynte å bruke namnet og etter kvart oppfatta det som eit gammalt namn. Men i seinare tid tok dei til å kalle planta for sukkerblom i Fyresdal, er det opplyst.

Single Post Navigation

2 thoughts on “Vårpengeurt

  1. Theresa on said:

    Kan informere om at i Torpa i Nordre Land kommune kalles den «bæssfarhuggu» altså bestefarhode.

Legg igjen en kommentar