Moro med ord og uttrykk!

Archive for the tag “Hålkefeste”

Sko hålka

Skohålka1

Denne skildringa frå Verdal er frå i fjor vinter: «Oppi Verdaln har vi problemer for tida. Det e’ så uinnhålt. Det e’ blijnnhølk. Vi skulla haft nån rægndråppåa så’n ha skodd hølka». At han har skodd hålka vil seie at det er komme nedbør som har frose fast i isen, slik at det ikkje lenger er så farleg å gå. Uttrykket er trøndersk, og var «Dagens ord» her i kråa den 16.12.2012.
«Snø’n ha brynni fast ti isa» er eit anna Verdalsuttrykk for denne situasjonen.
Og på Senja har dei det logiske ordet hålkefeste om nedbør som har frose fast i isen, slik det kanskje går an å sjå på bildet.
Send oss gjerne andre ord som beskriv dette!

Innleggsnavigering